St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

7 Sluttkommuniké, Brussel, 8. desember 2005 Ministermøte i Nordatlantisk råd i NATO-hovudkvarteret

  1. Fellesforsvaret vårt er tufta på NATO. Organisasjonen er uttrykket for den vitale partnarskapen mellom Europa og Nord-Amerika, og er det sentrale forumet for transatlantisk samråd om tryggingsutfordringane vi står overfor i det nye hundreåret. Alliansen er grunnlagd på prinsippa demokrati, fridom for enkeltmennesket og rettsstatleg styre, som er nedfelte i Washingtontraktaten, og er tru mot formåla og prinsippa som ligg til grunn for FN-pakta. Utvida politisk dialog er nøkkelen til å løyse dei tryggingsutfordringane alliansemedlemmene står overfor i dag. NATO er i endring, det moderniserer sine militære evner for å tilfredsstille nye operative behov, det fremjar stabilitet og felles verdiar gjennom partnarskap med andre og det styrkjer samarbeidet med andre organisasjonar.

  2. På møtet i dag diskuterte vi politiske og operative sider ved pågåande NATO-operasjonar og NATO-oppdrag som er med på å tryggje og gjenopprette freden, og vi vurderte utviklinga på Vest-Balkan og i Midtausten. Vi diskuterte korleis vi kan sikre at NATO har tilgang til dei kapasitetane som trengst for å reagere på felles truslar og utfordringar frå alle hald. NATO-reaksjonsstyrken er ein katalysator for å fokusere og forbetre dei militære kapasitetane til alliansen. Vi gav òg pålegg om vidare arbeid fram mot NATO-toppmøtet i Riga neste sommar, der stats- og regjeringssjefane våre skal gjere opp status i den pågåande politiske og militære omforminga av alliansen og stake ut den vidare kursen.

  3. Vi er forplikta til ei vellukka vidareføring av alle delar av den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken (ISAF) under FN-mandat, og er i dag blitt samde å løfte NATO-innsatsen til støtte for fred og tryggleik i Afghanistan opp på eit nytt nivå. Vi har slutta oss til den operative planen som gjev rom for ytterlegare utviding av ISAF. Regionale gjenreisingsteam dannar fortroppane i NATO-innsatsen, støtta av militære styrkar med evne til å handtere tryggingstruslar der ISAF opererer, og forsterka av fleksible, robuste reservestyrkar når situasjonen i felten krev det. I medhald av operasjonsplanen for ISAF skal styrken:

    • hjelpe den afghanske regjeringa til å oppnå større autoritet

    • utføre stabiliserings- og tryggingsoperasjonar i sitt ansvarsområde etter samordning med nasjonale afghanske tryggingsstyrkar

    • rettleie og støtte den nasjonale afghanske hæren i arbeidet for auka kapasitet og rekkevidde

    • støtte den afghanske regjeringa i program for avvæpning av ulovleg væpna grupper

    • drive og sikre Kabul internasjonale lufthamn

    • hjelpe det nasjonale afghanske politiet med nisjeopplæring og i å samhandle med den nasjonale afghanske hæren

    • råde og støtte den afghanske regjeringa i grensetryggingsstrategi

    • støtte den afghanske regjeringa i antinarkotikainnsatsen

    • hjelpe med andre nøkkelelement i reformene av tryggingssektoren, i nært samarbeid med leiarnasjonar i G8.

    I tillegg til den avtala NATO-interneringspolitikken for ISAF, som er og vil vere i samsvar med folkeretten, ser vi positivt på initiativ frå allierte om å støtte dei afghanske styresmaktene i gjennomføringa av internasjonale standardar for internering av fangar.

  4. For å utfylle det operative nærværet har vi, som svar på oppmodinga frå president Karzai om eit breitt og langsiktig forhold til NATO, avtala å utvikle eit afghansk samarbeidsprogram i nært samråd med dei afghanske styresmaktene med det mål å komme til semje om nøkkelelementa i programmet innan London-konferansen om Afghanistan neste månad. Programmet vil vere konsentrert om aktivitetar som skal støtte dei afghanske styresmaktene i arbeidet med forsvarsreformer, institusjonsbygging i forsvaret og dei militære sidene ved reformer i tryggingssektoren, og vil dra vekslar på utvalde PFP-instrument og aktivitetar, skreddarsydde for å oppfylle dei konkrete behova i Afghanistan. På grunnlag av det vellukka parlamentsvalet nyleg, og fullføringa av Bonn-prosessen, vil vi halde fram med å yte sterk støtte til den afghanske regjeringa. NATO vil spele ei aktiv rolle på London-konferansen, og vi er vidare forplikta til å samarbeide med regjeringa i Afghanistan og andre internasjonale organisasjonar om å byggje eit fredeleg, stabilt og demokratisk Afghanistan.

  5. Vi støttar fullt ut forhandlingane om den framtidige statusen til Kosovo, under leiing av den spesielle FN-utsendingen, Martti Ahtisaari, og oppmodar alle partar til å gå konstruktivt inn i desse samtalane. Parallelt med dette må gruppene og dei regionale sjølvstyreinstitusjonane i Kosovo halde fram med å nærme seg dei standardane som er avtala på internasjonalt hald. NATO vil oppretthalde eit robust militært nærvær i Kosovo, og vil framleis vere engasjert politisk, også gjennom deltaking i den utvida kontaktgruppa.

  6. Vi gler oss over vedtakinga av grunnlova, og ser fram til å samarbeide med den nye regjeringa i Irak etter parlamentsvalet seinare denne månaden. Vi står samla i vår støtte til det irakiske folket og til stabilitet, demokratisk utvikling, einskap og territorial integritet for Republikken Irak, i tråd med relevante resolusjonar i Tryggingsrådet. Det irakiske fellesstabsakademiet, som nyleg vart opna i Ar-Rustamiyak med støtte frå NATO, er ein klar demonstrasjon på at vi engasjerer oss, og det same er bidraga frå NATO-medlemsland i og utanfor Irak. NATO-oppdraget for opplæring av irakiske tryggingsstyrkar vil utvikle seg vidare med sikte på å tilby opplæringskurs for underoffiserar og eit offisersgrunnkurs, så langt midlane og evnene tillet det, på bakgrunn av behov, synsmåtar og oppmodingar frå den irakiske regjeringa.

  7. Vi fordømmer sterkt alle utslag av terrorisme, same kva motiv som ligg bak, og vil stå saman i kampen mot terrorismen så lenge det trengst. Innsatsen for å slå tilbake terrorismen skal også heretter vere i samsvar med folkeretten, mellom anna FN-pakta og andre relevante internasjonale konvensjonar og protokollar. Operasjon Active Endeavour, den maritime overvakings- og eskorteoperasjonen NATO driv i Middelhavet, viser at vi står fast på dette. Vi ser fram til at Russland, Ukraina og partnarane i Middelhavsdialogen skal stille med bidrag, og ser positivt på at Georgia har sagt seg interessert i å støtte operasjonen. Vi er framleis opne for å vurdere tilbod om støtte frå interesserte land frå sak til sak.

  8. Som svar på ei oppmoding frå regjeringa i Pakistan etter jordskjelvet i oktober, er vi i gang med å yte presserande humanitær hjelp i nær samordning med andre internasjonale organisasjonar, både i form av lufttransport og ved å aktivere NATO-reaksjonsstyrken og å utplassere eit spesialtilpassa sett av element til å utføre ein hjelpeoperasjon. Vi har ytt logistikkstøtte til Den afrikanske unionen på områda strategisk deployering og personellmessig kapasitetsbygging under oppdraget i Sudan, og er i ferd med å etterkomme ytterlegare oppmodingar frå Den afrikanske unionen når det gjeld mannskapsrotering og kapasitetsbygging på personellsida.

  9. Utfordringane i dag krev forbetra samarbeid mellom internasjonale organisasjonar. I alle våre operasjonar og oppdrag aktar vi å halde fram med praktisk samarbeid med dei aktuelle internasjonale aktørane. Vi er fast bestemte på å utdjupe og vidareutvikle samarbeidet mellom NATO og FN og å gje meir substans til dei avtala rammene for den strategiske partnarskapen mellom alliansen og Den europeiske unionen.

  10. Å styrkje relasjonane med partnarane er framleis eit viktig mål for NATO. Vi ser positivt på den interessa kontaktland har vist for NATO-aktivitetane. Vi er bestemte på å gjere Euroatlantisk partnarskapsråd og Partnarskap for fred til meir effektive, verdibaserte ordningar for å styrkje internasjonal stabilitet, utvide interoperabiliteten og samarbeidet mellom allierte og partnarar og å fremje demokratiske verdiar og reformer. Vi ser positivt på at mange land har reagert på dei nye tilboda om nærare samarbeid med NATO gjennom Middelhavsdialogen og samarbeidsinitiativet frå Istanbul, og strekar under at det er viktige aktivitetar som går føre seg innanfor desse ordningane. Vi aktar å sjå til at dei ulike partnarskapsinstrumenta våre også heretter tener til å nå partnarskapsmåla, og er nøgde med at partnarane nyttar seg av desse verktøya i aukande grad. Vi ser positivt på bidraga til operasjonane våre får partnarar, kontaktland og andre nasjonar.

  11. Vi stadfester at vi aktar å bruke NATO/Russland-rådet (NRC) fullt ut som forum for å styrkje den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet med Russland i pakt med Roma-erklæringa frå 2002. Vi ser fram til ei snarleg russisk ratifisering av styrkestatusavtalen for PFP, eit tiltak som vil gje rom for endå meir substansielt samarbeid oss imellom. Vi er tilfreds med den hittil vellukka gjennomføringa av handlingsplanen mot terrorisme som er avtala mellom NATO og Russland, og med framgangen som har vore på fleire praktiske samarbeidsområde. Vi ser positivt på det NRC-lanserte pilotprosjektet for antinarkotikaopplæring for afghansk og sentralasiatisk personell.

  12. Vi ser positivt på den innsatsen Ukraina har gjort i det siste for å styrkje dei demokratiske institusjonane og reformere forsvars- og tryggingssektoren i landet. Vi seier oss per i dag nøgde med dei felles drøftingane av denne reforminnsatsen som vart haldne etter at den intensiverte dialogen vart igangsett. Vi oppmuntrar Ukraina til å halde fram med å bidra til regional stabilitet. Vi strekar under at føresetnaden for at Ukraina skal kunne nærme seg sine euroatlantiske integrasjonsmålsetjingar, mellom anna eventuell deltaking i handlingsplanen for medlemskap, først og fremst er at landet må gjere konkret, målbar framgang i gjennomføringa av avgjerande reformer og politikk og at det vert halde frie val til Verkhovna Rada i mars 2006.

  13. Vi er forplikta til å arbeide for at alle land på Vest-Balkan skal bli integrerte i dei euroatlantiske strukturane, og gler oss over dei positive tendensane i regionen. Desse landa må halde fram med å utdjupe det regionale samarbeidet og fremje gode nabotilhøve seg imellom, og finne gjensidig akseptable løysingar på og komme til semje om uløyste spørsmål. Dei må ta eige ansvar for reformprosessen og byggje opp varige, multietniske demokrati, slå ned på organisert kriminalitet, korrupsjon og menneskehandel og tryggje rettsstaten.

  14. Vi ser positivt på at forsvarsreformene i Bosnia-Hercegovina held fram, med støtte frå NATO-hovudkvarteret i Sarajevo, og på at det i Serbia og Montenegro er ratifisert ein avtale om kommunikasjonslinjer med NATO som banar veg for djupare samarbeid om forsvarsreformer. Vi er framleis forplikta til å arbeide for at begge landa skal bli med i PFP-programmet så snart dei har oppfylt dei fastsette vilkåra. Det er framleis heilt avgjerande at alle aktuelle land samarbeider fullt ut med Den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), særleg ved å medverke til at alle som er tiltala av domstolen, først og fremst Radovan Karadzic og Ratko Mladic, vert stilte for retten.

  15. Vi stadfester at NATO held døra open for nye medlemmer, samtidig som vi understrekar at nye invitasjonar til aspirantland vil vere avhengige av dei resultata landa oppnår. Vi rosar Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1 for framgangen dei har gjort etter handlingsplanen for medlemskap. Vi merkjer oss at Kroatia no samarbeider betre med ICTY, slik førsteadvokaten ved ICTY påpeikar i ei fersk evaluering, og oppmodar sterkt om at Kroatia må oppspore, pågripe og utlevere den etterlyste Ante Gotovina til ICTY i Haag. Vi oppmodar Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia til å halde fram med dei reformene som er nødvendige for å kunne bli NATO-medlemmer. Vi oppmuntrar også andre partnarland som har uttrykt medlemskapsambisjonar til å gjere full bruk av partnarskapsinstrumenta.

  16. Vi seier oss på ny forplikta til CFE-avtalen som hjørnestein for tryggleiken i Europa, og vil arbeide for at den tilpassa avtalen snarast skal tre i kraft slik at nye statar kan tiltre. Vi minner om at oppfylling av dei uinnfridde Istanbul-tilsegnene om Republikken Georgia og Republikken Moldova vil leggje tilhøva til rette for at allierte og andre partsstatar kan komme vidare med ratifiseringa av den tilpassa CFE-avtalen. I samband med dette gler vi oss over den viktige framgangen Russland og Georgia har oppnådd med fellesfråsegna av 30. mai 2005 om spørsmål i samband med tilbaketrekking av russiske styrkar, og ser fram til at uteståande spørsmål skal bli løyste. Derimot merkjer vi oss at det ikkje har vore framgang i tilbaketrekkinga av russiske militærstyrkar frå Republikken Moldova, og ber Russland ta opp att og fullføre tilbaketrekkinga snarast råd.

  17. Dei transatlantiske banda er framleis like forpliktande. Alliansen står som det sentrale forumet for tryggingskonsultasjonar mellom Europa og Nord-Amerika, og som det effektive verktøyet for dei allierte i arbeidet med å skape fred og stabilitet no og i framtida. NATO-omforminga er i rute. Møtet i dag har staka ut ein grei kurs fram mot NATO-toppmøtet i Riga i november neste år.

Fotnotar

1.

Tyrkia godkjenner Republikken Makedonia med det konstitusjonelle namnet.

Til forsida