3 Omsorg
Omsorg gis både i offentleg regi, i familien, av vener, i nærmiljøet og av frivillige. Meldinga fokuserer særleg på offentleg tenesteyting, men omsorgsarbeid som foregår mellom private personar i og/eller utanfor hushaldet, eller som skjer i regi av frivillige organisasjonar og gjennom marknaden blir også omtalt. Gode omsorgstenester har ikkje berre med kapasitet og strukturelle rammer å gjere. Verdiar, haldningar og kulturen i omsorgssektoren påverkar òg kvaliteten på arbeidet som blir utført. Brukarperspektivet må leggjast til grunn for tenestene. Dette inneber både at tenestene blir tilpassa det individuelle behovet hos den enkelte, at den enkelte har rett på informasjon som gir eit realistisk inntrykk av den hjelpa han eller ho kan få, og at den enkelte mottakar må kunne medverke med sin kunnskap om behov og mogelege løysingar.
3.1 Omsorg
Omgrepet omsorg er ikkje enkelt å definere og avgrense. Men sjølv om det er vanskeleg å seie eksakt kva det er, «veit vi» som oftast kva det dreiar seg om. Vi kjenner omsorga når vi møter den, og på same måten forstår vi intuitivt kva omsorg ikkje er. Omsorg er både eit kvardagsleg ord og eit fagleg analytisk omgrep som dekkjer ein mangfaldig praksis i mange ulike sosiale samanhengar, som i familien, av offentlege tenester, av vener, i nærmiljø og av frivillige. Omgrepet er komplekst, omfattande og uklart, og innhaldet varierer. I tillegg til å beskrive ei verksemd står omgrepet omsorg for eit ideal, ein intensjon om å ha omtanke for og syte for nokon. Omsorgsomgrepet kan altså sjåast på som eit ideologisk, verdiladd og normativt omgrep som forpliktar med tanke på korleis omsorga bør utførast. At vi til dømes snakkar om eldreomsorg og ikkje om eldrehjelp, er uttrykk for ein ambisjon om å leve opp til eit ideal om ikkje å redusere omsorg berre til instrumentelle oppgåver. Omsorgsomgrepet inneheld fleire dimensjonar og sider, i følgje Martha Szebehely (1996), og det seier noko om:
kva (arbeidet) som blir gjort
relasjonen mellom dei involverte partane
kvaliteten i det utførte arbeidet
Omsorg er både eit arbeid, hjelp som blir gitt i ulike situasjonar, ein tilstand som oppstår i møtet mellom menneske og ein kvalitet i arbeidet som blir gjort. Omsorg skjer i ein relasjon mellom to eller fleire personar der den eine har personleg omtanke for, og vil syte for å hjelpe den eller dei andre. Ein studie av kvalitet i eldreomsorga viser til dømes at den personlege relasjonen mellom tenesteytar og tenestemottakar er svært viktig for korleis mottakaren vurderer omsorga (Rønning 1994). Omsorg handlar om å vere til stades, bry seg om, forstå, vise medkjensle, ømheit - alt dette omsett i praksis. I tillegg må respekt framhevast. Tenesteutøvarane sine haldningar til tenestemottakarane har mykje å seie for den omsorga som blir gitt. Kvaliteten i relasjonar mellom menneske treng ikkje vere det same som kvaliteten i det utførte arbeidet. Sjølv om den personlege relasjonen er viktig, er ikkje det å «vere likandes» det einaste som har noko å seie. Dugleik - oppfatninga av at tenesteytarane kan jobben sin - blir av mange mottakarar sett på som basiskompetansen. Eit omsorgsfullt utført arbeid er altså handlingar som blir utførte på ein engasjert og ein fagleg kunnig måte.
3.2 Omsorgstenester
Med omsorgstenester meiner vi i denne samanhengen tenester som til dømes heimesjukepleie, heimehjelp og anna praktisk hjelp, sjukeheimar og aldersheimar. Dette er døme på tenester som ofte er kalla pleie- og omsorgstenester. Mange tek også imot andre tenester for å dekkje omsorgsbehov og hjelp til eit mest mogeleg sjølvstendig og meiningsfylt liv, som til dømes brukarstyrt personleg assistanse, støttekontakt, avlastingstiltak, tilbod om fritidsassistent, heimkonsulent og personleg vegleiing. Desse tenestene er til dels forankra i sosialtenestelova og dels i kommunehelsetenestelova. Tenestene er retta mot ulike grupper som treng hjelp. Døme på hjelp er stell, pleie, tilsyn og praktisk hjelp, opplæring til daglege gjeremål, hjelp til meistring av ein vanskeleg livssituasjon, liding og sjukdom og sorg, tilrettelegging av miljø, nettverksarbeid og førebygging.
Mottakarar av omsorgstenester i kommunane og innhaldet i tenestene har endra seg over tid. Det har kome til nye og yngre mottakargrupper, og preferansane hos tradisjonelle mottakargrupper har endra seg. Dette gjer at omsorgstenestene må imøtekome andre behov og ønskjer enn dei som tidlegare har vore i fokus. For mange mottakarar vil omsorgstenestene ha mykje å seie for å kunne få eller oppretthalde eit aktivt, meiningsfylt og sjølvstendig liv. Dette føreset tenester som medverkar til at den enkelte opplever kontroll over eigen livssituasjon, og som stimulerer til deltaking. Av NOU 1998:18 om styrking av arbeidet med folkehelsa framgår det at å delta i, påverke og ha innverknad på utforminga av samfunnet i seg sjølv er eit helsegode. Det er viktig at «svake grupper» både blant unge og vaksne, får ta del i dette. Låg sjølvkjensle, apati, kjensle av maktesløyse og manglande deltaking i samfunnet er mellom dei problem mange mottakarar opplever.
3.3 Verdiar og verdival
I Voksenåserklæringa som Regjeringa har tufta sin politikk på, er det lagt vekt på eit solidarisk og humant samfunn der menneske tek omsorg for kvarandre og dei svakaste. Ein viktig dimensjon i dette er menneskeverdet. Alle, inkludert dei som er avhengige av å få hjelp av andre, er like mykje verd. Omsorgstenestene skal i størst mogeleg grad dekkje dei grunnleggjande behov hos mottakarane, og dermed medverke til å gi den enkelte eit best mogeleg liv. Behov eller dimensjonar som blir sett på som sentrale for velferd og livskvalitet hos dei fleste menneske er:
grunnleggjande fysiologiske behov
helse
tryggleik
sjølvstende, meistring av eigen kvardag, styring av eige liv
respekt, individualitet, privatliv
fellesskap/det å høyre til
aktivitet
valfridom/fleksibilitet
I denne meldinga er det særleg fokusert på kvaliteten i relasjonen mellom tenesteytar og tenestemottakar og i omsorga som blir gitt. Ei sentral målsetjing for det offentlege vil vere å leggje til rette for at tenesteytarar blir i stand til å yte ei kvalitativt god omsorg ut frå behovet til mottakaren. Opplæring, utbygging og organisering av tenestetilbodet må leggjast opp med utgangspunkt i dette. Verdiar som er grunnleggjande for alle tenestene er:
tryggleik
respekt
individuelle omsyn og valfridom
medverknad
fagleg god kvalitet
Blir desse prinsippa oppfylte vil det leggje grunnlaget for kvalitet i tenestene.
Med tryggleik er meint at alle som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve, eller som er heilt avhengige av praktisk, personleg hjelp eller pleie for å greie gjeremåla i dagleglivet, skal kjenne seg sikre på at dei får hjelp. Det inneber også at den som tek imot tenestene kjenner seg trygg i møtet og samhandlinga med hjelpeapparatet og dei som utøver tenestene. Dei som treng hjelp, og deira pårørande, må vite kvar og til kven dei skal vende seg, og kva tilbod og avgrensingar som ligg i tenestene.
Respekt dreier seg om å ha visse grunnleggjande haldningar til andre menneske. Kvart enkelt menneske har i vårt samfunn eit ukrenkeleg verde. Alle har krav på vern om og respekt for sin integritet uavhengig av etnisk bakgrunn, hudfarge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller andre meiningar, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, funksjonsevne eller andre tilhøve. Det å vise respekt må kome til uttrykk på måtar som gjer at den enkelte kjenner aksept av seg sjølv og sitt eige verde. Regjeringa legg til grunn at tenestene må byggje på respekt for den personlege integriteten og eigenverdet, og så langt som råd er for livsførselen til det enkelte mennesket. Dette inneber mellom anna å vise respekt for mottakaren sine verdiar og vanar, uansett eige livssyn og personlege oppfatningar. Det inneber også å respektere det behov mottakaren har for privatliv og for å kunne styre eigen kvardag.
Den enkelte mottakaren av tenester er unik. Det må i størst mogeleg grad takast individuelle omsyn både ved utforming av tilbod og i den daglege omgang med tenestemottakaren. Behova til ein ung funksjonshemma vil til dømes vere annleis enn behova til ein eldre innvandrar, eller ein rusmiddelmisbrukar. Mottakaren skal alltid takast med på råd når det gjeld val, planlegging, utforming og endring av tenestetilbodet.
Den enkelte mottakar må få høve til å ha eit mest mogeleg sjølvbestemt liv, også i ein periode med sterkt omsorgsbehov. Mange personar krev i dag større valfridom og at også offentlege tenestetilbod blir betre tilpassa individuelle ønskjer og behov. Regjeringa vil framheve at den enkelte må få størst mogeleg rom for val i den daglege omsorga.
Då kunnskapen er for dårleg, veit vi ikkje sikkert om auka valfridom kan føre til uønskte forskjellar i tenestetilbodet. Det er store utfordringar knytt til det å utvikle omsorgstenestene slik at dei både gir eit forsvarleg tenestetilbod til alle som treng det, samstundes som det også blir gitt rom for den enkelte til å påverke utforminga av det konkrete tenestetilbodet i sitt tilfelle.
Alle menneske har rett til å bestemme over forhold som gjeld dei sjølve. Med medverknad er meint at mottakarar av tenester får innsyn og innverknad på hjelpetilbodet gjennom eit samarbeid med dei som yter hjelp. Medverknad kan også fremje meistring. Det handlar om å minske kjensla av avmakt og av å vere avhengig, mobilisere ressursane i mennesket og leggje til rette for at tenestemottakarane sjølve kan ta kontroll og vinne tilbake styringa over eigne liv. Samstundes er medverknad ein metode for kvalitetssikring av tenester og avgjerder.
I enkelte situasjonar vil mottakarar av helse- og sosialtenester oppleve å ikkje ha føresetnader eller kompetanse til å gjere eigne val, anten fordi helsetilstanden ikkje tillet det, eller også fordi den enkelte ikkje heilt ser konsekvensane av dei val som blir gjort. I slike situasjonar er det spesielt viktig at mottakarar og pårørande blir informerte om konsekvensane av dei val som blir gjort. Tenesteytarane må så langt som råd er prøve å ta den andre sitt perspektiv og søkje å kompensere for den manglande evna mottakaren har til å formidle eigne preferansar og behov.
Tenesteytaren har eit ansvar for at tenestene blir utøvd i samsvar med aksepterte faglege normer. Kravet om fagleg forsvarleg verksemd har tradisjonelt stått sentralt i den norske helselovgivinga. Dette blir vidareført gjennom dei nye helsetenestelovene som Stortinget vedtok våren 1999. I sosialkomiteen si innstilling til helsepersonellova, (Innst. O.nr.58 (1998-99)), blir det peikt på at kravet til forsvarleg verksemd inneber ei plikt for alt helsepersonell til å halde seg innan sitt fagområde og ikkje gå ut over sine faglege kvalifikasjonar. Ei fagleg forsvarleg verksemd gir tryggleik for dei som tek imot tenesta. Kunnskapsgrunnlaget som ein skal byggje den faglege aktiviteten på i omsorgstenestene er knytt til dei kunnskapstradisjonane dei ulike yrkesgruppene har. Kunnskapsgrunnlaget skal både byggje på tradisjonar og praksis i dei ulike faga og det best mogeleg teoretiske grunnlaget som finst til ei kvar tid.
Anten den som treng hjelp lever i eigen heim eller i ein heim «borte», stiller det krav til den etiske praksisen hos personar som skal trå over dørstokken til den andre, anten det er profesjonelle eller ufaglærte som skal inn til den som treng hjelp for å gjere reint eller utføre andre praktiske oppgåver. Gode haldningar blant dei som arbeider i helse- og sosialtenestene er heilt avgjerande for kvaliteten på omsorga som blir gitt. Å møte den hjelpetrengjande som medmenneske er den største og viktigaste etiske utfordringa. For å klare det må hjelparen vite noko om mennesket bak rolla som avhengig, og om dei rammevilkåra dette mennesket lever under.
Kommunen har som arbeidsgjevar ansvar for vegleiing og kompetanseheving. Dette inneber at dei tilsette i sektoren har rom for å ta dei nødvendige etiske diskusjonane. Det offentlege skal ha ansvaret for rammene for ei god omsorg, både når det gjeld ressursar og i forhold til lov- og regelverk. Samstundes er det i alle yrke og innan alle arbeidsområde der ein arbeider med menneske i ein hjelpesøkjande eller hjelpetrengjande situasjon, naudsynt å tenke gjennom korleis arbeidet som blir utført verkar inn på den enkelte mottakar og å ta godt nok omsyn til mottakaren sine ønskjer. Dei fleste yrkesgruppene innan helse- og sosialsektoren har utvikla yrkesetiske retningslinjer, og uttrykkjer sin eigen yrkesetikk med yrkesetiske utval og mogelege sanksjonar ved brot på reglane. Dette gir likevel ikkje yrkesutøvaren ein fasit på bestemte handlingsval. Yrkesutøvaren må sjølv finne løysingane innanfor rammene av vedtekne lover og forskrifter og dei verdiane yrkesgruppa har slutta seg til.
Boks 3.1 Utprøving av refleksjonsgrupper ved Ilen Menighets Sykehjem, Trondheim
Ved Ilen Menighets Sykehjem i Trondheim vart det i 1999 gjennomført eit prosjekt med ei praktisk utprøving av refleksjonsgrupper. Prosjektet vart sett i gang fordi det var eit ønskje om at leiarar og det utøvande personalet i sjukeheimar skulle setje tema som haldningar, overgrep, tvang og krenkingar på dagsorden. Det å bli medviten eigne og andre sine haldningar, og auke fokus på mogelege og faktiske overgrep, vart sett på som ein naudsynt start for å betre kvardagen for dei som bur i sjukeheimar. For å endre rutinar i sjukeheimar vart det også sett på som viktig å vere medviten om korleis enkelte rutinar kan fremje eller hemme overgrep og krenkingar. Trondheim kommune ønskte difor m.a. å få utarbeidd eit opplegg med refleksjonsgrupper som kan gjennomførast i alle eldreinstitusjonar i Trondheim. Erfaringar frå prosjektet viser at gruppedeltakarane har teke med seg noko av det dei har jobba med i gruppene tilbake til avdelingane. Tema frå samlingane har mellom anna blitt diskuterte i avdelingsmøte. Det har i ettertid blitt arrangert ein kursdag med «endring av rutinar i sjukeheim» som tema. Vidare vart det nedsett arbeidsgrupper med konkrete arbeidsmål for hausten 1999 og år 2000. Arbeidet med å gjere personalet medvite om eigne handlingar og haldningar blir difor vidareført ved å fokusere på endring av eiga åtferd og å innarbeide rutinar i sjukeheimar.
1990 åra er blitt kalla etikken sitt tiår. Stadig fleire grupper er opptekne av å stake ut ei retning og eit verdigrunnlag for dei oppgåvene dei er sette til å løyse. I helse- og sosialsektoren der det oppstår mange verdival, synest det som om behovet for å utvikle god yrkes- og fagetikk er svært stort. Etikk må også liggje til grunn for yrkesgrupper som ikkje har utvikla eigne etiske retningsliner. Det er i dag 25-28 000 ufaglærte innan omsorgstenestene. Gode haldningar og etisk medvit blant desse er sjølvsagt like viktig som for andre som arbeider i sektoren. Både faglærte og ufaglærte har behov for auka medvit og opplæring for å sikre god kvalitet på tenestene og respekt for integriteten til mottakarane.
I følgje Lingås (1996) er det meir treffande å snakke om områdeetikk for eit bestemt arbeidsfelt enn yrkesetikk for ufaglærte. Eit døme er heile det feltet som handlar om å utføre omsorgsoppgåver i andre sin heim, og som er eit område der ein møter spesifikke etiske utfordringar. Arbeidet med etiske problemstillingar gjer at fagforeiningane får ei meiningsfull oppgåve med å halde oppe den faglege standarden blant medlemene sine. Dette kan vere ei utfordring framover for fagforbund som organiserer ufaglærte i denne sektoren.
Dei mest utbreidde etiske retningslinene som finst i helse- og sosialsektoren ber preg av påverknaden frå den tradisjonelle legeetikken. Det er tre viktige kjenneteikn ved slike retningsliner. Det eine er verdigrunnlaget som vektlegg demokratiske og humanistiske prinsipp og som set mennesket i sentrum. Det andre er at arbeidsfeltet blir avgrensa og beskrive. Det tredje er at normative reglar klargjer korleis den tilsette skal gå fram i høve til den hjelpetrengjande, sine kollegaer, profesjonen, arbeidsgivaren, samarbeidspartnarane og samfunnet. Ein gjennomgang av yrkesetiske retningsliner for ulike profesjonar viser at ei rekkje aspekt går igjen (Strengehagenutvalet 1994). Dette gjeld særleg respekt for eigenverdet til det enkelte mennesket, vern om fortrulege opplysningar, informasjon til klientar og pårørande, vern i forhold til uforsvarleg praksis, og plikt til å halde sine kunnskapar ved like og fornye dei.
3.4 Etiske dilemma
Det er i praksis ei lang rekkje etiske dilemma knytt til omsorgstenestene. Dette er ikkje eit område der staten kan gå inn og gi eintydige og avklarte svar. Utøvarane av tenestene må heile tida gjere løpande vurderingar av kva omsyn som skal vege tyngst. I stor grad handlar dette om fornuft. Stat og kommune kan likevel som arbeidsgivarar gi arbeidstakarane rom og fridom til å arbeide kontinuerleg med slike spørsmål, og leggje til rette for vegleiing, samtale og refleksjon i det daglege arbeidet. Dette krev både møtestader og tilrettelegging fysisk og organisatorisk. I tillegg må etiske problemstillingar vere sentrale i utdanningane til yrke i sektoren. Regjeringa meiner at dette må prege utviklinga av tenestetilbodet i framtida, både når det gjeld organisasjon og bygningar. Dette må takast spesielt omsyn til i samband med dei store satsingane som no er i gang i sektoren, gjennom handlingsplanen for eldreomsorga og opptrappingsplanen for psykisk helse.
Å bry seg - utan å kome i konflikt med retten til å bestemme sjølv
Ein tenesteytar som gir god omsorg prøver å sjå hjelpebehova ut frå mottakaren sin ståstad, utan å utslette seg sjølv. Ho eller han har evne til å setje grenser når det er naudsynt. For å kunne oppfatte tenestemottakarane sine behov må tenesteutøvaren vere sensitiv og ha evne til innleving og til å oppfatte den andre personen ut frå dei føresetnader denne har. I nokre tilfelle vil likevel givarar og mottakarar vere usamde i om hjelp er naudsynt, om kva type hjelp som er passande og om kva omfang som trengst. Døme på dette kan vere i situasjonar der ein rusmiddelmisbrukar eller ein aldersdement oppfattar omsorga som inngrep og restriksjonar. Ho eller han kan vere djupt usamd i og også reagere aggressivt på innblanding. Det kan i fleire tilfelle vere problematisk å fastsetje kvar grensa mellom «legitim» omsorg og tvang og formynderi går. Dette er ein balansegang i eit vanskeleg etisk farvatn, der grensa mellom overgrep, formynderi og skadeleg ettergivnad heile tida må gåast etter. Spørsmålet må stadig stillast på nytt. Dette er eitt av dei dilemma omsorgsarbeidarar alltid vil måtte leve med, og som krev medvit i heile hjelpeapparatet.
Respekt for integriteten til tenestemottakaren og ulikskap i makt
Det er i utgangspunktet eit asymmetrisk forhold mellom den som gir tenester og den som tek imot. Mottakaren er avhengig av hjelpeapparatet og tenesteytaren. Grad av asymmetri og kor avhengig mottakaren er varierer og kan vere svært ulikt, til dømes for ein som bur på sjukeheim og ein som tek imot tenester heime. Det er hjelpeapparatet som definerer behovet for hjelp, og som tildeler og gir hjelpa. Den som yter omsorgsarbeid vil ha mest makt og innverknad på relasjonen, men dette inneber ikkje at all makt er hos hjelparen, og at mottakaren berre er i ein posisjon av avmakt. Mottakaren kan medverke med både positive og negative reaksjonar, og nytte seg av støttepersonar med makt som har kompetanse og innverknad på systemet.
Til trass for at omsorgsrelasjonar er asymmetriske i utgangspunktet, viser studiar at det kan etablerast relasjonar som mottakarane kan oppfatte som jamstelte. Det beste målet på kvalitet, og i denne samanheng jamstelling, er korleis mottakaren oppfattar relasjonen til tenesteutøvaren. Jamstelte relasjonar er kjenneteikna av at begge partar viser respekt for kvarandre, og at tenesteytaren er open og viser interesse for mottakaren som «heil» person. I desse relasjonane kjenner også mottakaren at ho eller han har noko å gi (Helset 1993).
Sjølvstende (autonomi) versus det å vere avhengig
Tenestene skal møte behova både til dei som treng å bli tekne vare på og til dei som treng hjelp, men som samstundes ønskjer sjølvstende. For dei sistnemnde kan det å bli mest mogeleg aktiv og sjølvhjelpen auke velnøyet og sjølvrespekten. Det å ta vare på sjølvstende kan kome i konflikt med det å vere avhengig, men det treng ikkje vere nokon motsetnad mellom det «å bli teken vare på» og det å skape optimale føresetnader for eit sjølvstendig liv. Ikkje alle kan eller ønskjer å vere sjølvstendige, aktive, medverkande, eller å kunne velje. Det kan til dømes vere stor forskjell i behovet for eigenaktivitet hos ein ung funksjonshemma og ein eldre hjelpetrengjande som helst ønskjer å bli teken vare på. Idealet om autonomi kan likevel innebere ein fare for at ein overvurderer graden av sjølvhjelp hos dei mest hjelpetrengjande. Ufrivillig aktivitet kan vere like uheldig som ufrivillig mangel på aktivitet. I omsorgssituasjonar kan mottakaren bli audmjuka både om graden av sjølvhjelp blir undervurdert og om den blir overvurdert. Det krevst både kunnskap og profesjonalitet, nærleik og evne til innleving frå tenesteutøvaren si side for å kunne vurdere situasjonen rett.
Individuelle omsyn - utan å bryte tenesteytarane sine rettar
Det kan oppstå spenningar og konfliktar mellom idealet om å ta individuelle omsyn i den tenesta som blir ytt og omsynet til tenesteytarane sine rettar som arbeidstakarar. Individuelle omsyn kan òg kome i konflikt med tenesteytarane sin fridom til å nytte sin kompetanse og sin kunnskap basert på erfaring til beste for mottakaren. Balansegangen mellom å ta individuelle omsyn, samstundes som den enkelte tenesteytar sine rettar og faglege kunnskap skal takast vare på, kan vere vanskeleg. Faren med tenesteytarar som strekkjer seg for langt, er at dei risikerer å bli utslitne og utbrende. Arbeidsgivaren har eit ansvar for løpande å vurdere situasjonen i samråd med dei tilsette. Med regelmessig fagleg vegleiing kan tenesteytaren stå betre rusta til å gjere prioriteringar og kommunisere desse til tenestemottakaren. Den enkelte mottakar av tenestene har også eit ansvar for ikkje å stille umenneskelege krav til tenesteytarane.
Omsorg eller service?
Mottakarane av tenestene er ulike. Nokre grupper av mottakarar ønskjer at omsorga som blir ytt skal ha eit preg av service eller assistanse. Til dømes ønskjer ikkje autonome og ofte ressurssterke funksjonshemma alltid å motta omsorg. Dei vil ha eigne, veldefinerte, klare og avgrensa tenester, og ønskjer ikkje at den som utfører tenesta også dreg omsorg for dei. Det er difor viktig at tenestene tek utgangspunkt i det behovet den enkelte har. Dei må ha som mål å dekkje omsorgsbehova til dei mottakarane som ønskjer og treng noko meir enn instrumentelle tenester, samstundes som det må bli respektert at andre mottakarar vil ha omsorg med eit servicepreg.
3.5 Rettstryggleik
I den offentlege debatten er det ofte blitt hevda at enkelte mottakarar av helse- og sosialtenester, mellom anna demente, manglar rettstryggleik. Samstundes blir det lagt ulikt innhald i omgrepet. «Rettstryggleik» har ingen eintydig definisjon i juridisk språkbruk. I forvaltningsretten gjeld omgrepet tradisjonelt sett verkemiddel som skal sikre at den enkelte får oppfylt dei rettar han eller ho har i forhold til det offentlege. Det er ikkje noko skarpt skilje mellom rettslege og utanomrettslege verkemiddel. Omgrepet «rettstryggleik» rettar seg i hovudsak mot rettsreglar og ressursar (økonomi, personell, kompetanse). I moderne teori opererer enkelte med eit meir utvida omgrep for rettstryggleik, der også generelle, materielle rettar, fordeling av gode m.v. er omfatta av omgrepet.
Omgrepet blir ofte delt inn i to underomgrep, «rettstryggleikskrav» og «rettstryggleiksgarantiar». Med rettstryggleikskrav blir det sikta til normer som sikrar gode og rette avgjerder i forvaltninga (materielle reglar). Ei rett avgjerd er kjenneteikna av at den er i pakt med gjeldande regelverk, under dette i tråd med intensjonane til lovgivaren. Ei rett avgjerd er også kjenneteikna av at resultatet er godt, dvs. at avgjerda medverkar til å fremje livskvalitet og menneskeverd. Eskeland (1989) framhevar at det er respekten for menneskeverdet som utgjer kjernen i omgrepet rettstryggleik. Med garantiar for rettstryggleik er meint normer for korleis ein kan sikre at rettstryggleikskrava blir ein realitet (saksbehandlingsreglar, tilsyn og kontroll). Ein rettstryggleiksgaranti er eit rettsleg verkemiddel som siktar mot å realisere rettstryggleikskrava.
Rettsreglar som verkemiddel
Rettsreglar kan gjevast som lov eller forskrift. Reglane kan gi borgarane nye materielle rettar eller plikter, men dei kan også regulere ansvarsdelinga mellom forvaltningsnivå, eller gi pålegg om prosedyrar for saksbehandling, tilsyns- og kontrollordningar m.m.
Endra eller nye reglar kan påverke åtferda til administrasjonen og tenesteytarane. På lengre sikt kan reglane påverke ikkje berre åtferda, men også haldningar og verdisyn.
I tillegg til rettsreglar er det naudsynt med andre verkemiddel for å betre rettstryggleiken, t. d. god tilrettelegging av omgjevnadene, god kvalitet på tenestetilbodet, gode haldningar, god organisering av tenestetilbodet og tilstrekkeleg personell og kompetanse.
Rettstryggleikskrav
Rettsreglane skal medverke til å sikre at den som har behov for helse- og sosialtenester får dei tenestene han eller ho har krav på. Alle som har behov for hjelp, skal få eit forsvarleg tilbod. Personar med likearta behov skal få eit mest mogeleg likeverdig tilbod.
Det følgjer av det alminnelege legalitetsprinsippet at inngrep i «borgernes rettssfære», under dette krenking av integriteten, krev heimel i lov dersom det ikkje finst anna rettsgrunnlag. Legalitetsprinsippet krev også heimel for avgrensingar av rettar som helse- og sosialtenesta må gjennomføre for å sikre at behovet for omsorgstenester og tryggleik er dekt.
I tillegg til lovheimel kan samtykke gi godt nok rettsgrunnlag, men det vil i nokre tilfelle der det er snakk om mental svekking vere lite aktuelt. For enkelte personar med psykisk utviklingshemming er det i lov om sosiale tenester kapittel 6A nyleg gitt heimel for tvangsinngrep der andre tiltak ikkje fører fram. I tillegg har kapittel 6 i sosialtenestelova reglar om bruk av tvang overfor rusmisbrukarar. For andre grupper finst det i dag innan omsorgssektoren ingen lovreglar som direkte regulerer bruk av tvang og andre avgrensingar av rettar. Spørsmål om bruk av tvang og avgrensingar av rettar for demente er nærare omtalt i kapittel 7.
Regjeringa vil vise til at Stortinget våren 1999 vedtok lov om å styrkje menneskerettane si stilling i norsk rett (menneskerettslova). Den europeiske menneskerettskonvensjonen, FN-konvensjonane om sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, gjeld som norsk lov. Vedtaket er eit uttrykk for at staten ønskjer å gjere menneskerettane meir tydelege i norsk rett. Det er difor nødvendig med betre samsvar mellom regelverket innan helse- og sosialretten og menneskerettane.
Rettstryggleiksgarantiar
Rettstryggleiksgarantiar er viktige for å sikre at dei materielle reglane blir følgde. Dette kan vere saksbehandlingsreglar som tenesteytarane skal følgje når det blir fatta enkeltvedtak, eller at mottakarane skal ha høve til å klage på tenestene dersom dei meiner tenesteytaren har gjort feil. Reglane bør vere enkle å forstå og mogelege å etterleve i det daglege arbeidet.
Det må også liggje føre eit overordna system for tilsyn og kontroll uavhengig av at den enkelte mottakar må fremje ei formell klage.