8 Fellesfråsegn, Brussel, 8. desember 2005 NATO/Ukraina-kommisjonen på utanriksministernivå
Utanriksministrane i NATO/Ukraina-kommisjonen møttest i Brussel i dag, og understreka kor viktig den distinkte partnarskapen mellom NATO og Ukraina er for tryggleiken og stabiliteten i heile det euroatlantiske området. Dei diskuterte òg utsiktene for framtidig utvikling av tilhøvet seg imellom, i samband med den intensiverte dialogen om dei ukrainske ambisjonane om NATO-medlemskap og relevante reformer, som skal vere utan føringar for ei eventuell framtidig avgjerd i alliansen.
Ministrane sa seg på ny forplikta til å arbeide for at operasjonane og oppdraga til NATO skal bli vellukka, mellom anna ISAF i Afghanistan, KFOR i Kosovo og Operasjon Active Endeavour i Middelhavet, og merkte seg med glede at Ukraina aktivt støttar desse oppdraga. Dei tok til orde for ytterlegare intensivering av slikt operativt samarbeid, og var samde om å sondere utsiktene for ukrainske bidrag til NATO-opplæringsoppdraget i Irak (NTM-I) og til den logistikkstøtta alliansen yter overfor Den afrikanske unionen i Darfur. Dei sa seg glade for dei ukrainske bidraga til regional tryggleik.
Vidare såg ministrane positivt på framgangen som var oppnådd i 2005 i utviklinga av praktiske NATO/Ukraina-prosjekt med sikte på å stette Ukrainas nasjonale tryggings- og forsvarsbehov, mellom anna lanseringa av PFP-fond til hjelp med å destruere farlege overskotslager av forsvarsmateriell og med omskolering og reetablering av overflødig militærpersonell. Dei såg òg positivt på at det under høgnivåkonsultasjonane mellom NATO og Ukraina i Vilnius nyleg vart lansert eit prosjekt som skal hjelpe til med opplæring av sivilt personell som skal gjere teneste i ukrainske forsvars- og tryggingsstrukturar.
Dei allierte ministrane gjentok at NATO held døra open for europeiske demokrati med vilje og evne til å ta på seg det ansvaret medlemskap medfører, i samsvar med artikkel 10 i Washingtontraktaten. Samtidig streka dei under at føresetnaden for at Ukraina skal kunne nærme seg målsetjingane om euroatlantisk integrasjon, eventuelt med deltaking i programmet for medlemskapshandlingsplanar, først og fremst er konkret, målbar framgang i gjennomføringa av sentrale reformer og politikkområde.
Innanfor ramma av den intensiverte dialogen som vart sett i gang tidlegare i år, gjekk ministrane gjennom framgangen som er oppnådd i 2005 når det gjeld å styrkje dei demokratiske institusjonane i Ukraina og å gjennomføre reformer i forsvars- og tryggingssektoren i landet. I denne samanhengen såg dei særleg positivt på at regjeringa i Ukraina er villig til å gjennomføre ein fullstendig gjennomgang av tryggingssektoren i landet. Dei såg fram til gjennomføringa av frie val, mellom anna til Verkhovna Rada i mars 2006, som viktige høve for Ukraina til å vise at reformene er av permanent art. Dei oppmuntra til ytterlegare reformer i rettsvesen og forvaltning, mellom anna i kampen mot korrupsjon. Vidare oppmuntra dei Ukraina til å halde fram med å medverke til den regionale tryggleiken. Endeleg merkte dei seg arbeidet som er i gang for å utvikle ein ambisiøs årleg målplan for 2006, og såg fram til at denne snarast skulle bli vedteken og sett i verk i god tid og på ein handfast måte. Ministrane var samde om å halde framgangen i Ukraina under oppsyn. Ministrane i allianselanda vil framleis hjelpe Ukraina med å nå reformmåla.