3 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet
3.1 Regelverksutviklinga på finansmarknadsområdet
Nedafor følgjer ei oversikt over endringar i regelverket på finansmarknadsområdet som Finansdepartementet har stått for i 1997 og framstillinga er på enkelte punkt ført fram utover årsskiftet 1997/98. Oversikta inneheld mellom anna nye og endra forskrifter og opplysningar om iverksetjing av lover.
3.1.1 Bank- og finansieringsverksemd
Finansdepartementet fastsette 17. januar 1997 forskrift om endringar i «forskrift 14. september 1990 nr. 764 om sikkerhetsstillelse for låneformidlere», «forskrift 2. mai 1994 nr. 326 om filial av banker og andre kredittinstitusjoner med hovedsete i annen stat innenfor det europeiske økonomiske samarbeidsområde» og «forskrift 7. juli 1994 nr. 717 om grenseoverskridende tjenesteyting av utenlandske banker og andre kredittinstitusjoner med hovedsete i annen stat innenfor det europeiske økonomiske samarbeidsområde». Endringane var av teknisk karakter, og gjaldt innføringa av omgrepet «verdipapirføretak» i staden for «fondsmeklarføretak». Forskrift 2. mai 1994 nr. 326 vart òg endra 24. juni 1997. Endringa var av teknisk karakter.
Finansdepartementet fastsette 23. april 1997 «forskrift nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoner og verdipapirforetaks store engasjement». Forskrifta er basert på eit høyringsnotat utarbeidd av Kredittilsynet. Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarar til reglar i rådsdirektiv 92/121/EØF om tilsyn og kontroll med store engasjement som kredittinstitusjonar har, og rådsdirektiv 93/6/EØF som mellom anna fastset at reglar om store engasjement skal gjelde for verdipapirføretak. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1996. Kredittilsynet fastsette 10. desember 1997 ei forskrift som gir nærmare reglar om rapportering av store engasjement.
Finansdepartementet fastsette 6. mai 1997 forskrift nr. 429 om innbetaling av avgift til Sparebankenes Sikringsfond og Forretningsbankenes Sikringsfond. Forskrifta gir utfyllande reglar om avgifter som finansierer innskotsgarantiordninga fastsett i «lov 6. desember nr. 75 om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon mv. av finansinstitusjoner». Lova tok til å gjelde 1. januar 1997, med unntak av § 2-3 i lova om opplysningsplikt overfor kundar, som tok til å gjelde 1. juli 1997.
Finansdepartementet fastsette 15. mai 1998 forskrift om endring av forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjonar. Endringa førte til ei skjerping av regelverket. Lån med pantesikring i bustad som er eller vil bli nytta av låntakar, eller i bustad som er utleigd innafor 60 prosent av ansvarleg verdigrunnlag, skal vektast med risikovekt 50 prosent. Før endringa var grensa 80 prosent av ansvarleg verdigrunnlag. Forskrifta følgjer opp eit forslag i rapporten «Hensiktsmessigheten av et skjerpet kjernekapitalkrav for finansinstitusjoner», datert 3. februar 1998. Rapporten var utarbeidd av Kredittilsynet på oppdrag frå Finansdepartementet. Rapporten er nærmare omtala i Revidert nasjonalbudsjett 1998.
Kredittilsynet fastsette 14. november 1997 visse tekniske endringar i årsrekneskapsforskriftene som gjeld for bankar og forsikringsselskap, jf. forskrifter 13. september 1996 nr. 920 og 921.
Noregs Bank fastsette 17. juni 1997 endringar i «forskrift 17. august 1994 nr. 815 om bankenes mulighet til lån og innskudd i Norges Bank». Endringa innebar mellom anna ei innføring av intradaglån, ei utviding av kva slags verdipapir som kan tene som sikkerheit for lån i Noregs Bank, og ei utviding av kva slags filialar av utanlandske bankar som har høve til å ta opp lån i Noregs Bank. Ved ei endring i den same forskrifta 17. november blei det innført eit nytt oppgjerssystem i Noregs Bank.Vidare fastsette Noregs Bank 21. januar 1998 ei endring i forskrift 27. juni 1990 nr. 595 om valutaregulering. Endringa innebar at valutabankane har høve til å ta valutarisiko.
3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar
Finansdepartementet fastsette 23. april 1997 «forskrift nr. 377 om forsikringsselskapenes kapitalforvaltning». Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarar til rådsdirektiv 92/49 EØF (tredje skadeforsikringsdirektiv) og 92/96 EØF (tredje livsforsikringsdirektiv), som mellom anna inneheld reglar om forvaltning av eigedelar i forsikringsselskap. Forskrifta er nærmare omtala i Kredittmeldinga 1996. I forskrifta vart det fastsett at høgst 20 prosent av dei forsikringstekniske avsetningane til forsikringsselskap kunne bli plasserte i aksjar. I forskrift 4. mai 1998 vart denne grensa heva til 35 prosent. Då maksimalgrensa vart heva, la Finansdepartementet mellom anna vekt på at aksjeplasseringane må stå i forhold til risikoevna i kvart einskilt selskap. Krav om dette går fram av forskrifta § 5 andre ledd. Elles syner ein til omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1998 pkt. 6.3.
«Forskrift om premier og forsikringsfond i livsforsikring» vart fastsett 15. september 1997. Forskrifta inneheld reglar om grunnlagsrente, berekning av minsteverdi av forsikringsfondet og tilleggsavsetningar. Samstundes med fastsetjinga vart «forskrift 25. november 1993 nr. 1063 om premier i livsforsikring» oppheva. Endringa inneber ei gjennomføring av EØS-reglar som svarar til rådsdirektiv 79/267/EØF og 92/96/EØF, og er i hovudsak ei presisering i forhold til tidlegare regelverk. Forskrifta er nærmare omtala i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet fastsette 25. september 1997 «forskrift om individuelle pensjonsavtaler etter skatteloven» (IPA). IPA-regelverket erstattar ordninga med eigen pensjonsforsikring etter skattelova (EPES) og inneber at inntektsfrådraget etter skattelova § 44 andre ledd nr. 1 blir utvida til òg å omfatte nærmare oppgitte produkt som bankar og forvaltningsselskap for verdipapirfond kan tilby. IPA kan no bli tilbode både som pensjonsforsikring og pensjonssparing. Forsikringsselskap, bankar og verdipapirfond kan tilby pensjonssparing. Forsikringsselskap kan tilby pensjonsforsikring, mellom anna som livsforsikring med val av investering (Unit Linked). IPA kan teiknast frå og med inntektssåret 1997. For ein meir detaljert gjennomgang av ordninga, sjå omtalen i Ot.prp. nr 64 (1996-97) og Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet fastsette 4. februar 1998 «forskrift om endring i forskrift 21. november 1989 nr. 1172 om kapitalkrav for utenlandske skadeforsikringsselskap i Norge», «forskrift 11. oktober 1995 nr. 854 om norske forsikringsselskaps forsikringstjenesteytelser og etablering av filial i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde», «forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde». Forskriftsendringane har sin bakgrunn i ei oppmoding frå ESA, EFTAs overvakingsorgan, datert 18. februar 1997. Endringane er av teknisk art.
Finansdepartementet fastsette 19. mars 1998 ei teknisk endring i «forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond». Endringa innebar ei vidareføring av at pensjonskassane har høve til å gjere tilleggsavsetningar for åra 1997 og 1998.
Finansdepartementet fastsette 27. mars 1998 forskrift om visse tekniske endringar i «forskrift 19. mai 1995 nr. 481 om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske livsforsikringsselskap». Endringa fastsett 27. mars gir føresegner om korleis solvensmarginbidraget skal bereknast for forsikringsklassane V og VI. Departementet fastsette 24. april 1998 endringar i den tilsvarande forskrifta for skadeforsikringsselskap. Desse endringane gjeld tidsfrist for innrapportering av solvensberekningar til Kredittilsynet, og berekning av solvensmarginkapital for skadeforsikringsselskap med løyve til å overta livsforsikringar i form av reine risikoforsikringar.
Med heimel i «lov 7. desember 1956 om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskap og verdipapirhandel mv.» § 4 fastsette Kredittilsynet den 2. desember 1997 forskrift om rapportering for forsikringsmeklarføretak. Etter denne forskrifta er no desse føretaka pålagde å rapportere rekneskapstal, opplysningar om formidla forsikringsportefølje, provisjonar og om handtering av klientmidlar i føretaka.
Eit regjeringsoppnemnt utval leidd av professor dr. juris Erling Selvig har greidd ut eit forslag til ny lov om føretakspensjon. Lova tek mellom anna sikte på å avløyse «forskrift av 28. juni 1968 om private tjenestepensjonsordninger etter skatteloven». Utvalet la fram si innstilling i februar 1998. Utkastet til lov om føretakspensjon regulerer utforminga av tenestepensjonsordningar der premien gir rett til frådrag ved inntektsskattelikninga.
3.1.3 Verdipapirhandel
Finansdepartementet fastsette 7. mai 1997 visse endringar i «forskrift 17. januar 1994 nr. 30» (børsforskrifta). Endringane var av teknisk karakter.
«Lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel» tok til å gjelde 1. desember 1997. Frå same tidspunkt vart «lov 14. juni 1985 nr. 61 om verdipapirhandel» oppheva. Lova av 19. juni 1997 fører vidare dei endringane som vart gjennomførte ved lov 7. juni 1996 nr. 25. Desse endringane er nærmare omtala i Kredittmeldinga for 1995. Vidare inneber lova av 19. juni 1997 endringar i reglane om innsidehandel, meldeplikt, flaggingsplikt, tilbodsplikt, prospektkrav, derivathandel og tilsyn, og nye reglar om marknadsmanipulasjon og motrekning av enkelte typar derivatkontraktar. Lova er nærmare omtala i Kredittmeldinga for 1996.
I samsvar med den nye verdipapirhandellova har Finansdepartementet til no fastsett følgjande nye forskrifter, overgangsreglar o.a.:
«Forskrift 7. november 1997 nr. 1149 om ikrafttredelse og overgangsbestemmelser til lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel». Forskrifta opphevar ei rekkje eldre forskrifter. Vidare blir ein del forskrifter som er gitt med heimel i den tidlegare verdipapirhandellova, vidareførte.
«Forskrift 7. november 1997 om krav til opplysninger i prospekt ved offentlige tilbud om tegning eller kjøp av omsettelige verdipapirer».
«Forskrift 7. november 1997 om samordning av prospektkrav ved offentlige tilbud om beregning eller kjøp av omsettelege verdipapir i flere EØS-stater».
«Forskrift 7. november 1997 om endring av forskrift 17. januar 1994 nr. 30» (børsforskrifta).
«Forskrift 7. november 1997 om endring av forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner og verdipapirforetak».
Ved forskrift fastsett ved kgl.res. 14. november 1997 vart Kongens myndigheit etter verdipapirsentrallova § 1-2 andre ledd og § 1-3 andre ledd delegert til Finansdepartementet. 1. desember 1997 fastsette Finansdepartementet «forskrift om registrering av opsjoner og terminer mv i Verdipapirsentralen» med heimel i verdipapirsentrallova § 1-2 andre ledd og § 1-3 andre ledd.
I fjor vinter vart det avdekt ulovlege tildelingar av verdipapir i strid med regelverket (sjå omtale av R.S. Platou Securities AS» rolle som tilretteleggjar for NAT under pkt. 3.2). I brev til Kredittilsynet 27. februar 1997 la Finansdepartementet til grunn at det er behov for generelle reglar for eigenhandel utført av arbeidstakarar og andre personar med særleg tilknyting til finansinstitusjonar. Kredittilsynet vart bede om å utarbeide utkast til forskrifter som raskt kunne regulere desse spørsmåla. Kredittilsynet vart vidare bede om å utforme forslag til lovreglar om handel med verdipapir som arbeidstakarar i finansinstitusjonar og andre gjer for eiga rekning. På bakgrunn av forslag frå Kredittilsynet fastsette Finansdepartementet 11. juni 1997 «forskrift om minstekrav til internregler for verdipapirforetak, finansinstitusjoner mv. om egenhandel i finansielle instrument for tjenestemenn i forvaltningsselskap for verdipapirfond». Kredittilsynet fastsette 6. juni 1997 «forskrift om eigenhandel i finansielle instrument for tjenestemenn i forvaltningsselskap for verdipapirfond». Desse forskriftene er nærmare omtala i Kredittmeldinga for 1996.
Saman med brev frå Kredittilsynet av 3. april 1997 fekk Finansdepartementet oversendt eit høyringsnotat med forslag til lovreglar om «ansattes egenhandel i finansielle tjenester». Notatet vart sendt på høyring ved brev frå Finansdepartementet av 28. april 1997. Høyringsfristen var 1. august 1997. På bakgrunn av forslag frå Kredittilsynet og merknader frå høyringsinstansane fremma Regjeringa 26. juni 1998 Ot.prp. nr. 84 (1997-98) om endringar i verdipapirhandellova og enkelte andre lover (som set visse grenser for når tilsette i finansinstitusjonar o.a. kan utføre handel i finansielle instrument for eiga rekning).
Kredittilsynet har som hovudregel førebudd dei forskriftene og forskriftsendringane som vart fastsette av Finansdepartementet. I tillegg fastsette Kredittilsynet følgjande forskrifter etter delegert myndigheit:
«Forskrift 6. juni 1997 nr. 590 om egenhandel med finansielle instrument for ansatte i forvaltningsselskap for verdipapirfond». Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga for 1996.
«Forskrift 18. desember 1997 om endring av forskrift 26. september 1996 om melding av handel for egen rekning som ansatte i verdipapirforetak gjennomfører».
«Forskrift 20. juni 1997 om klargjøring av kontrollansvar, dokumentasjon og bekreftelse av den interne kontrollen». Ved denne forskrifta utvida Kredittilsynet verkeområdet til den såkalla internkontrollforskrifta til å gjelde verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond.
26. februar 1998 vart det fastsett forskrifter om visse tekniske endringar i ulike forskrifter som følgje av den nye verdipapirhandellova.
«Forskrift 6. mars 1998 om endring av forskrift 20. juni 1997 om klargjøring av kontrollansvar, dokumentasjon og bekreftelse av den interne kontrollen». Ved denne forskrifta utvida Kredittilsynet verkeområdet til den såkalla internkontrollforskrifta til å gjelde Verdipapirsentralen og oppgjerssentralar.
Oslo Børs fastsette 18. februar 1997 og 25. juni 1997 visse tekniske endringar i «forskrift 12. desember 1994 om regelverk for handel med derivatkontrakter ved Oslo Børs og clearing av handel med derivatkontrakter ved Norsk Opsjonssentral AS». I samband med iverksetjinga av verdipapirhandellova fastsette Oslo Børs 15. desember 1997 ei forskrift om krav til garanti ved framsetjing av pliktig tilbod, og ei forskrift om krav til garanti ved framsetjing av pliktig tilbod.
3.1.4 Anna regelverk
Finansdepartementet fastsette 18. november 1997 visse endringar i forskrift 20. mars 1990 nr. 177 om eigedomsmekling. Endringane gjaldt mellom anna reglane om korleis eigedomsmeklarar må stille sikkerheit, reglane om behandling av klientmidlar og reglane om kva slags verksemd eigedomsmeklarar har høve til å drive som ikkje er eigedomsmekling.
Finansdepartementet fremma 20. mars 1998 ein odelstingsproposisjon nr. 42 om «lov om årsrekneskap mv» (rekneskapsloven). Forslaget byggjer på innstillinga frå Rekneskapslovutvalet, som er trykt som NOU 1995:30, og ein rapport om «Bestemmelser om regnskapsføring» avgitt av eit underutval sett ned av Rekneskapslovutvalet.
Finansdepartementet fremma 28. mai 1998 ein odelstingsproposisjon nr. 65 om «lov om endring av kredittilsynslova» og endringar i visse andre lover på Finansdepartementet sitt område (stans av ulovleg verksemd). Forslaga til endringar i kredittilsynslova tek sikte på å gi Kredittilsynet betre grunnlag til å gripe inn mot og stanse ulovleg verksemd. Endringane i dei andre lovene er dels ei oppfølging av føresegnene i dei nye aksjelovene, dels endringar av teknisk karakter, og enkelte realitetsendringar som er mindre viktige.
Finansdepartementet fremma 5. juni 1998 ein odelstingsproposisjon nr. 75 om «lov om revisjon og revisorar» (revisorlova). Lovforslaget byggjer på innstillinga frå Revisorlovutvalet som er trykt som NOU 1997:9. Forslaget skal erstatte «lov 14. mars 1964 nr. 2 om revisjon og revisorer».
Elles må det nemnast at Finansdepartementet 17. mars 1998 vedtok å delegere meir myndigheit til Kredittilsynet. Delegasjonsvedtaka gjeld først og fremst myndigheit til å fatte enkeltvedtak, men omfattar i visse høve òg myndigheit til å fastsetje forskrifter. Den delegerte myndigheita gjeld for kurante saker. Viktige og/eller prinsipielle saker skal sendast til departementet for avgjerd.
3.2 Viktige forvaltningssaker
I vedlegg til meldinga er det gitt ei oversikt over departementet sine forvaltningsavgjerder i 1997. Nedafor følgjer ein omtale av viktige forvaltningssaker i 1997 og hittil i år.
Finansdepartementet avgjorde 16. januar 1997 at gjeldande dispensasjon til Eksportfinans frå eigaravgrensingsreglane ikkje kunne haldast ved lag dersom selskapet overtok og fusjonerte med Kommunekreditt Norge AS.Avgjerda vart etter klage stadfesta ved kgl.res. 23. mai 1997. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Veddrar AS, eit selskap heimehøyrande i Verdal kommune, klaga 8. juli 1994 over Finansdepartementet sitt vedtak 17. juni 1994 om å gi UNI Storebrand dispensasjon til å eige Værdalsbruket AS fram til 1. januar 2004. Vedtaket vart stadfesta i kgl.res. 27. juni 1997. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet gav 18. mars 1997 løyve til at det danske AS Forsikringsselskapet Codan skipar dotterselskapet Fokus Livsforsikring AS. Samstundes godkjende departementet eit samarbeid mellom Codan og Fokus Bank. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Styra i Storebrand og Kreditkassen la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan der eit selskap i Storebrand-konsernet skulle vere det overtakande selskapet i fusjon med morselskapet i Kreditkassen-konsernet. Det vart lagt til grunn eit byteforhold på ein ordinær aksje i Storebrand ASA, holdingselskapet i det nye konsernet som ville bli omdøypt til Christiania ASA, for 2 aksjar i Kreditkassen. Sjå omtale av saker i samband med fusjonsplanane i Kredittmeldinga 1996. I og med at fusjonen ikkje vart vedteken, vart det ikkje aktuelt med konsesjonshandsaming i Finansdepartementet i samsvar med reglane i finansieringsverksemdslova.
Finansdepartementet godkjende 11. mars 1997 samanslutninga av Eiker Sparebank og Drammensbanken Skoger Sparebank til Sparebanken Eiker Drammen. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet gav 18. mars 1997 det sveitsiske selskapet Zürich Insurance Company (Zürich) løyve til å kjøpe Protector Forsikring ASA. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet gav 10. mai 1997 Landsbanken og Samvirkegruppen løyve til å skipe eit finanskonsern. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet godkjende 22. juli 1997 at Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidige vart omdanna til aksjeselskap, og at alle aksjane i selskapet vart overtekne av Trygg Hansa Försäkring AB. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet avslo 25. juli 1997 klage over Kredittilsynet sitt vedtak om ikkje å gi K-Fondene AS samtykke til å gjere verdipapirhandlar og yte rådgivingstenester for Christiania SICAV. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet gav 29. august 1997 løyve til seks søkjarar om at dei kan opprette livsforsikringsselskap som skal tilby livsforsikring med investeringsval (unit linked) i samsvar med nye reglar fastsette 20. desember 1996. Følgjande selskap fekk slikt løyve (sjå òg Kredittmeldinga 1996):
David Livsforsikring AS/Sparebankgruppen AS
Den norske Bank ASA/Vital Forsikring ASA
Landsbanken-Samvirkegruppen AS
Storebrand ASA
Christiania Forsikring AS (Kreditkassen-konsernet)
Gjensidige Livsforsikring
Finansdepartementet gav 3. september 1997 løyve til at Statkraft SF kan opprette eigenforsikringselskapet Statkraft Forsikring AS. Løyvet vart avgrensa til å gjelde teikning av forsikring og gjenforsikring for selskap i Statkraft-konsernet, jf. aksjelova § 1-2. Det vart gjort unntak frå eigargrensa i forsikringsverksemdslova § 2-2 første ledd. Det vart blant anna sett vilkår om at styremedlemmene og dagleg leiar skal godkjennast av Kredittilsynet før verksemda startar, og at dagleg leiar skal vere tilsett i selskapet.
Finansdepartementet godkjende 12. september 1997 delt eigarskap mellom bilimportfirmaet Møller Bil AS og finansieringsselskapet Finans Skandic AB, eit selskap i SE-banken-konsernet, av bilfinansieringsselskapet Møller Bilfinans AS. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1996.
Finansdepartementet gav 24. september 1997 samtykke til at Hallingbanken Aal Sparebank og Lillestrøm Sparebank kunne ta del i det samarbeidet som er etablert gjennom Samarbeidende Sparebanker AS. Samarbeidende Sparebanker AS er ein av fem aksjonærar som kvar eig 20 prosent av aksjane i Sparebankgruppen AS. Gjennom Eikagruppen AS er det etablert eit samarbeid mellom om lag 100 mindre sparebankar over heile Noreg som gjeld koordinering av innkjøpssamarbeid og administrative konsulenttenester. Ut frå dei opplysningane som er gitt, er det noverande samarbeidet vurdert til ikkje å vere løyvepliktig, i samsvar med finansieringsverksemdslova § 2-7 om samarbeidsavtalar.
Finansdepartementet avslo 26. september 1997 søknad frå KLP om dispensasjon frå forbodet mot at eit forsikringsselskap eig meir enn 15 prosent av aksjane eller partane i eit selskap som driv forsikringsframand verksemd. Bakgrunn for søknaden var at KLP hadde eit engasjement i K/S Grenseveien 71 gjennom dotterselskapet KLP Eiendom AS. Verksemda i K/S Grenseveien vart rekna for forsikringsframandt fordi ho delvis er finansiert ved lån.
Finansdepartementet avslo 7. november 1997 søknad frå Sparebanken NOR om dispensasjon frå finansieringsverksemdslova § 2a-8 tredje ledd tredje punktum, som fastset at summen av konsernbidrag og utbytte som blir gitt frå eit selskap til eit anna selskap i eit finanskonsern, ikkje må overstige forsvarleg utdeling av utbytte frå selskapet basert på drifta kvart enkelt år. Søknaden gjeldt utbytteutbetalingar frå Sparebankgårdene AS og Linstow Eiendom AS til Sparebanken NOR. Finansdepartementet meinte at det ikkje var grunnlag for å gi dispensasjon frå forbodet ut frå soliditet eller andre særlege forhold.
Finansdepartementet gav 24. november 1997 løyve til at Centralkassen for Bøndernes Driftskreditt endrar organisasjonsform frå stiftelse til aksjeselskap. Det vart vidare gitt løyve til at Landkreditt kan eige 100 prosent av aksjane i det nystifta selskapet Centralkassen for Bøndernes Driftskreditt AS. Finansdepartementet godkjende vidare organiseringa av finanskonsernet. Finansdepartementet fann ikkje å kunne godkjenne at Centralkassen for Bøndernes Driftskreditt AS og Landkreditt skal kunne ha felles kontrollkomité.
I august 1996 tok R.S Platou Securities AS på seg oppdrag som tilretteleggjar for teknologiselskapet NAT med sikte på ein offentleg emisjon kombinert med eit spreiingssal og ein retta emisjon mot tilsette i NAT. Emisjonen vart kraftig overteikna. Kredittilsynet gjennomførte undersøkingar, og avdekte ei rekkje brot på verdipapirhandellova og verdipapirfondlova. På denne bakgrunnen vedtok Kredittilsynet å trekkje attende konsesjonen til R.S Platou Securities AS, etter lov om verdipapirhandel § 3-1 første ledd nr. 4. R.S. Platou klaga vedtaket inn for Finansdepartementet. Finansdepartementet vedtok 1. desember 1997 ikkje å ta klagen frå føretaket til følgje, og stadfesta Kredittilsynet sitt vedtak i saka.
Finansbanken ASA fekk 16. desember 1997 løyve til å eige alle aksjane i Skipskredittforeningen ASA. Departementet gav mellombels dispensasjon slik at Finansbanken ASA kunne eige mellom 90 og 100 prosent av aksjane i Skipskredittforeningen ASA i inntil eit halvt år. Samstundes godkjende departementet oppløysing av Stiftelsen Skipskreditt som åtte 41 prosent av aksjane i Skipskredittforeningen ASA. Det vart òg godkjent at formuen, i tråd med vedtektene, kunne betalast attende til Skipskredittforeningen ASA, bortsett frå 12 mill. kroner, som vart gitt til Høgskolen i Agder for å nyttast til å styrkje den økonomiske utdanninga innafor maritim sektor.
Finansdepartementet avslo 29. januar 1998 ein søknad frå Den norske Bank ASA (DnB) om løyve til å kjøpe aksjane i Bolig- og næringsbanken ASA (BN-bank). Kredittilsynet hadde tilrådd at det vart gitt løyve. Ved avgjerda la departementet til grunn ei struktur- og distriktspolitisk målsetjing om å halde oppe minst eitt finansielt tyngdepunkt utafor Oslo. Det vart òg synt til Innst.O. nr. 58 (1987-88), Innst.S. nr. 287 (1996-97) og Innst.S. nr. 213 (1993-94).
Finansdepartementet gav 9. februar 1998 Vesta Forsikring AS løyve til å etablere filial for sjøforsikringsverksemd i Singapore. Det vart synt til at Kredittilsynet etter kredittilsynslova har krav på opplysningar som omfattar verksemda i filialen.
Finansdepartementet vedtok 20. april 1998 å gjere om Kredittilsynet sitt vedtak om å nekte å godkjenne vedtaket i Arendal bystyre om at Arendal Kommunale Pensjonskasse skal omfatte Aust-Agder Krisesenter for kvinner. Finansdepartementet la til grunn at det i saka var spørsmål om det ligg føre tilstrekkeleg tilknyting mellom krisesenteret og Arendal kommune, og om verksemda i krisesenteret er varig. Finansdepartementet fann under noko tvil at verksemda i krisesenteret måtte seiast å vere av tilstrekkeleg varig karakter, og at den metoden pensjonskassen nyttar ved premieberekninga (gjennomsnittspremie for alle dei tilsette, i staden for ein premie berekna for kvar enkelt medlem og dermed for kvart enkelt føretak) ikkje bør vere til hinder for at krisesenteret blir teke opp som medlem i pensjonskassen. Finansdepartementet la til grunn at krisesenteret har ei noko svak økonomisk tilknyting til Arendal kommune, på grunn av det interkommunale samarbeidet (driftsmidlane til senteret kjem frå kommunane i Aust-Agder, som yter 50 prosent, og frå staten, som yter dei resterande 50 prosent). Men etter Finansdepartementet sitt syn burde det ikkje få avgjerande utslag i negativ retning at fleire kommunar samarbeider om å støtte krisesenteret. Departementet la avgjerande vekt på den økonomiske tilknytinga som faktisk finst, og at krisesenteret har sterkare tilknyting til Arendal kommune enn til dei andre kommunane i samarbeidet, fordi krisesenteret ligg i Arendal og samarbeider mykje med denne kommunen.
Innovasjonsmarkedet AS søkte 9. juli 1997 om konsesjon som verdipapirføretak etter verdipapirhandellova. Innovasjonsmarkedet AS ønskjer å etablere ein marknadsplass for omsetning av aksjar i norske bedrifter. Føretaket tek sikte på å skaffe risikokapital til bedrifter som ikkje har nådd eit slikt utviklingsnivå der kursnotering ved Oslo Børs er aktuelt. Verksemda som Innovasjonsmarkedet AS planlegg å drive, reiser enkelte prinsipielle spørsmål. I brev til Finansdepartementet 14. januar 1998 bad Kredittilsynet om ei vurdering av om den planlagde verksemda òg måtte ha konsesjon som børs etter børslova. I brev 28. april 1998 til Kredittilsynet konkluderte Finansdepartementet med at verksemda ikkje må ha konsesjon etter børslova.
Finansdepartementet gav 5. mai 1998 Storebrand ASA løyve til å betale attende preferanseaksjekapitalen som vart oppteken i samband med fristillinga frå offentleg administrasjon i 1993. Innløysinga innebar at aksjekapitalen vart sett ned med 500 mill. kroner. Totalt vart det utbetalt om lag 1,2 mrd. kroner til aksjeeigarane. Tilbakebetalinga, som vart gjennomført 20. mai 1998, førte til at to aksjeeigarar, Orkla ASA og Tiger Management, kom i strid med reglane i finansinstitusjonslova § 2-2 om at ingen kan eige meir enn 10 prosent av aksjane i ein finansinstitusjon. Dei to eigarane søkte 18. mai om dispensasjon til å eige om lag 13,5 prosent av aksjane i Storebrand ASA fram til 31. desember 1998. Begge eigarane fekk 29. mai 1998 avslag på søknadene sine om dispensasjon, og vart pålagde å bringe eigarskapen i tråd med reglane innan 20. juni 1998. Selskapa har etter dei opplysningar departementet har fått, innretta seg etter avgjerdene.
Finansdepartementet gav 7. mai 1998 løyve til Vesta Forsikring AS til å kjøpe alle aksjar i Aktiv Forsikring AS. Løyvet vart gitt på vilkår av at Vesta Forsikring AS på eit seinare tidspunkt kan bli pålagt av Kredittilsynet å fusjonere med eit anna selskap i Vesta-konsernet, og at søknad om godkjenning av konsernstruktur skal leggjast fram for Kredittilsynet seinast 1. juli 2000.
Finansdepartementet vart hausten 1997 gjort merksam på at Storebrand ASA hadde overteke 45 prosent av A-aksjane og 40 prosent av B-aksjane i Røde Kors Klinikk AS og framleis sat på dei, trass i ei avgjerd 16. august 1996 om at UNI Storebrand ikkje fekk løyve til å eige så stor del av aksjane. Departementet kravde difor i brev 11. juni 1998 til Storebrand at eigarskapen straks vart ordna i samsvar med 15 prosent eigar- og stemmeavgrensingsregelen i forsikringsverksemdslova § 7-2 andre ledd. Samstundes vart Kredittilsynet bede om å følgje opp med pålegg og tvangsmulkt dersom det vart nødvendig, og eventuelt vurdere andre tiltak. Departementet si avgjerd 16. august 1996 er omtala i Kredittmeldinga 1996. Storebrand har 17. juli 1998 selt alle aksjane i Røde Kors Klinikk AS.
Finansdepartementet avslo 2. juli 1998 søknad frå Den norske Bank om godkjenning av organiseringa av konsernselskapa DnB og Vital Forsikring ASA etter ein dotterdottermodell. På bakgrunn av forarbeida til finansieringsverksemdslova la Finansdepartementet til grunn at ein holdingmodell i større grad enn ein dotterdottermodell sikrar soliditets- og tilsynsomsyn. Kredittilsynet tilrådde denne modellen mellom anna av omsyn til eit best mogleg tilsyn. Departementet la vekt på at ved ein dotterdottermodell vil eventuelle soliditetsproblem i dotterdotterselskapet bli overførte til morselskapet, og moglege soliditetsvanskar vil auke med omfanget av verksemda i dotterdotterselskapet. Departementet la i dette høvet vekt på både det absolutte og det relative storleiksforholdet mellom konsernselskapa. Vidare la departementet til grunn at ein holdingmodell i større grad enn ein dotterdottermodellen sikrar at dei avgjerder som blir tekne om verksemda i Vital, i størst mogleg grad er baserte på omsynet til kundane i dette selskapet. Finansdepartementet la også til grunn at i ein situasjon der morselskapet i eit konsern får problem, kan det få andre og sterkare konsekvensar for dotterselskapa dersom morselskapet er eit operativt selskap enn dersom morselskapet er eit holdingsselskap. Holdingmodellen gir dessutan den klaraste avgrensinga mellom verksemda i banken og verksemda i forsikringsselskapet, noko som verkar inn på det faste tilsynsarbeidet.
Kredittilsynet har gitt si tilråding i dei sakene som vart avgjorde av Finansdepartementet.