5 Fråsegn om Irak frå toppmøtet i Praha 21. november 2002
Vi, dei 19 stats- og regjeringssjefane i NATO, har vore samla til møte i Praha og har uttrykt djup uro over terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Når det gjeld Irak, har vi lova full støtte til gjennomføringa av resolusjon 1441 frå Tryggingsrådet i FN, og oppmodar om at Irak straks og fullstendig innrettar seg etter denne og alle relevante tryggingsrådsresolusjonar.
Vi ser svært alvorleg på at Irak ikkje fullt og heilt har innfridd krava landet er pålagt som eit nødvendig steg for å gjenopprette fred og tryggleik i verda, og vi minner om at Tryggingsrådet i sin resolusjon har gjeve Irak ein siste sjanse til å innfri nedrustingskrava i samsvar med aktuelle rådsresolusjonar.
Dei NATO-allierte forpliktar seg samla til å setje i verk effektive tiltak for å hjelpe og støtte FN i innsatsen for å sikre at Irak straks og fullstendig, utan vilkår og atterhald, rettar seg etter resolusjon 1441. Vi minner om at Tryggingsrådet i sin resolusjon har åtvara Irak om at det vil få alvorlege følgjer for landet om det held fram med å bryte forpliktingane sine.