St.prp. nr. 1 (2005-2006)

FOR BUDSJETTÅRET 2006 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Forsking og utvikling (FoU) er avgjerande for velferd og verdiskaping i framtida og eit viktig satsingsområde for Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forsking og utvikling med om lag 1,4 mrd. kroner i 2006.

Våren 2005 la Regjeringa fram ei ny stortingsmelding om forsking, St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Meldinga vart handsama i Stortinget 16. juni 2005. Stortinget støtta opp om retninga og måla i meldinga. Det inneber eit mål om at den samla satsinga på forsking og utvikling skal auke til 3 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP) innan 2010. Den offentlege innsatsen skal aukast til 1 pst. av BNP, medan målsettinga for næringslivet, internasjonale kjelder og andre kjelder er 2 pst. av BNP. Stortinget bad også Regjeringa leggje fram ein opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen fram mot 2010, jf. oppmodingsvedtak nr. 536, Innst. S. nr. 232 (2004–2005). Opptrappingsplanen står i kap. 6. Dette kapitlet tek for seg forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2006.

Finansiering av forsking

I Noreg vart det brukt 27,3 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid i 2003, som er det siste året det finst fullstendig offisiell statistikk for. FoU-utgiftene utgjorde da 1,75 pst. av BNP. Til samanlikning var OECD-gjennomsnittet om lag 2,3 pst., mens gjennomsnittet for dei nordiske landa var 2,97 pst. Offentlege midlar til FoU ligg om lag på OECD-snittet, målt som prosent av BNP. Ei hovudutfordring er å auke forskingsinnsatsen i næringslivet. FoU-statistikken for 2003 viser at offentlege kjelder finansierte 42 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg, mens næringslivet stod for 47 pst., og utanlandske og andre kjelder stod for 11 pst. Offentleg finansiering gjennom skattesystemet (Skattefunn) er rekna til andre kjelder.

Regjeringa har i perioden 2002–05 styrkt forskingsløyvingane over statsbudsjettet med om lag 3 mrd. kroner. Det svarar til ein realvekst på 17 pst. Med budsjettforslaget for 2006 blir den samla auken 4,3 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde for offentleg forskingsfinansiering. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet med 39 mrd. kroner til 75 mrd. kroner i 2006. Med den renta som er i dag, vil dette gi ei auka avkastning på om lag 1,4 mrd. kroner i 2007. Under denne regjeringa vil fondskapitalen med dette vere auka med totalt 51 mrd. kroner, i tillegg til dei 14 mrd. kronene som Stortinget la inn som tippemiddelkompensasjon, jf. Innst. S. nr. 223 (2001–2002).

Forsking og utvikling i næringslivet blir også støtta gjennom skattesystemet. Skattefunn-ordninga gir næringslivet skattefrådrag for utgifter til FoU. Skattefunn vart oppretta i 2002 og er vorte eit sentralt verkemiddel for å stimulere til auka FoU i næringslivet. For 2004 har noregs forskingsråd godkjent om lag 6 000 prosjekt som gir rett til skattefradrag. Provenytapet av prosjekt som blir gjennomførde i 2004 er anslått til om lag 1,6 mrd. krone­r. Søknader til Noregs forskingsråd så langt i 2005 indikerer at bruken av Skattefunn held fram på om lag same nivå. Skattefunn er med det eit viktig supplement til løyvingane til næringsretta forsking over statsbudsjettet. Statistisk sentralbyrå evaluerar effekten av ordninga for åra 2002–06. Evalueringa vil vere ferdig i 2007. Skattefunn er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2005–2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak og St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Nærings- og handelsdepartementet.

Hovudsatsingar i Regjeringas forskingspolitikk 2002–05

I Sem-erklæringa nedfelte Regjeringa hovudmåla for sin politikk på forskingsområdet. Måla er i stor grad oppfylte. Regjeringa har styrka grunnforskinga mellom anna gjennom nye rekrutteringsstillingar, vitskapeleg utstyr, internasjonalisering og kvalitetssatsingar som Senter for framifrå forsking og Yngre framifrå forskarar. Grunnforskingsmiljøa ved institusjonane innanfor høgre utdanning har vorte særskild prioriterte. Næringsretta forsking er styrkt mellom anna gjennom Skattefunn-ordninga og ei særskilt satsing på petroleumsforsking og marin forsking.

Dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskuler er auka med 1,5 mrd. kroner i åra 2002–05. Det svarar til ein realvekst på 24 pst., medan gjennomsnittleg realvekst i FoU-løvyingane totalt var på 17 pst. Regjeringa har oppretta 658 øyremerkte doktorgradsstillingar i perioden. I tillegg er det finansiert doktorgradsstillingar gjennom løyvingane til Noregs forskingsråd frå fleire departement. Stillingane er finansierte fullt ut av staten. Vidare har Regjeringa i budsjetta for 2002–05 til saman øyremerkt 914 mill. kroner til vitskapleg utstyr. Midlane har kome både gjennom direkte institusjonsløyvingar og gjennom løyvingar til Forskingsrådet. Innanfor satsinga på internasjonalisering har Regjeringa særleg prioritert styrking av forskingsinstitutta sin deltaking i EUs rammeprogram og det bilaterale forskingssamarbeidet med Nord-Amerika.

Regjeringa har til no i hovudsak styrka næringsretta forsking gjennom Skattefunn-ordninga. Samla provenytap som følgje av ordninga er berekna til om lag 3,5 mrd. kroner i perioden 2002–04. I tillegg er det satsa særskilt på forsking knytt til petroleumssektoren. Regjeringa har sidan 2002 styrkt petroleumsforsking med meir enn 150 pst., frå 115 mill. kroner i 2002 til 294 mill. kroner i 2005. Tala inkluderar midlar frå Forskingsfondet og eit senter for framifrå forsking. Også marin forsking har fått ein monaleg auke i perioden.

Regjeringa har lagt til rette for auka kommersialisering av forskingsresultat ved universitet og høgskolar. Endringane i lov omarbeidstakaroppfinningar og lov om univeristet og høgskolar i 2002–03 har førte til at universiteta og høgskolane langt meir enn før har engasjert seg i slikt arbeid. Regjeringa har styrkt løyvingane til kommersialisering av forskningsresultat med til saman 35,6 mill. krone­r sidan 2002.

Tross den sterke veksten i forskingsbudsjetta, ligg det likevel ikkje an til at Regjeringa når målet om å heve norsk forskingsinnsats til gjennomsnittleg OECD-nivå, målt som del av BNP.

Prioriteringar i 2006-budsjettet

I tråd med forskingsmeldinga foreslår Regjeringa å styrkje løyvingane til grunnforsking, internasjonalisering og forskingsbasert nyskaping og innovasjon i næringslivet og offentleg sektor. Forsking og verkemiddel som kan løyse ut auka FoU-innsats i næringslivet er særleg prioritert. Det gjeld mellom anna styrking av brukarstyrt forsking og forsking knytt til etablerte næringar, som petroleumssektoren og maritim sektor. Også satsinga på forskingsinstitutt, internasjonalisering, forskarrekruttering og kvalitet i forskinga er avgjerande for vellukka FoU-satsing i næringslivet på lengre sikt.

Grunnforsking

Grunnforsking er ei hovudprioritering i forskingspolitikken. Slik forsking gir ny innsikt, utfordrar etablerte oppfatningar og medverkar til kritisk og opplyst samfunnsdebatt. Både direkte og indirekte påverkar grunnforskinga velferda og verdiskapinga i samfunnet. Grunnforsking er ein føresetnad for å realisere dei tematiske satsingane i forskingspolitikken.

Regjeringa foreslår å opprette 350 nye øyremerkte stipendiatstillingar frå hausten 2006. Av desse vil 250 bli fordelte direkte til universitet og høgskolar. 100 stipendiatstillingar er lagde til ei ny ordning med frie stipend i Forskingsrådet, der kvalitet og originalitet er einaste kriterium for tildeling. Det er også lagt inn midlar til heilårs finansiering av dei 100 stillingane som vart oppretta hausten 2005.

Som eit ledd i satsinga på kvalitet foreslår Regjeringa ei styrking av løyvingane til frie prosjekt gjennom Noregs forskingsråd med 50 mill. kroner. Størstedelen av veksten kjem innanfor naturvitskaplege og medisinske fag. Det er vidare foreslått å auke løyvinga til ordninga «Yngre framifrå forskarar» med 10 mill. kroner.

Det er lagt opp til ei styrking på 20 mill. kroner i basisløyvingane til dei teknisk-industrielle institutta over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Miljøverndepartementet har auka basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta med 10 mill. kroner. Dei auka løyvingane skal styrkje den langsiktige forskinga ved institutta og medverke til auka konkurranseevne internasjonalt.

St.meld. nr. 20 (2004–2005) varsla at Regjeringa ville innføre ei tidsavgrensa ordning for finansiering av mindre driftsutgifter for forskarar ved universitet og høgskolar i 2006. Det er foreslått å auke løyvingane til Noregs forskingsråd med 40 mill. kroner til ordninga. Institusjonane skal sjølve medverke med 60 pst. av utgiftene til ordninga. Regjeringa foreslår også å øyremerke 50 mill. kroner til ordninga med offentleg gåveforsterking av private donasjonar til grunnforsking.

Internasjonalisering

Internasjonalisering av norsk forsking er viktig for kvaliteten i forskinga og eit gjennomgåande perspektiv i norsk forskingspolitikk. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til internasjonalt forskingssamarbeid gjennom Forskingsrådet med minst 30 mill. kroner. I tillegg aukar løyvinga til kontingent til EUs sjette rammeprogram. Internasjonalisering av forsking er også i stor grad integrert i grunnforskingssatsingane og i nokon grad i satsingane på næringsretta forsking.

Forskingssamarbeidet gjennom EU blir stadig viktigare, og i samband med utviklinga av eit europeisk forskingsområde (European Research Area) blir den nasjonale forskinga i aukande grad integrert i det europeiske forskingssamarbeidet. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å styrkje norsk deltaking i EUs rammeprogram. Ordninga med delfinansiering av eigendelen til norske forskingsinstitutt, som får tildelt prosjekt frå EU, blir ført vidare. Løyvinga til kontingent til EUs rammeprogram for forsking aukar med 239 mill. kroner. Regjeringa foreslår vidare å auke den nasjonale satsinga på romverksemd. Delar av auken går til satsinga på Galileo, som er eit system for satellittnavigasjon.

Regjeringa foreslår ei vesentleg styrking av bilateralt forskingssamarbeid med nasjonar som USA, Canada, Japan, Kina og India. Oppfølging av strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika er særleg prioritert. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til samarbeid med Nord-Amerika gjennom Forskingsrådet over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

Utanriksdepartementet legg opp til å auke løyvingane til utviklingsforsking gjennom NORAD med til saman 15 mill. kroner. Det er også lagt inn midlar til ei mindre styrking av forskingsprogrammet Global helse i Noregs forskingsråd.

Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til Forskingsrådets arbeid med IPY. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar opp. Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet og Justisdepartementet.

Svalbard forskingspark vart ferdigstilt hausten 2005. Forslaget til statsbudsjett inneheld ei samla løyving på om lag 183 mill. kroner i utstyr og husleigemidlar til forskingsparken.

Budsjettforslaget inneber også løyvingar til heilårsdrift ved den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis.

Forskingsbasert nyskaping og innovasjon

Forsking og utvikling speler ei viktig rolle i fornying av næringsliv og offentleg sektor, og er avgjerande for konkurranseevna i næringslivet. Vektlegginga av innovasjon og forskingsbasert nyskaping i forskingsmeldinga og ambisjonane på vegner av næringslivet tilseier ei høg prioritering av dei næringsretta verkemidla.

Regjeringa foreslår å styrkje næringsretta forsking og utvikling og kommersialisering av forskingsresultat gjennom ein kraftig auke i løyvingane til Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. Petroleumsforsking og maritim forsking er særleg prioriterte. I tillegg foreslår Regjeringa ei styrking av nasjonal romverksemd.

Løyvingane til brukarstyrt forsking over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet aukar med 131 mill. kroner, eller 37 pst. Størstedelen av midlane går til «brukarstyrt innovasjonsarena» i Forskingsrådet, der dei beste prosjekta får støtte, uavhengig av bransje. 30 mill. kroner er foreslått nytta til å auke løyvingane til brukarstyrt maritim forsking. Dei auka løyvingane til petroleumsforsking gjeld òg i stor mon brukarstyrt forsking, jf. omtale nedanfor.

Løyvingane til forskings- og utviklingskontrakter i Innovasjon Noreg er foreslått auka med 100 mill. kroner i 2006. Satsinga vil gje fleire FoU-retta samarbeidsprosjekt i næringslivet og mellom næringslivet og offentleg sektor.

For å styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet har Forskingsrådet utvikla ei ny ordning kalt «Senter for forskingsdriven innovasjon». Ordninga har som formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Minst ti senter vil starte opp i 2006. Ordninga blir finansiert med midlar frå Fondet for forsking og nyskaping.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse. Løyvingane til FORNY, som er Forskingsrådets program for kommersialisering av FoU-resultat, er foreslått styrkt med 22 mill. kroner over Nærings- og handelsdepartementets budsjett. Frå 2006 vil også Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet medverke med finansiering til programmet. Landbruks- og matdepartementet foreslår ei løyving på 5 mill. kroner.

«Norwegian Centres of Expertise» (NCE) er ei ny programsatsing som skal styrkje nettverka mellom regionale FoU-institusjonar, næringsliv og styresmakter med utgangspunkt i behov og føresetnadene til regionane. Målet er å utvikle innovative næringsklyngar basert på regional forankring og lokale føremon, som kan bli sterke internasjonalt. Regjeringa foreslår å løyve til saman 34,5 mill. kroner til programmet over budsjetta til Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd samarbeider om gjennomføringa av programmet.

Forsking for politikkutforming og fornying av offentleg sektor

Regjeringa foreslår også ei rekkje satsingar for å styrkje forsking som gir betre grunnlag for politiske avgjersler.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot rusmiddelproblem for perioden 2006–08. Forsking og undervisning på rusområdet er eit sentralt tiltak i handlingsplanen, og Regjeringa foreslår ei større satsing på dette gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga er ei oppfølging av NOU 2003:4 som mellom anna peiker på at Noreg manglar master- og doktorgradsutdanning på feltet. Det er også behov for eit miljø som kan vere pådrivar for etablering av forskingsnettverk og større samarbeidsprosjekt. Løyvinga gjennom Forskingsrådet skal dels nyttast til eit framtidig hovudmiljø ved eit av universiteta etter utlysning og konkurranse, og dels til eit ope forskingsprogram på feltet. Sjå budsjettproposisjonen til Arbeids- og sosialdepartementet for nærmare omtale.

Over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet blir det foreslått å auke løyvinga til forsking på organisering av tenestetilbodet til eldre, rusbrukarar og pasientar med psykiske lidingar, mellom anna ADHD, med 1,5 mill. kroner. Forsking om barnehagar blir styrkt med 2,5 mill. kroner. Det er lagt inn ei styrking av forskingsbudsjettet på justissektorens område på 3 mill. kroner. Forskingsrådets program «Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner 2005-2010» blir auka med 3 mill. kroner for å styrkje forsking om integrering og mangfald.

Tema- og teknologisatsingar

St.meld. nr. 20 (2004–2005) presenterer fire tematiske satsingsområder i forskingspolitikken: Energi og miljø, mat, hav og helse. I tillegg blir dei tre teknologiområda informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), bioteknologi og material- og nanoteknologi trekte fram som særleg viktige. Dei tematiske prioriteringane og teknologiområda skal konkretiserast i dialog mellom relevante aktørar innanfor styresmakta, forskarmiljøa og nærings- og samfunnsliv elles. Regjeringa legg opp til å øyremerkje delar av avkastninga av auken i kapitalen i Forskingsfondet i 2006 til dei tematiske satsingane og teknologiområda, jf. kap. 6 Opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen 2006–10.

Regjeringa legg opp til å halde fram med den sterke satsinga på petroleumsforsking med ein samla auke på om lag 100 mill. kroner i 2006. Petroleumssektoren er ein vesentleg bidragsytar til finansieringa av velferdssamfunnet og til industriell utvikling i heile landet. Ei offensiv satsing på forsking og utvikling i petroleumssektoren er avgjerande for framtida til sektoren.

Miljøforsking er mellom anna styrkt gjennom løyvingar til heilårsdrift av den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis, auka basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta og ei mindre styrking av andre forskingsmidlar over budsjettet til Miljøverndepartementet.

I 2006 startar Forskingsrådet opp eit nytt forskingsprogram som vil auke fokuset på mat som forskingsområde. Programmet «Norsk mat frå sjø og land» skal fremme innovasjon og marknadsinnretting i norsk matproduksjon. Programmet skal ha fokus på nærings- og forvaltningsretta forsking i heile verdikjeda frå forbrukar til primærproduksjon innanfor landbrukssektoren og marin sektor. Programmet vil bli finansiert gjennom løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, sektoranes forskingsavgiftsfond, midlar over jordbruksavtalen og Forskingsfondet.

Regjeringa foreslår ei kraftig styrking av marin forsking, for å styrkje grunnlaget for marin næringsutvikling og innovasjon. Havbruksforskinga er særleg prioritert. Løyvingane til innsatsen i høve til trygg sjømat og marknadsforsking er også styrkt.

Regjeringa foreslår ei løyving på nær 24 mill. kroner til MAREANO-programmet over budsjetta til Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Programmet har som mål å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studium av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen, og systematisere informasjonen i ein arealdatabase for norske kyst- og havområde.

Innanfor det maritime området foreslår Regjeringa ein auke på til saman 50 mill. kroner til forsking og innovasjon over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. 30 mill. kroner av dette gjeld brukarstyrt forsking gjennom Forskingsrådet, jf. omtalen over. 20 mill. kroner er foreslått gjennom Innovasjon Noreg.

Regjeringa foreslår å auke medisinsk, helse- og sosialfagleg forsking med 13 mill. kroner over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Av desse er 5 mill. kroner ein del av opptrappingsplanen for psykisk helse. Regjeringa forslår mellom anna ei satsing på epidemiologisk forsking, Janus-serumbank og vidareføring av midlane til Den norske mor og barn undersøkinga og Helseundersøkingar i Nord-Trøndelag (HUNT3). Regjeringa foreslår auka løyvingar til forsking om kvinnehelse, organisering av tenestetilbodet til eldre, rusbrukarar og pasientar med psykiske lidingar (inkludert ADHD), legemiddelindustriuavhengig forsking og allmenmedisinsk forsking og fagutvikling. Sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Samferdsledepartementet har nyleg lagt fram ein strategi for tele- og transportforsking for perioden 2006–09. Viktige tema for teknologisk orientert teleforsking vil vere kommunikasjonsteknologi, tenestekvalitet og tryggleik og nye typar nettverk. Innanfor samfunnsorientert teleforsking skal det satsast på breibandstenester og forholdet mellom innhald og infrastruktur, brukarane sine føresetnader og aksept for effektiv bruk av nettbaserte tenester og alternative forretningsmodellar i telesektoren. Regjeringa ønskjer å vidareføre ei brei satsing på transportforsking også for 2006, og ønskjer særleg å prioritere forsking retta mot tryggleik, transport i næringslivet, IKT-bruk og miljøeffektiv transportteknologi. Løyvinga over budsjettet til Samferdsledepartementet er på 118,6 mill. kroner, ein auke på 18 mill. kroner frå 2005.

Overslag over FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Offentleg finansiering av norsk forsking byggjer på sektorprinsippet. Det inneber at kvart departement er ansvarleg for forsking på sin sektor. Alle departementa gir løyvingar til forsking. Kvart år utarbeider NIFU STEP ein statsbudsjettanalyse. Analysen viser at 118 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i data frå NIFU STEP, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å gi eit overslag over dei samla FoU-utgiftene på statsbudsjettet.

Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2006 er om lag 15,4 mrd. kroner, jf. tabellen under. Dette er ein auke på om lag 10 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2005.

Overslag over løyvingane til forsking over statsbudsjettet (i mill. kroner)

Departement

Saldert budsjett 20051

Forslag 2006

Endring 2005–06 (i pst.)

Utanriksdepartementet

451

498

10

Utdannings- og forskingsdepartementet

7 703

8 401

9

Kultur- og kyrkjedepartementet

82

86

5

Justisdepartementet

34

38

12

Kommunal- og regionaldepartementet

158

154

-3

Arbeids- og sosialdepartementet

163

188

15

Helse- og omsorgsdepartementet

938

1 006

7

Barne- og familiedepartementet

56

62

11

Nærings- og handelsdepartementet

1 175

1 383

18

Fiskeri- og kystdepartementet

617

657

6

Landbruks- og matdepartementet

450

475

6

Samferdsledepartementet

200

219

10

Miljøverndepartementet

391

429

10

Moderniseringsdepartementet2

35

79

126

Finansdepartementet

77

78

1

Forsvarsdepartementet

880

862

-2

Olje- og energidepartementet

433

508

17

Statsbankane

173

275

59

Totalt

14 016

15 398

10

1 Kjelde: Statsbudsjettanalysen, NIFU STEP.

2Auken på Moderniseringsdepartementet skriv seg frå auka byggjeløyvingar i universitets- og høgskolesektoren.

Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei forskjellige forskingssatsingane.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet er ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. I 2005 blir vel 30 pst. av statlege løyvingar til forsking, eller til saman om lag 4,5 mrd. kroner, kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Løyvingane frå departementa til Forskingsrådet omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem ein stor del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

Utdannings- og forskingsdepartementet er forvaltningsdepartement for Forskingsrådet, men rådet får løyvingar frå alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Desse løyvingane er øyremerkte spesielle forskingsprogram og institutt. Det er stor skilnad på storleiken på løyvingane frå dei ulike departementa. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i 2006-budsjettet.

Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane (i 1 000 kr)

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

285/52 og 55

Utdannings- og forskingsdepartementet

1 153 842

1 341 600 

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

896 000

1 076 000

1830/50

Olje- og energidepartementet

393 300

460 100

1023/50

Fiskeri- og kystdepartementet

238 000

253 000

1137/50

Landbruks- og matdepartementet

137 812

150 422

1410/51 og 53

Miljøverndepartementet

122 518

131 018

701/50

Helse- og omsorgsdepartementet

135 576

142 464

1301/501

Samferdsledepartementet2

100 400

118 700

286/50

Fondet for forsking og nyskaping

634 760

707 760

Sum

3 809 208

4 381 064

1 Ein mindre del av løyvinga på posten gjeld forsking utanom Noregs forskingsråd.

2 Samferdsledepartementet har også ei løyving over post 70, same kapittel, til RENERGI-programmet i Forskingsrådet. Løyvinga var på 22,6 mill. kroner i 2005 og blir på 22,3 mill. kroner i 2006.

Som tabellen viser aukar løyvingane til Forskingsrådet frå dei største bidragsytande departementa i statsbudsjettet for 2006 samanlikna med 2005. Særleg prioriterte område er brukarstyrt forsking, med vekt på petroleumssektoren og maritim sektor og frie grunnforskingsprosjekt.

Sjå også nærmare omtale av Noregs forskingsråd under kategori 07.70.

6 Opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen 2006–10

Stortinget handsama St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning 16. juni 2005 og slutta seg til målet om at den samla FoU-innsatsen i Noreg skal auke frå 1,75 pst. til 3 pst. av BNP innan 2010, jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005). I tråd med EUs målsetjing inneber målet at det offentlege skal auke innsatsen sin til 1 pst. av BNP, medan næringsliv og andre kjelder må stå for 2 pst. av BNP. I samband med handsaminga fatta Stortinget følgjande vedtak (oppmodningsvedtak nr. 536):

«Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 2006 fremme forslag om en opptrappingsplan for den offentlige forskningsinnsatsen fram mot 2010. Det må foretas evalueringer i de årlige budsjetter av den samlede forskningsinnsatsen og utviklingen av det offentlige og næringslivets andel.»

Regjeringa legg med dette fram opptrappingsplanen. I tråd med vedtaket i Stortinget gjeld planen den offentlege forskingsinnsatsen. Opptrappinga av forskingsinnsatsen i næringslivet må vere opp til verksemdene sjølve, men Regjeringa legg opp til å nytte mykje av den offentlege opptrappinga til å leggje betre til rette for auka FoU-verksemd i næringslivet.

I St.meld. nr. 20 (2004–2005) står det at dei offentlege forskingsmidlane må auke med om lag 5,8 mrd. kroner for å nå målet om ein offentleg forskingsinnsats på 1 pst. av BNP. Finansiering frå næringsliv, internasjonale kjelder og andre private kjelder samla må auke med om lag 23 mrd. kroner. Nye anslag inneber at realveksten i offentlege midlar må vere om lag 6,5 mrd. kroner. Støtte gjennom skattesystemet er ikkje rekna med i dette talet. På same vis må finansiering frå private og internasjonale kjelder auke med nærmare 24,5 mrd. kroner.

1 Overordna prioriteringar

1.1 Prioritering og grad av detaljering

I opptrappingsplanen har Regjeringa i hovudsak lagt til grunn dei tre strukturelle prioriteringane i forskingsmeldinga. Desse er internasjonalisering, grunnforsking med vekt på kvalitet og realfag og forskingsbasert nyskaping og innovasjon. Sjå elles kap. 1 og 2 i St.meld. nr. 20 (2004–2005). Meldinga prioriterer også fire tematiske satsingar og tre teknologiområde. Desse skal konkretiserast i dialog mellom relevante aktørar innanfor styresmakta, forskarmiljøa og nærings- og samfunnsliv elles. Regjeringa legg opp til å øyremerkje delar av avkastninga av auken i kapitalen i Forskingsfondet i 2006 til dei tematiske satsingane og teknologiområda. Auka fondsavkastning i 2008 bør også i stor grad nyttast til desse områda. Totalveksten på kvart område skal handsamast i dei årlege budsjetta, på bakgrunn av budsjettforslaga frå Forskingsrådet og andre relevante aktørar.

Andre tilhøve vil også påverke innretninga av løyvingane til forsking i åra framover. To av desse er særleg viktige:

  • Regjeringa ventar på evalueringa av Skattefunnordninga, som skal vere ferdig i 2007. Evalueringa kan føre med seg endringar i ordninga, som vil kunne få konsekvensar for forskingsløyvingane i statsbudsjettet frå 2008.

  • Spørsmålet om norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram blir avgjort av Stortinget når rammeprogrammet er vedteke av EU-landa. Auka løyvingar til dette vil truleg komme frå 2007 eller 2008.

Vidare har Regjeringa sett i gang ulike utgreiingsoppdrag, mellom anna om moglege tiltak for å tiltrekkje internasjonale forskingsinvesteringar til Noreg. Per i dag er det med andre ord ikkje klart kva for verkemiddel som vil vere dei beste for å nå alle måla. Det vil derfor vere naudsynt å evaluere effekten av dei ulike verkemidla undervegs i perioden, jf. del tre av opptrappingsplanen.

Desse tilhøva taler for at opptrappingsplanen bør vere meir konkret for dei første åra i perioden enn for dei siste. Regjeringa understrekar at den konkrete fordelinga på enkeltsatsingar og verkemiddel blir handsama i dei årlege budsjetta.

1.2 Forholdet mellom offentleg og privat innsats

Det offentlege har eit særskilt ansvar for det ein kan kalle «kunnskapsinfrastrukturen», som er utdanning og forsking ved universitet, høgskolar, helseforetak og forskingsinstitutt. I tillegg medverkar det offentlege til forsking i næringslivet gjennom ei rekkje tiltak.

Når det gjeld investeringane næringslivet gjer i forsking og utvikling, må ein leggje til grunn at verksemdene investerer så mykje som dei oppfattar at det er lønnsamt for dei. Det er likevel dokumentert at verksemdene generelt investerer mindre enn det som vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt. Det er bakgrunnen for at det offentlege støtter forsking og utvikling i verksemdene både gjennom skattesystemet og gjennom tilskottsordningar

Gjennom Skattefunn-ordninga får verksemder frådrag i skatt for utgifter til forsking og utvikling, gitt at prosjekta tilfredsstiller visse kriterium. Ordninga vart etablert i 2002 og har gitt ein vesentleg betring av dei generelle rammevilkåra for forsking og utvikling i næringslivet. For 2004 har ordninga eit budsjettert omfang på 1,6 mrd. kroner. Statistisk sentralbyrå evaluerer Skattefunn-ordninga for perioden 2002–06. Evalueringa vil vere ferdig i 2007. Sentrale tema i evalueringa vil vere om ordninga har ført til auka FoU-innsats i verksemdene og om verksemdene har endra sin FoU-framferd. Evalueringa vil også sjå på avkastninga av ordninga både for verksemdene og for samfunnet.

Utover Skattefunn-ordninga har det offentlege meir direkte, målretta tilskottsordningar for å stimulere til auka og betre forskingsinnsats i næringslivet. Evalueringar viser at slike verkemiddel har stor verdi for verksemdene som deltek, ikkje berre i form av stønad, men i form av kvaliteten på og nytten av prosjekta. Slike verkemiddel løyser ut mykje privat innsats. Til dømes løyser kvar offentlege krone til brukarstyrt forsking gjennom Forskingsrådet i gjennomsnitt ut 1,44 kroner i private FoU-investeringar. Innanfor enkelte næringar som maritim sektor og petroleumsindustrien har dei offentlege verkemidla særleg stor utløysande effekt. Ei for sterk offentleg stimulering av dei direkte næringsretta verkemidla vil kunne føre til fallande nytte av offentlege midlar. Per i dag er det likevel rom for å auke omfanget av den brukarstyrte forskinga utan at verdiskapinga per krone vil falle nemneverdig.

I dei siste åra har den offentlege finansieringa av direkte verkemiddel for næringsretta forsking gjennom Forskingsrådet gått ned, medan midlar til næringsrelevant grunnforsking har vakse. Vektlegginga av innovasjon og forskingsbasert nyskaping i forskingsmeldinga og ambisjonane på vegner av næringslivet tilseier at både dei direkte, næringsretta verkemidla og næringsrelevant grunnforsking får ei høg prioritering i starten av opptrappingsperioden.

Det viktigaste elementet i ein offentleg langsiktig strategi for satsing på forskingsbasert næringsliv er likevel å syte for at offentlege forskings- og utdanningsmiljø er relevante og held høg kvalitet. Vilje til å finansiere forsking og utvikling i verksemdene kjem an på kvaliteten og relevansen av forskinga og den evna verksemdene har til å gjere resultata om til lønnsam innovasjon. Verksemdene kan også velje å lokalisere forsking utanfor Noreg. For å motverke dette må norske forskarmiljø vere attraktive nok.

2 Måltal og finansiering

Realiseringa av prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004–2005) skal i hovudsak skje gjennom vekst i framtidige forskingsmidlar. Realveksten i dei offentlege midlane må vere om lag 6,5 mrd. kroner innan 2010 dersom ein skal nå målet. Det gir eit årleg vekstbehov på om lag 1,3 mrd. kroner i perioden. Forskingsmeldinga viser at forskingssystemet i Noreg både har udekte behov og nok kapasitet til å utnytte ein kraftig vekst, sjå også kap. 2.3.4 i St.meld. nr. 20 (2004–2005).

Omsynet til veksten i næringslivet tilseier at ein stor del av løyvingane dei første par åra blir innretta mot forskingsområde og verkemiddel som er spesielt relevante for næringslivet. Det inkluderer investeringar i utstyr og rekrutteringsstillingar, som er grunnleggjande satsingar det tek tid å gjennomføre, og som må komme tidleg i perioden.

2.1 Finansiering

Regjeringa meiner det er viktig å finne ein god balanse mellom opptrapping gjennom ordinære løyvingar over statsbudsjettet og gjennom styrking av Fondet for forsking og nyskaping. Fondsfinansiering er særleg eigna til å planleggje langsiktig og realisere prioriteringar på tvers av departements- og sektorgrenser. Forskingsmeldinga opnar for at avkastninga frå Forskingsfondet i større grad enn før kan nyttast til næringsrelevant forsking. For å gi god effekt, må kapitalauken i fondet komme tidleg i perioden. Regjeringa foreslår derfor å auke fondet med 39 mrd. kroner i statsbudsjettet for 2006. Kapitalen bør auke med ytterlegare 25 mrd. kroner i 2007. Den samla kapitalen i fondet blir da 100 mrd. kroner. Ut frå rentenivået i dag vil dette gi om lag 2,24 mrd. kroner i auka avkastning, dvs. om lag ein tredel av nødvendig opptrapping. Resten av opptrappinga må komme gjennom dei årlege budsjetta.

2.2 Opptrapping i budsjetta for 2006 og 2007

Regjeringa legg opp til vedtak i 2006-budsjettet som sikrar ei opptrapping på til saman 2,7 mrd. kroner av det samla offentlege vekstbehovet dei to første åra av opptrappingsperioden. Dette er viktig for at opptrappingsplanen skal vere truverdig. Vedtaka sikrar at ein kommer raskt i gang med opptrappinga. Samstundes blir det tid til å planlegge optimal bruk av dei auka midlane.

Regjeringa legg for budsjettåret 2006 spesiell vekt på å styrkje budsjetta innanfor dei tre strukturelle prioriteringane: forskingsbasert innovasjon og nyskaping, grunnforsking og internasjonalisering.

Meldinga gir tydelege signal om å styrkje forskingsbasert nyskaping og innovasjon. 3 pst.-målet tilseier at styresmaktene raskt må styrkje forsking og verkemiddel som kan utløyse auka FoU-innsats i næringslivet. Følgjande tiltak er prioriterte i 2006:

  • brukarstyrt forsking

  • forskings- og utviklingskontraktar

  • senter for forskingsdriven innovasjon

  • næringsretta forsking innanfor dei prioriterte områda petroleum, marin, maritim, mat frå sjø og land og IKT-forsking

  • kommersialisering av forskingsresultat

  • forsking for politikkutforming og fornying av offentleg sektor, mellom anna om rett og demokrati, rusmiddelproblem og barnehagar.

Innanfor grunnforskingssatsinga er følgjande tiltak prioriterte i 2006:

  • rekrutteringsstillingar

  • fri, forskarinitiert forsking med vekt på realfag

  • basisløyvingar til teknisk-industrielle institutt og miljøinstitutta

  • auka midlar til yngre framifrå forskarar

  • ordning for finansiering av små driftsmidlar

  • gåveforsterking for private gåver til grunnforsking

Internasjonalisering av forskinga er avgjerande både innanfor grunnforsking og næringsretta forsking, og er eit viktig element i dei fleste satsingane som er nemnde over. Løyvinga til EUs sjette rammeprogram vil auke monaleg i 2006. I tillegg vil Regjeringa prioritere ei særskild styrking av følgjande tiltak:

  • internasjonal polarforsking

  • internasjonalt romfartssamarbeid

  • det bilaterale samarbeidet, særleg med Nord-Amerika

  • EUREKA-samarbeidet i Europa

For nærmare omtale av FoU i 2006-budsjettet, sjå kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Regjeringa foreslår å styrkje Fondet for forsking og nyskaping med 39 mrd. kroner i 2006-budsjettet. Med dagens rentenivå vil det gi om lag 1,4 mrd. kroner i auka avkastning i 2007 og dermed sikre ein vekst i tråd med opptrappingsplanen.

I 2007 vil det vere avgjerande at løyvingane til vitskapleg utstyr og dei prioriterte tematiske og teknologiske satsingane får ein markant vekst. Regjeringa foreslår derfor å øyremerkje størstedelen av avkastninga frå fondsauken i 2006 til desse formåla. Det er store behov for nytt utstyr i norske forskingsmiljø. Investeringar i nytt utstyr er avgjerande for kvaliteten i forskinga og vil gjere styrkinga av andre midlar meir effektive. Regjeringa legg opp til at dei tematiske og teknologiske satsingane skal styrkast også i seinare år. Satsinga på utstyr vil også komme dei tematiske og teknologiske satsingane til gode. Generelt vil mange av satsingane som fondet finansierer ha relevans for næringslivet.

Om lag ein tredel av veksten er foreslått som ei generell styrking av dei overordna strukturelle prioriteringane i forskingsmeldinga. I tillegg foreslår Regjeringa å øyremerkje avkastninga av 1,5 mrd. kroner til å utvide ordninga med offentleg forsterking av private gåver til grunnforsking til også å gjelde gåver frå frivillige organisasjonar. I Noreg vil dette særleg komme medisinsk forsking til del. Regjeringa foreslår følgjande fordeling av fondsmidlane:

Formål

Fondskapital (mill. kroner)

Forventa avkastning (mill. kroner)

Vitskapleg utstyr1

12 500

437,5

Tematiske satsingar og teknologiområde

10 500

367,5

Innovasjon i offentleg sektor

2 000

70

Anna forskingsbasert nyskaping

5 000

175

Anna grunnforsking

5 000

175

Anna internasjonalisering

1 500

52,5

Gåveforsterking

1 500

52,5

Noregs forskingsråd1

1 000

35

Sum

39 000

1 365

1  Regjeringa foreslår at løyvinga til vitskapleg utstyr gradvis blir justert ned etter kvart som behova for nye investeringar minker. Løyvinga til grunnforsking gjennom Noregs forskingsråd bør gradvis styrkast med same beløp, for å kunne vidareføre realverdien i løyvinga.

2.4 Opptrapping i perioden 2008–10

I perioden 2008–10 legg Regjeringa opp til at om lag 875 mill. kroner av opptrappingsbehovet bli dekte av auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, gitt dagens rentenivå. Resten av veksten må komme gjennom ordinære løyvingar.

Opptrappinga i perioden skal gå til å følgje opp prioriteringane i forskingsmeldinga. Regjeringa føreset at avkastninga av auken i fondskapital i 2007 i stor grad nyttast til dei tematiske og teknologiske satsingsområda. I denne perioden vil introduksjonen av EUs sjuande rammeprogram truleg krevje stor vekst i budsjetta, gitt at norsk deltaking blir vedteke av Stortinget. Evalueringa av Skattefunn, som blir ferdigstilt i 2007, vil kunne leggje viktige premissar for fordelinga. Det same vil evalueringar av den offentlege satsinga i 2006 og 2007. Gjennom arbeidet med tema- og teknologisatsingane vil ein få betre grunnlag for å avgjere storleiken på ulike satsingar, mellom anna på bakgrunn av kjennskap til kapasiteten på områda, behov for utstyr, og andre særskilde forhold.

3 Evaluering og utvikling av indikatorsystem

Stortinget har bede Regjeringa foreta evalueringar av offentleg og privat forskingsinnsats i dei årlege budsjetta. Ei slik rapportering krev utvikling av indikatorar som raskare enn i dag kan gi ein peikepinn om utviklinga av forskingsinnsatsen i næringslivet. Løyvingar til forsking over statsbudsjettet vil gi ein indikasjon på utviklinga i den offentlege forskingsinnsatsen. Den offisielle forskingsstatistikken kjem først to år etter eit budsjettår. Utdannings- og forskingsdepartementet vil derfor samarbeide med Noregs forskingsråd, NIFU STEP og Statistisk sentralbyrå om å utvikle eit sett indikatorar som kan seie noko førebels om utviklinga av forskingsinnsatsen i næringslivet.

Regjeringa vil også starte eit arbeid med å kartleggje i kva grad ulike offentlege verkemiddel evner å utløyse private forskingsmidlar, mellom anna sett i samband med storleiken på dei offentlege midlane og kvaliteten på forskingsprosjekta. Resultata av dette arbeidet vil også bli presentert for Stortinget i dei årlege budsjetta.