1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak. Lønns- og pensjonsforhold i aksjeselskap eigde av staten1
Årslønn (kroner) | Andre ytingar | Pensjonsalder | Pensjonsnivå | Oppteningstid | |
---|---|---|---|---|---|
Norsk synkrotronforsking AS | 170 0002 | ||||
UNIS AS | 648 300 | Fri telefon/ mobiltelefon og aviser. | 67 år | Statens pensjonskasse | Dagleg leiar tilsett på åremål |
Simula Research Laboratory AS | 988 000 | Fri telefon, Internett og aviser. Fri bil3. | Std. statens ordningar | Std. statens ordningar | |
Norsk Samfunnsvitskapleg Datateneste AS | 676 000 | Fri telefon, bompengekort, parkeringskort ved arbeidsstadet og avis. | Statens pensjonskasse | Statens pensjonskasse | 1970 |
UNINETT AS4 | 811 200 | Godtgjering for telefonbruk5 | 67 år6 | 66 pst. | |
Arbeidsforskningsinstituttet AS | 513 1297 | Mobil etter statens satsar | Statens pensjonskasse | Statens pensjonskasse | |
NTNU Samfunnsforskning AS | 502 3198 | Fri telefon og mobiltelefon | 67 år | Kollektiv pensjonsordning | |
NTNU Technology Transfer Office | 750 000 | Fri telefon/mobiltelefon, fri avis, fri bil9 | 67 år | Kollektiv pensjonsordning | 30 år |
Sem Gjestegård AS | 607 98710 | Fri telefon/mobiltelefon, firmabil, bompengar, fri bolig, fritt arbeidstøy inntil kr 13 000, samt fri vask og rens | 70 år | Statens pensjonskasse | 01.01.1997 |
Unirand AS | 265 07711 | Statens pensjonskasse12 | Statens pensjonskasse | ||
Birkeland Innovasjon AS | 850 00013 | Fri avis, dekka mobiltelefon | Statens pensjonskasse14 | Statens pensjonskasse |
1 Staten eig 80 pst. av Simula AS. Dei andre selskapa i tabellen er heileigde av staten eller heileigde av institusjonane. Oversikta omfattar føretak der departementet forvaltar statens eigarinteresser direkte, samt føretak som blir forvalta av institusjonane med delegerte fullmakter. Under Utdannings- og forskingsdepartementet er det elleve selskap som er heileigde av staten der forvaltninga av statens eigarinteresser er delegert til underligjande institusjonar. Dei resterande fem selskapa som ikkje er med i denne oversikten er enten under etablering, avvikling eller hadde ikkje eigne tilsette i 2004. Data frå dei fem første selskapa er basert på innrapportering hausten 2005. For dei resterande selskapa er det brukt data per 31. desember 2004
2 Administrerande direktør er leigd inn etter avtale med Noregs forskingsråd. Norsk synkrotronforskning AS betalar Noregs forskingsråd årleg kompensasjon på kr 170 000 for utleige av tenester.
3 Listepris på bil er kr 558 923.
4 Selskapet har tre dotterselskap (heleigde): UNINETT FAS AS (årslønn til dagleg leiar kr 659 000, pensjonsnivå 66 pst., oppteningstid på 30 år), UNINETT ABC AS (årslønn til dagleg leiar kr 610 000, pensjonsnivå 66 pst., oppteningstid på 30 år), UNINETT NORID AS (årsløn til dagleg leiar kr 558 000, pensjonsnivå 66 pst., oppteningstid på 30 år).
5 Telefongodtgjering med kr 3 192 per år etter statens satsar. I tillegg kjem dekning av mobiltelefon i samanheng med arbeid.
6 Styret i UNINETT AS har inngått avtale med administrerande direktør som tillèt avgang ved fylte 60 år.
7 Det er tilsett ny dagleg leiar frå 26. september 2005 med lønnstrinn 80 i Statens lønnsregulativ, som tilsvarar kr 684 300. Medlemskap i Statens Pensjonskasse. Andre ytingar er fri telefon og mobiltelefon, heime pc og to avisabonnement. Åremål i fire år, som kan bli forlenga ein periode til.
8 Ny direktør frå 1. april 2005 med kr 590 000 i årslønn, elles dei same ytingane.
9 Prisklasse inntil kr 400 000.
10 Lønna blei regulert 1. mai 2005 til kr 610 000.
11 Lønnen gjeld dagleg leiar i konsernet Unirand AS i 2004. Dagleg leiar var i 2004 tilset 50 pst. i konsernet Unirand AS og 50 pst. ved Universitetet i Oslo. Frå 2005 er dagleg leiar tilset 30 pst. i Unirand AS og 70 pst. ved Universitetet i Oslo.
12 Dagleg leiar hadde i 2004 halvt medlemskap i Statens Pensjonskasse med Universitetet i Oslo som arbeidsgivar og tilsvarande halvt medlemskap i Statens Pensjonskasse med Unirand AS som arbeidsgivar. I 2005 er pensjonen regulert i høve til det endra arbeidsforholdet.
13 Dagleg leiar starta 1. november 2004.
14 Pensjonsordninga er førebels ikkje på plass, men det blir opplyst at ordninga truleg blir i Statens Pensjonskasse.