8 Verksemda til Folketrygdfondet i 1997
8.1 Innleiing
Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i samsvar med § 23-11 fjerde ledd i «lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som vart fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar mellom anna som følgje av at ein endra lova om folketrygd. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1997 vart sende til departementet i brev 31. mars 1998, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.
8.2 Styre og administrasjon
I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Ved utgangen av 1997 var styret samansett slik:
Henrik J. Lisæth, Bergen, leiar
Varamedlem: Eva Teigene, Oslo
Per Gunnar Olsen, Oslo, nestleiar
Varamedlem: Kjell Samuelsen, Borgenhaugen
Stein Blindheim, Molde
Varamedlem: Linda Orvedal, Flåm
Anne Breiby, Ålesund
Varamedlem: Kjell E. Helland, Ranheim
Tove Lehre, Lillehammer
Varamedlem: Svein Kiran, Oslo
Per Arne Olsen, Tolvsrød
Varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster
Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund
Varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten
Arne Synnes, Høvik
Varamedlem: Eleonore Bjartveit, Oslo
Bjørg Ven, Oslo
Varamedlem: Inger-Johanne Lund, Oslo
Arne Synnes tok ikkje del i styret sitt arbeid etter at han vart oppnemnd som statssekretær i Finansdepartementet 17.10.97. Personleg varamedlem Eleonore Bjartveit møtte fast for Synnes i tida etter 17.10.97.
Direktøren for fondet blir oppnemnd av Kongen med utgangspunkt i råd frå styret. Cand.oecon. Tore Lindholt vart 27. mars 1992 oppnemnd som administrerande direktør for Folketrygdfondet for ein åremålsperiode på seks år. Lindholt vart i mars 1998 oppnemnd for seks nye år.
Administrasjonen i Folketrygdfondet har gradvis vorte styrkt dei siste åra gjennom ein auke i talet på tilsette. Ved utgangen av 1997 hadde fondet 18 tilsette, men den effektive bemanninga i 1997 var om lag 16 årsverk. Dei samla administrasjonsutgiftene til fondet, inklusive husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 16,1 mill. kroner i 1997.
8.3 Reglar for plasseringsverksemda
Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innafor dei retningslinjene Stortinget har fastsett, og eventuelle nærare retningslinjer som er gitt av Kongen i samsvar med § 9 i regelverket for fondet. I § 5 i regelverket heiter det om plasseringane av midlane:
«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet.
Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 prosent av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i børsnoterte aksjer i norske selskaper og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Fondet kan delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper umiddelbart før børsintroduksjon, dersom det er klargjort på emisjonstidspunktet at de aktuelle aksjene vil bli børsnotert kort tid etter emisjonen.
Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.
Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 prosent av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.
Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 prosent av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.»
Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga vart delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992. Slike retningslinjer er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.
Finansdepartementet fastset, med heimel i § 9 i retningslinjene, kvart år ramma for kor mykje Folketrygdfondet kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskott og aksjar. Folketrygdfondet kan på førehand kome med innspel til ramma. I brev av 14. januar til departementet foreslår fondet på denne bakgrunnen ein auke av ramma for private og kommunale plasseringar på 2,5 mrd. kroner i 1997. Fondet skriv at det er viktig for fondet at ramma «<...>er mest mulig forutsigbar og gir nødvendig handlefrihet i det enkelte år. Dette er vesentlig av hensyn til å oppnå at aktiva-allokeringen fra år til år er formålstjenlig hensett til forventet markedsutvikling og at den løpende plasseringsvirksomhet kan bli gjennomført på en god måte under skiftende markedsforhold. <...>». Auken i private og kommunale plasseringar som Folketrygdfondet gjorde i 1996, var på 1 974 mill. kroner.
Finansdepartementet fastsette i brev av 12.3.97 til fondet ramma for private og kommunale plasseringar til 2,0 mrd. kroner, det vil seie om lag same nivå som faktisk auke året før, og 0,5 mrd. kroner lågare enn Folketrygdfondet sitt forslag. Annan plasseringsauke skulle skje i stats- og statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Departementet la i si vurdering av ramma vekt på at når Folketrygdfondet plasserer pengar i den private marknaden, så inneber det i realiteten at staten må auke si opplåning frå anna hald tilsvarande. Dette følgjer av at statlege budsjettoverskott blir kanaliserte til petroleumsfondet, og at staten derfor vil ha monalege opptak av lån i tida framover, mellom anna knytte til refinansiering av eksisterande gjeld. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet i så fall med på å dekkje dei lån staten har bruk for. Departementet la i si vurdering også til grunn at Folketrygdfondet sjølv utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir kunne auke sine nettoplasseringar i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 prosent av forvaltningskapitalen, ved å omplassere eksisterande bankinnskott og private og kommunale obligasjonar. Ved utgangen av 1997 svara den øvre grensa for eigenkapitalplasseringar for Folketrygdfondet til vel 20 mrd. kroner. Fondet sine eigenkapitalplasseringar var på same tid på vel 10 mrd. kroner, medan dei samla plasseringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat var på meir enn 26 mrd. kroner.
Folketrygdfondet sin del av marknaden for aksjar var i 1997 på om lag 3,7 prosent. Folketrygdfondet skriv i sin årsrapport mellom anna følgjande: «Ved vurdering av aksjeporteføljens størrelse til enhver tid legges vekt på at fondet med sine kjøp og salg ikke skal bidra til å forsterke kurssvingningene i markedet. <...>Styret legger vekt på at fondet ikke får en høyere markedsandel i aksjemarkedet enn det som er likviditetsmessig tjenlig og risikomessig forsvarlig.»
Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innafor ein samla portefølje på inntil 5 mrd. kroner. Reglane for plasseringane i statspapir vart fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av stats- og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 mrd. kroner, såleis replasserast som kontolån.
8.4 Balansen i Folketrygdfondet
Folketrygdfondet auka i 1997 forvaltningskapitalen sin med 8,6 mrd. kroner, til 111,1 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen auka til samanlikning med 9,5 mrd. kroner i 1996.
Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (inkl. kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1997 var 61,2 mrd. kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna etter bokført verdi), eller 62,4 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1996 var 55,9 mrd. kroner, dvs. 61,5 prosent av dei samla plasseringane.
Dei samla plasseringane til fondet i private og kommunale obligasjonar og sertifikat auka frå om lag 25,6 mrd. kroner ved utgangen av 1996 til 26,6 mrd. kroner ved utgangen av 1997. Dette svara til høvesvis 28,2 og 27,1 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskotta var på 77 mill. kroner ved det siste årsskiftet.
Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 for 1990-91 og Innst. S. nr. 228 for 1990-91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar vart, jf. over, utvida frå 15 til 20 prosent av forvaltningskapitalen til fondet ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1997 20,3 mrd. kroner rekna på grunnlag av bokført verdi av fondskapitalen inklusive opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 10,2 mrd. kroner (bokført verdi) investert i 50 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis vel 0,3 mrd. kroner. Eigenkapitalplasseringane svara til 10,4 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka frå utgangen av 1996 til utgangen av 1997 med 1,5 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1997 på 16,8 mrd. kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 6,6 mrd. kroner. Samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 13,0 mrd. kroner.
8.5 Folketrygdfondet sitt resultat
Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. inkl. urealiserte vinstar) var i 1997 på 8,6 mrd. kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 8,4 prosent rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning på 10,2 prosent i 1996. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var i 1997 på 6,0 prosent, medan avkastninga på aksjar var på 25,9 prosent. Totalindeksen ved Oslo Børs gjekk til samanlikning opp med 31,5 prosent i 1997. Folketrygdfondet hadde frå inngangen til 1992 til utgangen av 1997 ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på vel 21 prosent, dvs. svakt lågare samanlikna med stigninga til totalindeksen på Oslo Børs. Folketrygdfondet opplyser at dette avviket dels kan forklarast med at fondet ut frå eigne risikovurderingar har valt ein annan samansetnad av aksjeporteføljen enn samansetnaden til totalindeksen. Noko av avviket har også samanheng med at Folketrygdfondet ikkje har høve til å investere i utanlandske selskap som er noterte på Oslo Børs, jf. også avsnitt 8.3 over. Avviket kan også forklarast med at grunnfondsbevis, som har vorte ein del av Folketrygdfondet sin portefølje, ikkje er med i totalindeksen på Oslo Børs. Grunnfondsbevis har i perioden hatt ei lågare avkastning enn aksjar.
Samla renteinntekter i 1997 var 6 271 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 388 mill. kroner. Fondet hadde i 1997 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar på til saman 774 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på 1,2 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 2,0 mrd. kroner på aksjeporteføljen og-0,9 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.