6 Verksemda i Statens Banksikringsfond i 1999
6.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond
Statens Banksikringsfond (SBF) blei skipa ved lov 15. mars 1991 nr. 2 «Om Statens Banksikringsfond.» Fondet har til formål å støtte opp om soliditeten i norske bankar gjennom å yte lån på særskilde vilkår (støttelån) til Forretningsbankenes sikringsfond og Sparebankenes sikringsfond. I særlege høve kan fondet òg kjøpe aksjar, grunnfondsbevis eller andre eigenkapitalinstrument i norske bankar og stille eigenkapitalgarantiar overfor norske bankar.
6.2 Organisasjon og leiing
Statens Banksikringsfond er organisert som eit eige rettssubjekt. Det øvste organet i fondet er eit styre som står for verksemda, og som forvaltar fondsmidlane. Før styret gjer vedtak som er særleg viktige, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Kongen kan i særskilde høve instruere styret i enkeltsaker. Denne retten er delegert til Finansdepartementet. Styret skal ha fått høve til å uttale seg skriftleg før departementet gjer vedtak om å instruere fondet. Departementet skal informere Stortinget om slikt vedtak.
Samansetjinga av styret for 1999 er vist i boks 6.1.
Boks 6.1 Styret i Statens Banksikringsfond i 1999
Professor Einar Hope, leiar
Justitiarius Rakel Surlien, nestleiar
Advokat Kristine Schei, styremedlem
Kredittilsynet og Noregs Bank peikar ut kvar sin representant som tek del i styremøta som rådgivarar. Rådgivarane i 1999 var avdelingsdirektør Sven-Henning Kjelsrud, Kredittilsynet og direktør Jan F. Qvigstad, Noregs Bank. Noregs Bank tek hand om sekretariatsfunksjonane. Forretningsførar for fondet var i 1999 direktør Jon A. Solheim. Det er gjort greie for arbeidsforma og saksbehandlinga til fondet i kredittmeldinga for 1991 og 1992.
Årsmeldinga om verksemda til Statens Banksikringsfond i 1999 blei gitt av styret 23. mars 2000, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.
6.3 Rekneskapen for 1999
Statens Banksikringsfond hadde i 1999 eit overskot på 142,5 millionar kroner. Hovuddelen av inntektene var utbytet på aksjar i Den norske Bank, med 140,4 millionar kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter på til saman 4,6 millionar kroner.
Fondet hadde i 1999 kostnader på til saman 2,5 millionar kroner. Forvaltningshonorar til Statens Bankinvesteringsfond og kostnader knytte til eit planlagt aksjesal utgjer hovuddelen av kostnadene. Ved utgangen av 1999 hadde fondet 104 millionar aksjar i DnB som i rekneskapen var verdsette til 1 040 millionar kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 3 421,6 millionar kroner. Fondet eig dessutan 100 prosent av aksjane i Oslobanken, som er under avvikling.
Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1999 på 1 111,8 millionar kroner.
Dei likvide midlane til fondet er, med unntak av inneståande på driftskonto og mindre beløp knytte til fordringar, plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 66,4 millionar kroner ved utgangen av 1999. Fondet førte tilbake til staten 140,4 millionar kroner i 1999. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.
6.4 Verksemda i 1999
Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1999 arbeidd med forhold knytte til avviklinga av Oslobanken.
I årsmeldinga til Statens Banksikringsfond (SBF) frå 1999 er det gjort greie for avtaleverket mellom Statens Banksikringsfond og Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank. I årsmeldinga side 5 står det:
«SBFs avtaleverk med Kreditkassen og Den norske Bank ble i forbindelse med emisjonene i henholdsvis 1993 og 1994 reforhandlet og avløst av nye avtaler av henholdsvis 18. november 1993 og 31. januar 1994. SBFs avtale med Fokus Bank ble avløst av en ny avtale 30. mars 1995. De nye avtalene er tilpasset en normalisert situasjon i bankene og inneholder mer begrensede rapporteringskrav. De er beredskapsavtaler som sikrer SBF inngrepsmuligheter dersom bankene igjen skulle komme i en situasjon hvor de ikke oppfyller de lovbestemte krav til kapitaldekning. Avtalene faller bort på det tidspunkt Forretningsbankenes Sikringsfond (FS) har nådd sin lovbestemte størrelse eller på et tidligere tidspunkt når FS etter SBFs skjønn har tilstrekkelige midler til rådighet for sin lovbestemte virksomhet. Avtaletekstene om rapportering var opprinnelig noe forskjellig i de tre bankene. I 1995 ble avtaletekstene om rapportering noe endret, slik at de nå er identiske i de tre bankene.»
Det har frå styresmaktene si side vore lagt til grunn at eigedelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar, skal vere avgrensa i tid, og at den langsiktige eigarskapen skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette blei det ved lovendring 23. juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette blei gjort i juli same år. Forvaltninga av aksjane til fondet skjer med grunnlag i ein avtale som dei to fonda inngjekk 12. januar 1995. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1995, side 37.
Lov om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon mv av finansinstitusjonar blei vedteken 6. desember 1996. I samband med framlegget til ny lov blei det tilrådd frå departementet at lov om Statens Banksikringsfond i løpet av relativt kort tid blir oppheva, og at verksemda i fondet blir avvikla. Departementet vil kome attende med forslag om oppheving av lov om Statens Banksikringsfond.
Våren 1997 vedtok Stortinget at det skulle opprettast ein granskingskommisjon som skulle gå gjennom årsakene til og handteringa av bankkrisa. Innstillinga frå utvalet blei levert til Stortinget 29. juni 1998 og behandla i Stortinget 6. mai 1999. Styret i SBF gjekk gjennom Innst. S. nr. 141 (1998 - 99), og dessutan referatet frå debatten i Stortinget og tok behandlinga til etterretning.
Oslobanken under avvikling
Det blei vedteke i ekstraordinær generalforsamling 16. desember 1993 at Oslobanken skulle oppløysast, og ein valde eit avviklingsstyre som skulle stå for avviklinga av banken.
Fondet har i 1999 motteke halvårlege rapportar frå banken.
I 1999 fekk banken eit underskot på 21,8 millionar kroner. Aksjekapitalen i banken er tapt, og eigenkapitalen var negativ med 546 millionar kroner ved utgangen av 1999. Underdekninga er dekt inn gjennom eit lån frå Forretningsbankenes sikringsfond. Banken vil bli endeleg avvikla i 2000.
I samanheng med det avtaleverket som blei etablert i 1993 i samband med avviklinga av Oslobanken, stilte Forretningsbankenes sikringsfond ein garanti overfor Oslobanken som gjaldt eksisterande og framtidige skyldnader for banken. Ved avtale av 28. mai 1993 mellom Statens Banksikringsfond og Forretningsbankenes sikringsfond forplikta SBF seg til å skyte inn kapital i Oslobanken i den grad utbetalingane frå Forretningsbankenes sikringsfond i samband med garantien overfor Oslobanken sine kreditorar overstig 750 millionar kroner, men avgrensa til 250 millionar kroner. Sett på bakgrunn av at Oslobanken hadde ein negativ eigenkapital på 546 millionar kroner ved utgangen av 1999, og at banken vil bli endeleg avvikla i 2000, inneber det at Fondet ikkje må betale ut endå meir.