St.meld. nr. 5 (2000-2001)

Kredittmeldinga 1999

Til innhaldsliste

7 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1999

7.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond («Bankinvesteringsfondet (SBIF)») blei oppretta ved eiga lov av 29. november 1991 med ein grunnkapital på 4 500 millionar kroner. Statens Bankinvesteringsfond har som formål å stille ansvarleg kapital til rådvelde for norske bankar med utgangspunkt i forretningsmessige vurderingar, men kan i særlege tilfelle tileigne seg aksjar og grunnfondsbevis frå Statens Banksikringsfond, eller overta ansvarlege lån frå Statens Banksikringsfond utan at forretningsmessige vurderingar ligg til grunn for kjøpet.

7.2 Styre og administrasjon i Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond er eit eige rettssubjekt. Fondet har eit eige styre og ein administrerande direktør. Før styret gjer vedtak om bruk av midlar eller avhending av aktiva, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Finansdepartementet kan i særlege tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Styret skal ha løyve til å uttale seg før Finansdepartementet gjer slike vedtak.

Samansetjinga av styret i 1999 er vist i boks 7.1.

Boks 7.1 Styret i Statens Bankinvesteringsfond i 1999

Advokat Erik Keiserud, leiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Viseadministrerande direktør Anita Roarsen, medlem

Sjeføkonom Stein Reegård, medlem

Likestillingsombod Anne Lise Ryel, medlem

Advokat Endre Skjørestad og ordførar Elisabeth Nilsen blei oppnemnde som medlemmer etter sjeføkonom Stein Reegård og likestillingsombod Anne Lise Ryel høvesvis 16. juni 2000 og 14. juli 2000.

Administrasjonen har i 1999 hatt tre tilsette. Siviløkonom Jan W. Hopland er administrerande direktør i fondet. I tillegg bruker fondet faste eksterne rådgivarar. Fondet bruker òg eksterne rådgivarar (både utanlandske og norske) for nærare definerte leiings- og rådgivingsoppgåver.

Årsmeldinga for arbeidet i Statens Bankinvesteringsfond i 1999 blei lagd fram av styret 8. februar 2000, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

7.3 Rekneskap og balanse i 1999

Rekneskapen viser eit årsresultat for 1999 på om lag 2,78 milliardar kroner, mot 750,0 millionar kroner i 1998. Skilnaden mellom dei to periodane kjem hovudsakleg av gevinst ved sal av aksjar i Christiania Bank og Kreditkasse («Kreditkassen») i 1. kvartal 1999, og dessutan av høgare samla renteinntekter.

I samsvar med forvaltningsavtalen mellom Bankinvesteringsfondet og Statens Banksikringsfond datert 12. januar 1995 har Bankinvesteringsfondet inntektsført 1,4 millionar kroner i forretningsførarhonorar i 1999.

Sum renter av bankinnskot og kontolån har auka som følgje av høgare gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar samanlikna med same periode i fjor.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1999.

Netto salsgevinst etter salet av 90 millionar aksjar i Kreditkassen i 1. kvartal vart om lag 2,1 milliardar kroner. Brutto salsverdi utgjorde 2,8 milliardar kroner.

Andre driftskostnader, inkludert løn for kontoret, er noko høgare enn i 1998. Dette kjem hovudsakleg av at det er brukt konsulentar i samband med vurdering av fusjonen mellom Postbanken og Den norske Bank («DnB»).

Marknadsverdien av Bankinvesteringsfondet sin portefølje av aksjar i DnB og Kreditkassen var 15,1 milliardar kroner per 31. desember 1999, noko som svarar til ein meirverdi på om lag 10,6 milliardar kroner samanlikna med bokført verdi på same tidspunkt. Dette var etter at det i løpet av året er selt aksjar for om lag 2,8 milliardar kroner. Meirverdien i fjor utgjorde 8,8 milliardar kroner.

Heile årsoverskotet på om lag 2,8 milliardar kroner er avsett til utbytte til staten.

Resultatet for porteføljen til Banksikringsfondet utgjer 140,4 millionar kroner, mot 181 millionar kroner i 1998. Meirverdien i porteføljen utgjorde 2 381,6 millionar kroner per 31. desember 1999, mot 1 789 millionar ved førre årsskifte.

Den samla verdipapirporteføljen som Bankinvesteringsfondet forvaltar, hadde i 1999 eit samla nettoresultat på 2 916,8 millionar kroner etter frådrag av kostnader, mot 931,1 millionar førre år.

Samla marknadsverdi for porteføljen som Bankinvesteringsfondet forvaltar, utgjorde 18 533 millionar kroner per 31. desember 1999 (etter sal av aksjar for 2,8 milliardar kroner) mot ein marknadsverdi på i alt 16 756,1 millionar kroner ved førre årsskifte. Total meirverdi i heile porteføljen utgjorde 12 986 millionar kroner ved årsskiftet, mot 10 619 millionar kroner ved utgangen av 1998.

7.4 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1999

DnB hadde god kursutvikling, på linje med den norske finansindeksen i 1999. Samla avkastning på aksjane i DnB inkludert utbyte var på 31,2 prosent. For Kreditkassen var avkastninga endå sterkare. Fram til 17. september 1999, då MeritaNordbanken la inn bod på aksjane, var avkastninga på 36,1 prosent, og steig endå meir etter bodet, slik at ho ved årsavslutninga var heile 57,3 prosent. Omsetninga av aksjar i DnB og Kreditkassen har i 1999 vore svært god, med ei samla omsetning på 13,9 og 31,2 milliardar kroner, i samhøve med tal frå Oslo Børs.

Ved utgangen av 1999 hadde Bankinvesteringsfondet eigardelar i DnB og Kreditkassen til ein bokført verdi på i alt 4 507,1 millionar kroner. I tillegg til dette forvalta Bankinvesteringsfondet ein portefølje av aksjar i DnB for Banksikringsfondet med ein bokført verdi på 1 040,0 millionar kroner. Eigardelane i dei einskilde bankane og marknadsverdien av desse er viste i tabell 7.1.

Tabell 7.1 Eigardel og marknadsverdi i dei ulike bankane ved utgangen av 1998 og 1999

31.12.9931.12.98
(Beløp i mill. kroner)EigardelMarknadsverdiEigardelMarknadsverdi
DnB142,9 %10 988,652,1 %9 084,8
Kreditkassen34,6 %7 544,551,0 %7 671,3
Sum18 533,116 756,1

1 Eigardelen i Postbanken blei overført til Statens Bankinvesteringsfond 31. januar 2000.

Kjelde: Statens Bankinvesteringsfond

Utanlandsdelen på Oslo Børs heldt seg relativt stabil i 1999. Andelen fall i første halvår frå 31,7 prosent til 28,8 prosent ved midten av året. Ved utgangen av 1999 var utanlandsdelen på 31,5 prosent, i samhøve med tal frå Oslo Børs. Utlandet sin del av «frie» aksjar i DnB og Kreditkassen er ein god del høgare enn gjennomsnittet for børsen. Prosentdelen av utanlandske eigarar auka ytterlegare i løpet av året. For Kreditkassen kan dette sjåast i samanheng med at MeritaNordbanken har kjøpt 10 prosent av aksjane. Tabell 7.2 viser korleis aksjane i DnB og Kreditkassen var fordelte ved utgangen av 1999.

Tabell 7.2 Eigardelane til ulike grupper i prosent av samla aksjekapital

31.12.9931.12.98
DnBKreditkassenDnBKreditkassen
SBF/SBIF160,634,652,251,0
Noreg elles19,727,628,126,2
Utlandet19,737,819,722,8
Sum100,0100,0100,0100,0
Utlandet sin del av aksjane i marknaden49,957,841,246,5

1 Medrekna eigardelen i Postbanken.

Kjelde: Oslo Børs

7.5 Sal av aksjar i Kreditkassen

I omtalen til punkt 3.4.14 Kap 5350 «Tilbakeføring av midler fra Statens Banksikringsfond» i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (1997 - 98) «Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998» heiter det mellom anna:

«Regjeringen legger til grunn at Statens Bankinvesteringsfond og Statens Banksikringsfond selger aksjene i DnB og i Kreditkassen i 1998 slik at fondenes eierandel i de to bankene reduseres til 1/3. En vil gjennom salget søke å oppnå et spredt eierskap i de to bankene.»

Komiteen sitt fleirtal, alle utanom Sosialistisk Venstreparti, slutta seg til dette, jf. Budsjett-innst. S. nr. I. (1997 - 98).

Den 21. januar 1999 offentleggjorde Bankinvesteringsfondet at Salomon Smith Barney var vald til global co-ordinator og rådgivarfor nedsalet i Kreditkassen. Christiania Markets var vald til å leie det offentlege salet til publikum i Noreg saman med DnB Markets og Karl Johan Fonds. Salomon Smith Barney fekk ansvaret for å leie det institusjonelle syndikatet saman med Alfred Berg, Carnegie og Banque Paribas som co-leads, mens Christiania Markets, Fondsfinans og Pareto var valde til å vere co-managers i den institusjonelle transjen.

Det blei lagt særleg vekt på å tilretteleggje salet for ei best mogleg spreiing blant private investorar i Noreg. I samband med salet blei den mest omfattande marknadsføringskampanjen for ein einskild aksje som nokon gong har vore retta mot den norske marknaden, gjennomført. Ferdig utfylte kjøpsblankettar vart sende til nærare 350 000 privatpersonar. Kampanjen vart støtta av ein brei aviskampanje i salsperioden, og for første gong blei TV-reklame nytta for sal av ein einskild aksje i Noreg.

Eigne internettsider (www.bankaksjer.no) blei oppretta i samband med salet. På internettsidene blei det gitt allmenn informasjon og høve til å laste ned informasjonsbrosjyre, internasjonalt prospekt og teikningsblankett. Meir enn 55 000 besøkte internettadressa. I tillegg vart det oppretta eit eige telefonsenter, der interessentar kunne få informasjon.

Distribusjonsnettet til tilretteleggjarane blei i stor grad brukt under salet. Filialane til Kreditkassen var aktivt nytta, og informasjon om salet var også til stades i filialane til DnB, Sparebanken NOR og andre lokale sparebankar. Til saman var salet representert i 700 filialar. I tillegg vart det halde presentasjonar for massemarknaden i 24 norske byar.

Salsperioden var frå 8. mars til 19. mars 1999. I salsperioden heldt representantar for leiinga i Kreditkassen, tilretteleggaren og seljaren presentasjonar for 141 institusjonar. 71 av presentasjonane vart haldne separat for store institusjonar i Europa og USA.

I overkant av 50 prosent av institusjonane som blei besøkte, kjøpte aksjar i Kreditkassen. Totalt var det nesten 300 institusjonelle investorar som etterspurde aksjar i Kreditkassen. 61 millionar aksjar vart etterspurde av norske aktørar, og 157 millionar blei etterspurde av utanlandske aktørar.

Oppslutninga blant private investorar i Noreg var stor. Om lag 18 000 interessentar etterspurde 38 millionar aksjar. Dette var ein auke i forhold til resultata frå andre transaksjonar ein kan samanlikne med.

Totalt blei det etterspurt 256 millionar aksjar. Sett i samanheng med at Bankinvesteringsfondet skulle selje 90 millionar aksjar, var dette tilfredsstillande.

I prospektet og informasjonsbrosjyren blei det spesifisert at ein ville tilgodesjå private investorar i tilfelle overteikning. Alle private aksjonærar som etterspurde mindre enn 3 000 aksjar, fekk 100 prosent tildeling. Dei same tildelingskriteria blei brukte både for norske og utanlandske institusjonelle investorar. Totalt sett blei 48 prosent av aksjane selde til norske aksjonærar, jf. tabell 7.3. Tildelinga og salskursen på aksjane blei offentleggjorde 22. mars 1999.

Tabell 7.3 Fordelinga av etterspurde og tildelte aksjar i millionar

EtterspørselTildeltProsentdel
Private investorar382325
Norske institusjonar612123
Utanlandske institusjonar1574752
Sum25690100

Kjelde: Statens Bankinvesteringsfond

Generelt sett var det god spreiing på etterspørselen, jf. tabell 7.4.

Tabell 7.4 Fordelinga av tildelte aksjar etter land i prosent

Tildeling etter landProsentdel
Noreg48
USA19
Italia13
Storbritannia7
Tyskland5
Sverige3
Andre5
Sum100

Kjelde: Statens Bankinvesteringsfond

I samband med internasjonale nedsal har aksjekursen ifølgje Bankinvesteringsfondet ofte hatt dårlegare utvikling enn liknande aksjar i perioden før og under salet. Etter salet har aksjane ofte stige meir enn tilsvarande aksjar i marknaden. Aksjekursen til Kreditkassen utvikla seg derimot godt både før og under salet i forhold til aksjekursen til institusjonar ein kan samanlikne med. I perioden etter salet var aksjekursen stabil. Sett i samanheng med den gode etterspørselen tyder dette på at marknadsføringa, både nasjonalt og internasjonalt, var vellukka.

7.6 Fusjon mellom Den norske Bank ASA og Postbanken BA

Styra i DnB og Postbanken inngjekk 23. mars 1999 ein avtale med sikte på samanslåing av dei to finanskonserna med DnB som overtakande selskap. Bakgrunnen for samanslåinga var å utnytte områda der institusjonane utfylte kvarandre.

Som fusjonsvederlag fekk Postbanken sin eineaksjonær (staten) aksjar i DnB, som med ein aksjekurs på 30,40 kroner utgjorde 4 200 millionar kroner. I tillegg blei det til eineaksjonæren i Postbanken utbetalt ein kontantsum på 300 millionar kroner frå den frie eigenkapitalen i Postbanken. Aksjonærane i DnB eig 82,3 prosent og eineaksjonæren i Postbanken eig 17,7 prosent av det fusjonerte selskapet. Finansdepartementet har etter årsavslutninga overført aksjane frå fusjonsoppgjeret til Bankinvesteringsfondet.

Det blei vedteke å auke aksjekapitalen i DnB med 1 381,6 millionar kroner, frå 6 405,0 millionar kroner til 7 786,6 millionar kroner, ved nyteikning av 138 157 895 aksjar som følgje av fusjonen.

Det blei spesifisert at resultateffekten av potensielle kostnadsinnsparingar og pårekna meirsal bør kunne liggje på rundt 450 millionar kroner og mellom 150 og 200 millionar kroner før skatt på årsbasis i løpet av ein tre- til femårsperiode.

Rådgivarane til DnB og Postbanken, Merrill Lynch, Morgan Stanley og Orkla Finans, har uttala at fusjonsvederlaget framstår som rimeleg («fair») frå eit finansielt synspunkt.

Det blei annonsert at den nye banken ville få ein forvaltningskapital på 315 milliardar kroner. I tillegg til filialnettet til DnB skal 900 postkontor og 2 500 landpostbod kunne nyttast til banktenester.

Fusjonsplanen var ferdig handsama, og prospekt sendt til aksjonærane og offentleggjort 11. mai 1999 saman med innkalling til ekstraordinær generalforsamling i dei fusjonerande selskapa. Styret i Bankinvesteringsfondet støtta forslaget og deltok i valkomiteane som førebudde den formelle fusjonsprosessen. Aksjonærane i dei to selskapa stemde for fusjonsforslaget på ekstraordinær generalforsamling den 30. juni 1999. Finansdepartementet gav 14. oktober 1999 DnB ASA og Postbanken AS løyve til å fusjonere, og fusjonen tok til å gjelde 1. desember 1999.

7.7 Omorganisering av DnB-konsernet

Finansdepartementet vedtok i brev av 3. juli 1998 å stille som vilkår for godkjenning av kjøpet av aksjane i Vital Forsikring ASA («Vital»), at DnB-konsernet skulle omorganiserast slik at eit nytt holdingselskap blei eigar av mellom anna DnB og Vital.

Den statlege eigarskapen var tidlegare direkte knytt til ei bestemt organisering av kvart einskilt konsern, der bank inngår som ein del av verksemda. I 1999 blei lova om Statens Bankinvesteringsfond endra slik at eigarskapen til Bankinvesteringsfondet også kan omfatte holdingselskap som mellom anna eig bankar. Bankinvesteringsfondet sit i valkomiteen i konsernet.

Den 20. desember 1999 vedtok den ekstraordinære generalforsamlinga i Den norske Bank ASA og DnB Holding ASA å omorganisere DnB-konsernet til eit finanskonsern med DnB Holding ASA som morselskap, ved at alle aksjane i Den norske Bank ASA blei bytte ut med aksjar i DnB Holding ASA.

7.8 Sal av aksjar i Den norske Bank

Som nemnt under punkt 7.5 heiter det i omtalen til punkt 3.4.14 Kap 5350 «Tilbakeføring av midler fra Statens Banksikringsfond» i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (1997 - 98) «Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998», mellom anna at:

«Regjeringen legger til grunn at Statens Bankinvesteringsfond og Statens Banksikringsfond selger aksjene i DnB og i Kreditkassen i 1998 slik at fondenes eierandel i de to bankene reduseres til 1/3. En vil gjennom salget søke å oppnå et spredt eierskap i de to bankene.»

Den 16. mars 1998 opplyste Bankinvesteringsfondet i ei pressemelding at Warburg Dillon Read var vald til global co-ordinator og rådgivar for det planlagde samla nedsalet av aksjar i DnB. På grunnlag av utviklinga i aksjemarknadene planla Bankinvesteringsfondet å gjennomføre eit heilt eller delvis nedsal i DnB i løpet av mai/juni 1998.

Avgjerda i styret og representantskapet i DnB den 6. mai 1998 om at Finn A. Hvistendahl skulle gå av som konsernsjef, og at Svein Aaser skulle tilsetjast som ny konsernsjef i DnB, medførte at salssyndikatet under leiing av Warburg Dillon Read rådde Bankinvesteringsfondet til å utsetje eit nedsal av aksjar i DnB til tidlegast september 1998 etter at Svein Aaser hadde begynt i stillinga.

Det internasjonale kursfallet på ettersommaren gjorde det likevel naturleg å utsetje tidspunktet for nedsalet til 1999 eller når dei forretningsmessige og marknadsmessige tilhøva såg ut til å liggje betre til rette for det.

I mars 1999 innleidde som nemnt DnB fusjonsforhandlingar med Postbanken. Fusjonen blei gjennomført 1. desember 1999. Bankinvesteringsfondet fann det ikkje naturleg å gjennomføre nedsalet så lenge det gjekk føre seg ein fusjonsprosess med Postbanken.

Med bakgrunn i Statens Bankinvesteringsfond sitt arbeid med moglege strukturelle løysingar for DnB og Kreditkassen, jf. omtalen under punkt 7.9, er det tidlegare syndikatet for nedsal av aksjar i DnB oppløyst. Den nærare framgangsmåten for salet vil bli vurderte seinare. Det blir lagt til grunn at staten sin eigardel i DnB skal reduserast i 2001, dersom ikkje marknadsforhold skulle tilseie noko anna. Elles viser ein til St.meld. nr. 38 (1999 - 2000).

7.9 Om statens eigarskap i DnB og Kreditkassen

Den 20. september 1999 offentleggjorde MeritaNordbanken Plc («MeritaNordbanken») eit tilbod til aksjonærane i Kreditkassen. Tilbodsperioden var venta å vare frå 28. september 1999 til 29. oktober 1999, men har seinare blitt forlengd fleire gonger.

I St.meld. nr. 11 (1999 - 2000), Kredittmeldinga 1998, lagd fram 29. oktober 1999, blei det peika på at det å redusere eigardelen i DnB eller Kreditkassen til under ein tredel ville vere i strid med dei retningslinjene Stortinget då hadde gitt for den statlege eigarskapen.

I innstillinga til Kredittmeldinga 1998, Innst. S. nr. 44 (1999 - 2000), uttala fleirtalet i finanskomiteen mellom anna «at staten må medverke til å etablere ei sterk norsk løysing på finansmarknaden, slik at den nasjonale eigarskapen ikkje vert svekka», og «at eit eventuelt sal av aksjar i Kreditkassen ikkje kan gjennomførast før ein har sett kva for ei norsk løysing som kan etablerast».

I brev frå Finansdepartementet av 9. desember 1999 fekk Bankinvesteringsfondet i oppdrag å arbeide med moglege strukturelle løysingar for DnB og Kreditkassen.

I St.meld. nr. 38 (1999 - 2000) «Om statens eierskap i Kreditkassen», som blei lagt fram 26. mai 2000, orienterer Finansdepartementet om arbeidet med moglege strukturelle løysingar for DnB og Kreditkassen, og om kva retningslinjer som vil bli lagde til grunn for den vidare utøvinga av eigarskapen. I meldinga heiter det mellom anna:

«Statens Bankinvesteringsfond har på oppdrag av Finansdepartementet utredet mulige strukturelle løsninger for DnB og Kreditkassen. Arbeidet ble utført på bakgrunn av Stortingets behandling av Kredittmeldinga 1998, St.meld. nr. 11 (1999 - 2000), jf. Innst. S. nr. 44 (1999 - 2000). Statens Bankinvesteringsfond ble gitt utredningsoppdraget som et ledd i Bankinvesteringsfondets forvaltning av det statlige eierskapet i de to bankene.

Finansdepartementet mottok 19. mai 2000 en orientering fra Statens Bankinvesteringsfond om arbeidet. Departementet konstaterer at det ennå ikke har vist seg mulig å nå fram til forslag som ville gi grunnlag for en ny, sterk norsk finansløsning. På dette grunnlag har departementet besluttet å avslutte oppdraget til Statens Bankinvesteringsfond.

Departementet ønsker å konsentrere det statlige eierskapet i en nasjonal enhet, bygget rundt DnB, og legger med dette fram en melding om at retningslinjene for det statlige eierskapet endres, slik at det åpnes for salg av statens eierandeler på 34,6 prosent i Kreditkassen. Departementet bekrefter at det ikke er aktuelt for Statens Bankinvesteringsfond å akseptere det budet som MeritaNordbanken la fram 20. september 1999 om kjøp av aksjene i Kreditkassen.

Et salg av statens eierandel i Kreditkassen må skje ut fra forretningsmessige kriterier, og Bankinvesteringsfondet vil få i oppdrag å gjennomføre salget på en måte og på et tidspunkt som ivaretar statens interesser som eier.»

Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa om å endre retningslinjene for den statlege eigarskapen under stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 38 (1999 - 2000), jf. Innst. S. nr. 245 (1999 - 2000). I innstillinga heiter det mellom anna:

«Fleirtalet har merka seg at departementet har avslutta oppdraget til Statens Bankinvesteringsfond. Dette er grunngjeve med at det arbeidet som var gjennomført pr. 19. mai 2000 enno ikkje var mogleg å få fram forslag som ville gje grunnlag for ei ny, sterk norsk finansløysing. Fleirtalet meiner målet om ei sterk norsk finansløysing ligg fast. Fleirtalet sluttar seg til at det statlege eigarskapet bør konsentrerast om den nasjonale eininga som alt er bygd rundt DnB gjennom fusjonen med Postbanken.

Med bakgrunn i målet om å oppretthalde statleg innverknad i ein finansinstitusjon bygd rundt DnB, sluttar fleirtalet seg til at staten sine aksjar i Kreditkassen kan seljast. Fleirtalet har merka seg at departementet gjer framlegg om at Statens Bankinvesteringsfond vert gjeve i oppdrag å gjennomføre salet på ein forretningsmessig best mogleg måte, og sluttar seg til dette.

<...>

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, har merka seg at departementet ikkje har lagt fram noko forslag om tidsplan for salet av aksjane. Fleirtalet legg til grunn at salet må skje på eit forretningsmessig grunnlag. Fleirtalet vil understreke at det er bruk for ei rask avklaring, ikkje minst er det viktig for dei mange tilsette som har levd med uvisse om banken si framtid i lang tid. Fleirtalet forutsett difor at det vert lagt til rette for at eit sal vil skje utan unødvendig opphald.»

I brev av 20. juni 2000 frå Finansdepartementet til Statens Bankinvesteringsfond ber departementet Bankinvesteringsfondet om å begynne å førebu eit sal av statens aksjar i Kreditkassen. I brevet heiter det mellom anna:

«Salget skal skje på et forretningsmessig grunnlag, og ellers baseres på de retningslinjer som er lagt i St.meld. nr. 38 (1999 - 2000) og i Innst. S. nr. 245 (1999 - 2000).

Det legges til grunn at salget foretas uten unødig opphold. Det vises til uttalelsen fra flertallet i finanskomiteen, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Steinar Bastesen, om at salget bør være gjennomført i løpet av sommeren og høsten.»

I brev av 22. august 2000 frå Finansdepartementet til Statens Bankinvesteringsfond ber departementet Bankinvesteringsfondet om at saka knytt til salet av statens aksjar i Kreditkassen først blir lagd fram for departementet etter Statsbudsjettet, St.prp. nr. 1 (2000 - 2001), er lagt fram. I brevet heiter det mellom anna:

«Det vises til det forestående salget av aksjer i Kreditkassen, jf. departementets brev av 20. juni 2000. I brevet ble det bl.a. lagt vekt på at salget skal skje uten ugrunnet opphold uten at det ble fastsatt noe bestemt tidspunkt.

Statens Bankinvesteringsfond er et eget rettssubjekt. Styret i Statens Bankinvesteringsfond skal forelegge saken for departementet i henhold til lov om Statens Bankinvesteringsfond § 4.

Departementet ber om at foreleggelse av saken først skjer etter at statsbudsjettet er lagt fram. På denne måten vil det ikke kunne stilles spørsmål ved om staten har noen annen informasjon enn andre aktører i markedet.»

Bankinvesteringsfondet forventar at den pågåande budprosessen knytt til salet av Kreditkassen vil vere avslutta innan utgangen av oktober 2000, og at bydaren deretter vil gi eit offentleg tilbod til alle aksjonærar.

Til forsida