St.meld. nr. 24 (2001-2002)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2001

Til innhaldsliste

1 Erklæringar og kommuniké

1.1 Ministermøte i Det nordatlantiske rådet i Budapest, 29. mai 2001. Sluttkommuniké

  1. På møtet i dag gjorde vi opp status over det som er gjort for å fremje tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området, og gav retteleiing til vidare gjennomføring av vedtaka frå Washington-toppmøtet. Særskilt har vi:

    • stadfesta vårt engasjement for eit fredeleg, stabilt og demokratisk Søraust-Europa, og sagt oss fast bestemte på å motarbeide all vald enten motivet er etnisk, politisk eller kriminelt,

    • arbeidd vidare med å utvikle nære og effektive relasjonar mellom NATO og EU for å styrkje den transatlantiske partnarskapen, og

    • bestemt oss for å intensivere diskusjonane om tryggingspolitiske utfordringar i det 21. hundreåret, mellom anna spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike, og korleis desse utfordringane best kan møtast.

  2. Vi stadfestar NATOs sterke engasjement for tryggleik, stabilitet, fred, demokrati og respekt for menneskerettane i Søraust-Europa. Alliansen vil framleis arbeide iherdig for å nå dette målet, først og fremst gjennom NATO-leidde fredsbevarande operasjonar i Bosnia-Hercegovina og i Kosovo og gjennom tryggingssamarbeid med landa i regionen.

  3. Vi hyllar mennene og kvinnene frå alle nasjonar som tenestegjer i SFOR og KFOR for deira profesjonelle og oppofrande innsats for fred og stabilitet. Vi uttrykkjer vår djupe medkjensle med familiane til dei som har mist livet eller er blitt skadde i tenesta. Vi takkar NATO-partnarane og andre land for dei vesentlege bidraga dei yter til vår felles innsats.

  4. Vi uttrykkjer igjen vår støtte til territorial integritet og suverenitet for alle landa i Søraust-Europa. Vi står fast på å fremje langsiktig stabilitet gjennom forsoning og samarbeid i regionen, godt naboskap, stabile og trygge grenser, vern om rettane til etniske grupper og minoritetar, tillitsskapande tiltak, ei varig løysing på problemet med flyktningar og fordrivne menneske og fullt samarbeid med FN sin internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY).

  5. Vi gler oss over det stadig betre samkvemmet med Den føderale republikken Jugoslavia, og ser fram til det skal utvikle seg ytterlegare. Vi er oppmuntra over dei positive stega den demokratisk valde regjeringa tek, og trur at den konstruktive innstillinga regjeringa viser vil medverke til langsiktig stabilitet i heile regionen og gje nye utsikter til regionalt samarbeid og integrasjon i dei euroatlantiske strukturane. Vi gler oss over framgangen FRJ har hatt i arbeidet med å forbetre samkvemmet med grannelanda og i samarbeidet for full gjennomføring av den generelle rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina og tryggingsrådsresolusjon (UNSCR) 1244. Vi gler oss over den meir samarbeidsvillige innstillinga FRJ viser til ICTY og dei positive tiltaka som alt er gjorde, og ventar oss at landet vil gå vidare på vegen mot fullt samarbeid med domstolen i arbeidet denne gjer i Haag, mellom anna ved å vedta eit eigna lovverk. Alle tiltala må stillast til ansvar for sine gjerningar i fullt samsvar med tryggingsrådsresolusjon 827 om opprettinga av ICTY. I samband med dette gler vi oss over arrestasjonen av tidlegare president Milosevic.

  6. Vi oppmodar Beograd og Podgorica om å ta opp att ein konstruktiv dialog om det konstitusjonelle tilhøvet dei imellom og å søkje løysingar som er akseptable for begge. Vi rår sterkt frå alle einsidige tiltak som kan true den politiske stabiliteten ikkje berre i FRJ, men i heile regionen. Vi tek opp att vår støtte til eit demokratisk Montenegro innanfor ein demokratisk føderal jugoslavisk republikk.

  7. Vi støttar den pågåande innsatsen for å finne ei fredeleg løysing på problema i det sørlege Serbia, idet det vert teke omsyn til fredsplanen til styresmaktene i FRJ/Serbia som søkjer å gjere noko med dei rettkomne klagemåla til den etnisk albanske folkegruppa. Vi er glade for at innsatsen til den personlege representanten for Generalsekretæren og det nære samarbeidet med Den europeiske unionen har vore medverkande i så måte. NATO vil framleis vere engasjert i denne prosessen, og vi ser fram til vidare samarbeid med styresmaktene i FRJ/Serbia på dette punktet. Vi er oppmuntra over den positive utviklinga som har skjedd i det siste etter at NATO, som eit vidare steg mot ei framtidig avvikling av bakketryggingssona, vedtok å tillate at styrkar frå FRJ under kontrollerte forhold kunne vende tilbake til sektor B under oppsyn av COMKFOR. Særleg gler vi oss over måtehaldet som er vist av FRJ-styrkane som har vendt tilbake til sona og at det ikkje har vore større konfrontasjonar med væpna grupper. Vi gler oss òg over at mange etniske albanarar som tidlegare tilhøyrde væpna grupper, under oppsyn av KFOR har gjeve frå seg våpna sine og innstilt aktiviteten.

  8. Ei vellukka fullføring av prosessen som er i gang i Sør-Serbia, og stabiliteten i regionen på lengre sikt, krev ei snarleg gjennomføring av handgripelege og verifiserbare tillitsskapande tiltak. Vi rosar dei første stega som er tekne i å gjennomføre det OSSE-støtta konseptet for opplæring av eit multietnisk politi, amnestiet dei serbiske styresmaktene har kunngjort, demilitariseringserklæringa som vart underteikna av leiarane for væpna grupper og ei endeleg avvæpning og oppløysing av desse gruppene. Streng politisk kontroll over FRJ-styrkane i regionen og integrering av etniske albanarar i lokale administrative og politiske strukturar er òg viktig. For sin del må dei etniske albanarane forplikte seg heilt og fullt til den politiske prosessen som skal føre fram til forsoning, til frivillig avvæpning, til oppløysing av væpna grupper og til å avstå frå vald. KFOR vil saman med UNMIK-politiet føre vidare den robuste innsatsen for å stanse straumen av våpen og væpna grupper mellom Kosovo, Sør-Serbia og andre delar av regionen, også Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1.

  9. Vi stadfestar vår oppslutnad om full gjennomføring av UNSCR 1244. Vi rosar det svært gode samarbeidstilhøvet mellom KFOR og FNs sivile operasjon i Kosovo (UNMIK) i arbeidet med å etablere eit fredeleg, multietnisk, multikulturelt og demokratisk Kosovo, der alle folkegrupper utan omsyn til etnisk opphav eller religion kan leve i fred og tryggleik og nyte godt av allmenne menneskerettar og fridommar på likeverdig basis, også ved å delta i demokratiske institusjonar. Vi gler oss over at spesialrepresentanten for FNs Generalsekretær (SRSG) har lagt fram ei forordning om dei konstitusjonelle rammene for eit mellombels sjølvstyre i Kosovo, som er eit viktig steg i gjennomføringa av UNSCR 1244. Desse rammene vil danne grunnlaget for valet i Kosovo som skal haldast 17. november. Leiarane i Kosovo må ta sitt ansvar og gjere alt dei kan for å sikre at valet kan avviklast i fredelege og trygge former. Vi ber alle folkegrupper om å vere med på dette valet og å ta del i dei nye politiske strukturane i Kosovo. Alle fordrivne menneske må få høve til å delta i valet.

  10. Vi stadfestar at det er viktig å leggje tilhøva til rette for at flyktningar og fordrivne, også kosovoserbarar og andre etniske minoritetar, kan vende tilbake til sine heimar på ein trygg og sikker måte. Vi oppmodar dei politiske leiarane i Kosovo om å gå meir aktivt inn for dette målet i samarbeid med KFOR og UNMIK.

  11. Etablering av trygge forhold for alle i Kosovo er framleis ei prioritert oppgåve. Vi fordømmer sterkt all etnisk, politisk og kriminelt motivert ekstremistverksemd både frå etnisk albansk og serbisk hald, og likeins valdshandlingar mot det internasjonale nærværet. Slik vald kan ikkje unnskyldast, og strir mot interessene til Kosovo og regionen sett under eitt. Vi ber alle politiske parti og samfunn i Kosovo, særleg dei albanske, om eintydig å fordømme slike aktivitetar og å støtte KFOR og UNMIK i den store innsatsen desse gjer for å slå tilbake mot ekstremisme og styrkje rettsstaten og hindre at Kosovo blir brukt som base for ekstremistaktivitet i regionen. I samband med dette ber vi òg innstendig om at det snarleg vert kunngjort ei UNMIK-forordning som kan gjere det mogeleg å gå meir effektivt til verks mot talsmennene for ekstremisme og vald. Etniske spenningar i Mitrovica og minoritetsområda er framleis ei kjelde til uro.

  12. Likeins er vi djupt uroa over det store omfanget av organisert kriminalitet med bindeledd til ekstremisme og eksterne finansieringskjelder. Organisert kriminalitet er ein trussel mot ei sunn økonomisk utvikling i Kosovo og representerer ei vesentleg kjelde til ustabilitet i regionen.

  13. Eit velfungerande rettssystem i Kosovo er ein føresetnad for ei sunn demokratisk utvikling og økonomisk framgang. Vi gler oss over framgangen som er gjort med å skape ein sterkare rettsstat, men merkjer oss at det må gjerast fleire forbetringar. Vi rosar arbeidet OSSE gjer for å rekruttere og lære opp medlemmer av den fleiretniske polititenesta for Kosovo.

  14. Vi gler oss over at etnisk albanske politiske fangar nyleg vart sette fri frå serbiske fengsel. Vi minner om at Beograd må setje fri dei resterande kosovoalbanarane som vert haldne som fangar i Serbia utan tilstrekkeleg rettsgrunnlag. Vi oppmodar om at alt vert prøvd for å gjere greie for sakna personar, utan omsyn til etnisk opphav, og strekar under at KFOR er parat til å samarbeide med den internasjonale kommisjonen for sakna personar.

  15. Vi ser at Den sivile beredskapsstyrken for Kosovo (KPC) stort sett opptrer i samsvar med regelverket i si sivile rolle med UNMIK som øvste ansvarlege og under dagleg tilsyn av KFOR. Vi er likevel djupt uroa over tilfelle av overtramp frå enkeltmedlemmer og at det førekjem organisert kriminalitet, ulovleg våpeninnehav og støtte til ekstremistaktivitetar i Kosovo og omkringliggjande område. Vi fordømmer desse aktivitetane, og minner om at leiinga for KPC må setje inn fleire tiltak for å stanse dei og klart og offentleg fordømme ekstremistverksemd i Kosovo og i regionen. KFOR vil framleis føre nøye tilsyn med KPC i samsvar med dei retningslinene og prioriteringane som er fastsette av SRSG. Vi ser det som avgjerande viktig at tenesteinstruksen for KPC vert strengt handheva.

  16. Vi merkte oss ein rapport om KFOR sine roller og oppdrag, med tilrådingar om omfang og struktur. Vi gler oss over konklusjonane, særleg at det inn til vidare ikkje er aktuelt å endre omfanget og profilen til KFOR.

  17. Vi er framleis fullt ut forplikta til full gjennomføring av den generelle rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina. Vi støttar fullt ut målsetjingane til Fredsgjennomføringsrådet (PIC) og den faste viljen rådet viser til å integrere Bosnia-Hercegovina som ein stat, multietnisk og demokratisk og med sterke og effektive felles institusjonar, i dei euroatlantiske strukturane. Vi vil halde fram med å samarbeide nært, særleg gjennom SFOR, med Den høge representanten og med andre organisasjonar, mellom dei UNHCR, OSSE, Den europeiske unionen, FN-operasjonen i Bosnia-Hercegovina (UNMIBH), Den internasjonale politistyrken (IPTF) og ICTY. Vi sluttar sterkt opp om innsatsen som SFOR og ICTY kvar for seg gjer for å pågripe og stille for retten personar tiltala for krigsbrotsverk. I denne samanhengen minner vi om at entitetane har hovudansvaret for å stille personar tiltala for krigsbrotsverk for retten, og ber dei innstendig om å samarbeide meir effektivt med SFOR for å få i stand dette.

  18. Vi gler oss over at moderate, ikkje-nasjonalistiske parti etter vala sist haust er komne med i regjeringane på statleg plan og i entitetane. Det internasjonale samfunnet ventar seg at desse nye regjeringane vil gjere større og raskare framgang i retning av eit sjølvstendig, multietnisk demokrati. Vi ber dei nyvalde leiarane i Bosnia-Hercegovina ta større ansvar og føle meir eigarskap for prosessen med å gjennomføre Dayton-avtalen og å førebu Bosnia-Hercegovina på å bli integrert i euroatlantiske strukturar.

  19. Vi fordømmer alle former for separatisme og nasjonalistisk vald i Bosnia-Hercegovina. I samband med dette er vi djupt uroa over hendingane i Mostar på den eine sida og Trebinje og Banja Luka på den andre, som høvesvis kroatiske og serbiske ekstremistar nyleg stod bak og som direkte trugar Dayton-avtalen og dei lovlege institusjonane i Bosnia-Hercegovina, både på statsplan og i entitetane. Vi ber om at alle politiske leiarar i Bosnia-Hercegovina, og i andre land i regionen, må gje klart uttrykk for si fordømming av desse hendingane. Vi støttar fullt ut Den høge representanten og SFOR i deira innsats for å møte denne utfordringa. Vi ber alle borgarar i Bosnia-Hercegovina løyse sine tvistemål med fredelege, lovlege og demokratiske middel. Vi ber dei òg innstendig om å erkjenne at samfunnet deira er best tent med dei eksisterande institusjonelle rammene i Bosnia-Hercegovina og med å samarbeide med Den høge representanten og med dei lovlege styresmaktene på statsplan og i entitetane. Vald mot desse styresmaktene, borgarar av Bosnia-Hercegovina eller SFOR-soldatar eller andre representantar for det internasjonale samfunnet, vil ikkje bli tolerert frå noko hald.

  20. Vi ber dei bosniske serbarane innstendig om ikkje å streve etter snevre, lokalpatriotiske mål, men å innsjå at interessene deira er best tente med å arbeide for dei kollektive interessene til heile det bosniske samfunnet. Vi ber dei bosniske kroatane som har gått ut av føderasjonsstrukturane om å komme tilbake, og rosar dei som alt har vendt tilbake for deira engasjement for framtida til Bosnia-Hercegovina. Vi gler oss over at Kroatia avviser HDZ sine forsøk på å danne parallelle institusjonar.

  21. Vi oppmuntrar Presidentskapen til å prioritere reformprogrammet for forsvaret. Bosnia-Hercegovina treng væpna styrkar med felles kommando og leiing som kan utplasserast og opptre samla under leiing av internasjonale og regionale tryggingsorganisasjonar. I samband med dette gler vi oss over at Presidentskapen har slutta seg til ein felles forsvarspolitikk for Bosnia-Hercegovina. Vi stadfestar at vi er forplikta til å bidra ytterlegare til å auke stabiliteten og tilliten i Bosnia-Hercegovina og å styrkje samarbeidet mellom dei væpna styrkane i entitetane.

  22. Vi ber leiarane i Bosnia-Hercegovina innstendig om å gjennomføre Vedlegg I B til Dayton-avtalen fullt ut når det gjeld tillitsskaping og tryggingsspørsmål. Vi ber om at nabolanda til Bosnia-Hercegovina på ein open og gjennomsiktig måte støttar den fullstendige gjennomføringa av avtalen, særleg dei landa som er signaturstatar til denne avtalen.

  23. Vi gler oss over bidraget frå OSSE til gjennomføringa av fredsavtalen og til opprettinga av ei ramme for fred og stabilitet i Søraust-Europa. Vi ber om statane som deltek i forhandlingane om regional stabilitet i samband med avtalen, gjer full bruk av den nye framdrifta som er skapt gjennom Den føderale republikken Jugoslavia si deltaking i OSSE, med sikte på fullføre arbeidet snarast råd. NATO står klar til å støtte gjennomføringa av ein slik avtale innanfor rammene av Stabilitetspakta for Søraust-Europa.

  24. Vi merkte oss ein rapport om SFOR sine roller og oppdrag med tilrådingar om omfanget og strukturen til styrken. Vi gler oss over konklusjonane i rapporten, spesielt om at det ikkje er tilrådeleg å vurdere større omstruktureringar eller reduksjonar i SFOR no, særleg i lys av aktuelle utviklingstrekk, men at ein moderat reduksjon i samla styrkenivå vil kunne gjennomførast innanfor den noverande styrkestrukturen på visse vilkår som dei militære NATO-styresmaktene fastset. Vi gjentek her tilrådinga frå rapporten om behovet for å utstyre dei fleirnasjonale spesialeiningane med alle dei avtala ressursane.

  25. Vi seier oss på nytt fullt forplikta til tryggleik, stabilitet og territorial integritet for Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 2. Vi fordømmer sterkt dei valdshandlingane som ekstremistiske albanske grupper har stått for den seinare tida, som ikkje berre har trua stabiliteten til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 3, men òg har undergrave innsatsen til dei etniske albanarane som arbeider saman med det internasjonale samfunnet for å føre fred, demokrati og stabilitet til den urolege Balkanregionen. Vi ber leiarane for etnisk albanske samfunn i regionen om eintydig å fordømme desse valdshandlingane. Ekstremistane må straks stanse valdshandlingane sine.

  26. Vi er oppmuntra over at det overveldande fleirtalet av folket i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 4har avvist å støtte dei som meiner at dei skal nå sine mål gjennom vald. Vi støttar styresmaktene i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 5i deira strev etter å isolere dei ekstremistiske elementa på ein måte som fremjar ei fredeleg løysing. Vi forventar at styresmaktene unngår overdriven maktbruk og at dei tek alle forholdsreglar for å hindre sivile tap.

  27. Vi gler oss over opprettinga av ei brei koalisjonsregjering. Vi oppmodar partane til å ta snare og konkrete steg i den pågåande interetniske dialogen under oppsyn av president Trajkovski, med politiske parti frå alle etniske grupper som deltakarar, med sikte på å oppfylle legitime behov, konsolidere det interetniske samkvemmet og sikre ei betre framtid for alle borgarar utan omsyn til etnisk opphav. I så måte merkjer vi oss dei tiltaka regjeringa har gjort for å etablere høgre utdanning på albansk, ein albanskspråkleg fjernsynskanal og auka lokalt sjølvstyre.

  28. Samarbeidet mellom internasjonale organisasjonar har resultert i ein samordna reaksjon og eit eintydig signal om at det internasjonale samfunnet er fast bestemt på å støtte stabilitet i regionen. Vi gler oss særleg over det tette samarbeidet mellom NATO og EU, som vi mellom anna har sett eksempel på i fellesoppdraga til Skopje ved Generalsekretæren i NATO og Den høge representanten for EU.

  29. Vi gler oss over at auka patruljering og utvida KFOR-styrkar på Kosovosida av grensa har gjort KFOR betre skikka til å oppdage, hindre og avskrekke transport av mannskap og materiell frå Kosovo til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 6. KFOR er fast bestemt på å arbeide iherdig vidare med dette. Alliansen har nyleg utpeika sivile representantar på høgt nivå som skal arbeide for betre kommunikasjon og samordning med styresmaktene i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 7og andre politiske leiarar i landet.

  30. Vi gler oss over den betra militære samordninga og utvekslinga av militær informasjon med forsvars- og innanriksministeria i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 8, og over opprettinga av eit NATO samarbeids- og koordineringssenter leia av NATOs militærrepresentant på overordna nivå, som skal lette informasjonsutvekslinga og opptre som sentral for bistandstiltak. Vi merkjer oss òg med glede innsatsen som allierte har gjort for å trappe opp den bilaterale bistanden til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 9. Alliansen vil framleis søkje praktiske løysingar for å auke bistanden på alle desse områda.

  31. Vi seier oss på nytt svært takksame for innsatsen som skjer i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 10for å støtte KFOR, og gler oss over avtalen som nyleg vart inngådd og som definerer den rettslege statusen til KFOR-personell mens dei oppheld seg på territoriet til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 11.

  32. Skal Søraust-Europa bli ein trygg og stabil region, må landa utvikle tilstrekkelege nasjonale evner til å garantere eit sikkert grensevern. Alliansen har her gjort konkrete tiltak for å hjelpe regjeringane i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 12og i Albania, og bruker dei rammene som alt eksisterer med EAPC og Initiativet for Søraust-Europa (SEEI) for å engasjere seg i ein dialog med partnarane om dette spørsmålet.

  33. Vi fekk overlevert den konsoliderte framdriftsrapporten om utviklinga av SEEI og bidrag frå Alliansen til måla i Stabilitetspakta. Vi merkte oss med glede at mange av aktivitetane som er igangsette under SEEI har modnast og no leverer verdifulle resultat til støtte for regionalt samarbeid, og at dei enkelte landa gjer ein innsats for å bli meir integrerte i den euroatlantiske fellesskapen og dermed støtte og utfylle målsetjingane i Stabilitetspakta.

  34. Vi gler oss over det felles evalueringsdokumentet om regionale tryggingsutfordringar og utsikter (SEECAP), som skal vedtakast seinare i dag og som skal tene til å utvikle realistiske tryggingsprinsipp og reform av tryggingsordningane til landa i regionen. Vi ser òg på innsatsen til Styringsgruppa for tryggingssamarbeid i Søraust-Europa (SEEGROUP) som eit verdifullt regionalt initiativ til støtte for SEEI og Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Vi er oppmuntra over framgangen som er gjort av landa i Søraust-Europa i å utvikle sin eigen fredsbevaringsstyrke, og merkjer oss at Den fleirnasjonale fredsstyrken for Søraust-Europa sa seg klar til innsats den 1. mai.

  35. Vi er tilfreds med at Kroatia, i tillegg til Bulgaria og Romania, no dreg fordel av det vellukka programmet som vart igangsett av Alliansen og Verdsbanken, etter tilrettelegging gjennom Stabilitetspakta, for å omskolere og reintegrere tidlegare militært personell i den sivile økonomien.

  36. Vi gjev Det faste rådet i oppdrag å arbeide vidare med tiltaka i samband med SEEI og Alliansen sine bidrag til Stabilitetspakta, særleg innanfor forsvarsreform, og ser fram til vidare framgang innan vi møtest neste gong.

  37. Alliansen har sett svært alvorleg på den uroa som har gjort seg gjeldande hos folk flest etter rapportar om mogelege verknader av utarma uran på helsa til militært og sivilt personell som er med i NATO-operasjonar og på helsa til sivilbefolkninga. Ei omfattande informasjonsutveksling mellom dei allierte landa, landa i regionen, alle medverkande i SFOR og KFOR og aktuelle internasjonale organisasjonar, har ikkje påvist noko teikn på ein slik samanheng. Det allierte vil halde fram med å utveksle informasjon og å samarbeide med FN-organ, særleg FNs miljøprogram, og andre relevante institusjonar om denne saka.

  38. Vi tok føre oss framgangen som hittil er oppnådd i gjennomføringa av initiativet for betra forsvarsevne (DCI). Målet med DCI er uendra: å skaffe dei styrkar og evner Alliansen treng for å møte dei tryggingspolitiske utfordringane i det 21. hundreåret, over heile spekteret av oppdrag som Alliansen har. Dei NATO-allierte må halde fram med å styrke forsvarsevnene og interoperabiliteten ved å gjere dei allierte styrkane lettare deployerbare og meir mobile, meir overlevingsdyktige og skikka til langvarige oppdrag og med større evne til å gripe effektivt inn, samstundes som det må sikrast meir effektiv kommando og leiing. Det krevst vedvarande engasjement for å nå desse ambisiøse måla - både i NATO-hovudkvarteret og i hovudstadene. Vi er framleis bestemte på å støtte dette arbeidet heilt og fullt, og merkjer oss særleg at innsatsen til Alliansen og dei allierte for å gjennomføre DCI og den innsatsen EU gjer for å styrkje dei europeiske evnene, er gjensidig forsterkande. Fordi partnarane har ei viktig rolle å spele i framtidige NATO-leidde operasjonar, gler vi oss over at dei no er engasjerte i delar av DCI.

  39. Vi gjorde opp status for framdrifta i utviklinga av den felles europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) i samsvar med vedtaka som vart gjorde på toppmøtet i Washington og påfølgjande ministermøte. Vi sa oss på nytt fast bestemte på å forsterke den europeiske søyla i NATO, og går heilt og fullt inn for ein balansert og dynamisk transatlantisk partnarskap. Vi deler EU sitt engasjement for ein genuin strategisk partnarskap mellom NATO og EU innanfor krisehandtering. Alliansen vil framleis vere grunnmuren i fellesforsvaret av medlemslanda og aktivt fylle si viktige rolle i krisehandtering, slik det strategiske konseptet legg opp til. Partnarskapen mellom NATO og EU og utviklinga av ein dugande og effektiv ESDI, i samsvar med prinsippa som vart fastlagde på Washington-toppmøtet og påfølgjande ministermøte, vil styrkje den Alliansen som gjer at vi er parat til å arbeide mot felles tryggingspolitiske mål der det er mogeleg.

  40. Vi seier oss på nytt forplikta til eit tilhøve mellom NATO og EU basert på innsyn, samhald og samarbeid, som også heretter sikrar effektiviteten i Alliansen og samhaldet mellom dei allierte. Å auke dei europeiske evnene står sentralt i denne prosessen. Både NATO og EU har ei felles interesse av å sikre ei samkøyrd utvikling av dei militære evnene til sine medlemsstatar.

  41. Vi gler oss over den intensiverte dialogen mellom Alliansen og Den europeiske unionen sidan vi sist møttest i Brussel. Tett konsultasjon og samarbeid mellom dei to organisasjonane og dei gjensidig forsterkande tiltaka dei har sett i verk som svar på situasjonen på Balkan, viser at NATO og EU har engasjert seg i eit vellukka praktisk samarbeid i saker av felles interesse i tilknyting til tryggleik, forsvar og krisehandtering. Å vidareføre slikt praktisk samarbeid mellom dei to organisasjonane vil hjelpe til å sikre at kriser kan møtast med dei militære reaksjonar som er best eigna og at krisehandteringa fungerer effektivt. I denne samanhengen gler vi oss over den høge graden av samordning og samarbeid mellom Generalsekretæren og EUs høge representant, særleg dei felles oppdraga dei personlege representantane for desse har gjennomført i regionen.

  42. På desembermøtet vårt merkte vi oss mellom anna forslaga Det europeiske rådet la fram i Nice om permanente ordningar for å sikre fullt innsyn, samråd og samarbeid mellom NATO og EU. Vi var samde om at samrådet og samarbeidet mellom dei to organisasjonane skulle utviklast i spørsmål av felles interesse i tilknyting til tryggleik, forsvar og krisehandtering, slik at kriser kunne møtast med best eigna militære reaksjonar og effektiv krisehandtering vere sikra. Vi såg fram til ei snarleg oppretting av slike gjensidig tilfredsstillande ordningar basert på prinsippa som kom til uttrykk i Washington og påfølgjande ministermøte, som det vil bli teke omsyn til i rammeavtalen som skal opprette desse ordningane. Desse ordningane vil vere nøkkelen til eit tett, tillitsfullt og ope tilhøve mellom dei to organisasjonane, slik Washington-toppmøtet la opp til. Etter dei resultata som vart oppnådde på ministermøta i NATO og i Det europeiske rådet i Nice, vart det i januar i år utveksla brev mellom Generalsekretæren og Presidentskapen i EU. Minst tre møte mellom Det nordatlantiske rådet og EUs utanriks- og tryggingspolitiske komité og minst eitt ministermøte skal haldast under kvar EU-presidentskap. Kvar av organisasjonane kan etter behov be om møte ut over dette. Begge organisasjonane er forplikta til å trappe opp kontakten og møta i naudfasen av ei krise.

  43. Vi gler oss over dei fire møta som er haldne mellom Det nordatlantiske rådet og EUs utanriks- og tryggingspolitiske komité, og ser fram til fleire slike møte. Vi gler oss òg over framgangen som er gjort hittil i ad-hoc-arbeidsgruppene mellom NATO og EU. Vi ser fram til det vidare arbeidet i desse gruppene, der alle relevante saker vil bli drøfta, også spørsmål som gjeld deltaking.

  44. Vi merkjer oss den vellukka gjennomføringa av den mellombels NATO-EU-avtalen om informasjonssikring som kom i stand i fjor, og gler oss over framgangen i utarbeidinga av ei permanent sikringsordning mellom dei to organisasjonane, mellom anna det produktive arbeidet i ad-hoc-arbeidsgruppa mellom NATO og EU om sikringsspørsmål. Vi står klar til å inngå ein permanent sikringsavtale mellom NATO og EU som ei prioritert sak.

  45. Dei europeiske allierte er forplikta til ytterlegare å styrkje sine militære evner og å forsterke den europeisk søyla i Alliansen. Dette vil gjere dei betre i stand til å bidra både til Alliansens oppdrag og til EU-leidde operasjonar ved Petersberg-oppgåver der Alliansen i seg sjølv ikkje engasjerer seg. Vi merkjer oss at denne prosessen ikkje inneber oppretting av ein europeisk hær, og at tilsegner om nasjonale ressursar til EU-leidde operasjonar vil vere baserte på suverene vedtak.

  46. Vi gler oss over innsatsen som EU elles gjer for å oppfylle si hovudmålsetjing innan 2003, slik det vart bestemt av Det europeiske rådet i Helsinki, for såleis å bidra til å betre og styrkje dei europeiske militærevnene. Dei vesentlege tilleggsbidraga som europeiske allierte utanfor EU har tilbode til dei samla styrkane som står til disposisjon for EU-leidde operasjonar, er viktige og vil auke breidda i dei evnene som potensielt står til disposisjon for EU. Vi gler oss over dei bilaterale møta som er haldne mellom dei europeisk allierte i og utanfor EU for å avklare og evaluere deira bidrag til europeisk krisehandtering på grunnlag av dei same kriteria som dei som gjeld for medlemsstatar i EU, og ser fram til den vidare utviklinga av denne praksisen. Vi merkjer oss at EU erkjenner behovet for ytterlegare evneforbetringar. Alliansens initiativ for betra forsvarsevner tener òg som støtte for auka europeiske evner. Måla som går fram av NATOs DCI og EUs hovudmålsetjing er gjensidig forsterkande. Vi merkjer oss med glede at NATO, etter oppmoding frå Presidentskapen i EU og på grunnlag av eit rådsvedtak, sa seg samde i å støtte arbeidet til HTF Plus under den svenske presidentskapen gjennom ei ekspertgruppe som skal vere open for nasjonale ekspertar frå dei allierte som ønskjer å delta i dette arbeidet. For å vidareføre dette viktige arbeidet under den neste EU-presidentskapen, står NATO, med atterhald om eit snarleg vedtak i Rådet, parat til å yte ytterlegare ekspertråd etter oppmoding frå EU.

  47. Vi understrekar, som vi gjorde under Washington-toppmøtet og påfølgjande ministermøte, det viktige i å finne løysingar som alle allierte kan godta når det gjeld spørsmålet om deltaking. Dei allierte gler seg over at møte mellom allierte i og utanfor EU har teke til. Dei allierte ser vidare fram til ei brei og effektiv praktisk gjennomføring av ordningane som vart avtala av Det europeiske rådet i Nice for dialog, samråd og samarbeid med europeiske allierte utanfor EU i spørsmål som gjeld tryggings- og forsvarspolitikk og krisehandtering, og nærare reglar for deltaking i EU-leidde militæroperasjonar. Vi gler oss over at EU forpliktar seg til å intensivere konsultasjonane i krisetider, noko som òg vil setje europeiske allierte utanfor EU i stand til å ta opp spørsmål som dei er opptekne av og som dei meiner kan røre ved deira interesser. Det er særleg viktig i denne samanhengen at europeiske allierte utanfor EU kan be om møte med Den europeiske unionen og komme med forslag til punkt på saklista. Det er særleg viktig med samråd og samarbeid med EUs utanriks- og tryggingspolitiske komité og med EUs militærkomité, eventuelt også med militærstaben i EU, for å sikre at dei aktuelle allierte kan dra maksimal nytte av desse og å setje dei aktuelle allierte i stand til å medverke effektivt. Her vil vi igjen, i samsvar med Washington-traktaten, streke under kor stor vekt vi legg på det å respektere tryggingsinteressene til alle allierte og på pliktene dei har overfor kvarandre som allierte.

  48. Vi gler oss over oppnådd framgang i å utvikle dialog, samarbeid og samråd mellom Canada og EU i alle tryggings- og forsvarssaker av felles interesse. Dette omfattar ein felles lovnad om å intensivere konsultasjonane i krisetider, særleg når EU vurderer ein operasjon der NATO sine ressursar og evner kan bli tekne i bruk. Canada og EU har avtala å halde fram med dialogen for å avtale dei nærare vilkåra for konsultasjonar med Canada og om korleis det kan delta i operasjonar leidde av EU.

  49. Idet ein tek omsyn til utviklinga av relevante ordningar i EU, held arbeidet fram innanfor Alliansen som pålagt under toppmøtet i Washington og avtala under påfølgjande ministermøte. Arbeidet går framover etter prinsippet om at ingenting skal avtalast før alt er avklara - deltakingsspørsmålet er også relevant i denne samanhengen. På dette grunnlaget, og i tråd med vedtak som vart gjorde i Washington og påfølgjande ministermøte, har intensiverte diskusjonar om deltakingsspørsmålet etter at vi sist møttest i desember, styrkt utsiktene for framgang på ulike område av Washington-saklista, spesielt når det gjeld ordningar for:

    • garantert EU-tilgang til planleggingsevner i NATO som kan medverke til militær planlegging for EU-leidde operasjonar,

    • føresetnaden om tilgang for EU til førehandsutpeika NATO-evner og felles ressursar for bruk i EU-leidde operasjonar,

    • utveljing av eit spekter av europeiske kommandoalternativ for EU-leidde operasjonar, med vidare utvikling av rolla til DSACEUR for at han fullt ut og effektivt skal kunne oppfylle sine europeiske plikter, og

    • vidare tilpassing av Alliansens forsvarsplanleggingssystem.

    • Det står att viktig arbeid som vi vil følgje opp intensivt, samstundes som det vert teke omsyn til relevante aktivitetar i og forslag frå Den europeiske unionen.

  50. Idet vi viser til vedtaka som vart gjorde på Washington-toppmøtet, samstundes som vi ser framover mot den gjennomgangen av utvidingsprosessen som stats- og regjeringssjefane i NATO skal gjere på toppmøtet i Praha i 2002, stadfestar vi at Alliansen forpliktar seg til å vere open for nye medlemmer. Alliansen reknar i åra som kjem med å invitere endå fleire land som har vilje og evne til å ta på seg det ansvaret og dei pliktene medlemsskap inneber, når NATO finn at innlemming av desse statane vil tene dei overordna politiske og strategiske interessene til Alliansen og samla sett vil gje auka tryggleik og stabilitet i Europa. Ikkje noko demokratisk land i Europa som oppfyller målsetjingane med Washington-traktaten vil vere utelukka frå å bli vurdert som medlem, og kvart land vil bli vurdert ut frå sine føresetnader utan omsyn til geografisk plassering.

  51. Prosessen rundt Handlingsplanen for medlemskap (MAP) understrekar at NATO stadig held døra open ved å hjelpe dei ni søkjarlanda i arbeidet desse gjer for å førebu seg på ein eventuell framtidig medlemskap. Effektiviseringa av denne prosessen, som vi har avtala med søkjarlanda, har gjeve gode resultat. Vi er tilfreds med at søkjarlanda har drege full nytte av tilboda som ligg i MAP.

  52. Etter møta som vart haldne i Det nordatlantiske rådet i vår med høgtståande regjeringsmedlemmer frå søkjarlanda for å vurdere framangen, har vi no fullført den andre årssyklusen i MAP. Vi fekk i dag overlevert ein konsolidert framdriftsrapport om resultata av den andre syklusen, dette som ein del av den løpande vurderinga av utvidingsprosessen, som òg omfattar gjennomføringa av handlingsplanen for medlemskap. Rapporten peikar på framgangen søkjarlanda har gjort i førebuingane til ein eventuell medlemskap - og utfordringar som enno er uløyste - på alle område som fell inn under MAP, mellom anna politiske og økonomiske spørsmål, forsvars- og militærsaker, ressurs-, tryggings- og rettsspørsmål. Vi gler oss over at søkjarlanda i så stor grad har utnytta MAP som ein reiskap til å fremje reformer, og over at dei er komne så langt i desse reformene.

  53. Når vi no nærmar oss den tredje syklusen i MAP, oppmuntrar vi alle søkjarland til å halde fram med ein målretta innsats for å førebu seg på eventuell framtidig medlemskap i Alliansen - ved at dei byggjer vidare på framgangen dei har gjort hittil og strevar vidare mot dei utfordrande måla dei har sett seg. Her ber vi alle søkjarland arbeide vidare med å definere og gjennomføre realistiske og økonomisk gjennomførlege mål, mellom anna når det gjeld forsvarsreform. Vi gjev Det faste rådet i oppdrag å vurdere, i samråd med søkjarlanda, om det trengst ytterlegare endringar for å gjere gjennomføringa av MAP meir effektiv.

  54. Vi er som før fullt ut forplikta til å styrkje EAPC og PFP for å auke samarbeidet, innsynet og tilliten mellom medlemmene i det euroatlantiske samfunnet. Partnarskap står sentralt i Alliansen si rolle med å fremje tryggleik og stabilitet i den euroatlantiske regionen og medverkar til å gje Alliansen betre evne til krisehandtering. Den felles innsatsen som Alliansen og partnarane er forplikta til når det gjeld å ta hand om felles euroatlantiske tryggingsoppgåver, er blitt tydeleg illustrert på Balkan, der mange partnarland yter verdifulle bidrag til både SFOR og KFOR, og støttar innsatsen til Alliansen og det internasjonale samfunnet i vidare forstand for å få i stand varig fred på Balkan. Med dette for auget ser vi fram til å ta imot utanriksminister Svilanovic frå Den føderale republikken Jugoslavia som gjest for å tale til møtet mellom forsvarsminitrane i EAPC i morgon.

  55. Vi er tilfreds over dei mange EAPC/PFP-aktivitetane som skal fremje praktisk regionalt samarbeid i Søraust-Europa og i Kaukasus og Sentral-Asia. Vi verdset at Kroatia forpliktar seg til aktiv deltaking i EAPC og PFP og har sagt seg interessert i framtidig NATO-medlemskap, og gler oss over at landet aktar å gå inn i ein intensivert dialog om medlemskapsspørsmål med Alliansen. Vi gler oss over at Tadsjikistan har til formål å gå inn i PFP, og ser fram til at landet snarleg vil underteikne rammedokumentet for PFP. Vi set pris på den rolla dei regionale ad-hoc-arbeidsgruppene for Søraust-Europa og Kaukasus spelar for å fremje og støtte regionalt samarbeid, og ser gjerne at denne mekanismen vert brukt for å fremje og støtte regionalt samarbeid i andre område i den euroatlantiske regionen. Vi gler oss over den vedvarande innsatsen innanfor EAPC/PFP til støtte for ein breiare innsats som er sett i gang for å finne mottiltak mot spreiinga av handvåpen og lette våpen og til støtte for global humanitær mineryddingsinnsats og til fremje av den humanitære folkeretten, mellom andre prioriterte EAPC-oppgåver. Vi gler oss over det første prosjektet som er lansert gjennom PFP-fondet for øydelegging av antipersonellminer, der det samla arsenalet på 1,7 millionar slike miner i Albania skal øydeleggjast. Vi gler oss over at det på denne måten framleis vert lagt vekt på resultatorienterte, praktiske aktivitetar. Vi understrakar som viktig å sikre at arbeidet til EAPC tek omsyn til og fullfører innsatsen som er gjort i andre euroatlantiske tryggingspolitiske forum, til dømes OSSE. I denne samanhengen merkjer vi oss igangsette initiativ med sikte på å oppfylle denne målsetjinga.

  56. Vi merkte oss i dag rapportar om ein betra og meir operativ partnarskap og om gjennomføringa av konseptet for betra operative evner. Prosessen med å styrkje Partnarskap for fred og gjere det til ein meir operativ organisasjon, vil ytterlegare styrkje vår felles evne til å styre kriser effektivt. Vi ser fram til å ta føre oss den vidare framgangen i desse initiativa på vårt neste møte. Vi gler oss over vedvarande framgang med å yte effektiv og målretta støtte til innsatsen partnarane gjer for å omorganisere og omstrukturere forsvarssystema og dei væpna styrkane sine. Vi er som før fullt ut forplikta til fullstendig gjennomføring av dei politisk-militære rammene for NATO-leidde PFP-operasjonar. Innanfor desse rammene legg vi vekt på å utvide partnarane si rolla i politisk rettleiing og ordningar for tilsyn, planlegging og kommando av NATO-leidde krisereaksjonsoperasjonar. Vi fekk i dag overlevert ein rapport om framdrifta i gjennomføringa av dei politisk-militære rammene. Statusen for gjennomføringa representerer eit stort steg framover frå det som var tilfellet for 12 månader sidan. Likevel er det nødvendig å vidareutvikle og øve rutinane for at både NATO og partnarane skal kunne dra full nytte av rammeverket. Full gjennomføring av rammene er ein prosess som med tida vil vere eit bidrag til å gjere NATO-leidde operasjonar saman med partnarar meir effektive. Den neste fullstendige vurderinga av framdrifta bør vere ferdig innan utgangen av dette året, med rapport til ministermøta våren 2002.

  57. Fire år etter at Grunnakta NATO-Russland vart underteikna i Paris, forpliktar Alliansen seg framleis til å byggje ein sterk, stabil og varig partnarskap med Den russiske føderasjonen på grunnlag av prinsippa om innsyn, gjensidige ordningar og tillit begge vegar. Vi gler oss over oppnådd framgang i samrådingane og samarbeidet innanfor det faste fellesrådet (PJC).

  58. Vi legg stor vekt på vidare og forbetra dialog i spørsmål som gjeld situasjonen på Balkan. Vi er tilfreds over at det praktiske samarbeidet med russiske styrkar både i SFOR og KFOR framleis er det beste.

  59. Vi set pris på konsultasjonane og samarbeidet som er i gang med Russland innanfor PJC i spørsmål som ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike, forsvarsreform, spørsmål i samband med nedrusting og rustingskontroll, også CFE og avtalen om opne luftrom, vitskaplege og miljøretta spørsmål, sivil beredskap og omskolering av dimittert militært personell. Vi gler oss over aktivt samarbeid om søk og berging til sjøs på grunnlag av samarbeidsprogrammet mellom NATO og Russland om dette spørsmålet som vart avtala forsvarsministrane i PJC i desember 2000. Vi ser fram til vidare konsultasjonar om det russiske forslaget om rakettforsvar og allierte forslag som gjeld tillits- og tryggingsskapande tiltak (CSBM) på det kjernefysiske området. Vi gler oss over auka russisk deltaking i EAPC, og oppmuntrar Russland til å ta meir aktivt del i PFP.

  60. Vi ser på opninga av NATO-informasjonskontoret i Moskva som eit viktig steg mot auka publikumsforståing for NATO og partnarskapen med Russland. Vi ser fram til å utvikle NATOs informasjonsverksemd i Russland. Vi legg stor vekt på vidare utvikling av samarbeidet på militært nivå, og går såleis vidare i konsultasjonane med Russland om å etablere eit militært NATO-sambandskontor i Moskva, slik Grunnakta legg opp til.

  61. Vi er djupt uroa over at konflikten i Tsjetsjenia held fram. Vi godtek Russlands rett til å ta vare på sin territoriale integritet og å verne alle innbyggjarar mot terrorisme og kriminalitet, som vi fordømmer i alle sine former. Vi ber alle partar straks setje i verk tiltak for å stanse kamphandlingane og å prioritere innsatsen for å finne ei politisk løysing. Vi er djupt uroa over dei stadige rapportane om brot på menneskerettane i Tsjetsjenia, og ber den russiske regjeringa innstendig om å undersøkje desse rapportane systematisk og å stille alle gjerningsmenn for retten. Vi ber Russland respektere inngådde internasjonale avtalar om vern av menneskerettane. Vi gler oss over at den russiske regjeringa har sagt seg reie til å leggje til rette for at bistandsgruppa frå OSSE kan vende tilbake til Tsjetsjenia, og ber Russland oppfylle sine tilsegner om å lette arbeidet til gruppa etter det føreliggjande mandatet. Vi ber òg om at Russland legg til rette for at humanitær bistand kan nå fram og lindre lidingane til fordrivne personar. Vi ber den tsjetsjenske sida om å samarbeide i god tru om å søkje ei politisk løysing på konflikten, om å fordømme terrorismen og å setje i verk tiltak mot denne.

  62. Vi er stadig forplikta til den særskilde partnarskapen med Ukraina, der vi støttar eit uavhengig, demokratisk, stabilt og marknadsorientert Ukraina. Vi oppmodar Ukraina om å setje i verk konkrete tiltak for å føre reformprosessen framover, og i samband med dette å sikre full respekt for demokratiske verdiar og fridommar, menneskerettar og rettsstatspraksis, i tråd med dei internasjonale plikter Ukraina har teke på seg. Vi set pris på det gode tilhøvet Ukraina har til nabolanda, mellom desse Russland og medlemmer av Alliansen, som medverkar til stabilitet i Sentral- og Aust-Europa, og vi gler oss elles over den breiare innsatsen Ukraina gjer for å sikre stabiliteten Europa sett under eitt.

  63. Som før nemnt set vi pris på bidraget Ukraina yter til KFOR, som vi ser som eit uttrykk for ein forpliktande vilje frå ukrainsk side til å gjere sitt i den felles innsatsen for å skape fred og stabilitet på Balkan. Vi er tilfreds over å sjå framgangen som er gjort i gjennomføringa av NATO-Ukraina-charteret om ein eigen partnarskap, som vart underteikna for fire år sidan i Madrid. Vi er nøgde med den vellukka gjennomføringa av dei militære og ikkje-militære samarbeids- og konsultasjonsaktivitetane som hittil er avvikla i tråd med den felles arbeidsplanen for NATO og Ukraina for 2001. Vi merkjer oss det betra samarbeidet når det gjeld omskolering av pensjonerte offiserar, sivil beredskapsplanlegging innanfor programmet Vitskap for fred, og oppmuntrar Ukraina til å halde fram med det heilt avgjerande arbeidet med å få i stand forsvarsreform, mellom anna ved å gjere seg full nytte av den felles NATO-Ukraina-arbeidsgruppa for forsvarsreform. Det ukrainske vedtaket om å delta fullt ut i planleggings- og gjennomgangsprosessen (PARP) for å støtte opp om landets eigen forsvarsreformplan er ei positiv utvikling.

  64. Vi står fast på å byggje vidare på desse oppnådde resultata. I denne samanhengen gler vi oss over Ukrainas statlege program for samarbeid med NATO for 2001-2004, som understrekar Ukrainas forpliktande engasjement for eit sterkt tilhøve mellom NATO og Ukraina. Vi legg framleis spesiell vekt på rolla til NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter i Kiev, som vart oppretta for å gjere publikum landet over betre kjent med den spesielle partnarskapen mellom NATO og Ukraina, og på NATO-sambandskontoret, som lettar den ukrainske deltakinga i PFP og innsatsen landet gjer for å gjennomføre forsvarsreformer.

  65. Vi meiner som før at tryggleiken i heile Europa er nært knytt til tryggleiken og stabiliteten i Middelhavsområdet. Vi legg stor vekt på Middelhavsdialogen, som er ein del av Alliansens generelle samarbeidstilnærming i tryggingsspørsmål og forsterkar og utfyller annan internasjonal innsats.

  66. Vi gler oss over at den første runden med besøk av høgtståande NATO-representantar til deltakarland i Middelhavsdialogen vart fullført med hell i mars 2001. Besøka hadde til formål å utveksle synspunkt på Middelhavsdialogen med NATO og å få ei betre forståing av måla og prioriteringane til kvart av dialoglanda. Vi oppmuntrar landa i Middelhavsdialogen til å interessere seg for politiske konsultasjonar og praktisk samarbeid med Alliansen. I samband med dette ser vi fram til å opprette eigna ordningar med alle middelhavspartnarar om sikring av informasjon.

  67. Vi stadfestar at det er meininga å utvide dialogen gradvis, og vil halde fram med å vurdere korleis vi kan styrkje den politiske og praktiske dimensjonen i samarbeidsrelasjonane med alle middelhavspartnarane i samsvar med vedtaka frå Washington-toppmøtet, på område der NATO kan tilføre meirverdi og der partnarane har sagt seg interesserte. Vi fekk i dag overlevert framdriftsrapporten om Middelhavsdialogen, og er tilfreds med den aukande samhandlinga mellom Alliansen og partnarane ved Middelhavet.

  68. Vi gler oss over den vesentlege rolla OSSE spelar i det euroatlantiske området, spesielt i Søraust-Europa. Vi ser òg med glede på framgangen i gjennomføringa av lovnadene som vart gjevne og initiativa som vart framlagde på toppmøtet i Istanbul i 1999 om å styrkje den operative evna til OSSE, for såleis å gjere organisasjonen betre skikka til krisehandtering. Vi minner om NATOs støtte til plattforma for kooperativ tryggleik, der OSSE sa seg innstilte på å arbeide saman med andre institusjonar. Vi gler oss over den store framgangen som er gjort i gjennomføringa av plattforma, særleg dei auka kontaktane og det utvida samarbeidet mellom NATO og OSSE i saker av felles interesse. I så måte set vi pris på det nære og fruktbare samarbeidet mellom NATO og OSSE om å fremje stabiliteten i Sør-Serbia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia.

  69. Idet vi møtest i Budapest, gjennomfører partane i CFE-avtalen den andre tilsynskonferansen for avtalen i Wien. Dette er eit viktig høve til å stadfeste den avgjerande rolla til CFE-avtalen som hjørnestein i tryggleiken og stabiliteten i Europa. Konferansen skal ta føre seg verknaden av avtalen og elementa som er nemnde i sluttakta frå konferansen av partane i avtalen om konvensjonelle væpna styrkar i Europa av 19. november 1999. Vi håpar det vil kunne noterast viktige framsteg i spørsmål som er relevante for at den tilpassa avtalen skal kunne gjerast gjeldande. Tillit til at alle CFE-plikter og tilknytte krav vert oppfylte fullt ut og i rett tid, er avgjerande for at avtalen framleis skal kunne eksistere.

  70. Vi konstaterer tilfreds at Den russiske føderasjonen har oppfylt sine lovnader for området aust for Uralfjella når det gjeld å øydeleggje avtala mengder av utstyrseiningar, samstundes som dei held fram med å øydeleggje stridsvogner i samsvar med krava. Vi er særleg uroa over at Russland enno ikkje oppfyller krava til utstyrsmengder etter artikkel V («flankegrensene»). Vi merkjer oss at Russland har notifisert tilbaketrekkingar frå Nord-Kaukasus. Men Russland har ikkje gjeve «størst mogeleg innsyn» i form av detaljerte opplysningar om utstyr som er trekt tilbake og som blir verande i regionen og ekstra høve til inspeksjonar for å overvake tilbaketrekkinga av utstyr. Dette er svært utilfredsstillande. Vi legg som før svært stor vekt på at tilsegna frå regjeringa i Den russiske føderasjonen frå november 1999 om at russiske utstyrsnivå i Nord-Kaukasus ville bli reduserte til avtalenivåa for materiell og utstyr så snart som mogeleg, blir etterlevd under opnast mogelege tilhøve og på ein måte som er i tråd med avtala reglar og rutinar for teljing. Desse vilkåra er per i dag ikkje oppfylte i tilstrekkeleg grad til at andre partar på ein påliteleg måte kan verifisere kor store mengder av russisk avtaleavgrensa utstyr (TLE) som er trekte tilbake frå regionen og kor mykje som er att.

  71. Vi gler oss over at Den russiske føderasjonen har fullført første fasen i tilsegna landet gav i Istanbul om å redusere og trekkje tilbake styrkar frå Georgia. Ein viktig frist nærmar seg med 1. juli 2001, då dei russiske militærbasane Gudauta og Vaziani etter det som vart avtala under Istanbul-toppmøtet skal vere oppløyste og styrkane trekte tilbake. Vi ønskjer ei snarleg fullføring av forhandlingane om kva for tidsfristar og andre reglar som skal gjelde for dei resterande russiske militærbasane, i tråd med vertsstatsrettane etter artikkel VI paragraf 5 i noverande CFE-avtale. Vi strekar under behovet for vesentleg og snarleg framgang når det gjeld tilsegna Russland gav i Istanbul om å trekkje tilbake landets styrkar og utstyr frå Moldova. Ved utgangen av dette året nærmar det seg fristen for å fullføre første fasen i denne tilsegna, nemleg tilbaketrekking og/eller øydelegging av russisk TLE, som enno ikkje er igangsett.

  72. Full gjennomføring og verifisering av CFE-avtalen er avgjerande for å sikre tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området. Ei snarleg iverksetjing av den tilpassa CFE-avtalen vil sikre framtida for CFE-avtalen i denne rolla, og vil gje høve for andre statar til å tiltre. Vi forpliktar oss til å arbeide for dette. Men vi har konsekvent sagt at for vår del kan ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtalen berre komme på tale dersom alle avtalepartar oppfyller dei materiell- og utstyrsnivåa som er fastsette i avtalen, i tråd med tilsegnene som går fram av CFE-sluttakta.

  73. Vi gler oss over dei positive stega Russland og Kviterussland har teke i retning av ratifikasjon av avtalen om opne luftrom. Denne avtalen er eitt av dei mest vidtrekkande internasjonale rustingskontrolltiltaka som hittil er gjorde for å fremje innsyn og opne forhold rundt militære styrkar og aktivitetar. Vi er tilfreds med at avtalen nærmar seg iverksetjing, og oppmuntrar både Russland og Kviterussland til å fullføre ratifikasjonsprosessen.

  74. Førebuingane til den første internasjonale FN-konferansen om alle sider ved ulovleg handel med handvåpen og lette våpen, som skal haldast i juli 2001, står i fokus for all internasjonal innsats dette året for å få bukt med den ukontrollerte spreiinga og den destabiliserande opphopinga av handvåpen og lette våpen. Dei allierte er samde om at konferansen må ta sikte på eit handlingsprogram som kan leggje tilhøva best mogeleg til rette for bilateral og internasjonal bistand til dei delane av verda som er mest ramma av dette. Innstillinga til Alliansen er at desse problema må takast opp som ein del av ein langsiktig prosess med særleg fokus på arsenalforvaltning og støtte til øydelegging av overskotsvåpen og tilhøyrande materiell. PFP-fondet for øydelegging av antipersonellminer er utvida til å dekkje øydelegging av overskotsmateriell og handvåpen og lette våpen. Dette vil ytterlegare leggje tilhøva til rette for aktivitetsprogrammet som går fram av kapitlet om handvåpen og lette våpen i arbeidsprogrammet for Partnarskap for fred.

  75. Vi gler oss over dei regionale initiativa Den europeiske unionen og OSSE har teke i dette spørsmålet, særleg OSSE-dokumentet om handvåpen og lette våpen, som er ein milipel i dette arbeidet idet det set fokus på utviklinga av normer, prinsipp og tiltak som dekkjer alle sider ved spørsmålet. Vi går inn for at alle medlemsstatane i Det euroatlantiske partnarskapsrådet støttar gjennomføringa av tiltaka i OSSE-dokumentet.

  76. Spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmiddel for slike våpen er ei sak som framleis uroar Alliansen sterkt, sidan dette utgjer risikoar for tryggleiken på internasjonalt og regionalt plan og kan vere ein direkte trussel mot dei allierte og deira folk, territorium og styrkar. Det fremste ikkje-spreiingsmålet for Alliansen og medlemslanda er uendra: å hindre at spreiing skjer, og å bruke diplomatiske middel for å reversere spreiing som likevel måtte ha førekomme. I denne samanhengen legg vi framleis stor vekt på kontrollordningar for ikkje-spreiing og eksport, internasjonal rustingskontroll og nedrusting som middel til å hindre spreiing. I samsvar med dette vil Alliansen ytterlegare auke innsatsen for å redusere farane som oppstår ved spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen.

  77. Avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) er hjørnesteinen i ikkje-spreiingssystemet for kjernefysiske våpen og det avgjerande grunnlaget for å komme vidare i den kjernefysiske nedrustinga. Vi stadfestar vår fulle støtte til NPT, og er samde om at det er viktig at alle land etterlever og oppfyller avtalen, og om at alle avtalestatane er forplikta til nedrusting, styrking av sikringstiltaka til IAEA og fredeleg kjernefysisk samarbeid under tilhøve med effektive spreiingshindrande tiltak. Dei allierte har redusert talet på kjernefysiske våpen og leveringssystem dramatisk, og seier seg framleis forplikta til å arbeide for ytterlegare globale reduksjonar i talet på kjernefysiske våpen. På breiare grunnlag stadfestar vi at vi er fast bestemte på å medverke til gjennomføringa av konklusjonane frå tilsynskonferansen for NPT i 2000.

  78. Vi forpliktar oss framleis sterkt til Kontrollregimet for missilteknologi (MTCR), Australiagruppa, Zanggergruppa og Gruppa av kjernefysiske leverandørar, som er viktige element i vår innsats for å motverke spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi oppmuntrar alle land til å etterleve og einsidig gjennomføre retningslinene og vedlegget til MTCR, og likeins tilsvarande retningsliner og kontrollister for dei andre regima. Vi uttrykkjer òg glede over og støtte til innsatsen som alt vert gjort for å få i stand eit internasjonalt regelverk mot spreiing av ballistiske rakettar, som vi håpar vil bli ein mekanisme som alle land sluttar opp om for å hindre rakettspreiing.

  79. Vi stadfestar at Alliansens forsvarsprofil må ha evne til med eigna og effektive middel å motverke truslane som spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen kan stå for. Våre reaksjonar må vere i pakt med den udelelege alliansetryggleiken. Vi vil halde fram med å arbeide saman for å tilpasse Alliansens heilskapsstrategi i takt med desse utfordringane gjennom ein høveleg kombinasjon av politiske og forsvarsmessige tiltak. I denne samanhengen er multilaterale ikkje-spreiings- og eksportkontrollregime viktige, på lik linje med internasjonal rustingskontroll og nedrusting. Vi gler oss over konsultasjonane som president Bush har teke initiativ til om USAs strategiske gjennomgang, mellom anna av rakettforsvaret, saman med allierte og andre interesserte partar, og vil halde fram med konkrete konsultasjonar innanfor Alliansen i desse spørsmåla. Konsultasjonane med dei allierte vil omfatte ei eigna trusselvurdering og ta opp heile spekteret av strategiske spørsmål som vedkjem vår felles tryggleik og midla som kan brukast for å løyse dei, både avskrekking og angreps- og forsvarsmiddel, og auka effektivitet innan rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing, og likeins diplomatiske og spreiingsmotverkande tiltak. Vi aktar å gå iherdig inn for desse konsultasjonane, og gler oss over at USA har forsikra at synsmåtane til dei allierte vil bli tekne omsyn til når landet skal vurdere sine eigne planar vidare. Vi gler oss òg over det vedvarande arbeidet i NATO om punkt- og områdeforsvar mot krigsteatermissil, særleg med forstudien til eit mogeleg system for forsvar av utplasserte NATO-styrkar. Vi vil også heretter rådføre oss med Alliansen i spørsmål som gjeld krigsteatermissilforsvar (TMD).

  80. Vi ser at mykje er oppnådd med START-prosessen hittil, og støttar sterkt opp om den pågåande prosessen med å få i stand ytterlegare reduksjonar i talet på strategiske kjernevåpen som USA og Russland har utplasserte. Aktuelle allianseland vil arbeide vidare for endå lågare nivå av kjernefysiske styrkar, men samstundes oppretthalde det minstemålet som er tilstrekkeleg til å bevare fred og stabilitet. På bakgrunn av behovet for å redusere uvissa rundt substrategiske kjernevåpen i Russland, meiner vi at ei ny stadfesting av presidentinitiativa frå 1991/92 kan vere eit første, men ikkje tilstrekkeleg steg i rett lei. Alliansen gler seg over tilsegna frå USA om å oppnå ei truverdig avskrekkingsevne med eit lågast mogeleg tal på kjernefysiske våpen ut frå tryggingsbehova til USA og Alliansen. Vi er framleis engasjerte i arbeidet med å få i stand omgåande forhandlingar innanfor nedrustingskonferansen om ein avtale om forbod mot omsetnad av spaltbart materiale i samsvar med mandatet til spesialkoordinatoren. Så lenge avtalen om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT) ikkje er gjort gjeldande, ber vi innstendig om at alle statar held fast på dei eksisterande moratoria mot testing av kjernevåpen.

  81. Vi ser det framleis som svært viktig at alle land tiltrer og etterlever, og fullt ut respekterer og gjennomfører, konvensjonen om biologiske og toksiske våpen (BTWC). Sjølv om Den russiske føderasjonen har ansvaret for å øydeleggje sine kjemiske våpen, stadfestar vi vår støtte til Russland når det gjeld øydelegging av kjemiske våpen. Vi gler oss over innsatsen som ad-hoc-gruppa for BTWC har gjort for å einast om tiltak, også mogelege handhevings- og etterlevingstiltak, som kan styrkje konvensjonen. Vi forpliktar oss framleis fullt ut til å streve etter å sikre at BTWC er eit effektivt instrument som kan motverke den aukande trusselen frå biologiske våpen. Vidare appellerer vi til alle statar om å ta konstruktivt del i konferansen for nedrusting og dei ulike aktivitetane i samband med denne.

  82. Rapporten frå desember 2000 om alternativ for tillits- og tryggingsskapande tiltak (CSBM), verifisering, ikkje-spreiing og rustingskontroll og nedrusting er eit eksempel på det langvarige engasjementet til Alliansen for å nå måla når det gjeld rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing. Det faste rådet følgjer opp tilrådingane i denne rapporten, spesielt dei som gjeld tillits- og tryggingsskapande tiltak i kjernefysiske spørsmål saman med Russland gjennom PJC.

  83. Vi er tilfreds med at NATOs WMD-senter held fram med å medverke til betra samordning av alle aktivitetar i tilknyting til masseøydeleggingsvåpen (WMD) ved NATO-hovudkvarteret, mellom anna når det gjeld å styrkje vårt engasjement for rustingskontroll og ikkje-spreiing. Etter det første året det har vore i arbeid, merkjer vi oss med glede at WMD-senteret har vore med på å støtte arbeidet til NATOs seniorgrupper for spreiingsspørsmål. WMD-senteret leverer òg informasjon til partnarland i spreiingsspørsmål; verdt å merkje seg er særleg dei pågåande konsultasjonane med Russland om spreiing av WMD og leveringsmidla for slike våpen.

  84. Vi fordømmer sterkt alle former for terrorisme. Terrorisme er ein trussel mot tryggleiken både internt og internasjonalt, mot det fredelege samkvemmet mellom statar og mot deira territoriale integritet, mot utvikling og drift av demokratiske institusjonar verda over og mot menneskerettar og borgarlege fridommar. Vi seier oss på nytt fast bestemte på å slå ned terrorismen, i fullt samsvar med alle våre internasjonale avtalar og nasjonale lovverk. I denne samanhengen set vi pris på og støttar arbeidet i FN med sikte på å slå tilbake denne trusselen.

  85. Vi er blitt samde om ei ny ministerrettleiing for sivil beredskapsplanlegging, som inneheld konkrete tilrådingar til land og til dei aktuelle NATO-organa om korleis den vedvarande tilpassingsprosessen skal vidareførast. Vi vil treffe konkrete tiltak, også når det gjeld strukturar og rutinar, for å gjennomføre denne nye politiske rettleiinga og ser fram til å få partnarane våre med i denne prosessen.

  86. Vi gler oss over den verdifulle rolla det euroatlantiske samordningssenteret for tiltak ved katastrofar (EADRCC) spelar til støtte for partnarar og allierte. Vi er nøgde med den gode framgangen i initiativet for førebygging og beredskap mot katastrofar (DPPI) innanfor arbeidstabellen for tryggingsspørsmål i Stabilitetspakta, som har fått støtte frå EADRCC. Vi rosar samarbeidet på tvers av institusjonar og nasjonar som DPPI har fostra, og står klar til å bidra ytterlegare med NATO-ekspertise og støtte til dette viktige regionale prosjektet.

  87. I tråd med tilpassinga som går føre seg i NATO som svar på endringane på den internasjonale arenaen, og med den utvida agendaen til organisasjonen, har Generalsekretæren lansert eit initiativ («NATO+») som skal gjere organisasjonen meir rasjonell og effektiv. Vi fekk i dag overlevert ein første rapport frå Generalsekretæren om dette initiativet, og støttar sterkt opp om hans innsats for å gjere ein god organisasjon endå betre. Vi legg stor vekt på ei kontinuerleg modernisering av NATO og vil difor følgje framdrifta i dette initiativet gjennom Det faste rådet.

  88. Vi gler oss over at det etter pålegget frå ministermøtet i desember 2000 har vore arbeidd med å gjere det sivile NATO-budsjettet meir oversiktleg og effektivt, særleg ved å tilpasse budsjettet til eit produksjons- eller målbasert format som speglar prioriteringane til Alliansen. Vi pålegg Det faste rådet å rapportere til oss i denne saka på vårt neste møte.

  89. Vi understrekar at det er viktig å halde oppe framdrifta i prosjektet som skal gje organisasjonen eit moderne og effektivt hovudkvarter for det 21. hundreåret.

  90. Vi uttrykkjer vår store takk til regjeringa i Ungarn som har vore vertskap for dette møtet.

1.2 Møte i NATO-Ukraina-kommisjonen på forsvarsministernivå i NATO-hovudkvarteret, 7. juni 2001

NATO-Ukraina-kommisjonen (NUC) møttest i dag på forsvarsministernivå i NATOs hovudkvarter i Brussel. Ministrane gjekk gjennom status for samarbeidet mellom NATO og Ukraina og drøfta kva bidrag den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina har ytt til Ukrainas arbeid med å utvikle effektive strukturar for å dekkje landets forsvars- og tryggingsbehov. Kommisjonen merkte seg at det er utnemnt nasjonale koordinatorar i Ukraina som eit hjelpemiddel for å gjere denne prosessen meir effektiv, særleg på området forsvarsreform.

Kommisjonen merkte seg Ukrainas vedvarande bidrag til tryggleiken i Europa. NATO-ministrane gav uttrykk for at dei var tilfredse med at Ukraina held fram med å støtte dei NATO-leidde operasjonane på Balkan, og at ukrainske styrkar deltek i den polsk-ukrainske bataljonen i KFOR. Dei allierte merkte seg det verdifulle bidraget som den ukrainske 14. helikopteravdelinga har ytt til KFOR. I løpet av dei 18 månadene avdelinga var i teneste, fram til mars 2001, gjennomførte den 14. helikopteravdelinga over 6 500 flygetokt.

Kommisjonen sa seg tilfreds med statusrapporten om gjennomføring av aktivitetar i Den felles arbeidsgruppa (JWG) for forsvarsreform. Ministrane merkte seg dei mange ulike aktivitetane, deriblant ei rekkje rundebordskonferansar om tryggleik og forsvar med representantar frå Verkhovna Rada og drøftingar som er i gang med sjøforsvaret og grensevakta om relaterte maritime spørsmål. Kommisjonen merkte seg tilbodet frå Canada om å utnemne ein instruktør til det multinasjonale fakultetet som nyleg er oppretta ved det ukrainske nasjonale forsvarsakademiet. Ministrane merkte seg òg Ukrainas tilbod om å vere vertskap for eit PFP-symposium om «Verda i det 21. hundreåret: samarbeid, partnarskap og dialog», som skal haldast 5.-6. juli i Kiev.

Kommisjonen streka under at planleggings- og evalueringsprosessen i PFP er ein viktig og nyttig reiskap for å hjelpe Ukraina i arbeidet med å reformere forsvaret. Ministrane merkte seg at det er gjennomført ei vurdering av den noverande forsvarsevna til dei ukrainske væpna styrkane og dei aktuelle planane Ukraina har for omorganisering og omstrukturering. NATO-ministrane forsikra på nytt at dei ville støtte forsvarsreforma og arbeidet til Den felles arbeidsgruppa (JWG). Kommisjonen merkte seg at fleire land vurderte korleis dei kunne styrkje arbeidet med forsvarsreforma ved å sende tenestemenn på overordna nivå frå dei allierte til det ukrainske forsvarsdepartementet for å hjelpe Ukraina på område som f.eks. styrkeplanlegging.

Ministrane understreka òg kor viktig det er med auka innsyn og samordning når det gjeld dei omfattande bilaterale programma mellom Ukraina og NATO-landa, og dei påla Den felles arbeidsgruppa å følgje opp resultata frå møtet i London 27. mars 2001, med det siktemål å maksimere verdien av dei meir enn 600 bilaterale aktivitetane som er planlagde så langt.

Ministrane merkte seg tilbodet frå Nederland om å stille til rådvelde ein ekspert som skal hjelpe den felles arbeidsgruppa i arbeidet med forsvarsreforma.

Ministrane gav uttrykk for at dei er tilfredse med det viktige bidraget NATOs liasonkontor og NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter yter til gjennomføringa av aktivitetar i Den felles arbeidsgruppa som har som siktemål å gje støtte til forsvarsreforma og det meir omfattande samarbeidsprogrammet mellom NATO og Ukraina. Ministrane sa seg òg tilfredse med bidraget frå dei to ukrainske offiserane som er stasjonerte ved hovudkvartera for SACLANT og AFSOUTH, og dei var samde om å halde fram med å vurdere tiltak for ei vidare styrking av liasonordningane og samordninga.

Ministrane understreka at arbeidet i Den felles arbeidsgruppa på overordna nivå er av stor verdi, og dei var samde om å vurdere den vidare framdrifta i arbeidet med forsvarsreforma på sitt neste møte hausten 2001.

1.3 Møte i Det nordatlantiske rådet på forsvarsministernivå, Brussel, 7. juni 2001. Sluttkommuniké

  1. Det nordatlantiske rådet møttest på forsvarsministernivå i Brussel den 7. juni 2001.Vi sluttar oss til fråsegna utanriksministerkollegaene våre gav på møtet i Budapest sist veke.

  2. Vi tok hovudsakleg føre oss situasjonen på Balkan og framgangen i gjennomføringa av vedtaka som stats- og regjeringssjefane gjorde på toppmøtet i Washington. Når det gjeld det siste, drøfta vi særskilt gjennomføringa av initiativet for betra forsvarsevne (DCI), arbeidet med den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) og samkvemmet mellom NATO og EU, viktige utfordringar når det gjeld spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen slik det er nedfelt i det strategiske konseptet for Alliansen, og til sist dei utoverretta og samarbeidsbaserte aktivitetane Alliansen driv.

  3. Vi gledde oss særleg over at utsiktene til framgang på dei ulike punkta på ESDI-saklista frå Washington er betra som følgje av dei meir djuptgåande drøftingane om deltakingsspørsmålet, som ein merkte seg på møtet i Budapest. Vi ser fram til ei snarleg fullføring av desse diskusjonane, som skulle gjere det mogeleg å få avtala dei praktiske ordningane for NATO-støtte til EU-leidde operasjonar.

  4. Når det gjaldt rakettforsvar, orienterte den amerikanske forsvarsministeren oss om evalueringa USA har gjort av eksisterande og framveksande truslar som følgjer av spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi gler oss over konsultasjonane som president Bush har teke initiativ til, og var samde om at det var viktig at vi som forsvarsministrar held fram med å rådføre oss nært med kvarandre om vurderinga av slike truslar, måtar å møte dei på andre relaterte spørsmål, mellom anna multilaterale regime for ikkje-spreiing og eksportkontroll, og likeins internasjonal rustingskontroll og nedrusting.

  5. Vi har gjeve eigne fråsegner om situasjonen på Balkan og om initiativet for betra forsvarsevne.

1.4 Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomitéen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa. Brussel 7. juni 2001. Sluttkommuniké

  1. Forsvarsplanleggingskomitéen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i NATO var samla til ministermøte i Brussel den 7. juni 2001.

  2. Den kollektive forsvarsplanlegginga er ein del av kjernen i alliansearbeidet. Gjennom denne planlegginga kan Alliansen sikre at han har den militære kapasiteten han treng for å vere førebudd på og å utføre heile sitt spekter av oppgåver, frå kollektivt forsvar til kriseinnsats og fredsstøtteoperasjonar. Denne fellesinnsatsen er òg med på å underbyggje det indre politiske samhaldet i Alliansen og det transatlantiske bandet. Gjennom planleggingsprosessen for det kollektive forsvaret arbeider vi òg med å oppnå dei viktigaste kapasitetsforbetringane som det vart semje om med initiativet for betra forsvarsevne, DCI.

  3. Ei sentral oppgåve for oss som forsvarsministrar i Alliansen er å sikre at planleggingsarbeidet i NATO er nøyaktig innretta på å nå dei resultata vi treng. Difor oppsummerte vi i dag arbeidet som er i gang for å gjennomføre den ministerrettleiinga vi vart samde om sist vi møttest. Vi konsentrerte oss særleg om korleis militærstyresmaktene i NATO omset denne rettleiinga i detaljerte nasjonale planleggingsmål, som vil bli lagde fram for oss til godkjenning som NATO-styrkemål på vårmøtet vårt neste år. Desse styrkemåla må vere med på å auke framdrifta som alt er oppnådd i gjennomføringa av initiativet for betra forsvarsevne. Dette vil krevje at landa vi representerer gjer best mogeleg bruk av tilgjengelege forsvarsressursar, mellom anna gjennom fleirnasjonale, samfinansierte prosjekt, og i mange tilfelle at dei løyver ekstramidlar. Styrkemåla vil også spele ei viktig rolle i gjennomføringa av den nye styrkestrukturen i NATO.

  4. På møtet i Den kjernefysiske planleggingsgruppa stadfesta vi at det grunnleggjande politiske formålet og prinsippa som underbyggjer kjernevåpenstyrkane til dei allierte, slik det er nedfelt i det strategiske konseptet for Alliansen frå 1999, framleis er gyldige. Vi understrekar på nytt at kjernevåpenstyrkar med base i Europa, som står til disposisjon for NATO, framleis utgjer eit sentralt politisk og militært bindeledd mellom dei europeiske og nordamerikanske alliansemedlemmene.

  5. For ti år sidan, med det strategiske konseptet frå 1991, tok Alliansen fatt på ei rekkje avgjerande strategiske og politiske omleggingar for å tilpasse seg tryggingssituasjonen etter den kalde krigen. Når vi ser tilbake, er vi visse på at den nye strategien der NATO gjer seg mindre avhengig av kjernevåpen, som vart stadfesta i det strategiske konseptet frå 1999, no er fullt ut omsett i NATO-doktrinen, og at den drastisk reduserte kjernefysiske styrkeprofilen fullt ut er i samsvar med hovudprinsippa for Alliansen. Kjernevåpenstyrkar er eit truverdig og effektivt element i alliansestrategien om å hindre krig, og dei skal haldast på det minstenivået som trengst for verne om freden og stabiliteten under tilhøve som oppfyller dei strengaste krav til sikring og tryggleik.

  6. I samband med at vi tok føre oss stillinga til dei kjernefysiske styrkane i NATO, sette vi pris på informasjonen frå USAs forsvarsminister om ei rekkje aktuelle tema. Vi sa oss interesserte i konsultasjonar med USA i samband med at landet vurderer å endre avskrekkingskonsept og styrkar for å tilpasse dei til framtidige tryggingsutfordringar, og merkte oss utsiktene for ytterlegare reduksjonar i strategiske kjernevåpen i samband med dette. Den amerikanske forsvarsministeren orienterte om gjennomgangen av den kjernefysisk avskrekkingsevna og styrkeprofilane som USA er i ferd med å gjennomføre, som òg omfattar rakettforsvar, og set pris på forsikringa om at det også heretter vil bli halde konsultasjonar om substansen i desse spørsmåla innanfor Alliansen.

  7. NATO har lenge forplikta seg til rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing, og dette vil framleis vere viktige middel til å nå dei tryggingspolitiske målsetjingane Alliansen arbeider etter. Avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen (NPT) er hjørnesteinen i det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet og det avgjerande grunnlaget for kjernefysisk nedrusting. Vi stadfestar at vi vil arbeide for vidare reduksjonar i talet på kjernefysiske våpen, og at vi står fast på å medverke til gjennomføringa av konklusjonane frå tilsynskonferansen for NPT i 2000. Vi erkjenner resultata som hittil er oppnådde i START-prosessen, og støttar sterkt opp om den pågåande prosessen for å komme fram til ytterlegare reduksjonar i talet på strategiske kjernevåpen som USA og Russland har utplasserte. Så lenge prøvestansavtalen (CTBT) ikkje er sett i kraft, oppmodar vi alle statar til å etterleve dei eksisterande moratoria på kjernevåpentesting.

  8. På grunnlag av kjernevåpeninitiativet frå president Bush i 1991 gjorde NATO vedtaket om å redusere talet på kjernevåpen som stod til disposisjon for dei substrategiske styrkane i Europa med over 85 prosent. Desse reduksjonane var fullførte i 1993. Sidan det er behov for å rydde av vegen ein del uvisse om dei ikkje-strategiske kjernevåpna i Russland, meiner vi at ei ny stadfesting av presidentinitiativa frå 1991/1992 kan vere eit første, men ikkje tilstrekkeleg steg i rett lei. Vi oppmodar difor på nytt Russland om å fullføre dei nedskjeringane i sitt ikkje-strategiske kjernevåpenarsenal som dei hadde som mål å gjennomføre innan utgangen av år 2000.

  9. Vi set pris på meiningsutvekslingane med Den russiske føderasjonen om eit breitt spekter av kjernevåpenspørsmål i Fellesrådet NATO-Russland, og ser fram til konsultasjonar om dei tillits- og tryggingsskapande tiltaka på det kjernefysiske området som NATO har gjort framlegg om, der målet er gjensidig auka innsyn mellom Alliansen og Russland i kjernevåpenspørsmål. Vi ser på desse framlegga som eit grunnlag for større forståing, tillit og samarbeid. Vi uttrykte von om at konsultasjonar med Russland om substansen i desse spørsmåla vil tene vårt uttrykte mål om ein ekte og påliteleg partnarskap med Den russiske føderasjonen.

1.5 Fråsegn om situasjonen på Balkan. Framlagd på møtet i Det nordatlantiske rådet på forsvarsministernivå som vart halde i Brussel, 7. juni 2001

  1. Det siste tiåret har vore prega av tragediar, misbrukte sjansar og bortkasta ressursar for mange av folka på Balkan. Men i dag har landa i regionen i fleire samanhengar høve til å gripe ei betre framtid med grunnlag i støtte til den territoriale integriteten og suvereniteten til alle statar, demokratiske rettar for alle og avvising av etnisk ekstremisme og kriminell verksemd.

  2. Vi stadfestar det sterke NATO-engasjementet for tryggleik, stabilitet, fred, demokrati og respekt for menneskerettane. Alliansen vil streve vidare etter å nå desse måla, først og fremst gjennom dei NATO-leidde fredsbevarande operasjonane i Bosnia-Hercegovina og i Kosovo, men òg gjennom bistand og innsats frå NATO i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 13og andre stader. Vi strekar under vårt forsett om å oppnå regional forsoning gjennom politisk engasjement, partnarskap, tillitsskapande tiltak, ei varig løysing på problemet med flyktningar og fordrivne personar og fullt samarbeid med den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY).

  3. Vi rosar kvinnene og mennene i SFOR og KFOR for deira utrøyttelege innsats for fred og stabilitet. Ofte utfører dei denne innsatsen under vanskelege og farlege tilhøve, og frå tid til anna fører dette til alvorlege skadar og tap av menneskeliv. Vi uttrykkjer vår djupe medkjensle med familiane til dei som er drepne i fredens teneste. Vi er takksame mot NATO-partnarane og andre nasjonar og internasjonale organisasjonar for dei verdifulle bidraga dei yter til vår felles innsats.

  4. Når det gjeld Kosovo, seier vi oss på nytt forplikta til full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1244. KFOR vil framleis vere heilt og fullt engasjert i å skape trygge og sikre tilstandar som gjer at alle kan leve i fred og delta i demokratiske institusjonar, utan omsyn til etnisitet eller religion. Vi uttrykkjer sterk fordømming av etnisk, politisk og kriminelt motivert vald og ekstremisme frå alle hald. Vi stadfestar at KFOR er heilt og fullt forplikta til å støtte opp om tilbakevending av kosovoserbarar og andre minoritetar, og rosar samordningsinnsatsen til felleskomiteen for tilbakevending. Samarbeidet mellom KFOR og FN-oppdraget i Kosovo (UNMIK) er framleis det beste, og vi gler oss over at den nye spesialrepresentanten for Generalsekretæren viser ein urokkeleg vilje til å vidareføre UNMIK-innsatsen for å setje UNSCR 1244 ut i livet. Vi gratulerer UNMIK med det vellukka arbeidet med å gjennomføre resultata frå lokalvala i fjor og med å leggje tilhøva til rette for ei fungerande sivil forvaltning, og ser med glede på forordninga UNMIK har lagt fram om dei konstitusjonelle rammene for eit mellombels sjølvstyre, som vil tene som grunnlag for valet som skal haldast den 17. november. Vi stadfestar at KFOR er forplikta til å støtte avviklinga av valet, særleg ved å syte for trygge forhold. Vi oppmodar alle grupper til å vere med på dette valet og delta for fullt i dei nye politiske strukturane i Kosovo. Vi gratulerer FNs koordineringssenter for minerydding (UNMACC) med det vellukka programmet det har gjennomført for å fjerne miner og andre ueksploderte sprenglekamar i Kosovo, eit program som er venta å vere avslutta innan desember 2001, eitt år før planen.

  5. Vi rosar den modige innsatsen til UNMIK-politiet, og polititenesta for Kosovo for måten dei har opptredd på for å opprette offentleg ro og orden i Kosovo. KFOR er fullt ut forplikta til å støtte UNMIK-politiet, som no er fulltalig og har teke på seg hovudansvaret for lov og orden. Vi gler oss over opprettinga av felles operasjonssenter, som vil vere verdifulle forum for samordning av innsatsen til KFOR og UNMIK-politiet. Vi rosar òg den viktige innsatsen til den multietniske polititenesta for Kosovo, som snart vil ha sine tenestemenn ute på sjølvstendig patruljering. Likevel førekjem vald og truslar på kriminelt, politisk og interetnisk grunnlag langt oftare enn det som kan godtakast. Organisert kriminalitet er framleis ei stor utfordring mot dei måla det internasjonale samfunnet har sett og mot velferda til innbyggjarane i Kosovo, eit problem som vert forverra av at retts- og straffesystemet framleis er mangelfullt. Vi gler oss over tiltaka spesialrepresentanten for generalsekretæren i FN har sett i verk for å styrkje lov og orden.

  6. Vi merkjer oss den vedvarande framgangen i å utvikle Den sivile beredskapsstyrken i Kosovo (KPC) til ein effektiv sivil organisasjon med UNMIK som øvste ansvarlege instans og under dagleg oppsyn av KFOR. Vi ser det framleis som svært viktig at tenesteinstruksen for KPC vert handheva, og merkjer oss at KPC stort sett opptrer i samsvar med denne. Likevel er vi sterkt uroa over tilfelle av overtramp, deltaking i ulovleg aktivitet og støtte til ekstremistverksemd frå enkeltmedlemmer i KPC i Kosovo og andre stader i regionen. Vi motarbeider desse aktivitetane, og ber om at KPC-leiinga held fram med å gjere det som må til for å sikre at dei tek slutt og offentleg fordømmer all ekstremistverksemd.

  7. Vi tok føre oss styrkenivå og struktur for KFOR sett under eitt, og kom til at det ikkje skal endrast på dette. Vi gav våre faste representantar i oppdrag å gå grundigare gjennom rollene og oppdraga til KFOR innan møtet vi skal ha i desember.

  8. Vi er fast innstilte på full gjennomføring av den generelle rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina og på å oppnå måla som Fredsgjennomføringsrådet (PIC) har sett opp. Gjennom SFOR vil vi halde fram med å støtte innsatsen til Den høge representanten (OHR) for å motverke dei utfordringane separatistverksemd og nasjonalistisk vald står for. Vi fordømmer forsøka frå den kroatiske nasjonalkongressen (HNS) på å danne ein ulovleg, sjølvstyrt «tredje entitet». Vi ber nabolanda til Bosnia-Hercegovina om å gje si fulle støtte til alle sider ved den sivile og militære gjennomføringsprosessen.

  9. SFOR vil halde fram med å syte for trygge og sikre tilstandar som gjer at den sivile gjennomføringa kan gå sin gang. Vi er djupt uroa over hendingane som kroatiske ekstremistar nyleg stod bak i Mostar, og likeins over ugjerningane til serbiske ekstremistar i Trebinje og Banja Luka. Slike episodar fordømmer vi sterkt, og oppmodar alle ansvarlege styresmakter og politiske leiarar i Bosnia-Hercegovina og i heile regionen til å auke innsatsen for å nå måla som er oppsette av Fredsgjennomføringsrådet (PIC). SFOR er framleis fullt forplikta til å støtte offentleg ro og orden og tilbakevending av flyktningar, og tolererer ikkje valdsbruk frå noko hald. Vi var samde om behovet for å auke tempoet i oppbygginga av sivile institusjonar og lokalt politi slik at desse kan bli i stand til å ta meir ansvar for tryggleik og lov og orden på lokalt plan.

  10. Vi gler oss over at det i det siste er gjort framsteg når det gjeld å styrkje statsinstitusjonane i Bosnia-Hercegovina, særleg Ministerrådet. Vi oppmodar ministerrådet til å setje inn alle mogelege tiltak, i samarbeid med Parlamentet og Presidentskapen, slik at denne innsatsen kan halde fram. Vi er særleg oppmuntra over opprettinga og utviklinga av Den statlege grensvakttenesta, som når ho blir fullt operativ skal kunne medverke til å få bukt med smugling og ulovleg menneskehandel og leggje til rette for auka innkrevjing av midlar til statsforvaltninga. Vi rosar Presidentskapen i Bosnia-Hercegovina for tilslutnaden ein felles forsvarspolitikk, og ber Presidentskapen auke tempoet i arbeidet med omstrukturering av dei væpna styrkane i dei to statseiningane gjennom den faste komitéen for militære spørsmål (SCMM). Vi rosar SFOR for innsatsen dei gjer saman med SCMM for å utvikle ein felles kommando- og styringsstruktur for væpna styrkar som kan utplasserast og opptre saman under leiing av internasjonale og regionale tryggingsorganisasjonar. NATO-programmet for tryggingssamarbeid med Bosnia-Hercegovina yter eit viktig bidrag til dette. Vi stadfestar at SFOR forpliktar seg til å støtte kontoret til Den høge representanten og dei andre sivile organa som arbeider for å gje grobotn for sentrale institusjonar. Vi stadfestar òg at vi er fullt ut forplikta til å støtte den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia, særleg arbeidet domstolen gjer for å pågripe personar som er tiltala for krigsbrotsverk. Vi vil framleis arbeide for at krigsforbrytarar skal stillast for retten.

  11. Vi tok føre oss styrkeomfang og struktur for SFOR sett under eitt, og kom til at det i dag ikkje er tilrådeleg å vurdere større omleggingar eller reduksjonar i SFOR, særleg i lys av den aktuelle utviklinga, men at det på visse vilkår, slik dei militære NATO-styresmaktene bestemmer, kan gjennomførast ein moderat reduksjon i det samla styrkeomfanget innanfor den noverande styrkestrukturen. Vi merkte oss det særskilde bidraget dei fleirnasjonale spesialeiningane (MSU) yter, og at nasjonane må oppfylle COMSFORs krav. Vi gav våre faste representantar i oppdrag å utarbeide ein mellomlangsiktig strategi for SFOR, med vurdering av dei oppdrag og roller styrken skal ha, til det neste uformelle møtet vårt i september. I lys av dette gav vi dei i tillegg i oppdrag å føreta ein vidare gjennomgang av SFOR innan vårt neste formelle møte i desember.

  12. Vi gler oss over eit stadig betre samkvem med den demokratiske regjeringa i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) og over framgangen til FRJ i samarbeidet om full gjennomføring av den generelle rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina og UNSCR 1244 om Kosovo. Vi gler oss over den meir samarbeidsvillige innstillinga FRJ viser overfor ICTY og dei positive tiltaka som alt er sette i verk, og ventar oss at regjeringa vil gå vidare i retning av fullt samarbeid med domstolen i Haag, mellom anna ved å vedta eit passande lovverk. Alle tiltala personar må stillast til ansvar for sine handlingar, i fullt samsvar med tryggingsrådsresolusjon 827 om oppretting av ICTY. I samband med dette gler vi oss over arrestasjonen av tidlegare president Milosevic. Vi oppmodar Beograd og Podgorica om å prøve å finne ei løysing begge sider kan godta i spørsmålet om det framtidige konstitusjonelle tilhøvet dei imellom innanfor ein demokratisk føderal jugoslavisk republikk.

  13. Som før støttar vi innsatsen som vert gjort for å komme fram til ei fredeleg løysing på problema i Sør-Serbia. Vi rosar innsatsen under leiing av Generalsekretærens personlege representant for å lette denne prosessen i nært samarbeid med EU. Vi er tilfreds med at FRJ, etter at vi vedtok å tillate ei kontrollert tilbakevending av FRJ-styrkar til bakketryggingssona med tanke på å at sona etter kvart skal avviklast, har etterlevd COMKFORs intensjonsnotat om slik retur av serbiske styrkar, særleg til sektor Bravo. Vi gler oss over at denne tilbakevendinga skjedde utan alvorleg vald og at mange medlemmer av væpna grupper har lagt ned våpna sine frivillig. Vi oppmodar dei etniske albanarane om å halde fram med å gå bort frå valdsbruk. Vi oppmodar alle som bur i området om å støtte ein multietnisk politistyrke og å delta i administrative og politiske strukturar på lokalt plan. Styresmaktene i FRJ må halde fram med å gjennomføre dei tryggingsskapande tiltaka som inngår i planen deira for ei fredeleg løysing på problemet.

  14. Vi stadfestar at vi går heilt og fullt inn for tryggleik, stabilitet og territorial integritet for Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 14. Vi minner om den verdifulle innsatsen Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 15har gjort for Alliansen, særleg sidan 1999, at republikken framleis støttar KFOR og kommunikasjonslinjene til styrken, og om bidraget til Partnarskap for fred. Vi fordømmer sterkt dei valdshandlingane albanske ekstremistgrupper nyleg har gjennomført og som ikkje berre er ein trussel mot stabiliteten i landet, men undergrev innsatsen til alle etniske albanarar som arbeider saman med verdssamfunnet for å føre fred, demokrati og stabilitet til Balkanregionen. Dei væpna ekstremistane må straks leggje ned våpna sine og trekkje seg tilbake. Valdsmetodane deira har inga støtte, og er i direkte strid med innsatsen og måla til det internasjonale samfunnet. Vi gler oss over opprettinga av ei brei koalisjonsregjering, og ber partane innstendig om å ta snarlege og konkrete skritt vidare i den interetniske dialogen som omfattar alle lovlege parti i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 16under leiing av president Trajkovski. I samband med dette gler vi oss over fråsegna frå dei politiske leiarane den 29. mai. Vi støttar styresmaktene i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 17i innsatsen dei gjer for å isolere dei ekstremistiske elementa på ein måte som fremjar ei fredeleg løysing. Vi ventar oss at styresmaktene vil unngå overdriven valdsbruk og at dei tek alle forholdsreglar for å unngå sivile tap.

  15. Vi gler oss over dei robuste tiltaka KFOR har sett i verk for å auke tryggleiken på Kosovo-sida av grensa mot Den tidlegare republikken Makedonia 18, og merkjer oss dei intensiverte grenseoperasjonane som no finn stad. Vi takkar dei allierte og partnarane som sytte for det ekstra som skulle til av styrkar og fleksibilitet for å auke patruljeringa og gjere KFOR betre i stand til å avskrekke, oppdage og hindre straumen av mannskap og materiell mellom Kosovo og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 19.

  16. Vi gler oss over den betra militære koordineringa mellom KFOR og forsvars- og innanriksministeria i Skopje, over inngåinga av ein styrkestatusavtale mellom NATO og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 20og opprettinga av eit NATO-senter for samarbeid og samordning, som vil gjere det lettar å utveksle militær informasjon i rett tid. Vi merkjer oss òg med glede den innsatsen allierte land gjer for å trappe opp den bilaterale hjelpa til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 21. Alliansen vil framleis vere innstilt på å finne praktiske løysingar for å auke bistanden på alle desse områda. Vi er særleg glade for det konstruktive engasjementet mellom NATO og regjeringa i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 22og det nære samarbeidet mellom NATO og EU, som vi har sett eksempel på ved at Generalsekretæren i NATO og Den høge representanten for EU i fellesskap har gjennomført oppdrag i Skopje.

  17. Vi fekk i dag overlevert den konsoliderte framdriftsrapporten om utviklinga i Initiativet for Søraust-Europa (SEEI) og Alliansens bidrag til å nå måla i Stabilitetspakta, og merkte oss med glede framgangen som er oppnådd i dette initiativet. Utarbeidinga av eit fellesdokument om evaluering av regionale tryggingspolitiske utfordringar og framtidsutsikter (SEECAP) kan bli eit varig bidrag til utvikling av regionalt samarbeid og fremje reformer i tryggingssektoren. Vi gler oss òg over den vedvarande innsatsen til SEEGROUP for ytterlegare å styrkje det regionale samarbeidet. Arbeidet med å styrkje grensevakthaldet i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 23og Albania har medverka til tryggleik og stabilitet i regionen. Vi gler oss over samarbeidet som NATO og Verdsbanken har tilbydd Kroatia for å omskolere og reintegrere tidlegare militært personell i den sivile økonomien. Vi er oppmuntra over framgangen dei sørausteuropeiske landa har hatt i å utvikle sin eigen regionale fredsbevaringsstyrke, og merkjer oss at den fleirnasjonale fredsstyrken for Søraust-Europa sa seg operativ 1. mai.

1.6 Fråsegn om initiativet for betra forsvarsevner frå møtet i Det nordatlantiske rådet på forsvarsministernivå i Brussel, 7. juni 2001

  1. På grunnlag av ein rapport frå Styringsgruppa (på høgt nivå) for gjennomføring av DCI tok vi føre oss framgangen som er gjort i gjennomføringa av Initiativet for betra forsvarsevne (DCI) sidan initiativet vart presentert av stats- og regjeringssjefane i NATO i april 1999. Målet med DCI er uendra: å syte for at Alliansen har dei styrkar og evner han treng for å møte tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret over heile spekteret av oppdrag. Særleg aktar vi å auke forsvarsevnene og interoperabiliteten ved å gjere dei allierte styrkane lettare å deployere, meir mobile, meir overlevingsdyktige og betre skikka til langvarige oppdrag, betre i stand til å gripe effektivt inn og med meir effektiv kommando og leiing.

  2. Sjølv om det er gjort framgang på visse område, krevst det meir innsats for å få i stand dei nødvendige forbetringane. Til dømes har det lenge vore kritiske manglar i evna til å gripe effektivt inn og i overlevingsevna til alliansestyrkane, mellom anna når det gjeld undertrykking av fiendtleg luftforsvar, elektronisk krigføring, identifisering i strid, etterretning, overvaking og måloppdaging (der bakkeovervakingssystemet til Alliansen kjem inn), luftvåpensystem som kan brukast dag og natt og i all slags ver, luftforsvar i heile si breidd, også mot ballistiske krigsteatermissil og kryssarmissil, kapasitet mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmiddel for desse og oppdaging og vern ved bruk av ABC-våpen. Vi legg stor vekt på å framskunde arbeidet på alle desse områda, også for å løyse ressursproblem der dette er nødvendig. Vi slutta oss til ein rapport om særlege omsyn i forsvaret mot biologiske våpen. Når det gjeld undertrykking av fiendtleg luftforsvar og elektronisk krigføring, og det allierte bakkeovervakingssystemet, gav vi pålegg om at eigne høgnivåmøte må haldast for å sondere utsiktene for kooperative løysingar.

  3. Vi set særleg pris på innsatsen som er gjort i nasjonalt leidde høgnivåmøte for å sjå på potensialet for framgang i fleirnasjonale prosjekt med store ressursmessige implikasjonar. Desse dekkjer strategisk luft- og sjøtransport, drivstoffylling i lufta, presisjonsstyrte sprenglekamar, taktisk kommunikasjon, identifisering i strid, mottiltak mot miner og kooperative innkjøp til logistikklager. Vi har tru på at desse tiltaka vil føre til nye måtar å løyse kapasitetsmanglar på. Vi ser òg fram til vidare arbeid innanfor DCI for å oppnå betre harmonisering av forsvarsplanlegginga og for å utnytte potensialet for konseptutvikling og eksperimentering.

  4. Vi går framleis sterkt inn for at DCI skal bli vellukka, og støttar sterkt opp om arbeidet i Styringsgruppa (på høgt nivå) for gjennomføring av DCI (HLSG). Å nå måla med initiativet krev vedvarande innsats frå alle allierte. Dette vil òg styrkje den europeisk søyla i Alliansen, sidan måla i DCI og EUs hovudmålsetjing er gjensidig forsterkande. Vi er bestemte på å oppnå ei vesentleg auka gjennomføring av DCI og å sikre at dei nødvendige forbetringane av forsvarsevna skjer. For å oppnå dette vil vi engasjere oss sterkare personleg i gjennomføringa av DCI gjennom betre bruk av eksisterande ressursar, ved å auke dei tilgjengelege ressursane der det trengst og ved å engasjere oss meir direkte i avgjerder om potensielle fleirnasjonale prosjekt.

1.7 Fråsegn frå Det nordatlantiske rådet. Pressemelding (2001) 124 12. september 2001

Den 12. september kom Det nordatlantiske rådet saman igjen, for å drøfte dei sjokkerande åtaka på USA i går.

Rådet var samd om at dersom det vert stadfesta at dette åtaket var retta mot USA utanfrå, skal det sjåast på som ei handling som vert omfatta av artikkel 5 i Washington-traktaten, som slår fast at eit væpna åtak på ein eller fleire av dei allierte i Europa eller Nord-Amerika skal reknast som eit åtak på dei alle.

Forpliktinga til kollektivt sjølvforsvar, som er nedfelt i Washington-traktaten, vart først inngått under omstende som var svært ulike dei som no eksisterer, men forpliktinga er ikkje mindre gyldig og ikkje mindre viktig i dag, i ei verd som er utsett for svepa til den internasjonale terrorismen. Då stats- og regjeringssjefane i NATO kom saman i Washington i 1999, prisa dei suksessen til alliansen når det gjaldt å sikre fridomen til medlemslanda under den kalde krigen og opne vegen for eit fritt og udelt Europa. Men dei erkjende òg at det eksisterte ei rad ulike trugsmål mot tryggleiken, nokre av dei heilt ulike dei som hadde ført til skipinga av NATO. Meir spesifikt fordømde dei terrorismen som eit alvorleg trugsmål mot freden og stabiliteten, og dei stadfesta på nytt at dei var fast bestemte på å ta opp kampen mot terrorismen, i samsvar med forpliktingane sine overfor kvarandre, dei internasjonale forpliktingane sine og den nasjonale lovgjevinga i medlemslanda.

Artikkel 5 i Washington-traktaten slår fast at dersom det skjer åtak som fell innanfor ramma av artikkelen, skal alle dei allierte hjelpe den parten som åtaket vart retta mot, ved å setje i verk dei tiltaka dei finn nødvendige. USAs NATO-allierte står derfor klare til å gje den hjelpa det måtte vere behov for som følgje av desse barbariske handlingane.

1.8 Ministermøte i Det nordatlantiske rådet i NATO-hovudkvarteret, Brussel, 6. desember 2001. Sluttkommuniké

  1. Terroristangrepa i USA 11. september 2001 førte til at artikkel 5 i Atlanterhavs-pakta vart teken i bruk for første gong i historia til Alliansen. Vi seier oss leie for dei menneskelege tapa som ramma så mange av NATO- og partnarskapslanda. I dag har vi utarbeidd ei eiga fråsegn om NATOs reaksjon på terrorismen og Alliansen sitt bidrag til kampen mot denne plaga. På denne bakgrunnen har vi vurdert NATOs generelle program og gjeve nærare instruksar for korleis det skal setjast ut i livet i tida fram mot møtet som våre stats- og regjeringssjefar skal ha i Praha i november neste år.

  2. I dag er vi engasjerte i arbeidet med å skape eit nytt forhold til Russland, for å styrkje vår evne til å samarbeide på område der vi har felles interesser. Vi stadfestar på nytt at ein partnarskap mellom dei allierte og Russland, som byggjer på tillit og samarbeid, og som er basert på felles demokratiske verdiar og eit felles engasjement for eit stabilt, fredeleg og udelt Europa, slik det er nedfelt i Grunnakta NATO-Russland, er avgjerande viktig for stabiliteten og tryggleiken i det euroatlantiske området. Vi har vedteke å tilføre partnarskapen vår ny framdrift og nytt innhald, med det siktemålet å opprette, saman med Russland, eit nytt NATO-Russland-råd, for å velje ut og arbeide vidare med tiltak som ein kan samarbeide om i 20-format. Til dette formålet har vi gjeve Det nordatlantiske rådet i fast sesjon i oppgåve å utforske og utvikle, i dei kommande månadene og på grunnlag av Grunnakta, nye og effektive mekanismar for samråd, samarbeid, felles vedtak og samordna/felles tiltak. Det er målsetjinga at desse samarbeidsmekanismane skal vere på plass til vårt neste møte i Reykjavik i mai 2002, eller før. NATOs fundamentale formål er framleis dei som er fastlagde i Washington-traktaten, og NATO vil i kraft av det som er bestemt i traktaten stå fast på sin rett til å fatte uavhengige vedtak og gjennomføre uavhengige tiltak på basis av dei 19 medlemslanda i alle spørsmål i samsvar med dei plikter og ansvarsområde organisasjonen har.

  3. Vi er glade for at Russland står saman med oss i kampen mot terrorismen, og vi trur at dette vil vere eit viktig bidrag til å nå vårt felles mål, som er ein sterk, stabil og varig partnarskap mellom NATO og Russland. Vi intensiverer samarbeidet vårt på dette og på andre område, inkludert spørsmål som gjeld ikkje-spreiing, eksportkontroll og rustingskontroll, tiltak som gjeld våpeninnsyn, tillitsskapande tiltak, rakettforsvar, leite- og bergingsoperasjonar til sjøs og militært samarbeid, som representerer eit viktig steg mot eit kvalitativt nytt forhold. Vi stadfestar Russland sin rett til å verne om sin territoriale integritet, og vi erkjenner retten landet har til å verne alle innbyggjarane sine mot terrorisme og kriminalitet. Vi helsar med glede dei innleiande steg som Russland har teke for å etablere ein politisk dialog om konflikten i Tsjetsjenia. Vi ber Russland innstendig om å byggje vidare på desse tiltaka for å finne ei rask, varig og fredeleg politisk løysing på konflikten, og om å respektere og verne om menneskerettane og dei juridiske rettane til innbyggjarane. Vi oppmodar den tsjetsjenske sida til å samarbeide i god tru for å finne ei politisk løysing på konflikten, og til å fordømme terrorismen og gjennomføre tiltak mot denne.

  4. På toppmøtet dei skal ha i Praha i november neste år, skal stats- og regjeringssjefane våre innleie neste runde i utvidinga av NATO. Vi oppmodar dei ni kandidatlanda til å halde fram med det målretta arbeidet for å førebu eit mogleg framtidig medlemskap og utnytte fullt ut dei opningane som finst i vår Handlingsplan for medlemskap (MAP). Vi ser fram til å få ein konsolidert rapport om framdrifta i aktivitetar innanfor ramma av MAP i 2001-2002 på vårt møte neste vår. Vi vil vidareføre MAP-prosessen også etter at inneverande periode er over. Medan kandidatlanda held fram med å førebu seg, vil NATO gjennomføre sine eigne interne førebuingar til opptak av nye medlemmer. Vi pålegg Rådet i fast sesjon å rapportere på vårt neste møte om dei spørsmåla som treng å studerast, slik at det kan leggjast fram omfattande tilrådingar for våre stats- og regjeringssjefar når dei skal gjere sine vedtak på toppmøtet i Praha.

  5. Vi stadfestar på nytt vårt engasjement for eit fredeleg, stabilt og demokratisk Søraust-Europa, og vi er framleis fast bestemte på ikkje å godta noka form for vald, enten motivet er etnisk, politisk eller kriminelt. Vi gjentek vår støtte til den territoriale integriteten og suvereniteten til alle landa i Søraust-Europa. Vi vil, i samarbeid med våre partnarar i SFOR og KFOR og med andre internasjonale institusjonar, halde fram med å fremje regional forsoning og regionalt samarbeid, godt naboskap, stabile og sikre grenser, vern om rettane til medlemmer av alle etniske grupper og minoritetar, tillitsskapande tiltak, ei varig løysing på problemet med flyktningar og internt fordrivne personar og fullt samarbeid med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Alle som er tiltala av ICTY for krigsbrotsverk, må stillast for retten i Haag.

  6. Seinare denne månaden vil våre forsvarskollegaer gå gjennom status for NATO- operasjonane på Balkan og vurdere om det kan gjennomførast ei rasjonalisering og ei meir regionalt retta løysing, samtidig som Alliansen erkjenner behovet for eit nært vidare samråd med andre involverte internasjonale organisasjonar. Arbeidet vårt har som endeleg målsetjing å skape grunnlag for varig fred og demokrati i regionen utan at internasjonale militære styrkar treng vere til stades.

  7. I løpet av det siste året har Alliansen spela ei særs aktiv rolle i arbeidet med å fremje stabilitet og tryggleik i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 24, i nært samarbeid med Den europeiske unionen (EU) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). I den samanhengen rosar vi nabostatane, og særleg Albania, for deira konstruktive haldning. Vi helsar med glede den frivillige avvæpninga og oppløysinga av det såkalla NLA, nasjonalforsamlinga sitt vedtak om endringar i landets grunnlov og amnestiet som president Trajkovski har erklært. Vi stadfestar på nytt vår fordømming av bruken av vald for politiske formål. Vi oppmodar innstendig alle involverte partar om å gjennomføre rammeavtalen heilt og fullt og halde fram med å samarbeide med det internasjonale samfunnet. Vi gjentek vår støtte til den territoriale integriteten til Den tidlegare jugoslavisk republikken Makedonia 25. NATO er klar til å vidareføre sitt bidrag til tryggleiken ved å gje støtte til kontrollørane frå EU og OSSE i ein ny tremånadersperiode, som ein del av Alliansen sitt bidrag til fred og stabilitet i landet.

  8. Vi forpliktar oss framleis til full gjennomføring av den generelle rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina, og oppmodar alle politiske leiarar i dette landet til å halde fram med å ta avstand frå separatisme og vald, til å støtte demokratiske institusjonar og til å påta seg større ansvar for og engasjement i prosessen med å gjennomføre Dayton-avtalen. Vi sluttar fullt og heilt opp om det arbeidet SFOR og ICTY gjer for å arrestere og stille for retten personar som er tiltala for krigsbrotsverk. I den samanhengen gjentek vi at det er dei to entitetane som har det primære ansvaret for å stille til ansvar personar som er tiltala for krigsbrotsverk, og vi oppmodar dei innstendig om å samarbeide meir effektivt med SFOR for å få dette til.

  9. Vi helsar med glede valet som vart halde i heile Kosovo 17. november, der alle grupper deltok med godt frammøte, som eit viktig steg på vegen mot eit fredeleg, multietnisk, fleirkulturelt og demokratisk Kosovo, der alle menneske, utan omsyn til etnisk bakgrunn eller religion, kan leve i fred og tryggleik og nyte godt av universelle menneskerettar og fridommar på like fot, mellom anna gjennom deltaking i demokratiske institusjonar. Vi oppmodar dei nyvalde leiarane til å utøve sine nye funksjonar i nøye samsvar med resolusjon 1244 frå Tryggingsrådet i FN og det konstitusjonelle rammeverket for mellombels sjølvstyre, og i nært samarbeid med UNMIK og KFOR. Vi oppmodar dei òg til å innleie eit effektivt samarbeid med styresmaktene i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ).

  10. Vi helsar med glede den konstruktive støtta frå Beograd til at det serbiske samfunnet i Kosovo deltok i det nyleg gjennomførte valet i Kosovo. Vi er tilfredse med at det har vore ein kontinuerleg framgang i arbeidet for forsoning mellom partane i Sør-Serbia, og vi vil halde fram med å følgje utviklinga i denne regionen nøye. Vi gler oss over at forholdet vårt til FRJ vert stadig betre, og vi ser fram til at dette forholdet vert utvikla vidare. Vi stadfestar på nytt vår støtte til eit demokratisk Montenegro innanfor eit demokratisk FRJ.

  11. Når vi no markerer tiårsdagen for NATOs partnarskaps- og samarbeidspolitikk, erkjenner vi at våre partnarland yter eit avgjerande bidrag til Alliansens arbeid for å fremje fred og stabilitet i den euroatlantiske regionen. Vi set særleg stor pris på deira bidrag til våre fredstryggjande operasjonar på Balkan. Vi verdset òg solidariteten og støtta som våre partnarar, og særleg dei i Sentral-Asia og Kaukasus, har vist i den internasjonale kampen mot terrorisme. Vi ønskjer å utvide og styrkje samarbeidet ytterlegare innanfor ramma av Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og Partnarskap for fred (PFP). Vi oppmodar alle våre partnarar til å arbeide for eit meir aktivt forhold til Alliansen. Vi vil også gjerne utvide og styrkje samarbeidet med våre partnarar rundt Middelhavet, og vi oppmodar dei til å intensivere dialogen med oss om tryggingsspørsmål som vi alle er opptekne av.

  12. Vi legg framleis stor vekt på å styrkje og utvikle vidare den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina. I den samanhengen oppmodar vi Ukraina til å halde fram med å ta konkrete steg for å føre reformprosessen vidare, og vi står klare til å hjelpe dei i dette arbeidet. Vi ønskjer også å streke under at det er viktig at vi oppfyller dei plikter og oppgåver vi i fellesskap har teke på oss på Balkan.

  13. Vi stadfestar på nytt at vi vil arbeide for å utvikle eit nært, ope og konsekvent samkvem mellom NATO og EU. Vår felles innsats på Balkan har ført oss nærare fred og stabilitet i denne regionen og vist at eit nært samarbeid byr på vesentlege fordelar. Hendingane 11. september har understreka kor viktig det er at dei to organisasjonane utvidar samarbeidet om spørsmål av felles interesse som er knytte til tryggleik, forsvar og krisehandtering, slik at kriser kan møtast med ein mest mogleg formålstenleg militær reaksjon og ei effektiv krisehandtering er sikra. Det gjenstår enno viktig arbeid når det gjeld organiseringa av NATOs støtte til EU-leidde operasjonar, i samsvar med vedtaka frå NATOs toppmøte i Washington i 1999 og seinare ministermøte. Vi er framleis fast bestemte på å gjere framsteg på alle dei ulike sidene av forholdet vårt, og vi merkjer oss behovet for å finne løysingar som alle dei allierte kan vere nøgde med i spørsmålet om deltaking frå europeiske allierte som ikkje er medlemmer av EU. Vi merkjer oss EUs engasjement for å ordne dei nærare vilkåra for samråd med Canada og for Canadas deltaking i EU-leidde operasjonar.

  14. Hendingane 11. september og seinare viser at tryggleiken vår er trua på mange ulike måtar som til tider er vanskelege å forutsjå. Gjennom initiativet for betra forsvarsevne ønskjer vi å sikre at styrkane til Alliansen har best mogleg evne til å takle desse utfordringane, og at dei er i stand til å samarbeide saumlaust. Ei betring av den europeiske forsvarsevna står sentralt i denne prosessen.

  15. Vi stadfestar på nytt at Alliansen må ha evne til å forsvare seg på ein formålstenleg og effektiv måte mot den trusselen som ei spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike kan utgjere. Vår reaksjon skal vere tufta på ein udeleleg alliansetryggleik. Vi vil halde fram med å samarbeide for å tilpasse den omfattande strategien til Alliansen, slik at vi kan møte desse utfordringane med ei formålstenleg blanding av politisk og militær innsats. I den samanhengen vil Alliansen sin politikk til støtte for rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing halde fram med å spele ei viktig rolle for å nå målsetjinga for Alliansen sin tryggingspolitikk. Alliansen strekar under kor viktig det er å overhalde og styrkje eksisterande multilaterale ordningar for ikkje-spreiing og eksportkontroll og internasjonale avtalar om rustingskontroll og nedrusting. Vi vil halde fram med å bidra aktivt til utvikling av avtalar og tiltak på dette området, og arbeide vidare for ytterlegare våpenreduksjonar, meir innsyn og større gjensidig tillit. Vi stadfestar på nytt at vi er fast bestemte på å bidra til å følgje opp konklusjonane frå tilsynskonferansen for ikkje-spreiingsavtalen i 2000, og vi vil arbeide for eit vellukka utfall av den føreståande gjennomgangen. Vi støttar også arbeidet som vert gjort for å få vedteke eit internasjonalt regelverk mot spreiing av ballistiske rakettar før slutten av 2002. Ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting spelar saman med avskrekking og forsvar ei viktig rolle for å skape eit betre vern mot desse nye truslane og utfordringane. Den rolla eit rakettforsvar kan spele i denne samanhengen, vert aktivt vurdert etter kvart som vi held fram med våre konsultasjonar med USA om dette spørsmålet. Vi helsar i denne samanhengen med glede det kontinuerlege arbeidet i NATO når det gjeld forsvar mot krigsteatermissil.

  16. Dei allierte minner om resultatet av den andre tilsynskonferansen for CFE-avtalen, og helsar med glede Russlands planlagde reduksjonar av overskytande utstyr i Nord-Kaukasus til dei avtala nivåa, som må skje på ein open og verifiserbar måte, og framgangen når det gjeld reduksjon og tilbaketrekking av russisk utstyr frå Moldova. Vi oppmodar Russland og Georgia til å finne ei snarleg løysing på dei spørsmåla som framleis er uløyste mellom dei to landa. For dei allierte kan ratifisering av den tilpassa CFE-avtalen berre komme på tale dersom alle land som er partar i avtalen, fullt ut held seg til dei avtala maksimumsgrensene i samsvar med det dei har forplikta seg til i CFE-sluttakta. Vi ser fram til at avtalen om opne luftrom trer i kraft 1. januar 2002.

1.9 NATOs reaksjon på terrorisme Erklæring frå ministermøtet i Det nordatlantiske rådet NATO-hovudkvarteret, Brussel 6. desember 2001

  1. Terroristangrepa 11. september var ei ugjerning mot heile verda. Vi reagerer for å stille dei som stod bak desse brotsverka til ansvar, og for å hindre dei i å ta uskuldige liv i framtida.

  2. Terrorisme utgjer ein trussel for liva til våre innbyggjarar og deira menneskerettar og borgarrettar. Det utgjer òg ein trussel mot utviklinga av og funksjonen til demokratiske institusjonar, den territoriale integriteten til statar og den fredelege sameksistensen mellom dei, og mot freden og tryggleiken i verda. Det finst absolutt ingen ting som kan rettferdiggjere terroristhandlingar. Vi tek kategorisk avstand frå og fordømmer resolutt alle former for terrorisme, same kva måte det manifesterer seg på. Vi, dei 19 allierte i NATO, er fast bestemte på å få bukt med denne plaga. Vår tryggleik er avhengig av det.

  3. Vi vurderer hendingane 11. september som eit væpna åtak, ikkje berre på ein alliert, men på oss alle, og vi har difor teke i bruk artikkel 5 i Washington-traktaten. Som ei følgje av dette har vi vedteke at vi samla og kvar for oss skal støtte dei igangverande USA-leidde militæroperasjonane mot terroristane som sette i scene ugjerningane 11. september, og dei som gjev dei ly. Overvakingsfly frå NATO patruljerer amerikansk luftrom for første gong i historia. Flåtestyrkar frå Alliansen er overførte til den austlege delen av Middelhavet for å vise solidaritet og handlekraft frå NATO si side. Våre fredstryggjande styrkar på Balkan har, med støtte frå land i regionen, gjennomført tiltak for å hindre terroristgrupper i å operere på og frå Balkan. Allianseland har på individuelt grunnlag kome med tilbod om styrkar og andre ressursar til kampen mot terrorismen og til bruk i det humanitære hjelpearbeidet. Vi vil halde fram med å gje støtte til den USA-leidde operasjonen mot desse terroristane til målsetjinga er nådd. Vi vil gje denne støtta i samsvar med våre vedtak og i tråd med det vi har forplikta oss til etter folkeretten og dei relevante punkta i FN-pakta.

  4. Vår kamp er ikkje retta mot islam eller mot det uskuldige folket i Afghanistan. Våre land gjev humanitær hjelp til det afghanske folket, som har lidd under det forferdelege regimet til Taliban. Vår kamp, det internasjonale samfunnet sin kamp, er retta mot terroristane, deira nettverk og dei som skjuler dei, slik det er stadfesta i resolusjon 1368 frå Tryggingsrådet i FN.

  5. Vi stadfestar på nytt at vi er fast bestemte på å kjempe mot terrortrusselen så lenge dette er nødvendig. I tråd med det vi har forplikta oss til i Washington-traktaten, vil vi halde fram med å styrkje vår nasjonale og kollektive evne til å verne våre innbyggjarar, vårt territorium og våre styrkar mot alle væpna åtak, også terroriståtak, som måtte bli retta mot oss frå andre land. Vi erkjende denne utfordringa i det strategiske konseptet som vart vedteke på toppmøtet i Washington, der vi gjorde det klart at eit kvart væpna åtak på territoriet til dei allierte, kvar det enn kjem ifrå, vil komme inn under artikkel 5 i Washington-traktaten, og der vi framheva terrorismen som ein risiko mot tryggingsinteressene til Alliansen. Det er avgjerande for tryggleiken vår at vi taklar denne utfordringa.

  6. For å løyse denne livsviktige oppgåva med å verne våre innbyggjarar, vårt territorium og våre styrkar, vil vi studere korleis vi kan tilpasse og styrkje den militære forsvarsevna til Alliansen. Vi vil styrkje våre band til andre statar og til internasjonale organisasjonar, slik at vi kan utveksle informasjon og gjennomføre nødvendige samarbeidstiltak på ein meir effektiv måte. Landa våre samarbeider også tett for å møte trusselen som ein potensiell bruk av masseøydeleggingsvåpen frå terroristane si side utgjer. Nedrusting, rustingskontroll og ikkje-spreiing kan vere eit viktig bidrag til kampen mot terrorismen. Vi vil styrkje vår evne til å gje støtte, når vi vert bedne om det, til nasjonale styresmakter, for å verne sivile mot verknadene av terroriståtak. Vi vil også styrkje samarbeidet med partnarane våre på dette området, og ta omsyn til dei ulike forslaga og initiativa som vert sette fram.

  7. Støtta frå medlemslanda i Det euroatlantiske partnarskapsrådet, Fellesrådet NATO-Russland og NATO-Ukraina-kommisjonen, og fordøminga frå desse landa si side av åtaket 11. september, har vore avgjerande for arbeidet med å byggje den internasjonale koalisjonen. Vi rosar landa i Sentral-Asia og Kaukasus for deira modige støtte til kampen. Vi applauderer også det eintydige standpunktet til partnarane våre i Middelhavsdialogen, som utan atterhald har fordømt desse åtaka. Vi stadfestar på nytt vår vilje til å yte hjelp, på individuell eller kollektiv basis, etter behov og i samsvar med vår kapasitet, til allierte og andre statar som er eller kan bli utsette for auka truslar frå terroristar som følgje av deira støtte til kampen mot terrorismen.

  8. Etter åtaka 11. september har Russland gjeve dei allierte tilbod om eit reelt og vesentleg samarbeid i kampen mot terrorismen. Dette samarbeidet illustrerer det kvalitativt nye i forholdet mellom NATO og Russland. Vi ser fram til å byggje vidare på dette samarbeidet og utvide samkvemmet mellom NATO og Russland, for å møte dei nye utfordringane som heile det euroatlantiske samfunnet står overfor.

  9. Vi understrekar at militære middel åleine ikkje er tilstrekkeleg for å få effektivt bukt med terrorismen. Reaksjonen må vere mangearta og omfattande. I denne samanhengen støttar vi arbeidet til Dei sameinte nasjonane og den sentrale rolla denne organisasjonen spelar på dette området, og vi forpliktar oss til å gjennomføre fullt ut Tryggingsrådsresolusjon 1373. Vi støttar også det arbeidet EU, OSSE, G-8 og internasjonale finansinstitusjonar gjer for å få bukt med terrorismen. Vi trur det vil vere viktig å halde fram med å utvikle samarbeidet mellom internasjonale organisasjonar i denne mangefasetterte kampen, samtidig som vi tek omsyn til dei plikter og det ansvar den einskilde organisasjonen har. NATO og Den europeiske unionen undersøkjer i den samanhengen korleis ein kan styrkje samarbeidet for å få bukt med terrorismen. Dagens møte mellom utanriksministrane i NATO og EU vil understreke det viktige forholdet mellom dei to organisasjonane.

  10. Vi vil utarbeide ein tiltakspakke frå Alliansens side til toppmøtet i Praha, for å styrkje vår forsvarsevne og vårt felles engasjement med våre partnarar for å møte denne utfordringa.

1.10 Møte i NATO-Ukraina-kommisjonen på utanriksministernivå, Brussel 6. desember 2001. Erklæring

NATO-Ukraina-kommisjonen møttest i dag på utanriksministernivå i NATOs hovudkvarter.

Ministrane drøfta spørsmål knytte til den regionale tryggleiken i det euroatlantiske området og forplikta seg på nytt til å samarbeide med den internasjonale koalisjonen i kampen mot terrorisme. Dei allierte gav uttrykk for at dei sette pris på Ukrainas støtte til dei tiltak som NATO og dei allierte har sett i verk i kampen mot terrorisme, særleg Ukrainas vedtak om å opne luftrommet sitt for overflyging med amerikanske fly. Ministrane drøfta korleis samarbeidet mellom NATO og Ukraina i kampen mot terrorisme kunne utvidast, og dei rosa ekspertdrøftingane 3. oktober om kampen mot kvitvasking av pengar, ulovleg innvandring og spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen.

Kommisjonen understreka sitt engasjement for ei gradvis styrking av den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina. Kommisjonen uttrykte støtte til Ukrainas rolle i arbeidet for å styrkje det regionale samarbeidet, fremje stabilitet og tryggleik i det euroatlantiske området og skape godt naboskap. Kommisjonen helsa med glede den utvida dialogen, samarbeidet og samråda mellom NATO og Russland.

Dei allierte merkte seg minister Zlenkos fråsegn om at samarbeidet mellom NATO og Ukraina på grunnlag av NATO-Ukraina-charteret utgjer eit viktig element i Ukrainas euroatlantiske integreringspolitikk og er ein vesentleg del av Ukrainas nasjonale tryggingsopplegg.

Ministrane understreka kor viktig det er med felles innsats for at resultatet av fredsprosessen i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 26 skal bli vellukka, i den same ånda som pregar den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina. Dei sa seg glade for at nasjonalforsamlingen har ratifisert den generelle rammeavtalen og understreka kor viktig det er at denne blir gjennomført heilt og fullt.

Dei allierte rosa Ukraina for det viktige bidraget landet framleis yter til den NATO-leidde operasjonen i Kosovo gjennom den polsk-ukrainske fredsbevarande bataljonen. Kommisjonen sa seg tilfreds med det lovande utfallet av valet i Kosovo 17. november 2001, og understreka at dei er forplikta til full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1244.

Kommisjonen noterte seg den markerte framgangen i samarbeidet mellom NATO og Ukraina på grunnlag av charteret om særskild partnarskap sidan det siste møtet vart halde i Budapest. Kommisjonen sa seg glad for dei gjensidige vitjingane av høgt profilerte representantar frå begge sider og for dei mange ulike politiske konsultasjonane og ekspertkonsultasjonane som vart gjennomførte i 2001. Kommisjonen framheva òg den vesentlege auken i aktivitetar der NATO og Ukraina samarbeider, m.a. innanfor planlegging av sivil beredskap, økonomisk tryggleik og på områda vitskap og miljø.

Ministrane framheva resultata frå møtet på overordna nivå i Den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform som vart halde 25. oktober 2001, og uttrykte store forventningar til det ambisiøse aktivitetsprogrammet som Gruppa for 2002 har sett opp, særleg arbeidet med målsetjinga for den nasjonale forsvarsreforma. Ministrane sa seg glade for den felles innsatsen frå NATOs militærkomité og Ukraina i 2001, som har retta fokus for det militære samarbeidet mot å oppfylle mål innanfor områda interoperabilitet og forsvarsreform.

For å framheve dei praktiske fordelane ved samarbeidet mellom NATO og Ukraina var kommisjonen til stades ved underteikninga av ein intensjonsavtale (MOU) mellom Ukraina og NATOs organ for vedlikehald og forsyningar (NAMSA) om realiseringa av eit PFP-fond som skal sikre at 400 000 antipersonellminer vert øydelagde på forsvarleg vis.

Ministrane gav sin tilslutning til Arbeidsplanen for 2002 og la særleg vekt på vidare politiske konsultasjonar, i kombinasjon med ei vidareføring av det praktiske samarbeidet på grunnlag av dei vellukka erfaringane frå 2001. Dei uttrykte vilje til å utvide den gjensidige utvekslinga av informasjon, særleg når det gjeld spørsmål i tilknyting til kampen mot terrorisme og andre tryggingsspørsmål. I 2002 skal NATO-Ukraina-kommisjonen også markere femårsdagen for underteikninga av charteret om særskild partnarskap.

Medlemmane av kommisjonen gav uttrykk for at dei var tilfredse med arbeidet til NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter og NATOs sambandskontor i Ukraina, og dei var samde om at dei ville halde fram med å gje dei aktiv støtte i det viktige arbeidet dei gjer.

Dei allierte merkte seg minister Zlenkos fråsegn om at det er viktig at det blir halde eit møte i NATO-Ukraina-kommisjonen på stats- og regjeringssjefnivå i Praha i 2002.

1.11 Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) Handlingsplan 2002-2004

Del I: Kortidsplanlegging

Organisering av EAPC-arbeidet (arbeidsprogram mellom ministermøte, med politiske og tryggingsrelaterte konsultasjonar og praktisk samarbeid)

  1. Handlingsplanen for EAPC dekkjer ein toårsperiode. Handlingsplanen for perioden 2000 til 2002 er gjennomgått i haust med tanke på å utvikle handlingsplanen for EAPC for neste toårsperiode, og vil bli oppdatert hausten 2002. Etter framlegging for ambassadørane vil handlingsplanen bli godkjend av ministrane når dei trer saman i desember.

  2. Som oppfølging av dei regulære møta mellom utanriks- og forsvarsministrane i EAPC vil EAPC-ambassadørane setje opp eit arbeidsprogram for konsultasjonar i politiske og tryggingsrelaterte spørsmål og for praktiske samarbeidsaktivitetar etter handlingsplanen for EAPC som førebuing til neste ministermøte. Diskusjonsemna i dette tidsrommet vil vere dikterte av den politiske og tryggingsmessige utviklinga, og det vil bli teke omsyn til dei ministermøta som nettopp er avslutta. Programmet kan justerast etter behov. Andre møte, til dømes i formatet «Alliansen + n», vil bli fastsette frå sak til sak. Formannen for EAPC vil halde EAPC-rådet orientert om relevante utviklingstrekk innanfor Alliansen.

  3. I følgje Grunnlagsdokumentet for EAPC kan dei konkrete emneområda som allierte og partnarar kan rådføre seg med kvarandre om innanfor EAPC, mellom anna «omfatte, men ikkje vere avgrensa til: politiske og tryggingsrelaterte saker, krisehandtering, regionale spørsmål, rustingskontroll, spreiing av og forsvar mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen, internasjonal terrorisme; forsvarsplanlegging og -budsjett og forsvarspolitikk og -strategi, tryggingspolitiske konsekvensar av den økonomiske utviklinga. Det vil òg vere rom for konsultasjonar og samarbeid i saker som: sivil naud- og katastrofeberedskap, materiellsamarbeid under oppsyn av Konferansen av nasjonale materielldirektørar (CNAD), kjernefysisk tryggleik, forsvarsrelaterte miljøspørsmål, sivil-militær samordning av leiing og kontroll av lufttrafikk, vitskapleg samarbeid og spørsmål i tilknyting til fredsstøtteoperasjonar.»

  4. Som arbeidsmetode kan opne grupper av EAPC-medlemmer på ad-hoc-basis utarbeide diskusjonsdokument om konkrete spørsmål eller saker som gjeld regionalt tryggingssamarbeid for å stimulere til poengterte og resultatorienterte diskusjonar i plenumsforsamlinga i EAPC. Plenumsforsamlinga i EAPC vil så formidle idear og forslag til praktisk samarbeid som er utvikla innanfor denne ramma, til relevante komit´ear for eventuell oppfølging. I 2001 har ad-hoc-arbeidsgruppa for samarbeid i fredsbevaring i EAPC/PMSC arbeidd vidare. Også andre ad-hoc-arbeidsgrupper har vore samla for å drøfte følgjande saker: globale humanitære mineryddingstiltak, utfordringar knytte til spreiing av handvåpen og lette våpen, utsikter for regionalt samarbeid i Søraust-Europa, utsikter for regionalt samarbeid i Kaukasus. EAPC vil på grunnlag av aukande praktisk erfaring vurdere om desse arbeidsmetodane må forbetrast, tilpassast eller utvidast.5.Ein stor del av arbeidsprogrammet vil gjelde vidare utvikling og gjennomføring av partnarskapsrelaterte initiativ som vart lagde fram på Washington-toppmøtet, dvs. initiativet om ein forbetra og meir operativ partnarskap, som omfattar dei politisk-militære rammene for NATO-leidde PFP-operasjonar (PMF), den utvida og tilpassa planleggings- og revisjonsprosessen (PARP), konseptet for operative evner i NATO-leidde PFP-operasjonar (OCC) og Det konsoliderte trenings- og utdanningsprogrammet i PFP (TEEP).

  5. Gjennomføringa av dei ulike aktivitetane i denne handlingsplanen vil vere avhengig av at dei nødvendige ressursane blir stilte til disposisjon.

Del II: Langtidsprogram for konsultasjonar og samarbeid

Politiske og tryggingsrelaterte spørsmål

Emne

  1. Regionale saker, mellom anna Søraust-Europa og Sør-Kaukasus

  2. Auka praktisk samarbeid med dei sentralasiatiske partnarlanda innanfor EAPC

  3. Internasjonal kamp mot terrorisme

  4. Samarbeid i spørsmål som gjeld Stabilitetspakta (arbeidstabell 3)

  5. Samarbeid med OSSE og andre internasjonale institusjonar om tryggingsspørsmål

  6. Situasjonen på Balkan

  7. Oppfølging av dei politisk-militære rammene for NATO-leidde PFP-operasjonar

  8. Praktiske samarbeidsspørsmål

  9. Grensevern

  10. Anna

Aktivitetar

  1. Seminar, arbeidssamlingar, møte i opne ad-hoc-grupper, ekspertmøte, orienteringar og utveksling av informasjon om Bosnia-Hercegovina og Kosovo

Planlagde arrangement

  1. Seminar om tilpassing av EAPC til den nye tryggingssituasjonen, vertskap Romania (2003, dato ikkje fastsett)

  2. Tre årlege seminar/arbeidssamlingar om regionalt tryggingssamarbeid, m.a.:

    • Seminar om regional tilnærming til nye tryggingsrisikoar, vertskap Romania (2002, dato ikkje fastsett)

    • Seminar om «Utfordringar i det regionale samarbeidet i Sør-Kaukasus», Baku, Aserbajdsjan (første halvår 2002)

    • Seminar om styrking av samarbeidet NATO-OSSE-EU for å sikre stabilitet og tryggleik i Søraust-Europa, vertskap Romania (2003, dato ikkje fastsett)

    • Seminar om betra samordning av initiativ for regionalt samarbeid i Søraust-Europa, vertskap Romania (2003, dato ikkje fastsett)

    • Arbeidssamling om «Innsamling av ulovleg eigde handvåpen og lette våpen og regionale kontrollregime for handvåpen og lette våpen (andre halvår 2002, dato ikkje fastsett), vertskap Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia.

    • Seminar om «Regionalt samarbeid om varsling og oppfølging av krisesituasjonar over landegrenser, sett i miljøperspektiv», vertskap Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 27(første halvår 2003).

  3. Møte mellom NATOs regionale ekspertar og ekspertar frå partnarland (datoar ikkje fastsett)

Komitéstøtte

EAPC ved Ambassadør- og politisk komité, PMSC i EAPC/PFP-format, Gruppe for politisk samordning med EAPC-partnarar

Stabsstøtte:

Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar

Politikkplanlegging

Emne

  1. Utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål på mellomlang og lang sikt

Aktivitetar

  1. Møte i NATOs rådgjevingsgruppe for atlantisk politikk i EAPC-format

Planlagde arrangement

  1. Årlege møte i APAG i EAPC-format. Det neste blir halde i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 28

Komitéstøtte

  1. EAPC ved Politisk komité

Stabsstøtte

  1. Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat

Rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing

Emne

  1. Rustingskontroll

  2. Politisk og forsvarsmessig innsats mot spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og rakettar og komponentar til desse

  3. Utfordringa med handvåpen og lette våpen

  4. Globale humanitære mineryddingstiltak

  5. Grensevern

Aktivitetar

  1. Konsultasjonar og ekspertmøte, møte i opne ad-hoc-arbeidsgrupper

Planlagde arrangement

  1. Handvåpen og lette våpen: oppfølging av Brugge-seminaret i mai 2001 om arsenaltryggleik og -handtering

  2. Oppfølging av arbeidssamlinga i Baku i juni 2001 om handvåpen og lette våpen

Komitéstøtte

EAPC ved Politisk komité, PMSC i EAPC/PFP-format

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat, Direktorat for forsvarspolitisk partnarskap og samarbeid, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar

Gjennomføring av rustingskontrollavtalar

Emne

  1. Konvensjonell rustingskontroll, gjennomføring og verifisering

Aktivitetar

  1. Konsultasjonar, ekspertmøte, seminar, møter i arbeidsgrupper

  2. Opplæring og kurs i støtte til gjennomføring av rustingskontroll

Planlagde arrangement

  1. Innføringskurs i generell rustingskontroll ved NATO-skulen i Oberammergau, januar/juli 2002

  2. Framhald og tillemping av program for felles multilaterale inspeksjonsgrupper for samarbeidspartnarar i CFE

  3. Vidare drift og utvikling av databasen VERITY

  4. Årlege møte i arbeidsgrupper med alle CFE-partane for å leggje data frå informasjonsutvekslinga i CFE inn i VERITY-basen

  5. Årleg arbeidsmøte med alle CFE-partane for å revidere aktuell notifisert styrkestruktur i VERITY

  6. Seminar om gjennomføring av rustingskontrollavtalar for konvensjonelle våpen (m.a. CFE), med regionalt fokus, etter behov

Komitéstøtte

Verifiserings- og koordineringskomitéen

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat

Internasjonal kamp mot terrorisme

Emne

  1. Identifisering av terrortruslar og reaksjonar på terrorhandlingar

  2. Utvikling av EAPC si rolle i den internasjonale kampen mot terrorisme

  3. Oppretthalding av politisk engasjement på høgt nivå, som oppfølging av EAPC-erklæringa av 12. september

  4. Handgripeleg støtte, som det passar, til partnarland i Sentral-Asia og Kaukasus

  5. Samarbeid innan sivil beredskapsplanlegging (CEP)

  6. Anna praktisk samarbeid, medrekna PFP-aktivitetar

Aktivitetar

  1. Møte i Spesialkomitéen i EAPC-format

  2. Sjå til at terrorisme står høgt på saklista til ambassadørmøte i EAPC og andre komit´ear som møtest i EAPC-format

  3. Framdriftsrapportar utarbeidde til ministermøte i EAPC slik det passar

  4. Undersøke mellom anna bruk av fondsmekanismen for å gjere det lettare for sentralasiatiske og kaukasiske partnarland å delta i relevante EAPC/PFP-aktivitetar

  5. Eventuell partnardeltaking i gjennomføring av CEP-handlingsplan for betra sivil beredskap mot mogelege angrep mot sivilbefolkning med kjemiske, biologiske og radiologiske stoff

  6. Partnarmedverknad til WMCDs inventar av nasjonale evner som allierte og partnarar kan vere villige til å stille til disposisjon på frivillig basis for å hjelpe eit land som er råka av terroristangrep med kjemiske, biologiske og radiologiske våpen (CBR).

  7. Eventuelt undersøkje nærare vilkår for samarbeid i aktivitetar utanom artikkel 5 i tilknyting til WMD-senteret

  8. Seminar/arbeidssamlingar om EAPC si rolle i kampen mot terrorisme

Planlagde arrangement

  1. Møte i Spesialkomitéen i EAPC-format (2002)

  2. Seminar om EAPC si rolle i den internasjonale kampen mot terrorisme, vertskap Polen (februar 2002)

  3. Seminar om «Internasjonal kamp mot terrorisme: utsikter til regionalt samarbeid i Sør-Kaukasus» (forslag til dato: andre halvår 2002)

  4. Seminar om «Samanhengen mellom terrorisme, narkotikasmugling, organisert kriminalitet og anna ulovleg verksemd», vertskap Aserbajdsjan (forslag til dato: tidleg i 2003).

Komitéstøtte

Spesialkomitéen i EAPC-format, Politisk komité i EAPC-format, PMSC i EAPC/PFP-format, Seniorkomitéen for sivil beredskapsplanlegging i EAPC-format og andre relevante komit´ear i EAPC/PFP-format

Stabsstøtte

Internasjonal stab: NATOs Tryggingskontor, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar, SILCEP/CEP-direktoratet

Fredsbevaring

Emne

  1. Felles forståing av konsept og prinsipp for fredsbevaring, mellom anna:

    • humanitære aspekt ved fredsbevaring og sivil-militære relasjonar

    • lærdommar frå fredsbevaring

    • tidleg varsling og konfliktførebygging

    • offentleg tryggleik i samband med PSO

    • handtering av situasjonar etter konflikt

    • vern av kultureigedommar ved PSO

Aktivitetar

  1. Møte i EAPC/PMSCs ad-hoc-gruppe for samarbeid om fredsbevaring, eventuelt med inviterte internasjonale organisasjonar og andre aktuelle grupper (datoar ikkje fastsett). Utvida kontaktar og dialog med FN og OSSE om teoretiske innfallsvinklar til fredsbevaring

  2. Ad-hoc-møte mellom spesialistar på humanitær folkerett

Komitéstøtte

EAPC/PMSCs ad-hoc-gruppe for samarbeid om fredsbevaring

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar

Forsvarsøkonomiske spørsmål

Emne

  1. Forsvarsrelaterte saker

    1. Forsvarsutgifter og ressursforvaltning

    2. Innsyn i forsvarsplanlegging og budsjettering

    3. Overgang frå verneplikt til yrkesforsvar

    4. Forvaltning av tidlegare militæranlegg

    5. Omstrukturering av forsvarsindustri (også privatisering)

    6. Regionale saker

  2. Tryggingspolitiske aspekt ved den økonomiske utviklinga - utvalde tema (t.d. regionalt samarbeid, skuggeøkonomi, investeringsklima)

  3. Økonomiske aspekt ved den internasjonale kampen mot terrorisme

Aktivitetar

  1. Seminar, arbeidssamlingar, ekspertmøte, årleg kollokvium

Planlagde arrangement

  1. Årleg NATO-kollokvium i økonomi, blir arrangert i juni 2002 i NATO-hovudkvarteret og deretter med Ukraina som vertskap i 2003 (forslag til dato kjem seinare).

  2. Seminar i Bulgaria om «Privatisering og omstrukturering av forsvarsindustri, med særleg vekt på framgangen i Søraust-Europa» (forslag til dato: første halvår 2002).

  3. Konferanse i Tyskland om utvalde forsvarsøkonomiske spørsmål, arrangert i samarbeid med Marshallsenteret (forslag til dato: September 2002).

  4. Seminar i Ungarn om «Formålet med bruk av dobbel bokføring i ressursforvaltninga i forsvaret» (forslag til dato kjem seinare).

  5. Serie av presentasjonar/kurs i tryggings- og forsvarsøkonomi ved ekspertar for utvalde publikum frå landa i Sør-Kaukasus (forslag til dato seinare).

  6. Forsvarsøkonomisk seminar i Berlin, vertskap Tyskland (forslag til dato kjem seinare).

  7. Seminar om «Planlegging, programopplegg og budsjettering på forsvarsområdet» i Riga, vertskap Latvia (forslag til dato seinare).

  8. Meiningsutvekslingar om «Reelle forsvarsutgifter målt i kjøpekraftparitetar» (format ikkje fastlagt).

  9. EAPC-seminar om «Forsvarsøkonomi gjennom ti år - trygging og stabilitet i forandring», vertskap Slovenia, 28.-29. januar 2002.

Komitéstøtte

EAPC ved Økonomisk komité

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Økonomidirektoratet, eventuelt i samordning med andre avdelingar

Sivil planlegging for naudssituasjonar og katastrofeberedskap

Emne

  1. Sivil planlegging for naudssituasjonar og katastrofeberedskap

Aktivitetar

  1. Betring av den sivile beredskapen mot eventuelle åtak på sivilbefolkninga med kjemiske, biologiske og radiologiske stoff (CBR)

  2. Øve EADRCC-rutinar og EADRU-deployering

  3. Møte mellom SCEPC og PB&C-ar i EAPC-format

  4. Partnardeltaking etter avtale i gjennomføringa av CEP-gjennomgangen og tilpassinga av denne og i arbeidet til SCEPC og PB&C

  5. Partnardeltaking etter avtale i sivil-militær planlegging og samordning til støtte for operasjonar som svar på kriser utanom artikkel 5

  6. Støtte til utvikling av partnarane sine planleggingsstrukturar for sivil naudplanlegging (CEP)

  7. Vurdering av problema som kan melde seg ved åtak på kritisk sivil infrastruktur, idet det vert teke omsyn til arbeidet som vert utført av Planleggingsutvala og -komitéane (PB&C)

  8. Støtte til nasjonale styresmakter i sivile naudsituasjonar

Planlagde arrangement

  1. SCEPC-møte i EAPC-format

  2. PB&C-møte, seminar, arbeidssamlingar i EAPC-format

  3. Besøk av CEP-evalueringsteam

  4. Besøk av CEP-team frå partnarland til NATO-hovudkvarteret

  5. CEP-CIMIC-kurs ved NATO-skulen i Oberammergau

  6. Regionale CEP-CIMIC-kurs i Slovenia og Republikken Kirgisistan

  7. PWP/EADRCC-øving «Taming the Dragon/Dalmatia» i Kroatia i mai 2002

  8. PWP/EADRCC-feltøving i Russland hausten 2002

  9. PWP/EADRCC-feltøving i 2003, vertskap Romania

Komitéstøtte

Seniorkomitéen for sivil naudplanlegging (SCEPC) i EAPC-format

Stabsstøtte

EADRCC, SILCEP/CEP-direktoratet, SHAPEs CIMIC-avsnitt og NMA-ar slik det passar

Vitskap

Emne

  1. Deltaking i aktivitetane til NATOs sivile vitskapsprogram, som fokuserer på å knyte saman vitskapsfolk frå partnar- og NATO-land. Dei fire underprogramma er:

    • Forskingsstipend

    • Vitskaps- og teknologisamarbeid

    • Støtte til forskingsinfrastruktur

    • Vitskap for fred

Aktivitetar

  1. Prosjektstøtte til anvend vitskap og teknologi innan industri-, miljø- eller tryggingsrelaterte problem under programmet Vitskap for fred

  2. Møte i Vitskapskomitéen i EAPC-format minst ein gong i året

  3. Møte i Vitskapskomitéen i eit partnarland minst ein gong i året med fokus på å fremje regionalt samarbeid (t.d. Kaukasus, Sentral-Asia osv.), mellom anna møte med viktige regionale vitskapsfolk og «leiarar for morgondagen»

  4. Deltaking av vitskapsfolk frå partnarland i institutt for avanserte studium (ASI) og avanserte forskingsseminar (ARW), pluss avvikling av slike møte i partnarland

  5. Deltaking av vitskapsfolk frå partnarland i ordningar for samarbeidsstipend, forskingsstipend og stipend til ekspertbesøk

  6. Sende referat frå forskingsmøte i NATO til eit sentralt bibliotek i kvart av dei aktuelle partnarlanda og spreie annan litteratur om vitskapsprogrammet til vitskapsfolk i partnarland

  7. Støtte ekspertbesøk frå partnarland etter invitasjon frå prosjektleiarar i NATO-land

  8. Hjelp til partnarar ved å utnytte NATO-nettverket av referansepersonar og ekspertar

  9. Hjelp til partnarland med å utvikle datanettverk som kan tilknytast Internett for å lette kontakten og fremje meir effektivt samarbeid mellom vitskapsfolk. Dette skjer gjennom tilskot til nettverksinfrastruktur og nettverkstillegg til samarbeidsstipend. Ein viktig aktivitet på dette området som skal haldast i tidsrommet 2001 til 2004, er prosjektet «Den virtuelle silkevegen», som skal gje vitskapsfolk i dei 8 landa i Kaukasus og Sentral-Asia mykje større bandbreidde på Internett

  10. Besøk av ekspertar frå NATOs vitskapskomité til partnarland

Planlagde arrangement

Rundt 10 000 vitskapsfolk frå EAPC-landa deltek kvart år i aktivitetar med støtte frå vitskapsprogrammet i NATO. Vitskapsfolk frå partnar- og NATO-land leverer fellessøknader for å gjennomføre samarbeidsaktivitetar. Tilnærma tal på tildelingar til nye aktivitetar kvart år er:

  • 60 avanserte forskingsseminar

  • 35 institutt for avanserte studium

  • meir enn 1100 stipend

  • 300 samarbeidsstipend

  • 35 prosjekt innanfor Vitskap for fred

  • 50 ekspertbesøk

  • 15 tilskot til infrastruktur for datanettverk

Komitéstøtte

Vitskapskomitéen i EAPC-format

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Avdeling for vitskaps- og miljøsaker

Utfordringar i moderne samfunn

Emne

Følgjande er nøkkelmåla som er avtala i CCMS; nokre eksempel er gjevne for å indikere enten pågåande eller planlagde aktivitetar.

  1. Redusere miljøeffektane av militære aktivitetar (etterbruk av tidlegare militæranlegg, miljøforvaltningssystem)

  2. Gjennomføre regionale studiar, også av grensekryssande aktivitetar (Svartehavet, Kaspihavet, Austersjøen og Sentral-Asia)

  3. Hindre konfliktar i høve til knappe ressursar (vasskvalitet, vassmengde)

  4. Møte framveksande risikoar mot miljøet og samfunnet som kan skape økonomisk, kulturell og politisk ustabilitet (utsette samfunn i ei globalisert verd)

  5. Møte ikkje-tradisjonelle truslar mot tryggleiken (smittsame sjukdommar, miljøkriminalitet og økoterrorisme, lovleg og ulovleg transport av farlege stoff over landegrensene)

  6. Eventuelle andre emne av interesse både for NATO og partnarland

Aktivitetar

  1. Møte i Komitéen for utfordringane i det moderne samfunnet (CCMS) i EAPC- format minst ein gong i året

  2. Deltaking av ekspertar frå partnarland i møte om pilotstudiar, korttidsprosjekt, arbeidssamlingar, konferansar, seminar og avvikling av møte i partnarland

  3. Spreiing av informasjon om CCMS sine pilotstudiar, korttidsprosjekt, arbeidssamlingar, konferansar og seminar, saman med godkjende rapportar til partnarar

  4. Følgjande emne for pågåande eller nyleg gjennomførte pilotstudiar vil bli gjennomgådde årleg i samråd med partnarane:

    • Reine produkt og prosessar

    • Modellar for berekraftig forvaltning av økosystem i kystlagunar (fase II)

    • Modellar for tilførsel og verknader av næringsstoff i elvar og elvemunningar

    • Berekraftige byggjemåtar for militær infrastruktur

    • Miljømessig avgjerdstaking for berekraftig utvikling i Sentral-Asia

    • Former for miljøopplæring av dei væpna styrkane og korleis dei kan medverke til å skape miljøvennlege haldningar

    • Utsette samfunn i ei globalisert verd

    • Bruk av landskapsvitskap i miljøevaluering

Planlagde arrangement

  1. Arbeidssamling om risikovurdering av konsekvensane etter Tsjernobyl-ulukka

  2. Arbeidssamling om etterbruk og reingjering av tidlegare militæranlegg

  3. Arbeidssamling om miljøutfordringar i Kaspihavet, vertskap Aserbajdsjan, i Baku, mars 2002

Komitéstøtte

Komitéen for utfordringane i det moderne samfunnet i EAPC-format

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Avdeling for vitskaps- og miljøspørsmål

Informasjon

Emne

  1. Bidra til auka forståing av spørsmål rundt NATO og EAPC/PFP og til ein meir opplyst debatt om tryggingsspørsmål

  2. Kartlegging av kva forventningar som vert stilte til informasjonsprogrammet, også blant publikum

Aktivitetar

  1. Informasjon om NATO og NATO-politikken og om EAPC/PFP-spørsmål vil bli gjort tilgjengeleg for målgrupper i partnarland, deriblant utvalde institusjonar og organisasjonar, mellom anna gjennom ambassadane til NATO-land som tener som kontaktpunkt, og andre kanalar

  2. Vidareføre og ytterlegare intensivere informasjonsrelatert samarbeid med relevante institusjonar i partnarland som har det nødvendige av utstyr, støttepersonell og tenester

  3. Besøk i NATO av målgrupper

  4. Støtte til ekspertar frå partnarland for å delta på tryggingsrelaterte seminar i allierte land

  5. Delfinansiering av seminar/arbeidssamlingar og opplæringsaktivitetar som er relevante for euroatlantiske tryggings- og forsvarssaker

  6. Presentasjonar ved foredragshaldarar frå NATO- og partnarland på utvalde tilstellingar

  7. Auka spreiing av NATO-dokumentasjon og informasjonsmateriell i partnarland, spreiing av informasjon med elektroniske hjelpemiddel

  8. Distribusjon av videoar og foto frå NATO

  9. Presseturnear til NATO- og partnarland

Planlagde arrangement

  1. Møte etter oppsett plan i Komitéen for informasjons- og kultursamarbeid (CICR) med EAPC-partnarar (datoar ikkje fastsett)

Komitéstøtte

  1. Komitéen for informasjons- og kultursamarbeid (CICR) i EAPC-format

Stabsstøtte

Internasjonal stab, Informasjons- og pressekontoret

Nytt område - Humanitær folkerett

Emne

  1. Kjennskap til og bruk av humanitær folkerett

Aktivitetar

  1. Seminar, arbeidssamlingar, orienteringar og ekspertmøte

Planlagde arrangement

  1. Arbeidssamling om gjennomføringsmekanismar for humanitær folkerett 2002 (Oppfølging av London-samlinga i november 2000)

  2. Oppfølging av arbeidssamlinga i Interlaken om straffeforfølging av krigsbrotsverk (2003)

  3. Orientering til EAPC-ambassadørane ved presidenten i ICRC (2003)

Komitéstøtte

EAPC ved Politisk komité, PMSC i EAPC/PFP-format

Stabssøtte

Internasjonal stab, Avdeling for politiske spørsmål, Politisk direktorat, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar, Direktorat for forsvarspartnarskap og samarbeid

Nytt område - Vern om gradert informasjon

Emne

  1. Felles forståing av konsept og prinsipp i tilknyting til vern om graderte opplysningar

  2. Kunnskap om og bruk av NATO-rutinar for vern om gradert informasjon og materiell, mellom anna i fredsstøtteoperasjonar

Aktivitetar

  1. Regelmessige besøk/kontaktar med tryggingsstyresmaktene i EAPC-medlemsland

  2. Spesialkurs i vern om gradert informasjon

Planlagde arrangement

  1. Seminar om tryggingsprinsipp og -rutinar i NATO

Komitéstøtte

NATOs tryggingskomité i EAPC-format

Stabsstøtte

NATOs tryggingskontor

Del III - Samarbeidsområde i PFP

  1. Som Grunnlagsdokumentet for EAPC slår fast, vil Partnarskap for fred i si utvida form vere eit klart identifiserbart element innanfor den fleksible ramma som Det euroatlantiske partnarskapsrådet utgjer. PFP vil ha den karakteren av «Alliansen + 1» som speglar seg i dei individuelle partnarskapsprogramma, og samtidig ivareta prinsippet om sjølvdifferensiering. I denne samanhengen vil PFP gje auka rom for regionale samarbeidsaktivitetar.

  2. Emna og aktivitetane som PFP arbeider med, går fram av Arbeidsprogrammet for PFP-partnarskap, som er eit separat dokument. Nedanfor er ei liste over dei generelle samarbeidsområda som er avtala, og denne vil bli oppdatert anna kvart år.

    1. Luftforsvarssaker (ADF)

    2. Forvaltning og kontroll av luftrom (ASM)

    3. Konsultasjon, kommando og kontroll, mellom anna kommunikasjons- og informasjonssystem, navigasjons- og identifikasjonssystem, interoperabilitet, prosedyrar og terminologi (C3)

    4. Sivil planlegging for naudssituasjonar (CEP)

    5. Krisehandtering (CRM)

    6. Demokratisk kontroll med styrkar og forsvarsstrukturar (DCF)

    7. Forsvarsplanlegging, budsjettering og ressursforvaltning (DPB)

    8. Planlegging, organisering og leiing av nasjonale forsvarsinnkjøpsprogram og internasjonalt samarbeid på materiellområdet (DPM)

    9. Forsvarspolitikk og strategi (DPS)

    10. Planlegging, organisering og leiing av nasjonal forsking og teknologi på forsvarsområdet (DRT)

    11. Militær geografi (GEO)

    12. Globale humanitære mineryddingstiltak (HMA)

    13. Humanitær folkerett (IHL)

    14. Språkopplæring (LNG)

    15. Forbrukslogistikk (LOG)

    16. Helsetenester (MED)

    17. Meteorologisk støtte til NATO- og partnarstyrkar (MET)

    18. Militær infrastruktur (MIF)

    19. Politisk og forsvarsmessig innsats mot spreiing av ABC-våpen (NBC)

    20. Teoretiske, planleggingsmessige og operative sider ved fredsbevaring (PKG)

    21. Handvåpen og lette våpen (SLW)

    22. Operative, materielle og administrative sider ved standardisering (STD)

    23. Militære øvingar og tilknytte opplæringsaktivitetar (TEX)

    24. Militær utdanning, opplæring og doktrine (TRD)

Som det går fram av kapitlet «Korttidsplanlegging» i dette dokumentet, vil ein stor del av innsatsen bli vigd til vidare utvikling og gjennomføring av partnarskapsrelaterte initiativ som vart lanserte på Washington-toppmøtet. Utviding av PFP-aktivitetane, eventuelt med tilpassing av arbeidsprogrammet for partnarskapen for å møte dei utfordringane terrorismen inneber. Ein del av planleggingssymposiet for PFP i Oberammergau i januar 2002 vil dreie seg om korleis antiterrorevnene kan forbetrast.

1.12 Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomitéen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa, Brussel 18. desember 2001. Sluttkommuniké

  1. Forsvarsplanleggingskomitéen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Atlanterhavsalliansen var samla til ministermøte i Brussel den 18. desember 2001.

  2. I kjølvatnet av terrorangrepa på USA, som førte til at artikkel 5 i Washington-traktaten vart teken i bruk, får forsvarsplanleggingsarbeidet vårt ei ny og viktigare rolle. Vi sa oss på nytt forplikta til kollektivt forsvaret, og stadfesta at Alliansen må ha tilstrekkeleg kapasitet til å sikre at vi kan svare effektivt på all aggresjon eller truslar om aggresjon mot oss som nasjonar, og til å handtere dei kriser som elles måtte melde seg.

  3. Gjennomgangen av forsvarsplanane til dei allierte viste at desse jamt over har dei styrkestrukturar og den kapasitet som skal til for å møte eventuelle konvensjonelle militære åtak på allianseterritoriet. Men som det går fram av det strategiske konseptet for NATO, og som hendingane den siste tida til fulle har vist, må styrkane våre også vere i stand til å ta effektivt hand om eit breiare spekter av utfordringar, der det òg kan bli snakk om å utplassere styrkar av eit visst omfang utanfor allianseterritoriet. I så måte, og når det gjeld evna til å handtere risikoane ved spreiing av ABC-våpen og leveringsmiddel for slike våpen, er styrkane til dei fleste allierte framleis mangelfulle på viktige område. Tiltak for å rette på desse manglane er nedfelte i initiativet for betra forsvarsevne og i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO. Men no er det presserande å komme vidare i utviklinga av meir flyttbare styrkar som kan ta på seg dei oppgåvene vi sette oss i ministerrettleiinga i fjor.

  4. Vi er fast bestemte på å syte for at styrkane våre blir vidareutvikla på måtar som står i forhold til desse utfordringane. Med dette som siktemål skal vi med styrke arbeide vidare med den naudsynte omleggings- og moderniseringsprosessen som i alt er i gang. Dels aktar vi å oppnå dette gjennom meir effektiv utnytting av forsvarsressursane, mellom anna med bruk av fleirnasjonalt samarbeid. Men vi erkjenner òg at det i nokre tilfelle krevst meir ressursar for å setje denne ambisjonen ut i livet, og vi vil gjere vårt yttarste for å sikre at slike ressursar blir gjorde tilgjengelege.

  5. Ei vidareutvikling av Alliansens forsvarsevner er relevant også når det gjeld utsiktene for at framtidige EU-leidde operasjonar skal kunne lukkast. Kvar av dei aktuelle nasjonane vil måtte oppfylle både NATO-krav og EU-krav med eitt og same styrkesett. I forsvarsgjennomgangen har vi òg gjort rekning med styrkar og den kapasitet som allianseland vil kunne stille til disposisjon i EU-leidde operasjonar. Tilsegnene om dette synest fullt ut å vere tilpassa og i pakt med styrkeplanane til Alliansen, og skulle såleis ikkje svekkje Alliansens evne til å utføre sine oppdrag.

  6. På møtet i Den kjernefysiske planleggingsgruppa tok vi føre oss stillinga til dei kjernefysiske NATO-styrkane og drøfta ei rekkje spørsmål i samband med dette. Vi minte om det grunnleggjande politiske siktemålet, som er å verne om freden og hindre tvang og alle former for krig, og stadfesta ut frå dette dei prinsippa som skal underbyggje desse styrkane slik det går fram av det strategiske konseptet for Alliansen. I ei tid med tryggingsutfordringar vi ikkje har stått overfor før, har vi særleg grunn til å stadfeste vår fulle tillit til og faste oppslutnad om ein sterk og gyldig transatlantisk fellesskap innanfor Alliansen, som garanterer lik tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området. Vi la på ny vekt på at kjernevåpenstyrkar med base i Europa, som står til disposisjon for NATO, framleis er eit vesentleg politisk og militært bindeledd mellom dei europeiske og dei nordamerikanske medlemmene i Alliansen.

  7. Vi sette pris på opplysningane frå forsvarsministeren i USA om meiningsutvekslingane som går føre seg mellom USA og Den russiske føderasjonen om eit nytt strategisk rammeverk. Vi støttar fullt opp om nye tiltak som skal gje grobotn for samarbeid på grunnlag av felles interesser og styrkje samarbeidet om strategisk stabilitet og ikkje-spreiing. Vi gler oss over utfallet av møta 13. og 14. november mellom presidentane Bush og Putin, og ventar oss at den same ånda av tillit og samarbeid i spørsmål om global tryggleik og strategisk stabilitet til fulle vil gjere seg gjeldande i tilhøvet mellom Alliansen og Russland, mellom anna i diskusjonane om kjernevåpenspørsmål.

  8. Avskrekking og forsvar, saman med rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing, vil framleis spele ei hovudrolle for å nå tryggingsmålsetjingane til Alliansen. Vi gledde oss over at president Bush har bestemt seg for at dei operasjonelt utplasserte strategiske kjernevåpna til USA dei neste ti åra skal reduserast i tal til mellom 1 700 og 2 200, og over erklæringa frå president Putin om at Russland akta å redusere sine strategiske kjernevåpen «tilsvarande». Vi sa oss på nytt bestemte på å styrkje avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen (NPT) og å medverke til å få sett konklusjonane frå tilsynskonferansen for NPT i 2000 ut i livet. Vi støttar dei noverande moratoria på kjernefysisk prøvesprenging.

  9. I ei tid med auka merksemd om tryggingsspørsmål er vi stolte over dei framifrå resultata NATO-kjernevåpna kan vise til når det gjeld tryggleik og sikring. Vi forplikta oss på nytt til at dei strengaste tryggings- og sikringskrav skal gjelde for desse våpna, og streka igjen under at NATO-kjernevåpna er sikre og trygge på alle måtar.

  10. Vi sa oss godt nøgde med den oppmuntrande framgangen i diskusjonane med Den russiske føderasjonen om kjernevåpenspørsmål i Fellesrådet NATO-Russland, særleg om kjernevåpenrelaterte tillits- og tryggingsskapande tiltak som NATO har føreslått. Vi var samde om at det er i vår felles interesse at desse diskusjonane i første omgang vert konsentrerte om spørsmål som gjeld trygging og sikring av desse våpna. Det at begge sider ser verdien i slike meiningsutvekslingar, og ser det som ønskjeleg at kjernevåpenekspertar møtest, er ei konstruktiv utvikling mot større innsyn og auka gjensidig tillit mellom NATO og Russland på dette viktige feltet.

1.13 Møte i Det nordatlantiske rådet, Brussel 18. desember. Sluttkommuniké

  1. Forsvarsministrane i Det nordatlantiske rådet møttest i Brussel 18. desember 2001.

  2. Vi konsentrerte oss om arbeidet med å tilpasse forsvarsevna til Alliansen til endringar i den tryggingspolitiske situasjonen, særleg i lys av terroristangrepa på USA 11. september og situasjonen på Balkan, og vi har sendt ut eigne fråsegner om desse spørsmåla. Vi drøfta òg status for arbeidet med den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten og forholdet mellom NATO og EU. Vår felles innsats på Balkan har vist at nært samarbeid gjev store fordelar. Det gjenstår enno viktig arbeid når det gjeld organiseringa av NATOs støtte til EU-leidde operasjonar, i samsvar med vedtaka frå NATO-toppmøtet i Washington i 1999 og seinare ministermøte. Vi er framleis fast bestemte på å gjere framsteg på alle dei ulike sidene ved forholdet mellom NATO og EU, og vi merkjer oss behovet for å finne løysingar som alle dei allierte kan vere nøgde med på spørsmålet om deltaking frå europeiske allianseland som ikkje er medlemmer av EU. Vi merkjer oss EUs engasjement for å ordne dei nærare vilkåra for samråd med Canada og for Canadas deltaking i EU-leidde operasjonar.

  3. Vi vurderte også arbeidet med å betre forsvarsevna til Alliansen gjennom Initiativet for betra forsvarsevne. Det har vore ein viss framgang som ei følgje av dette initiativet, men enno er ikkje det fulle potensialet til initiativet realisert, og vi er difor fast bestemte på å halde fram med å gje det vår nære personlege oppfølging parallelt med den kontinuerlege tilpassinga av strukturane og rutinane i Alliansen.

  4. Vi utveksla synspunkt på rakettforsvar og den globale strategiske situasjonen. Vi merkte oss fråsegner frå USA og Russland om at det ikkje utgjer nokon trussel for Den russiske føderasjonen at USA har trekt seg frå avtalen om antiballistiske missil. Det er framleis avgjerande viktig at den strategiske stabiliteten vert halden ved lag. Vi gledde oss over at begge sider har arbeidd og held fram med å arbeide intenst for å skape eit nytt strategisk forhold basert på felles interesser og samarbeid over eit breitt spekter av politiske, økonomiske og tryggingspolitiske spørsmål, for å gje eit bidrag til global tryggleik og strategisk stabilitet. I den samanhengen gledde vi oss over at det både i amerikanske og russiske fråsegner er gjeve klårt uttrykk for ei utvikling mot nye og lågare nivå når det gjeld lagra av kjernefysiske angrepsvåpen. Vi ser fram til vidare samråd med USA om desse spørsmåla og gler oss over det kontinuerlege arbeidet som vert lagt ned i Alliansen når det gjeld krigsteatermissilforsvar.

  5. Vi drøfta også samarbeidsaktivitetane til NATO, inkludert førebuingane til ei utviding av Alliansen, Partnarskap for fred, Middelhavsdialogen og forholdet vårt til Ukraina og Russland. Vi stadfestar på nytt at ein partnarskap mellom dei allierte og Russland som byggjer på tillit og samarbeid, og som er basert på felles demokratiske verdiar og eit felles engasjement for eit stabilt, fredeleg og udelt Europa, slik det er nedfelt i Grunnakta NATO-Russland, er avgjerande viktig for stabiliteten og tryggleiken i det euroatlantiske området. Vi helsar difor med glede vedtaket som utanriksministrane gjorde 7. desember om å tilføre partnarskapen mellom NATO og Russland ny framdrift og nytt innhald, med det siktemål å opprette eit nytt NATO-Russland-råd som skal velje ut og arbeide vidare med tiltak ein kan samarbeide om i 20-format. Til dette formålet har Det nordatlantiske rådet i fast sesjon fått i oppgåve å utforske og utvikle, i dei komande månadene og på grunnlag av Grunnakta, nye og effektive mekanismar for samråd, samarbeid, felles vedtak og samordna/felles tiltak. NATOs fundamentale formål er framleis dei som er fastlagde i Washington-traktaten, og NATO vil i kraft av det som er bestemt i traktaten stå fast på retten til å fatte uavhengige vedtak og gjennomføre uavhengige tiltak på basis av dei 19 medlemslanda i alle spørsmål i samsvar med dei plikter og ansvarsområde organisasjonen har. Som forsvarsministrar er vi fast bestemte på å styrkje partnarskapen mellom NATO og Russland når det gjeld forsvaret og det militære.

  6. På toppmøtet dei skal ha i Praha i november neste år, skal stats- og regjeringssjefane våre innleie neste runde av utvidinga av NATO. Vi oppmodar dei ni kandidatlanda til å halde fram med førebuingane på grunnlag av prosessen i Handlingsplanen for medlemskap, som omfattar forsvarsreform og betring av den militære forsvarsevna. I mellomtida vil NATO gjennomføre sine eigne interne førebuingar til opptak av nye medlemmer, og Det nordatlantiske rådet i fast sesjon vert bede om å gjere greie for desse på vårt neste møte. Vi vil halde fram med prosessen i Handlingsplanen for medlemskap også etter at inneverande periode er over.

  7. Vi er fullt ut samde i fråsegnene som våre utanriksministerkollegaer kom med tidlegare denne månaden om desse og andre spørsmål.

1.14 Fråsegn om situasjonen på Balkan. Framlagd på møtet i Det nordatlantiske rådet på forsvarsministernivå som vart halde i Brussel 18. desember 2001

  1. Vi stadfestar NATOs sterke engasjement for tryggleik, stabilitet, fred, demokrati og respekt for menneskerettane på Balkan, og at Alliansen er fast bestemt på å motarbeide all vald, enten motivet er etnisk, politisk eller kriminelt. Alliansen vil framleis arbeide med stor kraft for å nå dette målet, først og fremst gjennom dei NATO-leidde fredsbevarande operasjonane i Bosnia-Hercegovina og Kosovo og gjennom styrken Task Force Fox i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 29.

  2. Som før støttar vi den territoriale integriteten og suvereniteten til alle land på Balkan. Vi går på det sterkaste inn for å fremje forsoning og samarbeid i regionen gjennom tillitsskapande tiltak, ei varig løysing på problemet med flyktningar og fordrivne og samarbeid med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Vi rosar innsatsen mange statar har gjort i regionen for å spele ei større rolle i oppbygginga av regional tryggleik gjennom tettare samarbeid.

  3. Vi rosar mennene og kvinnene i SFOR, KFOR, styrken Task Force Harvest og styrken Task Force Fox for deira framifrå innsats for fred og stabilitet. Vi verdset og takkar for måten dei har ofra seg på, særleg dei som er komne alvorleg til skade. Vi uttrykkjer vår djupaste medkjensle med familiane til dei som har mist livet. Vi takkar NATO-partnarane og andre nasjonar for deira viktige bidrag til denne fellesinnsatsen.

  4. NATO leier i dag rundt 60 000 militærpersonar frå 19 NATO-land og 20 andre land på Balkan. Det NATO-leidde nærværet har vore eit avgjerande bidrag til stabilitet og politisk framgang, og styrkane utfører framleis sitt oppdrag med hell. Dei siste seks åra har oppgåvene og truslane endra seg radikalt, og felles problem gjer seg meir og meir gjeldande i operasjonsområda. På bakgrunn av dette trur vi det er rom for å utvikle ein meir regional innfallsvinkel for visse sider av operasjonane på Balkan, mellom anna når det gjeld tilbakevending av flyktningar, grensesikring og kamp mot organisert kriminalitet, ekstremisme og terrorisme. Operasjonane på Balkan kan òg gjerast meir rasjonelle, og eit hovudsiktemål med dette må vere auka effektivitet og vesentlege ressursinnsparingar. Vi har avtala at neste halvårsgjennomgang av KFOR og SFOR skal vere basert på ein samla analyse av dei pågåande operasjonane i heile operasjonsområdet, og skal ta føre seg eit breitt spekter av mogelege rasjonaliseringstiltak og utvikling av ein meir regional innfallsvinkel for det NATO-leidde militære nærværet. Innsatsen vår må alt i alt fremje sjølvstendig varig fred og demokrati i regionen slik at internasjonale militærstyrkar ikkje lenger trengst.

  5. Vi gjekk gjennom status for den NATO-leidde operasjonen i Kosovo. Vi går framleis heilt og fullt inn for å gjere vårt til å nå måla det internasjonale samfunnet har sett, i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1244. Vi stadfestar at KFOR pliktar å støtte tilbakevending av flyktningar og fordrivne, også kosovoserbarar og andre minoritetar, og rosar samordningsinnsatsen i felleskomitéen for tilbakevending. Samarbeidet mellom KFOR og alle søylene i UNMIK er det aller beste. Vi gratulerer OSSE og UNMIK som med støtte frå KFOR stod for ei vellukka gjennomføring av valet til den folkevalde forsamlinga for heile Kosovo i november 2001.

  6. KFOR går heilt og fullt inn for å støtte UNMIK-politiet og polititenesta for Kosovo, og vi gler oss over den nystarta prosessen som skal føre fram til at ansvaret for offentleg ro og orden blir overført til dei rette sivile styresmakter så snart det er forsvarleg. Vi er oppmuntra over det aukande bidraget frå den multietniske polititenesta for Kosovo, som er i ferd med å ta over ansvaret for det daglege politiarbeidet. Vi gler oss over dei tiltaka spesialrepresentanten for generalsekretæren i FN har sett i verk for å styrkje lov og orden, mellom anna ved å opprette ei kriminaletterforskingsavdeling og å innføre tiltak for å hindre terrorisme, kontrollere grenseovergangar og få bukt med ulovleg våpeninnehav.

  7. Det sivile beredskapskorpset i Kosovo (KPC) utviklar seg stadig i samsvar med målsetjinga om å bli ein effektiv sivil berdskapsorganisasjon som skal arbeide til beste for alle innbyggjarar i Kosovo. Vi gler oss over programmet som er utarbeidd for å lære opp KPC i naudtenester innan handtering av sprenglekamar. Vi merkjer oss at KPC stort sett følgjer regelverket, men ber likevel medlemmene om å ta avstand frå all ekstremistisk og kriminell verksemd. Vi forlangar at tenesteinstruksen og disiplinærreglane for KPC vert strengt handheva. Det hastar òg med å få løyst spørsmålet om å ta ytterlegare 2 000 KPC-medlemmer ut av aktiv teneste og overføre dei til reservestyrken.

  8. KFOR held fram med sine robuste tiltak for betre sikring på Kosovo-sida av grensa mot Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 30, dette som ein del av operasjon Eagle. Styrken følgjer òg opp ei rekkje tiltak som går ut på auka samordning med forsvars- og innanriksministeria i Skopje - med dei midlar og evner som står til disposisjon - for å styrkje den militære effektiviteten i samband med grensekontroll og handheving av forbod; tilsvarande gjeld overfor albanske styresmakter.

  9. Vi tok føre oss styrkenivå og styrkestruktur i KFOR sett under eitt, og kom til at det inn til vidare ikkje skulle gjerast andre endringar enn å skifte ut noko fleire tunge kampeiningar med andre som er betre eigna til interne tryggingsoperasjonar. Vi gav våre faste representantar i oppdrag å sjå nærare på KFOR sine roller og oppdrag til vi møtest igjen neste vår. Siktemålet er å få mest mogeleg fleksible og rasjonelle styrkar, mellom anna ved hjelp av ein gjennomgang av strukturane i KFOR.

  10. Vi har teke føre oss den militære og sivile framgangen i Bosnia-Hercegovina. SFOR vil byggje vidare på det vellukka arbeidet som hittil er gjort for å oppretthalde trygge og sikre tilstandar i Bosnia-Hercegovina, og forpliktar seg til å støtte det arbeidet internasjonale organisasjonar gjer i gjennomføringa av sivile oppgåver, med dei midlar og evner som står til disposisjon. I samband med dette legg Alliansen særleg vekt på behovet for å framskunde utviklinga av sivile institusjonar og lokalt politi slik at desse kan ta på seg sitt rettmessige ansvar for offentleg ro og orden og rettsstatlege tilstandar i Bosnia-Hercegovina. Vi erkjenner at politiet i Bosnia-Hercegovina treng auka evner, tillit, opplæring og utstyr for å ta hand om sivil uro, og at det framleis trengst tett samordning mellom SFOR, den internasjonale politistyrken (IPTF) og lokalt politi. Vi merkjer oss at IPTF-mandatet tek slutt ved utgangen av 2002, og ser med glede på innspelet frå kontoret til den høge representanten om å effektivisere det internasjonale nærværet i Bosnia-Hercegovina. Vi ser fram til at dette vert gjennomført, noko som vil vere eit viktig skritt i gjennomføringa av Dayton-avtalen.

  11. Den tredelte Presidentskapens godkjenning av ein forsvarspolitikk for Bosnia-Hercegovina var eit viktig skritt, og vi merkjer oss at presidentskapen har uttrykt ønske om å bli med i Partnarskap for fred. Vi ser med glede på det pågåande arbeidet med å danne eit tryggingspoliti for Bosnia-Hercegovina. Vi ber presidentskapen om å byggje vidare på desse positive trekka og framskunde forsvarsreformer, særleg reduksjon og omstrukturering av dei væpna styrkane, gjennom den faste komitéen for militære spørsmål (SCMM). Vi rosar SFOR for arbeidet som er gjort til støtte for SCMM i omstrukturerings- og reformprosessen, noko som bør stå i sentrum for NATO-engasjementet overfor dei væpna styrkane i Bosnia-Hercegovina.

  12. Vi vil framleis støtte fullt og heilt opp om ICTY, særleg om arbeidet som blir gjort for å pågripe personar som er tiltala for krigsbrotsverk. Det er viktig at alle tiltala personar, særleg Radovan Karadzic og Ratko Mladic, blir pågripne og stilte for retten. Vi vil arbeide vidare for å få krigsforbrytarar dømde. Vi har i det siste sett fleire gledelege eksempel på samarbeid mellom Føderasjonen og ICTY, og vil sterkt oppmode alle styresmakter i regionen om å rette seg etter Dayton-avtalen på dette punktet.

  13. Vi tok føre oss omfang og struktur for SFOR-styrken samla sett, og kom til at det inn til vidare ikkje skal gjerast endringar her. Vi bad om at ressursane til dei fleirnasjonale spesialeiningane blir stilte til disposisjon i samsvar med den avtala behovsspesifikasjonen. I trua på at framgangen i felten vil vare ved og at ansvaret for støtte til den sivile gjennomføringa dermed vil bli overført til andre organisasjonar, gav vi dei militære NATO-styresmaktene i oppdrag å utarbeide eit styrkeovergangskonsept - med fastsette standardmål - og leggje fram ulike alternativ til styrkestruktur neste vår; desse må kunne hindre at krigshandlingane tek seg oppatt og på same tid, så langt evner og midlar rekk, bidra til trygge tilstandar med eit lågare nærvær i Bosnia-Hercegovina.

  14. Dei vellukka operasjonane Essential Harvest og Amber Fox viser at NATO engasjerer seg i stabilitet og territorial integritet for Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 31i samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, særleg OSSE og EU. Vi sluttar opp om vedtaket om å forlengje mandatet til styrken Task Force Fox med tre månader til 26. mars 2002, eit vedtak som kom etter oppmoding frå president Trajkovski. Vi oppmodar sterkt om at alle partar følgjer opp Ohrid-avtalen og held fram med å samarbeide nært med det internasjonale samfunnet, mellom anna om å la tryggingsstyrkar vende tilbake til sensitive område og om iverksetjing av eit amnesti. Vi oppmodar ekstremistar frå alle sider om å la vere å bruke vald. Vi støttar rolla til NATOs samarbeids- og samordningssenter og den meir strukturerte NATO-tilnærminga til nærværet i regionen, mellom anna i form av tettare samordning med nasjonale støtteelement. Vi merkjer oss med glede den vedvarande innsatsen frå allierte og partnarar som yter eigna bilateral hjelp.

  15. Vi rosar den albanske regjeringa for den konstruktive innstillinga som vart vist under krisa som nyleg oppstod i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 32, og er elles oppmuntra over det positive bidraget COMMZ(West) har ytt i Albania i ein KFOR-samanheng.

  16. Vi gler oss over det betra samkvemmet med Den føderale republikken Jugoslavia og den konstruktive innsatsen derfrå til støtte for gjennomføringa av den generelle rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina, tryggingsrådsresolusjon 1244 om Kosovo. Vi ber styresmaktene i Beograd utvikle vidare samarbeidet med ICTY. Vi er tilfreds med at styresmaktene i FRJ oppmuntra kosovoserbarane til å delta i vala i Kosovo den 17. november, og gler oss over underteikninga av fellesdokumentet mellom FRJ og UNMIK. Vi ventar oss vidare samarbeid frå den demokratiske regjeringa i FRJ om å løyse problem i Kosovo, mellom anna Mitrovica, om å tydeleggjere sitt forhold til Den serbiske republikken og om vidare innsats for å stille personar tiltala for krigsbrotsverk for retten. Vi nemner på ny at vi støttar eit demokratisk Montenegro innanfor eit demokratisk FRJ.

  17. Vi merkjer oss at situasjonen i Sør-Serbia er relativt roleg og stabil. Vi ber alle partar arbeide vidare med sikte på ei fredeleg løysing på alle uoppgjorde saker. Vi oppmuntrar dei etniske albanarane til også heretter å halde seg unna valdsbruk. Alle partar må gje full støtte til den multietniske politistyrken og nytte alle sjansar til å la seg integrere i lokale administrative og politiske strukturar, mellom anna ved lokale val. Styresmaktene i FRJ må halde fram med gjennomføringa av planen for ei fredeleg løysing på problemet. Vi ser fram til ei stadig og rask gjennomføring dei tillitsskapande tiltaka i Covic-planen. Vi stadfestar at vårt endelege mål er å oppheve tryggingssonene både på bakken og i lufta.

1.15 Fråsegn om kampen mot terrorisme: Tilpassing av dei allierte forsvarsevnene, Brussel 18. desember 2001

  1. Dei grufulle handlingane mot USA den 11. september var eit angrep på alle allierte. At artikkel 5 i Washington-traktaten vart gjort gjeldande for første gong, innan eit døgn etter desse tragiske hendingane, var eit sterkt vitnemål om dette og demonstrerte at NATO som ein del av si samla tryggingspolitiske tilnærming også kan gå til felles handling som svar på eit terroristangrepa utanfrå retta mot eit alliert land. Det var òg eit vitnemål om at vi såg på det som var hendt som eit angrep ikkje berre på tusenvis av uskuldige menneske, men på dei verdiane vi baserer samfunna våre på. Desse verdiane vil vi forsvare. Saman og kvar for oss må vi innrette oss etter nye tryggingspolitiske tilstandar.

  2. Alliansen må tilpasse sine evner etter desse endringane i tryggings- og stabilitetstilhøva. Vi stiller oss heilt og fullt bak erklæringa om terrorisme som utanriksministrane våre nyleg har offentleggjort. Som forsvarsministrar er vi spesielt opptekne av å sikre at dei militære konsepta Alliansen opererer med, blir endra etter kvart som vi blir meir klar over den trusselen terrorismen er, og at Alliansen har forsvarsevner som stettar dei krava som vil bli stilte, mellom anna ved militære reaksjonar på terrorisme. I slike tilfelle må sjølvsagt mange ulike nasjonale og internasjonale middel takast i bruk, og militære verkemiddel utgjer berre ein del av desse. Men som tillegg til sivile instrument kan forsvar og militære verkemiddel tene mange avgjerande formål, mellom anna innanfor etterretning, tiltak mot terroristar og dei som gjev dei opphald, vern av befolkningar, infrastruktur og styrkar mot åtak frå terroristar og handtering av konsekvensane om eit angrep likevel skulle komme.

  3. Som følgje av den omlegginga av styrkar, militære strukturar og forsvarsplanlegging som har pågått sidan slutten på den kalde krigen, kan Alliansen allereie spele ei viktig rolle i kampen mot terrorismen. Dei allierte har då også spela ei slik rolle etter 11. september, både enkeltvis og samla. I samband med at artikkel 5 vart teken i bruk, har vi opna luftrommet vårt for fly som tek del i koalisjonsoperasjonane, vi har sendt fly for luftboren varsling og kontroll som skal vere med på å patruljere amerikansk luftrom, sendt ein marinestyrke til det austlege Middelhavet, sett i verk tiltak for å styrkje vernet av sensitive anlegg og auka utvekslinga av informasjon og etterretning. Vi ser nærare på korleis luftforsvaret i Alliansen kan gjerast betre.

  4. Ei meir generell nytenking rundt forsvarsprofilen og forsvarsplanane til Alliansen på bakgrunn av hendingane den 11. september er alt i gang. Ei ny vurdering av terrorismen som trussel er under utarbeiding, det er lagt fram forslag til betre beredskap mot terrorisme i form av kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen, og dei aktuelle allierte landa er i gang med å granske korleis terrorismen kan gje seg utslag i nasjonale forsvarsplanar i samband med styrkeplanleggingssystemet i NATO. Vi legg ned mykje arbeid i innsatsen for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen, og intensiverer samarbeidet innanfor sivil beredskapsplanlegging.

  5. I tillegg utgjer samkvemmet mellom NATO og partnarlanda - Russland, Ukraina og dei andre medlemmene i Det euroatlantiske partnarskapsrådet - eit nettverk av land som er knytte til kvarandre gjennom samarbeidsvanar og som står saman i si fordømming av terrorismen. Desse relasjonane har alt vist seg operasjonelt viktige på Balkan, og er også verdifulle i kampen mot terrorisme. Verdien av samarbeidet med partnarane våre har alt vist seg i konsultasjonane som finn stad om den pågåande krisa og det faktum at mange av dei er med i koalisjonsoperasjonane. Vi ønskjer å utdjupe forholdet til dei sentralasiatiske og kaukasiske partnarane våre og til landa som er deltakarar i Middelhavsdialogen, som òg har fordømt angrepa på USA utan atterhald.

  6. I kampen mot terrorismen vil ei lang rekkje internasjonale organisasjonar vere medspelarar. Vi støttar innsatsen som FN gjer i si sentrale rolle på dette feltet, og det same gjeld Den europeiske unionen, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, G-8 og internasjonale finansinstitusjonar.

  7. Men enno står mykje att å gjere, både på teoretisk og praktisk plan. Dette er noko av det:

    • Det må, som før nemnt, vurderast vidare korleis Alliansen kan bidra på forsvarsområdet i kampen mot terrorismen;

    • militærstyresmaktene i NATO må, etter rettleiing frå Det faste rådet og etter at den nye trusselvurderinga er utvikla, utarbeide eit militært konsept for forsvar mot terrorisme som Det faste rådet kan godkjenne;

    • politikken, strukturane og evnene til Alliansen må vurderast for å sjå om dei er militært og forsvarsmessig eigna for heile oppdragsspekteret sett på bakgrunn av terrortrusselen;

    • den overordna forsvarsgruppa for spreiingsspørsmål må i samråd med andre aktuelle organ i NATO arbeide vidare for å skaffe Alliansen auka evne til å handtere eventuell bruk av kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske stoff frå terroristhald;

    • nasjonar og aktuelle NATO-organ må arbeide vidare med å finne fram til mogelege tiltak på alle aktuelle område som har med DCI-evner å gjere, både på kort og lang sikt, eller fleire tiltak som kan gje Alliansen ein sterkare forsvarsprofil mot terroriståtak;

    • dei allierte må styrkje informasjonsutvekslinga når det gjeld trusselvarsling og etterretningsvurderingar, konsept, strukturar, utstyr, opplæring og øving av militære styrkar for å slå tilbake terroristtruslar; likeins når det gjeld andre tiltak som kan gje Alliansen ein betre forsvarsprofil mot slike truslar.

  8. Innsatsen for å setje NATO betre i stand til å svare på terrorisme må vere ein integrert, om enn presserande, del av det meir generelle arbeidet som er i gang for å styrkje forsvarsevnene i Alliansen. Det har vore ein viss framgang i slik vidare forstand sidan sist vi møttest, men mykje meir må gjerast. Vi er særleg uroa over langvarige og vedvarande manglar på område som overlevingsevne, deployeringsevne, identifisering i strid, etterretning, overvaking og måloppdaging. Full gjennomføring av DCI står sentralt om Alliansen skal kunne utføre sine ulike oppdragstypar sett på bakgrunn av terrortrusselen.

  9. På bakgrunn av denne fråsegna får Det faste rådet i oppdrag å halde desse sakene under oppsikt og å rapportere til oss på vårt neste møte om framdrifta i oppgåvene som er opplista i punkt 7, og meir generelt om Alliansen si militære og forsvarsmessige evne til å utføre alle sine ulike oppgåver i det endra tryggingspolitiske landskapet, særleg i lys av terrortrusselen. Rådet bør òg komme med tilrådingar om eventuelt anna arbeid som må gjerast. I tillegg vil møtet mellom stats- og regjeringssjefane i Praha neste år vere eit særleg viktig høve til å evaluere framdrifta i utviklinga av dei evnene som krevst i kampen mot terrorismen og i dei andre uløyste oppgåvene ein står overfor, og til å gje ytterlegare rettleiing der det trengst.

Fotnotar

1.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

2.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

3.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

4.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

5.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

6.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

7.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

8.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

9.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

10.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

11.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

12.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

13.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

14.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

15.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

16.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

17.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

18.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

19.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

20.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

21.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

22.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

23.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

24.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

25.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

26.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

27.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

28.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

29.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

30.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

31.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

32.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn

Til forsida