St.meld. nr. 55 (1997-98)

Kredittmeldinga 1997

Til innhaldsliste

4 Verksemda til Noregs Bank i 1997

4.1 Årsmeldinga til Noregs Bank for 1997

Årsmeldinga 1997 for Noregs Bank vart behandla og godkjend i hovudstyremøte 6. mars 1998. Etter § 28 i lov av 24. mai 1985 nr 28 om Noregs Bank og pengevesenet (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet for å bli lagt fram for Kongen og gjerast kjent for Stortinget. Etter § 5 i instruks for Riksrevisjonens kontroll med Noregs Bank skal Riksrevisjonen òg sende årsmelding og rekneskap for Noregs Bank til Stortinget. Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

4.1.1 Leiing og administrasjon

a) Hovudstyret

Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen er nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 30 møte i 1997. Boks 4.1 viser samansetjinga av hovudstyret i 1997.

Boks 4.1 Boks 4.1 Hovudstyret i Noregs Bank

Hovudstyret var i 1997 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

Sentralbanksjef Kjell Storvik, leiar,

Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar

Direktør Tove Strand Gerhardsen, 1994-97 (adm.direktør Svein Longva)

Rådmann Dagfinn Høybråten, 1996-99 (husmor Oddbjørg Venås)

Direktør Arnulf Ingebrigtsen, 1994-97 (lærar Elisabeth Aspaker)

Nestleiar Esther Kostøl 1994-97 (nestleiar Eystein Gjelsvik)

Gardbrukar Lars Velsand 1996-99 (ordførar Åse Grønlien Østmo)

Representantar for dei tilsette:

Førstefullmektig Thomas Deaton (førstefullmektig Anita Bredesen Mallidis)

Mekanikar Espen Halvorsen (fullmektig Elisabeth Gamst Mathisen)

b) Representantskapet

Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar, jf sentralbanklova § 7. Boks 4.2 viser samansetjinga av representantskapet i 1997.

Boks 4.2 Boks 4.2 Representantskapet i Noregs Bank

Representantskapet var i 1997 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

Magister Paul Thyness, leiar, 1996-99 (rådmann Søren Fredrik Voie)

Rektor Geirmund Ihle, nestleiar 1994-97 (rektor Steinar Frithjof Dreyer)

Siviløkonom Odd Rambøl, 1996-99 (lærar Ragnhild Weiseth)

Sekretær Berit I. Hultmann, 1994-97 (pensjonist Knut Haugland)

Gardbrukar Inge Høyen, 1996-99 (kontorsjef Ingunn Rongved)

Statsautorisert revisor Gerd Leira, 1996-99 (adjunkt Elsa Skarbøvik)

Førstekonsulent Veslemøy Rabe, 1996-99 (skolesjef Jon Bjørnebekk)

Husmor Reidun Romfo, 1996-99 (ordførar Rigmor Aarud Jahren)

Ass.fylkesrådmann Johan Solheim, 1996-99 (salssjef Armand Bjørnholt)

Advokat Morten Steenstrup, 1996-99 (avd.sjef/siv.øk. Bente Lier)

Kontorfullmektig Aslaug Mildrid Sofie Eriksen, 1994-97 (sosionom Marit Rotnes)

Rektor Elisabeth Dobloug Guldbrandsen, 1994-97 (sjukepleiar Kari Lerang)

Pensjonist Jens Marcussen, 1994-97 (pensjonist Hakon Lunde)

Fiskeoppdrettar Hans P. Meland, 1994-97 (verksemdsleiar Hanne Varhaug Søberg)

Rektor Per Aas, 1994-97 (cand.oecon. Thor-Eirik Gulbransen)

c) Personale

Noregs Bank hadde pr 31. desember 1997 til saman 1142 heil- og deltidstilsette. Dette er 40 færre enn ved utgangen av 1996 og 78 færre enn i 1995. Tabell 4.1 viser fordelinga av dei fast tilsette i banken på hovudkontoret og andre einingar.

Tabell 4.1 Fordeling av dei fast tilsette i Noregs Bank på hovudkontoret og andre einingar

19931994199519961997
Hovudkontoret618623618599594
Avdelingane utafor Oslo441459443424397
Seteltrykkeriet og Den Kongelege Mynt171171159159151
Sum1 2301 2531 2201 1821 142

d) Bruken av ressursar i Noregs Bank

Norges Bank har i 1997 arbeidd vidare med å sikre ei effektiv og målretta ressursutnytting i banken og førebudd dei nye og utvida oppgåvene banken har fått i samband med den operative forvaltninga av Statens petroleumsfond.

Noregs Bank har i brev av 2. juni 1998 til Finansdepartementet gjort greie for desse forholda. I brevet viser Noregs Bank mellom anna til at den samla gjennomgangen (planprosessen) har vore delt i to:

«I den første delen som blei handsama av hovudstyret hausten 1996, gjennomgikk ein den vesentlege delen av verksemda ved hovudkontoret og dei tilgrensande funksjonane. Dette leidde til at hovudstyret slutta seg til sentralbanksjefen sitt forslag til plan for ressursbruk og dimensjonering for perioden 1997-99. Denne planen femner i første omgang ikkje om heile banken da setel- og mynthandsaminga og dei to produksjonsverksemdene, Noregs Banks Seteltrykkjeri (NBS) og Den Kongelege Mynt (DKM), blir vurderte for seg.

I hovudtrekk inneber planen ein sterkare konsentrasjon om sentralbanken sine kjerneoppgåver på kostnad av oppgåver banken utfører for det offentlege og private. Planen inneber at talet på årsverk blir redusert med i overkant av hundre i perioden 1997-99. Av dette utgjer engasjementoppfølging for Statens nærings- og distriktsutviklingsfond - som vart avvikla 31. desember 1996 - om lag 40 årsverk, medan redusert arbeid knytt til bankforretningar for staten og eigne tilsette utgjer om lag 25 årsverk. Ulike typar støtteaktivitetar og valutastatistikkarbeid vert redusert med om lag 20 årsverk kvar. Resten av reduksjonen er fordelt på fleire ulike mindre oppgåver.

I planen for 1997-99 blei det sett rammer for ein samla reduksjon i talet på tilsette. Dei avdelingane som var femna av dimensjoneringsgjennomgangen har i 1997 arbeidet vidare med nedbemanninga. Status ved utgangen av 1997 var ein reduksjon på totalt 18 årsverk. I tillegg er tiltaka i samband med bortfall av oppgåvene for Statens nærings- og distriktsutviklingfond gjennomførte.

Den andre delen av den samla gjennomgangen blei gjennomført i 1997 og omfattar den øvrige delen av sentralbanken si verksemd, herunder distriktsavdelingane. Denne gjennomgangen tek såleis for seg Noregs Banks oppgåver når det gjeld distribuering, lagerhald og generelt sett tilførsel til samfunnet av dei tradisjonelle betalingsmidla: setlar og mynt. Dette leidde til at hovudstyret i juni 1997 ga si tilslutting til hovudretningsliner for det vidare arbeid i Noregs Bank med setlar og mynt. Vedtaket inneber at talet på distriktsavdelingar vert oppretthalde, men det har som føresetnad at bemanningsstrukturen ved distriktsavdelingane vert tilpassa dei oppgåver som skal løysast, i det alt vesentlege innanfor setel- og myntforsyning. Dette medfører at den organisatoriske strukturen ved distriktsavdelingane blir forenkla i høve til tidligare, men det er enno for tidlig å seie hvilke bemanningsmessige konsekvensar det vil gi samla sett.

I budsjettretningslinene for 1997 sette ein som mål at driftspostane i internrekneskapen (eksklusiv produksjonsverksemdene) skulle vise ein reell nedgang på 1-2 % i høve til rekneskapen for 1995. Denne målsettinga var basert på ein føresetnad om at det totale oppgåvespekteret ville vere tilnærma uendra i 1997 i høve til 1995. I budsjettframlegget for 1997 la hovudstyret difor til grunn at enkelte postar av ekstraordinær karakter skulle haldast utanfor når endring i ressursbruk skulle reknast ut frå 1995 til 1997. Korrigert for desse postane vart nedgangen på 1,7 %.

Innan kasseområdet auka inngangen av 200 kronesetlar med 52 % og 500-kronesetlar med 18 % i høve til 1996. Inngangen av 100-kronesetlar vart redusert med noko under 20 %. Bruken av 20-kronemyntar aukar. Inngangen til Noregs Bank auka med ca 24 % frå 1996 til 1997. Som følgje av utskiftinga av 1-krona auka inngangen av denne myntvaløren med 13 %. Samla har auken i inngangen for mynt vore på noke over 10 %. Gebyrinntekter frå sal av mynt pakka i rull auka frå 7,2 mill kroner i 1996 til 15,6 mill kroner i 1997. Årsaka er auke i både pris og volum.

I tillegg vil dei to produksjonsverksemdene som ledd i den samla gjennomgangen bli gjenstand for ei eiga vurdering med sikte på å fastleggje strategiske retningsliner og vidareutvikle styringa av dei to verksemdene.

Hovudstyret handsama hausten 1997 òg eit strategisk dokument om perspektiver og moglege vegval for DKM. Det blei her vedteke at verksemda skal førast vidare innanfor det produktspekter ein har i dag. I dette ligg at det på sikt vil vere ei målsetting at Noregs Bank sine kostnadar til sirkulasjonsmynt ikkje i vesentleg grad overstig kostnadane ved eksternt kjøp. Dette vil krevje effektivitetsforbetrande tiltak og omstruktureringar i tida framover. Denne prosessen byrja i 1997 og held fram komande år. Hovudstyret vil handsame eit tilsvarande dokument for NBS i løpet av 1998. Det er i 1997 òg oppretta eit internt fagråd for DKM og NBS med deltaking av leiinga ved både verksemdene, ein ekstern konsulent med industrifagleg erfaring og representantar frå dei tilsette. Fagrådet skal ha ei rådgjevande rolle og bidra til å styrkje gjennomføringa av den forretningmessige drifta og den økonomiske styringa ved verksemndene. Samstundes er arbeidet med planlegging, økonomisk styring og oppfølging styrka ressursmessig i 1998.

Drifta ved DKM og NBS har i 1997 vore prega av utskiftinga av setel- og myntrekka. Ved DKM vart det totalt produsert 769 tonn mynt, der einkronemynten stod for 80 %. Store seriar har gjeve effektiv produksjon og kostnad pr tonn viser ei forbetring på 4 % i høve til 1996. Den totale produksjonen i 1996 og 1995 var til samanlikning 781 og 742 tonn. NBS har levert ca 62,8 mill setlar i 1997, noko som er ein auke på ca 10 % samanlikna med 1996. Ny 100 kronesetel utgjer ca 87 % av leveringane. NBS har òg laga ny 500 kronesetel som skal lanserast i 1999.

Forretningsverksemda ved DKM hadde ein omsetnad på 43,4 mill kroner i 1997. Dette er ein auke på ca 37 % i høve til 1996, noko som spesielt skuldast ein stor ordre innan medaljeproduksjon. Sjølv om eksportproduksjon har gjeve eit negativt resultat, viser samla forretningsverksemd ved DKM ein resultatgrad (resultat/omsetnad) på ca 10 %. Ved NBS er resultatet frå forretningsverksemda i 1997 ein god del betre enn i 1996 og i høve til budsjettet for 1997. Ein har likevel ikkje oppnådd overskot av den ordinære drifta. Dette skuldast låg lønsemd for produksjon av frimerke.

Året var elles sterkt prega av arbeidet med å førebu og byggje opp den eininga som skal ivareta dei utvida oppgåvene som forvaltninga av Statens petroleumsfond fører med seg. Stortinget sitt vedtak i forbindelse med handsaminga av Revidert Nasjonalbudsjett for 1997 inneber at ansvaret for den operasjonelle forvaltninga av petroleumsfondet fortsatt skal liggje i Noregs Bank og det blei gitt nye retningsliner for fondet, slik at det også kan plasserast i aksjar. Ein viser for så vidt til nærmare omtale i Noregs Bank si årsmelding for 1997. Kapitalforvaltinga er frå 1. januar 1998 organisert i ei eiga eining i Noregs Bank skild ifrå dei andre områda i banken. Det førebuande arbeidet med å byggje opp kapitalforvaltinga har kravd auka ressursar. For å byggje opp kompetansen blei det mellom anna løyvd 7 nye årsverk i budsjettet for 1997. I forbindelse med handsaminga av budsjettet for 1998 har representantskapet gitt si tilslutting til at kapitalforvaltinga kan byggjast opp til 47 stillingar. Arbeidet med å byggje opp eininga vil halde fram i 1998, og det er lagt til grunn at ho etter kvart vil få om lag 50 tilsette. Dei fleste av desse vil bli tilsette i 1998. Kapitalforvaltninga vil også krevje auka ressursar i andre avdelingar i Noregs Bank og det må såleis gjerast rekning med ei samla auke i talet på fast tilsette i Noregs Bank i 1998. Det er elles føresetnaden at banken sine kostnader knytte til forvaltinga av petroleumsfondet skal dekkjast i samsvar med den avtala som 5. mai 1998 blei inngått mellom Finansdepartementet og Noregs Bank om den operative forvaltinga av Statens petroleumsfond.»

Departementet viser til omtalen i Revidert nasjonalbudsjett 1998 av forvaltninga av Statens petroleumsfond og avtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank av 5. mai 1998.

4.1.2 Verksemda til Noregs Bank i 1997

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Det følgjande er ei kort framstilling av verksemda i 1997 som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.

a) Betalingsmiddel og betalingsformidling

Noregs Bank har oppgåver knytte til betalingssystema som heilskap. Noregs Bank står for oppgjer av krav og skyldnader mellom bankane, pengeoppgjer av verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til staten si økonomiforvaltning. Som setelbank står Noregs Bank for produksjon og distribusjon av setlar og mynt.

Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i det finansielle systemet. Svikt her kan ha store samfunnsøkonomiske konsekvensar og kostnader. Noregs Bank har lagt særleg vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre institusjonar og marknader gjennom betalingssystema.

Noregs Banks nye system for oppgjer av pengeposisjonar mellom bankane og Noregs Bank (NBO) vart innført 24. november 1997. Målet med systemet er å redusere risikoen og auke effektiviteten i betalingsoppgjeret. Tidlegare vart transaksjonane til bankane berre tekne til oppgjer i Noregs Bank på nettobasis ved slutten av oppgjersdagen. I det nyetablerte brutto oppgjerssystemet blir transaksjonane mellom bankane gjorde opp enkeltvis og med endeleg verknad jamleg gjennom dagen. Systemet er i samsvar med internasjonale standardar. I 1998 blir det arbeidd vidare med etableringa av eit nytt grensesnitt mellom NICS (Norwegian Interbank Clearing System) og NBO, som vil gi bankane høve til å sende bruttotransaksjonar elektronisk til Noregs Bank via NICS. Når grensesnittet er etablert, vil bankane og Noregs Bank i fellesskap fullt ut ha realisert eit realtidsbasert system for bruttooppgjer i Noregs Bank.

Dei landa som har slutta seg til Den økonomiske og monetære unionen (ØMU-landa), er i ferd med å etablere eit felles system for grensekryssande betalingar i euro: TARGET. Målet med systemet er å gjere ei effektiv gjennomføring av pengepolitikken mogleg og å gjere grensekryssande betalingar sikrare og meir effektive. Det er opplyst at TARGET kjem til å vere operativt frå 4. januar 1999. Noregs Bank er i jamleg kontakt med Det europeiske monetære institutt (EMI), frå 1. juni 1998 Den europeiske sentralbank (ESB) for å diskutere ei framtidig norsk tilknyting til TARGET. Etter mellom anna desse kontaktane har Noregs Bank vedteke å tilby eit oppgjer i euro frå 4. januar 1999 om ein finn fram til ein høveleg praktisk måte å gjere det på. Noregs Bank vurdere no korleis ein kan forme ut eit eurooppgjer i samtalar med dei norske bankforeiningane som gjeld både tekniske tilhøve og økonomiske vilkår og reglar. På same tid held Noregs Bank fram med drøftingane med europeiske sentralbankar. For nærmare omtale viser ein til avsnitt 5.4.7 i Revidert nasjonalbudsjett for 1998.

Noregs Bank er oppgjersbank for pengeoppgjeret knytt til dei verdipapirtransaksjonane som blir avrekna i verdipapirsentralen (VPS). VPS og Noregs Bank utarbeidde i 1996 ein rapport om moglege tiltak for å forbetre verdipapiroppgjeret. Som oppfølging av dette har VPS sett i gang prosjektet «Nytt Verdipapiroppgjørssystem» (VPO). Noregs Bank er representert i prosjektgruppa.

Dei 20 største valutabankane i verda (G20) begynte i 1996 å arbeide for å etablere eit system som skulle kunne redusere risiko i valutahandelen. Ei gruppe med noko mindre bankar (G40) der Den norske Bank er med, har arbeidd aktivt for at fleire bankar og fleire valutaer skal vere med. Risikoreduksjonen kan då bli monaleg større. Bankane i desse to gruppene arbeider no saman for å etablere eit system kalla «Continuous Linked Settlement» (CLS). Det inneber at oppgjeret av valutakontraktane til deltakarane skjer simultant i ein fleirvalutabank. Systemet vil bli drive av ein ny oppgjersbank som bankane eig saman. Noregs Bank oppretta i desember 1997 kontakt med denne banken-Continuous Linked Settlement Service (CLSS)-med tanke på å inkludere norske kroner i systemet i framtida. Noregs Bank har opplyst at det må gjerast grundige analysar av den operative utforminga av systemet før Noregs Bank kan ta endeleg stilling i dette spørsmålet.

Ved utgangen av 1997 var det setlar for 42 889 mill. kroner i sirkulasjon hos publikum, føretak og bankar. Gjennomsnittleg var det setlar for 38 283 mill. kroner i sirkulasjon i 1997. Dette er ein auke på 4,0 prosent i forhold til 1996. Dei siste fem åra har setelomløpet auka med 28,0 prosent. Målt i verdi stod 1000-kronesetelen for 69,8 prosent, ein reduksjon på 0,8 prosentpoeng frå 1996. 500-kronesetelen sin del av setelomløpet aukar framleis, frå 9,4 prosent i 1996 til 10,6 prosent i 1997. 200-kronesetelen vart lansert som ein ny valør i setelutgåve VII i 1994, og stod i 1997 for 6,9 prosent av setelomløpet, mot 4,8 prosent i 1996. 100-kronesetelen sin del av omløpet er redusert frå 13,5 prosent i 1996 til 11,1 prosent i 1997. 50-kronesetelen har ein liten og temmeleg stabil del av setelomløpet, på 1,6 prosent i 1997. Ein ny 100-kronesetel, utgåve VII, vart sett i omløp 15. september 1997. Den gamle 100-kronesetelen, utgåve VI, er frå 5. september 1998 ikkje lenger tvunge betalingsmiddel. Gamle 100-kronesetlar vil bli innløyste av Noregs Bank fram til 5. september 2008.

Omfanget av setelinngangen til Noregs Bank er mellom anna ei følgje av betalingsvanane til publikum og betalingsmiddel folk vel. I 1997 vart det levert inn 517,5 mill. setlar frå bankar og Postverket til Noregs Bank for sortering og resirkulering. Dette er 1,6 prosent meir enn i 1996. Talet på setlar som sirkulerer i samfunnet, er med på å bestemme bruken av ressursar og kostnadene til handsaming og produksjon av setlar i Noregs Bank. Innføring av 200-kronesetelen og marknadsføring av 500-kronesetelen til bruk i minibankar, saman med prising av setlar i minibankkvalitet, er tiltak Noregs Bank har sett i verk for å redusere talet på setlar som trengst for å dekkje behovet.

Setelbehandlinga i Noregs Bank er viktig for å sikre at norske setlar som er i sirkulasjon, har god kvalitet og er ekte. Noregs Bank samarbeider med Kriminalpolitisentralen, bankforeiningane, sentralleiinga i Posten, postkontor og bankar for å spreie informasjon om mellom anna sikringselementa i ekte setlar. Ei eiga meldeteneste sikrar at informasjon om forfalskingar og anna misleghald raskt kjem ut til Noregs Banks distriktsavdelingar, bankar, postkontor og lokale politikammer.

Årsgjennomsnittet for verdien av mynt i omløp var 2 937 mill. kroner i 1997. Dette er ein auke på 5,8 prosent frå 1996. 20-kronemynten som vart lansert i 1994, stod i 1997 for 22,3 prosent av omløpet rekna i verdi, ein oppgang frå 19,2 prosent i 1996. 10-kronemynten hadde 34,4 prosent av omløpet, ned frå 36,7 prosent. Ein ny 1-kronemynt vart sett i omløp 15. september 1997. Frå 5. september 1998 er ikkje lenger den gamle 1-kronemynten tvunge betalingsmiddel. Gamle 1-kronemyntar kan løysast inn i Noregs Bank fram til 5. september 2008. Det vart i 1997 gitt ut ein 5-kronemynt med spesialpreg som ei markering av posten sitt 350-årsjubileum i Noreg.

Myntinngangen til Noregs Bank gjekk opp frå 759,9 mill. mynt i 1996 til 838,1 mill. mynt i 1997, en auke på 10,3 prosent. Auke i myntbruk til betalingsautomatar i samband med mellom anna bomvegar, parkeringsanlegg, spel og lokaltrafikk er ei årsak til denne oppgangen.

Gebyrinntektene frå sal av setlar i minibankkvalitet var 17,5 mill. kroner, og inntektene frå sal av mynt i rull var 15,6 mill. kroner i 1997. Prisane på disse produkta vart sette opp i 1997, og det gav ein inntektsauke på 13,6 prosent for minibanksetlar og 116,7 prosent for mynt pakka i rull.

Forretningsverksemda i kasseområdet i Noregs Bank gav 31,9 mill. kroner i inntekt i 1997, ein auke på 21,3 prosent i forhold til 1996.

Dei to produksjonsbedriftene Noregs Banks seteltrykkeri (NBS) og Den Kongelege Mynt (DKM) har som primæroppgåve å utvikle og produsere norske setlar og mynt. Aktiviteten ved DKM har vore sterkt prega av overgangen til ny myntrekkje og produksjon av dei nye 50-øre- og 1-kronemyntane. Forretningsaktiviteten har vore høg ved DKM, og særleg har medaljeproduksjonen vore stor. I NBS reflekterer aktiviteten overgangen til setelutgåve VII, med stor produksjon av den nye 100-kronesetelen. På forretningssida i NBS har det vore eit mindre eksportoppdrag av setlar. Det har vore stor aktivitet med frimerketrykking, og den nye passlova har ført til ein auke i passproduksjonen på meir enn 50 prosent.

b) Oppgåver og rådgiving i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken

Noregs Bank skal etter sentralbanklova §§ 1 og 3 vere rådgivande organ for Regjeringa og Finansdepartementet i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Noregs Bank skal uttale seg i spørsmål som blir lagde fram for banken av Kongen eller departementet (§1), og skal varsle departementet når banken meiner det er naudsynt at andre enn banken treffer tiltak i penge-, kreditt- eller valutapolitikken (§3).

I tråd med dette er det ei fast ordning at Noregs Bank sender brev til departementet i samband med at nasjonalbudsjettet blir lagt fram. Brevet som gjeld nasjonalbudsjettet for 1998, er teke inn som vedlegg til årsmeldinga frå Noregs Bank og vart dessutan lagt ved St. prp. nr 1, tillegg 3 for 1997-98. I vedlegget finn ein òg andre brev og fråsegner frå Noregs Bank.

I 1997 førte Noregs Bank vidare arbeidet med å analysere pris- og kostnadsutviklinga, mellom anna ved å publisere kvartalsvise inflasjonsrapportar. I rapportane vurderer ein utviklinga i prisar og prisdrivande faktorar, og banken gir overslag for prisveksten 18 månader fram i tid. Ved eitt høve vart det publisert mellomlangsiktige prognosar for norsk økonomi. Saman med vurderingane i inflasjonsrapportane utgjer dette eit viktig grunnlag for rådgivinga til sentralbanken.

Noregs Bank påverkar dei korte rentene gjennom å fastsetje ein «korridor» for rentenivået i pengemarknaden via dei såkalla signalrentene: foliorenta og D-lånsrenta. Foliorenta er renta bankane får på innskotta sine på foliokonto i Noregs Bank, og D-lånsrenta er renta bankane må betale når dei nyttar låneretten som er knytt til denne foliokontoen og tek opp dagslån i Noregs Bank. Desse rentene vart reduserte to gonger og heva ein gong i løpet av 1997. Den 9. januar vart rentene sette ned med 0,5 prosentpoeng, til respektive 3,50 og 5,50 prosent. Med verknad frå 10. januar vart rentene reduserte med nye 0,25 prosentpoeng, til respektive 3,25 og 5,25 prosent. Den 16. juli vart rentene heva med 0,25 prosentpoeng til respektive 3,50 og 5,50 prosent.

Innafor «rentekorridoren» kan Noregs Bank påverke rentenivået i pengemarknaden gjennom å tilføre likviditet til eller trekke inn likviditet frå banksystemet. Ved bruk av likviditetspåverkande instrument motverkar Noregs Bank også dei sesongmessige svingingane i likviditeten til bankane som mellom anna følgjer av statens inn- og utbetalingar. Dei viktigaste verkemidla i denne samanhengen er utlegging av kortsiktige lån eller innskott med fast rente (F-lån og F-innskott) og gjenkjøpsavtalar i statspapir. Ettersom det er store kortsiktige svingingar i statens inn- og utbetalingar, auksjonerer Noregs Bank hyppig F-lån og F-innskott med løpetid på berre nokre få dagar. I 1997 vart det lagt ut 17 F-lån og 63 F-innskott. Elles vart det som ledd i likviditetsstyringa gjennomført to gjenkjøpsavtalar i statssertifikat og statsobligasjonar. Likviditeten blir òg påverka av emisjonar av statspapir og av Noregs Bank sin handel med statspapir. Sentralbanken kan dessutan bruke valutaswappar (valutabyteavtalar), men det blir i liten grad gjort. I tillegg fastset sentralbanken rammer for bankane sine dagslån i Noregs Bank. Desse rammene vart ikkje endra i 1997.

Noregs Bank kjøper og sel valuta og påverkar rentenivået i pengemarknaden for å stabilisere valutakursen, men etter retningslinjene for pengepolitikken er det ikkje aktuelt å bruke så sterke verkemiddel når det gjeld kjøp og sal av kroner og endringar i dei kortsiktige rentene, som under fastkurspolitikken fram til 10. desember 1992.

Oppbygginga av Statens petroleumsfond inneber at Noregs Bank over tid skal kjøpe valuta som svarar til oppbygginga av petroleumsfondet. I 1997 vart det overført valuta for om lag 62,2 mrd. kroner frå Noregs Bank sine internasjonale valutareservar til Petroleumsfondet. I løpet av 1997 har Noregs Bank brutto kjøpt utanlandsk valuta for totalt 67,8 mrd. kroner og brutto selt for 1,3 mrd. kroner. Mesteparten av valutakjøpa vart gjennomførte i løpet av dei første dagane i året, under eit stort appresieringspress mot krona. I perioden 1.-10. januar kjøpte Noregs Bank valuta for motverdien av om lag 31 mrd. kroner. Frå 10. januar til 20. februar vart det ikkje kjøpt eller selt valuta. Etter 20. februar kjøpte Noregs Bank regelmessig utanlandsk valuta til Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond.

I 1995 etablerte Noregs Bank ei ordning med primærhandlarar for dei store statsobligasjonslåna. Primærhandlarane, som omfattar bankar og fondsmeklarselskap (verdipapirføretak), har etter avtale med Noregs Bank forplikta seg til å stille bindande kjøps- og salsprisar over Oslo Børs i dei store statslåna for beløp opp til 25 mill. kroner. Noregs Bank stiller ikkje sjølv bindande prisar i statsobligasjonar. Ved utgangen av 1997 var det åtte primærhandlarar.

Etter § 24 i sentralbanklova skal Noregs Bank forvalte dei offisielle internasjonale reservane. Forvaltinga blir utført etter retningslinjer som er gitt av hovudstyret i Noregs Bank og lagde fram for Finansdepartementet. Retningslinjene gjeld særleg kredittrisiko, renterisiko og fordelinga på ulike valutaslag. Dei internasjonale reservane er samansette av gull, fordringar på Det internasjonale valutafondet (IMF), kortsiktige bankinnskott og investeringar i rentepapir. Målt ved marknadsprisar ved årsslutt auka desse reservane med 0,5 mrd. kroner til 172,1 mrd. kroner i løpet av 1997. Av dette utgjorde netto valutareservar (internasjonale valutareservar fråtrekte gull og fordringar på IMF og justert for inngåtte, men ikkje oppgjorde valutahandlar) 161,1 mrd. kroner. Ved utgangen av 1996 var netto valutareservar 164,5 mrd. kroner. Dei viktigaste faktorane bak endringa var: valutakjøp for 66,1 mrd. kroner, nedbetaling av utanlandsgjelda til staten med 26,4 mrd. kroner, overføring til Statens petroleumsfond med 61 mrd. kroner og resultatelement på 17,4 mrd. kroner. Etter sentralbanklova § 25 kan Kongen, seinere delegert til Finansdepartementet, gi forskrifter om plasseringa av dei offisielle valutareservane. Denne adgangen har ikkje vore nytta. I staden har forvaltninga som nevnt vorte utført etter retningslinjer Noregs Bank har gitt og som har vorte lagt fram for departementet.

Noregs Bank sine internasjonale reservar er delte inn i to ulike porteføljar, etter kva formål dei skal tene:

  1. Immuniseringsporteføljen, som skal koordinerast med statsgjelda i utanlandsk valuta slik at rente- og valutakursrisikoen samla blir minst mogeleg.

  2. Andre valutareservar (første- og andrelinjereservar), som i første rekkje skal kunne nyttast til intervensjonar i valuta- og pengemarknaden.

Dersom første- og andrelinjereservane ikkje er tilstrekkelege, kan også immuniseringsporteføljen nyttast til intervensjonsformål. Ved utgangen av 1997 utgjorde immuniseringsporteføljen 22,9 mrd. kroner og første- og andrelinjereservane 149,2 mrd. kroner.

Noregs Bank er ansvarleg for den operative forvaltninga av Statens petroleumsfond på vegne av Finansdepartementet. Forvaltninga skjer med grunnlag i lov om Statens petroleumsfond av 22. juni 1990 nr 36.

Fondet var ved slutten av 1996 på 47,5 mrd. kroner. Nye midlar vart førte over i 1997, og 31. desember 1997 var kronekontoen til fondet i Noregs Bank på i alt 113,3 mrd. kroner.

Forvaltninga i 1997 vart gjort med grunnlag i ei forskrift fastsett av Finansdepartementet 10. mai 1996. I første halvåret av 1997 brukte ein den same referanseporteføljen som for Noregs Banks andrelinjereservar. Frå 1. juli fekk Petroleumsfondet ein ny referanseportefølje frå Finansdepartementet. Avkastinga på Statens petroleumsfond var i 1997 0,2 prosentpoeng høgare enn avkastinga på referanseporteføljen.

Etter tilråding frå Noregs Bank fastsette Finansdepartementet 3. oktober 1997 ei ny forskrift om forvaltninga, med verknad frå 1. januar 1998. Etter denne forskrifta skal 30-50 prosent av fondet plasserast i aksjar.

Noregs Bank har lang erfaring med internasjonale investeringar i renteberande verdipapir, men ikkje med investeringar i aksjar. For å kunne gjere slike investeringar på ein trygg måte meinte banken at det var naudsynt å byggje opp ein ny organisasjon og styrkje sin kompetanse på dette området, slik at banken skulle ha ein operativ organisasjon frå 1. januar 1998. Med dette som mål sette sentralbanksjefen i gang eit prosjekt som skulle leggje grunnlaget for den nye organisasjonen, slik at den skulle kunne gjere aksjeinvesteringar frå 1. januar 1998. Dette resulterte i detaljerte planar for korleis den nye organisasjonen skulle arbeide. Det vart vidare gjort avtalar med fire eksterne forvaltarar om å byggje opp ein aksjeportefølje tidleg i 1998. Det vart òg gjort avtalar om depottenester for aksjeporteføljen til fondet med ein stor utanlandsk investeringsbank. I Noregs Bank er det bygd opp nye kontrollrutinar for både aksje- og renteinvesteringar. Prosjektet vart avslutta 31. desember 1997, og frå 1. januar 1998 vart den permanente organisasjonen Noregs Bank Kapitalforvaltning etablert. Den ligg direkte under sentralbanksjefen.

Noregs Bank kan etter sentralbanklova § 19 òg gi bankar lån på særskilde vilkår, såkalla S-lån. Det var ingen bankar som søkte om slike lån i 1997.

Noregs Bank er høyringsinstans for Finansdepartementet og Kredittilsynet ved utforming av nye lover og forskrifter og ved endringar i regelverket for finansmarknadene og finansinstitusjonane. Viktige høyringssaker i 1997 var mellom anna forslag til ny lov om betalingssystem (NOU 1996:24), forslag om opprydding i reglane i penge-, kreditt- og valutalovgivinga og forslag om ny ordning for individuelle pensjonsavtalar (IPA). Høyringsfråsegna frå Noregs Bank i desse og andre høyringssaker er tekne med som vedlegg i årsmeldinga frå banken for 1997.

Som hovudregel blir Noregs Bank dessutan beden av Finansdepartementet og Kredittilsynet om å gi tilråding i saker som gjeld søknader frå finansinstitusjonar om løyve til etablering, oppkjøp, fusjon, endring i konsernstruktur, inngåing av samarbeidsavtalar og opptak og tilbakebetaling av ansvarleg kapital. I dei fleste enkeltsakene blir tilrådinga gitt til Kredittilsynet. Dei viktigaste sakene som vart behandla i 1997, er omtala i årsmeldinga for sentralbanken.

Noregs Bank følgjer utviklinga i finansinstitusjonane og finansmarknadene. Banken utarbeider mellom anna halvårlege rapportar om stabiliteten i det finansielle systemet og kvartalsvise rapportar om resultat- og balanseutviklinga i finansinstitusjonane. Bakgrunnen for dette arbeidet er at sentralbanken har som oppgåve å fremje stabiliteten i den finansielle sektoren. Rapportane blir sende til Finansdepartementet og Kredittilsynet. Utdrag av rapportane blir publiserte i kvartalsskrifta frå banken, Penger og Kreditt og Economic Bulletin. Arbeidet omfattar både analysar av utviklinga i finansnæringa, i første rekkje banksektoren, og av samanhengen mellom den makroøkonomiske utviklinga og utviklinga i finanssektoren. Analysar av utviklinga i hushaldssektoren og føretakssektoren er viktige element av dette. Analysane er baserte på eit omfattande statistikkmateriale for finansiell og ikkje-finansiell sektor og på Noregs Banks eigne makroøkonomiske analysar. Noregs Bank uttalar: «Bankane hadde generelt tilfredsstillande resultat i 1997, noko som i stor grad kjem av at dei bokførte tapa var ekstraordinært låge. Den aukande kredittveksten i dei seinare åra vart enda sterkare i 1997 og innebar at gjeldsbelastninga i hushald og føretak auka. Dette ser førebels ikkje ut til å representere noko stort problem for hushaldssektoren samla sett, og heller ikkje for føretakssektoren. Begge sektorane har generelt ei god finansiell stilling etter fleire år med finansiell konsolidering. Men det makroøkonomiske biletet som blir teikna i Noregs Banks inflasjonsrapport nr. 1/1998, peikar i retning av at gjeldsbetalingsevna til låntakarane kan bli svekt framover, noko som kan føre til auke i tapa og redusert inntening for finansinstitusjonane.»

Noregs Bank og Kredittilsynet samarbeider på ei rekkje område. Noregs Bank er representert med ein observatør i styret for Kredittilsynet. Det er møte fire gonger i året mellom den øvste leiinga i Kredittilsynet og Noregs Bank, der ein går gjennom den økonomiske situasjonen og utviklinga i finansinstitusjonane og det finansielle systemet og tek opp andre saker av felles interesse. Det vart orientert nærmare om dette samarbeidet i Kredittmeldinga for 1996 (kapittel 5).

c) Finansstatistikk/valutastatistikk/valutaregulering

Noregs Bank førte i 1997 vidare produksjonen av ulike statistikkprodukt som viser utviklinga i penge-, kreditt-, verdipapir- og valutamarknadene. Statistikken kan vere eit nyttig hjelpemiddel når det skal fattast politiske vedtak på det penge- og valutapolitiske området, ved tilsyn med finansinstitusjonane og ved kontroll med utanlandsbetalingane. Noregs Bank samarbeider nært med Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå om datainnhenting, utarbeiding og publisering av statistikken.

Penge- og kredittlova og valutalova gir heimel for ein stor del av Noregs Banks innsamling av data til statistikk- og kontrollformål. Finansdepartementet har i eit høyringsnotat føreslått at penge- og kredittlova og lov om valutaregulering blir oppheva, og at heimlane i desse blir overførte til sentralbanklova. Noregs Bank slutta seg til forslaget i høyringsfråsegna si av 21. oktober 1997.

I desember 1996 vart det fastsett ny forskrift om emisjonskurs og meldeplikt ved utferding av ihendehavarobligasjonar o.a. Den nye forskrifta inneber at lån som blir tekne opp av norske låntakarar i utlandet, skal meldast til Noregs Bank. Som resultat av dette har Noregs Bank i 1997 kunna utvide emisjonsstatistikken sin med data for norske emisjonar i utlandet.

Næringslivet sine oppgåveplikter overfor Noregs Bank har i 1997 vorte registrerte i oppgåveregisteret ved Brønnøysundregistra. Samstundes vart Noregs Bank pliktig til å samordne rapportkrava når ein endrar eller kjem med nye rapportpålegg.

Arbeidet med å forbetre statistikkproduksjonen når det gjeld dekning, publiseringsfrekvens, aktualitet og brukartilgang til data, har i 1997 pågått innafor ramma av den nye internasjonale standarden for spreiing av statistikk som IMF initierte i 1996. Noreg var mellom dei første landa som slutta seg til standarden, og krava skal vere oppfylte innan utgangen av 1998.

Noregs Bank har ansvaret for oppdatering og vedlikehald av den sentrale databasen for bankstatistikk o.a. (FIKS-basen), som òg blir nytta av Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå. Statistikken blir gitt ut i publikasjonen «Finansstatistikk». I 1997 vart denne publikasjonen gitt ut månadleg, med fire kvartalshefte og eitt årshefte i tillegg. Denne primærstatistikken er hovudgrunnlaget for månadleg utarbeiding av avleidde statistikkprodukt, som kredittindikator og pengemengdsstatistikk.

Valutastatistikken gir hovudgrunnlaget for utanriksrekneskapen som Statistisk sentralbyrå publiserer kvar månad. Med sikte på å redusere ressursbruken både ved rapportering og statistikkproduksjon vurderer Noregs Bank moglege forenklingar av rapportsystemet og samstundes forbetringar i rutinane for kvalitetskontroll slik at ein kan halde oppe kvalitetsnivået på valutastatistikken. Som eit ledd i dette arbeidet utgreidde ei arbeidsgruppe i 1997 alternative rapportformer. I arbeidsgruppa sat representantar for bankane og Noregs Bank. Arbeidet med desse skissene til alternative rapportopplegg vil bli vidareført i 1998. Gjennom året har ein arbeidd med ein kravsspesifikasjon for maskinell rapportering av saldoar og omsetjing på kontoane til føretaka i utlandet. Tiltaket kan redusere Noregs Banks ressursbruk på å utarbeide valutastatistikken, og kan dessutan føre til redusert ressursbruk i dei einskilde føretaka.

I samband med at eit arbeid er i gang med å etablere ein «gentleman»s agreement» mellom Noreg og Eurostat om levering av betalingsbalansestatistikk, vil Noregs Bank levere årlege data om inn- og utgåande direkte investeringar, medan Statistisk sentralbyrå tek ansvaret for sjølve utanriksrekneskapen. Som ledd i førebuingane til denne avtalen leverte Noregs Bank i 1997 investeringsdata for perioden 1994-1996.

Det vart i 1997 gitt varsel om tvangsmulkt til 204 rapportørar av konti i utlandet, ein nedgang på om lag 30 prosent frå året før. Tvangsmulkt blir nytta når pålegg gitt med heimel i valutalova og valutaforskrifta ikkje blir følgde. Dei fleste av desse sakene ordna seg før fristen gjekk ut. Det vart fatta seks formelle vedtak om tvangsmulkt.

På grunnlag av ei særskild vekeoppgåve (valutaposisjonsrapport 2) frå dei 15 største bankane blir det utarbeidd vekestatistikk over motpostane til Noregs Banks valutaintervensjonar. Det har vore visse problem med kvaliteten på desse rapportane gjennom 1997. Med sikte på å betre statistikken vart det mot slutten av 1997 annonsert visse endringar i rapportkrava som gjeld frå årsskiftet.

I brev av 17. april 1997 bad Finansdepartementet Noregs Bank, i samarbeid med Kredittilsynet, om å vurdere om ein bør tillate frittståande vekslingskontor i Noreg, og lage forslag til korleis ein i tilfelle bør regulere verksemda deira. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe med representantar for dei to nemnde institusjonane for å greie ut spørsmålet. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i januar 1998.

Talet på førespurnader frå kontroll- og tilsynsmyndigheiter om valutastatistikkinformasjon er stigande, og var 573 i 1997. Med dette utgangspunktet er det søkt på 956 namngitte føretak eller personar i 1997, noko som har resultert i tilbakemeldingar om 8676 transaksjonar til kontrollmyndigheitene.

Noreg følgjer FN-vedtaka om økonomisk boikott av Irak og Libya. Med heimel i «lov av 7. juni 1968 nr 4 til gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd» og «forskrift av 10. april 1992 nr 213 om gjennomføring av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråds resolusjon nr 748 av 31. mars 1992» har Noregs Bank i 1997 behandla og innvilga nokre søknader om transaksjonar med Libya. Det vart ikkje gjort endringar i sanksjonsreglane i 1997.

d) Anna verksemd

Noregs Bank yter driftskreditt til fiskeindustrien etter retningslinjer som Stortinget har fastsett. Garantiramma var på 150 mill. kroner for 1997 og er uendra for 1998. Ved inngangen til 1997 var åtte engasjement knytte til ordninga, og av desse var fire under avvikling. Ved utgangen av året var talet redusert til seks, og av desse var to under avvikling. Disponert kreditt var på same tid 17,2 mill. kroner. Noregs Bank har i 1997 òg administrert to andre statlege kredittordningar retta mot fiskerinæringa. Begge ordningane er avvikla, men under ei av dei står det framleis att nokre føretak som ikkje har innfridd låna.

Noregs Bank har eit samarbeid med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om drift av ein rekneskapsdatabase. Kostnadene ved dette blir dekte av SND.

Noregs Banks Seteltrykkeri produserer norske reisepass for Justisdepartementet og frimerke for Postens frimerketeneste. Frå 1964 til 1995 har seteltrykkeriet hatt kontrakten på frimerkeproduksjonen i ståltrykk. Frå 1996 har seteltrykkeriet fått kontrakten på alle frimerke, det vil seie ståltrykk, offset og frimerkehefte.

Noregs Bank står for utlegging og innløysing av statssertifikat og statsobligasjonar. Noregs Banks årsmelding gir eit nærmare oversyn over utvidingar og innfriingar av statslån i 1997.

Noregs Bank er oppgjersbank for oppgjer knytte til verdipapirtransaksjonar i Verdipapirsentralen og opsjonshandel og futurehandel i Norsk Opsjonssentral. Frå 1996 gjennomfører Noregs Bank òg oppgjer for kraftfutures.

Etter sentralbanklova § 3 skal Noregs Bank informere det offentlege om penge-, kreditt- og valutatilhøva. Noregs Bank gir i tillegg til årsmeldinga ut ein forkorta versjon på engelsk. Sentralbanken gir vidare ut kvartalskrifta Penger og Kreditt og Economic Bulletin, der den siste har stoffval tilpassa utanlandske lesarar. Inflasjonsrapportane, som inngår i Penger og Kreditt, blir no dessutan trykte som eigne publikasjonar. I 1997 vart det sendt ut i alt 13 arbeidsnotat, som mellom anna dokumenterer forskings- og utgreiingsarbeid, 7 rundskriv til finansinstitusjonane med informasjon om valuta- og kredittpolitiske tiltak, 23 pressemeldingar og månadlege pressebulletinar om kreditt- og valutatilhøva og om andre tilhøve av allmenn interesse. Banken sender òg ut ei rekkje større eller mindre rapportar, mellom anna om betalingsformidling, og heftet Finansstatistikk (17 hefte i 1997).

4.2 Rekneskap for 1997

4.2.1 Balansen 31. desember 1997

Tabell 4.2 og 4.3 viser balanserekneskapen til Noregs Bank ved utgangen av 1997, samanlikna med tilsvarande tal for 1994, 1995 og 1996.

Tabell 4.2 Noregs Banks eigedelar 31. desember 1997. Mill. kroner.

19941995199611997
Internasjonale reservar141 520,7143 695,6170 335,0171 368,1
Av dette:
Gull284,8284,8285,0283,6
Spesielle trekkrettar i IMF2 643,12 925,72 290,02 545,4
Reserveposisjon i IMF4 369,85 975,55 728,37 161,9
Lån til IMF653,4673,4732,8938,4
Plasseringar for Statens petroleumsfond47 538,8113 313,0
Andre krav på utlandet12 344,37 784,817 213,511 824,1
Norske statssertifikat3 913,46 388,51 727,31 963,2
Norske statsobligasjonar9 778,011 668,910 685,98 682,5
Innanlandske utlån5 716,410 608,1719,27 982,1
Av dette:
Forretningsbankar2 540,55 449,1235,86 251,5
Sparebankar3 119,74 620,010,81 270,8
Andre innanlandske krav1 095,71 568,0959,9685,7
Varige driftsmiddel2 364,02 281,22 223,12 148,3
Sum eigedelar176 912,0183 995,1251 402,7317 967,0

1) Rekneskapstal som er omklassifiserte i rekneskapen for 1997, er retta tilsvarande for 1996.

Tabell 4.3 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31. desember 1997. Mill. kroner

1994199519961997
Gjeld og eigenkapital:
Diverse gjeld til utlandet13 004,78 626,918 185,412 724,0
Motverdien av spes. trekkrettar1 662,61 575,91 554,21 656,0
Setlar og mynt i omløp40 454,042 068,743 323,746 014,4
Innanlandske innskott på foliokonto90 874,4102 711,7158 882,3217 934,0
Av dette:
Statskassa82 624,094 912,280 585,984 387,4
Statens Petroleumsfond--47 538,8113 313,0
Innskott som gjeld skattefrie fondsavsetjingar31,520,817,610,1
Anna innanlandsk gjeld454,2200,5440,3379,5
Eigenkapital30 430,628 790,628 999,139 249,0
Av dette:
Kursreguleringsfond15 974,816 974,421 521,730 193,0
Overføringsfond12 141,09 620,35 383,87 056,3
Oppskrivingsfond2 314,82 195,92 093,61 999,7
Sum gjeld og eigenkapital176 912,0183 995 1251 402,7317 967,0

a) Noregs Banks aktiva

Avkastinga på netto valutareservar utgjer 18 296 mill. kroner i 1997 mot 7 627 mill. kroner i 1996. Av avkastinga i 1997 utgjer valutakursgevinst 5 704 mill. kroner mot eit valutakurstap på 4 240 mill. kroner i 1996.

Amerikanske dollar utgjorde 12,6 prosent av valutareservane ved utgangen av 1997 mot 14,4 prosent året før. Tilsvarande utgjorde tyske mark 32,4 prosent i 1997 mot 35,8 prosent ved utgangen av 1996.

Gullreservane til Noregs Bank er førte opp under internasjonale reservar med 283,6 mill. kroner. Den bokførte verdien er utrekna på grunnlag av den offisielle gullprisen som er fastsett av Det internasjonale valutafondet (IMF), som svarar til ein kilopris på 7 732,27 kroner. Marknadsverdien på gull er vesentleg høgare enn dette

Posten «andre krav på utlandet» består mellom anna av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under «gjeld til utlandet».

Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og norske statsobligasjonar. I 1997 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 3,9 mrd. kroner, medan sertifikat for 3,8 mrd. kroner forfall gjennom året.

I januar 1997 nettoselde Noregs Bank obligasjonar for 2,1 mrd. kroner i andrehandsmarknaden. Noregs Bank reduserte obligasjonsbehaldningane for å trekkje inn noko av likviditeten som vart tilført ved dei store valutaintervensjonane på denne tida.

Eigedomsmassen, maskinane og inventaret til Noregs Bank utgjer 2 148 mill. kroner pr. 31.12.97.

b) Noregs Banks passiva

Setlar og mynt i omløp auka i 1997 med 2,7 mrd. kroner til 46,0 mrd. kroner, mot 43,3 mrd. kroner året før. Innskott frå statskassa auka i 1997 med 3,8 mrd. kroner til 84,4 mrd. kroner, mot 80,6 mrd. kroner året før. Eigenkapitalen auka med 10,2 mrd. kroner til 39,2 mrd. kroner, mot 29,0 mrd. kroner ved utgangen av 1996.

Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskott på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i banken sitt eige namn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Forvaltninga blei i 1997 utført i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10. mai 1996. Pr. 31.12.97 var saldoen på kronekontoen til fondet 113,3 mrd. kroner.

4.2.2 Resultatrekneskapen for 1997

Tabell 4.4 viser resultatrekneskapen til Noregs Bank for 1997 samanlikna med tilsvarande tal for 1996.

Tabell 4.4 Resultatrekneskapen til Noregs Bank for 1997

19961997
Tal i heile tusen kroner
Renteinntekter utland10 550 91513 161 260
Avkastning, plass for Statens petroleumsfond62 4554 873 926
Rentekostnader utland254 648658 599
Renteinntekter innland1 335 123819 358
Rentekostnader innland13 934 36110 390 837
Netto renteinntekter utland og innland7 759 4847 805 108
Netto kursreguleringar(2 619 302)6 974 001
Netto renteinntekter og kursreg5 140 18214 779 109
Driftsinntekter169 025194 484
Driftskostnader863 565912 671
Driftsresultat før tap på utlån4 445 64214 060 922
Inngått /(tap) på utlån/krav(675)(5)
Overskott før ekstraordinære postar4 444 96714 060 917
Overskott4 444 96714 060 917
Overføringar:
Overført frå overføringsfondet4 236 4513 810 984
Overført frå oppskrivingsfondet102 32493 877
Til disposisjon8 783 74217 965 778
Til statskassa frå overføringsfondet4 236 4513 810 984
Avsett til kursreguleringsfondet4 547 2918 671 316
Avsett til overføringsfondet05 483 478
Disponert i alt8 783 74217 965 778

1) Medrekna godskriving av kontoen til Statens petroleumsfond.

Årsresultatet til Noregs Bank etter kursreguleringar var for 1997 ein gevinst på 14,1 mrd. kroner, mot 4,4 mrd. kroner året før.

Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 1997 14,0 mrd. kroner, mot 11,9 mrd. kroner i 1996. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 1997 på 0,8 mrd. kroner, mot 1,3 mrd. kroner i 1996. Renteinntektene frå utanlandske sektorar i 1997 var 13,2 mrd. kroner, mot 10,6 mrd. kroner året før.

Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 1997 på 718,2 mill. kroner, mot 694,5 mill. kroner i 1996. Personalkostnadene i 1997 utgjorde 455,4 mill. kroner, mot 444,7 mill. kroner ved utgangen av 1996.

Bruken av overskottet i 1997

Retningslinjene for avsetjing og disponering av overskottet til Noregs Bank vart fastsett i kgl.res. 7. februar 1986. Desse retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 17. januar 1997, og har følgjande ordlyd:

«1. Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 10 prosent av bankens fordringer i norske verdipapirer og 20 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer på/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko.

Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond.

Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.

2. Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.

3. Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.

4. Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.»

I samsvar med punkt 1 i retningslinjene blir kursreguleringsfondet for 1997 tilført 8 671,3 mill kroner.

I samsvar med punkt 2 i retningslinjene blir det overført 5 483,5 mill kroner til overføringsfondet.

I samsvar med punkt 3 i retningslinjene blir det for 1997 overført 3 811,0 mill kroner til statskassa.

Til forsida