Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
0200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200) | 174 519 | 177 025 | 179 884 | 1,6 |
0202 | Læringssenteret (jf. kap. 3202) | 140 895 | |||
0204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204) | 5 531 | 5 661 | 5 290 | -6,6 |
0206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 27 569 | 28 569 | 29 453 | 3,1 |
Sum kategori 07.10 | 348 514 | 211 255 | 214 627 | 1,6 |
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
3200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200) | 9 733 | 2 784 | 2 873 | 3,2 |
3202 | Læringssenteret (jf. kap. 202) | 19 204 | |||
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204) | 235 | 244 | ||
Sum kategori 07.10 | 29 172 | 2 784 | 3 117 | 12,0 |
Kap. 200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 168 264 | 169 347 | 173 304 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 176 | 5 297 | 4 590 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 079 | 2 381 | 1 990 |
Sum kap. 200 | 174 519 | 177 025 | 179 884 |
Strukturen i programkategori 07.10 Administrasjon er lagd om. Rapportering om resultatmåla for 2004–05 under kap. 200 som omhandlar utvikling av utdannings- og forskingspolitikken, er flytta til det einskilde fagkapitlet.
Resultatrapport for 2004–05
Utdannings- og forskingsdepartementet har ansvar for kunnskapssektoren. Denne sektoren omfattar dei tett samanvevde områda utdanning og forsking. I perioden 2004–05 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagde fram for Stortinget:
St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning
St.meld. nr. 27 (2004–2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen
Ot.prp. nr. 48 (2004–2005) Om lov om utdanningsstøtte
Ot.prp. nr. 57 (2004–2005) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova
Ot.prp. nr. 91 (2004–2005) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova (Om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap og rett til avgrensa fritak)
Mykje av arbeidet i departementet har vore knytt til utarbeiding av forskingsmeldinga, utarbeiding av endringar i opplæringslova og friskolelova og oppfølging av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring med mellom anna arbeidet med nye læreplanar og utvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Departementet har arbeidd med å leggje fram forslag til ny utdanningsstøttelov, og har følgt opp gjennomføringa av Kvalitetsreforma ved universitet og høgskolar. Utdannings- og forskingsdepartementet deltek aktivt i ei rekkje internasjonale organisasjonar og fora, og har arrangert den fjerde ministerkonferansen innanfor Bologna-prosessen.
I lys av samfunnsendringa og endringar i utdannings- og forskingssektoren har departementet gjennomgått organisasjonen med fokus på organisasjonsstruktur, kultur og arbeidsmåtar. Departementet er no organisert i seks avdelingar: opplæringsavdelinga, universitets- og høgskoleavdelinga, avdeling for analyse, internasjonalt arbeid og kompetansepolitikk, forskingsavdelinga, avdeling for økonomi og styring samt administrasjons- og utviklingsavdelinga. Den nye organiseringa skal medverke til å utvikle betre heilskap og samanheng i departementsarbeidet, meir aktivt grep om politikkutforminga og meir formålstenleg oppgåveløysing.
Noreg står overfor fleire samfunnsutfordringar som krev at vi klarer å mobilisere og vidareutvikle kompetansen til heile befolkninga. I den nye organisasjonsstrukturen er arbeidet med kompetansepolitikk kopla tettare til analyse- og internasjonalt arbeid i departementet. Denne forankringa gir positive stimuli og nytenking inn i vidareutviklinga av kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken. Dette medverkar òg til at departementet i større grad kan dra nytte av dei internasjonale prosessane også i nasjonal politikkutforming. Ansvaret for livslang læring er forankra i fagavdelingane slik at feltet blir ein integrert del av arbeidet med utdannings- og forskingspolitikk. Dette fordi livslang læring er eit gjennomgåande tema i heile utdanningssystemet. Ei ny Avdeling for økonomi og styring er oppretta for å sikre at arbeidet med økonomisk, juridisk og organisatorisk styring i utdannings- og forskingssektoren blir godt koordinert og vidareutvikla.
Kommunikasjonseininga i departementet er styrkt for å utvikle og målrette informasjon som er retta mot departementet sine sektorar og brukarar. Departementet har sett i verk fleire prosjekt for å betre informasjons- og kommunikasjonsarbeidet. Departementet legg mellom anna i større grad vekt på elektronisk informasjon, både gjennom ODIN, andre nettstader og gjennom elektroniske nyhendebrev. Ei utfordring har likevel vore at den sterke auken i talet på nettstader har ført til manglande samordning og ein situasjon der fleire nettstader til ein viss grad har gitt overlappande informasjon. Departementet har kartlagd dei ulike informasjonskanalane ut mot sentrale brukargrupper, som skoleeigarar, elevar, lærarar og foreldre, og gjennomført tiltak for å få til forbetringar. Mellom anna skal alle skolar få tilsendt ei handbok som inneheld informasjon om dei ulike tiltaka i samband med reforma Kunnskapsløftet. Denne handboka skal oppdaterast årleg slik at lærarar, skoleleiarar og foreldra på ein enkel måte kan finne informasjon om endringar, mellom anna lovar og regelverk. I tillegg har alle foreldre til elevar i grunnopplæringa fått ein brosjyre om Kunnskapsløftet.
Departementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i sektoren. Departementet har oppmoda verksemdene i sektoren om å lage gode og oppdaterte planar for kriser og katastrofar i fredstid, og har lagt opp til eit rapporteringssystem frå verksemdene. Første rapportering blir i 2006.
Departementet er ein inkluderande arbeidslivsbedrift, og har arbeidd med gjennomføring av tiltak i samsvar med avtalen. Departementet har eit legemeldt sjukefråvær på om lag 4 pst.
1. januar 2005 var 257 årsverk lønte under kap. 200 og 17 årsverk lønte over fagkapittel knytte til einskilde prosjekt over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Det er ein liten auke i årsverk lønte under kap. 200 frå året før. Grunnen er at departementet har overført fleire årsverk frå fagkapittel til kap. 200.
Resultatmål for 2006
Mål og resultatmål for kap. 200 er knytt til drift av departementet. Dei faglege måla for departementet finn ein under omtale av det einskilde programområdet.
Mål: Å sikre eit godt grunnlag for den nasjonale utdannings- og forskingspolitikken
Departementet skal sikre at Regjeringa har eit godt grunnlag for å utforme ein god politikk for utdannings- og forskingssektoren. Departementet skal styrkje rolla si som sekretariat for den politiske leiinga gjennom eit godt kunnskapsgrunnlag, ei høveleg organisering og gode arbeidsformer.
Eit godt kunnskapsgrunnlag er nødvendig for å vidareutvikle utdannings- og forskingspolitikken. Utdannings- og forskingsdepartementet skal ha kunnskap som set det i stand til å vurdere utfordringane i kunnskapspolitikken og korleis desse best kan løysast. Departementet skal betre kunnskapsgrunnlaget ved å leggje vekt på meir systematisk analyse og utviklingsarbeid, samt gjennom forsking og utgreiing.
Departementet skal mellom anna opparbeide meir informasjon og betre kunnskapsgrunnlag om grunnopplæringa. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet innanfor grunnopplæringa er med på å gi nødvendig informasjon om læringsutbytte og sentrale samanhengar mellom ressursar, innhald og resultat. Departementet skal vidare auke kunnskapen om samarbeid mellom utdanningssektoren og arbeidsliv på alle nivå, og om korleis rammevilkår av ulike slag verkar inn på korleis private og offentlege verksemder utviklar og utnyttar kompetansen hos dei tilsette. Noreg skal delta aktivt i fleire internasjonale nettverk og prosjekt for å betre kunnskapsgrunnlaget på desse områda, og for å styrkje integreringa av internasjonalt arbeid i nasjonal politikkutforming. Departementet koordinerer Regjeringa sin forskingspolitikk og skal sikre ein god nasjonal statistikk innanfor forskingsområdet.
Departementet skal systematisere og medverke til god utnytting av evalueringsdata. Som ein del av oppfølginga av St.meld. nr 20 (2004–2005) Vilje til forskning skal departementet setje i verk evalueringar av den offentlege og den private forskingsinnsatsen slik Stortinget har bedt om. På oppdrag frå departementet skal Noregs forskingsråd saman med forskingsinstituttet NIFU STEP og Statistisk sentralbyrå utvikle eit sett med indikatorar som raskt kan seie noko om utviklinga av forskingsinnsatsen i næringslivet. Vidare har departementet gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å evaluere reforma Kunnskapsløftet. Dette vil vise om tiltaka verkar etter formålet.
Departementet skal òg betre kunnskapsgrunnlaget gjennom effektiv bruk av den samla kompetansen i organisasjonen. Departementet skal samarbeide, samordne og samhandle betre på tvers av organisasjonen og ut mot omverda. Vidare skal ein utvikle medarbeidarar samt tydeliggjere leiarrollar og krav til desse. Målet om kjønnsbalanse på alle nivå i organisasjonen blir integrert i dette utviklingsarbeidet. Departementet sitt arbeid for likestilling mellom kjønna er meir omtalt i del V kap. 10. Departementet skal ha ein god seniorpolitikk slik at medarbeidarar over 60 år opplever å bli tekne vare på, og at departementet får nytta kompetansen til desse medarbeidarane best mogleg. Departementet skal ha fokus på sjukefråvær og god oppfølging av sjukemelde. Dette i samsvar med avtalen om inkluderande arbeidsliv.
Mål: Å sikre at den nasjonale utdannings- og forskingspolitikken blir kommunisert og gjennomført i tråd med føresetnadene til Regjeringa
Departementet skal sikre at den nasjonale utdannings- og forskingspolitikken blir formidla ut til aktørane i sektoren og brukarane av sektoren samt sjå til at politikken blir gjennomført i tråd med føresetnadene til Regjeringa. For at departementet skal kunne utføre desse oppgåvene, må det sørgje for god organisering av utdannings- og forskingssektoren og betre tilgjengelig informasjon til brukarane.
Betre organisering av utdannings- og forskingssektoren
Departementet skal ta initiativ til og sikre utvikling i det tverrdepartementale samarbeidet og vere pådrivar i arbeidet med å utvikle kontakten med relevante institusjonar, underliggjande verksemder og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt.
Departementet skal arbeide med oppfølging av Kvalitetsreforma, og førebu evalueringa av Kvalitetsreforma, som ventast ferdig i løpet av 2006. Departementet har ansvaret for å koordinere forskingspolitikken til Regjeringa, og har derfor eit særskilt ansvar for at den nasjonale forskingspolitikken slik han er skissert i St.meld. nr 20 (2004–2005) Vilje til forskning, blir gjennomført. Departementet har mellom anna bedt Noregs forskingsråd om å utarbeide eit forslag til nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta. Vidare har departementet bede Forskingsrådet gå gjennom dei ulike instituttgruppene og foreslå nye retningslinjer for kva for ei strategisk rolle og ansvar Forskingsrådet skal ha.
Departementet skal styrkje arbeidet med etatsstyring i departementet og utvikle meir heilskapeleg etatsstyringspraksis. Departementet skal vidare sikre at økonomistyringa i departementet og i sektoren ligg på eit høgt nivå.
Departementet skal utvikle beredskapsrutinane i tilfelle krisar av intern eller ekstern karakter. I tråd med St.meld. nr. 37 (2004–2005) Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og sentral krisehåndtering leggjer departementet leggje vekt på realistisk scenarietenking, betre varslingsrutinar, smidigare kriseorganisasjon, samarbeid mellom anna med andre departement og oppfølging av oppgåvene i sektoren.
Betre tilgjengeleg informasjon til brukarane
Departementet skal ha eit nært samspel med dei ulike brukargruppene innanfor utdannings- og forskingssektoren. God kommunikasjon står sentralt i eit slikt samarbeid.
Lettare tilgjengeleg informasjon og samordning av ulike informasjonskanalar er viktige mål for Utdannings- og forskingsdepartementet. Departementet skal mellom anna sikre betre samordning og meir samarbeid og deling av informasjon mellom dei ulike nettportalane. Nettportalen skoleporten.no skal samle all sentral informasjon om grunnopplæringa på ein stad, mellom anna resultata frå dei nasjonale prøvene.
Departementet skal vidareutvikle ODIN-sida si gjennom ny design og publiseringsløysing. Målet er betre tilgjengeleg informasjon til mange tusen som jamleg hentar informasjon om utdanning og forsking på ODIN. Departementet skal òg leggje ut meir informasjon på ODIN på engelsk.
Departementet skal utvikle ei meir effektiv arkivteneste og eit utvida tenestetilbod for brukarane. Det inneber sikrare handsaming av dokumenta og meir tilgjengeleg arkivmateriale. Departementet skal derfor innføre fullelektronisk arkiv frå 1. januar 2006. Departementet skal òg gjere arkivmateriale fram til 1990 klart for avlevering til Riksarkivet innan utgangen av 2007.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga på kapitlet er redusert med om lag 3,5 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006.
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og drift av departementet. 4,5 mill. kroner i lønnsmidlar for ni stillingar som tidlegare har vore lønna over kap. 226 post 21, er flytta til kap. 200 post 01. Det er overført til saman 1,7 mill. kroner til finansiering av UNESCO-kommisjonen frå kap. 200 post 01 og kap. 288 post 21 til kap. 200 post 21. Det blir overført 0,9 mill. kroner i lønnsmidlar knytte til Kompetanseberetninga frå kap. 200 post 21 til kap. 200 post 01. Det blir videre overført 0,6 mill. kroner til analysearbeid til kap. 258 post 01. Løyvinga på post 01 kan overskridast med tilsvarande meirinntekter på kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter knytte til arbeidet i Regjeringa med forskingspolitikken og utgifter knytt til drift av den norske UNESCO-kommisjonen. I 2005 vart det løyvd 1 mill. kroner til eit bokverk som markerte hundreårsjubileet for unionsoppløysinga. Dette var ei eingongsløyving, og midlane er no trekte ut. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet. Med unntak for desse tekniske endringane er løyvinga på kapitlet ført vidare på same nivå som i 2005.
Kap. 3200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 337 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 2 899 | 2 784 | 2 873 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 5 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 257 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 86 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 149 | ||
Sum kap. 3200 | 9 733 | 2 784 | 2 873 |
Kap. 202 Læringssenteret (jf. kap. 3202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 101 474 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 14 643 | ||
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 24 778 | ||
Sum kap. 202 | 140 895 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 202 flytta til kap. 220.
Kap. 3202 Læringssenteret (jf. kap. 202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 7 134 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 8 785 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 683 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 602 | ||
Sum kap. 3202 | 19 204 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 3202 flytta til kap. 3220.
Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 5 531 | 5 661 | 5 290 |
Sum kap. 204 | 5 531 | 5 661 | 5 290 |
Etter opplæringslova § 11-9 er det Kongen i statsråd som oppnemner medlemmene til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG). Ifølgje forskrifta § 20-1 er FUG eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom heim og skole. FUG skal arbeide for eit godt samarbeid og foreldra sine interesser i skolesamanheng, mellom anna ved å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing.
Det er i dag fylkesmennene som foreslår kandidatar til FUG frå sine fylke, og departementet vel ut dei kandidatane som skal oppnemnast i statsråd. Noverande FUG vart oppnemnt i januar 2004 med sju medlemmer og to varamedlemmer. Funksjonstida til utvalet er fire år, og går ut 31. desember 2007. Stortinget har bedt departementet om å greie ut ulike alternativ og leggje fram forslag som kan sikre FUG ei meir representativ forankring, jf. Innst. S. nr. 268 (2003–2004). FUG har foreslått fire ulike modellar: regionalmodellen, landsmøtemodellen, nominasjonsmodellen og kombinasjonsmodellen. Alle modellane krev eit omfattande administrativt apparat som vil vere tid- og ressurskrevjande; dette bør ein sjå opp mot dei ressursane som er tilgjengelege for å drive foreldreverksemd i skolen, jf. budsjettforslaget for FUG ovanfor på 5,3 mill. kroner. Departementet vil rekne ut kva modellane kostar og vurdere demokratiseringseffekten i høve til noverande ordning, og vil komme tilbake til dette i budsjettet for 2007.
Resultatrapport for 2004–05
FUG melder at interessa hos foreldra for informasjon har auka i samband med reforma Kunnskapsløftet. Nettstadene til FUG www.fug.no og www.foreldrenettet.no har hatt ein markert auke i talet på besøk, og også kontakten med foreldrearbeidsutval og kommunale foreldreutval har auka i løpet av året. FUG har gjort eit omfattande informasjonsarbeid overfor foreldre når det gjeld informasjon om Kunnskapsløftet, både i skriftleg materiell, på nettet og på konferansar.
FUG har engasjert seg i høringsarbeidet i samband med dei nye læreplanane og ny fag- og timefordeling våren 2005.
Det treårige prosjektet «Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for elevenes opplæring i skolen» vart avslutta i desember 2004, men blir forlengt i ei revidert form i 2005–06. Hovudmålet for prosjektet har vore at foreldre med minoritetsbakgrunn skal kjenne meir tryggleik og styrke i foreldrerolla slik at barna kan fungere godt i eit fleirkulturelt samfunn, og samarbeidet mellom heim og skole blir styrkt. Sluttrapporten for dei tre første åra syner følgjande positive resultat:
det har vorte betre oppmøte på foreldremøte
det har vorte betre kontakt mellom foreldre og lærarar
lærarane har fått meir kunnskap om andre kulturar og migrasjonsprosessar
skolar har fått ein meir samanhengande strategi for inkludering av minoritetsspråklege elevar
foreldre har fått auka kunnskap om skolen og har vorte betre kjende med lærarane
det har vorte betre dialog og gjensidig forståing mellom foreldre og lærarar
Det er utvikla materiell på fleire språk og ei handbok med omtale av relevant forsking og idear/tiltak til bruk i skolen. Prosjektet er ein del av strategiplanen for likeverdig utdanning. Utdanningsdirektoratet har ansvar for ei forskingsbasert evaluering av prosjektet, og tek sikte på å levere denne i oktober 2005. FUG vil ta omsyn til resultata frå evalueringa i vidareføringa av prosjektet i 2006.
Det treårige prosjektet «Elektronisk foreldreNETTverk» vart også avslutta i 2004. Prosjektet var både ei oppfølging av St.meld. nr. 14 (1997–98) Om foreldremedverknad i grunnskolen og ein del av oppfølginga av den statlege handlingsplanen for eit elektronisk Noreg. Prosjektet har følgt opp Program for digital kompetanse 2004–2008, mellom anna ved at det er utarbeidd eit idéhefte med eksempel på digitale dialogar. Materiellet er sendt til alle skolar, og tilbakemeldinga syner at det er stor interesse på området, men at det òg er utfordringar, mellom anna at foreldre og skolar manglar både teknisk utstyr og IKT-kompetanse.
I prosjektperioden har FUG modernisert og effektivisert tenestene sine på nettet og i papirform. Besøkstala på nettet har auka frå 2 000 til 18 000 per månad. Grunnskoleveka 2004 hadde temaet digitale dialogar mellom heim og skole, og alle grunnskolar fekk materiell der det mellom anna vart understreka kor viktig det er at foreldra er aktiv part i utviklinga av IKT-satsing i skolen. I 2005 arbeider FUG vidare med eit informasjonsutviklingsprosjekt basert på erfaringane frå Elektronisk foreldreNETTverk, og dette skal knyttast opp til Kunnskapsløftet og nasjonalt vurderingssystem.
FUG har samarbeidd med Utdanningsdirektoratet, Barneombodet, Utdanningsforbundet og KS om oppfølging av Manifest mot mobbing. Rapporteringa syner at ein stor del foreldre kjenner til satsinga, men at det framleis er ei utfordring å få fleire foreldre engasjerte i mobbesaker og læringsmiljøarbeid. Heftet «Stopp mobbing – gode råd til foreldre» er i manifestperioden distribuert i 120 000 eksemplar. FUG har vidare gitt alle foreldrearbeidsutval (FAU) på skolane informasjon og rettleiing om rettar og plikter når det gjeld utvikling av skolemiljøet. FUG har ei omfattande foredrags- og rettleiingsverksemd når det gjeld samarbeid om utvikling av sosial kompetanse, haldningar, utjamning av sosiale forskjellar, takling av krenkjande møte og fysisk og psykososialt læringsmiljø.
FUG har utarbeidd materiell for foreldre om korleis dei kan støtte opp om elevanes faglege utvikling i lesing og matematikk. Materiellet er sendt til alle foreldre på enkelte årstrinn, og til alle FAU. Denne satsinga har sitt grunnlag i forsking og internasjonale undersøkingar, mellom anna PISA, og er knytt opp mot strategiplanane for realfag og lesing.
Resultatmål for 2006
FUG skal halde fram med å medverke til at samarbeidet mellom heim og skole er godt, og at både foreldre og tilsette i skolen får kompetanse og auka bevisstgjering om korleis dei kan støtte elevane i læringsprosessen. Det er eit mål å få alle foreldre med barn i grunnskolen med i samarbeidet. FUG skal ta hand om interessene til elevar og foreldre, mellom anna ved å medverke til kvalitetsutvikling i grunnskolen. FUG skal følgje opp det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gjennom ei rekkje informasjonstiltak. FUG ser på vurderingssystemet som eit viktig ledd i utviklinga av den enkelte skolen, og som eit utgangspunkt for dialog mellom heim og skole om tilpassa opplæring for den enkelte eleven. Foreldre skal få rettleiing i samband med det nasjonale vurderingssystemet, særleg når det gjeld nettstaden skoleporten.no, slik at dei kan delta i vurderinga og utviklinga av den enkelte skolen. Det er viktig med tilpassa informasjon overfor ulike grupper foreldre, slik at bodskapen når fram. FUG ønskjer å ha eit sterkare fokus på dei nasjonale prøvene som dialogverktøy, og som reiskap til å gi den enkelte eleven betre tilpassa opplæring.
Informasjonsarbeidet er svært viktig, særleg i samband med Kunnskapsløftet. FUG skal gi informasjon både elektronisk, gjennom trykt materiell, gjennom media og gjennom møte- og kursverksemd. I samband med informasjonsarbeidet til FUG vil Regjeringa styrkje bemanninga i FUG, jf. kap. 226.
FUG har ei rolle i arbeidet med strategiplanane Gi rom for lesing, Realfag naturligvis, Likeverdig utdanning i praksis, Språk åpner dører og Program for digital kompetanse. FUG ønskjer i denne samanhengen å leggje vekt på kva for ressursar foreldra har når det gjeld å støtte opp om barna i læringsarbeidet. Skolen har ei utfordring i å samarbeide godt med alle foreldre, same kva slags sosial og kulturell bakgrunn dei har. I samband med strategiplanane skal FUG medverke til å gi både foreldre og tilsette i skolen informasjon om korleis foreldre kan støtte elevane i læringsarbeidet. I tråd med departementet sin strategiplan for likeverdig utdanning i praksis skal FUG spreie erfaringar frå det arbeidet som skjer i utviklingsprosjektet Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for elevenes opplæring i skolen, samt vidareføre prosjektet i revidert form i 2005–06.
Det er i dag foreldreutval på kommunalt nivå i om lag 180 kommunar, og dette talet ser ut til å ha stabilisert seg. Desse utvala er ikkje kommunalt oppnemnde. Dei er sett saman av representantar frå FAU på skolene i kommunen og drifta er sårbar fordi ho baserer seg på frivilleg innsats. Kommunane bør leggje betre til rette for arbeidet i kommunale foreldreutval.
Regjeringa legg ikkje opp til eit formelt samarbeid mellom foreldre og skole/lærebedrift i vidaregåande opplæring, men oppfordrar skoleeigar til å oppmuntre til godt samarbeid mellom partane.
Etter kapittel 9a i opplæringslova skal alle skolar oppnemne skolemiljøutval. FUG skal, i samarbeid med andre aktørar, gi informasjon og rettleiing til foreldrerepresentantane i skolemiljøutvala.
Budsjettforslag for 2006
I høve til 2005 er løyvinga på post 01 nedjustert med kr 463 000 i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006. Løyvinga under kapitelet blir ført vidare på same nivå som i 2005. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3204 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Salsinntekter o.a. | 230 | 244 | |
18 | Refusjon av sjukepengar | 5 | ||
Sum kap. 3204 | 235 | 244 |
Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Tilskott til Sametinget | 27 569 | 28 569 | 29 453 |
Sum kap. 206 | 27 569 | 28 569 | 29 453 |
Kapitlet omfattar utgifter til:
drift av opplæringsavdelinga til Sametinget
produksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel
læreplanarbeid og -utvikling
råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring
Sametinget har rådgivingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar om samisk opplæring. Opplæringsavdelinga til Sametinget deltek på møte som departementet og/eller Utdanningsdirektoratet har med den statlege utdanningsadministrasjonen. Sametinget er også sikra deltaking ved tilsynsbesøk i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet.
Resultatrapport for 2004
Sametinget har mellom anna:
gjennomført administrasjon og vedlikehald av eigen pedagogisk nettstad med informasjon og rettleiing for lærarar, førskolelærarar, foreldre og elevar
gitt tilskott til utvikling av ordinære og digitale samiske læremiddel, kvalitetssikra læremiddel, vidareutvikla Samisk læremiddelsentral og ajourført Samisk læremiddelkatalog
sett i gang eller gitt støtte til fleire prosjekt, m.a. samisk begynnaropplæring, «Gi rom for lesing – Samisk», språkmotivering, samiske verdiar i skolen, kvalitetsutvikling i samisk vidaregåande opplæring, spesialpedagogisk kompetanseheving og utvikling av fjernundervisning
arrangert samisk skolekonferanse
stimulert til utdanning i samisk språk og kultur, m.a. ved å gi stipend til elevar med samisk i fagkrinsen i vidaregåande skole og til studentar som tok vidareutdanning i spesialpedagogikk, læremiddelpedagogikk og høgare utdanning i samisk
utvikla forslag til samiske læreplanar i samband med Kunnskapsløftet, og bestemt samisk innhald i dei nasjonale læreplanane
Resultatmål for 2006
Departementet legg vekt på god kommunikasjon med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til det samiske folket spesielt. Departementet føreset at Sametinget arbeider vidare med mellom anna desse oppgåvene:
informasjon, kompetanseutvikling, rettleiing og utviklingstiltak
faglege råd og støtte til lærarar og utvikling, kvalitetssikring og tilskott til produksjon av samiske læremiddel
vidareutvikling av Samisk Læringsnett og medverking til å integrere utvikling av samiske elektroniske læremiddel i nasjonale prosjekt
utarbeiding av gjennomgåande samisk opplæringsplan for vidaregåande opplæring og utvikling av læreplanar for spesielle samiske fag i vidaregåande opplæring
stimulering til vaksenopplæring for det samiske folket og samarbeid med kommunar og fylkeskommunar om informasjonsverksemd retta mot vaksne samar om retten deira til grunnskole og vidaregåande opplæring
stimulering til kompetanseheving som kan fremme samisk språk og kultur hos lærarar
stimulering til forsøks-, forskings- og utviklingsarbeid og til nordisk samarbeid i samiske opplæringsspørsmål
utvikling og/eller oversetting av læremiddel på/til samisk for alle fag i grunnopplæringa i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Departementet legg til grunn at dette arbeidet byrjar i 2006 og vert fullført i løpet av første halvår av 2008.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga under kapitelet blir ført vidare på same nivå som i 2005. For løyvingar til andre samiske utdanningsformål, sjå omtale under kategori 07.20.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
0220 | Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 3220) | 176 932 | 174 278 | -1,5 | |
0221 | Grunnskolen (jf. kap. 3221) | 1 284 454 | |||
0222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222) | 53 300 | 128 779 | 126 104 | -2,1 |
0223 | Vidaregåande opplæring | 255 559 | |||
0224 | Fellestiltak i grunnopplæringa | 275 356 | |||
0225 | Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 3225) | 1 773 916 | 1 745 454 | -1,6 | |
0226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 428 956 | 729 690 | 938 756 | 28,7 |
0227 | Tilskott til særskilde skolar | 53 860 | 56 176 | 4,3 | |
0228 | Tilskott til frittståande skolar o.a. | 2 068 466 | 2 419 171 | 17,0 | |
0229 | Andre tiltak | 6 988 | 10 300 | 47,4 | |
0230 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3230) | 672 500 | 625 917 | -6,9 | |
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 95 911 | |||
Sum kategori 07.20 | 2 393 536 | 5 611 131 | 6 096 156 | 8,6 |
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
3220 | Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 220) | 19 051 | 17 417 | -8,6 | |
3221 | Grunnskolen (jf. kap. 221) | 54 296 | |||
3222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222) | 4 358 | 5 131 | 5 294 | 3,2 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 225) | 52 038 | 26 400 | -49,3 | |
3230 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 230) | 77 772 | 55 611 | -28,5 | |
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 11 138 | |||
Sum kategori 07.20 | 69 792 | 153 992 | 104 722 | -32,0 |
Ressursar i grunnopplæringa
Omtale av ressurssituasjonen i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa finst i del IV og inneheld mellom anna tal på elevar og lærlingar, ein gjennomgang av skolestrukturen, statistikk som viser gjennomføringa av vidaregåande opplæring og tal på kor mykje ressursar som blir brukte i norsk grunnopplæring.
Gjennomføring av reforma i grunnopplæringa – Kunnskapsløftet
Kunnskapsløftet er namnet på den omfattande reforma i grunnopplæringa som Stortinget slutta seg til i 2004, jf. Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Målet med reforma er å styrkje elevane sin kompetanse. Reforma omfattar nye læreplanar, ny fag- og timefordeling, ny struktur i vidaregåande opplæring, kompetanseutvikling for lærarar og vidareutvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Reforma stiller store krav til at skoleeigarar og skolar utnyttar den lokale handlefridommen, dei nasjonale verkemidla og tilgjengeleg kunnskap om tilstanden i grunnopplæringa. Slik kan dei finne gode lokale løysingar for å realisere reforma, heve kvaliteten på opplæringa og styrkje elevane sitt læringsutbytte.
Regjeringa har lagt vekt på å gi grundig informasjon om Kunnskapsløftet til utdanningssektoren og allmenta, mellom anna ved å opprette nettstaden kunnskapsloeftet.no. Det er òg sendt ut ein brosjyre om reforma til alle foreldre som har elevar i grunnopplæringa.
Kunnskapsløftet inneber at 1.–9. trinn i grunnskolen og vidaregåande trinn 1 skal ta i bruk nye læreplanar og ny fag- og timefordeling frå hausten 2006. Reforma blir innført hausten 2007 på 10. trinn i grunnskolen og vidaregåande trinn 2, og frå hausten 2008 også på vidaregåande trinn 3. Læreplanane for grunnskolen, dei gjennomgåande læreplanane for heile grunnopplæringa og fellesfaga i vidaregåande opplæring er fastsette. Det same er fag- og timefordeling for heile grunnopplæringa. Læreplanane for vidaregåande trinn 1 i studieførebuande program og yrkesførebuande program vil bli fastsette våren 2006. Arbeidet med dei resterande læreplanane for vidaregåande opplæring er i gang. 205 grunnskolar i 83 kommunar over heile landet har søkt om og fått løyve til å starte opp med delar av reforma allereie frå skolestart 2005. Dette gjeld særleg det andre framandspråket på ungdomstrinnet, men også andre fag.
Dei nye læreplanane er forenkla i forhold til planane i dag. Skolane har i dag praksis for å utvikle eigne årsplanar baserte på måla i læreplanane. Sjølve arbeidet med å utforme nye årsplanar vil erstatte tilsvarande arbeid med gammal plan. Midlane til kompetanseutvikling som skoleeigar får i samband med gjennomføring av reforma, vil gjere skolane i stand til å bli kjende med innhaldet i nye planar.
Regjeringa vil i 2006 løyve om lag 1,6 mrd. kroner til gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Dette omfattar heile løyvinga til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa på til saman 965 mill. kroner, jf. kap. 226, kompensasjon til kommmunane i samband med utskifting av læremiddel og heilårseffekten av å utvide timetalet hausten 2005.
Om lag 600 mill. kroner av løyvinga over kap. 226 blir prioriterte til kompetanseutvikling. Dette gir rom for oppfølging av «Strategi for kompetanseutvikling 2005–2008» og andre høgt prioriterte tiltak som allereie er sette i gang i tråd med intensjonane i reforma. Av løyvinga til kompetanseutvikling vil 375 mill. kroner gå direkte til skoleeigar. For å gjennomføre Kunnskapsløftet har Regjeringa understreka at den til bruke 2–3 mrd. kroner til kompetanseutvikling. Stortinget har slutta seg til dette. Med løyvinga for 2006 vil det totalt være løyva 1,1 mrd. kroner til dette i 2005 og 2006. Om lag 80 mill. kroner er sette av til ferdigstilling av nye læreplanar. Sjå tekst under kap. 226 for nærmare omtale.
Innføring av nye læreplanar i alle fag krev ei raskare utskifting av læremidla enn normalt. Regjeringa har derfor løyvd 400 mill. kroner innanfor veksten i dei frie inntektene til kommunane i kompensasjon for meirutgifter i samband med utskifting av læremiddel i grunnskolen i 2006. Dei totale kostnadene for kommunane ved utskifting av læremiddel er rekna ut til om lag 1,9 mrd. kroner. Forleggjar- og trykkeribransjen har signalisert at dei ikkje vil klare å få ferdig nye læremiddel av høg kvalitet på alle trinn til skolestart 2006, men at ferdigstilling over tre år kan gjennomførast. I utrekninga av kompensasjonen til kommunane for 2006 er det teke omsyn til dette, og til at kommunane har ordinære årlege utgifter til utskifting av læremiddel på om lag 240 mill. kroner.
Vidare blir det i 2006 lagt inn om lag 190 mill. kroner i rammeoverføringane til kommunane til å dekkje heilårseffekten av å utvide timetalet i grunnskolen med fire veketimar frå hausten 2005, jf. kap. 571 i Kommunal- og regionaldepartementets budsjettproposisjon.
Kunnskapsløftet har ført til fleire viktige endringar i opplæringslova, jf. Ot.prp. nr. 57 (2004–2005) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova og Innst. O. nr. 105 (2004–2005). Retten til tre års vidaregåande opplæring for ungdom er utvida, og gjeld fram til utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Opplæringslova opnar no også for at skoleeigar sjølv kan velje om rektor skal tilsetjast i fast stilling eller på åremål. Vidare er det fastsett i opplæringslova at alle offentlege grunnskolar og vidaregåande skolar skal ha eit skolemiljøutval, og det er innført krav om at den som skal tilsetjast i offentleg vidaregåande skole, må leggje fram politiattest, slik praksis er i grunnskolen.
Departementet har bedt Utdanningsdirektoratet om å gjennomføre ei brei evaluering av Kunnskapsløftet i perioden 2006–11. Sentrale evalueringsområde er mellom anna innhald og læringsutbytte i ein lærande organisasjon, tilpassa opplæring, struktur, gjennomføring og yrkesopplæring i skole og bedrift. I samband med Stortinget si handsaming av Ot.prp. nr. 57 (2004–2005) bad komiteen Regjeringa om å leggje fram ein grundig gjennomgang av spesialundervisninga sin plass i norsk skole, ei vurdering av ressursbruk og resultat og ei vurdering av organisering og verksemd innanfor det statlege støttesystemet. Departementet vil inkludere ein gjennomgang av spesialundervisninga i evalueringa av Kunnskapsløftet. For å få eit best mogleg grunnlag for den samla evalueringa vil Utdanningsdirektoratet i 2006 ta initiativet til baseline-rapportar som skal vise kva dokumentasjonsgrunnlag som finst på dei ulike evalueringsområda ved oppstarten av reforma. Direktoratet legg opp til formidling av resultata undervegs i evalueringa.
Mål: Lokalt ansvar og handlefridom for utvikling av skolen som lærande organisasjon
Tilstandsvurdering
Ei rekkje tiltak er i dei siste åra sette i verk for å auke den lokale handlefridommen. Ot.prp. nr. 67 (2002–2003) Om større lokal handlefridom i grunnopplæringa har gitt fleire føresegner for auka lokal handlefridom. Mellom anna er dei gamle klassedelingsreglane tekne ut av opplæringslova og erstatta av ein ny § 8-2 om organisering av elevane i grupper. Denne endringa gir større fridom og ansvar til lokalnivået med omsyn til fleksibel og tilpassa organisering av opplæringa. Dei nye reglane for organisering av grupper skal likevel ikkje brukast til å redusere ressursbruken i kommunane. Data frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) er brukte til å kontrollere at skolane ikkje har ein større gruppestorleik enn det dei tidlegare klassedelingsreglane gav høve til. For skoleåret 2004–05 sende Utdanningsdirektoratet brev til fylkesmennene med oversikt over 132 skolar som så ut til å ha for store gjennomsnittlege undervisningsgrupper. Førebels rapportar frå enkelte fylkesmenn viser at skolane i dei fleste tilfella har registrert feil tal i GSI. Samstundes er det i nokre tilfelle tilført auka ressursar til skolane før tilsyn, eller fylkesmannen har gitt pålegg om auka ressursbruk. Endeleg oversikt over tilsyn kjem i årsrapportane frå fylkesmannen.
Med dei siste endringane i opplæringslova kan skoleeigar sjølv velje om rektor skal tilsetjast i fast stilling eller på åremål, jf. Ot.prp. nr. 57 (2004–2005). Det utvida høvet til å etablere friskolar gir større fridom til å velje for elevar og lærlingar. Senter for økonomisk forsking ved NTNU har fått i oppgåve å gjennomføre forsking om konsekvensar av ny lov om frittståande skolar. For statistikk og omtale av tilskott til frittståande skolar, sjå kap. 228.
Undersøkingar av SINTEF IFIM og NORUT Samfunnsforsking, begge i 2004, viser at med delegering av ansvar frå nasjonalt nivå til skoleeigarnivå har det samstundes skjedd ei auka delegering av ansvar frå skoleeigarnivå til skolane og større satsing på kvalitet, både lokalpolitisk og administrativt i kommunar og fylkeskommunar.
Satsinga på utvida lokal handlefridom i grunnopplæringa gjer det nødvendig å ha eit godt system for kvalitetsvurdering som òg stimulerer til utvikling, og eit velfungerande tilsynsapparat. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet som vart etablert i 2003, er ein viktig del av ein samla strategi for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og eit større systemskifte for meir lokal handlefridom. Det nasjonale vurderingssystemet skal gi eit kunnskapsgrunnlag for systematisk vurdering nasjonalt og lokalt av om opplæringsmåla blir nådde. Vurderingssystemet gir informasjon om læringsutbytte, læringsmiljø, læringsressursar og gjennomføring, og legg også opp til å sjå dei ulike delane i samanheng.
Ein viktig del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er nasjonale prøver, som skal kartleggje elevane sin grunnleggjande dugleik i skriving, lesing, matematikk og engelsk. Prøvene skal gi informasjon til elev, foreldre, lærar og skoleleiar slik at det pedagogiske arbeidet og læringa kan utviklast og forbetrast. Dei skal òg gi informasjon til skoleeigar, nasjonale myndigheiter og allmenta som grunnlag for dialog og kvalitetsutvikling. Hovudformålet med prøvene er å betre læringsutbyttet til elevane. Elevar som har fått tilbakemelding i form av ei vurdering saman med læraren, seier i langt større grad enn dei andre elevane at tilbakemeldingane har vist dei korleis dei kan forbetre innsatsen sin. Men i 2005 har berre 30 pst. av elevane fått slik tilbakemelding. Meir enn 80 pst. av lærarar og rektorar seier at dei nasjonale prøvene gir informasjon om kva som bør styrkjast i opplæringa av den einskilde eleven og elevgruppa. Fleirtalet meiner at prøvene vil påverke praksisen i skolen. Men relativt få rektorar svarer at prøvene har endra den pedagogiske praksisen. Der det har skjedd endring, har det vore i positiv retning. Ei kartlegging blant lærarar som har vore eksternvurderarar av dei nasjonale prøvene, viser at fleirtalet meiner at dei har hatt nytte av skoleringa. Dei meiner òg at arbeidet med prøvene vil ha positiv verknad for det faglege arbeidet i deira eigen skole.
Ein analyse av data frå «Elevinspektørane 2003–2004» viser at høgmotiverte elevar opplever medbestemming, dei får mykje støtte og rettleiing, bruker forskjellige arbeids- og vurderingsformer og opplever at dei får stort utbytte av det. Men ein kan ikkje seie kva som kjem først – om motiverte elevar krev støtte og rettleiing, eller om dei blir motiverte av at dei får det.
I ei undersøking frå 2000 om kvalitetsutvikling i skolen som vart utført av Nordlandsforskning, kom det fram at under halvparten av kommunane dreiv med systematisk kvalitetsutvikling av grunnskolane sine, og at elevane sine læringsresultat var det minst sentrale vurderingstemaet. I seinare tilstandsrapportar frå fylkesmennene er det òg dokumentert at systematisk skolebasert vurdering og oppfølging av vurderingsresultat ikkje er ein innarbeidd praksis i alle skolar, og at det er lite fokus på læringsresultat og betring av læringsutbyttet til elevane. Den låge tilbakemeldingsprosenten til elevane på resultata på dei nasjonale prøvene i 2005 kan tyde på at dette ikkje har endra seg mykje og teiknar eit bilete av ein læringskultur i skolen som etter departementet si vurdering ikkje er tilfredsstillande. Med den lokale handlefridommen for kvalitetsutvikling i opplæringa følgjer òg eit ansvar for å utnytte det kunnskapsgrunnlaget ein har til disposisjon. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er mellom anna meint å fungere som ein stimulans til vurdering og utvikling for skoleeigarar og skolar. Med verknad frå 1. september 2004 er det i opplæringslova § 13-10 og friskolelova § 5-2 presisert at skoleeigaren og styret for frittståande skolar har plikt til å gjennomføre og følgje opp kvalitetsvurdering, og at dei m.a. skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar.
På skolenivå gir informasjon om læringsutbytte i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet først og fremst informasjon om kva elevane kan på eit gitt tidspunkt. Kva skolen tilfører elevane av læring, er vanskelegare å finne ut av, men svært viktig informasjon for skoleutvikling. Det er viktig å vurdere skolens læringsresultat (nasjonale prøver, karakterstatistikk) i lys av kva elevgrunnlag skolen har, og også sjå dette over tid. Statistisk sentralbyrå (SSB) har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å utvikle indikatorar som reflekterer korleis skolane medverkar til elevane si læring, såkalla skolebidragsindikatorar, jf. Utdanningsspeilet 2004. Indikatorane vil vere klare i byrjinga av oktober 2005 og departementet vil vurdere å offentleggjere dei på skoleporten.no, eit informasjonssystem som samlar all sentral informasjon om grunnopplæringa på ein stad.
Andre element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er Elevinspektørane, eksamensstatistikk og andre kartleggingar og undersøkingar knytte til ressursar, læringsutbytte og gjennomføring. Elevinspektørane er eit verktøy for systematisk datainnhenting om elevane si vurdering av læringsmiljøet. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vart vidareutvikla i 2004 med etableringa av nettportalen skoleporten.no.
Ein analyse av omfanget av bruk av dei ulike verktøya i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa viser at grunnskolane nyttar kartleggingsprøver og nasjonale prøver mest i vurderingsarbeidet sitt. Bortimot 80 pst. av grunnskolane nyttar nasjonale prøver mykje eller ein del i vurderingsarbeidet sitt. Også kommunane nyttar kartleggingsprøver og nasjonale prøver i vurderingsarbeidet sitt. I overkant av 50 pst. av grunnskolane og 35 pst. av dei vidaregåande skolane har opplyst at dei nyttar skoleporten.no mykje eller ein del. At desse tala ikkje er høgre, heng nok saman med at fleire av indikatorane i skoleporten kan hentast frå andre kjelder, som Elevinspektørane, KOSTRA og Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Ei anna årsak kan vere at det ikkje er utvikla gode rutinar for bruk av indikatorane i skoleporten.no på lokalt nivå. Skoleporten har likevel høge besøkstal, noko som tyder på stor interesse for portalen. Vidaregåande skolar nyttar Elevinspektørane og andre brukarundersøkingar meir enn grunnskolane. Det same gjeld fylkeskommunen i høve til kommunane. Alle fylkeskommunane nyttar Elevinspektørane i vurderingsarbeidet sitt. Nærmare 63 pst. av dei vidaregåande skolane nyttar karakterstatistikken i skoleporten.no mykje eller ein del. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er relativt nytt, og det er i stadig utvikling. Det gjenstår framleis mykje utviklingsarbeid knytt til det å ta i bruk nasjonalt vurderingssystem som utviklingsverktøy lokalt, men dei ovannemnde tala tyder på ei positiv utvikling. Kvalitetsvurderingssystemet og den statlege tilsynsordninga har vore med på å gi innsyn i og grunnlag for dialog om verksemda i skolen. Nasjonale avgjerder og politikkutforming kan med dette i større grad baserast på dokumentert kunnskap om tilstanden lokalt og nasjonalt.
I Innst. S. nr. 161 (2004–2005) frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag om å endre modell for nasjonale prøver (Dokument nr. 8:51 (2004–2005)) gir fleirtalet i komiteen si tilslutning til at det framleis skal gjennomførast nasjonale prøver. Komiteen hadde likevel fleire merknader knytte til forbetringspotensial i gjennomføringa av prøvene. Komiteen uttalte følgjande:
«Flertallet vil be departementet om å gå i dialog med fagmiljøene for grundig å vurdere den kritikken som har kommet når det gjelder ressursbruk og omfang av prøvene, og videreutvikle prøvene i tråd med intensjonene. Det bør legges til grunn at tid til forberedelse og vurdering av prøvene bør begrenses til det som er nødvendig av hensyn til formålet med prøvene. Flertallet forutsetter at det meldes tilbake til Stortinget på egnet måte.»
For å betre dialogen med involverte partar er det oppretta ei referansegruppe for det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. I gruppa møter representantar frå fleire organisasjonar, og gruppa uttalar seg om sentrale val knytte til vidareutviklinga av kvalitetsvurderingssystemet, mellom anna dei nasjonale prøvene. Departementet har bestemt at nasjonale prøver for 10. trinn og grunnkurs vidaregåande opplæring neste år skal flyttast til haustsemesteret. Dette både for å unngå at prøvene fell saman med avgangsprøva og eksamen i tid, og for at resultata i større grad kan nyttast i opplæringa gjennom skoleåret. Det blir arbeidd med å standardisere prøvene betre, mellom anna når det gjeld tid til førebuing og vurdering av prøvene. I tillegg blir det arbeidd med å målrette og forbetre informasjonen om prøvene og gjennomføringa av desse til elevar, foreldre og tilsette i skolen og kommunar og fylkeskommunar. Utdanningsdirektoratet har i dialog med Datatilsynet komme fram til ei løysing der personopplysningar i samband med dei nasjonale prøvene blir anonymiserte i den nasjonale databasen. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle og forbetre prøvene, jf. strategiar og tiltak nedanfor.
Utdanningsdirektoratet får i oktober ei fagleg evaluering av prøvene i 2005. Resultata av denne vil leggje grunnlag for vidare utvikling og forbetring av dei nasjonale prøvene.
Forsking tyder på at fleire faktorar er avgjerande for om offentleggjering og openheit kring resultat frå kvalitetsvurderingar av skolen skal føre til forbetring (Utdanningsspeilet 2004). Det er særleg viktig at skolen er i stand til å lære av kunnskap om resultata av si eiga verksemd. Ein lærande skole er i Kompetanseberetningen 2005 definert som ein velfungerande organisasjon der lærarane kjenner seg som ein del av eit fellesskap med høgt ambisjonsnivå og ei motiverande målsetjng, der det er høge forventningar når det gjeld bruk av kompetanse til å gi elevane ei best mogleg opplæring, og der lærarane har tillit til leiinga ved skolen, mellom anna når det gjeld å prioritere og ta avgjerder. Dessutan er ein lærande skole prega av mykje kvardagslæring og kollegial samhandling i tillegg til deltaking i andre former for relevant kompetanseutvikling. Kompetanseberetningen 2005 byggjer på ei undersøking gjennomført av LÆRINGSlaben i 2004 som viser samvariasjon mellom trekk ved ein lærande skole på den eine sida og den faglege utviklinga og læringsmiljøet til elevane på den andre. Elevane si læring er målt ved ei samanlikning mellom avgangskarakterane frå grunnskolen og karakterane etter grunnkurset i vidaregåande opplæring i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. Elevane i lærande skolar opplyser at dei har høg kvalitet på læringsprosessane. Dei meiner òg at læringsmiljøet ved skolen er prega av lite mobbing og uro. Analysen av læringsmiljøet er basert på data frå Elevinspektørane. Undersøkinga er gjord i eit utval på 39 vidaregåande skolar, og det er lagt vekt på at det skal vere ein viss variasjon mellom desse (geografisk plassering, storleik, type skole, læringsmiljø). Dette er ikkje eit utval og eit omfang som gjer det mogleg å generalisere og trekkje konklusjonar om generelle samanhengar. Pilotundersøkinga gir likevel ein indikasjon på at det er ein samanheng mellom organisasjonsutvikling, samhandling og forventningar i det vaksne miljøet i skolen, og elevane si læring.
LÆRINGSlaben (2005) har gjennomført ei vidareføring av evalueringa av Differensieringsprosjektet i vidaregåande opplæring som peikar i same retning som resultata ovanfor. Rapporten peikar på at dersom skolar skal utvikle seg som lærande organisasjonar, er det ikkje nok med organisatorisk utvikling. Det må også vere eit læringstrykk overfor personalet som omfattar forventningar om refleksjon, fornying og samarbeid om gjennomføringa av undervisninga. Eit slikt trykk må eksistere over tid. Rapporten viser at skolar som har høgt læringstrykk, i mindre grad er prega av det ein kan kalle ettergivande kultur. Både involverer dei elevane og stiller krav til dei. Dette har positive konsekvensar for motivasjon og trivsel hos elevane.
Med dei endringane som er gjorde i lovverket i dei siste åra, er den lokale handlefridommen auka. Skolane har rom for å organisere verksemda si i tråd med lokale behov og føresetnader og sjølve finne ut korleis dei best kan utvikle seg som lærande organisasjonar. Ordninga med demonstrasjonsskolar og demonstrasjonsbedrifter vart sett i verk i 2002–03 for å stimulere skolar og lærebedrifter til å ta i bruk den lokale handlefridommen til kvalitetsutvikling, læring og deling av kunnskap. Ein har lagt stor vekt på å finne dei gode skolane innanfor pedagogisk utviklingsarbeid, læringsmiljø og skoleleiing. Det er utnemnt ti nye demonstrasjonsskolar for perioden 2005–07. Til saman er 25 demonstrasjonsskolar med i ordninga hausten 2005. For same periode er det utnemnt fire nye demonstrasjonsbedrifter, og der er det samla talet 14. Fafo har evaluert ordninga med demonstrasjonsskolar og viser til at ho har gitt mykje horisontal læring. 79 pst. av grunnskolane og 95 pst. av vidaregåande skolar i eit utval har hatt ei eller anna form for kontakt med ein demonstrasjonsskole. Denne kontakten har medført endringar for 32 pst. av grunnskolane og 48 pst. av dei vidaregåande skolane. Det er for tidleg å seie noko om effekten på elevane si læring. Når det gjeld demonstrasjonsbedriftene, viser evalueringa at det har vore færre besøk og mindre rapportert læring. Bedriftene er mindre homogene enn skolane, og det er færre av dei i ordninga.
For å synleggjere kor viktig skoleeigar er for utviklinga i skolane og for læringa til elevane, har departementet i samarbeid med KS årleg sidan 2003 tildelt ein skoleeigarpris til skoleeigarar som har arbeidd systematisk og målretta med å utvikle skolen over tid. I 2005 er prisen tildelt Hedmark fylkeskommune.
Strategiar og tiltak
Innhaldet i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet blir vidareutvikla i 2005–06. Utdanningsdirektoratet starta hausten 2005 eit arbeid med å gjennomgå og vurdere alle data som ligg i skoleporten.no. Formålet med arbeidet er å utvikle og forbetre datagrunnlaget og innhaldet i portalen. Arbeidet vil skje kontinuerleg slik at portalen kan bli ein best mogleg reiskap for skoleleiarar, skoleeigarar og fylkesmannsembeta i kvalitetsvurderings- og utviklingsarbeidet deira. Indikatorar på læringsutbytte vil bli forbetra, i første omgang knytt til karakterar i grunnskolen. Det vil bli arbeidd med å forbetre statistikken over lærarar. Departementet vil vidare utvikle fleire indikatorar for vidaregåande opplæring, mellom anna knytt til gjennomføring og karakterframgang på skolenivå. Det vil òg bli vurdert å utvikle ein eigen inngang i skoleporten.no for fagopplæring.
Det blir heile tida arbeidd med å vidareutvikle og forbetre dei nasjonale prøvene. Erfaringar, evalueringar og tilbakemeldingar gir eit godt grunnlag for å vidareutvikle og forbetre prøvene, informasjon om prøvene og gjennomføring av prøvene. Det skal gjennomførast årlege evalueringar av kvaliteten på prøvene og årlege spørjeundersøkingar om kva for erfaringar lærarar, elevar og rektorar har med prøvene. I tråd med Innst. S. nr. 161 (2004–2005) vil departementet halde fram med å engasjere ulike fagmiljø til å vidareutvikle prøvene som pedagogisk hjelpemiddel. Departementet vil òg vurdere om det er mogeleg å offentleggjere resultat på ein slik måte at rangering blir endå vanskelegare enn no. Vidare arbeider departementet med å kartleggje kostnader knytte til gjennomføringa av nasjonale prøver. Det blir no gjennomført ei undersøking i utvalde kommunar for å kartleggje organisering av arbeidet med prøvene og framskaffe oversyn over ressursbruk. Resultata frå undersøkinga vil bli lagde fram for Stortinget hausten 2005.
Skolebidragsindikatorane vil kunne fungere som gode indikatorar på karakterutviklinga ved den einskilde skolen over tid, uavhengig av ulike sosiale bakgrunnsfaktorar. Det vil bli arbeidd vidare med å utvikle skolebidragsindikatorar, i første omgang for grunnskolen. Departementet ønskjer òg internasjonalt samarbeid om utvikling på dette feltet og har fått tilslutning til eit framlegg overfor OECD om å opprette ei internasjonal ekspertgruppe som kan samle og vidareutvikle kunnskapen om korleis ein kan identifisere bidraget frå skolane til elevane si læring. Noreg vil delta aktivt i eit slikt utviklingssamarbeid. For å styrkje kunnskapen om korleis skolane medverkar til den faglege utviklinga hos elevane, vil departementet også byggje vidare på pilotundersøkinga i Kompetanseberetningen 2005 og gjennomføre ei meir omfattande undersøking med eit større og representativt utval skolar.
Utdanningsdirektoratet vil halde fram med det tette samarbeidet med fylkesmannsembeta for å byggje opp kompetansen i bruk av skoleporten.no og spesielt bruk av dei nasjonale prøvene i eit utviklingsperspektiv. For å stimulere til betre arbeid med kvalitet i opplæringa har Utdanningsdirektoratet sett i gang eit prosjekt saman med KS og fylkesmannsembeta. Målet for prosjektet er å ta i bruk og medverke til å vidareutvikle skoleporten.no som ein nyttig reiskap for analyse, vurdering og styring i sektoren. Seks fylke er med i prosjektet. Prosjektet varer til februar 2006. For å stimulere til betre arbeid med den interne vurderinga i skolane blir det no utvikla eit nettbasert kurs for kompetanseutvikling i skolebasert vurdering og bruk av skoleporten.no. Kurset skal frå hausten 2005 inngå i kursporteføljen til dei høgskolane som har utvikla kurset. Kompetanseutviklingsstrategien omfattar også bruk av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet.
Det kan vere metodisk vanskeleg å skilje ut effektar av innføringa av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet frå effektar av andre utviklingstiltak. Men fordi vurderingssystemet er så sentralt som kunnskapsbase og grunnlag for kvalitetsutvikling, har departementet gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å evaluere systemet. Formålet med evalueringa er å framskaffe meir påliteleg og relevant kunnskap om implementeringa, bruken og effektane av systemet. Kunnskapen skal brukast til å forbetre systemet undervegs og til å utvikle rettleiings- og støttetilbod til skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar i den grad det viser seg å vere behov for det. Evalueringa skal også omfatte fagopplæringa.
Når det gjeld det statlege tilsynet, er det sett i gang eit prosjekt med sikte på å utvikle eit felles fagleg grunnlag og ein einskapleg tenesteprofil ved Fylkesmannen sine utdanningsavdelingar. Informasjon frå det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet skal leggjast til grunn for Fylkesmannen sitt tilsyn. I 2006 skal det gjennomførast nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk når det gjeld skoleeigarane si oppfølging av krava i opplæringslova § 13-10 andre ledd om mellom anna handsaming av resultata frå det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet.
Ordninga med demonstrasjonsskolar blir ført vidare, med utnemning av nye skolar for perioden 2006–08. Kriteria for ordninga blir vurderte med tanke på auka merksemd mot dokumentert læringsutbytte for elevane. Med bakgrunn i Fafo si evaluering av demonstrasjonsskolar og -bedrifter vil departementet sjå nærmare på kriteria for ordninga. Departementet vurderer i tillegg ei prøveordning med demonstrasjonskulturskolar. I samarbeid med KS vil ordninga med Skoleeigarpris bli revurdert før ny utlysing.
Internasjonalt samarbeid er viktig for kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Noreg vil framleis vere ein aktiv deltakar i internasjonalt samarbeid om kvalitetsutvikling og erfaringsutveksling som finn stad i OECD, EU, UNESCO, Europarådet og Nordisk Ministerråd. Under det norske formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2006 vil departementet medverke til vidare nordisk samarbeid om kvalitet i skolen og i yrkesopplæringa, mobilitetsordningar mellom dei nordiske landa og styrkt samarbeid med nærområda i det nordlege Europa.
Departementet har sett i verk ulike tiltak for å forbetre kvaliteten på fagopplæringa. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle ein nasjonal strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæringa 2006–09. Formålet er å kunne bruke strategien som hjelp i vurdering, utvikling og endring av fag- og yrkesopplæringa. Oppdraget er ein del av implementeringa av Kunnskapsløftet.
I februar 2005 vart det oppretta ei partssamansett arbeidsgruppe som skal foreslå forenklingar i opplæringslova knytte til kap. 4 og 12 om fagopplæring. Arbeidsgruppa skal særleg vurdere kva oppgåver partane i arbeidslivet skal ha i det offentlege opplæringssystemet regionalt, og korleis partane si deltaking skal organiserast. I Dok. nr. 8:21 (2003–2004) og Innst. S. nr. 164 (2003–2004) har ein foreslått å etablere nettverk og opplæringskontor for lærlingar i små og verneverdige fag. Små og verneverdige fag får etter dagens ordning særskilde tilskott, og det er oppretta eit nasjonalt sekretariat for små og verneverdige fag som skal overvake og ivareta desse faga. For meir informasjon om dette, sjå omtale under overskrifta «Kartlegging av lærebedriftssituasjonen i små og verneverdige fag» til slutt i programkategori 07.20.
Departementet vil stimulere endå fleire skolar til å utvikle seg som lærande organisasjonar med sikte på at elevane skal lære mest og best mogleg. Til dette har departementet sett av midlar til to nye program frå 2005. Det eine gjeld praktisk og kunnskapsbasert skoleutvikling, retta mot skolar og skoleeigarar. Programmet er eit utviklingsprosjekt der skolar samarbeider med eksterne kompetansemiljø. Samarbeidet skal bringe fram kunnskap om korleis organisasjonsutvikling, leiing, lærarane si samhandling og læring og ambisjonane i kollegiet medverkar til at elevane utviklar seg betre fagleg og sosialt. Programmet skal fremme kompetanse både i skolane, hos skoleeigarane og i det eksterne kompetansemiljøet og er planlagt å gå over fire år (2005–08). Det blir administrert av Utdanningsdirektoratet. Det andre er eit program for praksisretta FoU i grunnopplæringa og lærarutdanninga. Målet er at forskarar ved lærarutdanningsinstitusjonar og pedagogisk personale ved skolar skal samarbeide om å komme fram til eller utnytte nye forskingsfunn. Dette skal medverke til å vidareutvikle praksis i skolane og forbetre lærarutdanninga. Aktuelle prosjekt skal vere ein del av skoleeigars samla utviklingsstrategi knytt til tema som til dømes tilpassa opplæring og læringsutbytte, organisering av opplæringa, leiing, vurdering og nyutdanna lærarar. Også dette programmet er planlagt å gå over fire år (2005–08). Noregs forskingsråd har fått i oppdrag å administrere programmet og sikre brei brukardeltaking i gjennomføringa. Sjå også omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.
Mål: Tilpassa opplæring og godt læringsutbytte for alle elevar og lærlingar
Tilstandsvurdering
Resultata frå TNS Gallups nasjonale befolknings- og brukarundersøking 2004 viser at eit klart fleirtal av dei føresette er nøgde med grunnskolen sett under eitt. Føresette i barneskolen er mest nøgde med barnets trivsel og klassestyrars åtferd, omsorg og arbeidsinnsats, men også barnets faglege utvikling og utbytte av undervisninga skårar høgt. Det same gjeld for ungdomsskolen. Men sjølv om føresette si holdning til barnets faglege utvikling og læringsutbytte er positiv og stabil (svært eller mykje nøgd), har det vore ein signifikant tilbakegang i dei siste åra når det gjeld kor nøgde føresette er med undervisningsopplegget og det faglege innhaldet. Føresette til elevar som mottek spesialundervisning, er mindre nøgde enn andre når det gjeld elevane sitt utbytte av undervisninga. Her har forskjellen mellom dei som mottek og dei som ikkje mottek spesialundervisning, auka sidan 2003.
Nasjonale prøver, kartleggingsprøver, karakterstatistikk og internasjonale undersøkingar viser forskjellar i læringsutbytte hos norske elevar, knytte til sosial bakgrunn (målt etter foreldra si utdanning) og kjønn. Vidare viser internasjonale samanlikningar at nivået i sentrale dugleikar som lesing, matematikk og naturfag ligg på og delvis under gjennomsnittet i OECD, og at det har vore ein tilbakegang i enkelte fag i dei siste åra.
Kartlegging med sikte på å identifisere og hjelpe svake lesarar har vore gjennomført sidan 1990-åra. I 2000 initierte Utdannings- og forskingsdepartementet ei fireårig prøveordning med obligatorisk bruk av kartleggingsprøvene i lesing på andre og sjuande trinn. Data frå Senter for leseforsking viser at i 2000 var 21 pst. av elevane på andre trinn på eller under bekymringsgrensa for lesedugleik. I 2004 var dette redusert til 12 pst. Når det gjeld lesedugleik på sjuande trinn, har det òg vore ei relativt positiv utvikling frå 2000 til 2004 når ein ser perioden under eitt. Derimot er det tilbakegang i siste del av perioden. For fleire av oppgåvene med tekstlesing og leseforståing er resultata dårlegare i 2003–04 enn dei var i 2002–03. Tilbakemeldingar frå skolar og kommunar indikerer at kartlegging og påfølgjande systematisk arbeid med lese- og skriveopplæring medverkar til ei positiv utvikling. Det er viktig at dette systematiske arbeidet held fram.
Dei nasjonale prøvene vart første gong gjennomførte i 2004 for fjerde trinn i lesing og matematikk og for tiande trinn i lesing, matematikk og engelsk. Jenter skårar høgre enn gutar på alle prøver, med unntak av matematikk på tiande trinn. Kjønnsforskjellane er størst i lesing av norsk og lesing av engelsk. Det er ein samanheng mellom prøveskåre og sosial bakgrunn (foreldra si utdanning). Forskjellane er størst i matematikk på tiande trinn. Førstegenerasjonsinnvandrarar skårar i gjennomsnitt lågare enn andre elevar på dei nasjonale prøvene. Elevar i frittståande skolar skårar i gjennomsnitt betre enn elevar i offentlege skolar, også når det er kontrollert for familiebakgrunn.
Den internasjonale undersøkinga «Programme for International Student Assessment» (PISA) vart gjennomført for andre gang i 2003. Undersøkinga stadfesta at norske 15-åringar oppnår middels resultat i dei sentrale dugleikane lesing, matematikk og naturfag, samanlikna med dei andre OECD-landa. PISA viser store skilnader i lesedugleik mellom gutar og jenter. Samstundes er det ein svak tendens til meir positive holdningar til lesing frå 2000 til 2003, og talet på gutar som les skjønnlitteratur, har auka. I matematikk var Noreg dårlegast av dei nordiske landa. Ikkje berre læringsresultata, men også motivasjonen for matematikk er lågare i Noreg enn i dei fleste OECD-landa som er med i undersøkinga. Det er stor spreiing i resultata, og rundt 20 pst. av dei norske elevane er på dei to lågaste prestasjonsnivåa. Til samanlikning skårar i underkant av 7 pst. av dei finske elevane på dei to lågaste prestasjonsnivåa. I naturfag skårar Noreg dårlegare enn i PISA 2000 og langt under gjennomsnittet i OECD. Nest etter Mexico har Noreg størst tilbakegang i naturfag frå 2000 til 2003. Men Noreg er blant dei landa som har minst kjønnsskilnader i naturfag.
Den internasjonale undersøkinga «Trends in Mathematics and Science Study» (TIMSS) 2003 omfattar elevar på fjerde og åttande trinn og viser at Noreg er det landet som har hatt størst tilbakegang frå 1995 til 2003, både i matematikk og naturfag på begge trinn. Dette er ein tilbakegang frå eit nivå som alt i 1995 vart vurdert som svakt samanlikna med andre land. Samanlikninga i 2003 er mellom 46 deltakande land, mellom andre fleire land i Afrika, Sør-Amerika, Midtausten og Asia. Resultata i matematikk viser at land frå Aust-Asia ligg på toppen av lista, medan dei aller fleste europeiske landa, både austlege og vestlege, skårar over det internasjonale gjennomsnittet. Under dette gjennomsnittet finn vi stort sett land frå den tredje verda, nokre få søreuropeiske land og Noreg. Noreg skårar over gjennomsnittet i naturfag, men likevel svakast av land det er naturleg å samanlikne seg med, som Nederland, Skottland, USA og Sverige.
Analyse av karakterstatistikken for grunnskolen og vidaregåande opplæring stadfestar resultata frå nasjonale prøver og internasjonale undersøkingar når det gjeld forskjellar i læringsutbytte knytte til kjønn og sosial bakgrunn. I grunnskolen oppnådde jentene i 2004 høgre karaktergjennomsnitt enn gutane i seks av sju fag til avgangsprøva. Berre til avgangsprøva i matematikk oppnådde jenter og gutar same resultat. Analyse av karakterstatistikken i grunnskolen viser òg forskjellar mellom elevar med ulik sosial bakgrunn (målt etter foreldra sitt utdanningsnivå). Elevar som har foreldre med høg utdanning, oppnår høgre karakterar i norsk hovudmål, engelsk og matematikk enn elevar som har foreldre med låg utdanning. Forskjellane er størst i matematikk. Det er òg forskjellar mellom elevar med norsk bakgrunn og elevar med innvandringsbakgrunn, men forskjellane er mindre når ein kontrollerer for foreldra sin utdanningsbakgrunn og kvar i landet elevane bor.
I vidaregåande opplæring i 2004, studieførebuande grunnkurs, oppnådde jentene i gjennomsnitt noko høgre standpunktkarakter enn gutane, både i engelsk og matematikk. Kjønnsforskjellane ved sentral sensur var noko mindre. Når det gjeld studieførebuande vidaregåande kurs 2, oppnådde jentene i 2004 i gjennomsnitt noko betre karakter i matematikk ved sentral sensur enn gutane. Det same gjeld i dei andre faga med unntak av engelsk og fysikk, der det ikkje er kjønnsforskjellar i karakterane ved sentral sensur. På yrkesfaglege grunnkurs i 2004 oppnådde jentene gjennomgåande betre enn eller like høge standpunktkarakterar som gutane. Av lærlingar som var oppe til fag- eller sveineprøve i 2004, bestod 92 pst. Dette talet har vore omtrent det same i perioden 2001–04.
Ein undervegsrapport frå NIFU STEP om gjennomføring i vidaregåande opplæring (Helleland og Støren 2004) viser at talet på elevar med optimal progresjon på yrkesfag er noko lågare for kulla som begynte rundt tusenårsskiftet, enn det var for kullet som begynte på yrkesfag i 1994. Sjå også del IV Ressursar i grunnopplæringa. Blant elevane som begynte på allmennfag, ser det ikkje ut til å vere endring når det gjeld fullføring. Det er forskjellar mellom studieretningane når det gjeld optimal progresjon. Av 2001-kullet på allmennfagleg studieretning hadde om lag 85 pst. optimal progresjon dersom ein reknar med elevar i private skolar. Tilsvarande tal for yrkesfaga er 56 pst. Det samla talet for gjennomføring med optimal progresjon for yrkesfag og allmennfag, inkludert elevar i private skolar, er om lag 70 pst. Gode eller middels gode karakterar frå grunnkurs fører til større grad av gjennomføring. Heilt frå 1994 har om lag 10 pst. av kvart årskull ikkje gått vidare frå grunnkurs til VKI, men anten valt å ta same grunnkurs opp att eller velje eit nytt grunnkurs. Over halvparten av desse har valt nytt grunnkurs. Det typiske for desse elevane er at dei går frå studieretning for allmenne fag til yrkesfag. Fleire jenter enn gutar gjennomfører vidaregåande opplæring med optimal progresjon. Det er forskjell mellom fylkeskommunane, der dei nordlegaste fylka, særleg Finnmark, har den lågaste progresjonen. Progresjonen til minoritetsspråklege elevar har forbetra seg sidan 1994, særleg blant jentene.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at den prosentvise delen av dei som får tilbod om læreplass, har gått ned sidan 2000. Det er også stor forskjell på majoritets- og minoritetssøkjarar. Medan 66 pst. av 2001-kullet av majoritetssøkjarane har fått læreplass, er det tilsvarande talet for minoritetssøkjarane 48 pst. Gode karakterar og lite fråvær slår positivt ut når det gjeld teikning av lærekontrakt. Datagrunnlaget for kor mange som får yrkes- eller studiekompetanse er usikkert, men det har vore ein auke i talet på ikkje bestått i dei studieførebuande studieretningane. Prosenten av dei som ikkje får bestått på allmennfagleg påbygging og dei yrkesfaglege studieretningane med studiekompetanse, ligg langt over dei ordinære studieførebuande studieretningane. Vidare er karakternivået blant minoritetselevane klart lågare enn blant majoritetselevane.
Analysen til NIFU STEP av eit utval på nærmare 10 000 elevar som gjekk ut frå ungdomsskolen i 2002 (Markussen og Sandberg 2005), viser at det er meir vanleg å gjere omval eller slutte i overgangen mellom to opplæringsår enn i løpet av eit år. Både bortval og omval skjer i større grad på yrkesfag enn på allmennfag, og særleg overgangen mellom skole og læreplass kan vere kritisk. Denne og andre undersøkingar viser at mange faktorar verkar inn på læringsutbytte, gjennomføring og grad av fullføring i vidaregåande opplæring. Karakterar, også frå åra før vidaregåande opplæring, fråvær, foreldra sin utdanningsbakgrunn og det å få innfridd førsteønsket om kurs eller læreplass er mellom dei faktorane som verkar inn på kor sannsynleg det er at ein elev skal fullføre opplæringa.
Oppfølging av St.meld. nr. 6 (2003–2004) Tiltaksplan mot fattigdom og satsinga mot fråfall i vidaregåande opplæring er vidareført. Mellom anna er det arbeidd med å rettleie ungdom tilbake til arbeid eller utdanning og å betre statistikkgrunnlaget og dokumentasjonen på området. Tiltaka i pilotsatsinga er evaluert av Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). Evalueringa konkluderer med at alt som medverkar til at ungdom vel rett utdanning, motverkar fråfall. Det same gjer andre tiltak som medverkar til ein betre skolekvardag for elevane. Eit modellprosjekt om tilpassa opplæring og spesialundervisning i fire fylkeskommunar og ti kommunar prøver ut nye modellar for ressursbruk og opplæring som reduserer omfanget av spesialundervisning og tek vare på elevane sine særskilde opplæringsbehov gjennom tilpassa opplæring og generell tilrettelegging. Prosjektet blir avslutta våren 2006. Nordlandsforskning evaluerer prosjektet. Ein delrapport viser til fleire gode eksempel på nytenking. Prosjekta i grunnskolen er i stor grad retta mot tiltak som femner heile elevgruppa, utifrå filosofien om at god tilrettelegging for alle elevar vil gjere særskilde tiltak mindre naudsynte. I vidaregåande opplæring er dei fleste tiltaka retta mot ei mykje snevrare gruppe elevar, der utviklinga og veksten til den enkelte eleven står i søkjelyset. Det er ei utfordring at somme av prosjekta i vidaregåande opplæring blir isolerte og manglar forankring i skoleleiinga. Dette er problemstillingar som vil få merksemd i den vidare prosjektperioden. For nærmare omtale av spesialundervisning, sjå kap. 230.
Alle vaksne som har behov for det, har rett til grunnskoleopplæring, og vaksne fødde før 1978 som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til slik opplæring, jf. opplæringslova § 4A. Kommunar og fylkeskommunar har plikt til å oppfylle dei rettane vaksne har til utdanning. I praksis har det vist seg at vaksne ofte ikkje kjenner til at dei har desse rettane og at det finst tilbod om opplæring, eller dei kan ha problem med å nå fram med behova sine overfor kommunar og fylkeskommunar. Årsakene kan vere mange, men ser i hovudsak ut til å liggje på tilbydarsida og den parten som har plikt til å gi opplæringa, jf. programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling. Ei undersøking gjennomført av Vox i 2003–05 viser at kommunar og fylkeskommunar i for lita grad legg til rette for grunnopplæring for vaksne og i lita grad utarbeider målretta informasjon om dei rettane vaksne har.
Riktig og tilstrekkeleg kompetanse hos lærarane og skoleeigarane er ein føresetnad for at reforma i grunnopplæringa skal lykkast. Dessutan er lærarane og skoleleiarane sin kompetanse og motivasjon avgjerande for å få til ei tilpassa opplæring som kan utjamne forskjellar og gi eit best mogleg læringsutbytte. I tråd med Strategi for kompetanseutvikling for 2005–08 er skoleeigarane bedne om å syte for planar for kompetanseutvikling. Skoleeigarane er i 2005 tildelte 300 mill. kroner på grunnlag av desse planane. Sjølv om det tek tid å gjennomføre kartleggingar, utarbeide planar og få dei nødvendige politiske vedtaka, hadde om lag 80 pst. av kommunane og alle fylkeskommunane ein vedteken plan tidleg på hausten 2005. I tillegg har fleire kommunar utvikla ein plan, men manglar enno det politiske vedtaket. Eit førebels inntrykk er at planane tek utgangspunkt i dei lokale behova for kompetanseutvikling, noko som er i tråd med strategien.
Av midlane er 20 mill. kroner tildelte skoleeigar for vidareutdanning i det andre framandspråket på grunnlag av lokale behov. Søknadsprosessen viser at behovet for vidareutdanning på dette området er langt større, men skoleeigarane står fritt til å bruke dei andre midlane dei har motteke til kompetanseutvikling også til framandspråk.
Universitet og høgskolar har i 2004 og 2005 arbeidd aktivt for å medverke til den målretta nasjonale satsinga på kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar som følgjer av Kunnskapsløftet, jf. kap. 226 og programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Prosjektet Rettleiing av nyutdanna lærarar er ført vidare. Prosjektet omfattar i alt 26 universitet og høgskolar. SINTEF Teknologi og Samfunn har fått i oppdrag å evaluere prosjektet.
For å styrkje kompetansen hos skoleeigarane, skoleleiarane og lærarane, styrkje opplæringa og betre læringsutbyttet til elevane og lærlingane har departementet utvikla fleire strategi- og handlingsplanar. Det er òg oppretta fleire nye nasjonale fagsenter. Ny av året er strategien «Språk opnar dører! Strategi for styrking av framandspråk i opplæringa 2005–2009». Strategien inneheld tiltak for større mangfald og breidd i opplæringa i framandspråk og for rekruttering og kompetanseheving av lærarar. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa er etablert i Halden, i tilknyting til Høgskolen i Østfold. Senteret har i hovudoppgåve å styrkje kompetansen i språkfag hos lærarar og elevar. Eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er etablert i tilknyting til Høgskolen i Volda. Senteret skal mellom anna støtte og rettleie skoleeigarar og skolar i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk. For nærmare omtale av nasjonale strategiar og senter, sjå kap. 226.
Internasjonalt arbeid i regi av skolar og skoleeigarar er ein viktig del av arbeidet for å sikre kvalitet i opplæringa og fremme språkopplæring og internasjonal forståing og medansvar. Det eksisterer eit stort mangfald av former for internasjonalt samarbeid i norske skolar og mange døme på vellykka prosjekt. Talet på elevar som har teke delar av vidaregåande opplæring i utlandet, har auka jamt i dei siste åra. Særleg stor er søkninga til europeiske utdanningsprogram som Comenius og Leonardo da Vinci, medan ressursane som det nordiske programmet Nordplus Junior tilbyr, ikkje blir utnytta fullt ut. Sjå også kap. 225, kap. 281 og kap. 2410.
«Program for digital kompetanse 2004–2008» er Utdannings- og forskingsdepartementet si satsing på Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i norsk utdanning. Midlar til programmet vart tidlegare løyvde over kap. 248, men løyvinga er no flytta til kap. 226. Programmet femner om heile utdanninga. Sjå nærmare omtale under kap. 226 og kap. 248.
«Lærande Nettverk» er ein del av Program for digital kompetanse. Det har vore i drift i om lag eitt år. I Lærande Nettverk blir det etablert læringsarenaer mellom skolar og mellom skolar og lærarutdannarar for å dele erfaringar og byggje kunnskap. Sjå nærmare omtale under kap. 226 og kap. 248.
Ei arbeidsgruppe oppretta av departementet har levert ei utgreiing som peikar på utfordringane ved at grunnopplæringa i aukande grad tek i bruk digitale tenester til både administrative og pedagogiske formål. Gruppa foreslår at grunnopplæringa tek i bruk ordningar som gjer skolane betre i stand til å handsame elevopplysningar i samband med digitale tenester, og som legg betre til rette for at elevar og lærarar på ein enkel og sikker måte kan logge seg på tenestene. Sjå nærmare omtale under kap. 226 og kap. 248.
I Innst. S. nr. 12 (2004–2005) peikar ein samla komité på at det bør finnast informasjon om status på skolenivå for nettbreidd og -kapasitet, samt maskinkapasitet. Utdanningsdirektoratet har utvikla ei systematisk oversikt over tilstanden i norsk grunnopplæring med omsyn til IKT. Kartlegginga syner at vidaregåande skolar har etter måten god PC-dekning og god Internett-tilgang. Det er små forskjellar i PC-dekning fylka imellom, men når det gjeld Internett, er forskjellane større. Etter departementet si vurdering er korkje PC-dekninga eller stoda når det gjeld Internett i grunnskolen, god nok. Sjå nærmare omtale under kap. 248 og i del IV Ressursar i grunnopplæringa.
Regjeringa meiner at utdanning er det viktigaste innsatsområdet for å førebyggje eit samfunn med store økonomiske og sosiale forskjellar i befolkninga, og for å hindre systematiske forskjellar som følgjer etniske skilje, jf. St.meld. nr. 49 (2003–2004) Mangfold gjennom inkludering og deltaking. Som eit ledd i oppfølginga av stortingsmeldinga sette Regjeringa i gang eit arbeid for å utvikle konkrete og målbare mål for innsatsen med å inkludere av språklege minoritetar på ei rekkje område, mellom anna utdanning. Konkrete målsetjingar er ein føresetnad for å kunne måle resultata av den politikken som blir ført, og for å sjå om staten sine verkemiddel og ressursbruk er effektive. Det er utarbeidd indikatorar for å måle resultatoppnåinga. For skole vart det utarbeidd fire mål med tilhørande indikatorar. Det første målet seier at barn og unge med innvandrarbakgrunn skal meistre norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbytte. Mål to er at ein like stor del etterkommarar av innvandrarar skal fullføre vidaregåande opplæring som i befolkninga totalt. Det tredje målet er at den relative delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskolealder eller vidaregåande opplærings alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke. Det siste målet i denne samanhengen er at delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke. Det er sett i verk ei rekkje tiltak for å nå desse måla, mellom anna gjennom strategiplanen «Likeverdig utdanning i praksis!». For meir informasjon om dette og ein presentasjon av indikatorane, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Kommunal- og regionaldepartementet, vedlegg «Mål for inkludering av innvandrere og deres etterkommere». Sjå også kap. 226.
Strategiar og tiltak
Dokumentasjonsgrunnlaget viser at det er for stor spreiing og for store kjønnsforskjellar i læringsresultata til norske elevar. Progresjon og fullføring i vidaregåande opplæring er heller ikkje tilfredsstillande. I internasjonale undersøkingar er det grunn til å bekymre seg over både den store spreiinga i resultata til dei norske elevane og over at eit så stort tal elevar er på dei lågaste prestasjonsnivåa, særleg når ein vurderer dette opp mot at Noreg er eitt av dei landa i OECD-området som bruker mest ressursar på utdanning, målt i utgifter per elev. For å auke læringsutbyttet, førebyggje fråfall og sikre høg grad av fullføring meiner departementet at det er viktig å identifisere eventuelle læringsproblem og mulige årsaker så tidleg som mogleg i grunnopplæringa.
Kunnskapsløftet, omfattande statlege ressursar til kompetanseutvikling, styrkt satsing på og vidareføring av nasjonale strategi- og tiltaksplanar og vidare satsing på tilpassa opplæring og læringsmiljø (jf. nærmare omtale av dei einskilde tiltaka i kap. 226) skal medverke til realisering av måla om tilpassa opplæring, godt læringsutbytte, betre gjennomføring og redusert fråfall for alle elevar og lærlingar. Sentralt i dette arbeidet står mellom anna ein enklare og meir fleksibel tilbodsstruktur i yrkesførebuande utdanningsprogram og moglegheiter for å praktisere ønskte lærefag allereie frå første året i vidaregåande opplæring. Rådgivingstenesta er òg sentral når det gjeld arbeidet med å fremme optimal progresjon og hindre fråfall. Rådgiving er ein del av Læringsplakaten, og arbeidet med etablering av regionale partnarskap for karriererettleiing er i gang. Utdanningsdirektoratet, i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Aetat Arbeidsdirektoratet, KS, NHO og Vox, utarbeider no mål og kriterium for arbeidet i regionale partnarskap for karriererettleiing. Fylkeskommunane er inviterte til å søkje om midlar til dette.
Fylkeskommunane, KS og Utdanningsdirektoratet har gått saman om å etablere ei ny informasjonsteneste for søkjarar til all vidaregåande opplæring – Vilbli.no. Her skal søkjarane finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon om vidaregåande opplæring for heile landet, uavhengig av eigarform. Søkjarane skal finne relevant informajon på tvers av fylkesgrensene. Friskolane skal likebehandlas med offentlege skolar, både med omsyn til informasjon og inntak. På grunnlag av denne informasjonen skal søkjarane kunne gjere vala sine. Målgruppene for vilbli.no. er ungdom og vaksne som skal søkje vidaregåande opplæring, samt rådgivarar og yrkesrettleiarar. Etter planen skal nettstaden opnast i november 2005, og han vil gi informasjon om dei nye utdanningsprogramma og programområda, i tillegg til informasjon om regelverk, opptakskrav, inntaksreglar og søkjeprosedyrar.
I tråd med «Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008» vil det for 2006 bli sett av 375 mill. kroner til kommunar, fylkeskommunar og andre skoleeigarar for kompetanseutvikling knytt til reforma. Evaluering av «Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008» vil inngå som eit delprosjekt i evalueringa av Kunnskapsløftet.
Dei ulike strategiplanane for kvalitetsutvikling, kompetanseutvikling og læringsutbytte vil bli vidareførte. Sjå nærmare omtale av strategiplanane i kap. 226. Modellprosjektet tilpassa opplæring og spesialundervisning vil bli avslutta våren 2006, og ein vil leggje vekt på å spreie informasjon om erfaringane frå dette prosjektet. Ei vidareføring av prosjektet vil bli vurdert i lys av erfaringane.
Det er først og fremst læringsutbyttet for elevane og lærlingane som seier noko om kvaliteten på opplæringa. Derfor må kunnskapen om dette vere best mogleg. Departementet har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utarbeidd «Strategi for forsking, dokumentasjon og analyse i grunnopplæringa 2005–2008» (Kunnskap for utvikling). Strategien angir hovudprioriteringane for perioden. Prioritert er forsking, dokumentasjon og analyse som kan kaste lys over kva som skaper gode læringsresultat i opplæringa. Det mest sentrale tiltaket er evaluering av Kunnskapsløftet.
Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem gir nødvendig informasjon om læringsutbytte og om sentrale samanhengar mellom ressursar, innhald og resultat. Departementet vil òg satse vidare på deltaking i internasjonale undersøkingar som eit ledd i å følgje utviklinga av læringsutbyttet for norske elevar sett i eit internasjonalt perspektiv. Noreg skal delta i OECD-undersøkinga PISA 2006. I 2006 og 2007 vil Noreg delta i to undersøkingar i regi av The International Association for the Evaluation of Educational Achievement. Den eine undersøkinga gjeld lesedugleik hos tiåringar i 35 land, PIRLS 2006 (Progress in International Reading Literacy Study). Noreg skal òg delta i den neste runden av Trends in Mathematics and Science Study, TIMSS 2007, som omfattar elevar på fjerde og åttande trinn. Det vil også bli aktuelt å delta med elevar frå vidaregåande opplæring. Det vil også bli eit nordisk samarbeid om utnytting av data frå dei internasjonale undersøkingane Noreg deltek i. Departementet vil òg satse vidare på anna internasjonalt samarbeid som ledd i å styrkje opplæringa og læringsutbyttet til elevane og lærlingane. Mellom anna vil departementet halde fram med å leggje til rette for det samarbeidet og samkvemmet som elevar, lærarar og skoleeigarar i Noreg har med tilsvarande grupper i andre land. Sjå kap. 225, 281 og 2410.
Når det gjeld grunnopplæring for vaksne, vil departementet understreke at kommunar og fylkeskommunar har plikt til å informere om og leggje til rette for at vaksne får dei opplæringstilboda dei har rett til. Dette krev ein meir aktiv innsats enn til no, der samarbeid med andre aktørar, som til dømes studieforbund, folkehøgskolar, fjernundervisningsinstitusjonar og verksemder i arbeidslivet, kan vere ein veg å gå. Departementet vil be Fylkesmannen føre tilsyn med at kommunar og fylkeskommunar handlar i samsvar med plikta til å informere om og gi opplæringstilbod til vaksne. Departementet vil òg stimulere til eit betre samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar på den eine sida, og verksemder i arbeidslivet på den andre, slik at opplæringa kan bli betre tilpassa behova til vaksne og skje på arbeidsplassen. Dette kan både gjelde formell kvalifisering i høve til grunnopplæring, og opplæring i grunnleggjande dugleikar (å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy) utan formell kvalifisering, jf. programkategori 07.50 og kap. 257 Ny sjanse!. Vidare vil departementet, i samband med etableringa av regionale partnarskap for karriererettleiing, leggje vekt på at karriererettleiing også skal stette vaksne sine behov, jf. kap. 226.
Som ei oppfølging av eit forslag i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring er det frå 1. november 2005 fastsett endringar i forskrifta om opptakskrav til høgre utdanning med minstekrav til karakterar og studiepoeng ved opptak til lærarutdanninga. Endringa medfører minstekrav til kunnskapar i norsk og matematikk. Dei nye krava skal sikre lærarstudentar med betre faglege kvalifikasjonar.
Departementet har sett i gang eit prosjekt som skal vurdere rekruttering til læraryrket og kompetansen til lærarane. KS, Utdanningsforbundet, Nasjonalt råd for lærarutdanning og studentorganisasjonane deltek i arbeidet. Arbeidsgruppa vil vurdere søkninga til lærarutdanninga etter innføring av opptakskrav, samt utarbeide ei oversikt over søkning til ulike vidareutdanningar. Erfaringar frå prosjektet med rettleiing av nyutdanna lærarar vil stå sentralt i arbeidet til gruppa. Dette prosjektet blir no evaluert. Det vil bli teke omsyn til internasjonalt arbeid på området, mellom anna rapporten «Attracting, developing and retaining effective teachers» (OECD 2005).
I samarbeid med Utdanningsdirektoratet og SSB er det sett gang eit arbeid for å skaffe betre informasjonsgrunnlag om kompetanse til lærarane. Som eit første ledd i dette arbeidet skal det hausten 2005 skje ei kartlegging av lærarkompetansen i grunnskolen. Kartlegginga skal danne grunnlag for ein meir langsiktig strategi for å få oversikt over og følgje opp lærarane sin kompetanse, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.
Det er i dag lovfesta forskjellige ordningar for finansiering av opplæringa til bebuarar i helseinstitusjonar og barnevernsinstitusjonar. Departementet arbeider derfor, saman med andre berørte departement, med å kartleggje opplæringa i helse- og barnevernsinstitusjonane for å vurdere om det er behov for å endre dagens ordningar og eventuelt foreslå konkrete endringar i lovbestemmingane på dette området.
Mål: Eit godt læringsmiljø for alle elevar og lærlingar
Tilstandsvurdering
Skolen skal drive eit kontinuerleg arbeid for å sikre at skolemiljøet fremmer helse og tryggleik for elevane, jf. opplæringslova § 9a. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit informasjonshefte til elevar og foreldre om kapittel 9a. Det nye nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gir skolane et systematisk verktøy for utviklingsarbeid innanfor blant anna læringsmiljøet. Skolen sitt ansvar for å følgje opp kapittel 9a er òg understreka i Rundskriv UDir 07-05 om ordensreglement i grunnskolar og vidaregåande skolar. Fylkesmennene har i oppgåve å føre tilsyn med kommunar og fylkeskommunar, også i samband med kapittel 9a, og dei er klageinstans dersom saker ikkje lét seg løyse på lokalt nivå. I 2004 mottok fylkesmennene i alt 54 klager etter kapittel 9a, der tolv handla om det fysiske miljøet og 42 om det psykososiale miljøet på skolen. Sjølv om talet på formelle klager er lågt, har det etter departementet si vurdering vorte eit sterkare fokus på den retten elevane har til eit godt skolemiljø etter at kapittel 9a vart innført. Dette fører til større utfordringar med omsyn til kommunikasjon og samhandling mellom elevar, foreldre, lærarar, skoleleiing og skoleeigar. Det er framleis kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gode nok rutinar for handsaming av saker om skolemiljø.
Samstundes viser resultata frå den nasjonale befolknings- og brukarundersøkinga 2004 frå TNS Gallup at skolen som offentleg teneste blir positivt vurdert. Eit klart fleirtal av dei føresette er nøgde med grunnskolen sett under eitt. Når det gjeld læringsmiljøet, er føresette i grunnskolen mest nøgde med barnets trivsel og klassestyrars åtferd, omsorg og arbeidsinnsats, mens dei er minst nøgde med inneklima og moglegheiter for medverknad. I dei siste fire åra er likevel føresette vortne stadig meir nøgde med inneklima, uteareal og skolebygningar. Sidan 2003 er dei òg vortne meir nøgde med korleis grunnskolen handterer mobbing. Tydelegast er dette i barneskolen. Når det gjeld orden og disiplin i klassen, er føresette noko mindre nøgde i 2004 enn i 2003.
Også i vidaregåande opplæring uttrykkjer brukarane at dei er nøgde med dei fleste områda som er vurderte. Noko av det brukarane er mest tilfredse med, er trivsel på skolen, det sosiale miljøet og forholdet mellom lærar og elev. Som i grunnskolen er brukarane i vidaregåande opplæring minst nøgde med inneklimaet og medverknad i skolekvardagen. Men det er ein signifikant auke frå 2000 når det gjeld kor nøgde dei er med inneklimaet. Som i grunnskolen er brukarane mindre nøgde med orden og disiplin i klassen i 2004 enn i 2003.
Ein rapport frå NIFU STEP (Helland og Næss 2005) viser òg at norske elevar trivst godt i skolen. Rapporten byggjer på ein analyse av data frå Elevinspektørane, ei årleg kartlegging av korleis elevar på sjuande og tiande steget i grunnskolen og elevar på grunnkurs i vidaregåande skole vurderer læringsmiljøet sitt, og korleis dei oppfattar sin eigen motivasjon og trivsel. Graden av elevmedverknad og elevdemokrati blir også vurdert. Elevinspektørane er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Resultata frå Elevinspektørane for kvar enkelt skole blir presenterte på skoleporten.no. Elevane trivst både med medelevar og med lærarar. Trivselen er høgre blant dei eldre elevane, men dei yngre trivst også godt. Det er førebels ikkje mogleg å seie noko om korleis elevane sin trivsel har utvikla seg over tid, da perioden for datainnsamling ikkje har vore lang nok. Når det gjeld motivasjon, er ikkje biletet fullt så positivt. Her viser resultata at elevane berre har middels motivasjon. Dei yngste elevane er mest motiverte, medan motivasjonen minkar med aukande alder.
Elevane rapporterer om relativt avgrensa elevmedverknad. Rundt halvparten av elevane seier dei ikkje i det heile, eller berre i nokre fag, opplever at dei har innverknad på korleis opplæringa deira blir gjennomført. Når det er spørsmål om elevmedverknad, er det ein markant forskjell mellom dei ulike studieretningane. Elevar på dei studieførebuande studieretningane opplever at dei i mindre grad har innverknad på si eiga opplæring enn elevar på yrkesfaglege studieretningar. Mange elevar svarer at dei ikkje veit korleis det står til med elevdemokratiet på deira eigen skole. Dette kan ha fleire forklaringar, men kan tyde på at elevrådet ikkje blir teke alvorleg av skoleleiinga og lærarane, og/eller at elevrådet ikkje er synleg nok i skolekvardagen. Elevane på grunnkurs opplever demokratiet som dårlegare på yrkesfaglege studieretningar enn på studieførebuande studieretningar.
Elevinspektørane viser òg at eit klart fleirtal av elevane på alle trinn seier at dei aldri blir mobba og heller aldri mobbar andre. Ein studie frå Senter for atferdsforskning viser at omfanget av mobbing er redusert i skolen frå 2001 til 2004. Forskarane finn ein klar samanheng mellom åtferda til elevane og kvaliteten på lærarane si leiing av læringa. Studien viser at god klasseleiing gir god elevåtferd.
«Manifest mot mobbing» (2002–04) har vore evaluert av Rogalandsforsking. Evalueringa konkluderer med at arbeidet med manifestet ser ut til å ha styrt utviklinga på dette feltet i positiv retning, og at ambisjonane om å skape meir merksemd omkring mobbing langt på veg er innfridde. Det har vore ein nedgang i mobbing, særleg blant gutar. Evalueringa viser også at foreldre er meir inkluderte i lokalt samarbeid og utvikling av eit betre sosialt oppvekstmiljø. Svært mange skolar har laga eigne manifest eller lokale mål mot mobbing. Evalueringa viser likevel at det finst klare forbetringsområde. Det har til no vore lite samordning mellom tiltak mot mobbing og andre tiltak for å styrkje lærings- og oppvekstmiljøet i barnehage, skole og miljø knytte til fritida. Det har òg vore lite samarbeid mellom ulike organisasjonar kring mobbeproblematikken, til dømes mellom skolar og barnehagar. Alle grunnskolane har i manifestperioden vore inviterte til å ta i bruk Olweus-programmet mot mobbing og antisosial åtferd i skolen eller antimobbeprogrammet Zero frå Senter for atferdsforskning. Til saman har nesten 800 skolar teke i bruk eit av desse programma. Evalueringa viser at programma har effekt, og at omfanget av mobbing er redusert på dei skolane som brukar dei systematisk. I 2004 vart om lag 5 pst. av elevane i barneskolen, 4–5 pst. i ungdomsskolen og 3 pst. i vidaregåande opplæring mobba kvar veke eller oftare. Forskarane meiner at to år er for kort tid til å realisere visjonen om eit mobbefritt skolemiljø. Manifestet blir derfor vidareført i 2005–07. Resultata frå evalueringa av Manifest mot mobbing blir stadfesta av ei undersøking frå Senter for atferdsforskning (SAF), som viser at 26 pst. færre sjette- og niandeklassingar vart mobba i 2004 samanlikna med i 2001.
Det er prøvd ut to modellar for førebygging og meistring av problemåtferd: det skoleomfattande programmet «Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samspel i skole» (PALS-modellen) og utviklingsprosjektet «Læringsmiljø og problemåtferd» (LP-modellen). Modellane er evaluerte, og evalueringa viser at arbeidet har gitt positive resultat på fleire område i skolen. Samarbeidet mellom lærarar, måten dei har handtert åtferdsproblem på, og evne til leiing er styrkte. Forholdet mellom elevane er blitt betre, og det same gjeld forholdet til lærarane. Generelt sett har trivselen auka.
Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) la i 2003 fram rapporten «Kartlegging av reklame i lærebøker i grunnskolen». Rapporten viste at omfanget av marknadsføring i skolen er lite. Framtiden i våre hender (FIVH) la i 2005 fram rapporten «Skolen – en reklamefri sone?». Denne rapporten viste at omfanget og tilbodet av sponsa lærebøker er lite. Samstundes viste rapporten at eit stort fleirtal av skolane har motteke varer eller tenester gjennom sponsing, reklamefinansiering eller partnaravtalar med næringslivet i dei siste to åra. For barneskolar var det i hovudsak tale om produkt som matboksar, refleksvestar osv. I ungdomsskolen er omfanget av sponsing mindre.
Barn og unge lever i ein digital kvardag som på ulikt vis kan påverke læringsmiljøet. Ein rapport frå NOVA (2004) syner at nær 95 pst. av all ungdom har PC heime, og om lag 83 pst. har tilgang til Internett heime. Ulike teknologiar representerer både ein ressurs og ein risiko for unge. Redd Barna har i fleire rapportar retta søkjelyset mot dei uheldige sidene ved barn og unge sin bruk av Internett, dataspel og mobiltelefonar, mellom anna det å bli avhengig, ulike former for overgrep og mobbing. Skolen må medverke til at dei unge blir kritiske og årvakne i bruken av teknologiane. Samstundes er det ei utfordring for skolen å syte for at det ikkje oppstår eit digitalt skilje mellom dei som kan bruke PC/Internett heime, og dei som ikkje kan det.
Det er eit mål for Regjeringa å betre dei fysiske tilhøva i skolen. Ei følgje av denne prioriteringa var oppnemninga av Eiendomsforvaltningsutvalget. Utvalet sitt arbeid var knytt til manglande vedlikehald av den kommunale og den fylkeskommunale bygningsmassen. Eiendomsforvaltningsutvalget leverte utgreiinga NOU 2004:22 «Velholdte bygninger gir mer til alle» til kommunal- og regionalministeren og utdannings- og forskingsministeren 5. november 2004. I St.prp. nr. 60 (2004–2005) Kommuneproposisjonen er det ein gjennomgang av Regjeringa si oppfølging av innstillinga frå utvalet. I utgreiinga er det sett mål og kriterium for god eigedomsforvaltning i kommunesektoren. Dette er mål og kriterium som kommunesektoren kan ta i bruk umiddelbart.
Riksrevisjonen har laga ein rapport om kommunane sitt ansvar for skolebygningar, jf. Dok. nr. 3:13 (2004–2005). Målet med undersøkinga var å kaste lys over korleis kommunane har ivareteke forvaltningsansvaret sitt for skolebygningar, og korleis staten følgjer opp sitt ansvar. Undersøkinga omfattar informasjon om kommunal eigedomsforvaltning av skolebygningar frå ein fjerdedel av kommunane. Desse kommunane har oppgitt tilstanden og vedlikehaldsnivået til skolar bygde før 1985. Dette omfattar 20 pst. av grunnskolane i Noreg. Rapporten frå undersøkinga syner at 42 pst. av skolane i undersøkinga har ein bygningsmessig tilstand som er tilfredsstillande, og følgjeleg at 58 pst. av skolane i undersøkinga har ein bygningsmessig tilstand som ikkje er tilfredsstillande. Dette utgjer om lag 12 pst. av alle grunnskolar i Noreg.
Regjeringa har prioritert det fysiske skolemiljøet gjennom rentekompensasjonsordninga for investeringer i skoleanlegg. Gjennom ordninga blir det stilt til rådvelde ei investeringsramme for kommunar og fylkeskommunar på i alt 15 mrd. kroner over ein periode på åtte år. Berekning av rentekompensasjonen skjer med utgangspunkt i eit serielån med 20 års løpetid i Husbanken. Kommunane står fritt til å velje om finansieringa skal skje med eller utan opptak av lån, og dei vel fritt kva låneinstitusjon som skal nyttast. Ordninga vart forvalta av Husbanken, jf. også omtale under kap. 582 post 60 i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Kommunal- og regionaldepartementet. Ordninga, vart innført i 2002, skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til å byggje nye skoleanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg. Kommunar og fylkeskommunar har vist stor interesse for ordninga etter at ho vart innført i 2002. I løpet av dei fire første åra med ordninga, til og med 2005, er det fasa inn i alt 10 mrd. kroner av den føresette investeringsramma på 15 mrd. kroner. Til og med første halvår 2005 hadde i alt 391 kommunar og fylkeskommunar søkt om midlar. Totalt har Husbanken registrert 1 240 prosjekt, om lag 200 fleire prosjekt enn på same tid i fjor.
Strategiar og tiltak
Eit godt læringsmiljø skal fremme elevane si læring. I tillegg til fråvær av negative psykososiale og fysiske faktorar er det viktig at skolen tek vare på rolla si som verdiformidlar. I denne samanhengen inngår både det at lærarane må ha autoritet som vaksenpersonar, og at elevane må lære å fungere saman på ein disiplinert måte i skolekvardagen.
Utdanningsdirektoratet vil halde fram arbeidet med å spreie erfaringane frå ulike nasjonale verdiprosjekt. Ei målsetjing er at skolane utarbeider eit verdigrunnlag i samarbeid med alle partane i skolen. Dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet har kompetansemål om verdiar. Arbeidet med verdiar og verdimedvit blir sett i samanheng med andre tiltak for eit betre læringsmiljø. Arbeidet for ei trygg skoletid utan mobbing held fram gjennom vidareføring av Manifest mot mobbing. Noreg skal framleis delta aktivt i OECD sitt internasjonale nettverk «International Network on School Bullying and Violence».
Departementet vil vidareføre deltakinga i EU sitt arbeid for tryggare bruk av Internett gjennom handlingsplanen «Safer Internet Plus 2005–2008». Deltaking i eit tverrdepartementalt arbeid retta mot barn og unge sin bruk av Internet vil bli vidareført, mellom anna gjennom delfinansiering av Barne- og familiedepartementet sin tiltaksplan Barn, unge og Internett. Tiltaksplanen vart utvida i 2005 til å omhandle mobiltelefoni, dataspel, blogging og andre teknologiar i barn og unge sin kvardag. Arbeidet er retta inn mot å informere barn, unge, foreldre og lærarar om dei uheldige sidene som teknologiane representerer, og kva dei kan gjere sjølve for å verne seg. Vidare er kjeldekritikk, personvern og nettvett tema som er integrerte i det nye læreplanverket.
Samarbeid mellom heim og skole blir ført vidare slik det mellom anna står i Læringsplakaten, punkt 10. For omtale av Foreldreutvalet for grunnskolen, sjå kap. 204.
Departementet vil vurdere moglege måtar å regulere reklame og kommersielt press i skolen på. Det vil òg bli utarbeidd ei rettleiing for handtering av reklame, sponsing og kommersielt press i skolen.
Departementet vil delta i Regjeringa sin innsats for eit betre oppvekstmiljø for barn og unge gjennom ulike handlingsplanar som gjeld til dømes rusmiddelproblem, barne- og ungdomskriminalitet, fysisk aktivitet og psykisk helse.
Tiltaket Fysisk aktivitet og måltid i skolen vil halde fram i 2006 i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet. I skoleåret 2005–06 vil om lag 300 nye skolar delta. Det skal setjast i gang eit nordisk nettverk på området. Institutt for utdanning og helse ved Universitetet i Bergen evaluerer skoleprosjekta. Departementet sin «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005–2010» blir ført vidare.
Som eit ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 538 om måltid i skolen vil departementet etablere ei arbeidsgruppe som skal greie ut spørsmål knytte til skolemåltid. Arbeidsgruppa skal framskaffe eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om måltid i skolen, komme med overslag over kva ulike modellar vil koste, og vurdere desse. Gruppa skal vurdere samfunnsøkonomisk nytte av ulike modellar i høve til kostnadene. Medlemmene i arbeidsgruppa vil vere fagfolk med ulik bakgrunn og representantar for sentrale partar med interesse for og kompetanse i saka. Rapporten skal liggje føre våren 2006.
Regjeringa foreslår å utvide ordninga med rentekompensasjon for investeringer i skoleanlegg med ytterlegare 2 mrd. kroner i 2006. Med dette er det fasa inn 12 mrd. kroner av den samla investeringsramma på 15 mrd. kroner.
Kapittel 9a, som omhandlar elevane sitt skolemiljø, vart føydd til opplæringslova med verknad frå 1. april 2003. Denne lovendringa har styrkt elevanes rettar med omsyn til skolemiljø. Departementet vil støtte skolering av skolemiljørepresentantar samt elevtillitsvalde og elevråd.
Kartlegging av lærebedriftssituasjonen i små og verneverdige fag
Våren 2004 vart det lagt fram eit forslag i Dok. nr. 8:21 (2003–2004) om å etablere nettverk og opplæringskontor for lærlingar i små og verneverdige fag. I svaret til Stortinget sa statsråden at på bakgrunn av mangfaldet av fag, bedriftsstrukturar og vilkår for små og verneverdige fag ville Regjeringa gi Sekretariatet for små og verneverdige fag (SSV) i oppdrag å kartleggje:
eventuelle svake sider ved dagens ordning
behov hos ulike bedrifter for støttetiltak
årsak til nedgang i søkning til små og verneverdige fag
rekrutteringsfremmande tiltak
tiltak for å styrkje samarbeidet innanfor Norden og EØS-området
På bakgrunn av kartlegginga lovde Regjeringa å komme tilbake til Stortinget med ei grundigare utgreiing av situasjonen for små og verneverdige fag, og eventuelt foreslå nye tiltak dersom det er nødvendig. Små og verneverdige fag omfattar lærefag der fagkunnskapen står i fare for å dø ut, fag som tek vare på tradisjonelle teknikkar, materiale eller metodar, og fag som har kulturell verdi som det av samfunnsmessige årsaker er viktig å vidareføre. Når faget har meir enn 15 nye kontraktar i ein treårs periode, mister det statusen som lite og verneverdig. I dag er det 35 av totalt 210 lærefag som har status som små og verneverdige. Det er for tida totalt 104 lærekontraktar i desse faga.
Kartlegginga, som omfatta 127 bedrifter og 36 tidlegare lærlingar, vart lagd fram i midten av 2005, og hovudkonklusjonane i rapporten viser at det totalt sett har vore ein viss nedgang i løpande lærekontraktar i små og verneverdige fag i perioden 1996–2005. Frå 1996 til slutten av 1990-åra var talet på lærekontraktar om lag 150, og sidan 2000 har talet ligge på i overkant av 100. Årsakene til dette er fleire. For det første vart det fram til slutten av 1990-åra inngått ein del kontraktar i desse faga gjennom tiltaksmiddel frå Aetat. Denne ordninga opphørte på slutten av 1990-åra og førte til eit umiddelbart fall i talet på læreplassar. For det andre har læreplassituasjonen endra seg på grunn av næringsstrukturelle forhold som har ført til at enkelte bedrifter har lagt ned verksemda.
I underkant av 20 pst. av bedriftene i kartlegginga var medlem av opplæringskontor, og dette gjeld oftare store enn små bedrifter. Nesten 50 pst. ser positivt på at opplæringa kan bli organisert gjennom opplæringskontor, og dei er villige til å bruke tilskott for å få hjelp til administrative oppgåver og teoriopplæring for lærlingane. Den andre halvdelen av bedriftene ønskjer å ta totalansvaret for opplæringa sjølv.
Bedriftene i kartlegginga fordelte seg på elleve fylke, og syner at det er ei form for import av lærlingar til bedrifter i Oslo, Oppland, Aust-Agder og Sør-Trøndelag. Dette har i stor grad årsaka si i næringsgrunnlaget, og at store lærebedrifter ligg i desse fylka, som til dømes teatra i Oslo og Erkebispegarden i Trondheim.
Sjølv om tala er små, er det interessant at berre halvparten av dei som vart intervjua, var utøvarar i det aktuelle faget etter nokre år. Den delen som ikkje praktiserte yrket, var større for dei som hadde hatt lærekontrakt gjennom opplæringskontor, enn for dei som hadde kontakta bedrifta direkte. Av dei som ikkje praktiserte yrket, hadde nokre ikkje vore i arbeid i det heile. 30 pst. av dei spurde ville ikkje rå andre til å ta ei opplæring innanfor små og verneverdige fag. Årsakene var at det er vanskeleg å leve av faget, og at marknaden for tenestene eller produktet er for dårleg. Det er likevel ikkje slik at dei som ikkje praktiserer faget, er meir negative enn dei som gjer det.
Kartlegginga syner at små og verneverdige fag utgjer eit mangfald, både i forhold til faga sin eigenart, bedriftsstruktur og vilkår. Det er store skilnader i behovet for faglært arbeidskraft, investeringsbehov og krav til marknadsgrunnlag mellom dei enkelte faga. Enkelte fagområde har hatt ei naturleg utvikling bort frå handverk til meir industriprega verksemd. Andre fag er nærmast utkonkurrerte av utanlandske aktørar. Atter andre fag har hatt eit oppsving og mange nye faglærte.
I kartlegginga har SSV freista å kartleggje det behovet dei ulike bedriftene har for støttetiltak. Også her er biletet svært variert. Hovudinntrykket er at dei fleste små bedriftene ønskjer å stå utanfor opplæringskontora, medan dei store ønskjer å vere medlem i eit opplæringskontor. Dette gjer det lite formålstenleg å foreslå ein felles modell for organisering av opplæringstilbodet i desse faga. Tvert imot er det viktig for å halde oppe talet på læreplassar at det er eit mangfald av moglegheiter, tilpassa kvar enkelt bedrift. Etter departementet si vurdering syner kartlegginga at næringsgrunnlaget innanfor enkelte av dei små og verneverdige faga er lite, og at det kan vere vanskeleg å utøve yrket etter avslutta utdanning. Departementet meiner at talet på læreplassar i små og verneverdige fag ikkje bør overstige marknadsgrunnlaget for utøvarar. Det vil derfor vere naturleg at det i periodar er låg eller ikkje-eksisterande opplæringsaktivitet i enkelte fag. Departementet meiner vidare at det på denne bakgrunnen også vil vere viktig å styrkje og vidareutvikle samarbeidet med andre opplæringsaktørar i Norden og resten av Europa, slik at dersom eit opplæringstilbod ikkje kan haldast oppe i Noreg, så vil eit slikt tilbod likevel kunne bli gitt norske søkjarar i eit anna land.
Departementet vil vurdere å vidareutvikle SSV sine oppgåver for å overvake situasjonen for fag som er i faresona.
Departementet meiner at det totale talet på lærlingar innanfor små og verneverdige fag er tilstrekkeleg høgt til å dekkje behovet for nye utøvarar. På bakgrunn av dette vil departementet førebels ikkje foreslå nye støttetiltak eller særlege tiltak for å fremme rekruttering til desse faga, men vil følgje utviklinga vidare.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 3220)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 131 450 | 127 524 | |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 7 848 | 7 916 | |
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 37 634 | 38 838 | |
Sum kap. 220 | 176 932 | 174 278 |
I 2005 vart løyvinga på kap. 202 flytta til kap. 220.
Kapitlet omfattar mellom anna:
drift av direktoratet, som lønn, godtgjersler og andre utgifter
utgifter knytte til Samarbeidsorganet for yrkesopplæring og dei nye faglege råda
utgifter knytte til arbeid med det faglege og administrative ansvaret for språkprøva
Utdanningsdirektoratet vart oppretta 15. juni 2004. Direktoratet skal medverke til å sikre den retten barn, ungdom og vaksne har til ei likeverdig grunnopplæring av høg kvalitet tilpassa behova til den einskilde. Hovudoppgåvene for direktoratet er:
å fremme kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
å fremme kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa
å utføre forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa
Direktoratet har ansvaret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230, og for embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet. For omtale av fylkesmannsembeta, sjå St.prp. nr. 1 (2005–2006) Moderniseringsdepartementet. Direktoratet har også ansvaret for etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222, og oppgåver i samband med det samiske utdanningsområdet, jf. kap. 206, 222 og 225. Vidare har direktoratet ansvaret for styringa av dei seks nasjonale sentra for matematikk i opplæringa, naturfag i opplæringa, leseopplæring og leseforsking, fleirkulturell opplæring, nynorsk i opplæringa og framandspråk i opplæringa. Direktoratet har også styringsansvar for Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga (ITU).
Post 01 Driftsutgifter
Resultatrapport for 2004
Etableringa av direktoratet vart gjennomført ved ei samanslåing av Læringssenteret og sentraladministrasjonen for Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped), og ved overføring av oppgåver og personell frå Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD), jf. St.prp. nr. 65 (2002–2003) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2003–2004). Direktoratet, som har kontor i Oslo, Molde og på Hamar, hadde ved årsskiftet 2004–05 om lag 220 tilsette.
Gjennomføringa av reforma i grunnopplæringa – Kunnskapsløftet – har vore ei av de største arbeidsoppgåvene for Utdanningsdirektoratet. Dette har omfatta:
utvikling av nye læreplanar i grunnopplæringa
oppfølging av «Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008»
vidareutvikling av det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering, særleg nasjonale prøver og nettstaden skoleporten.no
oppfølging av nasjonale strategiar for lesing, realfag, entreprenørskap og likeverdig utdanning
oppfølging av dei nasjonale sentra for matematikk, naturfag, leseopplæring, nynorsk, framandspråk og fleirkulturell opplæring
I samband med Kunnskapsløftet har direktoratet oppretta eit nasjonalt reformforum for dei sentrale aktørane.
Kunnskapsløftet har gjort det nødvendig med meir informasjon til foreldre, elevar, lærlingar, lærarar og den statlege utdanningsadministrasjonen. Informasjonen til dei ulike målgruppene er formidla vidare både på Utdanningsdirektoratet sine tre nettstader og gjennom anna informasjonsmateriell.
I tillegg har direktoratet følgt opp oppgåvene sine i samband med elev- og lærlingvurdering, utviklingsarbeid og forsøk, lærings- og oppvekstmiljøet til elevane og lærlingane, mellom anna oppfølging av «Manifest mot mobbing», og utvikling og styrking av det spesialpedagogiske området.
For nærmare resultatrapport, sjå kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning.
Direktoratet er delegert myndigheit etter lov om frittståande skolar (friskolelova) med tilhørande forskrifter, jf. rundskriv F-06-04 av 15. juni 2004 og F-16-04 av 10. desember 2004.
Det er oppretta eit nytt «Samarbeidsråd for yrkesopplæring» (SRY) og ni nye faglege råd. Direktoratet har samordna og førebudd arbeidet i desse organa. I samarbeid med dei faglege råda er det utarbeidd 185 kompetanseplattformer. Desse utgjer måldokument for læreplanarbeidet og beskriv faglege oppgåver som kan løysast etter fullførd utdanning på Vg2-nivå.
Frå 1. januar 2005 har direktoratet forvalta fleire ulike tilskottsordningar. For omtale av tilskottsordningar, sjå kap. 225, 227, 228, 229 og 254.
Resultatmål for 2006
I 2006 skal Utdanningsdirektoratet arbeide vidare med oppfølging av Kunnskapsløftet og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, jf. kap. 226 og 230. Dei største oppgåvene er:
vidare utvikling av nye læreplanar i samband med Kunnskapsløftet
oppfølging av «Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008»
vidare utvikling av det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering
oppfølging av dei nasjonale strategiane
oppfølging av dei nasjonale sentra
evaluering av Kunnskapsløftet
målretta statleg tilsyn
forvaltning av friskolelova
forvaltning av folkehøgskolelova
gjennomføring av ei brukarundersøking om korleis brukarane vurderar direktoratet sine tenester. Resultata skal publiserast på direktoratet si nettside.
Direktoratet skal vidareføre faste arbeidsoppgåver innanfor statleg forvaltning, som mellom anna omfattar:
forvaltning av regelverk med tilhørande tilsyn
rettferdsvederlag
forsøk etter opplæringslova
forvaltning av tilskottsordningar
embetsstyringa av fylkesmannsembetet på utdanningsområdet
etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring
etatsstyring av dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra
samordning og førebuing av arbeidet i «Samarbeidsråd for yrkesopplæring» og nye faglege råd
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir utvikla og produsert nødvendige læremiddel i smale fagområde og/eller for små elevgrupper, samt særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar der det ikkje er tilstrekkeleg marknadsgrunnlag for eigenproduksjon frå forlaga. Tilskottsmottakar er forlag, private institusjonar og andre miljø som utviklar og produserer læremiddel. Tilskottet kan bli gitt til produksjon av læremiddel for barn i barnehagar, elevar i grunnskole, vidaregåande opplæring, teknisk fagskole, vaksenopplæring på grunnskolen sitt område og på vidaregåande nivå, opplæring for vaksne innvandrarar og for studentar i lærarutdanning. Det blir ført kontroll med at dei ferdige læremidla er i samsvar med krava i tilskottsbrevet. Tilskottsordninga blir forvalta av Utdanningsdirektoratet.
Rapport for 2004–05
I 2004–05 er det løyvd tilskott til produksjon av læremiddel for VKII Serviceelektronikarfaget og til revidering av læremiddel for ei rekkje studieretningsfag i studieretning for elektrofag og mekaniske fag. Det er sett i gang utvikling av nye læremiddel i samsvar med handlingsplan for arbeid med læremiddel for språklege minoritetar. Det er også løyvd tilskott til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring, læremiddel på teiknspråk og punktskrift samt lydbokproduksjon. Det er også gjennomført fleire forskings- og evalueringsprosjekt innanfor læremiddelområdet. Nordisk ordboksprosjekt LEXIN-N er ført vidare. Det er ferdigstilt tre illustrerte nettordbøker i MINI-utgåver: norsk–sorani, norsk–kurmanji og norsk–somalisk. Norsk–tamilsk illustrert ordbok og Illustrasjonshefte med tekst på bokmål og nynorsk i LEXIN-serien er gitt ut i trykt form.
Departementet vil sørgje for at det blir produsert læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde i samband med ny struktur i vidaregåande opplæring. Departementet vil også sørgje for utvikling, produksjon og distribusjon av særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar, m.a. læremiddel på nokre av dei store innvandrarspråka som 2. framandspråk. Nordisk samarbeid om LEXIN og internasjonalt samarbeid om DAISY vil bli ført vidare. Ein vil halde fram med utvikling og utprøving av DAISY fulltekst-lydbøker.
Budsjettforslag for 2006
I høve til 2005 er løyvinga på post 01 nedjustert med 9,12 mill. kroner og post 21 nedjustert med 0,18 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006. Departementet foreslår at løyvinga til Utdanningsdirektoratet blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd på kap. 3220 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2. I tillegg kan løyvinga på post 21 nyttast under post 70.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 220)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 7 503 | 7 743 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 11 548 | 9 674 | |
Sum kap. 3220 | 19 051 | 17 417 |
Post 02 Salsinntekter o.a.
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005) gjenoppretta kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen løyvinga på kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen. Løyvinga på det tilhørande inntektskapitelet vart ikkje oppretta samstundes. På denne bakgrunnen blir det foreslått å løyve kr 236 000 på kap. 3204 post 02 mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 3220 post 02. Med denne justeringa foreslår departementet at løyvinga til Utdanningsdirektoratet på post 02 blir ført vidare på tilsvarande nivå som i 2005.
Kap. 221 Grunnskolen (jf. kap. 3221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 3 925 | ||
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen | 827 881 | ||
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 32 719 | ||
67 | Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar , overslagsløyving | 40 886 | ||
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 371 480 | ||
70 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 7 563 | ||
Sum kap. 221 | 1 284 454 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 221 flytta til kap. 225 og 227.
Kap. 3221 Grunnskolen (jf. kap. 221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 54 296 | ||
Sum kap. 3221 | 54 296 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 3221 flytta til kap. 3225.
Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 53 300 | 124 758 | 122 834 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 4 021 | 3 270 | |
Sum kap. 222 | 53 300 | 128 779 | 126 104 |
Frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 222 auka ved at midlane frå kap. 232 vart flytta.
Kapitlet omfattar:
drift av Longyearbyen skole, Svalbard
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
kjøp av undervisnings- og internattenester frå dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv
drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
drift og vedlikehald av Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole, Vea
lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege vidaregåande skolar
ventelønn for personale frå avvikla statsinternat
Resultatrapport for 2004
Etatsstyringsansvaret for Longyearbyen skole og dei statlege skolane som gir tilbod til samiske elevar, har vore delegert til Utdanningsdirektoratet frå det vart oppretta 15. juni 2004.
Longyearbyen skole
Talet på elevar ved Longyearbyen skole varierer i løpet av skoleåret. Det kjem av at familiar flyttar til og frå Svalbard heile året. Hausten 2004 hadde Longyearbyen skole 197 elevar (190 elevar året før) i grunnskolen og 38 elevar (35) i vidaregåande opplæring. Skolen driv òg ei skolefritidsordning med 50 elevar, og ein kulturskole med 110 barn. I tillegg gav skolen opplæring i norsk med samfunnsfag for om lag 45 framandspråklege vaksne. Ved skolen er det òg PP-teneste.
Den vidaregåande skoleavdelinga gir eit treårig tilbod i studieretninga for allmenne og økonomiske og administrative fag. Dersom det er tilstrekkeleg med søkjarar, gir skolen også tilbod innanfor yrkesfaglege studieretningar. I skoleåret 2004–05 har skolen ikkje hatt noko yrkesfagleg opplæringstilbod, men dette har starta opp igjen i skoleåret 2005–06.
Grunnskolar for samiske elevar
Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal, hadde åtte faste elevar i skoleåret 2004–05. Skolen gir tilbod om «integreringsopphald» åtte veker à 30 timar, og 32 elevar deltok på dette tilbodet. Skolen har òg eit tilbod om hospitering med to samlingar i året i faget duodji/utmark. I tillegg hadde skolen 35 elevar frå 18 skolar i 12 kommunar som fekk fjernundervisning i sørsamisk. Skolen har ambulerande lærarar som besøkjer skolar med elevar som skal ha opplæring i sørsamisk og andre samiske emne. Det blir òg gitt rettleiing til foreldre, lærarar og skoleleiinga. To lærarstudentar fekk praksisopplæring ved skolen.
Etter avtale med kommunane kjøper staten skole- og internattenester frå sameskolane i Målselv og Snåsa. Skoleåret 2004–05 hadde skolen i Målselv 14 elevar frå seks kommunar, mot 16 elevar året før. Skolen i Målselv gir også fjernundervisning i nordsamisk fire timar i veka til elevar ved Sameskolen i Snåsa. Skoleåret 2004–05 var det gjennomgåande 20 heltidselevar ved Sameskolen i Snåsa, mot 18 året før. Skolen gav fjernundervisning i sørsamisk til 20 elevar, mot 32 året før. I tillegg til desse 20 elevane var det 12 elevar som deltok i «språkbad»/temaveker/integreringstilbod à fire veker.
Prosjektet «Sørsamisk opplæring ved heimeskolen» vart avslutta i 2004, og det blir arbeidd med oppfølging av rapporten, jf. omtale under resultatmål for 2006.
Statens samiske vidaregåande skolar
Skoleåret 2004–05 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 114 ordinære elevar (121 elevar året før) på fire studieretningar, 18 delkurselevar og 36 deltakarar på opne kurs som varde minst ein dag. Talet på faste elevar har vore relativt stabilt i dei siste fire åra. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde like mange elevar som året før (120) fordelte på fem studieretningar, ni delkurselevar og 38 deltakarar på opne kurs.
Det er arbeidd vidare med å utvikle samarbeidet mellom dei to skolane for å få best mogleg ressursutnytting. Skolane samarbeider om fjernundervisning og har felles undervisning i enkelte fag. Styret for dei to skolane har utarbeidd planar for å byggje ut fjernundervisningstilbodet.
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole, Vea
Skolen hadde i skoleåret 2004–05 60 elevar frå elleve fylke på heiltidstilbod for blomsterdekoratørar og tre som tok teoridelen til fagprøva. 39 elevar frå elleve fylke deltok på den modulbaserte gartnarutdanninga. I tillegg kjem deltakarar på ulike korte kurs. Fleire elevar har vidaregåande opplæring før dei tek utdanning på Vea. Skolen har mange vaksne elevar.
I samsvar med omstillingsprosjektet frå 2002 er omfanget av vidaregåande opplæring redusert. Skolen har ikkje teke inn elevar til grunnkurs dei siste to åra. Frå hausten 2005 er også inntak til vidaregåande kurs redusert. Skolen har utvikla planar for fagskoleutdanning i Botanisk design, Park- og hagedrift og Grøn fagskole, og endelege søknader om godkjenning vart sende NOKUT i april 2005. Eit kompetanseutviklingsprogram for personalet er sett i gang. Skolen har ein aktiv rolle i internasjonalt samarbeidsprogram for blomsterdekoratørutdanning.
Statens dykkarskole
Frå 1. januar 2005 er Statens dykkarskole integrert i Høgskolen i Bergen og får i 2006 tildeling frå kap. 275. Dykkarskolen hadde i sitt siste år som sjølvstendig verksemd det største aktivitetsomfanget i skolen si 25-årige historie. Det var sterk søkning til skolen i 2004, og verksemda omfatta grunnkurs, inspeksjonskurs, kurs for anleggsdykking, redningsdykking og ulike kortare kurs. Talet på elevdagar var 5 157 mot 4 589 i 2003 og 3 575 i 2002. Kursomfanget for 17 kurs utgjorde 513 kursdøgn mot 411 for 11 kurs i 2003 og 318 for 10 kurs i 2002. Det var 151 kursdeltakarar i 2004, mens det var 104 i 2003 og 94 i 2002. Dei måla og resultatkrava som var sette for året, vart innfridde innanfor ramma av dei tildelingane og fullmaktene som var gitte til styret.
Dykkarskolen utvikla i 2004 planar for fagskoleutdanning, og søknad om godkjenning vart sendt NOKUT i desember. I desember vart det også stifta eit aksjeselskap med Statoil, Norsk Hydro og staten v/Høgskolen i Bergen (51 pst.) som eigarar, jf. Stortingets samtykke i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2004. Siktemålet med etableringa var m.a. å kjøpe og drifte utstyr til utdanning av klokkedykkarar.
Resultatmål for 2006
Longyearbyen skole
Longyearbyen skole skal halde fram med å ha eit breitt tilbod: barnehage, grunnskole m/skolefritidsordning og vidaregåande opplæring med eit yrkesfagleg tilbod i tillegg til allmennfagleg studieretning, når det er elevgrunnlag for det, og PP-teneste. Skolen skal også gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap til framandspråklege elevar, ha kulturskoletilbod og gi kurstilbod for vaksne. Dei nasjonale satsingsområda som gjeld for skolane på fastlandet, gjeld også for Longyearbyen skole.
Etter planen skulle ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skole bli overført til Longyearbyen lokalstyre frå 1. januar 2006. Justisdepartementet samarbeider med Utdannings- og forskingsdepartementet og Moderniseringsdepartementet om saka, som viser seg å vere noko meir tidkrevjande enn venta. Arbeidet vil halde fram, og overføringa vil venteleg kunne skje frå 1. januar 2007.
Grunnskolar for samiske elevar
Departementet vil arbeide vidare for å sikre gode opplæringstilhøve for samiske elevar. Mange samiske elevar får språkopplæring gjennom fjernundervisning og hospiteringsopphald, og grunnskolane i sørsamisk område har hatt ei sentral rolle i dette arbeidet. Det vil bli utvikla faste opplegg for fjernundervisning for samiske elevar baserte på erfaringane frå prosjekta som har vore gjennomførte. Vidare drift av Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal, og tilhøva ved sameskolane i Snåsa og Målselv, blir vurderte i samanheng med dette.
Prosjektet «Sørsamisk opplæring ved heimeskolen» vart avslutta i 2004 og er evaluert av Nordlandsforskning. Utdanningsdirektøren i Nordland, som etter oppdrag frå departementet hadde prosjektleiaransvaret, har peika på fleire tiltak for å styrkje opplæringa i sørsamisk. Saka er til vurdering i Utdanningsdirektoratet, og departementet vil, etter konsultasjon med Sametinget, komme tilbake til framtidig organisering av sørsamisk opplæring.
Statens samiske vidaregåande skolar
Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino er sentrale opplæringstilbod for samiske elevar frå heile landet. For å utnytte ressursane best mogleg vil det bli stimulert til vidare samarbeid mellom skolane, særleg med tanke på innføring av det samiske Kunnskapsløftet med nye læreplanar og kompetanseutvikling for lærarane. Det vil også bli lagt vekt på vidare utvikling av fjernundervisning, kursverksemd retta mot regional næringsutvikling og samisk kultur, og vaksenopplæring for det samiske folket.
Når det gjeld framtidig drift av skolane, har det vore kontakt med Finnmark fylkeskommune, Karasjok og Kautokeino kommunar og Sametinget. Utdannings- og forskingsdepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet om framtidig organisering av skolane. Konsultasjonsavtalen med Sametinget blir lagd til grunn for arbeidet vidare.
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole, Vea
Omstillingsarbeidet ved skolen skal halde fram i 2006 med sikte på utdanningstilbod som byggjer på vidaregåande opplæring. Skolen skal framleis leggje til rette for fleksible ordningar etter søkjar- og bransjebehov og halde fram med kompetanseutvikling for personalet og internasjonalt fagarbeid. Departementet tek sikte på å knyte skolen til eit større fagmiljø.
Budsjettforslag for 2006
I høve til 2005 er løyvinga på post 01 nedjustert med 3 mill. kroner og post 45 nedjustert med 0,83 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006.
Post 01 er vidare redusert med 1,7 mill. kroner, som er rammeoverførte til kap. 451 post 01 til auka husleige for nybygg ved Noregs brannskole. Ansvaret for denne skolen vart overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet i 2002, og Utdannings- og forskingsdepartementet skulle yte avtala midlar til auka husleige når nybygget stod klart.
Med desse justeringane foreslår departementet at løyvinga på kap. 222 post 01 blir ført vidare på same nivå som i 2005. Også løyvinga på post 45 blir ført vidare på same nivå som i 2005, og ho skal gå til innkjøp av utstyr til skolane med opplæring på vidaregåande nivå, og til utstyr og ekstraordinært vedlikehald ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole, Vea.
Løyvinga på kap. 222 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på kap. 222 post 45 kan overførast.
Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 491 | 4 309 | 4 447 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 361 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 506 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 822 | 847 | |
Sum kap. 3222 | 4 358 | 5 131 | 5 294 |
Frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 3222 auka ved at midlane frå kap. 3232 vart flytta.
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna:
kurs og vaksenopplæring
sal frå kantine og hybelutleige
betaling frå heimeskolane for fjernundervisning frå Sameskolen i Midt-Noreg
elev-/foreldrebetaling for kulturskolen og skolefritidsordninga ved Longyearbyen skole
Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole, Vea.
Kap. 223 Vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 6 374 | ||
60 | Tilskott til landslinjer | 137 297 | ||
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 27 097 | ||
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 4 123 | ||
71 | Tilskott til drift av opplæringsråd | 5 886 | ||
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 45 253 | ||
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 7 582 | ||
74 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 21 947 | ||
Sum kap. 223 | 255 559 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 223 flytta til kap. 220, 225 og 227.
Kap. 224 Fellestiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 116 191 | ||
61 | Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga | 103 897 | ||
64 | Tilskott til opplæring i finsk | 7 945 | ||
68 | Det samiske utdanningsområdet , kan overførast | 38 829 | ||
70 | Tilskott | 8 494 | ||
Sum kap. 224 | 275 356 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 222 flytta til kap. 225.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 3225)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 118 686 | 117 394 | |
60 | Tilskott til landslinjer | 120 020 | 144 841 | |
63 | Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast | 40 301 | 46 705 | |
64 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen | 902 066 | 836 035 | |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 27 975 | 28 842 | |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 33 500 | 34 539 | |
67 | Tilskott til opplæring i finsk | 10 164 | 10 479 | |
68 | Tilskott til opplæring i kriminalomsorga | 107 274 | 117 899 | |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 332 621 | 326 087 | |
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 7 457 | 7 696 | |
71 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 7 820 | 8 070 | |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 48 195 | 49 059 | |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 7 840 | 8 091 | |
74 | Tilskott til organisasjonar | 8 097 | 7 756 | |
75 | Stiftelsen Arkivet | 1 900 | 1 961 | |
Sum kap. 225 | 1 773 916 | 1 745 454 |
I 2005 vart løyvingane på kapitla 221, 223 og 224 flytta til kap. 225. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2004–2005) og Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005).
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld avgangsprøva i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring.
Resultatrapport for 2004–05
Det er i perioden:
utarbeidd sentrale prøver og sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar til i underkant av 900 fagkodar, og fagnemnder har fått skolering i vurderingsrettleiingar
gjennomført førehandssensur, sentral sensur av i underkant av 300 000 elevsvar og klagehandsaming og skolering av sensorar
gjennomført informasjonstiltak overfor fylkesmennene, kommunar og fylkeskommunar
gjennomført arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer, mellom anna avvikling av elektroniske eksamenar og avgangsprøver og alternative vurderingsuttrykk
utvikla støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver
gjennomført analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar
Resultatmål for 2006
Departementet vil:
utarbeide sentrale prøver og sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar og skolere fagnemnder
gjennomføre sentral sensur og klagebehandling og skolere sensorar
gjennomføre informasjonstiltak overfor fylkesmennene, fylkeskommunar og kommunar
gjennomføre arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk. Utviding av arbeidet med «Den digitale skole» held fram. Dette er eit framhald av det digitale «Rettslæreprosjektet»
utvikle støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver
gjennomføre analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar
Budsjettforslag for 2006
I høve til 2005 er løyvinga på post 01 nedjustert med 3,31 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006. Prøveavgifta for privatistar som melder seg opp til eksamen, og kandidatar som melder seg opp til fag- og /eller sveineprøve etter opplæringslova § 3-5, blir foreslått ført vidare, jf. forslag til vedtak IV nr. 1. Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 60 Tilskott til landslinjer
I St.prp. nr. 65 (2004–2005) vart det vist til at det er sett i gang eit arbeid for å vurdere måtar å organisere landslinjene på som kan gi landslinjene dei same vilkåra over tid. Moglege endringar vil bli varsla i kommuneproposisjonen for 2007.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å sikre elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små- og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Det er Stortinget som har fastsett kva kurs som har status som landslinjer.
Tilskottet skal gå til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr til dei. Følgjande kurs og skolar får tilskott:
anleggsmaskinførar og anleggsmaskinreparatør ved Våler vidaregåande skole, Blakstad vidaregåande skole, Time vidaregåande skole, Os vidaregåande skole, Fauske vidaregåande skole og Hesseng vidaregåande skole
yrkessjåfør ved Våler vidaregåande skole, Hønefoss vidaregåande skole, Notodden vidaregåande skole, Blakstad vidaregåande skole, Sauda vidaregåande skole, Os vidaregåande skole, Sogndal vidaregåande skole, Kristiansund vidaregåande skole, Ole Vig vidaregåande skole, Melbu vidaregåande skole og Alta vidaregåande skole
flyfag og flytekniske fag ved Skedsmo vidaregåande skole, Sola vidaregåande skole, Asphaugen vidaregåande skole og Bardufoss vidaregåande skole
avionikk ved Skedsmo vidaregåande skole, Sola vidaregåande skole og Asphaugen vidaregåande skole
romteknologi ved Andøy vidaregåande skole
musikk, dans og drama med fordjuping folkemusikk ved Valle vidaregåande skole og Vinstra vidaregåande skole
idrettsfag med fordjuping langrenn ved Meråker vidaregåande skole
idrettsfag med fordjuping alpint og telemark ved Oppdal vidaregåande skole
idrettsfag med fordjuping alpint ved Frydenlund vidaregåande skole
idrettsfag med fordjuping kombinert ved Steinkjer vidaregåande skole
idrettsfag med fordjuping hopp og kombinert ved Heimdal vidaregåande skole
allmenne, økonomiske og administrative fag med fordjuping langrenn ved Nordreisa vidaregåande skole
allmenne, økonomiske og administrative fag med fordjuping langrenn, alpint og snowboard ved Hovden vidaregåande skole
naturbruk med fordjuping økologisk landbruk ved Sogn jord- og hagebruksskole
Elevlister frå fylkeskommunen skal vise at fylkeskommunen har oppretta landslinjetilbod og dermed har oppfylt vilkåra for tilskott. Fylkesmannen skal kontrollere om elevlistene fyller rimelege krav. Stikkprøver for å kontrollere grunnlaget for tilskott kan gjennomførast.
KS skal sende rekneskap til Utdanningsdirektoratet som skal vise korleis midlane til utstyr er disponerte. Utdanningsdirektoratet kan setje i verk kontroll av om årsrekneskapen fyller rimelege krav.
Rapport for 2004–05
Kapasiteten i skoleåret 2004–05 var på 1 390 heilårselevplassar.
På landslinjene for yrkessjåførar var det våren 2005 27 lærlingar som fekk opplæring i modul 1 (1/4-års kurs), og 236 vaksne over 21 år som deltok på halvårig kurs. Elevlistene våren 2005 viser at totalt 195 av elevane/lærlingane (74 pst.) ved landslinjetilbodet innanfor yrkessjåførfaget kom frå vertsfylkeskommunen og 68 av elevane/lærlingane (26 pst.) kom frå andre fylke.
Våren 2005 gjekk det 909 elevar ved dei andre landslinjetilboda, dvs. anleggsmaskinførar, anleggsmaskinreparatør, flyfag, flytekniske fag, avionikk, romteknologi, musikk, dans og drama, idrettsfag, allmenne, økonomiske og administrative fag og naturbruk. Av desse kom 402 elevar (44 pst.) frå vertsfylkeskommunen og 507 elevar (56 pst.) frå andre fylkeskommunar.
Totalt var det våren 2005 1 172 elevar ved landslinjene. Av desse kom 597 elevar frå vertsfylka og 575 elevar frå andre fylke. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 85 pst. våren 2005 mot 81 pst. våren 2004 og våren 2003.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å auke løyvinga slik at ho blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Under denne løyvinga er det to tilskottsordningar, ei for grunnskolen og ei for den vidaregåande opplæringa.
Grunnskolen
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i grunnskolar i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-2 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk språk og kultur.
Det blir gitt tilskott til kommunar og frittståande skolar i og utanfor samiske distrikt som gir opplæring i og på samisk og i samisk språk og kultur (L97S), og til studiepermisjon som gir lærarar vidareutdanning i samisk.
Kommunane og dei frittståande skolane rapporterer om talet på elevar som får opplæring i og på samisk i samband med søknad om tilskott på grunnlag av Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Fylkesmennene utfører ein kontroll av opplysningar som ligg til grunn for søknadene, og kan også gjennomføre stikkprøvekontrollar.
Rapport for 2004–05
I skoleåret 2004–05 fekk om lag 3 000 elevar i grunnskolen opplæring i samisk, dette er ein auke på i underkant av 7 pst. frå skoleåret 2003–04. Talet på studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner frå 2005 som følgje av auken i talet på elevar. Det er lagt til grunn ein timesats på kr 282 i grunnskolen.
Vidaregåande opplæring
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i samisk for samar i vidaregåande opplæring i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-3 i opplæringslova.
Tilskottet skal nyttast til å gi opplæring i samisk til samar i vidaregåande opplæring. Frå 2006 er det berre ei teljing per skoleår med teljedato 2. mai, mot tidlegare to teljingar per skoleår.
Innsende elevlister frå fylkeskommunane og dei frittståande skolane skal vise at tilskottsmottakar gir opplæring til elevane/lærlingane. Fylkesmennene utfører ein kontroll av opplysningar som ligg til grunn for søknadene, og kan òg gjennomføre stikkprøvekontrollar.
Rapport for 2004–05
Våren 2005 fekk totalt 310 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, mot 279 våren 2004. Dette er ein auke på om lag 11 pst. frå skoleåret 2003–04. Av desse fekk 297 elevar/lærlingar opplæring i fylkeskommunale skolar, og 13 elevar/lærlingar fekk opplæring i frittståande skolar.
Budsjettforslag for 2006
I budsjettet for 2006 er det lagt til grunn ein timesats på kr 337 for vidaregåande opplæring. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 64 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen
Under denne løyvinga er det to tilskottsordningar, ei for særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring for språklege minoritetar i grunnskolen og ei for opplæring for barn i statlege asylmottak.
Særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering slik at det blir gitt særskilt norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring i grunnskolen i høve til opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5.
Kommunar og frittståande skolar som gir særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, kan søkje Fylkesmannen i fylket om å få utbetalt tilskott.
Fylkesmannen skal utføre kontroll av dei opplysningane som ligg til grunn for søknaden, og kan òg gjennomføre stikkprøvekontrollar.
Rapport for 2004–05
I skoleåret 2004–05 fekk om lag 35 800 elevar særskild norskopplæring, noko som er ein nedgang på 4,5 pst. i høve skoleåret 2003–04. I skoleåret 2004–05 fekk om lag 19 700 elevar morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Dette er på same nivå som i skoleåret 2003–04.
Regjeringa nedsette hausten 2003 eit utval for å gjennomgå finansieringa av kommunal sektor, med hovudvekt på gjennomgang av inntektssystemet. Utvalet har mellom anna i oppgåve å vurdere innlemming av dette øyremerkte tilskottet. Utvalet vil overlevere si utreiing i oktober 2005.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget for 2006 dekkjer tilskott for skoleåret 2005–06 og er noko redusert i høve til i 2005. Dette skuldast noko for høgt anslag på omfang i 2005, ikkje nedgang i omfang frå 2005 til 2006. I forslaget er det lagt til grunn ein timesats for tilskottet til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar på kr 267 per undervisningstime.
Tilskott til grunnskoleopplæring av barn og unge i statlege asylmottak
Om ordninga
Målet for tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at barn og unge i statlege asylmottak får grunnskoleopplæring så snart som mogleg etter at dei har komme til landet.
Det blir gitt tilskott etter ein sats per barn i statleg asylmottak på grunnlag av talet på barn og unge i opplæring den første i kvar månad.
Fylkesmannen skal kontrollere om opplysningane som ligg til grunn for søknaden er rimelege, og om søknaden fyller dei formelle krava. Fylkesmannen kan òg gjennomføre stikkprøvekontrollar.
Rapport for 2004–05
I skoleåret 2004–05 fekk 3 912 elevar opplæring i statlege asylmottak i totalt 16 060 månader. Dette gir eitt snitt på 4,1 månader opplæring per elev. Talet på barn og unge i statlege asylmottak varierer mykje. Løyvinga på posten er vanskeleg å rekne ut på førehand, fordi ho avheng av internasjonale tilhøve som varierer frå år til år.
Budsjettforslag for 2006
I budsjettforslaget for 2006 er det lagt til grunn en sats på kr 59 249 per barn per skoleår (ti månader). Departementet foreslår at løyvinga blir noko redusert på grunn av nedjusterte overslag for gjennomsnittleg belegg i dei statlege asylmottaka.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at fylkeskommunane og frittståande vidaregåande skolar gir ekstra språkopplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.
Opplæringa kan gjennomførast på norsk eller på morsmål, som tolærarsystem, i eigne grupper eller som eigne innføringskurs. Frå 2006 er det berre ei teljing per skoleår med teljedato 2. mai, mot tidlegare to teljingar per skoleår jf. omtale under.
Fylkeskommunane og dei frittståande skolane skal sende elevlister til fylkesmennene. Det blir utført ein kontroll av at dei opplysningane tilskottsmottakar gir ved søknad om tilskott er rimelege, og om søknaden fyller dei formelle krava.
Rapport for 2004–05
6 514 minoritetsspråklege elevar og lærlingar løyste våren 2005 ut tilskott, dette er ein auke på om lag 9 pst. frå våren 2004. Hausten 2004 blei tilskottsordninga evaluert. Evalueringa viser at ordninga fungerer i samsvar med Stortinget sin institusjon med ordninga. Den viser også at dei fleste fylkesmenn og fylkeskommunar meiner det er tilstrekkeleg med ei elevtelling i året.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av skoletida. Kommunane er ikkje forplikta til å gi leirskoleopphald, men etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring.
Kommunar som har sendt elevar på leirskole, kan etterskottsvis søkje om tilskott til leirskoleopplæring for dei elevane som har opphald ved leirskole som strekkjer seg over minst tre overnattingar. Tilskott til leirskoleopplæring blir fastsett etter ein sats per time for inntil 37 timar per gruppe elevar som reiser samla. Timesatsen avheng av storleiken på løyvinga og talet på grupper som reiser på leirskole kvart år. Kommunane kan berre søkje om tilskott for eit leirskoleopphald per elev i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal fullt ut nyttast til leirskoleopplæring eller annan aktivitet som tilfredsstiller vilkåret om at opphaldet skal strekkje seg over minst tre overnattingar. Med «annan aktivitet» er det her meint eksempelvis ekskursjonar eller turar som er ein del av grunnopplæringa.
Kommunane skal sende opplysningar, som elevlister og talet på elevar i grunnskolen totalt, til Fylkesmannen. Opplysningane skal vise at kommunane over tid ikkje søkjer om tilskott for meir enn 1/10 av elevane per år. Vidare skal det gå fram at elevane faktisk har fått leirskoleopplæring, og at kommunen dermed har krav på tilskott. Fylkesmannen skal kontrollere om elevlistene som ligg til grunn for søknaden er rimelege, og om søknaden fyller dei formelle krava. Elevlistene skal vise namn på eleven, årssteg og kva slags leirskoletilbod som er gitt. Fylkesmannen kan foreta stikkprøvekontrollar etter ei vurdering av viktigheit og risiko.
Rapport for 2004–05
Tal frå grunnskolen sitt informasjonssystem (GSI) per 1. oktober 2004 viste at totalt 61 464 elevar planla å reise på leirskole i skoleåret 2004–05. Dette utgjer om lag 10 pst. av alle elevar i grunnskolen, noko som skulle tyde på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om eit leirskoleopphald i løpet av dei ti åra grunnskolen varer. Ved kartlegging av leirskoletilbodet primo mars 2005 rapporterte kommunane om at totalt 55 733 elevar ville få eit leirskoletilbod skoleåret i 2004–05. Dette utgjer 9,2 pst av elevane i grunnskolen totalt.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 67 Tilskott til opplæring i finsk
Under denne løyvinga er det to tilskottsordningar, ei for grunnskolen og ei for den vidaregåande opplæringa.
Grunnskolen
Om ordninga
Målet med ordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Tilskottet skal også medverke til å styrkje lærarane sin kompetanse i finsk.
Kommunar i Troms og Finnmark som gir elevar opplæring i finsk som andrespråk i høve til læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, kan søkje Fylkesmannen i fylket om tilskott. Tilskott blir gitt dersom minst tre elevar med kvensk-finsk bakgrunn ved dei einskilde grunnskolane i Troms og Finnmark krev slik opplæring. Tilskott til vidareutdanning i finsk blir gitt i form av studiepermisjonar, vanlegvis for eitt år.
Kommunane og dei frittståande skolane rapporterer om undervisningstimar i finsk som andrespråk i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Fylkesmannen gjennomfører kontroll av oppgåver over talet på undervisningstimar det kan søkjast statstilskott for, personar som mottek tilskott til vidareutdanning, og om plikttenesta blir gjennomført etter permisjonen. Fylkesmannen kan også gjennomføre stikkprøvekontrollar av opplysningane.
Rapport for 2004–05
I skoleåret 2004–05 fekk om lag 1 000 elevar i grunnskolen opplæring i finsk, dette er på same nivå som i skoleåret 2003–04. Det er gitt midlar til to heile studieheimlar for å studere finsk i 2005, det same som for 2004.
Budsjettforslag for 2006
Det er lagt til grunn ein timesats på kr 282. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Vidaregåande opplæring
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk for elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn.
Tilskottet skal nyttast til å gi elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk.
Innsende elevlister skal vise at tilskottsmottakar har gitt eit opplæringstilbod til elevane. Det blir utført ein kontroll av om opplysningane i elevlistene er rimelege, og om dei fyller dei formelle krava. Frå 2006 er det berre ei tildeling per skoleår med teljedato 2. mai, mot tidlegare to teljingar per skoleår.
Rapport for 2004–05
I vidaregåande opplæring vart det våren 2005 gitt opplæring i finsk til 27 elevar. Våren 2004 fekk 31 elevar opplæring i finsk.
Budsjettforslag for 2006
I budsjettet for 2006 er det lagt til grunn ein timesats på kr 337 for vidaregåande opplæring. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller frisette som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller frisette som har rett til og ønskjer det. Fordi mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også ei målsetjing at det blir gitt kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Fylkeskommunane kan i samarbeid med kriminalomsorga, nytte tilskottet til opplæring innanfor kriminalomsorga, i tråd med avtale mellom staten og kvar einskild fylkeskommune av 15. juni 1988. Tilskottet kan nyttast til driftsutgifter og etter søknad også til førstegongs innkjøp av undervisningsutstyr (investeringsutgifter).
Fylkeskommunane kan i samarbeid med kriminalomsorga, nytte tilskottet til opplæring innanfor kriminalomsorga, i tråd med avtale mellom staten og kvar einskild fylkeskommune av 15. juni 1988. Tilskottet kan nyttast til driftsutgifter og etter søknad også til førstegongs innkjøp av undervisningsutstyr.
Rapport for 2004–05
Det er etablert fleire elevplassar i dei siste åra, frå 810 i 1996 til 944 i 2004. 4 208 personar (derav 3 784 i anstalt og 424 i oppfølgingsklassar) tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av året. Det blir gitt opplæring i 34 av 47 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet. Hovudtyngda av elevane (72 pst), er i alderen 23–40 år. Talet på elevar som tek ei eller annan form for eksamen, var i 2002 på totalt 535 elevar (464 elevar i anstalt og 71 elevar i oppfølgingsklassar), i 2003 var talet 598 (545 elevar i anstalt og 53 elevar i oppfølgingsklassar), og i 2004 var talet 543 elevar (475 elevar i anstalt og 68 elevar i oppfølgingsklassar). I tillegg har 1 190 elevar gjennomført ikkje-kompetansegivande kurs.
I februar 2004 vart det gjennomført ei undersøking om «Innsette i norske fengsel: Utdanning og utdanningsønske». Det er ei kartlegging av skolebakgrunn og utdanningsbehov som omfattar innsette over 18 år i norske fengsel. Det er første gong ei slik omfattande kartlegging av utdanningsbakgrunnen til innsette er gjennomført.
Rapporten seier m.a. noko om utdanningsbakgrunn, lærevanskar og utdanningsbehov, som det er viktig for skolar og kriminalomsorg å ta med seg i vidare drøfting omkring tilrettelegging av opplæringstilboda. Undersøkinga viser òg at 49 pst. av dei innsette ikkje har fullført noko nivå av vidaregåande opplæring. Nesten to av tre i den yngste aldersgruppa (18–24 år) har ikkje vidaregåande opplæring. Den nordiske rapporten Å lære bak murene som Fylkesmannen i Hordaland leverte til Nordisk Ministerråd hausten 2003, vart i 2005 omsett til engelsk og sendt til alle utdanningsdepartementa og justisdepartementa i Europa. Rapporten gir eit kort, overordna og oppdatert samanliknande oversyn over fengselsundervisninga i Danmark, Finland, Noreg og Sverige. Den nordiske rapporten har mange forslag til forbetringar av fengselsundervisninga.
Budsjettforslag for 2006
Som eit ledd i satsinga mot fattigdom foreslår Regjeringa å auke løyvinga på posten med 4 mill. kroner for å styrke arbeidet med å gi tilpassa opplæring til innsette i fengsel. Opplæringa skal ta utgangspunkt i den einskildes realkompetanse. Satsinga er ei oppfølging av Innst. S. nr. (2004–2005) og St. meld nr. 27 (2004–2005) Om opplæringa innenfor kriminalomsorgen. For dei innsette er det eit stort behov for tilpassa opplæring basert på realkompetanse. Det foreslås derfor å setje i gang fleire konkrete pilotprosjekt som skal gi den einskilde innsatte realkompetansevurdering og ein plan for ein helhetleg kompetansegjevande opplæring med naudsynt tilpassa opplæring. I tillegg foreslås ei løyvingsauke på posten som følgje av fengselsutvidingar.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane hadde til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Den samla investeringsramma er fastsett til 5 182,9 mill. kroner.
Investeringsramma for den einskilde kommune er fastsett med utgangspunkt i talet på nye klassar som vart utløyste som følgje av reforma, innhenta opplysningar frå kommunane om behov for å tilpasse og erstatte eksisterande lokale og behovet for å byggje nye lokale til desse klassane.
Med utgangspunkt i investeringsramma blir det rekna ut ein årleg kompensasjon til kommunane. Denne dekkjer dei årlege utgiftene til nedbetaling av eit lån på same storleik som investeringsramma. Investeringskompensasjonen for 2006 er basert på ei rente på 2,63 pst. mot 2,62 i 2005. Det er den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli 2005, tillagd ein margin på 0,5 prosentpoeng, som er lagd til grunn.
Løyvingsforslaget for 2006 er noko lågare enn i 2005 som følgje av lågare attståande lånebeløp.
Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov
Sidan 1. januar 2002 har fylkeskommunane hatt det finansielle ansvaret for lærlingordninga, med unntak av tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov. Tilskottet blir gitt til opplæringskontor og bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov. Eit opplæringskontor er et samarbeid mellom fleire bedrifter som i fellesskap har teke på seg opplæringsansvar i samarbeid med Yrkesopplæringsnemnda, skoleverket og lærlingane. Lærekontrakt blir teikna mellom lærlingen og opplæringskontoret.
Om ordninga
Tilskottsordninga skal stimulere lærebedrifter til å ta inn lærlingar med behov for særskilt tilrettelagd opplæring. Hensikta er å medverke til å styrkje moglegheitene ungdom med spesielle behov for tilrettelagd opplæring har til å ta fagutdanning eller delar av fagutdanning som lærling i ei bedrift og dermed auke den sjansen vedkommande har til å få ordinært arbeid. Dette kjem i tillegg til dei pliktene fylkeskommunen har i høve til opplæringslova og andre lover og forskrifter innanfor dette området, jf. opplæringslova § 11-2.
Opplæringskontor med ansvar for lærlingar med særskilde behov, eller bedrifter som inngår lærekontrakt med lærlingar med særskilde behov, kan via fylkeskommunen søkje staten om tilskott. Det kan berre søkjast om tilskott for eit år om gongen. Dersom det er behov for midlar til støttetiltak utover eit år for same lærling, må det sendast ny søknad med vedlagd rapport om erfaringar frå det første året. Det kan vidare berre søkjast om dekning av utgifter ut over dei ordinære tilskotta som blir gitte til bedrifter som tek inn lærlingar. Bedrifta, eller opplæringskontoret, kan berre søkje om tilskott dersom det kan dokumenterast at lærlingen medfører auka kostnader knytte til ekstra personellressursar, lønnsmidlar til lærlingen, forbruk av materiale utover det vanlege, eller tilrettelegging av fag-/sveineprøve.
Innsende lister over talet på bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov og talet på lærlingar med særskilde behov som får lærlingplass, skal vise at mottakar av tilskott har gitt eit opplæringstilbod. Fylkesmannen skal kontrollere om opplysningane i listene er rimelege, og om listene fyller dei formelle krava. I tillegg kan Fylkesmannen ta stikkprøvekontrollar av dei opplysningane tilskottsmottakar gir ved søknad om tilskott. Denne kontrollen skjer etter ei vurdering av risiko og kor vesentleg tilhøvet er.
Rapport for 2004
Det vart i 2004 registrert 85 søknader om ekstraordinært tilskott frå bedrifter som har lærlingar med særskilde behov for tilrettelagd opplæring. Det vart gitt tilskott til 84 bedrifter.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt.
Vilkåret for å få utbetalt tilskott er at formålet med prosjektet er i samsvar med målet for tilskottsordninga.
Det skal gjerast ein generell kontroll av om opplysningane i årsrekneskap og rapport for året frå Norsk Kulturskoleråd er rimelege, og om desse dokumenta fyller dei formelle krava. Det kan i tillegg bli gjennomført stikkprøvekontrollar.
Rapport for 2004
I 2004 vart det gitt tilskott til sluttføring av prosjektet «Positivt skolemiljø» i fylka Finnmark, Oslo og Akershus og Oppland. Midlane er også gått til andre prosjekt, mellom anna til fagkoordinatorar innanfor kunstfaga, «Den kulturelle skolesekken», nasjonalt utviklingsarbeid, nettverks- og informasjonsarbeid, kurs for elevar på høgare nivå i samband med Godt Musikkår og lokale utviklingsprosjekt.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU sine program på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten dekkjer deltaking i utdanningsprogrammet Leonardo da Vinci, Noregs bidrag til Europass, Cedefop og Det europeiske ungdomsparlamentet og lønn for nasjonale ekspertar.
Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.
Leonardo da Vinci er EU sitt handlingsprogram for yrkes- og profesjonsutdanning på alle nivå.
Europass er ei ordning for individuell dokumentasjon av kompetanse og ferdigheiter i ei form som skal vere tydeleg på tvers av landegrensene i Europa. Den omfattar fem dokument: Europeisk CV, Europass Mobility, European Diploma Supplement, European Certificate supplement og European Language Portfolio. Ordninga omfattar også eit internettbasert informasjonssystem som består av eit sakshandsamingsverktøy og lagringssystem knytte til dei individuelle Europass-mappene. Europass skal medverke til større mobilitet i utdanning og arbeidsmarknad.
Cedefop er EU sitt utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring, og aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som målsetjing å auke kunnskap og kompetanse innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og auke kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning.
Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlige sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan EUP vart oppretta i 1987. EUP vart for første gong arrangert i Noreg i 2005. EUP blir finansiert med EU-midlar (Sokrates) og deltakaravgift. Nasjonalkomiteen for EUP-Norge organiserer den norske deltakinga.
Meir informasjon om dei ulike programma er å finne på følgjande nettstader:
Leonardo da Vinci og Europass: http://europa.eu.int/comm/education/index_en.html
Cedefop: http://www.cedefop.gr
Nettsidene til Teknologisk Institutt (TI): http://www.teknologisk.no
Det europeiske ungdomsparlamentet: http://www.eyp.org
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å dekkje norsk bidrag til og nasjonal drift av Leonardo da Vinci, Europass, Cedefop, Det europeiske ungdomsparlamentet og lønn til nasjonale ekspertar. Gjennom dette vil tilskottet medverke til at Noreg deltek i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning.
Bidraget til EU skal følgjast opp i høve EU sitt eige økonomireglement. Dei midlane som blir vidarefordelte til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), Utanriksdepartementet og Teknologisk Institutt (TI) for utlysing og fordeling nasjonalt, blir fordelte og rapporterte i høve eigne kontraktar. Aktiviteten skal følgjast opp av EU-kommisjonen, SIU, Utanriksdepartementet, TI, Utdannings- og forskingsdepartementet og Utdanningsdirektoratet gjennom representantane i komiteane og for dei statlege grunnutdanningsinstitusjonane, gjennom etats- og styringsdialog. EFTA-sekretariatet i Brussel kvalitetssikrar resultatrekneskapen frå EU-kommisjonen i samband med utrekning av kontingent for EFTA/EØS-landa si deltaking i programma.
Rapport for 2004–05
Den norske deltakinga i Leonardo da Vinci-programmet har vore god i 2005. Ordninga har stimulert til internasjonal aktivitet mellom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø, og til betre kunnskap i framandspråk. I 2004–05 fekk ti prosjekt med norsk koordinator om lag 28 mill. kroner i støtte under Leonardo da Vinci-programmet. Noreg tek òg del i prosjekta til andre land. I same perioden mottok Noreg i tillegg om lag 19 mill. kroner frå EU-kommisjonen til utplasserings- og utvekslingsprosjekt. I alt 1 436 personar (unge som tek grunnleggjande utdanning, unge arbeidstakarar, instruktørar, planleggjarar og administratorar) fekk støtte til opphald frå ei veke til tolv månader. Sidan Noreg vart med i Europass training 1. januar 2001, er det sendt ut totalt 1 520 Europass. 384 er sendne ut i 2004 og 279 sendne ut frå 1. januar 2005 til 15. mai 2005. Noreg har delteke i Cedefop-arbeidet sidan 1996.
Budsjettforslag for 2006
Den økonomiske ramma for programma blir vedteken av dei styrande organa i EU. Med Noreg si deltaking i det nye Europass er kontingent og kostnader til drift auka. EU har også signalisert ein auke i aktivitetsnivå og budsjett grunna det nye integrerte programmet for livslang læring, som ein tenkjer skal komme i staden for dei noverande utdanningsprogramma frå 2007. Det nye finansreglementet i EU frå 2006 gjer at resultat frå tidligare år ikkje vert med i berekninga av EFTAs programkontingent.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen at løyvinga blir auka med om lag 1,9 mill. kroner i høve til 2005.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at norsk ungdom kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land, og auka forståing for deira eigen og andre sin identitet. Dessutan skal ho gi norske fransklærarar høve til fagleg og kulturell oppdatering. Kriterium for måloppnåing er at norsk ungdom får skolegang eller eit studieopphald i utlandet, og at norske fransklærarar får studieopphald i Frankrike.
Ein kan søkje om stipend/plass ved følgjande studietilbod:
Franske lycé: Sidan 1918 har nordmenn hatt høve til å ta treårig vidaregåande utdanning (lycé) og fransk baccalauréat i Rouen. Det er også mogleg å ta eittårig utdanning tilsvarande allmenne fag grunnkurs, toårig utdanning innanfor kokk/servitørfag, og frå hausten 2005 toårig utdanning innanfor akvakultur. Målet er å gi norsk ungdom høve til å lære landet, folket og kulturen å kjenne, samtidig som dei lærer å meistre språket og får ei utdanning.
Tyske stipend: Kvart år tilbyr tyske myndigheiter ein del stipend til å delta på kurs i Tyskland. Målet er å gi norske elevar høve til å bli kjend med landet og kulturen samtidig som dei får praktisk språktrening.
United World Colleges: Dette er ei internasjonal rørsle som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Norske ungdommar kan få plass ved ein av ni skolar der utdanninga tilsvarer dei to siste åra på vidaregåande skole. Elevane bur på internat saman med ungdom frå alle delar av verda og får Internasjonal Baccalaureat (IB) etter ferdig skolegang.
Trollstipend: I avtale om økonomisk, industrielt og vitskapleg samarbeid (Trollavtalen) frå 1986 har Noreg forplikta seg til å setje av eit beløp til stipend for norske fransklærarar, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen. Stipenda skal brukast til studieopphald i Frankrike.
Elevar som får skoleplass, må dokumentere at dei har begynt på og gjennomført studium i samsvar med søknaden og tilskottsbrevet. Vidare vil det kunne gjennomførast stikkprøvekontrollar for å etterprøve grunnlaget for tilskott. Skolar og lærarar som mottek Trollstipend, må levere rapport og bekrefte at opphaldet er gjennomført i tråd med søknaden. Elevar som får stipend til Tyskland, må levere rapport om opphaldet.
Rapport for 2004
I 2004 søkte 48 jenter og 20 gutar til dei 36 plassane ved UWC, og i 2005 kom det inn søknader frå 82 jenter og 26 gutar. Til dei treårige franske lycéa var det i 2004 78 søknader, 58 jenter og 20 gutar. I 2005 søkte 63, av desse 50 jenter og 13 gutar. Tilbakemeldingane frå skolane vitnar om at det norske innslaget er verdefullt, og at elevane er takksame for ei krevjande utdanning, som likevel gir dei mykje i eit internasjonalt miljø.
I 2004 vart individuelle Trollstipend gitte til 55 lærarar, og 401 elevar frå grunnskolen og vidaregåande skolar reiste saman med 53 lærarar på studietur med støtte frå Trollmidlar. I 2005 har 434 elevar og 46 lærarar fått tilskott til studieopphald og skoleutveksling, og 38 lærarar har fått individuelle stipend. Stipenda har stor verdi for å motivere til studium av land og språk.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 74 Tilskott til organisasjonar
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å fremme tiltak i regi av offentlege og frivillige organisasjonar som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø, i opplæringa i tråd med strategiar og tiltak slik dei er formulerte i programkategori 07.20 og i kap. 226. Kriterium for måloppnåing er at tilskottsmottakar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa.
Vilkåret for å få utbetalt tilskott er at organisasjonen har til formål å arbeide for og medverke til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa. Disponeringa av og storleiken på tilskottet blir fastsett skjønnsmessig i departementet, ut frå føringar for løyvinga, faglege vurderingar og i høve til den totale løyvinga på posten.
Rapport for året og revisorattestert årsrekneskap skal kontrollerast. Det innsende materialet skal kontrollerast for å vurdere om verksemda til organisasjonen er i samsvar med målsetjinga for tilskottsordninga. Utdanningsdirektoratet skal kontrollere om opplysningane i søknader og rekneskap er rimelege, og om desse dokumenta fyller dei formelle krava. Det kan etter ei vurdering av risiko og kor viktig saka eller tilhøva, er setjast i verk stikkprøver for å kontrollere at tilskottet er brukt etter føresetnadene.
Rapport for 2004–05
I 2005 blir det gitt tilskott til Norsk Kulturskoleråd, Det Norske Hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS), Noregs mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk Handverksutvikling, International Baccalaureate Office, diverse konkurransar innanfor realfag, Skoleval og elevorganisasjonene.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir noko redusert i høve til 2005.
Post 75 Stiftelsen Arkivet
Stiftelsen Arkivet er eit dokumentasjons- og utdanningssenter om krigsåra 1940–45, og eit senter for framtidsretta freds- og konfliktførebyggjande arbeid.
Om ordninga
Målet med ordninga er å medverke med finansiering, slik at Stiftelsen Arkivet tek i vare rolla si som opplærings- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkerett og menneskerettar og er eit senter for fredsskapande arbeid.
Vilkåret for å få utbetalt tilskott er at Stiftelsen Arkivet gjennomfører undervisnings- og kulturtilbodet, samt gir omvisningar for skoleelevar og vaksne.
Utdanningsdirektoratet skal kontrollere om opplysningane i rapport for året og revisorattestert årsrekneskap er rimelege, og om desse dokumenta fyller dei formelle krava. Det innsende materialet skal kontrollerast for å vurdere om verksemda til organisasjonen er i samsvar med målsetjinga for tilskottsordninga. Det kan også takast stikkprøver.
Rapport for 2004
Totalt har meir enn 10 000 personar delteke på ulike aktivitetar i 2004. 6 880 personar har fått omvisning på Arkivet, og om lag 5 000 av desse var skoleelevar. I 2004 har det vore ein betydeleg aktivitet og undervisning av institusjonar som Røde Kors, Redd Barna, FN-sambandet og andre. Det er gitt om lag 200 undervisningstimar i ulike tema knytte til fredsbygging, konflikthandtering, menneskerettar, antirasisme m.m.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som 2005.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 225)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 52 038 | 26 400 | |
Sum kap. 3225 | 52 038 | 26 400 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvt på kap. 3225 post 04.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70 | 428 956 | 729 690 | 935 546 |
70 | IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 3 210 | ||
Sum kap. 226 | 428 956 | 729 690 | 938 756 |
Kapitlet omfattar løyvingar til ei rekkje tiltak som er direkte knytte til gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Reforma omfattar nye læreplanar, ny fag- og timefordeling, ny struktur i vidaregåande opplæring, kompetanseutvikling for lærarar og vidareutvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Vidare omfattar kapitlet løyvingar til tiltak som allereie er sette i gang i tråd med intensjonane i reforma, som til dømes dei nasjonale strategiplanane og demonstrasjonsskolar. Sjå også omtale av Kunnskapsløftet i kategoriinnleiinga.
Resultatrapport for 2004–05
Utvikling av læreplanar
Hausten 2004 starta Utdanningsdirektoratet arbeidet med nye nasjonale læreplanar for alle faga i grunnopplæringa (pulje 1). Forslaga til nye læreplanar for grunnskolen og læreplanar for fag som òg gjeld vidaregåande opplæring (gjennomgåande fag), vart sende på høring den 15. februar 2005 med høringsfrist 10. mai 2005. Læreplanen i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) vart send på separat høring 10. mars 2005 med høringsfrist 30. mai 2005. Dei samiske læreplanane for grunnskolen og gjennomgåande fag og læreplanen i finsk som andrespråk er sende på høring hausten 2005. Sametinget har fastsett samisk innhald i dei nasjonale planane i tråd med § 6-4 i opplæringslova.
Arbeidet med å utvikle nye nasjonale læreplanar og høringa knytt til dette har skjedd gjennom ein open og omfattande prosess. Dei nye nasjonale læreplanane for grunnskolen og gjennomgåande fag vart fastsette av Utdannings- og forskingsdepartementet 12. august 2005. Dei blir innførte frå skoleåret 2006–07. 205 grunnskolar i 83 kommunar over heile landet har søkt om og fått godkjent å få starte opp med utvalde delar av Kunnskapsløftet allereie frå skolestart 2005.
Ny nasjonal læreplan i KRL er fastsett og gjeld frå august 2005. Det er utarbeidd ei rettleiing til planen. Nye nasjonale læreplanar i norsk som andrespråk og morsmål skal sendast på høring hausten 2005, og skal etter planen bli fastsette i desember 2005 med innføring frå skoleåret 2006–07. Ny nasjonal læreplan i klasse- og elevrådsarbeid for første til tiande trinn i grunnskolen skal sendast på høring hausten 2005, og skal etter planen bli fastsett i desember 2005 med innføring frå skoleåret 2006–07. Nye nasjonale læreplanar for elevar med teiknspråk som førstespråk (faga teiknspråk, norsk for døve, engelsk for døve og drama og rytmikk for døve) skal innførast frå skoleåret 2006–07.
Utvikling av nye nasjonale læreplanar for utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring starta i januar 2005. Det er sett ned læreplangrupper for ni yrkesfaglege utdanningsprogram for Vg1 og for dei tre studieførebuande utdanningsprogramma for Vg1–Vg3. Det gjeld utdanningsprogram for studiespesialisering, utdanningsprogram for idrettsfag og utdanningsprogram for musikk, dans og drama. Det samiske innhaldet er innarbeidd i forslaga frå læreplangruppene til nye nasjonale læreplanar for vidaregåande opplæring.
Forslag til nye nasjonale læreplanar for yrkesfaglege utdanningsprogram Vg1 og studieførebuande utdanningsprogram Vg1–Vg3 vart sende på høring hausten 2005, med planlagd fastsetjing våren 2006. Dei nye læreplanane for Vg1 skal innførast frå skoleåret 2006–07.
Utvikling av nye nasjonale læreplanar for yrkesfaglege utdanningsprogram Vg2 starta opp i juni 2005, med sannsynleg fastsetjing av nye læreplanar sommaren 2006 og innføring frå skoleåret 2007–08 saman med læreplanar for studieførebuande utdanningsprogram Vg2.
Nasjonalt system for kvalitetsvurdering som grunnlag for kvalitetsutvikling
Det nye nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vart sett i verk i 2004. Systemet inneheld fleire element som til saman skal gi eit breitt bilete av grunnopplæringa i Noreg. For nærmare omtale, sjå kategoriinnleiinga.
Nettportalen skoleporten.no vart opna 23. august 2004. Det er gjennomført ei brukarundersøking der tilbakemelding frå brukarane skal nyttast til vidare utvikling av systemet. Utdanningsdirektoratet arbeider kontinuerleg med å utvikle fleire indikatorar og aktuelt fagstoff til rettleiingsdelen. For meir omtale, sjå kategoriinnleiinga.
For å betre kvaliteten på datagrunnlaget i skoleporten.no har Utdanningsdirektoratet starta eit prosjekt om statistikk for vidaregåande opplæring i samarbeid med fylkeskommunane og SSB. Dette arbeidet er tett samordna med arbeidet til fylkeskommunane for å vidareutvikle inntakssystemet VIGO. I tillegg blir det også arbeidd med å betre kvaliteten på statistikk over lærarar og friskolar i samarbeid med SSB.
Den nye informasjonstenesta vilbli.no for søkjarar til vidaregåande opplæring skal gi informasjon om opplæringstilbodet i vidaregåande opplæring i offentlege skolar og skolar godkjende etter friskolelova § 2-2. Tenesta blir òg lenka til VIGO-inntak på ein slik måte at både offentlege skolar og skolar godkjende etter friskolelova § 2-2 kan delta i det same inntakssystemet.
Publikasjonen «Utdanningsspeilet 2004» presenterer analysar på bakgrunn av datagrunnlaget i Skoleporten. Det er både gjort analysar av resultata i Elevinspektørane, evaluering av resultata frå nasjonale prøver og analysar av ressursbruken i skolen.
Datagrunnlaget for læringsutbyttet til elevane er nasjonale prøver, karakterar frå avgangsprøvene i grunnskolen og eksamen frå vidaregåande opplæring i faga norsk, engelsk og matematikk. I tillegg finst det resultat frå kartleggingsprøvene i lesedugleik på andre og sjuande trinn i grunnskolen og resultat frå dei ordinære fag- og sveineprøvene.
Nasjonale prøver vart gjennomførde i fullskala for første gong i 2005. Det vart halde til saman 19 prøver på fjerde, sjuande, tiande og ellevte trinn. Deltakinga i prøvene var god, med unntak av i vidaregåande skole. Ei spørjeundersøking gjennomført av MMI til rektorar, lærarar og elevar viser at over 80 pst. av lærarane og rektorane seier at dei nasjonale prøvene gir informasjon om kva som bør styrkjast i opplæringa av den einskilde eleven og elevgruppa. Dei fleste elevane på tiande og ellevte trinn meiner at prøvene verken var lette eller vanskelege. Matematikk skil seg ut som den prøva flest elevar meinte var vanskeleg. For meir omtale, sjå kategoriinnleiinga.
Læringsmiljøet blir kartlagt gjennom den nettbaserte brukarundersøkinga Elevinspektørane, der elevar vurderer sin eigen opplæringssituasjon. I samband med etableringa av skoleporten.no og nasjonalt kvalitetsvurderingssystem vart gjennomføring av Elevinspektørane forskriftsfesta for elevar på sjuande klassetrinn, tiande klassetrinn og på grunnkurs i vidaregåande opplæring. Det er gjennomført ein analyse av resultata frå undersøkinga. Rapporten er lagd ut på www.elevinspektorene.no og skoleporten.no. Data frå skoleporten.no blir publiserte både på nasjonalt nivå og på skole- og skoleeigarnivå. Grensa for publisering på skoleporten.no er underlagd strenge reglar for personvern. I tråd med dei krava som gjeld i personopplysningslova, kan opplysningar ikkje knytast til bestemte elevar. Alle opplysningane i skoleporten.no vil vere gjennomsnittstal, og ingen data kan publiserast dersom talet er basert på færre enn ti elevar. Det vil derfor vere ei rekkje små skolar som ikkje får resultata sine publiserte, jf. også omtale i kategoriinnleiinga.
Hausten 2004 vart resultata frå undersøkingane Programme for International Student Assessment (PISA) 2003 og Trends in Mathematics and Science Study (TIMSS) 2003 publiserte. For omtale av resultata, sjå kategoriinnleiinga.
I samarbeid med Noregs forskingsråd har departementet vidareført programmet Kunnskap, utdanning, læring (KUL).
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Det er løyva om lag 500 mill. kroner til ulike kompetanseutviklingstiltak i 2005.
«Kompetanse for utvikling» – strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008 vart lagd fram hausten 2005. Strategien beskriv oppgåvene til dei ulike aktørane og skoleeigar sitt ansvar for kompetanseutvikling i samband med innføring av Kunnskapsløftet. Det er tildelt 300 mill. kroner til skoleeigarane for å støtte arbeidet deira med kompetanseutvikling. Skoleeigarane har kartlagt behova sine og utvikla planar for bruk av midlane. Alle fylkeskommunane og 80 pst. av kommunane hadde ein politisk vedteken plan tidleg på hausten 2005.
20 mill. kroner av midlane er tildelte for vidareutdanning i det andre framandspråket på grunnlag av lokale behov. Søknadsomfanget tyder på at behovet er tre gonger så stort. Kommunane står fritt til å bruke andre kompetanseutviklingsmidlar til det andre framandspråket.
Det er avsett 10 mill. kroner til kompetanseutvikling i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Ny læreplan i faget blir innført hausten 2005. Kompetanseutviklinga omfattar lærarrettleiinga KRL-boka 2005, regionale seminar og midlar til skoleeigar.
Utvikling av nasjonale strategiar har vore eit sentralt verktøy i satsinga på kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, kompetanseutvikling for lærarane og auka læringsutbytte for elevane. Oppfølginga av strategiane er forankra i Utdanningsdirektoratet. Fleire av strategiane er knytte opp til nasjonale senter.
«Realfag, naturligvis» – strategi for styrking av realfaga 2002–07 vart revidert i januar 2005. Utviklingsarbeid i eit breitt perspektiv står sentralt i strategien. Til denne strategien er det utnemnd to nasjonale senter: Nasjonalt senter for matematikk ved NTNU i Trondheim og Nasjonalt senter for naturfag ved Universitetet i Oslo. Arbeidet med å styrkje realfaga har heldt fram. Nye læreplanar og auka timetal i samband med Kunnskapsløftet og prioritering av matematikk og naturfag i strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa er sentrale element i dette. Det er lagt vekt på tiltak for å fremme bruk av gode arbeidsmåtar i matematikk og naturfag. Dei nasjonale sentra i matematikk og i naturfag har utvikla fleire tiltak for dette. Spreiing av gode erfaringar har mellom anna skjedd ved utvikling av eigne nettsider og gjennom nettverk av ressurslærarar. Direktoratet har fått utarbeidd eit filmbasert opplegg for lokal etterutdanning i matematikk for småskoletrinnet. For å auke interessa for realfag er det gitt støtte til regionale vitensenter og til konkurransar i realfag.
«Gi rom for lesing!» – strategi for stimulering av leselyst og leseferdighet 2003–07 vart revidert i april 2005 med tanke på større grad av samsvar med Kunnskapsløftet. Utviklingsarbeid og samarbeid med skolebibliotek er sentralt i strategien, det same er koplinga til kultur og Den kulturelle skolesekken. Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking («Lesesenteret») er lagt til Universitetet i Stavanger. Strategiplanen skal bli evaluert undervegs av SINTEF. Ein delrapport frå juni 2005 syner mellom anna at det er viktig at dei som skal setje i verk tiltak, er klare over samanhengen mellom lyst og evne til lesing hos elevane. Ulike føresetnader krev ulike tiltak. Det er også viktig at planen har ei solid forankring hos lærarane og skoleleiinga. Som eit av tiltaka i «Gi rom for lesing!» har Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Den norske Bokhandlerforening gjennomført «Bok til alle», ei gratis bok til elevane på sjette og sjuande årssteg. Alle strategiane har konkrete og forpliktande mål som blir følgde opp i årlege rapporteringar. Verkemidla blir revurderte i forhold til resultata ein når undervegs. Ein samisk plan er laga, og samisk leseleir er gjennomført. Studietilbod for kompetanseutvikling av lærarar og skolebibliotekarar er i gang. Bredtvet kompetansesenter gjennomfører eit pilotprosjekt for kompetanseutvikling om språkutvikling og språkvanskar hos barn og unge. Skolar og skoleeigarar fekk i 2005 12 mill. kroner i tilskott til gjennomføring av «Gi rom for lesing!», og det er gitt ut informasjon til foreldre, elevar og lærarar om strategiplanen.
«Likeverdig utdanning i praksis!» – strategi for bedre læring og større deltakelse av språklige minoriteter i barnehage, skole og utdanning 2004–09 er utforma i samarbeid med Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, og omfattar ei breiare målgruppe enn berre grunnopplæringa. Forsking, nasjonale prøver og nasjonal karakterstatistikk viser at det er forskjellar i læringsutbytte og gjennomføringsgrad mellom elevar med norsk bakgrunn og elevar med minoritetsbakgrunn. Regjeringa meiner at utdanning er det viktigaste innsatsområdet for å førebyggje eit samfunn med store økonomiske og sosiale forskjellar i befolkninga, og for å hindre systematiske forskjellar som følgjer etniske skilje, jf. St.meld. nr. 49 (2003–2004) Mangfold gjennom inkludering og deltakelse. Regjeringa legg vekt på ein heilskapleg strategi i opplæringa av språklege minoritetar frå barnehage til høgre utdanning. Utdanningsdirektoratet har fått eit særleg ansvar for oppfølginga av strategiplanen og for å sjå dei ulike tiltaka i samanheng. Fylkeskommunane er tildelte midlar for å implementere strategiplanen, det er halde fylkesvise og nasjonale konferansar, og det er etablert samarbeid med aktuelle departement og institusjonar i fleire av tiltaka i planen. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har medverka til kompetanseutvikling i høgskolar, skolar og barnehagar. Opplæringslova er endra for å kunne gi meir fleksibel og tilpassa opplæring for språklege minoritetar. Virketida for lova er for kort (2. juli 2004) til å kunne seie noko om endringar i praksis i fylkeskommunar, kommunar og skolar, men modellar for språkopplæring blir no prøvde ut både i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring, og det er mellom anna utvikla rettleiingsmateriell for foreldre med minoritetsbakgrunn. Strategiplanen for likeverdig utdanning i praksis blir revidert hausten 2005.
«Se mulighetene og gjør noe med dem!» – strategi for entreprenørskap i utdanningen 2004–2008 er utvikla i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Strategien er eit av tiltaka i Regjeringa sin innovasjonsplan «Fra idé til verdi», og skal stimulere til større vekt på entreprenørskap som tverrfagleg tema og metode i grunnopplæringa og høgre utdanning. Det er mellom anna gjennomført ei konferanse for erfaringsspreiing, og det er lyst ut og tildelt midlar til kompetanseutvikling for lærarar i grunnopplæringa. Vidare er det gitt støtte til kompetansemiljø og forskingsmiljø til datainnsamling om kunnskap og entreprenørskapsopplæring på alle nivå i utdanninga.
«Språk åpner dører» – strategi for styrking av fremmedspråk i grunnopplæringa 2005–2009 er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet og auka vekt på opplæring i framandspråk. For å styrkje dette arbeidet er det oppretta eit nasjonalt senter for frammandspråk i Halden, knytt til Høgskolen i Østfold. Det overordna målet med planen er å utvikle framandspråkkompetansen for elevar, lærlingar og lærarar i norsk grunnopplæring. Strategien omfattar mellom anna tiltak for større mangfald og breidd i opplæringa i framandspråk, ei praktisk tilnærming til opplæringa og auka rekruttering og kompetanseheving for lærarar.
I samband med arbeidet for å utvikle og styrkje norskfaget er det oppretta eit nasjonalt senter i nynorsk ved Høgskolen i Volda. Senteret skal leie arbeidet med å utvikle innhaldet, arbeidsmåtane og vurderingsformene i nynorskdelen av norskfaget, tilby skoleeigarar og skolar støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, setje i verk systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremme opplæring i nynorsk og medverke til kompetanseutvikling.
Utdannings- og forskingsdepartementet sette i april 2005 ned ei arbeidsgruppe for å vurdere heilskapen i norskfaget, blant anna i lys av dei utfordringane faget står overfor i det fleirkulturelle samfunnet. Ein delrapport frå arbeidsgruppa konkluderer med at norsk som andrespråk framleis bør vere eit tilbod til elevar som treng det. I tilrådinga konkluderer arbeidsgruppa med at ein kan utarbeide ei plattform med felles kompetansemål og perspektiv for norskfaga. Arbeidsgruppa legg fram sluttrapport 1. januar 2006.
Program for Digital Kompetanse 2004–2008 er Utdannings- og forskingsdepartementet si satsing på IKT i norsk utdanning. Programmet femner om alle delar av utdanningssektoren. Programmet må sjåast i samanheng med og stø opp under Kunnskapsløftet og eNorge 2009 som er Regjeringa sin strategi for korleis IKT skal utnyttast for vidare økonomisk vekst og auka verdiskaping.
Det er arbeidd med å spreie røynslene frå tidligare IKT-prosjekt som PILOT, «Program for LærarUtdanning, Teknologi og Omstilling» (PLUTO) og «IKT i lærarutdanninga». Innanfor «Program for digital kompetanse 2004–08» og Kunnskapsløftet vart eit nytt nasjonalt prosjekt, «Lærande Nettverk», starta våren 2004. Hausten 2004 vart det starta 21 nettverk med i gjennomsnitt elleve skolar. Våren 2005 vart seks nye nettverk starta opp. Nettverka er spreidde over heile landet og tel i alt omkring 300 skolar.
Våren 2005 har det i samband med prosjektet Den digitale skole vore gjennomført digital eksamen i fleire fag på 40 vidaregåande skolar. Det har også vore forsøk med gjennomføring av digital avgangseksamen i matematikk i grunnskolen, jf. også kap. 248 for omtale av IKT-tiltak.
Ordningane Skoleeigarprisen, demonstrasjonsskolar og demonstrasjonsbedrifter er førte vidare, jf. kategoriinnleiinga. Ei forskingsbasert evaluering av demonstrasjonsordninga er utført av Fafo. Ho viser at ordninga har fungert særs godt for skolane.
Utdannings- og forskingsdepartementet deltek i ein interdepartemental tiltaksplan mot fattigdom der ein mellom anna har retta innsatsen mot fråfall i vidaregåande opplæring og betre oppfølging av språklege minoritetar som treng særskilt tilrettelagd opplæring. Det er utvikla kompetansegivande etterutdanning i individuell rettleiing og systemarbeid for rådgivarar i grunnopplæringa. Det er teke initiativ til å samordne tilbod frå høgskolar og universitet om etter- og vidareutdanning for rådgivingstenesta, og det er utvikla eit kursopplegg for rådgivarar med tema rettleiing for minoritetsspråklege elevar. Begge tilboda er prøvde ut i 2004 av rådgivarar og rettleiarar i Oppfølgingstenesta, PP-tenesta og Aetat.
Det er utarbeidd og sendt ut eit hefte med idear og rettleiing for arbeidet med å utvikle rådgivingstenesta på bakgrunn av erfaringar frå prosjektet «Delt rådgivningstjeneste». Heftet heiter «Yrkes- og utdanningsveiledning – Nøkkelen til bevisste valg», og er sendt til alle skolar med ungdomstrinn og alle vidaregåande skolar. Heftet er òg teke med i pensum i rådgivarutdanninga, mellom anna på Høgskolen i Akershus.
Yrkes- og studierettleiing er eit av satsingsområda innanfor Kunnskapsløftet, og det er teke initiativ til å utvikle regionale nettverk i form av «Partnarskap for karriererettleiing».
Utdanningsdirektoratet har invitert fylkeskommunane til å prøve ut ulike modellar for yrkes- og studierettleiing med siktemål å fungere tverrsektorielt og femne om fleire grupper av utdanningssøkjarar. For meir omtale, sjå kategoriinnleiinga og programkategori 07.50.
Det er utvikla ei nettbasert samling med gode døme på tilpassa opplæring for elevar frå språklege minoritetar. Vidare er det utarbeidd eit hefte på elleve språk om rettar og plikter i grunnskolen. Heftet blir delt ut til alle foreldre med barn i den offentlege grunnskolen. Handlingsplan for utvikling og produksjon av læremiddel for elevar frå språklege minoritetar i grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring for perioden 2004–06 er ferdigstilt og vil bli følgd opp som ledd i strategien for likeverdig opplæring. Ordninga med stipend for minoritetsspråklege lærarar som manglar formell kompetanse, er ført vidare. Sommaren 2005 fekk 60 lærarar stipend av i alt 126 søkjarar. Stipendmottakarane er fordelte over heile landet. Skoleeigar har ansvaret for utbetaling og oppfølging av stipenda, som mellom anna skal gå til å gi full allmennlærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og treårig bachelorutdanning for tospråklege lærarar.
Prosjektet rettleiing av nyutdanna lærarar er ført vidare i samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonane. Det kom inn 16 prosjektsøknader, og 14 av desse er innvilga. Utdanningsdirektoratet har gitt SINTEF Teknologi og samfunn i oppdrag å evaluere prosjektet.
Foreldreutvalet for grunnskolen har i 2004 avslutta prosjektet «Elektronisk foreldrenettverk», medan prosjektet «Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for elevenes læring» blir ført vidare, jf. også kap. 204.
Utviklingsarbeid innanfor det samiske området er i hovudsak ført vidare av Sametinget.
Lærings- og oppvekstmiljø
Mange av dei tiltaka som er omtalte ovanfor, medverkar også til å betre lærings- og oppvekstmiljøet til elevane. Mellom anna er både nasjonale prøver og kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar element som skal føre til betre tilpassa opplæring for den enkelte eleven. Sjå òg kategoriinnleiinga for omtale av mellom anna «Manifest mot mobbing».
Utdanningsdirektoratet gir støtte til ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa, mellom anna ved å setje i verk forskingsbasert utviklingsarbeid og spreie kunnskap til utdanningssektoren. Innsatsen har vore forankra i Plan for lærings- og oppvekstmiljøet (2002–2005), som Utdanningsdirektoratet har revidert i ein ny versjon for perioden 2005–08, jf. omtale under resultatmål for 2006.
Prosjekta «Verdiar i skolekvardagen» og «Skal-skal ikkje», som legg vekt på verdiformidling og verdimedvit, er førte vidare og vart avslutta våren 2005. Ein rapport frå prosjektet «Verdiar i skolekvardagen» kjem hausten 2005. Det er utarbeidd ei rettleiing for å hjelpe skolane i arbeidet deira med verdiar i skolen. Boka «Menneske først» er send til alle skolar.
Departementet samarbeider med andre departement om iverksetjing av tiltak i ulike strategi- og handlingsplanar.
Gjennom tiltaksplan mot fattigdom og strategiplanen «Likeverdig utdanning i praksis!» er det utvikla eit tilpassa opplæringstilbod for ungdom som kjem til Noreg som tenåringar. Det er satsa på betre oppfølging av elevar ved bruk av morsmålslærarar frå ungdomstrinnet til støtte i vidaregåande opplæring.
Gjennom dei to planane har Utdanningsdirektoratet også oppretta eit nettverk som består av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) og Bredtvet og Torshov kompetansesenter. Nettverket utarbeider ulike utgreiings- og kartleggingsverktøy på mellom seks og sju ulike morsmål som kan vere til hjelp for lettare å skilje språklege minoritetselevar med spesialpedagogiske behov frå dei elevane som er i ei ordinær andrespråksutvikling.
Prosjektet «Skolebesteforeldre» er vidareført. Ti skolar er no med i prosjektet. Det er våren 2005 lansert ei eiga heimeside på skolenettet.no for prosjektet.
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) har vidareført arbeidet med å styrkje foreldremedverknaden i skolen, mellom anna gjennom kontakten med dei kommunale foreldreutvala. Foreldre har fått informasjon om nasjonale prøver, arbeidet med nye læreplanar og skoleporten.no, jf. kap. 204 for omtale av prosjekt i regi av FUG.
Prosjektet «Fysisk aktivitet og måltid i skolen» vart sett i verk vinteren 2004. Dette er eit samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, og det vart i 2004 og 2005 løyvd 3 mill. kroner frå kvart departement kvart år. I 2004–05 fekk 200 skolar støtte. Alle skolar i prosjektet skal ha eit tilbod om fysisk aktivitet og leggje til rette for måltid i skolekvardagen. Prosjektet blir evaluert og vidareført.
For å rettleie skoleeigarane har Utdanningsdirektoratet oppretta ei nettbasert teneste for å gi skolar råd når det gjeld opprusting av skoleanlegga.
For å betre situasjonen når det gjeld læremiddel til elevar med særskilde behov, er arbeidet med universell utforming av utstyr og læremiddel styrkt. Dette har mellom anna ført til auka satsing på DAISY-bøker for lesesvake og synshemma.
Som oppfølging av Innst. S. nr. 131 (2002–2003), jf. St.meld. nr. 39 (2002–2003) Ei blot til Lyst, har departementet løyvd midlar som sikrar elevar gratis inngang til universitetsmusea frå 1. januar 2005. Departementet har følgt opp arbeidet med Den kulturelle skolesekken i samarbeid med kultursektoren på alle nivå. I utdanningssektoren er det lagt særskild vekt på litteratur som del av strategien «Gi rom for lesing!». Musikk- og kulturskolane er involverte i denne satsinga som del av arbeidet med å utvikle dei til å bli lokale ressurssenter i arbeidet med Den kulturelle skolesekken.
Internasjonalt arbeid
På oppdrag frå departementet har Utdanningsdirektoratet starta arbeidet med FN sitt tiår for utdanning for berekraftig utvikling. Det er arrangert ein startkonferanse. Vidare er programmet Nettverk for miljølære, som ligg på Internett, redesigna. Det blir òg arbeidd med ei internasjonal utgåve av programmet. Ein konkurranse knytt til Nettverk for miljølære og temaet vann blir arrangert hausten 2005.
Noreg deltek i EUs eLearning Programme 2004–2006, som har som mål å stø effektiv bruk av IKT for å auke kvaliteten i utdanninga og fremme tilpassing til livslang læring. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SiU) er norsk operatør for programmet. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å koordinere eTwinning, som er den aksjonslinja i programmet som er gjeld grunnskole og vidaregåande opplæring.
Utdanningsdirektoratet deltek i samarbeidet omkring Det europeiske skolenettet, ein samanskipnad av utdanningsstyresmakter i 26 europeiske land. Dette har gitt høve til innsikt og erfaringsutveksling om IKT i utdanninga på europeisk plan, og har gjort synleg norsk satsing på dette området. Såvel eTwinning som Det europeiske skolenettet har gitt norske skolar høve til samarbeid med skolar i andre land.
Utdanningsdirektoratet har vore nasjonal koordinator for Noreg i European Agency for Development of Special Needs Education i tråd med avtalen mellom Noreg og European Agency. Nasjonal koordinator har teke del i dei fast møta og har ivareteke norske synspunkt i ulike fora i regi av European Agency. Rapportar, materiell og EuroNews har vore omsette, kvalitetssikra og distribuerte.
Noreg har teke del i fleire prosjekt i regi av European Agency i 2004–05. Prosjekta «Overgang mellom skule og arbeidsliv» og «Tidleg intervensjon» vart avslutta våren 2005. Noreg tek no del i prosjektet «Vurdering som fremmar kvalitet og inkludering på barnetrinnet». 24 europeiske land tek del i dette prosjektet. Både fagpersonar frå Utdanningsdirektoratet og høgskolen er med i prosjektet som ekspertar og prosjektdeltakarar frå norsk side.
Det har vore gjort ein innsats for å spreie informasjon om European Agency og om den nytta norske fagmiljø kan ha av organisasjonen gjennom artiklar i tidsskrift, standar, innlegg og som tema på Landskonferansen 2005.
Noreg har fått ansvaret for å setje i gang og leie OECD-nettverket «International Network on School Bullying and Violence». Målet er å utveksle og dele kunnskap og erfaringar om politikk, forsking og praksis på området. 20 land deltek i nettverket, og det er arrangert ei samling for dei nasjonale koordinatorane. Utdanningsdirektoratet er internasjonal koordinator, mens Senter for åtferdsforsking er nasjonal koordinator i Noreg.
Innanfor fag- og yrkesopplæringa har det internasjonale samarbeidet innanfor EU frå dei seinare åra vore vidareført.
For omtale av EU-skolearbeidet Comenius, sjå kap. 281.
Resultatmål for 2006
Utvikling av læreplanar
Arbeidet med nye læreplanar er ei hovudprioritering i 2006. Arbeidet blir basert på dei prinsippa som går fram av Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Regjeringa ønskjer å halde fram med opne høringsprosessar.
Dei fastsette læreplanane og den nye fag- og timefordelinga for grunnskoletrinna 1.–9. og Vg1 skal innførast frå skoleåret 2006–07. I den endelege utgåva av læreplan for grunnopplæringa vil det inngå ein særskild omtale av individvurdering. Obligatorisk andre framandspråk blir innført på åttande trinn. Skolar kan også tilby andre framandspråk på barnetrinnet dersom dei har kompetanse.
Læreplanane Vg2 skal fastsetjast i 2006–07, og innførast frå skoleåret 2007–08 saman med læreplanen for tiande årstrinn.
Utvikling av nye nasjonale læreplanar for yrkesfaglege utdanningsprogram Vg3 startar opp i 2006, med sannsynleg fastsetjing sommaren 2007. Innføringa skjer ikkje før frå skoleåret 2008–09 saman med læreplanar for studieførebuande utdanningsprogram Vg3.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for resultat- og kvalitetsutvikling
Kunnskapsgrunnlaget om grunnopplæringa er styrkt i dei siste åra. Men det er behov for meir kunnskap, for å systematisere kunnskapen og for å formidle han på ein god måte både til styresmakter, forskarar, skoleeigarar og dei som leiar og arbeider i skolen. Derfor har departementet og Utdanningsdirektoratet i samarbeid utvikla «Strategi for forskning, dokumentasjon og analyse 2005–2008» (Kunnskap for utvikling). Strategien skal leggje grunnlaget for departementet og direktoratet sine årlege prioriteringar.
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vil bli vidareutvikla. På nettstaden skoleporten.no er rettleiingsdelen under oppbygging. Det er gjennomført ei brukarundersøking som vil være ein del av grunnlaget for den vidare utviklinga av systemet. Utdanningsdirektoratet utviklar no mellom anna fleire indikatorar, jf. kategoriinnleiinga. Det er førebels ikkje utvikla ein eigen inngang for fagopplæringa, men dette vil bli vurdert i samband med utviklinga av ein strategi for kvalitetsutvikling i fagopplæringa. Det blir òg arbeidd med å betre datagrunnlaget, mellom anna når det gjeld statistikk for vidaregåande opplæring og statistikk over lærarar og friskolar.
Stortingsfleirtalet ønskjer ei vidareføring av dei nasjonale prøvene, men har bedt departementet om å arbeide vidare med å utvikle og forbetre prøvene. Dette arbeidet er i gang, jf. kategoriinnleiinga.
Kvaliteten i fagopplæringa skal bli betre, jf. kategoriinnleiinga. I 2006 er det særleg forenklingar i opplæringslova, kap. 4 og 12 og framlegget frå direktoratet om ein nasjonal strategi for fag- og yrkesopplæringa som skal følgjast opp.
Som ledd i å skape oversikt over kvalitet, innsatsfaktorar og resultat i grunnopplæringa og formidle dette på ein god måte vil Utdanningsdirektoratet vidareutvikle og publisere den årlege rapporten Utdanningsspeilet. Rapporten skal gi eit bilete av tilstanden i grunnopplæringa gjennom å gi att viktig statistikk og forsking.
Forsking og utvikling er eit satsingsområde i «Program for Digital Kompetanse». Hovudutfordringa for FoU-arbeidet i programmet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget om IKT og læring og setje i verk tiltak for å spreie denne kunnskapen til heile utdanningssektoren. Den nasjonale kunnskapsbasen på området må styrkjast for å betre integrasjonen av IKT i undervisning og læring og for å kunne gi gode innspel til politikkutviklinga på feltet. For å møte dette behovet vil det bli utvikla ein heilskapleg treårig spreiingsstrategi for digital kompetanse.
Utdanningsdirektoratet har ansvar for Forskings- og Kompetansenettet for IT i utdanninga (ITU). Verksemda ved ITU blir ført vidare i 2006 og skal omfatte grunnopplæringa og lærarutdanninga. ITU har eit spesielt ansvar for å styrkje kunnskapsbasen om digital kompetanse.
Arbeidet med å styrkje innsikta i kva for ein verknad IKT har på læringsutbytte og læringsstrategiar, held fram. Det vil bli arbeidd for å utvikle betre indikatorar for å måle og analysere samanhengar mellom investeringar i digital kompetanse og kvalitet i læringsarbeidet gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid som til dømes studien «SITES 2006».
I 2006 blir støtte til IKT-modulen i utdanningsforskingsprogrammet «Kunnskap, utdanning og læring» (KUL) ført vidare på same nivå som før.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
«Kompetanse for utvikling» – strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008 er styrande for prioriteringane innanfor kompetanseutvikling i 2006. Det blir i alt brukt om lag 600 mill. kroner til kompetanseutvikling og utviklingsarbeid. Av dette blir 375 mill. kroner tilført kommunar, fylkeskommunar og eigarar av frittståande skolar for å styrkje arbeidet med etter- og vidareutdanning for målgruppa for strategien, som omfattar lærarar, skoleleiarar, instruktørar og ansvarlege for opplæring i bedrift. Departementet vil i tillegg satse særskilt på vidareutdanning innanfor sentrale fag i Kunnskapsløftet. Dette inneber ei vidare satsing på det andre framandspråket.
Dei nasjonale strategiane vil bli førte vidare med sine kompetanseutviklingstiltak knytte til Kunnskapsløftet.
«Gi rom for lesing!» – strategi for stimulering av leselyst og lesedugleik 2003–2007 blir ført vidare. Den reviderte utgåva av planen er knytt tett opp mot målene i Kunnskapsløftet. Arbeidet blir evaluert av SINTEF-IFEM fram mot 2008. Departementet støttar det nasjonale senteret for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger som ein del av arbeidet for å styrkje leseopplæringa. Departementet er oppteke av å styrkje arbeidet med norskfaget i grunnopplæringa. Det nasjonale senteret ved Høgskolen i Volda skal arbeide med å utvikle nynorskdelen av faget.
«Realfag, naturligvis» – strategi for styrking av realfagene 2002–2007 blir ført vidare i tråd med revidert plan. I 2006 vil ein leggje særleg vekt på utvikling av gode arbeidsmåtar i opplæringa og spreiing av gode erfaringar. Det nasjonale senteret for matematikk ved NTNU i Trondheim og det nasjonale senteret for naturfag ved Universitetet i Oslo har sentrale oppgåver i dette arbeidet. For å auke interessa for realfag blir det tildelt støtte til regionale vitensenter og til gjennomføring av konkurransar i realfag. Evalueringa av strategiplanen vil halde fram.
«Likeverdig utdanning i praksis!» – strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2004–2009 blir revidert og utvikla vidare i samarbeid med fleire departement og Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring ved Høgskolen i Oslo.
«Se mulighetene og gjør noe med dem!» – strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004–2008 er grunnlag for arbeidet med å styrkje entreprenørskap i heile grunnopplæringa. Det blir skipa til erfaringsspreiingskonferanse for aktørar frå heile landet og utvikla kjenneteikn på god entreprenøraktivitet i skolen. Arbeidet skjer i tett samarbeid med andre departement og organisasjonar, mellom anna Ungt entreprenørskap.
«Språk opnar dører!» – Strategi for styrking av framandspråk i grunnopplæringa 2005–2009 er utvikla i tråd med målene i Kunnskapsløftet. Strategien vil stimulere til auka mangfald og praktisk tilnærming til språkopplæring, og auke kunnskapen om behovet for kompetanse i framandspråk og fremme forsking og utviklingsarbeid. Det nasjonale senteret for framandspråk ved Høgskolen i Østfold blir ein sentral aktør i arbeidet med planen.
Departementet vil utvikle kvaliteten i fagopplæringa, jf. kategoriinnleiinga. I 2006 er det særleg forenklingar i kap. 4 og 12 i opplæringslova samt direktoratet sitt arbeid med ein strategi for fag- og yrkesopplæring som skal følgjast opp.
Departementet har sett i gang eit prosjekt som skal vurdere rekruttering til læraryrket og kompetansen til lærarane, jf. kategoriinnleiinga.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid innanfor samisk grunnopplæring vil vere knytt til innføring av Kunnskapsløftet. Sametinget og dei samiske forvaltningskommunane fører dette arbeidet vidare i samarbeid med Samisk høgskole.
Departementet vil stimulere endå fleire skolar til å utvikle seg som lærande organisasjonar med sikte på at elevane skal lære mest og best mogleg. Til dette har departementet sett av midlar til to nye program frå 2005. Det eine er eit program for praktisk og kunnskapsbasert skoleutvikling for perioden 2005–08, der skolar samarbeider med eksterne kompetansemiljø for å bringe fram kunnskap om korleis organisasjonsutvikling, leiing, lærarane si samhandling og læring og ambisjonane i kollegiet medverkar til at elevane utviklar seg betre fagleg og sosialt. Det andre er eit program for yrkesretta forskning og utvikling for perioden 2005–08 administrert av Noregs forskingsråd. Aktuelle prosjekt skal vere ein del av den samla utviklingsstrategien til skoleeigar knytt til tema som til dømes tilpassa opplæring og læringsutbytte, organisering av opplæringa, leiing, vurdering og nyutdanna lærarar. Jf. også omtale i kategoriinnleiinga og programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.
Ordninga som gjeld demonstrasjonsskolar, skal vidareførast etter ei revidering av kriteria. Departementet ønskjer mellom anna at ein skal leggje større vekt på dokumentert læringsutbytte. På bakgrunn av Fafo si evaluering av demonstrasjonsordninga blir det sett i verk ei særskild vurdering av ordninga med demonstrasjonsbedrifter. Departementet vil i 2006 innføre ei prøveordning med demonstrasjonskulturskolar bygd over same leist som den vanlege ordninga.
Hausten 2005 blir det gjort ei vurdering av Skoleeigarprisen, som har vore delt ut i samarbeid med KS sidan 2003. På bakgrunn av dette vil det bli teke stilling til korleis arbeidet med prisen skal utviklast vidare.
Arbeidet med yrkes- og studierettleiing for ulike grupper skal førast vidare.
Satsinga på IKT frå 2005-budsjettet blir ført vidare i 2006-budsjettet innanfor «Program for digital kompetanse 2004–2008». Resultatmåla er knytte til dei fire satsingsområda i programmet. Programmet femner om alle utdanningsnivå.
Utgreiinga «Digital tilstand i UH-sektoren» held i 2006 fram med ein ny fase ved tre ulike studiestader. På institusjonelt nivå skal ein gjere makrostudiar for betre å forstå kva det er ved dei organisatoriske strukturane som fremmer og/eller hindrar fruktbar nytte av digital teknologi i utdanninga.
Departementet vil halde fram med å støtte tiltak for den vaksne delen av folket i høve til særlege utfordringar desse vil møte i vår digitale kvardag.
«Strategi for digitale læringsressursar» gjeld for perioden 2006–08. Tiltaka femner om grunnopplæringa, høgre utdanning og læringa til vaksne. Strategien skal stø oppunder arbeidet med å integrere grunnleggjande dugleik i bruk av digitale verktøy i faga. Vidare er strategien viktig for å sikre lærarane reell metodefridom gjennom å auke tilfanget av digitale læringsressursar i faga. Dei viktigaste tiltaka i strategien er å auke tilgangen på pedagogisk tilrettelagt digitalt innhald frå kultursektor og kringkasting og å stimulere etterspurnaden etter digitale læringsressursar i vidaregåande opplæring gjennom eit særskilt utviklingsprogram. Dei vidaregåande skolane skal utviklast som lærande verksemder gjennom utviklingsprogrammet.
Departementet og Utdanningsdirektoratet syter gjennom prosjektet «Lærande Nettverk» for at røynslene frå tidlegare IKT-prosjekt kjem mange til gode. Satsinga «Lærande Nettverk» skal medverke til å skape nyttige læringsarenaer og nettverk for IKT og læring i skolen med deltaking frå skolar, skoleeigarar, lærarutdanningar og andre FoU-miljø. Etter planen skal talet på nettverk auke i 2006.
Utdanninga står overfor store utfordringar i tida som kjem for å integrere IKT betre i opplæringa, både som grunnleggjande dugleik og som eit verktøy for endring og utvikling. Lærarutdanninga ved universitet og høgskolar er ei viktig drivkraft i utviklingsarbeidet. Skoleleiarar og skoleeigarar må ta del i naudsynt kompetanseutvikling for å kunne møte den utfordringa som er knytt til digital kompetanse i grunnopplæringa.
IKT skal komme gradvis i bruk i fleire fag i avgangsprøva i grunnskolen og i eksamenar i vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratet evaluerer korleis ordninga med bruk av IKT ved eksamen har fungert i dei ulike faga.
Den nasjonale utdanningsportalen Utdanning.no førast vidare. Arbeidet med å betre og vidareutvikle ulike nettbaserte tenester retta mot utdanningssektoren skal halde fram. I 2006 skal Utdanning.no leggje til rette for tilknyting til den nye borgarportalen Min side.
Utdanning.no skal leie og fungere som sekretariat for den nyoppretta Samordningsgruppa for nettstader i utdanningssektoren (SANU). Arbeidet i SANU skal gjere portalane meir oversiktlege og syte for at innhaldet er betre tilgjengelege for alle. SANU skal òg arbeide for at innhaldet skal vere tilgjengeleg på båe målføre.
Arbeidet med utvikling av standardar for læringsteknologi blir ført vidare for perioden 2006–08. Departementet kjem attende til korleis arbeidet skal organiserast.
Utdanningsdirektoratet skal i 2006 halde fram med å vidareutvikle arbeidet med ein systematisk oversikt med omsyn til drift og utstyr, mellom anna status på skolenivå for nettbreidd, nettkapasitet og maskinkapasitet.
Samarbeid mellom offentlege og private aktørar er eit viktig verkemiddel. Samarbeidsforum mellom private og offentlege aktørar blir ført vidare i 2006.
Departementet vil leggje til rette for ei identitetsforvaltning for utdanningssektoren som byggjer på FEIDE-prosjektet og den statlege PKI-løysinga eID. Saman med eID vil FEIDE dekkje kravet i sektoren til sikker autentisering, og løysinga stør opne standardar i sektoren. FEIDE vil bli implementert stegvis frå hausten 2006.
Departementet vil styrkje innsatsen for å auke kompetansen til skoleeigarane innanfor drift og innkjøp av IKT-infrastruktur. UNINETT ABC blir vidareført i 2006. Det er sett i verk ein prosess for styrking av samordninga mellom dei to rettleiingstenestene HØYVIS og SOLID (Skolar og lokalmiljø for digital utvikling). For å betre brukarorienteringa og ressursutnyttinga skal dei to rettleiingstenestene samordnast mot sluttbrukarane (til dømes i form av ein felles nettstad), men samstundes skal dei haldast oppe som to parallelle organisatoriske einingar som no er tilknytte respektive Høykom og UNINETT ABC.
Departementet vil følgje opp det tverrdepartementale arbeidet med opne standardar og open kjeldekode. eNorge 2009 set krav om at offentlege etatar skal ha strategiar for mellom anna opne standardar og tenesteorientert arkitektur i løpet av 2006. Departementet vil i 2006 utvikle ein samla plan for betre samordning av arbeidet med læringsteknologi i utdanningssektoren.
Lærings- og oppvekstmiljø
Arbeidet med lærings- og oppvekstmiljø vil bli ført vidare. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd «Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008)». Strategien omfattar eit breitt spekter av tiltak og legg vekt på at tiltaka skal vere kunnskapsbaserte. Gjennomføring av strategien blir sett i samanheng med oppfølging av Kunnskapsløftet. Arbeidet med oppfølging av opplæringslova kapittel 9a for eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø står sentralt i strategien. Det statlege tilsynet med skolane blir styrkt, mellom anna ved ei særleg satsing på nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk for fylkesmennene.
Manifest mot mobbing blir ført vidare for perioden 2005–07. Skolane vil framleis få tilbod om program mot mobbing og modellar for førebygging og meistring av problemåtferd. Gjennom koordineringa av det internasjonale nettverket mot vald og mobbing i skolen vil ein mellom anna spreie erfaringar om effektive tiltak og strategiar.
Erfaringar frå verdiprosjekta «Verdiar i skolekvardagen» og «Skal-skal ikkje» blir ført vidare.
Departementet samarbeider med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar. Tiltaka blir sette i samanheng med Utdanningsdirektoratets strategi for læringsmiljø, til dømes på område som psykisk helse, rus og kriminalitet. Arbeidet mot rasisme og tildeling av Benjamin-prisen held fram.
Departementet fører vidare samarbeidet med Helsedepartementet om prosjektet «Fysisk aktivitet og måltid i skolen». Om lag 350 skolar vil delta med prosjekt i 2005–06. Prosjektet blir evaluert. Det blir lagt til rette for spreiing av gode erfaringar frå prosjektet. Som ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 538 av 16. juni 2005 om måltid i skolen vil departementet settje ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut spørsmål knytte til skolemåltid. Arbeidsgruppa skal skaffe eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om måltid i skolen, greie ut økonomiske konsekvensar og komme med vurderingar og forslag utifrå det. Arbeidsgruppa vil bestå av fagfolk med ulik bakgrunn, som ernæring, økonomi, pedagogikk og utdanningsforsking. Elevar og lærarar vil også delta. Rapporten skal liggje føre tidleg våren 2006.
Departementet vil følgje opp Innst. S. nr. 196 (2004–2005), jf. St.meld. nr. 27 (2004–2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen, og samarbeider mellom anna med Justisdepartementet om prosjektet «Narkotikaprogram med domstolskontroll».
Tiltaksplanen mot fattigdom blir ført vidare gjennom prosjekta «Satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring», «Betre oppfølging av språklege minoritetar som treng særskilt tilrettelagd opplæring», «Tilpassa opplæringstilbod for ungdom som kjem til Noreg som tenåringar» og «Tilpassa opplæring basert på realkompetanse for innsette i fengsel», jf. kap. 225.
Samarbeidet mellom heim og skole blir styrkt, mellom anna vil Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) framleis arbeide for å trekkje foreldra med i gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Prosjektet «Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for elevenes opplæring i skolen» blir ført vidare. Det same blir prosjektet «Skolebesteforeldre».
Departementet fører vidare arbeidet med den kulturelle skolesekken i samarbeid med kultursektoren på alle nivå.
Internasjonalt arbeid
Internasjonalt samarbeid på IKT-området skal styrkjast. Norske skolar og utdanningsinstitusjonar har høve til å delta i ulike utdanningsprogram innanfor EU. Deltaking i samarbeidsprosjekt skal medverke til bruk av IKT for å fremme betre kvalitet på utdanninga. Minerva, ei tiltakslinje innanfor Sokrates-programmet, gjeld IKT i utdanning på alle nivå. eLearning-programmet er i sin heilskap retta mot prosjekt for å fremme innovasjon og effektiv læring med bruk av IKT.
Det er ønskjeleg at fleire norske skolar og utdanningsinstitusjonar deltek i desse programma. Departementet vil derfor i samarbeid med SiU, som er programoperatør, setje i verk tiltak for å fremme auka norsk deltaking.
Noreg tek del i arbeidet med «Northern eDimension Action Plan» (NeDAP), eit program i samarbeid mellom EU, Nordisk Ministerråd og Austersjørådet retta særleg mot Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Dette programmet har som mål å fremme samarbeidet på IKT-feltet i området. Departementet vil følgje opp arbeidet med å utvide Nordunet 3, det nordiske forskingssamarbeidet knytt til det nordiske forskingsnettet Nordunet, til også å inkludere dei ikkje-nordiske Austersjø-landa.
Internasjonalt samarbeid innanfor fag- og yrkesopplæringa skal førast vidare.
Noreg skal også i 2006 delta i internasjonale komparative undersøkingar.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å løyve 964,8 mill. kroner til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Av dette blir 935,5 mill. kroner løyvde over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, mens 29,3 mill. kroner i meirverdiavgift blir løyvde over budsjettet til Finansdepartementet. Løyvinga som tidlegare vart gitt over kap. 248, er foreslått flytta til kap. 226 frå 1. januar 2006. Regjeringa foreslår ein auke på opp mot 140 mill. kroner i løyvinga til kvalitetsutvikling. Av totalt 600 mill. kroner til kompetanseutvikling og utviklingsarbeid vil 375 mill. kroner bli fordelte direkte til skoleeigar. Det er i tillegg behov for ei tilsegnsfullmakt på 120 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Andre oppgåver
Arbeidet med Kunnskapsløftet krev ekstra ressursar i departementet, og løyvinga over kap. 226 finansierer nokre få stillingar i departementet i samband med dette arbeidet.
Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
60 | Tilskott til Moskvaskolen | 1 108 | 1 142 | |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 288 | 2 359 | |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 4 214 | 4 345 | |
70 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 5 565 | 6 343 | |
71 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 17 992 | 18 568 | |
72 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 22 693 | 23 419 | |
Sum kap. 227 | 53 860 | 56 176 |
I 2005 vart løyvingar på kap. 221, 223 og 249 flytta til kap. 227. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2004–2005) og Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005).
Post 60 Tilskott til Moskvaskolen
Moskvaskolen vart oppretta i august 1994 som eit samarbeidsprosjekt mellom Akershus fylkeskommune og Det Statlige Russiske Vitenskapsakademiet, og er ein del av ein ordinær russisk skole. Moskvaskolen gir både norske og russiske elevar godkjent vitnemål etter norske og russiske reglar.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk høve til å ta vidaregåande kurs II på Moskvaskolen. Kriterium for måloppnåing er at skolen held oppe eit tilbod for inntil 15 norske elevar med kompetanse i russisk til å ta vidaregåande kurs II.
Tilskottet skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i høve avtale med Det Statlige Russiske Vitenskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen.
Liste over norske elevar som tek vidaregåande kurs II, inkludert eksamenspapir for dei som har fullført vidaregåande II, skal vise at tilskottsmottakar har gitt eit opplæringstilbod til elevane. Det skal bli utført ein generell formalia- og rimelegheitskontroll av innsendt materiale. I tillegg skal tilskottsmottakar levere ei revisorattestert utskrift som viser at statstilskottet er inntektsført i resultatrekneskapen til skolen.
Før skoleåret 2007–08 tek til, skal ordninga evaluerast som eit nasjonalt tilbod. Dersom tilbodet skal halde fram etter seks år, skal fylkeskommunane overta finansieringa av dette tilbodet, jf. St.prp. nr. 1 (2001–2002) for Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet.
Rapport for 2004–05
I skoleåret 2004–05 gjekk det seks norske elevar, av desse fullførte fire, ved den Norsk-russiske skolen i Moskva, mot to norske elevar i skoleåret 2003–04.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg ved tilskott til drifta av Nordland kunst- og filmskole.
Fylkeskommunen i Nordland må innan gitte fristar sende søknad om tilskott til drifta, rapportere om aktiviteten på skolen og sende inn annan resultatinformasjon og årsrekneskap i tråd med tilskottsbrevet.
Nordland kunst- og filmskole skal sende rekneskap og rapport for året til Fylkesmannen i Nordland. Det blir utført ein generell kontroll av om søknader og innsendt materiale fyller rimelege krav, og det kan setjast i verk stikkprøvekontrollar. Det skal i tillegg gjennomførast ordinært tilsyn ved skolen.
Rapport for 2004–05
Skolen hadde 49 heilårselevar ved skolestart hausten 2004. Ved elevrapportering per 6. april 2005 var det 47 elevar ved skolen, totalt 29 elevar på kunstlinjene og 18 elevar på filmlinja.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Fjellheimen leirskole er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta si ved statstilskott, eigenbetaling frå elevane/deltakarene og medverknad frå Engerdal kommune, som er eigar og driv Fjellheimen leirskole. Samla kapasitet ved skolen er 1 000 deltakarar per år.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole.
Før tilskottet blir utbetalt, må Engerdal kommune sende inn søknad basert på leirskolen sitt budsjett for det året det blir søkt om statstilskott for. 80 pst. av tilskottet blir utbetalt som eit grunntilskott medan resterande 20 pst. er resultatbaserte. Føresetnaden for at heile tilskottet kan utbetalast, er at skolen oppfyller eit resultatkrav på minst 980 besøkjande elevar og leiarar per år. Elevlister skal sendast inn. Tilskottet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskole.
Engerdal kommune sender årsmelding og revisorattestert årsrekneskap, der talet på deltakarar er spesifisert i eigen note. Fylkesmannen i Hedmark skal kontrollere at det er samsvar mellom utbetalt tilskott og rekneskap, at resultatkravet er oppfylt, og at statstilskottet er inntektsført i resultatrekneskapen.
Rapport for 2004–05
Elevtalet ved leirskolen har vore stabilt på rundt 1 000 i dei siste åra.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 70 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo
Noreg har inngått avtale om utdanningssamarbeid med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eige land legg til rette for opplæring av tolv nye norske lærlingar kvart år innanfor fagområda hotell- og næringsmiddelfag og mekaniske fag. Lærlingane skal følgje det franske fagopplæringssystemet i to år.
Noreg har inngått avtale om utdanningssamarbeid med Tyskland om tilskott til den tyske skolen i Noreg. Avtalen forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den tyske skolen i Oslo. Tyskland forpliktar seg til å leggje til rette for 20 praktikantplassar per studieår for norske studentar ved tyske bedrifter.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Tyskland og Frankrike og å styrkje stillinga til det franske og det tyske språket i Noreg.
Tilskott skal nyttast til drift av den tyske og den franske skolen i Oslo. Storleiken på tilskottet er fastsett i samsvar med avtale.
Elevlister skal vise at tilskottsmottakarane gir eit opplæringstilbod til elevane. Det blir utført ein generell formalia- og rimelegheitskontroll av elevlistene. I tillegg skal tilskuddsmottakarane levere ei revisorattestert utskrift som viser at statstilskottet er inntektsført i resultatrekneskapen. Lister over praktikantplassar og lærlingplassar skal òg innhentast, og dei skal vise om avtalepartane oppfyller dei krava som avtalen sett.
Rapport for 2004–05
I skoleåret 2004–05 fekk sju lærlingar plass i den franske skolen. I Tyskland var det ingen praktikantar i skoleåret 2004–05. I avtalen mellom Noreg og Tyskland, jf. Innst. S. nr. 4 (2002–2003) og St.prp. nr. 78 (2001–2002), heiter det:
«Ved endring i elevtallet ved Den tyske skolen i Oslo på mer enn 10 pst. vil regjeringen i Norge vurdere endringer i den årlige støtten. Elevtallet var i skoleåret 2000–01 på 118 elever. Tallet på elever ved skolen telles hvert år 1. oktober.»
Talet på elevar i oktober 2004 var på 188, som er ein auke på om lag 60 pst. Ved handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2005 vart løyvinga på kap. 227 post 70 derfor auka med kr 600 000.
I skoleåret 2004–05 gjekk det 210 elevar på barnesteget, 163 elevar på ungdomssteget og 61 elevar i vidaregåande opplæring i den franske skolen. I den tyske skolen i skoleåret 2004–05 gjekk det 145 elevar på barnesteget og 43 elevar på ungdomssteget.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir auka med 600 000 kroner frå 2005.
Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere drifta av internatet ved Krokeide yrkesskole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen. Skolen er eigd av Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke (LHL) og gir tilbod om attføring og yrkesutdanning til elevar som på grunn av funksjonshemming har behov for tilrettelagd opplæring. Tilskottet har gått til drift av internatet og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.
Fylkesmannen i Hordaland skal kontrollere om budsjettforslaget frå Krokeide fyller rimelege krav før tilskott blir utbetalt. Årsrekneskap og rapport blir nytta til kontroll av at skolen har brukt tilskottet i tråd med godkjent budsjett og tilskottsbrev. Ut frå ei vurdering av viktigheit og risiko kan det òg bli utført stikkprøvekontrollar.
Våren 2005 var det til saman 132 elevar ved internatet ved Krokeide yrkesskole, ein reduksjon på ti elevar frå våren 2004.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
United World Colleges (UWC) er ei internasjonal rørsle som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Stiftinga av den første skolen i Wales i 1962 var inspirert av den kalde krigen. I dag møter verda nye utfordringar, mellom anna etniske konfliktar og miljøproblem. Det eksisterer i alt ti UWC-skolar på fem kontinent, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen. Vidare er det sett i gang eit arbeid for å få til ein intensjonsavtale mellom dei nordiske landa som skal tryggje finansieringa av skolen.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av RKNUWC.
RKNUWC må innan gitte fristar sende inn budsjettforslag, elevlister, årsrapport og revisorattestert årsrekneskap.
Innsendt rekneskap og årsrapport skal vise at midlane er brukte i tråd med føresetnadene, og at tilskottsmottakar har gitt eit IB-tilbod. Det skal gjerast ein generell kontroll av om dei innsende opplysningane er rimeleg og fyller dei formelle krava. Det skal òg gjennomførast ordinært tilsyn ved skolen. Det kan i tillegg gjennomførast stikkprøvekontrollar.
Rapport for 2004–05
I 2004 hadde RKNUWC 201 elevar frå 83 land. 29 pst. av elevane kom frå nordiske land, 27 pst. frå andre europeiske land, Midtausten og Balkan, 16 pst. frå Amerika, 17 pst. frå Asia og 11 pst. frå Afrika. Dei andre nordiske landa finansierte i 2004 rundt 33 pst. av drifta ved skolen.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott til frittståande skolar , overslagsløyving | 2 042 444 | 2 366 000 | |
71 | Tilskott til friskoleorganisasjonar | 522 | 539 | |
72 | Tilskott til kapitalkostnader | 25 500 | 52 632 | |
Sum kap. 228 | 2 068 466 | 2 419 171 |
Post 70 Tilskott til frittståande skolar, overslagsløyving
Det går fram av § 2 i menneskerettslova at FN-konvensjonen av 16. desember 1966 om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar skal gjelde for norsk lov. Denne konvensjonen har som føresetnad at foreldra skal kunne sikre barna sine undervisning i eiga tru eller eige livssyn, noko som mellom anna må kunne skje gjennom å opprette private skolar. Konvensjonen gir likevel statlege styresmakter rett til å stille minstekrav til opplæringa, særleg når det gjeld kvalitet. Opplæringa skal mellom anna fremme respekt for menneskerettane og setje barn i stand til å ta del i samfunnet. Dette går fram av FNs barnekonvensjon artikkel 29. Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skolar i Noreg.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å sikre at det kan etablerast og drivast frittståande skolar, jf. friskolelova, slik at ein sikrar elevar og foreldra reell fridom til å velje skolar utanom det offentlege skoleverket.
Skolar som får tilskott, må vere godkjende med heimel i friskolelova og drive skole i tråd med friskolelova, jf. friskolelova §§ 2-1, 2-2 og 6A-1. Norske skolar i utlandet får tilskott til dekning av utgifter til skyss og innlosjering, jf. friskolelova § 6-1 andre punkt. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning og til delvis dekning av skolepengar, jf. friskolelova § 6-5.
Tilskottsforvaltar skal syte for at det blir gjennomført tilsyn i tråd med friskolelova og initiere tilsyn ved skolar der det blir avdekt avvik. Vidare skal ein kontrollere om elevlister og attestasjonar frå revisor fyller rimelege krav. I tillegg skal tilskottsforvaltar kontrollere:
at skolane innrapporterer elevar i tilbod som er godkjende etter friskolelova
at skolane innrapporterer det talet på elever som ligg innanfor godkjenning med rett fordeling på årssteg og linjer
dokumentasjon frå norske grunnskolar i utlandet som får dekt innlosjeringskostnader og skyssutgifter
at elevtalsrapportane er stadfesta av statsautorisert eller registrert revisor, og at malen som er fastsett av Utdanningsdirektoratet, blir nytta
at skolane leverer årsrekneskap med revisjonsmelding innan fastsett frist, jf. § 4 i forskrift 25. september 2003 nr. 1182 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for friskolar som får statstilskott etter lov om frittståande skolar (friskolelova)
Rapport for 2004–05
Tabellen under viser korleis talet på elevar og frittståande skolar har endra seg frå skoleåret 2002–03 til skoleåret 2004–05.
Elevar i frittståande skolar (gjennomsnitt haust og vår)
Skoletype | Skolar | Elevar | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2002–03 | 2003–04 | 2004–05 | 2002–03 | 2003–04 | 2004–05 | |
Skolar for funksjonshemma | 10 | 10 | 10 | 458 | 456 | 455 |
Vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar | 53 | 53 | 55 | 3 050 | 3 244 | 3 327 |
Vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar | 60 | 63 | 63 | 8 191 | 8 428 | 8 793 |
Grunnskolar i Noreg | 103 | 115 | 131 | 11 164 | 11 955 | 12 577 |
Grunnskolar i utlandet | 20 | 17 | 16 | 881 | 830 | 708 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 4 | 5 | 6 | 110 | 161 | 241 |
Sum | 250 | 263 | 281 | 23 854 | 25 074 | 26 101 |
Det er godkjent 51 nye frittståande grunnskolar etter at den nye friskolelova tråde i kraft hausten 2003. Av desse er det 15 skolar med same læreplan som dei offentlege grunnskolane og seks internasjonale skolar. Desse 21 skolane, som til saman har om lag 2 000 elevplassar, ville ikkje blitt godkjent etter den gamle privatskolelova.
Tabellane nedanfor viser kor mange godkjente elevplassar det er i dei frittståande skolane i skoleåra 2004-05 og 2005-06 (per 15. september 2005), og kor stor del dette er sett mot det totale talet på elevar i vidaregåande opplæring/grunnskolen per 1. oktober 2004. Tabellane viser òg graden av oppfylling av friskoleplassane skoleåret 2004-05. Fleire av skolane som fekk godkjenning frå og med hausten 2005 har klaga på vedtaket frå Utdanningsdirektoratet fordi dei meiner talet på godkjente plassar er for lågt.
Godkjente plassar i frittståande vidaregåande skolar per fylke
Godkjente elevplassar i friskolar 2004–05 | Godkjente elevplassar i friskolar 2004–05 i pst. i forhold til det totale talet på elevar per 1. okt. 2004 | Nye godkjente elevplassar i friskolar 2005–06 (per 15. sept. 2005) | Totalt tal på godkjente elevplassar i friskolar 2005–06 (per 15. sept. 2005) | Godkjente elevplassar i friskolar 2005–06 i pst. i forhold til det totale talet på elevar per 1. okt. 2004 | Graden av oppfylling i friskole-plassane i 2004–05 (i pst.) | |
---|---|---|---|---|---|---|
Heile landet | 12 561 | 7 | 7 383 | 19 944 | 11 | 71 |
Østfold | 1 099 | 12 | 312 | 1 411 | 15 | 38 |
Akershus | 450 | 2 | 640 | 1 090 | 6 | 79 |
Oslo | 2 468 | 17 | 1 975 | 4 443 | 32 | 93 |
Hedemark | 330 | 5 | 120 | 450 | 6 | 43 |
Oppland | 195 | 3 | 90 | 285 | 4 | 97 |
Buskerud | 485 | 6 | 690 | 1 175 | 14 | 67 |
Vestfold | 410 | 5 | 150 | 560 | 7 | 77 |
Telemark | 430 | 7 | 270 | 700 | 11 | 57 |
Aust-Agder | 255 | 6 | 120 | 375 | 9 | 89 |
Vest-Agder | 362 | 6 | 405 | 767 | 12 | 62 |
Rogaland | 1 463 | 9 | 594 | 2 057 | 13 | 80 |
Hordaland | 2 165 | 12 | 120 | 2 285 | 13 | 63 |
Sogn og Fjordane | 240 | 5 | 0 | 240 | 5 | 63 |
Møre og Romsdal | 120 | 1 | 420 | 540 | 5 | 78 |
Sør- Trøndelag | 1 135 | 11 | 287 | 1 422 | 14 | 82 |
Nord- Trøndelag | 195 | 4 | 50 | 245 | 4 | 84 |
Nordland | 285 | 3 | 0 | 285 | 3 | 63 |
Troms | 474 | 8 | 1 140 | 1 614 | 28 | 28 |
Finnmark | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Kjelde: Utdannings- og forskningsdepartementet.
Godkjente plassar i frittståande grunnskolar per fylke
Godkjente elevplassar i friskolar 2004–05 | Godkjente elevplassar i friskolar 2004–05 i pst. i forhold til det totale talet på elevar per 1. okt. 2004 | Nye godkjente elevplassar i friskolar 2005–06 (per 15. sept. 2005) | Totalt tal på godkjente elevplassar i friskolar 2005–06 (per 15. sept. 2005) | Godkjente elevplassar i friskolar 2005–06 i pst. i forhold til det totale talet på elevar per 1. okt. 2004 | Graden av oppfylling i friskole-plassane i 2004–05 (i pst.) | |
---|---|---|---|---|---|---|
Heile landet | 21 568 | 3 | 1 413 | 22 981 | 4 | 58 |
Østfold | 962 | 3 | 35 | 997 | 3 | 65 |
Akershus | 2 827 | 4 | 200 | 3 027 | 4 | 57 |
Oslo | 3 405 | 7 | 0 | 3 405 | 7 | 68 |
Hedemark | 825 | 3 | 60 | 885 | 4 | 67 |
Oppland | 300 | 1 | 0 | 300 | 1 | 79 |
Buskerud | 575 | 2 | 250 | 825 | 3 | 52 |
Vestfold | 1 623 | 5 | 0 | 1 623 | 5 | 61 |
Telemark | 270 | 1 | 35 | 305 | 1 | 62 |
Aust-Agder | 530 | 4 | 0 | 530 | 4 | 51 |
Vest-Agder | 1 125 | 5 | 50 | 1 175 | 5 | 52 |
Rogaland | 2 024 | 3 | 0 | 2 024 | 3 | 48 |
Hordaland | 2 441 | 4 | 200 | 2 641 | 4 | 73 |
Sogn og Fjordane | 30 | 0 | 180 | 210 | 1 | 67 |
Møre og Romsdal | 945 | 3 | 108 | 1 053 | 3 | 34 |
Sør- Trøndelag | 1 130 | 3 | 30 | 1 160 | 3 | 51 |
Nord- Trøndelag | 662 | 4 | 39 | 701 | 4 | 58 |
Nordland | 244 | 1 | 132 | 376 | 1 | 41 |
Troms | 535 | 2 | 94 | 629 | 3 | 73 |
Finnmark | 225 | 2 | 0 | 225 | 2 | 71 |
Kjelde: Utdannings- og forskningsdepartementet.
Hausten 2004 gjekk 2,1 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar. Hausten 2003 utgjorde talet til samanlikning 1,9 pst. Hausten 2004 gjekk om lag 5 pst. av elevane i frittståande vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar. Hausten 2003 var talet til samanlikning 4,7 pst.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga på posten har dei seinare åra auka med om lag 8 pst., noko som tilsvarar om lag 160 mill. kroner frå 2005 til 2006. I budsjettforslaget for 2006 er det lagt til grunn ein større auke for å ta omsyn til godkjenning av frittståande vidaregåande skoler, som følgje av endringane i friskoleloven som trådde i kraft 1. desember 2004.
Fordi staten utbetalar dei offentlege tilskota til drift av frittståande skolar har kommunane og fylkeskommunane ei vesentlig innsparing knytt til dei elevane som går i slike skolar, sjølv om kommunane/fylkeskommunane framleis har utgifter til m.a. skyss og spesialundervisning. I samband med statsbudsjettet blir derfor kommunesektorens samla inntektsramme kvart år justert i forhold til endringa i talet på elevar i frittståande skolar. I tillegg til justeringa i den samla ramma blir berekningane av rammetilskottet til den enkelte kommune/fylkeskommune korrigerte ut frå talet på elevar i frittståande og statlege skolar. Målet med justeringane er at kommunane/fylkeskommunane ikkje skal tene eller tape som følgje av elevar i frittståande skolar. Justeringane er baserte på talet på elevar i frittståande skolar to år tidlegare enn det året justeringa skjer. Dette gjer at kommunane/fylkeskommunane får betre tid til å omstille seg med omsyn til endra elevtal i offentlege skolar som følgje av endra elevtal i friskolar.
I dei siste åra har inntektsramma til kommunane og fylkeskommunane vorte justert med 100 pst. av gjennomsnittskostnadene per elev i grunnskolen/vidaregåande opplæring for endringa i talet på elevar som går i frittståande eller statlege skolar. Som varsla i St.prp. nr. 60 (2004–2005) vil satsane for justering av inntektsramma frå og med 2006 bli reduserte til 80 pst. av gjennomsnittskostnaden per elev. Slik samsvarer trekket betre med kommunesektorens endra kostnader knytte til endra tal på elevar i frittståande og statlege skolar. Som oppfølging av ein rapport hausten 2005 frå ei arbeidsgruppe med representantar frå KS, Utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Finansdepartementet, ønskjer Kommunal- og regionaldepartementet å endre tilbakeføringa av trekket i korreksjonsordninga. I dagens system fører ein trekket i korreksjonsordninga tilbake etter kommunanes og fylkeskommunanes del av innbyggjarane i skolepliktig alder. Frå og med 2006 brukar ein kommunane og fylkeskommunane sin del av utgiftsbehovet (kostnadsnøkkelen) for å tilbakeføre trekket til kommunane og fylkeskommunane. Sjå også omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Utdannings- og forskingsdepartementet vil utrede ein modell for berekning av tilskott til dei vidaregåande skolane slik at det blir teke omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den fylkeskommunen skolen ligg i, og utgiftene på landsbasis. Det vil seie ein liknande modell som det ein har for dei frittståande grunnskolane, jf. omtalen i St.prp. nr. 60 (2004–2005).
Satsane for tilskott til dei frittståande skolane byggjer i hovudsak på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova kap. 6. Satsane for 2006 er rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk i skolen i 2004 som er rapportert gjennom KOSTRA. Satsane for 2006 er deretter justerte for den forventa pris- og lønnsauken frå 2004 til 2005, og for den forventa pris- og lønnsauken frå 2005 til 2006.
Ei oversikt over satsane til dei frittståande skolane ligg på nettsida til Utdanningsdirektoratet under «friskoler». På nettsida ligg det òg informasjon om korleis satsane er utrekna.
Frittståande grunnskolar
Grunnlaget for utrekninga av satsar til frittståande grunnskolar er korrigerte brutto driftsutgifter til skolesektoren per kommune henta frå KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunane, ikkje friskolane. Dette er utgifter til skoleskyss, spesialundervisning, særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Avskrivingar og salsinntekter er også trekte frå tilskottsgrunnlaget. Det er utarbeidd ein modell der tilskottssatsen avheng av storleiken på den frittståande skolen. Små skolar får eit høgare tilskott per elev enn store skolar. Satsane blir justerte slik at ein tek omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg i, og utgiftene på landsbasis. Dette skjer ved at dei nasjonale satsane blir justerte med eit forholdstal. Endringane i tilskottet på bakgrunn av desse justeringane skal frå hausten 2007 liggje innanfor ei maksimal ramme på +/- 7 pst. i høve til det tilskottet skolen ville fått ut frå dei nasjonale satsane. Skoleåret 2005–06 er siste året i overgangsordninga, og variasjonane for dei frittståande skolane vil vere på maksimalt +/- 4,7 pst. Tilskott blir gitt med 85 pst. av normalsatsen. Frittståande grunnskolar skal, etter friskolelova, ha dekt 100 pst. pensjonsutgifter. Dette er det teke omsyn til i utrekninga av satsane.
Frittståande grunnskolar i utlandet
Norske frittståande grunnskolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under opplæringslova. Skolane får tilskott etter same satsar som frittståande grunnskolar i Noreg. Noreg har samarbeidsavtale med Sverige og Finland om dekning av utgifter for barn som får opplæring i skolar i utlandet som er drivne av dei andre landa.
Frittståande skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma blir driftsutgifter dekte ved statstilskott etter ein normalsats per elev per skoleår, jf. friskolelova § 6-6.
Frittståande vidaregåande skolar med parallellar i den offentlege skolen
Satsane for tilskott i 2006 blir fastsette på grunnlag av gjennomsnittleg utgift per elev på dei ulike studieretningane i offentleg skole. Dette blir rapportert i KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for salsinntekter, avskrivingar av bygg og for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte fylkeskommunane, ikkje friskolane. Dette er dei øyremerkte tilskotta til landslinjer, opplæring innanfor kriminalomsorga og ekstra språkopplæring for språklege minoritetar. Dei frittståande skolane får 85 pst. av normalsatsen.
Kongshaug Musikkgymnas vil i 2006 få 2,6 mill. kroner i tilskott i tillegg til det ordinære tilskottet skolen mottek per elev, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003–2004). Skolar med toppidrett har eigen sats, og maksimalt 810 elevar kan utløyse eit tilskott etter denne satsen.
Frittståande vidaregåande skolar i utlandet
Norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av same tilskottssatsen som for elevar i frittståande vidaregåande skolar i Noreg.
Frittståande vidaregåande skolar utan parallellar i den offentlege skolen
Satsane til vidaregåande skolar med yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt i det offentlege skoleverket, er knytte til tre av satsane for vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag samt musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket får 75 pst. av tilskottssatsane. Skolar som ved teljinga har under sju elevar, får ikkje statstilskott. Godkjenninga av skolen vil framleis gjelde, og skolen har rett på tilskott dersom skolen seinare har fleire enn sju elevar.
Det er innført ei overgangsordning over tre år frå skoleåret 2004–05 for utrekning av tilskott for følgjande studium:
bibelstudium og/eller studietilbod utover vidaregåande opplæringsnivå med færre enn 20 elevar
reklame og/eller kunst-, medie- og musikkutdanning med færre enn 15 elevar
Andre frittståande skolar
Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime vidaregåande skole får tilskott tilsvarande 85 pst. av eit godkjent budsjett. Departementet vurderer ulike alternativ innanfor noverande ramme for berekning av tilskott til desse tre skolane. Arbeidet har teke lengre tid enn venta.
Kompletterande undervisning og delvis dekning av skolepengar
Statsborgarar i grunnskolealder frå Noreg eller ein annen EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet, kan få tilskott til kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL). Statstilskottet blir gitt med 85 pst. av fastsatt sats per time.
Elevar som nemnde ovanfor, og som har krav på støtte frå Statens lånekasse for utdanning, kan få tilskott til delvis dekning av skolepengar. Statstilskottet blir gitt med 85 pst. av skolepengane, avgrensa oppover til 85 pst. av tilskottssatsen for studieretning for allmenne-, økonomiske og administrative fag ved norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet.
Hausten 2004 vart det behandla 372 søknader, og av desse fekk 355 tilskott. Våren 2005 kom det inn 423 søknader, og 415 har fått tilskott.
Fagskolar
Med dei endringane Stortinget vedtok til framlegget til fagskoleutdanning, jf. Ot.prp. nr. 32 (2002–2003) og lov om fagskoleutdanning § 8, skal skolar som tidlegare var godkjende som vidaregåande opplæring etter privatskolelova § 3 d) og e), «forsatt ha tilskudd etter reglene i privatskoleloven».
Det er friskolelova som no regulerer dei tidlegare privatskolane. Departementet oppfattar det slik at ordlyden i § 8 uttrykkjer ei lovfesta plikt til å føre vidare utbetaling til skolar som i dag er godkjende etter friskolelova, og som får godkjenning etter fagskolelova og vil drive verksemda si etter denne lova. Under kap. 228 post 70 Tilskott til frittståande skolar vil det derfor i 2006 bli gitt tilskott til slike skolar.
Stortinget bad i Innst. O nr. 1 (2004–2005) om ei klargjering av finansieringsordninga for alle godkjende fagskolar og av forholdet mellom vidaregåande skolar og fagskolar i tråd med merknadene om desse forholda. Departementet arbeider med sikte på at dette spørsmålet kan leggjast fram for Stortinget våren 2006.
Post 71 Tilskott til friskoleorganisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan drive samordningsoppgåver for medlemsskolane sine på friskolefeltet. Tilskott blir gitt til friskoleorganisasjonar som har medlemsskolar som er godkjende etter friskolelova.
Utdanningsdirektoratet skal gjere ein generell kontroll av om rapportane for året, revisorattestert årsrekneskap og søknader er rimelege og fyller dei formelle krava. Det kan òg setjast i verk stikkprøvekontrollar for å sjå om tilskottet er nytta etter føresetnadane.
I 2004 fekk fem friskoleorganisasjonar tildelt tilskott ut frå at dei til saman hadde 205 godkjende medlemsskolar. I 2005 var dette talet 218 godkjende medlemsskolar for dei same organisasjonane.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 72 Tilskott til kapitalkostnader
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å dekkje husleige- og kapitalutgiftene til frittståande skolar. Kriterium for måloppnåing er at kapitaltilskottet blir nytta til å dekkje husleige- og kapitalutgiftene til frittståande skolar.
Tilskott til kapitalkostnader skal fordelast til dei frittståande skolane etter deira respektive del av det totale statstilskottet over kap. 228 post 70 Tilskott til frittståande skolar. I satsane for tilskott til dei ulike skoleslaga/studieretningane som blir finansierte over kap. 228 post 70, er det allereie teke omsyn til at nokre skolar er meir kostnadskrevjande enn andre. Dette gjeld ikkje Sørlandet Maritime Sjøaspirantskole, Rogaland Maritime vidaregåande skole og Norges Byggskole, da dei får tilskott over kap. 228 post 70, som allereie inkluderer kapitalkostnadar.
Tilskottsforvaltar skal syte for at det blir gjennomført tilsyn i tråd med friskolelova, og initiere tilsyn ved skolar der det blir avdekt avvik. Vidare skal ein utføre kontroll av om attestasjonar frå revisor fyller rimelege krav. Fordi dette tilskottet er direkte kopla til tilskottet til frittståande skolar, jf. kap. 228 post 70, vil kontrollhandlingane i samband med forvaltninga av det tilskottet dekkje krava til kontroll.
Rapport for 2004–05
I St.prp. nr. 65 (2004–2005) vart ordninga med tilskott til kapitalkostnader omtalt. Regjeringa legg vekt på at tilskottet skal kunne forvaltast på ein enkel måte, og at tilskottet til den einskilde skolen skal kunne fastsetjast på grunnlag av enkle, objektive kriterium. Det vart derfor foreslått at tilskottet til kapitalkostnader skal fordelast til dei frittståande skolane etter deira respektive del av det samla statstilskottet over kap. 228 post 70 Tilskott til frittståande skolar. I satsane for tilskott til dei ulike skoleslaga/studieretningane som blir finansierte over kap. 228 post 70, er det allereie teke omsyn til at nokre skolar er meir kostnadskrevjande enn andre. Det vil seie at til dømes små grunnskolar har høgare tilskottsats per elev enn større grunnskolar. På vidaregåande nivå avheng tilskottet per elev av studieretning. Ei fordeling av kapitaltilskottet til den einskilde skolen på denne måten inneber at ein også i kapitaltilskottet tek omsyn til at skolane har ulike utgiftsbehov. Det er foreslått at elevteljinga per 1. oktober, som òg vil omfatte dei skolane som startar opp til hausten, blir brukt som grunnlag for utrekning av kapitaltilskott til den einskilde skolen. Det vart vidare foreslått at Sørlandet Maritime Sjøaspirantskole, Rogaland Maritime vidaregåande skole og Norges Byggskole blir haldne utanfor ordninga fordi tilskottet over kap. 228 post 70 til desse skolane allereie inkluderer kapitalkostnader.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 25 mill. kroner i 2006.
Kap. 229 Andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar | 6 988 | 10 300 | |
Sum kap. 229 | 6 988 | 10 300 |
Post 70 Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar
Sjøfartsdirektoratet har i forskrift av 10. februar 1989 gitt forskrifter om obligatorisk tryggleiksopplæring for fiskarar, som omfattar eit grunnleggjande tryggleikskurs og repetisjonskurs. Tryggleiksopplæringa blir i dag administrert av Tromsø maritime skole.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere tryggleiksopplæring for fiskarar.
Tilskottet skal nyttast til drift av tryggleiksopplæring for fiskarar. Tilskottsmottakar skal levere budsjettforslag for tryggleiksopplæringa før tilskottet blir utbetalt.
Det skal gjerast ein kontroll av om innsendt amteriale er rimeleg og om desse dokumenta fyller dei formelle krava. Det kan i tillegg gjennomførast stikkprøvar. Det skal i tillegg leverast revisorattestert rekneskap for tryggleiksopplæringa.
Rapport for 2004
I 2004 gjennomførte i alt 877 fiskarar grunnleggjande tryggleiksopplæring. Dette utgjer om lag 57 pst. av kapasiteten, og er ein nedgang på 26 fiskarar samanlikna med 2003. 554 personar gjennomførte repetisjonskurs, noko som er ein nedgang på 266 deltakarar frå 2003. Om lag 69 pst. av kapasiteten på repetisjonskursa vart nytta.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 3 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2005.
Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3230)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 590 982 | 570 664 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 72 742 | 49 669 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 730 | 5 584 | |
75 | Til disposisjon for departementet | 2 046 | ||
Sum kap. 230 | 672 500 | 625 917 |
Frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 243 flytta til nytt kap. 230.
Kapitlet finansierer mellom anna:
verksemdene i Statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), andre institusjonar Statped kjøper tenester frå, og opplæring og kompetansesenterfunksjonar ved fem sosiale og medisinske institusjonar med landsdekkjande oppgåver
ulike andre spesialpedagogiske tiltak som læremiddelutvikling og -produksjon, nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre, m.m.
Ansvaret for å gi elevane tilpassa opplæring ligg hos kommunar og fylkeskommunar. Statped skal gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov blir best mogleg. Innsatsen frå Statped omfattar både individretta og systemretta tiltak, og det skal leggjast vekt på elevane si meistring, likeverd og inkludering i det faglege, sosiale og kulturelle fellesskapet i skolen.
Resultatrapport for 2004
Etatsstyringsansvaret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet vart frå 15. juni 2004 overført frå departementet til Utdanningsdirektoratet. Samtidig vart dei 15 statlege driftseiningane gjorde om til eigne verksemder, og den tidlegare sentraladministrasjonen vart innlemma i direktoratet.
Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet omfattar av 25 kompetansesenter, 15 som staten eig, og ti institusjonar der staten kjøper tenester. I 2004 vart i alt om lag 1 000 årsverk finansierte over kap. 230, av dette knapt 800 årsverk i dei verksemdene som staten eig. Det har vore ei omfattande nedbygging av bemanninga i Statped etter 1999, og overføring av ressursar tilsvarande 300 fagårsverk til den kommunale og fylkeskommunale PP-tenesta. Ut over dette er det også skjedd ei viss nedbemanning. Samtidig har kompetansenivået for dei tilsette auka. Det er lagt stor vekt på å effektivisere drifta og samtidig halde oppe tenestene for elevar med dei største behova for hjelp. Det har vore nedgang i talet på heilårselevar ved skolane for teiknspråklege elevar.
Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda speglar langt på veg behovet i kommunesektoren for spesialisert hjelp og støtte, som er størst for dei lågfrekvente gruppene. I 2004 fordelte ressursane i Statped seg med 21 pst. på synssektoren, 48 pst. på hørselssektoren (inkl. skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde), 10 pst. på språk-/talesektoren og 21 pst. på samansette lærevanskar og åtferdsvanskar.
Den samla tenesteproduksjonen i Statped i 2004 fordelte seg slik i høve til ulike typar arbeid:
33 pst. til utgreiingar, rådgiving, konsultasjon og nettverksarbeid mv.
18 pst. til innhenting, systematisering og vidareutvikling av spesialpedagogisk kompetanse
21 pst. til formidling av spesialpedagogisk kompetanse
28 pst. til skole- og miljøtilbod (opplæring, internat og miljøtilbod mv. i hørselssektoren)
Den geografiske spreiinga av Statped sine tenester er nokolunde jamn sett i høve til folketala i fylka likevel slik at Oslo får minst og Sør-Trøndelag mest tenester relativt sett.
Talet på søknader frå kommunar og fylkeskommunar om tenester frå kompetansesentra har vore aukande i fleire sektorar, samtidig som dei individbaserte sakene har vorte meir komplekse. Nokre av kompetansesentra har som følgje av dette hatt venteliste. Dette har vore særleg merkbart i språk-/talesektoren. Samansette vanskar har gjort det nødvendig med ein meir tverrfagleg innsats og sterkare samhandling med tilgrensa instansar og fagdisiplinar.
Fleire av sentra har hatt omfattande samarbeid med universitet og høgskolar og andre forskingsmiljø. FoU-arbeidet i samhandling med UH-sektoren er avtalebasert og praksisretta.
Forhandlingane med Hordaland fylkeskommune om overtaking av Bjørkåsen vidaregåande skole er avslutta, jf. St.meld. nr. 14 (2003–2004). Frå 1. august 2005 er skolen ein del av Slåtthaug vidaregåande skole, som er ein knutepunktskole for hørselshemma. Fylkeskommunen har frå same tid overteke arbeidsgivvaransvaret for dei tilsette ved Bjørkåsen og driftspersonale frå Statsbygg på til saman eitt årsverk samt eigedomsretten til grunn med bygningar. Etter avtalen mellom staten og fylkeskommunen skal skolen vere open for døve og tunghørte elevar frå heile landet, så lenge det er etterspørsel etter tilbodet. Partane er einige om at elevane skal få eit kvalitativt godt opplæringstilbod ut frå den enkelte sine behov og føresetnader. Beløpet som blir rammeoverført til kap. 572 post 60, blir i 2006 og 2007 halde utanfor overgangsordninga i inntektssystemet. Korreksjonsordninga i inntektssystemet for elevar i statlege og private skolar vil ta omsyn til dette.
Utdanningsdirektoratet har starta samtalar med Vestfold fylkeskommune for å få til eit utvida tilbod for hørselshemma ved Sandefjord vidaregåande skole. Ein tek sikte på å føre vidare denne prosessen i 2006. Under leiing av Briskeby skole og kompetansesenter har sentra for hørselshemma teke del i eit modellforsøk, ReSonare, som omfattar etablering av eit kompetansenettverk for døvblitte og sterkt tunghørtblitte og deira pårørande. Modellforsøket er eit oppdrag som er finansiert av Sosial- og helsedirektoratet.
Etter oppdrag frå Nordisk Ministerråd har Statped hatt operativt koordineringsansvar for det nordisk-baltiske samarbeidsprosjektet «A School for All». Fleire av einingane i Statped har medverka. Prosjektet vart avslutta medio 2004. Målet for prosjektet var å medverke til at dei baltiske landa fekk bygd opp spesialpedagogisk kompetanse i utdanningssystemet. Det har vore to eksterne evalueringar av prosjektet, og desse har vist at prosjektet hadde stor grad av måloppnåing. Nordisk Ministerråd har meldt tilbake at prosjektet vart koordinert og gjennomført på ein svært god måte, både organisatorisk og fagleg.
Det er lagt ned eit omfattande arbeid i Statped for å sikre god brukarmedverknad, både ved dei einskilde verksemdene og på nasjonalt plan. Retningslinjene for brukarmedverknad vart reviderte i 2004. Dei tilsette i Statped er skolerte i brukarmedverknad slik at dette er godt implementert som ein sentral del av arbeidet ved sentra.
Alle dei statlege kompetansesentra har hatt Statsbygg som utleigar i 2004. Arbeidet med effektivisering og samordning av bygg og leigeavtalar har vore ført vidare, og utgiftene til husleige har gått ned.
Samla sett har det statlege spesialpedagogiske støttesystemet også i 2004 arbeidd i tråd med dei sentrale føringane frå departementet og direktoratet. I samsvar med måla har det skjedd utvikling på fleire område.
Resultatmål for 2006
Noverande mål og fagprofil skal vidareførast og tenestetilbodet justerast i samsvar med brukarbehov og fagutvikling, jf. omtalen i kap. 3 om oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 152 (2004–2005) og 539 (2004–2005).
Dei som treng hjelp frå Statleg spesialpedagogisk støttesystem, har ofte alvorlege og samansette vanskar, noko som gjer det nødvendig med brei fleirfagleg kompetanse på kompetansesentra og samarbeid med tenesteytarar i andre sektorar. Gjennom avtalefesta samarbeid vil ein søkje å vinne erfaringar med modellar som gir best mogleg tilbod for brukarane.
Arbeidet med oppfølging av St.meld. nr. 14 (2003–2004) Om opplæringstilbod for hørselshemma vil halde fram. Det vil også bli arbeidd vidare med den framtidige organiseringa av og tilknytingsforma for kompetansesenterfunksjonar og opplæring ved dei fem sosiale og medisinske institusjonane som staten i dag har fagleg, juridisk og økonomisk ansvar for, men der vertskommunane har arbeidsgivvaransvaret.
Statped skal i 2006 vidareføre oppgåvene innanfor tenesteyting, utvikling av kompetanse, formidling av kunnskap, læremiddelutvikling og -produksjon, brukarmedverknad, samarbeidsrelasjonar og internasjonalt arbeid.
Budsjettforslag for 2006
I høve til 2005 er løyvinga på post 01 nedjustert med 11,6 mill. kroner, post 21 nedjustert med om lag 0,8 kroner og post 45 nedjustert med 1,3 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006. I tillegg er det gjort følgjande tekniske endringar i høve til 2005:
Løyvinga på kap. 230 post 01 er redusert med 3,6 mill. kroner i samband med at midlane til drift av det statlege kompetansesystemet for døvblinde og autismenettverket blir samla på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Kap. 732 post 70 er auka tilsvarande.
Løyvinga på kap. 230 post 01 er vidare redusert med 16,9 mill. kroner, fordi Bjørkåsen vidaregåande skole for hørselshemma er overført til Hordaland fylkeskommune frå 1. august 2005. Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar, post 01 Innbyggartilskot er auka tilsvarande. Dette kapitelet er vidare auka med 1,3 mill. kroner frå kap. 1542 Tilskot til Statens pensjonskasse, post 01 Driftsutgifter.
Løyvinga på kap. 230 post 21 og tilhørande inntektsbeløp på kap. 3230 post 01 er parallelt nedjusterte med 24,7 mill. kroner, fordi Sosial- og helsedirektoratet har overteke ansvaret for tiltak til døvblinde. Denne oppgåva har Statped tidlegare utført etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Løyvinga på kap. 230 post 75 er flytta til kap. 230 post 01, i samband med at Utdanningsdirektoratet har overteke ansvaret for tilskott til organisasjonar for funksjonshemma og etablert eige råd for inkluderande opplæring.
Justerte for desse endringane foreslår departementet at løyvingane på kap. 230 postane 01, 21 og 45 blir førte vidare på tilsvarande nivå som i 2005. Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 postane 02 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. Løyvinga på post 45 kan overførast.
Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 230)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 72 564 | 50 236 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 173 | 3 275 | |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 2 035 | 2 100 | |
Sum kap. 3230 | 77 772 | 55 611 |
Frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 3243 flytta til nytt kap. 3230.
Post 01 gjeld tenester som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar og andre. Løyvinga på posten er nedjustert med om lag 24,7 mill. kroner, fordi Sosial- og helsedirektoratet har overteke ansvaret for tiltak til døvblinde. Denne oppgåva har Statped tidlegare utført etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale og inntekter frå hjelpemiddeltilpassing.
Post 11 gjeld kursavgifter, sal av kursmateriell til kurs, sal frå kantine og opphaldsutgifter i samband med kurs.
Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 91 290 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 4 521 | ||
96 | Aksjekapital | 100 | ||
Sum kap. 232 | 95 911 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 232 overført til kap. 222.
Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Salsinntekter o.a. | 6 739 | ||
15 | Refusjon arbeidmarknadstiltak | 337 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar | 149 | ||
17 | Refusjon lærlinger | 42 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 774 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 2 097 | ||
Sum kap. 3232 | 11 138 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 3232 overført til kap. 3222.
Programkategori 07.40 Andre tiltak i utdanninga
Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
0240 | Frittståande skolar o.a. | 1 774 211 | |||
0243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243) | 709 433 | |||
0248 | Særskilde IKT-tiltak i utdanninga | 106 314 | 99 543 | -100,0 | |
0249 | Andre tiltak i utdanninga | 44 481 | 2 705 | -100,0 | |
Sum kategori 07.40 | 2 634 439 | 102 248 | -100,0 |
Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
3243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243) | 120 448 | |||
Sum kategori 07.40 | 120 448 |
Kap. 240 Frittståande skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott , overslagsløyving | 1 773 706 | ||
75 | Tilskott til organisasjonar | 505 | ||
Sum kap. 240 | 1 774 211 |
Løyvinga vart i budsjettet for 2005 flytta til kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.
Kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 21 | 616 118 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 86 156 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 5 298 | ||
75 | Til disposisjon for departementet | 1 861 | ||
Sum kap. 243 | 709 433 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 243 overført til nytt kap. 230.
Kap. 3243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 90 529 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 3 374 | ||
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 3 262 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 846 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 4 693 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 457 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 17 287 | ||
Sum kap. 3243 | 120 448 |
Med verknad frå 1. januar 2005 vart løyvinga på kap. 3243 overført til nytt kap. 3230.
Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70 | 103 946 | 96 433 | |
70 | Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 2 368 | 3 110 | |
Sum kap. 248 | 106 314 | 99 543 |
Løyvinga på kap. 248 blir foreslått overført til kap. 226 frå 1. januar 2006.
Resultatrapport for 2004–05
Arbeidet med IKT i utdanninga i 2004 og 2005 har vore knytt til «Program for digital kompetanse 2004–2008», heretter kalla Programmet. Satsinga på IKT i utdanning er sett i samanheng med Regjeringas overordna IT-politiske dokument, «eNorge 2005», og oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.
På innsatsområdet infrastruktur har ein lagt særleg vekt på samordning med Moderniseringsdepartementet sine initiativ knytte til eIdentitet og eSignatur (også kalla PKI) og standardisering, og på å utvikle gode reiskapar skolane kan nytte for identitetsforvaltninga gjennom prosjektet FEIDE i grunnopplæringa.
Utviklinga har vore positiv på fleire hald sjølv om det framleis er store utfordringar å ta fatt på. Resultat og røynsle kan summerast opp slik:
Prosjektet «Lærande nettverk» har komme i gang med deltakarar frå både lærarutdanninga og grunn- og vidaregåande opplæring. I alt er det 28 nettverk med deltaking frå 300 skolar og 28 universitet og høgskolar.
Ei kartlegging syner at stoda både i grunnskolane og i dei vidaregåande skolane er betra med omsyn til PC-tettleik og Internett. Likeverdig tilgang til PC og Internett er framleis ei utfordring for særleg grunnskolen.
Ein strategi for digitale læringsressursar som femner om grunnopplæringa, høgare utdanning og dei vaksne, er utvikla.
I samarbeid med KS er det utarbeidd ein Innkjøps- og kompetanseguide for infrastruktur i grunnopplæringa.
Ein rapport er utarbeidd som syner korleis ein kan samordne arbeidet med identitetsforvaltning i grunnopplæringa med PKI-initiativet fra Moderniseringsdepartementet.
Infrastruktur
Utdanningsdirektoratet har kartlagt og rapportert om utstyrs- og driftssituasjonen i grunnopplæringa, jf. merknad frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005). Kartlegginga for grunnskolane er basert på data frå Grunnskolane sitt Informasjonssystem (GSI) hausten 2004 og for dei vidaregåande skolane på data innsamla av UNINETT ABC våren 2005 (rapporten opererer med 407 offentlege vidaregåande skoler, og av dei deltok 334 i kartlegginga). Kartlegginga er også omtalt i Del IV Ressursar i grunnopplæringa.
Kartlegginga syner at PC-dekninga målt i elevar per PC både i grunnskolar og i vidaregåande skolar har vorte betre. Det er dårlegare PC-dekning på barnesteget enn på ungdomssteget. Vidaregåande skolar har framleis betre PC-dekning enn grunnskolen. I grunnskolar er det nå i snitt 6,5 elevar per PC (mot 7,8 i 2003), medan talet for vidaregåande skolar er 2,5 (mot 3,5 i 2002).
Alle dei vidaregåande skolane som deltok i kartlegginga, har internettilknyting. Framleis er det grunnskolar som ikkje har internettilgang for elevane, fleire barneskolar enn ungdomsskolar. Stadig fleire PC-ar er kopla til Internett, i grunnskolar er vel 80 pst. tilkopla og i vidaregåande skolar vel 97 pst. Samstundes syner kartlegginga at dei vidaregåande skolane har betre kapasitet enn grunnskolane. Det er framleis nokre skolar utan Internett til elevane. Vel 30 pst. av barneskolane og dei kombinerte skolane og tre pst. av ungdomsskolane har ISDN-tilknyting. Dei vidaregåande skolane har i hovudsak breiband med kapasitet frå 2 til over 100 Mbps.
Kartlegginga syner vidare at sentralt plasserte kommunar har relativt fleire grunnskolar med god internettkapasitet, medan skolar i dei minst sentrale kommunane har best PC-dekning. Dei små kommunane har betre PC-dekning enn dei store. Dei middels store kommunane (mellom 5 000 og 20 000 innbyggjarar) har dårlegast PC-dekning.
Dei fleste fylka har godt utbygd nettkapasitet til dei vidaregåande skolane. Både i Nord-Trøndelag og i Rogaland har alle dei vidaregåande skolane og elevane tilgang til internettkapasitet som er betre enn 10 Mbps. Samstundes har mindre enn 5 pst. av skolane og elevane i andre fylke (Finnmark, Møre og Romsdal, Akershus og Oslo) slik tilgang. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen har peikt på at Finnmark er det einaste fylket utan fiberoptisk kabel, og har bedt departementet følgje med på om dette er til hinder for deltaking i nasjonale satsingar innanfor bruk av IKT. Ei kartlegging av breibandssituasjonen for dei vidaregåande skolane syner at skolane stort sett nyttar radio eller leigd linje. Vidare deltek både grunnskolar og vidaregåande skolar i Finnmark i prosjektet Lærande Nettverk.
Framleis er det store variasjonar mellom kommunar både med omsyn til maskinpark og nettkapasitet. Medan dei fleste kommunane har mellom fire og sju elevar per PC, har nokre ned mot ein elev per PC og andre opp mot 18 elevar per PC.
Vidaregåande skolar har etter måten god PC-dekning og god internettilgang. Kartlegginga syner små forskjellar i PC-dekning fylka imellom, men med omsyn til Internett er forskjellane større.
Etter departementet si vurdering er verken PC-dekninga eller stoda med omsyn til Internett i grunnskolen god nok.
UNINETT ABC og HØYKOM-Skole har vore sentrale tiltak i breibandssatsinga. UNINETT ABC har utarbeidd rettleiingar og tilrådingar for infrastruktur, tenester og læringssystem for utdanningssektoren. UNINETT har representert departementet i Koordineringsorganet for eForvaltning, og UNINETT ABC i arbeidsgruppa for opne standardar i forvaltninga. Rettleiingstenesta SOLID har gitt kommunar og fylkeskommunar råd om teknologiske løysingar. Saman med Moderniseringsdepartementet har departementet sett i verk tiltak for å samordne betre verksemda til SOLID og rettleiingstenesta til HØYKOM, HØYVIS. HØYKOM-Skole har gitt skoleeigarar tilskott både til breiband og til utvikling av innhaldstenester for breiband. Ordninga med brukte PC-ar til skolane har helde fram i regi av Utdanningsdirektoratet.
Grunnopplæringa nyttar i aukande grad tenester som handsamar personlege data om brukaren, og som set krav til at personvern blir ivaretekne. Det er ein rask vekst i talet på digitale identitetar, som oftast i form av brukarnamn og passord. Ei arbeidsgruppe, oppretta av departementet, har levert ei utgreiing om dette problemkomplekset. Arbeidsgruppa peiker på at grunnopplæringa treng ei identitetsforvaltning for å kunne ivareta både behova for tryggleik i høve til sensitive opplysningar og for betre å kunne leggje til rette for at digitale ressursar og tenester skal vere tilgjengelege og kunne delast. UNINETT sitt FEIDE-prosjekt vil vere eit sentralt tiltak i dette arbeidet. Ei slik identitetsforvaltning må òg kunne tilfredsstille krava til den nye heilskaplege offentlege standarden for elektronisk ID og elektronisk signatur der dette vil vere naudsynt.
Den nasjonale utdanningsportalen Utdanning.no leverer kvalitetssikra innhald og tenester til heile utdanningssektoren og har i 2005 òg etablert fleire nye tenester. Brukartala for portalen har hatt ein jamn auke sidan han vart etablert i Tromsø hausten 2004. I 2005 har brukartala gjennomsnittleg vore 40 000 per månad.
Departementet har oppretta ei Samordningsgruppe for nettstader i utdanningssektoren (SANU). Utdanning.no leiar SANU og fungerer som sekretariat for gruppa. Hovudoppgåva til SANU er å setje i verk ei rekkje tiltak som fremmer samordning mellom dei mange nettstadene i utdanningssektoren, slik at digitalt innhald i større grad kan delast mellom dei ulike nettstadene og vere meir tilgjengelege for brukarane. SANU vil sette i verk tiltak for samordning av innhald og samordning av teknologiske løysingar. Bruk av felles standardar for innhald og teknologi skal fremme ein kultur for deling. Innhald produsert på ein nettstad skal kunne finnast att frå andre nettstader. Dette vil gjere nettstadene meir brukarvennlege og føre til at fleire tek i bruk til dømes digitale læringsressursar.
Departementet har arbeidd med problemstillingar omkring open kjeldekode og opne standardar. Det ligg no føre eit forslag til norsk versjon av LOM (Learning Object Metadata), NORLOM. LOM er ein standard for å merkje læringsressursar såleis at ein kan søkje på dei på nettstader.
Noreg tek del i arbeidet med «Northern eDimension Action Plan» (NeDAP), eit program i samarbeid mellom EU, Nordisk Ministerråd og Austersjørådet retta særleg mot Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Dette programmet har som mål å fremme samarbeidet på IKT-feltet i området. Nordisk Ministerråd saman med styringsgruppa for NeDAP søkjer no å utvide Nordunet 3, eit nordisk forskingssamarbeid knytt til det nordiske forskingsnettet Nordunet, til også å inkludere de ikkje-nordiske Austersjø-landa.
Det er viktig å styrkje kompetansen til skoleeigarane innanfor tinging og innkjøp. Utdannings- og forskingsdepartementet har samarbeidd med KS for å få laga ein «Innkjøps- og kompetanseguide for IKT-infrastruktur i grunnopplæringa». Målet med guiden er å betre innkjøpskompetansen hos skoleeigarar og skoleleiarar. Guiden gir konkrete råd på ei rad område som til dømes maskin- og programvare, nettverk og breiband mv. Guiden er eit samarbeid med fleire aktørar i både offentleg og privat sektor. Slike samarbeidsmodellar er òg eit sentralt verkemiddel mellom anna for å betre infrastruktur, driftsløysingar og tenester.
Kompetanseutvikling
Skoleeigarar, lærarutdanninga og andre FoU-miljø er særs viktige verkemiddel for å få til god kunnskapsdeling og kompetanseutvikling. Satsinga «Lærande nettverk» er skipa for å skape nyttige læringsarenaer for IKT og læring i skolen. Det er starta 28 nettverk med gjennomsnittleg elleve skolar i kvart. Nettverka er spreidde over heile landet og tel i alt omkring 300 skolar. Lærarutdanningar speler ei sentral rolle som nettverksleiarar for dei einskilde nettverka. Ei faggruppe har oppgåver knytte til rådgiving og evaluering i forhold til nettverka. Lærarutdanninga ved universitet og høgskolar er ei viktig drivkraft i utviklingsarbeidet, og satsinga deira på IKT er viktig både for nye lærarar sin bruk av IKT og for grunnopplæringa. I «Lærande nettverk» blir det etablert læringsarenaer mellom skolar og mellom skolar og lærarutdannarar slik at dei gjensidig kan dele erfaringar og byggje kunnskap.
Tiltak retta mot dei vaksne har halde fram, mellom anna ved stønad til «Seniornett».
Mål for grunnleggjande dugleik, som til dømes det å kunne nytte digitale verktøy, er integrerte i læreplanane for alle fag på faga sine føresetnader. For å nå måla vil det i mange av faga være naturleg å nytte digitale verktøy på ein meir avansert måte.
Gjennom kompetansemiddel til kommunane får lærarar høve til etter- og vidareutdanning for bruk av IKT i dei einskilde faga og knytt til eksamen og vurdering. Ulike tiltak fører til auka IKT-kompetanse hos lærarane, og til ei meir positiv haldning til pedagogisk bruk av IKT i opplæringa. Det vil likevel vere naudsynt å satse på ulike former for IKT-retta kompetanseutvikling framover. Dette vil vere ein kontinuerleg prosess der skoleeigarane og skolane tek ansvar for eiga kompetanseutvikling.
Utdanningsdirektoratet har starta arbeidet for å gjere materialet frå «LærerIKT» fritt tilgjengeleg for kurstilbydarar og andre som vil nytte det.
Noreg deltek i Europakommisjonens «eLearning Programme 2004–2006», som har som mål å støtte effektiv bruk av IKT for å auke kvaliteten i utdanninga og fremme tilpassing til livslang læring, jf. http://europa.eu.int/comm/education/programmes/elearning/programme_en.html. Programmet har fire aksjonslinjer retta mot heile utdanningssektoren. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SiU) er operatør for programmet. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å koordinere aksjonslinja «eTwinning», som er den aksjonslinja i programmet som er retta mot grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. http://www.etwinning.net.
Digitale læringsressursar, nettinnhald og læringsformer
Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer er eit av satsingsområda innanfor «Program for digital kompetanse». I 2005 har det vore utarbeidd ein «Strategi for digitale læringsressursar» der det er foreslått tiltak og verkemiddel for å betre tilbod, spreiing og gjenbruk av digitale læringsressursar. Det er laga ei prioritert liste over tiltak i 2006. Det er behov for eit variert tilbod av digitale læringsressursar innanfor alle fag. Lærarar, elevar og studentar må i større grad kunne nytte desse nye verktøya for å gjere læringsarbeidet meir effektivt og variert. Digitale læringsressursar er viktige for utvikling av eit individualisert og oppdatert undervisningstilbod, mellom anna med tanke på vaksne si læring.
Ein må sjå utvikling av analoge og digitale læringsressursar i eit heilskapleg perspektiv.
Grunnleggjande dugleik i bruk av digitale verktøy er integrert i læreplanane for grunnopplæringa. Dette må det takast omsyn til når ein skal utvikle nye læremiddel.
Våren 2005 har det i samband med prosjektet «Den digitale skole» vorte gjennomført digital eksamen i fleire fag på 40 vidaregåande skolar. Det har også vore forsøk med gjennomføring av digital avgangseksamen i matematikk på grunnskolen. Ein arbeider med ei evaluering av korleis ordninga med bruk av IKT ved eksamen har fungert i dei ulike faga.
Forsking og utvikling
I 2005 er det satsa vidare på forsking og utvikling knytt til IKT og læring, og på pedagogisk bruk av IKT.
ITU si verksemd femner om både FoU-prosjekt, utgreiingar og politikk-innspel. Innanfor programmet «Digitale læringsarenaer» er det gitt stønad til fem prosjekt ved fleire universitet og høgskolar. «Digitale læringsarenaer» skal utvikle kunnskap om den digitale læringsarenaen og fremme utviklinga av digital kompetanse. ITU har gjennomført ein forstudie om læringsutbytte og IKT. For å styrkje kunnskapen om utvikling av digital kompetanse og digital danning har ITU starta ei utgreiing om digital kompetanse som er lagd fram hausten 2005.
IKT-modulen innanfor forskingsprogrammet «Kunnskap, utdanning og læring» (KUL) i regi av Noregs forskingsråd er ført vidare. IKT-modulen omfattar fleirårige prosjekt som skal vere med på å utvikle den nasjonale kunnskapsbasen om IKT og læring.
Departementet, fleire etatar og ulike fagmiljø deltek i internasjonalt samarbeid, mellom anna gjennom Det Europeiske Skolenettet (EUN), EUs program for elæring, ICT League (eit samarbeid mellom utdanningsmyndigheiter i dei nordiske landa, Nederland og austlege provinsar i Canada) og ei rad FoU-prosjekt. Dette gir norske skolar og fagmiljø høve til samarbeid på tvers av landegrensene.
Kjønn og IKT er eit viktig område. Utgreiinga «Digitale kjønnsskiller?» gir oppdatert kunnskap om skilnader og likskapar mellom gutar og jenter med omsyn til bruk av IKT og digital kompetanse. Rapporten syner mellom anna at bruk av IKT er daglegdags for både gutar og jenter, og at 1990-åras skilnader mellom gutar og jenter er mindre i dag. Gutane har ein meir omfattande og variert bruk av IKT heime enn jentene har, noko som kan føre til digitale skilnader mellom gutar og jenter.
Arbeidet med å utvikle metodar for å undersøkje den pedagogiske effekten av IKT i læringsarbeidet held fram. Noreg deltek saman med Sverige, Finland og Danmark i undersøkinga «eLearning Nordic». Undersøkinga skal studere pedagogiske effektar ved bruk av IKT og blir avslutta i 2006.
Samstundes er det viktig å dra lærdom av internasjonal forsking om IKT og læring. Ein rapport frå «Second International Technology in Education Study» (SITES) basert på 174 case-studiar frå om lag 30 land, konkluderer med at elevar som nyttar teknologi til å gjennomføre prosjekt, analysere data, løyse problem, designe produkt og evaluere sitt eige arbeid, i sterkare grad enn andre vil utvikle dugleik og sakkunne innanfor IKT, problemløysing, informasjonshandsaming, samarbeid og kommunikasjon.
Ei utgreiing om «Digital tilstand i UH-sektoren» syner at om lag alle lærestader har teke i bruk LMS (Learning Management Systems). Bruken er i dei fleste høve enkel, men medverkar mellom anna til bevisstgjering av pedagogisk praksis og er viktig for innføring av IKT i utdanningssamanheng. IKT-støtta vurdering av studentar er i hovudsak basert på bruk av LMS som eit administrativt verktøy. Tilhøve knytt til infrastruktur ser ikkje ut til å representere ei hindring for innføring av den pedagogiske bruken av IKT. Digitale læringsressursar er utvikla, men blir i lita grad nytta av andre enn dei som utviklar ressursane.
Ein studie i samband med «PISA 2000» fann at når datamaskinar vart brukte saman med Internett, synte resultata til elevane betring med aukande bruk inntil eit maksimum, deretter var det ein avtakande effekt av bruken.
OECD peiker i «Educational Policy Analysis 2004» på at mange land opplever at dei ikkje får store nok gevinstar etter å ha investert store ressursar i IKT i utdanninga. Samstundes syner røynsler frå mange land at IKT kan gi betre læringsutbytte hos svake elevar, og IKT kan styrkje læringsstrategiane til elevane.
Samla sett peiker desse resultata på at IKT kan nyttast til å betra utdanninga, men at det samstundes er naudsynt med betre kunnskap om korleis IKT kan nyttast. Vidare tyder resultata på at det ikkje er kvantiteten, men kvaliteten på bruken av IKT som er avgjerande for om elevane får betra læringsutbyttet sitt.
Kap. 249 Andre tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 2 652 | 2 705 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 15 758 | ||
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 216 | ||
62 | Moskvaskolen | 1 073 | ||
72 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 5 382 | ||
73 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 17 400 | ||
Sum kap. 249 | 44 481 | 2 705 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga er nytta til utgreiingar, analysar og FoU på ansvarsområdet til departementet. Ein stor del av løyvinga er nytta til analysar innanfor grunnopplæringa. Eit treårig prosjekt om EUs opne koordineringsmetode og påverknad på politikkutforming er sett ut til Arena – Senter for Europaforsking ved Universitetet i Oslo.
Departementet foreslår å omdisponere kr 900 000 i lønnsmidler knytta til kompetanseberetningen frå kap. 249 post 01 til kap. 200 post 01. Departementet foreslår å flytte resten av løyvinga til kap. 258 Analyse og utviklingsarbeid.
Programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
0251 | Fagskoleutdanning | 266 187 | 266 187 | -100,0 | |
0253 | Folkehøgskolar | 508 873 | 535 492 | 552 627 | 3,2 |
0254 | Tilskott til vaksenopplæring | 196 240 | 184 388 | 131 188 | -28,9 |
0256 | Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (jf. kap. 3256) | 62 301 | 54 035 | 52 946 | -2,0 |
0257 | Ny sjanse! | 14 579 | |||
0258 | Analyse og utviklingsarbeid | 40 763 | 38 397 | 34 578 | -9,9 |
0259 | Kompetanseutviklingsprogrammet | 48 175 | 19 700 | -100,0 | |
Sum kategori 07.50 | 1 122 539 | 1 098 199 | 785 918 | -28,4 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer om lag 786 mill. kroner. Det er ein reduksjon på om lag 312 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2005. Overføringa av løyvinga på kap. 251 til kap. 276 under kategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning utgjer om lag 266 mill. kroner av denne reduskjonen.
Kategori 07.50 omfattar løyvingar til tilskottsordningar som er supplement til det formelle utdanningssystemet, drift av Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet og utviklingsmidler for kompetansepolitikken.
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
3256 | Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (jf. kap. 256) | 12 453 | 8 818 | 9 100 | 3,2 |
Sum kategori 07.50 | 12 453 | 8 818 | 9 100 | 3,2 |
Regjeringa har gjennomført Kompetansereforma. Handlingsplanen for reforma er oppsummert og syner at rammeverket for livslang læring er på plass, men at det framleis er utfordringar knytt til å nå fram til personar med låge formelle kvalifikasjonar. Det ligg òg eit stort forbetringspotensial i å utnytte arbeidsplassen som læringsarena. Gjennom Kompetanseutviklingsprogrammet er det løyvd 330 mill. kroner til over 700 utviklingsprosjekt i samarbeid mellom verksemder og opplæringstilbydarar. Regjeringa har satsa mykje på forsking, utgreiing og evalueringar, mellom anna Kompetanseberetninga, Lærevilkårsmonitoren og ALL-undersøkinga, og slik forbetra kunnskapsgrunnlaget på feltet.
Våren 2005 har departementet arbeidd med grunnlaget for ein fornya kompetansepolitikk med mål om å utvikle Noreg til ein leiande kompetansenasjon, jf. kap. 1 Hovudprioriteringar. Arbeidet så langt viser at utvikling og betre bruk av kompetanse er eit heilt sentralt verkemiddel for å nå måla til Regjeringa om å auke innovasjonsevna og skape regional vekst, modernisere offentleg sektor og få fleire i arbeid og færre på trygd. Det er derfor naudsynt å sjå ulike politikkområde i samanheng, og departementet vil setje i gang eit interdepartementalt samarbeid om korleis kompetansepolitikken kan utviklast for å medverke til å nå desse måla. Sentralt i arbeidet er å vurdere korleis ressursane og dei verkemidla som finnast i dag, kan nyttast best mogleg for å skape eit meir inkluderande kunnskapssamfunn, fleire lærande verksemder og betre samhandling mellom utdanningssektoren og arbeidslivet. Ei vidare utbygging av kunnskapsgrunnlaget er viktig i denne samanhengen. Samstundes vil departementet setje i verk nye tiltak på område der behova er godt dokumenterte, jf. måla nedanfor.
Mål: Fleire vaksne med grunnleggjande dugleikar
Regjeringa har som mål å skape eit meir inkluderande arbeidsliv, og arbeider for å modernisere offentleg sektor. Kompetansepolitikken har viktige oppgåver med å medverke til at personar ikkje blir støtt ut av eit stadig meir kunnskapsbasert arbeids- og samfunnsliv fordi dei manglar den naudsynte kompetansen. Ein viktig føresetnad for aktiv deltaking er å ha tilstrekkelege dugleikar i lesing, skriving, rekning og bruk av IKT. Regjeringa har derfor som mål å sikre at alle har høve til å tileine seg desse dugleikane.
Resultata frå OECD-undersøkinga Adult Literacy and Lifeskill Survey (ALL) om grunnleggjande dugleikar vart lagde fram våren 2005, sjå nærmare omtale under kap. 257. ALL syner at den norske vaksenbefolkinga har god lese- og problemløysingsdugleik og god talforståing samanlikna med andre land. Likevel er det over 400 000 vaksne som har så dårleg dugleikar innan lesing av tekst og forståing av tal at dei vanskeleg kan fungere godt i eit moderne arbeidsliv. Samstundes syner forsking at slike dugleikar er svært viktige for inntekt og yrkesdeltaking.
Kompetansereforma har vore den viktigaste satsinga på dette feltet i Noreg. Som del av reforma har vaksne som har trong til det, fått rett til gratis og tilpassa opplæring på grunnskolenivå, og vaksne fødde før 1978 har fått rett til vidaregåande opplæring dersom dei ikkje har fullført slik opplæring tidlegare. Erfaringar og evalueringar tyder på at desse rettane ikkje blir brukt av dei med lågast kompetanse. Manglande motivasjon og dårleg tilretteleggjing frå tilbydarsida ser ut til å vere dei viktigaste årsakene. Stortinget har bedt Regjeringa vurdere om inntektssystemet til fylkeskommunar i tilstrekkeleg grad fangar opp det ansvaret fylkeskommunane har for vaksne sin rett til vidaregåande opplæring, jf. Innst. S. nr. 197 (2003–2004). Denne vurderinga er del av inntektssystemutvalet (Borge-utvalet) si vurdering av inntektssytemet for kommunal sektor, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) for Kommunal- og regionaldepartementet. Utvalet skal levere rapporten sin hausten 2005.
Ei vurdering av vaksnes rett til grunnskole og vidaregåande opplæring som Vox har gjennomført, syner at det er store variasjonar i korleis kommunar og fylkeskommunar handterer dei vaksnes rett til utdanning. Det er låg kunnskap om rettane i målgruppa, og mange veit ikkje kvar dei skal vende seg for å få meir informasjon. Nokre kommunar har vedteke at dei ikkje skal gi tilbod til vaksne. Nokre fylkeskommunar er lite aktive med informasjon til vaksne, og den informasjonsverksemda som går føre seg, er lite målretta i forhold til arbeidssøkjarar og arbeidstakarar med låg utdanning. Vidare syner undersøkinga at det interkommunale samarbeidet ikkje er så godt utvikla når det gjeld opplæring for vaksne. Det same gjeld samarbeidet med arbeidsliv, Aetat og andre aktørar. Departementet vil be fylkesmannen føre tilsyn med at kommunar og fylkeskommunar handlar i samsvar med plikta til å gi informasjon og opplæringstilbod til vaksne. Samstundes vil departementet styrkje arbeidet med utdannings- og yrkesrettleiing, og Utdanningsdirektoratet har sett i gang forsøksverksemd med dette som òg vil omfatte vaksne, jf. kap. 226.
Ein annan grunn til at vaksne med låg kompetanse tek lite del i utdanning, kan vere at dei ikkje får finansiert livsopphaldet for den delen av etter- og vidareutdanninga som går ut over behova i verksemdene. For å få meir kunnskap om dette har Regjeringa sett i verk forsøksprosjekt med å utvikle modellar for finansiering av livsopphaldet. Forsøka inneber at arbeidstakar og arbeidsgivar tek del i finansieringa, saman med tilskott frå staten. Forsøka starta opp våren 2005 og blir evaluerte. Sjå nærmare omtale under kap. 259. Resultata frå evalueringa vil bli nytta inn i vidareutviklinga av kompetansepolitikken.
Det er private og offentlege verksemder som gjer dei største investeringane i kompetanseutvikling for vaksne. Kunnskap opparbeidd gjennom Kompetansereforma syner at vaksne i stor grad ønskjer å lære i tilknyting til sitt daglege arbeid, og Regjeringa har gitt tilskott til ei rekkje ulike tiltak for å fremme arbeidsplassen som læringsarena, mellom anna gjennom Kompetanseutviklingsprogrammet, sjå kap. 259. Evalueringa syner at programmet er vellykka, men at det ikkje når godt nok fram til dei med lågast kompetanse. Debatten rundt OECD-undersøkinga ALL syner samstundes at nokre av verksemdene som driv med lese- og skriveopplæring for sine tilsette, ikkje er nøgde med tilpassing av tilboda, og har vanskeleg for å få tilbydarane til å gi slik opplæring på arbeidsplassen. Regjeringa vil på bakgrunn av dette målrette innsatsen mot dei gruppene som manglar dei grunnleggjande dugleikane dei treng for å fungere i arbeids- og samfunnslivet. Regjeringa foreslår derfor å setje i gang eit nytt program kalla «Ny sjanse!». Programmet skal utvikle modellar som gjer at opplæringa kan gjennomførast i verksemdene og i nær tilknyting til daglege arbeidsoppgåver, sjå nærmare omtale i kap. 257. Programmet og erfaringane som ein haustar vil vere sentrale i oppbygginga av ein meir samordna kompetansepolitikk.
For å få fleire i arbeid og færre over på passive stønader har Utdannings- og forskingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet i fellesskap vurdert korleis utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken kan sjåast i samanheng. Departementet vil setje i verk pilotprosjekt i grenseflata mellom desse politikkområda, sjå nærmare omtale under kap. 257 og 258.
Mål: Å medverke til livslang læring
Norsk arbeids- og samfunnsliv er i kontinuerleg endring. Det blir stilt stadig høgare krav til innovasjon og omstilling, kvalitet og effektivitet, noko som gir auka behov for at befolkninga oppdaterer og oppgraderer sine kunnskapar og dugleikar livet igjennom. Regjeringa har som mål at alle skal ha høve til å skaffe seg den kompetansen dei treng – uavhengig av sosiale og økonomiske forhold, geografisk bustad, kjønn og alder. For at læringa skal resultere i verdiar for samfunnet og den einskilde, er det òg viktig at kompetansen blir nytta så godt råd er i arbeidslivet.
Mykje læring går føre seg på andre arenaer enn i det formelle utdanningssystemet. Fleire undersøkingar viser at arbeidsplassen er den viktigaste læringsarenaen for vaksne. Resultat frå Lærevilkårsmonitoren (sjå nærmare omtale under kap. 258) syner at verksemdene legg betre til rette for kompetanseutvikling for dei som har høg utdanning enn for tilsette med lågare formell kompetanse. Dette kan skuldast manglande finansiering eller at dei manglar grunnleggjande dugleikar, jf. målet ovanfor. Ein annan grunn kan vere at arbeidet i seg sjølv ikkje stimulerer og motiverer til læring og kompetanseutvikling blant desse gruppene, og at arbeidsoppgåvene ikkje gir rom for å nytte kompetansen. Dette er verksemdene sitt eige ansvar, men samstundes kan verksemdenes kompetansestrategiar òg vere påverka av ytre rammer som blir avgjorde politisk, til dømes i forskings- og utdanningspolitikken, arbeidsmarknadspolitikken, regionalpolitikken, næringspolitikken, offentleg innkjøpspolitikk og ulike typar av sektorpolitikk. Departementet vil arbeide for å få betre kunnskap om korleis ein kan stimulere verksemdenes investeringar og bruk av kompetanse, jf. målet nedanfor.
Gode høve for læring er positivt for personleg vekst og demokratisk deltaking. I eit mangfaldig samfunn der individuelle ønske og behov varierer, vil det vere etterspørsel etter opplæringstilbod innanfor geografiske og tematiske område der det ordinære utdanningssystemet ikkje har tilbod. Under kategori 07.50 er det samla fleire tilskottsordningar som støttar opp om opplæringstilbod som er supplement og alternativ til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet, jf. kap. 253 og kap. 254.
Mål: Auka kunnskap om læring og kompetanseutvikling
Kompetansepolitikk og tiltak for å utvikle og nytte kunnskap og kompetanse må byggje på solid kunnskap om behova i samfunnet, og om korleis kompetansebehova kan dekkjast gjennom ulike former for læring. Det trengst òg kunnskap om dei forholda som gjer at kunnskap og kompetanse blir omsette til verdiar for den einskilde, for verksemdene og for samfunnet. Regjeringa har derfor som mål å heile tida utvikle og oppdatere kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken.
I dei siste åra har kunnskapsgrunnlaget blitt vidareutvikla gjennom forsking og utgreiingar, gjennom deltaking i internasjonale nettverk og prosjekt, og gjennom utprøving av nye læringsmetodar og læringsformer. Denne verksemda har resultert i auka kunnskap om den einskilde si deltaking i opplæring, kva som gir god læring, og korleis rammevilkåra for læring blir praktiserte og blir opplevde av befolkninga. I tillegg til utgreiingar om dei vaksne sine rettar til grunnskole og vidaregåande opplæring har Lærevilkårsmonitoren (sjå nærmare omtale i kap. 258) og Vox-barometeret (sjå nærmare omtale i kap. 256) gitt ny kunnskap om tilhøva for læring i Noreg. Begge peikar på den viktige rolla til verksemdene.
Departementet har gjennomført ei utgreiing om korleis Noreg kan bli ein leiande kompetansenasjon, jf. kap. 1 Hovudprioriteringar. Utgreiinga peikar mellom anna på at det særskilt manglar kunnskap om to sentrale område i kompetansepolitikken: 1) omfang og verknader av ulike former for samarbeid mellom utdanningssystemet og arbeidslivet på alle nivå i utdanningssystemet, og 2) korleis ulike rammevilkår verkar inn på utvikling av lærande verksemder. Departementet vil halde fram med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for politikkutforminga, og vil prioritere desse områda, sjå nærmare omtale i kap. 258. I tillegg vil Noreg ta del i fleire internasjonale prosjekt og samanlikningar, og gjennomføre undersøkingar som gjer at ein kan følje resultata av kompetansepolitikken over tid.
Det er eit mål at både den einskilde og norske verksemder skal ha tilgang på relevant informasjon om læringshøve, opplæringstilbod, rettar den einskilde har til opplæring, og om gode modellar for opplæring og kompetanseutvikling. I 2005 har Vox arbeidd med dette på fleire måtar (sjå kap. 256 og kap. 258), og arbeidet tyder på at det er stort behov for både informasjon og rettleiing. Undersøkingar og evalueringar syner òg at det framleis er naudsynt å arbeide med å spreie nye verktøy og opplæringsmodellar som er utvikla under Kompetansereforma. Mange av dei som tek del i vidaregåande opplæring, får ikkje vurdert realkompetansen sin, og dokumentasjonsverktøy er ikkje utbreidde i arbeidslivet. Departementet er nøgd med at arbeidet har gitt resultat ved at Vox stadig oftare blir kontakta av både arbeidsgivarar og enkeltpersonar som ønskjer deira bistand. Vox skal halde fram som rettleiar og støttespelar for offentlege og private verksemder, og særleg for leiarane i verksemdene, slik at dei får auka kompetansen sin på dette feltet og dermed betre kan arbeide for å vidareutvikle arbeidsplassen sin som ein god læringsarena.
Kap. 251 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Teknisk fagskole | 266 187 | 266 187 | |
Sum kap. 251 | 266 187 | 266 187 |
Talet på studentar har auka dei siste åra, etter fleire år med nedgang i studenttalet. Hausten 2003 vart finansieringa lagd om frå rammefinansiering via fylkeskommunane til tilskott per student i eiga ordning. I undervisningsåret 2001–02 var det om lag 2 700 studentar i teknisk fagskole på landsbasis. Frå hausten 2003 auka talet på studentar til 3 160, og vidare til 3 320 i undervisningsåret 2003–04. Talet på innrapporterte heiltidsstudentar var hausten 2004 3 416. Departementet er nøgd med at omlegginga har medverka til at fleire får dette opplæringstilbodet.
Fagskoleutdanning er ein del av det formelle utdanningssystemet og byggjer på vidaregåande opplæring. Tilskottsordninga blir derfor frå 2006 overført til kap. 276 under kategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 504 | ||
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 506 369 | 528 285 | 547 393 |
71 | Tilskott til Folkehøgskolerådet | 6 607 | 4 615 | |
72 | Tilskott til nordiske folkehøgskolar | 600 | 619 | |
Sum kap. 253 | 508 873 | 535 492 | 552 627 |
Løyvinga omfattar tilskott til drift av folkehøgskolar, Folkehøgskolerådet og nordiske folkehøgskolar.
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Om ordninga
Folkehøgskolelova fastset at formålet med folkehøgskolen er å fremme allmenndanning og folkeopplysning. Tilskottsordninga skal medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.
Tilskottet er samansett av tre element: basistilskott, tilskott per elev og tilskott til husleige. I tillegg kjem særtilskott for elevar med redusert funksjonsevne. Basistilskottet er eit likt beløp til alle skolane. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei tre siste åra før det føregåande året. Grunnlaget for elevtilskott i 2006 er med andre ord elevtalet i 2002, 2003 og 2004. Departementet fastset husleigetilskottet etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. Fire skolar som tek inn særleg mange elevar med redusert funksjonsevne, får eit særskilt tilskott for desse elevane. Folkehøgsolelova og forskrifta til denne skil mellom langkurs og kortkurs, der kurs på 16,5 veker eller meir er langkurs. Kortkursa skal vere på minst 12 timar. Kortkurselevar blir omrekna til årselevar etter ein modell som er fastsett i forskrift til folkehøgskolelova.
Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell med vidare er gitt i forskrift til folkehøgskolelova.
Folkehøgskolane skal kvart år sende årsmelding og rekneskap med revisormelding til fylkesmannsembeta, og dessutan rapport til Statistisk sentralbyrå om gjennomførte kurs. I tillegg skal skolane sende ein sjølvevalueringsrapport til departementet. Departementet gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av folkehøgskolar. Under tilsyna gjennomfører departementet mellom anna ein kontroll med dokumentasjon på innsend informasjon.
Rapport for 2004–05
Elevtalet på langkurs heldt seg om lag uendra frå 2003 til 2004. På kortkursa var der ein nedgang i talet på deltakarar på 5 pst. frå 2003 til 2004. Som tidligere år var om lag halvparten av deltakarane på kortkursa 50 år eller eldre.
På oppdrag frå departementet gjorde ECON Analyse ei evaluering av kortkursa i 2004. Eit hovudpoeng i evalueringa er at omfang og innretning av kortkursverksemda varierer mykje mellom skolane. Den store variasjonen har blant anna samanheng med den vide formålsparagrafen som folkehøgskolelova har. Nokre fellestrekk er det likevel mogleg å finne. Evalueringa viser at kortkursa medverkar til fagleg utvikling på skolane, er ein motiveringsfaktor for lærarane, og fungerer som eit bindeledd mellom folkehøgskole og lokalmiljø.
Evalueringa og departementet si tilsynsverksemd har lagt for dagen nokre problematiske sider ved kortkursverksemda:
Somme skolar driv landsomfattande kortkursverksemd, der tilknytinga til skolen synest svak.
Tilfelle av svak tilknyting mellom kortkursa og hovudaktiviteten til skolen, som skal vere langkurs.
Skolane har jamt over dårleg oversyn over ressursbruk til kortkursverksemda.
Reisekurs og friluftskurs som skil seg lite frå dei opplegga turoperatørar og idretts- og friluftsorganisasjonar tilbyr.
Reisekurs i Noreg for utanlandske turistgrupper blir innrapportert som kortkurs.
Den informasjonen som er framkommen, viser at det er naudsynt å gjere somme presiseringar i forskrift om kortkursverksemda. I høyringsutkast til ny forskrift for folkehøgskolane, foreslår departementet å endre føresegnene om kortkursverksemda. Forslaget inneber innstrammingar som gjer at tilskottet til kortkursverksemda vil bli redusert. Budsjettramma for folkehøgskolane skal likevel vere uendra, slik at dei innsparde midlane kjem folkehøgskolane til gode gjennom auka tilskott til langkursa.
Departementet tek sikte på at ny forskrift skal gjelde frå 1. august 2006. I tillegg til endringane som gjeld kortkurs, legg forskriftsutkastet opp til endringar som forenklar tilskottsordninga for folkehøgskolane.
Elevtal i folkehøgskolane 2000–04
År | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 |
---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust)(16,5-33 veker) | 12 302 | 11 252 | 11 878 | 12 662 | 12 924 |
Elevar kortkurs (3 dagar-16 veker) | 16 844 | 19 083 | 20 727 | 20 709 | 20 715 |
Sum elevar | 29 146 | 30 335 | 32 605 | 33 371 | 33 639 |
Årselevar langkurs | 6 358 | 6 161 | 6 260 | 6 331 | 6 358 |
Årselevar kortkurs | 758 | 897 | 1 049 | 1 045 | 1 037 |
Sum årselevar | 7 116 | 7 058 | 7 309 | 7 376 | 7 395 |
Sum godkjende årselevar/fastsett elevtal | 7 061 | 6 999 | 7 112 | 7 245 | 7 339 |
Tilskottselevar | 7 117 | 7 247 | 7 280 | 7 172 | 7 001 |
Kjelde: 2000: Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet. 2001: Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet og Statistisk Sentralbyrå (SSB). 2002–04: SSB.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet
Om ordninga
Tilskottet skal medverke til at Folkehøgskolerådet kan ivareta fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for departementet. Vidare er det eit mål at Folkehøgskolerådet skal fremme kunnskap om og utvikling av skoleslaget.
Tilskottet blir fastsett på grunnlag av årsmelding og revidert rekneskap frå Folkehøgskolerådet, og i samsvar med løyvinga på budsjettposten.
Folkehøgskolerådet skal kvart år sende årsmelding og rekneskap til departementet.
Rapport for 2004–05
Frå og med 2005 er tilskottet til Folkehøgskolerådet skilt ut på eigen post i statsbudsjettet. Tilskottet omfattar driftstilskottet til Folkehøgskolerådet og midlar som rådet har vidarefordelt til folkehøgskolane. Folkehøgskolerådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskottet, og har elles avlasta departementet ved å gi råd og rettleiing til skolane, særleg om tolking av regelverk.
På oppdrag frå departementet gjorde Statskonsult i 2005 ei evaluering av tilskottsordningane til ein del fellesorganisasjonar på utdanningsområdet. Evalueringa er omtala under kap. 254 post 73.
Budsjettforslag for 2006
Ansvaret for lønnsforhandlingar for folkehøgskolane blei overført frå departementet til den enkelte skole frå 1. januar 2005. Med verknad frå same tidspunkt er tilskott øyremerka formål som følgjer av hovudavtalen omdisponert til det generelle driftstilskottet til folkehøgskolane. Det same gjeld tilskott til pedagogisk utviklingsarbeid og reisestipend for lærarar. Midlane er lagde inn på kap. 253 post 70. Det samla budsjettforslaget på kap. 253 er såleis på same nivå som løyvinga for 2005.
Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar
Frå og med 2005 er tilskottet til nordiske folkehøgskolar skilt ut på eigen post i statsbudsjettet. Tilskottet skal medverke til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd ved Nordiska Folkhögskolan i Kungälv og Den nordiske folkehøgskolen i Genève. Tilskotta blir fastsette på grunnlag av årsmelding og revidert rekneskap frå skolane, og i samsvar med løyvinga på budsjettposten. I 2004 hadde den nordiske folkehøgskolen i Genéve elleve deltakarar frå Noreg og den nordiske folkehøgskolen i Kungsälv hadde 17 deltakarar.
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott til studieforbund | 164 378 | 155 883 | 101 771 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 14 662 | 10 720 | 11 063 |
72 | Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes | 7 887 | 8 155 | 8 416 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 9 313 | 9 630 | 9 938 |
Sum kap. 254 | 196 240 | 184 388 | 131 188 |
Post 70 Tilskott til studieforbund
Om ordninga
Tilskott til studieforbunda skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.
Studieforbunda får tilskott på grunnlag av gjennomsnittleg tal studietimar for dei tre åra før siste føregåande år. Grunnlaget for tilskott i 2006 er med andre ord studietimetal for 2002, 2003 og 2004. Utrekninga av tilskotta byggjer på det timetalet studieforbunda har rapportert til Statistisk sentralbyrå.
Det blir gitt eit særskilt tilskott til opplæring for vaksne som av ulike ikkje-økonomiske årsaker møter hindringar i høve til å ta del i opplæringstilbod, og som dermed treng særleg tilrettelagd opplæring. Prioriterte målgrupper er funksjonshemma, vaksne innvandrarar, personar med særleg svak førstegangsutdanning, og personar med særlege omsorgsplikter. Tilskottet til desse særlege målgruppene blir fastsett etter dei same retningslinjene som det vanlege studietilskottet.
Studieforbunda skal kvart år sende årsmelding og rekneskap med revisormelding til departementet, og rapport til Statistisk sentralbyrå om gjennomførd studieaktivitet. Departementet gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av studieforbund. Kontroll med dokumentasjon på innsend informasjon er ein del av desse tilsyna.
Rapport for 2004–05
Studieforbunda gjennomførte om lag 47 000 kurs i 2004, med til saman over 600 000 deltakarar. Talet på kurs har minka i dei siste åra, det var 13 400 færre kurs i 2004 enn i 2000. Også talet på deltakarar og talet på kurstimar har minka. I 2004 var det 34 000 færre deltakarar og 247 000 færre kurstimar enn i 2000.
Budsjettforslag for 2006
For å skaffe rom for andre tiltak blir det foreslått å redusere løyvinga på post 70 nominelt med om lag 54 mill. kroner. Tiltaket vil kunne føre til ein reduksjon i talet på kurstilbod og ei auke i prisane. Det er uvisst korleis talet på deltakarar vil bli påverka av dette. Talet på kurs i studieforbunda har minka frå 70 242 i 1995 til 52 181 i 2002 og 46 925 i 2004. Reduksjonen i kurstilbod er såleis ein langsiktig trend. Talet på deltakarar har likevel ikkje minka like mykje som talet på kurs, slik at gjennomsnittleg tal på deltakarar per kurs har auka. Effektiviteten i studieforbunda har følgjeleg auka.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Om ordninga
Tilskottsordninga skal medverke til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit variert og landsomfattande tilbod.
Fjernundervisningsinstitusjonane får tilskott på grunnlag av gjennomsnittleg tal studietimar for dei tre åra før siste føregåande år. Grunnlaget for tilskott i 2006 er med andre ord studietimetal for 2002, 2003 og 2004. Utrekninga av tilskott byggjer på det timetalet studieforbunda har rapportert til Statistisk sentralbyrå.
Fjernundervisningsinstitusjonane skal kvart år sende årsmelding og rekneskap med revisormelding til departementet, og dessutan rapport til Statistisk sentralbyrå om gjennomførd studieaktivitet. Departementet gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av fjernundervisningsinstitusjonar. Kontroll med dokumentasjon på innsend informasjon er ein del av desse tilsyna.
Rapport for 2004–05
Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte i 2004 om 21 700 fullførde kurs. Dette var ein oppgang på 6 pst. i høve til 2003. Det vart også rapportert 54 000 fleire kurstimar i 2004 enn året før.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 72 Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
Om ordninga
Tilskottet skal medverke til drift av Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord, Norsk fredssenter og Studiesenteret på Finnsnes, slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.
Tilskotta blir fastsette på grunnlag av årsmelding og revidert rekneskap frå institusjonane, og i samsvar med løyvinga på budsjettposten.
Tilskottsmottakarane skal kvart år sende årsmelding og rekneskap til departementet.
Rapport for 2004–05
Kvinneuniversiteta har i 2004 gjennomført kurs og seminar på ulike nivå i og utanfor det formelle opplæringssystemet. Ved Kvinneuniversitetet i Løten har 28 personar gjennomført høgskolestudium i leiing. I tillegg har om lag 2 500 personar teke del i ulike seminar, kurs og foredrag. Ved Kvinneuniversitetet Nord har opplæringa i 2004 hovudsakleg skjedd utanfor det formelle skolesystemet. Dette er kompetansebygging innanfor mellom anna etablering, nettverksbygging, rettleiing og vaksenpedagogikk. Begge kvinneuniversiteta har delteke i prosjekt- og utviklingsarbeid som er relevante for likestilling og kvinners situasjon.
Prioritert målgruppe for Norsk fredssenter var i 2004 unge flyktningar. Viktigaste aktiviteten har vore prosjektet «Afghanistan – håp om en framtid». Hovudaktivitetane i prosjektet er sommarskole for afghanske ungdommar.
Studiesenteret Finnsnes har i 2004 gjennomført fleire studietilbod i samarbeid med høgskolane i Troms og Finnmark, mellom anna sjukepleiarutdanning og lærarutdanning.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Om ordninga
Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet og Norsk Forbund for Fjernundervisning, samt til det internasjonale fellesorganet International Council for Open and Distance Education (ICDE). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane overfor departementet, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.
Tilskotta blir fastsette på grunnlag av årsmelding og revidert rekneskap frå organisasjonane, og i samsvar med løyvinga på budsjettposten.
Tilskottsmottakarane skal kvart år sende årsmelding og rekneskap til departementet.
Rapport for 2004–05
Voksenopplæringsforbundet og Norsk Forbund for Fjernundervisning har fungert som ein kommunikasjonskanal mellom medlemsorganisasjonane og departementet, mellom anna gjennom faste kontaktmøte. Voksenopplæringsforbundet har hatt hovudansvaret for Uka for voksnes læring, som i 2004 hadde temaet læring og livskvalitet. Forbundet har på oppdrag frå departementet stått for fordeling av reisestipend til lærarar på vaksenopplæringsfeltet. ICDE har hovudsakleg eit internasjonalt fokus, og har i 2004 mellom anna delteke i utdanningsprosjekt i regi av FN.
Statskonsult har på oppdrag frå departementet gjennomført ei evalueringa av tilskottsordningane til Voksenopplæringsforbundet, Norsk Forbund for Fjernundervisning, International Council for Open and Distance Education og Folkehøgskolerådet. Ein del av formålet med evalueringa var å gjere samanlikningar mellom tilskottsordningane for dei fire organisasjonane.
Evalueringa peikar mellom anna på følgjande punkter:
Den statlege finansieringa varierer mykje mellom organisasjonane, først og fremst av historiske årsaker, og i mindre grad som følgje av reelle vurderingar av behovet for støtte. Rapporteringa frå organisasjonane er svært ulik både i utforming, omfang og detaljeringsnivå.
Fellesorganisasjonane har kontaktpunkt både mot departementet, Utdanningsdirektoratet og Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet. Ansvarsdelinga mellom desse statlege aktørane bør vurderast.
ICDEs rolle og oppgåver blir drøfta særskilt. Statskonsult peikar på at departementet og ICDE delvis har ulik oppfatning av organisasjonens mål og arbeidsområde. Det trengst derfor ei klargjering av formålet med tilskottet til denne organisasjonen.
Som oppfølging av evalueringa kan det vere aktuelt å gjere somme endringar i tilskottsordningane. Departementet vil orientere om eventuelle endringar i budsjettproposisjonen for 2007.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Kap. 256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (jf. kap. 3256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 48 741 | 41 960 | 41 087 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 560 | 12 075 | 11 859 |
Sum kap. 256 | 62 301 | 54 035 | 52 946 |
Vox – Vaksenopplæringsinstituttet har i 2005 endra namn til Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet. Postane gjeld midlar til drift av Vox. Vox skal arbeide for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å styrkje kompetansenivået hos vaksne, med særleg vekt på grunnleggjande dugleikar og realkompetanse. Vox skal utvikle, analysere og formidle kunnskap om læring hos vaksne for å tilfredsstille kompetansebehov i arbeidslivet og hos det einskilde mennesket. Vox er organisert med eige styre med representantar frå næringslivet og sentrale aktørar i vaksenopplæringsfeltet.
Resultatrapport for 2004–05
Vox-barometeret er ei halvårleg spørjeundersøking som vender seg til 1 500 arbeidstakarar og 1 000 verksemder med spørsmål som gjeld læring i arbeidslivet. Vox har utarbeidd ein rapport om resultata frå undersøkinga frå i vår. Forutan å vere eit strategisk instrument for Vox sitt arbeid er målingane grunnlag for dei råda Vox gir departementet.
Vox har delteke i utviklinga av Program for digital kompetanse, strategi for styrking av realfag, strategi for integrering av språklege minoritetar, implementering av introduksjonslova og utvikling av læreplanar, og har formidla innspel til eNorge 2009 og til den nye kompetansepolitikken.
På initiativ frå Vox er det ved fleire høve komme i stand samarbeid mellom arbeidslivet, fylkeskommunen, trygdekontora, Aetat og utdanningstilbydarar. Dette samarbeidet gjeld prosjekt som skal setje arbeidstakarane betre i stand til å møte omorganiseringar, nedbemanningar og generelle endringar i næringslivet. Det blir gjort ved at realkompetanse vert teken i bruk, og ved at grunnleggjande dugleikar blir styrkte.
Vox har utvikla metodar for å kartleggje kompetanse og utarbeide kompetanseattest til bruk for den einskilde og til bruk i verksemder. Vox har vidare utvikla metodar for styrking av grunnleggjande dugleikar på arbeidsplassen.
Vox har formidla resultata frå Kompetansereforma nasjonalt og internasjonalt, mellom anna gjennom nettverk, erfaringsseminar, trykksaker og konferansar. Vevsida www.vox.no vart lansert i november 2004. Nettstaden har i snitt hatt 7 000 besøkjande, 13 000 besøk og 100 000 sideoppslag i månaden.
Vox er norsk kontaktpunkt for prosjekt om livslang læring under EØS-finansieringsordningane. Vidare koordinerer Vox i 2005 og 2006 eit pilotprosjekt i Leonardo-programmet om utvikling av nye basisdugleikar i arbeidslivet, og er elles sentral i nettverksarbeidet for lese- og skrivedugleikar og matematikk i Grundtvig-programmet. Hausten 2005 blir det arrangert ein internasjonal konferanse om familielæring som venteleg vil resultere i prosjekt som koplar familielæring til integrasjon av innvandrarar.
Vox har i 2005 gjennomført fleire store konferansar. Ein konferanse om e-borgarskap og digital kompetanse hos vaksne vart arrangert i januar i samarbeid med bl.a. IKT-Norge, departement, utdanningstilbydarar og andre interessentar. Ein todagars konferanse i april om metodar i norskopplæringa av språklege minoritetar samla mange deltakarar. I mai var Vox i samarbeid med Lesesenteret i Stavanger ansvarleg for lanseringskonferansen for OECD-undersøkinga ALL (sjå nærmare omtale under kap. 258). På konferansen vart det også lagt fram gode eksempel frå bedrifter (Linjegods og Jotun) som i samarbeid med Vox eller med midlar frå Kompetanseutviklingsprogrammet (jf. kap. 259) har heva lese- og skrivedugleikane hos dei tilsette.
Noreg skal hausten 2005 arrangere den internasjonale vaksenopplæringsveka, sjå nærmare omtale under kap. 258. Vox er med i førebuingsarbeidet og har ansvar for gjennomføringa av arrangementet.
På oppdrag frå departementet driftar og utviklar Vox nasjonale kompetanseutviklingstiltak, m.a. Kompetanseutviklingsprogrammet, prosjekt om kompetanseutvikling og dokumentasjon i arbeidslivet, utvikling av nettbaserte læringsressursar, IKT i norskopplæring for innvandrarar og innsamling og analyse av data som skal gi grunnlag for betre metodar og strategiar til å leggje til rette for fleksible utdanningsløp for vaksne studentar i høgre utdanning.
Resultatmål for 2006
I arbeidet med kompetanseutvikling for vaksne skal Vox medverke til deltaking i samfunns- og arbeidsliv. Dette inneber at Vox skal:
vere ein nasjonal pådrivar for vaksne si læring i eit inkluderande arbeidsliv og eit rådgivande organ for styresmaktene i spørsmål om ein heilskapleg kompetansepolitikk for vaksne
få i gang opplæring i grunnleggjande dugleikar hos vaksne, som lese-, skrive- og reknedugleikar og digital kompetanse
ha spisskompetanse på ordningar som gjeld læring hos vaksne, særleg integrering av språklege minoritetar, dokumentasjon av realkompetanse, yrkes- og utdanningsrettleiing og grunnleggjande dugleikar
dokumentere og analysere dei utviklingsprosjekta som Vox har hatt ansvaret for
utveksle erfaringar om kompetansepolitikk internasjonalt og samordne og drive nettverksbygging nasjonalt
sjå til at vaksne får innfridd rettane sine, melde frå om koordineringssvikt og presse på for å løyse problem
synleggjere effekten av kompetansetiltak i arbeidslivet
I tillegg skal Vox i 2006 levere ein statusrapport om kva kunnskap ein har innanfor hovudarbeidsområda grunnleggjande dugleikar, realkompetanse og vakse sien rettar til utdanning. Ein slik årleg kunnskapsstatus skal danne grunnlag for Vox sine råd til departementet om strategiar og prioriteringar i den statlege verkemiddelbruken.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga på post 01 er nedjustert med kr 1 596 000 og løyvinga på post 21 er nedjustert med kr 602 000 i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006. Budsjettforslaget inneber at løyvingane blir førte vidare på same nivå som i 2005.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Kap. 3256 Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (jf. kap. 256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 8 912 | 7 820 | 8 070 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 457 | 998 | 1 030 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 737 | ||
17 | Refusjon lærlinger | 41 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 306 | ||
Sum kap. 3256 | 12 453 | 8 818 | 9 100 |
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox.
Inntektene på post 02 kjem mellom anna frå sal av læremateriell.
Kap. 257 Ny sjanse!
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 14 579 | ||
Sum kap. 257 | 14 579 |
Som ledd i den nye kompetansepolitikken vil Regjeringa opprette eit nytt program for grunnleggjande dugleikar. Programmet Ny sjanse! skal sørgje for at fleire vaksne skaffar seg dei dugleikar i rekning, lesing, skriving og IKT som dei treng for å meistre krav og utfordringar i arbeids- og samfunnsliv. Det langsiktig målet, som programmet skal medverke til saman med andre tiltak, er at ingen vaksne skal støytast ut av arbeidslivet på grunn av manglande grunnleggjande dugleik. Programmet vil vere retta mot å stimulere til opplæring i kombinasjon med arbeid både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar.
Bakgrunn for opprettinga av programmet
OECD la våren 2005 fram resultata frå den omfattande undersøkinga «Adult Literacy and Lifeskill Survey» (ALL). Resultata syner at over 400 000 personar av den vaksne befolkninga (alder 16–65 år) i Noreg har så dårleg dugleik i lesing av tekst og forståing av tal, at dei skårar under det nivået internasjonale leseforskarar ser som naudsynt for å fungere godt i eit moderne arbeidsliv. Samstundes syner forsking at nivået på lese- og skrivedugleik har meir å seie enn utdanningsnivået både for inntekt, yrkesaktivitet og arbeidsløyse. Arbeidslause, trygda, eldre arbeidstakarar og innvandrarar er klart overrepresenterte blant dei med svak lese- og skrivedugleik, men også blant «ordinære» sysselsette er det mange i risikogruppa.
Organisering
Forsking syner at arbeidstakarar med lav utdanning ofte ønskjer å skaffe seg ny kompetanse på jobb og i nær tilknyting til arbeidsoppgåver, og slik opplæring gir ofte større utbytte enn formell skolegang. Forsking syner også at ein kombinasjon av kvalifiserande og jobbretta tiltak kan lette overgangen til arbeid for arbeidssøkjarar. Evalueringa av prosjektet Skole på byggeplass (Sintef 2004) syner at opplæring knytt til praksis kan vere særleg attraktivt for arbeidssøkjarar med dårlege skoleerfaringar. På bakgrunn av denne kunnskapen skal programmet utformast slik at opplæringstiltaka som tek i mot støtte, kan skje i tilknyting til arbeidet og gjerne blir kombinert med anna opplæring.
Arbeidsgivar har i utgangspunktet ansvar for opplæring av sine tilsette, medan det offentlege har ansvar for grunnopplæring for vaksne. Ny sjanse! skal derfor vere ei delfinansiering der offentlege og private verksemder kan søkje om støtte til å setje i gang opplæring i grunnleggjande dugleik for dei av sine tilsette som har behov for det, eller for arbeidssøkjarar.
Partane i arbeidslivet og andre relevante aktørar skal inviterast til å ta del i den meir detaljerte utforminga av programmet. Ny sjanse! skal vere ei tidsavgrensa utprøving som blir evaluert undervegs. Erfaringane skal nyttast i vidare vurderingar av tilbod til vaksne og av korleis det offentlege kan leggje betre til rette for å nå personar med lave kvalifikasjonar.
Resultatmål for 2006
I løpet av 2006 skal programmet etablerast og midlane fordelast. Midlane skal målrettast mot dei som har størst behov for denne typen opplæring. Følgjeevalueringa skal starte opp i 2006.
Budsjettforslag for 2006
Det blir foreslått å avvikle løyvinga til Kompetanseprogrammet, og å opprette eit nytt program Ny sjanse, sjå omtale under kap. 257.
Kap. 258 Analyse og utviklingsarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 3 238 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 40 763 | 38 397 | 31 340 |
Sum kap. 258 | 40 763 | 38 397 | 34 578 |
Kapitlet omfattar midlar til analysar og utviklingsarbeid innanfor kompetansepolitikken.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til utgreiingar, analysar og FoU på ansvarsområdet til departementet, mellom anna knytt til Kompetanseberetninga.
Hovudmålet vil vere å få eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken.
Departementet foreslår å omdisponere om lag 0,5 mill. kroner frå kap. 200 post 21 til kap. 258 post 01, i samband med at analysemidlar er samla på kap. 258.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal medverke til å gi eit breitt og godt grunnlag for å utforme ein ny og betre samordna kompetansepolitikk.
Resultatrapport for 2004–05
Departementet har i 2005 arbeidd med utviklinga av ein ny kompetansepolitikk, jf. omtale i kap. 1 Hovudprioriterinar og kategoriinnleiinga. Gjennom prosjekt, utgreiingar, kartlegging, dokumentasjon og forsøk søkjer departementet å auke kunnskapen om ulike former for læring.
Frå 2003 har Vox gjennomført eit utgreiingsprosjekt for å auke kunnskapen om vaksne i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. Prosjektet har gitt ut fleire rapportar i perioden og ein sluttrapport i juni 2005. Resultata frå Kunnskapsgrunnlaget gir viktig kunnskap til bruk i vidareutviklinga av vaksnes rettar til formell utdanning, sjå nærmare omtale i kategoriomtalen.
Arbeidet med å vidareutvikle systemet for dokumentasjon og verdsetting av realkompetanse er vidareført av Vox. For å sikre ei felles forståing ved vurdering av realkompetanse inn mot vidaregåande opplæring har opplæringskonsulentar i alle fylkeskommunar fått opplæring i lov og forskrifter. For å medverke til auka verdiskaping i Noreg gjennom kompetanseheving har Vox samarbeidd tett med fire fylke der det offentlege, næringslivet og tilbydarar av opplæring har delteke. Samarbeidet har lagt vekt på økt kjennskap til og bruk av kompetanseattest. Det er gjennomført ein kampanje og utforma ei startpakke til verksemder med rettleiing og mal for attest. Dette har gitt verdifull erfaring i arbeid med vidareutvikling og implementering av realkompetansedokumentasjon og vurdering. Når det gjeld realkompetanse og høgre utdanning, har NIFU Step gjennomført ei undersøking om avkorting på bakgrunn av dokumentert realkompetanse som syner at avkorting skjer i liten grad, og at det like gjerne kan vere ordinære studentar som får avkorting på bakgrunn av tidlegare arbeidspraksis.
Departementet har finansiert Lærevilkårsmonitoren, som blir utført av Fafo, og som i år legg særleg vekt på å få fram kunnskap om læring i arbeidslivet. Læring gjennom det daglege arbeidet blir opplevd like nyttig som deltaking i kurs og opplæring når det gjeld å forbetre dagens arbeid. Kvardagslæringa framstår også som vel så viktig for å kvalifisere seg til anna arbeid enn det deltaking i kurs og anna opplæring gjer. Dette støttar målet om å stimulere til utvikling av fleire lærande verksemder.
Dei endelege resultata frå OECD-undersøkinga ALL (Adult Literacy and Lifeskill Survey) vart lagde fram i mai 2005, og den norske rapporten blei lagt fram i september 2005. Undersøkinga har vore nytta i utforminga av programmet Ny sjanse! (sjå kap. 257).
Fleksibel læring og bruk av IKT er eit viktig verkemiddel i kompetanseutvikling. Det er mellom anna utvikla vevsider med matematikkoppgåver og oppgåver i lese- og skrivedugleikr tilpassa resultata i ALL-undersøkinga. Det er også utvikla vevside for språkopplæring og integrasjon av minoritetsspråklege der mellom anna metodiske rettleiingar i samband med introduksjonsprogrammet og ny læreplan for minoritetsspråklege ligg. Det er distribuert 60 000 eksemplar av «Data på lettnorsk» –som er ein opplærings-CD for dei som ikkje kan bruke data – mellom anna i moskear, på attføringsinstitusjonar, i fengslar og via bibliotek.
I samband med utviklinga av kompetansepolitikken og ei felles utgreiing om moglege tiltak i grenseflata mellom utdannings- og arbeidsmarknadspolitikk (jf. kategoriinnleiinga), er det gitt fleire forskingsoppdrag på område med mangelfull kunnskap.
Noreg er hausten 2005 vertskap for International Adult Learners Week (IALW) i samarbeid med UNESCO Institute for Education i Hamburg. Arrangementet har som mål å fremme vaksne si læring, og årets veke vil sette særleg fokus på korleis ein skal sikre utdanning for alle i ei tid da mobiliteten i arbeidslivet og over landegrensene er aukande. Det er venta om lag 100 deltakarar frå minst 60 ulike land til konferansen, samt om lag 100 deltakarar frå ulike organisasjonar i Noreg.
Resultatmål for 2006
I 2006 vil departementet prioritere forsøksprosjekt, utgreiingar og utviklingsarbeid som kan skape eit betre grunnlag for vidareutviklinga av kompetansepolitikken (sjå kap. 1 Hovudprioriteringar og kategoriinnleiinga). Departementet vil skaffe meir kunnskap om samarbeid og samspel mellom utdanningssystemet og arbeidslivet på alle nivå, og om korleis rammevilkår av ulike slag verkar inn på korleis private og offentlege verksemder utviklar og utnyttar kompetansen hos sine tilsette. Departementet vil òg arbeide for å auke kunnskapen om korleis kompetansepolitikken betre kan understøtte målet om å få fleire i arbeid og færre på trygd. For å betre kunnskapsgrunnlaget på desse områda vil Noreg delta i fleire internasjonale undersøkingar, som gjer at ein kan samanliknar tilhøva i Noreg med tilhøva i andre land, og samstundes følgje utviklinga over tid på desse områda. Delar av løyvinga blir tildelt Vox.
Budsjettforslag for 2006
I høve til saldert budsjett 2005 er løyvinga på kap. 249 post 01 overført til kap. 258 post 01. Departementet foreslår å omdisponere 5 mill. kroner til kap. 257 post 21. Løyvinga er redusert med 1,7 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006.
Kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 48 175 | 19 700 | |
Sum kap. 259 | 48 175 | 19 700 |
Kompetanseutviklingsprogrammet vart oppretta i 2000, og har vore ein del av det inntektspolitiske samarbeidet mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet. Programmet har delfinansiert i alt 723 prosjekt delte på ulike bransjar i offentleg og privat sektor. Av desse er 61 spreiingsprosjekt som i det vesentlege går ut på å overføre erfaringar og resultat av utviklingsarbeidet utover det lokale prosjektnivået. Programmet har vorte evaluert undervegs, og resultata er brukte inn mot vidareutvikling av programmet. I dei første åra (2000–02) satsa programmet på å stimulere og følgje opp lokalt nyskapande utviklingsarbeid. Frå og med 2003 var hovudsatsinga informasjons- og spreiingsarbeid med sikte på å skape varig effekt av utviklingstiltaka i programmets regi. Hausten 2003 retta programmet dessutan ei utlysing mot små og mellomstore verksemder for å nå målgrupper som tradisjonelt ikkje søkjer kompetanseheving. Denne strategien vart vidareført ved tildeling av prosjektmidlar våren 2004. Vox har etablert ein prosjektdatabase med fullstendig oversikt over alle prosjekta som har mottatt støtte. Det er i perioden 2000–05 løyvd til saman 329 mill. kroner til programmet.
Resultatrapport for 2004–05
Den fjerde evalueringsrapporten vart lagd fram hausten 2004. Her vart spreiingsstrategien analysert. Resultata tyder på at verksemdene er lite involverte i spreiingsarbeidet, og at det er bransje- og interesseorganisasjonar som for ein stor del representerer verksemdene i dette arbeidet. Dermed blir Kompetanseutviklingsprogrammet i større grad ein møteplass enn ein marknadsplass, fordi erfaringane ikkje blir nytta til kommersiell verksemd. Dette kan forseinke spreiingsarbeidet.
Departementet gav hausten 2004 kompetanseutviklingsprogrammet i oppdrag å utforme og gjennomføre forsøksprosjekt med utprøving av modellar for finansiering av livsopphald under etter- og vidareutdanning. Det kom i alt inn 50 søknader, der 30 kom frå privat sektor. Det samla omsøkte beløpet var i overkant av 25 mill. kroner. Programstyret har understreka at dei ordinære prosjekta skal følgjast opp, og at informasjons- og spreiingsarbeidet skal vidareførast, og dette har vorte teke i vare av Vox. Den femte evalueringsrapporten har sett nærmare på spreiingsstrategiane, samt dei nye prosjekta om finansiering av livsopphald. Spreiingsstrategiane har medverka til å involvere verksemdene sterkare, men prosjekta har ikkje vorte utvida med fleire samarbeidspartar, og ofte er spreiingsfasen nytta til å gjennomføre opphavlege arbeidsplanar. Dette tyder på at spreiingsarbeidet bør revurderast. Når det gjeld forsøka med finansiering av livsopphald, er dette framleis i startfasen, men evalueringa gir følgjande førebelse konklusjonar:
Målgruppa for finansieringsordninga er godt grunngitt i forskinga.
Finansieringsordningar for arbeidstakarar med lite utdanning kan med fordel støttast opp av tiltak for dokumentasjon og sertifisering av opplæringa.
Finansieringsordningar retta mot arbeidsgivar er sannsynlegvis mest høveleg.
Finansieringsordningar kan løyse nokre problem, men nye kan dukke opp.
Hausten 2006 blir følgjeevalueringa av Kompetanseutviklingsprogrammet avslutta med ein sluttrapport, og på bakgrunn av den kan departementet gi ein fyldigare rapport om utprøvinga av finansiering av livsopphald.
Gjennom dei seks åra Kompetanseutviklingsprogrammet har vore i drift, har det vorte utvikla ei rekkje nye læringsmetodar, og både dei einskilde prosjekta og utdanningsmyndigheitene har hausta verdifulle erfaringar og kunnskapar til bruk i vidare arbeid. Evalueringa av programmet har saman med anna forsking medverka til eit breitt kunnskapsgrunnlag for utvikling av den nye kompetansepolitikken. Tross måla om å ha eit særleg fokus på dei som har låg kompetanse, syner evalueringa at også Kompetanseutviklingsprogrammet i avgrensa grad har nådd desse målgruppene. Regjeringa ser behov for å målrette innsatsen ytterligere, og Kompetanseutviklingsprogrammet vil derfor bli avvikla. I staden blir det oppretta eit nytt program som i større grad skal målrettast mot dei som manglar grunnleggjande dugleik i lesing, skriving, rekning og IKT, sjå nærmare omtale under kap. 257. Erfaringane med og kunnskapen frå Kompetanseutviklingsprogrammet skal bli ivaretekne i arbeidet med det nye programmet. Fleire prosjekt med støtte frå Kompetanseutviklingsprogrammet er framleis i gang, og desse skal halde fram som planlagt og følgjast opp av Vox. Vox har òg eit særleg ansvar for å spreie erfaringar frå vellukka prosjekt og hjelpe andre verksemder med å setje i gang opplæringstiltak, sjå nærmare omtale under kap. 256.
Budsjettforslag for 2006
Det blir foreslått å avvikla løyvinga til Kompetanseutviklingsprogrammet, og å opprette eit nytt program Ny sjanse!, sjå omtale under kap. 257.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
0260 | Universitetet i Oslo | 3 004 839 | 3 178 787 | -100,0 | |
0261 | Universitetet i Bergen | 1 758 771 | 1 882 391 | -100,0 | |
0262 | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 2 474 328 | 2 572 879 | -100,0 | |
0263 | Universitetet i Tromsø | 1 074 188 | 1 105 136 | -100,0 | |
0264 | Noregs handelshøgskole | 233 093 | 250 383 | -100,0 | |
0265 | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | 83 414 | 87 033 | -100,0 | |
0268 | Noregs idrettshøgskole | 105 801 | 113 827 | -100,0 | |
0269 | Noregs musikkhøgskole | 128 523 | 149 304 | -100,0 | |
0270 | Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar | 307 512 | 202 798 | 186 791 | -7,9 |
0271 | Universitet | 10 200 962 | |||
0272 | Vitskaplege høgskolar | 872 970 | |||
0273 | Statlege kunsthøgskolar | 249 067 | 244 793 | -100,0 | |
0274 | Statlege høgskolar | 7 025 335 | 7 400 304 | -100,0 | |
0275 | Høgskolar | 7 906 833 | |||
0276 | Fagskoleutdanning | 274 705 | |||
0278 | Universitetet for miljø- og biovitskap | 445 540 | 472 888 | -100,0 | |
0279 | Noregs veterinærhøgskole | 219 875 | 200 798 | -100,0 | |
0281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281) | 1 024 458 | 778 517 | 837 690 | 7,6 |
0282 | Privat høgskoleutdanning | 569 857 | 619 508 | -100,0 | |
Sum kategori 07.60 | 18 704 601 | 19 259 346 | 20 279 951 | 5,3 |
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281) | 24 990 | 10 | 10 | 0,0 |
Sum kategori 07.60 | 24 990 | 10 | 10 | 0,0 |
I forslag til statsbudsjettet for 2006 har departementet valt å gå frå ei institusjonsbasert organisering av budsjettkapitla til ei meir formålsbasert organisering. Budsjettkapitla 260–265, 268–269, 273–274, 278–279 og 282 er erstatta av dei meir formålsbaserte budsjettkapitla 271–272 og 275. I tillegg er fagskoleutdanning omtalt under kap. 276, mot tidlegare kap. 251. Bakgrunnen for endringa er at budsjettkapitla skal støtte oppunder dei ulike formåla for verksemda ved universiteta og høgskolane. Dei nye kapitla er vidare organiserte etter institusjonskategori. Finansieringssystemet, som vart innført i 2002, inneheld basiskomponent, undervisningskomponent og forskingskomponent, sjå nærmare omtale seinare. Dei nye kapitla og underliggjande postar støttar oppunder dette og legg betre til rette for å ta stilling til meir overordna budsjettprioriteringar. I ein overgangsfase vil resultatrapport og budsjettforslag med tilhørande resultatmål vere omtalte på forskjellige kapittel. I forslag til statsbudsjett for 2006 er resultatrapportane for universitet, høgskolar og fagskoleutdanning for 2004–05 omtalte under budsjettkapitla 251, 260–265, 268–269, 273–274, 278–279 og 282, medan resultatmål og budsjettforslag vil vere omtalte under budsjettkapitla 271–272 og 275–276.
Utdannings- og forskingsdepartementet har i 2005, på bakgrunn av akkreditering frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), godkjent ny institusjonsstatus for Universitetet i Stavanger (tidlegare Høgskolen i Stavanger) og Universitetet for miljø- og biovitskap (tidlegare Noregs landbrukshøgskole). Av private høgskolar er Det teologiske Menighetsfakultet akkreditert som vitskapleg høgskole, og Diakonhjemmet høgskole er akkreditert som høgskole. Organiseringa av budsjettforslaget for 2006 er i samsvar med dette.
Finansieringssystemet for universitet og høgskolar
Finansieringssystemet for universitet og høgskolar har tre hovudkomponentar: basisfinansiering, resultatbasert undervisningsfinansiering og forskingsfinansiering. Sjå kap. 271, 272 og 275 for samla tildeling til universiteta og høgskolane fordelt på dei tre hovudkomponentane.
Basisfinansieringa skal setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si og realisere ansvaret sitt innanfor utdanning, forsking og formidling slik dette er formulert i lovverk og andre politiske vedtak. Basisfinansieringa skal sikre stabilitet og langsiktighet. Skilnad mellom institusjonane i storleiken på basisfinansieringa er uttrykk for ulik grad av særskilde oppgåver, funksjonar, fagportefølje, distriktsomsyn, institusjonsstorleik, husleigekostnader og ulike politiske prioriteringar over tid. Finansieringa skal setje institusjonane i stand til å gjennomføre særskilde prioriteringar, som til dømes kostnader ved breidd i fagtilbod, distriktsomsyn, særskilde nasjonale oppgåver, drift, vedlikehald og leige av bygningsmasse med meir. Særskilde, tidsavgrensa midlar knytte til utstyr til nye bygg ligg i basisløyvinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.
Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa skal stimulere institusjonane til kvalitet for å få studentane til å lykkast i studieløpa. Finansieringa skal stimulere til raskare omstilling av kapasitet og oppretting av nye studietilbod for å tilpasse studieprofilen til endring i studieønske eller behova samfunnet har for arbeidskraft. Ved at studentane er delvis kostnadsberarar sikrast òg auka finansiering av studium som opplev auka etterspurnad. Avlagde studiepoeng og tal på innreisande og utreisande utvekslingsstudentar gir utteljing i undervisningsfinansieringa. Undervisninga ved institusjonane blir òg finansiert gjennom løyvingane i basisfinansieringa. Departementet har justert innplassering for ein del kunstrelaterte utdanningar frå kategori C, D og F til E i finansieringssystemet. Endringa får berre mindre budsjettverknad i 2006. Departementet vil med budsjettverknad for 2007 justere innplassering av praktisk-pedagogisk utdanning frå kategori E til D.
Forskingsfinansieringa inneheld ein strategisk del og ein resultatbasert del. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar for doktorgradsutdanning, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske forskingsløyvingar. Resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar skal stimulere til forsking av høg kvalitet og oppmode institusjonane til å utvikle eigne profilerte forskingsstrategiar. Det er etablert ein ny resultatbasert omfordelingsmodell i budsjettforslaget for 2006, sjå eiga omtale og tabell 2.27 i Vedlegg 2.
Hovudprioriteringar
Kvalitetsreforma i høgre utdanning vart fullfinansiert med ei løyving på 1 144 mill. kroner i budsjettet for 2004. Løyvinga er prisjustert og ført vidare i 2005 og i framlegget til statsbudsjett for 2006 som ei varig auke. Vidare har det vore ein auke i den resultatbaserte undervisningskomponenten på om lag 620 mill. kroner frå innføringa av nytt finansieringssystem i 2003 og fram til 2006.
I perioden frå 2002 til forslag til budsjett for 2006 har det vore ein gjennomsnittleg årleg budsjettvekst på 6,2 pst. Budsjetta for universitet og høgskolar har auka frå om lag 14,5 mrd. kroner i 2001 til nærare 20 mrd. kroner i 2006. Noreg ligg høgt blant OECD-landa når det gjeld ressursar per student i høgre utdanning. Noreg ligg etter USA og Sveits, men desse landa har eit stort innslag av privat finansering. Samanlikna med Sverige og Danmark, ligg Noreg like etter. Resten av OECD-landa ligg under det norske nivået. Land som Noreg, Danmark og Sverige er blant dei landa med lågast privat finansiering av høgre utdanning. Samla inneber dette at Noreg utmerkjer seg med ein kombinasjon av svært høg ressursinnsats i høgre utdanning kombinert med svært høg offentleg del av finansieringa. Gratisprinsippet i høgre utdanning er no beskytta og styrkt i lov.
Den sterke budsjettveksten har ført til ein monaleg reduksjon i talet på studentar per fagleg tilsett, og ved universiteta er talet på studentar per fagleg tilsett redusert frå meir enn 10,6 i 2002 til ni i 2004.
For åra 2002 til 2005 har Regjeringa til saman løyvd midlar til oppretting av i overkant av 650 nye doktorgradsstillingar finansierte over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar. Vidare foreslår ein å løyve midlar til 350 nye doktorgradsstillingar i budsjettet for 2006. Målet om vekst i doktorgradsstillingar er sett til 200 i 2003 og 350 årleg for perioden 2004–07, jf. St.meld. nr. 20 (2004–05) Vilje til forskning. Målet omfattar alle stipendiatane, uavhengig av finansieringskjelde og tilsettingsstad. Løyving av midlar til doktorgradsstillingar over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar er eitt av fleire middel for å nå målet. Frå 2002 til 2004 var det ein vekst på noko over 700 årsverk i doktorgradsstillingar ved statlege universitet og høgskolar.
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer om lag 20,3 mrd. kroner. Justert for tekniske endringar er dette ein auke på 728 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2005. Tekniske endringar utgjer om lag 292,6 mill. kroner. Utanom tekniske endringar er det ein auke på 3,8 pst. under kategori 07.60. Forslaget til statsbudsjett for 2006 inneber vidare realvekst for universiteta og høgskolane.
I høve til 2005 aukar budsjettrammene til universiteta og høgskolane med 156 mill. kroner i samband med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa for universitet og høgskolar.
Regjeringa foreslår å løyve 132 mill. kroner til 350 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2006, samt heilårsverknad av 100 nye doktorgradsstillingar oppretta hausten 2005. Av dei 350 nye doktorgradsstillingane blir 250 lagde til universitets- og høgskolesektoren, medan 100 blir lagde til Noregs forskingsråd.
Regjeringa forslår å løyve 12,6 mill. kroner til å byggje ut nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar. Gigacampus-prosjektet skal gi standardisert opprustning av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane. Tiltaket vil fremme kostnadseffektive og gode fellesløysingar og føre til ein kraftig auke i trafikkapasiteten, slik at tenestene når fram til brukaren på ein hurtig og sikker måte. Ein robust nasjonal nettstruktur er ein føresetnad for at sektoren kan gi best mogleg undervisning og arbeide med avansert forsking. Gigacampus-prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Uninett og universitets- og høgskolesektoren, og departementet vil øyremerke til saman 15 mill. kroner av løyvinga til institusjonane til dette prosjektet, slik at samla løyving til Gigacampus-prosjektet blir 27,6 mill. kroner i 2006.
Ein foreslår å redusere tilskott til velferdsarbeid med om lag 20 mill. kroner. Forslaget må sjåast i samanheng med barnehagereforma. For nærmare omtale, sjå kap. 270 post 74.
Regjeringa foreslår å løyve totalt 40 mill. kroner til startbevilgning til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino og til rehabilitering av Sørhellingabygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap, jf. kap. 2445 og 1580 i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Moderniseringsdepartementet.
Fleire byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir ferdigstilte og tekne i bruk i løpet av 2006. Dette gjeld bygg ved Noregs musikkhøgskole, Høgskolane i Nesna og Østfold, Universitetet i Stavanger, samt Studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Svalbard forskingspark blir ferdigstilt hausten 2005. Budsjettet inneheld ei samla løyving på om lag 172 mill. kroner til utstyr og husleige til desse bygga.
I tillegg er 100 mill. kroner til kjøp av utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim ført vidare i 2006.
Ved vurdering av kompensasjon for auka husleige til nybygg, ombygging og rehabiliteringsprosjekt er prinsipp for husleigekompensasjon som er nedfelte i Kgl.res. av 7. oktober 1997, lagde til grunn. Resolusjonen seier at husleige som hovudregel skal dekkjast innanfor dei gjeldande driftsrammene. I nokre saker bør det likevel vurderast husleigekompensasjon, men som hovudregel bør det heller ikkje for desse byggjeprosjekta bli gitt kompensasjon utover 75 pst. av auka husleigeutgifter. Spørsmålet om husleigekompensasjon må vurderast konkret i den einskilde saka. Ein kan til dømes vurdere husleigekompensasjon i høve til status og standard ved innføringa av husleigeordninga, ved auka behov for plass som følgje av auka aktivitet og/eller utvida oppgåveportefølje, i tilfelle der det må takast overordna omsyn til lokalisering som avgrensar moglegheitene til fagdepartementet/verksemda sjølv å velje lokala sine, og endeleg ved byggjeprosjekt som er initierte av Stortinget.
Det er lagt til grunn 75 pst. husleigekompensasjon for byggjeprosjekta ved Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Østfold. For dei andre byggjeprosjekta som er ferdige i 2006, er det ut frå ei samla vurdering lagt til grunn høgre husleigekompensasjon enn 75 pst. Når det gjeld nybygget ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), har Stortinget lagt til grunn full husleigekompensasjon.
Regjeringa foreslår i budsjettet for 2006 å løyve 130 mill. kroner til vidareføring av byggjeprosjekta ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo og samlokaliseringa ved Høgskolen i Vestfold, sjå kap. 2445 og 1580 i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Moderniseringsdepartementet.
Mål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet
Universitet og høgskolar skal tilby utdanning med høg internasjonal kvalitet og nytte lærings- og vurderingsformer som legg til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid.
Kvalitetsreforma inneber ei omfattande omlegging av høgre utdanning i Noreg. Fullfinansieringa på 1 144 mill. kroner, som er løyvde frå 2004, er prisjustert og ført vidare også i budsjettforslaget for 2006. Frå innføringa av nytt finansieringssystem i 2002 og fram til forslag til statsbudsjett for 2006 har i tillegg utteljinga i undervisningskomponenten i finansieringssystemet gitt institusjonane auka løyvingsnivå på om lag 620 mill. kroner. Auken i løyvingane har vore viktig for å leggje til rette for det omfattande arbeidet universiteta og høgskolane har hatt med innføringa av Kvalitetsreforma.
Utdanningsinstitusjonane har arbeidd med å leggje om studietilboda til det nye gradssystemet. Fleire nye studieprogram og studietilbod er i denne samanhengen etablerte, og ny karakterskala er teken i bruk. Institusjonane har fått auka fridom til å opprette og leggje ned studium, og dei nyttar denne fridommen. Det blir kontinuerleg arbeidd med å vidareutvikle studentaktive lærings- og vurderingsformer og å tilpasse desse til ulike fagstudium. Det er meir bruk av innleveringsoppgåver, og studentane blir følgde tettare opp. Frå 2001 har det vore ein monaleg reduksjon i talet på studentar per fagleg tilsett. Individuelle utdanningsplanar er innførte, men framleis gjenstår det å gjere desse til meir systematiske reiskap både for den einskilde studenten og for institusjonen. Tilbakemeldingar frå institusjonar som har komme langt i utviklinga av individuelle utdanningsplanar, tyder på at dei fungerer godt. Data frå utdanningsplanane blir mellom anna nytta til å identifisere kor ein må setje inn tiltak. Det blir òg arbeidd aktivt med utvikling av kvalitet i utdanninga. Kvalitetssikringssystem er no innførte ved alle institusjonane. I tråd med lovverk er det etablert læringsmiljøutval ved institusjonane. Ansvaret for læringsmiljøet gjeld òg fysisk tilrettelegging og tilrettelegging av studia for funksjonshemma studentar.
1. august 2005 vart ny universitets- og høgskolelov sett i kraft. Lova gjeld for statlege og private institusjonar og inneber ei fullstendig lovmessig oppdatering av endringane vedtekne i samband med Kvalitetsreforma. Ei felles lov legg til rette for samordna politikk for all høgre utdanning i Noreg. Lova inneber at all offentleg godkjend høgre utdanning har dei same kvalitetskrava, og studentane er sikra like rettar og pliktar utan omsyn til eigarskapen til institusjonane.
Eit breitt internasjonalt samarbeid er nødvendig for å styrkje kvaliteten i norsk høgre utdanning og forsking. Departementet ser det derfor som viktig å utvikle og leggje til rette gode rammevilkår for sektoren, sjå nærmare omtale nedanfor.
I samband med vedtak om innføringa av Kvalitetsreforma bad Stortinget om ei uavhengig evaluering av omleggingane innanfor høgre utdanning. Tal for ferdige kandidatar, avlagde studiepoeng og strykprosent har hatt ei positiv utvikling etter innføringa av Kvalitetsreforma, jf. seinare omtale og tabellane 2.8–2.19 i Vedlegg 2.
Noregs forskingsråd har fått ansvaret for evalueringa av Kvalitetsreforma. Fagmiljø frå NIFU STEP Studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU STEP) og Rokkan-senteret ved Universitetet i Bergen står for gjennomføringa. Evalueringa skal vere ferdig innan utgangen av 2006. Fagmiljøa er midt oppe i arbeidet med å samle data og har byrja å analysere nokre av dei. Resultat så langt er derfor førebelse og byggjer enno ikkje på eit fullstendig sett av grunnlagsdata. Med dette atterhald rapporterer evalueringsmiljøa mellom anna dette:
Institusjonane legg ned svært mykje arbeid i å gjennomføre Kvalitetsreforma og har gjort ei rekkje endringar i tråd med intensjonane. Sjølv om det er ulike meiningar om einskilde element i reforma blant det vitskaplege personalet, følgjer desse ikkje klare institusjonelle skiljelinjer. Personalet utnyttar handlingsromma dei har fått til mellom anna å betre undervisninga og lage nye studium. Personalet meiner likevel at reformarbeidet har kravd mykje arbeid, og at det har teke noko merksemd bort frå forskinga. Ein har likevel ikkje så langt data som syner om dette er knytt til sjølve innføringa av reforma, eller om det er meir varig.
Institusjonane har jamt over utvikla mange nye studietilbod, og Kvalitetsreforma har ført til større breidd i studietilboda.
Det kan synast som den tydelegaste effekten av Kvalitetsreforma så langt er på det pedagogiske området. Dette gjeld blant anna auke i skriftleg tilbakemelding til studentane, rettleiing, nye eksamensformer og auke i talet på delprøver. Dette inneber at studiesituasjonen for studentane er blitt meir intensiv.
Det kan òg sjå ut til at ein har ført vidare mange av dei gamle elementa i studia. Fornyinga ser ut til å ha vore størst ved universiteta, med unntak av omlegging av eksamensarbeidet, som har skjedd om lag likt fordelt mellom universitet og høgskolar. Dei som ikkje har gjort store omleggingar, grunngir ikkje dette med usemje med intensjonane i reforma, men heller med at undervisninga allereie var i tråd med intensjonane. Med nokre unntak ser det nye karaktersystemet ut til å bli nytta nokså likt mellom universiteta og mellom fagområda. Derfor har det no blitt eit meir einskapleg karaktersystem enn det var før reforma.
Det er blitt meir merksemd om kvalitet. Det ser ut til å vere dei interne systema for kvalitetssikring og dei kollegiale diskusjonane dei fører med seg, som så langt har gitt det største bidraget til dette.
Systema for leiing og organisasjon har vorte mykje endra gjennom Kvalitetsreforma. Det som er mest karakteristisk, er at institusjonane finn sine eigne løysingar, motiverte ut frå lokale tilhøve.
Førebels har ein få evalueringsresultat som gjeld verknadene av det nye finansieringssystemet. Eit mogeleg problem som har fått noko merksemd, er om resultatbasert finansiering kan føre til at ein i mindre grad stryk svake studentar. Det er ingen objektive haldepunkt for dette, men departementet vil følgje dette nøye.
Så langt departementet kan sjå til no, har evalueringa ikkje avdekt uventa problem. Evalueringa viser at universitets- og høgskolesektoren har hatt evne til å handsame ei omfattande og kompleks reform på ein konstruktiv måte. Evalueringssystemet og moglegheitene til samanhengande tid til forsking for dei vitskaplege tilsette vil bli følgt særleg nøye i det vidare arbeidet. Når det gjeld finansieringssystemet er det etter departementet si vurdering god grunn til å tru at det har virka etter formålet, ved at univeersitet og høgskolar i større grad enn tidlegare ser seg tent med å gi studentane oppfølging som gjer at dei lykkast. Samtidig har det komme fram påstandar om at systemet kan ha korrumperande effekt ved at einskilde fagmiljø ut frå økonomiske motiv lar vere å stryke einskilde studentar som ellers ville ha stroke. Departementet har inga konkrete haldepunkt for at dette skjer. Dersom dette skulle vise seg å vere ein praksis med noko omfang, vil dette vere skadeleg for omdømmet til aktuelle institusjonar og fagmiljø. Det vil òg vere slik at delar av budsjettveksten over den resultatbaserte undervisningskomponenten for dei aktuelle institusjonane vil vere gitt på galt grunnlag. Departementet vil i så tilfelle ta konsekvensar av dette i framtidige budsjettforslag.
Noreg og om lag 20 land tek del i OECD sin «Thematic review of tertiary education». Formålet med OECD sin tematiske gjennomgang av høgre utdanning er å kartleggje korleis høgre utdanning kan medverke til å nå økonomiske og sosiale mål for samfunnet. Heile gjennomgangen er venta å bli ferdig i 2007. Landa som tek del i gjennomgangen, skal utarbeide ein nasjonal bakgrunnsrapport føre ei vitjing av ekspertar frå OECD. Desse ekspertane skal komme med vurdering og tilråding til landa som tek del i gjennomgangen. Bakgrunnsrapporten frå Noreg vart utarbeidd i januar 2005.
Kvalitet i utdanninga
Kvalitetssikringssystem er no etablerte ved alle statlege institusjonar for høgre utdanning, jf. ovanfor. NOKUT har akkreditert kvalitetssikringssystema ved fleire institusjonar, og det er laga ein plan for vidare sakkunnig vurdering for akkreditering av kvalitetssikringssystema for alle institusjonane i ein seksårig syklus. Fleire institusjonar har på bakgrunn av kvalitetssikringssystemet utarbeidd rapportar som gir betre oversikt over status for verksemda, slik at justeringar kan gjerast for å auke kvaliteten. Departementet vil følgje nøye med på det kontinuerlege arbeidet til institusjonane på dette feltet i åra som kjem. I den nye universitets- og høgskolelova som vart sett i kraft 1. august 2005, er det teke inn nye krav om etablering av kvalitetssikringssystem ved private institusjonar. Utvikling av kvalitetssikringssystem er òg viktig internasjonalt. Gjennom UNESCO har Noreg teke initiativ for å fremme kvalitetsutvikling innanfor transnasjonal høgre utdanning. I Bologna-prosessen på ministermøtet i Bergen i mai 2005 vart ministrane samde om felles retningslinjer og standardar for kvalitetssikringsarbeidet inn mot høgre utdanning. Sjå nærmare omtale av Bologna-prosessen og arbeidet i UNESCO nedanfor.
Departementet har bedt NOKUT gjennomføre ei evaluering av kvalitet og relevans i allmennlærarutdanninga innan sommaren 2006. Ein midtvegsrapport ligg føre hausten 2005. NOKUT vil i løpet av hausten òg ha revidert akkrediteringa av alle sjukepleiarutdanningane, samt to masterstudium i sjukepleiarvitskap. Dei sakkunnige komiteane har levert rapport om sjukepleiarutdanningane, og departementet avventar handsaminga i styret til NOKUT. Vidare har NOKUT planlagt å starte ein revisjon av akkreditering av dei femårige masterstudia og doktorutdanningane i farmasi, odontologi og juss i slutten av 2005. Departementet vil i 2006 be NOKUT starte evaluering av dei fagmiljøa som tilbyr ingeniørutdanning. Målsetjinga er å fremme kvalitet og relevans.
Framlegg til endring i finansieringsmodell for praksisundervisning i spesialisthelsetenesta er skissert i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 732 post 78. Utdannings- og forskingsdepartementet vil dessutan endre bruken av midlane til praksisrettleiing til høgskolane ved at det ikkje lenger skal vere mogleg med ordinær utbetaling frå høgskole til praksisstad i spesialisthelsetenesta. Midlane kan blant anna nyttast til ulike samarbeidstiltak som til dømes hospitering og FoU-verksemd.
Internasjonalisering
Kvalitetsreforma legg til rette for at dei uteksaminerte kandidatane er kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt og fleirkulturelt samfunns- og næringsliv. Internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid er i tillegg eit sentralt satsingsområde for norsk bistandsarbeid. Aktiv deltaking i internasjonale utdannings- og forskingsprogram, samt samarbeid gjennom institusjonsavtalar med partnarinstitusjonar i andre land, er sentrale verkemiddel for å auke internasjonalt samarbeid. Like viktig er deltaking i Bologna-prosessen og andre internasjonale fora.
Noreg tek saman med dei fleste europeiske landa del i Bologna-prosessen, som tek sikte på å skape eit felles område for høgre utdanning i Europa innan 2010. Noreg var vertskap for den fjerde ministerkonferansen i prosessen, som vart halden i Bergen i mai 2005. På konferansen deltok ministrar frå dei aller fleste av dei 45 landa som no er med i prosessen. Konferansen vedtok eit kommuniké som dreg opp retningslinjene for samarbeidet vidare. Ministrane vart samde om eit overgripande rammeverk for kvalifikasjonar for høgre utdanning, og at deltakarlanda skal arbeide med nasjonale rammeverk knytte til dette. Dei vart òg samde om retningslinjer og standardar for kvalitetssikringsarbeid inn mot høgre utdanning. Samarbeid med det faglege personalet i utdanningssystemet, og med arbeidsgivarar og arbeidstakarar elles i samfunnet skal styrkjast. Prosessen skal leggje større vekt på den sosiale dimensjonen ved utviklinga av høgre utdanning, og tilhøva til land utanfor Europa.
Storbritannia skal halde neste ministerkonferanse i London i 2007. Noreg vil prioritere arbeidet med å sjå til at vedtaka frå Bergen blir følgde opp. Mellom anna som ein følgje av Kvalitetsreforma er Noreg saman med Danmark dei landa som har komme lengst i høve til å nå dei viktigaste måla i prosessen, jf. statusgjennomgangen før Ministermøtet i Bergen.
I UNESCO har Noreg arbeidd for å tryggje kvaliteten i transnasjonal høgre utdanning. Særleg fattige land skal hjelpast til å auke tilgangen til høgre utdanning og samstundes unngå dårlege tilbod til studentane. Noreg har støtta oppfølginga til UNESCO av den resolusjonen Noreg fremde på Generalkonferansen i 2003. Vidare har Noreg hatt leiarskap for ei arbeidsgruppe skipa av UNESCO og OECD for å utvikle internasjonale retningslinjer. Framlegget frå arbeidsgruppa, med deltakarar frå meir enn 60 land, har fått brei internasjonal støtte. Framlegget er førebels godkjend av utdanningskomiteen i OECD og skal handsamast på Generalkonferansen i UNESCO i oktober 2005. Noreg støttar oppfølginga i UNESCO-sekretariatet for å styrkje kapasiteten for kvalitetssikring i dei fattigaste landa og arbeidet med å styrkje rolla til høgre utdanning i programmet «Utdanning for alle» (Education for All).
Auka aktivitetsnivå i det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet er viktig for å styrkje kvaliteten i norsk høgre utdanning og forsking. Lærestadene har utvikla internt planverk for det internasjonale arbeidet, og dei fleste har eigne einingar med ansvar for feltet. Ei rekkje nye samarbeidsavtalar er inngåtte med institusjonar i andre land, og samarbeidsavtalar som ikkje er aktive, blir avvikla eller revitaliserte. Det blir òg lagt vekt på å utvikle studietilbod retta mot studentar frå andre land. Likevel har ikkje alle institusjonane nok institusjonsavtalar som sikrar studentar som ønskjer det, eit studieopphald i utlandet. Slike avtalar er viktige for å nå målet i Kvalitetsreforma om at alle studentar som ønskjer det, skal kunne ta studieopphald i utlandet. Dei individuelle utdanningsplanane blir eit sentralt verkemiddel for å vidareføre arbeidet med å leggje til rette for studieopphald i utlandet.
Det er ein samla auke i talet på studentar som har reist ut i 2004, samanlikna med dei siste åra, jf. tabell 2.23 i Vedlegg 2. Det har òg vore auke i talet på studentar som kjem til Noreg i 2004. Det er framleis mykje å gjere med å leggje til rette for tilfredsstillande framandspråklege tilbod til denne gruppa. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), som vart etablert som forvaltningsorgan i 2004, har i 2004–05 utarbeidd profileringsmateriale og nettsider om norsk høgre utdanning mest mynta på eit europeisk publikum, sjå òg omtale under kap. 281 postane 51 og 73.
Utveksling av fagleg personale for forsking, undervisning og anna utdanningssamarbeid er òg viktig, særleg at det blir lagt til rette for at unge forskarar tidleg i karrieren knyter internasjonale kontaktar. Talet på utreisande tilsette vart redusert i 2004 samanlikna med 2003, men det var fleire innreisande i 2004 i høve til 2003.
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i EU-programma på utdanningsområdet. Programma er viktige reiskap for det faglege utviklingsarbeidet. For fleire av dei andre europeiske landa som tek del, er programma ofte einaste moglege finansieringskjelde for t.d. studentmobilitet for dei utanlandske partnarane. For omtale av Sokrates og Erasmus Mundus, sjå kap. 281 post 73. For omtale av Leonardo da Vinci, Cedefop og Europass, sjå kap. 225 post 72.
Gjennomføring i studia
Gjennomføring av studia på normert tid og mindre fråfall undervegs i studia er viktig både for den einskilde studenten, og for å betre tilgangen på arbeidskraft.
Ved mange utdanningar har låg gjennomføring vore eit problem. Tidlegare undersøkingar som mellom andre NIFU STEP har utført, viser at mange studentar bruker få timar i veka på studia. Undersøkingane viser at det er stor skilnad i tidsbruk mellom dei ulike faga. Kvalitetsreforma skal leggje til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid. Høg fagleg kvalitet, nye lærings- og vurderingsformer, auka undervisningsmengd og betre utnytting av studieterminane er viktige faktorar for å nå dette målet. Endringar i tidsbruk vil bli nærmare undersøkte i evalueringa av Kvalitetsreforma, jf. ovanfor.
Flest studiepoeng, om lag 45 studiepoeng per student per år, blir avlagde ved dei statlege høgskolane og dei vitskaplege høgskolane, jf. tabellane 2.8–2.11 i Vedlegg 2. Ved universiteta blir det avlagd om lag 37 studiepoeng per student, og ved dei private høgskolane om lag 41 studiepoeng per student. Når ein ser statlege og private institusjonar samla, er det ein auke på om lag 7,3 pst. i talet på studiepoeng per student frå 2002 til 2004. Veksten er mellom anna resultat av redusert strykprosent og mindre fråfall samt betre gjennomføring av studia. Noko av veksten i avlagde studiepoeng kjem av omlegging av studiestruktur og endra tidspunkt for tilordning av studiepoeng i studia. Denne effekten er av mellombels karakter.
Mål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning er styrking av grunnforsking eitt av tre strukturelle prioriteringsområde. Forskinga skal vere prega av kvalitet i breidda med einskilde spissmiljø, ho skal vere samansett og ha eit stort mangfald, omfatte disiplinbasert og tverrfagleg forsking, vere original og solid, og omfatte både forsking dreve av vitehug og forsking med konkrete formål. Regjeringa satsar på auke i kvalitet framfor auke i kapasitet og legg til grunn at løyvingane til grunnforsking blir styrkte. Dette gjeld både løyvingar direkte til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd.
Høgre utdanning i Noreg med universitet, vitskaplege høgskolar og høgskolar sikrar arbeidsdeling, tilrettelegging for god flyt av studentar, lærarar og ikkje minst kunnskap og forsking mellom dei ulike institusjonane. Universiteta er berebjelken i kunnskaps- og forskingsnasjonen Noreg. Gjennom universiteta blir fagleg breidd, forskingsmessig djupn og innovativ fokusering sikra. Universiteta har hovudansvaret og utfører i hovudsak den akademiske grunnforskinga i Noreg. Dei vitskaplege høgskolane er profesjonsorienterte, men med ei klar forskings- og teoretisk forankring. Denne kombinasjonen gjer at desse institusjonane har nokre av dei mest populære studia. Dei vitskaplege høgskolane har ein sentral posisjon i fag- og yrkesmiljøa sine. Høgskolane sikrar, gjennom forskingsfundert undervisning, at Noreg får tilført høgt kompetent personell innanfor til dømes ingeniør-, helse- og læraryrka. Kunsthøgskolane har ein tilsvarande rolle i høve til dei kunstnarlege profesjonane samt ansvar for utvikling av og forankring i kunstnarleg utøving, utviklingsarbeid og forsking. Høgskolane er avgjerande for å sikre at Noreg er eit kunnskapssamfunn også i framtida. Med utviklings- og innovasjonsorientering kombinert med forankring i regionane utgjer høgskolane eit særs viktig fundament i det kunnskapsbaserte samfunnet i dag og i morgon.
Dei einskilde institusjonane er på ulike måtar i ferd med å auke kunnskapen om kvaliteten på forskinga ved eigen institusjon. Dette skjer dels gjennom ulike former for eigeninitierte evalueringar, dels gjennom betre oversikt over vitskaplege publiseringar, og dels gjennom meir planmessig vurdering av større prosjekt. Institusjonane utviklar òg kvaliteten i verksemda gjennom prioritering av spissmiljø, etablering av ordningar for tildeling av ressursar på basis av resultat, og ved styrking av leiarskap i forskinga. Ordninga «Senter for framifrå forsking» har vore viktig i denne samanhengen. Institusjonane er òg i ferd med å styrkje samarbeidet med andre institusjonar i sektoren både nasjonalt og internasjonalt og å knyte tettare kontaktar med arbeids- og næringsliv.
Fagevalueringane i regi av Noregs forskingsråd har peikt på visse fellestrekk ved norsk forsking, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005). Norsk forsking er generelt prega av fragmentering, og dette gjeld uavhengig av kva for fagfelt som vart evaluerte. For mykje av forskingsaktiviteten skjer i einingar som ikkje har tilstrekkeleg storleik til å utvikle gode forskingsmiljø. Forskarane samarbeider for lite internt ved institusjonen og mellom institusjonar. Norske universitet har generelt vore prega av for svak fagleg leiing og manglande langsiktig planlegging som kan styre ressursfordelinga. Mobiliteten er for låg, både innanfor Noreg og internasjonalt. Ei rekkje fag har stor bruk for å få tak i internasjonalt leiande forskarar som kan vere drivkraft for å få fram den faglege kvaliteten ved institusjonane.
Institusjonane arbeider med å møte desse utfordringane. Dei utviklar forskingsverksemda si gjennom å styrkje den langsiktige styringa. Institusjonane arbeider med å lage betre langsiktige strategiske planar som på ulike måtar inneber prioritering av verksemda. Dei arbeider òg med alliansebygging og nye former for samhandling med andre institusjonar. Innsatsen på desse felta varierer med institusjonstype og regional plassering. Som oppfølging av ny lov om universitet og høgskolar arbeider dei samstundes med utvikling av organisasjon, leiarskap og leiarroller. Den resultatbaserte omfordelinga vil premiere dei institusjonane som lykkast i arbeidet sitt med å bringe fram auka kvalitet og resultat i forskinga.
Forskingsomfang
Tal frå NIFU STEP viser at dei totale utgiftene til forsking og utviklingsarbeid ved universitet og høgskolar var på 7,5 mrd. kroner i 2003 mot 6,3 mrd. kroner i 2001. Tal for FoU-midlar løyvde over statsbudsjettet, eksklusive inntekter frå oppdrag, syner at universiteta og høgskolane som primærmottakarar fekk løyvd om lag 5,7 mrd. kroner i 2005 mot om lag 4,2 mrd. kroner i 2001. Dette er ein auke på 35 pst.
Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Tromsø står for om lag 77 pst. av all forsking og alt utviklingsarbeid i universitets- og høgskolesektoren.
Tal for vitskaplege publiseringar syner òg tyngda til desse universiteta. Tal frå NIFU STEP syner at universitet og høgskolar publiserte 5 376 vitskaplege artiklar i 2004 mot om lag 3 059 slike artiklar i 1991. Desse tala gjeld publikasjonskanalar indekserte av Institute for Scientific Information (ISI). Auken frå byrjinga av nittiåra har vore jamn. Også i 2004 har det vore ein mindre auke i høve til 2003. Tal frå Norsk samfunnsvitskapleg datateneste syner at 77 pst. av den totale publiseringsverksemda i univeristets- og høgskolesektoren som er tald i 2004, skjer på Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Tromsø. Målt som talet på artiklar publiserte per 1 000 innbyggjarar ligg Noreg framfor land som USA, Tyskland og Japan, men kjem dårlegare ut enn dei andre nordiske landa. Ein indikasjon på kvaliteten på artiklane er talet på siteringar i høve til verdsgjennomsnittet. Dette aukar raskare i Noreg enn i dei andre nordiske landa, og norske artiklar ligg no på same nivå som svenske og finske.
Det nye systemet for dokumentasjon av forskingsresultat viser at det er markante skilnader i publiseringsaktiviteten mellom forskjellige institusjonskategoriar, men òg innanfor same kategori.
Tabell 2.24 i Vedlegg 2 viser det samla talet på vitskapleg og fagleg tilsette ved statlege institusjonar. Det var i 2004 totalt 15 182 årsverk i undervisnings- og forskarstillingar.
Sjølv om kvinner utgjer fleirtalet av studentane, er talet på kvinner i høgre vitskaplege stillingar framleis for lågt, jf. tabell 2.24 i Vedlegg 2. Til dømes er berre 16 pst. av professorane kvinner. Det er store skilnader mellom fagområda.
Forsking i det einskaplege finansieringssystemet for universitet og høgskolar
Departementet foreslår å etablere ein ny modell for resultatbasert omfordeling av forskingmidlar (RBO) frå og med budsjettet for 2006. Som varsla i budsjettproposisjonane for 2004 og 2005 og i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning blir det no foreslått å etablere ein einskapleg modell som inkluderer alle institusjonstypar både statlege og private institusjonar. Dei to statlege kunsthøgskolane er haldne utanfor.
Dei overordna måla for resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar er å stimulere til auka forskingsaktivitet og fordele ressursar til miljø som kan dokumentere gode forskingsresultat. RBO inneber å omfordele midlar mellom institusjonane etter oppnådde resultat på utvalde indikatorar. Midlane blir dermed fordelte etter relativ resultatoppnåing. Som varsla i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning foreslår departementet å føre vidare bruken av indikatorane doktorgradskandidatar, inntekter frå EU og inntekter frå Noregs forskingsråd. Desse har tidlegare vorte nytta for universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Desse indikatorane blir saman med den nye indikatoren vitskapleg publisering gjort gjeldande for alle institusjonane. Samla utgjer desse fire måla ein god indikasjon på omfang og kvalitet på forskingsresultat på institusjonsnivå i universitets- og høgskolesektoren. Indikatoren vitskapleg publisering er ikkje nytta for Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Noregs musikkhøgskole, da dette er eit lite eigna mål på forskingsresultat ved desse institusjonane. Departementet har valt å vekte resultata på indikatorane doktorgradskandidatar og vitskapleg publisering noko høgre enn dei to andre indikatorane da desse har tydelegare orientering mot forskingsresultat, men skilnaden er liten. Dei ulike indikatorane har følgjande vekt:
Indikator | Vekt |
---|---|
Doktorgradskandidatar | 0,3 |
EU-midlar | 0,2 |
NFR-midlar | 0,2 |
Vitskapleg publisering | 0,3 |
Departementet har nytta data for vitskapleg publisering basert på rapporteringssystemet som Universitets- og høgskolerådet har utvikla på oppdrag frå departementet. Dette inneber at det er fagmiljøa som har definert og avgrensa vitskapleg publisering frå anna publisering. Departementet har nytta dei tilrådde vektene for samanlikning av ulike publikasjonsformer, og har med ei viss nedjustering av vekta for tidsskriftartiklar nytta dei tilrådde vektene for premiering av publisering i publikasjonskanalar av særleg høg kvalitet. Korreksjonen av vekta for tidsskriftartiklar har samanheng med at departementet ønskjer å arbeide vidare med nivåinndelinga med sikte på å etablere eit tredje nivå av aller høgste kvalitet. Ikkje alle fagområde kan rekne med å vere representerte med publiseringskanalar på dette tredje og høgste nivået, men alle fagfelt med tyngd innanfor forsking bør ha ein leiiande publiseringskanal på nivå to. På det tredje nivået ønskjer departementet å premiere særskilde forskingsresultat som gjennom publisering i ei lita gruppe utvalde tidsskrift vert rekna for å vere på det ypparste internasjonale nivået. Samstundes blir det i regi av Universitets- og høgskolerådet forut for rapportering av 2005-data arbeidd med ein revisjon av gjeldande nivåinndeling. Som omtalt i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning arbeider Utdannings- og forskingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet med sikte på å samordne systema for dokumentasjon av vitskapleg publisering i universitets- og høgskolesektoren og helseføretaka betre, blant anna med omsyn til nivåinndelinga av publikasjonskanalar for aktuelle fagområde. Sjå også omtale under budsjettproposisjonen til Helse- og omsorgsdepartementet kap. 732 post 78.
For å gjere incentiva i modellen tydelege og stimulere til auka forskingsomfang får modellen omfordelande verknad i 2006-budsjettet. Ein har òg fjerna utrekninga av variabelverdiane baserte på eit gjennomsnitt av tre år som tidlegare har vore nytta. Ei slik utrekning gjer samanhengen mellom resultat og utteljing mindre tydeleg, og det kan også synast mindre naudsynt etter at dei statlege institusjonane har vorte nettobudsjetterte.
Det er etablert ein pott til omfordeling basert på vidareføring av midlane i RBO i 2005-budsjettet for dei fire opphavlege universiteta og dei vitskaplege høgskolane. For dei statlege høgskolane fører ein vidare 25 pst. av midlane i RBO i 2005. Resultatet av omfordelinga basert på dette uttrekket gir i liten grad omfordeling mellom dei ulike institusjonskategoriane. Universitetet i Stavanger er i den samanhengen handsama som høgskole. For private høgskolar med resultatbaserte forskingsmidlar i 2005 er desse midlane omfordelte i 2006. Som alternativ uttrekksmekanisme kunne ein valt ein metode som tek utgangspunkt i variasjonen i resultatoppnåing mellom institusjonane. Ei slik løysing er likevel vurdert som lite heldig da dette ville gå på kostnad av institusjonar som kan dokumentere gode resultat innanfor forsking. For nærmare omtale av omfordelinga, sjå dei einskilde kapitla og postane i budsjettforslaget.
Uttrekket av midlar til RBO for forskingsmidlar må sjåast i samanheng med etableringa av ein eigen formidlingskomponent. I St.prp. nr. 1 (2003–2004) signaliserte departementet eit ønske om å utvikle ein eigen komponent for formidling. Hausten 2004 fekk Universitets- og høgskolerådet i oppdrag å setje ned eit utval som skulle sjå på moglege indikatorar for formidling. Utvalet leverte innstillinga «Saman om kunnskap – nytt system for dokumentasjon av formidling» sommaren 2005. Utvalet har søkt å avgrense av formidlingsomgrepet på ein formålsteneleg måte, samt har foreslått relevante indikatorar.
Formidling er ved sida av utdanning og forsking ei av kjerneoppgåvene for utdanningsinstitusjonane. Formidling har eit stort mangfald av resultatformer og prosessar, og det er ei utfordrande oppgåve å samle seg om nokre få indikatorar. Utdannings- og forskingsdepartementet vil arbeide vidare med ein eigen komponent for formidling. Det vil i den samanhengen vere naturleg å gå vidare med nokre av dei indikatorane som er foreslåtte av formidlingsutvalet, samt finne formålstenlege indikatorar som òg tek opp i seg aktivitetar retta mot nyskaping og innovasjon.
Doktorgradsutdanning
Regjeringa har som mål å utdanne 1 100 doktorandar årleg. For å nå dette målet må fullføringsgrad og gjennomføringstid i doktorgradsutdanninga bli betre, samstundes som det blir oppretta fleire doktorgradsstillingar. For åra 2002 til 2005 er det til saman løyvd midlar til oppretting av i overkant av 650 nye doktorgradsstillingar finansierte over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar, jf. nærmare omtale i budsjettforslaget for det einskilde året.
Målet om vekst i doktorgradsstillingar er sett til 200 i 2003 og 350 årleg for perioden 2004–07, jf. St.meld. nr. 20 (2004–05) Vilje til forskning. Målet omfattar alle stipendiatane, uavhengig av finansieringskjelde og tilsettingsstad. Løyving av midlar til doktorgradsstillingar over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar er eit av fleire middel for å nå målet. I tillegg kjem midlar som er løyvde gjennom Noregs forskingsråd, doktorgradsstillingar prioriterte av universitet og høgskolar over deira eige budsjett, tilsetjing i instituttsektor, samt i private og andre verksemder. Tal som er rapporterte til Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste, syner at det frå 2002 til 2004 var ein vekst på noko over 700 årsverk i doktorgradsstillingar ved statlege universitet og høgskolar. Med forslaget til Regjeringa om 350 nye øyremerkte doktorgradsstillingar i statsbudsjettet for 2006 vil vi truleg liggje foran målet for doktorgradsstillingar i opptrappingsplanen. Sjå nærmare omtale av dei 350 nye doktorgradsstillingane nedanfor.
Universiteta og høgskolane har samla sett ikkje tilsett stipendiatar i alle doktorgradsstillingane dei har fått løyving for. Fordelinga av dei nye doktorgradsstillingane i 2006 tek omsyn til dette, jf. forslaga i kapitla for institusjonskategoriane.
Talet på avlagde doktorgradar er 30 pst. høgre i 2004 enn i 1995. Tabell 2.25 i Vedlegg 2 gir oversikt over talet på doktorgradar fordelte på universitet og høgskolar i perioden 1995 til 2004. Tal for avlagde doktorgradar første halvår 2005 gir indikasjonar på ei sterk auke i talet på avlagde doktorgradar i 2005. I 2002 auka kvinnedelen av doktorane markant til om lag 40 pst. og har sidan halde seg på dette nivået. Tabell 2.26 i Vedlegg 2 har oversikt over oppnådde doktorgradar etter fagområde og kjønn i 1995 og 2004. Samfunnsvitskap, humaniora, landbruksvitskap/veterinærmedisin og medisin er no fag med rimeleg kjønnsbalanse på rekrutteringsnivå. Matematikk/naturvitskap og teknologi har hatt ei positiv utvikling, men i teknologifaga er det framleis eit stykke igjen. Det står att å sjå om institusjonane vil lykkast i å halde på dei kvinnelege forskarrekruttane etter endt doktorgrad, slik at kjønnsfordelinga i høgre vitskaplege stillingar etter kvart blir betre.
Aktiv rekrutterings- og personalpolitikk er av stor verdi for strategisk utvikling av forskingsmiljø. I dette inngår òg å arbeide systematisk for betre kjønnsbalanse i miljøa. Ei undersøking utført av NIFU STEP syner at miljø med høg forskarmobilitet oppnår betre kjønnsbalanse. Universitet og høgskolar forvaltar sine eigne personalressursar og sikrar etterveksten av fagleg personale. Det er viktig at institusjonane fordeler doktorgradsstillingar mellom fagområde og doktorgradsprogram på ein slik måte at dei ikkje opplever rekrutteringssvikt når fagpersonell går av ved aldersgrensa. Vidare er det viktig å dimensjonere forskarutdanninga slik at samfunnet utanfor akademia får tilstrekkeleg tilfang av personell med doktorgrad. Komiteen Kvinner i forsking er oppretta for å hjelpe institusjonane med å integrere likestillingsarbeidet i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa. Komiteen har gått i dialog med institusjonane om dette, og ein nettbasert ressursbank for arbeidet med å fremme likestilling i akademia er etablert.
I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning er rekrutteringspolitikken frå dei seinare åra vidareført. Høgre grads utdanning og forskarutdanning vil bli utvikla i tråd med satsingsområda i forskingsmeldinga, jf. behandlinga til Stortinget av St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Noregs forskingsråd har hovudansvaret for å auke talet på postdoktorstillingar og halde finansieringa av doktorgradsstillingar minimum på dagens nivå. Universitet og høgskolar har hovudansvaret for å auke talet på doktorgradsstillingar. Institusjonar med rett til å tildele graden ph.d. kan, som i dag, nytte postdoktorstillingar der dei finn det naudsynt.
Regjeringa foreslår å løyve midlar til å opprette 350 nye doktorgradsstillingar i 2006. Av dei 350 stillingane er 100 stillingar sette av for vurdering til frie prosjekt gjennom Noregs forskingsråd, der kvalitet og originalitet er einaste kriterium for tildeling. Dei resterande 250 stillingane er fordelte med 185 til universiteta, 15 til dei vitskaplege høgskolane og 40 til høgskolane. I tillegg er fem doktorgradsstillingar fordelte til Universitetssenteret på Svalbard og fem doktorgradsstillingar til Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Sjå nærmare omtale i kapitla for institusjonskategoriane.
Institusjonar som har mange ledige stillingar som dei allereie har løyving for, har fått midlar til færre nye stillingar enn dei elles ville fått. Utover dette har arbeidet til institusjonane med kvalitetsutvikling og resultat i forskinga vorte lagt til grunn for løyvinga.
Departementet ønskjer å prioritere teknologi og realfag, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Løyvinga er vekta slik at institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi har vore spesielt tilgodesette.
Departementet foreslår også å løyve midlar til heilårseffekt av 100 doktorgradsstillingar oppretta med verknad frå hausten 2005.
Departementet har sett i verk ein gjennomgang av FoU-resultata ved statlege høgskolar som varsla i budsjettproposisjonen for 2005. Formålet er mellom anna å undersøkje om satsinga på doktorgradsutdanning ved høgskolane har vore vellykka. I samband med dette har NIFU STEP fått i oppdrag å analysere nærmare FoU-situasjonen ved høgskolane.
For å heve kvaliteten i doktorgradsutdanninga er det etablert ordningar med institusjonsbaserte forskarskolar som byggjer på tilrådingar frå eit utval nedsett av Universitets- og høgskolerådet. Departementet har bedt Noregs forskingsråd om å greie ut ei nasjonal ordning i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Institusjonane har omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, samt gjennom bilaterale avtalar. Noreg tek som medlem med fulle rettar del i EUs sjette rammeprogram for forsking (2002–2006) og i fleire internasjonale fellessatsingar innanfor grunnforsking, som til dømes det europeiske laboratoriet for molekylærbiologi (EMBL), som utfører avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi, og det europeiske senteret for kjernefysikk (CERN). Sjå nærmare omtale under kategori 07.70.
Museum
Universiteta i Noreg har store natur- og kulturmuseumseiningar. Dei vitskaplege samlingane dannar basis for forsking, undervisning og formidling innanfor mange fagområde. Dei skal mellom anna opplyse allmenta gjennom utstillingar, forelesingar og andre formidlingstiltak. Dei kulturhistoriske avdelingane er viktige aktørar i det arkeologiske forvaltningsarbeidet, medan dei naturhistoriske einingane mellom anna har ei viktig rolle som artsdatabank og miljøarkiv. Sjå nærmare omtale av Artsdatabanken i kap. 281.
Fleire aktørar har peikt på behovet for å greie ut verksemda ved universitetsmusea. På bakgrunn av dette har Utdannings- og forskingsdepartementet sett ned eit utval som skal greie ut rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Utvalet skal gi innstillinga til departementet innan 31. mars 2006.
Mål: Universitet og høgskolar skal vere lærestader og forskingsinstitusjonar med integritet og evne til å møte behova i samfunnet
Utdanningskapasitet
Kapasiteten i høgre utdanning er dimensjonert slik at om lag halvparten av årskulla kan ta høgre utdanning. Den einskilde institusjonen har ansvar for å utnytte den studiekapasiteten det er gitt løyving til. Dersom einskilde institusjonar over tid har uutnytta kapasitet, vil departementet vurdere omfordeling av ressursar mellom institusjonar.
Tal frå Samordna opptak, jf. tabell 2.1 i Vedlegg 2, syner at tal på søkjarar auka med 7,2 pst. frå 2003 til 2004. 5 305 personar søkte om opptak på bakgrunn av realkompetanse i 2004. Tal frå hovudopptaket i 2005 syner ein liten auke på 1,4 pst. i høve til 2004. Det er størst auke i søkninga til idrettsfag, språk og litteratur samt juss. Søkninga til allmennlærarutdanninga, matematikk og naturfag går framleis ned. Dette har mellom anna samanheng med skjerpa opptakskrav til allmennlærarutdanninga, realfag og informatikk. Endringane skal føre til betre kvalitet på kandidatane, høgre gjennomføringsgrad og mindre fråfall frå desse studia.
I 2004 var det registrert 194 106 studentar mot 191 622 studentar i 2003, jf. tabellane 2.5–2.7 i Vedlegg 2. Auken kom i all hovudsak ved dei statlege høgskolane. I tillegg fekk om lag 14 000 norske studentar støtte frå Statens lånekasse for utdanning for å ta heile gradsutdanninga i utlandet i studieåret 2004–05, sjå kategori 07.80. Dette er ein nedgang på om lag 1 000 studentar frå skoleåret 2003–04. Tildelt skolepengestøtte og lån til skolepengar utgjorde om lag 525 mill. kroner. Noreg er såleis ein stor importør av utdanning. Tal på kandidatar ved universiteta og høgskolane auka med 4,6 pst. frå 2003 til 2004.
Det norske utdanningssystemet er kjønnsdelt, det vil seie at det er klare skilnader mellom kjønna i val av fagområde. Kvinner er overrepresenterte i utdanningar innanfor omsorg og undervisning, medan menn er i fleirtal i utdanningane innanfor teknologifag. Kjønnsubalansen er størst i helsefaga, sjå tabell 2.15 i Vedlegg 2. Til dømes er 89 pst. av dei registrerte studentane ved sjukepleiarutdanninga kvinner. Likevel er det ein svak tendens til at fleire menn vart tekne opp i helsefagutdanningane i 2004 i høve til i 2002. Delen av menn har òg stige litt på allmennlærar- og førskolelærarutdanninga, sjølv om fleirtalet kvinner framleis er stort. På den andre sida er menn i eit monaleg fleirtal innanfor teknologiske studium. Delen av kvinnelege ingeniørstudentar har gått ned frå 2002 til 2004. I den same perioden har talet på studentar tekne opp til studiet gått ned. Kjønnsforskjellar i yrkesval er òg omtalte i likestillingsvedlegg til St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet.
Lisboa-strategien frå 2000 har som mål å gjere EU til verdas mest konkurransedyktige og kunnskapsbaserte økonomi innan 2010. Noreg tek del i Lisboa-strategien. Eit av måla i Lisboa-strategien er å auke det totale talet på kandidatar i matematikk og realfag og samtidig minske ubalansen mellom kvinner og menn. Tal frå Eurostat i 2002 syner at berre 16 pst. av kandidatane var innanfor fagfeltet matematikk og realfag i Noreg. Dette er blant dei lågaste tala i Europa, og det gjeld også talet på kvinnelege studentar i matematikk og realfag.
Strategien for styrking av realfaga 2002–07 blir følgd opp og blir vidareutvikla årleg. Sjå omtale under programkategori 07.20 og kap. 226. Innanfor høgre utdanning er det viktig å auke rekrutteringa til dei matematisk-naturvitskaplege og teknologiske studia, mellom anna ved satsinga på Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE). Sjå kap. 281 for nærmare omtale. Ei kartlegging som RENATE har gjennomført, syner at forkurs har mykje å seie for rekrutteringa til ingeniørutdanninga. Realfagssatsane i finansieringssystemet er ikkje endra i budsjettet for 2006, jf. vurderingar i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Satsane til realfag vil bli særskilt vurderte som del av oppfølginga av evalueringa av Kvalitetsreforma. Regjeringa har i budsjettet for 2006 prioritert andre tiltak som vil føre til ei styrking av realfag. Både midlar til vitskapleg utstyr, 350 nye doktorgradsstillingar, tiltak innanfor Noregs forskingsråd, samt auka satsing på forskingsinfrastruktur inneber ei styrking av realfagsmiljøa. Vidare foreslår departementet å styrkje rekrutteringa til realfag ved at løyvinga til ordninga med forkurs for ingeniørutdanning er auka med 4 mill. kroner, samt at andre realfagstiltak er førte vidare frå 2005.
Utdanningskapasiteten er ført vidare på om lag same nivå som i 2005. I budsjettet for 2006 blir det foreslått nokre omprioriteringar og strukturtiltak som ledd i arbeidet med å skape ein mest mogleg formålstenleg utdanningssektor som legg til rette for kvalitet, berekraft og god ressursutnytting. I samband med dette er det foreslått å leggje ned ingeniørutdanninga ved høgskolane i Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag, samt nautikkutdanninga ved Høgskolen i Tromsø. Tiltaka er både grunna i sviktande studentrekruttering over fleire år, samt i at dei to utdanningane ikkje har fagmiljø som held den kvaliteten og berekrafta som er ønskeleg. Vidare er utdanningane svært utstyrskrevjande, noko som talar for færre og større studiestader for ingeniørutdanninga. Det er òg foreslått å omfordele 20 studieplassar i ingeniørutdanninga frå Høgskolen i Gjøvik som har svikt i rekrutteringa til ingeniørutdanninga til Høgskolen i Telemark som rekrutterer tilfredsstillende.
Vidare er det foreslått å redusere talet på studieplassar innanfor vernepleiar-, ergoterapeut-, sosialarbeidar- og radiografutdanningane. Det er i dag god kapasitet innanfor desse utdanningane. I tillegg foreslår departementet ein reduksjon i sjukepleiarutdanninga med 40 studieplassar grunna vanskar med å skaffe praksisplassar.
Strengare opptakskrav har gjort at opptaket til allmennlærarutdanninga er redusert i 2005. For å sikre høgt opptak i sentrale skolefag er 60 studieplassar omfordelte til praktisk-pedagogisk utdanning og femårig integrert lærarutdanning ved universiteta. Vidare er 20 studieplassar overførte til yrkesfaglærarutdanninga.
Det er foreslått ein reduksjon i studieplassar ved dei statlege høgskolane knytte til universitetsparallelle fag. Tiltaka er grunna i sviktande studentrekruttering samt eit ønske om meir differensierte tilbod. Det er eit mål at dette i så liten grad som mogleg skal medføre reduksjon i opptaket til utdanningstilbod som kvalifiserer for arbeid i sentrale skolefag.
Mange institusjonar er geografisk spreidde på mange studiestader med til dels stor avstand mellom einingane. Dette vil i einskilde tilfelle skape ein lite formålstenleg høgskolestruktur. Departementet foreslår ein budsjettreduksjon ved høgskolane i Hedmark og Sogn og Fjordane svarande til den innsparinga ein får ved å leggje ned studiestadene Evenstad og Sandane.
Det er framleis lågare utdanningsnivå blant innvandrarar enn i folkesetnaden elles. Av dei som fullfører vidaregåande opplæring med studiekompetanse, ligg studiefrekvensen på om lag same nivå. Fråfallet i studietida er litt høgre enn i folkesetnaden elles.
Det er viktig å auke utdanningsnivået blant ungdom med innvandrarbakgrunn og å arbeide for at dei kjenner til og vel det same breie fagtilbodet som andre. Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo har blant fleire drive med systematisk informasjons- og motivasjonsarbeid og prøvd ut metodar for å leggje studia til rette og motverke fråfall. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har fått ansvaret for å sjå til at røynsler frå slike tiltak er tilgjengelege for alle høgre utdanningsinstitusjonar.
Ni høgskolar samarbeider om ei felles ramme for bachelorstudiar for å vidarekvalifisere minoritetsspråklege som lærarar. Dette tilbodet tek i bruk fjernundervisning og er organisert slik at det når store delar av landet. Saman med ei stipendordning for minoritetsspråklege som arbeider i barnehage eller skole utan formell kompetanse for tilsetjing, vil dette gi mange skolar kompetente lærarar med innsikt i dei utfordringane norsk skole har i møtet med elevar med annen språkleg og kulturell bakgrunn.
Sjå omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 384 i kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget.
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv
Universitet og høgskolar skal vere lærestader og forskingsinstitusjonar som tek ansvar for si eiga utvikling. Samfunnsrolla til institusjonane har vorte stadig viktigare, og institusjonane må delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv gjennom utdanningssamarbeid, forskingssamarbeid, teknologioverføring og anna formidling. Sjå også kap. 1 Hovudprioriteringar.
Universitet og høgskolar har i dei siste åra fått auka fagleg, økonomisk og organisatorisk fridom, samt større ansvar for si eiga utvikling. Dette gir institusjonane større fridom til å ta hand om den nasjonale og regionale samfunnsrolla, samt å møte utfordringane i samfunns- og arbeidsliv. Det blir rapportert at universitet og høgskolar i aukande grad samarbeider med samfunns- og næringsliv. Stadig fleire møtearenaer som styrkjer potensialet for samhandling om studietilbod, etter- og vidareutdanning, FoU og innovasjon, er utbygde. Universiteta og høgskolane har ulik aktivitet på området, og graden av samarbeid varierer også avhengig av fagområde.
Mange universitet og høgskolar har kurstilbod innanfor bedriftsretta område, som til dømes etablererkunnskap. Fleire av institusjonane tek no inn slike kurs som obligatoriske delar i studieprogram. Ein kan sjå at mange institusjonar, også mindre statlege høgskolar, som har som ei særleg oppgåve å samarbeide med lokalt og regionalt samfunns- og næringsliv, òg innarbeider konkret samfunnsretta aktivitet i utviklingsstrategiane sine på grunnlag av tett kontakt med representantar frå samfunns- og næringsliv. Det ser ut som eksterne representantar i institusjonsstyra i mange høve har vore viktige i dette arbeidet. Rapportar om vellykka samarbeid, og ikkje minst det engasjementet lokale og regionale aktørar legg i ulike samarbeidstiltak, understrekar ei side ved verksemda ved institusjonane som ikkje alltid kjem til syne gjennom resultat ein kan talfeste.
Personmobilitet er viktig for å overføre kunnskap mellom ulike bransjar og sektorar og mellom forskingsinstitusjonar og bedrifter. Sjølv om samspelet mellom forskingsinstitusjonar og næringsliv har auka atskilleg og er betra dei siste åra, er auka flyt av personar og kunnskap mellom universitet og høgskolar, institutt og samfunns- og arbeidsliv framleis viktig.
Noregs forskingsråd, SIVA og Innovasjon Noreg vil i 2006 etablere Norwegian Centers of Expertise (NCE) som eit nasjonalt program for å forsterke nettverk og prosessar i vekstkraftige og internasjonalt orienterte næringsklyngjer i Noreg. Høgskolane kan saman med samarbeidspartnarar søkje om midlar frå programmet. Sjå også kap. 552 post 72 i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Danmark har etablert ei ordning med såkalla «erhvervs-PhD», som er basert på eit samarbeid mellom ein doktorgradsstudent, eit universitet og ei bedrift rundt eit konkret utviklingsprosjekt. Bedrifta tilset og lønner doktorgradsstudenten i heile forskarutdanningsperioden. Studenten oppheld seg dels ved bedrifta og dels ved forskingsinstitusjonen. Bedrifta og universitetet får økonomisk støtte frå staten. Departementet har bedt Noregs forskingsråd greie ut ei tilsvarande norsk ordning.
Innovasjon
Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda. Det overordna målet er å leggje til rette for auka verdiskaping over heile landet. Utdannings- og forskingspolitikken er sentral i ein slik politikk fordi menneske, kompetanse og kreativitet er avgjerande for innovasjonsevna i næringslivet. Det er viktig å fokusere på kvalitet i utdanningane, medverke til livslang læring og styrking av realfaga samt samarbeide med arbeids- og næringsliv.
Kommersialisering av forskingsresultat gir nye idear, nye produkt og nye bedrifter, og er viktig for omstilling av norsk næringsliv. Auka kommersialisering av forskingsresultat er derfor viktig for å nå ambisjonen til Regjeringa. Universitet og høgskolar har ulike føresetnader for kommersialisering av forskingsresultat. Særleg universiteta arbeider aktivt med kommersialisering av forskingsresultat og har utvikla organisasjonar, system og rutinar og samarbeider tett med sjukehus og institutt. Institusjonane har dels valt ulike organisatoriske løysingar, basert bl.a. på historia, omfanget og innretninga til institusjonen.
FORNY-programmet er eit viktig verkemiddel for kommersialisering av forsking. Regjeringa vil styrkje programmet og foreslår ein auke i budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet i 2006.
For å styrkje den langsiktige grunnleggjande forskinga i næringslivet har Regjeringa sett i gang ei ny ordning kalla Senter for forskingsdreven innovasjon. Ordninga vil starte opp med seks–åtte senter i 2006 og skal stimulere innovasjonsevna i næringslivet gjennom satsing på langsiktig og grunnleggjande forsking i samarbeid mellom bedrifter og forskingsinstitusjonar. Det blir stilt høge krav til vitskapeleg kvalitet og nærings- og samfunnsmessig relevans for å få status som senter for forskingsdreven innovasjon. Institusjonane kan vurdere deltaking i forhold til eigne strategiske val og i forhold til potensielle gevinstar knytte til rettigheiter og kreditering av publiseringar, patentering, lisensiering og andre resultat frå sentra.
Regjeringa vil settje i verk ei ordning med etablererstipend for å gjere det lettare for forskarar å flytte seg mellom forsking og kommersialisering av forskingsresultat. Stipendet kan gi lønn for opptil eit år og mellombels permisjon frå stillinga ved universitet, høgskole eller institutt. Stipendet gjer det mogleg å bruke heile eller delar av tida til å kartleggje og/eller utvikle det kommersielle potensialet i eit forskingsresultat eller ei oppfinning.
Omfang på etter- og vidareutdanning
Sjå omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 261 i kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget.
Felles lovverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar
Lagtinget fatta endeleg vedtak om ny lov om universiteter og høyskoler 17. mars 2005, jf. Innst. O. nr. 48 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 79 (2003–2004). Lova er sanksjonert ved resolusjonen til kronprinsregenten 1. april 2005. Lova vart sett i kraft 1. august 2005. Frå same tid vart lov om universiteter og høgskoler og lov om private høyskoler oppheva.
Lova gir eit felles rammeverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar med omsyn til faglege fullmakter, kvalitetssikring av utdanningstilbod og rettar og plikter studentane har. For både statlege og private institusjonar er det fastsett lovmessige avgrensingar knytte til eigenbetaling frå studentar. For universiteta og dei statlege høgskolane opnar lova no for større valfridom med omsyn til organisering av den øvste leiinga ved institusjonane.
I lova er det ført vidare ein heimel for at lova kan gjelde delvis for einskilde institusjonar. Departementet vil greie ut utkast til nye forskrifter om delvis innlemming av Forsvarets høgskolar og Politihøgskolen. Dei nye forskriftene skal byggje på gjeldande forskrifter. Nye forskrifter vil tre i kraft seinast 1. januar 2006. Arbeidet skjer i samråd med Forsvarsdepartementet og Justis- og politidepartementet.
Departementet har gått gjennom sentrale forskrifter med sikte på forenkling og oppdatering av det samla regelverket under lova. Departementet har bedt institusjonane om å fokusere på regelverksforenkling i arbeidet med lokalt fastsette forskrifter. Når det gjeld til dømes regelverket for opptak, vil arbeidet skje i to trinn. I første trinn tek departementet sikte på ei samanslåing av dei tidlegare forskriftene, utan store materielle endringar, i ei ny forskrift om opptak av søkjarar til høgre utdanning som skal gjelde frå 2006. Samstundes blir det arbeidd med ny forskrift som skal byggje på ny vidaregåande opplæring, jf. Kunnskapsløftet. Ved kongeleg resolusjon 24. juni 2005 er det fastsett forskrift om overgangsordningar. Forskrifta er fastsett med bakgrunn i innspela departementet har motteke frå institusjonane. Det er fastsett at gjeldande forskrifter og anna regelverk fastsett med heimel i dei to lovene som no blir oppheva, kan vidareførast fram til 1. januar 2006 med mindre anna er fastsett. Dette vil gi institusjonane og departementet tid til å ferdigstille arbeidet med nye forskrifter med heimel i ny lov. Eksisterande regelverk blir automatisk oppheva ved utløpet av overgangsperioden.
Styring av kapasitet for einskilde utdanningar
Departementet stiller krav til studiekapasitet ved nokre utdanningar. Aktivitetskrava er knytte til talet på 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første studieåret ved dei aktuelle utdanningane. Det blir framleis sett måltal for studentar og kandidatar for kunsthøgskolane, jf. tabell 2.22 i Vedlegg 2. Årsaka er at kunsthøgskolane ikkje er inkluderte i finansieringssystemet.
Dei fleste helsefagutdanningane har aktivitetskrav. Krava er innfridde med unntak for fysioterapi, tannteknikk, medisin og psykologi der resultata ligg tett oppunder krava. Departementet legg til grunn at opptakskapasiteten for ingeniørutdanningane blir haldne på minst same nivå som tidlegare, justert for studieplanendringar i 2006 for einskilde institusjonar innanfor ingeniørutdanninga. Institusjonane må primært arbeide for å ta opp flest mogleg ingeniørstudentar. Eventuell ledig kapasitet skal nyttast til andre realfags- og teknologiutdanningar. Opptaket til ingeniørutdanningane er ikkje godt nok, og opptaket i 2004 er lågare enn opptaket i både 2003 og 2002, jf. tabell 2.15 i Vedlegg 2.
Det blir, som i 2005, ikkje stilt aktivitetskrav for allmenn- og førskolelærarutdanningane i 2006. Institusjonane må primært disponere eventuell ledig kapasitet på dette området til ulike grunnutdanningar av lærarar eller til vidareutdanning av lærarar i sentrale skolefag. Departementet vil følgje nøye med på rekrutteringa til grunnutdanninga av lærarar ved den einskilde institusjonen.
Aktivitetskrava for 2006–07 er endra for einskilde utdanningar i samsvar med studieplassendringane. Sjå også tabell 2.28 i Vedlegg 2.
Kompetanseutvikling av lærarar
Universitet og høgskolar har i 2004 og 2005 arbeidd aktivt for å fremme den målretta nasjonale satsinga på kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar som følgjer av Kunnskapsløftet, jf. kap. 226. Institusjonane har på regionalt nivå inngått samarbeid og nettverk med skoleeigar og Fylkesmannen for å gi relevante, fleksible og praksisnære kompetansetilbod av høg kvalitet som er tilpassa reforma i grunnopplæringa og behov i sektoren. Utdanningsdirektoratet, KS, lærarorganisasjonane og Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for lærarutdanning er sentrale partnarar i det vidare arbeidet.
For å stimulere til kvalitetsutvikling og nært samarbeid mellom skolen og lærarutdanningsmiljøa har departementet i 2005 gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å starte arbeidet med eit fireårig yrkesretta FoU-program. Samarbeid mellom lærarutdanning og skoleeigar er ein føresetnad, og tilpassa opplæring er eit sentralt tema.
Mål: Universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane
Gode og tenlege system for forvaltning av personal- og økonomiressursar er viktige støttefunksjonar i arbeidet til institusjonane med styrking av den faglege leiinga av forsking og utdanning som institusjonane no arbeider med.
Universiteta vart frå 1. januar 2001 omdanna til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og fekk unntak frå bruttoprinsippet og kontantprinsippet. Seinare har alle institusjonane i sektoren fått slike unntak. I samband med omdanninga til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter har departementet gjennomført fleire tiltak for å utvikle økonomiforvaltninga ved institusjonane og tilpasse ho til nye prinsipp for føring av rekneskapane ved universiteta og høgskolane. Tilbakemeldingane frå Riksrevisjonen etter revisjonen av rekneskapane for 2004 syner at det enno står att både prinsipielle utfordringar og praktiske problemstillingar på dette området. Riksrevisjonen peiker på at fleire rekneskapar inneheld feil og manglar som gjer det naudsynt med omfattande rettingar. Det går også fram at institusjonane framleis har utfordringar med omsyn til grensesnittet mellom verksemd finansiert av løyvingane og verksemd finansiert av eksterne inntekter. Det er ei utfordring å dokumentere avsetningane etter krava i rekneskapsmalen og vurdere eigenkapitalen korrekt. Riksrevisjonen har ført vidare gjennomgangen av innkjøpsområdet i 2004, og finn framleis manglar på dette området. Riksrevisjonen har gjennomgått måloppnåing og resultatrapportering ved åtte institusjonar i sektoren. Riksrevisjonen finn manglar både med omsyn til omfang og dokumentasjon av rapportopplysningane. Riksrevisjonen har òg merknader til rutinane til institusjonane for kvalitetssikring av data til undervisningskomponenten i finansieringsmodellen.
Departementet har teke opp merknadene frå Riksrevisjonen både i etatsstyringsmøte med institusjonane og i hovudinstruksen om økonomforvaltninga ved institusjonane. Departementet føreset at institusjonane legg fram fullstendige, nøyaktige og pålitlege rekneskap i samsvar med god rekneskapsskikk og retningslinjene frå departementet, og etterlever dei lover og reglar som gjeld for offentleg verksemd.
Departementet har gjennom streng prioritering mellom viktige oppgåver og føremål fullfinansiert kvalitetsreforma. Vidare har det vore ein monaleg auke i løyvinga til forsking. Rekneskapa for 2004 viser at omfanget av dei midlane institusjonane set av for å dekkje framtidige forpliktingar har auka dei seinaste åra. Departementet meiner avsetjingane gjennomgåande er høge, men har ikkje grunnlag for å konkludere med at avsetjingane er gjort i strid med dei politiske føresetnader for auken i løyvingar dei siste åra. Det er viktig at løyvingane nyttast effektivt og til prioriterte oppgåver i sektoren. Departementet føreset at institusjonane vektlegg dette og ser til at nivået på avsetjingane blir nøye vurdert. Departementet følgjer opp nivået på avsetjingane i etatsstyringa.
Randsoneinstitusjonar
Statlege universitet og høgskolar har gjennom Kvalitetsreforma fått større fullmakter til å opprette nye selskap eller andre einingar i randsona til institusjonen, jf. forslag til vedtak IV nr. 2. Utfyllande rammer for fullmaktene til institusjonane følgjer av regelverket for eksternt finansiert verksemd ved universitet og høgskolar, jf. rundskrivet til departementet F-35-02. Kapitalinnskott skal som hovudregel dekkjast av overskottet til institusjonane på eksternt finansiert verksemd. Institusjonane har ikkje høve til å subsidiere slik verksemd av grunnløyvinga til institusjonen.
Institusjonane har nytta dei utvida fullmaktene til å opprette einingar for oppdragsforsking og selskap som tener som infrastrukturtiltak i arbeidet med kommersialisering av forskingsresultat. Departementet fører tilsyn med at institusjonane følgjer opp dei overordna krava som er sette til forvaltninga av staten sitt eigarskap. Departementet følgjer òg opp forvaltninga til institusjonane gjennom særskild rapportering til Riksrevisjonen.
Per 31. desember 2004 forvaltar departementet og institusjonar under departementet statlege eigarinteresser i 72 aksjeselskap, jf. tabell 3.1 i St.meld. nr. 3 (2004–2005). Dette er ein auke på 17 selskap frå 31. desember 2003. 15 selskap er heileigde av staten. Gjennom aksjeeige eller på annan måte har staten ved Utdannings- og forskingsdepartementet eller institusjonar under departementet per 31. desember 2004 ei dominerande rolle i 28 selskap, jf. instruks for Riksrevisjonens verksemd § 5.
Departementet har for Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Høgskolen i Bodø og Universitetet for miljø- og biovitskap trekt tilbake fullmaktene til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap, sjå nærmare omtale under kap. 265, 274 og 278.
Som vist til i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning bør universitet og høgskolar, der det ligg til rette for det, søkje samarbeid med eksisterande forskingsinstitutt framfor å etablere nye institutt. Departementet tek sikte på revisjon av regelverket for eksternt finansiert verksemd, og vil mellom anna innarbeide reglar for å støtte opp om samarbeidet mellom universitet og høgskolar og instituttsektoren.
Mål: Fagskoleutdanning skal byggje på avslutta vidaregåande opplæring og gi korte, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar
1. januar 2004 fekk NOKUT ansvar for å godkjenne fagskoleutdanning. Hovudmålet for fagskoleutdanning er å supplere studietilbodet for dei som har gjennomført vidaregåande opplæring ved å gi korte yrkesretta utdanningar. Fagskolar skal vere ein avslutande utdanning i seg sjølv. Slik kan desse studia vere eit godt alternativ til lengre studium. Prinsippet om realkompetanse er likevel viktig og skal gjelde både ved opptak og fritak innanfor fagskoleutdanning og i anna, forskningsbasert høgre utdanning. Det kan gjevast avkorting i studietid ved vidareutdanning på universitet eller høgskole på grunnlag av fagskoleutdaning når ein student kan dokumentere å ha kompetanse jamngod med deler av fagtilbodet. Universiteta og høgskolane må vurdere korleis dette kan gjerast, slik at søkjarane veit om dei vil få fritak eller kan gjennomføre eit kortare studieløp. Kriteria for godkjenning av fagskuleutdanning vart fastsette i mai 2004, og arbeidet med godkjenning av dei første fagskoletilboda starta i 2004. Det har teke tid å rettleie slik at søknadene er komplette og kvalitativt gode nok til å kunne sendast til sakkunnig vurdering. NOKUT har i løpet av perioden utarbeidd ei søkjarhandbok og arrangert søkjarseminar for å fremme felles forståing for kva ein søknad skal innehalde og korleis han skal byggjast opp for å dokumentere kvaliteten i utdanningstilbodet. Alle som i dag har godkjenning for lånekassestøtte, må i løpet av skoleåret 2006–07 søkje om rett til å gi studietilbodet dersom dei ikkje skal miste retten til støtte i Statens lånekasse for utdanning for utdanningstilboda sine. NOKUT rapporterer om stor pågang frå tilbydarar som ønskjer godkjenning til å gi studietilbod etter fagskolelova, og per juli 2005 er det fire utdanningar som har fått godkjenning. NOKUT fekk auke i løyvinga i 2005 mellom anna fordi dei har fått ansvaret for godkjenninga av fagskoleutdanninga, sjå nærmare omtale under kap. 281. Departementet foreslår òg å styrkje budsjettet til NOKUT i forslag til statsbudsjett for 2006, sjå nærmare omtale under kap. 281.
Kap. 260 Universitetet i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 3 004 839 | 3 178 787 | |
Sum kap. 260 | 3 004 839 | 3 178 787 |
Resultatrapport for 2004–05
Utdanning
Universitetet i Oslo (UiO) har ein auke i talet på registrerte studentar på 593 frå 2003 til 2004, medan tala for opptak er noko redusert. Universitetet har ein auke i talet på søkjarar, og då særleg til høgre grad. Avlagde studiepoengseiningar per student har gått noko ned. Strykprosenten er redusert frå 8,8 pst. i 2003 til 7,5 pst. i 2004.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 125 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 733 i 2003 til 1 031 i 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 28 studieplassar i medisin og 13 studieplassar i psykologi. Vidare var det i budsjettet for 2005 ein reduksjon på 683 studieplassar (60-studiepoengseiningar) i dei minst kostnadskrevjande studia.
Universitetet i Oslo har følgt opp elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å følgje opp intensjonane, samt kvalitetssikre og evaluere innføringa av reforma.
Realfagssatsinga til Regjeringa for 2002–07 inneber mellom anna eigne nasjonale senter for realfag. Eit av desse er lokalisert til Universitetet i Oslo og medverkar til å styrkje rekrutteringa til naturvitskaplege fag.
Forsking
Universitetet i Oslo er ein institusjon med utdanningstilbod og forskingsaktivitet innanfor eit bredt spekter av fagområde. Universitetet prioriterer kvalitet og spissar forskinga ved å støtte dei tre sentra for framifrå forsking: Centre of Physics of Geological Prosesses (PGP), Centre of Mathematics for Applications (CMA), Centre of Molecular Biology and Neuroscience (CMBN), samt resten av finalistane frå konkurransen om å få status som senter for framifrå forsking. Det blir òg satsa på eit nordisk senter for framifrå forsking. Universitetet har i tillegg fire institusjonelle satsingar der ein ønskjer å koordinere intern forsking og samstundes utvikle eksternt samarbeid: ETIKK (etikk-program), EMBIO (molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk), FUNMAT (funksjonelle materiale og nanoteknologi) og HUMSAM (kulturell kompleksitet i det nye Noreg).
Universitetet i Oslo prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig kjelde for ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram har om lag 50 prosjekt ved UiO fått støtte. Fire av prosjekta er koordinerte frå Universitetet i Oslo.
Det er oppretta 14 lokale forskarskolar ved Universitetet i Oslo. Universitetet har ein auke på 32 avlagde doktorgradar frå 2003 til 2004 og uteksaminerte 266 doktorandar i 2004. Til tross for ein monaleg auke er gjennomstrøyminga framleis for svak. Universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving for.
Det er tidlegare gjennomført fleire fagevalueringar ved Universitetet i Oslo. Universitetet arbeider med ein strategi for oppfølging av fagevalueringar, samstundes som dei førebur nye evalueringar.
På grunn av overgang til nytt system for dokumentasjon av vitskaplege publiseringar kan data for 2003 og 2004 ikkje samanliknast. Universitetet i Oslo hadde i 2004 høgt tal for publisering samanlikna med dei andre universiteta.
Formidling
Universitetet i Oslo legg vekt på å formidle forskingsresultat til allmenta og ulike interessegrupper og har mellom anna avsett incentivmidlar til forskingsformidling. Formidling skjer gjennom bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd, utstillingar, samt ved bruk av nettsidene til institusjonen. Universitetet arbeider aktivt i høve til media og prioriterer deltaking i den offentlege debatten.
Universitetet sitt kulturhistoriske museum (UKM) med Historisk museum og Vikingskiphuset er det mest vitja museet i Noreg. Det naturhistoriske museum og botanisk hage (UNM) ved UiO er det største arkivet i landet for botaniske, zoologiske og geologiske data. Samlingane skal tene som basis for forsking, undervisning og formidling. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som blir oppbevarte i magasin og publikumsutstillingar. Universitetet i Oslo har etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Departementet har i budsjetta for 2002, 2003 og 2004 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane til universitetsmusea. Begge musea ved Universitetet i Oslo er i gang med prosjekt for å betre tilhøva ved samlingane.
Det er eit omfattande samarbeid mellom Universitetet i Oslo og andre kunnskapsinstitusjonar i regionen. Universitetet arbeider for å fremme entreprenørskap og innovasjon, både gjennom universitetet sitt teknologioverføringskontor (TTO), Birkeland innovasjon, samt aktivitet ved Gründerskulen. Verksemda ved universitetet sitt TTO er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 271.
Kap. 261 Universitetet i Bergen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 1 758 771 | 1 882 391 | |
Sum kap. 261 | 1 758 771 | 1 882 391 |
Resultatrapport for 2004–05
Utdanning
Universitetet i Bergen har ein nedgang i registrerte studentar på 933 frå 2003 til 2004. Tala for opptak har òg gått ned. Universitetet har ein auke i talet på søkjarar, og då særleg til høgre grad. Universitetet har samstundes ein auke i avlagde studiepoeng per student frå 36,2 i 2003 til 38,1 i 2004. I same periode har universitetet òg ein nedgang i strykprosent frå 9 pst. til 7,8 pst.
Det har vore nedgang i avlagde 60-studiepoengseiningar på 54 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 698 i 2003 til 886 i 2004. I budsjettet for 2005 var det ein reduksjon på 400 studieplassar (60-studiepoengseiningar) i dei minst kostnadskrevjande studia.
Universitetet har følgt opp elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å følgje opp intensjonane, samt kvalitetssikre og evaluere innføringa av reforma.
Forsking
Universitetet i Bergen har to hovudsatsingar: marin forsking og utviklingsrelatert forsking. Satsingane er langsiktige og påreknelege og har gitt fagleg styrking. I tillegg hadde universitetet i 2004 seks tematiske satsingar. Tre av dessa har status som senter for framifrå forsking (SFF). Dei tematiske satsingane er petroleumsforsking (SFF), middelalderforsking (SFF), klimaforsking (SFF), medisin og helse, informasjons- og kommunikasjonsteknologi og kristen antikk.
Forskarutdanning er ei hovudsatsing for Universitetet i Bergen. Universitetet har utvikla felles rammeverk og etablert forskarskolar med tematiske fokus på fleire område. I 2004 uteksaminerte universitetet 158 doktorandar. Dette er ein auke på fem frå 2003 til 2004. Tala for gjennomstrøyming for stipendiatar er framleis for svake, og universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving for.
Universitetet samarbeider med sju høgskolar på Vestlandet samt med Universitetet i Stavanger i Vestnorsk nettverk, og har i 2004 ført vidare eit samarbeid om forskarutdanning i regi av nettverket.
Universitetet i Bergen prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig kjelde for ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram har over 30 prosjekt fått støtte. Ni av prosjekta er koordinerte frå Universitetet i Bergen.
Universitetet i Bergen følgjer opp evalueringane av sentra for framifrå forsking. Den nasjonale evalueringa frå 2003 vart følgt opp i 2004. Universitetet førebur oppfølging av evalueringane av helsefag og statsvitskap.
På grunn av overgang til nytt system for dokumentasjon av vitskaplege publiseringar kan data for 2003 og 2004 ikkje samanliknast. Universitetet i Bergen hadde i 2004 høgt tal for publisering samanlikna med dei andre universiteta.
Formidling
Den nye formidlingsavdelinga ved universitetet har utarbeidd strategi for formidlingsarbeidet som mellom anna omfattar eit nytt magasin retta mot eksterne målgrupper og ei rekkje kurs for ulike forskargrupper. Tilsette ved universitetet medverkar på mange måtar til populærvitskapleg formidling i form av foredrag, bøker, kronikkar, konferansar, utstillingar, museumsverksemd, bruk av nettsidene til institusjonen, samt gjennom deltaking i radio- og TV-program.
Bergen Museum forvaltar unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som blir oppbevarte i magasin og publikumsutstillingar. Universitetet i Bergen har etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Departementet har i budsjetta for 2002, 2003 og 2004 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane til universitetsmusea. Bergen Museum er i gang med å betre tilhøva.
Teknologioverføringskontoret (TTO) ved universitetet har i 2004 arbeidd tett med andre kommersialiseringseiningar. Samarbeidet har ført til ein plan om eit felles Bergen Teknologioverføring eigd av universitetet, Helse Vest og Havforskingsinstituttet. Verksemda ved universitetet sitt TTO er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 271.
Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 2 474 328 | 2 572 879 | |
Sum kap. 262 | 2 474 328 | 2 572 879 |
Resultatrapport for 2004–05
Utdanning
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har ein auke i talet på registrerte studentar på 119 frå 2003 til 2004, medan tala for opptak har gått noko ned. Det har vore ein auke i talet på søkjarar til institusjonen. Avlagde studiepoengseiningar per student er nær uendra frå 2003, medan strykprosenten har gått ned frå 11,9 pst. i 2003 til 10,2 pst. i 2004.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 35 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 1 018 i 2003 til 1 062 i 2004. I statsbudsjettet for 2005 var det ein reduksjon på 544 studieplassar (60-studiepoengseiningar) i dei minst kostnadskrevjande studia.
NTNU administrerer ordninga med kjøp av utanlandsplassar i medisin. I samband med vedtaket om å føre opptak i medisin frå utlandet til Noreg er opptaket til utanlandsplassane avvikla. I samband med dette er det lagt inn ytterlegare auka opptak på 20 ordinære studieplassar i medisin ved NTNU.
Universitetet har følgt opp elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å følgje opp intensjonane, samt kvalitetssikre og evaluere innføringa av reforma.
Realfagssatsinga til Regjeringa for 2002–07 inneber mellom anna eigne nasjonale senter for realfag. To av desse er lokaliserte til NTNU og medverkar til å styrkje rekrutteringa til realfag og teknologiutdanningane.
Forsking
NTNU tildeler ein stor del av forskingsmidlane etter strategiske prioriteringar og har seks særskilde satsingsområde: energi og miljø, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, marin og maritim forsking, materiale, medisinsk teknologi, samt globalisering. Ved fleire av satsingsområda er det tverrfagleg samarbeid mellom teknologifag, humaniora og samfunnsfag. Universitetet har tre sentre for framifrå forsking (SFF). Sentra er innanfor tenestekvalitet i datakommunikasjon, skip og havstrukturar, samt hukommelsesbiologi. NTNU har i 2004 etablert eit forskingssenter for nanoteknologi, NTNU NanoLab.
NTNU har forsterka det forskingsstrategiske samarbeidet med SINTEF. Dei samarbeider om tretten Gemini-senter som både ligg innanfor og utanfor dei tematiske satsingsområda. Dei samarbeider òg om Senter for fornybar energi og Gass-senteret.
NTNU prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig kjelde for ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram har NTNU om lag 31 prosjekt, inkludert dei som er under forhandling. Fire av prosjekta er koordinerte frå NTNU.
NTNU har etablert fleire forskarskolar. I 2004 uteksaminerte NTNU 191 doktorandar. Det er ein mindre reduksjon på fire doktorandar samanlikna med 2003. Gjennomstrøyminga er framleis for låg, samt at avbrott blant eksternt finansierte stipendiatar er for høgt.
Forskingsrådet sluttførte i 2004 fagevalueringar av to fagområde ved NTNU: teknologi- og ingeniørfag og klinisk forsking inkludert samfunnsmedisin og psykologi. Evalueringane syner at NTNU har mange forskargrupper og fagmiljø som held høg internasjonal standard, men òg at institusjonen har utfordringar. Mellom anna publiserer einskilde fagområde for lite i vitskapelege tidsskrift. Universitetet arbeider med ein strategi for oppfølging av fagevalueringar.
På grunn av overgang til nytt system for dokumentasjon av vitskaplege publiseringar kan data for 2003 og 2004 ikkje samanliknast. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet hadde i 2004 låge tal for publisering samanlikna med dei andre breiddeuniversiteta.
Formidling
Formidling skjer mellom anna gjennom bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd, utstillingar, bruk av nettsidene til institusjonen, samt gjennom deltaking i radio- og TV-program. Universitetet har oppretta ei eiga gruppe for forskingsformidling, og har planar om ytterlegare styrking ved blant anna å byggje ut forskingsportalen og opprette ein eigen webportal for institusjonen sitt samarbeid med, og tilbod til næringslivet.
Dei vitskaplege samlingane er basis for verksemda ved Vitskapsmuseet. Samlingane er resultat av vitskaplege undersøkingar, og dei skal vere tilgjengelege for brukarar innanfor forsking, forvaltning og samfunnet elles. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale. Vitskapsmuseet har rapportert om etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Departementet har i budsjetta for 2002, 2003 og 2004 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Vitskapsmuseet er i gang med å betre tilhøva.
Universitetet har eit omfattande samarbeid med samfunns- og næringsliv. Universitetet arbeider for å fremme entreprenørskap og innovasjon, både gjennom teknologioverføringskontoret ved universitetet, NTNU Technology Transfer AS, samt gjennom samarbeidsprosjekt med Innovasjon Midt-Noreg og små- og mellomstore bedrifter i regionen. Verksemda ved teknologioverføringskontoret er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 271.
Kap. 263 Universitetet i Tromsø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 1 074 188 | 1 105 136 | |
Sum kap. 263 | 1 074 188 | 1 105 136 |
Resultatrapport for 2004–05
Utdanning
Universitetet i Tromsø har ein auke i talet på registrerte studentar på 236 frå 2003 til 2004. Universitetet har òg ein auke i opptaket og talet på søkjarar i denne perioden. Avlagde studiepoeng per student har gått ned frå 40,2 i 2003 til 38,4 i 2004. Talet for 2003 var særleg høgt grunna tekniske endringar i studieløpa. Strykprosenten har gått ned frå 10,5 pst. i 2003 til 10,2 pst. i 2004.
Talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er tilnærma uendra frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 166 i 2003 til 254 i 2004. I budsjettet for 2005 vart det oppretta 15 studieplassar i medisin, åtte studieplassar i farmasi og 20 studieplassar i odontologi. Vidare var det i budsjettet for 2005 ein reduksjon på 242 studieplassar (60-studiepoengseiningar) i dei minst kostnadskrevjande studia.
Universitetet har følgt opp elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å følgje opp intensjonane, samt kvalitetssikre og evaluere innføringa av reforma.
Forsking
Universitetet i Tromsø legg stor vekt på lokaliseringa i Nord-Noreg i dei faglege prioriteringane, og satsar strategisk innanfor marine fag, biologi, medisin, teknologi, fysikk, samiske spørsmål, urfolks og minoritetsspørsmål, samt språk. Universitetet har eit senter for framifrå forsking (SFF) i lingvistikk.
Universitetet i Tromsø prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig kjelde for ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram har universitetet så langt inngått ni avtalar inkluderte ein som er under forhandling.
Universitetet starta tre forskarskolar i 2004 og nyttar også fordeling av stipendiatar ved institusjonen i den strategiske FoU-satsinga. Talet på doktorandar har auka frå 57 i 2003 til 70 i 2004. Tal for gjennomstrøyming for stipendiatar er tilfredsstillande, sjølv om det er rom for betring blant stipendiatar med ekstern finansiering. Universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving for.
Evalueringar av medisinsk forsking og pedagogisk forsking syner at Universitetet i Tromsø har gode fagmiljø på viktige område, men også at einskilde miljø har utfordringar. Universitetet arbeider med ein strategi for oppfølging av fagevalueringar.
På grunn av overgang til nytt system for dokumentasjon av vitskaplege publiseringar kan data for 2003 og 2004 ikkje samanliknast. Universitetet i Tromsø hadde i 2004 låge tal for publisering samanlikna med dei andre breiddeuniversiteta.
Formidling
Forskarane ved Universitetet i Tromsø formidlar til allmenta i mange ulike former: gjennom artiklar og monografiar av både vitskapleg og populærvitskapleg art, konferansar, seminar og andre opne arrangement. Universitetet har i 2004 satsa på å publisere meir forskingsstoff i nettavisa Tromsøflaket og på Forsking.no.
Hovudoppgåvene til Tromsø Museum er å bevare vitskaplege samlingar og drive forsking og formidling. Museet har særleg ansvar for fagområda botanikk, geologi, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie, samt samisk etnografi i Nord-Noreg og nordområda. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale. Departementet har i budsjetta for 2002, 2003 og 2004 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Tromsø Museum er i gang med å betre tilhøva.
Universitetet har saman med Norut-gruppa og Universitetetssjukehuset Nord-Noreg etablert felles teknologioverføringsselskap (TTO). TTO har som mål å auke verdiskapinga ved å overføre idear frå nordnorske FoU-institusjonar til samfunns- og næringsliv. Universitetet samarbeider også med andre institusjonar både regionalt og nasjonalt om kommersialisering av forskingsresultat. Verksemda ved universitetet sitt TTO er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 271.
Kap. 264 Noregs handelshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 233 093 | 250 383 | |
Sum kap. 264 | 233 093 | 250 383 |
Resultatrapport for 2004–05
Talet på kandidatar har auka dei siste åra, det same gjeld avlagde studiepoeng per student. Talet på registrerte studentar gjekk ned frå 2003 til 2004, og talet på søkjarar gjekk også noko ned i denne perioden. Strykprosenten ved Noregs handelshøgskole (NHH) er 2,6 pst., som er lågt. Opptaket av nye studentar gjekk ned frå 2003 til 2004.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 33 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar er redusert frå 369 i 2003 til 353 i 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar) redusert med 56 studieplassar. Noregs handelshøgskole har følgt opp elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte, og bachelor- og mastergradane er godt implementerte og tilpassa ny studiestruktur.
Fagstrategien til institusjonen er at «NHH skal være en handelshøgskole med særlig fokus på behovet for kunnskap i bedrifter og for andre mikroaktører». Samtidig er det slått fast at fagleg breidd skal vere eit viktig fokus for høgskolen. Denne strategien har vore viktig i utforminga av dei nye bachelor- og masterstudia.
Talet på avlagde doktorgradar gjekk ned frå 14 i 2003 til elleve i 2004. Dette er under målsetjinga til høgskolen på 15 disputasar per år. Talet på kvinner blant stipendiatane har auka dei siste åra.
Talet på vitskaplege publikasjonar er framleis for lågt, og Noregs handelshøgskole vil derfor arbeide for å auke talet. Publisering av høg kvalitet vil bli prioritert.
NHH har eit aktivt samarbeid med arbeids- og samfunnslivet, mellom anna gjennom bruk av professor II-stillingar.
Det er ein svært god internasjonal studentmobilitet ved Noregs handelshøgskole samanlikna med dei andre vitskaplege høgskolane.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 272.
Kap. 265 Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 83 414 | 87 033 | |
Sum kap. 265 | 83 414 | 87 033 |
Resultatrapport for 2004–05
Ved kongeleg resolusjon 29. oktober 2004 vart namnet på høgskolen endra frå Arkitekthøgskolen i Oslo til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
Sjølv om høgskolen i 2004 hadde ein liten nedgang i opptakstala, var det i 2004 ein auke i talet på registrerte studentar. Talet på kandidatar var ein del lågare enn året før, men noko av dette må tilskrivast endringar i studieopplegget. Avlagde studiepoeng per student har gått ned. Strykprosenten har gått noko opp frå 2003.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 25 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 51 i 2003 til 58 i 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar) redusert med 19 studieplassar, jf. omtale under kap. 272.
Høgskolen følgjer opp Kvalitetsreforma på ein tilfredsstillande måte. Arbeidet med studiekvalitet er teke godt vare på. I løpet av 2004 har den faglege verksemda ved høgskolen blitt omorganisert for betre å støtte opp om forskinga. I 2004 vart tre doktorandar ferdige. Dette talet er lågt i forhold til det ein kunne venta etter det totale talet på doktorgradsstipendiatar, og høgskolen vil derfor setje i verk tiltak for å betre gjennomstrøyminga. Når det gjeld internasjonalisering, er det samla talet framleis lågt.
Arkitektur- og designhøgskolen overtok i 2004 alle aksjane i selskapet Berkano AS. Siktemålet var å skape eit instrument for kommersialisering av resultata høgskolen har på området rapid prototyping. Selskapet hadde eit underskott i 2004, og eigenkapitalen til selskapet var negativ ved slutten av året. Aksjekapitalen i selskapet er tapt, og det er ikkje dekning for underskottet i selskapet. Høgskolen har vurdert at konkurshandsaming ikkje vil tilføre høgskolen verken økonomiske verdiar eller påviselege fordelar. I ordinær generalforsamling er det fatta vedtak om å avvikle selskapet, og det er valt avviklingsstyre. Departementet ventar på rapporten frå avviklingsstyret, og vil vente til saka formelt er avklart før endeleg vedtak om avvikling av selskapet blir teke. Departementet kan ikkje seie seg nøgd med korleis høgskolen har forvalta fullmaktene sine. Departementet har difor trekt tilbake fullmakta høgskolen har til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 272.
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 105 801 | 113 827 | |
Sum kap. 268 | 105 801 | 113 827 |
Resultatrapport for 2004–05
Talet på søkjarar gjekk noko ned frå 2003 til 2004, og det vart teke opp færre studentar i 2004 enn i 2003. Det var ein auke i talet på registrerte studentar frå 2003 til 2004. Talet på avlagde studiepoeng per student har gått ned. Talet på kandidatar er noko lågare i 2004 enn i 2002 og 2003. Strykprosenten gjekk ned frå 2003 til 2004.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 18 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar er redusert frå 27 i 2003 til 20 i 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar) redusert med 25.
Noregs idrettshøgskole har gjennomført dei ulike elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte, og studieprogramma er tilpassa ny studiestruktur. Bachelorprogramma ved Noregs idrettshøgskole er utvikla slik at dei skal vere tilpassa behova i samfunnet. Studentane har praksis i idrettslag, krinsar og forbund. NIH har etablert «Senter for oppdragsforskning» (SOK) mellom anna for å møte behovet for samarbeid med samfunns- og næringsliv.
Noregs idrettshøgskole (NIH) har arbeidd systematisk med organisering av doktorgradsprogramma og vil jobbe for at gjennomstrøyminga skal bli betre. Alle kandidatane skal kvart år rapportere om framdrifta i doktorgradsarbeidet. Alle som leverer avhandlinga til normert tid, blir premiert.
Talet på avlagde doktorgradar gjekk opp frå fem i 2003 til åtte i 2004. Dette talet er for lågt. Det er difor positivt at høgskolen arbeider for å auke gjennomstrøyminga og talet på doktorgradar i dei kommande åra.
NIH har eit omfang på vitskaplege produksjonar som er godt.
Noregs idrettshøgskole vil auke utvekslinga av studentar. Arbeidet med å auke utveksling av vitskaplege tilsette vil òg bli prioritert.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 272.
Kap. 269 Noregs musikkhøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 128 523 | 149 304 | |
Sum kap. 269 | 128 523 | 149 304 |
Resultatrapport for 2004–05
Noregs musikkhøgskole har gjennomført dei ulike elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte. Høgskolen har eit positivt fokus på kvalitet i utdanninga, mellom anna gjennom årlege studentevalueringar av undervisning, studietilbod og læringsmiljø. Studentane får god, individuell oppfølging og rettleiing gjennom heile studiet. Talet på søkjarar til høgskolen var i 2004 høgre enn nokon gong tidlegare, og opptaket auka frå 2003 til 2004. Talet på registrerte studentar var om lag uendra frå 2003 til 2004. Høgskolen kan vise til auke i studiepoeng per student. Talet på kandidatar var det same som i 2003. Strykprosenten gjekk ned frå 2003 til 2004.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 45 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar er tilnærma uendra frå 2003 til 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar) redusert med 28, jf. omtale under kap. 272.
Dei vitskaplege tilsette driv med tradisjonell forsking og kunstnarleg verksemd som komponistar eller utøvande musikarar. Høgskolen har sett i verk tiltak med sikte på å betre forskingsvilkåra og kvaliteten på forskinga.
I studieåret 2003–04 hadde 29 av dei vitskaplege tilsette utvida tid til FoU-arbeid. To kandidatar disputerte i 2004, og i alt var 18 personar innanfor doktorgradsprogrammet. Skapande verksemd og høgskolepedagogisk forsking er prioriterte område.
Noregs musikkhøgskole har eit breitt og aktivt samarbeid med samfunnslivet. Kontakten er retta mot det profesjonelle musikklivet, amatørmusikklivet og musikkutdanningsinstitusjonar på alle nivå. Høgskolen har også ei omfattande formidlingsverksemd mellom anna gjennom konsertar og deltaking på festivalar nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen har ei aktiv haldning til internasjonaliseringsarbeidet og tek del i fleire internasjonale nettverk, samarbeider med utanlandske institusjonar og har stor lærar- og studentmobilitet.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 272.
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 4 700 | 4 860 | 5 016 |
73 | Tilskott til studentbarnehagar | 59 113 | ||
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 53 495 | 77 695 | 57 684 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast | 190 204 | 120 243 | 124 091 |
Sum kap. 270 | 307 512 | 202 798 | 186 791 |
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Tilskottet til Fulbright-programmet blir tildelt over kap. 270 post 71. Dette er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. Departementet har gjennomført ei evaluering av tilskottet til Fulbright-programmet, og noverande ordning vil bli ført vidare. Det vart i 2005 utbetalt 4,9 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga med om lag 5 mill. kroner i 2006.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Posten inneheld tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlag for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane og fremme interessene til studentane. Velferdsarbeidet studentsamskipnadene gjer, skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet. Det skal vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Tilskottet til studentorganisasjonane skal leggje grunnlaget for arbeid for interessene til studentar.
Tilskottet til samskipnadene blir dels gitt som grunntilskott og dels som tilskott per student. Departementet vil vurdere innretninga av tilskottet i samband med ein gjennomgang av samskipnadsordninga. Ei ekstern arbeidsgruppe har fått i oppgåve å utgreie problemstillingar knytte til studentsamskipnadsordninga. Arbeidsgruppa skal levere ei innstilling til departementet innan 31. oktober 2005. Studentorganisasjonane får tilskott mellom anna på bakgrunn av medlemstal og aktivitetsnivå. Samla tilskott må tilpassast storleiken på den årlege løyvinga.
Studentsamskipnadene og studentorganisasjonane rapporterer om bruken av midlane i revidert årsrekneskap og årsmeldingar. I tillegg rapporterer samskipnadene særskild om nøkkeltal for verksemda. Studentorganisasjonane sender inn revisorattestert rekneskap og oppgåver for medlemstal.
Rapport for 2004–05
Samla vart det utbetalt om lag 53,5 mill. kroner i 2004. Av desse vart det utbetalt om lag 46,6 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkludert ANSA) med om lag 190 000 medlemmer. I tillegg var tilskottet til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar og elevar på om lag 4,1 mill. kroner. Vidare vart det utbetalt midlar til Statistisk sentralbyrå til ei undersøking av levekåra til studentar.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår ein reduksjon på posten på om lag 20 mill. kroner. Forslaget må mellom anna sjåast i samanheng med gjennomføringa av heile barnehagereforma. Som følgje av reforma har kommunane ein finansieringsplikt som skal sikre at studentbarnehagane skal kunne tilby same moderasjon som det foreldre med barn i kommunale barnehagar får. Kommunane er forplikta til å etablere ei minsteordning for syskenmoderasjon og ordningar som sikrar lågare betaling, eller fritak for å betale, for foreldre med dårleg betalingsevne. I tillegg er det lagt til grunn at kommunane bør ha ei inntektsgradering. Dersom kommunane har inntektsgradering skal den òg gjelde ikkje-kommunale barnehagar. Undersøkinga viser at særleg dei største kommunane der dei fleste studentbarnehagane er, har følgt opp kravet om at ordningane for dei med låg betalingsevne òg skal gjelde ikkje-kommunale barnehagar. Ellers står samskipnadane fritt, dersom dei ser grunnlag for det, til å prioritere tiltak inn mot studentbarnehagane av dei samla inntektene som mellom anna genererast ved det genrelle velferdstilskottet eller semesteravgifta frå studentane. Samla blir det løyva 57,7 mill. på kap 270, post 74.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Om ordninga
Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader, samt ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustader skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.
Rapport for 2004–05
Ved utgangen av 2004 disponerte studentsamskipnadene totalt 28 813 hybeleiningar. Det er ein auke på 239 hybeleiningar i høve til 2003. Det svarar til ein gjennomsnittleg dekningsgrad på 16 pst. av medlemmene i studentsamskipnadene i 2004. Det er lagt til rette 655 hybeleiningar for funksjonshemma studentar. Dette svarar til om lag 2,3 pst. av studentbustadene. Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje blir fastsett høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa ein person.
I 2005 gav departementet tilsegn om støtte til 314 nye hybeleiningar fordelte på følgjande stader: Oslo og Akershus, Bergen, Trondheim, Buskerud, Ås, Tromsø og Sogn og Fjordane.
Som ein del av handsaminga av Innst. S. nr. 95 (2002–2003) fatta Stortinget eit vedtak der Regjeringa vart beden om å komme tilbake med ein plan for bygging av studentbustader. Som ei oppfølging av dette la Regjeringa i St.prp. nr. 63 (2003–2004) fram ein plan for bygging av studentbustader. Som foreslått i planen vart tilskottet i 2005 gitt med eit fast tilskott fordelt over to nivå.
I samsvar med St.prp nr. 63 (2003–2004) har departementet sett nærmare på problemstillingar knytte til rehabilitering av studentbustader. På oppdrag frå departementet gjorde Husbanken ein gjennomgang av bygningsmassen til dei ulike samskipnadene. Gjennomgangen avdekte at samskipnadene i ulik grad har hatt eit tilfredsstillande nivå på vedlikehald av studentbustadene. Årsaka til dette er dels at samskipnadene har ulik bygningsmasse, men også at bygningsmassen er forvalta ulikt. Departementet legg til grunn at teknisk verdibevarande vedlikehald er eit ansvar som samskipnadene har, og som dei må ta omsyn til ved fastsetjing av husleigenivået på studentbustadene. Departementet viser vidare til at trass i ei relativt sterk satsing på studentbustader over fleire år har det ikkje gitt auke i dekningsgraden. Dette har orsak i at det i same periode har vore ein auke i talet på studentar. Departementet meiner derfor at hovudprinsippet om at nye tilsegn skal brukast til å auke dekningsgraden, må vidareførast, men at det kan vere tilfelle der departementet kan vurdere bruk av nye tilsegner til oppgradering av eksisterande studentbustader. Det må likevel være særleg gode grunnar for at nye tilsegner kan nyttast til rehabilitering. Det vil ikkje bli opna for det der samskipnadene ikkje har ivareteke sitt ansvar i samband med det å drive verdibevarande vedlikehald. Bruk av nye tilsegner til rehabilitering av eksisterande studentbustader vil eventuelt skje på kostnad av realiseringa av nye bustader for studentar og må derfor vurderast opp mot behovet for auka dekningsgrad. Departementet vil i tillegg vurdere kva for moglegheiter dei einskilde samskipnadene har til å prioritere ei eventuell rehabilitering innanfor eiga ramme.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å løyve om lag 124 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2006 og ei tilsegnsfullmakt på 120 mill. kroner, sjå forslag til vedtak III nr. 1. Dette gir ei ramme for nye tilsegn på om lag 124 mill. kroner i 2006. Departementet vil understreke at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til funksjonshemma studentar. Øvre kostnadsgrense er i 2006 vidareført med kr 400 000 per hybeleining, der kr 200 000 er fast statstilskott. Det er òg vidareført ei høgre kostnadsramme på kr 500 000, der kr 250 000 er fast statstilskott, for pressområde som Bergen, Oslo og Trondheim.
Dekningsgrad i 2004 for dei ulike studenstamskipnadene1
Samskipnad | Studentar | Avlagte studiepoeng | Tal på hybeleiningar | Dekningsgrad 2004 (pst.) | Dekningsgrad mop. avlagte studiepoeng (pst.) |
---|---|---|---|---|---|
Finnmark | 1 741 | 1 269 | 885 | 51 | 70 |
Tromsø | 8 913 | 5 591 | 2 132 | 24 | 38 |
Harstad | 1 258 | 954 | 159 | 13 | 17 |
Bodø | 4 165 | 2 671 | 543 | 13 | 20 |
Narvik | 1 234 | 725 | 500 | 41 | 69 |
Nord – Trøndelag | 3 784 | 2 456 | 519 | 14 | 21 |
Trondheim | 28 243 | 19 061 | 3 805 | 13 | 20 |
Romsdal og Nordmøre | 1 674 | 1 102 | 271 | 16 | 25 |
Sunnmøre | 4 322 | 3 165 | 547 | 13 | 17 |
Sogn og Fjordane | 2 503 | 1 916 | 457 | 18 | 24 |
Bergen | 25 113 | 17 713 | 3 119 | 12 | 18 |
Stavanger | 8 400 | 5 974 | 894 | 11 | 15 |
Agder | 8 637 | 5 929 | 1 205 | 14 | 20 |
Telemark | 4 788 | 3 646 | 870 | 18 | 24 |
Vestfold | 3 690 | 2 387 | 219 | 6 | 9 |
Buskerud | 2 965 | 1 909 | 315 | 11 | 17 |
Oslo (SiO) | 32 907 | 19 775 | 7 246 | 222 | 37 |
Oslo og Akershus (OAS) | 16 868 | 13 174 | 1 515 | 9 | 11 |
Hedmark | 4 225 | 2 951 | 558 | 13 | 19 |
Oppland | 4 347 | 3 020 | 1 231 | 28 | 41 |
Ås | 2 693 | 1 990 | 862 | 32 | 43 |
Østfold | 4 322 | 2 813 | 236 | 5 | 8 |
Indre Finnmark | 180 | 94 | 82 | 46 | 87 |
Stord/Haugesund | 2 552 | 1 849 | 304 | 12 | 16 |
Nesna | 894 | 638 | 344 | 38 | 54 |
1 Tala er basert på innrapporterte nøkkeltal for studentsamskipnadene for 2004.
2 Dersom innlemminga av BI-studentane frå 1. august 2005 tas omsyn til vil dekningsgraden for SiO være på om lag 18 pst.
Ved tildeling av tilsegn vil departementet mellom anna leggje vekt på disponible studentbustader på studiestaden (dekningsgrad), jf. dekningsgrad for 2004 i tabellen ovanfor. Dekningsgraden kan alternativt reknast ut som forholdet mellom talet på hybeleiningar og avlagte 60- studiepoengseiningar ved dei utdanningsinstitusjonane som er tilknytte den aktuelle samskipnaden, jf. kolonne 6. Den reelle dekningsgraden vil truleg liggje ein stad mellom dei to metodane å rekne ut dekningsgrad på.
Departementet legg til grunn at det vil vere samskipnadar med lav dekningsgrad eller vanskeleg privat marknad som skal prioriterast i fordelinga av tilsegn for 2006. Det er òg viktig med balanse mellom dei store byane og andre studiestadar, og vil til dømes gi prioritet til byane Bergen og Trondheim, samt høgskolestudentane i Oslo. Departementet ser ikkje grunnlag for å prioritere studentskipnader med ein dekningsgrad på nærmare 20 pst, jf. tabell ovanfor, så sant det ikkje er særskilte forhold ved studiestaden som tilseier det.
Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2005–06 (i 1 000 kr)
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2005 | 120 000 |
Ramme for nye tilsegn 2006 | 124 091 |
Løyving | 124 091 |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2006 | 120 000 |
Departementet arbeider framleis med å selje hybelhuset i Schultz’ gate 7 i Oslo. Departementet har mellom anna med bakgrunn i utfordringar som ligg i forvaltninga og styringa av studenthuset, ikkje sett det som formålstenleg at staten bør eige studenthuset. Det er lagt til grunn at dette best skjer innanfor den etablerte forvaltninga av studentbustader i regi av studentsamskipnadene. Departementet foreslår å nytte inntektene frå salet av dette hybelhuset til bygging av nye studentbustader, sjå forslag til vedtak II nr. 4.
Løyvinga på post 75 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3270 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 271 Universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Basisfinansiering statlege universitet | 5 767 387 | ||
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet | 2 111 575 | ||
52 | Forskingsfinansiering statlege universitet | 2 322 000 | ||
Sum kap. 271 | 10 200 962 |
Kapitlet inneheld mål og budsjettforslag for universiteta i Oslo, Bergen, Stavanger og Tromsø, samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet for miljø- og biovitskap. I 2005 vart løyvinga til institusjonane gitt på kap. 260, 261, 262, 263, 274 og 278.
Universiteta forvaltar Noregs kulturarv og har internasjonal spisskompetanse på fagområde som er avgjerande for samfunnsutviklinga i landet. Fagområda er også viktige for vidareutvikling av Noreg som kultur- og kunnskapsnasjon. Dei tek vare på kunnskapsbasen til landet og vidareutviklar han gjennom aktiv og utstrakt grunnforsking.
Universiteta har såleis eit stort samfunnsansvar. Det er først og fremst desse institusjonane som utdannar forskarar og undervisarar i høgre utdanning. Gjennom fagleg overføring og kunnskapsformidling har universiteta eit ansvar for å vidareutvikle Noreg som ein demokratisk og moderne kultur- og kunnskapsnasjon. Universiteta samarbeider også med samfunns- og arbeidsliv, offentleg forvaltning og internasjonale organisasjonar.
Med generelt større krav frå samfunnet om nytte og resultat endrar institusjonane seg. Universiteta har vorte meir opne og mottakelege overfor omgivnadene sine, noko som òg har prega arbeidet med studieprogram og fagportefølje. Universiteta har samstundes bygd ut lærarutdanninga og andre profesjonsutdanningar.
Tradisjonelt er universiteta fagleg breie og forskingsbaserte høgre utdanningsinstitusjonar med nasjonalt ansvar for å utvikle og halde i hevd breidda av natur-, kultur- og samfunnsfag. Med dei to nye universiteta har Noreg fått fagleg meir spissa universitetsinstitusjonar med større vekt på spesialisert eller profesjonsretta kompetanse og sterkare regional forankring.
Universiteta har til saman over 80 000 registrerte studentar og utgjer omtrent halvparten av statleg høgre utdanning i Noreg. Universiteta kan opprette studietilbod på alle nivå utan akkreditering frå NOKUT.
Universiteta står for omtrent 70 pst. av vitskapleg publisering i Noreg og utdannar 95 pst. av doktorane.
Universiteta og dei tilsette driv formidling til allmenta og gir viktige bidrag til offentleg debatt. Universiteta har samla ekstern finansiering på om lag 1,3 mrd. kroner, då er midlar frå Noregs forskingsråd ikkje inkluderte. Universiteta er ein viktig samarbeidspartnar for andre offentlege institusjonar slik som helseføretaka og for næringsliv.
Departementet har sett delmål for universiteta innanfor dei fire hovudmåla presenterte i kategoriinnleiinga. Måla er i hovudsak felles for alle universiteta på kapitlet, men departementet vil ta omsyn til faktorar som storleik, profil og finansieringsnivå når måloppnåinga skal vurderast. Departementet legg til grunn at måla må bli sett på som dynamiske standardar.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet
Universiteta skal ivareta nasjonale behov for breidd i utdanningstilboda.
Universiteta skal sørgje for at fleire studentar gjennomfører studia på normert tid.
Universiteta skal ha utstrakt internasjonalt utdanningssamarbeid.
Universiteta skal sikre det fysiske og psykiske læringsmiljøet og leggje til rette for at funksjonshemma kan studere ved institusjonen.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
Universiteta skal ivareta nasjonale behov for breidd i grunnforskinga.
Innretning og dimensjonering av forskarutdanninga skal ta omsyn til ettervekst av fagleg personale i universitets- og høgskolesektoren og behova i samfunnet elles.
Universiteta skal styrkje fagleg leiing og leggje til rette for at forsking og utviklingsarbeid blir organiserte i gode fagmiljø.
Universiteta skal samarbeide internasjonalt om forsking og utviklingsarbeid.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal vere lærestader og forskingsinstitusjonar med integritet og evne til å møte behova i samfunnet
Universiteta skal samarbeide med arbeidslivet om å utvikle etter- og vidareutdanningar i samsvar med kompetansebehova.
Universiteta skal medverke til samfunns- og næringsutvikling gjennom forskingssamarbeid, teknologioverføring og innovasjon.
Universiteta skal formidle resultat frå forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid til allmenta.
Universiteta skal leggje til rette for utlån og utleige av kunst- og kulturgjenstandar til bruk for forsking og formidling, samt sikre forsvarleg oppbevaring og sikring av museumssamlingane.
Universiteta skal gjennom personalpolitikk og tiltak i studentrekrutteringa medverke til mindre kjønnsdelt arbeidsliv.
Universiteta skal auke rekrutteringa av studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane
Universiteta må vidareutvikle budsjett- og økonomisystema og sørgje for naudsynt opplæring av personalet.
Universiteta må ha økonomiforvaltning som tek omsyn til dei strategiske prioriteringane ved institusjonane og framtidige økonomiske bindingar.
Post 50 Basisfinansiering statlege universitet
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av universiteta. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda og sikre omsynet til stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.
Dei fleste universiteta har hatt auke i talet på søkjarar. Nokre av universiteta har hatt ein auke i avlagde studiepoeng per student, medan andre har hatt negativ utvikling. Felles for universiteta er at strykprosenten har gått ned. Forskarskolar for doktorgradsstudentane innanfor tematiske felt er oppretta ved fire av universiteta. For å fremme entreprenørskap og innovasjon har fleire universitet oppretta såkalla Technology Transfer Offices (TTO). Sjå kapitla 260, 261, 262, 263, 274 og 278 for meir utførleg resultatrapport.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner over kap. 1580 post 31 til rehabilitering av Sørhellingabygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap, jf. omtale i budsjettforslaget til Moderniseringsdepartementet.
I revidert nasjonalbudsjett for 2005 vart det gitt startløyving til nybygg for informatikkmiljøa ved Universitetet i Oslo. I budsjettet for 2006 er det foreslått å løyve 75 mill. kroner til vidareføring av byggeprosjektet på kap. 1580 post 33, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Moderniseringsdepartementet.
Det er lagt inn midlar til heilårsverknad av auka opptak knytt til 13 studieplassar i psykologi ved Universitetet i Oslo. Vidare er det lagt inn midlar til heilårsverknad av auka opptak på åtte studieplassar i farmasi ved Universitetet i Tromsø. NTNU administrerer ordninga med utanlandsplassar i medisin. I samband med avvikling av opptak i utlandet er auka opptak på ordinære studieplassar i medisin på 15 studieplassar ved Universitetet i Tromsø og 20 studieplassar ved NTNU, vidareført. Ved Universitetet i Oslo er det lagt inn heilårsverknad av auka opptak på 28 studieplassar i 2005. Budsjettramma ved den einskilde institusjonen er justert i tråd med dette.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg med 5 mill. kroner som ei eingangsløyving i 2006. Løyvinga til senteret utgjer med dette 22 mill. kroner i 2006. Senteret flytta inn i Villa Grande i 2005. Ekstraløyvinga på 5 mill. kroner i 2006 skal dekkje kostnader knytt til utstillinga ved senteret, samt kostnader knytt til den offisielle opningsseremonien i 2006. Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei særskild målgruppe for verksemda ved senteret.
I 2006 er det skjedd ei omdisponering av studieplassar innanfor lærarutdanningane for å sikre eit høgt opptak i sentrale skolefag. I samband med dette er det lagt inn midlar til 40 studieplassar ved Universitetet i Oslo. Av desse er 20 lagt inn med heilårsverknad. Studieplassane er fordelte med 30 på praktisk-pedagogisk utdanning i realfag og ti på femårig integrert lærarutdanning. Vidare er det lagt inn midlar til 30 nye studieplassar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Desse er fordelte med 20 innanfor praktisk-pedagogisk utdanning i språkfag og ti innanfor yrkesfaglærarutdanning.
Universitet i Stavanger får ein reduksjon på kr 400 000 knytt til ein reduksjon på 20 studieplassar i sosionomutdanninga.
I samband med gjenopprettinga av universitetsfunksjonen ved Akershus Universitetssjukehus er det trekt ut 3,75 mill. kroner av ramma til Universitetet i Oslo på grunn av utfasing av byggjekostnader. Vidare er budsjettramma auka med 5,7 mill. kroner knytt til tildeling av utstyrsmidlar til nytt bygg ved Akershus Universitetssjukehus.
I 2005 vart tildelinga til NTNU til kjøp av utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim auka med 85mill. kroner til samla 100 mill. kroner. Tildelinga er foreslått ført vidare i 2006.
Budsjettramma til Universitetet i Tromsø er auka med 5,5 mill. kroner knytt til etablering av ny utdanningsstad for tannlegeutdanning i Tromsø. Dei første ti studieplassane vart oppretta hausten 2004. Det er planlagt gradvis opptrapping med opptak av 40 studentar årleg frå 2007. For 2006 er opptaket på 30 studentar. Helse- og omsorgsdepartementet gir tilskott til utvikling, etablering og drift av det odontologiske kompetansesenteret i Tromsø. Senteret er eit viktig element i oppbygginga av den nye utdanningsstaden for tannlegar i Tromsø.
I samband med bygging av nytt studentsenter ved Universitetet i Bergen er budsjettramma redusert med 6,7 mill. kroner knytt til utfasing av utstyrsmidlar. Nybygg for Universitetet i Stavanger skal stå ferdig i 2006. I 2006 er det foreslått 24 mill. kroner i auka husleige til nybygget, samt at utstyrsmidlar på 22,3 mill. kroner er fasa ut.
Det er lagt inn til saman 4 mill. kroner til styrking av dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk (REK) ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø og ved NTNU. Midlane kjem i tillegg til det institusjonane nyttar i dag, og er fordelte etter ei vurdering av behova. Midlane kan mellom anna nyttast til ei ordning med frikjøp av komitéleiar i samråd med den einskilde komiteen. Departementet vil vurdere å skilje forvaltningsansvaret for dei regionale komiteane ut frå universiteta.
I 2005 vart det gjennomført ein reduksjon i talet på studieplassar i samband med at budsjettramma til universitet og høgskolar vart redusert med 78 mill. kroner. I 2006 er heilårsverknaden av dette trekt ut av budsjettrammene til den einskilde institusjonen.
I budsjettet for 2004 la departementet inn til saman 5,5 mill. kroner til teknologioverføringskontor ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, samt NTNU og Universitetet for miljø- og biovitskap. Midlane er vidareført i budsjettet for 2006.
I høve til 2005 er det gjort nokre tekniske endringar. Verksemda ved Institutt for farmakoterapi ved Universitetet i Oslo er tidlegare finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet. I samband med budsjettet for 2006 er det foreslått å overføre 5,5 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementet til Universitet i Oslo. I samband med budsjettet for 2006 er det òg foreslått å overføre tilskott til RENATE på 5,7 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til NTNU.
Departementet tek sikte på å gjennomføre ei ekstern evaluering av statleg bruk av midlar inn mot Universitetsstudia på Kjeller i 2006.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi universiteta utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 2.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Tromsø, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet for miljø- og biovitskap fullmakter til å nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved same institusjon, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved universiteta, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Studiepoeng per student ved dei seks universiteta har auka frå 34,6 i 2002 og 37,6 i 2003 til 38,1 i 2004. Strykprosenten er vidare redusert frå 11,4 i 2002 og 10,1 i 2003 til 8,7 i 2004. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar har auka frå 51 055 i 2003 til 51 569 i 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 2 857 i 2003 til 3 602 i 2004.
Budsjettforslag for 2006
Resultatbasert undervisningsfinansiering for universiteta aukar med 43,5 mill. kroner frå 2005 til 2006.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege universitet
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske løyvingar. I fordelinga av nye doktorgradsstillingar mellom institusjonane i 2006 er det mellom anna lagt vekt på tilsettingsgrad i tidlegare gitte stillingar, samt arbeid med kvalitetsutvikling og resultat i forsking ved institusjonane. Institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi har vorte særskild tilgodesett.
For 2006 er det foreslått å etablere ein ny modell for resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane, og blant universiteta er det særleg Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen som har gode resultat i omfordelinga. Dette har årsak i gode resultat på indikatorane doktorgradskandidatar, EU-midlar og vitskapleg publisering. Sjå også tabell 2.27 i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å opprette 350 nye doktorgradsstillingar i 2006, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til 185 doktorgradsstillingar er foreslått løyvde til universiteta med verknad frå hausten 2006. For 72 doktorgradsstillingar tildelte universiteta i 2005 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2006.
Sidan 2003 er det til saman løyvd 48 mill. kroner til Universitetet for miljø- og biovitskap for å ta att etterslep i investeringar til vitskapleg utstyr. Midla er ikkje ført vidare i forslag til statsbudsjett for 2006. I forslag til opptrappingsplan og løyvingsforslag til forskingsfondet er det ei monaleg auke i midlar til vitskapleg utstyr. Departementet vil i 2007 vurdere fordeling av midla mellom institusjonane.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar reduserer løyvingane til universiteta med om lag 3,2 mill. kroner i 2006.
Oppsummering av løyvingsforslaget på kap. 271 (i 1 000 kr)
Universitet | Basis | Utdanning | Forsking | Sum |
---|---|---|---|---|
Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet | 1 545 920 | 529 135 | 542 330 | 2 617 385 |
Universitetet for miljø- og biovitskap | 292 248 | 82 290 | 102 718 | 477 256 |
Universitetet i Bergen | 1 011 462 | 442 175 | 509 961 | 1 963 598 |
Universitetet i Oslo | 1 745 116 | 711 640 | 899 350 | 3 356 106 |
Universitetet i Stavanger | 451 656 | 181 235 | 31 860 | 664 751 |
Universitetet i Tromsø | 720 985 | 165 100 | 235 781 | 1 121 866 |
Sum | 5 767 387 | 2 111 575 | 2 322 000 | 10 200 962 |
Kap. 272 Vitskaplege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 501 158 | ||
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 185 556 | ||
52 | Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 140 076 | ||
70 | Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar | 17 396 | ||
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 17 418 | ||
72 | Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 11 366 | ||
Sum kap. 272 | 872 970 |
Kapitlet inneheld løyvingar til dei vitskaplege høgskolane Noregs handelshøgskole, Arkitektur- og designhøgskolen, Noregs idrettshøgskole, Noregs musikkhøgskole, Noregs veterinærhøgskole og Det teologiske Menighetsfakultet. I 2005 vart løyvinga til desse institusjonane gitt på kapitla 264, 265, 268, 269, 279 og 282.
Dei vitskaplege høgskolane fungerer som fagleg smale og spesialiserte institusjonar. Dei vitskaplege høgskolane oppfyller funksjonen sin ved å vere forskingsbaserte og profesjonsorienterte.
Desse utdanningsinstitusjonane har eit særskilt nasjonalt ansvar innanfor fagporteføljen sin og tilbyr i hovudsak integrerte studieløp til masternivået og doktorgradsprogram innanfor forskings- og fagområda sine. Ved å kombinere teoretisk fundert kunnskapsutvikling, profesjonsnær fagutvikling, samt forsking har dei vitskaplege høgskolane ei viktig nasjonal rolle for kunnskapsoppbygging og samfunnsutvikling. Gjennom kunstnarleg eller forskingsbasert fagleg utvikling har fleire av dei vitskaplege høgskolane fått eit godt internasjonalt renommé.
Dei vitskaplege høgskolane har til saman i overkant av 5 600 registrerte studentar. Vitskaplege høgskolar kan opprette studietilbod innanfor eige spesialområde utan akkreditering frå NOKUT.
Vitskaplege høgskolar og tilsette ved institusjonane driv formidling til allmenta og gir viktige bidrag til offentleg debatt. Statlege vitskaplege høgskolar har samla ekstern finansiering på om lag 140 mill. kroner, då er midlar frå Noregs forskingsråd ikkje inkluderte. Vitskaplege høgskolar er ein viktig samarbeidspartnar for andre offentlege institusjonar, næringsliv og kulturliv.
Departementet har sett delmål for dei vitskaplege høgskolane innanfor dei fire hovudmåla presenterte i kategoriinnleiinga. Måla er i hovudsak felles for alle dei vitskaplege høgskolane på kapitlet, men departementet vil ta omsyn til faktorar som storleik, profil og finansieringsnivå når måloppnåinga skal vurderast. Departementet legg til grunn at måla må bli sett på som dynamiske standardar.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet
Dei vitskaplege høgskolane skal sørgje for at fleire studentar gjennomfører studia på normert tid.
Dei vitskaplege høgskolane skal ha utstrakt internasjonalt utdanningssamarbeid.
Dei vitskaplege høgskolane skal sikre det fysiske og psykiske læringsmiljøet og leggje til rette for at funksjonshemma kan studere ved institusjonen.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
Innretning og dimensjonering av forskarutdanninga ved statlege vitskaplege høgskolar skal ta omsyn til ettervekst av fagleg personale i universitets- og høgskolesektoren og til behova i samfunnet elles.
Dei vitskaplege høgskolane skal styrkje fagleg leiing og leggje til rette for at forsking og utviklingsarbeid blir organiserte i gode fagmiljø.
Dei vitskaplege høgskolane skal samarbeide internasjonalt om forsking og utviklingsarbeid på spesialfelta sine.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal vere lærestader og forskingsinstitusjonar med integritet og evne til å møte behova i samfunnet
Dei vitskaplege høgskolane skal samarbeide med arbeidslivet om å utvikle etter- og vidareutdanningar i samsvar med kompetansebehova.
Dei vitskaplege høgskolane skal medverke til samfunns- og næringsutvikling gjennom forskingssamarbeid, teknologioverføring og innovasjon.
Dei vitskaplege høgskolane skal formidle resultat frå forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid til allmenta.
Dei statlege vitskaplege høgskolane skal gjennom personalpolitikk og tiltak i studentrekrutteringa medverke til mindre kjønnsdelt arbeidsliv.
Dei vitskaplege høgskolane skal auke rekrutteringa av studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane
Dei vitskaplege høgskolane må vidareutvikle budsjett- og økonomisystema og sørgje for naudsynt opplæring av personalet.
Dei vitskaplege høgskolane må ha økonomiforvaltning som tek omsyn til dei strategiske prioriteringane ved institusjonen og framtidige økonomiske bindingar.
Post 50 Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av dei statlege vitskaplege høgskolane. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda og sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.
Dei vitskaplege høgskolane har gjennomgåande god søkning til studia, og tal på avlagde studiepoeng per student ligg høgt. Fleire av dei vitskaplege høgskolane har for låg publikasjon av vitskaplege artiklar, og talet på avlagde doktorgradar er for lågt i høve til talet på stipendiatar. Omfanget av internasjonal mobilitet varierer mykje mellom institusjonane. Sjå kapitla 264, 265, 268, 269, 279 og 282 for meir utførleg resultatrapport.
Budsjettforslag for 2006
I samband med vedtaket til Stortinget om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma til Noregs handelshøgskole auka med 6,45 mill. kroner, jf. St. meld. nr. 11 (2001–2002) og Innst. S. nr. 188 (2001–2002).
Budsjettramma til Noregs musikkhøgskole er foreslått auka med 2,5 mill. kroner i samband med auka husleige til nybygget ved høgskolen. Vidare er løyvinga til utstyr i nytt bygg redusert med 6,1 mill. kroner, til 19,4 mill. kroner i 2006.
I 2005 vart det gjennomført ein reduksjon i talet på studieplassar i samband med at budsjettramma til universitet og høgskolar vart redusert med 78 mill. kroner. I 2006 er heilårsverknaden av dette trekt ut av rammene til dei einskilde institusjonane. Ved Noregs musikkhøgskole, Arkitektur- og designhøgskolen, og Noregs veterinærhøgskole er reduksjon i opptak av studentar i 2005 ikkje ført vidare i budsjettet for 2006, slik at opptaket på profesjonsutdanningane kan aukast i 2006 i høve til 2005.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi dei vitskaplege høgskolane utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 2.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege vitskaplege høgskolar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Studiepoeng per student ved dei fem statlege vitskaplege høgskolane har auka frå 41,4 i 2002 og 44,4 i 2003 til 46,7 i 2004. Strykprosenten er redusert frå 4,2 i 2002 og 2003 til 4 i 2004. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar har auka frå 3 581 i 2003 til 3 704 i 2004. Talet på utvekslingsstudentar har gått ned frå 502 i 2003 til 486 i 2004.
Budsjettforslag for 2006
Resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege vitskaplege høgskolar aukar med 8 mill. kroner frå 2005 til 2006.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske løyvingar. I fordelinga av nye doktorgradsstillingar mellom institusjonane er det i 2006 mellom anna lagt vekt på tilsettingsgrad i tidlegare gitte stillingar, samt arbeid med kvalitetsutvikling og resultat i forsking ved institusjonane. Institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi har vorte særskild tilgodesette.
For 2006 er det foreslått å etablere ein ny modell for resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Blant dei statlege vitskaplege høgskolane er det særleg Noregs veterinærhøgskole som har eit godt resultat i omfordelinga. Dette har årsak i gode resultat på indikatorane EU-midlar og NFR-midlar. Sjå også tabell 2.27 i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å opprette 350 nye doktorgradsstillingar i 2006, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til elleve doktorgradsstillingar er foreslått løyvde til dei statlege vitskaplege høgskolane med verknad frå hausten 2006. For tre doktorgradsstillingar tildelte dei statlege vitskaplege høgskolane i 2005 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2006.
Sidan 2003 er det løyvd til saman 33 mill. kroner til Noregs veterinærhøgskole for å ta att etterslep i investeringar til vitskapleg utstyr. Midla er ikkje ført vidare i forslag til statsbudsjett for 2006. I forslag til opptrappingsplan og løyvingsforslag til forskingsfondet er det ei monaleg auke i midlar til vitskapleg utstyr. Departementet vil i 2007 vurdere fordeling av midlane mellom institusjonane.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar løyvingane til dei statlege vitskaplege høgskolane med om lag 1,7 mill. kroner i 2006.
Oppsummering av løyvingsforslaget på kap. 272 postane 50–52 (i 1 000 kr)
Vitskapleg høgskole | Basis | Utdanning | Forsking | Sum |
---|---|---|---|---|
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | 54 323 | 27 945 | 7 362 | 89 630 |
Noregs handelshøgskole | 142 405 | 68 193 | 49 939 | 260 537 |
Noregs idrettshøgskole | 75 316 | 19 450 | 23 018 | 117 784 |
Noregs musikkhøgskole | 108 139 | 34 305 | 8 540 | 150 984 |
Noregs veterinærhøgskole | 120 975 | 35 663 | 51 217 | 207 855 |
Sum | 501 158 | 185 556 | 140 076 | 826 790 |
Post 70 Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av ein privat vitskapleg høgskole. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonen i stand til å utføre verksemda si og sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.
Det teologiske Menighetsfakultetet er einaste private institusjon med akkreditering som vitskapleg høgskole. Sjå nærmare omtale av resultat under kap. 282 og i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
I 2005 vart det gjennomført ein reduksjon i talet på studieplassar i samband med at budsjettramma til universitet og høgskolar vart redusert med 78 mill. kroner. I 2006 er heilårsverknaden av studieplasskuttet ved Det teologiske Menighetsfakultetet trekt ut av tilskottsramma.
Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved Det teologiske Menighetsfakultetet, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonen og stimulere institusjonen til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod. Alle studium er inkluderte i undervisningskomponenten, og tilskottsprosentsatsen er satt til 100 pst. Sjå også omtale for andre private høgskolar under kap. 275 post 71.
Sjå nærmare omtale av resultat under kap. 282 og i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for Det teologiske Menighetsfakultetet blir redusert med kr 826 000 frå 2005 til 2006.
Post 72 Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar. I fordelinga av nye doktorgradsstillingar i 2006 mellom institusjonane er det mellom anna lagt vekt på tilsettingsgrad i tidlegare gitte stillingar, samt arbeid med kvalitetsutvikling og resultat i forsking ved institusjonane. Institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi har vorte særskild tilgodesett.
For 2006 er det foreslått å etablere ein ny modell for resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Blant private institusjonar med forskingsmidlar i 2005 har Det teologiske Menighetsfakultetet eit godt resultat i omfordelinga. Dette har årsak i gode resultat på indikatorane doktorgradskandidatar og vitskapleg publisering. Sjå også tabell 2.27 i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å opprette 350 nye doktorgradsstillingar i 2006, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til fire doktorgradsstillingar er foreslått løyvde til Det teologiske Menighetsfakultetet med verknad frå hausten 2006. For to doktorgradsstillingar tildelte i 2005 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2006.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar tilskottet til Det teologiske Menighetsfakultetet med om lag 1,1 mill. kroner i 2006.
Oppsummering av løyvingsforslaget på kap. 272 postane 70–72 (i 1 000 kr)
Vitskapleg høgskole | Basis | Utdanning | Forsking | Sum |
---|---|---|---|---|
Det teologiske Menighetsfakultetet | 17 396 | 17 418 | 11 366 | 46 180 |
Sum | 17 396 | 17 418 | 11 366 | 46 180 |
Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 249 067 | 244 793 | |
Sum kap. 273 | 249 067 | 244 793 |
Kapitlet finansierer drift av Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen.
Resultatrapport for 2004–05
Kunsthøgskolen i Oslo har innført ny organisasjonsstruktur med tre fakultet: Fakultet for scenekunst, Fakultet for visuell kunst og Fakultet for design. Dette har vore eit omfattande arbeid.
Kunsthøgskolen i Bergen har tre avdelingar: Avdeling for design, Avdeling for spesialisert kunst og Avdeling kunstakademiet.
Begge kunsthøgskolane oppfylte måltalet for studentar samla sett i 2004. Kunsthøgskolen i Oslo har fleire uteksaminerte kandidatar enn måltalet. Kunsthøgskolen i Bergen har oppfylt måltalet for kandidatar. Begge kunsthøgskolane har auke i avlagde studiepoeng.
Kunsthøgskolane la om grunnstudia til bachelorstudium hausten 2003. Kunsthøgskolane har hatt løyve til å ta opp nye hovudfagsstudentar til og med hausten 2004. Nokre studentar er framleis inne på studium etter gammal ordning. Det er venta at alle studentane vil vere over på ny ordning våren 2006. Kunsthøgskolen i Oslo fekk i 2004 rett til å gi masterstudium i koreografi. Masterstudium i kunstfag, design, biletkunst og opera vart godkjend i 2005. Kunsthøgskolen i Oslo fekk midlar til å setje i gang bachelorstudium i scenografi i samarbeid med Høgskolen i Lillehammer. Studiet er viktig med omsyn til tverrfagleg samarbeid.
Kunsthøgskolen i Bergen tilbyr frå hausten 2004 masterstudium i kunst og i design.
Begge kunsthøgskolane har auke i studentmobiliteten. Det har òg vore auke i mobiliteten blant dei tilsette ved kunsthøgskolane. Både Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen har gode avtalar med utanlandske miljø.
Kunsthøgskolane driv med både kunstnarleg verksemd og kunstnarleg utviklingsarbeid, samt meir tradisjonell forsking. Kunsthøgskolane arbeider med å styrkje FoU-verksemda ved institusjonane, og å auke kompetansen til dei tilsette.
Kunsthøgskolen i Bergen har operatøransvar for det nasjonale Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid i skapande og utøvande kunst, som er ein parallell til vanlege doktorgradsstipend. Dette stipendprogrammet omfattar mellom anna fagområda ved dei to kunsthøgskolane. I 2004 var i alt ni stipendiatar knytte til stipendprogrammet. Programmet vart i budsjettet for 2005 styrkt med tre stipendiatar. Begge kunsthøgskolane hadde i 2004 to stipendiatar kvar knytte til stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.
Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i det resultatbaserte finansieringssystemet for universitet og høgskolar. God kvalitet på data for avlagde studiepoeng og relevante indikatorar for FoU-verksemd ved institusjonane er ein føresetnad for å inkludere kunsthøgskolane i finansieringssystemet.
I 2004 vart det teke opp 307 studentar ved dei to kunsthøgskolane mot 317 studentar i 2003 og 320 studentar i 2002. Det har vore auke i talet på kandidatar ved kunsthøgskolane frå 251 i 2002, til 279 i 2003 og 295 i 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 71 i 2003 til 91 i 2004. Sjå også tabellane 2.20 og 2.21 i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 275.
Kap. 274 Statlege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 7 025 335 | 7 400 304 | |
Sum kap. 274 | 7 025 335 | 7 400 304 |
Resultatrapport for 2004–05
Utdanning
Hovudstrukturen i Kvalitetsreforma er på plass, og dei statlege høgskolane arbeider no vidare med å setje i verk, justere og tilpasse dei ulike elementa i alle ledda i organisasjonen. Det blir mellom anna lagt vekt på å innføre nye vurderingsformer og ta i bruk studentaktive undervisningsopplegg som styrkjer kvaliteten i utdanninga. Nokre høgskolar arbeidar med å utvikle systemet vidare for at utdanningsplanane kan bli eit godt reiskap for studentane og institusjonane.
Kvalitetssikringssystem er etablerte ved alle høgskolane. Institusjonane utarbeider rapportar på bakgrunn av datamateriale frå kvalitetssikringssystemet som kan gi grunnlag for justeringar og forbetringar av kvaliteten i utdanningstilboda. Somme høgskolar erfarer at det er ei utfordring å få studentane til å ta i bruk system med studentevalueringar.
NOKUT granskar alle akkrediterte sjukepleiarutdanningar. Rapportane frå dei sakkunnige komiteane ligg no føre, og NOKUT vil sluttføre arbeidet i november 2005. Undersøkinga femnar om grunnutdanningar i statlege og private høgskolar, samt mastergradstilbod i sjukepleie ved universiteta. Departementet har bedt NOKUT evaluere tilboda i allmennlærarutdanninga. Det endelege resultatet blir lagt fram i 2006.
I perioden juni 2003–juni 2005 har NOKUT akkreditert 32 mastergradstilbod ved dei statlege høgskolane. Med godkjenning av doktorgradsstudium i profesjonsstudium ved Høgskolen i Oslo er det frå 2005 etablert tilbod på doktorgradsnivå ved fire statlege høgskolar.
Departementet har i 2005 ført vidare tildelinga til Utdanningsdirektoratet på 11,5 mill. kroner til rettleiing av nyutdanna lærarar og 2,8 mill. kroner til styrking av kvaliteten i praksisopplæringa. Utdanningsdirektoratet har også fått i oppdrag å evaluere erfaringane med rettleiing av nyutdanna lærarar innan sommaren 2006. Vidare har Noregs forskingsråd fått i oppdrag å etablere eit fireårig yrkesretta forskingsprogram der lærarutdanningsinstitusjonar og skoleeigar samarbeider.
Tal for 2004 viser auke i registrerte studentar ved dei statlege høgskolane, frå 87 307 i 2003 til 89 694 i 2004, jf. tabell 2.6 i Vedlegg 2. Strykprosenten har gått ned og er i gjennomsnitt 8,1 pst. ved høgskolane i 2004, jf. tabell 2.17 i Vedlegg 2. Det er auke i talet på studentar både på lågare grads nivå og på mastergradsnivå. Opptaket til lærarutdanningar, helse- og sosialfaglege utdanningar, samt maritim utdanning held same nivå som i 2003 eller har ein mindre auke, medan opptaket til ingeniørutdanninga går noko ned i 2004.
Det har vore ein auke i avlagde 60-studiepoengseiningar ved statlege høgskolar på 3 039 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 1 822 i 2003 til 2 204 i 2004.
FoU-verksemd
Det er store variasjonar i omfanget av FoU-verksemda mellom høgskolar og mellom fagområde. FoU-innsatsen er mellom anna avhengig av kompetanseprofilen til den einskilde høgskolen.
Den faglege leiinga er styrkt med auka vektlegging på strategisk arbeid. Tildeling av FOU-midlar skjer i større grad i samsvar med vedtekne satsingsområde. Det blir òg lagt vekt på å styrkje fagmiljø som dokumenterer gode resultat innanfor forsking. Om lag halvparten av høgskolane har implementert bruk av resultatbasert fordeling av forskingsmidlar i organisasjonen. Det er òg ein tendens til at høgskolane i større grad ser oppbygging av FOU-miljø i samanheng med etablering av mastergradsstudium.
Høgskolane har over lengre tid arbeidd for å heve den formelle kompetansen til undervisnings- og forskingspersonalet, men innanfor fleire fagområde er det framleis få tilsette med førstestillingskompetanse.
Dei statlege høgskolane har fått tilført 203 doktorgradsstillingar sidan 2000. Rapporteringa frå mange av høgskolane viser framleis svak gjennomstrøyming av stipendiatar. Fleire høgskolar har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til.
Ein del av løyvingane til strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid er lagt til Strategisk høgskoleprosjekt (SHP), eit prosjekt administrert av Noregs forskingsråd. Prosjektet disponerer årleg 30 mill. kroner, sjå også omtale på kap. 281.
Samfunnsrolla
Høgskolane samarbeider med institusjonar i universitets- og høgskolesektoren og interessentar i samfunns-, arbeids- og næringsliv. Samarbeidsområde varierer institusjonane imellom avhengig av fagportefølje. Fagmiljøa innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning, ingeniørfag, IKT, økonomi og administrasjon er gjerne trekte fram som eksempel på miljø som samarbeider med andre institusjonar og eksterne aktørar. Fleire av høgskolane har òg teke tak i rolla som innovatør i høve til å få entreprenørskap inn i studietilboda.
I 2004 var det registert i alt 10 739 eksternt finansierte kursstudentar ved dei statlege høgskolane. Talet på desse studentane har gått ned med om lag 2 200 frå 2003.
Høgskolen i Bodø har aksjemajoriteten i selskapet Norsk Kveiteavlstasjon AS. På grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen vart det hausten 2004 fatta vedtak om å avvikle Norsk Kveiteavlstasjon AS. Dette som følgje av at revisor konkluderte med at det var knytt uvisse til den regnskapsmessige avsetninga selskapet hadde gjort i avgiftssaka, samt vesentleg uvisse til om det var grunnlag for framleis drift i selskapet. Departementet kan ikkje seie seg nøgd med korleis Høgskolen i Bodø har forvalta fullmaktene sine. Departementet har difor trekt tilbake fullmakta høgskolen har til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap i 2005.
Internasjonalt samarbeid
Fokus på arbeidet med internasjonalisering har auka også ved dei statlege høgskolane, men graden av engasjement varierer framleis mykje mellom institusjonane. Talet på utvekslingsstudentar har auka, medan tilsvarande tal for tilsette har gått noko ned.
Det var nesten like mange studentar som reiste ut som kom inn i 2004. Av i alt 2 204 utvekslingsstudentar hadde om lag 40 pst. avtalar knytte til Erasmus/Sokratesprogram, medan om lag 30 pst. var knytte til bilaterale avtalar. Individbaserte avtalar utgjorde om lag 5 pst., og om lag 8 pst. var med i Nordplus-program.
Fleire høgskolar har avtalar med svært mange utanlandske institusjonar, men ikkje alle er i aktiv bruk. Dei fleste avtalene gjeld undervisning, medan forsking ofte ikkje er inkludert.
Høgskolane arbeider med å innlemme opphald i utlandet på ein god måte i studieopplegg i Noreg. Institusjonane tilbyr i stadig større grad studietilbod på engelsk for innreisande studentar.
Bygg og lokale
Sjå omtale under kap. 281 for oversikt over status for byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 275.
Kap. 275 Høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Basisfinansiering statlege høgskolar | 5 005 152 | ||
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar | 2 039 667 | ||
52 | Forskingsfinansiering statlege høgskolar | 241 014 | ||
70 | Basisfinansiering private høgskolar | 321 965 | ||
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar | 266 099 | ||
72 | Forskingsfinansiering private høgskolar | 32 936 | ||
Sum kap. 275 | 7 906 833 |
Kapitlet omfattar to kunsthøgskolar, 25 statlege høgskolar og 25 private høgskolar. I 2005 vart løyvinga til desse institusjonskategoriane gitt på respektive kap. 273, 274 og 282.
Høgskolane står for eit breitt tilbod av utdanningar i hovudsak på bachelornivå, men òg fleire på masternivå. Desse er anten profesjonsretta eller meir generelt yrkesførebuande. Nokre høgskolar har rett til å tildele doktorgrad innanfor bestemte fagområde. Høgskolane har særskild ansvar for å drive FoU knytt til utdanningstilbod, men òg for å medverke til regional utvikling og innovasjon. Høgskolane skal såleis fylle ei viktig rolle som katalysator for regional utvikling og vekst, og som aktør i profesjonsretta FoU. Dei statlege kunsthøgskolane har eit viktig nasjonalt ansvar for å gi kunstutdanning på bachelor- og masternivå. Dei har ansvar for internasjonalt samarbeid om ulike kunstfag og for forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Høgskolane er svært ulike i storleik, forskingsintensitet og studenttilstrøyming. Mange høgskolar har lærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanningar. Høgskolane utdannar såleis studentar til stillingar som er avgjerande for eit velfungerande samfunn. Sviktar høgskolane i å gi desse studentane god og profesjonsnær utdanning, oppfyller dei ikkje samfunnsmandatet sitt.
Høgskolane er ikkje berre sentrale regionale innovatørar, men skal òg vere møteplassar i lokalsamfunnet for etter- og vidareutdanning. Høgskolane har til vanleg ei sterk forankring i det regionale nivået, medan dei to statlege kunsthøgskolane og nokre av dei private høgskolane har som siktemål å dekkje eit nasjonalt behov.
Fleire av høgskolane har gjennom langsiktig strategisk arbeid bygd opp solide fagmiljø med kompetanse til å tilby utdanning utover bachelor-graden.
Høgskolane har til saman over 107 000 registrerte studentar. Statlege høgskolar kan opprette studietilbod på lågare grads nivå utan akkreditering frå NOKUT. Private høgskolar må vere akkrediterte for å kunne gjere dette.
Høgskolar driv formidling til allmenta og gir viktige bidrag til offentleg debatt. Statlege høgskolar har samla ekstern finansiering på i overkant av 480 mill. kroner. Då er midlar frå Noregs forskingsråd ikkje inkludert. Høgskolane er ein viktig samarbeidspartnar for kommunar, fylkeskommunar og regionalt arbeidsliv.
Departementet har sett delmål for høgskolane innanfor dei fire hovudmåla presenterte i kategoriinnleiinga. Måla er i hovudsak felles for alle høgskolane på kapitlet, men departementet vil ta omsyn til faktorar som storleik, profil og finansieringsnivå når måloppnåinga skal vurderast. Departementet legg til grunn at måla må bli sett på som dynamiske standardar.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet
Dei statlege høgskolane med profesjonsutdanning skal sikre studietilbodet på lågare grads nivå i samsvar med regionale behov.
Dei to statlege kunsthøgskolane skal sikre studietilbodet i ulike kunstfag ut frå nasjonale behov.
Høgskolane skal bruke det internasjonale kunnskapstilfanget i utforminga av studietilboda sine.
Høgskolane skal sørgje for at fleire studentar gjennomfører studia på normert tid.
Høgskolane skal samarbeide internasjonalt om utdanning.
Høgskolane skal sikre det fysiske og psykiske læringsmiljøet og leggje til rette for at funksjonshemma kan studere ved institusjonen.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
Dei statlege høgskolane med profesjonsutdanning skal medverke til profesjonsretta forsking, utviklingsarbeid, kompetanseutvikling og nyskapande verksemd i regionane.
Dei to statlege kunsthøgskolane skal arbeide med kunstnarleg utviklingsarbeid, forsking, kompetanseutvikling og nyskapande verksemd innanfor aktuelle kunst- og designfag.
Høgskolane skal nytte det internasjonale kunnskapstilfanget i forskinga og utviklingsarbeidet.
Høgskolane skal styrkje fagleg leiing og leggje til rette for at profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid eller kunstnarleg utviklingsarbeid blir organisert i gode fagmiljø.
Høgskolane skal samarbeide internasjonalt om profesjonsretta og kunstnarleg forsking og utviklingsarbeid.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal vere lærestader og forskingsinstitusjonar med integritet og evne til å møte behova i samfunnet
Dei statlege høgskolane med profesjonsutdanning skal samarbeide med regionalt arbeidsliv om å utvikle utdanningstilbod i samsvar med regionale kompetansebehov.
Dei statlege høgskolane med profesjonsutdanning skal samarbeide med regionale verksemder om innovasjon, FoU og utviklingsarbeid, medan dei statlege kunsthøgskolane skal ha eit meir nasjonalt perspektiv i samarbeidet med verksemder på desse områda.
Høgskolane skal formidle resultata av forsking og utviklingsarbeid til allmenta og ulike interessegrupper.
Dei statlege høgskolane skal gjennom personalpolitikk og tiltak i studentrekrutteringa medverke til mindre kjønnsdelt arbeidsliv.
Høgskolane skal auke rekrutteringa av studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn.
Hovudmål: Universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane
Høgskolane må vidareutvikle budsjett- og økonomisystema og sørgje for naudsynt opplæring av personalet.
Høgskolane må ha økonomiforvaltning som tek omsyn til dei strategiske prioriteringane ved institusjonane og framtidige økonomiske bindingar.
Post 50 Basisfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av kunsthøgskolane og 25 statlege høgskolar. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si og sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.
Opptaket til dei store profesjonsutdanningane held seg stabilt, bortsett frå ved ingeniørutdanninga, der opptaket har gått noko ned. Strykprosenten har gått ned ved høgskolane, sjå kap. 273 og 274 for meir utførleg resultatrapport.
Departementet vil vurdere om det er mogeleg å utvikle gode indikatorar for kunstnarisk utviklingsarbeid. Kunsthøgskolane i Bergen og Oslo kan inkluderast i finansieringssystemet for universitet og høgskolar viss det er mogeleg å utvikle relevante indikatorar for FoU-verksemd ved institusjonane. Kunsthøgskolane får heile løyvinga på post 50.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner over kap. 2445 post 31 til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino, jf. omtale under kap. 281 post 01 og i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Moderniseringsdepartementet.
I revidert nasjonalbudsjett for 2005 vart det gitt startløyving til samlokalisering av Høgskolen i Vestfold. I budsjettet for 2006 er det foreslått å løyve 55 mill. kroner til vidareføring av byggjeprosjektet på kap. 2445 post 33, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Moderniseringsdepartementet.
Auken i talet på studieplassar i prioriterte utdanningar i perioden 2003–05 og omfordeling av studieplassar i 2005 er ført vidare i budsjettet for 2006. Dette gjeld studieplassar i lærar-, yrkesfaglærar-, radiografi-, døvetolk- og ingeniørutdanning. Det er også lagt inn heilårsverknad for nye studieplassar, samt trekt ut heilårsverknad for studieplassar som fell bort i 2005.
I 2005 vart det gjennomført ein reduksjon i talet på studieplassar i samband med at budsjettramma til universitet og høgskolar vart redusert med samla 78 mill. kroner. I 2006 er heilårsverknaden av reduksjonen trekt ut av budsjettrammene til den einskilde institusjonen.
Mange institusjonar er geografisk spreidde på ulike studiestader med til dels stor avstand mellom einingane. Dette vil i einskilde tilfelle skape ein lite formålstenleg høgskolestruktur. Departementet foreslår ein budsjettreduksjon på til saman 2,6 mill. kroner ved høgskolane i Hedmark og Sogn og Fjordane knytt til forslag om å leggje ned studiestadene Evenstad og Sandane. Dette er små studiestader med få studentar. Det vil vere opp til styret ved høgskolane å avgjere om den faglege verksemda skal førast vidare på andre stader i høgskolen, mot at anna verksemd innanfor desse fagområda vert bygd tilsvarande ned.
Opptaket til helse- og sosialfagutdanningane auka i 1990-åra, og det er i dag god kapasitet innanfor dei fleste av desse utdanningane. Regjeringa foreslår derfor ein reduksjon i budsjettramma for dei statlege høgskolane på 7 mill. kroner knytte til ein reduksjon på 298 studieplassar i helse- og sosialfagutdanningane. Reduksjonen fordeler seg på 85 studieplassar i vernepleiarutdanning, 72 studieplassar i sosionomutdanning, 53 studieplassar i barnevernspedagogutdanning, 18 studieplassar i radiografutdanning ved Høgskolen i Oslo og 30 studieplassar i ergoterapeututdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. På grunn av vanskar med å skaffe praksisplassar er opptaket i sjukepleiarutdanninga foreslått redusert med 40 studieplassar ved Høgskolen i Østfold, sjå også omtale i kategoriinnleiinga.
Rekrutteringa til ingeniørutdanninga er framleis svak. Budsjettramma til Høgskolen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Nord-Trøndelag er foreslått redusert med 1,4 mill. kroner i samband med forslag om å leggje ned ingeniørutdanninga ved desse høgskolane. Reduksjonen inneber stopp i opptaket til utdanningane frå og med hausten 2006. Ved desse to høgskolane er studenttalet særleg lågt, og fagmiljøa er små. Departementet foreslår vidare å flytte 20 studieplassar i ingeniørutdanninga frå Høgskolen i Gjøvik, som har svikt i rekrutteringa, til Høgskolen i Telemark, som rekrutterer tilfredsstillande. Som nemnd i kategoriomtalen, vil ingeniørfag bli evaluert. Etter evalueringa kan det bli vurdert om ytterlegare omstrukturering vil vere formålstenleg.
Søkninga til maritim høgskoleutdanning har i fleire år vore svak. I Skipsfartsmeldinga vart det tilrådd ein konsentrasjon om nokre få maritime opplæringssenter, jf. St.meld. nr. 31 (2003–2004) Vilje til vekst – for norsk skipsfart og de maritime næringer. Regjeringa foreslår å redusere budsjettramma til Høgskolen i Tromsø med kr 600 000 knytt til forslag om å leggje ned nautikkutdanninga frå hausten 2006.
Det er i dag fleire parallelle studietilbod ved universitet og høgskolar, og det er ønskjeleg med meir differensierte tilbod. Regjeringa foreslår derfor å redusere budsjettramma til dei statlege høgskolane med 3,9 mill. kroner knytt til reduksjon i 195 studieplassar i universitetsparallelle fag med sviktande søkjargrunnlag. Det er ein føresetnad at utdanningstilbod i sentrale skolefag i størst mogleg grad blir skjerma.
Ved Høgskolereforma i 1994 vart det skipa større høgskoleeiningar for å leggje til rette for fagleg styrking. Lokaliseringa av verksemda vart ikkje vurdert. Trass i monaleg studentauke, meir ressursar og arbeid for kompetanseheving av dei fagleg tilsette syner det seg, mellom anna gjennom det evalueringsarbeidet som NOKUT no gjer, at ein del av høgskolane har fagmiljø som ikkje held den kvaliteten og berekrafta som er ønskjeleg.
Allmennlærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning er berebjelkar i studietilbodet ved høgskolane. Det er avgjerande at kvaliteten og relevansen held mål, og at institusjonane har ein studiestruktur og intern organisering som sikrar dette. I den samanheng er det naudsynt at ein ser på arbeidsdelinga mellom institusjonar, studentsøkning og breidda i eige studietilbod. Det krev eit kritisk søkjelys på verksemda og dublering av fagtilbodet. Samlokalisering av verksemda kan vere eit verkemiddel til fagleg styrking.
Som ein del av oppfølginga av NOKUT evalueringane, vil departementet vurdere om det er behov for ytterlegare strukturendringar i og blant høgskolane. Endringar i søkjarmønsteret må også inngå i ei slik vurdering.
Strengare opptakskrav har medført at opptaket til allmennlærarutdanninga er redusert i 2005. Departementet legg til grunn at høgskolane nyttar frigjorde midlar primært til andre tilbod i lærarutdanninga. Regjeringa foreslår å redusere budsjettramma til dei statlege høgskolane med 1,75 mill. kroner knytt til reduksjon på 70 studieplassar i allmennlærarutdanninga. Midlane er foreslåtte nytta til å styrkje lærarutdanning ved universiteta, samt tildeling av 20 nye studieplassar i lærarutdanning til Høgskolen i Sør-Trøndelag og NTNU som skal inngå eit samarbeidstiltak om yrkesfaglærarutdanning, sjå også omtale i kategoriinnleiinga.
I samband med vedtaket til Stortinget om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma auka med 3,9 mill. kroner til studieplassar ved Høgskolen i Agder og Høgskolen i Bodø, jf. St.meld. nr. 11 (2001–2002) og Innst. S. nr. 188 (2001–2002).
Jordmorutdanninga er omorganisert ved at høgskoleutdanninga er utvida frå eitt til to år, som følgje av at den eittårige turnustenesta som Helse- og omsorgsdepartementet har hatt ansvar for, fell bort. Utvidinga vil i 2006 ha verknad for studentar tekne opp hausten 2004 og våren 2005 ved høgskolane i Akershus, Bergen og Tromsø. Løyvinga er derfor auka med om lag 4 mill. kroner i 2006.
Kunsthøgskolen i Oslo har inngått avtale med Filmskolen ved Høgskolen på Lillehammer om etablering av eit felles bachelorstudium i scenografi. Etter planen vil første studieår vere felles og lokalisert til Kunsthøgskolen i Oslo, medan andre og tredje år vil vere fordjuping og spesialisering. I 2005 fekk Kunsthøgskolen i Oslo midlar til oppstart av bachelorstudium i scenografi. Det er lagt inn kr 940 000 i budsjettramma til høgskolen til studiet i 2006.
Nordisk Ministerråd trappar ned finansieringa av Nordisk Samisk Institutt i perioden 2005–07. I samband med dette er det lagt til grunn ein auke i den norske finansieringa av instituttet over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Det er foreslått å auke tildelinga til Samisk høgskole med 1,2 mill. kroner i 2006.
Nytt bygg for Høgskolen i Nesna og ombygging for Høgskolen i Østfold blir ferdigstilt for innflytting i løpet av 2006. Det er foreslått 8 mill. kroner i auka husleige for Høgskolen i Nesna og 5,8 mill. kroner i auka husleige for Høgskolen i Østfold, sjå også omtale i kategoriinnleiinga.
Høgskolen i Nesna vart i 2005 tildelt 16,7 mill. kroner til utstyr og inventar til nybygget. Det er trekt ut 11,2 mill. kroner frå budsjettramma til høgskolen i 2006 i samband med at tildelinga til utstyr og inventar til nybygget blir fasa ut.
Høgskolen i Østfold vart i 2005 tildelt 50 mill. kroner til utstyr og inventar til byggjeprosjekta på Remmen. Det er trekt ut 17,8 mill. kroner frå budsjettramma til høgskolen i 2006 i samband med at tildelinga til utstyr og inventar til prosjekta blir fasa ut.
Rehabilitering av lokala for Falstadsenteret vart ferdigstilt hausten 2005. Det er foreslått auke på 3,7 mill. kroner for å dekkje utgifter til husleige for Falstadsenteret i 2006.
Høgskolen i Buskerud har inngått avtale om leige av større og meir funksjonelle lokale for verksemda til høgskolen i Drammen. Avtalen er inngått med Drammen Kunnskapspark, som er eit utbyggingsselskap skipa av Drammen Eiendom KF og Entra Eiendom AS. Drammen Kunnskapspark har starta utbygging av «Papirbredden» der Høgskolen i Buskerud er ein av fleire leigetakarar. Venta innflytting er i desember 2006. Det er foreslått å tildele Høgskolen i Buskerud 1,5 mill. kroner til auka husleige for dei nye lokala i Drammen i 2006. Høgskolen kan nytte midlane til utstyr og inventar i 2006, da auken i husleiga ikkje trer i kraft før i 2007, jf. omtale i St.prp. nr. 65 (2004–2005) og merknad frå komiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005). I tillegg er det lagt inn 3 mill. kroner som eingangsløyving til utstyr i budsjettramma til høgskolen.
Høgskolen i Hedmark er foreslått tildelt 4 mill. kroner til husleige til Midtbyen skole og øvrige leigelokale for Avdeling for landbruks- og naturfag på Hamar.
Utdannings- og forskingsdepartementet har delegert ansvaret for vedlikehald av dei maritime simulatorane til Høgskolane i Ålesund, Vestfold, Tromsø og Høgskolen Stord/Haugesund. Midlane til formålet utgjer 6,5 mill. kroner og vart tidlegare tildelt over kap. 281. Frå 2006 er midlane lagde inn i budsjettrammene til høgskolane.
Departementet fastset måltal for registrerte studentar og kandidatar ved Kunsthøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo, sjå tabell 2.22 i Vedlegg 2.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi høgskolane utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 2.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege høgskolar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Studiepoeng per student ved statlege høgskolar har auka frå 43,5 i 2002 og 44,5 i 2003 til 45,2 i 2004. Strykprosenten er redusert frå 11 i 2002 og 9,1 i 2003 til 8 i 2004. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar har auka frå 59 449 i 2003 til 62 166 i 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 1 746 i 2003 til 2083 i 2004. Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i desse tala.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege høgskolar aukar med 101,3 mill. kroner frå 2005 til 2006.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld midlar knytte til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar og særskilde midlar til vitskapleg utstyr. For omtale av strategisk høgskoleprogram administrert av Noregs forskingsråd, sjå omtale under kap. 281. I fordelinga av nye doktorgradsstillingar i 2006 mellom institusjonane er det mellom anna lagt vekt på tilsettingsgrad i tidlegare gitte stillingar, samt arbeid med kvalitetsutvikling og resultat i forsking ved institusjonane. For høgskolane er òg rett til tildeling av doktorgrad vektlagt. Institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi har vorte særskild tilgodesette.
For 2006 er det foreslått å etablere ein ny modell for resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane, og blant dei statlege høgskolane er det mellom anna høgskolane i Agder og Bodø som har gode resultat i omfordelinga. Dette har orsak i gode resultat på indikatorane EU-midlar og vitskapleg publisering. Sjå også tabell 2.27 i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å opprette 350 nye doktorgradsstillingar i 2006, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Midlar til 34 doktorgradsstillingar er foreslått løyvde til dei statlege høgskolane med verknad frå hausten 2006. For 16 doktorgradsstillingar tildelte dei statlege høgskolane i 2005 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2006.
Det er foreslått å løyve 1,2 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved masterstudium i mikroteknologi på Høgskolen i Vestfold i 2006. Midlane er lagt i den strategiske forskingsløyvinga.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar reduserer løyvingane til dei statlege høgskolane med om lag kr 900 000 i 2006.
Oppsummering av løyvingsforslaget på kap. 275 postane 50–52 (i 1 000 kr)
Høgskolar | Basis | Utdanning | Forsking | Sum |
---|---|---|---|---|
Høgskolen i Agder | 440 113 | 185 761 | 30 016 | 655 890 |
Høgskolen i Akershus | 145 405 | 80 800 | 4 558 | 230 763 |
Høgskolen i Bergen | 318 667 | 154 867 | 10 484 | 484 018 |
Høgskolen i Bodø | 248 475 | 84 716 | 19 958 | 353 149 |
Høgskolen i Buskerud | 143 876 | 60 187 | 8 913 | 212 976 |
Høgskolen i Finnmark | 119 111 | 39 299 | 4 954 | 163 364 |
Høgskolen i Gjøvik | 100 511 | 37 993 | 5 624 | 144 128 |
Høgskolen i Harstad | 73 224 | 29 063 | 3 645 | 105 932 |
Høgskolen i Hedmark | 212 215 | 93 991 | 12 671 | 318 877 |
Høgskolen i Lillehammer | 125 517 | 67 926 | 12 167 | 205 610 |
Høgskolen i Molde | 81 732 | 34 000 | 7 506 | 123 238 |
Høgskolen i Narvik | 111 530 | 26 067 | 6 502 | 144 099 |
Høgskolen i Nesna | 79 838 | 20 663 | 3 183 | 103 684 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 223 891 | 78 525 | 5 535 | 307 951 |
Høgskolen i Oslo | 579 760 | 283 665 | 24 369 | 887 794 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 142 785 | 59 233 | 7 215 | 209 233 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 136 864 | 60 571 | 5 697 | 203 132 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 333 888 | 181 068 | 13 371 | 528 327 |
Høgskolen i Telemark | 280 523 | 118 631 | 12 695 | 411 849 |
Høgskolen i Tromsø | 157 826 | 69 955 | 4 644 | 232 425 |
Høgskolen i Vestfold | 175 103 | 76 396 | 10 944 | 262 443 |
Høgskolen i Volda | 125 018 | 67 118 | 8 122 | 200 258 |
Høgskolen i Østfold | 274 001 | 92 809 | 11 870 | 378 680 |
Høgskolen i Ålesund | 93 208 | 33 416 | 3 589 | 130 213 |
Kunsthøgskolen i Bergen | 72 922 | 72 922 | ||
Kunsthøgskolen i Oslo | 179 845 | 179 845 | ||
Samisk høgskole | 29 304 | 2 947 | 2 782 | 35 033 |
Sum | 5 005 152 | 2 039 667 | 241 014 | 7 285 833 |
Post 70 Basisfinansiering private høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av dei private høgskolane. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisnings- og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda og sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.
Fire nye institusjonar får tilskott som privat høgskole frå andre halvår 2005. Desse institusjonane tilbyr undervisning som NOKUT har godkjent på høgskolenivå. Det er Ansgar teologiske høgskole, Fjellhaug Misjonshøgskole, Høgskolen i Staffeldtsgate og Baptistenes teologiske seminar, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005) og Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Høgskolen i Staffeldtsgate opna 1. august 2004. Rapporteringa for 2004 er difor ikkje fullverdig. Baptistenes teologiske seminar vart i Revidert nasjonalbudsjett for 2005 overført frå kap. 228 til kap. 282 Privat høgskoleutdanning. Dei fire nye institusjonane får i 2006 heile løyvinga på post 70.
Budsjettforslag for 2006
I samband med vedtaket til Stortinget om utviding av siviløkonomutdanninga er budsjettramma auka med 4,2 mill. kroner til studieplassar ved Handelshøyskolen BI, jf. St.meld. nr. 11 (2001–2002) Kvalitetsreformen – Om vurdering av unntak fra ny gradsstruktur i høgre utdanning og Innst. S. nr. 188 (2001–2002).
Det vart i handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004–2005) lagt inn midlar til desentralisert sjukepleiarutdanning for 25 studentar ved Høyskolen Diakonova (tidlegare Menighetssøsterhjemmets høgskole) i Østfold. Det er i budsjettet for 2006 lagt inn midlar til heilårsverknad til desse studieplassane, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005).
I Revidert nasjonalbudsjett for 2005 vart det gitt tilskott til oppretting av nye studietilbod ved Mediehøgskolen Gimlekollen, jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Budsjettramma er auka med 2 mill. kroner til heilårsverknad i 2006.
Det er lagt inn 1,5 mill. kroner til styrking av Misjonshøgskolen i Stavanger, i samband med at andre institusjonar som tilbyr teologiutdanning tidlegare har fått særskild støtte til praktisk-teologisk seminar. Norges Informasjonsteknologiske høgskole har ei svært lav basisfinansiering, og i budsjettet for 2006 er det foreslått å styrkje basisfinansieringa til høgskolen med 2 mill. kroner. Vidare er det foreslått å løyve 1,3 mill. kroner i samband med nye studieplassar ved Rogaland Høgskole.
Det er i budsjettet for 2006 lagt inn heilårsverknad for dei fire private høgskolane som vart overført frå kap. 228 i 2005.
I 2005 vart det gjennomført ein reduksjon i talet på studieplassar i samband med at budsjettramma til universitet og høgskolar vart redusert med 78 mill. kroner. I 2006 er heilårsverknaden av desse studieplassane trekt ut av rammene for den einskilde institusjonen.
Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved private høgskolar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Studiepoeng per student ved private høgskolar har auka frå 41,1 i 2003 til 41,2 i 2004. Strykprosenten var 8,7 i 2004 mot 7,8 i 2002 og 8,8 i 2003. Totalt tal på avlagde 60-studiepoengseiningar er redusert frå 15 340 i 2003 til 14 984 i 2004. Talet på utvekslingsstudentar er redusert frå 685 i 2003 til 676 i 2004. Desse tala er eksklusive Det teologiske Menighetsfakultetet, da høgskolen frå 1. januar 2005 er akkreditert som vitskapleg høgskole. Tala er òg eksklusive dei nye institusjonane som vart overførte til finansiering som privat høgskoleutdanning frå andre halvår 2005.
Finansieringssystemet er endra slik at alle studium er inkluderte i undervisningskomponenten, med unntak av Handelshøyskolen BI, der einskilde vidareutdanningsstudium ikkje er rekna med. Det er gjeninnført ein tilskottsprosentsats i undervisningskomponenten for å tilpasse verdien av alle studiepoenga til gjeldande budsjettramme i forslaget til budsjett for 2006. Desse endringane vil føre til auka likebehandling av private og statlege utdanningsinstitusjonar. Utgangsposisjonen til kvar einskild høgskole er vurdert på nytt, og for einskilde institusjonar er det etablert ny utgangsposisjon.
Tilskottsprosentsatsen til Norges informasjonsteknologiske høgskole er redusert til 50 pst. Dette vil ikkje ha budsjetteffekt i 2006.
Det er gjort nokre endringar i kostnadskategori for einskilde studium. Teologi lågare grad er endra frå kategori F til kategori E. Teologi høgre grad er endra frå kategori D til kategori C. Musikk er sett i kategori E. Endringane i kostnadskategori er like for statlege og private høgskolar.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for private høgskolar aukar med nær 4 mill. kroner frå 2005 til 2006.
Post 72 Forskingsfinansiering private høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar. I fordelinga av nye doktorgradsstillingar mellom institusjonane i 2006 er det mellom anna lagt vekt på tilsettingsgrad i tidlegare gitte stillingar, samt arbeid med kvalitetsutvikling og resultat i forsking ved institusjonane. Institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi har vorte særskild tilgodesette.
For 2006 er det foreslått å etablere ein ny modell for resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Med unntak av Handelshøyskolen BI er det blant dei private høgskolane små resultat på forskingsindikatorane. Sjå også tabell 2.27 i Vedlegg 2.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa foreslår å opprette 350 nye doktorgradsstillingar i 2006, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til seks doktorgradsstillingar er foreslått løyvde til dei private høgskolane med verknad frå hausten 2006. For seks doktorgradsstillingar tildelte til private høgskolar i 2005 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2006, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005).
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar løyvingane til dei private høgskolane med om lag 1,3 mill. kroner i 2006.
Oppsummering av løyvingsforslaget på kap. 275 postane 70–72 (i 1 000 kr)
Privat høgskolar | Basis | Utdanning | Forsking | Sum |
---|---|---|---|---|
Ansgar teologiske høgskole | 8 865 | 0 | 169 | 9 034 |
Baptistenes teologiske seminar | 1 899 | 0 | 0 | 1 899 |
Barratt Due Musikkinstitutt | 7 409 | 5 534 | 0 | 12 943 |
Bergen Arkitekt Skole | 3 791 | 5 645 | 0 | 9 436 |
Betanien diakonale høgskole | 9 903 | 8 325 | 0 | 18 228 |
Den Norske Balletthøyskole | 755 | 3 600 | 0 | 4 355 |
Den norske Eurytmihøyskole | 1 606 | 1 043 | 0 | 2 649 |
Diakonhjemmet høgskole | 28 627 | 28 064 | 1 139 | 57 830 |
Diakonissehjemmets høgskole | 9 772 | 8 067 | 0 | 17 839 |
Dronning Mauds Minne høgskolen | 36 771 | 21 444 | 62 | 58 277 |
Fjellhaug Misjonshøgskole | 5 979 | 0 | 0 | 5 979 |
Handelshøyskolen BI | 65 104 | 79 302 | 25 889 | 170 295 |
Høyskolen Diakonova | 16 027 | 10 309 | 194 | 26 530 |
Høgskolen i Staffeldtsgate | 8 246 | 0 | 0 | 8 246 |
Høgskulen landbruk og bygdenæringar | 1 195 | 632 | 159 | 1 986 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 26 216 | 16 166 | 182 | 42 564 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 7 363 | 5 532 | 0 | 12 895 |
Misjonshøgskolen | 4 480 | 8 153 | 3 194 | 15 827 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 11 954 | 9 599 | 303 | 21 856 |
Norsk lærerakademi, Bachelor- og masterstudier | 17 136 | 14 717 | 827 | 32 680 |
Norsk lærerakademi, Lærerhøgskolen | 25 546 | 15 769 | 818 | 42 133 |
Norsk Reiselivshøyskole | 3 440 | 4 309 | 0 | 7 749 |
Oslo markedshøyskole | 1 823 | 4 617 | 0 | 6 440 |
Rogaland Høgskole | 13 547 | 11 352 | 0 | 24 899 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 4 511 | 3 920 | 0 | 8 431 |
Sum | 321 965 | 266 099 | 32 936 | 621 000 |
Kap. 276 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Teknisk fagskoleutdanning | 274 705 | ||
Sum kap. 276 | 274 705 |
Lov om fagskoleutdanning, som tredde i kraft i juni 2003, skal gjelde for korte yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og som har eit omfang som svarar til minimum eit halvt studieår og maksimum to studieår. Fagskoleutdanning skal vere eit sjølvstendig alternativ til høgre utdanning. Lova er ei overordna rammelov som gir tilbydarane stor fridom til å fastsetje innhaldet i utdanninga og å etablere formålstenlege ordningar lokalt.
Løyvinga på dette kapitlet gjeld teknisk fagskoleutdanning. Fagskolar godkjende etter lov om fagskoleutdanning § 8.2 og som tidlegare var godkjende friskolar, vil få tildelt midlar frå kap. 228 tilskott til frittståande skolar o.a.
Frå 1. januar 2004 fekk Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) ansvar for å handsame søknader om godkjenning som fagskoleutdanning.
Dei tekniske fagskolane kan fram til 10. november 2006 drive på same vilkår som tidlegare, men må på same måte som andre tilbydarar søkje om rett til å gi studietilbodet dersom dei vil drive vidare etter den tid.
I Innst. O. nr. (2004–2005) ber komiteen departementet vurdere om all yrkesretta utdanning ut over vidaregåande opplæring bør forankrast i fagskolelova. Komiteen ber vidare departementet leggje fram eiga sak for Stortinget i løpet av 2005 med ei vurdering av finansieringsordninga for alle godkjende fagskolar og med klargjering av forholdet mellom vidaregåande skolar og fagskolar. Departementet vil komme att med ei tilbakemelding til Stortinget.
Post 70 Teknisk fagskoleutdanning
Teknisk fagskole er eit toårig tilbod om fagskoleutdanning i fylkeskommunal regi.
Om ordninga
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle korte, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar ved å yte tilskott til fylkeskommunar som gir tilbod om teknisk fagskoleutdanning godkjend etter lov om fagskoleutdanning.
Opplæring på fagskolenivå skal vere i samsvar med definerte behov i arbeidslivet. Opplysningar som skal innhentast for å klargjere måloppnåinga, er studenttal og fagområde som blir gitt innanfor teknisk fagskole.
Tilskott blir gitt til fylkeskommunar som tilbyr teknisk fagskoleutdanning. Forskrift om endra modell for utrekning av tilskott til teknisk fagskoleutdanning vart sendt på høring hausten 2005. Kriterium for tildelinga er innrapporterte studenttal. Tilskottsmottakar må sende inn oversikt over studenttal før tilskottet blir rekna ut. Dei skal rapportere rekneskap og endeleg elevtal gjennom KOSTRA.
Informasjon om teknisk fagskole inngår i rapporteringa fylkeskommunane gir i KOSTRA. For rapport 2004–05, sjå omtale under kap. 251 Fagskoleutdanning.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår ei løyving på 274,7 mill. kroner på kap. 276 post 70.
Kap. 278 Universitetet for miljø- og biovitskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 445 540 | 472 888 | |
Sum kap. 278 | 445 540 | 472 888 |
Resultatrapport for 2004–05
Universitetet for miljø- og biovitskap har tilpassa studia til ny studiestruktur i høve til Kvalitetsreforma. Studentane ved universitetet tek fleire studiepoeng per student i 2004 enn i 2003, og talet på avlagde studiepoeng per student auka med 0,7 til 45 studiepoeng. Strykprosenten gjekk ned frå 8,7 pst. i 2003 til 6,5 pst. i 2004.
Det er monaleg auke i talet på kandidatar ved universitetet. Store delar av auken vert forklart ved at studia no er tilpassa ny studiestruktur.
Søkninga til studia ved universitetet er framleis god, men fordeler seg ulikt på studietilboda. I 2004 vart 743 nye studentar tekne opp, mot 707 i 2003. Talet på registrerte studentar ved universitetet auka frå 2 555 i 2003 til 2 635 i 2004.
Det har vore auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på 83 frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 166 i 2003 til 248 i 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar) redusert med 106 studieplassar.
Universitetet har vedteke ny strategisk plan for forskinga, og hovudprioriteringane er mat, natur og helse. Universitetet tildeler forskingsressursar til prioriterte område. Universitetet er vertskap for SFF Aquaculture Protein Centre og FUGE-senteret Centre for integrative genetics. Talet på vitskaplege artiklar er framleis lågare enn ved dei fleste andre universiteta og vitskaplege høgskolane.
I 2004 vart det avlagt 40 doktorgradar ved universitetet, og dette er færre enn i 2002 og 2003. Gjennomstrøyminga er framleis for låg, og universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til. Universitetet samarbeider i stor grad med omkringliggjande utdannings- og forskingsinstitusjonar og har lagt godt til rette for kommersialisering av forskingsresultat. Universitetet har lange tradisjonar for internasjonalisering, og særleg for utdanningssamarbeid med utviklingsland. Potensialet i utveksling av studentar og fagleg tilsette er likevel framleis stort.
Senter for fôrteknologi AS (Fôrtek) vart etablert i 1996. Selskapet skulle vere eit kompetansesenter med kunnskap om fôrvarer og produksjonstekniske forhold på høgt internasjonalt nivå. Eigaren er Universitetet for miljø- og biovitskap etter at dei andre aksjonærane i selskapet vederlagsfritt har ført over aksjepostane sine til universitetet. Eigenkapitalen i selskapet er brukt opp. Det er oppnemnt eit avviklingsstyre som arbeider med avvikling av selskapet. Departementet kjem tilbake til Stortinget med dette. Departementet kan ikkje seie seg nøgd med korleis høgskolen har forvalta fullmaktene sine. Departementet har difor trekt tilbake fullmakta universitetet har til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap. Tilbaketrekkinga av fullmakter gjeld inntil vidare.
Universitetet har oppretta teknologioverføringskontor (TTO) og samarbeider lokalt med andre institusjonar for å kommersialisere forskingsresultat. Verksemda ved universitetet sitt TTO er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 271.
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Statstilskott | 219 875 | 200 798 | |
Sum kap. 279 | 219 875 | 200 798 |
Resultatrapport for 2004–05
Gjennomføringa ved studia er god. Veterinærutdanninga ved Noregs veterinærhøgskole har unntak frå den ordinære studiestrukturen. For å sikre meir lik arbeidsbelastning og progresjon i studia har høgskolen gjennomført modulisering av studia.
Talet på studiepoeng per student ved høgskolen er høgt og var på 55,1 studiepoeng per student i 2004. Søkninga til studium ved høgskolen er framleis høg, og talet på registrerte studentar auka frå 2003 til 2004. Opptaket av nye studentar auka òg frå 2003 til 2004. Strykprosenten ved høgskolen gjekk ned frå 2003 til 2004. Mannlege søkjarar får to ekstra studiepoeng ved opptak til studia. Det kan ha ført til at det no er fleire menn blant studentane, sjølv om fleirtalet av kvinner framleis er stort.
Det har vore ein liten auke i avlagde 60-studiepoengseiningar på to frå 2003 til 2004. Talet på utvekslingsstudentar er tilnærma uendra frå 2003 til 2004. I statsbudsjettet for 2005 vart talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar) redusert med tolv studieplassar, jf. omtale under kap. 272.
Noregs veterinærhøgskole har gjort tydelege grep for å følgje opp konklusjonane i fleire evalueringar som viser at høgskolen har for mange små og sårbare faggrupper innanfor forsking. Høgskolen har mellom anna slått saman fleire institutt, etablert tverrfaglege grupper og styrkt fagleg leiing på instituttnivå.
Talet på avlagde doktorgradar auka frå elleve i 2003 til 16 i 2004. Studentane nyttar framleis for lang tid på doktorgraden. Høgskolen vil framleis arbeide med å betre gjennomstrøyminga. Høgskolen har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til. Den vitskaplege publiseringa ved høgskolen er for låg når ein samanliknar høgskolen med andre vitskaplege høgskolar og universitet.
Noregs veterinærhøgskole har eit breitt samarbeid med sentrale organisasjonar og aktørar på fagfeltet og har òg sett i gang eit arbeid med å utvikle infrastruktur for mellom anna kommersialisering av forskingsresultat.
Utveksling av studentar ved Noregs veterinærhøgskole er låg, og studentane manglar høve til å avleggje eksamenar i utlandet. Dette er ikkje i tråd med intensjonen i Kvalitetsreforma. Når det gjeld dei vitskaplege tilsette, er utvekslinga betre.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 272.
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 410 365 | 321 331 | 294 292 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 994 | ||
30 | Fellesmidlar , kan overførast | 101 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 11 672 | 6 000 | 12 759 |
51 | Senter for internasjonalisering av høgre utdanning | 21 800 | ||
70 | Tilskott til utgiving av lærebøker | 4 000 | ||
72 | Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar | 3 100 | ||
73 | Tilskott til internasjonale program | 60 962 | 72 150 | 72 106 |
74 | Tilskott til UNIS | 44 094 | 77 668 | 94 885 |
75 | Tilskott til Uninett AS | 20 900 | 34 169 | |
76 | Tilskott til NORDUnet , kan overførast | 15 396 | 15 774 | 16 279 |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 11 474 | 7 364 | 11 728 |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim , kan overførast | 453 300 | 253 330 | 279 672 |
Sum kap. 281 | 1 024 458 | 778 517 | 837 690 |
Post 01 Driftsutgifter
I høve til budsjettet for 2005 er det gjort mellom anna følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på post 01 er redusert med 2,5 mill. kroner i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006.
Post 01 er oppjustert med 2,8 mill. kroner i samband med at midlar til Artsdatabanken er overførte frå Miljøverndepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdselsdepartementet.
Post 01 er redusert med 4 mill. kroner i samband med at midlar til husleige ved Høgskolen i Hedmark blir løyvde over kap. 275 post 50.
Post 01 er redusert med 6,5 mill. kroner i samband med at midlar til vedlikehald av simulatorar i maritim utdanning blir løyvde over kap. 275 post 50.
Post 01 er redusert med 19,8 mill. kroner mot tilsvarande auke på post 51 i samband med at Senter for internasjonalisering av høgre utdanning blir nettobudsjettert.
Post 01 er redusert med 5,7 mill. kroner i samband med at midlar til RENATE blir løyvde over kap. 271 post 50.
Resultatrapport for 2004–05 og budsjettforslag for 2006
Noregsuniversitetet
Noregsuniversitetet (NUV) er organisert i samsvar med § 1-4 (4) i universitets- og høgskoleloven. NUV vart etablert med verknad frå 1. januar 2004 da Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) og Noregsuniversitetet (NU) vart slåtte saman. NUV skal fremme utviklinga av fleksibel og livslang læring, samt kunnskapsgenerering, kunnskapsspreiing og informasjon om slike tilbod. NUV skal vidare arbeide for å styrkje og utvikle nettverk og samhandling mellom høgre utdanning og arbeidslivet, utgreie spørsmål av nasjonal interesse på oppdrag frå departementet, samt gi råd til sentrale styresmakter innanfor virkeområdet sitt.
NUV vart tildelt 19 mill. kroner over kap. 281 post 01 i 2005. Verksemda i 2005 har hatt fokus på fire område: kunnskapsutvikling gjennom analyse og utreiingsarbeid, tildeling av prosjektmidlar etter føringar frå Utdannings- og forskingsdepartementet (11 mill. kroner er tildelte 45 prosjekt ved norske lærestader til utvikling av fleksible studietilbod), informasjonsspreiing gjennom vidareutvikling av søkemotor for etter- og vidareutdanningstilbod på høgre nivå, samt møteplass- og nettverksbygging gjennom etableringa av nasjonalt nettverk for fleksibel og livslang læring. Nettverket skal fremme betre samspel mellom høgre utdanning og arbeids- og samfunnsliv. NUV har i tillegg hatt fleire utgreiings- og tildelingsoppdrag frå departementet.
NUV er ein viktig nasjonal aktør for å fremme utvikling av fleksible studietilbod som kan hjelpe til med å dekkje behovet for kompetanse både for enkeltpersonar og bedrifter. Departementet foreslår å føre tildelinga vidare i 2006. Midlane skal finansiere arbeid med dei fire funksjonsområda omtalte ovanfor, og som er nedfelte i mandatet til NUV, samt dekkje utgifter til sekretariatet og arbeidet til styret.
Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning vart ført vidare i 2005. Avtalen gjeld fram til utgangen av 2006. Partane skal betale godtgjering for eigne studentar i andre land. Avtalen inneber at søkjarar busette i eit anna nordisk land, skal ha tilgjenge til offentleg høgre utdanning på same eller likeverdige vilkår som søkjarane i landet. Departementet utbetalte 26,6 mill. kroner i samband med avtalen i 2005.
Utdanningsforsking
Prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle fullføringsgraden i utdanningssystemet i regi av NIFU STEP, vart førte vidare i 2005. Løyvinga vart også nytta til å finansiere Kandidatundersøkingane og Akademikerregisteret. Programma vil bli førte vidare i 2006.
Departementet samarbeidde også i 2005 med Statistisk sentralbyrå (SSB) om modellar for framtidige tilbod og behov i arbeidsmarknaden. Samarbeidet mellom departementet og SSB vil bli ført vidare i 2006.
Departementet tildelte 2,5 mill. kroner over kap. 281 til forskingsprogrammet «Kunnskap, utdanning og læring» i regi av Noregs forskingsråd i 2005. Departementet foreslår å føre tildelinga vidare i 2006.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM)
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring på Andøya er eit senter for alle utdanningsnivå. Det har som mål å medverke til å sikre rekruttering i norsk romverksemd, samt skape auka interesse for real- og teknologifag.
NAROM vart tildelt 5 mill. kroner i 2005. Departementet foreslår å føre tildelinga vidare i 2006.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit uavhengig statleg organ som har til formål å utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgre utdanningsinstitusjonar, både statlege og private. NOKUT har i 2004–05 handsama søknader om akkreditering av studietilbod både ved private og statlege høgre utdanningsinstitusjonar, samt fagskolar. I tillegg har NOKUT handsama søknader om endring av institusjonskategori for fleire institusjonar, gjennomført evaluering av kvalitetssikringssystem for ei rekkje institusjonar og gjennomført ei større fagevaluering. NOKUT har dessutan informert om kvaliteten på utanlandsk utdanning og gitt generell godkjenning av høgre utdanning som er teken i utlandet. For nærmare omtale av verksemda, sjå kategoriinnleiinga.
NOKUT vart tildelt til saman 36,6 mill. kroner i 2005. Departementet foreslår å auke løyvinga til NOKUT med 4,2 mill. kroner til 40,8 mill. kroner i 2006. Auken skal mellom anna dekkje kostnadar knytt til evauleringar, samt auka kapasitet til å handsame søknader.
Samordna opptak
Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanning. SO er lagt til Universitetet i Oslo, men er organisert i samsvar med § 1-4 (4) i universitets- og høgskoleloven. SO vart tildelt 21,3 mill. kroner i 2005. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga til SO i 2006.
Museumsprosjektet og Artsdatabanken
Museumsprosjektet har medverka til å gi nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår gjennom å digitalisere vitskaplege samlingar ved universiteta. Museumsprosjektet vart tildelt 3 mill. kroner i 2005. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga i 2006, men tek sikte på å avvikle tildelinga frå departementet i budsjettet for 2007.
Artsdatabanken vart etablert i 2003 og er ei uavhengig eining ved Vitskapsmuseet ved NTNU. Artsdatabanken skal gi ei elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Finansieringa kjem frå ulike departement. Utdannings- og forskingsdepartementet tildelte Artsdatabanken 6 mill. kroner i 2005. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å styrkje løyvinga til Artsdatabanken med 1 mill. kroner i 2006. I samband med at nokre departement har overført midlar øyremerkte Artsdatabanken til Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett, er samla tildeling til Artsdatabanken over budsjettet til UFD 9,8 mill. kroner i 2006.
Utgreiing om verksemda ved universitetsmusea
Regjeringa vedtok i juni 2004 å oppnemne eit utval som skal greie ut rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Sjå kategoriinnleiinga for nærmare omtale.
Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid
Departementet har oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med St.meld. nr. 18 (2001–2002) Om høgre kunstutdanning. Programmet er ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. Hausten 2004 var det midlar til ni doktorgradsstillingar totalt på programmet. Frå hausten 2005 er det tildelt tre nye doktorgradsstillingar. Programmet er ein parallell til det ordinære doktorgradsprogrammet og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis.
Det er foreslått å tildele midlar til fem nye doktorgradsstillingar med verknad frå hausten 2006. For tre doktorgradsstillingar tildelte i 2005 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2006.
Forskingsprogram under Noregs forskingsråd
Det vart tildelt 30 mill. kroner til forskingsprogram for statlege høgskolar i 2005. Programmet er administrert av Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare i 2006.
Departementet tildelte 3,5 mill. kroner til forskingsprogrammet Mobilisering av FoU-relatert innovasjon (MOBI) i 2005. Tiltaket blir ført vidare i 2006.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. I samband med endringane i universitets- og høgskoleloven har universitet og høgskolar fått auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Departementet tildelte 6 mill. kroner til FORNY-programmet over kap. 281 i 2005. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare i 2006.
Talentutviklingsprogram i musikk
I samsvar med St.meld. nr. 18 (2001–2002) Om høyere kunstutdanning tildelte departementet 2 mill. kroner i 2005 til eit talentutviklingsprogram i musikk. Programmet er eit treårig forsøksprosjekt mellom Noregs musikkhøgskole, dei tidlegare konservatoria, musikk- og kulturskolar, samt vidaregåande opplæring, der dei høgre lærestadene får ansvar for å ta vare på musikktalent under 19 år. Departementet foreslår ei styrking av tiltaket på 2 mill. kroner, til 4 mill. kroner i 2006.
Bologna-prosessen
I mai 2005 vart det arrangert eit møte i Bergen der utdanningsministrar frå 45 land kom saman for å vurdere utviklinga i Bologna-prosessen og gi retningslinjer for vidare arbeid. Målet er å etablere eit europeisk område for høgre utdanning i 2010. Sjå også omtale i kategoriinnleiinga.
Flygarutdanning
I samsvar med Stortingets behandling av Innst. S. nr. 240 (2004–2005) med vedtak om midlar til flygarutdanning i Tromsø/Bardufoss, tildelte departementet 4,5 mill. kroner til Norwegian Aviation College (NAC) i 2005. Utdannings- og forskingsdepartementet vil saman med Samferdselsdepartementet og Forsvarsdepartementet vurdere organiseringa av flygarutdanninga.
Departementet foreslår å tildele 4,5 mill. kroner til flygarutdanning i 2006. Midlane skal nyttast til vidareføring av drift av trafikkflygarutdanning i Bardufoss ved NAC.
Forkursordning for ingeniørutdanninga
Ei kartlegging som RENATE har gjennomført, syner at forkurs har mykje å seie for rekrutteringa til ingeniørutdanninga. Regjeringa vil derfor løyve 4 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å auke omfanget av forkurs i 2006. Midlane vil bli fordelt etter særskild søknadsrunde der mellom anna tal for søkjarar og kapasitet til å auke opptaket blir vektlagd. Sjå også omtale i kategoriinnleiinga.
Bygg og lokale
I juni 2004 sette Regjeringa ned eit interdepartementalt utval under leiing av Moderniseringsdepartementet for å vurdere ei meir effektiv statleg byggje- og eigedomsforvaltning. Basert på tilrådinga frå utvalet foreslår Regjeringa prinsipielle endringar av statens byggje- og eigedomsverksemd gjennom fleire ulike tiltak og prinsipp for betre å kunne ivareta sentrale målsetjingar på byggje- og eigedomsområdet innanfor staten. Mellom anna vil tiltaka vere ei utviding av husleigeordninga til å gjelde all statleg eigedom og oppretting av ei statleg forvaltningsbedrift underlagt Utdannings- og forskingsdepartementet. Dette vil innebere ei innlemming av universiteta og dei vitskaplege høgskolane der det i dag ikkje er ei husleigeordning, og at forvaltningsbedrifta skal forvalte og eige universitets- og høgskolebygg. Det er foreslått at eigarskapet til kulturhistoriske eigedommar i universitets- og høgskolesektoren skal bli ivareteken av forvaltningsbedrifta under UFD, men med forvaltningsansvar hos Statsbygg. Kva for bygningar dette vil gjelde, vil bli fastsett etter ei konkret gjennomgang i samarbeid med aktørane. Regjeringa foreslår vidare å ta att vedlikehaldsetterslepet i den statlige eigedomsmassen, og eit nytt regime for vedtak i byggje- og eigedomssaker som inneber at vedtak om investeringar i byggjesaker i hovudsak kan handsamast som eit spørsmål om å inngå husleigekontraktar. Det er òg føresett at den finansielle fleksibiliteten til forvaltningsbedrifta blir utvida slik at den kan komme i møte etterspørselen etter nybygg frå brukar der spørsmålet om husleigemidlar er avklart. Med sikte på å kunne implementere reformer i statleg byggje- og eigedomsverksemd frå og med 1. januar 2007, vil ein i løpet av 2006 arbeide med å konkretisere ein del av forslaga nærmare. Det er føresett at dei institusjonane dette vil omfatte og dei tilsette skal få høve til å delta tidleg og breitt i den vidare prosessen. Sjå nærmare omtale i Moderniseringsdepartementets fagproposisjon.
Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitt over budsjettet til Moderniseringsdepartementet, jf. kap. 1580 og kap. 2445.
Status for byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren vart det også gjort greie for i St.prp. nr. 1 (2004–2005).
Følgjande bygg er eller vil bli ferdigstilte i 2005: Nybygg i Førde for Høgskolen i Sogn og Fjordane, nybygg på Remmen i Halden for Høgskolen i Østfold, ombyggingsarbeid for Høgskolen i Gjøvik, tilbygg i samband med oppføring av Sentralbygget for Universitetet i Stavanger og nybygg for Svalbard forskingspark/Universitetssenteret på Svalbard. I tillegg er rehabiliteringsarbeidet for Falstadsenteret og Holocaustsenteret (Villa Grande) ferdig i 2005.
I 2006 er nybygg og ombygging for Høgskolen i Nesna, Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Østfold og Noregs musikkhøgskole planlagt ferdigstilte. I tillegg er Studentsenteret ved Universitetet i Bergen planlagt å stå ferdig hausten 2006, og det er førebels lagt til grunn at feltstasjonen for nordlysobservasjonar på Svalbard vil vere ferdig til same tid.
Ein viser til omtale og handsaming av Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, der det vart gjort greie for status i saka om framtidig organisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap og Regjeringas forslag til vidare handsaming. Forslaget fekk Stortingets støtte. Departementet følgjer no opp saka ved å nytte ny prosedyre for ekstern kvalitetssikring av ulike konseptval. Kvalitetssikringa vil bli utført av eksternt firma etter retningslinjer frå Finansdepartementet. Endeleg forslag til vedtak vil bli lagt fram for Stortinget på eigna måte. Departementet har gitt Statsbygg i oppdrag å setje i gang arbeid med ein landsverneplan for kulturhistoriske eigedommar i Universitets-og høgskolesektoren.
Prosjekt som har fått startløyving/er foreslått til startløyving
Institusjon | Brutto areal m (nybygg + ombyggingar) | Prosjekt | Kostnadsramme (i 1 000 kroner) |
---|---|---|---|
Svalbard forskings-park/ Universitetssenteret på Svalbard | 8 502 + 552 | Nybygg | 427 600 |
Høgskolen i Østfold | 11 284 + 15 097 | Samlokalisering på Remmen | 663 300 |
Universitetet i Stavanger | 13 714 | Sentralbygg med felles undervisningsrom, studentareal, administrasjon og spesialrom | 401 600 |
Høgskolen i Nesna | 5 031 | Nybygg | 154 400 |
Noregs musikkhøgskole | 6 838 + 1 340 | Samlokalisering på Majorstua | 312 200 |
Universitetet i Bergen | 11 707 | Studentsenteret | 343 200 |
Universitetet i Oslo | 27 000 | Nybygg for informatikkmiljøa 2. byggjetrinn (IFI II) | 946 500 |
Høgskolen i Vestfold | 15 850 | Samlokalisering på Bakkenteigen, flytting av lærarutdanning frå Eik | 608 100 |
Universitet for miljø- og biovitskap | 9 400 | Rehabilitering av Sørhellinga | 204 800 |
Samisk høgskole | 8 600 | Samlokalisering med mellom anna Nordisk samisk institutt | 317 400 |
1 Kostnadsramme per 1. juli 2006 på 85 pst. sikkerheit mot overskridingar, jf. omtale under kap. 1580 og kap. 2445 i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Moderniseringsdepartementet.
Budsjettforslag for 2006
Regjeringa vil i budsjettet for 2006 foreslå byggjestart for to nye prosjekt. Regjeringa foreslår byggjestart for nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino. Nybygget er mellom anna eit prosjekt for å samle Samisk høgskole, Nordisk Samisk Institutt, Studentsamskipnaden i Indre Finnmark, Samisk spesialpedagogisk støtte, Sametingets språk- og opplæringsavdeling, Reindriftas internasjonale fag- og formidlingssenter, Kompetansesenter for urfolksrettigheter, og Samisk arkiv. Samisk høgskole vil vere største brukar av bygget. Høgskolen held i dag til i ein militærforlegning i Kautokeino. Lokala er gamle og ikkje tilpassa verksemda til høgskolen. Forprosjekt er ferdig, og prosjektet har ei godkjent kostnadsramme på 317,4 mill. kroner og ei styringsramme på 294,2 mill. kroner (per 1. juli 2006). Regjeringa foreslår ei startløyving i 2006 på 10 mill. kroner, jf. omtale på kap. 2445 post 31. Det er ein føresetnad at Samisk høgskole blir kompensert for auka utgifter til husleige når nybygget står ferdig. Dette skuldast standarden på dagens lokaler og storleiken til institusjonen.
Regjeringa foreslår vidare byggjestart for prosjektet rehabilitering av Sørhellingabygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Delar av bygningsmassen ved Universitetet for miljø- og biovitskap er forfallen, og det trengs vesentlege forbetringar for å ta att bygningsmessig vedlikehald og gjennomføre tilpassing i høve til dagens krav til undervisnings- og forskingsbygg. I ei samla vurdering av behova for vedlikehald og renovering av bygningane ved universitetet, har rehabilitering av Sørhellingabygningen fått førsteprioritet. Forprosjekt er ferdig, og prosjektet har ei godkjent kostnadsramme på 204,8 mill. kroner og ei styringsramme på 195,3 mill. kroner (per 1. juli 2006). Regjeringa foreslår ei startløyving i 2006 på 30 mill. kroner, jf. omtale på kap. 1580 post 31.
I tillegg til to nye startløyvingar prioriterer departementet følgjande byggjeprosjekt: Bygg for odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen (DOF), bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo i Pilestredet Park, samlokalisering av Høgskolen i Bergen, byggjetrinn to for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø og samlokalisering av Kunsthøgskolen i Bergen. Byggjeprosjekta har komme ulikt i forhold til framdrifta, og prioriteringa må derfor også vurderast i høve til kor langt dei er komme i prosjekteringsarbeidet.
Dei to tabellane nedanfor gir oversikt over prosjekt som krev vedtak i Stortinget om startløyving etter at kostnadsramma er fastsett. For høgskolar innanfor husleigeordninga kan det for desse prosjekta vere behov for midlar til auka husleige. Retningslinjene for eventuell kompensasjon for auka utgifter til husleie er gitt i kgl. res. av 7. oktober 1997, jf. kategoriomtalen.
Det er godkjend kostnadsramme for byggjeprosjektet ombygging og rehabilitering av Patologibygget i Pilestredet Park for sjukepleieutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Godkjend kostnadsramme for prosjektet er 550,7 mill. kroner og ei styringsramme på 484 mill. kroner (per 1. juli 2005). Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av byggjeprosjekt for odontologiutdanninga ved Universitetet i Bergen (DOF). Det blir medio september 2005 arbeidd med å fastsetje ei kostnadsramme med utgangspunkt i den eksterne kvalitetssikringa.
Bygg som er under prosjektering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Universitetet i Bergen | 11 500 | Odontologisk fakultet (DOF), nybygg |
Høgskolen i Oslo | 19 000 | Pilestredet Park, ombygging av Patologibygget for sjukepleiarutdanninga |
Høgskolen i Bergen | 48 000 | Samlokalisering på Kronstad |
Universitetet i Tromsø | 17 700 | Medisin og helsefag, byggjetrinn 2 (MH2) |
Kunsthøgskolen i Bergen | 17 500 | Samlokalisering |
Universitetet i Oslo | Ca. 10 000 | Preklinisk odontologi |
Høgskolen i Tromsø | 5 150 | Samlokalisering, flytting av Avdeling for ingeniørfag og økonomi |
Universitetet for miljø- og biovitskap | Rehabilitering av Urbygningen |
Prosjekt under utgreiing/programmering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 19 500 | Avdeling for sjukepleie |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Kulturhistorisk museum, Sørenga |
Universitetet i Oslo | 3 000–4 000 | Odontologisk fakultet |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 13 200 | Sogndal |
Universitetet i Oslo | Domus Media, vestre fløy | |
Noregs handelshøgskole | Ikkje fastsett | Utflytting Merinobygget |
Universitetet i Oslo | 30 000 | Kjemibygningen |
Følgjande prosjekt innanfor husleigeordninga er såkalla kurantprosjekt, eller andre prosjekt der husleigekostnadene blir dekte innanfor ordinær budsjettramme.
Kurantprosjekt, byggjeprosjekt under bygging
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Universitetet i Oslo | 6 300 | Forskningsveien 3, tilbygg |
Universitetssenteret på Svalbard | Ikkje fastsett | Feltstasjon for nordlysobservasjon |
Feltstasjonen for nordlysobservasjon/optisk feltstasjon ved Longyearbyen på Svalbard er under prosjektering og vil venteleg vere ført opp hausten 2006.
Kurantprosjekt, byggjeprosjekt under prosjektering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 757 | Akvakulturstasjon |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 14 000 | Kalvskinnet |
Universitetet i Oslo | 6 000–7 000 | Domus Medica, tilbygg |
Kurantprosjekt, byggjeprosjekt under utgreiing/programmering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Høgskolen i Volda | Nytt Ivar Aasen-bygg | |
Høgskolen i Østfold | 6 500 | Etterbruk, Sarpsborg |
Høgskolen i Hedmark | 3 600 | Midtbyen skole |
Høgskolen i Agder | Ikkje fastsett | Flytting av musikkonservatoriet |
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga blir nytta til større utstyrsinnkjøp. Departementet fordeler løyvinga på universitet og høgskolar. I 2004 vart 7 mill. kroner tildelte brannsikringstiltak ved dei fire universiteta. Vidare fekk Høgskolen i Oslo 4 mill. kroner i samband med samlokalisering av verksemda.
Departementet foreslår ei løyving på 12,8 mill. kroner til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald i 2006.
Post 51 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning
Resultatrapport for 2004–05
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) vart gjort om til forvaltningsorgan i januar 2004 med fem hovudområde for virket sitt: programdrift, profilering av norsk høgre utdanning og norske universitet og høgskolar i utlandet, informasjon, kompetansebygging og rådgiving. SIU er nasjonalkontor for EU-programma Sokrates, Erasmus Mundus og E-læringsprogrammet og har fleire andre mindre oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet. I tillegg forvaltar SIU fleire utdannings- og forskingsprogram for Utanriksdepartementet og NORAD. Programma har gjennomgåande hatt god og dels stigande deltaking i 2004. På dei andre områda SIU har ansvar for, har mykje av 2004 vorte nytta til grunnleggjande planleggings- og strategiarbeid. I tillegg starta fornyinga av Noregsprofileringssidene på nettsidene til SIU. SIU har utarbeidd ein katalog over engelskspråklege masterprogram ved norske universitet og høgskolar som er tilgjengeleg på nett, og har arrangert ei rekkje konferansar for sektoren, inklusive årlege fordjupingsseminar for å utvikle spisskompetanse i internasjonalt utdanningssamarbeid.
Løyvinga til SIU vart styrkt med 1 mill. kroner i 2005, og SIU vart tildelt totalt 19,2 mill. kroner i 2005.
Resultatmål for 2006
SIU skal syte for god og brei deltaking i dei utdanningsprogramma SIU har ansvar for.
For å leggje tilhøva til rette for internasjonaliseringsarbeidet ved universiteta og høgskolane er det viktig med god profilering av norsk høgre utdanning for utanlandske søkjarar og partnarar. SIU skal utvikle verkemiddel som gjer det mogleg å utvikle god, målretta og lett tilgjengeleg informasjon.
Budsjettforslag for 2006
I forslag til statsbudsjett for 2006 foreslår departementet å styrkje budsjettet til SIU med 1,6 mill. kroner. Departementet foreslår ei løyving på til saman 21,8 mill. kroner.
1 mill. kroner av foreslått løyving er overførte frå kap. 281 post 73 for å finansiere ein nasjonal ekspert i Sokrates-programmet.
Departementet foreslår at Senter for internasjonalisering av høgre utdanning går over til nettobudsjettering frå 1. januar 2006, sjå forslag til vedtak IV nr. 3 og 4.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Om ordninga
Målet med tilskottet er å leggje til rette for norsk deltaking i forpliktande institusjonelt samarbeid på tvers av landegrensene. Dette gjer ein for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Vidare skal tilskottet leggje til rette for fleirnasjonalt samarbeid om nyskapande prosjekt i utdanninga for å oppnå fagleg utvikling og gjensidig læring.
Tilskottet skal dekkje medlemskontingenten for å delta i utdanningsprogramma. Det skal også dekkje andre mindre internasjonale samarbeidstiltak, spesielt innanfor høgre utdanning. Kontingenten blir fastsett gjennom årlege EØS-forhandlingar.
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) har ansvaret for å leggje til rette for og gjennomføre programma i Noreg. SIU har også ansvaret for administrasjon av norske nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen.
Noreg er med i hovudkomiteen for Sokrates-programmet og i ulike underkomitear for skole og høgre utdanning.
EU-kommisjonen har skjerpa krava til rutinar for kontroll og revisjon i denne programperioden.
Rapport for 2004–05
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i alle EUs utdanningsprogram. 31 land er med i programma. I 2004 var norsk tilskott til EU-kontingent for programma Sokrates og Erasmus Mundus, Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004, generelle EU-tiltak i utdanningspolitikken og andre mindre aktivitetar på 57,8 mill. kroner. For omtale av Leonardo da Vinci, sjå kap. 225 post 72. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalkontor for Sokrates og Erasmus Mundus, sjå omtale under post 51.
I Erasmus Mundus, som omfattar fellesgradar på masternivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS, gjekk det første året godt frå eit norsk synspunkt. Per april 2005 deltok norske institusjonar som partnarar i seks konsortium. UiO koordinerer konsortiet «Higher Education Erasmus Mundus Mastergrad». I tillegg skal NTNU og UiT koordinere kvart sitt nettverk som skal syne partnarar frå Russland, Canada og USA at europeisk høgre utdanning er attraktiv.
Sokrates omfattar samarbeid på alle nivå i utdanningssystemet. I skolesamarbeidet, Comenius, fekk i alt 234 norske skolar støtte i 2004: 151 til europeiske skolepartnarskap, 17 til språkprosjekt og 66 til skoleutviklingsprosjekt. Dette omfattar i alt om lag 10 500 elevar og 1 200 lærarar. I tillegg fekk 126 lærarar stipend for etterutdanning i utlandet (72 i framandspråk og 54 i andre fag).
I Grundtvig (vaksenopplæring og alternative utdanningsvegar) var norske institusjonar med i 26 læringspartnarskap (fem norskkoordinerte), tre større samarbeidsprosjekt og to nettverk.
I Erasmus har det igjen vore auke i talet på innreisande studentar, og til ein viss grad i lærarutvekslinga. Éin norsk institusjon (Høgskolen i Agder) fekk ECTS Label i 2004, av i alt elleve på europeisk nivå, og 14 fekk Diploma Supplement (DS) Label, det vil seie halvparten av dei som vart delte ut frå Kommisjonen. I 2005 fekk sju institusjonar DS Label. Norske universitet og høgskolar får framleis få faglege utviklingsprosjekt i Erasmus, men det er verdt å merke seg at Høgskolen i Hedmark koordinerer eit stort «tematisk nettverk» om forbrukarmedborgarskap, med 124 partnarinstitusjonar i 29 land.
I 2003–04 var det auke i talet på inn- og utreisande Erasmus-studentar og lærarutveksling gjennom Erasmus i høve til 2002–03. Tabellen nedanfor syner tal på inn og utreisande studentar i perioden 1992–93 til 2003–04. Tabellen følgjer det skoleåret som ligg til grunn for Europakommisjonens budsjett.
Erasmus-studentar
År | Inn | Ut |
---|---|---|
1992–93 | 155 | 474 |
1994–95 | 554 | 980 |
1995–96 | 727 | 1 212 |
1998–99 | 983 | 1 101 |
2001–02 | 1 100 | 970 |
2002–03 | 1 244 | 1 010 |
2003–04 | 1 523 | 1 156 |
Lærarutveksling gjennom Erasmus
År | Inn | Ut |
---|---|---|
2000–01 | 165 | 171 |
2001–02 | 170 | 229 |
2002–03 | 175 | 233 |
2003–04 | 197 | 245 |
Budsjettforslag for 2006
1 mill. kroner er overførde til SIU på kap. 281 post 51 for å finansiere ein nasjonal ekspert på Sokrates-programmet.
Departementet foreslår ei løyving på 72,1 mill. kroner i 2006. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingentutgifter til EU for programma Sokrates og Erasmus Mundus.
Post 74 Tilskott til UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som eit statleg aksjeselskap 29. november 2002. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994. Eigarinteressene til staten blir forvalta av Utdannings- og forskingsdepartementet.
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at UNIS kan gi studietilbod på universitetsnivå og drive forsking med utgangspunkt i at Svalbard er geografisk plassert i eit høgarktisk område.
Rapport for 2004–05
Universitetssenteret på Svalbard har gitt gode resultat med omsyn til undervisning, forsking og bidrag til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten i 2004 utgjorde 126 60-studiepoengseiningar. 60 pst. av studentane var utanlandske. I 2004 var det 47 studentar som arbeidde med masteroppgåve og 31 registrerte doktorgradsstudentar ved UNIS.
UNIS fekk midlar til ti doktorgradsstillingar i 2005. Ei av desse er øyremerkt russiske studentar.
UNIS legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda. Utdannings- og forskingsdepartementet skal kontrollere dei innsende rapportane og rekneskapa.
Svalbard Forskingspark er ei samlokalisering av alle dei akademiske miljøa i Longyearbyen. Prosjektet er planlagt ferdigstilt hausten 2006 og omfattar mellom anna kontor, undervisningsrom og laboratorium for UNIS, samt felles lager og verkstader for UNIS og Norsk Polarinstitutt.
Budsjettforslag for 2006
Det blir foreslått auke i løyvinga på 11,8 mill. kroner i samband med auka husleige i 2006. Vidare er utstyrsmiddel på 3,4 mill. kroner fasa ut, slik at samla utstyrsløyving til UNIS i 2006 er 23,6 mill. kroner.
UNIS vil stå for drifta av feltstasjonen for nordlysobservasjonar/optisk feltstasjon på Svalbard, som står ferdig hausten 2006. I samband med dette er det foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,48 mill. kroner knytte til fem nye doktorgradsstillingar. Det er vidare lagt inn midlar til heilårsverknad av to doktorgradsstillingar oppretta i 2005. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner knytte til auke i talet på studieplassar finansierte av departementet frå 115 til 125 studieplassar.
I tillegg viser departementet til Miljøverndepartementets kap. 1471 post 01, og Justisdepartementets kap. 3 post 70, og kap. 5 post 01. Samla blir det foreslått ei løyving på 94,9 mill. kroner til UNIS i 2006.
Post 75 Tilskott til Uninett AS
Uninett AS er organisert som eit statleg aksjeselskap, der Utdannings- og forskingsdepartementet forvaltar eigarinteressene til staten.
Formålet med tilskottsordninga er å vidareutvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning.
Den primære målgruppa er institusjonar i universitets- og høgskolesektoren som er underlagde Utdannings- og forskingsdepartementet, samt andre institusjonar departementet spesifiserer for bruk av Uninett. Vidare kan Uninett tene andre institusjonar av ikkje-kommersiell art som har tilknyting til forsking og/eller utdanning.
Kriterium for måloppnåing er at Uninett AS utviklar eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning.
Styret for Uninett legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda. Utdannings- og forskingsdepartementet skal kontrollere dei innsende rapportane og rekneskapa.
Rapport for 2004–05
Uninett Sigma AS vart stifta 2. desember 2004 og sett i operativ drift 1. januar 2005. Uninett Sigma AS er eit dotterselskap av Uninett AS og har ansvar for operativ drift og utvikling av norsk tungrekning. Ved utgangen av 2004 hadde Uninett AS 36 tilsette. I konsernet var det 63 tilsette. Ved utgangen av 2004 hadde Uninett 203 institusjonar tilslutta forskingsnettet. Uninett vidareførte arbeidet med gigabitkapasitetar i 2005. Dei tyngste langdistansetrekka er no implementerte, men utbygginga er langt frå ferdig.
Budsjettforslag for 2006
Uninett har under planlegging eit Gigacampus-prosjekt som skal gi standardisert opprustning av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonen. Det er særs viktig at campusnetta vert utvikla i takt med trafikkveksten og ytingskrava i sektoren, slik at tenestene når fram til brukaren på ein hurtig og sikker måte. Gigacampus-prosjektet vil, i tillegg til å auke trafikkapasiteten, heve sikkerheita, betre trafikkovervakinga, stimulere utviklingsmiljø, samt samordne infrastrukturen. Ei slik standardisering vil fremme kostnadseffektive og gode fellesløysningar, og ein robust nasjonal nettstruktur er ein føresetnad for at sektoren kan gi best mogeleg undervisning og arbeide med avansert forsking.
Gigacampus-prosjektet vil vere eit samarbeidsprosjekt mellom Uninett og universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa forslår å løyve 12,6 mill. kroner som eingongsløyving til Gigacampus-prosjektet. Vidare vil departementet øyremerke til saman 15 mill. kroner av løyvinga til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren til dette prosjektet, slik at samla løyving til gigacampus-prosjektet blir 27,6 mill. kroner i 2006. Utrekningane til Uninett viser at ein årleg vil spare 60–100 mill. kroner i høve til om institusjonane skulle gjere tilsvarande oppgåver på eiga hand. Samla blir det foreslått ei løyving på 34,2 mill. kroner til Uninett i 2006.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris på nett og nett-tenestene enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan realisere på eiga hand.
NORDUnet AS er organisert som eit dansk aksjeselskap, som dei nasjonale nettverksorganisasjonane eig. Uninett AS forvaltar dei norske interessene i selskapet.
Formålet med tilskottsordninga er å sikre felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester.
Kostnadene knytte til samarbeidet i NORDUnet AS blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt. Noreg dekkjer i hovudsak tilskottet sitt gjennom eit sentralt grunntilskott. Kostnader ut over grunntilskottet blir dekte av medlemsinstitusjonane.
Aksjeselskapet er underlagt dansk lovgiving. Styret har fem medlemmer, ein frå kvar av dei fem nettverksorganisasjonane. Styret legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda. Organiseringa og finansieringa av verksemda til NORDUnet AS har vore evaluert av ein nordisk embetsmannskomité under Nordisk Ministerråd. Komiteen konkluderer med at ordninga har vore ein suksess og bør førast vidare. Budsjettprosessen og framdriftsplanen vil bli vurdert i regi av Nordisk Ministerråd.
Rapport for 2004–05
Den årlege veksten i nettverkstrafikken var på om lag 50 pst. i 2004. Den store kapasiteten og dubleringane i nettet sikra pålitelege og raske tenester. Utbygginga av forskingsnettet mellom dei nordiske landa vart ført vidare i 2004. NORDUnet og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår ei løyving på 16,3 mill. kroner i 2006.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. Formålet med tilskottet er å utvikle og fremme forsking og høgre utdanning innanfor nasjonal forskings- og utdanningspolitikk. UHR skal fremme koordinering og arbeidsdeling innanfor universitets- og høgskolesektoren, og overfor andre nasjonale aktørar.
UHR har frå 2004 forvalta tilskottet til utgiving av lærebøker. Tilskottsordninga for utgiving av lærebøker i høgre utdanning er evaluert i 2004, og ordninga vart vidareført i 2005.
Rapport for 2004–05
UHR har i 2004 arbeidd med å forbetre og vidareutvikle organisasjonen. Ein viktig del av arbeidet har vore å utvikle tett samband og meir opne kommunikasjonslinjer mellom råd, utval og fakultetsmøtar i forhold til styre og representantskap.
Budsjettforslag for 2006
Midlar til tilskott til utgiving av lærebøker er overført frå post 70 med 4,1 mill. kroner. Departementet foreslår ei samla løyving til UHR på 11,7 mill. kroner i 2006.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Stortinget vedtok våren 2002 å setje i gang utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim. Utbygginga er delt inn i to byggjefasar og skal innehalde areal til sjukehus-, universitets- og høgskoleformål. Formålet med tilskottet på post 79 er å finansiere universitets- og høgskoledelen av klinikken. Første byggjefase omfattar mellom anna Laboratoriesenteret, Kvinne-barnsenteret og Nevrosenteret og er planlagt ferdigstilt i 2006.
I 2001 vedtok Stortinget å greie ut ei alternativ plassering av universitetsklinikken på Dragvoll, men plasseringa på Øya vart halden fast. Utgreiing om alternativ plassering medførte ein tilleggskostnad for prosjektet på 122 mill. kroner. Utsetjingskostnadene er tekne omsyn til gjennom Helse- og omsorgsdepartementets tilskott på 2,9 mrd. kroner for fase ein, jf. St.prp. nr. 65 (2004–2005) og Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Departementet legg til grunn at kostnader som ligg i gråsona mellom byggjefase ein og to blir dekt innanfor kostnadsramma for fase to.
Helse Midt-Noreg RHF har gjennomført risikoanalyser to gonger i året som ledd i prosjektstyringa. Siste risikoanalyse viser at universitets- og høgskoleareala i fase ein kan realiserast innanfor styringsramma.
Forprosjekt for byggjefase to er ferdigstilt og behandla av styret i Helse Midt-Noreg RHF. Det er lagt til grunn at Helse Midt-Noreg gjennomfører tilstrekkelege analysar og planar for handsaming av den samla økonomiske belastninga knytt til utbygginga før dei tek ei avgjerd om å setje i gang fase to. Det er vidare lagt til grunn at universitets- og høgskoleareala i fase to blir finansiert over Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett i høve til delen av totalt areal i dei ulike fasane, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005). Helse Midt-Noreg har ført vidare prosjekteringsarbeidet for fase to, men har enno ikkje fatta endeleg vedtak om utbygging. Utdannings- og forskingsdepartementet vil i samarbeid med partane utarbeide ny utbyggingsavtale om areal og kostnadsramme til universitets- og høgskoleformål for byggjefase to av universitetsklinikken.
Departementet utbetalte i 2004 453,3 mill. kroner til Helse Midt-Noreg RHF til utbygging av universitets- og høgskoledelen av klinikken.
Sjå også omtale av byggjeprosjektet i budsjettframlegget til Helse- og omsorgsdepartementet kap. 732.
Forslag til løyving for 2006 til utbygging av universitets- og høgskoledelen av universitetsklinikken i Trondheim i 2006 er 279,7 mill. kroner. For omtale av utstyr til universitets- og høgskoledelen av klinikken, sjå kap. 271.
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 14 293 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 10 011 | 10 | 10 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 147 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 221 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 218 | ||
96 | Aksjesalg | 100 | ||
Sum kap. 3281 | 24 990 | 10 | 10 |
Kap. 282 Privat høgskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott | 569 857 | 619 508 | |
Sum kap. 282 | 569 857 | 619 508 |
Rapport for 2004–05
1. januar 2003 vart det innført ei ordning med institusjonsakkreditering av dei private høgskolane. NOKUT har ansvaret for denne ordninga. Akkrediteringsordninga er ei generell godkjenningsordning, som legg til rette for at private høgskolar kan få fagleg eigenforvaltning meir på linje med den som statlege institusjonar har. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2004–2005).
NOKUT akkrediterte Det teologiske Menighetsfakultetet som vitskapleg høgskole med verknad frå 1. januar 2005, og Diakonhjemmet høgskole vart akkreditert som høgskole 28. januar 2005.
I budsjettet for 2005 fekk Handelshøgskolen BI og Det teologiske Menighetsfakultetet to doktorgradsstillingar kvar. Vidare fekk Handelshøgskolen BI, Diakonhjemmet høgskole, Norsk Lærerakademi bachelor- og masterstudier og Norsk Lærerakademi lærerhøgskolen ei doktorgradsstilling kvar i handsaminga av budsjettet for 2005, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005). Sjå elles omtale under kap. 275.
Frå andre halvår 2005 fekk Fjellhaug Misjonshøgskole, Ansgar teologiske høgskole og Høgskolen i Staffeldtsgate tilskott over kap. 282, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005). SALT Baptistenes teologiske seminar har fått godkjent noko undervisning på høgskolenivå og fekk frå andre halvår 2005 tilskott til desse studietilboda over kap. 282, jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Mediehøgskolen Gimlekollen fekk 1 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2005. Midlane skal gå til nye studietilbod.
Menighetssøsterhjemmet Høgskole har skifta navn til Høyskolen Diakonova. Høgskulen på Jæren har skifta navn til Høgskolen landbruk og bygdenæringar. Stiftelsen Det norske Diakonhjem har teke over som eigar av Rogaland Høgskole. Det vil bli arbeidd med organiseringa av Diakonhjemmet Høgskole og Rogaland Høgskole hausten 2005.
Studiepoeng per registrert student ved private høgskolar har halde seg tilnærma uendra frå 40,9 i 2003 til 40,8 i 2004. I 2002 var studiepoeng per registrert student 39,2. Strykprosenten er redusert frå 2003 til 2004. I 2004 var strykprosenten 8,3 mot 8,8 i 2003. I 2002 var strykprosenten 7,8. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar er redusert frå 15 853 i 2003 til 15 490 i 2004. Talet på utvekslingsstudentar er redusert frå 706 i 2003 til 687 i 2004.
Budsjettforslag for 2006
For budsjettforslag og målformuleringar for 2006, sjå kap. 272 og 275.
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
0283 | Meteorologiformål | 357 834 | 244 658 | 251 967 | 3,0 |
0285 | Noregs forskingsråd | 1 337 038 | 1 153 842 | 1 341 600 | 16,3 |
0286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286) | 1 606 205 | 3 834 760 | 39 707 760 | 935,5 |
0287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287) | 130 525 | 132 491 | 137 051 | 3,4 |
0288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288) | 738 353 | 666 797 | 905 715 | 35,8 |
Sum kategori 07.70 | 4 169 955 | 6 032 548 | 42 344 093 | 601,9 |
Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer om lag 42,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 36,3 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2005. Auken skriv seg hovudsakleg frå auka kapital i Fondet for forsking og nyskaping.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
3283 | Meteorologiformål (jf. kap. 283) | 133 781 | 59 | -100,0 | |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286) | 1 918 323 | 1 982 339 | 2 134 060 | 7,7 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287) | 16 987 | 21 500 | 21 500 | 0,0 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288) | 4 754 | 4 916 | 5 073 | 3,2 |
Sum kategori 07.70 | 2 073 845 | 2 008 814 | 2 160 633 | 7,6 |
Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 2,2 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 152 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2005, som skriv seg frå auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping.
For ein omtale av norsk forsking generelt, sjå under del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap og føre til framtidig verdiskaping. For å gjere dette må forskingsinnsatsen vere langsiktig og ha høg kvalitet, forskingssystemet må leggje til rette for god forsking, og norske forskarar må ta aktiv del i det internasjonale forskingssamarbeidet.
Mål: Langsiktig og god forsking
Regjeringa vil styrkje grunnforskinga, betre kvaliteten i norsk forsking og auke rekrutteringa til norsk forsking.
Styrkt finansiering av grunnforsking
Grunnforskinga i Noreg blir først og fremst driven ved universitet og vitskaplege høgskolar. Direkte løyvingar til universitet og høgskolar og løyvingar gjennom Noregs forskingsråd er hovudkanalane for finansiering av grunnforsking. I begge kanalane blir midlane i ulik grad utsette for konkurranse som sørgjer for at dei gode forskarane og dei gode forskingsprosjekta får støtte. Det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar premierer vitskapleg kvalitet. Finansiering gjennom Noregs forskingsråd er ei komplementær kjelde for offentleg finansiering av fri grunnforsking. Forskingsrådet er ein nasjonal konkurransearena som sikrar at nasjonale perspektiv og heilskapsvurderingar blir lagde til grunn. Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde til finansiering av langsiktig forsking og nye kvalitetstiltak, sjå kap. 286. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i fondet med 39 mrd. kroner i 2006, slik at samla kapital blir 75 mrd. kroner. Avkastninga skal nyttast til å realisere dei overordna forskingspolitiske prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, jf. kap. 6 Opptrappingsplanen for offentlege forskingsløyvingar 2006–10. Grunnforsking med vekt på kvalitet og realfag er ei av hovudprioriteringane i meldinga.
Regjeringa vil innføre ei ordning med offentleg gåveforsterking av private donasjonar til grunnforsking. Det er sett av 50 mill. kroner til dette i 2006, og ordninga vil bli utvida i 2007, sjå omtale under kap. 286 post 50.
Auka kvalitet i forskinga
Høg kvalitet i forsking er viktig for å få fram gode, relevante og tillitvekkjande resultat. Regjeringa har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking. Regjeringa vil både satse på tiltak som skal få nokre norske forskarar og forskingsmiljø opp i internasjonal toppklasse, og tiltak for auka kvalitet i breidda. Sjå også kap. 1 Hovudprioriteringar.
Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre kvalitet og fagleg fornying. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til frie prosjekt med 50 mill. kroner i 2006. Vidare foreslår Regjeringa at Forskingsrådet frå hausten 2006 skal tildele 100 frie doktorgradsstipend gjennom ei eiga ordning. Høg kvalitet og originalitet skal vere einaste kriterium for tildeling. For å stimulere institusjonane til å prioritere driftsmidlar til forsking vil Regjeringa opprette ei tidsavgrensa ordning for å dekkje mindre finansieringsbehov knytt til drift av forskingsprosjekt. Målet er å betre forskingstilhøva ved institusjonane. Sjå meir omtale av satsingane under kap. 285 post 52.
Ordninga «Yngre framifrå forskarar» utviklar forskarar og forskingsleiarar i internasjonal toppklasse gjennom å gi yngre, særskilt talentfulle forskarar ekstra gode rammevilkår. Satsinga er aktuell for alle fagområde og utgjer eit viktig ledd i arbeidet for å rekruttere og halde på dei beste forskingstalenta. Sidan 2003 har det vore løyvd 20 mill. kroner årleg til denne ordninga. Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 10 mill. kroner i 2006.
Forskingsrådet har gjennomført ei rekkje fagevalueringar, som gir eit godt bilete av kvaliteten på norsk grunnforsking. Evalueringane nyttar internasjonal ekspertise og konkluderer med at kvaliteten på norsk forsking er varierande. Nokre miljø held høgt internasjonalt nivå, men det er eit generelt behov for forskingsleiing, konsentrasjon, arbeidsdeling og fornying. Tilrådingane frå evalueringane dannar grunnlag for forskingspolitiske vurderingar og prioriteringar i departementet, i Forskingsrådet og hos dei involverte institusjonane. Fagevalueringane skal vidareførast, utviklast og styrkjast. Forskingsrådet skal syte for systematisk oppfølging av evalueringane og stimulere forskingsinstitusjonane til oppfølging. Dette gjeld også innanfor samfunnsfag og humaniora.
Ordninga «Senter for framifrå forsking» er eit viktig tiltak for å auke kvaliteten i norsk forsking. Ordninga blir forvalta av Forskingsrådet og er finansiert med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet, jf. kap. 286 post 50. Dei 13 sentra som er etablerte skal evaluerast. Evalueringa vil starte i 2006. Frå 2007 skal ordninga utvidast. Gjennom å nytte delar av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, skal det etablerast ei ordning med «Senter for forskingsdriven innovasjon» frå 2006, jf. omtale under kap. 286 post 50. Målet med ordninga er å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, sjå nærmare omtale av den nye ordninga i del III kap. 5.
Noreg har oppretta to internasjonale vitskaplege prisar på nobelprisnivå, Abel-prisen i matematikk og Holberg-prisen i humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisane er viktige tiltak for å synleggjere framifrå forsking og forskarar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Holberg-prisen med 3,3 mill. kroner, slik at løyvinga blir lik løyvinga til Abel-prisen. For meir omtale av Abel- og Holberg-prisane, sjå kap. 287. Gjennom ein samarbeidsavtale med The Kavli Foundation og Det Norske Videnskaps-Akademi skal Utdannings- og forskingsdepartementet medverke til utdeling av ytterlegare tre prisar for framifrå forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Kavli-prisane skal delast ut første gongen i 2008, og kvar av prisane vil vere på 1 mill. USD.
Tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr er naudsynt for at forskarar ved norske universitet og høgskolar skal kunne vere i den internasjonale forskingsfronten. Trass i sterk satsing på dette i dei siste åra er det framleis udekte behov for slikt utstyr. Løyvingar til vitskapleg utstyr blir gitt både direkte over grunnløyvingane til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 285 post 52. Denne arbeidsdelinga skal halde fram. Forskingsrådet har ansvar for større innkjøp som krev nasjonal samordning. Forskingsrådet skal kartleggje og vurdere nasjonale behov for slikt utstyr, og i samarbeid med institusjonane utvikle realistiske strategiar for å prioritere mellom investeringane.
Auka rekruttering til forsking
Gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane er høg, og på nokre fagområde er rekrutteringa sviktande. Samstundes er det ein aukande etterspurnad etter forskarkompetanse både i næringslivet og i offentleg sektor. Det er eit sentralt forskingspolitisk mål å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar på alle fagområde.
Målet om vekst i doktorgradsstillingar er sett til 200 i 2003 og 350 årleg for perioden 2004–07, jf St.meld. nr. 20 (2004–2005). Målet omfatter alle stipendiatene, uavhengig av finansieringskjelde og tilsettingsstad. Regjeringa foreslår å opprette 350 nye øyremerkte doktorgradsstillingar frå hausten 2006. 250 av desse skal finansierast gjennom dei direkte løyvingane til universitet og høgskolar, jf. kategori 07.60, og 100 er lagde til ei ordning med frie stipend gjennom Forskingsrådet, jf. kap. 285 post 52. Finansieringskanalane er komplementære. Det er derfor formålstenleg å nytte ein kombinasjon i arbeidet for auka rekruttering. For meir omtale av doktorgradsstillingar, sjå kategori 07.60.
Det er viktig å halde på gode forskarkandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Gode verkemiddel for dette er postdoktorgradsstillingar som gir gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad og fleksible ordningar for tilsetjing. Forskingsrådet skal halde fram med å finansiere postdoktorgradsstillingar.
Regjeringa vil etablere ei nasjonal ordning med forskarskolar og har bede Forskingsrådet utarbeide eit forslag til ei slik ordning i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet.
Det er eit stort fleirtal av menn i faste vitskaplege stillingar i universitets- og høgskolesektoren. Talet på kvinner i slike stillingar har auka i dei siste åra, men i høgre faglege stillingar er talet framleis lågt. Det er eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet. Utfordringa er størst innanfor realfaga, jf. kategori 07.60. Sentrale aktørar i arbeidet for auka kvinnedeltaking i norsk forsking er Komiteen for integrering av likestilling i forsking, som vart oppnemnd i januar 2004, og Forskingsrådet. Arbeidet for å auke delen av kvinner på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste akademiske stillingar, særleg toppstillingar, skal førast vidare. Forskingsrådet skal halde fram med gjeldande praksis med moderat kjønnskvotering og arbeide aktivt for å få fleire kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid.
Mål: Eit velfungerande forskingssystem
Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremmer kvalitet, synergi og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske prioriteringar blir gjennomførde. Noregs forskingsråd er det overordna utøvande forskingsstrategiske organet i Noreg og har derfor ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Rådet er organisert etter funksjon i tre divisjonar: vitskap, store satsingar og innovasjon. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forsking er det gjort nærmare greie for korleis evalueringa av Noregs forskingsråd er følgt opp av Regjeringa og av rådet sjølv. Det er også gjort greie for kva slags forventningar Regjeringa har til Noregs forskingsråd.
Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av handlingsretta program i Forskingsrådet. Undersøkinga syner at administrasjonen av desse programma kan bli betre på nokre områder, mellom anna på målformulering, rapportering og brukarorientert formidling. Riksrevisjonen var òg kritisk til at forskingsresultat i for liten grad er gjort tilgjengelege på nettsidene til Forskingsrådet. Då saka vart handsama i Stortinget, vart det lagt til grunn at Forskingsrådet må utvikle og bruke ein overordna strategi for bruksretta formidling. Denne saka blir følgt opp gjennom eit eige prosjekt i Forskingsrådet.
Forskingsrådet har eit særskilt strategisk ansvar for instituttsektoren. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) har Regjeringa sagt at det strategiske ansvaret til Noregs forskingsråd skal tydeleggjerast og styrkjast. Det bør vere samsvar mellom det formelle ansvaret som Forskingsrådet er pålagt gjennom vedtektene, og dei verkemidla som rådet har til å ta hand om dette ansvaret. Som hovudprinsipp bør alle basisløyvingar, bortsett frå løyvingar til forskingsinstitutt som hovudsakleg utfører forvaltningsforsking, kanaliserast gjennom Forskingsrådet. Med verknad frå budsjettåret 2006 vil derfor basisløyvingane til Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) bli kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 287.
Utdannings- og forskingsdepartementet har bedt Forskingsrådet om å utarbeide forslag til nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta og forslag til nye retningslinjer for statleg finansiering av institutta. Tildeling av grunnløyving bør vere resultatbasert, og dei nye retningslinjene bør bli sterkare knytte til korleis Forskingsrådet skal ta hand om det strategiske ansvaret sitt. Under kategori 07.60 er det gjort nærmare greie for nytt finansieringssystem for universitets- og høgskolesektoren. Ved utarbeiding av dette systemet er det teke omsyn til samarbeidet mellom instituttsektoren og universitets- og høgskolesektoren.
Forskingsrådet blir også bedt om å gjennomgå dei institutta som arbeider innanfor det arbeids- og sosialpolitiske området og området for utanriks- og tryggleikspolitikk.
Mål: Auka internasjonalisering i forskinga
Auka internasjonalisering av norsk forsking er viktig for kvaliteten i forskinga og for å styrkje innovasjon i norsk næringsliv og offentleg sektor. Norsk forsking utgjer om lag fire promille av den totale forskinga i OECD-området. Vi må derfor arbeide aktivt for å halde på og tiltrekkje oss framifrå forskarar og kunnskapsbasert næringsliv. Regjeringa har som mål å auke internasjonaliseringa av norsk forsking. Dette er ei gjennomgåande prioritering i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning.
Departementet vil arbeide for at langt fleire utanlandske forskarar tek arbeid ved norske forskingsinstitusjonar og verksemder, at den utanlandske finansieringa av norsk forsking aukar, og at samarbeidet mellom norske forskingsinstitusjonar og leiande internasjonale forskingsinstitusjonar kjem opp på eit høgare nivå enn i dag.
Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom forskarar og forskarmiljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar på statleg nivå. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar, m.a. EUs rammeprogram for forsking og fleire internasjonale grunnforskingsorganisasjonar, jf. kap. 288 postane 72 og 73.
EUs rammeprogram for forsking
Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Rammeprogrammet skal styrkje den europeiske konkurranseevna i industrien og medverke til auka livskvalitet i befolkninga. Rammeprogrammet skal medverke til etableringa av det europeiske forskingsområdet European Research Area (ERA), som er eit vidare samarbeid med vekt på m.a. betre samspel mellom nasjonale forskingsprogram og utvikling av nettverk for framifrå forsking. Rammeprogrammet utgjer om lag fem pst. av dei totale offentlege midlane til forsking i EU, medan visjonen bak ERA er å stimulere til samarbeid som òg gjeld dei resterande 95 pst. EU har vedteke å auke FoU-investeringane til tre pst. av BNP innan 2010. To tredelar av investeringane skal komme frå næringslivet. Noreg har slutta seg til dette målet. Rammeprogrammet har som ei viktig oppgåve å realisere desse ambisjonane.
EUs sjette rammeprogram (2002–06) starta opp i 2003. Noreg deltek som medlem med fulle rettar. EU har starta førebuingane til eit sjuande rammeprogram for forsking (2007–13). Noreg har delteke med fleire innspel til prosessen med utforminga av det nye programmet. For å styrkje det nasjonale arbeidet som er knytt til forskingssamarbeidet med EU, vil det bli sett i verk ein brei strategisk prosess som involverer departementa, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre sentrale aktørar. Sjå omtale i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Spørsmålet om norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking vil bli lagt fram for Stortinget i 2006. For nærmare omtale av rammeprogramma, sjå kap. 288 post 73. For å sikre godt samarbeid og nær dialog med relevante aktørar er det etablert eit norsk EU-kontor for forsking i Brussel. Forskingsrådet har det administrative ansvaret for kontoret. Kontoret skal assistere forskarar og andre aktørar og medverke til å styrkje den norske deltakinga i rammeprogrammet.
Nordisk forskingssamarbeid
Forsking er òg ein integrert del av det organiserte nordiske samarbeidet. For å stimulere det nordiske forskingssamarbeidet ytterlegare har Nordisk Ministerråd gått inn for å utvikle Norden til ein leiande region for forsking og innovasjon (NORIA) innan 2010. Eit nytt organ, NordForsk, har fått ansvar for å styrkje forskingssamarbeidet mellom dei nordiske landa. NordForsk skal gi felles nordisk økonomisk støtte til forsking, som saman med nasjonale midlar kan gi stor effekt på prioriterte område.
Bilateralt forskingssamarbeid
Noreg er part i ei rekkje bilaterale avtalar knytte til forsking. Det er eit mål å utnytte slike avtalar betre. Til dømes vart ein bilateral forskings- og teknologiavtale med Japan inngått i 2003. Avtalen blir aktivt følgt opp mellom anna gjennom forskingsseminar som gir grunnlag for konkret forskingssamarbeid. Tre tematiske område er identifiserte som særleg interessante for samarbeid mellom norske og japanske forskarar: nanoteknologi og nye material, energi og matvaretryggleik. USA og Canada har nokre av dei fremste forskingsmiljøa i verda. Samarbeid med forskingsmiljø i desse områda er såleis med på å auke kvaliteten i norsk forsking. Strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika skal medverke til ei langsiktig og forsterka opptrapping av forskingssamarbeidet med USA og Canada. Departementet foreslår å auke løyvinga til bilateralt forskingssamarbeid med 6 mill. kroner.
Andre satsingar
I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning og i St.meld. nr. 30 (2004–2005) Muligheter og utfordringer i nord er det slått fast at samarbeidet mellom Noreg og Russland om polarforsking på Svalbard og i nordområda skal styrkjast. Departementet foreslår å styrkje løyvinga til dette, jf. omtale under kap. 285 post 82.
Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innanfor polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta, og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til Forskingsrådet til arbeidet med IPY. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar opp. Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet og Justisdepartementet.
Forskarmobilitet er ei viktig drivkraft for å internasjonalisere norsk forsking. Auka forskarmobilitet krev at norske miljø opnar seg meir mot omverda. Forskingsrådet har eit nasjonalt ansvar for disiplinutvikling og mobilitet i forskinga. Forskingsrådet skal styrkje arbeidet med å etablere eit ressurssenter for forskarmobilitet, som ein del av European Network of Mobility Centres. Senteret skal bli tilpassa behova til forskarar både i og utanfor Europa. Samstundes oppmodar departementet universitet, høgskolar og andre institusjonar til å utlyse forskarstillingar internasjonalt.
Regjeringa har som mål at doktorgradsstipendiatar har minst eitt lengre opphald i utlandet i løpet av stipendiatperioden. For å styrkje det individbaserte samarbeidet er det viktig å etablere gode internasjonale nettverk tidleg i karrieren. Forskingsrådet skal i samarbeid med institusjonane, sjå nærmare på korleis dette kan gjerast.
Kap. 283 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 246 374 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 59 162 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 9 946 | ||
50 | Meteorologisk institutt | 198 049 | 203 826 | |
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 42 352 | 46 609 | 48 141 |
Sum kap. 283 | 357 834 | 244 658 | 251 967 |
Kapitlet omfattar tilskott til drift av Meteorologisk institutt og tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid.
Meteorologisk institutt har som formål å arbeide for at styremakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg kan ivareta sine interesser for sikring av liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, samt post 50 Meteorologisk institutt
Meteorologisk institutt har viktige oppgåver i samband med meteorologifagleg forsking og utvikling, klimastudiar og beredskap. Beredskapstenestene omfattar m.a. varsling ved atomulykker og ved utslepp til luft eller hav. Instituttet har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Bergen og Tromsø. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.
Meteorologisk institutt driv tre vêrstasjonar i Arktis: på Jan Mayen, Bjørnøya og Hopen. Desse stasjonane har viktige funksjonar utover dei reint meteorologiske. På Bjørnøya og Hopen er instituttet aleine om å ha fast personell, og sikrar i så måte norsk nærvær. I tillegg sikrar stasjonane vernebuing for den norske fiskerisona, samt for eksisterande og framtidige olje- og gassaktivitetar inn mot Barentshavet.
Meteorologisk institutt er frå 1. januar 2005 organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. I samband med overgang til nettobudsjettering av Meteorologisk institutt er utgiftsløyvingane samla på post 50.
Utdannings- og forskingsdepartementet har sett i gang ei utgreiing med sikte på å kartleggje dei administrative og økonomiske føresetnadene for ei eventuell utskilling av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt. Departementet tek sikte på å komme tilbake til saka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2006.
Resultatrapport for 2004–05
Resultatmåla for 2004 er i hovudsak nådde. Kvaliteten på varslinga er auka ved betre tilgang på radardata, vidareutvikling av modellar og nye tekniske hjelpemiddel i varslinga. Auka tilgang på tungrekning gjer det mogleg å bruke meir detaljerte modellar for atmosfære og hav, og observasjonar frå satellitt, radar og fly kan nyttiggjerast betre.
Forskinga ved instituttet er i all hovudsak knytt til varsling og klima. Stadig fleire prosjekt blir finansierte gjennom EU og Noregs forskingsråd, og instituttet deltek i eit utstrakt internasjonalt samarbeid, både innanfor vêrvarsling og forsking. Instituttet er m.a. med på studiar av naturlege klimavariasjonar i dei siste tusen åra. Instituttet har òg bygd opp eit nasjonalt senter for klimamodellering. Klimadatabasen ved instituttet blir oppdatert kontinuerleg, og tilgangen på klimadata er forbetra ved etablering av vevtenesta eKlima sommaren 2004.
Den 1. januar 2004 vart flyvêrtenesta endra. Avinor AS overtok observasjonsoppgåvene ved seks flyplassar, medan brifing- og varslingsoppgåvene vart flytta frå flyplassane til dei regionale vêrvarslingssentralane. Moderniseringa av observasjonsstasjonane og utbygginga av vêrradarnettet vart førte vidare. I 2004 vart det dessutan etablert 12 automatiske vêrstasjonar. Vidare har arbeidet med å leggje om til Global Positioning System (GPS) på radiosondestasjonane starta.
Meteorologisk institutt arbeider for å auke delen kvinner ved instituttet generelt og i leiarstillingar spesielt. Låg utskifting av tilsette gjer dette vanskeleg på kort sikt. Frå 2003 til 2004 har delen kvinner ved instituttet auka frå 36 pst. til 37,5 pst. Av leiarane ved instituttet er 25 pst. kvinner. Dette er uendra frå 2003.
Resultatmål for 2006
I 2006 skal instituttet særleg arbeide med desse sakene:
å auke kvaliteten på regionale og lokale varsel og medverke til å betre kunnskapen om klimaet
å vere påliteleg, relevant og tilgjengeleg i all kommunikasjon
å modernisere det nasjonale observasjonssystemet, samt å føre vidare utbygginga av vêrradarnettet i Noreg
å utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta
å utnytte internasjonale data og ressursar slik at det fører til betre og meir kostnadseffektive meteorologiske tenester
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga på post 50 skal mellom anna dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, medrekna utbygging av vêrradarnettet. Løyvinga må ikkje nyttast til subsidiering av den kommersielle verksemda ved instituttet. Av løyvinga på posten er om lag 4,4 mill. kroner øyremerkte ventelønn og omstillingstiltak i samband med omlegginga av flyvêrtenesta. Inntil 16,5 mill. kroner kan nyttast til drift av vêrstasjonar i Arktis. Frå og med 2005 skal Meteorologisk institutt dessutan betale premie til gruppelivsforsikring i Statens Pensjonskasse. For 2006 er løyvinga auka med kr 211 000 til dette formålet, mot ein parallell oppjustering av kap. 4547 post 01 på budsjettet til Moderniseringsdepartementet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Meteorologisk institutt med 2 mill. kroner for å sikre reduserte prisar på gjenbruk av meteorologiske grunnlagsdata.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt
Om ordninga
Formålet med ordninga er å medverke til at Noreg kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt og slik medverke til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar.
Midlane går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, EGOS, EuroGOOS og HIRLAM)
Meteorologisk institutt utnemner norske delegatar til dei styrande organa ved institusjonane. Delegatane kontrollerer om verksemda er i samsvar med gjeldande formål og Meteorologisk institutt rapporterer til departementet.
Rapport for 2004–05
Meteorologisk institutt deltek aktivt i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. Instituttet har m.a. gjennom nordisk samarbeid (NORDKLIM) publisert arealdekkjande temperatur- og nedbørskart for Norden. Gjennom nordisk og internasjonalt samarbeid medverka instituttet til å byggje opp ein klimadatabase for forsking. Vidare er det europeiske vêrvarslingssenteret (ECMWF) ein viktig ressurs for vêrvarsling og forsking. I 2004 gjennomførde senteret ei omlegging av distribusjonssystemet, slik at Meteorologisk institutt no får produkta tidlegare enn før. Gjennom EUMETSATs program for hav- og sjøis er Meteorologisk institutt operasjonelt senter i Europa. Instituttet har òg leidd to av dei åtte tekniske kommisjonane innanfor WMO.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget byggjer på budsjettforslag frå organisasjonane. Forslaget inneber ei vidareføring av aktivitetsnivået frå 2005. I løpet av 2006 vil Meteorologisk institutt stå som vertskap for eit møte i ECMWF Council. Instituttet reknar med meirkostnader på om lag kr 350 000 i samband med dette arrangementet. Dersom løyvinga på posten ikkje strekk til, kan instituttet nytte midlar frå Noregs del i Working Capital Fund, som er eit arbeidsfond under EUMETSAT.
Kap. 3283 Meteorologiformål (jf. kap. 283)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 58 859 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 11 732 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 59 | 59 | |
05 | Refusjon for flyvêrtenester | 57 286 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 829 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 016 | ||
Sum kap. 3283 | 133 781 | 59 |
Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter OECDs retningslinjer. Frå 2006 foreslår Regjeringa å avvikle denne posten.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
52 | Forskingsformål | 1 133 254 | 943 000 | 1 124 121 |
55 | Administrasjon | 203 784 | 210 842 | 217 479 |
Sum kap. 285 | 1 337 038 | 1 153 842 | 1 341 600 |
Kapitlet omfattar løyvingar til forskingsformål gjennom Noregs forskingsråd og administrasjonskostnader til Noregs forskingsråd.
Post 52 Forskingsformål
Løyvinga til Forskingsrådet over post 52 blir nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, forsking knytt til medlemskap i internasjonale program og institusjonar (følgjeforsking), strategiske fellesfunksjonar og informasjon. Formidling av kunnskap er eit sentralt krav til dei faglege løyvingane.
Regjeringa foreslår å styrkje av løyvinga på posten i 2006. Dei viktigaste satsingane er summerte opp i tabellen under. Satsingane er nærmare omtalt seinare i teksten.
Styrking av den faglege løyvinga til Noregs forskingsråd i 2006
Formål | mill. kroner |
---|---|
Frie prosjekt | 50 |
Ordning for finansiering av små driftsmidlar | 40 |
Frie doktorgradsstipend | 30 |
Yngre framifrå forskarar | 10 |
Polarforsking | 7,5 |
Bilateralt forskingssamarbeid | 6 |
Naturvitskapleg følgjeforsking | 5 |
Europauniversitetet i Firenze | 2 |
Av midlane til frie prosjekt er drygt tre firedelar fordelte til fagområda «Naturvitskap og teknologi» og «Medisin og helse».
Løyvinga over post 52 er fordelt på følgjande fagområde og formål:
Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål (i mill. kroner)1
Fagområde | 2004 | 2005 | 2006 |
---|---|---|---|
Humaniora | 110 | 107 | 116 |
Samfunnsvitskap | 93 | 87 | 95 |
Medisin og helse | 134 | 132 | 144 |
Miljø og utvikling | 53 | 48 | 51 |
Naturvitskap og teknologi | 312 | 328 | 373 |
Rekruttering inkl. Yngre framifrå forskarar | 42 | 35 | 76 |
Vitskapleg utstyr2 | 103 | 20 | 21 |
Internasjonalisering inkl. polarforsking3 | 65 | 76 | 95 |
FUGE4 | 49 | 49 | 51 |
Ordning for finansiering av små driftsmidlar | 40 | ||
Kommersialisering av forskingsresultat | 11,5 | 8 | 7 |
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon | 47 | 49 | 51 |
Tverrfaglege tiltak5 | 3,5 | 4 | 4 |
Andre FoU-tiltak (jf. eittårig løyving i 2004) | 110 | ||
Sum | 1 133 | 943 | 1 124 |
1Kategoriane er noko endra i høve til tabellen i St.prp. nr. 1 (2004–2005).
2 Det var ei særskild eittårig løyving til vitskapleg utstyr i 2004.
3Polarforsking blir også finansiert over andre kategoriar. Kun auken i polarforsking i 2006 er med her.
4I tillegg blir meir enn 100 mill. kroner av avkastninga frå Forskingsfondet over kap. 286 post 50 nytta til FUGE.
5 Løyvinga gjeld Divisjon for store satsingar.
Løyvinga på posten er ei hovudkjelde for fagutvikling i alle disiplinar. Konkurranse og fagfellevurderingar etter beste internasjonale praksis sikrar at midlane fremmer kvalitet. Løyvinga skal òg nyttast til å evaluere norske forskingsmiljø. Forskingsrådet skal styrkje arbeidet med oppfølging av evalueringane, jf. kategoriinnleiinga.
Løyvinga blir fordelt på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er støtte til frie prosjekt og program. «Frie prosjekt» er forskingsprosjekt som ikkje er knytte til forskingsprogram eller infrastrukturtiltak. Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga. Fri prosjektstønad kan gå til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstillingar, postdoktorgradsstillingar og utveksling av forskarar. Forskingsrådet skal som hovudregel konsentrere tildelingane sine i større prosjekt, for å medverke til meir langsiktig finansiering, meir samarbeid og betre faglig leiing.
Del frie prosjekt som prosent av den faglege løyvinga til Forskingsrådet fordelt på fagområde (jf. kap. 285 post 52)
2002 | 2003 | 2004 | 2005 | |
---|---|---|---|---|
Humaniora | 57 | 56 | 59 | 57 |
Samfunnsvitskap | 35 | 40 | 50 | 52 |
Medisin og helse | 69 | 73 | 82 | 83 |
Miljø og utvikling | 55 | 53 | 51 | 51 |
Naturvitskap og teknologi | 50 | 41 | 41 | 42 |
Tabellen over viser at delen frie prosjekt varierer mellom dei ulike fagområda. Den er lågast for naturvitskap og teknologi og høgast for medisin og helse. Utviklinga over tid viser ein auke for medisin og helse, som har hatt ein særskild strategi for å auke frie prosjekt. Delen frie prosjekt innanfor naturvitskap og teknologi har gått ned, mellom anna på grunn av den store auken i løyvingane til materialforsking og til Simula-senteret frå 2002 til 2003. Målt i kroner er likevel 2005-nivået det same som i 2002. Forskingsrådet skal framleis prioritere frie prosjekt. Departementet foreslår å auke løyvinga til frie prosjekt med 50 mill. kroner, fordelte med 30 mill. kroner til «Naturvitskap og teknologi», 8 mill. kroner til «Medisin og helse», 6 mill. kroner til «Humaniora», 4 mill. kroner til «Samfunnsvitskap» og 2 mill. kroner til «Miljø og utvikling».
Programløyvingar har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går til grunnforskingsprogram og til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program.
Forskingsrådet starta opp eit nytt verkemiddel kalla «Store program» i 2004. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til næringsretta forsking. Midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet over denne posten går per 2005 inn i programma FUGE, NANOMAT og NORKLIMA.
Strategiske universitetsprogram og støtte til avansert vitskapleg utstyr er tiltak som skal leggje til rette for auka kvalitet i norsk forsking og støtte opp under forskingsstrategiar ved institusjonane. Forskingsrådet gir òg støtte til kontingentar, informasjon, formidling, evalueringsverksemd samt stimuleringstiltak og nettverksbygging. For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir finansierte av Noregs forskingsråd, sjå www.forskningsradet.no.
Humanistisk forsking
Resultatrapport for 2004–05
Av løyvinga på posten gjekk 110 mill. kroner til humanistisk forsking i 2004. I 2005 er løyvinga 107 mill. kroner.
For 2004 la departementet til grunn at fri prosjektstøtte skulle førast vidare på om lag same nivå som året før. Arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet, skulle halde fram.
Auken i løyvinga til humaniora i 2004 gjekk i all hovudsak til auka fri prosjektstøtte. Humaniora finansierte 104 frie prosjekt i 2004. Dei aller fleste disiplinane vart dekte. Språkfag, litteraturvitskap, historie, teologi og religionshistorie er dei dominerande fagdisiplinane. Humaniora er eit fagområde som blir drive først og fremst ved universiteta, og 86 pst. av midlane gjekk til denne sektoren. Frå 2003 er det òg finansiert fem strategiske prosjekt for fagutvikling ved universitet og høgskolar.
I 2003 starta Forskingsrådet ei evaluering av faget nordisk språk og litteratur. Evalueringsrapporten skal leggjast fram hausten 2005.
«Program for kulturforsking» er den viktigaste programsatsinga. Ein formidlingsplan for dette programmet vart ferdigstilt i 2004.
Det har vore ei auka satsing på samisk forsking i dei seinare åra. «Program for samisk forsking» har lagt hovudvekta på rekruttering. Til no er det tildelt 13 studentstipend og sju doktorgradsstipend i programmet. Departementet viser elles til at Kommunal- og regionaldepartementet har bedt Forskingsrådet ta initiativ til ei felles nordisk utgreiing, som skal vurdere oppretting av eit felles samisk forskingsutval for Noreg, Sverige og Finland. Sjå St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Kommunal- og regionaldepartementet for meir omtale.
Ei rekkje program har delt finansiering med samfunnsvitskap. Det gjeld «Program for samisk forsking», «Kjønnsforsking» og «Kommunikasjon, IKT og medier». Midlar til humanistisk forsking inngår også i programma «Etikk, samfunn og bioteknologi» og «Velferdsprogrammet», og i forsking om internasjonal migrasjon og etniske relasjonar (IMER).
I humanistisk forsking vart det løyvt midlar til 37 doktorgradsårsverk og 27 postdoktorgradsårsverk i 2004. Talet på personlege doktorgradsstipend har gått ned, medan talet på postdoktorar har auka.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til humanistisk forsking skal i 2006 vere om lag 116 mill. kroner. Fri prosjektstøtte skal styrkjast med minst 6 mill. kroner i høve til 2005. Arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet i forsking, skal halde fram.
Samfunnsvitskapleg forsking
Resultatrapport for 2004–05
Av løyvinga på posten gjekk 93 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2004. I 2005 er løyvinga om lag 87 mill. kroner.
For 2004 la departementet til grunn at nivået på fri prosjektstøtte skulle haldast oppe, og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare.
Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk til programma «Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanninga» (KUPP), «Kjønnsforsking», «Program for samisk forsking og Kommunikasjon, «IKT og medier». Med unntak av KUPP får alle programma også midlar frå løyvinga til humanistisk forsking. KUPP vart avslutta i 2004. Programmet har medverka til å auke forskingsinnsatsen ved høgskolane og til å heve kompetansen deira når det gjeld å søkje midlar frå Noregs forskingsråd.
For å medverke til rekruttering og grunnforsking gjekk løyvinga òg til samfinansiering av handlingsretta program og brukarstyrte program. Midlane til samfunnsvitskapleg forsking finansierer dessutan basisløyvinga til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste, institusjonsstøtte til ARENA (Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State) og Norsk senter for barneforsking, og til ei infrastruktursatsing på European Social Survey.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til samfunnsvitskapleg forsking skal i 2006 vere om lag 95 mill. kroner. Fri prosjektstøtte skal styrkjast med minst 4 mill. kroner i høve til 2005. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet i forsking, mellom anna ved å gjennomføre fleire fagevalueringar.
Medisinsk og helsefagleg forsking
Resultatrapport for 2004–05
Av løyvinga på posten gjekk 134 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2004. I 2005 er løyvinga om lag 132 mill. kroner.
For 2004 la departementet til grunn at Forskingsrådet skulle prioritere forsking av høg kvalitet m.a. gjennom støtte til frie prosjekt og internasjonal forskarutveksling. Vidare skulle Forskingsrådet framleis arbeide for å betre rekrutteringa av medisinarar til forsking.
Løyvinga støtter grunnforsking og anvend forsking som er relevant for fleire sjukdommar og helseplager. Frå 2003 til 2004 har prosjekt relaterte til mentale helseproblem auka mest i kroner, medan prosjekt relaterte til sjukdommar i nervesystemet har auka mest i prosent.
I 2004 har Forskingsrådet arbeidd med å følgje opp tilrådingane i biofagevalueringa om å etablere ei nasjonal satsing på nevrovitskapleg forsking – NevroNor. Satsinga kan byggje på gode eksisterande miljø, deriblant «Center of Molecular Biology and Neuroscience» og «Center for Memory Research» samt på etableringa av PET-skannar.
Forskingsrådet følgjer nøye med på rekrutteringa av forskarar med bakgrunn i medisin, odontologi og psykologi. Dette gjeld både forskarutdanning og studentforsking. I 2004 vart 89,4 doktorgradsårsverk og 52,5 postdoktorårsverk finansierte over løyvinga på denne posten. For postdoktorstipendiatar er det ein auke på om lag 13 pst. Delen medisinarar blant doktorgradsstipendiatane var 26 pst. i 2004. Prosentdelen er uendra frå 2003, men det er for tidleg å konkludere med at den negative trenden med stadig avtakande del av medisinarar har stoppa opp. I 2004 vart det løyvd 8,4 mill. kroner til studentforsking, mot 7,1 mill. kroner i 2003.
Internasjonalisering er eit viktig kvalitetsfremmande tiltak, og postdoktorstipendiatar som har ein plan for utanlandsopphald, blir prioriterte. 75 personar fekk tildelt utanlandsstipend i 2004 mot 66 i 2003. Frå og med 2004 deltek Noreg i eit nordisk senter for framifrå forsking innanfor molekylærbiologi.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til medisinsk og helsefagleg forsking skal vere om lag 144 mill. kroner i 2006. Fri prosjektstøtte skal styrkjast med minst 8 mill. kroner i høve til 2005. Forskingsrådet skal prioritere forsking av høg kvalitet m.a. gjennom støtta til frie prosjekt og internasjonal forskarutveksling. I tillegg kan løyvinga mellom anna nyttast til delfinansiering av dei nye programma «Gen, miljø og helse», «Folkehelse», «Psykisk helse» og «Helse- og omsorgstjenester». Departementet legg til grunn at NevroNor-satsinga kan starte opp i 2007, finansiert av den auka avkastninga frå Forskingsfondet. Sjå del III kap. 6 for ein omtale av fordelinga av auka fondsavkastning i 2007.
Miljø- og utviklingsforsking
Resultatrapport for 2004–05
Av løyvinga på posten gjekk om lag 53 mill. kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2004. I 2005 er løyvinga på om lag 48 mill. kroner. For 2004 la departementet til grunn at aktivitetane i hovudsak skulle førast vidare på same nivå som i 2003, med hovudvekt på grunnleggjande forsking. Frie prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse var prioriterte område.
I 2004 har Forskningsrådet lagt vekt på arbeidet med polarforsking. Forskningsrådet har utarbeidd nye planar for norsk forsking i Arktis og Antarktis. Desse planane vidarefører hovudsatsinga på klimarelaterte problemstillingar, økologi og menneskeskapte effektar. Det blir lagt vekt på å utnytte forskingsinfrastrukturen på Svalbard og den nye Troll-stasjonen på Dronning Maud Land. På oppdrag frå det interdepartementale polarutvalet har Forskingsrådet utgreidd korleis forskingssamarbeidet på Svalbard kan styrkjast. Forskningsrådet har òg vore aktivt i planlegginga av norsk aktivitet i samband med det internasjonale polaråret 2007–08.
I 2004 var det høg aktivitet i programmet «Utviklingsvegar i sør». Programmet hadde mange søkjarar, god rekrutteringsinnsats og høg publiseringsaktivitet.
Fagkomiteen innanfor miljø- og utviklingsforsking finansierte 50 prosjekt i 2004. Om lag 60 pst. av midlane gjekk til samfunnsvitskaplege prosjekt, medan 35 pst. av midlane gjekk til naturvitskaplege prosjekt.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til forsking på området miljø og utvikling skal i 2006 vere om lag 51 mill. kroner. Aktivitetane skal i hovudsak førast vidare på same nivå som i 2005 med hovudvekt på langsiktig, grunnleggjande forsking. Fri prosjektstøtte skal styrkjast med minst 2 mill. kroner i høve til 2005. Opparbeiding av tverrfagleg kompetanse skal halde fram. For auka løyvingar til polarforsking, sjå omtale under «Internasjonalisering og polarforsking».
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Resultatrapport for 2004–05
Av løyvinga på posten gjekk 312 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2004. I 2005 er løyvinga 328 mill. kroner. Dette inkluderer 22 mill. kroner som er øyremerkte til «Programmet for tungrekning».
For 2004 føresette departementet at kvalitet skulle setjast i fokus, og at det burde leggjast særskilt vekt på kvalitetsfremmande tiltak. Frie prosjekt skulle prioriterast, og arbeidet med å følgje opp fagevalueringane innanfor naturvitskap og teknologi skulle følgjast opp. Departementet oppmoda til å leggje vekt på følgjeforsking som eit verkemeddel for å styrkje den grunnleggjande forskinga i naturvitskap og teknologi. Forskingsrådet har følgt opp føringane frå departementet.
I 2004 vart snautt halvparten av løyvinga nytta til 290 frie prosjekt. Sidan 1996 har Forskingsrådet gjennomført fleire fagevalueringar. Evalueringa av dei ingeniørvitskaplege miljøa vart avslutta i 2004. Ho konkluderer mellom anna med at Noreg har mange gode ingeniørvitskaplege miljø, sjølv om nokre har manglar. Simula Research Laboratory vart evaluert av ein internasjonal komité hausten 2004. Komiteen er nøgd med den høge aktiviteten ved senteret, og tilrår at løyvingane til senteret blir førde vidare i dei neste fem åra. Løyvinga til IKT-senteret Simula på Fornebu vart vidareført i 2004 med eit samla budsjett på 49 mill. kroner. Av desse kom 29 mill. kroner frå Utdannings- og forskingsdepartementet. I 2004 publiserte forskarane ved senteret om lag ti artiklar i vitskaplege tidsskrift med «referee» og i ei rekkje andre publikasjonar. Innanfor fri prosjektstøtte blir det finansiert 128 doktorgradsårsverk og 65 postdoktorårsverk.
NANOMAT er eit stort program for forsking om nanoteknologi og nye materialar, der funksjonelle materialar har særskilt vekt. Programmet fekk ei løyving på om lag 32 mill. kroner i 2004 over denne posten. I tillegg kjem løyvingar til vitskapleg utstyr.
I 2004 finansierte Utdannings- og forskingsdepartementet følgjande program knytte til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar: «Kjerne- og partikkelforsking» (CERN), «Romforsking» (European Space Agency) og «ESRF-følgjeforsking» (European Synchrotron Radiation Facility). I tillegg vart følgjande grunnforskingsprogram finansierte: «Katalyse og organisk syntetisk kjemi», «Berekningsorientert matematikk» og «Grunnleggjande bioteknologi». Eit handlingsretta program for marine ressursar, miljø og forvaltning vart også finansiert over denne posten. Programmet skal avsluttast i 2005, og forskinga skal vidareførast i programmet «Havet og kysten» (2006–15). Programmet skal fremme nyskapande forsking av høg internasjonal kvalitet. Vidare gjekk løyvingane til 12 strategiske universitetsprosjekt, omstillingsprosjekt og kontingentar til dei internasjonale organisasjonane Ocean Drilling Program, Nordic Optical Telescope og EISCAT (European Incoherent Scatter).
Formidlingsprogrammet, som mellom anna skal auke interessa til barn og unge for realfaga, gir støtte til nettstader, skolekonkurransar og tv-formidling av forsking til barn.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til naturvitskapleg og teknologisk forsking skal i 2006 vere om lag 373 mill. kroner. Kvalitet i forskinga må stå i fokus, og det bør leggjast særskild vekt på kvalitetsfremmande tiltak. Midlar til frie prosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre kvalitet og fagleg fornying, og skal styrkjast med minst 30 mill. kroner. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø, og sørgje for ei god og systematisk oppfølging. Følgjeforskinga i samband med deltaking i dei europeiske grunnforskingsorganisasjonane, jf kap. 288 post 72, er eit sentralt verkemiddel for å styrkje den grunnleggjande forskinga innanfor naturvitskap og teknologi og skal styrkjast med minst 5 mill. kroner.
Løyvingane til Simula-senteret skal vidareførast på same nivå som i 2005. Med bakgrunn i den positive vurderinga frå den internasjonale evalueringskomitéen, jf. omtale under resultatrapporten, har Noregs forskingsråd vedteke å forlengje kontrakten med Simula-senteret fram til 2010. Ved utgangen av denne perioden skal det gjennomførast ei ny internasjonal evaluering av Simula-senteret. Dersom også denne fell positivt ut, legg departementet til grunn at kontrakten med Simula kan forlengjast ytterlegare fram til 2015. Spørsmålet om framtidig lokalisering og organisering bør vurderast etter ei tid, til dømes i samanheng med ei slik evaluering.
Løyvinga til «Programmet for tungrekning» skal vidareførast på same nivå som i 2005. Programmet skal dekkje behovet for tungrekneressursar ved Meteorologisk institutt, og tilby kostnadseffektive tenester innanfor tungrekning til norske universitet og høgskolar.
Rekruttering
Løyvinga til rekruttering gjeld ordninga med Yngre framifrå forskarar, rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren og ei ny ordning med frie doktorgradsstipend.
Resultatrapport for 2004–05
Løyvinga til ordninga «Yngre framifrå forskarar» (YFF) var 20 mill. kroner i 2004 og 2005. Ordninga gir yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar. Etter vurdering av utanlandsk fagekspertise har Noregs forskingsråd peikt ut 26 forskarar frå ulike fagområde som får ei støtte på inntil 2 mill. kroner per år i inntil fem år. Gjennom YFF tek Forskingsrådet dessutan del i ei europeisk ordning kalla European Young Investigators (EURYI). Noregs bidrag er 2 mill. kroner årleg i ein femårsperiode. Den norske matematikaren Snorre Harald Christiansen ved Centre of Mathematics for Applications ved Universitetet i Oslo fekk eit EURYI-stipend på 10 mill. kroner i 2005.
Av løyvinga på posten gjekk 22 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2004. I 2005 er løyvinga 15 mill. kroner. I 2004 finansierte departementet om lag 40 stipendiatårsverk på desse innsatsområda. Av desse var 24 årsverk retta mot fiskeri- og havbrukssektoren og 16 retta mot landbrukssektoren. Delen kvinner har vore over 50 pst. sidan 2000.
Resultatmål for 2006
Departementet foreslår at Forskingsrådet frå hausten 2006 skal tildele 100 frie doktorgradsstipend gjennom ei eiga ordning. Høg kvalitet og originalitet skal vere einaste kriterium for tildeling. Det er sett av nær 30 mill. kroner til ordninga i 2006, som tilsvarer kostnader for eit halvt år.
Løyvinga til «Yngre framifrå forskarar» skal i 2006 vere minst 30 mill. kroner. Forskingsrådet bør vurdere å vidareutvikle ordninga med sikte på god balanse mellom dei ulike fagområda.
Løyvinga til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren skal vere om lag 15 mill. kroner i 2006.
Vitskapleg utstyr
Resultatrapport for 2004–05
I 2004 løyvde departementet 103 mill. kroner til innkjøp av vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet. Av desse vart 93 mill. kroner sette av til vitskapleg utstyr innanfor naturvitskap, teknologi og medisin. I tillegg vart 34 mill. kroner av dei særskilde eittårige midlane nytta til vitskapleg utstyr ved forskingsinstitutta. I 2005 var løyvinga 20 mill. kroner. Nedgangen skriv seg frå utfasing av tippemidlar, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2004–2005).
Kvaliteten på det vitskaplege utstyret og databasane betyr mykje for kvaliteten i forskinga. Dette gjer satsing på vitskapleg utstyr og infrastruktur naudsynt. Samstundes er kvaliteten på utstyret ein føresetnad for internasjonalt samarbeid.
Forskingsrådets utstyrsutval for perioden 2003–06 har representantar frå universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. Utvalet skal fordele midlar til vitskapleg utstyr, utarbeide ein nasjonal utstyrsstrategi og samordne innkjøp mellom institusjonane.
Resultatmål 2006
Løyvinga til vitskapleg utstyr skal vere 21 mill. kroner i 2006. Regjeringa legg opp til at vitskapleg utstyr får ein kraftig auke i 2007 gjennom auka avkastning frå Forskingsfondet, jf. del III kap. 6 Opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen 2006–10.
Internasjonalisering og polarforsking
Løyvinga gjeld det arbeidet Forskingsrådet gjer for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, og omfattar mellom anna EU-samarbeid, bilateralt samarbeid, nordisk samarbeid og polarforsking.
Resultatrapport for 2004–05
Løyvinga til internasjonalisering og polarforsking var 65 mill. kroner i 2004 og 76 mill. kroner i 2005. Tiltak for å stimulere norske miljø til deltaking i EUs sjette rammeprogram har hatt høg prioritet. Verkemidla i det sjette rammeprogrammet er meir omfattande og krevjande enn tidlegare. Nasjonal tilleggsfinansiering er vurdert som naudsynt for å sikre og auke deltakinga frå norske forskingsmiljø. Institutt som er tildelte finansiering gjennom EUs rammeprogram, har sidan 2004 motteke delfinansiering frå Forskingsrådet for å følgje opp EU-prosjekta best mogleg. Ordninga har vore sentral for norsk suksess i sjette rammeprogram. Forskingsrådet har i tillegg brukt store ressursar på å rettleie forskingsmiljøa i spørsmål om EU-prosjekt. Norske forskingsmiljø har så langt gjort det relativt bra innanfor sjette rammeprogram, jf. omtale under kap. 288 post 73.
I tråd med tilrådingar i rapporten om forskarmobilitet til Noreg frå 2003 har Forskingsrådet teke på seg ansvaret for å være eit mobilitetssenter i det europeiske nettverket av mobilitetssenter (ERAMORE). Forskingsrådet har òg fått støtte frå EU til å etablere ein norsk nettportal som er kopla opp mot EUs eigen nettportal for forskarmobilitet, www.eracareers.com. Gjennom å gi strukturert informasjon om reglar o.a., skal det norske mobilitetssenteret og portalen vere eit hjelpemiddel for både norske og utanlandske forskarar som ønskjer eit opphald utanfor sitt eige land.
For å sikre eit godt samarbeid med relevante aktørar i Brussel, er det etablert eit norsk EU-kontor for forsking i Brussel, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga.
Forskingsrådet har i 2004 og 2005 arbeidd med førebuing og gjennomføring av Nord-Amerika-strategien, mellom anna i samarbeid med Innovasjon Noreg. Vidare har rådet lagt til rette for auka forskingssamarbeid med Japan, Kina, Frankrike og Tyskland. Rådet har dessutan teke del i utgreiingar i regi av Nordisk Ministerråd med sikte på å styrkje det nordiske forskings- og innovasjonsområdet. I denne samanhengen er samfinansierte nordiske senter for framifrå forsking eit sentralt verkemiddel. I 2004 vart sju slike senter etablerte. To av desse blir koordinerte frå Noreg.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til internasjonalisering og polarforsking på posten skal i 2006 vere 95 mill. kroner. Det er ein auke på 19 mill. kroner i høve til 2005. Forskingsrådet skal fremme internasjonalt forskingssamarbeid og forskarmobilitet. Arbeidet med å styrkje norsk deltaking i rammeprogrammet og utviklinga av det europeiske forskingsområdet (ERA) skal førast vidare, i tråd med signal som er gitte i St.meld. nr. 20 (2004–2005). Forskingsrådet skal arbeide for å auke samspelet mellom nasjonale og internasjonale satsingar, med sikte på gradvis opning av nasjonale program. Alle større satsingar bør vurderast og utformast etter kva som skjer internasjonalt på det aktuelle området.
Ordninga med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU, skal førast vidare. Forskingsrådet skal forvalte midlane som ei felles ordning sjølv om løyvingane kjem frå ulike departement.
For at Noreg skal få best mogleg nytte av deltakinga i rammeprogrammet, er det naudsynt å ha nasjonale ekspertar i Europa-kommisjonen. Desse skal medverke til å auke kunnskapen om EUs forskingspolitikk og rammeprogrammet. Forskingsrådet skal medverke aktivt til å rekruttere fleire norske ekspertar.
Forskingsrådet skal finansiere norsk kontingent til EUs satsing på tryggleiksforsking og følgje opp den norske deltakinga.
Løyvinga inkluderer støtte til ei ny og utvida avtale mellom Noreg og Europauniversitetet i Firenze.
Forskingsrådet skal vidareutvikle bilateralt samarbeid mellom Noreg og andre land. Løyvinga til dette formålet er styrkt med 6 mill. kroner over denne posten i 2006. I tillegg kjem auka løyvingar over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Rådet skal særleg følgje opp dei forslaga som ligg i den nye strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Minst kr 800 000 av auken skal nyttast til forskingsopphald i Noreg for japanske forskarar, som ledd i ein bilateral stipendavtale med Japan Society for the Promotion of Science.
Som eit ledd i å styrkje polarforskinga og utviklinga av Svalbard som internasjonal forskingsplattform foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 7,5 mill. kroner i 2006. Av auken er 1,5 mill. kroner ei eittårig løyving til vitskapleg utstyr til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund. Fire mill.kroner skal nyttast til betre samordning av forsking på Svalbard, m.a. gjennom styrkt driftsløyving til Svalbard Science Forum, styrkt samarbeid mellom Noreg og Russland om polarforsking og stipend for utjamning av meirkostnader ved å leggje forskingsverksemd til Svalbard i 2005. Løyvinga må sjåast i samanheng med ein plan for vitskapleg samarbeid på Svalbard som skal leggjast fram i 2005. Løyvinga skal også medverke til å finansiere førebuinga av det internasjonale polaråret i 2007–08, jf. omtale i kategoriinnleiinga.
Løyvinga er auka med 1 mill. kroner til å finansiere husleiga til det nye nordiske organet NordForsk, jf. omtale i kategoriinnleiinga.
FUGE (funksjonell genomforsking)
FUGE-programmet er oppretta for å styrkje forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking i Noreg, og for å medverke til at Noreg kan bli leiande i verda på område der landet har spesielle føresetnader. Løyvinga over denne posten var på 49 mill. kroner i 2005. I tillegg har Forskingsrådet i 2005 tildelt til saman 120 mill. kroner til FUGE av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50.
FUGE-programmet satsar innanfor tre utvalde område: medisinsk forsking, marin forsking og biologisk grunnforsking. Ei hovudsatsing hittil har vore å etablere teknologiplattformer, som er nasjonale service- og kompetansesenter innanfor ulike spesialområde. I 2004 og 2005 har aktivitetane generelt vore prega av oppfølging av teknologiplattformene og internasjonalt samarbeid. FUGE har m.a. teke del i fleire aktivitetar i European Research Area (ERA-nett). Med bakgrunn i ei utgreiing om genomsatsing på laks og torsk er det oppretta eit nasjonalt fiskegenomkonsortium. FUGE-styret har gitt støtte til ulike typar prosjekt, til dømes forskarstyrte prosjekt, brukarstyrte innovasjonsprosjekt og prosjekt med EU-løyving. Rekruttering er ein viktig del av satsinga, der karrierestipend etter gjennomført postdoktorperiode er eit av verkemidla.
Departementet legg til grunn at den samla FUGE-satsinga blir ført vidare på om lag same nivå som i 2005, jf. òg kap. 286 post 50.
Ordning for finansiering av små driftsmidlar
Løyvingar til forsking ved universitet og høgskolar har hatt ein monaleg auke dei siste åra. I samband med arbeidet med St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning kom det fram at mange forskarar likevel opplever at tilgangen til små driftsmidlar er for liten, og hindrar dei i å utføre god forsking. Departementet vil ta initiativ til å undersøke forskingstilhøva for den einskilde forskar, og å kartleggje resursstraumane ved universitet og høgskolar.
Vidare foreslår departementet å løyve 40 mill. kroner til ei mellombels ordning for å auke tilgangen på små driftsmidlar til vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar. Dei einskilde institusjonane handsamar og prioriterer søknader, og søkjer deretter Noregs forskingsråd om tilskott frå ordninga, innanfor ei ramme dei får tildelt. Forskingsrådet fastset slike førebelse rammer til institusjonane ut frå talet på førstestillingar. Tilskottet frå Forskingsrådet skal utgjere 40 pst. av den samla summen det blir søkt om. Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet skal utarbeide nærmare retningslinjer for ordninga.
Kommersialisering av forskingsresultat
Auka kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. I 2004 vart det løyvd 11,5 mill. kroner over denne posten til kommersialisering av forskingsresultat. Løyvinga gjekk til infrastruktur ved institusjonane i universitets- og høgskolesektoren og til prosjektmidlar gjennom FORNY-programmet. I tillegg vart det løyvd 11,5 mill. kroner over kategori 07.60 Høgre utdanning, m.a. til oppbygging av teknologioverføringskontor. Løyvinga til kommersialisering av forskingsresultat over denne posten var i 2005 om lag 8 mill. kroner. I 2006 skal løyvinga vere om lag 7 mill. kroner. Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til FORNY-programmet over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, jf. omtale i del III kap. 5.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane til Forskingsrådet omfattar m.a. forskingspolitisk rådgiving, koordinering av budsjettarbeid og rapportering og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.
Resultatrapport for 2004–05
Av løyvinga på posten gjekk 47 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2004. I 2005 var løyvinga 49 mill. kroner.
Nasjonal FoU-statistikk er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I samarbeid med NIFU STEP og Statistisk sentralbyrå har Forskingsrådet utarbeidd rapporten «Det norske forsknings- og innovasjonssystemet – statistikk og indikatorer 2003». Rapporten vart publisert våren 2004, og neste hovudrapport blir publisert hausten 2005.
Etter tilråding frå Forskingsrådet har Utdannings- og forskningsdepartementet oppretta ein komité for integrering av likestilling i forsking , og det er sett av 3 mill. kroner til dette arbeidet i 2004 og i 2005.
Arbeidet med prosjektet for teknologiframsyn (CREATE) som starta i 2002, er ført vidare. I 2004 har Forskingsrådet gjennomført og stått sentralt i fleire store fagevalueringar og evalueringar av instituttsektoren Forskingsrådet har forvaltningsansvar for KILDEN (Informasjons- og dokumentasjonssenter for kvinne- og kjønnsforsking i Noreg), Teknologirådet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for medisin, naturvitskap og samfunnsvitskap og humaniora (NEM, NENT og NESH). Forskingsrådet vil i 2005 setje i verk ei evaluering av verksemda i dei forskingsetiske komiteane.
Forskingsrådet har halde fram med utvikling av formidlingstiltak retta mot allmenta. Formidlinga skjer m.a. gjennom bladet «Forskning», den engelske utgåva «Tell’us» og nettstaden forskning.no. Nettstaden hadde 315 000 besøk i november 2004. Det er utforma ein strategi for vidareutvikling av denne nettstaden for perioden 2005–07. Forskingsrådet deler òg ut ein formidlingspris og ein pris for framifrå forsking.
Forskingsdagane 2004 involverte 200 arrangørar og 1 000 ulike arrangement. Aktiviteten innanfor Nysgjerrigper-prosjektet har vore høg, og prosjektet har vekt interesse også utanfor Noreg. Ein eigen nettstad er lansert og har vorte ein viktig kanal mot brukarane. Nysgjerrigper har vore ein sentral bidragsytar ved ei rekkje program i tv og radio. Forskingsrådet samarbeider med stiftelsen «Ungdom og forsking» om konkurransen «Unge forskarar», der målgruppa er ungdom frå 14 til 20 år.
Resultatmål for 2006
Løyvinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon skal vere om lag 51 mill. kroner i 2006. Forskingsrådet skal vidareføre arbeidet med forskingspolitisk rådgiving, koordinering av FoU-statistikken og utvikling av Forskningsrådet som møteplass i forskingssystemet. Arbeidet for likestilling i forsking skal halde fram, mellom anna ved å følgje opp arbeidet i komiteen for integreringstiltak. Arbeidet med forskingsformidling til allmenta skal førast vidare.
Budsjettforslag for 2006
Budsjettforslaget for kap. 285 post 52 viser totalt ein auke på 181 mill. kroner, eller 19,2 pst. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2004, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 55 Administrasjon
Resultatrapport for 2004–05
Administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansiert av Utdannings- og forskingsdepartementet på vegner av alle departementa. I 2004 var 332 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på om lag 5,4 pst. i høve til 2003.
Forskingsrådet har gjennomgått ei monaleg organisatorisk omstilling og er no i ein fase med stor utviklingsaktivitet knytt til nye arbeidsformer og vidareutvikling av roller og oppgåver i det norske forskingssystemet. Ved sida av handtering av auka løyvingar har Forskingsrådet større arbeidsoppgåver knytte til internasjonalisering (EU-retta arbeid og bilateralt samarbeid), verkemiddelutvikling og strategisk dialog med forskingsaktørane. Dette er i tråd med intensjonane bak omorganiseringa av Forskingsrådet.
Gjennom betre bruk av IT-verktøy har Forskingsrådet auka effektiviteten og kvaliteten på tenestene sine. Sommaren 2004 vart søknadsprosessen forbetra ved innføring av elektronisk handsaming av søknadene, og Forskingsrådet utarbeider no eit IT-system som skal gi betre rapportering og styringsinformasjon.
Forskingsrådet har dessutan endra praksis når det gjeld programadministrasjon, ved at tidlegare eksterne programsekretariat no er trekte inn i administrasjonen, og innleidde konsulentar er erstatta med faste stillingar. I perioden 2003–05 gjennomførte Riksrevisjonen ei undersøking av handlingsretta program i Forskingsrådet, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Forskingsrådet har gjennomgått rutinar og vurdert kvaliteten i sakshandsaminga og vedteke nye reglar for søknadshandsaming, inkludert reglar for å sikre habilitet og tillit.
Resultatmål for 2006
Den administrative verksemda skal omfatte oppgåver for alle departementa, og inkludere forvaltning og fordeling av heile budsjettet til Forskingsrådet. I 2006 skal Forskingsrådet særleg arbeide med oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005). Administrasjonen skal også arbeide med oppfølging av resultata frå Riksrevisjonens gjennomgang av dei handlingsretta programma, jf. omtale ovanfor.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Overføring til Noregs forskingsråd | 606 205 | 634 760 | 707 760 |
90 | Fondskapital | 1 000 000 | ||
95 | Fondskapital | 3 200 000 | 39 000 000 | |
Sum kap. 286 | 1 606 205 | 3 834 760 | 39 707 760 |
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå 1. januar 2005 ein fondskapital på 36 mrd. kroner. Fondet skal sikre langsiktige og stabile forskingsløyvingar og skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla. Fondet har dei siste åra vore viktig for å styrkje løyvingane til forsking. Framfor alt har midlane gått til satsingar som betrar kvaliteten i norsk forsking. St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning opnar for at fondet i større grad enn tidlegare skal kunne nyttast til næringsrelevant forsking.
Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd
Resultatrapport for 2004–05
Noregs forskingsråd er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. I perioden 2003–05 er midlane fordelte på prioriterte område som vist i tabellen under.
Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter prioriterte område (i 1 000 kr)
Tema1 | 2003 | 2004 | 2005 |
---|---|---|---|
Senter for framifrå forsking | 140 000 | 146 000 | 146 000 |
FUGE | 106 300 | 126 707 | 120 000 |
Marin forsking | 59 050 | 84 457 | 56 300 |
Medisinsk og helsefagleg forsking | 41 500 | 48 437 | 52 869 |
Energi-/miljøforsking | 28 150 | 43 823 | 33 489 |
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) | 22 621 | 25 779 | 31 000 |
Anna langsiktig, grunnleggjande forsking | 61 300 | 85 102 | 152 102 |
Næringsretta kompetansefelt | 40 000 | 43 000 | 43 000 |
Internasjonalisering m.m | 6 678 | ||
Administrasjon2 | 29 477 | 2 900 | |
Sum | 528 398 | 606 205 | 641 438 |
1 Kategoriane i tabellen overlappar kvarandre delvis. Til dømes vil store delar av FUGE-satsinga vere knytte til medisinsk og marin forsking. Sentra for framifrå forsking vil også i fleire tilfelle gjelde forsking innanfor dei tematiske satsingsområda.
2 Frå og med 2004 er midlar til administrasjon lagde inn i løyvingane til dei ulike satsingane og ikkje synleggjorde som ein eigen del. Totalt vart 1,5 pst. av løyvinga nytta til administrasjon i 2004.
Kvalitet er det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå Forskingsfondet. Forskarutdanning og internasjonalisering er sentrale element i satsingane. 187 doktorgradsstillingar og 107 postdoktorstillingar vart finansierte med midlar frå fondet i 2004. Det er ein auke på 41 pst. for doktorgradsstillingar og nær ei dobling av postdoktorgradsstillingar i høve til 2003. Fondet medverkar dermed kraftig til målet om å auke talet på rekrutteringsstillingar.
Særleg viktig for auka kvalitet i forskingsmiljøa var etableringa av 13 senter for framifrå forsking i 2002–03. Den vitskapelege publiseringa syner at dei fleste sentra er i internasjonal toppklasse. I 2004 hadde sentra til saman 380 publikasjonar i vitskaplege tidsskrift med referee-ordning, til dømes «Science» og «Nature». Sentra har eit utstrakt samarbeid med forskargrupper i andre land, og utanlandske forskarar utførde om lag ein tredel av årsverka. Løyvingane til desse sentra gjennom Forskingsrådet utgjer i snitt 155 mill. kroner per år. Det er ein tredel av dei samla budsjetta til sentra, som òg får midlar frå vertsinstitusjonar og samarbeidspartnarar. Nærmare omtale av dei 13 sentra finst på www.forskningsradet.no. Forskingsrådet starta i 2004 arbeidet med å førebu midtvegsevalueringa av sentra, som skal finne stad i 2006. Ordninga blir utvida med 5–10 nye senter frå 2007. Forskingsrådet lyste våren 2005 ut 80 mill. kroner som vil bli fordelte med 8–15 mill. kroner per senter. Sentra blir valde ut gjennom ein totrinns søknadsprosess.
Noreg skal vere på høgd med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking. FUGE-programmet er det viktigaste verkemidlet for å nå målet. Satsinga er basert på ein plan utarbeidd i samarbeid mellom dei sentrale norske forskingsmiljøa på dette feltet. Sjå òg omtale under kap. 285 post 52.
Dei viktigaste satsingane innanfor marin forsking gjeld bioinformatikk, forsking på marine oppdrettsartar og bioprospektering. Det siste er eit lovande verktøy for å finne nye, naturlege substansar som m.a. kan nyttast til framtidige legemiddel.
Innanfor medisin og helse er det eit særleg fokus på å styrkje kvaliteten på forskinga, gjennom satsinga på toppforskingsprogrammet og løyvingar til fem lovande forskargrupper. Forsking på grunnleggjande sjukdomsmekanismar og folkesjukdommar er særleg prioritert. Dette er forsking som i stor grad er basert på tverrfagleg samarbeid.
Midlane til forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø gjekk m.a. til forsking innanfor dei store programma «NORKLIMA» og «RENERGI» og forsking på «smarte, energieffektive bygningar».
Dei viktigaste aktivitetane innanfor IKT-forsking var i 2004 knytte til det store programmet «VERDIKT» og til utvikling av norsk språkteknologi og bioinformatikk. Satsinga på språkteknologi har i 2004 vore særleg retta mot samisk språk og oppretting av ein norsk språkbank.
Kategorien «Anna langsiktig, grunnleggjande forsking» gjeld m.a. studiar av globalisering og internasjonalisering, forsking for fornying og innovasjon i offentleg sektor, petroleumsforsking og løyvingar til vitskapleg utstyr.
Løyvinga til «Næringsretta kompetansefelt» gjeld nasjonale kompetansemiljø som er særleg relevante for framtidig næringsutvikling. Forskingsrådet har sett i gang ni større kompetanseprosjekt innanfor område som t.d. karbonmateriale, torskeyngel, smarthusteknologi og marin molekylærbiologi.
Resultatmål for 2006
Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast i tråd med dei overordna prioriteringane i forskingspolitikken. Kvalitet skal framleis vere det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå fondet. FUGE-satsinga og ordningane med senter for framifrå forsking og senter for forskingsdriven innovasjon skal finansierast av fondsmidlar. I tillegg foreslår departementet å løyve 51 mill. kroner til FUGE over kap. 285 post 52. 51 mill. kroner av avkastninga skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking retta mot petroleumssektoren. Fondet skal frå 2006 òg finansiere ei ordning med gåveforsterking ved større private donasjonar til grunnforsking, jf. omtale i St.meld. nr. 20 (2004–2005). Ordninga inneber at staten yter 25 pst. av gåvebeløpet ved private donasjonar til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, universiteta eller til høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Regjeringa foreslår å øyremerke 50 mill. kroner til denne ordninga i 2006. Frå 2007 vil ordninga også omfatte gåver frå frivillige organisasjonar. Departementet vil utarbeide retningslinjer for ordninga i løpet av hausten 2005.
Budsjettforslag for 2006
Løyvinga over kap. 286 post 50 aukar med om lag 73 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2005. Auken kjem som følgje av auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping på grunn av kapitalauke i 2004 og 2005, jf. kap. 3286.
Post 95 Fondskapital
Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Fondet vart styrkt med 1 mrd. kroner i 2004, og med 3,2 mrd. kroner i 2005. Regjeringa foreslår å auke kapitalen med 39 mrd. kroner frå 1. januar 2006. Kapitalauken skal nyttast til å følgje opp prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004–2005), jf. nærmare omtale i del III kap. 6 Opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen 2006–10. Samla kapital i fondet blir etter dette 75 mrd. kroner.
Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Avkastning | 1 918 323 | 1 982 339 | 2 134 060 |
Sum kap. 3286 | 1 918 323 | 1 982 339 | 2 134 060 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286.
Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2006 bli fordelt med 401,7 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60, 707,8 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50, 988,7 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52 og 35,9 mill. kroner over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 487 | 4 508 | 3 923 |
50 | NOVA | 22 408 | 23 215 | |
52 | Norsk Utanrikspolitisk Institutt | 16 081 | 16 643 | |
53 | NOVA og NUPI | 41 094 | ||
54 | Forskingsstiftelsar | 45 083 | 46 584 | 48 075 |
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 4 587 | 9 100 | 12 400 |
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 24 086 | 18 565 | 19 159 |
72 | Til disposisjon for departementet | 2 393 | 1 476 | |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 400 | 12 400 | 12 400 |
Sum kap. 287 | 130 525 | 132 491 | 137 051 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar o.a. som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I 2004 og 2005 er løyvinga i hovudsak nytta til å finansiere utarbeiding og oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005), som vart lagt fram i mars 2005. Midlar frå posten har i 2004 og 2005 òg vore nytta til å styrkje to strategiske instituttprogram ved NIFU STEP: eitt om internasjonalisering av forsking og høgre utdanning og eitt om politikk for kunnskapssamfunnet.
For 2006 foreslår departementet at løyvinga blir redusert med kr 585 000 i høve til 2005. Reduksjonen skriv seg dels frå at det er overført midlar til Utanriksdepartementet for å dekkje utgifter til ei stilling i OECD som ambassaderåd for høgre utdanning og forsking. Vidare er løyvinga nedjustert i samband med at det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006.
Post 50 NOVA, post 52 Norsk Utanrikspolitisk Institutt og post 53 NOVA og NUPI
Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve.
Resultatrapport for 2004–05
NOVA har i 2004 utarbeidd ein plan for auka internasjonalisering i perioden 2005–07. Planen skal mellom anna medverke til meir deltaking i internasjonale prosjekt. Dette er i tråd med det målet departementet har sett om at NOVA skal auke den internasjonale finansieringa si.
Forskarane ved NOVA utførde om lag 71 årsverk i 2004. NOVA er blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest forskarar med doktorgrad per forskarårsverk. Den vitskaplege publiseringa har gått noko ned frå 2003 til 2004, men likevel er publiseringa høg samanlikna med gjennomsnittet for dei samfunnsvitskaplege institutta. I samarbeid med forlag gir NOVA dessutan ut to tidsskrift. Basisløyvinga over kap. 287 stod for 36 pst. av dei samla inntektene til NOVA. Dette er noko høgare enn i 2003.
NOVA har i 2005 starta arbeidet med ein ny strategisk plan for forskingsverksemda for åra 2006 til 2008.
Forskarane ved NUPI utførde 40 årsverk i 2004. I likskap med NOVA er NUPI blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest forskarar med doktorgrad per forskarårsverk. Den vitskaplege publiseringa ved instituttet var noko høgare i 2004 enn i 2003, og klårt høgare enn gjennomsnittet for dei samfunnsvitskaplege institutta. NUPI gir ut tre tidsskrift og artikkelserien «Hvor hender det?». Samanlikna med andre samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt har NUPI få kvinnelege forskarar, sjølv om talet har auka noko i dei siste åra. Instituttet har sett i gang fleire tiltak for å styrkje rekrutteringa av kvinnelege forskarar og forskarrekruttar. Basisløyvinga over kap. 287 utgjorde 32 pst. av dei samla inntektene til instituttet. Dette er ein noko mindre del enn året før.
Resultatmål for 2006
NOVA skal utvikle posisjonen sin som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal framleis arbeide for å styrkje det internasjonale samarbeidet og auke den internasjonale finansieringa.
NUPI skal vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal arbeide for å styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder. NUPIs arbeid for å rekruttere fleire kvinner til forskarstillingar skal halde fram.
Budsjettforslag for 2006
Basisløyvingane til NOVA og NUPI blir frå 2006 kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. For 2006 foreslår departementet at løyvinga til kvart av dei to institutta blir ført vidare på same nivå som i 2005.
I høve til 2005 er post 50 NOVA og post 52 Norsk Utanrikspolitisk Institutt erstatta med ein ny post 53 NOVA og NUPI.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele basisløyvingane til forskingsinstitutta over denne posten. Basisløyvingane skal nyttast til oppbygging av langsiktig kompetanse på særskilde område. Dei skal ikkje nyttast til å subsidiere oppdragsforsking. Den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga både i sektoren og ved kvart einskild institutt. Forskingsrådet arbeider for å fremme kvalitet i forskinga ved institutta, betre samarbeidsrelasjonar og fremme ei formålstenleg arbeidsdeling i sektoren. Arbeidet skjer gjennom kontakt med instituttleiarane, dialogmøte med institutta, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildelingar av strategiske instituttprogram.
Resultatrapport for 2004–05
Posten finansierte i 2004 basisløyvingane til følgjande fem frittståande forskingsinstitutt: Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF), Forskingsstiftelsen Fafo og NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning.
Departementet la mellom anna til grunn at Forskingsrådet skulle arbeide for å auke rekrutteringa av kvinnelege forskarar ved dei institutta der delen av kvinner er låg. For alle dei samfunnsvitskaplege institutta har delen forskarårsverk utførte av kvinner auka frå 37 pst. til 43 pst. frå 1997 til 2004. Den tematiske fordelinga av strategiske instituttprogram har sikra at det er vidareutvikla eller utvikla nye og sentrale kjerneområde ved institutta.
PRIO og FNI er utanrikspolitiske institutt. PRIO er vidare vertskap for eitt av dei 13 sentra for framifrå forsking, Center for the Study of Civil War. Forskingsrådet tildelte totalt 15,7 mill. kroner i basisløyvingar til desse institutta i 2004. Dei to institutta hadde til saman 56 forskarårsverk i 2004.
Fafo og Institutt for samfunnsforsking (ISF) driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd, veljaråtferd samt levekår i land i konflikt. Den samla basisløyvinga til desse institutta var 16 mill. kroner i 2004. Institutta utførte 103 forskarårsverk i 2004.
Frå 1. mai 2004 er STEP slått saman med NIFU til NIFU STEP. Instituttet hadde 9,3 mill. kroner i basisløyving i 2004, og det vart utført 67 forskarårsverk i 2004.
Resultatmål for 2006
Eit sentralt mål for Forskingsrådet er å medverke til å byggje opp den langsiktige fagutviklinga ved institutta. Forskingsrådet skal vidare medverke til å styrkje den internasjonale profilen og verksemda til institutta, m.a. gjennom samarbeid innanfor EUs rammeprogram for forsking. Innanfor løyvinga til dei utanrikspolitiske institutta ønskjer departementet framleis å stimulere til strategiske satsingar. Særleg skal Forskingsrådet leggje vekt på at satsingane styrkjer samarbeidet mellom institutta.
NIFU STEP er eit sentralt nasjonalt kunnskapsmiljø for studiar og evalueringar av utdannings-, forskings- og innovasjonspolitikk. Forskingsrådet skal arbeide for å ta vare på og vidareutvikle kompetansen til instituttet.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005. På same måten som FNI og PRIO kan NUPI søkje om midlar til strategiske instituttprogram frå denne posten.
Senter for klimaforskning (CICERO) kan i samarbeid med eitt eller fleire av dei andre utanrikspolitiske institutta òg søkje om midlar til slike program.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. Holberg-prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda. I desember 2004 vart den første Holberg-prisen tildelt professor Julia Kristeva for hennar nyskapande arbeid omkring problemstillingar i krysningsfeltet mellom språk, kultur og litteratur. I 2005 går prisen til den tyske filosofen og sosiologen Jürgen Habermas. Holberg-prisen er finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 81. Avkastninga finansierer i tillegg ulike arrangement i samband med prisutdelinga, ein eigen nordisk pris for yngre forskarar innanfor same fagområde, kalla «Nils Klim-prisen», og arrangement retta mot barn og unge.
Utdannings- og forskingsdepartementet fastsette i januar 2004 statuttar for forvaltninga av minnefondet. Den årlege avkastninga frå fondet blir disponert av Universitetet i Bergen, som er ansvarleg for å peike ut prisvinnaren og dele ut prisen. Universitetet har oppretta eit eige Holberg-styre og ein fagkomité til dette formålet. Avkastninga frå Holberg-fondet i 2005 til bruk i 2006 vil vere 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 81. For at løyvinga over denne posten skal bli lik løyvinga over kap. 287 post 73 til Niels Henrik Abels matematikkpris, foreslår departementet å auke løyvinga til Holberg-prisen over kap. 287 post 56 med 3,3 mill. kroner, til 12,4 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond, Egede Instituttet og Christian Michelsens Institutt.
Om ordninga
Målet for ordninga er å yte grunntilskott til bestemte forskingsinstitusjonar for å medverke til at institusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt. Tilskottsmottakarar er dei forskingsinstitusjonane som blir nemnde over. Måloppnåinga blir vurdert utifrå om institusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt, samt om dei gjennomfører forskingsrelevante tiltak. Rekneskap og årsrapport skal vise at tilskottet er nytta etter føresetnadene. Departementet gjennomfører kontroll på grunnlag av årsrapportar, årsrekneskap og budsjettforslag frå institusjonane.
Rapport for 2004–05
Senter for grunnforsking skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar og er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret fører vidare ei rekkje seminar som utgjer ein fast del av den tverrfaglege verksemda ved senteret. Våren 2004 hadde 20 forskarar lengre opphald ved senteret, av desse 8 norske forskarar og 12 utanlandske forskarar.
DNVA, DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse har til oppgåve å fremme norsk vitskap, m.a. ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Det har også i 2004 vore stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen, jf. omtale under post 73. Frå 2008 vil akademiet òg ha ansvaret for utdeling av dei nye Kavli-prisane, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Tilskottet til «Vitskaplege fond» gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 samt Institutt for sammenlignende kulturforskning. Tilskottet til Christian Michelsens Institutt går til menneskerettsforskinga ved instituttet. Egede Instituttet skal, i samsvar med ny målsetting, drive forsking og gi informasjon om misjon og tilgrensande fagområde. Instituttet skal dessutan tene kyrkjer, organisasjonar, teologiske fakultet og institusjonar for utdanning av misjonærar.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å auke løyvinga til DNVA med kr 450 000 i samband med oppstart av arbeidet med Kavli-prisane. For dei andre institusjonane foreslår departementet at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak (i 1 000 kr)
Institusjon | 2004 | 2005 | 2006 |
---|---|---|---|
Senter for grunnforsking | 13 605 | 14 070 | 14 214 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 2 366 | 2 450 | 2 900 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 172 | 180 | 180 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 197 | 205 | 205 |
Vitskaplege fond | 130 | 135 | 135 |
Christian Michelsens Institutt | 1 180 | 1 220 | 1 220 |
Egede Instituttet | 296 | 305 | 305 |
Vannakademiet | 1 140 | ||
Heyerdahlinstituttet | 5 000 | ||
Sum | 24 086 | 18 565 | 19 159 |
Post 72 Til disposisjon for departementet
Målet med ordninga har vore å støtte arrangement av og deltaking i nasjonale og internasjonale forskingskonferansar, og å støtte andre forskingsrelevante tiltak.
Løyvinga på posten har i hovudsak gått til eit svensk-norsk bokprosjekt i samband med 100-årsmarkeringa av unionsoppløysinga i 1905. Prosjektet er no ferdigstilt. Løyvinga har òg finansiert husleige til Nordisk forskarutdanningsakademi (NorFA), tilskott til jubileumsverket for Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo og tilskott til utstillingsprosjektet Polar-Norge 2005, ved Universitetet i Tromsø.
NorFA er innlemma i den nye organisasjonen NordForsk, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Frå 2006 vil husleiga til NordForsk bli finansiert av Noregs forskingsråd over kap. 285 post 52. Departementet foreslår derfor å avvikle posten i 2006.
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond dekkjer ein internasjonal vitskapleg pris for framifrå matematisk forsking. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner. Resten av avkastninga skal nyttast til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi. Den tredje Abel-prisen vart delt ut i Oslo 24. mai 2005. Prisen gjekk til professor Peter D. Lax frå USA.
Avkastninga frå Abel-fondet i 2005 til bruk i 2006 vil vere på 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 80.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 400 | 12 400 | 12 400 |
81 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 4 587 | 9 100 | 9 100 |
Sum kap. 3287 | 16 987 | 21 500 | 21 500 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond og Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 693 | 3 585 | 3 805 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 121 052 | 120 208 | 119 094 |
73 | EUs rammeprogram for forsking | 595 451 | 525 082 | 764 320 |
75 | UNESCO | 15 157 | 17 922 | 18 496 |
76 | UNESCO-resolusjon om kvalitet i høyere utdanning , kan overførast | 3 000 | ||
Sum kap. 288 | 738 353 | 666 797 | 905 715 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Resultatrapport for 2004–05
Løyvinga har vorte nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Midlane har m.a. dekt tilskott til Foreningen Norden, kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD, norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen «Europa i skolen». Løyvinga har òg vore nytta til tiltak i regi av UNESCO-kommisjonen hovudsakleg innanfor kulturområdet.
Resultatmål for 2006
Løyvinga vil som tidlegare bli nytta på utdanningsområdet til fremje av nordisk og internasjonalt samarbeid.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å auke løyvinga med kr 800 000 i samband med at Noreg stiller til val i UNESCOs eksekutivråd. I tillegg er posten redusert med kr 675 000 i samband med at driftsmidlar for UNESCO-kommisjonen er samla på kap. 200 post 21.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:
Organisation européenne pour la recherche nucléaire (CERN)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL)
European Molecular Biology Conference (EMBC)
European Synchrotron Radiation Facility (ESRF)
International Agency for Research on Cancer (IARC)
CERN er ein av dei største installasjonane i verda for eksperimentelle studiar innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. EMBL driv avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. EMBC gir, i samråd med EMBL, støtte til program for utveksling av forskarar innanfor molekylærbiologi. ESRF er eit laboratorium for forsking der ein nyttar synkrotronstråling innanfor ei rekkje disiplinar, med vekt på materialforsking. IARC driv kreftforsking knytt til Verdas helseorganisasjon.
Noreg dekkjer mellom om lag ein halv pst. og fem pst. av budsjetta til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane. Det er ei viktig oppgåve for Noregs forskingsråd å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Mellom anna er det viktig å rekruttere fleire nordmenn til dei internasjonale laboratoria. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.
Om ordninga
Målet med satsinga er dels å ta del i avansert forsking som er så ressurskrevjande at det ikkje hadde vore mogleg utan internasjonalt samarbeid, og dels å kunne vere med i utviklinga av nye forskingsområde. Satsinga er eit sentralt verkemiddel for å styrkje kvaliteten på norsk forsking, og deltakinga skal medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv.
Budsjetta for dei ulike organisasjonane blir fastsette av dei øvste styrande organa i dei respektive organisasjonane. Kontingentane for dei enkelte landa blir fastsette ved avtalefesta formlar for utrekning der BNP er ein nøkkelfaktor. Kontingenten til ESRF står i høve til bruksrett til strålelaboratoriet.
Norske delegatar i dei styrande organa til organisasjonane. Desse organa vedtek budsjett og rekneskap. Dette inneber kontroll med at verksemda er i samsvar med formålet til organisasjonen. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for deltaking, oppfølging og spreiing av resultat.
Rapporteringa frå dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane er ein integrert del av den ordinære årsrapporten frå Forskingsrådet. Departementet har møter med Forskingsrådet der budsjettforslag og årsrapportar blir drøfta.
Departementet har utforma ein generell styringsinstruks for delegatar til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane. Etter denne skal delegatane konsultere departementet om prinsipielle forskingspolitiske spørsmål og budsjettsaker i forkant av møte i dei styrande organa, eventuelt for å få instruksar. Vidare er delegatane pålagde å rapportere til departementet frå møte innan gitte fristar. Organisasjonane har eigne revisjonsordningar, og gjennomfører sjølve fagevalueringar av verksemda.
Rapport for 2004
Arbeidet ved CERN har i dei siste åra vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren, Large Hadron Collider (LHC). Anlegget vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet. Akseleratoren vil bli klar for drift i 2007, to år seinare enn den opphavlege planen frå 1996. I samband med LHC-prosjektet har det vore eit problem at CERNs internasjonale status ikkje er stadfesta i mange medlemsland. Dette gjer at personell og materiell som flyttar seg mellom CERN og medlemsland, blir utsette for hindringar. Ein protokoll som endrar CERNs internasjonale status, vart vedteken av fleire medlemsland i 2003–04, og Noreg slutta seg til protokollen 1. juli 2005.
Den vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta blir årleg evaluerte av eit internasjonalt panel sett ned av Forskingsrådet. Ekspertpanelet som har vurdert prosjekta, konkluderte med at kvaliteten på dei norske gruppene generelt er høg.
Dei totale midlane til følgjeforsking om CERN-relatert verksemd var på 14 mill. kroner i 2004. I løpet av året var fem doktorgradsstipendiatar knytte til programmet, av dei to kvinner. Det var 21 norske tilsette ved den faste staben ved hovudkvarteret i Genève i 2004. Ein norsk forskar vart tildelt CERN Fellowship, medan heile 14 teknologistudentar nytta denne ordninga i samband med diplomoppgåvene sine. Om lag 50 norske forskarar har reist til CERN for å ta del i forskingsprosjekt i løpet av året, i stor grad takk vere midlane til følgjeforsking. Det samla talet på nordmenn ved CERN er framleis lågt samanlikna med medlemskontingenten. Noregs forskingsråd skal oppmode norsk næringsliv til å konkurrere for å levere varer og tenester til CERN.
EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi. Samarbeidet i EMBL og EMBC er av stor verdi for norske forskingsmiljø innanfor livsvitskapane, og EMBL er særleg viktig for rekrutteringa til biofaga i Noreg. Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi i Bergen har eit institusjonelt partnarskap med EMBL, som det første av sitt slag i Norden.
Gjennom ESRF, det europeiske anlegget for synkrotronstråling, har norske forskarar god tilgang til å drive materialforsking og bioforsking som krev avansert røntgenstråling. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium: NORDSYNC. ESRF-anlegget blir rekna for å vere det beste i sitt slag i verda. Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje. Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. I 2004 hadde ei rekkje norske forskarar og studentar opphald ved ESRF.
IARC, som er tilknytta Verdas helseorganisasjon (WHO), fokuserer på epidemiologisk så vel som laboratoriebasert forsking, med vekt på studiar av det globale omfanget av kreft og årsaker til og førebygging av sjukdommen. Den største nasjonale nytta av IARC ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga. Som felles organ for alle kreftregister har IARC eit unikt oversiktsmateriale over førekomsten av kreft i verda som forskarane kan nytte. Materialet er også nyttig for styremaktane i helsepolitiske avgjerder. I Noreg er det i første rekkje Forskingsrådet, Kreftregisteret, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. Norske miljø har vore aktive både i forskings- og styrearbeid i IARC i 2004. Det blir no utarbeidd ein ny femårig strategiplan for IARC, med fokus på område som har større nytte av globalt tverrfagleg samarbeid enn av arbeid på nasjonalt nivå.
Budsjettforslag for 2006
Løyvingane på posten blir ført vidare på same nivå som i 2005.
Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar (i 1 000 kr)
Organisasjon | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 |
---|---|---|---|---|
CERN | 109 904 | 124 894 | 100 132 | 97 685 |
EMBL | 6 843 | 7 996 | 8 264 | 10 524 |
IARC | 7 990 | 6 871 | 6 310 | 5 582 |
ESRF | 3 250 | 3 542 | 3 777 | 3 571 |
EMBC | 1 211 | 1 885 | 1 725 | 1 732 |
Sum | 129 198 | 145 188 | 120 208 | 119 094 |
Post 73 EUs rammeprogram for forsking
Rapport for 2004–05
Gjennom EØS-avtalen kan norske forskingsmiljø og verksemder, på lik linje med miljøa i EUs medlemsland, delta i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar. Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale forskingsprogrammet Noreg tek del i, og kontingenten utgjer om lag 75 pst. av totale kontingentforpliktingar til program Noreg deltek i under EØS-avtalen.
Hovudformåla med EUs forskingspolitikk er: å styrkje det vitskaplege og teknologiske grunnlaget for EUs industri, fremme utviklinga av eit meir konkurransedyktig næringsliv, oppmuntre til forskingsaktivitetar som er naudsynte for alle EUs politikkområde, og å medverke til å auke livskvaliteten for befolkninga i Europa.
Om ordninga
Målet med deltakinga er at Noreg skal sikre breitt samarbeid og utvikle nettverk mellom norske forskingsmiljø og -verksemder og sterke forskingsmiljø i Europa på ei rekkje fagområde. Samarbeid og nettverk skal fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking og medverke til kunnskapsbasert innovasjon i norsk nærings- og samfunnsliv.
Gjennom løyvinga på posten skal Noreg betale kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking i samsvar med EØS-avtalen. Vidare skal Noreg gjennom deltaking medverke til og dra nytte av avansert internasjonal forsking og samarbeid med internasjonale forskingsmiljø og -institusjonar.
Utdannings- og forskingsdepartementet deltek i EUs forvaltningsorgan for rammeprogramma (programkomiteane). Her blir budsjettdokument, årsrapportar og andre rapportar om gjennomføring av forskingsprogramma lagde fram. Dette inneber kontroll med at verksemda er i samsvar med vedtekne formål. Noregs forskingsråd rapporterer om norsk verksemd knytt til deltaking i programma. Norsk utnytting av og deltaking i EUs rammeprogram har vorte evaluert fleire gonger.
Rapport for 2004–05
Førebelse tal frå Noregs forskingsråd tyder på at norske forskingsmiljø har gjort det relativt bra i det sjette rammeprogrammet. Om lag halvvegs i sjette rammeprogram deltek norske forskarar i om lag 500 prosjekt som totalt har rundt 7 000 deltakarar frå 80 land. Noreg deltek i elleve pst. av alle prosjekt i rammeprogrammet. Når det gjeld suksessrate, dvs. forholdet mellom innsende søknader med norsk deltaking og godkjende søknader med norsk deltaking, ligg søknader med norsk deltaking høgast av alle deltakande land.
Innanfor dei tematiske programma, som utgjer hovuddelen av budsjettet, har Noreg flest prosjekt innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi, energi og miljø.
Noreg deltek i 30 såkalla ERA-nettverk, som skal auke samarbeidet mellom nasjonale forskingsprogram.
Ein prognose frå Forskingsrådet tyder på at den direkte, pengemessige tilbakeføringa frå det sjette rammeprogrammet er tilfredsstillande og på linje med deltakinga i det femte rammeprogrammet. I tilegg kjem nytta av å ta del i internasjonale nettverk og ta del i den internasjonale kunnskapsutviklinga. Det er likevel eit mål å auke deltakinga og utnyttinga av rammeprogrammet, både finansielt og kunnskapsmessig; sjå meir i kategoriinnleiinga.
Budsjettforslag for 2006
Samla budsjett for det sjette rammeprogrammet er 17 883 mill. euro. Den norske kontingenten er utrekna til om lag 365 mill. euro, dvs. om lag 3 mrd. kroner. Kontingenten er avhengig av utviklinga av bruttonasjonalproduktet i medlemslanda og endringar i valutakurs. Kvart rammeprogram dekkjer om lag fire år, medan prosjekta ofte strekkjer seg over ein lengre periode. Dei norske utbetalingane i 2006 vil også omfatte utbetalingar som står att for det femte rammeprogrammet. Dei norske kostnadene i 2006 vil utgjere om lag 764 mill. kroner. Dette er ein auke på 239 mill. kroner.
Post 75 UNESCO
Om ordninga
UNESCO – særorganisasjonen til FN for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon – er eit samarbeidsorgan for regjeringane i medlemslanda og ein møtestad for fagfolk innanfor de ulike samarbeidsområda. Hovedoppgaven for UNESCO er å medverke til fred og utvikling ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.
Det blir oppnemnt ein nasjonalkommisjon for fire år om gangen. UNESCO-kommisjonen skal i tråd med vedtektene sine fungere som eit rådgivande organ for regjeringane i UNESCO-spørsmål og som eit bindeledd mellom UNESCO og berørte fagmiljø i Noreg. Medlemslanda deltek på UNESCOS generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med og påverke UNESCOs arbeid i retningar som Noreg meiner er viktige. Dei 58 medlemmene i eksekutivrådet blir valde av generalkonferansen, og dei nordiske landa er normalt representerte i rådet gjennom ei nordisk rotasjonsordning.
Tilskottet er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO. Tilskottet medverkar til å finansiere drifta av UNESCO, og gjennom medlemskapen kan Noreg ivareta Noregs synspunkt i UNESCO-arbeidet.
Tilskottsmottakar er hovudkontoret til UNESCO, som ligg i Paris.
Rapport for 2005
Løyvinga har vorte nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten til UNESCO. Noreg er medlem i vitskapskomiteane MAB (Man and the Biosphere) og MOST (Management of Social Transformations) for perioden 2001–05. Løyvinga har òg gått til tilskott til World Heritage Fund.
Budsjettforslag for 2006
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som for 2005. Komiteen tok i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005) opp spørsmålet om støtte til undervisningsprogram ved Vannakademiet. Det er opp til UNESCO å vurdere korleis organisasjonens ubundne midlar skal disponerast. Departementet har ikkje funne å kunne prioritere dette særskilt.
Post 76 UNESCO-resolusjon om kvalitet i høyere utdanning, kan overførast
Generalkonferansen i UNESCO vedtok hausten 2003 ein resolusjon om kvalitet og globalisering i høgre utdanning. Resolusjonsforslaget, som vart fremja av Noreg med støtte frå fleire land, vart etter justeringar vedteke ved konsensus. Midlane på posten har gått til å støtte UNESCO i oppfølging av resolusjonen. Blant anna har midlane gått til å finansiere ein norsk ekspert ved hovudkvarteret i Paris. Som ledd i arbeidet har UNESCO og OECD sett ned ei felles internasjonal arbeidsgruppe for å utarbeide retningsliner for «quality provision in cross-border higher education». Arbeidsgruppa, som vart leia av Noreg, leverte utkast til retningsliner i januar 2005. Retningslinene blir behandla i dei styrande organa i UNESCO og OECD hausten 2005.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 4 754 | 4 916 | 5 073 |
Sum kap. 3288 | 4 754 | 4 916 | 5 073 |
Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter retningslinjene til OECD.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310) | 24 626 002 | 25 907 429 | 26 560 547 | 2,5 |
Sum kategori 07.80 | 24 626 002 | 25 907 429 | 26 560 547 | 2,5 |
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 9 900 354 | 12 399 882 | 13 139 594 | 6,0 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 5 454 | 3 495 200 | 3 146 020 | -10,0 |
Sum kategori 07.80 | 9 905 808 | 15 895 082 | 16 285 614 | 2,5 |
Mål: Målretta og effektive støtteordningar for dei ulike elev- og studentgruppene
Statens lånekasse for utdanning administrerer stipend- og låneordningane som er heimla i lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte. Formålet med utdanningsstøtteordningane er å medverke til like høve til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne, økonomiske og sosiale forhold.
Lånekassen har 751 000 kundar, og av desse er 476 000 tilbakebetalarar. Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning, og støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. I undervisningsåret 2004–05 var talet på elevar og studentar i utdanning med støtterett i Lånekassen 413 000. Av desse fekk 275 000 støtte frå Lånekassen. Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2004–05 på 16 798 mill. kroner. Av dette vart 3 224 mill. kroner betalte ut som stipend og 13 574 mill. kroner som lån.
I dei siste åra er støtteordningane for dei største elev- og studentgruppene gjennomgåtte, og det er gjennomført store endringar.
Frå undervisningsåret 2002–03 vart det innført ei ny støtteordning for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. I denne støtteordninga vart kostnadsnormen (basisstøtta) auka med om lag kr 1 000 til kr 8 000 per månad og gjeld både for studentar som studerer i Noreg, og for studentar som studerer i utlandet. Stipenddelen av støtta til studentar som bur utanfor foreldreheimen, vart auka frå om lag 30 pst. til inntil 40 pst. av støttebeløpet. Frå undervisningsåret 2004–05 vart heile stipenddelen gjort avhengig av fullført utdanning. I undervisningsåret 2004–05 vart det brukt om lag 1,6 mrd. kroner meir på utdanningsstipend (avsetning til konverteringsfondet) enn utbetalt utdanningsstipend i undervisningsåret 2001–02. Av dette skuldast i underkant av 1 mrd. kroner auka tal på støttemottakarar.
Frå undervisningsåret 2003–04 vart det innført ei ny støtteordning for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Støtteordninga er målretta mot elevar frå familiar med svak økonomi, og det er fire hovudtypar stipend: behovsprøvd grunnstipend på inntil kr 1 730 per månad, behovsprøvd læremiddelstipend på inntil kr 350 per månad, ikkje-behovsprøvd bustipend for elevar som må bu for seg sjølve medan dei går på skolen på inntil kr 3 450 per månad, og ikkje-behovsprøvd reisestipend for elevar som må flytte langt frå foreldreheimen for å ta vidaregåande opplæring. Det kan i tillegg bli gitt eit behovsprøvd lån til livsopphald og eit ikkje-behovsprøvd lån til dekning av skolepengar ved private skolar.
Statistikken syner at dei totale utbetalingane av stipend til elevar i vanleg vidaregåande opplæring har auka med over 750 mill. kroner, samanlikna med den gamle støtteordninga for elevar under 19 år. For ein heimebuande elev frå ein familie med årsinntekt på kr 143 000 gjekk stipendutbetalinga opp med kr 845 per månad frå undervisningsåret 2003–04. For ein elev med tilsvarande familieinntekt som måtte bu borte frå familien under opplæringa, gjekk stipendutbetalinga opp med kr 2 080 per månad. Gjennomsnittsstipendet til elevar i vanleg vidaregåande opplæring har auka med nærmare 5 700 kroner per undervisningsår. Læremiddelstipendet kom som erstatning for den tidlegare utlånsordninga for læremidlar, og i undervisningsåret 2004–05 vart det utbetalt 197 mill. kroner i læremiddelstipend. Eit av formåla med den nye støtteordninga var å redusere behovet for lån for gjennomføring av rettsbasert vidaregåande opplæring. Låneutbetalingane til denne gruppa har gått ned med om lag 135 mill. kroner, og gjennomsnittslånet har gått ned med over 10 000 kroner.
Den siste støtteordninga som har vorte endra, gjeld studentar som tek høgre utdanning i utlandet, ei støtteordning som vart innført frå undervisningsåret 2004–05. Det tidlegare gebyrstipendet, som i full storleik vart gitt som stipend til enkelte utdanningar, er gjort om til skolepengestøtte som blir gitt som stipend og lån til alle utdanningar uavhengig av fagretning. Studentar som tek utdanning på lågare grads nivå får finansiert skolepengar opp til kr 52 320 som 50 pst. stipend og 50 pst. lån, og studentar som tek utdanning på høgre grads nivå eller som del av utdanning i Noreg (delstudiar), får finansiert skolepengar opp til same sats med 70 pst. stipend og 30 pst. lån. Studentar i utlandet har i tillegg fått høve til å ta opp ekstra lån på kr 50 000 til dekning av skolepengar, slik at skolepengestøtta samla er på kr 102 320. Tilleggsstipend på kr 55 320 kan bli gitt til studentar som tek einskilde utdanningar i utlandet ved lærestader av særleg høg kvalitet der studentane betaler særleg høge skolepengar. Ph.d.-studentane har fått høve til å ta opp lån på kr 102 320 og eventuelt tilleggsstipend til dekning av skolepengar. Det er òg innført støtte til eit tilretteleggingssemester for gradsstudentar som skal ta utdanning i ikkje-engelskspråklege land.
Statistikken frå undervisningsåret 2004–05 syner at det har vore ein nedgang i talet på nye gradsstudentar i utlandet på om lag elleve pst., og ein nedgang i det totale talet på gradsstudentar med åtte pst. Reduksjonen kjem etter utflating i talet på gradsstudentar i undervisningsåret 2003–04, og samtidig med innføringa av nye støtteordningar for utdanning i utlandet. Den største nedgangen i talet på gradsstudentar finn ein i Australia, Storbritannia og USA, medan ein ser ein auke i talet på gradsstudentar i til dømes Tsjekkia, Polen og nordiske land. Samtidig med nedgangen i talet på gradsstudentar i utlandet er det ein auke på 5 pst. i talet på delstudentar som har teke utdanningsopphald i utlandet som del av utdanninga dei har begynt på i Noreg.
Om lag 100 studentar har nytta moglegheita for støtte til eit tilretteleggingssemester før dei byrjar på gradsutdanning i ikkje-engelskspråklege land. Særleg har ordninga vorte nytta av studentar i Frankrike og Spania. Det finst òg ei ordning med språkstipend på kr 15 000 for studentar som skal ta gradsutdanning eller delstudiar med anna undervisningsspråk enn engelsk. Om lag 900 studentar nytta denne ordninga i undervisningsåret 2004–05. Om lag 75 pst. av studentane med språkstipend tek utdanning i Frankrike, Italia, Spania og Tyskland. Det er gradsstudentar i 81 land, medan delstudentane fordeler seg på 114 land.
Tal for norske studentar i utlandet med støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning
1999–2000 | 2000–01 | 2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | 2004–05 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Europa | 10 218 | 9 574 | 9 353 | 9 465 | 9 637 | 9 377 |
USA/Canada | 1 972 | 1 848 | 1 669 | 1 453 | 1 297 | 1 184 |
Oseania | 2 055 | 3 168 | 3 854 | 4 116 | 3 885 | 3 059 |
Andre land | 190 | 155 | 162 | 172 | 245 | 294 |
Sum | 14 435 | 14 7451 | 15 0382 | 15 2063 | 15 0644 | 13 9145 |
1 I tillegg fekk 4 673 studentar støtte til delstudium.
2 I tillegg fekk 4 700 studentar støtte til delstudium.
3 I tillegg fekk 5 425 studentar støtte til delstudium.
4 I tillegg fekk 6 328 studentar støtte til delstudium.
5I tillegg fekk 6 643 studentar støtte til delstudium.
Kjelde: Statens lånekasse for utdanning.
Ved behandlinga av Ot.prp. nr. 48 (2004–2005) Om lov om utdanningsstøtte, jf. Innst. O. nr. 75 (2004–2005), fatta Stortinget følgjande vedtak 9. mai 2005, jf. oppmodningsvedtak nr. 333 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak vedrørende organisering og finansiering av ulike former for videregående opplæring i utlandet. Det forutsettes at saken også omhandler studietur for 10. trinn i grunnskolen.»
Departementet har sett i gang eit arbeid med å sjå på organiseringa og finansieringa av ulike former for vidaregåande opplæring i utlandet. Arbeidet vil òg gjelde studietur for tiande trinn i grunnskolen. Departementet vil komme tilbake til saka.
For omtale av endringar i støtteordningane til Lånekassen, sjå kap. 2410.
Mål: Auka brukarretting og høgre effektivitet i forvaltninga av utdanningsstøtta
Lånekassen har ein stor kundemasse, og opplever stadig vekst i talet på kundar. Det er avgjerande at verksemda har ei organisering og ein teknologisk infrastruktur som sikrar god kvalitet på tenestene.
Ved innføring av nye støtteordningar i Lånekassen legg departementet vekt på forenkling og brukarretting av regelverket. I Ot.prp. nr. 48 (2004–2005) vart det varsla at forskriftene til den nye utdanningsstøtteloven skulle bli meir tilpassa dei administrative endringane som følgjer av moderniseringa av Lånekassen. Det vart vidare slått fast at reglane i forvaltningsloven om varsling på førehand og høve til uttale òg skal gjelde i samband med utarbeiding av forskriftene om tildeling av utdanningsstøtte og om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån. Desse forskriftene er nær knytte opp mot statsbudsjettet. I tråd med dette er forslag til forskrifter sendt på alminnelig høring samstundes med at statsbudsjettet er lagt fram.
I behandlinga av St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning slutta Stortinget seg til at nye kvalitetskrav i tråd med «Høykvalitetsalternativet» skal leggjast til grunn for forvaltninga av utdanningsstøtta, og at desse krava skal bli realiserte gjennom moderniseringsstrategien «Kjernelånekassen», jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004). Moderniseringa av Lånekassen vil vere ferdig i 2008.
Det er eit mål for Regjeringa at kundane til Lånekassen mellom anna skal oppleve høgre servicegrad, auka tilgang til tenester og kortare behandlingstid. For å oppnå dette vil store delar av IKT-systema bli skifta ut, og oppgåvestrukturen vil bli lagt om slik at Lånekassen i framtida skal konsentrere verksemda si om kjerneoppgåvene søknadsbehandling, regelforvaltning og økonomiforvaltning knytt til støtteordningane. Aktivitetar som støttar opp under kjerneoppgåvene, skal bli sette ut til andre aktørar dersom utsetjing vil gi betre tenester for brukarane og høgre effektivitet totalt sett for Lånekassen. Som ein del av strategien «Kjernelånekassen» er fleire kreditoroppgåver knytte til innkrevjing av misleghaldne studielån blitt overført til Statens innkrevjingssentral.
For nærmare omtale av moderniseringa og effektiviseringstiltak, sjå kap. 2410 postane 01 og 45 og kap. 5310 post 72.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 45 | 272 750 | 270 644 | 259 724 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 749 | 15 000 | 87 004 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving | 2 987 000 | 4 166 750 | 4 405 280 |
70 | Utdanningsstipend , overslagsløyving | 3 618 585 | 2 447 760 | 2 640 285 |
71 | Andre stipend , overslagsløyving | 690 007 | 615 000 | 523 161 |
72 | Rentestønad , overslagsløyving | 882 092 | 953 200 | 994 020 |
73 | Avskrivingar , overslagsløyving | 464 948 | 417 000 | 311 000 |
74 | Tap på utlån | 433 971 | 433 000 | 444 000 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 5 338 | 5 575 | 5 753 |
90 | Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving | 15 264 562 | 16 583 500 | 16 890 320 |
Sum kap. 2410 | 24 626 002 | 25 907 429 | 26 560 547 |
Resultatrapport for undervisningsåret 2004–05
Hovudtal for støttetildelinga dei fire siste undervisningsåra
2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | 2004–05 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte | 388 000 | 391 000 | 404 000 | 413 000 |
Tal på støttemottakarar | 222 997 | 242 774 | 262 885 | 274 438 |
Tal på stipendsøkjarar | 246 847 | 264 370 | 285 564 | 298 455 |
Tal på stipendmottakarar1 | 205 481 | 232 352 | 254 893 | 171 089 |
Tal på lånesøkjarar | 165 392 | 173 888 | 180 232 | 189 324 |
Tal på låntakarar | 157 754 | 188 485 | 195 248 | 203 978 |
Totalt utbetalt stipend og lån (mill. kroner) | 11 974 | 14 985 | 16 122 | 16 798 |
Sum stipend (mill. kroner) | 5 060 | 5 662 | 6 376 | 3 224 |
Gjennomsnittsstipend (kroner) | 24 623 | 24 369 | 25 015 | 18 841 |
Sum lån (mill. kroner) | 6 914 | 9 323 | 9 746 | 13 574 |
Gjennomsnittslån (kroner) | 43 829 | 49 460 | 49 916 | 66 547 |
1 Frå undervisningsåret 2004–05 blir heile basisstøtta for studentar i høgre utdanning og elevar i anna opplæring enn vanleg vidaregåande opplæring tildelt som lån, og opp til 40 pst. kan bli konvertert til stipend når utdanninga er gjennomført. Dette er ei av årsakene til nedgangen i tala på stipendmottakarar, stipendutbetalingar og gjennomsnittsstipend i 2004–05, medan låneutbetalingane gjekk opp same året. Lånet vil bli gjort om til stipend på eit seinare tidspunkt når utdanninga er gjennomført.
Fordeling av ulike stipendformer dei fire siste undervisningsåra
Tal på stipend | Stipend (i mill. kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | 2004–05 | 2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | 2004–05 | |
Utdanningsstipend1 | 203 570 | 230 189 | 181 267 | 0 | 3 926 | 4 386 | 3 205 | 0 |
Grunnstipend | 51 883 | 57 114 | 662 | 735 | ||||
Bustipend | 32 058 | 33 681 | 1 038 | 1 083 | ||||
Læremiddelstipend | 53 805 | 59 137 | 180 | 197 | ||||
Flyktningstipend | 333 | 669 | 845 | 1 035 | 17 | 37 | 32 | 41 |
Stipend til skolepengestøtte/ gebyrstipend | 11 836 | 11 871 | 11 735 | 11 030 | 488 | 505 | 488 | 370 |
Tilleggsstipend | 705 | 735 | 646 | 457 | 25 | 25 | 22 | 16 |
Språkstipend | 508 | 624 | 892 | 906 | 8 | 9 | 13 | 14 |
Reisestipend, innland og Norden | 68 175 | 59 916 | 64 585 | 66 698 | 182 | 140 | 137 | 139 |
Reisestipend utanfor Norden | 17 736 | 18 730 | 19 312 | 18 622 | 109 | 121 | 116 | 109 |
Reisestipend i Noreg til utanlandsstudentar | 12 076 | 10 418 | 8 291 | 8 965 | 17 | 14 | 9 | 9 |
Reisestipend, kvoteordninga | 793 | 833 | 806 | 761 | 3 | 4 | 4 | 3 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 854 | 1 243 | 1 167 | 1 157 | 8 | 20 | 18 | 23 |
Fødselsstipend | 3 196 | 2 999 | 3 389 | 3 658 | 145 | 165 | 182 | 193 |
Forsørgjarstipend2 | 15 481 | 17 887 | 19 526 | 235 | 270 | 292 | ||
Kunstfagstipend3 | 1 446 | 39 | ||||||
Tiltaksstipend4 | 2 624 | 15 | ||||||
Totalt | 323 852 | 353 708 | 448 568 | 282 747 | 4 982 | 5 661 | 6 376 | 3 224 |
1Det blir vist til fotnote 1 under tabellen «Hovudtal for støttetildelinga dei fire siste undervisningsåra» over. Nedgangen i utbetalingane i utdanningsstipend skuldast òg omlegginga av støtteordninga for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring frå undervisningsåret 2003–04. Tidlegare utdanningsstipend til denne gruppa blir spesifisert som grunnstipend, bustipend og læremiddelstipend i denne tabellen. Stipenda blir løyvde over kap. 2410 post 70.
2 Forsørgjarstipend vart innført frå undervisningsåret 2002–03.
3Kunstfagstipend vart avvikla frå undervisningsåret 2002–03. Midlane vart nytta til å opprette eit etablerarstipend for kunstnarar.
4Tiltaksstipend vart avvikla frå undervisningsåret 2002–03.
Hovudtal for tilbakebetaling av lån
2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på tilbakebetalande låntakarar | 455 400 | 468 968 | 464 951 | 466 745 | 476 130 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 47 229 | 50 064 | 51 193 | 53 400 | 56 222 |
Renter (i mill. kroner) | 2 778 | 3 035 | 3 298 | 3 200 | 2 704 |
Avdrag (i mill. kroner) | 3 348 | 3 559 | 4 124 | 4 100 | 4 125 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 439 | 434 | 444 | 439 | 455 |
Administrasjonsutgifter (i mill. kroner) | 233 | 243 | 263 | 270 | 271 |
Rentestønad (i mill. kroner) | 1 260 | 1 444 | 1 494 | 1 589 | 882 |
Uteståande lån (i mill. kroner) | 63 336 | 66 060 | 69 427 | 73 578 | 79 579 |
Uteståande renter (i mill. kroner) | 2 926 | 3 009 | 3 187 | 3 193 | 2 699 |
Budsjettforslag for 2006
Støttebudsjettet i Lånekassen har som regel effektar på fleire postar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617 i statsbudsjettet. Nedanfor følgjer ein samla gjennomgang av budsjettforslaget for 2006. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen er behandla under kap. 2410 post 01 medan moderniseringa av verksemda er behandla under kap. 2410 post 45.
Budsjettforslaget gjeld for budsjettåret 2006, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for heile undervisningsåret 2006–07. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved behandlinga av budsjettet for 2006 tek stilling til heile undervisningsåret 2006–07, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 2.
Regjeringa foreslår at basisstøtta for studentar i høgre utdanning og elevar i anna utdanning enn vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1 blir auka frå kr 8 000 per månad til kr 8 140 per måned frå undervisningsåret 2006–07. All anna støtte vil bli ført vidare på same nominelle nivå i undervisningsåret 2006–07.
Regjeringa foreslår å auke lån til dekning av skolepengar for elevar og studentar ved private lærestader frå kr 20 860 per undervisningsår til kr 50 000 per undervisningsår. Forslaget gjeld alle elevar og studentar ved private lærestader som tek anna utdanning enn vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1.
E-faktura inneber forenkling for mange kundar og er ein kostnadseffektiv varslingsmåte for Lånekassen. Frå 2006 foreslår departementet å fjerne gebyret for førstegongsvarsel på kr 35 for kundar som vel e-faktura.
Frå undervisningsåret 2006–07 foreslår departementet at Ph.d-studentar i utlandet skal få auka den totale støtteperioden gjennom Lånekassen frå åtte til ti år.
Forenklingar i regelverket til Statens lånekasse for utdanning
Departementet legg opp til forenkling og brukarretting av regelverket for utdanningsstøtte. Med desse forslaga vil regelverket bli mindre komplisert og ein vil leggje til rette for automatisert saksbehandling i Lånekassen. Dei økonomiske konsekvensane av endringane er avgrensa.
Departementet foreslår å innføre støtte ved forseinking for elevar og studentar i deltidsutdanning. I dag får elevar og studentar som tek deltidsutdanning, som ein hovudregel ikkje støtte dersom dei blir forseinka i utdanninga, medan elevar og studentar i fulltidsutdanning kan få støtte ved eit års forseinking. Innføring av støtte ved forseinking ved deltidsutdanning legg betre til rette for gjennomføring av deltidsutdanning.
Departementet foreslår ei harmonisering av reglane om støtte til nordiske statsborgarar og reglane om støtte til statsborgarar frå land utanfor Norden. Bakgrunnen for harmoniseringa av regelverka er at dei andre nordiske landa har innført like reglar på dette området. Reglane for støtte til utanlandske statsborgarar blir dessutan foreslått justerte, slik at det blir stilt same krav om butid og tilknyting til Noreg for alle utanlandske statsborgarar i same situasjon. Enkelte av endringane gir ei viss innstramming i forhold til gjeldande regelverk, medan andre endringar gir nye grupper rett til støtte gjennom Lånekassen. Endringane gjer regelverket enklare for brukarane, og gir dessutan administrativ forenkling for Lånekassen. Det er ikkje foreslått endringar i regelverket om støtte til borgarar frå EØS-land.
Elevar og studentar som har barn, kan få forsørgjarstipend. Stipendet er behovsprøvd mot inntekta til ektefellen. Det blir i dag gjort unntak frå behovsprøvingsreglane når begge foreldra er i utdanning som det kan bli gitt støtte til. Departementet foreslår å avvikle denne unntaksordninga. Etter innføring av ny støtteordning frå undervisningsåret 2002–03, der utdanningslånet ikkje lenger er behovsprøvd, syner Lånekassen sin statistikk at det blir gitt støtte til personar med til dels høg inntekt. Avvikling av unntaksordninga gjer at alle studentar blir behandla likt. Tiltaket gjeld både støtteordninga for studentar i høgre utdanning m.m. og støtteordninga for elevar i vanleg vidaregåande opplæring.
Utdanningsstipend og forsørgjarstipend for elevar og studentar som tek høgre utdanning, fagskoleutdanning, folkehøgskole og anna utdanning som ikkje er vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, er behovsprøvde mot formue. For elevar og studentar som er gifte, blir formuen til eleven/studenten og ektefellen lagde saman. Ei unntaksordning gir grunnlag for å sjå bort frå formue som ektefellen har i særeige. For sambuarar som har felles barn, blir det sett bort frå formue dersom det er «særeigeliknande forhold» i forholdet. Departementet foreslår å avvikle denne unntaksordninga. Særeige har ingen reell konsekvens før ekteskapet eller sambuarskapet eventuelt blir avslutta, og det finst derfor ikkje andre omsyn for ekteskap/sambuarskap med særeige eller «særeigeliknande forhold» enn for dei som ikkje har det.
Unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring som er skilte, kan få bustipend sjølv om eleven bur saman med foreldra sine, medan elevar og studentar i same situasjon som tek høgre utdanning, fagskoleutdanning osb. ikkje kan få utdanningsstipend. Av omsyn til harmonisering av støtteordningane foreslår departementet å avvikle ordninga med bustipend til elevar som er skilte og som bur saman med foreldra.
Elevar og studentar som tek anna utdanning enn vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, får som ein hovudregel ikkje utdanningsstipend dersom dei bur saman med foreldra sine. Dette gjeld òg dersom dei bur i eiga bueining som hører til huset der foreldra bur. Denne regelen blir opplevd som urettvis for studentar som til dømes bur i same blokk som foreldra, og det blir derfor gjort unntak for studentar som bur i bueining med eige bruksnummer. I folketrygdloven har ein ei tilsvarande problemstilling for å bli sett på som sambuarar som fører til at overgangsstønad fell bort. Departementet foreslår å innføre same definisjon i regelverket til Lånekassen. Det vil da bli gjort unntak dersom studenten og foreldra bur i kvar si bueining i eit hus med meir enn fire sjølvstendige og klart skild bueiningar.
Departementet foreslår at det blir sett som vilkår for å motta fødselsstipend at eleven eller studenten sin ektefelle eller sambuar ikkje får fødselspengar frå folketrygda i same periode, men med unntak dersom ektefellen eller sambuaren nyttar ordninga med tidskonto. Formålet med forslaget er å unngå dobbelfinansiering frå det offentlege.
Støtte til dekning av skolepengar i land utanfor Norden, skolepengestøtte og tilleggsstipend blir gitte i normert tid for utdanninga. Departementet foreslår å innføre finansiering av skolepengar utover normert tid dersom studenten har vorte forseinka i utdanninga på grunn av sjukdom, fødsel eller redusert funksjonsevne. Forslaget inneber ei harmonisering med dei sosiale ordningane som gjeld for omgjering av lån til utdanningsstipend for studentar som ikkje har gjennomført utdanninga.
Det er i dag eit vilkår for å få støtte til utdanning i land utanfor Norden at eleven eller studenten har budd i Noreg eller eit anna nordisk land i ein samanhengande periode på minst to år i løpet av dei siste fem åra før utdanninga tek til. Dei andre nordiske landa har ikkje lenger inkludert butid i eit anna nordisk land i sine reglar, og departementet foreslår at det norske regelverket blir harmonisert med reglane i dei andre nordiske landa.
Det blir i dag gitt støtte til elevar som tek yrkesfagleg opplæring i land utanfor Norden når opplæring innanfor tilsvarande fagområde ikkje blir tilbode i Noreg. Som tilleggskrav må det vere godtgjort at det er behov for den aktuelle utdanninga i Noreg. Dette blir i liten grad vurdert fordi Lånekassen ikkje har kompetanse til å gjere slike vurderingar. Departementet foreslår å avvikle tilleggskravet.
Det er utilsikta innført ulike vilkår for rett til språkstipend for gradsstudentar og delstudentar. Gradsstudentane får språkstipend dersom dei er tekne opp i ei utdanning med anna undervisningsspråk enn engelsk, medan delstudentane får språkstipendet avhengig av det offisielle språket i studielandet. Departementet foreslår å harmonisere vilkåra, slik at òg delstudentane får språkstipend avhengig av undervisningsspråk.
I regelverket for reisestipend til elevar og studentar som tek utdanning i land utanfor Norden, blir det gitt reisestøtte mellom registrert bustad i Noreg og lærestaden. Elevar og studentar som ikkje har registrert bustad i Noreg kan som hovudregel ikkje få reisestøtte. Det blir gjort unntak frå kravet om registrert bustad i Noreg for elevar og studentar over 18 år som budde i Noreg før utdanninga tok til. Departementet foreslår av omsyn til forenkling å avvikle denne unntaksordninga.
Som oppfølging av ny utdanningsstøttelov må minstebeløpa for utbetaling av stipend og lån justerast ned i forhold til gjeldande forskrift, jf. Innst. O. nr. 75 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 48 (2004–2005).
Under behandlinga av St.meld. nr. 8 (2003–2004) Om tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms uttalte eit fleirtal i kommunalkomiteen at ordninga med nedskriving av studielån (Finnmarksordninga) burde bli utvida, slik at òg arbeidstakarar i deltidsarbeid blir omfatta av ordninga, noko som er i tråd med signalet frå Regjeringa i meldinga. Departementet foreslår som følgje av dette å redusere kravet til yrkesaktivitet frå 100 pst. til 50 pst. for personar som er omfatta av Finnmarksordninga.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45
Resultatrapport for 2004
I 2004 var gjennomsnittleg behandlingstid for søknader om tildeling av utdanningsstøtte 14 dagar, og gjennomsnittleg behandlingstid for søknader om betalingsutsetjing og rentefritak var 15 dagar. Lånekassen har bygd ut fleire brukarretta tenester i dei siste åra, og det er framleis eit mål å auke brukarretting og effektivitet i forvaltninga av utdanningsstøtta, jf. kategoriomtalen. Til dømes er det mange som søkjer om utdanningsstøtte via Internett, og om lag ti pst. av tilbakebetalarane bruker e-faktura.
Resultatmål for 2006
Lånekassen skal sørgje for å administrere tildeling og tilbakebetaling av utdanningslån og stipend på ein god og effektiv måte. Kjerneoppgåvene skal løysast kostnadseffektivt, og aktivitetar som støttar opp under kjerneoppgåvene, skal setjast ut til andre aktørar dersom utsetjing vil gi betre tenester for brukarane og høgre kvalitet og effektivitet totalt sett for verksemda, jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004) og St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning.
Lånekassen skal i 2006 redusere saksbehandlingstida for både tildelings- og tilbakebetalingssaker i høve til 2005. Servicenivået for telefonførespurnader i 2006 skal bli betra i høve til 2005. Sjå post 45 for nærmare omtale av resultatmål for 2006.
Budsjettforslag for 2006
For å leggje til rette for effektivisering av søknadsbehandlinga og sikre eit forsvarleg servicenivå i perioden verksemda er under omstilling, er det foreslått å auke Lånekassen sitt driftsbudsjett med om lag 11 mill. kroner i 2006. Nokre av midlane vil bli nytta til digitalisering av arkiva i Lånekassen.
I samband med finansieringsopplegget for moderniseringa av Lånekassen kan delar av løyvinga på post 01 nyttast under post 45.
I samband med overføring av fleire kreditoroppgåver til Statens innkrevjingssentral er posten redusert med om lag 8 mill. kroner.
Ein legg som tidlegare opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet, og mellom anna nyttast til arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsprosjektet for Lånekassen. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på posten er redusert med om lag 18 mill. kroner i samband med det blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift frå 1. januar 2006.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Det blir vist til St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning og Stortinget si behandling, jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004). Moderniseringa av Lånekassen omfattar organisasjonsutvikling og prioritering av kjerneoppgåver, utskifting av IKT-systema, tilpassing av arbeidsprosessar og vidareutvikling av regelverket for utdanningsstøtte. Hovuddelen av omstillinga vil skje i 2006 og 2007, og arbeidet vil vere avslutta i 2008.
Sjølv om moderniseringa av Lånekassen omfattar alle sider ved verksemda, er det størst utfordringar knytte til innføring av ei ny IKT-løysing. Dagens system vart teke i bruk i 1986, og vedlikehald og vidareutvikling i systemet gjennom snart 20 år har ført til at systemet i dag er særs komplekst og uoversiktleg. Ei utskifting av dette systemet er heilt naudsynt. Vidare bruk av systemet vil innebære betydeleg risiko for feil og sviktande stabilitet. Det vil dessutan på sikt ikkje lenger vere mogleg å oppretthalde naudsynt fagkompetanse knytt til den noverande teknologiske løysinga. Ein føresetnad for å oppnå ønskt effekt av ny IKT-løysing er at dei interne arbeidsprosessane i Lånekassen blir tilpassa dei moglegheitene som ligg i eit IKT-standardsystem.
Resultatrapport 2004
I perioden 2004–05 er det gjennomført eit forprosjekt for moderniseringsprosjektet, jf. omtale nedanfor.
Resultatmål for 2006
Det er utarbeidd eit målbilete for moderniseringa i Lånekassen i tråd med hovudlinjene i St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning. Av dette målbiletet er det laga eit sett med resultatmål som vil bli følgde opp i løpet av omstillingsperioden.
«Høykvalitetsalternativet» – tildeling av utdanningsstøtte
31.12.2004 | 31.12.2006 | 31.12.2007 | |
---|---|---|---|
Kuransgrad/automatiseringsgrad (talet på søknader der avgjerder blir fatta utan manuell behandling) | 41 pst. | 55–60 pst. | 66 pst. |
Sjølvbeteningsgrad (delen av søknadene som er nettsøknader) | 39 pst. | 60–65 pst | 74 pst. |
Behandlingstid (tida frå søknad er registrert til avgjerd er fatta) | 14 dagar | 11–12 dagar | 9 dagar |
«Høykvalitetsalternativet» – tilbakebetaling og betalingslette
31.12.2004 | 31.12.2006 | 31.12.2007 | |
---|---|---|---|
Sjølvbeteningsgrad (delen av søknadene som er nettsøknader) | 9 pst. | 15–18 pst | 20 pst. |
Behandlingstid (tida frå søknad er registrert til avgjerd er fatta) | 15 dagar | 11–12 dagar | 7 dagar |
Desse resultatmåla vil gå inn i Lånekassen si faste rapportering til departementet i heile moderniseringsperioden. Departementet vil gjere greie for resultatoppnåinga i dei årlege statsbudsjetta.
Som eit ledd i arbeidet med å realisere «Kjernelånekassen» har Lånekassen sett ut einskilde støttefunksjonar. I tillegg har fleire kreditoroppgåver knytte til innkrevjing av misleghaldne studielån blitt overført til Statens innkrevjingssentral. I 2006 skal Lånekassen halde fram arbeidet med å vurdere om andre stabs- og driftsfunksjonar kan bli sette ut til private og offentlege aktørar som har betre føresetnader til å utføre desse på ein god og effektiv måte.
Budsjettforslag for 2006
Det er gjennomført eit forprosjekt som har gitt ei kostnadsramme og styringsramme for moderniseringa av Lånekassen. Kostnadsrammer for større investeringsprosjekt i staten blir fastsette etter gjennomført forprosjekt og med 85 pst. sikkerheit mot overskridingar. Gjennomføringa av prosjektet skal likevel vere basert på ei styringsramme som gir 50 pst. sikkerheit mot overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer usikkerheitsavsetninga for prosjektet.
Kostnadsramma og dei sentrale styringsdokumenta som omtaler prosjektet, er kvalitetssikra i tråd med dei krava og metodane som gjeld ved ekstern kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i staten. Konklusjonen frå kvalitetssikringa er mellom anna at kostnadsramma er godt dokumentert.
Samla gevinstrealisering i Lånekassen i perioden 2006–11 vil vere 339 mill. kroner. Prosjektet vil òg gi positive nytteverdiar i form av redusert ressursbruk for lærestadene, meir effektiv tidsbruk for brukarane av tenestene og auka fagleg kvalitet i saksbehandlinga og økonomiforvaltninga i Lånekassen.
Kostnadsramma per 1. juli 2006 med 85 pst. sikkerheit mot overskridingar er sett til 319 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 5. Styringsramma per 1. juli 2006 med 50 pst. sikkerheit mot overskridingar er sett til 291 mill. kroner. Usikkerheitsavsetninga skal disponerast av departementet.
Finansieringa av moderniseringsprosjektet i Lånekassen skal delvis skje gjennom uttak av gevinstar etter kvart som meir effektive system blir implementerte, delvis gjennom omdisponering av midlar som allereie ligg på driftsbudsjettet til Lånekassen og delvis gjennom tilleggsløyvingar over statsbudsjettet i 2006 og 2007. I samband med dette finansieringsopplegget kan delar av løyvinga på post 01 nyttast under post 45. Samla eigenfinansiering i Lånekassen i perioden 2006–08 utgjer 144 mill. kroner.
For 2006 foreslår Regjeringa ei startløyving til moderniseringsprosjektet i Lånekassen på 93,5 mill. kroner. Lånekassen si eigenfinansiering utgjer 33 mill. kroner slik at samla finansiering i 2006 blir 126,5 mill. kroner. Dette inneber at 164,5 mill. kroner står att av styringsramma i 2007 og 2008.
Det blir løyvd 21,8 mill. kroner over budsjettet til Finansdepartementet i samband med meirverdiavgift knytt til løyvinga på kap. 2410 post 45.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje avsetning til framtidige utgifter til stipend for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring, jf. resultatrapport for undervisningsåret 2004–05 og budsjettforslag for 2006. Heile basisstøtta blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. blir konvertert til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje utdanningsstipend til unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, samt forsørgjarstipend, fødselsstipend, sjukestipend og flyktningstipend, jf. resultatrapport for undervisningsåret 2004–05 og budsjettforslag for 2006.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte og tilleggsstipend) og førebuande språkkurs i utlandet, jf. resultatrapport for undervisningsåret 2004–05 og budsjettforslag for 2006.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten viser kostnaden av at studielåna er rentefrie i studietida, og av at regelverket gir høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Rentestønaden er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med.
Løyvinga på posten blir justert i samband med endringar i rentesatsar.
Rentemarginen på eitt prosentpoeng blir foreslått vidareført.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91, jf. resultatrapport for undervisningsåret 2004–05 og budsjettforslag for 2006.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga blir nytta til avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne studielån i Lånekassen, jf. resultatrapport for undervisningsåret 2004–05 og budsjettforslag for 2006.
Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet
Løyvinga blir nytta til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet, mellom anna tilskott til informasjonsarbeidet til Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). Løyvinga skal òg dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer det totale behovet som Lånekassen har for innlån frå staten for å dekkje utgifter til alle låneordningar. Ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir foreslått ført vidare i 2006, jf. forslag til vedtak III nr. 4.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
03 | Diverse inntekter | 791 | 382 | 94 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 9 500 | 9 500 | 9 500 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 153 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 3 097 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 544 | ||
72 | Gebyr | 134 005 | 137 000 | 129 000 |
90 | Avdrag og renter | 7 630 609 | 7 490 000 | 8 067 000 |
91 | Tap og avskrivingar | 699 850 | 630 000 | 581 000 |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 1 418 805 | 4 133 000 | 4 353 000 |
Sum kap. 5310 | 9 900 354 | 12 399 882 | 13 139 594 |
Post 03 gjeld refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.
Visse innanlandske kostnader kan etter OECD sitt statistikkdirektiv bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen. Alle gebyra blir foreslåtte førte vidare med dei same satsane i 2006 for kundar som vel papirfaktura: førstegongsvarsel på kr 35, andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490. For kundar som vel e-faktura, fell gebyret ved førstegongsvarsel bort. Gebyra ved andre- og tredjegongsvarsel vil vere dei same for kundar som bruker e-faktura som for kundar som vel papirfaktura.
Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og renter frå kundane til Lånekassen.
Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen, jf. kap. 2410 post 73 og 74.
Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (Konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Renter | 5 454 | 3 495 200 | 3 146 020 |
Sum kap. 5617 | 5 454 | 3 495 200 | 3 146 020 |
Løyvinga på posten gjeld renter frå Lånekassen til staten, jf. kap. 2410 post 72.