6 Verksemda i Statens Banksikringsfond i 1997
6.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond
Statens Banksikringsfond vart skipa ved «lov 15. mars 1991 nr. 2 om Statens Banksikringsfond». Fondet har til formål å støtte opp om soliditeten i norske bankar gjennom å yte lån på særskilde vilkår (støttelån) til Forretningsbankenes sikringsfond og Sparebankenes sikringsfond. I særlege høve kan fondet òg kjøpe aksjar, grunnfondsbevis eller andre eigenkapitalinstrument i norske bankar, og stille eigenkapitalgarantiar overfor norske bankar.
6.2 Organisasjon og leiing
Statens Banksikringsfond er organisert som eit eige rettssubjekt. Det øvste organet i fondet er eit styre som står for verksemda, og som forvaltar fondsmidlane. Før styret gjer vedtak som er særleg viktige, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Kongen kan i særskilde høve instruere styret i enkeltsaker. Denne retten er delegert til Finansdepartementet. Styret skal ha fått høve til å uttale seg skriftleg før departementet gjer vedtak om å instruere fondet. Departementet skal informere Stortinget om slikt vedtak.
Samansetjinga av styret er vist i boks 6.1.
Boks 6.1 Boks 6.1 Styret for Statens Banksikringsfond
Adm. dir Einar Hope, leiar
Justitiarius Rakel Surlien, nestleiar
Advokat Kristine Schei, styremedlem
Kredittilsynet og Noregs Bank peikar ut kvar sin representant som tek del i styremøta som rådgivarar. Rådgivarane i 1997 var avdelingsdirektør Sven-Henning Kjelsrud, Kredittilsynet, og direktør Jan F. Qvigstad, Noregs Bank. Noregs Bank tek hand om sekretariatsfunksjonane. Forretningsførar for fondet var i 1997 direktør Jon A. Solheim. Det er gjort greie for arbeidsforma og saksbehandlinga til fondet i Kredittmeldinga for 1991 og 1992.
Årsmeldinga om verksemda til Statens Banksikringsfond i 1997 vart gitt av styret 12. mars 1998.
6.3 Rekneskapen for 1997
Statens Banksikringsfond hadde i 1997 eit overskott på 204 mill. kroner. Hovuddelen av fondsinntektene var utbytte på aksjar i Den norske Bank, med 182 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter frå utlån og plasseringar på til saman 16,3 mill. kroner og vinning ved sal av aksjar på 7,2 mill. kroner.
Fondet hadde i 1997 kostnader på til saman 1,5 mill. kroner.
Ved utgangen av 1997 hadde fondet 104 mill. aksjar i DnB som i rekneskapen var verdsette til 1 040 mill. kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 3 671 mill. kroner. Fondet eig dessutan 100 prosent av aksjane i Oslobanken under avvikling.
Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1997 på 1 304 mill. kroner. Dei likvide midlane til fondet, med unntak av mindre beløp knytte til krav og inneståande på driftskonto, er plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 259 mill. kroner ved utgangen av 1997. Fondet førte tilbake til staten 975 mill. kroner i 1997. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.
Etter instruks frå departementet vart det overført 200 mill. kroner frå fondet til staten i første halvår 1998.
6.4 Verksemda i Statens Banksikringsfond
6.4.1 Generelt
Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1997 arbeidd med forhold knytte til avvikling av Oslobanken. Oslobanken er no på det nærmaste avvikla.
I årsmeldinga til Statens Banksikringsfond frå 1997 er det gjort greie for avtaleverket mellom Statens Banksikringsfond og Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank.
I årsmeldinga s. 5 står det:
«SBF»s avtaleverk med Kreditkassen og Den norske Bank ble i forbindelse med emisjonene i 1993 og 1994 reforhandlet og avløst av nye avtaler av henholdsvis 18. november 1993 og 31. januar 1994. SBFs avtale med Fokus Bank ble avløst av en ny avtale 30. mars 1995, se vedlegg 3. De nye avtalene er tilpasset en normalisert situasjon i bankene og inneholder mer begrensede rapporteringskrav. De er beredskapsavtaler som sikrer SBF inngrepsmuligheter dersom bankene igjen skulle komme i en situasjon hvor de ikke oppfyller de lovbestemte krav til kapitaldekning. Avtalene faller bort på det tidspunkt Forretningsbankenes Sikringsfond (FS) har nådd sin lovbestemte størrelse eller på et tidligere tidspunkt når FS etter SBFs skjønn har tilstrekkelige midler til rådighet for sin lovbestemte virksomhet. Avtaleteksten om rapportering var opprinnelig forskjellig i de tre bankene. I 1995 ble avtaleteksten om rapportering noe endret, slik at de nå er identiske i de tre bankene.»
Det har frå styresmaktene si side vore lagt til grunn at eigardelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar, skal vere avgrensa i tid, og at den langsiktige eigarskapen skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette vart det ved lovendring 23. juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette vart gjort i juli same år. Forvaltninga av aksjane til fondet skjer med grunnlag i ein avtale som dei to fonda gjorde 12. januar 1995. Sjå omtale i Kredittmeldinga for 1995, s. 37.
«Lov om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon mv. av finansinstitusjonar» vart vedteken 6. desember 1996. I samband med framlegget til ny lov vart det tilrådd frå departementet at lov om Statens Banksikringsfond blir oppheva i løpet av relativt kort tid, og at verksemda i fondet blir avvikla. Departementet vil kome attende med forslag om oppheving av lov om Statens Banksikringsfond.
6.4.2 Oslobanken under avvikling
I ekstraordinær generalforsamling i Oslobanken 16. desember 1993 vart det vedteke at banken skulle oppløysast. Det vart òg valt eit avviklingsstyre som skulle stå for avviklinga av banken.
Fondet har i 1997 motteke halvårlege rapportar frå banken. Representantar frå fondet møtte på generalforsamlinga i Oslobanken den 30. april 1997.
I 1997 fekk banken eit underskott på 21,2 mill. kroner. Aksjekapitalen i banken er tapt, og eigenkapitalen var negativ med 502 mill. kroner ved utgangen av 1997.
Oslobanken er no på det nærmaste avvikla. Ved utgangen av 1997 hadde banken berre eitt utlån. Banken er involvert i nokre få rettssaker som skal stå for domstolane i 1998. Avhengig av framdrifta og utfallet av sakene vil spørsmålet om endeleg avvikling av banken bli vurdert stadig av Statens Banksikringsfond utover i 1998 i samråd med Forretningsbankenes sikringsfond og Finansdepartementet.
I samanheng med det avtaleverk som vart etablert i 1993 i samband med avviklinga av Oslobanken, stilte Forretningsbankenes sikringsfond ein garanti overfor Oslobanken som gjaldt eksisterande og framtidige skyldnader for banken. Ved avtale av 28. mai 1993 mellom Statens Banksikringsfond og Forretningsbankenes sikringsfond forplikta SBF seg til å skyte inn kapital i Oslobanken i den grad utbetalingane frå Forretningsbankenes sikringsfond i samband med garantien overfor Oslobankens kreditorar blir høgare enn 750 mill. kroner, men avgrensa til 250 mill. kroner. Dei overslag som er gjorde til no, tyder på at utbetalingane frå Forretningsbankenes sikringsfond under garantien vil bli lågare enn 750 mill. kroner.