4 Verksemda til Noregs Bank i 1999
4.1 Årsmeldinga for 1999
Årsmeldinga 1999 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 29. mars 1999. Etter § 28 i «lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbankloven)» skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet for å leggjast fram for Kongen og gjerast kjende for Stortinget. Etter § 5 i instruks skal Riksrevisjonen sende «et eksemplar av de i § 2 nevnte dokumenter til Stortinget sammen med sine mulige bemerkninger om resultatet av kontrollen». Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 siste ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter instruks fastsatt av Stortinget». Stortinget har fastsett ein slik instruks 10. april 1987 «for Riksrevisjonens kontroll vedrørende Norges Bank». Etter § 2 i denne instruksen «skal statsråden, snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet, oversende til Riksrevisjonen:
Bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning
Hovedstyrets årsberetning
Representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken
Statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank.»
Departementet reknar instruksen § 2 nr. 4 for oppfylt ved at dei forholda som § 2 nr. 4 omhandlar, blir omtala i samband med at den årlege kredittmeldinga blir lagd fram om hausten. Dette er i samsvar med praksis tidlegare år. Dokumenta som er nemnde i instruksen § 2 nr. 1 - 3, sender departementet til Riksrevisjonen når departementet mottek dei frå Noregs Bank.
4.1.1 Leiing og administrasjon
4.1.1.1 Hovudstyret
Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 26 møte i 1999. Boks 4.1 viser samansetjinga av hovudstyret i 1999.
Boks 4.1 Hovudstyret i Noregs Bank
Hovudstyret var i 1999 samansett slik (vararepresentantar i parentes):
Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiar
Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar
Konsulent Esther Kostøl, 1998-2001 (nestleiar Eystein Gjelsvik)
Administrerande direktør Torgeir Høien, 1998-2001 (advokat Ingfrid O. Tveit)
Dagleg leiar Sylvi Røssland Sørfonn, 2000-2003 (revisor Tore Johansen)
Fylkesmann Sigbjørn Johnsen, 1998-2001 (fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik)
Konsernsjef Trond R. Reinertsen, 1996-1999 (konsulent Kari Olrud Moen)
Representantar for dei tilsette:
Mekanikar Espen Halvorsen (fullmektig Marit Hoftvedt Moe)
Avdelingssjef Sonja Blichfeldt Myhre (fullmektig Arne Ege)
4.1.1.2 Representantskapet
Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar, jf. sentralbanklova § 7. Boks 4.2 viser samansetjinga av representantskapet i 1999.
Boks 4.2 Representantskapet i Noregs Bank
Representantskapet var i 1999 samansett slik (vararepresentantar i parentes):
Skolesjef Mary Kvidal, leiar, 1998-2001 (rektor Steinar Frithjof Dreyer)
Skipsreiar Jens Marcussen, nestleiar, 1998-2001 (avdelingsleiar Nils-Olav Skilbred)
Magister Paul Thyness, 1996-1999 (rådmann Søren Fredrik Voie)
Siviløkonom Odd Rambøl, 1996-1999 (lærar Ragnhild Weiseth)
Sekretær Berit I. Hultmann, 1998-2001 (fagopplæringssjef Frode R. Svendsen)
Gardbrukar Inge Høyen, 1996-1999 (kontorsjef Ingunn Rongved)
Statsautorisert revisor Gerd Leira, 1996-1999 (fylkesvaraordførar Astri Wessel)
Spesialkonsulent Veslemøy Rabe, 1996-1999 (skolesjef Jon Bjørnebekk)
Husmor Reidun Romfo, 1996-1999 (ordførar Rigmor Aasrud Jahren)
Ass. fylkesrådmann Johan Solheim, 1996-1999 (salssjef Armand Bjørnholt)
Advokat Morten Steenstrup, 1996-1999 (informasjonsdirektør Bente Lier)
Kontorleiar Aslaug Mildrid Sofie Eriksen, 1998-2001 (prosjektleiar Odd Erik Hansgaard)
Lektor Hans Hammond Rossbach, 1998-2001 (ordførar Olav Pedersen)
Grosserar Hakon Lunde, 1998-2001 (distriktsbanksjef Dag Sandstå)
Rektor Per Aas, 1998-2001 (kyrkjeverje Trude Brosvik)
4.1.1.3 Personalet
Noregs Bank hadde per 31. desember 1999 til saman 1 154 heil- og deltidstilsette. Auken i 1999 kjem av at det blei tilsett 22 personar i Noregs Bank Kapitalforvalting, som forvaltar Statens petroleumsfond på vegner av Finansdepartementet, mens det på andre område har vore noko nedgang (jf. punkt 4.1.1.4).
Tabell 4.1 viser fordelinga av dei fast tilsette i banken på hovudkontoret og andre einingar.
Tabell 4.1 Fordeling av dei fast tilsette i Noregs Bank på hovudkontoret og i andre einingar1
1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | |
Hovudkontoret | 618 | 599 | 594 | 629 | 657 |
Avdelingane utanfor Oslo | 443 | 424 | 397 | 375 | 366 |
Seteltrykkeriet og den Kongelege Mynt | 159 | 159 | 151 | 149 | 131 |
Sum | 1 220 | 1 182 | 1 142 | 1 153 | 1 154 |
1 Tala i tabell 4.1 er henta frå lønssystemet til Noregs Bank, og viser kor mange personar som var tilsette i Noregs Bank per 31. desember 1999. Tala er mellom anna påverka av talet på deltidstilsette og at det ofte går litt tid frå ein sluttar i ei stilling og til den neste tek til. Tala let seg difor ikkje samanlikne direkte med den faktiske bruken av årsverksressursar gjennom året.
Kjelde: Noregs Bank
4.1.1.4 Bruken av ressursar i Noregs Bank
På det internadministrative området var 1999 prega av at ein har ført vidare arbeidet med å sikre ei effektiv ressursutnytting i banken, og av oppgåvene banken har i samband med forvaltninga av Statens petroleumsfond.
Noregs Bank har i brev av 22. juni 2000 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken. Der står det mellom anna:
«Noregs Bank har tidlegare gjort greie for den planen som hovudstyret i 1996 vedtok om ressursbruk og dimensjonering i Noregs Bank. Ved utgangen av 1999 stod det att 9 årsverk av den samla planlagde reduksjonen på 117 årsverk. Det er lagt ein plan for nedtrapping av dei årsverka som står att, og forpliktingane reknast som oppfylte ved gjennomføring av desse.
Samtidig som bruken av årsverk utført av fast tilsette i Noregs Bank har gått ned med 11 i 1999, har det vore ein auke i årsverksramma for Kapitalforvaltinga (KAP). Medan KAP i 1998 hadde ei ramme på 46 årsverk, er dette auka til om lag 90 årsverk i 1999. Av auken er 38 personar overførte frå Marknadsoperasjonsavdelinga (MOA) som følgje av at somme funksjonar blei flytta frå MOA til KAP gjennom året.
Ved hovudkontoret har til saman 20 personar fått innvilga søknad om avgang ved bruk av personalpolitiske verkemiddel («tiltakspakka») i 1999. I tillegg blei det ved slutten av 1999 gjennomført ei kartlegging om mogleg avgang av tilsette ved hovudkontoret ved bruk av tiltakspakka. I alt 45 personar melde interesse for dette tilbodet. Mogleg godkjenning av desse søknadene vil først ha verknad frå 2000 og seinare.
Hovudstyret handsama i 1997 eit dokument om moglege strategiske vegval for Den Kongelege Mynt (DKM) og gav tilslutning til at produksjonen av myntar for Noregs Bank blir ført vidare ved DKM med tillegg av produksjon for eksterne kundar. Samtidig vedtok hovudstyret at det pr 31.12.99 skulle greiast ut om utviklinga ved DKM var akseptabel i høve til marknadssituasjonen og dei økonomiske målsettingane for verksemda. Hovudstyret er i 2000 orientert om at DKM har oppnådd ei betring i konkurranseevna gjennom ulike tiltak i perioden. Mellom anna har DKM redusert talet på fast tilsette med 17 årsverk frå 1997 til utgangen av 1999. Dei resultata som er oppnådde og marknadsutviklinga tilseier at det er grunnlag for forretningsmessig verksemd ved DKM. Ved ei endring i sentralbanklova blei det i 1999 òg opna for at produksjonsverksemdene kan skiljast ut som eigne aksjeselskap. Ein har derfor i 2000 arbeidd med å greie ut etablering av DKM som eige aksjeselskap.
<...>
Verksemda ved distriktsavdelingane har elles fått meir og meir preg av næringsverksemd dei siste åra. I tillegg til dei oppgåvene som følgjer av sentralbanklova, utfører avdelingane oppgåver som alternativt kan utførast i bankar og verdisikringsselskap, og i konkurranse med andre. Samtidig dekkjer Noregs Bank i dag to tredelar av kostnadene ved distriktsavdelingane. Ein føresetnad for å halde fram med ei utstrekt næringsverksemd ved avdelingane, er at ein vesentleg del av kostnadene blir dekte av inntekter frå andre enn Noregs Bank. Dette krev blant anna at fleire tenester blir prisa, og ein prisauke på nokre tenester.<...>
Eit alternativ til å utvikle næringsverksemd ved distriktsavdelingane er å reindyrke styringsrolla og konsentrere verksemda om dei oppgåvene som følgjer av den.
Hovudstyret i Noregs Bank vedtok i januar 2000 å satse på næringsverksemd ved distriktsavdelingane, og at verksemda blir organisert som ei resultateining. Samtidig blei det nedsett eit partssamansett utval i Noregs Bank som skulle greie ut kva tiltak som var naudsynte for at resultateininga etter ein overgangsperiode minst skulle kome i økonomisk balanse.
Utvalet la fram innstillinga si i april 2000. Fleirtalet i utvalet meinte at det var naudsynt å leggje ned avdelingane i Bodø, Fredrikstad, Hammerfest, Vardø og Ålesund samt kassekontoret i Haugesund, for å nå kravet om økonomisk balanse. Mindretalet (dei tilsette sin representant), meinte under visse føresetnader at det høgst kunne vere naudsynt å leggje ned avdelingane i Hammerfest og Vardø samt kassekontoret i Haugesund. Det var semje i utvalet om at det i tillegg var naudsynt med monalege kostnadsreduksjonar ved alle avdelingar.
Noregs Bank har lagt til grunn at ei eventuell endring av avdelingsstrukturen vil vere eit vedtak av «særlig viktighet» som, etter sentralbanklova § 2 andre ledd, må leggjast fram for Finansdepartementet før dei styrande organa i banken gjer sine vedtak. Saka blei lagd fram for Finansdepartementet i mai 2000.
For ein vidare omtale av ressursbruken viser ein elles til bankens årsmelding for 1999.»
For produksjon av setlar og mynt eig Noregs Bank to produksjonsbedrifter; Norges Banks Seddeltrykkeri (NBS) i Oslo og Den Kongelige Mynt (DKM) på Kongsberg, organisert som avdelingar av sentralbanken. Produksjonsbedriftene DKM og NBS har i løpet av dei siste ti år utvikla ein relativt monaleg næringsverksemd, i tillegg til produksjon av setlar og mynt for Noregs Bank.
Den 9. mai 2000 blei det lagt fram eit forslag for Finansdepartementet om å skilje ut Den Kongelige Mynt som eiga aksjeselskap. Hovudmotivet for å gjere om DKM til aksjeselskap er ifølgje Noregs Bank å skape ein så effektiv bedrift som mogleg, slik at det også i framtida kan forsvarast å produsere mynt i Noreg. Det er Noregs Bank si vurdering at det vil vere avgrensa økonomisk risiko forbundet med å føre vidare verksemda ved DKM som er retta mot eksterne kundar. Denne verksemda stiller likevel ifølgje Noregs Bank heilt andre krav til resultatmåling, oppfølging og økonomisk og administrativ styring enn det som er vanleg i forvaltningsbedrifter som Noregs Bank. Det er difor Noregs Bank si oppfatning at slik verksemd berre kan bli ført vidare dersom bedrifta blir skilt ut som eiga aksjeselskap.
I brev frå Finansdepartementet til Noregs Bank av 23. mai 2000 går det fram at «Finansdepartementet tar foreleggelsen av saken til etterretning».
I ei melding frå Noregs Bank 5. september 2000 går det fram at representantskapet har vedteke å skilje ut Den Kongelige Mynt som eiga aksjeselskap heilott av Noregs Bank. I meldinga heiter det mellom anna:
«Omleggingen finner sted på bakgrunn av at DKM i løpet av de siste ti årene har utviklet en relativt betydelig næringsvirksomhet i tillegg til produksjon av mynt for Norges Bank. En slik næringsvirksomhet er det ikke naturlig å drive innenfor en avdeling av Norges Bank, slik DKM i dag er organisert.»
Forslaget til endringar i avdelingsstrukturen i Noregs Bank blei lagt fram for Finansdepartementet 9. mai 2000. Av forslaget går det fram at Noregs Bank har vurdert ressursbruken i distriktsavdelingane til banken i forhold til dei oppgåvene avdelingane har og bør ha i dag. Noregs Bank har mellom anna vist til at distriktsavdelingane etter kvart har fått mindre omfattande oppgåver, og at det distriktsavdelingane først og fremst driv med i dag, er knytt til behandling av kontantar. Noregs Bank har kome fram til at det ikkje er forsvarleg å drive behandling av kontantar ved distriktsavdelingane vidare etter dagens modell. Banken legg opp til at verksemda i distriktsavdelingane skal organiserast i ei resultateining for mellom anna å oppnå betre kostnadsstyring og meir riktig prising av tenester som blir ytte i konkurranse med verdisikringsselskap og bankar. Etter Noregs Banks vurdering må ein redusere kostnadene monaleg dersom denne modellen skal gjennomførast, og ein må mellom anna endre avdelingsstrukturen. Hovudstyret i Noregs Bank har ut ifrå dette vedteke å foreslå overfor representantskapet å leggje ned distriktsavdelingane i Fredrikstad, Haugesund (kassekontor), Ålesund, Bodø, Hammerfest og Vardø.
Det blei innhenta utsegn frå Kommunal- og regionaldepartementet av Finansdepartementet i brev av 26. juli 2000. I brev av 8. august frå Kommunal- og regionaldepartementet uttalar departementet mellom anna:
«Når det gjelder Norges Banks forslag om nedleggelse av avdelingene i Bodø, Fredrikstad, Hammerfest, Vardø og Ålesund samt kassakontoret i Haugesund, er KRD mest bekymret for en nedlegging av avdelingene i Nord-Norge, og spesielt avdelingene i Hammerfest og Vardø. Disse samfunnene er sårbare og det er erfaringsmessig vanskelig å erstatte de tapte arbeidsplassene med nye, for eksempel i privat sektor.»
I brev frå Finansdepartementet til Noregs Bank av 29. august 2000 heiter det at:
«Det vises til foreleggelse av vedtak om å legge ned avdelingskontorer i møte 9. mai 2000. Det vises også til
brev fra Norges Bank 19. mai, med kopi av merknader Norges Bank har mottatt til forslaget, samt bankens vurdering av disse,
brev fra Norges Bank 26. juli med en orientering om Hovedstyrets behandling av saken i møte 19. juli, jf. Finansdepartementets brev 21. juli,
brev fra Norges Bank 28. juli med supplerende opplysninger i saken, jf. Finansdepartementets brev 7. juli, og
brev fra Kommunal- og regionaldepartementet 8. august med merknader i saken, jf. Finansdepartementets brev 26. juli (kopi av brevene ligger ved).
Norges Bank har vurdert ressursbruken i bankens distriktsavdelinger i forhold til de oppgaver avdelingene har og bør ha i dag. Det er bl.a. vist til at distriktsavdelingene etterhvert har fått mindre omfattende oppgaver, og at det alt vesentlige av oppgavene som i dag utføres ved distriktsavdelingene er knyttet til kontanthåndtering. Norges Bank har kommet til at det ikke er forsvarlig å drive kontanthåndteringen ved distriktsavdelingene videre etter dagens modell. Norges Bank legger opp til at virksomheten i distriktsavdelingene skal organiseres i en resultatenhet for bl.a. å oppnå bedre kostnadsstyring og riktigere prising av tjenester som ytes i konkurranse med verdisikringsselskaper og banker. Etter bankens vurdering forutsetter gjennomføringen av denne modellen betydelige kostnadsreduksjoner, herunder endringer i avdelingsstrukturen. Hovedstyret i Norges Bank har ut fra dette besluttet å foreslå overfor Representantskapet å legge ned distriktsavdelingene i Fredrikstad, Haugesund (kassekontor), Ålesund, Bodø, Hammerfest og Vardø.
Finansdepartementet anser at det er viktig at Norges Bank organiserer sin virksomhet med sikte på å utføre sine oppgaver effektivt. Dette bidrar etter departementets oppfatning til bedre utnyttelse av samfunnets ressurser. Departementet har merket seg de vurderinger Norges Bank har gjort med hensyn til kostnadsbesparelser og effektivisering som er mulig å oppnå gjennom endringer i avdelingsstrukturen. Departementet vil imidlertid vise til at Hammerfest og Vardø kommune og ansatte ved distriktsavdelingene der i brev 15. august 2000 til Finansdepartementet har presentert beregninger som viser et annet kostnadsbilde. Ansatte ved andre distriktsavdelinger og lokale banker har også stilt spørsmål ved Norges Banks beregninger. Det samme har Norges Banks Funksjonærforbund i brev 11. august 2000 til Finansdepartementet. Departementet forutsetter at dette blir grundig vurdert i banken. Departementet tar til orientering Norges Banks kommentarer til kommunenes og de ansattes beregninger for distriktsavdelingen i Hammerfest i brev 21. august 2000. I brevet utdypes også bankens beregninger for distriktsavdelingen i Vardø.
Finansdepartementet viser til arbeidsdelingen mellom Norges Bank og statsmyndighetene. Myndigheten til å beslutte avvikling av bankens distriktsavdelinger er i sentralbankloven lagt til Norges Banks representantskap. Finansdepartementet har følgende merknader til saken:
Det er viktig at Norges Bank organiserer sin virksomhet med sikte på å utføre sine oppgaver effektivt for å bidra til god utnyttelse av samfunnets ressurser. Departementet har derfor ikke merknader til at banken har vurdert forretningsmessige sider ved organiseringen av distriktsavdelingene.
Departementet har fått innspill i saken, bl.a. fra ansatte i Norges Bank, som bestrider de forretningsmessige vurderingene til Norges Bank. Departementet legger til grunn at Norges Bank vurderer dette grundig. Departementet legger videre til grunn at det er Norges Bank som selv må vurdere de rene forretningsmessige spørsmål knyttet til om nedleggelse av en avdeling virker negativt på bankenes konkurransesituasjon.
Departementet har merket seg at Norges Bank foreslår at 3 sentralbankdepoter skal drives av private banker. Drift av sentralbankdepoter er en klar sentralbankoppgave. Departementet er generelt kritisk til at en klar sentralbankoppgave settes ut til private. Dette vil også kunne gi den bank som får oppdraget et konkurransemessig fortrinn. Departementet har merket seg at det uansett vil være behov for å benytte Norges Banks nåværende hvelv til formålet. Kostnadene ved drift av bygningene må derfor tillegges vekt. Departementet forutsetter i tråd med pkt. d) at det, dersom representantskapet likevel kommer til at avdelingene i sin nåværende form bør nedlegges, må søkes etablert annen aktivitet i lokalene. Dette kan være vanskelig å forene med privat drevet sentralbankdepot.
Omstillingen av Norges Banks virksomhet kan ikke sees isolert fra annen omstilling i offentlig sektor og fra det sentrale politiske mål om å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret. Kommunal- og regionaldepartementet har i denne sammenheng uttalt i brev 8. august 2000:
'Når det gjelder Norges Banks forslag om nedleggelse av avdelingene i Bodø, Fredrikstad, Hammerfest, Vardø og Ålesund samt kassakontoret i Haugesund, er KRD mest bekymret for en nedlegging av avdelingene i Nord-Norge, og spesielt avdelingene i Hammerfest og Vardø. Disse samfunnene er sårbare og det er erfaringsmessig vanskelig å erstatte de tapte arbeidsplassene med nye, for eksempel i privat sektor.
<...>
I prinsippet ser KRD tre muligheter for å bidra til at skadevirkningene for disse kommunene blir minst mulig:
Representantskapet i Norges Bank vedtar å ikke legge ned de foreslåtte avdelingene.
Norges Bank bidrar selv til å gjøre skadevirkningene minst mulig for de berørte kommunene, for eksempel ved å desentralisre arbeidsoppgaver.
Regjeringen forplikter seg til å hjelpe de berørte kommunene, for eksempel ved å desentralisere statlige arbeidsoppgaver, ved at disse kommunene favoriseres ved etablering av nye statlige arbeidsplasser eller på annen måte bidra til at det kan skapes nye arbeidsplasser i kommunene. I dette tilfellet anser Kommunal- og regionaldepartementet det som naturlig at Finansdepartementet tar initiativ og ledelse av dette arbeidet i dette konkrete tilfellet
Dersom de tre ovennevnte løsningsforslagene er uaktuelle vil KRD, ut fra en distriktspolitisk begrunnelse, fraråde at Norges Banks avdelinger i Hammerfest og Vardø nedlegges.'
Det vises for øvrig til vedlagte kopi av brevet fra Kommunal- og regionaldepartementet. Finansdepartementet legger til grunn at de samlede distriktspolitiske konsekvenser ved en nedleggelse av avdelingene i Hammerfest og Vardø er av en slik karakter at før en nedleggelse er aktuell
må det være en klar gevinst ved en nedleggelse
må Norges Bank nøye ha vurdert desentralisering av oppgaver i banken til Hammerfest og Vardø.»
I ei melding frå Noregs Bank 6. september 2000 går det fram at representantskapet har vedteke ny avdelingsstruktur. I meldinga heiter det mellom anna:
«Norges Bank opprettholder avdelingene i Lillehammer, Oslo, Larvik, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø for distribusjon av kontanter og forretningsdrift på kontantområdet. Norges Bank vil videreutvikle kontanthåndteringen ved disse distriktsavdelingene som næringsvirksomhet på forretningsmessige vilkår i konkurranse med andre aktører. Banken vil utnytte sin kompetanse og infrastruktur for kontroll og behandling av sedler og mynt til å skape effektive løsninger på markedet for kontanthåndtering.
<...>
Avdelingene som nedlegges, er Fredrikstad, Ålesund, Bodø, Hammerfest og Vardø, og i tillegg nedlegges kassekontoret i Haugesund. Norges Bank har ikke funnet grunnlag for forretningsmessig drift ved disse avdelingene innenfor en resultatenhet-organisasjon. Sikkerhets- og kontrollrutiner krever for stor bemanning i forhold til aktivitetsnivået i de nordligste fylkene. Det er derfor bedre å basere distribusjonen av kontanter til bankvesenet i disse områdene på at lokale banker påtar seg å administrere Norges Banks depoter ved siden av sin øvrige bankvirksomhet. Avvikling av avdelingene vil være gjennomført i løpet av første halvår 2001.
Hovedstyret i Norges Bank har nylig besluttet å lokalisere sentralbord og enkelte arkivfunksjoner til Vardø for å bidra til sysselsettingen der. Dette vil gi fra 5 til 7 årsverk i tiden framover. Inntil disse arbeidsoppgavene er overført, vil avdelingene i Finnmark bli opprettholdt som depoter drevet av Norges Bank.»
Departementet viser elles til det arbeidet Noregs Bank har gjort med å sikre ei effektiv ressursutnytting. Ein er innforstått med at det i ein periode har vore naudsynt med ein auke i ressursbruken for kapitalforvaltninga i Noregs Bank i samband med oppbygginga av Petroleumsfondet.
4.1.2 Nærare om verksemda til Noregs Bank i 1999
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Det følgjande er ei kort framstilling av verksemda i 1999, som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.
4.1.2.1 Betalingsmiddel og betalingsformidling
Noregs Bank har oppgåver knytte til betalingssystema som heilskap. Noregs Bank står for oppgjer av krav og skyldnader mellom bankane og pengeoppgjer i verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til statens økonomiforvaltning. Som setelbank står Noregs Bank for produksjon og distribusjon av setlar og mynt.
Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i det finansielle systemet. Svikt her kan ha store samfunnsøkonomiske konsekvensar og kostnader. Noregs Bank har lagt særleg vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre institusjonar og marknader gjennom betalingssystema.
Noregs Bank fekk større fullmakter til å sikre at betalingssystema er organiserte slik at omsynet til finansiell stabilitet blir ivareteke gjennom lov om betalingssystem mv., som blei sanksjonert 17. desember 1999. Lova følgjer i hovudsak Banklovkommisjonen sitt framlegg i NOU 1996: 24 Betalingssystem mv. Vidare omfattar kapittel 4 i lova EØS-direktivet om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir. Lova innfører konsesjonsplikt for etablering og drift av interbanksystem, som er system baserte på felles avtalar for avrekning, oppgjer eller overføring av pengar mellom kredittinstitusjonar. Noregs Bank er gitt konsesjons- og tilsynsansvar for slike system.
Noregs Bank sitt nye system for oppgjer av pengeposisjonar mellom bankane og Noregs Bank (NBO) blei innført 24. november 1997. Den 12. mars 1999 blei det etablert eit nytt grensesnitt mellom NICS (Norwegian Interbank Clearing System) og NBO, som gjorde det mogleg for bankane å sende bruttotransaksjonar elektronisk til Noregs Bank via NICS. Bankane og Noregs Bank kunne då i fellesskap ta i bruk eit fullverdig system for bruttooppgjer i sann tid. Målet med systemet er å redusere risikoen og auke effektiviteten i betalingsoppgjeret. Systemet er i samsvar med internasjonale standardar.
Gjennomføring av oppgjeret i Noregs Bank krev at bankane har disponible midlar, anten ved pengar på konto eller ved deponert pantetrygd. Etter ein overgangsfase innførte Noregs Bank i 1998 krav om full trygd for lån, noko som førte til at bankane totalt må deponere ei større mengd verdipapir til fordel for Noregs Bank. I 1999 blei høvet til å stille verdipapir som trygd utvida ved at Noregs Bank godkjende fleire typar verdipapir. Både somme private og utanlandske verdipapir er no godtekne som trygd.
Noregs Bank er oppgjersbank for pengeoppgjeret knytt til transaksjonar med verdipapir som blir avrekna i Verdipapirsentralen (VPS). For å styrkje kontakten mellom dei to institusjonane blei det i 1999 vedteke å halde regelbundne kontaktmøte for gjensidig orientering og utveksling av informasjon. Oppgjersfunksjonen blei vidareutvikla i 1999 med sikte på å redusere talet på handlar som ikkje går til oppgjer. Dette fann stad ved å utvikle prosedyrar som betre nyttar deltakarane sin likviditet, og ved å innføre ei automatisk låneordning. Vedtaket om lov om betalingssystem vil også gi avtalar om avrekning og oppgjer for verdipapir eit utvida rettsvern.
Oppgjer av valutahandlar påfører aktørane i valutamarknaden stor risiko, fordi det krevst to separate oppgjer i to ulike valutaer. Gjennom samarbeidet i Bank for International Settlements (BIS) har sentralbankar over heile verda sterkt oppmoda aktørane sjølve om å finne ei løysing på problemet. Det mest aktuelle tiltaket er arbeidet med å etablere Continuous Linked Settlement (CLS). Prinsippet bak CLS er at dei to valutaene i ein handel skal gjerast opp samtidig i ein fleirvaluta-bank. Noregs Bank arbeidde i 1999 aktivt for at også handlar i norske kroner skal kunne gjerast opp i CLS i framtida, både gjennom samarbeidet i BIS og direkte mot det private selskapet som utviklar systemet.
Sentralbankane i EU har etablert eit felles system for grensekryssande betalingar i euro, kalla TARGET. Systemet er naudsynt for at den europeiske sentralbanken skal kunne gjennomføre sine pengepolitiske operasjonar effektivt, og fører dessutan til sikrare og meir effektive betalingar mellom EU-landa. Sidan Noregs Bank ikkje er tilknytt TARGET-systemet, har det i samarbeid med banknæringa vore utgreidd alternative løysingar som kan gi norske bankar ein mest mogleg sikker og effektiv kanal for sine euro-betalingar. Den løysinga som er utvikla, ein såkalla vekslingsmodell, er tilgjengeleg, men er førebels ikkje utnytta av bankane. Norske bankar som gjennom sine filialar og liknande er knytt til betalingssystem i EU, nyttar desse som kanal for sine euro-betalingar.
Den finansielle infrastrukturen omfattar dei institusjonane, datasystema og kommunikasjonslinjene som blir brukte til å overføre betalingar. Eit moderne betalingssystem er såleis svært avhengig av IT-system, som igjen er baserte på kontinuerleg tilgang til telekommunikasjon og kraftforsyning. Noregs Bank har eit ansvar for å medverke til eit robust og effektivt betalingssystem. I tillegg er Noregs Bank sjølv ein deltakar i betalingssystemet som oppgjersbank for betalingar mellom bankane. For å styrkje grunnlaget for jamleg drift av betalingssystemet etablerte Noregs Bank i 1999 eit sentralt beredskapsorgan for kontinuitet i den finansielle infrastrukturen. Dette beredskapsorganet blir leidd av Noregs Bank og har medlemmer frå aktørane i betalingssystemet og Kredittilsynet.
For å førebu overgangen til år 2000 i finansiell infrastruktur hadde Noregs Bank eit nært samarbeid med aktørane i betalingssystemet og organ for styresmaktene innanfor ramma av det nemnde beredskapsorganet. Gjennom dette arbeidet blei det samla informasjon om dei førebuingane som var gjennomførte i sektoren, og ein utarbeidde felles planar for å handtere problem som kunne oppstå i samband med sjølve overgangen til år 2000. Ved årskiftet hadde Noregs Bank ei særskild beredskapsordning saman med aktørane i finansiell sektor. Dei rapportane som Noregs Bank mottok, synte at overgangen til år 2000 ikkje førte med seg større problem i den finansielle infrastrukturen. Systema til Noregs Bank fungerte også som normalt etter årsskiftet.
I 1999 var det i gjennomsnitt setlar og mynt for 43,8 milliardar kroner i omløp. Det utgjorde 8,1 prosent av privat konsum mot 8,3 prosent i 1998 og 8,8 prosent i 1995. Dette kan tyde på redusert bruk av kontantar til betalingar, men kan også kome av raskare sirkulasjon og redusert bruk til verdilagring. Statistikken for betalingsformidlinga peikar i retning av at giro- og kortbetalingar i aukande grad tek over for kontantar.
I tilfelle det skulle skje noko med betalingssystema ved tusenårsskiftet, destruerte Noregs Bank langt færre setlar i 1999 enn vanlig, og bygde dermed opp lager. Desse blir destruerte i år.
Noregs Bank arbeider for å spreie informasjon om eigenskapane til ekte setlar og mynt. Ei eiga meldeteneste sikrar at informasjon om forfalskingar og anna misleghald raskt kjem ut til Noregs Banks distriktsavdelingar, bankar, postkontor og lokalt politi.
4.1.2.2 Oppgåver og rådgiving i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken
Noregs Bank har eit ansvar for å medverke til robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem, dvs. medverke til finansiell stabilitet. Skulle det oppstå ein situasjon der sjølve det finansielle systemet er truga, vil Noregs Bank, i samråd med andre styringsorgan det vedkjem, vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å sikre tilliten til det finansielle systemet.
Det førebyggjande arbeidet sentralbanken driv i tilknyting til finansiell stabilitet, er tredelt. For det første arbeider sentralbanken med å redusere risikoen i betalingssystema og gjere dei meir robuste. Vidare driv Noregs Bank overvaking av faktorar som kan ha noko å seie for finansiell stabilitet. I tillegg vurderer ein kva verknad pengepolitikken og resten av den økonomiske politikken har på den finansielle stabiliteten.
Sidan 1995 har Noregs Bank utarbeidd rapportar som gir ei samanfattande framstilling av situasjonen i finansiell sektor og utsiktene framover. Arbeidet omfattar både analysar av utviklinga i finansinstitusjonane, særleg bankane, og av samanhengen mellom makroøkonomiske utviklingstrekk og utviklinga i finansiell sektor. Analysar av den finansielle stillinga til hushald og føretak er viktige element i dette arbeidet. Rapportane blir drøfta med Finansdepartementet og Kredittilsynet.
Noregs Bank gir tilrådingar til Finansdepartementet og Kredittilsynet i samband med høyringar om lover, føresegner og anna regelverk for finansinstitusjonane og finansmarknadene. Som hovudregel ber dessutan Kredittilsynet Noregs Bank om å gi tilråding i saker som gjeld søknader frå dei enkelte finansinstitusjonane om nyetablering, oppkjøp, fusjon, o.a. I dei seinare åra har Noregs Bank i aukande grad konsentrert ressursinnsatsen mot saker som har noko å seie for den finansielle stabiliteten. Dette inneber at sentralbanken i første rekkje uttalar seg om saker tilknytte dei sentrale delane av regelverket, og enkeltsaker som har tilknyting til dei største finansinstitusjonane. Ved vurdering av søknadene legg Noregs Bank særleg vekt på omsynet til konkurranse, soliditet og organisering. Dei viktigaste sakene som blei handsama i 1999, er omtala i årsmeldinga frå sentralbanken, som følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank har følgt den ordninga som er etablert gjennom dei tidlegare åra. Noregs Bank er representert med ein observatør i styret i Kredittilsynet. Det er nær og regelbunden kontakt mellom leiingane i dei to institusjonane, der mellom anna gjennomgang av den økonomiske situasjonen og utviklinga i finansinstitusjonane er faste tema. Det er gjort nærare greie for samarbeidet i Kredittmeldinga for 1996 kapittel 5, jf. St.meld. nr. 12 (1997 - 98).
Mandatet for pengepolitikken er gitt ved forskrifta om kursordninga til krona frå 6. mai 1994. I § 2 i forskrifta heiter det mellom anna at:
«Norges Banks løpende utøvelse av pengepolitikken skal rettes inn mot stabilitet i kronens verdi målt mot europeiske valutaer, med utgangspunkt i kursleiet siden kronen begynte å flyte den 10. desember 1992. Ved vesentlige endringer i kursen skal virkemidlene innrettes med sikte på at kursen etter hvert bringes tilbake til utgangsleiet».
Det er ei fast ordning at Noregs Bank sender brev til departementet i samband med at nasjonalbudsjettet blir lagt fram. Brevet som gjeld nasjonalbudsjettet for 2000, er teke inn som vedlegg til årsmeldinga frå Noregs Bank. I vedlegget finn ein også andre brev og fråsegner frå Noregs Bank.
Noregs Bank påverkar rentenivået i pengemarknaden gjennom å fastsetje foliorenta og D-lånsrenta. Foliorenta er renta bankane får på innskota sine på foliokonto i Noregs Bank, og D-lånsrenta er renta bankane må betale når dei nyttar låneretten som er knytt til denne foliokontoen og tek opp lån over natta i Noregs Bank. I 1999 reduserte Noregs Bank styringsrentene fem gonger med til saman 2,5 prosentpoeng. Rentekorridoren blei i løpet av året redusert frå 8,00 - 10,00 prosent til 5,50 - 7,50 prosent.
Ved å bruke instrument som påverkar likviditeten i pengemarknaden, motverkar Noregs Bank dei sesongprega svingingane i likviditeten til bankane som mellom anna følgjer av inn- og utbetalingar på staten sine konti i Noregs Bank. Innanfor «rentekorridoren» mellom foliorenta og D-lånsrenta påverkar Noregs Bank rentenivået i pengemarknaden ved å tilføre eller trekkje inn likviditet frå banksystemet. Dei viktigaste instrumenta i denne samanhengen er gjenkjøpsavtalar i statspapir og utlegging av kortsiktige lån eller innskot med fast rente (F-lån og F-innskot). Noregs Bank innførte sikra F-lån frå 1. september 1999 og har etter det ikkje brukt gjenkjøpsavtalar i likviditetsstyringa. Gjenkjøpsavtalane har hatt løpetid på mellom to dagar og to veker, mens F-låna normalt har hatt kortare løpetid, mellom ein og fem dagar. For å tilføre likviditet rundt tusenårsskiftet blei det lagt ut F-lån med løpetid på opptil tre veker i tillegg til at det blei inngått valutabyteavtalar. Likviditeten blir òg påverka av emisjonar av statspapir og av Noregs Bank sin handel med statspapir. Sentralbanken fastset rammer for bankane sine D-lån i Noregs Bank. Ramma var 15 prosent av forvaltningskapitalen trekt frå D-lån i 1999, unnateke andre låneperiode i desember, då låneramma blei auka til 100 prosent.
Noregs Bank intervenerte i valutamarknaden ved eitt høve i 1999, då det 13. januar blei kjøpt 88 millionar kroner.
Den 25. mars offentleggjorde Noregs Bank at banken ville ta opp att kjøpa av valuta til oppbygginga av Statens petroleumsfond. Det blei lagt opp til at kjøpa skulle gjennomførast på dagleg basis. Banken kunngjorde at ein ville følgje ein praksis der dei planlagde valutakjøpa for komande kalendermånad skulle offentleggjerast siste verkedag i kvar månad. I 1999 kjøpte Noregs Bank brutto utanlandsk valuta tilsvarande 11 321 millionar kroner. Ordninga med direkte overføringar til Noregs Bank av valutainntekter som staten tek imot gjennom Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE), blei vidareført i 1999.
I 1995 etablerte Noregs Bank ei ordning med primærhandlarar for dei store statsobligasjonslåna. Primærhandlarane, som omfattar bankar og verdipapirføretak, stilte ved inngangen til 1999 indikative prisar over Oslo Børs i dei store statsobligasjonslåna. Etter innføringa av det nye handelssystemet på Oslo Børs 6. september 1999 tok primærhandlarane igjen til å stille bindande sals- og kjøpskursar. Ved utgangen av 1999 var det til saman sju primærhandlarar. Noregs Bank stiller sjølv bindande kjøps- og salskursar i dei norske statssertifikatlåna.
Dei internasjonale reservane er samansette av gull, fordringar på Det internasjonale valutafondet (IMF), kortsiktige bankinnskot og investeringar i rentepapir og aksjar. Reservane er i dei nye retningslinjene delte inn i fire ulike porteføljar, etter kva formål dei skal tene:
Immuniseringsporteføljen, som skal koordinerast med statsgjelda i utanlandsk valuta slik at rente- og valutakursrisikoen samla blir minst mogleg.
Petrobufferporteføljen, som skal samle opp daglege valutakjøp og overføringar frå SDØE som skal nyttast til oppbygging av Petroleumsfondet. Det skal overførast valuta kvart kvartal frå petrobufferporteføljen til Petroleumsfondet.
Likviditetsporteføljen, som i første rekkje skal kunne nyttast til intervensjonar i valuta- og pengemarknaden og av den grunn er plassert kortsiktig.
Den langsiktige porteføljen, som har ein noko lengre horisont enn likviditetsreservane, med sikte på å oppnå høg avkastning på lang sikt, men som òg skal kunne nyttast til intervensjonar.
Noregs Bank Kapitalforvaltning (KAP) forvaltar immuniseringsporteføljen, petrobufferporteføljen og den langsiktige porteføljen, mens Marknadsoperasjonsavdelinga forvaltar likviditetsporteføljen. Ved utgangen av året utgjorde immuniseringsporteføljen 7,4 milliardar kroner, petrobufferporteføljen 13,9 milliardar kroner, likviditetsporteføljen 29,8 milliardar kroner og den langsiktige porteføljen 94,6 milliardar kroner. Ved utgangen av året utgjorde netto valutareservane 145,8 milliardar kroner. Det vart selt 7,7 milliardar kroner med framtidige oppgjer, slik at bruttoreservane utgjorde 153,5 milliarder kroner.
Forvaltninga av Statens petroleumsfond skjer med grunnlag i lov 22. juni 1990 nr. 36 «Om Statens petroleumsfond». Marknadsverdien av fondet sin portefølje av utanlandske verdipapir var ved slutten av 1998 på 171,8 milliardar kroner. Til saman 24,5 milliardar kroner blei overførte frå Finansdepartementet i 1999. Avkastninga i norske kroner var på 13,9 prosent, og 31. desember 1999 var fondet sin marknadsverdi på 222,3 milliardar kroner.
Forvaltninga i 1999 var i tråd med forskrifta som blei fastsett av Finansdepartementet 3. oktober 1997, med heimel i § 7 i lov 22. juni 1990 nr. 36 «Om Statens petroleumsfond», jf. omtale under punkt 4.2.1.2. Finansdepartementet sin referanseportefølje for fondet inneheld 40 prosent eigenkapitalinstrument og 60 prosent renteberande instrument. Avkastninga på Statens petroleumsfond var i 1999 1,1 prosent høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Forvaltninga av Statens petroleumsfond er omtala i statsrekneskapen.
Noregs Bank Kapitalforvaltning er ei eiga eining direkte under sentralbanksjefen. KAP har i 1999 stått for omtrent all forvaltning av renteinstrument i alle porteføljane, mens det meste av forvaltninga av eigenkapitalinstrument er utført av eksterne forvaltarar. Ved utgangen av året var det tre eksterne aksjeforvaltarar med indeksmandat, det vil seie at dei hadde som oppgåve å halde porteføljane nær opp til referanseporteføljen. Fem aksjeforvaltarar hadde til saman sju aktive mandat, med større høve til å avvike frå referanseporteføljen for å oppnå høgare avkastning. Det er bygd opp kontrollapparat for verksemda både innanfor den nye organisasjonen og i andre delar av sentralbanken.
4.1.2.3 Statistikkarbeid og kontrolloppgåver
Statistikkarbeidet i Noregs Bank er i hovudsak avleidd av behovet for relevant og aktuell informasjon for utøvinga av pengepolitikken, samt overvakinga av finansmarknader og betalingssystem.
Noregs Bank sette i 1999 i gang eit prosjekt for å gå igjennom statistikkproduksjonen. Målet med prosjektet er å ha eit statistikksystem som er framtidsretta med omsyn til kvalitet, aktualitet og ressursbruk. Arbeidet omfattar dels nytt rapportsystem for valutastatistikken, dels gjennomgang av produktspekteret, og nye IT-løysingar. Utviklingsarbeidet pågår gjennom 2000 og 2001.
Noregs Bank samarbeider nært med Kredittilsynet, Statistisk sentralbyrå og Verdipapirsentralen om datainnhenting og utarbeiding av statistikk for kreditt- og verdipapirmarknaden.
Frå og med 1996 har Noregs Bank stått for arbeidet med å hente inn, kontrollere, tilretteleggje og publisere detaljert statistikk for bankar, statlege låneinstitutt, finansieringsselskap, kredittføretak og verdipapirfond. Det blei i 1999 gjort enkelte endringar i rapporteringskodane for å tilpasse statistikken til den nye rekneskapslova. Statistikken blir gitt ut i publikasjonen «Finansstatistikk».
Denne primærstatistikken er hovudgrunnlaget for dei månadlege indikatorane over kredittutviklinga (kredittindikatorane) og utviklinga i pengemengda, og for utarbeiding av kvartalsvise finansielle sektorbalansar.
Basert på frivillige rapportar frå aktørane utarbeider Noregs Bank statistikk over prisar og utviklingstrekk i betalingsformidlinga. Statistikken blir publisert i den årlege rapporten «Betalingsformidling». Rapporten for 1998 blei gitt ut i mai 1999.
Noregs Bank hentar kvart kvartal inn renterapportar frå alle bankar, livsforsikringsselskap, kredittføretak og statlege låneinstitutt. Rapportane gir rente- og provisjonssatsar per utgangen av kvartalet for spesifiserte utlåns- og innskotsartar. På grunnlag av desse rapportane utarbeider ein oversikter som viser renteutviklinga for bankane totalt og for kvar av bankgruppene, for livsforsikringsselskapa, for kredittføretaka og for dei statlege låneinstitutta.
Valutastatistikken gir hovudgrunnlaget for utanriksrekneskapen som Statistisk sentralbyrå publiserer kvar månad. Informasjonsgrunnlaget er faste rapportar om betalingar mellom Noreg og utlandet, dels frå norske bankar, dels frå føretak som har konto i utanlandske bankar eller oppgjersordning med utanlandske selskap.
I overkant av 120 bankar rapporterer dagleg i det elektroniske rapportsystemet for bankrapportar av valutaoppgjer, «BRAVO-systemet». Rundt 20 av dei minste bankane rapporterer månadleg i eit papirbasert opplegg. Ved utgangen av 1999 var det dessutan vel 750 føretak som hadde rapportplikt for rundt 3 100 konti i utanlandske bankar eller oppgjersordningar med utanlandske forretningskontaktar. Noregs Bank hentar òg inn nokre spesialrapportar, mellom anna oversikter over store låneforhold med utlandet (månadleg) og direkte investeringar (årleg). I 1999 har ein vidareført arbeidet med å sikre kvaliteten på BRAVO-rapportane frå bankane og på føretaka sine rapportar over kontohald i utlandet. Ein har særleg sett på oppfølginga av og kontakten med rapportørane og på den statistiske bearbeidinga av data i Noregs Bank.
På grunnlag av spørsmål frå Kredittilsynet og behov knytte til arbeid på området finansiell stabilitet i Noregs Bank er det i 1999 starta opp halvårleg produksjon av statistikk som gjeld konkurranseflater mellom norsk og internasjonal finansnæring. Den nye statistikken krev ikkje ny datainnhenting.
Publisering av månadleg statistikk over fordringar og gjeld overfor utlandet starta opp att i juni 1999 med eit til dels nytt utrekningsopplegg. Som følgje av revisjonar av datagrunnlaget var det eit lengre opphald i publisering av denne statistikken.
Noregs Bank sin databank for kvartalsvise finansielle sektorbalansar (Findatr) blir nytta i banken sitt modellarbeid, i pengepolitiske utgreiingar og i arbeidet med finansiell stabilitet. Tal frå dei finansielle sektorbalansane blir brukte til å lage «Husholdningenes finansregnskap», som mellom anna viser utviklinga i hushaldssektorens finansielle eigedelar og gjeld.
Statistikkrapportar frå Noregs Bank til internasjonale organisasjonar har auka monaleg dei siste åra. Banken rapporterer til BIS, ESB, Eurostat, IMF og OECD. Hausten 1999 rapporterte banken første gong data for finansielle sektorbalansar for åra 1995 - 1998 til Eurostat.
Noregs Bank tek del i fora der utviklinga av internasjonale statistikkstandardar og internasjonal rapportering blir drøfta. Dette skjer mellom anna i Eurostats Committee on Monetary, Financial and Balance of Payments Statistics og i arbeidsgrupper under denne, der Noreg tek del i samsvar med EØS-avtalen.
Noreg slutta seg til IMF sin dataspreiingsstandard, SDDS, i 1996. Standarden stiller omfattande krav til statistikkproduksjonen i deltakarlanda når det gjeld dekning, kvalitet, frekvens, aktualitet og tilgang. I 1999 kom det nye krav til statistikk over internasjonale reservar, som frå mars 2000 skal omfatte fleire detaljar og i tillegg ha med framtidige plikter.
Det daglege arbeidet med valutaregulering og valutakontroll blir utført av Noregs Banks avdeling på Lillehammer etter avtale med Statistikkavdelinga ved hovudkontoret. Dette gjeld mellom anna samarbeidet med andre kontrollstyresmakter og arbeid i samband med FN-vedtak om boikott av andre land.
Av spesielle saker kan ein nemne følgjande:
Finansdepartementet bad i brev av 10. juni 1999 om Noregs Banks merknader til utkast til lovregulering av frittståande vekslingskontor. Noregs Bank gav sine merknader i brev av 31. august 1999, og uttrykte der synspunkt i tråd med det banken tidlegare har sagt, jf. omtalen i Kredittmeldinga 1998 punkt 3.1.4.
Ein har følgt opp nokre saker der selskap driv ei form for mellommannsverksemd ved betalingsformidling med utlandet i strid med reglane i kapittel 4 i valutaforskrifta.
Talet på førespurnader frå kontroll- og tilsynsstyresmakter har auka frå 722 i 1998 til 928 i 1999. Det er særleg talet på spørsmål frå ØKOKRIM som har auka, og data frå Noregs Bank er nytta under etterforskinga av fleire straffesaker i løpet av året.
Norske styresmakter har vedteke forskrifter som omfattar FN-sanksjonane om økonomisk boikott av land og/eller landområde i norsk rett. I samband med dette har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensstyresmakt for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. I 1999 har Irak, Libya og Den føderale republikken Jugoslavia vore omfatta av FN-sanksjonar. Nytt i 1999 er at styresmaktene har vedteke lov og forskrifter som òg implementerer EU-vedtak om boikott av Den føderale republikken Jugoslavia i norsk rett. Stortinget vedtok såleis 25. juni «Lov om særlege tiltak mot Den føderale republikken Jugoslavia», jf. Innst. O. nr. 96 (1998 - 1999) og Ot.prp. nr. 81 (1998 - 1999).
Noregs Bank har ansvar for dokumentbasert tilsyn med valutaaktiviteten i bankar, finansieringsselskap og kredittføretak. Institusjonar som har valutaautorisasjon, kan fritt utføre ulike typar finansielle transaksjonar i utanlandsk valuta så lenge dei held seg innanfor dei fastsette rammene for valutarisiko. Finansdepartementet fastsette 15. november 1999 forskrift om endring i kapitaldekningsforskrifta som inkluderer valutaposisjonsreguleringa. Forskrifta tok til å gjelde 1. april 2000. Kredittilsynet tok då over ansvaret for valutaposisjonsreguleringa. Årsmeldinga til Noregs Bank gir eit nærare oversyn over valutakontrollverksemda i Noregs Bank.
4.1.2.4 Anna verksemd
Noregs Bank yter driftskreditt til fiskeindustrien etter retningslinjer som Stortinget har fastsett. Garantiramma var på 50 millionar kroner for 1999. Ved inngangen til 1999 var fire engasjement knytte til ordninga. Disponert kreditt var ved utgangen av 1999 13,2 millionar kroner. Stortinget vil i 2000 ta stilling til om ordninga skal halde fram. Noregs Bank har i 1999 òg administrert ei ekstraordinær kredittordning retta mot fiskerinæringa. Ordninga er avvikla, men det står att eitt føretak som ikkje har innfridd låna sine. Noregs Bank har i fleire år hatt eit samarbeid med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om drift av ein rekneskapsdatabase. Dette samarbeidet blei avslutta i 1999.
Noregs Bank er oppgjersbank for oppgjer knytte til verdipapirtransaksjonar i Verdipapirsentralen og derivathandel i Norsk Oppgjerssentral. Årsmeldinga gir eit nærare oversyn over oppgjersverksemda i Noregs Bank.
Etter sentralbanklova § 3 skal Noregs Bank informere allmenta om penge-, kreditt- og valutatilhøva. I tillegg til årsmeldinga på norsk gir Noregs Bank ut ein forkorta versjon på engelsk. Sentralbanken gir vidare ut kvartalsskrifta Penger og Kreditt og Economic Bulletin, der det siste har stoffval tilpassa utanlandske lesarar. Inflasjonsrapportane og dei halvårlege rapportane om finansiell stabilitet blir frå 2000 gitt ut som eigne publikasjonar både på norsk og engelsk. I samband med at Noregs Bank Kapitalforvaltning kom i drift, har banken frå 1998 gitt ut eigne kvartals- og årsrapportar om forvaltninga av Petroleumsfondet. Det blei sendt ut i alt 17 arbeidsnotat, som mellom anna dokumenterer forskings- og utgreiingsarbeid, 13 rundskriv til finansinstitusjonane med informasjon om reguleringar og regelverk, 41 pressemeldingar og 12 månadlege pressebulletengar om kreditt- og valutatilhøva. Banken sender òg ut ei rekkje større eller mindre statistikkprodukt og rapportar. Alle publikasjonane er også tilgjengelege på Internett. Det blei halde 22 pressekonferansar og presseseminar i 1999.
4.2 Rekneskap og budsjett for 1999
4.2.1 Balansen 31. desember 1999
Tabell 4.2 og 4.3 viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 1999, samanlikna med tilsvarande tal for 1996, 1997 og 1998.
Tabell 4.2 Noregs Banks eigedelar 31. desember 1999. Millionar kroner
Eigedelar: | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 |
Internasjonale reservar | 170 335,0 | 171 368,1 | 142 045,2 | 167 218,8 |
Av dette: | ||||
Gull | 285,0 | 283,6 | 284,8 | 2 206,9 |
Spesielle trekkrettar i IMF | 2 290,0 | 2 545,4 | 3 147,0 | 3 279,3 |
Reserveposisjon i IMF | 5 728,3 | 7 161,9 | 9 243,7 | 6 836,8 |
Lån til IMF | 732,8 | 938,4 | 1 522,7 | 1 337,9 |
Plasseringar for Statens petroleumsfond | 47 538,8 | 113 313,0 | 167 643,8 | 222 277,7 |
Andre fordringar på utlandet | 17 213,5 | 11 824,1 | 12 192,7 | 37 955,6 |
Norske statssertifikat | 1 727,3 | 1 963,2 | 1 716,7 | 1 591,7 |
Norske statsobligasjonar | 10 685,9 | 8 682,5 | 7 709,5 | 9 180,2 |
Innanlandske utlån | 719,2 | 7 982,1 | 19 774,2 | 26 141,0 |
Av dette: | ||||
Forretningsbankar | 235,8 | 6 251,5 | 7 435,2 | 19 573,0 |
Sparebankar | 10,8 | 1 270,8 | 4 712,7 | 6 001,5 |
Andre innanlandske fordringar | 959,9 | 685,7 | 736,9 | 847,9 |
Varige driftsmidlar | 2 223,1 | 2 148,3 | 2 064,3 | 2 010,1 |
Sum eigedelar | 251 402,7 | 317 967,0 | 353 883,6 | 467 223,0 |
Kjelde: Noregs Bank
Tabell 4.3 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31.desember 1999. Millionar kroner
Gjeld og eigenkapital: | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 |
Diverse gjeld til utlandet | 18 185,4 | 12 724,0 | 13 325,5 | 38 925,0 |
Motverdien av spesielle trekkrettar | 1 554,2 | 1 656,0 | 1 795,3 | 1 846,4 |
Setlar og mynt i omløp | 43 323,7 | 46 014,4 | 46 070,2 | 48 020,1 |
Innanlandske innskot på foliokonto | 158 882,3 | 217 934,0 | 232 552,7 | 326 109,2 |
Av dette: | ||||
Statskassa | 80 585,9 | 84 387,4 | 51 193,2 | 67 685,8 |
Statens petroleumsfond | 47 538,8 | 113 313,0 | 167 643,8 | 222 277,7 |
Innskot som gjeld skattefrie fondsavsetningar | 17,6 | 10,1 | 9,9 | 6,2 |
Anna innanlandsk gjeld | 440,3 | 379,5 | 771,2 | 21 219,9 |
Eigenkapital | 28 999,1 | 39 249,0 | 59 358,7 | 31 096,2 |
Av dette: | ||||
Kursreguleringsfond | 21 521,7 | 30 193,0 | 27 215,1 | 27 339,2 |
Overføringsfond | 5 383,8 | 7 056,3 | 30 227,6 | 0 |
Annan eigenkapital | 2 093,6 | 1 999,7 | 1 916,0 | 3 756,9 |
Sum gjeld og eigenkapital | 251 402,7 | 317 967,0 | 353 883,6 | 467 223,0 |
Kjelde: Noregs Bank
4.2.1.1 Noregs Banks aktiva
Noregs Bank har endra prinsipp for verdsetjing av gull og verdipapir med verknad frå 1. januar 1999. Desse eigedelane blir frå 1999 verdsette til verkeleg verdi. Endringa skjer som følgje av utviklinga i norsk rekneskapslovgiving og rekneskapspraksis i andre sentralbankar. I tillegg er effekten av endringane av prinsipp for verdsetjing i 1999 for gull og verdipapir tilført annan eigenkapital.
Noregs Bank sine gullreservar er førte opp under internasjonale reservar med 2 206,9 millionar kroner. Verkeleg verdi er vurdert til 20 prosent under marknadsprisen per 31. desember 1999. Marknadsprisen per 31. desember 1999 svarar til ein kilopris på 75 000 kroner. Verkeleg verdi er derfor verdsett til 60 000 kroner per kilo gull.
Amerikanske dollar utgjorde 27,2 prosent av valutareservane ved utgangen av 1999, mot 20,3 prosent året før.
Posten andre fordringar på utlandet består mellom anna av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under gjeld til utlandet.
Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og norske statsobligasjonar. I 1999 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 4,3 milliardar kroner. Då Noregs Bank si behaldning av einskilde statssertifikat blei låg, etterteikna Noregs Bank statssertifikat for 2,5 milliardar kroner. Noregs Bank sin eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjer 2 010 millionar kroner per 31. desember 1999.
4.2.1.2 Noregs Banks passiva
Setlar og mynt i omløp auka i 1999 med 1,9 milliardar kroner til 48,0 milliardar kroner, mot 46,1 milliardar kroner året før. Innskot frå statskassa auka i 1999 med 16,5 milliardar kroner til 67,7 milliardar kroner, mot 51,2 milliardar kroner året før. Eigenkapitalen minka med 28,3 milliardar kroner til 31,1 milliardar kroner, mot 59,4 milliardar kroner ved utgangen av 1998. Dette kjem i hovudsak av at overføringsfondet er omgruppert til posten «anna innanlandsk gjeld» frå 1999.
Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga blir handsama i samsvar med forskrift 3. oktober 1997 nr. 1073 for forvaltning av Statens petroleumsfond. Fondet utgjorde 31. desember 1999 222,3 milliardar kroner.
4.2.2 Resultatrekneskapen for 1999
Tabell 4.4 viser Noregs Banks resultatrekneskap for 1999, samanlikna med tilsvarande tal for 1998.
Tabell 4.4 Noregs Banks resultatrekneskap for 1998 og 1999. Millionar kroner
1998 | 1999 | |
Renteinntekter utland | 10 834,4 | 8 829,4 |
Avkastning, plassering for Statens petroleumsfond | 21 571,5 | 30 295,5 |
Rentekostnader utland | 391,5 | 759,2 |
Renteinntekter innland | 1 073,0 | 1 152,3 |
Rentekostnader innland | 26 635,9 | 32 856,7 |
Netto renteinntekter utland og innland | 6 451,5 | 6 661,3 |
Netto kursreguleringar | 17 719,0 | (9 042,1) |
Netto renteinntekter og kursreguleringar | 24 170,5 | (2 380,8) |
Driftsinntekter | 345,8 | 408,3 |
Driftskostnader | 1 006,0 | 1 142,2 |
Driftsresultat før tap på utlån | 23 510,3 | (3 114,7) |
Inngått /(tap) på utlån / fordringar | (0) | (0,3) |
Overskot før ekstraordinære postar | 23 510,3 | (3 115,0) |
Overskot | 23 510,3 | (3 115,0) |
Overføringar: | ||
Overført frå kursreguleringsfondet | 2 977,9 | 0 |
Overført frå overføringsfondet | 3 400,6 | 0 |
Overført frå oppskrivingsfondet | 83,7 | 3 371,8 |
Til disposisjon | 29 972,5 | 256,7 |
Til statskassa frå overføringsfondet | 3 400,6 | 0 |
Avsett til annan eigenkapital | 0 | 132,6 |
Avsett til kursreguleringsfondet | 0 | 124,1 |
Avsett til overføringsfondet | 26 571,9 | 0 |
Disponert i alt | 29 972,5 | 256,7 |
Kjelde: Noregs Bank
Noregs Bank hadde i 1999 eit underskot etter kursreguleringar på 3,1 milliardar kroner, mot eit overskot på 23,5 milliardar kroner året før. Ifølgje årsmeldinga til Noregs Bank for 1999 har dette samanheng med endringar i prisar på norske og internasjonale verdipapir, overgang til verdsetjing av verdipapir til marknadsverdi og kurstap på valuta.
Avkastninga på netto valutareservar gav eit tap på 1 231 millionar kroner i 1999 mot ein gevinst på 27 288 millionar kroner i 1998. Av tapet i 1999 utgjer tap på valuta 1 290 millionar kroner mot ein gevinst på 14 703 millionar kroner i 1998.
Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 1999 10,0 milliardar kroner, mot 11,9 milliardar kroner i 1998. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 1999 på 1,2 milliardar kroner, mot 1,1 milliardar kroner i 1998. Renteinntektene frå utanlandske sektorar i 1999 var 8,8 milliardar kroner, mot 10,8 milliardar kroner året før.
Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 1999 på 733,8 millionar kroner, mot 660,2 millionar kroner i 1998. Personalkostnadene i 1999 utgjorde 513,9 millionar kroner, mot 484,0 millionar kroner ved utgangen av 1998.
4.2.2.1 Disponering av overskotet i 1999
Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks overskot blei fastsette i kongeleg resolusjon 7. februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kongeleg resolusjon 17. januar 1997 og har følgjande ordlyd:
Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 10 % av bankens fordringer i norske verdipapirer og 20 % av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.
Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.
Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.
Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.»
Kursreguleringsfondet blei tilført 124 millionar kroner i 1999. Fondet utgjer etter dette 27 339,2 millionar kroner. Kursreguleringsfondet har likevel ikkje nådd storleiken som følgjer av punkt 1, 1. punktum i retningslinjene.
I samsvar med punkt 2 i retningslinjene blei det ikkje avsetning til overføringsfondet.
I samsvar med punkt 3 i retningslinjene blei det overført 10 685,1 millionar kroner til statskassa.