2 Tilhøvet mellom NATO og Russland: Ein ny kvalitet. Erklæring frå stats- og regjeringssjefane i NATO-medlemslanda og Den russiske føderasjonen i Roma 28. mai 2002
Ved inngangen til det 21. hundreåret lever vi i ei ny og tett samanveven verd, der tidlegare ukjende truslar og utfordringar krev stadig meir samordna reaksjonar. Difor har vi, medlemsstatane i NATO og Den russiske føderasjonen, i dag opna eit nytt kapittel i tilhøvet oss imellom, med det siktemål å bli betre i stand til å arbeide saman på område der det er av felles interesse, og å stå samla mot felles truslar og farar for tryggleiken. Som deltakarar i Grunnakta om gjensidige relasjonar, samarbeid og tryggleik stadfester vi måla, prinsippa og tilsegnene som er nedfelte i denne, særleg vår faste vilje til å stå saman om å byggje opp ein varig og inkluderande fred i det euroatlantiske området på grunnlag av prinsippa om demokrati og samarbeidsbasert tryggleik og prinsippet om at tryggleiken for heile det euroatlantiske samfunnet er udeleleg. Vi er overtydde om at eit kvalitativt nytt forhold mellom NATO og Den russiske føderasjonen vil vere av vesentleg verdi for å nå dette målet. I denne samanhengen vil vi i god tru oppfylle føresegnene i folkeretten, mellom anna FN-charteret, føresegner og prinsipp som går fram av Helsingfors-sluttakta og OSSE-charteret for tryggleik i Europa.
Med Grunnakta som fundament og under tilvising til det initiativet utanriksministrane våre tok i fråsegna av 7. desember 2001 om å føre NATO-medlemslanda og Russland saman for å finne fram til område der desse tjue landa kan gjere felles innsats, opprettar vi med dette NATO-Russland-rådet. Innanfor NATO-Russland-rådet vil NATO-medlemsland og Russland arbeide på like fot i saker av felles interesse. NATO-Russland-rådet skal vere ein mekanisme for samråd, konsensusbygging, samarbeid, felles vedtak og felles handling for medlemsstatane i NATO og Russland i eit breitt spekter av tryggingsspørsmål i den euroatlantiske regionen.
NATO-Russland-rådet skal vere den viktigaste strukturen og møtestaden for å vidareutvikle tilhøvet mellom NATO og Russland. Det skal fungere etter konsensusprinsippet. Det skal arbeide på grunnlag av kontinuerleg politisk dialog mellom medlemmene i tryggingsspørsmål, med sikte på å oppdage nye problem i ein tidleg fase, velje optimale felles tilnærmingar og eventuelt gjennomføre felles handling. Medlemmene av NATO-Russland-rådet, som skal opptre på nasjonale vegner og i samsvar med sine respektive kollektive tilsegner og plikter, skal gjere felles vedtak og bere same ansvar, både individuelt og kollektivt, for at desse vert sette ut i livet. I NATO-Russland-rådet kan kvar medlem ta opp spørsmål som gjeld gjennomføringa av fellesvedtak.
NATO-Russland-rådet skal leiast av generalsekretæren i NATO. Det skal møtast på utanriksministernivå og på forsvarsministernivå to gonger i året, og på stats- og regjeringssjefnivå slik det passar. Møte i Rådet på ambassadørnivå vil bli haldne minst ein gong i månaden. Ved behov kan det haldast møte oftare, også ekstraordinære møte, som vil bli haldne dersom enten eit medlem eller Generalsekretæren ber om det.
Til å støtte og førebu møta i Rådet vert det oppretta ein førebuingskomité på nivå med Politisk komité i NATO, med russisk representasjon på aktuelt nivå. Førebuingskomiteen skal ha to møte i månaden eller om nødvendig fleire. NATO-Russland-rådet kan òg setje ned komitear eller arbeidsgrupper for einskilde samarbeidsområde eller emne, ad hoc eller permanent. Slike komitear og arbeidsgrupper skal gjere seg nytte av ressursane til eksisterande NATO-komitear. I regi av rådet vil også militære representantar og stabssjefar møtast. Stabssjefmøte vil bli haldne minst to gonger i året, møte mellom militærrepresentantar minst ein gong i månaden, med høve til fleire møte etter behov. Møte mellom militærekspertar kan kallast saman slik det passar.
NATO-Russland-rådet avløyser Fellesrådet NATO-Russland, og vil fokusere på alle område av felles interesse som er peika ut i del III av Grunnakta, som òg seier at andre område kan leggjast til når partane er samde om det. Arbeidsprogrammet for 2002 som vart avtala i desember 2001 for PJC med underorgan, vil bli gjennomført i regi av og i samsvar med reglane for NATO-Russland-rådet. NATO-medlemsstatane og Russland vil halde fram med å intensivere samarbeidet på område som kamp mot terrorisme, krisehandtering, ikkje-spreiing, rustingskontroll og tillitsbyggjande tiltak, regionalt rakettforsvar, søk og berging til havs, fagmilitært samarbeid og sivile krisesituasjonar. Dette samarbeidet kan utfylle samarbeid i andre forum. Som eit første steg har vi i dag avtala å samarbeide på følgjande område:
Kamp mot terrorisme: styrkje samarbeidet gjennom ei mangearta tilnærming som òg vil omfatte felles vurderingar av terrortrusselen i det euroatlantiske området med fokus på konkrete truslar mot til dømes russiske styrkar og NATO-styrkar, mot sivile fly eller mot livsviktig infrastruktur; eit første steg vil vere ei felles vurdering av terrortrusselen mot fredsstyrkane frå NATO, Russland og partnarlanda på Balkan.
Krisehandtering: styrkje samarbeidet, mellom anna gjennom: jamleg utveksling av synspunkt og opplysningar om fredsbevarande operasjonar, med vidare samarbeid og samråd om situasjonen på Balkan; arbeid for auka interoperabilitet mellom nasjonale fredsbevarande kontingentar, også i form av felles eller samordna opplæring; vidare utvikling av eit generisk konsept for felles fredsbevarande operasjonar mellom NATO og Russland.
Ikkje-spreiing: utvide og styrkje samarbeidet mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen (WMD) og leveringsmiddel for slike våpen, og medverke til å styrkje eksisterande ikkje-spreiingsordningar gjennom: ei strukturert utveksling av synspunkt som fører fram til ei felles vurdering av globale trendar i spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske stoff; utveksling av erfaringar med sikte på å sondere grunnlaget for intensivert praktisk samarbeid om vern mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske stoff.
Rustingskontroll og tillitsskapande tiltak: idet ein minner om kva rustingskontroll og tillits- og tryggingsskapande tiltak (CSBM) har å seie for stabiliteten i det euroatlantiske området, og stadfester at etterleving av Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE) er ein hjørnestein i europeisk tryggingspolitikk – samarbeide med sikte på å få alle avtalepartane til å ratifisere den tilpassa CFE-avtalen og å få avtalen sett i kraft, noko som vil gje statar som ikkje er med i CFE-avtalen høve til å tiltre; vidareføre konsultasjonar om CFE og Avtalen om opne luftrom; vidareføre konsultasjonane mellom kjernevåpenekspertar frå NATO og Russland.
Regionalt rakettforsvar: auke konsultasjonane om regionalt rakettforsvar (TMD), særleg om TMD-konsept, terminologi, system og systemevner, for å analysere og evaluere mogleg grad av interoperabilitet mellom respektive TMD-system, og sondere utsiktene for intensivert praktisk samarbeid, mellom anna felles opplæring og øvingar.
Søk og berging til havs: kontrollere gjennomføringa av rammedokumentet mellom NATO og Russland om berging av ubåtmannskap, halde fram med å fremje samarbeid, innsyn og tillit mellom NATO og Russland innan søk og berging til havs.
Fagmilitært samarbeid og forsvarsreform: søkje auka fagmilitært samarbeid og interoperabilitet gjennom auka felles opplæring og øvingar og gjennomføring av felles demonstrasjonar og testar; sondere utsiktene for å etablere eit integrert militært opplæringssenter for NATO og Russland for oppdrag som svar på utfordringane i det 21. hundreåret; auke samarbeidet om forsvarsreform og dei økonomiske sidene ved dette, mellom anna omlegging.
Sivile kriser: søkje betre mekanismar for framtidig samarbeid mellom NATO og Russland for å ta hand om sivile krisesituasjonar. Første steg vil mellom anna vere utveksling av opplysningar om nylege katastrofar og utveksling av opplysningar om handtering av følgjene av masseøydeleggingsvåpen.
Nye truslar og utfordringar: I tillegg til dei områda som er lista opp ovanfor, sondere utsiktene for å konfrontere nye utfordringar og truslar mot det euroatlantiske området innanfor aktivitetane til NATO-komiteen for utfordringar i det moderne samfunnet (CCMS); setje i gang samarbeid på området sivil og militær kontroll av luftrom; søkje auka vitskapleg samarbeid.
Medlemmene av NATO-Russland-rådet vil arbeide med sikte på å finne fram til ytterlegare samarbeidsområde.