Del 5
Særskilde tiltak
8 Fornying, organisasjons- og strukturendring
Regjeringa har i dei siste åra foreslått ei rekkje viktige endringar på grunnopplæringsområdet, sjå mellom anna St.prp. nr. 1 (2003–2004), St.prp. nr. 1 (2004–2005), Ot.prp. nr. 57 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 19 (2005–2005). Med Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring er det lagt til rette for ei omfattande reform av grunnopplæringa. Utdannings- og forskingsdepartementet og Utdanningsdirektoratet arbeider nå med implementeringa av Kunnskapsløftet, som er namnet til reforma. Hausten 2006 blir det innført nye nasjonale læreplanar for 1.–9. trinn i grunnskolen og for vidaregåande trinn 1. For nærmare omtale, sjå programkategori 07.20.
Stortinget har vedteke ny felles lov om universitet og høgskolar, jf. Innst. O. nr. 48 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 79 (2003–2004). Den nye lova er felles for universitet og høgskolar, og gir eit samla rammeverk for offentleg godkjend høgre utdanning.
Det er eit mål for Regjeringa at kundane til Statens lånekasse for utdanning skal oppleve høgre servicegrad, auka tilgang til tenestene og kortare handsamingstid. For å oppnå dette skal IKT-systemet bli skifta ut, og oppgåvestrukturen lagt om slik at Lånekassen i framtida skal konsentrere verksemda si om kjerneoppgåvene søknadsbehandling, regelforvaltning og økonomiforvaltning knytt til utdanningsstøtteordningane. Moderniseringa av Lånekassen vil vere ferdig i 2008.
Meteorologisk institutt er frå 1. januar 2005 organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Departementet har sett i gang ei utgreiing med sikte på å kartleggje dei administrative og økonomiske føresetnadene for ei eventuell utskiljing av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt. Departementet vil komme tilbake til saka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2006, jf. kap. 283.
Med verknad frå budsjettåret 2006 vil basisløyvingane til Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring og Norsk Utanrikspolitisk Institutt bli kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 287.
Utdannings- og forskingsdepartementet er omorganisert i 2005, sjå nærmare omtale under programkategori 07.10, kap. 200.
9 Miljø
Norsk skole har gått føre med å integrere miljølære i læreplanverka. Dette er det teke omsyn til i dei nye læreplanane for grunnopplæringa. Opplæringa skal gi mest mogleg heilskaplege kunnskapar og forståing. Opplæringa skal òg utvikle evne og vilje til å arbeide for eit samfunn som er i samsvar med naturressursgrunnlaget.
For at behova for miljøkompetanse blir dekte arbeider Utdannings- og forskingsdepartementet for å sikre god rekruttering til forsking. Forskingsrådet er i denne samanhengen ein viktig støttespiller for departementet. For 2006 tek departementet sikte på å halde oppe nivået på støtta til miljø- og utviklingsforsking. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forsking er energi og miljø peika ut som eit av fire tematiske satsingsområdar i norsk forsking dei komande åra.
Artsdatabanken er etablert og lokalisert i Trondheim, knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Artsdatabanken er ei elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Finansieringa kjem frå fleire departement. I 2006 har nokre departement overført midlar øyremerkte Artsdatabanken til Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett, og samla løyving frå departementet er 9,8 mill. kroner i 2006.
10 Likestilling
Gjennom utdannings- og forskingspolitikken skal departementet medverke til å fremme likestilling mellom kjønna i det norske samfunnet. Dette er eit ansvar alle offentlege styresmakter har etter likestillingslova. Utdannings- og forskingsdepartementet har sett som strategiske likestillingsmål i politikkområdet sitt å få fleire kvinner i forskinga og betre kjønnsbalanse i utdanningane. Desse måla søkjer departementet å integrere i styringa av sektoren og i utforminga av utdannings- og forskingspolitikken.
Kategori 07.20 gir omtale av kjønnsforskjellar i læringsutbytte og -resultat i grunnopplæringa, og om tiltak for å få ei tilpassa opplæring som kan jamne ut forskjellar og gi best mogleg læringsutbytte. Under kap. 226 er det gitt oversikt over tiltak for å utvikle yrkes- og studierettleiinga og for å betre lærings- og oppvekstmiljøet til elevane.
Kategori 07.60 gir omtale av kjønnsubalansen i ulike høgre utdanningar. Ei gledeleg utvikling er at førskolelærarutdanningane har klart å betre delen registrerte menn på studiet frå sju til 10 pst. på to år, og at også allmennlærarutdanninga og fleire av helsefaga har hatt ein merkbar framgang i delen menn, sjå tabell 2.15 i Vedlegg 2. Likestillingsvedlegget til St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet gjer greie for fordelinga av økonomiske ressursar mellom kvinner og menn. Her er kjønnsforskjellar i yrkesval omtala og sett i samanheng med kjønnsforskjellar i lønnsinntekt.
Arbeidet for å rekruttere fleire kvinner til forsking er omtala i kategoriane 07.60 og 07.70. Komiteen Kvinner i forsking hjelper institusjonane med å integrere likestillingsarbeidet i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa. Ein ressursbank for dette formålet er etablert på www.kvinneriforskning.no.
Òg som arbeidsgivar har departementet del i det samfunnsansvaret det er å betre kjønnslikestillinga i samfunnet. Derfor arbeider departementet for å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og å gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn. Ved å gi menn og kvinner gode høve til å kombinere arbeid med familieliv slår ein òg eit slag for å jamne ut systematisk ulikskap i menns og kvinners deltaking på viktige samfunnsarenaer.
63 pst. av dei tilsette i departementet er kvinner. Kvinnedelen har stige jamt sidan 2001, da han var på 59 pst. Departementet vil vurdere korleis ein kan gjere grep i rekrutteringsprosessen som sikrar fleire menn.
Det er i Utdannings- og forskingsdepartementet som andre stader i samfunnet at kvinner er sterkast representerte i dei lågast lønte stillingane, medan menn har ein forholdsmessig større del enn kvinner av dei høgast lønte stillingane i verksemda. Snittlønna for kvinner låg i januar 2005 på om lag 88 pst av snittlønna for menn. Det er ikkje funne nokre kjønnsdiskriminerande faktorar bak innplassering og lønnsnivå i dei mest brukte stillingskategoriane. Statistikken for januar 2005 syner at 21 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 5 pst. av mennene.
Kvinner og menn er om lag like ofte heime med sjuke barn. I 2004 var mennene sin del av fråværsdagane knytte til omsorg for sjuke barn på 31,8 pst. Til samanlikning utgjorde mennene ved utgangen av fjoråret 34,6 pst. av dei tilsette i aldersgruppa 25–49 år. Av fråværet knytt til fødselspermisjon sto menn for 6,6 pst. Både menn og kvinner nyttar seg av tilbodet om heimekontor og fleksible arbeidstidsordningar som mellom anna gjer det enklare å kombinere ein krevjande jobb med omsorg for små barn.
Bruken av overtid i departementet går stadig ned. I 2004 arbeidde ein mannleg tilsett i Utdannings- og forskingsdepartementet i snitt 49 timar overtid. Snittet for kvinnene var på 30 timar.
Det legemeldte sjukefråværet var i 2004 på 5,7 pst. for kvinner mot 1,6 pst. for menn. At kvinner har høgre sjukefråvær enn menn, er eit mønster ein finn igjen i heile samfunnet. Departementet er ein inkluderande arbeidsbedrift, jf. omtale under kap. 200.
Utdannings- og forskingsdepartementet har gjennom fleire år lagt vekt på å kvalifisere, motivere og rekruttere kvinner til leiande stillingar i verksemda. Dette har gitt resultat. I januar 2005 var 47,4 pst. av leiarane i departementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på frå 20 til 30 pst., nådde ein i april 2004 målet om minst 40 pst. representasjon av begge kjønn. Dette nivået har ein klart å halde sidan. Departementet vil arbeide for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.