3 Erklæring frå toppmøtet i Praha, framlagd av stats- og regjeringssjefane som deltok på møtet i Det nordatlantiske rådet 21. november 2002
Som stats- og regjeringssjefar for medlemslanda i NATO møttest vi i dag for å utvide Alliansen og gjere NATO betre skikka til å møte dei alvorlege nye truslane og dei djuptgripande tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret. Bundne av den felles visjonen som er nedfelt i Washington-traktaten, forpliktar vi oss til å tilpasse NATO med nye medlemmer, ny kapasitet og nye tilhøve til våre partnarar. Vi står fast på vårt engasjement for dei transatlantiske banda, for dei grunnleggjande tryggingsoppgåvene til NATO – også fellesforsvaret, for dei demokratiske verdiane vi deler og for FN-charteret.
Vi har i dag vedteke å invitere Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia til samtalar om opptak i Alliansen. Vi gratulerer dei med denne historiske hendinga, som så passande fann stad her i Praha. Med desse nye landa som medlemmer vil heile det euroatlantiske området oppleve auka tryggleik, og vi kan lettare nå vårt felles mål – eit heilt og fritt Europa, sameint av fred og felles verdiar. Døra til NATO vil stå open for europeiske demokrati med vilje og evne til å ta på seg ansvaret og pliktene som medlemskap medfører, i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten.
På bakgrunn av dei tragiske hendingane den 11. september og det påfølgjande vedtaket om å ta i bruk artikkel 5 i Washington-traktaten, har vi godkjent eit omfattande tiltaksprogram, basert på NATOs strategiske konsept, for å bli betre i stand til å møte dei utfordringane våre styrkar, befolkningar og territorium står overfor, same kvar desse utfordringane skulle komme frå. Vedtaka i dag vil opne for balanserte og effektive evner innanfor Alliansen slik at NATO betre kan utføre alle sine oppdragstypar og svare kollektivt på desse utfordringane, også på trusselen som ligg i terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen.
Vi strekar under at ikkje noko land eller nokon organisasjon skal kjenne seg trua av det vi gjer for å omdanne og tilpasse NATO, men heller sjå det som ein demonstrasjon av vår faste vilje til å verne folk, territorium og styrkar mot alle væpna åtak, også terroriståtak, som måtte bli retta mot oss utanfrå. Vi er fast bestemte på å avskrekke, stanse, forsvare oss og verne oss mot angrep, i samsvar med Washington-traktaten og FN-charteret. For å utføre heile sitt spekter av oppdrag må NATO, etter vedtak i Det nordatlantiske rådet, kunne mobilisere styrkar som fort kan forflyttast dit det er behov for dei, som kan gjere teneste langt borte og over lang tid, også under forhold der dei kan bli utsette for kjernefysiske, biologiske og kjemiske truslar, og som er skikka til å løyse dei oppgåvene dei får. Effektive militære styrkar, som er ein sentral del av den samla politiske NATO-strategien, er avgjerande for å sikre fridom og tryggleik for befolkningane våre og for å kunne medverke til fred og tryggleik i den euroatlantiske regionen. Vi har difor bestemt oss for å:
Opprette ein eigen reaksjonsstyrke (NATO Response Force), ein teknologisk avansert, fleksibel og uthaldande styrke med god evne til deployering og interoperabilitet, samansett av land-, sjø- og luftelement, som etter vedtak i Rådet kan rykkje ut på kort varsel dit det er behov for dei. NRF vil òg vere ein katalysator for å få gjennomført nødvendige forbetringar i dei militære evnene til Alliansen. Vi gav instruksjonar om utarbeiding av eit samla konsept for ein slik styrke, som skal ha ei operativ grunnevne snarast mogleg og seinast i oktober 2004, og full operativ evne seinast i oktober 2006, og likeins av ein rapport til forsvarsministrane våren 2003. Arbeidet med NRF og det tilsvarande arbeidet som vert gjort for å opprette ein eigen styrke i EU (Headline Goal), bør vere gjensidig forsterkande og på same tid respektere autonomien til dei to organisasjonane.
Effektivisere dei militære kommandoordningane i NATO. Vi har godkjent rapporten frå forsvarsministrane, som skisserer ein slankare, meir effektiv, rasjonell og deployerbar kommandostruktur, med sikte på å oppfylle dei operasjonelle krava til alle typar allianseoppdrag. Strukturen er basert på dokumentet om militære minstekrav til kommandoordningar for Alliansen. Strukturen vil styrkje dei transatlantiske banda, gje rom for ein større reduksjon i hovudkvarter og kombinerte luftoperasjonssenter og lette omforminga av dei militære evnene våre. Det blir to strategiske kommandoar, den eine operativ og den andre funksjonell. Strategisk operasjonskommando, med hovudkvarter i Europa (Belgia), får støtte i to kommandoar for fleirnasjonale styrkar (Joint Force Commands) som vil kunne generere eit landbasert hovudkvarter for kombinerte, fleirnasjonale innsatsstyrkar (CJTF) og eit robust, men meir avgrensa ståande fleirnasjonalt hovudkvarter som kan vere utgangspunkt for eit sjøbasert CJTF-hovudkvarter. Det blir òg etablert land-, sjø- og luftkomponentar. Strategisk kommando for omdanning, med hovudkvarter i USA og med eit nærvær i Europa, får ansvaret for den vidare omdanninga av militærapparatet og for interoperabilitet mellom alliansestyrkane, eventuelt i samarbeid med den allierte operasjonskommandoen. Vi har instruert Rådet og Forsvarsplanleggingskomiteen om å avklare detaljane i strukturen, mellom anna den geografiske plasseringa av kommandohovudkvarter og andre element, slik at endelege avgjerder kan takast av forsvarsministrane i juni 2003; det må her takast omsyn til arbeid gjort av militærstyresmaktene i NATO og til objektive militære kriterium.
Godkjenne Prahatilsegna om kapasitetar (Prague Capabilities Commitment) som ein del av den vedvarande allianseinnsatsen for å forbetre og utvikle ny militær evne til moderne krigføring i eit miljø med høg trusselgrad. Individuelle allianseland har gjeve faste og konkrete politiske lovnader om å forbetre sine evner på områda kjemisk, biologisk, radiologisk og kjernefysisk forsvar; etterretning, overvaking og mållokalisering; luft-bakke-overvaking; kommando, kontroll og kommunikasjon; stridseffektivitet, mellom anna bruk av presisjonsstyrte våpen og undertrykking av fiendtleg luftforsvar; strategisk luft- og sjøtransport; drivstoffylling i lufta; deployerbare einingar til teknisk og administrativ stridsstøtte. Arbeidet vi gjer for å auke evnene våre gjennom Prahatilsegna og arbeidet som blir gjort i EU for å styrkje dei europeiske evnene gjennom den europeiske kapasitetshandlingsplanen, bør vere gjensidig forsterkande og samtidig respektere autonomien til begge organisasjonane, og bør gå føre seg i ei open ånd.Vi vil gjennomføre alle sider ved Prahatilsegna så fort det let seg gjere. Vi vil gjere det som må til for å få auka kapasitet på område der det har vist seg at vi kjem til kort. Det kan mellom anna bli tale om fleirnasjonalt arbeid, rollespesialisering og omprioritering; i mange tilfelle vil det vere behov for økonomiske tilleggsløyvingar som krev godkjenning i nasjonalforsamlingane. Vi forpliktar oss til å arbeide energisk for betra kapasitet. Vi har pålagt Det faste rådet å rapportere til forsvarsministrane om gjennomføringa.
Slutte oss til det avtala militære konseptet for forsvar mot terrorisme. Konseptet er ein del av eit tiltaksprogram for å styrkje NATO-kapasiteten på dette området, som òg omfattar betre ordningar for deling av etterretningsinformasjon og for tiltak mot kriser. Terrorismen, som vi kategorisk avviser og fordømmer i alle sine former, utgjer ein alvorleg og aukande trussel mot våre befolkningar, styrkar og territorium og mot tryggleiken i verda. Vi er fast bestemte på å kjempe mot dette problemet så lenge det trengst. For å kunne slå tilbake terrorismen må vi ha evne til allsidige og omfattande reaksjonar. Saman med partnarane våre forpliktar vi oss til full gjennomføring av handlingsplanen for sivil beredskapsplanlegging (Civil Emergency Planning) for såleis å betre den sivile beredskapen mot angrep på sivilbefolkninga med kjemiske, biologiske eller radiologiske stoff. Vi vil bli betre i stand til å tre støttande til når vi blir bedne om det for å hjelpe nasjonale styresmakter med å handtere følgjene av terroriståtak, også åtak med masseøydeleggingsvåpen mot livsviktig infrastruktur, slik CEP-handlingsplanen føreset.
Slutte oss til gjennomføringa av fem initiativ til forsvar mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen, som vil auke Alliansens forsvarsevne mot masseøydeleggingsvåpen: ein prototyp på eit deployerbart analyselaboratorium for kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC), ei mønstereining til innsats ved ABC-hendingar, eit virtuelt spisskompetansesenter innan forsvar mot ABC-våpen, eit NATO-beredskapslager mot biologiske og kjemiske våpen og eit sjukdomsovervakingssystem. Vi stadfester at vi er forplikta til snarast å skaffe oss auka og forbetra forsvarsevne mot ABC-våpen.
Styrkje vår evne til forsvar mot dataangrep.
Vurdere ulike alternativ for å handtere den aukande rakettrusselen mot allierte territorium, styrkar og tettfolka område på ein effektiv og rasjonell måte gjennom ein passande kombinasjon av politiske og forsvarsmessige tiltak kombinert med avskrekkingstiltak. Vi har i dag sett i gang arbeidet med ein ny forstudie til eit NATO-rakettforsvar for å finne ut korleis allierte territorium, styrkar og tettfolka område kan vernast mot alle typar rakettruslar, som vi vil halde fram med å evaluere. Vår innsats på dette området vil vere i tråd med den udelelege alliansetryggleiken. Vi sluttar opp om at WMD-senteret i Den internasjonale staben får ei større rolle og såleis kan hjelpe Alliansen i arbeidet med å takle denne trusselen.
Vi stadfester at nedrusting, rustingskontroll og ikkje-spreiing er avgjerande for å førebyggje spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi ser det som svært viktig å etterleve og styrkje eksisterande multilaterale regime for ikkje-spreiing og eksportkontroll og internasjonale avtalar om rustingskontroll og nedrusting.
Opptak av Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia som nye medlemmer vil gje NATO større evne til å møte dagens og morgondagens utfordringar. Landa har vist at dei sluttar opp om dei grunnleggjande prinsippa og verdiane i Washington-traktaten, dei har demonstrert evne til å bidra til alle typar oppdrag innanfor Alliansen, også fellesforsvaret, og ein fast vilje til å medverke til stabilitet og tryggleik, særleg i krise- og konfliktråka regionar. Vi vil straks gå i gang med tiltredingssamtalar med sikte på å underteikne tiltredingsprotokollar innan ugangen av mars 2003 og å fullføre ratifikasjonsprosessen i tide til at desse landa kan bli medlemmer av Alliansen seinast under toppmøtet vårt i mai 2004. I tida fram til tiltreding vil Alliansen la dei inviterte landa delta i allianseaktivitetar der det er mogleg. Vi lovar vidare støtte og hjelp, mellom anna gjennom Handlingsplanen for medlemskap (MAP). Vi ser fram til at dei inviterte landa skal leggje fram tidsplanar for reformer; deretter vil vidare framgang vere venta av dei både før og etter at dei blir medlemmer, slik at dei kan yte eit større bidrag til Alliansen.
Vi rosar Albania for god framgang i reformarbeidet, for konstruktiv innsats for regional stabilitet og for sterk støtte til Alliansen. Vi rosar Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia for god framgang i reformprosessen og for sterk støtte til allianseoperasjonane, likeins for viktige steg som er gjorde å takle indre utfordringar og fremje demokrati, stabilitet og etnisk forsoning. Mellom anna gjennom MAP vil vi hjelpe begge landa vidare mot stabilitet, tryggleik og velstand slik at dei kan oppfylle sine plikter som medlemmer. Vi er òg blitt samde om å styrkje vår eiga evne til å hjelpe i det vidare reformarbeidet i Albania, og om å halde fram med å støtte reformene i forsvars- og tryggingssektoren i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia gjennom NATO-nærværet. Vi oppmodar begge landa til å auke reforminnsatsen. Dei er framleis under vurdering som framtidige medlemmer. Kroatia har vist oppmuntrande framgang i reformarbeidet, og vil òg bli vurdert med tanke på framtidig medlemskap. Utviklinga vil vere avhengig av at Kroatia held fram med reformarbeidet og oppfyller alle internasjonale tilsegner, mellom anna overfor den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Handlingsplanen for medlemskap vil framleis vere målestokken for framgang i kandidatlanda. Landa som vart inviterte i dag, blir ikkje dei siste.
Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og Partnarskap for fred (PFP) har medverka sterkt til auka tryggleik og stabilitet i heile det euroatlantiske området. Vi har i dag bestemt oss for å oppgradere samarbeidet med EAPC/PFP-landa. Den politiske dialogen skal styrkjast, og i samråd med partnarlanda vil allianselanda i størst mogleg grad gjere aktuelle partnarland delaktige i planlegging, gjennomføring og kontroll med aktivitetar og prosjekt som dei deltek i og medverkar til. Vi har innført nye praktiske mekanismar, mellom anna individuelle handlingsplanar for partnarland, som vil sikre ei heilskapleg, skreddarsydd og differensiert tilnærming til partnarskapen og som gjev rom for støtte til reforminnsatsen hos partnarane. Vi oppmuntrar partnarane, også landa i dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia, til å dra fordel av desse mekanismane. Vi gler oss over at partnarane står fast på å gjere alt for å slå tilbake terrorismen, mellom anna gjennom partnarskapsplanen mot terrorisme. Vi vil styrkje arbeidet med interoperabilitet og forsvarsrelaterte saker, som er kjernen i partnarskapen. PFP og EAPC vil kunne utvidast med Den føderale republikken Jugoslavia og Bosnia-Hercegovina når visse føresetnader er oppfylte, mellom anna fullt samarbeid med ICTY.
Vi gler oss over at NATO-Russland-rådet har fått utretta så mykje sidan det historiske toppmøtet mellom NATO og Russland i Roma. Tilhøvet er utdjupa, til beste for alle nasjonar i det euroatlantiske området. NATO-medlemslanda og Russland arbeider no saman i NATO-Russland-rådet som likeverdige partnarar, og gjer framgang på område som fredsbevaring, forsvarsreform, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, søk og berging, sivil kriseplanlegging, regionalt rakettforsvar og kamp mot terrorisme, med eit stabilt, fredeleg og udelt Europa som felles mål. I samsvar med Grunnakta og Roma-erklæringa er vi fast bestemte på å intensivere og utvide samarbeidet med Russland.
Vi forpliktar oss framleis til eit tett tilhøve mellom NATO og Ukraina, i samsvar med charteret om ein særskild partnarskap. Vi merkjer oss at Ukraina går fullt og fast inn for euroatlantisk integrasjon, og oppmuntrar Ukraina til å gjennomføre alle nødvendige reformer for å nå dette målet, mellom anna når det gjeld handheving av eksportkontroll. Den nye handlingsplanen som vi skal vedta saman med Ukraina, er eit viktig steg framover; her er det fastsett politiske, økonomisk, militære og andre reformområde der Ukraina forpliktar seg til vidare framgang og der NATO framleis vil hjelpe til. For at arbeidet med å utdjupe og styrkje forholdet vårt skal ha framgang, må Ukraina eintydig slutte opp om verdiane til det euroatlantiske samfunnet.
Vi stadfester at tryggleiken i Europa heng nøye saman med trygge og stabile tilhøve i Middelhavsområdet. Vi går difor inn for ei kraftig politisk og praktisk oppgradering av Middelhavsdialogen som ein integrert del av det samarbeidsorienterte tryggingsarbeidet i Alliansen. I samband med dette oppmuntrar vi til intensivert praktisk samarbeid og effektiv samhandling i tryggingsspørsmål som vedgår oss alle og der NATO har noko å tilføre, eventuelt også i saker som gjeld terrorisme. Vi minner om at Middelhavsdialogen og annan internasjonal innsats, mellom anna Barcelona-prosessen i EU, er gjensidig utfyllande og forsterkande.
NATO og Den europeiske unionen har felles strategiske interesser. Vi er framleis sterkt forplikta av vedtaka som vart gjorde på Washington-toppmøtet og påfølgjande ministermøte om å auke samarbeidet mellom NATO og EU. At samarbeidet har vore vellukka, viser fellesinnsatsen vi har gjort på Balkan for å skape fred og leggje tilhøva til rette for framgangsrike og demokratiske samfunn. Hendingane den 11. september 2001 og seinare har ytterlegare understreka det viktige i større innsyn og samarbeid mellom dei to organisasjonane i spørsmål av felles interesse med omsyn til trygging, forsvar og krisehandtering, slik at kriser kan møtast med dei mest eigna militære reaksjonar og effektiv krisehandtering kan sikrast. Vi forpliktar oss gjensidig til å oppnå nødvendig framgang på alle område, samtidig som vi merkjer oss behovet for å finne løysingar som er tilfredsstillande for alle allianseland i spørsmålet om høve for europeiske allierte utanfor EU til å delta, slik at vi kan oppnå ein ekte strategisk partnarskap.
For ytterlegare å fremje freden og stabiliteten i det euroatlantiske området vil NATO vidareutvikle det produktive og nære samarbeidet med OSSE, nærare bestemt på dei gjensidig utfyllande områda konfliktførebygging, krisehandtering og rehabilitering etter konflikt.
Alliansen har hatt ei avgjerande rolle i arbeidet med å gjenopprette tryggleik i Søraust-Europa. Vi stadfester vår støtte til territorial integritet og suverenitet for alle landa i denne strategisk viktige regionen. Vi vil samarbeide vidare med partnarane våre i SFOR og KFOR, FN, Den europeiske unionen, OSSE og andre internasjonale organisasjonar for å vere med på å byggje eit fredeleg, stabilt og demokratisk Søraust-Europa, der alle land gjer reformprosessen til sin eigen og er integrerte i euroatlantiske strukturar. Vi er fast bestemte på å nå dette målet. Vi forventar at landa i regionen held fram med å byggje opp varige multietniske samfunn, utrydde organisert kriminalitet og korrupsjon og etablere rettsstaten, at dei samarbeider regionalt og at dei fullt ut etterlever internasjonale avtalar, også ved å stille alle ICTY-tiltala for retten i Haag. Reformframgangen i desse landa vil avgjere kor fort dei blir integrerte i dei euroatlantiske strukturane. Vi stadfester at vi vil bli ståande i regionen, og er klar til å støtte desse landa i regionen gjennom individuelle bistandsprogram slik at dei kan ha vidare framgang. På bakgrunn av vedvarande framgang og analyse av den rådande tryggingsmessige og politiske situasjonen vil vi sondere ulike alternativ for vidare rasjonalisering og omstrukturering av styrkane, etter ein regional innfallsvinkel. Vi gler oss over den vellukka fullføringa av operasjon Amber Fox i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia. Vi er samde om at NATO blir ståande i eit avgrensa tidsrom frå 15. desember for å medverke til vedvarande stabilitet, noko vi vil vurdere etter som situasjonen utviklar seg. Vi merkjer oss at EU har sagt seg reie til å ta over den militære operasjonen i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia når forholda tilseier det.
Medlemsland i NATO har svara på oppmodinga frå Tryggingsrådet i FN om å hjelpe den afghanske regjeringa med å gjenopprette trygge forhold i og rundt Kabul. Styrkane deira dannar ryggrada i den internasjonale tryggingsstyrken (International Security Assistance Force) i Afghanistan. Vi rosar Storbritannia og Tyrkia for innsatsen dei etter tur har gjort som leiarnasjonar for ISAF, og gler oss over at Tyskland og Nederland har sagt seg villige til å ta over leiinga i fellesskap. NATO har gått med på å støtte dei kommande leiarnasjonane for ISAF i utvalde område, og viser slik at vi framleis engasjerer oss i situasjonen. Men ansvaret for å få i stand ein trygg situasjon med lov og orden i heile Afghanistan ligg på afghanarane sjølve.
Vi er som før forplikta til CFE-avtalen, og stadfester at vi går inn for ei snarleg iverksetjing av den tilpassa avtalen. CFE-regimet er eit grunnleggjande bidrag til eit tryggare og meir integrert Europa. Vi gler oss over haldninga til dei ikkje-CFE-landa som har sagt at dei aktar å be om å få tiltre den tilpassa CFE-avtalen når denne trer i kraft. Stabiliteten og tryggleiken i Europa ville vere mykje tent med at desse landa fekk høve til å tiltre. Vi helser velkommen at Russland har oppnådd viktige resultat i arbeidet med å redusere styrkane i området for artikkel V i avtalen til avtala nivå. Vi ber om at dei uinnfridde tilsegnene frå Istanbul med omsyn til Georgia og Moldova snarast vert oppfylte, noko som vil gjere det mogleg for allianselanda og andre avtalepartar å gå vidare mot ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtalen.
Etter kvart som NATO vert omdanna, skal organiseringa av hovudkvartera gjerast meir effektiv og rasjonell gjennom ein tiltakspakke som vi har slutta oss til. «NATO+»-initiativet om menneskelege ressursar utfyller dette arbeidet. Samla og kvar for oss skal vi halde fram med å yte dei ressursane som trengst for at Alliansen skal kunne utføre dei oppgåvene vi krev av han.
Vi gler oss over rolla til parlamentarikarforsamlinga i NATO som eit supplement i NATO-innsatsen for å spreie stabilitet over heile Europa. Vi set òg pris på arbeidet til Det atlantiske traktatsforbundet med å gje publikum større kunnskap om Alliansen og dei måla han arbeider for.
Vi er djupt takksame for den vennlege mottakinga vi har fått av regjeringa i Den tsjekkiske republikken.
Dette toppmøtet viser at dei europeiske og nordamerikanske allierte, sameinte gjennom felles historie og felles verdiar, også etter dette vil vere ein fellesskap med vilje og evne til å forsvare sine territorium, befolkningar og styrkar mot alle truslar og utfordringar. I over femti år har NATO forsvara freden, demokratiet og tryggleiken i det euroatlantiske området. Tilsegnene vi har teke på oss her i Praha, sikrar at Alliansen kan fylle denne livsviktige rolla også i framtida.