1 Saker behandla av Finansdepartementet i 1999 etter finansieringsverksemdslova, forsikringsverksemdslova, banklovene og enkelte andre lover
Oversikta gir opplysning om søkjar, vedtak, heimel, dato, saksnummer og om det er stilt vilkår. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.
Forkortingar:
finl. - lov 10. juni 1988 nr. 40 «Om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» forsl. - lov 10. juni 1988 nr. 39 «Om forsikringsvirksomhet» spbl. - lov 24. mai 1961 nr. 1 «Om sparebanker» fbl. - lov 24. mai 1961 nr. 2 «Om forretningsbanker» ktl. - lov 7. desember 1956 nr. 1 «Om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskaper og verdipapirhandel m.v. (Kredittilsynet)» vphl. - lov 19. juni 1997 nr. 79 «Om verdipapirhandel» fvl. - lov 10. februar 1967 «Om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)»
Løyve til å drive forsikringsverksemd og endring av vilkår
Kor mange: 4
27.4.1999 - 98/5923
Postbanken BA - Løyve til at Postbanken Livsforsikring AS kan drive livsforsikringsverksemd innanfor livsforsikringsklasse I og til etablering av Postbanken Forsikring AS som eit morselskap som berre skal forvalte sine eigarinteresser i Postbanken Livsforsikring AS. Løyve til at Postbanken BA kan eige alle aksjane i Postbanken Forsikring AS, og at Postbanken Forsikring AS kan eige alle aksjane i Postbanken Livsforsikring AS. Godkjenning av organiseringa. Samtykke til identisk kontrollkomité. Vilkår.
Heimel: forsl. § 2-1 jf. forskrift 18.9.1995 nr. 797, finl. §§ 2a-3(1)(2), 2a-6(2), 2a-7, 2a-11(4).
29.4.1999 - 98/1647
Oslo Kommunale Pensjonskasse og Oslo kommune - Delvis omgjering av Kredittilsynet sitt vedtak om dagmulkt for Oslo Kommunale Pensjonskasse. Dagmulkta blir rekna frå 7. mai og blei redusert frå 100 000 kroner til 50 000 kroner inntil Finansdepartementet har motteke søknad om løyve til at Oslo kommune etablerer livsforsikringsselskap eller kommunen etterkjem Kredittilsynet sitt pålegg.
Heimel: pensjonskasseforskrifta §§ 5, 21, 24, 33, ktl. § 4 nr. 9, § 10(2).
24.6.1999 - 99/46
Storebrand Livsforsikring AS - Avslag på klage frå Storebrand Livsforsikring AS over Kredittilsynet sitt vedtak om å endre vilkåra for selskapet sitt kapitaliseringsprodukt.
Heimel: ktl. § 4 nr. 9, jf. forsl. § 7-7, forsl. § 8-1(1).
5.8.1999 - 99/3462
Norsk Energiverk Forsikring AS - Endring av konsesjonsvilkår slik at to tidlegare ilagde vilkår blir oppheva for Norsk Energiverk Forsikring AS.
Heimel: fvl. § 35(1), forsl. § 2-1, jf. forskrift 18.9.1995 nr. 797, § 13-8(1).
Løyve til å drive finansieringsverksemd - endring av vilkår
Kor mange: 7
15.1.1999 - 98/9435
NetCom GSM AS - Avslag på søknad om unntak frå finansieringsverksemdslova for produktet «NetCom finansiering». Uttala at den planlagde finansieringsverksemda ikkje vil falle inn under unntaket for seljarkreditt i finansieringsverksemdslova.
Heimel: finl. § 1-2(1), § 1-3(2).
4.3.1999 - 99/817
Spectra Holding SA og Spectra Kapitalforvaltning AB - Løyve til at Spectra Finans AS kan drive finansieringsverksemd. Spectra Finans AS får unntak frå reglane i finansieringsverksemdslova.
Heimel: finl. § 3-3(4), § 1-3(2).
23.3.1999 - 98/9411
OBOS - Løyve til at OBOS kan danne finanskonsern og drive verksemd som finansieringsføretak, og til at det kan organiserast som andelslag. Godkjenning av organisering og dispensasjon frå ei rekkje føresegner i finansieringsverksemdslova. Løyve til at OBOS kan eige alle aksjane i Hammerborg Finansieringsservice AS.
Heimel: finl. § 3-3(1)(5), § 2a-3(2),§ 2a-6, § 3-2, § 1-3, § 2-2(1)(2).
3.6.1999 - 99/2408
Telenor Mobil AS - Løyve til at Telenor Mobil AS kan drive finansieringsverksemd i tilknyting til tenesta «Mammon» (forskotsbetaling av kjøp med mobiltelefon) og dispensasjon frå finansieringsverksemdslova. Vilkår.
Heimel: finl. § 1-3(2), § 3-3(4).
4.6.1999 - 99/2426
Trafikanten Midt-Norge - Løyve til at Trafikanten Midt-Norge kan drive finansieringsverksemd knytt til ordninga med det elektroniske billetteringssystemet «Transportkontokort». Denne verksemda blir unnateken frå reglane i finansieringsverksemdslova.
Heimel: finl. § 3-3, § 1-3.
28.10.1999 - 99/5019
Norges Kommunalbank - Løyve til at Kommunalbanken AS kan drive verksemd som finansieringsføretak. Vilkår.
Heimel: finl. § 3-3.
8.11.1999 - 99/4447
NorAqua Finans AS - Løyve til at NorAqua Finans AS kan drive finansieringsverksemd. NorAqua Finans AS blir unnateke frå reglane i finansieringsverksemdslova. Vilkår.
Heimel: finl. §§ 1-2(1), 1-3(2), 3-3.
Dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane
Kor mange: 2
9.6.1999 - 98/5509
Eksportfinans ASA - Fråfall av tidlegare pålagt konsesjonsvilkår i samband med at Eksportfinans ASA kjøpte opp Kommunekreditt Norge AS. Vidareføring av unntak frå eigaravgrensingsreglane.
Heimel: finl. § 2-2 (2).
14.10.1999 - 98/2311
Codan Forsikring AS, Fokus Bank ASA og Nordlandsbanken AS - Dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane slik at Fokus Bank ASA kan eige 39 prosent av aksjane i Nordenfjeldske Livsforsikring AS. Codan Forsikring AS kan eige 51 prosent og Nordlandsbanken AS kan eige 10 prosent av Nordenfjeldske Livsforsikring AS.
Heimel: finl. § 2-2(2).
Fusjon mellom finansinstitusjonar
Kor mange: 1
14.10.1999 - 99/3599
Den Norske Bank ASA/Postbanken AS - Godkjenning av vedtak i Den norske Bank ASA og Postbanken AS om fusjon. Løyve til å auke aksjekapitalen i Den norske Bank ASA. Løyve til at Den norske Bank kan eige alle aksjane i Postbanken Verdipapirfond AS og Postbanken Eiendomsmegling AS. Godkjenning av ny konsernstruktur. Vilkår.
Heimel: fbl. §§ 5(2), 31, forsl. § 3-6(1), finl. §§ 2a-3(2), 2a-6(2), 2a-7(2).
Vedtak i samsvar med finanskonsernreglane
Kor mange: 5
4.6.1999 - 98/5925
Gjensidige Skadeforsikring, Gjensidige Livsforsikring, Sparebanken NOR - Løyve til at Gjensidige Skadeforsikring, Gjensidige Livsforsikring og Sparebanken NOR kan etablere finanskonsern. Godkjenning av organiseringa. Vilkår.
Heimel: finl. § 2a-3 (1), § 2a-2, § 2a-16, § 2a-6 (2), § 2a-7 (2).
15.12.1999 - 99/2623
Terra Skadeforsikring AS og Sparebankenes Investeringsselskap AS - Løyve til at Sparebankenes Investeringsselskap AS kan vere morselskap i finanskonsern og eige 100 prosent av aksjane i Terra Skadeforsikring AS. Løyve til at Terra Skadeforsikring AS kan drive skadeforsikringsverksemd. Samtykke til identisk kontrollkomité og godkjenning av konsernstrukturen.
Heimel: finl. § 2a-3(1)(2), § 2a-11(4), § 2a-6, forsl. § 2-1, § 3-2, § 5-5(1).
20.12.1999 - 98/6159
Den norske Bank (DnB) - Løyve til at DnB-konsernet blir organisert med DnB Holding ASA som morselskap.
Heimel: finl. § 2a-16.
20.12.1999 - 99/1142
Storebrand ASA - Løyve til å kjøpe meir enn 10 prosent av aksjane i Fair Financial Ireland Ltd. Vilkår.
Heimel: finl. § 2a-3(4)(5).
23.12.1999 - 99/4555
Vesta Forsikring AS - Løyve til å fisjonere Vesta Forsikring i til saman fire aksjeselskap der Vesta Finans Holding AS, Skandia LTS Norge Holding AS og Skandia Asset Management Norge Holding AS utgjer dei utfisjonerte selskapa. Løyve til overdraging av aksjane i Vesta Finans AS, Vesta Liv Holding AS og Vesta Forvaltning AS til dei respektive utfisjonerte selskapa. Vilkår. Godkjenning av organiseringa. Det blei vidare gitt ei rekkje mindre løyve.
Heimel: forsl. §§ 3-2, 3-6, finl. §§ 2a-7(2), 2a-3(1)(2), 2-2(2) nr. 6.
Samarbeidsavtalar mellom finansinstitusjonar
Kor mange: 2
22.1.1999 - 98/7838
SpareBank 1 Gruppen - Godkjenning av samarbeidsavtale mellom SpareBank 1 Gruppen og FöreningsSparbanken AB. Unntak frå eigaravgrensingsregelen og forbodet mot gjensidig representasjon i styrande organ.
Heimel: finl. §§ 2-4(1), 2-2(9), 2-7, 2-8 jf. forskrift 1.6.1990 nr. 433 §§ 1 og 3.
22.11.1999 - 99/2862
Gjensidige NOR - Godkjenning av samarbeidsavtale mellom Sparebanken NOR og Gjensidige NOR.
Heimel: finl. § 2-7(1).
Oppretting av filial og dotterselskap i utlandet
Kor mange: 1
20.4.1999 - 99/1507
Assuranceforeningen Gard - Løyve til å etablere dotterselskapet Gard AB i Sverige og Gard Asia Ltd. i Hong Kong. Godkjenning av organiseringa.
Heimel: finl. § 2a-3(4), § 2a-7(2).
Overdraging av verksemd
Kor mange: 12
7.5.1999 - 98/9034
Den Danske Bank - Løyve til oppretting av DDB Fokus Invest AS og at Den Danske Bank Aktieselskab eig alle aksjane. Løyve til at DDB Fokus Invest AS kan kjøpe alle aksjane i Fokus Bank ASA. Godkjenning av organiseringa. Samtykke til identisk kontrollkomité. Vilkår.
Heimel: finl. §§ 2a-3(1)(2), 2a-6(2), 2-2(2), 2a-11(4), 2a-7(2), 2a-10(2).
2.6.1999 - 98/9244
Trygg-Hansa Forsikring AS - Løyve til at Trygg-Hansa Forsikring AS kan avhende alle aktiva til Trygg-Hansa Norge, filial av Trygg-Hansa Försäkringsbolag. Løyve til at Trygg-Hansa Forsikring AS blir avvikla. Vilkår.
Heimel: forsl. § 3-6(1), § 10-1(1).
11.6.1999 - 98/5925
Gjensidige Forsikring - Løyve til at Gjensidige Livsforsikring kjøper alle aksjane i NOR Forsikring AS. Løyve til overdraging av portefølje og fusjon av selskapa. Godkjenning av organisering. Vilkår.
Heimel: finl. §§ 2-2(2), 2a-3(2), 2a-7(2), forsl. §§ 3-6, 13-8, 5-1, 5-5.
11.6.1999 - 98/5925
Gjensidige Bank AS - Løyve til at Gjensidige Bank AS overfører Creditreform Norge AS til eit nystifta, heilått dotterselskap av Gjensidige Holding AS. Godkjenning av ny konsernstruktur. Samtykke i mellombels nedsetjing og etterfølgjande forhøging av aksjekapitalen i Gjensidige Bank. Vilkår.
Heimel: finl. § 2a-3(1)(2), § 2a-7(2), fbl. § 5(2).
11.6.1999 - 98/5925
Sparebanken NOR - Løyve til at Sparebanken NOR kan ta over aksjane i Gjensidige Bank AS og Gjensidige Bank Finans AS og Finax FinansService AS. Unntak frå eigaravgrensingsregelen. Løyve til avvikling av bankverksemda i Gjensidige Bank. Løyve til å vidareføre verksemd i noverande Gjensidige Bank AS under namnet Gjensidige NOR Billeasing AS. Finansieringsverksemda i Gjensidige NOR Finans AS, Gjensidige NOR Billeasing AS og NOR Finans AS, blir samla i eitt selskap. Samtykke til identisk kontrollkomité. Avslag på søknad om unntak frå kravet til representantskap. Fastsetjing av avgift til Sparebankenes sikringsfond.
Heimel: finl. § 2-2(1)(2), § 2a-3(2)(4), § 3-3(1), § 3-6(1)(3), § 3-10(1), § 2a-11(4), fbl. § 31, sikringsfondlova § 2-1(1), § 2-7(2), § 2-9(1)(2)(3).
30.7.1999 - 99/3017
Storebrand ASA - Løyve til at Storebrand kan kjøpe alle aksjar og konvertible obligasjonar i Finansbanken ASA. Mellombels godkjenning av konsernstruktur.
Heimel: finl. § 2a-3(2), finl. § 2a-6(2).
15.9.1999 - 99/3755
Gjensidige Forsikring - Løyve til at Gjensidige Forsikring kan kjøpe alle aksjane i Lokal Forsikring AS. Godkjenning av konsernstruktur. Vilkår.
Heimel: finl. §§ 2a-3(2), 2a-7(2), forsl. § 3-6(2).
8.11.1999 - 99/5063
Svenska Handelsbanken AB og Handelsbanken Norge Holding AS - Løyve til etablering av Handelsbanken Norge Holding AS. Løyve til at Svenska Handelsbanken AB kan eige alle aksjane i Handelsbanken Norge Holding AS. Løyve til at Handelsbanken Norge Holding AS kan kjøpe alle aksjane i Bergensbanken ASA. Samtykke til identisk kontrollkomité. Vilkår.
Heimel: finl. § 2a-3(1)(2), § 2-2(2), § 2a-11(4).
20.12.1999 - 99/2188
Storebrand ASA - Løyve til at Storebrand Skadeforsikring AS og Europeiske Reiseforsikring AS kan avhende den vesentlegaste delen av skadeforsikringsverksemda til if...Skadeförsäkring AB. Løyve til at Storebrand Skadeforsikring kan eige inntil 33 prosent av kapitalen i holdingselskapet if...Skadeförsäkring Holding AB. Godkjenning av organiseringa og av samarbeidsavtalen. Vilkår.
Heimel: forsl. § 3-6, finl. §§ 2a-3(4), 2a-7(2), 2-7.
20.12.1999 - 99/4622
Storebrand ASA - Løyve til at Storebrand Skadeforsikring AS kan eige 100 prosent av aksjane i Oslo Reinsurance Company ASA. Godkjenning av organiseringa.
Heimel: finl. §§ 2a-3(2), 2a-7, forsl. § 3-6(2).
23.12.1999 - 99/6338
Industriforsikring AS - Løyve til kjøp av alle aksjane i Saga Petroleum Forsikring AS. Mellombels dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane. Godkjenning av organiseringa. Endring av tidlegare vilkår.
Heimel: finl. § 2a-3(2), § 2a-6(2), § 2-2(2), § 2a-6(2), forsl. § 2-1(1).
30.12.1999 - 99/2188
Storebrand ASA - Løyve til at Storebrand Skadeforsikring AS kan eige inntil 44 prosent av kapitalen, og til å stemme for inntil 50 prosent i if...Skadeförsäkring Holding AB inntil 1. juli 2000.
Heimel: finl. § 2a-3(4).
Avvikling av verksemd
Kor mange: 1
29.4.1999 - 99/1127
Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse - Samtykke til at Vestenfjeldske Bykreditts Stiftelse blir avvikla som ein stiftelse etter finansieringsverksemdslova.
Heimel: finl. § 2-24 (1).
Unntak frå kapitaldekningskrav o.a.
Kor mange: 2
12.5.1999 - 99/1902
Arendal Dampskibsselskabs Pensjonskasse - Avslag på søknad frå Arendal Dampskibsselskabs Pensjonskasse om dispensasjon frå kravet til ansvarleg kapital.
Heimel: forskrift 19.2.1993 nr. 117 §§ 8, 20, forskrift 1.6.1990 nr. 435 §§ 2, 3.
22.10.1999 - 99/1902
Arendals Dampskibsselskabs Pensjonskasse - Kongeleg resolusjon: Avslag på klage over Finansdepartementet sitt avslag på søknad om dispensasjon frå kravet til ansvarleg kapital for Arendals Dampskibsselskabs Pensjonskasse.
Heimel: forsl. § 7-3(1)(3), forskrift 19.2.93 nr. 117 §§ 8, 20.
Unntak frå krav til forsikringstekniske avsetningar
Kor mange: 2
12.5.1999 - 99/2428
Assuranceforeningen Gard - Oppheving av vedtak om dispensasjon frå minstekrava til forsikringstekniske avsetningar for Assuranceforeningen Gard.
Heimel: forskrift 10.5.1991 nr. 301 § 10 jf. § 5.
7.9.1999 - 99/4122
Fiskernes Gjensidige Trygdelag - Dispensasjon frå kravet til sikkerheitsavsetning. Vilkår.
Heimel: forskrift 10.5.1991 nr. 301 §§ 5, 10.
Vedtak i samband med verdipapirhandel
Kor mange: 2
10.5.1999 - 99/2106
Storebrand Kapitalforvaltning ASA - Avslag på klage over Kredittilsynet sitt vedtak om avslag på søknad om dispensasjon frå verdipapirhandellova sine reglar om kva for tilsette som kan vere styremedlem i verdipapirføretak.
Heimel: vphl. § 8-4(1)(2).
23.6.1999 - 99/1305
Bankierhuset ASA - Avslag på klage over Kredittilsynet sitt vedtak om tilbakekall av Bankierhuset ASA sitt løyve til å yte investeringstenester som omtala i verdipapirhandellova § 1-2 første ledd nr. 4.
Heimel: vphl. §§ 1-2(1), 12-5(1), forskrift 14.10.1996 nr. 983 (sikkerheitsforskrifta).
Vedtak i samband med eigedomsmekling
Kor mange: 1
5.7.1999 - 99/2409
Langenes Spaniahus Consulting AS - Avslag på klage over Kredittilsynet sitt vedtak om opphøyr av eigedomsmeklingsverksemd.
Andre vedtak
Kor mange: 31
12.1.1999 - 98/6175
K-Fondsforsikring AS - Løyve til at tre av fem styremedlemmer i K-Fondsforsikring AS samtidig kan vere tillsette eller ha tillitsverv i Kreditkassen-konsernet. Mellombels.
Heimel: forsl. § 13-8(3), § 5-1(1).
22.1.1999 - 99/7795
Assuranceforeningen Gard - Løyve til at Assuranceforeningen Gard og Assuranceforeningen Skuld kan ha avvikande rekneskapsår.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
22.2.1999 - 99/712
The Islamic Movement Norge - Avslag på klage over Einingsregisteret sitt vedtak om å nekte registrering av endringsmelding for The Islamic Movement Norge.
Heimel: einingsregisterlova §§ 17, 19.
3.3.1999 - 99/819
Sandsvær Sparebank - Løyve til at varamedlemmer i styret i Sandsvær Sparebank kan veljast for to år.
Heimel: spbl. § 14 (2).
9.3.1999 - 99/1000
Nycomed AS - Avslag på klage over Kredittilsynet sitt vedtak om å nekte dispensasjon frå plikta til å utarbeide konsernoppgjer for underkonsern.
Heimel: aksjelova § 11-13(6).
16.4.1999 - 99/1595
Respons Markedskommunikasjon AS - Avslag på klage over Einingsregisteret sitt vedtak om å registrere eininga ORD TIL SALGS Gerhard Simenstad i Einingsregisteret. Uttala at registrering i Einingsregisteret ikkje har firmavernrettslege verknader.
Heimel: einingsregisterlova § 17.
20.4.1999 - 99/1462
Øvrebergvegen skogsbilvegforening - Avslag på klage over Einingsregisteret sitt vedtak om å nekte registrering i Einingsregisteret.
Heimel: einingsregisterlova § 19, § 8 og forskrift 9.2.1995 nr. 114 § 16.
6.5.1999 - 99/1806
Gjensidige Forsikring - Dispensasjon for dei 38 gjensidige brannkassene i Gjensidige-gruppen frå plikta til å levere rekneskapstal som kan samanliknast. Vilkår.
Heimel: forskrift 16.12.98 nr. 1241 §§ 7-2(2)(3), 8-1(1).
12.5.1999 - 98/6175
K-Fondsforsikring AS - Løyve til at K-Fondsforsikring AS kan velje styreformann blant dei tilsette eller dei som har tillitsverv i Kredittkassen-konsernet. Mellombels.
Heimel: forsl. §§ 5-1(1), 13-8(3).
12.5.1999 - 99/2354
Wisby Norge AS - Løyve til at Wisby Norge AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
18.5.1999 - 99/2374
Saxlund International Brevik AS - Løyve til at Saxlund International Brevik AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
2.6.1999 - 99/2692
Brødrene Dahl AS - Løyve til at Brødrene Dahl AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
2.6.1999 - 99/2787
Søderhamn Eriksson AS - Løyve til at Søderhamn Eriksson AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
8.6.1999 - 99/2857
ICL Norge AS - Løyve til at ICL Norge AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7, forskrift 16.12.1998 nr. 56 § 1.
21.6.1999 - 99/2968
Satchwell Norge AS - Løyve til at Satchwell Norge AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
21.6.1999 - 99/3140
Computer 2000 Norway AS - Løyve til at Computer 2000 Norway AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7.
2.7.1999 - 98/1182
Storebrand Livsforsikring AS - Avslag på Storebrand Livsforsikring sin klage over Kredittilsynet sitt vedtak om ikkje å tillate separat porteføljeforvaltning innanfor forsikringsklasse I. Uttala at separat porteføljeforvaltning må vere i samsvar med regelverket for livsforsikring med investeringsval, og avgrensast til dei forsikringsformer som er tillatne innanfor dette regelverket. Produktet må etablerast som livsforsikring med investeringsval i eige livsforsikringsselskap.
Heimel: ktl. § 4 nr. 9, jf. finl. §§ 2-1, 7-4, forskrift 23.4.1997 nr. 377 og 18.9.1995 nr. 797.
2.7.1999 - 98/5076
Skandia Life Norge - Klage over Statistisk sentralbyrå og Kredittilsynet sitt pålegg om statistikkrapportering. Vedtaket til Statistisk sentralbyrå blei halde oppe, mens Kredittilsynet sitt vedtak blei omgjort. Uttala at Kredittilsynets vedtak om innhenting av rekneskapsopplysningar i samband med tilsyn fell inn under tredje livsforsikringsdirektiv, der det heiter at all statistisk informasjon som skal innhentast om filialens verksemd, skal innkrevjast og leverast til myndigheitene i forsikringsselskapet sitt heimland.
Heimel: statistikklova § 2-2, kredittilsynslova, rundskriv 4/98, (92/96/EØF) art. 10 pkt. 2.
2.7.1999 - 98/944
Gjensidige Livsforsikring - Avslag på klage frå Gjensidige Livsforsikring over Kredittilsynet sitt vedtak om ikkje å tillate separat porteføljeforvaltning innanfor forsikringsklasse I. Uttala at separat porteføljeforvaltning må vere i samsvar med regelverket for livsforsikring med investeringsval, og avgrensast til dei forsikringsformene som er tillatne innanfor dette regelverket.
Heimel: ktl. § 4 nr.9, jf. finl. § 2-1, forsl. § 7-4, forskrift 23.4.1997 nr. 377, forskrift 18.9.1995 nr. 797.
2.7.1999 - 99/2990
Hallingbanken Aal sparebank og Hemsedal sparebank - Godkjenning av samanslutning mellom Hallingbanken Aal sparebank og Hemsedal sparebank. Vilkår.
Heimel: spbl. § 47.
5.8.1999 - 99/3759
Tingvoll Sparebank - Godkjenning av samanslutning mellom Tingvoll Sparebank og Gjemnes Sparebank.
Heimel: spbl. § 47(1), § 5.
10.8.1999 - 99/3311
Oslo Høyre - Avslag på klage over Statistisk sentralbyrå sitt vedtak om avslag på søknad om fritak frå plikta til å levere opplysningar til undersøkinga «Interesseorganisasjoner 1997».
Heimel: statistikklova § 2-2.
19.8.1999 - 99/3911
KEN-NIMO AS - Avslag på søknad om avvikande rekneskapsår for KEN-NIMO AS.
Heimel: rekneskapslova § 1-7(1), forskrift 19.7.1999 nr. 816 § 1.
24.8.1999 - 99/3959
ZAZZ AS - Løyve til at ZAZZ AS får bruke avvikande rekneskapsår mellombels.
Heimel: rekneskapslova § 1-7(1).
9.9.1999 - 99/4064
PARS KAFE Mohammed Reza Mostofi - Avslag på klage over Einingsregisteret sitt vedtak om å registrere enkeltmannsføretaket PARS BIL Hosseiny i Einingsregisteret.
Heimel: einingsregisterlova § 17.
10.9.1999 - 99/3576
Brødrene Berg AS - Avslag på klage over Statistisk sentralbyrå sitt vedtak om avslag på søknad om fritak frå plikta til å levere kvartalsvis ordrestatistikk for bygg og anlegg.
Heimel: statistikklova § 2-2.
13.9.1999 - 99/3600
Ølen Samyrkelag - Avslag på klage over Statistisk sentralbyrå sitt vedtak om avslag på søknad om fritak frå plikta til å levere månadsoppgåver til detaljomsetningsindeksen og kvartalsoppgåver til investeringsstatistikken.
Heimel: statistikklova § 2-2.
13.9.1999 - 99/3618
Ing. P. Fossum AS - Avslag på klage over Statistisk sentralbyrå sitt vedtak om avslag på søknad om fritak frå plikta til å levere kvartalsoppgåve over eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleigeverksemd.
Heimel: statistikklova § 2-2.
15.10.1999 - 99/4629
Hadeland Gjensidige Brannkasse - Unntak frå kravet om statsautorisert revisor i Hadeland Gjensidige Brannkasse.
Heimel: forsl. § 13-8(3), § 6-2.
27.10.1999 - 99/3461
Goss Graphic Systems Ltd. - Avslag på klage over Kredittilsynet sitt vedtak om avslag på søknad om løyve til oppbevaring av rekneskapsbilag i England.
Heimel: rekneskapslova § 11(2).
3.12.1999 - 99/3553
Knarvik Optikk AS - Avslag på klage over plikta til å levere månadsoppgåve for detaljomsetninga.
Heimel: statistikklova § 2-2.