St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

1 Sluttkommuniké frå utanriksministermøtet i Det nordatlantiske rådet i Reykjavik 14. mai 2002

  1. Sidan 11. september har NATO i praksis følgt opp hovudtilsegnene om avskrekking og forsvar mot alle truslar om angrep på eit medlemsland i NATO, slik artikkel 5 og 6 i Washington-traktaten føreset. Landa våre medverkar, som individuelle allierte, til kampen mot terrorisme i Afghanistan. Alliansen og medlemslanda spelar si rolle fullt ut i det pågåande felttoget mot terror, og stadfester med dette at NATO spelar ei nøkkelrolle i trygginga av det euroatlantiske området, også mot nye truslar. Alliansen, som står som uttrykket for dei transatlantiske banda som knyter Nord-Amerika og Europa til kvarandre i eit unikt forsvars- og tryggingsfellesskap, må og vil halde fram med å tilpasse seg for å vere betre rusta til å utføre sine grunnleggjande tryggingsoppgåver og å gjere heile det euroatlantiske området tryggare. Vi vil føre intensiverte samråd om denne tilpassingsprosessen, og ser fram til møtet mellom stats- og regjeringssjefane våre i Praha i november som eit avgjerande steg på vegen mot dette målet.

  2. Som førebuing til Praha-toppmøtet har vi i dag gjeve rettleiing om utviklinga av livsviktige nye kapasitetar, om utvidingsprosessen i NATO, om opprettinga av eit nytt tryggingsforhold til Russland og om utviklinga av tilhøvet vårt til Ukraina og alle andre partnarar. Vi har òg stadfesta NATO-engasjementet for eit fredeleg, stabilt og demokratisk Søraust-Europa og for utviklinga av eit nært og effektivt tilhøve mellom NATO og Den europeiske unionen.

  3. Vi seier oss på ny fast bestemte på å kjempe mot terrortrusselen så lenge det er nødvendig. Terrorhandlingar kan ikkje forsvarast på nokon måte. I pakt med tilsegnene i Washington-traktaten vil vi halde fram med å styrkje dei nasjonale og kollektive ressursane vi har til å forsvare eigne befolkningar, territorium og styrkar mot alle væpna åtak, også terroriståtak, som vert retta mot oss utanfrå. Vi erkjende denne utfordringa i det strategiske konseptet som vart vedteke på toppmøtet i Washington i 1999, der vi gjorde det klart at eit væpna åtak på territoriet til dei allierte, same kvar frå, ville falle inn under artikkel 5 i Washington-traktaten, og der vi skilde ut terrorismen som ein risiko mot tryggingsinteressene til Alliansen. Å svare på denne utfordringa er grunnleggjande for tryggleiken vår. Alt vi gjer for å møte denne utfordringa vil vere i pakt med våre eigne vedtak og fullt ut i tråd med det vi har forplikta oss til i folkeretten og relevante føresegner i FN-charteret og nasjonal lovgjeving.

  4. Landa våre samarbeider òg om å stå rusta mot trusselen ved ein eventuell bruk av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen, også om dei skulle bli brukte av terroristar. Nedrusting, rustingskontroll og ikkje-spreiing er sentrale bidrag til å hindre bruk av masseøydeleggingsvåpen, saman med avskrekking og forsvar. Alliansen arbeider med forslag om å utvikle livsviktige forsvarsmiddel mot biologiske og kjemiske våpen. Vi legg òg vekt på å styrkje rolla til NATO-senteret for masseøydeleggingsvåpen i den internasjonale staben. Vi vil også arbeide vidare med alle moglege alternativ for skaffe oss auka evne til å yte støtte, når vi blir bedne om det, til nasjonale styresmakter i arbeidet for å verne sivilbefolkningar mot verknadene av eventuelle terroriståtak, og samarbeider med partnarane våre på dette feltet idet vi tek omsyn til dei ulike idear og initiativ som blir lagde fram. Vi sonderer utsiktene for utvida samarbeid med Den europeiske unionen på dette feltet. Saman med forsvarskollegaene våre held vi på å utarbeide eit sett forslag som skal vere klart til toppmøtet i Praha og som skal styrkje desse evnene.

  5. For å kunne utføre alle sine oppdragstypar må NATO kunne mobilisere styrkar som fort kan forflyttast dit dei trengst, som kan gjere teneste langt borte og over lang tid og som er skikka til å løyse oppgåvene dei blir sette til. Dette krev at det blir utvikla nye og balanserte evner innanfor Alliansen, mellom anna strategisk transport og moderne angrepsevner, slik at NATO meir effektivt kan stå samla mot ein eventuell trussel om angrep på ein medlemsstat. Vi ser fram til at forsvarsministrane skal vedta konkrete tilrådingar om utvikling av nye evner, som stats- og regjeringssjefane så vil ta stilling til under toppmøtet i Praha.

  6. På toppmøtet i Praha i november i år vil stats- og regjeringssjefane våre starte den nye omgangen med utviding av NATO. Dette vil stadfeste at Alliansen framleis stiller seg open for nye medlemmer, og auke tryggleiken i det euroatlantiske området. Vi fekk i dag framlagt ein samla framdriftsrapport om resultata av den tredje syklusen i Handlingsplanen for medlemskap (MAP). Vi gratulerer alle kandidatland med framgangen dei hittil har gjort i retning av å nå måla som er sette i handlingsplanen. Stats- og regjeringssjefane går ut frå at inviterte land vil ha demonstrert oppslutnad om dei grunnleggjande prinsippa og verdiane som er nedfelte i Washington-traktaten, evne til å bidra til fellesforsvaret og alle oppdragstypane til Alliansen, ein fast vilje til å bidra til stabilitet og tryggleik, særleg i område med krise og konflikt, og at dei viser vilje og evne til å ta på seg det ansvaret medlemskap medfører. Vi oppmuntrar alle kandidatland til å auke innsatsen i månadene framover og å halde fram med dette, ikkje berre til Praha-møtet, men òg i åra som kjem.

  7. Vi forpliktar oss til vidare samarbeid med kandidatlanda for å hjelpe dei til å nå den framgangen dei må ha gjort for å bli inviterte til medlemskapsforhandlingar i Praha. MAP-syklusen for 2002-2003, som vi presenterte i dag og som går fram til våren 2003, vil omfatte alle dei noverande deltakarlanda og bli skreddarsydd etter deira individuelle behov. Vi ser fram til at individuelle nasjonale årsplanar skal bli lagde fram til hausten. Også etter Praha vil MAP vere tenleg både for kandidatland og land som blir inviterte til å gå inn i medlemskapsforhandlingar med Alliansen.

  8. Som i Madrid har vi til mål at alle inviterte land skal ble tekne opp på ein felles dato før neste toppmøte. Etter Praha forventar vi at inviterte land framleis kjem til å delta i MAP. Opptaksprosessen vil ta omsyn til arbeid som er gjort i samband med MAP, og MAP vil bli brukt til å hjelpe inviterte land med å bli integrerte i alliansestrukturane. Under opptaksforhandlingane og på grunnlag av det nasjonale årsprogrammet til eit invitert land vil NATOs ekspertteam, på grunnlag av ei politiske rettleiing som vert å utarbeide, føre drøftingar med inviterte land enkeltvis om konkrete spørsmål og reformer der vidare framgang vil vere forventa av dei og før og etter opptak for at dei skal kunne yte eit større bidrag til Alliansen. Desse vil bli valde ut på grunnlag av eksisterande MAP-målsetningar, partnarskapsmål og andre spørsmål utpeika av allierte og integrasjonsspørsmål som militærstyresmaktene i NATO peikar ut. Det bør fastsetjast ein timeplan for fullføring av desse reformene, også for slike som først kan ventast å bli realiserte etter opptaket. Denne timeplanen bør komme til uttrykk i eit revidert nasjonalt årsprogram. Vi ser fram til nye tilsegner frå inviterte land som ledd i denne prosessen. Vi ser fram til at dei individuelle tiltredingsprotokollane skal bli underteikna seinast under møtet vi skal ha våren 2003. Inviterte land vil delta i påfølgjande MAP-syklusar til ratifikasjonsprosessen er ferdig.

  9. Kroatia får ros for sin framgang i reformarbeidet, der landet til fulle har nytta seg av tilboda i Partnarskap for fred (PFP), Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og den intensiverte dialogen. Vi forventar at Kroatia vil halde fram med å gjere sitt for stabilitet på Balkan. Vi helser velkommen den kroatiske deltakinga i MAP og inviterer landet til å leggje fram sitt første nasjonale årsprogram til hausten, og ser fram til å vurdere Kroatias framgang på møtet vi skal ha til våren.

  10. NATO gjennomfører interne førebuingar for å stå klar til å ta opp nye medlemmer. Det faste rådet får i oppdrag å utarbeide ein omfattande rapport om dei relevante faktorane i tilknyting til utvidingsvedtak, som stats- og regjeringssjefane vil få til vurdering i Praha. Dette arbeidet vil bli utført i tråd med politiske retningsliner frå Rådet, og vil ikkje innebere vilkår eller vedtak med omsyn til nye medlemmer.

  11. Vi helser velkommen den målretta og markante utdjupinga av forholdet mellom NATO og Russland, som er eit historisk steg på vegen mot eit trygt, samarbeidsbasert og demokratisk euroatlantisk område, som lenge har vore målet for Alliansen. Vi ser fram til at Fellesrådet NATO-Russland (PJC) i ettermiddag skal godkjenne dokumentet om oppretting av NATO-Russland-rådet, der NATO-medlemsland og Russland skal samarbeide på like fot på område av felles interesse, utan at NATO skal gje avkall på retten til å handle sjølvstendig. Dokumentet vil ble vedteke og underteikna under skipingsmøtet for rådet, som skal haldast under eit toppmøte mellom stats- og regjeringssjefar i Roma 28. mai. Vi er visse på at opprettinga av rådet vil gjere partnarskapen med Russland meir dynamisk og konkret og vere ein viktig etappe på vegen mot eit stabilt, fredeleg og udelt Europa, som er målet for begge partar og som er nedfelt i Grunnakta NATO-Russland. Eit møte i NATO-Russland-rådet på stats- og regjeringssjefnivå i Praha ville vere eit godt høve til å ta eit oversyn over det nye forholdet mellom dei to partane.

  12. Vi støttar Russlands rett til å verne om sin territoriale integritet, og erkjenner at landet har ansvar for å verne alle sine borgarar mot terrorisme og kriminalitet. Vi oppmodar Russland om å finne ei snarleg og varig løysing på konflikten i Tsjetsjenia, og å respektere og verne om menneskerettane og rettstryggleiken til befolkninga. Vi ber den tsjetsjenske sida om å samarbeide i god tru for å finne ei politisk løysing på konflikten og å fordømme og motarbeide terrorismen.

  13. Vi merkjer oss at Ukraina går sterkt inn for full euroatlantisk integrasjon. Vi oppmuntrar Ukraina til å gjennomføre dei reformer som trengst for å oppnå dette, og står klar til å yte vidare hjelp på dette området. I samband med dette har vi bestemt oss for å gjere partnarskapen med Ukraina meir dynamisk og konkret. Med sikte på dette har vi bede Det faste rådet om å utarbeide nye mekanismar og nærare reglar på grunnlag av charteret om ein eigen partnarskap og såleis løfte forholdet vårt opp på eit kvalitativt nytt nivå. Vi ventar at dette forholdet vil bli utdjupa og utvida, mellom anna gjennom intensivert samråd og samarbeid innan politikk, økonomi og forsvar. I samband med dette ser dei allierte fram til eit møte i NATO-Ukraina-kommisjonen på stats- og regjeringssjefnivå under toppmøtet i Praha.

  14. Sidan 11. september har vi fått stadfesta kor viktige partnarskapane med NATO er for tryggleiken i det euroatlantiske området. Vi ser fram til eit nytt og meir konkret forhold til partnarane, der vi samarbeider endå tettare om å svare på nye tryggingsutfordringar, også terrorisme. På bakgrunn av dei tryggingspolitiske endringane som skjer, er Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred i gang med å tilpasse seg for å halde fram som verdifulle og effektive forum. Vi har bede Det faste rådet om å føre tilsyn med partnarskapane med sikte på å leggje fram for stats- og regjeringssjefane i Praha konkrete forslag til korleis EAPC og PFP kan vidareutviklast for å tene dei allierte og partnarane betre som hjelpemiddel til å møte utfordringane i det 21. hundreåret. Vi ser fram til møtet i EAPC på stats- og regjeringssjefnivå i Praha.

  15. Vi har vedteke å oppgradere den politiske og praktiske dimensjonen i Middelhavs-dialogen, mellom anna ved å rådføre oss med middelhavspartnarane våre i tryggingsspørsmål av felles interesse, eventuelt også i terrorrelaterte saker. Dette arbeidet vil ta sikte på å føre middelhavspartnarane endå nærare NATO og å setje ny fart i dialogen innan toppmøtet i Praha.

  16. Vi står fast på å få i stand eit tett, ope og konsekvent tilhøve mellom NATO og EU. Fellesinnsatsen på Balkan har gagna freden og stabiliteten i regionen og vist at nært samarbeid byr på store fordelar. Hendingane den 11. september har vist kor viktig det er at dei to organisasjonane samarbeider tettare i spørsmål av felles interesse innan tryggleik, forsvar og krisehandtering, slik at kriser kan møtast med mest mogleg effektive militære reaksjonar og effektiv krisehandtering kan sikrast. Viktig arbeid står att å gjere når det gjeld NATO-støtte til EU-leidde operasjonar i tråd med vedtaka under NATO-toppmøtet i Washington i 1999 og seinare ministermøte. Vi er som før bestemte på å gjere framgang på alle dei ulike områda av tilhøvet, og merkjer oss behovet for å finne løysingar som kan tilfredsstille alle allierte i spørsmålet om høve for europeiske allierte utanfor EU til å delta. Vi gler oss over ny framgang i arbeidet med å avklare nærare reglar for samråd mellom EU og Canada og for kanadisk deltaking i EU-leidde operasjonar.

  17. Vi står fast på å arbeide for eit fredeleg, stabilt og demokratisk Søraust-Europa, og stadfester vår oppslutnad om territorial integritet og suverenitet for alle landa i regionen. Nærværet av NATO-leidde styrkar viser i praksis at vi står fast på å motarbeide all vald, enten motivet er etnisk, politisk eller kriminelt, og på å styrkje fred, toleranse, rettsstatleg styre og demokratiske institusjonar i regionen. I samarbeid med partnarane våre i SFOR og KFOR og andre internasjonale institusjonar vil vi arbeide vidare for regional forsoning og samarbeid, vern om rettane til medlemmer av alle etniske grupper og minoritetar, tillitsskapande tiltak og ei varig løysing på problemet med flyktningar og fordrivne. Vi engasjerer oss aktivt innan grensekontroll og tiltak mot smugling, og stadfester det viktige i ein breiare innsats i desse spørsmåla.

  18. På bakgrunn av oppnådde resultat i arbeidet med å få i stand ein varig og sjølvopphaldande fred har vi gått gjennom status for NATO-operasjonane på Balkan. Forsvarskollegaene våre vil ta føre seg gjennomføringa av ei styrkeomlegging som tek omsyn til ei meir regional tilnærming og siktar mot å rasjonalisere det militære NATO-nærværet etter kvart som sivile styresmakter tek over. Fullt samarbeid med den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) har framleis høg prioritet. Alle som er tiltala for krigsbrotsverk av ICTY må stillast for retten i Haag.

  19. Vi står fast på å støtte arbeidet for tryggleik og stabilitet i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1 . NATO yter sitt bidrag til tryggleiken ved å støtte kontrollørane frå EU og OSSE gjennom Task Force Fox. Vi er oppmuntra over framgangen i gjennomføringa av rammeavtalen frå Ohrid, og strekar under at vedtaking av resterande lovverk i tilknyting til avtalen og gjennomføring av frie val i september til saman vil utgjere eit viktig steg mot fred og stabilitet.

  20. Vi forpliktar oss til å arbeide for ein sjølvopphaldande fred i Bosnia-Hercegovina, i fullt samsvar med prinsippa i den generelle rammeavtalen, og ber dei lokale styresmaktene i landet ta større sjølvstendig ansvar for gjennomføringa av Daytonavtalen. Vi støttar sterkt opp om arbeidet til SFOR og ICTY med å pågripe og rettsforfølgje personar som er tiltala for krigsbrotsverk. Her minner vi om at statseiningane har hovudansvaret for å stille slike personar for retten, og ber dei samarbeide meir effektivt med SFOR med tanke på dette. Vi ser fram til vala i haust som eit viktig steg i retning av eit sameint, multietnisk og demokratisk Bosnia-Hercegovina.

  21. Vi ser fram til å vidareutvikle tilhøvet mellom Alliansen og Den føderale republikken Jugoslavia (FRY), og forventar snarleg gjennomføring av semja mellom Serbia og Montenegro om å omdefinere tilhøvet seg imellom. Vi gler oss over at FRY er interessert i å bli med i PFP, og ser fram til å samarbeide med leiinga i FRY om å oppnå den framgangen som er nødvendig for å kunne bli med i PFP. Fullt og vedvarande samarbeid med ICTY, demokratiske reformer og kontroll med det militære, i tillegg til fullstendig og open gjennomføring av fredsavtalen frå Dayton, er avgjerande for eit djupare forhold til Alliansen.

  22. Med omsyn til Kosovo forpliktar vi oss framleis til full gjennomføring av Tryggingsrådets resolusjon 1244 og gler oss over opprettinga av mellombels sjølvstyreinstitusjonar med representantar for alle folkegrupper. Vi ber dei mellombels institusjonane og leiarane for folke­gruppene ta på seg sine oppgåver og samarbeide fullt ut med UNMIK, KFOR og det internasjonale samfunnet om å fremje eit fredeleg, multietnisk, multikulturelt og demokratisk Kosovo. Vi ser fram til lokalvala i Kosovo til hausten som eit nytt og viktig steg mot eit fredeleg, multietnisk, multikulturelt og demokratisk Kosovo der alle borgarar, utan omsyn il etnisk opphav eller religion, kan leve fredeleg og trygt og nyte godt av universelle menneskerettar og fridommar på likeverdig grunnlag, mellom anna ved å delta i demokratiske institusjonar.

  23. Alliansepolitikken med støtte til rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing vil framleis spele ei hovudrolle i å oppnå tryggingsmålsetningane til Alliansen. Vi vil framleis arbeide saman om å tilpasse Alliansens omfattande strategi i takt med truslane som følgjer med spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen, ved hjelp av ein eigna kombinasjon av politisk og forsvarsmessig innsats. Innsatsen på dette området må vere i pakt med den udelelege alliansetryggleiken. Alliansen strekar under det viktige i å etterleve og styrkje eksisterande multilaterale ikkje-spreings- og eksportkontrollregime og internasjonale avtalar om rustingskontroll og nedrusting. Vi vil framleis bidra aktivt til utviklinga av avtalar og tiltak på dette området og streve mot ytterlegare nedrusting, innsyn og tillits- og tryggingsskapande tiltak. I samband med dette gler vi oss over semja mellom Russland og USA om å underteikne ein avtale om å redusere talet på utplasserte kjernefysiske stridshovud til mellom 1 700 og 2 200. Vi står fast på å medverke til gjennomføring av konklusjonane frå tilsynskonferansen for avtalen om kjernefysisk ikkjespreiing i 2000, og helser velkommen den grundige diskusjonen om spørsmål under den førebuande konferansen for tilsynskonferansen i 2005 som vart halden i april 2002. Vi støttar òg det pågåande arbeidet med å komme fram til ein internasjonal kodeks mot spreiing av ballistiske rakettar innan utgangen av 2002. Rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing, saman med avskrekking og forsvar, spelar ei avgjerande rolle i å sikre seg mot desse nye truslane og utfordringane. I denne samanhengen vert den moglege rolla til rakettforsvar aktivt vurdert etter som vi går vidare i konsultasjonane med USA i dette spørsmålet. I samband med dette gler vi oss over arbeidet som pågår i NATO om regionalt rakettforsvar.

  24. Når det gjeld Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen), helser vi velkommen erklæringa frå Den russiske føderasjonen i desember om at mengdene av materiell og utstyr no ligg innanfor avtala nivå. Vi oppmuntrar Russland til å auke samarbeidet med NATO slik at denne påstanden kan verifiserast snarast råd. Ratifikasjon av Den tilpassa avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa kan likevel ikkje komme på tale utan at alle avtalepartane oppfyller alle avtala grenser, og berre i pakt med tilsegnene i CFE-sluttakta. Vi oppmodar sterkt om ei snarleg løysing på uavklara spørsmål i samband med Istanbul-krava, mellom anna om Georgia og Moldova. Vi erkjenner verdien av CFE-avtalen som bidrag til tryggleik og stabilitet i Europa, og minner om at iverksetjing av den tilpassa CFE-avtalen vil gjere det mogleg for ikkje-CFE-statar å tiltre. Vi gler oss over at Avtalen om opne luftrom trådde i kraft 1. januar 2002.

  25. Vi takkar regjeringa på Island som har vore vertskap for dette møtet.

Fotnotar

1.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia med landets konstitusjonelle namn.

Til forsida