3 Tilpassing i Alliansen
3.1 Utviding
Etter slutten på den kalde krigen har arbeidet med å fjerne gamle skiljeliner og styrkje tryggleiken i heile det euro-atlantiske området vore ei av NATO sine viktigaste oppgåver. Dette var bakgrunnen for at Polen, Tsjekkia og Ungarn vart tekne opp som medlemmer i 1999. Vedtaket om å invitere ytterlegare sju land under Praha-toppmøtet i november 2002 var eit nytt, viktig steg i dette arbeidet.
Vedtaket om utviding var mellom anna tufta på dei sju kandidatlanda sin innsats på Balkan og på deira medverknad i kampen mot internasjonal terrorisme. Deira vilje til å ta ansvar for felles tryggingsutfordringar var eit overbevisande argument for medlemskap.
Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia gjekk etter toppmøtet inn i tiltredingsforhandlingar med sikte på medlemskap. Invitasjonen viskar ut den siste rest av skiljelinene frå den kalde krigen, og aukar den regionale tryggleiken. Medlemskapen i NATO vil grunnfeste og vidareutvikle dei politiske og økonomiske reformene i desse landa. Regjeringa legg òg vekt på den styrkinga av det transatlantiske samhaldet som utvidinga inneber.
Parallelt med ein rask tiltredingsprosess vil det vere viktig at dei inviterte landa held fram med det interne reformarbeidet. Landa er klart medvetne om den vekta som vert lagd på at reformarbeidet held fram.
For Noreg har det òg vore viktig å medverke til at dei inviterte landa kan integrerast så fort og godt som mogleg i Alliansen sitt arbeid. For å lette den praktiske tilpassinga til medlemskap har Noreg teke til orde for ei fadderordning for dei inviterte landa. Ordninga vil vere fleksibel og tilpassa dei inviterte landa sine behov. Forslaget er teke imot på ein god måte. Noreg vil sjølv tilby dei sju landa bistand i handteringa av dei praktiske aspekta ved medlemskap.
Åra etter den kalde krigen har prova at NATO er ein inkluderande organisasjon. Går alt etter planen, vil medlemstalet ha auka frå 16 til 26 på fem år. Samstundes er det brei semje om at nye land vil bli tekne opp når dei tilfredsstiller kriteria for medlemskap. Det er i eit slikt perspektiv ein må sjå vidareføringa av den såkalla Handlingsplanen for medlemskap (MAP). I dei sju landa som vart invitert i Praha, har deltaking i handlingsplanen vist seg svært positiv når det gjeld reformer innan forsvar, rettsvesen og politiske institusjonar.
3.2 Styrkt samarbeid med Russland og partnarlanda
Opprettinga av NATO-Russland-rådet (NRC) på toppmøtet i Roma 28. mai førte til ei kvalitativ endring i tilhøvet mellom NATO og Russland. Rådet, som erstatta Fellesrådet NATO-Russland (PJC), er eit politisk og praktisk samarbeid mellom 20 likeverdige deltakarar.
Målsetjinga om eit grunnleggjande nytt tilhøve, med auka vekt på likeverd mellom deltakarane, gjorde det naudsynt å understreke at førehandskoordinering mellom dei allierte berre kunne finne stad unntaksvis. Dersom dei nitten NATO-medlemmene skulle verte samde om ei felles haldning før Russland vart teke med i handsaminga av saker, ville det vere vanskeleg å få til ei reell utveksling av synspunkt. Føresetnaden for denne endringa var at ein skilde klart mellom det som gjaldt samarbeidet med Russland og det som gjaldt det kollektive forsvarssamarbeidet i NATO. Regjeringa arbeider aktivt for å gje NATO-Russland-rådet gode arbeidsvilkår og mest mogleg konkret innhald.
Gjennom forhandlingane om det nye samarbeidsforumet viste Russland seg som ein konstruktiv medspelar i tråd med president Putin sitt ønske om ei fundamental endring i tilhøvet til Vesten. På russisk side gjorde ein det klart at ein ikkje hadde ambisjonar om innpass i dei delar av NATO-samarbeidet som gjeld artikkel 5 i Washington-traktaten. Ein vart samde om å utvikle NATO-Russland-rådet til eit praktisk orientert forum. Rådet omfattar no åtte funksjonelle arbeidsgrupper for tema som mellom anna terrorisme, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, sivil trygging og forsvarsreform.
NATO-Russland-rådet har sidan møtet i Roma fungert som ei øving i å byggje tillit. Det er ei ny ånd i konsultasjonane. Det kan over tid føre til at dei allierte og Russland i aukande grad kan arbeide seg fram til felles posisjonar og stille seg bak felles politiske initiativ. Felles innsats i kampen mot terrorisme og samarbeid på Balkan står i første rekkje i dette arbeidet.
Noreg gjekk frå første stund inn for å integrere Russland i eit forpliktande samarbeid, og tek sikte på å halde fram som pådrivar i det nye samarbeidet. Noreg ser òg NATO-Russland-rådet som eit potensielt viktig instrument i arbeidet med dei særskilde utfordringane i våre nærområde, til dømes handtering av kjernefysisk materiale for å hindre spreiing av materiale som kan brukast for å framstille masseøydeleggingsvåpen. Sett i høve til norske interesser vil eit regionalt fokus i NATO-Russland-rådet vere særs viktig for å supplere den aktiviteten som går føre seg i andre forum. Ein vil òg leggje særskild vekt på å styrkje NRC-samarbeidet om spreiingsspørsmål, sivil trygging og forsvarsreform.
Arbeidet med omlegginga av den russiske forsvarssektoren og betringa av leite- og redningstenester til havs, i tillegg til samarbeidet om beredskap for trygging av sivilbefolkninga, vil vere prioriterte oppgåver. Noreg har gjort framlegg om at NATO-Russland-rådet òg skal arbeide med sikring av kjernefysisk materiale. Det er lagt stor vekt på at rådet vert engasjert i saker som kan verke positivt inn på Noreg sitt bilaterale tilhøve til Russland, som til dømes forsvarleg handtering av atomavfall i nordområda.
Det globale ved dei nye tryggingspolitiske utfordringane gjer det naudsynt med eit breitt samarbeid som omfattar land utanfor Alliansen. Dette er bakgrunnen for opprettinga av det nye NATO-Russland-rådet. Det er òg bakgrunnen for samarbeidet med dei 27 partnarlanda i Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred. Den sentrale målsetjinga er å fremje stabilitet og demokrati gjennom dialog og praktisk samarbeid. EAPC utgjer den overordna ramma for den politiske dialogen med partnarane, medan hovudtyngda av det konkrete forsvarsrelaterte samarbeidet finn stad i PFP.
Samarbeidet med partnarane er gradvis vorte bygt ut. Det dekkjer i dag ei lang rekkje område, frå kampen mot internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen til krisehandtering, sivil beredskap og konsultasjonar om politiske, militære og forsvarspolitiske spørsmål. Praha-toppmøtet vedtok òg ytterlegare tilpassing og styrking av den politiske dialogen, og evna til militært samvirke, for betre å reflektere ei breiare tilnærming til tryggingsspørsmål i lys av endringane i trusselbiletet.
Som følgje av NATO-utvidinga vil det i framtida vere færre partnarland. Dei som er att, som til dømes Sverige, Finland, Austerrike, Irland og landa i Kaukasus og Sentral-Asia, utgjer ei meir ueinsarta gruppe enn dei som har vore med til no. Samstundes med at partnarane skal involverast tettare i dei politiske prosessane, vert det lagt opp til meir differensierte samarbeidsstrukturar i samsvar med dei ulike landa sine behov og interesser. Ein legg vekt på behovet for å auke bidraga til arbeidet for regional stabilitet, med eit særleg fokus på utfordringane i Kaukasus og Sentral-Asia.
Noreg har særskilt lagt vekt på å styrkje partnarlanda si deltaking når det gjeld dei NATO-leidde fredsoperasjonane på Balkan. Desse landa deltek her med eigne troppebidrag. Ein har hatt tett kontakt med Sverige og Finland med sikte på å vareta felles nordiske interesser. Eit tett og effektivt samarbeid med partnarane skaper stabilitet, og aukar samstundes NATO si evne til å gjennomføre krisehandteringsoperasjonar og handtere nye truslar mot tryggleiken.
Dei allierte har helsa velkommen Ukraina sitt ønske om styrking av samarbeidet og dialogen med NATO som ledd i deira langsiktige mål om full integrasjon i dei euroatlantiske strukturane, inkludert medlemskap i NATO. Eit stabilt Ukraina er ein føresetnad for stabilitet i heile regionen.
Samstundes har samarbeidet med Ukraina vore prega av manglande tillit som følgje av eksport av tungt forsvarsmateriell til Makedonia og av påstandar om eksport av militært utstyr til Irak. Eksporten til Irak representerer eit klart brot på FN sine sanksjonar mot Irak, og vert oppfatta som særs alvorleg av dei allierte.
Trass i desse episodane meiner dei allierte at dialogen med Ukraina og reformarbeidet må førast vidare. Dette har Noreg slutta seg til. Dei allierte har gjort det heilt klart at regimet i Kiev må vise reell vilje til å respektere internasjonale eksportkontrollavtalar. Det vil i framtida vere Ukraina sitt ansvar å gjenopprette tilliten. Styrkt eksportkontroll for våpen og forsvarsrelatert materiell vil vere viktig.
For å imøtekomme Ukraina sitt ønske om eit nærare samarbeid med NATO, vart det under utanriksministermøtet i NATO-Ukraina-kommisjonen i Praha vedteke ein handlingsplan for styrkt samarbeid. Det vart i 2002 gjennomført ei rekkje aktivitetar for å støtte i Ukraina sitt arbeid med å reformere forsvaret.
NATO har gjennom 2002 fortsett å byggje ut samarbeidet med Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia i den såkalla Middelhavsdialogen . I arbeidet med å styrkje og utdjupe arbeidet innafor dialogen, vart det i førebuingane til toppmøtet i Praha utarbeidd eit arbeidsprogram. Dialoglanda har vist positiv interesse, og har mellom anna uttrykt ønske om auka kontakt på politisk nivå og auka samarbeid på område som sivil beredskap, vitskap, handvåpen, krisehandtering, miner og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.
Det vil i tida framover vere viktig med ei ytterlegare styrking av mekanismane for samarbeid som er etablerte med partnarlanda. At ein her står overfor ei ueinsarta gruppe land, gjer det påkravd med mest mogleg individuelt tilpassa ordningar. Noreg vil òg i tida framover prioritere arbeidet med å integrere dei ikkje-allierte EU-landa Finland, Irland, Sverige og Austerrike i eit forpliktande samarbeid med NATO. Erfaringane frå samarbeidet med desse landa har så langt vist at det er gode utsikter for å få dette til.
3.3 Prahatilsegna om kapasitetar
Ei hovudutfordring for NATO er å omforme og styrkje den militære evna i Alliansen gjennom fleire moderniseringstiltak. Sentralt i denne samanhengen står vedtaka frå Praha om kapasitetstilsegner, kommandostruktur og oppretting av ein ny alliert reaksjonsstyrke, den såkalla NATO Response Force.
Når det gjeld nye og betre militære kapasitetar, vedtok stats- og regjeringssjefane å tilpasse dei militære styrkane i Alliansen gjennom Prahatilsegna om kapasitetar. Tilsegna fokuserer på å betre den militære evna når det gjeld kommando, kommunikasjon, informasjon, operativt samarbeid, utplassering, effektivitet og uthald i kamp, i tillegg til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen.
NATO tek sikte på å skaffe seg fleksible reaksjonsstyrkar. Styrkane skal vere både uthaldande og mobile, og dei skal vere innsatsklare og kunne operere saman med andre styrkar. Dei skal ha høg kampkraft og god evne til å verne seg sjølve. Dei skal vere i stand til å handtere heile spekteret av utfordringar langt unna eige territorium.
Styrkar som ikkje kan setjast inn med full logistikkstøtte, vil ha redusert verdi. I lang tid framover vil det ikkje vere behov for slike styrkar som kan mobiliserast med lang klargjeringstid. Medlemslanda vert oppmoda til å omprioritere sine forsvarsbudsjett og forsvarsplanar for betre å kunne etablere færre, men meir mobile og avanserte styrkar. For å utnytte hardt pressa ressursar betre, legg ein i stor grad òg opp til at fleirnasjonalt samarbeid skal nyttast.
Noreg har forplikta seg til deltaking i fleire prosjekt i samband med Prahatilsegna om kapasitetar. Desse prosjekta omfattar mellom anna:
betre vern mot masseøydeleggingsvåpen for norske styrkar i NATO-beredskap;
bidrag til å utvikle ein fellesalliert, luftboren kapasitet for bakkeovervaking;
auke i behaldningane av presisjonsstyrte luft-til-bakkevåpen;
bidrag til ei mellombels fleirnasjonal løysing for å skaffe strategisk transportflykapasitet;
bidrag til ei fleirnasjonal løysing for å skaffe ein tankflyflåte;
bidrag til å auke tilgangen til strategisk sjøtransportkapasitet i Alliansen;
betring av støttefunksjonane for dei innsatsklare hærstyrkane, mellom anna ved å skaffe taktisk ubemanna luftovervaking (UAV) og støttefarty til dei nye fregattane.
3.4 Reaksjonsstyrke og ny kommandostruktur
I Praha vart det vedteke å opprette ein ny reaksjonsstyrke, den såkalla NATO Response Force. Denne skal ha full operativ kapasitet innan utgangen av 2006. Hovudformålet er å styrkje NATOs militære reaksjonsevne og effektivitet, og såleis auke Alliansen sin relevans.
Reaksjonsstyrken skal ha særs høg stridsevne, vere teknologisk overlegen og ha kapasitet til å løyse oppdrag på alle intensitetsnivå. Styrken vil ha styrkekomponentar frå alle forsvarsgreiner og ha høg beredskap og evne til rask utplassering. Styrken vil vere fleksibel og kunne tilpasse innsatsen sin i samsvar med kva oppdraget krev.
Frå norsk side er det viktig å støtte opp om dette konseptet, først og fremst for å bidra til å styrkje Alliansen sin operative kapasitet. Dette vil i realiteten verte den einaste raske reaksjonsstyrken i NATO. Styrken vil kunne brukast til krisehandteringsoperasjonar både innanfor og utanfor området til Alliansen. For Noreg er den positive rolla dette initiativet spelar for dei transatlantiske banda særs viktig. Å sikre eit tett operativt samarbeid mellom amerikanske og europeiske styrkar for framtida, og dermed sikre interoperabilitet mellom USA og Europa, er tryggingspolitisk avgjerande.
Det er viktig at opprettinga av NATO Response Force ikkje kjem i noko motsetnadstilhøve til opprettinga av ein reaksjonsstyrke i EU. At Noreg har meldt inn styrkar i andre register, mellom anna «styrkebrønnen» til EU, vil ikkje redusere evna til å delta i reaksjonsstyrken til NATO.
På NATO sitt forsvarsministermøte i juni vart det vedteke å gjere ein omfattande og heilskapleg gjennomgang av Alliansen sine kommandoordningar. I tillegg til å oppnå ein meir fleksibel kommandostruktur, som er betre tilpassa dei tryggingspolitiske utfordringane i framtida, er det òg ei målsetjing at prosessen skal leie fram til ein mindre og meir effektiv struktur. På toppmøtet i Praha vart det gjort prinsipielle vedtak som vil leggje føringar for det vidare arbeidet med kommandoordningane. Siktemålet er at gjennomføringa kan starte sommaren 2003.
Den nye kommandostrukturen vil vere sett saman av to strategiske kommandoar, ein i Europa og ein i USA. Europakommandoen vil ha hovudansvaret for å gjennomføre allierte operasjonar. Den funksjonelle kommandoen i USA vil fokusere på utvikling av konsept og doktrine og på den vidare moderniseringa av kapasitetar og strukturar.
Noreg har arbeidd aktivt for å bevare eit alliert hovudkvarter på Jåttå. Prosessen hittil har synt at det ikkje vil vere enkelt å bevare eit NATO-hovudkvarter i Noreg ut frå ei reint operativ grunngjeving. Dette skuldast generelt behovet for effektivisering, og at dei store NATO-landa har større personellbehov i aktivitetar utanfor NATO. I tillegg vert hovudkvartera gjorde meir fleksible og innsatsklare, noko som gjer det mindre viktig kvar dei er lokaliserte. Dei fellesoperative hovudkvartera av den typen som i dag ligg på Jåttå, vert tilrådd fjerna frå kommandostrukturen i NATO. Skal ein framleis ha allierte med tilknyting til kommandostrukturen til stades i Noreg, er det naudsynt å finne nye oppgåver for Jåttå.
Røynsla hittil syner at sjansane for å oppretthalde NATO-verksemda i Stavanger ligg i å arbeide for ei eining direkte underlagt den nye funksjonelle kommandoen i USA. Hovudkvarteret på Jåttå er spesielt godt eigna for ei slik rolle, gjennom brei røynsle frå felles operasjonar og øvingar, særs gode øvings- og treningsforhold og tilsvarande fasilitetar og infrastruktur. Fleire av våre sentrale allierte deler denne oppfatninga.
3.5 Alliert militært samvirke
Den generelle tryggingspolitiske utviklinga har resultert i fleire og meir samansette krav til forsvarssamarbeidet. Det har vore naudsynt å vidareutvikle forsvarssamarbeidet, ikkje minst med tanke på deltaking i ulike typar fredsoperasjonar og eit utvida samarbeid med aktørar utanfor Alliansen. Styrkeplanprosessen i NATO vil vere den sentrale mekanismen for oppfølging av vedtaka frå Praha om reaksjonsstyrke og kapasitetar.
Hovudutfordringa for medlemslanda er å omprioritere planar og budsjett for å skape styrkar som er meir fleksible og som vil vere i stand til å femne over eit breiare spekter av oppgåver innanfor same struktur.
I tråd med den tryggingspolitiske utviklinga vil det vere viktig med god samordning mellom norske forsvarsplanar og NATO sine krav og behov. Difor er det ei målsetjing for neste norske langtidsplan at kapasitetskrav og styrkemål skal prioriterast i strukturutviklinga. Dette er krav og mål som Noreg har vore med på å utarbeide for Alliansen generelt, og for Noreg spesielt. Det er vidare ei målsetjing at Noreg skal gje meiningsfylte bidrag som sikrar at vi tek vår rettferdige del av byrdene som fell på dei allierte.
Det vert truleg i åra framover ei hard prioritering innanfor NATO på dei områda som er knytte til dei fellesfinansierte ressursbehova på drifts- og investeringssida, militærbudsjettet og investeringsprogrammet for tryggleik. Budsjetta for NATO si fellesfinansiering har i fleire år vore under aukande press. Den viktigaste grunnen er at fleire sentrale land i Alliansen ikkje har vore viljuge til å auke budsjetta nemneverdig.
Forsvaret si øvingsverksemd skal bidra til å setje freds- og krigsorganisasjonen i stand til å løyse dei oppdraga han i fred, krise og krig kan bli stilt overfor. Øvingane styrkjer evna til å operere saman med allierte styrkar. Dette er viktig både for å kunne ta imot allierte forsterkingar og for Forsvaret si evne til å delta i internasjonale operasjonar. Dette gjev samstundes NATO auka slagkraft og fleksibilitet.
Som følgje av auka omstilling i forsvaret var det i 2002 færre prioriterte øvingar enn vanleg. NATO-øvinga Strong Resolve var den høgast prioriterte feltøvinga i 2002. Øvinga vart gjennomført i Noreg og i Polen. Det overordna målet med Strong Resolve var å øve NATO si evne til å handtere to parallelle kriser; ein krisehandteringsoperasjon og ein såkalla artikkel 5-situasjon, noko som inneber at eit medlemsland har vore utsett for åtak.
Deltaking i Afghanistan og andre internasjonale operasjonar førte til at nivået på alliert trening og øving i Noreg vart lågare enn planlagt i 2002. Det er ei målsetjing å leggje til rette for auka alliert øving og trening i Noreg. Øving og trening i Noreg er viktig for å gjere allierte styrkar i stand til å operere i dei krevjande klimatiske og topografiske forholda som kjenneteiknar Noreg.
Det er brei semje om at behova til Alliansen skal stå i sentrum for forsvarsmateriellsamarbeide t i NATO. Samarbeidet skal primært medverke til å oppfylle behov som fleire land deler, og som best kan løysast i fellesskap. Individuelle nasjonale ønske kjem dermed meir i bakgrunnen enn før. I Praha vart det vedteke å gjennomføre nasjonale og multinasjonale tiltak for å utvikle NATO si militære evne innanfor dei mest kritiske områda. Ei viktig rettesnor for dette materiellsamarbeidet har vore Prahatilsegna om kapasitetar. Av dei viktigaste tiltaka er luftboren bakkeovervaking og strategisk luft- og sjøtransport. Fleirnasjonale samarbeidsordningar skal vektleggjast.
Tilpassinga av Alliansen aukar behovet for informasjon om dei nye oppgåvene. Norske styresmakter sitt informasjonsarbeid i høve til NATO vert i stor grad kanalisert gjennom Den norske atlanterhavskomiteen og Folk og Forsvar. Atlanterhavskomiteen har i 2002 retta fokus mot konsekvensane av terrorangrepa i USA, utvidinga av NATO og omstillinga i det norske forsvaret, medan Folk og Forsvar har fokusert på spørsmål om NATO si nye rolle.
3.6 Rustingskontroll
Arbeidet i Alliansen med rustingskontroll og nedrusting har i 2002 vore prega av spørsmålet om utplassering av rakettforsvar. Etter bortfallet av ABM-avtalen ønskte USA å trekkje allierte og andre interesserte land meir med i prosessen gjennom konsultasjonar bilateralt og i Alliansen. Dette har vorte positivt motteke, og NATO har fatta viktige vedtak om å greie ut spørsmålet vidare. Uroa for at USA si einsidige oppseiing av ABM-avtalen skulle gje negative konsekvensar for arbeidet med nedrusting, har ikkje slått til.
Arbeidet med å få på plass føresetnadene for at Den tilpassa avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) kan ratifiserast, er blitt intensivert. Dei allierte er no samde om at storleiken på Russland sine utplasserte styrkar ligg under dei styrketak som avtalen tillet. Ein forventar likevel òg at Russland trekkjer tilbake styrkar dei har utplassert i Georgia og Moldova. Først då vil føresetnadene for vestleg ratifikasjon vere innfridde.
Avtalen om opne luftrom tredde i kraft 1. januar 2002. Noreg deltek aktivt i denne, og har utført flygingar med fotoutstyr over fleire land. Flygingar over Russland har høgast prioritet for Noreg.
3.7 Samarbeid om sivil beredskap
Det sivile kriseplanleggingsarbeidet i NATO reflekterer òg endringane i trusselbiletet. Særleg etter terroranslaga mot USA i 2001 har kriseplanleggingsarbeidet prega arbeidet med sivil beredskap. Sivil beredskap var eit prioritert område på toppmøtet i Praha, og har òg ein sentral plass i det nye NATO-Russland-rådet. Det vart etter eit norsk forslag oppretta ei eiga ad-hoc-gruppe for sivil beredskap under NRC.
I samanheng med fremlegginga av ein eigen handlingsplan for beredskap i høve til masseøydeleggingsvåpen har Noreg hatt ansvaret for den delen av planen som omfattar vern av sivilbefolkninga. Noreg har teke initiativ til å utarbeide eit grunnlagsdokument med minimumsstandardar når det gjeld utstyr, opplæring og prosedyrar. Prosjektet har vore utført i samarbeid med svenske og finske styresmakter. Det vert teke sikte på å leggje fram eit endeleg resultat i april 2004. Formålet med dette arbeidet er å styrkje partnarlanda si evne til å gje kvarandre assistanse for å verne sivilbefolkning mot truslar frå masseøydeleggingsvåpen. Dette er det første initiativet som er teke på sivil side i NATO for å auke landa si evne til samarbeid.