St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Kunnskapsnasjonen Noreg

Regjeringa vil styrkje Noreg som kunnskapsnasjon. Ein sterk kunnskapsnasjon må byggje på eit utdanningssystem av høg kvalitet som gir folk, og dermed samfunnet, den kompetansen som er naudsynt for framtidig velstand og verdiskaping. Utdanningssystemet skal stimulere til å gi kvar einskild personleg utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og ta del i demokratiske prosessar. Forsking er ein viktig føresetnad for utvikling av ein kunnskapsbasert og nyskapande økonomi. Vi må styrkje forskingsevna vår ved å sørgje for god balanse mellom dei ulike innsatsfaktorane, som menneskelege ressursar og midlar til drift, utstyr og bygningar.

Regjeringa har som mål at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innanfor dei områda der vi har føremonar. Tilgang på kompetent arbeidskraft er ein føresetnad for å nå dette målet. Derfor treng vi eit godt og solid utdanningssystem. Vi skal sørgje for eit godt barnehagetilbod til alle som ønskjer det, ein solid offentleg fellesskole, rett til vidaregåande opplæring og gratis høgre utdanning av god kvalitet. Vaksne som har rett til og ynskjer grunnskole- eller vidaregåande opplæring skal få slik opplæring. Etter- og vidareutdanning er også eit viktig verkemiddel både for å få fleire i arbeid og for å kunne gjere bruk av den kompetansen vi allereie har i arbeidslivet, på ein best mogleg måte. Regjeringa ønskjer at læring skal vere mogleg for alle. Det er viktig for å leggje til rette for omstilling og kompetanseheving for den einskilde slik at alle kan delta i arbeidsmarknaden gjennom heile yrkeslivet. Livslang læring aukar også sjansane for deltaking i samfunnslivet elles, og er viktig for utvikling av eit levande demokrati.

Regjeringa vil ha eit samfunn som byggjer på mangfald, men samstundes at alle har dei same utsiktene til å utvikle sine evner. Utdanningssystemet må derfor også medverke til å jamne ut sosiale forskjellar. Regjeringa meiner at barnehage for alle, gratisprinsippet i grunnskole og høgre utdanning og støtteordningane til Statens lånekasse er ein føresetnad for dette.

Klimaendringar og miljøøydelegging er blant dei største utfordringane i vår tid. Kunnskap om desse utfordringane må utviklast tidleg. Regjeringa vil derfor satse på ei tettare kopling mellom utdanning og ei berekraftig utvikling, både nasjonalt og internasjonalt. FN sitt tiår om utdanning for berekraftig utvikling i regi av UNESCO er eit viktig tiltak i denne samanhengen. Med Klimaforliket vart det lagt eit solid grunnlag for ein framtidig berekraftig politikk. Gjennom ny kunnskap og nye handlingsmønster er det mogleg å gjere framtida trygg for kommande generasjonar.

Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor og vil styrkje utdanningsforskinga. Det er viktig at dei som arbeider i sektoren, får sjansen til å gjere seg nytte av den kunnskapen og forskinga som finst. Dette er ein føresetnad for å skape ein lærande og utviklande arbeidssituasjon og vil medverke til auka kvalitet på undervisninga.

Noreg vil satse på auka internasjonalisering av utdanning og forsking, gjennom deltaking i nordisk samarbeid, samarbeid med EU og deltaking i OECD og UNESCO.

Boks 1.1 Regjeringa satsar på læraren

Læraren er avgjerande for kvaliteten i barnehage og grunnopplæring. Det er behov for fleire dyktige lærarar i åra framover. Læraren må få auka status og kompetanse. Regjeringa har derfor starta ei langsiktig satsing på læraren. Hovudelementa er:

  1. Tidleg innsats: Fleire lærarar på 1.- 4. trinn

  2. Varig etter- og vidareutdanning for lærarar

  3. Kompetanseutvikling for skole- og barnehageleiarar

  4. Tettare oppfølging av og støtte til nyutdanna lærarar

  5. Auka kvalitet i lærarutdanninga

  6. Betre rekruttering til læraryrket og lærarutdanningane

  7. Fleire studieplassar for lærarar

  8. Meir relevant FoU for barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning

1.2 Tidleg innsats for sosial utjamning

Dei første barneåra er viktige for barn si utvikling og seinare læring. Regjeringa prioriterer derfor dei små barna høgt. Utbygging av barnehageplassar og utvikling av barnehagesektoren står sentralt i satsinga til regjeringa. Regjeringa ser på barnehagen som den viktigaste arenaen for oppvekst, omsorg og læring utanfor heimen. Barnehagen skal leggje grunnlaget for livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal gi barn grunnleggjande kunnskap på sentrale område, gjere barna kreative og nyfikne og gi dei språkleg og sosial kompetanse. Barnehagar er også ein nøkkel til småbarnsforeldre si deltaking i yrkeslivet. Regjeringa meiner at gode, rimelege og tilgjengelege barnehagar er viktige for å gi alle barn like sjansar. Plass i barnehage kan gi betre kunnskap i norsk hos barn med minoritetsspråklege foreldre. Måla for regjeringa er full barnehagedekning, høg kvalitet og låg pris.

Læring i småbarnsalderen aukar sjansen for at barnet gjer det godt på skolen, tek høgre utdanning og deltek i arbeidslivet som vaksen. Barnehagen speler ei viktig rolle i samband med dette. Barnehagen skal gi trygge rammer for utvikling, utforsking, leik og læring. Dette kan medverke til ein god barndom og til at den einskilde kan lykkast og trivast i skole og vidare utdanning. Barnehagen skal gi tilbod til barn med særskilde behov og leggje vekt på tidleg innsats, blant anna gjennom språkstimulering. Tidleg innsats betyr både forsterka innsats i dei første åra og rask reaksjon når problem oppstår eller blir avdekte. Eit godt og likeverdig barnehagetilbod kan gi alle barn like sjansar.

Målet for regjeringa er at alle som ønskjer barnehageplass, skal få tilbod om det. Dei fleste kommunar har no nådd målet om full barnehagedekning og kan tilby eit godt og tilstrekkeleg utbygd barnehagetilbod. Stortinget vedtok våren 2008 rett til plass i barnehage, som Regjeringa vil innføre frå 2009. Dette inneber at barn som har fylt eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, skal ha rett til plass frå august. Det er også eit mål for regjeringa at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass med god kvalitet. Regjeringa vil frå 2009 føre vidare foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2008 kvart år fram til målet om maksimalpris på kr 1 750 (2005-kroner) per månad er nådd.

Kompetansen til dei tilsette i barnehagen er avgjerande for kvaliteten i barnehagetilbodet. Fleire barn i barnehagane aukar behovet for pedagogar, og regjeringa vil derfor styrkje satsinga på rekruttering av førskolelærarar i 2009. Tiltaka vil betre tilgangen på kvalifisert personale i barnehagane, både på kort og lang sikt.

Det er særleg viktig at minoritetsspråklege barn får tilbod om språkopplæring på norsk. Våren 2008 la regjeringa fram St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer. Meldinga skildrar utfordringar og tiltak for å styrkje språkopplæringa i eit livslangt læringsperspektiv. Meldinga fokuserer mellom anna på behovet for kvalitet i barnehagen sitt språkmiljø og språkstimulering. Tidleg innsats på dette området styrkjer sjansane for den einskilde for seinare deltaking i utdanning og i samfunnet.

Etter mange år med omfattande utbygging av barnehageplassar og andre endringar i barnehagesektoren, ønskjer regjeringa å auke merksemda mot kvalitet og innhald. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding om kvalitet og innhald i barnehagane i 2009. Vidare vil regjeringa føre vidare satsinga på kompetansetiltak i 2009 som eit ledd i strategien for kompetanseutvikling.

Gjennom deltaking i OECD sitt barnehagenettverk får Noreg godt innsyn i korleis andre land legg til rette for gode pedagogiske tilbod til barn i førskolealder. Denne kunnskapen vert nytta i politikkutforminga.

1.3 Høg kvalitet i grunnopplæringa

Regjeringa har lagt fram St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen. For å styrkje kvaliteten i skolen er det viktig at staten, skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar, og samarbeidet mellom heim og skole, trekkjer i same retning. Det er eit mål at skoleeigarar og skolar skal byggje kvalitetsutvikling i skolen på systematisk resultatoppfølging på ein slik måte at det får følgjer for elevane og lærlingane si læring. Når elevar og lærlingar får eit læringsutbytte som svarer til evnene deira, har vi ei grunnopplæring med høg kvalitet.

I tråd med kvalitetsmeldinga og St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen vil regjeringa gi forsterka opplæring i norsk og matematikk gjennom auka lærartettleik for elevar på 1.–4. trinn frå hausten 2009. Lesing og rekning er grunnleggjande for all vidare læring og for å kunne meistre livet. Forskinga syner at ein må setje inn tiltak i dei første skoleåra for å styrkje dei grunnleggjande dugleikane. Å auke talet på lærarar som kan gi elevar som slit, betre oppfølging på dei første trinna, er eit sentralt tiltak for å sikre tidleg innsats. Regjeringa vil i tråd med dette oppmode kommunane til å prioritere å tilsetje lærarar som har spesialkompetanse i lese- og rekneopplæring. Regjeringa vil også bruke kompetansemiddel til å styrkje slik kompetanse i skolen.

Kompetanseutvikling er eit sentralt innsatsområde for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. Det skal etablerast eit varig system for vidareutdanning av lærarar og ei skoleleiarutdanning for alle nytilsette rektorar og rektorar som ikkje har skoleleiarutdanning frå før. Dei statlege løyvingane til kompetanseutvikling skal målrettast mot vidareutdanning i prioriterte fag ut frå dei behova som blir avdekte gjennom nasjonale prøver, tilsyn og undersøkingar av kompetansesamansetjinga blant lærarar. I tillegg vil det bli gitt støtte til etterutdanning på prioriterte område og til å utarbeide rettleiande læreplanar i fag.

Det er urovekkjande at delen eldre lærarar aukar sterkt, samstundes som det er vanskeleg å rekruttere nye lærarar. I tillegg er det mange av studentane som byrjar på lærarutdanningane som sluttar. Mangelen på språk- og realfagslærarar er stor både på ungdomstrinnet og i den vidaregåande opplæringa. Mangelen vil auke fram mot 2010, særleg i vidaregåande skole. På bakgrunn av rekrutteringsutfordringane vil regjeringa settje i verk fleire tiltak for å styrkje statusen til lærarane og rekruttere fleire lærarar.

Norske skolebarn på barnetrinnet har få timar på skolen samanlikna med barn i mange andre land. Regjeringa vil at lengda på skoledagen skal trappast opp på barnetrinnet. Regjeringa har i 2008 utvida timetalet på barnetrinnet med til saman fem uketimar à 60 minutt på 1.-4. trinn. I budsjettet for 2009 vil regjeringa leggje inn meir tid til fysisk aktivitet. Formålet med utvidinga er å leggje til rette for ein meir variert skoledag for elevane.

Regjeringa ønskjer å føre ein utdanningspolitikk på grunnlag av kunnskap frå nasjonale og internasjonale undersøkingar. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gir og brei informasjon om kvaliteten i grunnopplæringa og elevanes læringsutbytte. Regjeringa vil vidareutvikle det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, slik at kommunar og skolar kan få eit enda betre grunnlag for å vurdere tilstanden i sin kommune/skole og for å gjere nødvendige endringar. Samstundes skal skolar og skoleeigarar følgjast tettare opp og få nødvendig støtte i arbeidet med kvalitetsvurdering og -utvikling i skolen. Spesielt for mindre kommunar med små skolefaglege ressursar og lite kompetanse til å utvikle eigne kvalitetsvurderingssystem er det viktig at staten gir støtte.

Tilsyna i dei siste åra har vist at mange kommunar og fylkeskommunar manglar kompetanse til å styre opplæringssektoren i samsvar med regelverket. Derfor vil det nasjonale tilsynet bli ei prioritert oppgåve i 2009. Forsterka innsats når det gjeld tilsyn er ein del av satsinga på tettare oppfølging av skoleeigarar og skolar.

1.4 Kvalitet i høgre utdanning og forsking

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda. Vi skal ha eit effektivt næringsliv, høg og jamnt fordelt velstand, sosial tryggleik og godt utbygde velferdsordningar. Samfunnet står overfor ei rekkje utfordringar som ikkje kan løysast utan forsking. Det gjeld ikkje minst innanfor miljø og global utvikling. Forsking er naudsynt for å meistre velferdsoppgåvene innanfor helse, omsorg og utdanning og for å leggje grunnlag for framtidig verdiskaping og velferd. Men kunnskap og forsking har òg ei rolle utover det reint nyttebaserte. Mennesket er grunnleggjande nysgjerrig, og har eit behov for å finne samanheng i dei omgivnadene vi er ein del av. Forsking er å utvikle slik kunnskap. Forsking medverkar til kulturell forståing, livskvalitet, demokrati og velferd.

Norsk utdanning og forsking skal ha høg internasjonal kvalitet og relevans. Det krev ein velfungerande universitets- og høgskolesektor med god arbeidsdeling mellom lærestadene, med stabile rammevilkår og med styring og leiing som sikrar god bruk av ressursane.

Regjeringa vil følgje opp måla frå Kvalitetsreforma om å heve kvaliteten og relevansen på norsk høgre utdanning og forsking. Hausten 2007 la regjeringa fram St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning. I tråd med St.meld. nr. 7 vil regjeringa dreie vektlegginga mot det som kjem ut av utdanning og forsking. Det er viktig at utdanningane som blir tilbode, er relevante for behova i arbeidslivet, og at det læringsutbyttet ein kan vente etter avslutta studium blir tydeleg formidla. Som del av oppfølginga av Bolognaprosessen blir det utvikla eit rammeverk som skal synleggjere dette (kvalifikasjonsrammeverket).

Regjeringa meiner at dei tiltaka som er sette i gang med Kvalitetsreforma, vidareføring av prinsippet om gratis utdanning, støtteordningane i Statens lånekasse og rimelege studentbustader sikrar at alle har like høve til å ta høgre utdanning, uavhengig av eigen økonomi og sosial bakgrunn. Tilboda om etter- og vidareutdanning, desentralisert utdanning og fagskoleutdanning medverkar også til dette. Kunnskapsdepartementet vil i 2008 gjere ein analyse av marknaden for desentraliserte utdanningstilbod.

Som ein del av oppfølginga av Kvalitetsreforma vil Kunnskapsdepartementet i løpet av 2009 leggje fram ei evaluering og vurdering av finansieringssystemet for universitet og høgskolar.

Utval for å vurdere høgre utdanning (Stjernø-utvalet) leverte innstillinga si i 2008, jf. NOU 2008: 3 Sett under ett. Regjeringa vil ikkje setje i verk ei stor strukturreform med tvangssamanslåingar eller endre styringssystemet for universitet og høgskolar. Regjeringa meiner likevel det er behov for ei klarare arbeidsdeling og spesialisering i sektoren. Det er nødvendig og ønskeleg at institusjonane utviklar forpliktande samarbeid. Regjeringa ønskjer ikkje at det skal bli lettare for høgskolar å få status som universitet. Krava til forskingsverksemd og stabil forskarutdanning vil i staden bli gjort klarare. Regjeringa vil òg vurdere korleis ein kan vidareutvikle meir langsiktig og strategisk styring av sektoren.

Ei styrkt forskingsevne er ein føresetnad for å kunne løyse globale utfordringar og sikre verdiskaping og eit velferdssamfunn for framtidige generasjonar. På Kunnskapsdepartementet sitt område vil regjeringa derfor i 2009 prioritere tiltak som betrar forskingsevna. Dette inneber ei satsing på rekruttering, forskingsinfrastruktur, styrking av instituttsektoren og auka vektlegging av internasjonalisering for å sikre høg kvalitet på forskinga.

Forskingsrådet sin nasjonale strategi for forskingsinfrastruktur (2008–17) Verktøy for forsking syner at nye investeringar i forskingsinfrastruktur vil bringe norsk forsking framover på prioriterte område som energi- og miljøforsking, helseforsking, havforsking og matforsking. Regjeringa vil i 2009 styrkje forskingsevna gjennom ei solid og langsiktig satsing på forskingsinfrastruktur. Styrkinga vil skje både gjennom ei eittårig løyving til Noregs forskingsråd og ei øyremerking av kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping. Midlane skal både nyttast nasjonalt og til norsk deltaking i viktige internasjonale forskingsinfrastrukturar.

Regjeringa foreslår å opprette regionale forskingsfond frå 2009. Regionale forskingsfond er ein del av forvaltningsreforma. Fonda skal medverke til auka kvalitet og styrkje forsking for regional innovasjon. Fonda skal styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskolar og regionane, og vere eit supplement til dei nasjonale FoU-verkemidla.

Høg kvalitet i forsking og høgre utdanning krev hensiktsmessige bygg og god rekruttering på alle fagområde. Det er avgjerande at forskarkarrieren er attraktiv for talentfull ungdom, og at norske forskingsinstitusjonar klarer å halde på dei beste forskarane. Gjennom å opprette over 200 fleire rekrutteringsstillingar med god finansiering ønskjer regjeringa å medverke til god forskarrekruttering.

Frå 2009 vil det bli innført eit nytt system for den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta. Formålet med det nye finansieringssystemet er å medverke til at forskinga får auka kvalitet og å gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Auka basisløyvingar og nytt finansieringssystem vil styrkje forskingsinstituttas evne og kapasitet til å levere god forsking. Innføring av eit felles finansieringssystem for institutta inneber ein styrking av den heilskaplege instituttpolitikken til Regjeringa.

Regjeringa vil styrkje forskingsinnsatsen for å møte dei globale klimautfordringane. Både gjennom Klimaforliket og gjennom Nordområdesatsinga vil forskinga innanfor klima og miljø bli styrkt monaleg.

Regjeringa ønskjer å medverke aktivt til det kunnskapsgrunnlaget som trengst for å løyse nasjonale og globale miljø- og klimaproblem. Regjeringa følgjer opp Klimaforliket med ei satsing på 300 mill. kroner til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. Hovudgrepet i satsinga er etablering av ei ordning med forskingssenter for miljøvennleg energi innanfor prioriterte område i kombinasjon med styrking av relevante forskingsprogram. Sentersatsinga skal gi klimaforsking av høg kvalitet gjennom bygging av slagkraftige forskingsmiljø.

Norsk utdanning og forsking må vere internasjonalt orientert og attraktiv både for å styrkje norsk kunnskaps- og kompetanseutvikling og medverke i internasjonalt samarbeid. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om internasjonalisering i utdanningssektoren hausten 2008.

Som ein liten nasjon er Noreg særleg avhengig av nær kontakt med den internasjonale kunnskapsutviklinga. Noreg deltek mellom anna i EUs program for livslang læring (2007–13), EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) og i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT). Regjeringa arbeider for at det internasjonale forskingssamarbeidet skal gi eit godt utbytte.

Nordområda er blant dei viktigaste satsingsområda for regjeringa. Kunnskap er nøkkelen til å nytte moglegheitene i nord. Forsking og høgre utdanning i nordområda gir også kunnskap om klima- og miljøendringar. I 2007 gjekk 616 mill. kroner til nordområderelevant forsking i Forskingsrådet, dette utgjer ei auke på 40 pst. frå 2006. Satsinga på nordområda blir følgt opp gjennom ein rad tiltak over budsjetta til fleire departement i 2009. Kunnskapsdepartementet styrkjer satsinga på Energicampus nord, og avsett stipendiatstillingar spesielt innretta på nordområda.

Interessa for polarforsking har auka i dei seinare åra, mellom anna på grunn av klimaendringane. Svalbard byr på unike vilkår for forsking og er ein viktig arena for norsk polarforsking. I dei seinare åra har Noreg gjort store investeringar i forskingsinfrastrukturen på Svalbard i tillegg til oppbygginga ved UNIS (Universitetssentret i Svalbard). Infrastrukturen gir gode vilkår for norske forskarar til å drive polarforsking på høgste nivå og samarbeide med ei rekkje utanlandske forskingsmiljø. For at infrastrukturen skal bli utnytta best mogleg både av norske og internasjonale aktørar, legg regjeringa til rette for auka samarbeid og betre koordinering mellom dei ulike forskingsmiljøa på Svalbard.

1.5 Budsjettprioriteringar

Barnehagar

Regjeringa vil at alle som ønskjer barnehageplass, skal få eit barnehagetilbod av høg kvalitet til låg pris.

Regjeringa vil vidareføre maksimalgrensa for foreldrebetalinga nominelt inntil prisen er redusert til kr 1 750 (2005-kroner) per månad. Målet er anslått å bli nådd i 2012. Maksimalprisen blir derfor i 2009 som i 2008, kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis for ein heiltidsplass. Dette gir ein realnedgang i maksimalprisen på omlag kr 100 per månad per barn samanlikna med ei foreldrebetaling justert for forventa pris- og kostnadsauke i kommunesektoren i 2009. Det er foreslått å løyve 358,5 mill. kroner til dette formålet inkludert utbygging.

Regjeringa meiner kompetansen til dei tilsette er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet. Det har vore ei utfordring å skaffe nok førskolelærarar i dei siste åra. Regjeringa foreslår derfor å auka løyvinga til rekruttering av førskolelærarar med 15 mill. kroner i 2009. Dette gir rom for å auke studiekapasiteten på førskolelærarutdanninga med 150 studieplassar, opprette 150 studieplassar i eittårig vidareutdanning i barnehagepedagogikk på deltid for personar med anna pedagogisk utdanning og til dømes å utvide tilbodet med arbeidsplassrelatert førskolelærarutdanning retta mot assistentar i barnehagen.

Lovfesta rett til barnehageplass vil tre i kraft i 2009. Lovfesta rett til barnehageplass anerkjenner rolla til barnehagane i utdanninga, gir barn rett til eit pedagogisk tilbod og bidreg slik til å gi alle barn gode og likeverdige utviklingsmoglegheiter.

Grunnopplæringa

Regjeringa meiner at kvaliteten i grunnopplæringa må bli betre. I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa derfor å styrkje kvalitetsarbeidet med om lag 600 mill. kroner.

Læraren er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane for å betre læringsutbyttet i skolen. Regjeringa meiner derfor at det er nødvendig med fleire og betre lærarar i grunnopplæringa. Frå og med 2009 frigjerast om lag 400 mill. kroner som er løyvde til kompetanseutvikling ved innføring av Kunnskapsløftet. Regjeringa vil nytte midlane til å etablere eit varig system for vidareutdanning for lærarar og ei skoleleiarutdanning for alle nytilsette rektorar og rektorar som ikkje har slik utdanning frå før.

Regjeringa vil auke rekrutteringa til læraryrket for å fange opp unge utdanningssøkjande som er motiverte for ein lærarkarriere. For å auke rekrutteringa av lærarar til vidaregåande opplæring foreslår Regjeringa å innføre ei ordning for å rekruttere yrkesaktive med relevant kompetanse og ei ordning for å rekruttere lærarar i språk og realfag. Det er foreslått å løyve om lag 50 mill. kroner til desse rekrutteringstiltaka i 2009.

Nyutdanna lærarar skal bli betre rusta til å møte faglege og pedagogiske utfordringar i skolen. Regjeringa foreslår å løyve om lag 100 mill. kroner til utvikling av lærarutdanninga. Midlane vil mellom anna bli nytta til å gjere lærarutdanninga meir forskingsbasert, betre overgangen mellom utdanning og yrke, samt gi fleire nyutdanna lærarar retteleiing i den første tida som lærar. For å møte behovet for fleire lærarar skal det etablerast om lag 180 nye studieplassar innan lærarutdanninga.

I 2009 blir det frigjort 430 mill. kroner av dei frie inntektene til kommunane som følgje av at utskiftinga av nye læremiddel tilpassa Kunnskapsløftet skal vere gjennomført. Regjeringa vil vidareføre dei frigjorte midla i kommuneramma. Midlane skal gå til å finansiere forsterka opplæring i norsk/samisk og matematikk på 1.–4. trinn frå hausten 2009, slik at kommunane kan auke talet på lærarar og anna nødvendig fagpersonell. Kommunane vil bli kompensert for heilårsverknaden i 2010. Det skal mellom anna bli innført nye prøver i lesing på første og tredje trinn i grunnskolen og i lesing og regning på første trinn i vidaregåande opplæring.

Rehabiliteringsbehovet ved skoleanlegg er framleis stort, noko som påverkar læringsutbyttet til elevane og arbeidsmiljøet til lærarane. Regjeringa foreslår derfor å innføre ei ny åtteårig rentekompensasjonsordning for skole- og symjeanlegg. Regjeringa tek sikte på at ordninga skal ha ei total ramme på 15 mrd. kroner. I 2009 blir to mrd. kroner fasa inn i statsbudsjettet for 2009 med ein budsjetteffekt på 62 mill. kroner. Midlane blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Fysisk aktivitet er viktig for å auke elevanes læringsutbytte. Regjeringa foreslår å løyve 49 mill. kroner til å leggje inn meir tid – to timar – til fysisk aktivitet på barnetrinnet. Av dette vil 47,7 mill. kroner bli lagde inn i rammetilskottet til kommunane og 0,7 mill. kroner blir løyvde til private skolar.

For å styrkje kvaliteten i grunnskoleopplæringa vil regjeringa betre det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, medrekna tilsynet med opplæringa, og setje i verk eit program for skolebibliotek. Ordninga med gratis læremiddel vart innført for vidaregåande trinn to hausten 2007. I 2008 vart ordninga utvida til å gjelde vidaregåande trinn tre. Frå hausten 2009 skal ordninga også gjelde for vidaregåande trinn ein og regjeringa foreslår å løyve 372 mill. kroner i kompensasjon til skoleeigar. Av dette blir mellom anna 347 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, og 25 mill. kroner blir løyvde til dei private skolane. I tillegg blir det gitt eit stipend til utstyr gjennom Statens lånekasse for utdanning.

Høgre utdanning og forsking

Føresetnadene for høg kvalitet i forsking og utdanning skal i 2009 bli betre ved å satse på fleire stipendiat- og postdocstillingar, betre utstyr og fleire bygg.

Tilstrekkeleg tilgang på personale med doktorgrad er ein føresetnad for å auke forskingsevna, og for å få til den nødvendige omstillinga for å utvikle meir kunnskapsbasert næringsliv og tenesteyting. Regjeringa foreslår å løyve 52,5 mill. kroner til 201 nye rekrutteringsstilingar frå hausten 2009 over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. I tillegg vil Nærings- og handelsdepartementet styrkje nærings-phd.-ordninga med 10 mill. kroner. Regjeringa vil opne for å øyremerke midlertidige stillingar for kvinner. Stillingane blir lagde inn med ny og høgre sats på kr 800 000. Det inneber ei auke på om lag 25 pst.

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner til 72 mrd. kroner frå 1. januar 2009. Samla vil det gi om lag 285 mill. kroner i auka avkasting frå 2010. Avkastninga av 4 mrd. kroner av desse er øyremerkt forskingsinfrastruktur. For å betre utstyrssituasjonen ved universitet og høgskolar foreslår regjeringa ei eingongsinvestering på om lag 80 mill. kroner i statsbudsjettet for 2009.

Regjeringa foreslår å setje av 6 mrd. kroner i kapital til regionale forskingsfond. Dette gir ei samla årleg avkastning på om lag 285 mill. kroner frå 2010. Samla gir avsetninga til dei to fonda ei sterk fondsoppbygging i 2009.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 23 mill. kroner til universitetsmusea knytt til mellom anna sikring og bevaring av samlingane, strategisk forskingssatsing og fagleg utvikling, jf. St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale.

Formålstenlege bygg innanfor høgre utdanning og forsking er ein føresetnad for å gjennomføre utdannings- og forskingspolitikken. For å betre bygg- og utstyrssituasjonen foreslår Regjeringa mellom anna å løyve 60 mill. kroner til nybygg ved Odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen og 20 mill. kroner i startløyving til bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Begge prosjekta vil huse utdanning av viktige samfunnsyrke og medverkar slik til å byggje opp under behova til velferdsstaten. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo med 75 mill. kroner i 2009. Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kroner til ustyr ved Kunsthøgskolen i Oslo og 11,7 mill. kroner til husleige ved Samisk vitskapsbygg. Regjeringa forslår å løyve 8 mill. kroner for å sikre framdrift i prosessen med lokalisering av Noregs veterinærhøgskole (NVH) og Veterinærinstituttet på Ås og samorganisering av NVH og Universitetet for miljø- og biovitskap. Regjeringa foreslår vidare at nytt bygg for samlokaliseringa av Høgskolen i Bergen blir sett i gang i 2010.

Frå 2009 vil det bli innført eit nytt system for den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta. Det nye finansieringssystemet vil fordele delar av grunnløyvingane etter kor gode resultat det enkelte instituttet oppnår, på ein slik måte at institutta blir premierte for både kvalitet og relevans i forskinga. I samband med innføring av det nye systemet, foreslår regjeringa å løyve 67 mill. kroner til auka basisløyvingar. For nærmare omtale av det nye finansieringssystemet, sjå del III kap. 5.

For at universitet og høgskolar skal kunne drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innanfor eit breitt spekter av fagtilbod, foreslår Regjeringa å auke basisløyvinga til universiteta og høgskolane med 298,4 mill. kroner i 2009. Dette tilsvarar reduksjonen i løyvinga i 2007, justert for lønns- og prisauken i perioden.

Regjeringa følgjer opp Klimaforliket med 300 mill. kroner til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring i budsjettet for 2009. Satsinga vil gå til etablering av forskingssenter for miljøvennleg energi innanfor prioriterte område og til ei breiddesatsing med styrking av relevante forskingsprogram. Målet er å møte forskingsutfordringar og utnytte potensialet for verdiskaping knytt til fornybar energi og karbonfangst og -lagring. Av desse midlane vil 24 mill. kroner gå til rekruttering, grunnforsking og infrastruktur over Kunnskapsdepartementets budsjett.

Regjeringa vil leggje til rette for at infrastrukturen blir utnytta best mogleg både av norske og internasjonale aktørar, og for auka samarbeid og betre koordinering mellom dei ulike forskingsmiljøa på Svalbard. Regjeringa foreslår derfor ei eittårig løyving på 2 mill. kroner til koordinering av forskingsaktivitetar på Svalbard.

Studentvelferd

Regjeringa meiner at alle skal ha lik rett til utdanning uavhengig av økonomisk og sosial situasjon, og at alle på sikt skal få moglegheit til å studere på heiltid. For å bidra til dette vil Regjeringa gi tilsegn til 1 000 nye studenthyblar, avhengig av kvar i landet dei blir bygde. Regjeringa foreslår å løyve 220,8 mill. kroner til dette formålet i 2009.

I tillegg syter Regjeringa for å oppretthalde kjøpekrafta til studentane ved å prisjustere studiestøtta frå Statens lånekasse med tre pst. tilsvarande forventa auke i konsumprisindeksen. Dette inneber at studiestøtta til studentane stig frå kr 85 000 til kr 87 600 for studieåret 2009–10.

Regjeringa foreslår å utvide perioden det blir gitt fødselsstipend fra 42 til 44 veker og foreslår å bevilge 5,5 mill. kroner til dette tiltaket.

Regjeringa foreslår vidare tilpassingar i regelverket, slik at funksjonshemma studentar vil få utvida høve til å få støtte ved forseinking i studia. Regjeringa foreslår å løyve 2,4 mill. kroner til dette formålet i 2009.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

215 015

210 633

224 388

6,5

204

Foreldreutvalet for grunnskolen

7 235

206

Samisk utdanningsadministrasjon

30 572

Sum kategori 07.10252 822210 633224 3886,5

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

204 842

191 541

247 801

29,4

221

Foreldreutvalet for grunnopplæringa

8 371

8 777

4,9

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

119 008

118 544

124 572

5,1

223

Samisk utdanningsadministrasjon

31 887

33 290

4,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 000 362

1 011 918

1 127 494

11,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 024 388

1 016 133

1 007 539

-0,8

227

Tilskott til særskilde skolar

61 207

64 150

62 345

-2,8

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 268 851

2 530 465

2 581 197

2,0

229

Andre tiltak

11 418

11 909

12 433

4,4

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

661 590

640 013

675 816

5,6

Sum kategori 07.205 351 6665 624 9315 881 2644,6

Barnehagar

231

Barnehagar

18 112 358

21 584 258

24 314 940

12,7

Sum kategori 07.3018 112 35821 584 25824 314 94012,7

Tiltak for å fremme kompetanseutvikling

252

EUs program for livslang læring

143 222

186 646

187 697

0,6

253

Folkehøgskolar

568 374

592 986

619 078

4,4

254

Tilskott til vaksenopplæring

189 691

192 722

198 969

3,2

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

39 021

42 600

50 974

19,7

256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

50 370

53 734

54 041

0,6

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

39 585

36 944

38 570

4,4

258

Analyse og utviklingsarbeid

36 927

37 160

38 066

2,4

Sum kategori 07.501 067 1901 142 7921 187 3953,9

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

270

Studium i utlandet og sosiale formål for studentar

152 534

223 714

299 758

34,0

271

Universitet

10 555 871

12 008 331

13 151 993

9,5

272

Vitskaplege høgskolar

909 684

967 946

1 220 669

26,1

275

Høgskolar

8 244 376

7 948 131

7 912 780

-0,4

276

Fagskoleutdanning

285 144

304 083

343 277

12,9

281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

770 019

830 025

969 083

16,8

Sum kategori 07.6020 917 62822 282 23023 897 5607,2

Forsking

283

Meteorologiformål

254 753

262 832

282 646

7,5

285

Noregs forskingsråd

1 310 534

1 315 338

1 427 291

8,5

286

Forskingsfond

10 940 226

6 939 560

12 929 517

86,3

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

140 917

153 673

211 195

37,4

288

Internasjonale samarbeidstiltak

829 414

1 165 103

1 317 065

13,0

Sum kategori 07.7013 475 8449 836 50616 167 71464,4

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning

26 987 921

29 754 909

30 176 394

1,4

Sum kategori 07.80

26 987 921

29 754 909

30 176 394

1,4

Sum utgifter

86 165 429

90 436 259

101 849 655

12,6

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

01-29

Driftsutgifter

3 114 015

3 099 533

3 298 087

6,4

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

47 766

130 024

179 286

37,9

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

25 774 060

27 160 229

28 637 999

5,4

60-69

Overføring til kommunesektoren

18 865 672

22 343 311

25 162 100

12,6

70-89

Overføring til private

10 652 402

12 271 462

12 721 104

3,7

90-99

Utlån, avdrag o.a.

27 711 514

25 431 700

31 851 084

25,2

Sum under departementet

86 165 429

90 436 259

101 849 655

12,6

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

11 394

3 110

3 247

4,4

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen

262

Sum kategori 07.1011 6563 1103 2474,4

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

27 965

17 814

11 916

-33,1

3221

Foreldreutvalet for grunnopplæringa

264

276

4,5

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

11 583

6 771

7 069

4,4

3225

Tiltak i grunnopplæringa

21 600

20 690

109 139

427,5

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

87 126

53 522

62 559

16,9

Sum kategori 07.20148 27499 061190 95992,8

Tiltak for å fremme kompetanseutvikling

3256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

7 012

9 852

10 285

4,4

Sum kategori 07.507 0129 85210 2854,4

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

3 509

10

10

0,0

Sum kategori 07.603 50910100,0

Forsking

3286

Forskingsfond

2 654 126

3 084 460

3 368 260

9,2

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 506

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 928

4 043

3 843

-4,9

Sum kategori 07.702 679 5603 110 0033 393 6039,1

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning

13 306 663

15 449 200

15 710 400

1,7

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 434 759

6 113 000

6 763 305

10,6

Sum kategori 07.80

17 741 422

21 562 200

22 473 705

4,2

Sum inntekter

20 591 433

24 784 236

26 071 809

5,2

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

204 778

132 641

259 746

95,8

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

7 242 088

9 343 395

10 250 763

9,7

90-99

Utlån, avdrag o. a.

13 144 567

15 308 200

15 561 300

1,7

Sum under departementet

20 591 433

24 784 236

26 071 809

5,2

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 31, 22. november 2007. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.20 og kap. 226 post 21.

«Stortinget ber Regjeringen foreta en bred gjennomgang av status på området og vurdering av behovet for nye tiltak og strategier for en bedre skoleledelse, som en del av stortingsmeldingen om kvalitet i opplæringen. Stortinget ber om at de konkrete forslag som ligger i representantforslaget Dokument nr. 8:100 (2006-2007), blir nærmere drøftet og vurdert i denne sammenheng.»

Vedtak nr. 369, 14. februar 2008. Vedtaket blir omtalt under kap. 270 post 74 og innleiinga til programkategori 07.80.

«Stortinget ber Regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av de ulike regelverkene for studenter som får barn i studietiden, slik som trygdelovgivning, studiestøtteordninger, samskipnadens regelverk, Statens lånekasse for utdanning mv. og se på hvordan disse kan fungere optimalt og i samsvar med hverandre.»

Vedtak nr. 391, 7. mars 2008. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.60.

«Stortinget ber Regjeringen vurdere å innføre krav om ekstern sensor for all høyere utdanning.»

Vedtak nr. 545, 14. juni 2007. Vedtaket blir omtalt under kap. 228 post 70.

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen for skolen er gjennomført (Innst. O. nr. 88).»