Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementet
1 Hovudprioriteringar
1.1 Mål i utdannings- og forskingspolitikken
Utdanning og forsking har stor verdi for den einskilde og for Noreg. Kunnskap og kompetanse gir tryggleik og evne til å meistre utfordringar og omstillingar i samfunnet. Derfor har Regjeringa som mål at utdanningssystemet skal motivere menneske til å skaffe seg ny kunnskap og kompetanse livet igjennom. Lik rett og like sjansar til utdanning er eit kjernepunkt i utdanningspolitikken. Alle barn, unge og vaksne skal få opplæring og utdanning av høg kvalitet. Det er også viktig at utdanningstilbod og læringsformer er tilpassa dei erfaringane og behova som kvar og ein har. Det er vidare sentralt å leggje til rette for at kompetansen som er utvikla gjennom utdanning, blir teken i bruk og utvikla vidare i arbeidslivet.
Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda. Ny kunnskap og teknologi, og arbeidstakarar som er kompetente og har evne til omstilling, er sentrale føresetnader for å styrkje verdiskapinga og sikre framtidige velferdsgode i landet vårt. Regjeringa prioriterer skole, utdanning og forsking høgt, og har ein ambisjon om at Noreg skal vere blant dei fremste internasjonalt på desse områda. Noreg er ikkje aleine om slike ambisiøse mål: I EU finn ein tilsvarande mål i Lisboa-strategien. Noreg har dei siste åra styrkt samarbeidet med EU. Noreg deltek som fullt medlem både i utdannings- og forskingssamarbeidet i EU og det er norske representantar i ei rekkje EU-arbeidsgrupper.
Regjeringa har arbeidd for å styrkje verdiformidlinga og verdimedvitet i skolen og leggje til rette for at elevane skal lære seg god samhandling og evne til konfliktløysing. Dette fokuset blir halde oppe. Forsking om utdanning tyder på at det på fleire område har skjedd ei positiv utvikling av læringsmiljøet sidan 2001. Mellom anna viser ei befolknings- og brukarundersøking frå TNS Gallup i 2004 at brukarar av grunnskolen er klart meir tilfredse med skolens handtering av mobbing enn før. Same undersøking dokumenterer at brukarane er mindre nøgde med orden og disiplin i skolen. Det er nær samanheng mellom læringsmiljøet ved skolen og læringsutbyttet til elevane. For å skape grunnlag for eit godt læringsmiljø og betre læringsutbytte vil Regjeringa i det vidare arbeidet leggje vekt på å styrkje autoriteten til læraren og fremme betre disiplin i skolen. Det er mellom anna utarbeidd «Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008)». Samstundes vil Regjeringa understreke at alle partar i skolen har medansvar for eit godt læringsmiljø. Det er derfor svært viktig å leggje til rette for godt samarbeid mellom skole og foreldre i arbeidet for eit betre læringsmiljø. Regjeringa meiner at utdanning er eit av dei viktigaste innsatsområda for utviklinga av det fleirkulturelle norske samfunnet, og er blant dei viktigaste arenaene for utvikling av medvit om internasjonale samanhengar.
1.2 Ein leiande kompetansenasjon
Noreg har gode føresetnader for å bli leiande når det gjeld forsking, kunnskap og kompetanse. Vi har eit høgt utdanningsnivå og god deltaking i kurs og utdanning blant vaksne. Vi har høge offentlege investeringar i utdanning, opplæring og FoU per innbyggjar. Kompetansereforma, som har vore gjennomført dei siste åra, har betra tilhøva for den einskilde til å delta i utdanning gjennom heile livsløpet. Eit nasjonalt system for dokumentasjon av realkompetanse gjer det enklare å få godkjent og verdsett kompetanse som den einskilde har tileigna seg utanfor det formelle utdanningssystemet.
Regjeringa har som mål å skape eit inkluderande kunnskapssamfunn, der heile befolkninga har høve til å skaffe seg den kompetansen den einskilde verksemda og samfunnet har behov for. Grunnleggjande dugleik i lesing, skriving og rekning er sjølve plattforma for at den einskilde skal kunne skaffe seg denne kompetansen og delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa vil derfor arbeide for at alle kan tileigne seg slik dugleik.
Utdanning er i seg sjølv eit gode for den einskilde. Eit høgt utdanningsnivå og høg forskingsaktivitet inneber likevel ikkje at kunnskap automatisk blir utnytta eller omsett til verdiar, korkje for den einskilde eller for samfunnet. Norske verksemder må i aukande grad konkurrere på kunnskap, kompetanse og nyskaping. OECDs gjennomgang av livslang læring i Noreg, Kompetanseberetninga som Utdannings- og forskingsdepartementet har utarbeidd og St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning peikar på at det derfor er ei viktig utfordring å få meir igjen for dei høge kunnskapsinvesteringane, i form av innovasjon og verdiskaping. Den evna verksemdene har til å lære – til å gjere seg nytte av og vidareutvikle kunnskap og kompetanse – er avgjerande for at dei store investeringane i utdanning og forsking skal kaste av seg i form av nye og betre produkt og tenester og auka velferd. Det er derfor eit mål å leggje til rette for fleire lærande verksemder, både i privat og offentleg sektor.
Betre samhandling mellom utdanningssystemet og arbeidslivet er også eit viktig mål i kompetansepolitikken. Universitet og høgskolar må etablere nye samarbeidskanalar og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning. Meir og betre kontakt med arbeidsliv for elevar, studentar og lærarar i heile utdanningssystemet vil mellom anna kunne medverke til betre rekruttering til realfaga, til å styrkje kvalitet og relevans i utdanninga, motverke problem med frafåll og feilval, og gjere overgangen frå utdanning til arbeid enklare.
Desse måla blir følgde opp både i grunnopplæringa, i høgre utdanning, i forskingssektoren og i tiltak for kompetanseutvikling i arbeidslivet. I grunnopplæringa vil Regjeringa stimulere til at fleire skolar utviklar seg til lærande organisasjonar. Det er sett i verk fleire tiltak for å nå dette målet, mellom anna er handlefridommen i skolen auka, og eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem er bygt opp. I det vidare arbeidet vil Regjeringa satse på kompetanseutvikling for lærarar og skoleeigarar knytt til Kunnskapsløftet (sjå omtale nedanfor), og arbeide for at kvalitetsvurderingssystemet nyttast meir i arbeidet med å utvikle den einskilde skolen, mellom anna gjennom ei rekkje nasjonale strategiar og skoleutviklingsprogram, sjå nærmare omtale i kategori 07.20.
Det er i dei seinare åra oppretta fleire institusjonar og arenaer for å styrkje samarbeidet mellom utdanningssystemet og arbeidsliv, mellom anna Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, Norgesuniversitetet og Vox – nasjonalt senter for læring i arbeidslivet. Utdanningsinstitusjonane på høgre nivå har fått auka lokal handlefridom og klarare oppgåver når det gjeld samarbeid med arbeidslivet om regional utvikling og innovasjon, sjå nærmare omtale under kategori 07.60. Den nye fagskolelova skal medverke til kvalitetssikring av korte, yrkesretta utdanningar som svarer til dei skiftande behova i arbeidsmarknaden. Samarbeidet mellom forsking og næringsliv vil bli styrkt gjennom auka løyvingar til brukarstyrt forsking og den nye ordninga med «Senter for forskingsdriven innovasjon».
Kunnskapsløftet skal medverke til eit meir inkluderande kunnskapssamfunn ved å syte for at alle elevane får betre oppfølging og tilpassa opplæring, sjå omtale nedanfor. På høgre nivå skal institusjonane arbeide for å rekruttere studentar med minoritetsbakgrunn. Godkjenning av utanlandsk utdanning skal gå raskare, og det skal innførast betre rutinar i arbeidet for å godkjenne realkompetanse for flyktningar, sjå nærmare omtale under kategori 07.60. Eit nytt program for å styrkje dei grunnleggjande dugleikane hos vaksne blir etablert, sjå nærmare omtale under kategori 07.50.
Betre utvikling og bruk av kompetanse er heilt sentrale verkemiddel for å nå Regjeringa sitt mål om å auke innovasjonsevna og skape regional vekst, modernisere offentleg sektor og integrere dei mest utsette gruppene på arbeidsmarknaden. Utdannings- og forskingspolitikken aleine kan ikkje løyse desse utfordringane. Det er behov for samordning med næringspolitikken, arbeidsmarknadspolitikken, regionalpolitikken og moderniseringspolitikken, samt sektorpolitikk innanfor fleire område. Departementet vil intensivere arbeidet med desse utfordringane mellom anna ved å setje i gang eit tverrdepartementalt arbeid og ved å styrkje det samla kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken, sjå nærmare omtale under kategori 07.50.
1.3 Kvalitet i utdanning og forsking
Regjeringa vil skape ein betre kultur for læring – på alle nivå i utdanningssystemet. Skolen kan ikkje utruste elevane med all den kunnskapen dei vil trenge som vaksne samfunnsborgarar. Det er derfor viktig at skolen gir elevane det grunnlaget dei treng for å lære heile livet. I tråd med Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) arbeider no departementet med å setje i verk ei omfattande reform for heile grunnopplæringa. Denne reforma har fått namnet Kunnskapsløftet. For å gjennomføre Kunnskapsløftet vil Regjeringa bruke 2–3 mrd. kroner til å styrkje kompetansen blant lærarar og skoleleiarar. I 2005 blir det brukt 770 mill. kroner til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Av dette er 500 mill. kroner satt av til kompetanseutvikling i skolen. Ambisjonen er å utvikle ein skole som er blant dei aller beste i verda med omsyn til kunnskap, dugleik og kompetanse. Samtidig arbeider Regjeringa for ein skole som i enda større grad skal ta vare på mangfald og likeverd.
Som ein del av Kunnskapsløftet skal det innførast nye læreplanar og ny fag- og timefordeling i grunnopplæringa frå skoleåret 2006–07 og utover. Dei nye læreplanane for grunnskolen og gjennomgåande fag vart fastsette i august. Etter søknad har 205 skolar tatt i bruk delar av dei nye læreplanane allereie frå skoleåret 2005–06. Dette gjeld særleg det andre framandspråket. Dei nye læreplanane gir tydelege mål for kva elevane skal tileigne seg av dugleik og kompetanse i ulike fag på ulike trinn. Måla i dei nye læreplanane vil bli lagde til grunn i dei nasjonale prøvene i lesing, skriving, matematikk og engelsk. Timetalet på barnetrinnet er i dei siste tre åra utvida med tolv veketimar for å styrkje den grunnleggjande dugleiken til elevane i lesing, skriving og rekning. Utdannings- og forskingsdepartementet fører også vidare satsingane på desse områda gjennom oppfølging av fleire strategiplanar.
Ein god skole prega av kunnskap, mangfald og likeverd er umogleg å få til utan dyktige medarbeidarar og ein kultur for læring på den einskilde skolen. Nøkkelen til å utvikle skolen som ein lærande organisasjon ligg i å utvikle og ta i bruk personalressursane på ein god måte. Kompetanseberetninga for 2005 har funn som viser at dei skolane i undersøkinga som ein kan karakterisere som lærande organisasjonar, også har elevar som lærer meir og har eit betre læringsmiljø enn dei andre skolane i undersøkinga. Regjeringa si satsing på kompetanseutvikling må sjåast i lys av denne nye kunnskapen. Regjeringa har arbeidd for større krav til fagleg fordjuping for lærarar, auka omfang på undervisninga i språk, realfag og kroppsøving – og større vekt på grunnleggjande dugleik i skriving, lesing og rekning, sjå omtale under kategori 07.20.
Ei rekkje internasjonale utviklingstrekk har i dei seinare åra ført til ein langt raskare og meir grunnleggjande globalisering av høgre utdanning og forsking. Konkurransen om studentar, gode lærarar og forskarar samt forskingsmidlar har auka, og gir norske universitet og høgskolar sjansar og utfordringar som det var vanskeleg å tenkje seg for nokre år tilbake. I EU har fokuset på utdanning og forsking vorte kraftig styrkt, og det er varsla store investeringar på desse områda i åra som kjem. For å møte utfordringane har Regjeringa mellom anna vidareutvikla tiltak som kan betre kvaliteten i høgre utdanning og forsking, jf. Kvalitetsreforma og St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning.
Kvalitetsreforma, som vart fullfinansiert i statsbudsjettet for 2004, har lagt godt til rette for omstilling av høgre utdanning. Noreg er eit av dei landa som har komme lengst når det gjeld arbeidet med Bologna-prosessen, som har som mål å opprette eit felles europeisk rom for høgre utdanning innan 2010. Den 19.–20. mai skipa Utdannings- og forskingsdepartementet ministerkonferansen for Bologna-prosessen der meir enn førti utdanningsministrar deltok. Med gjennomføring av Kvalitetsreforma har institusjonane sett i verk fleire tiltak som skal betre kvaliteten i høgre utdanning. Institusjonane blir mellom anna premiert for kvalitet og progresjon i studieløpa, gjennom ei resultatbasert finansieringsordning. Reforma har vore verksam i nokre år, men det er framleis for tidleg å seie noko sikkert om korleis dei ulike tiltaka vil verke. Sjå innleiinga for kategori 07.60 om førebelse indikasjonar. Departementet har sett i gang ei forskingsbasert følgjeevaluering av reforma, og det vil bli lagt fram ein sluttrapport i 2006. Statistisk sentralbyrå vil også gjennomføre ei undersøking av studentane sine levekår i 2005, etter at reforma er gjennomført og studiefinansieringa er lagt om.
Utdanning og forsking er viktig for å auke velstand og utvikling. Det er mellom anna viktig å styrkje satsinga på UNESCO for å nå målet om at alle elevar i verda skal ha tilgang til grunnutdanning innan 2015. Handel med utdanningstenester er både aktuelt og aukande. Noreg ønskjer å medverke til utviklinga av eit ope og rettvist regelverk som kan ta hand om interessene til både rike og fattige land. Som stor importør av utdanning, gjennom at vi har mange studentar i andre land, har Noreg òg interesse i at utdanningstenester i andre land held god kvalitet, og at dei som tek utdanning i utlandet, blir sikra mot useriøse tilbod og overprising. Desse interessene meiner norske styresmakter best kan tryggjast gjennom eit internasjonalt samarbeid som er bygd på kompetansen til UNESCO og OECD.
Betre kvalitet er eit hovudmål for forskingspolitikken. Norsk forsking har i dag ein sterk posisjon innanfor fleire område og enkeltmiljø. Likevel er det potensial for forbetringar. Regjeringa vil arbeide for ei ytterlegare styrking av kvaliteten i norsk forsking og for at det skal bli fleire norske miljø i internasjonal toppklasse. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning la Regjeringa fram ei rekkje tiltak for å betre kvaliteten i norsk forsking. Det er eit mål at den samla forskingsinnsatsen aukar til 3 pst. av BNP innan 2010. Av dette skal innsatsen frå det offentlege utgjere 1 pst. av BNP, jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005). Forslaga er ei oppfølging av satsinga på forsking dei siste åra. I perioden 2002–05 har det vore ein samla auke i dei offentlege forskingsløyvingane på om lag 3 mrd. kroner.
Regjeringa arbeider med å betre finansieringssystemet til dei høgare utdanningsinstitusjonane slik at det i enda sterkare grad fremmer kvalitet i forskinga. Vidare blir det arbeidd med å opprette eit nasjonalt utval som kan handsame saker om fusk i forsking. Andre viktige tiltak for å betre kvaliteten i norsk forsking er ordningane med Senter for framifrå forsking og Yngre framifrå forskarar. Desse ordningane gir høgt kvalifiserte forskingsgrupper og den einskilde forskaren særskilt gode rammevilkår for å utvikle forskinga si til internasjonalt toppnivå. Viktige føresetnader for å betre den vitskaplege kvaliteten generelt er god forskarrekruttering, gode rammevilkår og tilgang på oppdatert vitskapleg utstyr. Internasjonalt samarbeid, til dømes i EUs rammeprogram for forsking, er òg viktig for å styrkje kvaliteten.
Etter EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU-program og aktivitetar innanfor forsking og utdanning. Desse aktivitetane utgjer om lag 85 pst. av Noregs samla bidrag til EUs programaktivitetar og er derfor ein svært viktig del av EØS-avtalen. Europakommisjonen har lagt fram forslag til sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling 2007–13 og Eit integrert handlingsprogram for livslang læring 2007–13. For Noreg inneber Europakommisjonens forslag om lag ei dobling av dagens nivå for forskingsprogrammet og om lag ei tredobling av dagens utdanningsprogram. Den endelige storleiken på desse programaktivitetane er ikkje avklart. Utanriksdepartementet vil i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet leggje fram desse to sakene for Stortinget straks det er fatta endeleg vedtak i EU. Det er venta vedtak i EU i løpet av 2006.
Departementet vil òg som samordningsdepartement for EU-direktiva om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar (89/48/EØF, 92/51/EØF, 99/42/EF), arbeide for at brukarane kan få eit enklare møte med godkjenningsordningane for yrkeskvalifikasjonar og utdanning som ein har opparbeidd seg i utlandet. Når det gjeld yrkeskvalifikasjonar som lærar i grunnutdanninga, opparbeidd i utlandet, legg departementet opp til at eit nasjonalt organ skal ha ansvaret for godkjenning av kvalifikasjonane i staden for den einskilde kommune. Slik det er i dag gjeld yrkesgodkjenninga berre i den kommunen der ein har fått godkjenning. Nyordninga vil medføre at godkjenninga gjeld i heile landet, slik at dei som har fått godkjent yrkeskvalifikasjonane sine slepp å måtte søkje om godkjenning på nytt for å kunne arbeide som lærar i ein annan kommune.
1.4 Fridom, tillit og ansvar
Vegen til betre kvalitet – i skolen og opplæringa, ved universiteta og høgskolar og i forskingsinstitusjonar – går mellom anna gjennom å vise tillit. Utdanning og forsking krev motivasjon og innsats hos kvar og ein, frå førsteklassingen til professoren. Regjeringa ønskjer å skape eit utdannings- og forskingssystem der elevar, lærarar, studentar og forskarar får fridom og utfordringar. Samstundes vil det bli stilt krav til kvalitet og resultat. Fridom saman med ansvar vil gjere det mogleg for kvar og ein å utvikle sitt eige talent og sin eigen kompetanse.
Skolen har vore igjennom eit systemskifte med auka lokal handlefridom og tydelegare ansvarsplassering. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å medverke til eit slikt systemskifte dei siste åra. Forhandlingsansvaret for lærarane og skoleleiarane er overført frå staten til kommunane og fylkeskommunane, prinsippet om rammefinansiering av skolen er vidareført, og klassedelingsreglane er erstatta med eit krav om at elevane skal organiserast i grupper som er forsvarlege både pedagogisk og i høve til tryggleik i skolen.
Gjennom det nye kvalitetsvurderingssystemet har skoleeigarane og skolane og nasjonale styresmakter fått ein reiskap til å følgje utviklinga og setje i verk relevante tiltak på individ-, skole- eller systemnivå. Informasjon om ulike sider ved skolen er offentleg tilgjengelig på skoleporten.no. Opplæringslova er endra for å tydeleggjere ansvaret til skoleeigaren for å følgje opp resultata frå kvalitetsvurderingssystemet.
Dei nye læreplanane gjer det mogleg å gi den enkelte skole fridom til å velje undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og organisering. Det er i tillegg til dette gjennomført ei rekkje tiltak for å auke fleksibiliteten i organiseringa og tilrettelegginga av opplæringa. Det er mellom anna vedteke at inntil 25 pst. av timetalet kan bli brukt ut frå lokale føresetnader og individuelle behov. For å skape ein betre samanheng i opplæringa og gi lærarane eit betre grunnlag for å dele erfaringar og læring er inndelinga i småskoletrinn og mellomtrinn også tatt bort. I vidaregåande opplæring vil det bli innført ein enklare struktur med færre og breiare utdanningsprogram. For nærmare omtale, sjå programkategori 07.20.
Ei ny lov om frittståande vidaregåande skolar er vedteke, jf. Innst. O. nr. 1 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 64 (2003–2004). Den nye lova vil, saman med lovendringa om frittståande grunnskolar som vart gjort i 2003, medverke til auka mangfald i Skole-Noreg og gi større valfridom til foreldre og elevar. Lova opnar for godkjenning av skolar med eit opplæringstilbod som tilsvarar tilbodet i den offentlege skolen. Departementet vil følgje utviklinga på dette området og har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å kartleggje og analysere rekrutteringa til frittståande skolar etter ny lov.
Regjeringa har lagt vekt på at universitet og høgskolar skal ha fridom til å handle strategisk i høve til dei behova og utfordringane som institusjonane står overfor, samstundes som departementet må ha verkemiddel for å ta vare på det overordna ansvaret til Regjeringa. For å realisere det potensialet som ligg i Kvalitetsreforma, må vi ha sterke akademiske institusjonar. Kvalitetsreforma og andre omleggingar har gitt institusjonane meir sjølvstende. Samstundes har institusjonane fått meir ansvar for strategisk utvikling og leiing og for betre ressursutnytting. Den nye felles lova for statlege og private universitet og høgskolar, sjå Innst. O. nr. 48 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) gir høve til at institusjonane sjølve kan velje om dei ønskjer ein vald eller ein tilsett leiar.
1.5 Budsjettprioriteringar
Grunnopplæringa
Regjeringa vil styrkje arbeidet med nye læreplanar, kompetanseutvikling for lærarar og vidareutvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gjennom Kunnskapsløftet. Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga til Kunnskapsløftet på i overkant av 700 mill. kroner frå 2005 til 2006. Totalt foreslår Regjeringa å løyve om lag 1,6 mrd. kroner til reforma i 2006. Dette omfattar heile løyvinga til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, kompensasjon til kommunane i samband med utskifting av læremidlar og heilårseffekten av å utvide timetalet frå hausten 2005.
Om lag 600 mill. kroner av løyvinga skal gå til ulike kompetanseutviklingstiltak. Hovuddelen av løyvinga skal gå til skoleeigar til kompetanseutvikling for skoleleiarar, lærarar, instruktørar og andre tilsette, jf. Strategi for kompetanseutvikling 2005–2008, som departementet har utarbeidd saman med KS, skoleleiarane og lærarorganisasjonane. Resten av løyvinga skal nyttast til tiltak som allereie er etablerte, i tråd med intensjonane i reforma, og som vil komme skoleeigarane og skolane til gode gjennom økt kompetanse på ei rekkje prioriterte område, til dømes lesing, skriving og realfag. For å gjennomføre Kunnskapsløftet har Regjeringa understreka at den vil bruke 2–3 mrd. kroner til kompetanseutvikling. Stortinget har slutta seg til dette. Med løyvinga for 2006 vil det totalt være løyvd 1,1 mrd. kroner til dette i 2005 og 2006. Om lag 80 mill. kroner er sette av til ferdigstilling av nye læreplanar. Regjeringa vil løyve 400 mill. kroner i kompensasjon til kommunane for meirkostnader i samband med utskifting av læremiddel i grunnskolen. Vidare blir det i 2006 løyva om lag 190 mill. kroner i rammeoverføringa til kommunane for å dekkje heilårseffekten av å utvide timetalet i grunnskolen med fire veketimar fra hausten 2005.
Regjeringa vil føre aktiviteten på landslinjene vidare i 2006 og foreslår å løyve 21,1 mill. kroner til dette i 2006.
Regjeringa innførde i 2002 ei ordning med rentekompensasjon for investeringar i skoleanlegg. Gjennom ordninga får kommunar og fylkeskommunar tilskott til å dekkje rentekostnader til investeringar i skoleanlegg. Regjeringa foreslår å auke investeringsramma med 2 mrd. kroner til 12 mrd. kroner i 2006, jf. kat. 07.20.
Som eit ledd i satsinga mot fattigdom foreslår Regjeringa å løyve 4 mill. kroner for å styrkje arbeidet med å gi tilpassa opplæring til innsette i fengsel. Opplæringa skal ta utgangspunkt i realkompetansen til den einskilde.
Kompetansepolitikken
Som ledd i den nye kompetansepolitikken vil Regjeringa opprette eit nytt program for grunnleggjande dugleik. Programmet Ny sjanse! skal sørgje for at fleire vaksne får tilstrekkeleg dugleik i rekning, lesing, skriving og IKT til å meistre krav og utfordringar i arbeids- og samfunnsliv. Det langsiktige målet, som programmet skal medverke til saman med andre tiltak, er at ingen vaksne skal støytast ut av arbeidslivet på grunn av manglande grunnleggjande dugleik. Programmet skal stimulere til opplæring i kombinasjon med arbeid både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Det er ei utfordring å målrette offentlig finansiering av livslang læring slik at den i størst mogleg grad når frem til dei gruppene som treng det mest. Regjeringa vil løyve om lag 15 mill. kroner til dette programmet. Samstundes foreslår Regjeringa å avvikle Kompetanseutviklingsprogrammet i 2006.
For å skaffe rom for andre tiltak foreslår Regjeringa å redusere løyvinga til studieforbund med om lag 54 mill. kroner.
Høgre utdanning
Kvalitetsreforma i høgre utdanning vart fullfinansiert med ei løying på 1 144 mill. kroner i budsjettet for 2004. Løyvinga til Kvalitetsreforma vart ført vidare i 2005, og Regjeringa foreslår ei varig vidareføring i 2006.
Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa gir ei auke i budsjettrammene til universiteta og høgskolane på 156 mill. kroner i høve til 2005.
Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner i startløyving til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino og 30 mill. kroner i startløyving til rehabilitering av Sørhellingabygningen ved Universitet for miljø- og biovitskap, jf. kap. 2445 og 1580 i budsjettframlegget til Moderniseringsdepartementet. Fleire byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir ferdigstilte og tekne i bruk i løpet av 2006. Dette gjeld Noregs musikkhøgskole, Høgskolane i Nesna og Østfold, Universitetet i Stavanger, samt Studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Svalbard forskingspark vart ferdigstilt hausten 2005. Budsjettet inneheld ei samla løyving på om lag 172 mill. kroner i utstyr og husleigemidlar til desse bygga. I tillegg er 100 mill. kroner til kjøp av utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim ført vidare i 2006. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2006 å løyve 130 mill. kroner til byggjeprosjekta ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo og samlokalisering ved Høgskolen i Vestfold.
Regjeringa foreslår å løyve 12,6 mill. kroner til å byggje ut nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar. Gigacampus-prosjektet skal gi standardisert opprustning av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane. Tiltaket vil fremme kostnadseffektive og gode fellesløysingar og føre til ei kraftig auke i trafikkapasiteten, slik at tenestene når fram til brukaren på ein hurtig og sikker måte. Gigacampus-prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Uninett og universitets- og høgskolesektoren. Departementet vil òg øyremerke til saman 15 mill. kroner til dette prosjektet, slik at samla løyving til Gicacampus-prosjektet blir 27,6 mill. kroner.
Regjeringa foreslår at tilskottet til velferdsarbeid blir redusert med 20 mill. kroner i 2006. Forslaget må sjåast i samanheng med gjennomføringa av heile barnehagereforma.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg med 5 mill. kroner som ei eingongsløyving i 2006. Løyvinga til senteret utgjer med dette 22 mill. kroner i 2006. Senteret flytta inn i Villa Grande i 2005. Ekstraløyvinga på 5 mill. kroner i 2006 skal dekkje kostnader i samband med utstillinga ved senteret og kostnader knytte til den offisielle opningsseremonien i 2006. Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei særskild målgruppe for verksemda ved senteret.
Regjeringa foreslår å løyve 132 mill. kroner til 350 nye stipendiatsstillingar frå hausten 2006, samt heilårsverknad av 100 nye stipendiatstillingar oppretta hausten 2005. Av dei 350 nye stipendiatstillingane blir 250 lagt til universitets- og høgskolesektoren, medan 100 blir lagde til Noregs forskingsråd.
Forsking
Forsking er ei hovudprioritering for Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke dei samla løyvingane til forsking og utvikling over statsbudsjettet med om lag 1,4 mrd. kroner i 2006. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 39 mrd. kroner til 75 mrd. kroner. Med den renta som er i dag, vil dette gi ei auka avkastning på om lag 1,4 mrd. kroner i 2007. Regjeringa legg opp til vedtak i 2006-budsjettet som sikrar ei forskingsopptrapping på til saman 2,7 mrd. kroner i 2006 og 2007, jf. del III.
Over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår Regjeringa å opprette 350 øyremerka doktorgradsstipend, auke løyvinga til frie prosjekt gjennom Noregs forskingsråd med 50 mill. kroner og auke løyvinga til ordninga «Yngre framifrå forskarar» med 10 mill. kroner.
Mange forskarar har peikt på behovet for å få dekt mindre utgifter til reiser, seminar osb. Regjeringa vil innføre ei tidsavgrensa ordning for finansiering av slike mindre driftsutgifter, og foreslår å løyve 40 mill. kroner til dette.
For å auke den private finansieringa av grunnforsking vil Regjeringa løyve 50 mill. kroner til ei ny ordning med offentleg gåveforsterking av private donasjonar til grunnforsking.
Auka internasjonalisering av norsk forsking er òg viktig for kvaliteten i forskinga. Departementet foreslår derfor å auke løyvingane til internasjonalt forskingssamarbeid og polarforsking gjennom Forskingsrådet med til saman om lag 20 mill. kroner. Satsinga inkluderer 5 mill. kroner til følgjeforsking knytt til deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar. I tillegg aukar løyvinga til kontingent til EUs rammeprogram for forsking med 239 mill. kroner.
Regjeringa ønskjer å redusere prisen på gjenbruk av meteorologiske grunnlagsdata som blir gjorde tilgjengelege for private kommersielle aktørar. For å gjere dette mogleg foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Meteorologisk institutt med 2 mill. kroner.
Studiefinansiering
Ved behandlinga av St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning slutta Stortinget seg til at nye kvalitetskrav i tråd med «Høykvalitetsalternativet» skal leggjast til grunn for forvaltninga av utdanningsstøtten, jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004). Det er gjennomført eit forprosjekt, og på bakgrunn av dette foreslår Regjeringa 93,5 mill. kroner i 2006 som startløyving til moderniseringsprosjektet. Dette inneber mellom anna at IKT-systemet i Statens lånekasse for utdanning kan skiftast ut.
Statens lånekasse for utdanning har opplevd sterk vekst i kunde- og saksvolum i dei seinare åra. For å leggje til rette for effektivisering av søknadsbehandlinga og sikre eit forsvarleg servicenivå i moderniseringsperioden foreslår Regjeringa å auke driftsbudsjettet til Statens lånekasse for utdanning med om lag 11 mill. kroner i 2006.
Som ledd i arbeidet med å få til meir effektive og brukarretta tenester i Statens lånekasse for utdanning blir det òg foreslått å fjerne gebyret for førstegongsvarsel (kr 35) for kundar som vel e-faktura.
Regjeringa foreslår å auke lån til dekning av skolepengar for elevar og studentar ved private lærestader frå kr 20 860 per undervisningsår til kr 50 000 per undervisningsår. Forslaget gjeld alle elevar og studentar ved private lærestader som tek anna utdanning enn vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1.
Basisstøtta for studentar og elevar i anna utdanning enn vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1 blir auka frå kr 8 000 per månad til kr 8 140 per månad frå undervisningsåret 2006–07.
Budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift
Statsforvaltninga innfører ei ordning for netto budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift frå 1. januar 2006. Rammene på området til Utdannings- og forskingsdepartementet er reduserte med samla om lag 113 mill. kroner i tråd med dei forventa utbetalingane til meirverdiavgift i 2006. Reduksjonen er fordelt over drifts- og investeringsløyvingane (postane 01–49) til alle bruttobudsjetterte statlege verksemder på departementets område. Trekket i løyvingane påverkar ikkje aktiviteten ved verksemdene. For dei postane der trekket utgjer ein stor del av løyvinga, er det i del II gitt ein særleg omtale under budsjettforslaget for posten. Meirverdiavgift for dei institusjonane som omfattast av endringa, skal i framtida løyvast over budsjettet til Finansdepartementet.
2 Oversikt over forslaget til budsjett for Utdannings- og forskingsdepartementet
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
Administrasjon | |||||
0200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200) | 174 519 | 177 025 | 179 884 | 1,6 |
0202 | Læringssenteret (jf. kap. 3202) | 140 895 | |||
0204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204) | 5 531 | 5 661 | 5 290 | -6,6 |
0206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 27 569 | 28 569 | 29 453 | 3,1 |
Sum kategori 07.10 | 348 514 | 211 255 | 214 627 | 1,6 | |
Grunnopplæringa | |||||
0220 | Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 3220) | 176 932 | 174 278 | -1,5 | |
0221 | Grunnskolen (jf. kap. 3221) | 1 284 454 | |||
0222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222) | 53 300 | 128 779 | 126 104 | -2,1 |
0223 | Vidaregåande opplæring | 255 559 | |||
0224 | Fellestiltak i grunnopplæringa | 275 356 | |||
0225 | Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 3225) | 1 773 916 | 1 745 454 | -1,6 | |
0226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 428 956 | 729 690 | 938 756 | 28,7 |
0227 | Tilskott til særskilde skolar | 53 860 | 56 176 | 4,3 | |
0228 | Tilskott til frittståande skolar o.a. | 2 068 466 | 2 419 171 | 17,0 | |
0229 | Andre tiltak | 6 988 | 10 300 | 47,4 | |
0230 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3230) | 672 500 | 625 917 | -6,9 | |
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 95 911 | |||
Sum kategori 07.20 | 2 393 536 | 5 611 131 | 6 096 156 | 8,6 | |
Andre tiltak i utdanninga | |||||
0240 | Frittståande skolar o.a. | 1 774 211 | |||
0243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243) | 709 433 | |||
0248 | Særskilde IKT-tiltak i utdanninga | 106 314 | 99 543 | -100,0 | |
0249 | Andre tiltak i utdanninga | 44 481 | 2 705 | -100,0 | |
Sum kategori 07.40 | 2 634 439 | 102 248 | -100,0 | ||
Tiltak for å fremme kompetanseutvikling | |||||
0251 | Fagskoleutdanning | 266 187 | 266 187 | -100,0 | |
0253 | Folkehøgskolar | 508 873 | 535 492 | 552 627 | 3,2 |
0254 | Tilskott til vaksenopplæring | 196 240 | 184 388 | 131 188 | -28,9 |
0256 | Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (jf. kap. 3256) | 62 301 | 54 035 | 52 946 | -2,0 |
0257 | Ny sjanse! | 14 579 | |||
0258 | Analyse og utviklingsarbeid | 40 763 | 38 397 | 34 578 | -9,9 |
0259 | Kompetanseutviklingsprogrammet | 48 175 | 19 700 | -100,0 | |
Sum kategori 07.50 | 1 122 539 | 1 098 199 | 785 918 | -28,4 | |
Høgre utdanning og fagskoleutdanning | |||||
0260 | Universitetet i Oslo | 3 004 839 | 3 178 787 | -100,0 | |
0261 | Universitetet i Bergen | 1 758 771 | 1 882 391 | -100,0 | |
0262 | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 2 474 328 | 2 572 879 | -100,0 | |
0263 | Universitetet i Tromsø | 1 074 188 | 1 105 136 | -100,0 | |
0264 | Noregs handelshøgskole | 233 093 | 250 383 | -100,0 | |
0265 | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | 83 414 | 87 033 | -100,0 | |
0268 | Noregs idrettshøgskole | 105 801 | 113 827 | -100,0 | |
0269 | Noregs musikkhøgskole | 128 523 | 149 304 | -100,0 | |
0270 | Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar | 307 512 | 202 798 | 186 791 | -7,9 |
0271 | Universitet | 10 200 962 | |||
0272 | Vitskaplege høgskolar | 872 970 | |||
0273 | Statlege kunsthøgskolar | 249 067 | 244 793 | -100,0 | |
0274 | Statlege høgskolar | 7 025 335 | 7 400 304 | -100,0 | |
0275 | Høgskolar | 7 906 833 | |||
0276 | Fagskoleutdanning | 274 705 | |||
0278 | Universitetet for miljø- og biovitskap | 445 540 | 472 888 | -100,0 | |
0279 | Noregs veterinærhøgskole | 219 875 | 200 798 | -100,0 | |
0281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281) | 1 024 458 | 778 517 | 837 690 | 7,6 |
0282 | Privat høgskoleutdanning | 569 857 | 619 508 | -100,0 | |
Sum kategori 07.60 | 18 704 601 | 19 259 346 | 20 279 951 | 5,3 | |
Forsking | |||||
0283 | Meteorologiformål | 357 834 | 244 658 | 251 967 | 3,0 |
0285 | Noregs forskingsråd | 1 337 038 | 1 153 842 | 1 341 600 | 16,3 |
0286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286) | 1 606 205 | 3 834 760 | 39 707 760 | 935,5 |
0287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287) | 130 525 | 132 491 | 137 051 | 3,4 |
0288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288) | 738 353 | 666 797 | 905 715 | 35,8 |
Sum kategori 07.70 | 4 169 955 | 6 032 548 | 42 344 093 | 601,9 | |
Utdanningsfinansiering | |||||
2410 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310) | 24 626 002 | 25 907 429 | 26 560 547 | 2,5 |
Sum kategori 07.80 | 24 626 002 | 25 907 429 | 26 560 547 | 2,5 | |
Sum programområde 07 | 53 999 586 | 58 222 156 | 96 281 292 | 65,4 | |
Sum utgifter | 53 999 586 | 58 222 156 | 96 281 292 | 65,4 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
01-29 | Driftsutgifter | 2 978 397 | 2 767 799 | 2 778 578 | 0,4 |
30-49 | Nybygg, anlegg o.a. | 40 366 | 34 132 | 110 607 | 224,1 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 21 848 745 | 23 936 035 | 25 124 873 | 5,0 |
60-69 | Overføring til kommunesektoren | 1 595 245 | 1 581 531 | 1 553 273 | -1,8 |
70-89 | Overføring til private | 11 272 171 | 10 119 159 | 10 823 641 | 7,0 |
90-99 | Utlån, avdrag o.a. | 16 264 662 | 19 783 500 | 55 890 320 | 182,5 |
Sum under departementet | 53 999 586 | 58 222 156 | 96 281 292 | 65,4 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
Administrasjon | |||||
3200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200) | 9 733 | 2 784 | 2 873 | 3,2 |
3202 | Læringssenteret (jf. kap. 202) | 19 204 | |||
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204) | 235 | 244 | ||
Sum kategori 07.10 | 29 172 | 2 784 | 3 117 | 12,0 | |
Grunnopplæringa | |||||
3220 | Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 220) | 19 051 | 17 417 | -8,6 | |
3221 | Grunnskolen (jf. kap. 221) | 54 296 | |||
3222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222) | 4 358 | 5 131 | 5 294 | 3,2 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 225) | 52 038 | 26 400 | -49,3 | |
3230 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 230) | 77 772 | 55 611 | -28,5 | |
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 11 138 | |||
Sum kategori 07.20 | 69 792 | 153 992 | 104 722 | -32,0 | |
Andre tiltak i utdanninga | |||||
3243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243) | 120 448 | |||
Sum kategori 07.40 | 120 448 | ||||
Tiltak for å fremme kompetanseutvikling | |||||
3256 | Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (jf. kap. 256) | 12 453 | 8 818 | 9 100 | 3,2 |
Sum kategori 07.50 | 12 453 | 8 818 | 9 100 | 3,2 | |
Høgre utdanning og fagskoleutdanning | |||||
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281) | 24 990 | 10 | 10 | 0,0 |
Sum kategori 07.60 | 24 990 | 10 | 10 | 0,0 | |
Forsking | |||||
3283 | Meteorologiformål (jf. kap. 283) | 133 781 | 59 | -100,0 | |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286) | 1 918 323 | 1 982 339 | 2 134 060 | 7,7 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287) | 16 987 | 21 500 | 21 500 | 0,0 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288) | 4 754 | 4 916 | 5 073 | 3,2 |
Sum kategori 07.70 | 2 073 845 | 2 008 814 | 2 160 633 | 7,6 | |
Utdanningsfinansiering | |||||
5310 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 9 900 354 | 12 399 882 | 13 139 594 | 6,0 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 5 454 | 3 495 200 | 3 146 020 | -10,0 |
Sum kategori 07.80 | 9 905 808 | 15 895 082 | 16 285 614 | 2,5 | |
Sum programområde 07 | 12 236 508 | 18 069 500 | 18 563 196 | 2,7 | |
Sum inntekter | 12 236 508 | 18 069 500 | 18 563 196 | 2,7 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
01-29 | Sal av varer og tenester o.a. | 410 278 | 179 639 | 130 769 | -27,2 |
50-89 | Skatter, avgifter og andre overføringar | 2 076 866 | 5 636 861 | 5 431 427 | -3,6 |
90-99 | Utlån, avdrag o. a. | 9 749 364 | 12 253 000 | 13 001 000 | 6,1 |
Sum under departementet | 12 236 508 | 18 069 500 | 18 563 196 | 2,7 |
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget
Nedanfor er svar på oppmodingsvedtaka som Stortinget har fatta i sesjonen 2004–2005 som Utdannings- og forskingsdepartementet tidlegare kun har besvart førebels eller som ikkje har vorte besvarte tidlegare.
Oppmodingsvedtak nr. 152
Ved handsaming av St.prp. nr. 1 (2004–2005) 13. desember 2004 vedtok Stortinget følgjande, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 2006 foreta en samlet gjennomgang av det statlige spesialpedagogiske støttesystemet. Gjennomgangen må omfatte organisering, arbeidsoppgaver og arbeidsdeling mellom sentra og den lokale og regionale PP-tjenesten samt ressursbruk.»
Stortinget har fatta to oppmodingsvedtak om spesialundervisninga sin plass i norsk skole generelt og om Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) og PP-tenesta spesielt, nr. 152 og 539. Svar til begge vedtaka blir gitt samla under nr. 539.
Oppmodingsvedtak nr. 261
Ved handsaming av Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) 17. mars 2005 vedtok Stortinget følgjande, jf. Innst. O. nr. 48 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen fremme sak på egnet måte om omfanget av etter- og videreutdanningstilbud som gis ved universiteter og høyskoler, om kostnader knyttet til tilbudene, hvordan disse finansieres, samt hva som er kostnadsfrie tilbud sett i forhold til tilbud der det tas egenbetaling, jf. Innst. O. nr. 48 (2004–2005).»
Departementet har bede dei statlege og private institusjonane om ein særskild rapport om omfang, kostnader og finansiering knytte til etter- og vidareutdanning. Resultata er usikre, mellom anna fordi same undervisninga kan vere både vidareutdanning og utdanning for personar utan tidlegare fullført høgre utdanning. Vidare dreg institusjonane vekslar på etablerte fagmiljø og studieprogram i etter- og vidareutdanningsverksemda, og kostnadene knytte til dette er uvisse. For utdanningar som går over fleire år, kan det òg vere vanskeleg å fordele tal på studiepoeng, kostnader og finansiering på det einskilde året. Mange institusjonar har derfor rapportert estimerte data. Med betre tid for institusjonane til å førebu rapportering kan ein forvente betre kvalitet.
Statlege universitet og høgskolar har for 2004 rapport om over 1 200 etterutdanningskurs for over 50 000 studentar. Dei totale kostnadane var på over 80 mill. kroner. I tråd med intensjonane i Kompetansereforma vart ein stor del av kostnadene dekte ved betaling frå studentar og oppdrag. Institusjonar har for same år rapportert om over 1 300 vidareutdanningskurs, og i alt avla noko over 30 000 studentar nesten 10 000 60-studiepoengseiningar. Rapporterte kostnader var til saman om lag 450 mill. kroner. Statleg finansiering dekte nær halvparten av kostnadene.
Private høgskolar rapporterte inn omtrent 7 000 studentar på etterutdanningskurs i 2004. Både kostnader og inntekter knytte til etterutdanning var på nær 20 mill. kroner. Dei private høgskolane rapporterte om nær 11 000 studentar på vidareutdanningskurs. Kostnadene til vidareutdanning var på over 100 mill. kroner og dei samla inntektene på nær 200 mill. kroner.
Oppmodingsvedtak nr. 384
Ved handsaming av St.meld. nr. 49 (2003–2004) 13. mai 2005 vedtok Stortinget følgjande, jf. Innst. S. nr. 185 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen utarbeide retningslinjer for raskere kartlegging av kompetanse slik at denne kan benyttes som grunnlag for hel eller delvis godkjenning av fagkrets.»
NOKUT gir i samsvar med lov om universitet og høgskolar generell godkjenning av høgre utdanning som ikkje er teken ved norske universitet og høgskolar, slik at utdanninga tel som del av norsk høgre utdanning. Saksbehandlingstida er redusert, informasjonen styrkt og det er også lagt vekt på å gi informasjon om andre godkjenningsinstansar. NOKUT har òg utarbeidd ein metodikk for dokumentasjon av kvalifikasjonar hos flyktningar og andre som ikkje kan vise vitnemål for utdanninga si. Rett til realkompetansevurdering gjeld også personar med utanlandsk utdanning. Realkompetansevurdering skjer i monaleg omfang ved opptak til studium, men i mindre grad for fritak for del av studium. I åra 2001–04 var det 123 søknader, og 72 pst. vart innvilga. Departementet varsla i Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) at det i samarbeid med sektoren vil setje ned ei arbeidsgruppe som vurderer ulike spørsmål i samband med godkjenning av utanlandsk utdanning. Departementet tek sikte på at ei arbeidsgruppe vil bli oppnemnd hausten 2005. Moglege tiltak i samband med saksbehandlinga av slike søknader vil vere del av mandatet. Sjå òg omtale av godkjenningsordningane for yrkeskvalifikasjonar og utdanning som er opparbeidd i utlandet i kap. 1 Hovudprioriteringar.
Oppmodingsvedtak nr. 536
Ved handsaming av St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning 16. juni 2005 vedtok Stortinget følgjande, jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 2006 fremme forslag om en opptrappingsplan for den offentlige forskningsinnsatsen fram mot 2010. Det må foretas evalueringer i de årlige budsjetter av den samlede forskningsinnsatsen og utviklingen av det offentlige og næringslivets andel.»
Opptrappingsplanen for offentlege forskingsmidlar 2006–10 er teken inn i eit eige kapittel i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet, jf. Del III kap. 5.
Oppmodingsvedtak nr. 539
Ved handsaming av Ot.prp. nr. 57 (2004–2005) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova 16. juni 2005 vedtok Stortinget følgjande, jf. Innst. O. nr. 105 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen legge frem en grundig gjennomgang av spesialundervisningens plass i norsk skole, herunder en vurdering av ressursbruk og resultater samt det statlige støttesystemets organisering og virksomhet, jf. Innst. O. nr. 105 (2004–2005).»
Stortinget har fatta to oppmodingsvedtak om spesialundervisninga sin plass i norsk skole generelt og om Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) og PP-tenesta spesielt, nr. 152 og nr. 539. Desse to vedtaka må sjåast i samanheng, og svaret blir derfor gitt samla her. Ein viser også til omtalen under kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet.
Departementet viser til at det i dei siste åra har vore brei fagleg og politisk semje om spesialundervisninga sin plass i norsk skole innanfor ramma av tilpassa opplæring. Departementet viser i denne samanhengen til handsaming og oppfølging av:
St.meld. nr. 23 (1997–98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov, jf. Innst. S. nr. 228 (1997–98)
St.meld. nr. 14 (2003–2004) Om opplæringstilbud til hørselshemmede, jf. Innst. S. nr. 161 (2003–2004)
St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring (særleg kap. 8 Likeverdig og inkluderende opplæring), jf. Innst. S. nr. 268 (2003–2004)
Ot.prp. nr. 57 (2004–2005) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova, jf. Innst. O. nr. 105 (2004–2005)
dei årlege budsjettproposisjonane
Kommunane er ansvarlege for tilpassa opplæring til alle i grunnskolealder, for spesialpedagogisk hjelp til barn i førskolealder og for spesialundervisning til vaksne som treng dette. Fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande opplæring. Etter opplæringslova har kommunane og fylkeskommunane også ansvar for å organisere pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) skal yte fagleg hjelp til kommunar og fylkeskommunar i deira arbeid med å leggje til rette opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov.
Retten til spesialundervisning er ført vidare, samstundes som det er arbeidd målretta for å styrkje den ordinære, tilpassa opplæringa. Det er eit mål at den store variasjonen mellom kommunane i bruk av enkeltvedtak om spesialundervisning blir redusert gjennom betre tilpassa opplæring. Auka kunnskap om læringsmiljøet og åtferdsvanskar fører gradvis til at skolane skil betre mellom elevar som har behov for fagleg hjelp, og elevar som har ei problematisk åtferd. Skolar som har ei god leiing, eit godt arbeids- og læringsmiljø og fleksibel organisering, ser ut til å lykkast best med tilpassa opplæring og spesialundervisning. Desse skolane har ein godt gjennomtenkt pedagogisk praksis og tett oppfølging av elevane. Nokre av desse skolane finn vi blant demonstrasjonsskolane, og gode skolar blir på den måten gode døme for andre. Evalueringa av demonstrasjonsskolane syner at desse skolane er mykje besøkte, og at besøksskolane blir inspirerte til vidare utvikling. Det er viktig å stimulere utviklinga av skolar som lærande organisasjonar, og da må skolane både lære av kvarandre og søkje rettleiing av andre aktørar, som til dømes PP-teneste.
Det viser seg også at spesialundervisning fungerer best når samarbeidsrelasjonane mellom involverte aktørar er gode, inkludert klar rolle- og ansvarsdeling og gjensidig utveksling av kompetanse. Utdannings- og forskingsdepartementet samarbeider med fleire andre departement om å utarbeide ein kunnskapsstatus om det samla tenestetilbodet for barn og unge i kommunane. SINTEF skal levere rapport om dette hausten 2005.
Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet vart i 1999 omorganisert frå åtte landsdekkjande og sju regionale statlege kompetansesenter med tilhørande styre til ei samla organisatorisk verksemd med felles styre og leiing. Det enkelte kompetansesenteret vart da driftseining i verksemda Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Frå 1. januar 2004 vart ordninga med eige styre teken bort, og frå 15. juni same år vart den felles administrative leiinga lagd inn i Utdanningsdirektoratet, samtidig som dei 15 statlege kompetansesentra vart sjølvstendige verksemder under Utdanningsdirektoratet. Statleg spesialpedagogisk støttesystem har frå 1999 bestått av 25 kompetansesenter: 15 som staten eig og ti institusjonar der staten kjøper tenester. I 2004 vart om lag 1 000 årsverk finansierte over statsbudsjettet (kap. 243, frå 1. januar 2005 kap. 230), av dette knapt 800 årsverk i dei verksemdene som staten eig. Som oppfølging av St.meld. nr. 23 (1997–98) har det vore reduksjon i bemanninga i Statped etter 1999 og overføring av ressursar tilsvarande 300 fagårsverk til den kommunale og fylkeskommunale PP-tenesta. Det har også vore andre reduksjonar i bemanninga, mellom anna som følgje av nedlegging av mindre avdelingseiningar utan elevgrunnlag (Kongstein vidaregåande skole) og overføring av skoleverksemd til fylkeskommune (Bjørkåsen vidaregåande skole), jf. St.meld. nr. 14 (2003–2004).
Av dei 15 statlege kompetansesentra er to for synsvanskar, fire for hørselsvanskar, to for språk- og talevanskar, eitt for sosiale og emosjonelle vanskar og seks for samansette lærevanskar. Sentra for samansette lærevanskar har eit regionalt ansvar for å yte tenester også innanfor fagområdet sosiale og emosjonelle vanskar. I tillegg yter Nordnorsk spesialpedagogisk nettverk tenester innanfor dei fleste vanskeområda i dei tre nordlegaste fylka. Denne organisasjonsstrukturen vart lagd i Innst. S. nr. 228 (1997–98), jf. St.meld. nr. 23 (1997–98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov.
Det er svært viktig med brukarmedverknad for å få til likeverdig og inkluderande opplæring for alle. Brukarmedverknad har derfor ein sentral plass i arbeidet til Statped. Det er brukar-/samarbeidsforum på kvart senter eller for fleire senter saman på enkelte vanskeområde. Desse tek del i arbeidet med planar for mellom anna ressursdisponering og i andre saker som gjeld brukarane på vedkommande vanskeområde. Tidlegare Sentralt brukarforum, som vart oppretta i 1992, er nedlagt etter at Rådet for inkluderande opplæring vart oppretta hausten 2004. Dette rådet, som har elleve medlemmer frå mellom anna organisasjonar for funksjonshemma, ulike fagmiljø, Sosial- og helsedirektoratet og KS, har rådgivande funksjon overfor Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld grunnopplæring av elevar, lærlingar og vaksne med spesielle opplæringsbehov. Direktoratet og rådet arrangerer i fellesskap mellom anna møte og konferansar fleire gonger i året. Dette er sentrale møteplassar for brukarorganisasjonar, kompetansemiljøet, Statped og direktoratet.
Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda speglar langt på veg behovet i kommunesektoren for spesialisert hjelp og støtte, som er størst for dei lågfrekvente gruppene. I 2004 fordelte ressursane i Statped seg med 21 pst. på synssektoren, 48 pst. på hørselssektoren (inkl. skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde), 10 pst. på språk-/talesektoren og 21 pst. på samansette lærevanskar og åtferdsvanskar.
Den samla tenesteproduksjonen i Statped i 2004 fordelte seg slik i høve til ulike typar arbeid:
33 pst. til utgreiingar, rådgiving, konsultasjon og nettverksarbeid m.m.
18 pst. til innhenting, systematisering og vidareutvikling av spesialpedagogisk kompetanse
21 pst. til formidling av spesialpedagogisk kompetanse
28 pst. til skole- og miljøtilbod (opplæring, internat og miljøtilbod m.m. i hørselssektoren)
Den geografiske spreiinga av Statped sine tenester er nokolunde jamn sett i høve til folketala i fylka, likevel slik at Oslo får minst og Sør-Trøndelag mest tenester relativt sett.
Talet på søknader frå kommunar og fylkeskommunar om tenester frå kompetansesentra har vore aukande i fleire sektorar, samstundes som dei individbaserte sakene har vorte meir komplekse. Alvorlege og samansette vanskar har gjort det nødvendig med meir tverrfagleg innsats og sterkare samhandling med tilgrensa instansar og fagdisiplinar. Det er vorte større krav til det lokale støtteapparatet for skolen (PP-tenesta), og i løpet av få år er talet på stillingar i PP-tenesta auka med over 30 pst., frå knapt 1 400 fagårsverk i 1996 til om lag 1 850 fagårsverk i 2003. Framleis er det fylkesvise variasjonar i dekningsgrad, med høgast relativ bemanning i Finnmark og lågast i Oslo, etter tala frå 2003. Summen av årsverk i PP-tenesta og i det statlege spesialpedagogiske støttesystemet er omtrent på same nivå i dag som i 1996.
Overføring av ressursar og oppgåver til den lokale PP-tenesta i åra etter 1999 førte til endring av Statped sin tenesteprofil frå generell individretta spesialpedagogisk hjelp til spesialisert hjelp og støtte for lågfrekvente grupper der den lokale tenesta ikkje hadde tilstrekkeleg kompetanse, særleg innanfor alvorlege syns-, hørsels- og tale-/språkvanskar, men også på området sosiale og emosjonelle vanskar. Vidare vart det lagt større vekt på systemretta rettleiingsarbeid overfor kommunar og fylkeskommunar, på spesialpedagogisk kompetanseutvikling i skolane og i PP-tenesta, og på utvikling av betre høve til brukarmedverknad. Som del av dette arbeidet vart det etablert avtalefesta samarbeid med universitets- og høgskolesektoren om forskings-, utviklings- og formidlingsarbeid, og lagt til rette for eiga kompetanseutvikling i støttesystemet for å kunne møte nye krav og forventningar frå vanskegrupper, kommunar, fylkeskommunar og helse- og sosialsektoren. Arbeidsoppgåver og arbeidsform både i Statped og i PP-tenesta er i store trekk endra i samsvar med det som vart skissert i Innst. S. nr. 228 (1997–98) og St.meld. nr. 23 (1997–98).
Oppgåvene til PP-tenesta er heimla i opplæringslova. Det er eit mål at tenesta både skal gi sakkunnig utgreiing og individuell hjelp og rettleie skolar og støtte organisasjonsutviklinga der. PP-tenesta brukar ressursane sine på ulike typar oppgåver. Om lag 30 pst. av tida går med til arbeid med enkeltpersonar, 10 pst. til råd og rettleiing til foreldre, 20 pst. til råd og rettleiing til skolen, 10 pst. til kompetanse- og organisasjonsutvikling i skolen, knapt 20 pst. til arbeid med sakkunnig uttale og vel 10 pst. til administrasjon etc.
Kompetansen innanfor PP-tenesta varierer. Det er høgast kompetanse i det sentrale austlandsområdet og lågast i Midt-Noreg og Nord-Noreg. Statped si eiga vurdering er at det i tida framover mellom anna blir viktig å tilføre spisskompetanse på synsfeltet i Sør-Noreg og Vest-Noreg, spisskompetanse på språk-/talefeltet i Sør-Noreg og Midt-Noreg, og spisskompetanse på fleire vanskefelt i Nord-Noreg. Utdanningsdirektoratet, som frå 15. juni 2004 har ansvar for etatsstyringa av Statped, arbeider vidare med m.a. desse spørsmåla.
Vurdering og dokumentasjon av praksis og resultat i skolen har vore eit sentralt tema i fleire år. For å sikre dette i PP-tenesta si verksemd gav departementet Læringssenteret i oppdrag å utvikle eit nasjonalt verktøy for vurdering i PP-tenesta. Verktøyet vart ferdigstilt i 2003 og utprøvd ved fleire PP-kontor over heile landet i 2004. Målet har vore å stimulere til systematisk og kontinuerleg vurdering av eiga verksemd og å styrkje tenesta fagleg og organisatorisk. Prosjekterfaringane vil bli nytta av Utdanningsdirektoratet til vidareutvikling av verktøyet, som del av oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring (Kunnskapsløftet).
Det er gjennomført fleire ulike undersøkingar om brukarane sine vurderingar av spesialundervisninga generelt og tilboda frå PP-tenesta og Statped. Desse har dels gitt noko ulike resultat. I 2004 gjennomførte Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU) og Senter for innovasjonsforskning (STEP) på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei undersøking blant elevar, foreldre, skoleleiarar og lærarar i fem fylke om vurderinga deira av opplæringa for elevar med spesialundervisning etter enkeltvedtak, og av tenestetilbodet frå PP-tenesta og Statped (NIFU Rapport 9/2004; Eleven i fokus? En brukerundersøkelse av norsk spesialundervisning etter enkeltvedtak). Undersøkinga gjaldt alle opplæringsnivå. Resultata kan oppsummerast slik:
Når det gjeld spesialundervisning etter enkeltvedtak, viser undersøkinga at barn og unge med spesialundervisning trivst noko dårlegare enn elevar utan spesialundervisning. Hovudbiletet er likevel at om lag 70 pst. av elevane med spesialundervisning trivst «kjempebra eller bra» både i klassen og på skolen, mot 80–90 pst. i andre undersøkingar når alle elevar blir spurde. Det er likevel slik at barn med sosiale vanskar trivst dårlegare enn barn med andre typar vanskar. Dette blir også rapportert frå lærarane og foreldra, og det skyldast oppleving av mindre sosial inkludering enn hos andre elevar.
Elevar på alle trinn er stort sett nøgde med den spesialundervisninga dei får, og elevar i blanda eller integrerte løysingar i ordinære klassar er noko meir positive enn dei som får eigne tilbod utanfor klassen. 20–30 pst. av elevane med spesialundervisning trivst dårleg med det tilbodet dei får.
Lærarane meiner spesialundervisninga gir fagleg utbytte til 70–80 pst. av elevane, og stort sett i passe omfang. Foreldra er på si side mindre nøgde enn lærarane og ønskjer både fleire timar og høgre lærarkompetanse, men er i store trekk nøgde med sjølve organiseringa.
Når det gjeld brukarvurdering av PP-tenesta, gav skoleleiarane ei positiv vurdering av PP-tenesta sitt arbeid, og ønskte endå meir rettleiing og ei meir aktiv rolle i høve til den enkelte eleven, samt meir rettleiing til lærarane.
Lærarane gav på si side klart uttrykk for at forventningane deira til PP-tenesta ikkje vart innfridde, og at tenesta i liten grad hadde relevans for eller innverknad på opplæringa. Denne negative vurderinga var i stor grad knytt til arbeidsmåten til tenesta ved at denne i for liten grad går inn i klassen/gruppa, og at tilrådingar av denne grunnen blir oppfatta som lite relevante.
Foreldra var mykje meir positive til samarbeidet med PP-tenesta, både i høve til kompetanse og tilgjenge. Blant elevane var tilbakemeldingane på brukarmedverknaden mest positive for dei yngste og dei eldste.
Når det gjeld brukarvurdering av Statped, er den generelle tilbakemeldinga at skolen i liten grad har etablert kontakt med Statped, og at behovet for samarbeid er avgrensa til heilt spesielle situasjonar. Hovudinntrykket er at Statped er lite synleg både for skoleleiinga, lærarane og foreldra. Dette er ikkje uventa, sidan Statped primært skal yte spisskompetanse som ikkje finst lokalt. Dei som har hatt kontakt, er gjennomgåande positive til Statped sine tenester og kompetanse. Foreldra er likevel noko kritiske til brukarmedverknaden og samordninga med det lokale tenestetilbodet, og mange viser til tungvinte tilvisingsrutinar.
Samla viser fleire undersøkingar at det er eit potensial for betre tenesteyting i spesialundervisninga, i PP-tenesta og i Statped. Departementet vil peike på at brukarane av tenestane til Statped ofte mottek tenester også frå andre sektorar, slik som helse, sosial, habilitering og barnevern. Dermed oppstår det lett problem for brukarane i høve til samarbeid og koordinering mellom fleire instansar og sektorar. Som ledd i oppfølging av Regjeringa sin strategiplan for barn og unge si psykiske helse har SINTEF fått i oppdrag av Barne- og familiedepartementet å utarbeide ein kunnskapsstatus om det samla tenestetilbodet for barn og unge i risikosituasjonar. Erfaringane frå dette vil mellom anna bli nytta i det framtidige arbeidet med å utbetre og koordinere dei kommunale og statlege tenestetilboda, under dette PP-tenesta og Statped. Rapporten frå SINTEF er planlagd ferdig hausten 2005.
Det skjer ei positiv utvikling innanfor tilpassa opplæring i skolen. Eksempelvis er talet på elevar i grunnskolen som får spesialundervisning, gått svakt ned frå 5,7 pst. i 2000–01 til 5,4 pst. i 2004–05. Vidare er det frå 1997–98 til i dag sterk nedgang i talet på grunnskoleelevar som får få timar spesialundervisning, definert som under 100 timar per år. Dette tyder på at mange elevar med relativt små behov, som tidlegare fekk spesialundervisning etter enkeltvedtak, no blir fanga opp innanfor den ordinære opplæringa. Samtidig får ein større del av elevane med spesialundervisning no mange timar, definert som over 360 timar per år. I kommunar der mindre enn 4 pst. av elevane får spesialundervisning, får kvar elev 258 timar per år i gjennomsnitt, mens tilsvarande tal er 149 timar i kommunar der meir enn 12 pst. av elevane får spesialundervisning.
Både i forskinga og den praktiske kvardagen i skolen er fokus no i sterkare grad enn før retta mot kvalitative aspekt ved spesialundervisninga, til dømes organisering, innhald, læringsmiljø, trivsel, meistringsstrategiar og læringsutbytte. Det har med andre ord skjedd ei flytting av merksemd frå kvantitet og ressursar til i sterkare grad kvalitative spørsmål. Dette skyldast dels utviklinga innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet i dei siste åra, dels det som skjer innanfor det allmennpedagogiske feltet. Elles er ei sterkare generell vektlegging av elevane sin dugleik i basisfaga til stor nytte for alle, og ikkje minst for dei fagleg sett svakaste elevane.
Det er viktig at tiltak og tenester i skolen i størst mogleg grad er kunnskaps- og faktabaserte. Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring og Kunnskapsløftet blir det derfor lagt stor vekt på at norske og utanlandske forskingsresultat om tilpassa opplæring og spesialundervisning blir gjorde lett tilgjengelege for aktørane i skolen. Elles er PP-tenesta og Statped aktuelle partar i Kunnskapsløftet og «Strategiplanen for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–08», dels som målgruppe og dels som tilbydarar.
Departementet og Utdanningsdirektoratet følgjer opp dei tiltaka og verkemidla som vart skisserte i St.meld. nr. 30 (2003–2004) kap. 8 om tilpassa opplæring, og vil sjå tiltak i kommunal og statleg verksemd i samanheng. Statped har som oppgåve å hjelpe kommunar og fylkeskommunar med råd, utgreiingar og støtte innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet, og med å utvikle og formidle kompetanse til lokalsamfunnet. Samtidig er det etablert eit betre og meir målretta statleg tilsyn lokalt gjennom fylkesmennene. Den statlege innsatsen må justerast i takt med utvikling av tilpassa opplæring i skolen. Det har i dei siste åra skjedd ei omstrukturering av ressursbruken i det statlege støttesystemet. Innsatsen er i sterkare grad retta inn mot utvikling av spisskompetanse innanfor lågfrekvente vanskar og tiltak for brukarar med samansette vanskar, jf. St.meld. nr. 23 (1997–98) og St.meld. nr. 14 (2003–2004).
Statped skal vidareføre oppgåvene innanfor tenesteyting, utvikling av kompetanse, formidling av kunnskap, læremiddelutvikling og -produksjon, brukarmedverknad, samarbeidsrelasjonar og internasjonalt arbeid.
Fagprofilen i Statped skal framleis vere forankra i dei to hovudområda tenesteyting og fagutvikling og formidling, med høg og spesialisert kompetanse i høve til ulike grupper med særskilde opplæringsbehov. På nokre område vil innsatsen til Statped hovudsakleg vere individbasert og individretta, til dømes overfor brukarar med sansetap og andre lågfrekvente vanskeområde. På andre område skal Statped utvikle og spreie spesialpedagogisk kunnskap og kompetanse gjennom systemretta innsats i praktisk arbeid med enkeltsaker og i generelt utviklingsarbeid. Hjelp til brukarar med dei største og mest samansette vanskane skal prioriterast, med fokus på meistring, likeverd og inkludering. Gjennom utviklingsarbeid vil ein søkje å vinne erfaringar med modellar som gir best mogleg tilbod for brukarane.
Noverande mål, fagprofil og dimensjonering for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet vil i hovudsak bli vidareførte, men med rom for fleksibilitet og justeringar over tid i tenesteproduksjon og organisering, i samsvar med endringar i faglege tilhøve og etterspurnad frå brukarane. Dei statlege kompetansesentra vil bli vidareutvikla som eigne verksemder med utgangspunkt i dagens organisering, men med sikte på best mogleg samordning av tenestetilbodet og mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar. Utviklinga av Statped og relasjonane til samarbeidspartnarane vil bli knytte til evalueringa av Kunnskapsløftet, jf. nærmare omtale under programkategori 07.20.
Tilpassa opplæring og spesialundervisning fekk brei omtale i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring og er eit sentralt satsingsområde i Kunnskapsløftet. Målet om betre tilpassa opplæring for alle elevar krev nært samarbeid mellom alle partar i skolesamfunnet. Det statlege støttesystemet og PP-tenesta er sentrale aktørar i Kunnskapsløftet, og formålet med fleire av dei nasjonale strategiane i reforma er betre tilpassa opplæring. Dette gjeld mellom anna strategiane for kompetanseutvikling, for leseopplæring og for minoritetsspråklege. Ein samla gjennomgang av tilpassa opplæring og spesialundervisninga sin plass i skolen vil bli ein viktig del av evalueringa av Kunnskapsløftet. Det same gjeld ressursbruk og resultat, oppgåvene til det statlege støttesystemet og PP-tenesta, rollefordelinga og samhandlinga mellom PP-tenesta og Statped. Med bakgrunn i dette finn ikkje departementet grunn til å vurdere endra organisering av støttesystemet no, men vil vurdere organiseringa og ressursbruken i samband med evalueringa av Kunnskapsløftet. Det blir lagt opp til evaluering undervegs, erfaringsutveksling og informasjonsspreiing, slik at positive resultat kan medverke til implementering av kursendringar. Brukargruppene vil vere sentrale i dette arbeidet.