CPA | Content Provider Access. Tilgangsplattform til mobilnettet for innholdsleverandør. |
CEPT | Den europeiske telekonferanse, organisasjon for faglig samarbeid opprettet av de europeiske post- og telemyndigheiter. CEPT har i dag 44 europeiske land som medlemmer. |
DCS 1800 | Digital Cellular System. Europeisk mobiltelefontjeneste (tilsvarande GSM) i frekvensbandet 1800 MHz. |
EDGE | Enhanced Data rates for Global Evolution. System for å tilby høgare overføringskapasitet i GSM-nettet. |
ex-ante | Ex-ante regulering inneber korrigering av åtferda før misbruk har funne stad, dvs åtferda vert normert gjennom eit sett av regler i forkant. |
ex post | Ex-post regulering inneber at bruken av verkemidla vert vurdert i ettertid, dvs. det vert konstantert at misbruk av dominerande markedsmakt har funne stad, og verkemidlar vert nytta for å korrigere åtferda. |
GSM | Global System for Mobile Communications. Felles europeisk digitalt mobiltelefonsystem, gjerne omtalt som andre generasjons system for mobilkommunikasjon. |
GPRS | General Packet Radio Services. System for å tilby høgare overføringskapasitet i GSM-nettet. |
HSCSD | High Speed Circuit Switched Data. System for å tilby høgare overføringshastigheiter i GSM-nettet. |
ICNIRP | International Commission on Non-Ionozing Radiation Protection |
ITU | Den Internasjonale Teleunion |
MVNO | Mobile Virtual Network Operator. Nemninga på ein aktør som ikkje har eige radionett, men som har alle tekniske system som er naudsynt for samtrafikk og roaming med andre nettoperatørar. |
NMT | NMT er forkorting av Nordic Mobile Telephone Network, og er eit mobiltelefonsystem standardisert innenfor Nordtel. Systemet vert gjerne omtalt som første generasjons mobilkommunikasjonssystem. Er å finne i to ulike variantar: NMT 900 og NMT 450 |
Originering | Samtrafikktenesta som fører samtalen frå ein abonnent tilknytta ein teletilbyder til samtrafikkpunkt mot ein annan teletilbyder. |
Roaming | Vert nytta som omgrep for avtalar mellom tilbydere av mobilnett om bruk av kvarandre sine nett. |
Samtrafikk | Utveksling av trafikk mellom teleoperatører slik at abonnentar i forskjellige nett kan kommunisere med kvarandre. |
SAR | Spesific energy Absoption Rate. Retningsliner som fastset grenseverdiar for maksimal energiabsorpsjon i kroppsvevet. |
SMS | Short Message System. Korte beskjeder som sendes til GSM terminalar. |
Terminering | Samtrafikktenesta som fører samtalen frå samtrafikkpunkt mellom to teletilbydere til ein abonnent tilknytta teletilbyderen på den sida som tek imot. |
UMTS | Universal Mobile Telecommunications System, er nemninga på ein felles europeisk standard for eit tredje generasjons mobilkommunikasjonssystem. I tillegg til å overføre tale og data, vil UMTS gjere det mogleg å sende å motta bilder, grafikk og video over mobiltelefon. |