2 Samandrag
Denne meldinga set søkelyset på innhaldet og kvaliteten i omsorgstenestene. Økonomi, personell og infrastruktur vil vere viktige rammeføresetnader for å kunne gi god omsorg, men åleine er ikkje dette nok. Gode omsorgstenester har ikkje berre med kapasitet og strukturelle rammer å gjere. Verdiar, haldningar og kulturar i omsorgssektoren påverkar også kvaliteten på arbeidet som blir utført. Regjeringa ønskjer med denne meldinga å få til ein brei debatt om verdigrunnlaget for og innhaldet i omsorgstenestene.
I kapittel tre er omgrepet omsorg drøfta, både omfang gitt i offentleg regi, i familien, av vener, i nærmiljø og av frivillige. Det blir gjort greie for dei overordna verdiane som Regjeringa meiner bør gjelde for omsorgstenestene. I praksis er det knytt ei lang rekkje etiske dilemma til tenestene, som staten ikkje kan gå inn og gi eintydige og avklarte svar på. Prinsippet må vere at det er mottakarane av tenestene som så langt dei er i stand til det, sjølve skal medverke i forhold til korleis tenestene skal leggjast til rette. Stat og kommune bør likevel som arbeidsgivarar gi arbeidstakarane rom og fridom til å arbeide kontinuerleg med slike spørsmål, og leggje til rette for vegleiing, samtale og refleksjon i det daglege arbeidet. Dette krev møtestader og tilrettelegging både fysisk og når det gjeld organisasjonen. I tillegg må etiske problemstillingar vere sentrale i utdanningane til yrke i omsorgssektoren. Regjeringa meiner at dette må prege utviklinga av det framtidige tenestetilbodet, både når det gjeld organisasjon og infrastruktur, og det må spesielt sjåast på i høve til dei store satsingane som no er i gang i sektoren.
I kapittel fire, Kvalitet, er omtalt kva som er meint med god kvalitet, kvalitetsutvikling, tilsyn og kontroll. Vidare er det gitt eit oversyn over det vi veit om kvaliteten i omsorgstenestene i dag. Sjølv om forskarane ikkje har kome fram til tilfredsstillande kvalitetsmål i omsorgstenestene, meiner Regjeringa det likevel er naudsynt både for offentlege styresmakter, den enkelte tenestestad, tenestemotakaren og den enkelte tenesteytar å prøve å definere kvalitet og seie noko om kva god omsorg bør vere. Det er ikkje mogeleg å gi eit fullstendig oversyn over korleis kvaliteten i tenestene er i dag. Det er store variasjonar, og undersøkingar gir også eit motstridande inntrykk av tilstanden. På den eine sida skjer det mykje positivt i norske kommunar, på den andre sida er det framleis tilhøve som må rettast opp. Det vil vere ei viktig oppgåve framover å finne ut korleis kvaliteten på tenestetilbodet er, mellom anna gjennom årleg rapportering og brukarundersøkingar. Ulike tiltak som Regjeringa føreslår for å betre kvaliteten i tenestene er:
Oppfølging av høyringsnotatet om heimel i sosialtenestelova for kvalitetsforskrift, kommunal internkontrollplikt, statleg tilsyn med heimetenestene og omlegging til systemrevisjon med eventuelt forslag til lovendring.
Ei vurdering av å heimle kommunane si plikt til internkontroll i kommunehelsetenestelova.
Revidere rundskrivet om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta slik at ein får fram at den gjeld alle tenestemottakarar og heimetenestene.
Styrkje opplæring, rekruttering og kompetanse for saksbehandling. Innskjerpe saksbehandlingsreglane for tildeling av kommunale helse- og sosialtenester og utarbeide et tilbod om eit samla rettleiingsopplegg til kommunane for internkontroll og sakshandsaming (mellom anna enkeltvedtak og klagesakshandsaming).
Etablere eit statleg rådgivarprogram (liknande kvalitetsrådgivarprogrammet for helsetenesta) med vekt på utvikling av dei kommunale helse- og sosialtenestene og samordning og styrking av det statlege tilsynsarbeidet frå 2002.
Rettleiar om individuelle planar.
Kapittel fem omtalar trekk ved mottakarane av tenestene, utviklinga og status, og dei viktigaste utfordringane som vi står overfor. Felles for det vi kallar tenestemottakarar er at det er menneske med hjelpebehov av større eller mindre omfang, og som kommunane etter lovverket har plikt til å hjelpe. Hjelpebehovet og årsakene til dette varierer. Eldre, døyande, psykisk utviklingshemma, menneske med psykiske lidingar, fysisk funksjonshemma og rusmiddelmisbrukarar er karakteristika som blir brukte for å definere dei ulike gruppene som mottek hjelp.
Å yte omsorg er i Noreg i dag eit samspel mellom det offentlege, familien og dei frivillige. For å kunne møte utfordringane framover må alle desse framleis medverke på kvar sin måte og saman. Regjeringa ønskjer framleis å stimulere til frivillig innsats. Institusjonar som er drivne av frivillige organisasjonar skal framleis ha ei viktig rolle i det samla omsorgstenestetilbodet. Regjeringa vil også støtte opp om den nye typen av frivillig hjelp som har vakse fram dei seinare åra, der enkeltpersonar medverker til dømes i frivilligsentralane og eldresentra. Eit utviklingstrekk dei seinare åra er at det har kome private aktørar inn i omsorgssektoren, som kommunane kjøper tenester frå. Regjeringa vil oppfordre kommunane til å vere tilbakehaldne med dette. I staden bør dei møte utfordringane innan omsorgssektoren ved sjølve å ha ein medviten strategi med omsyn til utvikling av organisasjon, kvalitet og effektivisering. Kommunal drift er lettast å planleggje, og skaper stabilitet og ro for mottakarane og dei tilsette.
Utfordringane er store når det gjeld å kunne gi tenester med god kvalitet i åra som kjem. Dette skuldast både den venta auken i talet på personar over 80 år, og behovet for å utforme ei teneste som også kan møte eit auka ansvar for forskjellige mottakarar. Endringar når det gjeld den delen av befolkninga som bur åleine, helsetilstand og funksjonsnivå i heile befolkninga, og endringar i det førebyggjande arbeidet vil vere viktige for tenestebehovet framover. For å få betre kunnskap om utviklinga i tenestebehovet er det sett i gang eit arbeid for å kartleggje eldres helse. Vidare vil den teknologiske og faglege utviklinga kunne ha innverknad, samt endringar i dei forventningar befolkninga, fagfolk, mottakarar og pårørande har til det offentlege hjelpeapparatet, både med omsyn til organisering og omfang av tenester. Andre moment er eventuell endringar i familieomsorga og det frivillige arbeidet.
For å møte utfordringane med å gjere arbeidsplassane i helse- og sosialsektoren så meiningsfulle og interessante at dei tiltrekkjer ungdommen vil Regjeringa:
Gjennomføre ei rekrutteringskampanje over tre år der formålet m.a. er å auke rekrutteringa av unge til sektoren.
Betra utdanningsplanane.
Innføre ein eigen pris til gode omsorgskommunar.
Kapittel seks, Utforming av tenestene i åra som kjem, understrekar behovet for utvikling innan leiing og organisasjon, gode strategiar for å rekruttere og halde på personell, kvalitetsutvikling og kontroll, og haldningsskapande arbeid. Regjeringa meiner det er behov for ulike tiltak som kan vere med å utvikle tenestene. Særleg bør organisasjon og leiing og betre arbeidsmiljø i omsorgssektoren i kommunane stå sentralt og følgjande tiltak blir føreslått:
Auka fokus på organisasjon og leiing i helse- og sosialfag ved høgskulane.
Samarbeidsprosjekt om organisasjon og leiing mellom Sosial- og helsedepartementet og Kommunenes Sentralforbund (KS).
Utviklingsprogram retta mot arbeidsmiljø og helse i helse- og sosialtenestene.
Kapittel sju handlar om problemstillingar i forhold til enkelte grupper. For menneske med demens er utfordringane knytt både til det medisinske diagnostiserings- og behandlingstilbodet, oppbygging av eit godt fungerande hjelpeapparat ute i kommunane, hjelp og støtte til pårørande, og ikkje minst til rettstryggleiken for denne gruppa. Det er også eit behov for vidare forsking og utviklingsarbeid når det gjeld demente. Regjeringa føreslår ulike tiltak for å styrkje tilbodet til menneske med demens:
Oppretting av fleire demenstelefonar for pårørande og pårørandegrupper over heile landet.
Fleire kompetansehevande tiltak.
Lovregulere skadeavverging i naudsituasjonar som er tilpassa pleie- og omsorgstenestene og som byggjer på prinsippa i straffelova sine naudreglar.
Lovfeste den etiske omsorgsplikta.
Gi representasjonsreglar for tiltak der den demente ikkje motset seg tiltak.
Regulera bruk av alarmar og andre tekniske løysingar for å varsla om eller hindre ulykker og faresituasjonar.
Drøfta bruk av tilbakeholding/låsing og mekaniske tvangsmidlar i dei tilfella den demente manglar samtykkekompetanse og motset seg tiltaket.
Det tas sikte på å leggje fram konkrete forslag til lovreglar våren 2001 når det ligg føre resultat frå ei kartlegging som Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens utfører.
Regjeringa frårår bruk av overvakingssystem mot einskildpersonar.
Ei arbeidsgruppe nedsett av sosialministeren har levert tre delrapportar der tilbodet til alle grupper rusmiddelmisbrukarar er gjennomgått. Rapportane vart sende ut på ei brei høyring hausten 1999. Arbeidsgruppa sine konklusjonar i to av delrapportane (1 og 3) reiser fleire vanskelege faglege, økonomiske og juridiske problemstillingar. Desse problemstillingane krev ei grundig behandling, og Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med dette i ei eiga sak. I delrapport 2 har arbeidsgruppa hatt som mandat å vurdere tiltak for kvalitetssikring av hjelpe- og behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar. Regjeringa foreslår som oppfølging av denne rapporten følgjande tiltak:
Sikring av kvaliteten i behandlings- og rehabiliteringstiltak for rusmiddelmisbrukarar gjennom ei ny forskrift om kvalitet både i fylkeskommunale og kommunale tiltak. Forskrifta som er under arbeid vert heimla i § 7-14 i sosialtenestelova.
Omlegging av tilsynet med institusjonane for rusmiddelmisbrukarar.
Ikkje foreslå å innføre ei godkjenningsordning for døgntiltak.
Andre grupper som blir omtalt er menneske med psykiske lidingar, døyande og funksjonshemma. Kapittel 7 handlar også om spesielle spørsmål, som omsorgsarbeid ved kriser og katastrofar og den framtidige rolla til sjukeheimane. Sosial- og helsedepartementet har utgreidd spørsmålet om sjukeheimane og aldersheimane sine roller i framtida - sett i samanheng med mellom anna plassen til omsorgsbustadene. Utgreiinga er no sendt ut på ei brei høyring, og forslag til eventuelle endringar vil bli fremja etter at høyringa er over.
Kapittel 8 inneheld ein analyse av økonomiske og administrative konsekvensar. Meldinga inneheld forslag til tiltak som Regjeringa meiner vil medverke til å betre innhaldet og kvaliteten på tenestene. Dei budsjettmessige konsekvensane av t.d. forslag til lovendringar vil ein koma tilbake til i dei konkrete lovforslaga til Stortinget og vil bli følgt opp i dei ordinære budsjettprosessane.