3 Situasjonen på Vest-Balkan
3.1 Kosovo
Situasjonen i Kosovo har endra seg i løpet av 2001. På den eine sida vart året prega av ei positiv utvikling i samarbeid med dei nye styresmaktene i Beograd og vidareføring av støtta til UNMIK, særleg i samband med provinsvalet 17. november. På den andre sida utgjorde organisert kriminalitet, etnisk vald og væpna albansk politisk ekstremisme i Sør-Serbia og i den nordlege delen av Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia store utfordringar. Det vil ta tid å skape eit klima i Kosovo der dei ulike folkegruppene kan leve og arbeide fredeleg saman mot felles mål. Innsatsen frå KFOR-styrken er derfor framleis eit naudsynt bidrag i arbeidet for betring av situasjonen og den allmenne tryggleiken.
KFOR-styrken er breitt samansett med troppar frå eit trettitals land. Personell frå ikkje-allierte land utgjer omlag 20 % av den totale styrken. I underkant av 40 000 KFOR-soldatar arbeider for å skape tryggleik og stabilitet i Kosovo, mellom anna ved å støtte FN-administrasjonen (UNMIK) i innsatsen for å gjennomføre dei sivile delane av tryggingsrådsresolusjon 1244. I tillegg til etnisk motiverte valdshandlingar og organisert kriminalitet, var dei største utfordringane til styrken i 2001 handteringa av væpna albansk politisk ekstremisme knytt til situasjonen i Sør-Serbia og det nordlege Makedonia.
Spørsmålet om endeleg status for Kosovo er framleis uavklara. Tryggingsrådsresolusjon 1244 føreskriv eit Kosovo med stor grad av sjølvstende innanfor Jugoslavia. Det er brei semje blant dei allierte om at det er for tidleg å ta stilling til spørsmålet om Kosovo sin endelege status. Medan serbarane i Kosovo ønskjer at provinsen skal vere ein del av Serbia, er det eit like klart ønske på kosovo-albansk side om lausriving. Dette gjeld òg for dei moderate kosovoalbanarane. I Beograd held ein fast på at Kosovo er ein del av Serbia. Men inntil vidare har Beograd prioritert å etablere seg som ein partnar i Kosovo-spørsmålet og å handtere andre problem, som t.d. den økonomiske utviklinga og forholdet mellom republikkane Serbia og Montenegro.
Utviklinga i områda rundt Kosovo har hatt ein blanda innverknad på KFOR det siste året. Forholdet til Jugoslavia og styresmaktene i Beograd har utvikla seg positivt. Tidlegare president Slobodan Milosevic er utlevert til FN sin internasjonale straffedomstol for det tidlegare Jugoslavia i Haag, og Beograd har oppretta ein samarbeidskomité for Kosovo som blir leidd av den serbiske visestatsministeren Nebojsa Covic. Komitéen møtest no regelmessig med leiinga i UNMIK og KFOR. Tryggingssona på bakken mellom Kosovo og Sør-Serbia er avvikla, og lufttryggingssona i same området redusert. I tillegg er samarbeidet betre når det gjeld lagnaden til sakna personar og frigjeving av arresterte. Ein gryande retur av internflyktningar har blitt registrert, og Beograd støtta serbisk deltaking i provinsvala hausten 2001. Beograd bør likevel oppmodast til framleis å leggje vekt på tryggingsskapande tiltak i Presevodalen, og til å inkludere personar frå alle etniske grupper i den lokale administrasjon.
Situasjonen i Presevodalen har vore forholdsvis roleg utover i 2001. Styresmaktene i Beograd sette mykje inn på å stabilisere situasjonen, og den såkalla Covic-planen gjorde sitt for å redusere støtta til væpna ekstremisme i området. For å finne ei varig, fredeleg løysning på problemet vert no konkrete tiltak sette ut i livet for å styrkje dei politiske og kulturelle rettane til det albanske mindretalet. Noreg spela ei viktig rolle i denne prosessen gjennom rask finansiering og gjennomføring av fleire prosjekt for vatn, elektrisitet og telekommunikasjon i Presevo, Bujanovac og Medvedja. Styresmaktene i Beograd må likevel oppfordrast til vidare innsats for minoritetane i området. Internasjonale gjevarar bør samstundes framleis støtte opp om denne prosessen.
Krisa i Makedonia utgjorde ei operasjonell utfordring for KFOR i store delar av 2001. Særskilt gjaldt dette disponering av troppar og kontroll av grenseområda. Den såkalla Operation Eagle førte til arrestasjon av meir enn 1000 personar etter ulovleg kryssing av grensene og konfiskering av meir enn 2000 våpen. I tillegg gjorde operasjonen det vanskeleg for den makedonske National Liberation Army å få forsyningar frå Kosovo. Krisa i Makedonia synte klart at forsyningslinjene til KFOR kan vere sårbare, i og med at store delar av dei går gjennom område i Makedonia der det til tider har vore kamphandlingar. I løpet av hausten har ein difor drøfta om delar av forsyningane kan bli transporterte inn gjennom Albania eller Serbia.
Innsatsen for å utvikle det sivile beredskapskorpset i Kosovo (KPC) heldt fram i 2001, men framleis gjenstår det mykje før organisasjonen kan seiast å vere ein sivil beredskapsorganisasjon. Det er framleis nokre som ser KPC som eit mellomstadium, og vil gjere korpset om til ein eigen hær for Kosovo. Meininga med KPC er å gje tidlegare medlemmer av den kosovoalbanske frigjeringshæren ( Kosovo Liberation Army - KLA) lovleg inntektsgjevande arbeid og sivil opplæring. Mykje arbeid er lagt ned for å klargjere grunnlaget for KPC og for å fjerne ueigna personar, folk som er involverte i organisert kriminalitet eller etnisk vald o.l. Talet på korpsmedlemmer skal reduserast, og i 2002 er det lagt opp til at 2000 personar skal bli overført til reservane. Under drøftingar i NATO har Noreg og andre allierte i ei rekkje samanhengar lagt vekt på at korpset og medlemmene strengt må halde seg til dei retningslinjene som er gjevne.
Alle dei etniske gruppene deltok i provinsvala i Kosovo 17. november 2001. Dette var viktig, og kom som følgje av at styresmaktene i Beograd, etter sterkt internasjonalt press, bestemte seg for å støtte opp om valprosessen og å oppfordre kosovoserbarar til å delta. Under registreringsprosessen før valet og på sjølve valdagen gav KFOR aktiv støtte til UNMIK og OSSE. KFOR la stor vekt på å sikre at valprosessen gjekk føre seg utan alvorlege valdsepisodar.
Det kosovoalbanske partiet Den demokratiske liga, leidd av Ibrahim Rugova, vann 46 % av røystene, medan Kosovos demokratiske parti, leidd av Hashim Thaci, fekk 26 %. Den serbiske koalisjonen Retur fekk 11 % av stemmene og vart såleis det tredje største partiet. Ved utgangen av 2001 hadde det nyetablerte provinsparlamentet framleis ikkje lykkast i å velje president, og det var dermed ikkje etablert ei regjering. 1
Etter etablering av ei regjering i Kosovo er det meininga at UNMIK skal ha ein rådgjevande posisjon og i størst mogleg grad overlate den daglege styringa til dei nyvalde styresmaktene. Det gjenstår å sjå om kosovarane på eiga hand er klare til å etablere ein fungerande lokal samfunnsadministrasjon.
Den norske kontingenten i KFOR i 2001 var ekstra omfattande ettersom Noreg saman med Danmark leidde styrken frå april til september. Den norske kontingenten utgjer eit solid bidrag til operasjonen og er blant dei desidert største sett i forhold til folketal og militære ressursar. Som eitt av få KFOR-land har Noreg gjeve sjefen for styrken høve til å disponere troppane fritt. Dette inneber at norske troppar inngår i ein taktisk reserve. Dei har ved fleire høve blitt sende til urolege område rundt om i provinsen.
3.2 KFOR 5
I perioden april til september 2001 stilte Noreg saman med Danmark kjernen i det femte hovudkvarteret for KFOR-styrkane i Kosovo (kalla KFOR 5). Etter dansk-norsk tilråding vart Generalløytnant Torstein Skiaker utnemnd til høgaste leiar for KFOR (ComKFOR) og Noreg blei utpeika til leiingsnasjon. Som sjef over styrken leidde Skiaker i underkant av 40 000 soldatar frå eit trettitals land. Kjernen av personell i KFOR 5-hovudkvarteret kom frå dei permanente NATO-hovudkvartera i nordregionen. Personell frå dei regionale underkommandoane på Jåttå ved Stavanger ( Joint Sub-Regional Command - JSRC NORTH) og i Karup i Danmark ( Joint Sub-Regional Command - JSRC NORTHEAST) vart flytta til Pristina i den aktuelle perioden. KFOR 5-hovudkvarteret vart sett saman av omlag 900 personar frå 29 nasjonar. I tillegg til personellet frå Jåtta og Karup stilte Noreg nasjonalt personell til hovudkvarteret. Noreg bidrog òg med ei rekkje andre kapasitetar, til dømes ei helikopteravdeling på fire Bell 412, eit Combat Camera Team, sanitets- og ambulanseteneste, omsetjing, vakthald og personleg sikring. I alt gjorde 190 - 200 norske befal og soldatar teneste i samband med Noreg sitt ansvar som leiingsnasjon. Dette personellet kom i tillegg til den norske bataljonen og støtteelementa i KFOR som utgjer omkring 1200 personar.
Det er vanleg at leiingsnasjonen stiller ein operativ reservestyrke til disposisjon for ComKFOR, som vert brukt i situasjonar som krev rask innsats. Noreg har oppretta ein slik styrke under namnet Task Force Viking. Denne styrken, som er leidd av ein norsk bataljonssjef, er i hovudsak sett saman av eit norsk infanterikompani og ein britisk kavalerieskadron. Task Force Viking er ført vidare etter KFOR 5.
I den perioden KFOR var under norsk leiing, vart det lagt stor vekt på å ha eit godt og tett samarbeid med UNMIK. Erfaringane synte kor viktig det er å utvikle det sivil-militære samarbeidet, særskilt når det gjeld lov og orden. Det dreier seg om å skaffe dei militære tilleggskapasitetar og trening i enkle politioppgåver, men òg ei større forståing mellom militære styrkar og politi om korleis dei saman kan betre tryggleiken i Kosovo. UNMIK innførte i løpet av 2001 eit nytt regelverk som letta samarbeidet mellom KFOR og UNMIK på det juridiske feltet. Utviklinga av eit godt samarbeid med Beograd gjorde at returen av serbiske og jugoslaviske styrkar til tryggleikssona vart gjennomført på ein utmerkt måte. Forsterka kontroll i grenseområda til Sør-Serbia og Makedonia gjorde det vanskeleg for ekstreme grupper å operere der. ComKFOR Skiaker la òg mykje vekt på å etablere eit godt og effektivt samarbeid på tvers av dei nasjonale kontingentane i styrken, med sikte på at KFOR i større grad skulle stå fram som ein reell multinasjonal styrke, med auka handlefridom for ComKFOR og reduserte kostnader for operasjonen. For å utnytte dette potensiale krevst det langt sterkare samordning av nasjonane sine interesser, større vilje til å ta risiko og sterkare fokus på kostnadsinnsparing. Slike endringar vil eventuelt få implikasjonar for både den nasjonale og NATO si forsvarsplanlegging. Under norsk leiing vart det gjort eit grunnarbeid for at KFOR skal bli ein meir fleksibel styrke med håp om at troppebidraga over tid skal bli mindre bundne av nasjonale avgrensingar. Etter regjeringa sitt syn synte den norske leiinga av KFOR 5 at Noreg har vilje og evne til å bidra til europeisk krisehandtering og til dei tryggings- og forsvarspolitiske prosessane som skjer i Europa. I ei tid der EU søkjer å utvikle ein operativ krisehandteringskapasitet, markerte den norske leiarskapen Noreg si aktive innstilling til det europeiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet. Den vellykka leiarskapen av KFOR 5 har styrkt den norske profilen både i NATO og EU.
3.3 Bosnia-Hercegovina
Stabiliseringsstyrken (SFOR) spelar framleis ei viktig rolle for gjennomføringa av den sivile delen av Dayton-avtalen i Bosnia-Hercegovina. Styrken har medverka til at krigshandlingane ikkje har blussa opp att, og har samtidig spela ei avgjerande rolle i arbeidet med å leggje til rette for oppbygging av det sivile samfunnet. Situasjonen i Bosnia-Hercegovina er stabil, men skjør. Dette kom til uttrykk fleire gonger i 2001, som då det kroatiske partiet HDZ sitt påtrykk for ein tredje kroatisk entitet fekk den kroatiske komponenten av føderasjonshæren til å desertere og trekkje seg ut av militærleirane sine.
Det gjenstår altså mykje før ein kan tale om ein berekraftig fredsprosess. Utan omfattande økonomiske reformer vil samfunnet framleis vere avhengig av hjelp frå utlandet, hjelp som allereie er i ferd med å bli kraftig redusert. Saman med dei internasjonale aktørane i landet må styresmaktene i Bosnia-Hercegovina jobbe for ein meir sjølvstendig økonomi. Elles er dei største utfordringane framleis flyktningretur (minoritetsretur), nedbygging av dei væpna styrkane, meir effektive fellesinstitusjonar, utlevering av mistenkte krigsforbrytarar, kamp mot korrupsjon og organisert kriminalitet og reform innan politi og rettsvesen.
Styresmaktene i Bosnia-Hercegovina har hovudansvaret for å pågripe og overføre personar som er klaga for krigsbrotsverk til FN sin internasjonale straffedomstol for det tidlegare Jugoslavia ( International Criminal Tribunal for the former Yugoslavia - ICTY) i Haag. Ein har sett visse tendensar til at styresmaktene kan vere villige til å gripe fatt i problemet. Men den tidlegare bosnisk-serbiske leiaren Radovan Karadzic og general Ratko Mladic er framleis på frifot. Saman med styresmaktene i landet må SFOR-styrkane setje alt inn på å få bringa desse to og andre mistenkte personar til domstolen i Haag.
Utviklinga av eit fleiretnisk samfunn krev utvikling av ei rekkje godt fungerande fellesinstitusjonar og fjerning av parallelle institusjonar som hindrar ei fleiretnisk utvikling. NATO har i denne samanhengen eit utstrekt og viktig samarbeid med forsvarssektoren i Bosnia. I 2001 har forsvarssjefane i dei to delane av landet inngått ein avtale med SFOR-leiinga om at dei væpna styrkane skal reduserast med 40 % i løpet av dei neste tre åra.
I juli annonserte dei tre presidentane formelt at Bosnia-Hercegovina har som målsetjing å slutte seg til Partnarskap for fred (PFP). NATO-ekspertar besøkte landet i september. Presidentskapet har i tillegg vedteke ein felles forsvarsstrategi for landet som legg stor vekt på utvikling av felles standardar, samarbeid og samordning, for å spare pengar og for å betre kvaliteten i tråd med dei krava NATO stiller til alle land som ønskjer å bli medlem av PFP. NATO bør fortsetje å støtte opp under reform av dei væpna styrkane i Bosnia-Hercegovina, og styrkje den ståande komitéen for militære saker ( Standing Committee on Military Matters - SCMM). Det bør vere eit mål å utvikle SCMM til hjørnesteinen i ein felles kommando- og kontrollstruktur i Bosnia-Hercegovina.
I løpet av år 2000 og 2001 vart SFOR-styrken redusert frå omlag 33 000 soldatar til omlag 20 000. Hausten 2001 vedtok NATO sine utanriks- og forsvarsministrar at stykesamansetjinga skal gjennomgåast på ny. Den norske militære innsatsen er konsentrert om KFOR og Kosovo. I løpet av 2001 har rundt eit dusin norske offiserar gjort teneste i Bosnia.
3.4 Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia - FYROM
Væpna albansk ekstremisme fekk større oppslutning i Makedonia etter krigen i Kosovo. Framgangen til den kosovoalbanske geriljaen oppmuntra desse grupperingane til å søkje større rettar for den albanske minoriteten. I oktober 2000 blei den albanske grupperinga Den nasjonale frigjeringshæren (NLA) kjend, og i januar 2001 byrja denne gruppa å gå til væpna aksjonar mot makedonske tryggingsstyrkar.
Våren 2001 såg det internasjonale samfunnet faresignala. EU fekk i april den makedonske regjeringa til å skrive under ein avtale der styresmaktene forplikta seg til å søkje ei fredeleg løysing på krisa. I mai vart det danna ei nasjonal samlingsregjering der dei viktigaste makedonske og albanske partia deltok.
I juli var det ei større opptrapping i kampane mellom NLA og regjeringsstyrkar. Likevel lykkast det, med sterkt vestleg press, å få partane til å skrive under ein rammeavtale som skulle bringe fred til landet. I den såkalla Ohrid-avtalen frå 13. august inngår det at albansk skal brukast som eit offisielt språk i områder der albanarane utgjer meir enn 20 % av befolkninga, at maktfordelinga skal vere jamnare, at meir ressursar skal gå til undervisning på albansk, at etniske referansar i grunnlova skal fjernast og at fleire albanskætta personar skal inngå i politiet.
Avtalen bana vegen for at NATO-styrken Task Force Harvest blei etablert i slutten av august. Styrken på 3 500 soldatar skulle i løpet av 30 dagar samle inn og øydeleggje våpen som NLA frivillig gjekk med på å gje frå seg. Det vart samla inn 3 300 våpen, inkludert handvåpen, maskingevær, bombekastarar, luftforsvarssystem, to stridsvogner og to armerte personellkøyrety. Vidare vart det innsamla store mengder ammunisjon for handvåpen og bombekastarar, i tillegg til 600 miner og granatar. Denne operasjonen, kalla Essential Harvest, vart gjennomført innan den planlagde tidsfristen og var ein suksess. Operasjonen demonstrerte NATO si evne til raskt å kunne setje inn militære styrkar for å støtte ei politisk løysing.
Trass i den vellykka avvæpninga av NLA hadde kampane gjennom året ført til ytterlegare polarisering av folkegruppene. Hausten 2001 var det politiske klimaet svært spent. Situasjonen vart likevel halden i sjakk gjennom ein intens innsats frå det internasjonale samfunnet. NATO, EU og OSSE arbeidde effektivt for å halde oppe og sikre eit visst samarbeid mellom partane. NATO sin generalsekretær George Robertson og EU sin Høgrepresentant for utanriks- og tryggingspolitikk Javier Solana var særs aktive pådrivarar og bidrog sterkt til å halde partane til lovnadene i Ohrid-avtalen.
På oppfordring frå presidenten i Makedonia, Boris Trajkovski, oppretta NATO i september ein ny styrke i landet etter at mandatet til Task Force Harvest gjekk ut. Oppgåva til den nye Task Force Fox er å bidra til å verne internasjonale observatørar som overvakar iverksetjinga av Ohrid-avtalen. Mandatet varte i utgangspunktet berre i tre månader, men er førebels forlengt til 26. mars 2002. 2 Styrken er under tysk leiing med deltaking frå andre NATO-land, mellom anna Noreg. Totalt består Task Force Fox av omlag 1000 soldatar.
I Ohrid-avtalen vart NLA førespegla ei rekkje grunnlovsendringar parallelt med at dei leverte frå seg våpna sine. 16. november gjekk endringane gjennom i parlamentet. Vedtaket gav eit forsiktig håp. Mot slutten av året var òg valdsepisodane færre.
3.5 Regionalisering og rasjonalisering av NATO-operasjonane på Balkan
I løpet av hausten 2001 vedtok NATO å vurdere potensialet for regionalisering og rasjonalisering av NATO sine operasjonar på Balkan. Noreg er positiv til dette og ser det som eit ledd i NATO-styrkane si tilpassing til den regionale utviklinga. Det er ikkje tvil om at ei regionalisering og rasjonalisering kan gje positive resultat. Meir fleksibilitet og tilpassing av styrkestrukturen vil kunne gje mindre dobbeltarbeid og gjere styrkane i betre stand til å handtere utfordringar med stadig større regional karakter, som organisert kriminalitet, korrupsjon og politisk ekstremisme. Frå norsk side er det likevel lagt vekt på at både SFOR, KFOR og TFF må ha ein struktur og ein storleik som gjer dei i stand til å handtere den situasjonen dei til kvar tid møter på bakken. I tillegg til militære omsyn må ein derfor også ta omsyn til den sivile og politiske situasjonen. Ein reduksjon må skje når den reelle situasjonen opnar for det, og ikkje ut frå ønske frå deltakarlanda om å trekkje ut personell. Under NATO sitt ekstraordinære utanriksministermøte i februar og på toppmøtet i juni stadfesta den nye amerikanske administrasjonen at ein ville stå solidarisk med andre allierte for å gjennomføre NATO sin innsats på Balkan. Omgrepet «inn saman, ut saman» var eit viktig signal for andre allierte om at USA ikkje ville gå til einsidige styrkereduksjonar.
Fotnotar
I byrjinga av mars 2002 lukkast dei politisk valde representantane å einast om regjeringssamansetjinga. 4. mars blei Ibrahim Rugova ( Den demokratiske liga - LDK) vald til president medan Dr. Bajram Rexhepi ( Kosovo sitt demokratiske parti - PDK) blei vald til statsminister.
Mandatet har nå blitt yttelegare forlenga til 26. juni 2002.