8 Andre spørsmål
8.1 Samarbeid om sivil beredskap
NATO sin overordna komité for sivil beredskap ( Senior Civil Emergency Planning Committee - SCEPC) er ansvarleg for den sivile beredskapsplanlegginga i organisasjonen. To gonger årleg møtest dei nasjonale leiarane for den sivile beredskapen i dei allierte landa i SCEPC i plenumssesjon. Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) representerer Noreg. I plenumssesjonen blir strategidokument godkjende, og ein førebur saker for endeleg vedtak i NATO-rådet. SCEPC har i tillegg faste møte ein gong i månaden. Her er Noreg vanlegvis representert ved den faste delegasjonen vår til NATO. Under SCEPC er det ni fagkomitéar, kalla Planning Boards and Committees, som står for samarbeidet innanfor mellom anna transportplanlegging, kommunikasjon, forsyningsberedskap og sivilforsvarssamarbeid. Dei relevante statlege og faglege styresmaktene representerer Noreg i alle komitéane.
Dei oppgåvene i NATO som er knytte til katastrofe- og krisehandtering og samarbeid med landa i Partnarskap for fred (PFP), har fått ei viktigare rolle i det strategiske konseptet frå 1999, og reflekterer omstillinga Alliansen har gått gjennom dei siste åra. Sivil beredskap er det største ikkje-militære programmet innan PFP. Så langt har dei individuelle partnarskapsprogramma som er inngådde, handla om katastrofeførebuing, lovgjeving, sivile aspekt ved krisehandtering, humanitær hjelp og sivilt-militært samarbeid.
I juli 2000 vart det vedteke nye overordna rammer for det sivile kriseplanleggingsarbeidet. Desse rammene har også vore framlagde for EAPC-ambassadørane, og omfattar fem hovudområde for verksemda i SCEPC og i dei ni underliggjande komitéane. Dei fem hovudområda er:
Sivil støtte til artikkel 5-aktivitetar - Fundamentet i Alliansen er å gje sivil støtte til det militære i eit kollektivt forsvar, og dette er derfor ei kjerneoppgåve for det sivile kriseplanleggingsarbeidet i NATO.
Sivil støtte til militære krisehandteringsoperasjonar utanom artikkel 5 - Dette har utvikla seg til å bli ei av hovudoppgåvene for sivil side på grunn av det nye tryggingsbiletet og Alliansen si auka vektlegging av denne typen krisehandteringsoperasjonar. Utfordringa framover vert å utvikle det sivile kriseplanleggingsapparatet til aktiv deltaking i felles planlegging og øvingar med dei militære styresmaktene, og til å bli ein mest mogleg effektiv bidragsytar i slike aktivitetar.
Støtte til nasjonale styresmakter i sivile kriser - I nasjonale krisesituasjonar og katastrofar vil nasjonale styresmakter ta seg av den operative krisehandteringa, men dei kan trenge bistand frå NATO og/eller andre nasjonar og internasjonale organisasjonar. Den sivile støtta har i slike situasjonar gått gjennom Alliansen sine kanalar og blitt handtert i EAPC-format ved det euroatlantiske koordineringssenteret for katastrofebistand (EADRCC). I etableringa av dette senteret er det lagt stor vekt på at bistanden frå NATO ved katastrofar i fredstid skal skje i nært samråd med FN sine bistandsorganisasjonar. I tilknyting til EADRCC er det også lagt til rette for katastrofebistand frå ei internasjonalt samansett innsatseining ( Euro-Atlantic Disaster Response Unit - EADRU). Eininga skal vere ei ikkje-ståande, multinasjonal samansetjing av sivile og militære element som frivillig er innmelde av EAPC-land.
Handtering av konsekvensane av bruk av masseøydeleggingsvåpen - Det frivillige allierte samarbeidet på dette området går ut på å utveksle informasjon om nasjonal beredskap for å handtere tilfelle av bruk av masseøydeleggingsvåpen, å utarbeide ei oversikt over nasjonale handteringsressursar, å vurdere planar for utveksling av slike ressursar dersom det er naudsynt, i tillegg til planlegging for koordinering av militære og sivile svar på slike hendingar.
Samarbeid med partnarane - I tillegg til SCEPC-møta mellom dei 19 medlemslanda har det òg funne stad SCEPC-møte i EAPC-format. Møte i dei ni fagkomitéane og NATO-kurs om sivil beredskap og sivilt-militært samarbeid er òg opna for deltakarar frå partnarlanda. Tillits- og demokratibygging og kunnskapsoverføring har stått sentralt i arbeidet med partnarane.I 2001 blei det utvikla ein ny Ministerial Guidance med nye politiske retningslinjer. Dokumentet er eit resultat av ein langvarig debatt mellom ulike politiske interesser. Dette gjer at Alliansen sin revisjon av kriseplanleggingsarbeidet no kan gå vidare med blant anna utarbeiding av nye Terms of Reference, og gjennomgang av CEP ( Civil Emergency Planning), SCEPC og underkomitéane sine ulike roller og forhold til kvarandre. Frå norsk side er det lagt stor vekt på behovet for å komme i gang med denne prosessen.
I 2001 har det blitt fokusert på å styrkje samarbeidet mellom NATO og Russland. Noreg har ytt bidrag til dette samarbeidet mellom anna gjennom å tilby presentasjonar og rettleiing til dømes innanfor risiko- og sårbarheitsanalysar, om Sårbarheitsutvalet si innstilling og liknande. Vidare skal ein representant frå DSB vere med under den første planleggingskonferansen for ei felles sivil øving mellom det russiske ministeriet for sivil beredskap (EMERCOM) og EADRCC i NATO. Både allierte land, partnarland og Russland vil vere med i planlegginga og i sjølve gjennomføringa av øvinga. Øvinga finn stad i 2002.
8.2 Samarbeid om miljøspørsmål
Miljøkomitéen i NATO ( Committee on the Challenges of Modern Society - CCMS) er sentral i det allierte samarbeidet på det ikkje-militære området, og er Alliansen sitt forum for å ta opp miljø- og samfunnsutfordringar. Arbeidet er i første rekkje konsentrert om pilotstudiar som varer frå to til fem år, men har aukande innslag av korte ad-hoc-prosjekt og faglege temamøte. I desse formata ønskjer ein å oppnå ei målretta overføring av erfaring og kunnskap, spesielt frå NATO-land til partnarland.
Hovudverksemda i CCMS har også i 2001 vore retta mot mellom- og austeuropeiske partnarland, samstundes som også sentralasiatiske land har vore meir aktive. Det siste året har det skjedd ei endring i CCMS sin aktivitet i retning av mindre vekt på tradisjonelle miljøutfordringar og større vekt på nye truslar og samfunnsutfordringar. Dette er både ei følgje av det reviderte komitémandatet og av den nye leiinga i det ikkje-militære samarbeidet i NATO. Samla har komitéen 15 prosjekt gåande.
Noreg har i 2001 teke initiativ til etablering av eit nytt ad-hoc-prosjekt knytt til arbeidet med det utvida tryggingsomgrepet. Under tittelen Vulnerability of the Interconnected Society har Noreg samla 13 deltakarland med ei målsetjing om å finne fram til status og felles utfordringar både for NATO-land og partnarland. Det første møtet blei halde i Oslo i juni med utgangspunkt i meldinga frå Sårbarheitsutvalet og det løpande arbeidet i regi av Direktoratet for sivilt beredskap. Det har blitt auka interesse for prosjektet etter hendingane i USA 11. september og prosjektet er på bakgrunn av dette tett kopla med andre NATO-initiativ knytte til terror.
Utanriksdepartementet leier den nasjonale samordninga av aktivitetane i CCMS i nært samarbeid med Forsvarsdepartementet, Miljøverndepartementet, Noregs Forskingsråd og ymse forskingsinstitusjonar.
8.3 Utarma uran
Dei første månadene av 2001 var det stor merksemd i Alliansen omkring dei helsemessige verknadene ved bruk av granatar som inneheld utarma uran under luftkampanjen mot Jugoslavia våren og sommaren 1999. Det var stor uro for at desse granatane var årsak til kreft og andre helseskadar. Militærmedisinske ekspertar frå Alliansen fekk derfor i oppdrag å vurdere alt materiale som låg føre om bruken av denne typen stridsmiddel. Materialet gav ikkje grunnlag for å slutte at det var ein årsakssamanheng mellom uran og kreft og andre helseskadar. FN sitt miljøprogram (UNEP) vart oppmoda om å setje i verk ytterlegare undersøkingar. UNEP sine undersøkingsresultat vart presenterte i ein rapport i mars 2001. Korkje denne eller andre rapportar synte at utarma uran i Kosovo utgjer ein signifikant helserisiko for lokalbefolkninga eller for det internasjonale personellet. KFOR si oppfølging av saka vart formelt avslutta i august 2001.
8.4 Vitskapssamarbeidet
Samarbeid med partnarlanda på det sivile området er kjernen i NATO sitt vitskapsprogram. Kvart år tek fleire tusen forskarar frå medlemsland og partnarland del i felles forskingsprosjekt og seminar gjennom NATO sitt stipend- og utvekslingsprogram.
Målsetjinga med programmet er å fremje kontakt, samarbeid og tillit mellom vitskapsmiljø i NATO-land og partnarland, men òg mellom partnarlanda sjølve. Eit eksempel på eit slikt prosjekt er Virtual Silk Highway som skal knyte saman forskarar i åtte land i Kaukasusregionen i effektive internettkoplingar. Dette vil fremje utdanning og forskingssamarbeid i regionane. Partnarlanda er integrerte i alle delar av programmet. I 2001 fann for første gong eit møte i vitskapskomitéen stad i eit partnarland, i Tbilisi i Georgia.
Vitskapsprogrammet består av fire ulike delprogram: stipendordning for unge forskarar, støtte til felles forskingsprosjekt, støtte til infrastruktur i forskingsmiljøa og støtte til anvend vitskap og teknologi. I tillegg vart det i 2001 etablert eit særskilt samarbeidsprogram med Russland. Talet på stipendiatar frå partnarlanda er aukande, og er no opp mot 75 prosent. Noregs stipendmidlar under ordninga går fullt ut til forskarar frå partnarlanda.
8.5 Informasjonsverksemda
Presse- og informasjonstenesta i NATO-hovudkvarteret produserer eit omfattande informasjonsmateriale på ulike språk og administrerer eit besøksprogram som kvart år fører tusentals gjester til NATO-hovudkvarteret i Brussel. Informasjonsverksemd overfor partnarland har høg prioritet i NATO.
Alliansen har oppretta kontaktambassadar i alle partnarlanda. Det vil seie at ein alliert ambassade har fått som funksjon å informere om NATO overfor styresmakter, lokalsamfunn, nøkkelinstitusjonar og personar i vertslandet. Ei anna oppgåve er å hjelpe partnarlanda i samband med besøk til eller frå NATO. Den norske ambassaden i Helsingfors blei kontaktambassade for Finland i 2001. I tillegg har NATO eit informasjonskontor i Kiev, Ukraina. Generalsekretær Robertson opna i februar 2001 eit informasjonskontor for NATO i Moskva.
Parallelt med NATO sitt informasjonsarbeid gjev Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet og NATO-delegasjonen informasjon om NATO til det norske samfunnet. Størstedelen av informasjonen om NATO i Noreg vert kanalisert gjennom Den norske Atlanterhavskomitéen og Folk og Forsvar. Begge organisasjonane legg ut alle sine publikasjonar og informasjonsmateriell på sine respektive internettsider. I tillegg organiserer både Den norske Atlanterhavskomitéen og Folk og Forsvar kvart år talrike seminar, konferansar og studieturar og gjev ut informasjonsmateriell om tryggingspolitiske spørsmål.
Folk og forsvar held ei rekkje konferansar og temadagar rundt om i landet, særleg retta mot ungdom i den vidaregåande skulen. Dei viktigaste tema i 2001 har vore internasjonal forsvars- og tryggingspolitikk. Spørsmålet om NATO si nye rolle har vore eit sentralt element i desse. I tillegg vert det utarbeidd og distribuert ei mengd informasjonsmateriell, ikkje minst studiehefte for den vidaregåande skulen.