Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
200 | Kunnskapsdepartementet | 215 015 | 210 633 | 224 388 | 6,5 |
204 | Foreldreutvalet for grunnskolen | 7 235 | |||
206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 30 572 | |||
Sum kategori 07.10 | 252 822 | 210 633 | 224 388 | 6,5 |
For å samle alle tiltak som gjeld grunnopplæringa under same kategori, vart løyvingane på utgiftskapitla 204 og 206 samt inntektskapittel 3204 flytta til kategori 07.20 frå 2008.
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
3200 | Kunnskapsdepartementet | 11 394 | 3 110 | 3 247 | 4,4 |
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen | 262 | |||
Sum kategori 07.10 | 11 656 | 3 110 | 3 247 | 4,4 |
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 207 451 | 203 300 | 215 240 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 845 | 4 792 | 6 503 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 719 | 2 541 | 2 645 |
Sum kap. 200 | 215 015 | 210 633 | 224 388 |
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter knytte til arbeidet i regjeringa med forskingspolitikken og utgifter knytte til drift av den norske UNESCO-kommisjonen. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.
Rapport for 2007–08
Kunnskapsdepartementet har ansvar for å utvikle den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I perioden 2007–08 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande proposisjonar og meldingar til Stortinget:
Ot.prp. nr. 2 (2007–2008) Om lov om endringer i opplæringslova
Ot.prp. nr. 40 (2007–2008) Om lov om endringar i opplæringslova og privatskulelova
Ot.prp. nr. 46 (2007–2008) Om lov om endringer i opplæringslova
Ot.prp. nr. 47 (2007–2008) Om lov om endringer i barnehageloven (om formålet med barnehagen)
Ot.prp. nr. 52 (2007–2008) Om lov om endringer i barnehageloven (rett til plass i barnehage)
Ot.prp. nr. 54 (2007–2008) Om lov om endringar i opplæringslova
Ot.prp. nr. 57 (2007–2008) Om lov om endringer i barnehageloven (finansiering av ikke-kommunale barnehager)
St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning
St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale. Universitetsmuseene
St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer
St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen
St.prp. nr. 30 (2007–2008) Framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole
Departementet har styrkt kunnskapsgrunnlaget både gjennom eige analysearbeid og ved å fremme analyse og forsking relevant for politiske initiativ.
For å følgje med på barnehageutbygginga i kommunane har departementet etablert eit elektronisk barnehagekart. Departementet er i ferd med å etablere eit system for elektronisk innrapportering av data, som skal effektivisere datainnsamlinga frå barnehagane. Vidare har departementet fått gjennomført kartleggings- og forskingsoppdrag retta mot kvaliteten på barnehagetilbodet. Mellom anna er kompetansen til tilsette i barnehagane kartlagd. I tillegg har departementet kartlagt kva slag språkstimuleringstilbod barnehagane gir, og kva slag tilbod barnehagane gir til barn med nedsett funksjonsevne. Våren 2008 sette departementet i gang ei evaluering av implementering og bruk av rammeplanen, og ei kartlegging av status for områda i kompetansestrategien Kompetanse i barnehagen. Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007–2010.
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet i grunnopplæringa er samansett av eit samanhengande prøve- og vurderingssystem, blant anna nasjonale prøver og ulike brukarundersøkingar. Det skal hjelpe til i kvalitetsutviklinga ved å skaffe fram kunnskap om utdanningssektoren. I 2007 er det gjennomført nasjonale prøver i lesing på norsk, i rekning og i lesing på engelsk for alle elevar på femte og åttande trinn. På etter- og vidareutdanningsområdet har departementet lagt til rette for ein OECD-gjennomgang av realkompetansevurderinga i Noreg. Departementet har elles styrkt kunnskapsgrunnlaget gjennom å finansiere forsking om problemstillingar som vedkjem etter- og vidareutdanningspolitikken.
Departementet har vurdert dei strategiske utfordringane i samarbeidet med EU om forsking og utvikling. Arbeidet har munna ut i ein strategi frå Kunnskapsdepartementet for samarbeidet mellom Noreg og EU.
I samband med dei årlege etatsstyringsmøta med universitets- og høgskolesektoren har departementet utarbeidd ein overordna tilstandsrapport for universitets- og høgskolesektoren. Analysen gir oversikt over og vurderer tilstanden i sektoren på hovudområda utdanning, forsking, høgre utdanning og omverda, økonomi og personalforvaltning, både på sektornivå og institusjonsnivå.
Til hjelp for å setje i verk den nasjonale kunnskapspolitikken har departementet utvikla styrings- og rapporteringsstrukturane mot ein tydelegare mål- og resultatstyringsmodell. Både departementet og underliggjande verksemder er i gang med å etablere system for risikovurdering og risikostyring. På bakgrunn av rapporteringa og etatsstyringsmøta i 2007 har departementet følgt opp risikostyring som eitt av fleire prioriterte tema i dialogen med verksemdene. Samla sett viser verksemdene ei positiv utvikling i arbeidet med å implementere system for risikostyring. Departementet er merksam på at implementeringa ikkje er fullt ut gjennomførd, men meiner at omsynet til at verksemdene er ulike med tanke på eigenart og storleik, gjer at risikostyringa må tilpassast og utviklast over tid.
Departementet har sett i gang ei evaluering av finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Evalueringa skal gi grunnlag for å sjå finansieringssystemet i samanheng med måla for sektoren. Det er sett ned ei referansegruppe med medlemmer frå sektoren for å følgje opp evalueringsarbeidet.
I januar 2008 vart to evalueringsrapportar om Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) overleverte til departementet. For å følgje opp evalueringa har departementet mellom anna sett ned ei ressursgruppe for arbeid med kvalitet i høgre utdanning.
Departementet har arbeidd systematisk med samfunnstryggleik og beredskap i sektoren, og har utarbeidd ny beredskapsplan i 2008. Beredskapstilsyn med underliggjande verksemder er eit viktig verkemiddel. Departementet har i 2007 gjennomført tilsyn ved fleire av verksemdene. Departementet vil arbeide for at skolar og barnehagar blir godt tekne hand om i beredskapsplanane til kommunane. Det er gjennomført ei kriseøving i 2008, og det er planlagt å gjennomføre ei til før året er omme.
I 2007–08 har Riksrevisjonen levert to forvaltningsrevisjonsundersøkingar som tek føre seg forvaltningsområdet til Kunnskapsdepartementet. Sjå Dokument nr. 3: 10 (2007–2008) Riksrevisjonens undersøkelse av bevaringen og sikringen av samlingene ved statlige museer og Dokument 3:14 (2007–2008) Riksrevisjonenes undersøkelse av tilbudet til voksne om grunnskoleopplæring og opplæring på videregående skolenivå. Riksrevisjonen har vidare sett i gang eit nytt forvaltningsrevisjonsprosjekt som gjeld barnehageområdet. Riksrevisjonen har i tillegg hatt i arbeid tre oppfølgingar av tidlegare forvaltningsrevisjonar, i samsvar med praksisen om at saker som er rapporterte i Dokument nr. 3, skal følgjast opp etter tre år. Dette gjeld Noregs forskingsråds drift av handlingsretta program; verksemdsstyring ved universiteta og kommunanes ansvar for skolebygningar. Departementet har levert 30 meldingar for 2007 til Riksrevisjonen om forvaltninga av statens eigarinteresser i selskap der staten er dominerande eigar. Saman med dei undersøkingane som Riksrevisjonen gjer av forvaltninga og gjennomføringa av budsjettet (kfr. årleg Dokument nr. 1), inneber dette at departementet har ein stor saksportefølje knytt til Riksrevisjonen. Riksrevisjonens undersøkingar er viktige bidrag som departementet bruker aktivt i arbeidet med å utvikle forvaltninga. Somme av dei einskilde sakene er omtalte under programkategoriane 07.20, 07.50, 07.60 og 07.70
Open dialog og god kommunikasjon med dei ulike aktørane i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren har vore ei prioritert oppgåve for departementet. Departementet har gjennom perioden lagt stor vekt på å kommunisere nyheiter og bakgrunnsstoff om sektorane våre gjennom regjeringa.no.
I mars 2007 starta departementet eit nytt elektronisk nyheitsbrev med aktuell informasjon for heile sektoren. Dette er vidareført gjennom 2008, og nyheitsbrevet blir no sendt til om lag 10 000 nettadresser, medrekna både barnehagar, skolar, andre utdannings- og forskingsinstitusjonar og einskildpersonar. I tillegg er nettstaden www.kunnskapsloeftet.no oppdatert med informasjon om utviklinga av denne omfattande skolereforma.
Mål for 2009
Måla for løyvinga over kap. 200 er knytte til drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.
Måla for 2009:
Departementet skal sikre eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.
Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.
Departementet skal sikre god dialog med relevante aktørar i samfunnet.
Budsjettforslag for 2009
Arbeidsmengda i Kunnskapsdepartementet har auka merkbart i dei siste åra. Dette syner seg gjennom fleire eksterne arrangement og førespurnader og i utarbeiding av fleire dokument for Stortinget og Regjeringa. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 200 post 01 med 3 mill. kroner for å sikre naudsynt kapasitet for sakshandsaming. Vidare foreslår departementet å overføre om lag 3,1 mill. kroner frå kap. 200 post 01 til kap. 1522 post 01 i samband med innføring av ny finansieringsmodell for Departementenes servicesenter (DSS) frå 2009.
Departementet foreslår å auke løyvinga på post 21 med 1,7 mill. kroner. Auken gjeld særleg arbeidet i regjeringa med forskingspolitikken. Posten finansierer også utgifter knytte til drift av den norske UNESCO-kommisjonen. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på post 45 på same nivå som i 2008.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3200 post 02, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 160 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 2 908 | 3 110 | 3 247 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 4 043 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 103 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 180 | ||
Sum kap. 3200 | 11 394 | 3 110 | 3 247 |
Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 7 235 | ||
Sum kap. 204 | 7 235 |
Løyvinga vart flytta til kap. 221 frå 2008, sjå omtale der.
Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Salsinntekter o.a. | 262 | ||
Sum kap. 3204 | 262 |
Løyvinga vart flytta til kap. 3221 frå 2008, sjå omtale der.
Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Tilskott til Sametinget | 30 572 | ||
Sum kap. 206 | 30 572 |
Løyvinga vart flytta til kap. 223 frå 2008, sjå omtale der.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
220 | Utdanningsdirektoratet | 204 842 | 191 541 | 247 801 | 29,4 |
221 | Foreldreutvalet for grunnopplæringa | 8 371 | 8 777 | 4,9 | |
222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 119 008 | 118 544 | 124 572 | 5,1 |
223 | Samisk utdanningsadministrasjon | 31 887 | 33 290 | 4,4 | |
225 | Tiltak i grunnopplæringa | 1 000 362 | 1 011 918 | 1 127 494 | 11,4 |
226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 1 024 388 | 1 016 133 | 1 007 539 | -0,8 |
227 | Tilskott til særskilde skolar | 61 207 | 64 150 | 62 345 | -2,8 |
228 | Tilskott til private skolar o.a. | 2 268 851 | 2 530 465 | 2 581 197 | 2,0 |
229 | Andre tiltak | 11 418 | 11 909 | 12 433 | 4,4 |
230 | Kompetansesenter for spesialundervisning | 661 590 | 640 013 | 675 816 | 5,6 |
Sum kategori 07.20 | 5 351 666 | 5 624 931 | 5 881 264 | 4,6 |
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
3220 | Utdanningsdirektoratet | 27 965 | 17 814 | 11 916 | -33,1 |
3221 | Foreldreutvalet for grunnopplæringa | 264 | 276 | 4,5 | |
3222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 11 583 | 6 771 | 7 069 | 4,4 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa | 21 600 | 20 690 | 109 139 | 427,5 |
3230 | Kompetansesenter for spesialundervisning | 87 126 | 53 522 | 62 559 | 16,9 |
Sum kategori 07.20 | 148 274 | 99 061 | 190 959 | 92,8 |
Grunnskolen blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane (det vil seie rammetilskott og skatteinntekter). Rammetilskotta blir løyvde over Kommunal- og regionaldepartementets budsjettkapittel 571 og 572. Midlane løyvde over kategori 07.20 går til særskilde tiltak i grunnopplæringa, og kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren. Samanlikna med andre land er ressurssituasjonen i grunnopplæringa i Noreg god. Ressursinnsatsen har vore høg og relativ stabil over tid. I kap. 7 i del IV i dette budsjettdokumentet blir det gitt ein nærmare omtale av ressurssituasjonen.
Kap. 220, 221, 222 og 223 omhandlar tildeling til drift av Utdanningsdirektoratet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Statlege grunn- og vidaregåande skolar og samisk utdanningsadministrasjon.
Kap. 225 omhandlar tilskott til særskilde enkelttiltak i grunnopplæringa som blir finansierte med øyremerkte midlar over statsbudsjettet.
Kap. 226 omhandlar finansiering av særskilde kvalitetstiltak og utviklingsprosjekt i grunnopplæringa, medrekna vidare- og etterutdanning for lærarar.
Kap. 227 finansierer særskilde enkeltskolar.
Kap. 228 finansierer privatskolar som er godkjende etter privatskolelova.
Kap. 229 omhandlar tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar.
Kap. 230 omhandlar tilskott til drift av kompetansesenter for spesialundervisning, Statped.
Hovudprioriteringar
I statsbudsjettet for 2009 foreslår Regjeringa å styrkje grunnopplæringa med om lag 600 mill. kroner.
Ordninga med gratis læremiddel vart innført for vidaregåande trinn to hausten 2007. I 2008 vart ordninga utvida til å gjelde vidaregåande trinn tre. Frå hausten 2009 skal ordninga også gjelde for vidaregåande trinn 1, og Regjeringa foreslår å løyve 372,6 mill. kroner i kompensasjon til skoleeigar. Av dette blir 347,3 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, og 24,9 mill. kroner blir løyvde til private skolar.
Fysisk aktivitet er viktig for å auke elevanes læringsutbytte. Regjeringa foreslår å innføre to timar fysisk aktivitet på barnetrinnet frå hausten 2009. Til dette blir det foreslått å løyve om lag 49 mill. kroner. 47,7 mill. kroner vil bli lagde inn i rammetilskottet til kommunane og 0,7 mill. kroner blir løyvde til private skolar.
Rehabiliteringsbehovet ved skoleanlegg er framleis stort, og regjeringa vil leggja til rette for at kommunane kan prioritere rehabilitering og vedlikehald av skoleanlegg. Regjeringa vil etablere ei ny åtteårig rentekompensasjonsordning. Ein tek sikte på at samla ramme for ordninga skal vere 15 mrd. kroner. I 2009 blir to mrd. kroner fasa inn i statsbudsjettet for 2009 med ein budsjetteffekt på 62 mill kroner. Midlane blir løyvde over budsjettramma til Kommunal- og regionaldepartementet.
Regjeringa foreslår ei ordning for å rekruttere lærarar i språk og realfag til vidaregåande opplæring. Ordninga inneber ei avskriving av utdanningsgjeld for dei som tek ulike kombinasjonar av lærarutdanning / praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og språk- eller realfagsutdanning på mastergrads- / hovudfagsnivå eller ingeniør- / sivilingeniørnivå. Departementet gir nærmare forskrifter om kven som fell inn under ordninga. Det er forslått å løyve 20 mill. kroner over budsjettet til Statens lånekasse for utdanning til formålet.
I tillegg blir det frigjort om lag 400 mill. kroner som er løyvde til kompetanseutvikling ved innføring av Kunnskapsløftet. Departementet legg opp til at desse midlane blir nytta til etablering av eit varig system for videreutdanning for lærarar, til etterutdanning på prioriterte område og til ei ny rektorutdanning.
Ei styrking av det nasjonale kvalitetsvurderingssytemet vil gi skoleeigarar og skolar eit enda betre grunnlag for kvalitetsutvikling av opplæringa. Regjeringa styrkjer det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet medrekna ei styrking av tilsynet med grunnopplæringa.
I 2009 blir det frigjort 430 mill. kroner av dei frie inntektene til kommunane som følgje av at utskiftinga av nye læremiddel tilpassa Kunnskapsløftet då skal vere gjennomført. Regjeringa vil føre vidare dei frigjorte midla i kommuneramma. Midlane skal gå til å finansiere forsterka opplæring i norsk/samisk og matematikk på 1.–4. trinn frå hausten 2009, slik at kommunane kan auke talet på lærarar og anna nødvendig fagpersonell. Kommunane vil bli kompensert for heilårsverknad i 2010.
Mål: Ei grunnopplæring av høg kvalitet
I denne delen av kategoriomtalen vil departementet gjere greie for dei politiske måla for grunnopplæringa.
Målet for regjeringas politikk for grunnopplæringa er ei grunnopplæring av høg kvalitet. Denne hovudmålsetjinga følgjer av vurderingane og prioriteringane i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen. Målet har fire delar:
Elevar og lærlingar skal få eit betre læringsutbytte.
Elevar og lærlingar skal ha eit godt læringsmiljø.
Skoleeigarar og skolar skal byggje kvalitetsutvikling i skolen på systematisk resultatoppfølging.
Lærarar og skoleleiarar skal ha høg kompetanse.
I budsjettet for 2009 foreslår Regjeringa følgjande større tiltak for å realisere målet om ei grunnopplæring av høg kvalitet:
forsterka opplæring i norsk og matematikk på 1.–4. trinn. Ein odelstingsproposisjon med forslag om lovendring vil bli lagt fram våren 2009
meir tid til fysisk aktivitet på barnetrinnet som grunnlag for ein meir variert skoledag og betre læringsutbytte
etablering av eit program for inkluderande skolemiljø
styrking av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og tilsynet med grunnopplæringa
iverksetjing av eit program for skolebibliotek
eit varig system for vidareutdanning for lærarar i prioriterte fag
skoleleiarutdanning for nytilsette rektorar og rektorar som ikkje har formell skoleleiarutdanning frå før
etterutdanning på prioriterte område
tiltak for lærarrekruttering
Elevar og lærlingar skal få eit betre læringsutbytte
Tilstandsvurdering
Regjeringas vurdering er at mangelfulle forkunnskapar frå grunnskolen er den viktigaste årsaka til fråfall i vidaregåande opplæring og seinare problem med vidare utdanning og tilknyting til arbeidslivet. Fråver av fagleg stimulering på rett nivå, manglande tilbakemeldingar og for låge krav og forventningar til læringsutbytte er truleg viktige årsakar til svak fagleg utvikling og fråfall i opplæringa. Dette kan ha samanheng med kompetansen, leiarskapet og ambisjonsnivået i skolen. Blant anna peikar forskarar på at lærarar er lite skolerte i lesestrategiar og leseforståing.
Med innføringa av Kunnskapsløftet, kompetanseutviklingsstrategien og nasjonalt kvalitetsvurderingssystem er det teke viktige grep for å styrkje elevanes utbytte av opplæringa. Arbeidet med å styrkje den faglege og pedagogiske kompetansen i skolen må halde fram. Dette er avgjerande for elevanes læringsutbytte. Alle elevar, også dei som er fagleg sterke, må møtast med krav og forventningar som motiverer dei til å utvikle seg vidare.
St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer peikar på at høgre utdanningsinstitusjonar og næringslivet vurderer nordmenns framandspråkkompetanse som mangelfull. Departementet meiner det er urovekkjande at få elevar i vidaregåande opplæring vel å fordjupe seg i andre framandspråk enn engelsk. Kompetansen til framandspråklærarar er ein nøkkelfaktor i denne samanhengen.
Rapport for 2007–08
Internasjonale og nasjonale undersøkingar
I 2007 er det lagt fram resultat frå fleire internasjonale og nasjonale undersøkingar. Norske elevar skårar forholdsvis lågt innanfor sentrale fagområde, og det har vore tilbakegang i faglege resultat over tid, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008).
Noreg deltok i PIRLS-undersøkinga (Progress in International Reading Literacy Study) i 2006. PIRLS kartlegg leseforståinga til tiåringar, og viser at norske elevar på fjerde trinn skårar lågast av OECD-landa. Dei gjennomsnittlege resultata er stabile frå 2001 til 2006, men avstanden mellom dei svakaste og sterkaste lesarane er vesentleg redusert i 2006. Noreg har færre svake lesarar, men samtidig også færre svært gode lesarar. Det må understrekast at norske elevar er blant dei yngste i undersøkinga. Det er derfor inkludert eit utval norske elevar på femte trinn. Det skjer ei markert utvikling i lesedugleiken frå fjerde til femte trinn, men svenske og danske elevar på fjerde trinn oppnår framleis betre faglege resultat enn dei norske elevane på femte trinn.
På ungdomstrinnet viser resultata frå PISA (Programme for International Student Assessment) 2006 ein negativ utviklingstrend i gjennomsnittlege prestasjonar i lesing, matematikk og naturfag for norske 15-åringar frå 2000 til 2006. Det har særleg vore stor tilbakegang i lesing. Norske elevar skårar under gjennomsnittet i OECD-landa og er svakast i Norden i sentrale dugleikar som lesing, rekning og naturfag. 20 pst. av elevane oppnådde berre det lågaste kompetansenivået i lesing i 2006. Det har likevel vore ei positiv utvikling i lesevanar og haldningar til lesing, spesielt blant gutar. I Noreg er avstanden mellom dei svakaste og sterkaste elevane omtrent like stor som gjennomsnittet for OECD-landa. Det er relativt små forskjellar i elevprestasjonar mellom skolar. Variasjonen ligg i stor grad mellom elevar på den einskilde skolen. Ei forklaring kan vere at kartlegging og tidleg oppfølging av elevar som skil seg ut med spesielle behov, ikkje har vore tilstrekkeleg vektlagde hittil.
Nasjonale prøver i lesing på norsk, rekning og lesing på engelsk vart gjennomførte i september 2007 for alle elevar på femte og åttande trinn. Som i dei internasjonale undersøkingane er variasjonen i prestasjonar på nasjonale prøver i stor grad å finne mellom elevar på den einskilde skolen snarare enn mellom skolar. Det er likevel klare forskjellar både mellom kommunar og skolar i resultat på dei nasjonale prøvane. Den nasjonale kartleggingsprøva i lesing for andre trinn er laga for å kunne identifisere dei svakaste lesarane. Resultata for 2007 viser ein framgang i høve til 2006. Delen elevar som skårar på eller under kritisk grense, er lågare enn tidlegare, og delen elevar som meistrar alle oppgåvene, held fram med å auke. Andre positive tendensar er at gutar les betre enn tidligare.
Norske elevar kjem relativt godt ut når det gjeld kompetanse i engelsk og demokratisk kompetanse. Ein EU-studie av kompetanse i engelsk frå 2002 viser at norske tiandeklassingar skårar høgt på alle dei målte områda, samanlikna med elevar i andre europeiske land. Vi veit lite om læringsutbytte i andre språk enn engelsk i grunnopplæringa. Men etter innføringa av Kunnskapsløftet vel elevar på ungdomstrinnet andre framandspråk i større grad enn tidlegare. I vidaregåande opplæring vel under tre pst av elevane eit programfag i språk, til dømes tysk, spansk eller fransk.
Forsking har vist at det er ein sterk samanheng mellom familiebakgrunn og læringsutbytte. Familiebakgrunn forklarar likevel mindre av forskjellane i læringsutbytte i Noreg enn i mange andre OECD-land. Det heng saman med at det generelt er mindre sosiale forskjellar i den norske befolkninga enn i mange andre land.
Vidare er det klare kjønnsforskjellar i læringsutbytte mellom norske elevar. Samanlikna med andre land er det relativt store kjønnsforskjellar i lesing i Noreg. I matematikk og realfag er derimot kjønnsforskjellane små samanlikna med andre land. Forsking tyder på at det ikkje er skolen i seg sjølv som skaper kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar. Men skolen medverkar til å reprodusere kjønnsforskjellar som allereie eksisterer i klasserommet. Gjennom kvalitativt gode verkemiddel kan skolen medverke til å redusere kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar. Sosial bakgrunn forklarer meir av variasjonen i resultat enn kjønn.
I vidaregåande opplæring er det store og stabile kjønnsforskjellar når det gjeld val av utdanningsprogram. Jenter dominerer design/handverk og helse- og sosialfag, medan gutar vel bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon.
Språklege minoritetar
Forskjellar i læringsutbytte mellom minoritets- og majoritetsspråklege elevar blir reduserte når ein tek omsyn til at minoritetsspråklege elevar gjennomsnittleg har lågare utdanna foreldre enn majoritetselevane. Det inneber at forskjellane i læringsutbytte i stor grad reflekterer effekten av sosial bakgrunn. Dersom ein samanliknar elevgrupper med like karakterar frå grunnskolen og like høgt utdanna foreldre, har dei minoritetsspråklege elevane noko høgre tendens til å fullføre vidaregåande opplæring enn majoritetsspråklege elevar.
For at minoritetsspråklege elevar skal få betre dugleik i norsk og auka læringsutbytte, vart det hausten 2007 teke i bruk ein ny nivåbasert læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og ein ny læreplan i morsmål. Sidan læreplanane er nivåbaserte kan dei nyttast uavhengig av årstrinn. Når elevane har nådd tilstrekkeleg dugleik i norsk, skal dei gå over til ordinær læreplan i norsk. Dei nye læreplanane blir følgjeevaluerte. I evalueringa vil situasjonen til elevar som kjem til Noreg seint i skoleløpet, få særskild merksemd. Ei undersøking viser at desse elevane får svært ulike opplæringstilbod avhengig av kvar dei bur. Regjeringa vil sett ned eit utval for likeverdig opplæring for minoritetsspråklege i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og høgre utdanning. Utvalet skal gi ei utgreiing om opplæringstilboda for minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i utdanningssystemet, medrekna barnehagane, og vurdere om noverande ansvarsforhold og verkemiddel sikrar inkluderande og likeverdige opplærings- og utdanningstilbod.
Det er innleidd eit samarbeid med Sverige om ein nettbasert ressurs om morsmålsopplæring for minoritetsspråklege elevar.
Frå skoleåret 2008–09 har elevar i vidaregåande opplæring med anna morsmål enn norsk og samisk fått rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Dei har om nødvendig også rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring.
Utviklingsprosjekt ved skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar er førte vidare. Språkløftet, som følgjer opp barn som peikar seg ut etter språkkartlegging på helsestasjon, er òg ført vidare.
Noreg samarbeidar òg internasjonalt om spørsmål knytte til opplæringa for språklege minoritetar. Noreg deltek i OECD- studien Thematic review on Migrant Education. Studien omhandlar utdanning og mangfold, med vekt på utdanning for migranter. Ein avsluttande rapport frå studien vil bli lagt fram i 2009.
Grunnopplæring for vaksne
Det er kommunane og fylkeskommunane som har plikt til å oppfylle vaksnes rett til høvesvis grunnskole- og vidaregåande opplæring. Dette vil seie at kommunar og fylkeskommunar er forplikta til å gi eit tilbod om opplæring, i samsvar med lova, til vaksne som ønskjer å nytte sin lovfesta rett.
Departementet viser til merknaden frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) der komiteen gjentek ein merknad frå Innst. S. nr. 90 (2005–2006) der det står at
«Komiteen ber departementet komme tilbake til Stortinget med en egen sak med forslag til tiltak om hvordan man kan sikre voksnes rett til grunnskoleopplæring».
Departementet viser òg til fleirtalsmerknaden (frå Ap, FrP, Sv, KrF og Sp), der det mellom anna står at
«Flertallet viser til at departementet vil vurdere praktiseringen av lovverket, begrepsbruk, informasjonsarbeidet og eventuelle tiltak i løpet av 2008. Flertallet ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med saken på egnet måte.»
Kunnskapsdepartementet konstaterer at tiltaka i oppfølginga av Kompetansereforma ikkje i så stor grad som forventa har ført til auka deltaking i formell grunnopplæring for vaksne. Hausten 2007 og våren 2008 gjorde Riksrevisjonen ei undersøking av tilbodet om grunnskoleopplæring og opplæring på vidaregåande skoles nivå for vaksne, jf.Riksrevisjonens Dokument nr. 3:14 (2007–2008). I rapporten peikar Riksrevisjonen mellom anna på at deltakinga i grunnopplæring blant vaksne er relativt låg. Det blir òg peika på at vaksne ikkje er godt nok kjende med rettane sine.
Blant dei vaksne som oppfyller kriteria for å ha rett til grunnopplæring vil det berre vere ein del som sjølv synest at dei manglar eller har behov for grunnskole eller vidaregåande opplæring. Blant desse vil det igjen berre vere ein del som er tilstrekkeleg motiverte til at dei faktisk nyttar retten til opplæring. Kunnskapsdepartementet meiner at vaksnes deltaking i opplæring utanfor opplæring i arbeidslivet i stor grad er påverka av situasjonen på arbeidsmarknaden og finansieringa av livsopphald, men at informasjon òg kan påverke etterspurnaden. Departementet meiner at målsetjinga for informasjonsarbeid må vere at dei som treng informasjon skal få det når dei har behov for det, og at informasjonen blir retta inn mot målgruppa.
For å nå ut til vaksne i arbeidslivet som har behov for opplæring i grunnleggjande dugleikar, etablerte departementet Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) i 2006. BKA-ordninga er nærmare omtalt under kap. 257. Same år tok departementet initiativ til ein samarbeidsavtale mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og KS for å sikre samarbeid mellom dei lokale NAV-kontora og kommunesektoren om opplæring som tiltak for arbeidssøkjarar. Begge desse tiltaka er målretta mot grupper av vaksne som treng grunnleggjande opplæring og som ikkje blir fanga godt nok opp av kommunanes tiltak.
Frå og med hausten 2008 er retten til vidaregåande opplæring for vaksne utvida. Den utvida retten inneber at alle som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Tidlegare var det berre vaksne fødde før 1978 som hadde slik rett.
Tron-utvalet (NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet) foreslo mellom anna å samle ansvaret for all grunnopplæring etter opplæringslova for vaksne hos fylkeskommunen. Departementet vil vurdere dette forslaget nærmare.
Departementet har i 2002, 2005, 2006 og 2007 sett i verk tiltak for å nå betre ut til vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. I St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring orienterte departementet Stortinget om situasjonen og varsla nye tiltak. Samstundes fekk Vox (Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet) i oppdrag å styrkje arbeidet retta mot motivering av vaksne med svake grunnleggjande dugleikar, og å utvikle nye metodar for informasjon som kan nå målgruppa betre. Dette arbeidet er i gang.
Det følgjer av forskrifta til opplæringslova at læreplanen for Kunnskapsløftet, så langt det passar, skal brukast i grunnskoleopplæringa for vaksne, men opplæringa skal tilpassast vaksne. For mange vaksne vil tilrettelegginga og kvaliteten på tilboda vere avgjerande for om dei kan eller ønskjer å delta i opplæring. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har derfor Vox, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, utvikla eit rammeverk som kan vere eit verktøy i opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne. Dette rammeverket består av kompetansemål og rettleiingar for blant anna grunnleggjande lese- og skrivedugleik og reknedugleik. Kompetansemåla tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanane for Kunnskapsløftet, men er tilpassa livs- og arbeidssituasjonen til vaksne. Rammeverket kan brukast både i grunnskoleopplæring etter opplæringslova og i BKA-opplæringa.
Kunnskapsdepartementet meiner òg at det er behov for å styrkje statistikkgrunnlaget for å kartleggje og overvake aktivitetar som gjeld opplæring for vaksne. Utdanningsdirektoratet samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) og Vox for å forbetre statistikkgrunnlaget for vaksne i grunnopplæringa. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2009.
Kunnskapsdepartementet meiner det er behov for ei presisering av ansvar og arbeidsdeling mellom Utdanningsdirektoratet og Vox når det gjeld grunnopplæring for vaksne etter opplæringslova slik det vart varsla i St.prp. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008. Departementet foreslår nå ei slik presisering og overføring av ressursar frå Vox til Utdanningsdirektoratet frå og med 2009. Sjå nærmare omtale av dette under kap. 220 og kap. 256.
Etter Kunnskapsdepartementets syn går det klart fram av opplæringslova at vaksne har rett til grunnskoleopplæring som er tilpassa behova deira, og at ansvaret for å gi eit slik tilbod ligg hos kommunane. Likevel har det i nokre tilfelle vore uklart om regelverket er tilstrekkeleg forstått – til dømes når det gjeld moglegheitene for tilpassing innanfor ramma av læreplanane. Ei tydelegare oppgåve- og ansvarsdeling mellom direktoratet og Vox vil blant anna kunne medverke til at grunnopplæringa for vaksne får ei tydelegare prioritering, særleg når det gjeld arbeid med å få fram kunnskap om korleis regelverket fungerer i praksis, og når det gjeld arbeidet med forvaltninga av regelverket, informasjonsarbeid o.a. Endringa vil kunne medverke til at grunnopplæring for vaksne blir tydelegare forankra i dialogen med sektoren, og at informasjon ut til sektoren blir tydelegare og meir konsistent. Fylkesmennenes ansvar for rettleiing og tolking av regelverket vil bli presisert. Ei tydelegare oppgåve- og ansvarsdeling vil òg kunne medverke til betre samordna dokumentasjon og analyse av vaksnes læring. Det er òg eit mål at det skal bli enklare å sjå strategiar og utviklingstiltak som skal fremme kvalitet i grunnopplæringa i samanheng.
Elevvurdering
Elevvurdering vart løfta fram som eit nasjonalt prioritert område i arbeidet med kompetanseutvikling i 2007. Prosjektet Betre vurderingspraksis, som vart sett i gang hausten 2007, er eitt av fleire tiltak for ei meir fagleg relevant og rettferdig vurdering av elevanes arbeid. 78 lærestader er med i ei utprøving av kjenneteikn på måloppnåing i utvalde fag. Følgjeforskinga viser så langt at lærarar er svært motiverte for kompetanseutvikling på dette området. Prosjektet skal gå fram til 1. august 2009 og skal danne grunnlag for departementets vidare arbeid med å forbetre regelverket for vurdering.
Forsøk med utvida skoledag
Sluttrapporten frå SINTEF Teknologi og samfunn frå Forsøk med utvida skoledag i elleve kommunar og 34 skolar på 1.–4. trinn viser at elevane har god nytte av utvida skoledag, spesielt elevar med svak oppfølging frå føresette. Det blir òg peika på at utprøvinga har gitt skolane betre høve til å samarbeide med skolefritidsordninga (SFO). Lærarane har i større grad fått konsentrere seg om undervisninga, medan SFO-tilsette i hovudsak er brukte i arbeidet med måltid og fysisk aktivitet, og nokre stader også i leksehjelpordninga.
Gjennomføring i vidaregåande opplæring
Det er dokumentert at mangelfulle forkunnskapar frå grunnskolen har stor innverknad på gjennomføring av vidaregåande opplæring. Men generelt manglar det systematisk kunnskap om utviklinga av dugleikane til elevane i vidaregåande opplæring. Graden av gjennomføring er likevel indirekte ein indikasjon på læringsutbyttet i vidaregåande opplæring. Om lag 70 pst. av elevane som starta vidaregåande opplæring hausten 2001, oppnådde studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år etter at dei starta på grunnkurs for første gong. Sidan 1994 har delen elevar og lærlingar som gjennomfører opplæringa, variert mellom 68 og 72 pst.
Det er større grad av gjennomføring på studieførebuande utdanningsprogram enn på yrkesfaglege utdanningsprogram. Samtidig er delen lærlingar som består fag- og sveineprøva, svært høg i dei fleste fag. Det store problemet er med andre ord alle elevane og lærlingane i fag- og yrkesopplæringa som fell frå i løpet av opplæringa.
Talet på lærlingar har auka sidan 2003. Per 1. oktober 2007 var det totalt 37 199 lærlingar. Dette er ti pst. meir enn året før. Samstundes var det registrert nesten 900 lærekandidatar.
I 2008 vart tiltaket Partnarskap for karriererettleiing vidareført, og utvida til alle fylkeskommunane. Det er òg sett i gang eit arbeid med å utvikle rettleiande kriterium for rådgivars kompetanse knytt til sosialpedagogisk rådgiving og yrkes- og utdanningsrådgiving. Kunnskapsdepartementet har i eit rundskriv informert om at dei økonomiske rammene til fylkeskommunane frå og med 2008 er styrkte med til saman 27,5 mill. kroner for å førebyggje omval og fråfall ved at fylkeskommunane medverkar til å auke kvaliteten på rådgiving til elevar på ungdomstrinnet.
Av dei om lag hundre skoleutviklingsprosjekta i Kunnskapsløftet – fra ord til handling, har femten prosjekt auka gjennomføring i vidaregåande opplæring som mål. Innfallsvinklane er overgang ungdomstrinn–vidaregåande opplæring, yrkes- og utdanningsrettleiing, samarbeid skole–verksemd og tilpassa opplæring. Førebels kan ikkje prosjekta vise til endra resultat på elevnivå, men det er utarbeidd undervegsrapportar, rettleiingar og modellar. Det vil komme nye rapportar i 2009 og 2010.
Som ei oppfølging av St.meld nr. 16 (2006–2007) blir det prøvd ut ei ordning med praksisbrev. Utprøvinga starta opp i tre fag i Oslo, Rogaland og Vestfold hausten 2007 og blir utvida til fleire fag og fylke hausten 2008. Dette er ei tilrettelegging av vidaregåande opplæring som eit praksisbasert toårig løp som etter fullført opplæring skal gi ei sluttvurdering i form av såkalla praksisbrev. Ordninga skal vere ei vidareutvikling av lærekandidatordninga. Praksisbrevordninga skal gi elevar moglegheit til å oppnå ein formell kompetanse på lågare nivå enn fullt fagbrev som samstundes er ein kompetanse arbeidslivet har behov for. Kompetansemåla skal hentast frå dei ordinære læreplanane, slik at praksisbrevet òg kan utvidast til fagbrev.
Samarbeidet med skoleeigarane om å redusere fråfall i vidaregåande opplæring er vidareført. Effektiviseringsnettverka for vidaregåande opplæring i regi av KS er ein arena for analysar, utveksling av erfaringar og læring. I 2008 har nettverka hatt eit spesielt fokus på å måle resultatutviklinga hos dei deltakande fylkeskommunane og skolane. Kvalitetsforbetring er sett på dagsordenen i dei fleste deltakande kommunane og fylkeskommunane, og dei fleste kommunane har brukt erfaringar frå nettverka til å diskutere politiske spørsmål som prioritering av ressursar mellom sektorar.
Ved skolestart 2007 vart det rapportert om at elevar ved mange skolar ikkje hadde fått lærebøkene i rett tid. Departementet har derfor sett i verk fleire tiltak for å sikre at elevane får skolebøkene i rett tid til hausten. Fylkeskommunane har rapportert om korleis dei skal få lærebøkene fram i rett tid til elevane i dei vidaregåande skolane. Dei fylkeskommunane som ikkje har gode nok rutinar for innkjøp, er bedne om å forbetre rutinane. Utdanningsdirektoratet har i tillegg kontrollert at dei største leverandørane av lærebøker er i rute med leveransane sine. Innan budsettet ligg føre skal alle fylkeskommunane ha rapportert om det skolane har kjøpt inn.
Strategiar og tiltak
Det er eit overordna mål for Regjeringa å snu den negative utviklinga i elevanes utbytte av opplæringa i dei siste ti åra. I tråd med dokumentasjonen og måla og prioriteringane for kvalitet i grunnopplæringa som er lagde fram i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen, vil Regjeringa halde fram arbeidet med å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. Målsetjinga om at elevane skal få eit betre læringsutbytte, inneber at alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å ta del i vidare utdanning og arbeidsliv og at alle elevar og lærlingar som er i stand til det skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetansebevis som blir verdsett for vidare studium eller arbeid.
Tidleg innsats
Lesing og rekning er grunnleggande dugleikar som må lærast tidleg, og som er grunnlag for læring i alle fag. Dersom dette svikter dei første åra av opplæringa, vil elevane risikere å slite gjennom heile skoletida. For å styrkje opplæringa i grunnleggjande dugleikar må ein setje inn tiltak tidleg i opplæringa, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007) og St.meld. nr. 31(2007–2008). Regjeringa vil auke talet på lærarar og anna fagpersonell på 1.–4. trinn for å styrkje moglegheitene for tilpassa opplæring og til å følgje opp elevar med særskilde behov i norsk/samisk og matematikk. Dette må forankrast i opplæringslova, og forslag til nye føresegner og skoleeigar sine plikter vil bli lagt fram.
Tettare oppfølging
Betre informasjon om elevanes læringsresultat er heilt sentralt i det vidare arbeidet med å styrkje elevanes læringsutbytte. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet inneheld fleire element som til saman skal gi eit godt informasjonsgrunnlag for kvalitetsarbeidet. Sidan systemet vart etablert i 2003, er det utvikla og forbetra mange gonger. Som ledd i den vidare utviklinga med fokus på tidleg innsats vil departementet innføre obligatorisk kartlegging av lesedugleik på 1.–3. trinn.
Departementet vil gjere ytterlegare ei utviding av nasjonale prøver ved å innføre nasjonale prøver i lesing og rekning på niande trinn frå 2010. Departementet vil òg vurdere å innføre sentralt gitte prøver i digitale dugleikar på ungdomstrinnet, og kartleggje eventuelle forskjellar mellom gutar og jenter med omsyn til effekt av auka bruk av IKT til eksamen og i undervisninga.
Vidare vil det bli etablert eit system der det med visse mellomrom blir gjennomført utvalsprøver i ulike fag og dugleikar på ulike trinn i opplæringa. I første omgang vil departementet utvikle utvalsprøver i skriving.
Auken i talet på læreplassar i dei siste åra er svært gledeleg, men dette er ikkje tilstrekkeleg. Det er behov for ei tettare oppfølging av elevane tidleg i vidaregåande opplæring, særleg i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma der fråfallet er størst. Gode arbeidsvanar og styrkt læringsutbytte vil kunne auke moglegheitene for å få læreplass. For å avdekkje læringssvikt og setje inn tidleg innsats vil departementet innføre obligatoriske kartleggingsprøver i lesing og rekning ved starten på første trinn i vidaregåande opplæring. Rekneprøvene kan første gong gjennomførast hausten 2009, medan leseprøvene vil vere ferdige til hausten 2010. Kartleggingsprøvene kan gi skolane høve til å fange opp elevar med særskilde utfordringar tidleg, og vere med på å førebyggje fråfall.
Forsking og kunnskap om det som skjer i skolen, er heilt avgjerande for å styrkje elevanes læringsutbytte. Det er behov for å vite meir om blant anna effekt av ulike tiltak. Til dette formålet trengst det eit sentralt register som grunnlag for statistikk, forsking og analyse som gjer det mogleg å følgje utviklinga over tid. Data på individnivå vil styrkje informasjonsverdien i registeret og gi betre grunnlag for målretta og konkrete tiltak for kvalitetsutvikling og kvalitetskontroll. Kunnskapsdepartementet har sendt på høring eit forslag til endringar i opplæringslova og privatskolelova om å opprette eit slikt sentralt register i skolesektoren. Av hensyn til personvernet blir det foreslått at opplysningane i registeret er psydonymiserte. Basert på høringsresultata vil departementet vurdere nærmare korleis blant anna eit sentralt dataregister bør utviklast.
Departementet vil på fleire måtar følgje nøye med på korleis læringsutbyttet til elevar og lærlingar utviklar seg. Ulike kartleggingar og undersøkingar vil samla sett gi viktige indikasjonar på tilstanden og utviklinga. For å vurdere utviklinga vil departementet særleg leggje til grunn endringar i delen elevar som presterer på lågaste kompetansenivået i dei internasjonale undersøkingane i lesing og matematikk. Kommunane vil kunne sjå på endringar i delen elevar som presterer på lågaste nivå i lesing og rekning i dei nasjonale prøvene, samanlikna med det nasjonale gjennomsnittet. For å følgje med på utviklinga i vidaregåande opplæring vil departementet sjå på endringar i delen elevar og lærlingar som fullfører planlagd opplæring, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) og vedlegg 3.
Redusere feilval og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring
Departementet vurderer rådgiving og karriererettleiing som viktige verkemiddel for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. God rådgiving, kombinert med utnytting av fleksibiliteten i strukturen i Kunnskapsløftet, vil medverke til betre gjennomføring. I St.meld. nr. 16 (2006–2007) er det varsla fleire tiltak for å styrkje rådgivinga i skolen. Mellom anna skal rådgivingsfunksjonen definerast med to særskilde komponentar, både sosialpedagogisk rådgiving og yrkes- og utdanningsrådgiving. Forslag til endringar i forskrifta er sendt på høring med frist 1. november 2008.
I tillegg vil det nye faget Utdanningsval (tidlegare Programfag til val) på ungdomstrinnet gi eit betre grunnlag for val av vidare utdanning, og såleis medverke til å hindre fråfall i vidaregåande opplæring. Eit godt samarbeid mellom fylkeskommunane og kommunane om rådgiving er òg viktig. Kunnskapsdepartementet vil føre vidare rundskrivet som informerer om at dei økonomiske rammene til fylkeskommunane er styrkte. Styrkinga skal gi meir effektiv ressursbruk i fylkeskommunane og førebyggje omval og fråfall ved at fylkeskommunane medverkar til å auke kvaliteten på rådgivinga til elevar på ungdomstrinnet.
Noreg vil møte store utfordringar knytte til framtidige endringar i arbeidsmarknaden. Teknologisk utvikling, mobilitet, demografiske endringar og aukande krav til kompetanse er nokre av utfordringane for ei god fag- og yrkesopplæring. I tillegg vil det fleirkulturelle Noreg og nasjonale og internasjonale miljøutfordringar krevje ny kompetanse og endringsvilje. Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere korleis fag- og yrkesopplæringa kan bli best mogleg rusta for dette. Utvalet for fag og yrkesopplæringa skal analysere endringar og utvikling på ei rekkje felt som er viktige for fag- og yrkesopplæringa, og foreslå tiltak for å møte utfordringane. Utvalet, som er sett saman av representantar frå nasjonale og internasjonale forskarmiljø, partane i arbeidslivet og privat og offentleg sektor, skal levere innstillinga si innan 1. oktober 2008. Sjå også omtale av tiltak i programkategori 07.50.
Frå hausten 2008 blir utprøvinga med praksisbrev utvida slik at ho vil vere open for alle fylkeskommunane. Det vil seinare bli teke stilling til om ordninga eventuelt skal innførast på meir permanent basis og i breiare skala.
Samanlikna med majoritetselevar fell minoritetsspråklege elevar oftare frå i vidaregåande opplæring. Frå 1. august 2008 vart det innført ei føresegn i opplæringslova og privatskolelova om rett til særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring. Departementet meiner det er vesentleg at særleg minoritetsspråklege elevar som er komne til Noreg seint i skolealder, også får ekstra tid til å gjennomføre vidaregåande opplæring, slik at dei får eit betre grunnlag for vidare studium eller arbeid. Departementet vil derfor hausten 2008 sende på høring eit lovforslag om rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra til å gjennomføre opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring, og som har behov for ekstra tid. Ein tek sikte på at dei eventuelle endringane blir tekne inn i opplæringslova med verknad frå hausten 2009.
Som eit ledd i innsatsen mot fråfall i vidaregåande opplæring vil mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) bli utvida frå 1. januar 2009. I tillegg til å støtte foreldre med barn i grunnskolen skal utvalet gi informasjon og støtte til foreldre som har ungdom på første steget i vidaregåande opplæring. Målet er å gjere foreldre betre rusta til å støtte ungdommane i ei overgangstid da dei treng gode råd med omsyn til læring og utdanningsval.
Andre tiltak for å styrkje læringsutbyttet til elevane og lærlingane
Regjeringa har i juni 2007 oppnemnt eit utval som skal gjennomgå tiltakskjeda for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov generelt, og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) spesielt. Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan 1. juli 2009.
God praksis i elevvurdering er svært viktig for elevanes faglege framgang og læringsutbytte. Prosjektet Betre vurderingspraksis skal halde fram i 2009. I tillegg til å styrkje kompetansen og betre praksisen i elevvurdering skal prosjektet føre fram til nødvendige justeringar i vurderingsforskrifta.
Frå hausten 2008 er timetalet på barnetrinnet i faga norsk, matematikk og engelsk utvida med til saman fem timar. I budsjettet for 2009 vil Regjeringa leggja inn meir tid til fysisk aktivitet. Dette skal gi grunnlag for ein meir variert skoledag og betre læringsutbytte for elevane.
Erfaringane frå Forsøk med utvida skoledag og sluttrapporten frå evalueringa av Prosjekt leksehjelp 2006–2008 vil bli nytta i den vidare gradvise innføringa av eit auka timetal på barnetrinnet og utviklinga mot ein heilskapleg skoledag med meir tid til læring, fysisk aktivitet og måltid.
St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer foreslår ei rekkje tiltak for ein heilskapleg språkopplæringspolitikk i eit livslangt og fleirspråkleg perspektiv. Departementet vil følgje opp forslaga i språkmeldinga, mellom anna forslaget om tilleggspoeng for andre framandspråk enn engelsk for opptak til høgre utdanning. I første omgang skal det lagast ein tiltaksplan for programfaga i språk for å motivere fleire elevar til å velje desse faga. Rekruttering av språklærarar er eit anna tiltak for å styrkje språkopplæringa og elevanes læringsutbytte i språk, jf. om rekruttering i denne programkategorien og om styrking av lærarutdanninga, programkategori 07.60.
Språkmeldinga drøftar òg opplæringssituasjonen til minoritetsspråklege barn og unge. Eit utval for likeverdig opplæring for minoritetsspråklege i barnehage, skole, vidaregåande opplæring og høgre utdanning skal blant anna sjå nærmare på dei problemstillingane som språkmeldinga tek opp på dette området. For å styrkje læringsutbyttet til minoritetsspråklege barn og unge vil Utviklingsprosjekt ved skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar og Språkløftet bli ført vidare på same nivå.
Departementet vil følgje opp dei tiltaka som er sette i verk for å betre elevanes lesedugleik. Dette omfattar justering av læreplanen i norsk slik at lesing blir styrkt når faget blir utvida med to timar på barnetrinnet frå hausten 2008, og utarbeiding av rettleiingsmateriell i lesing og statleg støtte til etterutdanningstilbod for lærarar i dei kommunane som skårar lågast i dei nasjonale prøvene i lesing. Utdanningsdirektoratet er i gang med å vurdere tiltak for å styrkje lesing som grunnleggjande dugleik i alle fag i grunnskolen. Det skal særleg leggjast vekt på lesing på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.
Departementet vil følgje opp den pågåande forskingsbaserte evalueringa av Kunnskapsløftet. Evalueringa omfattar læreplanverk, strukturendringar, vurdering, tilpassa opplæring, fag- og yrkesopplæring, spesialundervisning og korleis forvaltningsnivåa og institusjonane forvaltar ansvaret sitt. Ein viktig del av evalueringa er å seie noko om effektar av Kunnskapsløftet på elevanes og lærlinganes læring, læringsutbytte, gjennomføring og formell kompetanseoppnåing. Departementet vil vurdere resultata av evalueringa og korleis desse bør følgjast opp.
Om fleire tiltak for å styrkje læringsutbyttet til elevane, sjå under overskriftene om læringsmiljø, kvalitetsutvikling i skolen og kompetanse seinare i denne programkategorien.
Elevar og lærlingar skal ha eit godt læringsmiljø
Tilstandsvurdering
Resultata frå Elevundersøkinga i 2007 og andre undersøkingar av elevanes arbeidsmiljø viser at arbeidet med å førebyggje mobbing og uro i skolen ikkje gir gode nok resultat. Det er framleis for mange elevar som blir mobba, for mange som blir uroa i klassen, og for mykje tid som går med for læraren til å skape ro. Tal frå Elevundersøkinga i 2007 viser at tre pst. av elevane opplever mobbing fleire gonger i veka. Fem pst. opplever mobbing kvar veke. Endringar i spørsmåla i Elevundersøkinga i dei siste åra gjer at det ikkje er mogleg å trekke bastante konklusjonar om trendar. Men sjølv om ein ikkje kan seie sikkert at det er ein auke av uro og mobbing i skolen, kan ein slå fast at tala ikkje går ned. Dette syner at involverte aktørar må vurdere tiltak som er sette i gang, og styrkje arbeidet mot mobbing.
Undersøkingar og kartleggingar viser at heller ikkje det fysiske arbeidsmiljøet til elevane er slik det bør vere. Departementet finn det urovekkjande at berre halvparten av skolane er godkjende etter forskrifta om miljøretta helsevern.
Rapport for 2007–08
Regjeringa har sett i gang, ført vidare og støtta ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa. Arbeidet har vore forankra i Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet, Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005–2008 og Manifest mot mobbing 2006–2008.
Det har vore samarbeidd med Elevorganisasjonen, Foreldreutvalet for grunnskolen, Sosial- og helsedirektoratet og Utdanningsforbundet om ulike tiltak for å redusere omfanget av mobbing i skolen. Deltaking i OECD-nettverket International Network on School Bullying and Violence har gitt høve til å ta del i internasjonal kommunikasjon og erfaringsutveksling som grunnlag for nasjonalt arbeid.
Departementet samarbeider med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar, til dømes på områda fysisk og psykisk helse, rus, tobakk, rasisme, kjønnslemlesting og tvangsekteskap.
Ulike kartleggingar og undersøkingar viser at det fysiske miljøet på mange skolar ikkje er tilfredsstillande. Blant anna viser ei undersøking som Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet gjennomførte i grunnskolar og vidaregåande skolar i 300 kommunar våren 2008, at 50 pst. av skolane ikkje er godkjende etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Forskrifta regulerer blant anna inneklima, sanitære tilhøve, reinhald og vedlikehald. Undersøkinga viste òg at åtte pst. av kommunane ikkje visste at dei hadde ansvaret for å godkjenne og føre tilsyn med skolane etter forskrifta. Departementet har i brev til fylkeskommunane og kommunane peika på ansvaret dei har for at skolane har eit forsvarleg arbeidsmiljø for barn og unge. Brota på forskrifta som vart avdekte i undersøkinga viste tydeleg at det fysiske miljøet ved fleire skolar ikkje er i tråd med regelverket i opplæringslova kapittel 9a. Det er alvorleg, sidan det er ein føresetnad for elevanes læring og helse at det fysiske miljøet elevane møter i skolekvardagen, tilfredsstiller grunnleggjande helsekrav. Kunnskapsdepartementet har bede om at kommunane og fylkeskommunane som skoleeigar planlegg og set i verk nødvendige tiltak og forbetringar for at skolane skal oppfylle krava i opplæringslova § 9a-2, jf. forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Fylkesmannen skal leggje dette til grunn for tilsynsverksemd etter opplæringslova.
Stortinget har lovfesta ei ordning med gratis frukt og grønsaker i grunnskolen. Nye føresegner til opplæringslova og privatskolelova vart fastsett i august 2008. Føresegnene seier at det skal vere dagleg utdeling av frukt og grønsaker, og ordninga gjeld alle elevar ved grunnskolar med ungdomstrinn (reine ungdomsskolar og kombinerte skolar). Ordninga gjeld tilsvarande for private grunnskolar med rett til statstilskott.
Departementet la våren 2008 fram Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010. Måla i handlingsplanen er mellom anna å sjå barnehagen og grunnopplæringa sine utfordringar med å utvikle likestilte oppvekst- og læringsmiljø under eitt, samt å gjennomføre tiltak for å betre kjønnsbalansen i val av utdanning og yrke.
Strategiar og tiltak
Målsetjinga om at elevar og lærlingar skal ha eit god læringsmiljø, inneber at alle skal inkluderast og oppleve meistring, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
Innsatsen for eit inkluderande læringsmiljø for alle elevar i grunnopplæringa skal halde fram, og tiltaka skal målrettast tydelegare på alle nivå og for alle elevgrupper. Det er viktig at skolane tek i bruk gode verktøy og utviklingsprogram med dokumentert verknad. Departementet vil derfor lage eit program for inkluderande skolemiljø som skal ha ei overbyggjande rolle på læringsmiljøfeltet. Gjennom dette vil departementet føre vidare støtta til tiltak og program som har vist seg å ha effekt.
Departementet vil føre vidare samarbeidet i Manifest mot mobbing som går ut i 2008, og etablere eit nytt samarbeid med aktuelle partar frå og med 2009. Det vil bli teke initiativ til ein avtale om inkluderande skolemiljø.
Det er behov for tydelege retningslinjer og rettleiing når det gjeld samarbeid mellom skole og heim som eit ledd i det å styrkje læringsmiljøet. Departementet vil følgje opp dette i 2009.
Når det gjeld elevanes fysiske arbeidsmiljø, vil departementet vurdere effekten av tiltaka som fylkesmenn og kommunar har sett i verk, og følgje nøye med på utviklinga framover. For å få fram kva forbetringar som har blitt gjorde, vil det hausten 2009 bli gjennomført ei ny tilsvarande undersøking av arbeidsmiljøet i grunnskolar og vidaregåande skolar. For å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å rehabilitere skolebygg, vil Regjeringa etablere ei ny rentekompensasjonsordning over åtte år. Ein tek sikte på at samla ramme for ordninga skal vere 15 mrd. kroner.
Tryggleik, gode sosiale relasjonar og trivsel er viktig for læring. Departementet vil følgje nøye med på utviklinga i elevanes læringsmiljø. Eit godt læringsmiljø er likevel ikkje nok for at elevar skal lære godt nok og gjere sitt beste. For at elevar i skolen skal oppleve fagleg framgang og meistring, må dei møtast med høge og realistiske forventningar til kva dei kan få til, og korleis dei skal arbeide med faga. Dette gjeld alle elevar, også dei flinkaste. Elevundersøkinga 2007 viser at mange elevar ikkje får nok faglege tilbakemeldingar og utfordringar. Departementet vil derfor vidareutvikle og nytte indikatorar i Elevundersøkinga for å måle meistring og følgje utviklinga på dette feltet, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) og vedlegg 3.
Skoleeigarar og skolar skal byggje kvalitetsutvikling i skolen på systematisk resultatoppfølging
Tilstandsvurdering
Det er godt dokumentert at mange kommunar og fylkeskommunar ikkje har forsvarlege system for å vurdere om dei oppfyller krava i opplæringslova. Ein del skoleeigarar og skolar har slike system, men variasjonen er stor. Hovudbiletet er framleis at mange skoleeigarar manglar systematikk i oppfølginga av kvaliteten på opplæringa ved sine eigne skolar. Dette er urovekkjande, ettersom det er tydelege samanhengar mellom dei faglege prestasjonane til elevane og i kva grad resultata til skolane blir følgde opp systematisk.
Det er rimeleg at skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar har hatt behov for noko tid til å integrere informasjon frå det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet i dei lokale systema og for vidare oppfølging. Det er krevjande å byggje opp gode rutinar for bruk av informasjon om elevanes resultat og utvikle eit skolefellesskap som systematisk granskar samanhengar mellom undervisningspraksis og resultat, og som tek eit kollektivt ansvar for forbetring. Departementets vurdering er at det er nødvendig å leggje meir vekt på å støtte og rettleie skolane slik at dei klarer å nyttiggjere seg informasjonen i kvalitetsvurderingssystemet i lokalt utviklingsarbeid.
Rapport for 2007–08
Innføringa av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i 2003 har ført til at kunnskap om tilstanden i kvar enkelt skole og kommune har blitt enklare tilgjengeleg for skoleeigarane og statlege styresmakter. Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem inneheld fleire element. Nasjonale prøver, obligatoriske kartleggingsprøver, brukarundersøkingar, tilsyn og nettstaden Skoleporten er blant dei viktigaste. Saman med informasjon innhenta lokalt skal informasjonen frå det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gi eit betre grunnlag både for den verksemdsbaserte vurderinga og oppfølginga til skoleeigar.
Departementet har lagt vekt på ein god dialog med skoleeigarane, Elevorganisasjonen og arbeidstakarorganisasjonane i utviklinga av dei nye nasjonale prøvene, som vart gjennomførde første gong hausten 2007. Det er fastsett eit rammeverk som blant anna klargjer formålet med prøvene, og resultata frå prøvene er presenterte på ein meir einsarta måte enn tilfellet var med dei nasjonale prøvene som vart gjennomførde tidlegare. Det har vore ei påtakeleg endring i korleis nasjonale prøver har vorte mottekne i sektoren frå 2005 til 2007. Skoleleiarane rapporterer om ei klar forbetring av samarbeidet med skoleeigarane når det gjeld informasjon om prøvene, gjennomføringa av prøvene og bruken av resultata. Tre av fire skoleleiarar rapporterer at det er lagt opp til felles oppfølging av resultata frå dei nasjonale prøvene ved eigen skole i 2007. Samstundes er det avdekt store forskjellar på skoleeigarnivå når det gjeld oppfølginga av resultata på eigne skolar, jf. dokumentasjon i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen. Kommunane har på mange område ikkje eit godt nok informasjonsgrunnlag for å følgje opp opplæringa.
Felles nasjonalt tilsyn våren 2008 hadde som tema spørsmålet om skoleeigar oppfyller lovkrava om tilpassa opplæring og spesialundervisning, samt om skoleeigar har eit forsvarleg system for å sikre dette. Dette omfattar òg tilpassa opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar og spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder. Tilsynet omfatta både offentlege og private skoleeigarar. Resultata viser avvik for 93 av 108 skoleeigarar, det vil seie 86 pst. Tilsynet viser både at ein stor del av skoleeigarane ikkje har tilfredsstillande internkontrollsystem, og at det er manglar ved praktiseringa av regelverket for spesialundervisning. Vidare vart det ført tilsyn med om fylkeskommunane har eit forsvarleg system for å sikre elevanes rett til eit minste årstimetal. Resultata viser at ingen fylkeskommunar oppfylte lovkravet fullt ut.
Det er viktig at skoleeigarar og skolar har tilgang til brei informasjon som grunnlag for verksemdsbasert vurdering. I 2006 vart systemrevisjon innført som tilsynsmetodikk innanfor grunnopplæringa. Metodikken har vist seg veleigna til å avdekkje brot på regelverket, det har òg ein preventiv effekt, og det kan medverke til at det blir sett i gang lokalt forbetringsarbeid.
Riksrevisjonen har i ein gjennomgang av fylkesmannsembeta peika på det dei meiner er manglande samsvar mellom tilsynskapasiteten og tilsynsbehovet i sektoren. Skoleeigarane har òg store vanskar med å oppfylle dei nasjonale reglane i lovverket. Mykje tyder derfor på at det er nødvendig å styrkje tilsynskapasiteten og samstundes prioritere tilsyn og tilsynstema på grunnlag av risikovurderingar. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet har ein viktig funksjon i denne samanhengen.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil vidareutvikle det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, gi betre støtte og rettleiing og betre tilsynet med grunnopplæringa.
Ei vidareutvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vil gi kommunane og skolane eit enda betre grunnlag for å vurdere tilstanden i kommunen/skolen sin og gjere nødvendige endringar. Det er særleg viktig for mindre kommunar med små skolefaglege ressursar og kompetanse til å utvikle eigne kvalitetsvurderingssystem. I tråd med kvalitetsmeldinga vil det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet bli utvida med nye kartleggingsprøver i lesing for første og tredje trinn i grunnskolen og i lesing og rekning på Vg1 i vidaregåande opplæring. For å styrkje kvaliteten på prøvene og gjere resultata meir pålitelege vil det bli gitt støtte til å utvikle eit robust fagleg miljø for psykometrisk utdanningsforsking og til betre formidling av forsking i utdanningssektoren.
Meir systematisk arbeid i skolen med kvalitetsutvikling av pedagogisk praksis og elevanes læringsutbytte er nødvendig. Departementet vil støtte arbeidet med å gjere utviklingsverktøy som har vore nytta i skoleutviklingsprogrammet Kunnskapsløftet – fra ord til handling, gratis tilgjengelege for alle skolar, også etter at programperioden er avslutta.
I Kunnskapsløftet – fra ord til handling er delar av prosjektmidlane sette av til å rettleie skolar og kommunar som elles ville hatt problem med å oppfylle kriterium for å få støtte. Departementet meiner det er behov for å føre vidare støtte og rettleiing til skolar, kommunar og fylkeskommunar som treng hjelp, og vil byggje vidare på erfaringane frå Kunnskapsløftet – fra ord til handling. Departementet vil prioritere skolar og skoleeigarar med dokumenterte utfordringar knytte til grunnleggjande dugleikar, læringsmiljø og gjennomføring i vidaregåande opplæring, og vil organisere rettleiarkorps som eit viktig element i statleg støtte til lokalt vurderingsarbeid. Midlar til rettleiarkorpsa vil bli innfasa etter kvart som prosjekta i Kunnskapsløftet – fra ord til handling blir avslutta
For å styrkje tilsynet med grunnopplæringa foreslår Regjeringa å løyve meir midlar til både Utdanningsdirektoratet og fylkesmannsembeta.
For å stimulere dei øvste styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar til å engasjere seg meir i kvaliteten i dei områda av grunnopplæringa dei har ansvar for, meiner departementet at det er behov for ein årleg tilstandsrapport som grunnlag for drøftingar på lokalpolitisk nivå. Departementet vil derfor sende på høring eit forslag til endring av § 13-10 i opplæringslova, som gir pålegg til kommunar og fylkeskommunar om å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i skolen. Dersom forslaget blir realisert, vil departementet følgje opp dette med å oppmode skoleeigarane til at tilstandsrapporten blir drøfta i kommunestyre/fylkesting.
Lærarar og skoleleiarar skal ha høg kompetanse
Tilstandsvurdering
Nesten alle lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring har formell pedagogisk kompetanse. Samtidig er det vesentlege forskjellar mellom skolar i delen lærarar med fagleg fordjuping. Ei undersøking av grunnskolen viser at om lag 40 pst. av lærarane ikkje har fagleg fordjuping i faga dei underviser i, mens berre om lag ein femtedel har fordjuping på minst 60 studiepoeng. Delen med fagleg fordjuping i realfag har auka, medan endringane er forholdsvis små for dei andre faga. Det kan tyde på at satsinga på realfag har hatt effekt.
Høg fagleg og pedagogisk kompetanse i skolen er avgjerande for læringsutbyttet til elevane. Det er derfor ei stor utfordring for sektoren at kompetansen til lærarar og skoleleiarar er for svak. Departementet ser med uro på at det samtidig er store utfordringar knytte til lærarrekruttering. Talet på eldre lærarar aukar, det er somme stader vanskeleg å rekruttere nye lærarar, og det er stort fråfall av studentar frå lærarutdanningane. Mangelen på lærarar med høg fagkompetanse i språk og realfag vil bli merkbar i åra som kjem, særleg på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Det er òg eit aukande behov for å rekruttere tospråklege lærarar for å møte dei utfordringane i skolen som følgjer av eit meir fleirkulturelt samfunn.
På denne bakgrunnen meiner departementet at kompetansen til dei lærarane som er i skolen i dag, må hevast. I tida framover er det viktigast å heve den formelle fagkompetansen til lærarane. Kompetansehevinga må skje på ein måte som tek omsyn til at etter- og vidareutdanning fungerer best når lærarar deler og utviklar kunnskap i eit profesjonsfellesskap på skolen. Det er indikasjonar på at koplinga mellom kompetanseutvikling og skolens utvikling som organisasjon til no har vore for svak i norske skolar. Departementet legg vekt på at grunnutdanninga, overgangen til læraryrket og etter- og vidareutdanning må sjåast i samanheng. Kompetanseutvikling for lærarar skal supplere grunnutdanninga i tråd med krava som fag- og samfunnsutviklinga, nye læreplanar og endringar i regelverket stiller.
Det er òg behov for kompetanseutvikling knytt til lokalt arbeid med læreplanane. Ein gjennomgang viser at mange kommunar og skolar ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i å bryte ned mål i nasjonale læreplanar og velje lærestoff som skal medverke til tilpassa opplæring i tråd med lokale tilhøve og prioriteringar. Departementets vurdering er at staten må støtte lokalt utviklingsarbeid på dette området og gi nødvendig rettleiing.
Skoleleiing er òg svært viktig for læringsutbyttet til elevane. Kompetanseutviklingsstrategien har stimulert til omfattande etter- og vidareutdanning for skoleleiarar. Departementet er fornøgd med resultata av dette. Noreg manglar likevel ei heilskapleg nasjonal tilnærming til kva slag kompetanse ein skoleleiar bør ha for å ta i vare oppgåvene sine best mogleg. Mange skoleleiarar har fått meir omfattande oppgåver og ansvar i dei siste åra. Tydeleggjering av ansvar for elevresultat, iverksetjing av nye reformer og nye tilnærmingar til læring har ført til at rektorjobben er meir krevjande enn tidlegare. I mange kommunar er det heller ikkje lenger eit nivå mellom rådmannen/administrasjonssjefen og den einskilde rektoren. Det er derfor departementets vurdering at også skoleleiarars kompetanse må styrkjast. Oppmodingsvedtak nr. 31, 22. november 2007, jf. Innst. S. nr. 29 (2007–2008), tek for seg skoleleiing:
«Stortinget ber Regjeringen foreta en bred gjennomgang av status på området og vurdering av behovet for nye tiltak og strategier for en bedre skoleledelse, som en del av stortingsmeldingen om kvalitet i opplæringen. Stortinget ber om at de konkrete forslag som ligger i representantforslaget Dokument nr. 8:100 (2006–2007), blir nærmere drøftet og vurdert i denne sammenheng.»
Temaet er omtalt i St.meld. nr. 31 (2007–2008), men er òg omtalt nedanfor under Strategiar og tiltak og i kap. 226.
Mange lærarar og skoleleiarar er positive til den auka handlefridommen som skolen har fått i kombinasjon med auka krav til kvalitetsvurdering. Det er likevel stor variasjon i skolanes evne til å bruke informasjon frå for eksempel nasjonale prøver og Elevundersøkinga i sitt eige utviklingsarbeid. I tillegg er læraranes tilgang til og bruk av forskingsbaserte verktøy og arbeidsformer for dårleg. Departementet er av den oppfatninga at lærarar treng meir kunnskap om kva som gir god læring, kva for metodar som verkar, og korleis dei skal møte ulike utfordringar i klasserommet. Dette krev meir støtte frå nasjonalt nivå, ved at tema inngår i etter- og vidareutdanning i fag og i form av betre formidling av relevant forsking til sektoren. Sjå òg under overskrifta om kvalitetsvurdering i skolen.
Samla sett er det departementets vurdering at det i vidare statleg støtte til kompetanseutvikling i sektoren må stillast tydelege krav til ein prioritert bruk av midlane som er i tråd med dei utfordringane og behova som er avdekte, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
Rapport for 2007–08
Det er forskjellar i graden av fagleg fordjuping blant dei lærarane som har fordjuping i enkeltfaga dei underviser i. Det er flest lærarar i norsk, engelsk og samfunnsfag som har fordjuping på minst 60 studiepoeng i faget sitt, mens det er færrast i matematikk. Det er ei utfordring at det er færrast lærarar med fordjuping i matematikk, der høg kompetanse betyr særleg mykje for elevanes læringsutbytte. Den faglege fordjupinga er størst blant lærarar på ungdomstrinnet, både i omfang og grad av fordjuping. Dei aller fleste av lærarane som underviser på ungdomstrinnet, har noko fagleg fordjuping.
Det er òg vesentlege forskjellar i fagleg fordjuping blant lærarane i vidaregåande opplæring. Ei undersøking viser at norsklærarar har størst fagleg fordjuping.
Når det gjeld skoleleiarar, har dei inntil nyleg ikkje hatt omfattande formell leiarkompetanse. Ei undersøking frå 2005 viser at berre 18 pst. har minst 60 studiepoeng i administrasjon og leiing, medan nesten 40 pst. manglar leiarutdanning. Noreg har delteke i OECD-undersøkinga Improving School Leadership: Policy and Practice (2007–2008). Studien viser at samanlikna med andre land gjer Noreg lite på nasjonalt nivå knytt til skoleleiing. Det er likevel grunn til å tru at satsinga på skoleleiing i Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005–2008 har ført til at fleire har fått formell leiarkompetanse. Skoleleiarar har vore eigen målgruppe i strategien, og mange kommunar og fylkeskommunar har gitt tilbod om kompetanseutvikling for skoleleiarar og lærarar som er vurderte som gode rektorkandidatar. Mange deltakarar har vore fornøgde med kompetanseutviklinga, medan andre har meint at opplæringa hadde for låg kvalitet. Stort sett har omfanget vore på 30 studiepoeng, og pedagogisk leiing har hatt ein dominerande plass i innhaldet. Pedagogisk og strategisk bruk av IKT har òg vore eit sentralt tema, noko som er viktig for læring og utvikling, både for elevane og for skolen som organisasjon.
Krav til lærarkompetanse for tilsetting i grunnopplæringa er regulert i forskrift til opplæringslova. På bakgrunn av behovet for høgre fagleg kompetanse har departementet endra forskrifta om lærarkompetanse i grunnopplæringa med verknad frå 1. august 2008. Auka kompetansekrav er eit signal til skoleleiarar og skoleeigarar om kva kvalifikasjonar som er nødvendige for å kunne gi god undervisning.
Staten har støtta arbeidet med kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar hovudsakleg gjennom kompetanseutviklingsstrategien. I 2008, som er det siste året i strategiperioden, har det vore satsa på kompetanseutvikling i elev- og lærlingvurdering, kompetanseutvikling for lærarar og instruktørar i fag- og yrkesopplæringa og kompetanseutvikling knytt til grunnleggjande dugleikar. Dette er løfta fram som nasjonalt prioriterte område. Forskingsstiftinga Fafo evaluerer strategien, og vil levere ein samanfattande sluttrapport våren 2009. Delrapportane frå Fafo viser blant anna at tilrettelegging for deltaking og godt planlagde tilbod er viktige suksesskriterium.
Strategiar og tiltak
Kompetansen og praksisen til læraren er det som har aller mest å seie for elevens læring. Dette er grundig drøfta i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
Kvalitetsmeldinga viser til at det generelt er eit stort utviklingspotensial når det gjeld læraranes kompetanse og praksis. Samstundes tyder statistiske framvisingar på at mangel på kvalifiserte lærarar vil bli eit vedvarande problem i tida framover. Dette har samanheng med utfordringar knytte til rekruttering av lærarar. På bakgrunn av dette foreslår Regjeringa i statsbudsjettet for 2009 fleire tiltak i ein heilskapleg strategi for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa og betre elevanes læringsutbytte. Tidleg innsats og lærarar med høg kompetanse er nøkkelfaktorar i strategien.
Regjeringa vil føre vidare samarbeidet med KS og organisasjonane om ei fornya satsing på kompetanseutvikling, og foreslår å løyve om lag 400 mill. kroner i 2009 til ulike tiltak for etter- og vidareutdanning for å styrkje læraranes kompetanse. For å stimulere til etterspørsel etter studieplassane vil staten dekkje ein andel av vikarkostnadene. Når utdanningstilbodet er ferdig utbygd, skal det etter planen gi rom for å vidareutdanne 2 500 nye lærarar som tek 30 studiepoeng årleg. Det vil i samarbeid med KS, organisasjonane og lærarutdanningsinstitusjonane bli vurdert nærmare kva for fag og område som skal prioriterast. Resultata frå sluttevalueringa av Kunnskap for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008 vil bli tekne med i meir detaljerte drøftingar om innretninga av kompetanseutviklingsmidlane. Som del av den statlege satsinga vil det bli lagt vekt på å styrkje tilbydarsida av etter- og vidareutdanning.
Frå hausten 2009 vil det bli gitt tilbod om skoleleiarutdanning for nytilsette rektorar og rektorar som ikkje har formell skoleleiarkompetanse frå før. Departementet vil vurdere nærmare om opplæringa skal gjerast obligatorisk. Det blir lagt opp til at utdanninga skal takast over to år, og at det skal vere rom for å gi eit utdanningstilbod til 600 rektorar årleg. I 2009 vil kostnadene vere 20 mill. kroner. Når innhaldet i utdanninga er utvikla, vil departementet be utvalde institusjonar om å tilby skoleleiarutdanning.
Innanfor løyvinga på om lag 400 mill. kroner vil det òg bli sett av midlar til etterutdanning på prioriterte område som lese- og rekneopplæring og til kompetanseutvikling for lærarar og instruktørar i fag- og yrkesopplæringa. Midlane til etterutdanning vil bli reduserte ettersom budsjetteffekten av det varige systemet for vidareutdanning aukar i 2010 og 2011. Som eit første tiltak for å støtte lokalt læreplanarbeid har Utdanningsdirektoratet hausten 2008 publisert eit sett gode lokale planar. Departementet vil òg raskt setje i gang ein prosess for utvikling av rettleiande læreplanar i fag.
Departementet vil i budsjettet for 2009 leggje stor vekt på rekruttering av lærarar, og foreslår å løyve midlar til tre ulike rekrutteringstiltak. Tiltaka omfattar rekruttering av språk- og realfagslærarar ved hjelp av avskriving av utdanningsgjeld. Ordninga omfattar studentar som fullfører integrert masterprogram i lærarutdanninga, eller toårig fagdidaktisk masterprogram, med realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk / norsk) i 2009. I tillegg omfattar ordninga dei som tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i 2009 og tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i matematisk-naturvitskaplege fag, teknologiske fag / sivilingeniørutdanning eller har ei ingeniørutdanning. Studentar som vel slik utdanning vil få avskrive inntil kr 50 000 av utdanningsgjelda. Departementet gir nærmare forskrifter om kven som fell inn under ordninga. Ordninga blir administrert av Statens lånekasse for utdanning.
Vidare vil det bli satsa på å få yrkesaktive til å undervise på deltid i vidaregåande opplæring innanfor fagområde der skolane har særskilde behov. Ordninga kan opne for at dei som blir rekrutterte på denne måten, vil ønskje å halde fram i ein karriere som lærar. I tillegg kan ordninga stimulere fagpersonar som arbeider i skolen utan godkjend undervisningskompetanse, til å fullføre nødvendig pedagogisk utdanning, og verke fagleg stimulerande for fast tilsette lærarar.
Det tredje elementet er eit rekrutteringsarbeid for å motivere unge til å velje læraryrket og å auke statusen til lærarar.
I den samla strategien for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa vil det òg bli brukt midlar til å auke studiekapasiteten i lærarutdanninga og andre tiltak for kvalitet i lærarutdanninga som kan styrkje rekrutteringa av og auke kompetansen til framtidige lærarar, jf. omtale i programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.
Skolebiblioteket er ein ressurs for kompetanseutvikling, kunnskapsdanning og kvalitetsutvikling i sektoren. Regjeringa vil i 2009 setje i verk Program for skolebibliotek. Programperioden er fem år. Programmet skal prioritere tiltak for å styrkje lesedugleik, kompetanseutvikling og kunnskapsdanning, samt styrking av informasjonskompetanse.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 156 467 | 145 187 | 202 018 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 18 253 | 5 871 | 3 519 |
70 | Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21 | 30 122 | 40 483 | 42 264 |
Sum kap. 220 | 204 842 | 191 541 | 247 801 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har lokale i Oslo, Hamar og Molde, og hadde om lag 250 tilsette i 2007.
Direktoratet skal medverke til å nå sektormåla for grunnopplæringa, slik at barn, ungdom og vaksne i heile landet kan få ei god og forsvarleg grunnopplæring tilpassa føresetnadene og behova til den enkelte. For nærmare omtale av mål og oppgåver, sjå omtalen i innleiinga til programkategori 07.20 og kap. 226.
Hovudoppgåvene for direktoratet er:
å fremme kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
å fremme kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa
å utføre forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa
Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld
det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230
etatsstyringa av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222
embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet
tilskott til eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229 og 253
Rapport for 2007–08
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Utdanningsdirektoratet har fastsett dei siste læreplanane innanfor Kunnskapsløftet, slik at nye læreplanar vart innførte for tredje trinn i vidaregåande opplæring hausten 2008.
Direktoratet har følgt opp Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008. Når det gjeld dei andre nasjonale strategiplanane, viser fleire kartleggingar at det er problematisk at den statlege verkemiddelbruken er for lite konsentrert. Direktoratet har derfor utvikla eit rammeverk som skal sikre større samanheng mellom nye utviklingstiltak ved å ta utgangspunkt i dokumenterte utfordringar og behov. Det blir lagt vekt på at tiltaka skal støtte opp under læreplanverket for Kunnskapsløftet, og at nye tiltak i størst mogleg grad skal gi målbare og ønskte effektar i sektoren.
Kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet skal bidra til kvalitetsutvikling på alle nivå i grunnopplæringa både når det gjeld tilpassa opplæring og auka læringsutbytte for den einskilde eleven. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet består av indikatorar på områda læringsutbytte, læringsmiljø, ressursar og gjennomføring i vidaregåande opplæring. Data på desse områda blir presenterte på nettstaden Skoleporten, og gjer det mogleg for skolar og skoleeigarar å gjere eigne vurderingar på lokalt nivå. Skoleporten kom i ny versjon ved utgangen av 2007 og er no integrert i utdanningsdirektoratet.no. Skoleporten er ein sentral del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, og er eit verktøy for vurdering av kvalitet i grunnopplæringa.
I 2007 vart det gjennomført nasjonale prøver i rekning og i lesing på norsk og engelsk for alle elevar på femte og åttande trinn. Gjennomføring av nasjonale prøver i full skala krev eit omfattande logistikkapparat. Direktoratet har utvikla eit nytt prøveadministrasjonssystem (PAS) for alle sentralt gitte prøver, og dette systemet vart brukt første gong i 2007 med positive erfaringar. Direktoratet har utvikla eit felles rammeverk for nasjonale prøver for å sikre fagleg høg kvalitet og felles krav til prøveutforming, validitet og reliabilitet. Arbeidet med prøvene har medverka til ei vesentleg kompetanseheving knytt til kvalitetsvurdering av prøvene og prøvekonstruksjon både i direktoratet og i dei involverte fagmiljøa.
Det er utvikla ei ny prøve i rekning og talforståing og ei revidert prøve i lesing for andre trinn. Begge desse er obligatoriske og vart gjennomførde for første gong våren 2008. I tillegg arbeider direktoratet med å utvikle kartleggingsprøver på fleire trinn til frivillig bruk.
Direktoratet har ansvar for utviklingsarbeid på vurderingsfeltet, og har mellom anna sett i gang ei utprøving av kjenneteikn på måloppnåing knytt til læreplanane i Kunnskapsløftet. Utprøvinga omfattar både grunnskole og vidaregåande opplæring, og lærestader over heile landet deltek. Samarbeid med institusjonar i høgre utdanning er ein viktig del av denne utprøvinga.
Direktoratet legg med jamne mellomrom til rette for brukarundersøkingar: Elevundersøkinga, Lærarundersøkinga, Foreldreundersøkinga, Lærlingundersøkinga og Instruktørundersøkinga. Resultata frå Elevundersøkinga gir eit godt bilete av korleis elevane opplever både det fysiske og det psykososiale læringsmiljøet, i tillegg til oppfatninga av sjølve undervisninga. I 2007 svarte om lag 290 000 elevar frå femte trinn i grunnskolen til VKII i vidaregåande opplæring på Elevundersøkinga.
Det er sett i gang evalueringar av Kunnskapsløftet og fleire av strategiane under denne reforma. Både nasjonale og internasjonale forskingsmiljø deltek i evalueringane, jf. omtale i kap. 226.
Forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa
Gjennom Fylkesmannen fører Utdanningsdirektoratet tilsyn med om skoleeigar oppfyller pliktene som følgjer av opplæringslova og privatskolelova med tilhørande forskrifter. Direktoratet utviklar, planlegg og evaluerer tilsynsverksemda. Felles nasjonalt tilsyn våren 2007 hadde som tema om skoleeigar oppfyller lovkrava om tilpassa opplæring og spesialundervisning, samt om skoleeigar har eit forsvarleg system for å sikre dette. Resultata viste eitt eller fleire avvik i 17 av 18 fylkeskommunar og i 80 av 90 kommunar. Felles nasjonalt tilsyn våren 2008 hadde same tema, herunder tilpassa opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar og spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder. Tilsynet omfatta både offentlege og private skoleeigarar. Resultata viser at 86 pst. av skoleeigarane hadde avvik. Tilsynet viser både at ein stor del av skoleeigarane ikkje har tilfredsstillande internkontrollsystem, og at det er manglar ved praktiseringa av regelverket for spesialundervisning. Vidare vart det ført eit tilsyn med om fylkeskommunane har eit forsvarleg system for å sikre elevanes rett til eit minste årstimetal. Resultata viser at ingen fylkeskommunar oppfylde lovkravet.
Direktoratet har prioritert arbeidet med kompetanseutvikling hos fylkesmannsembeta. Arbeidet har gitt gode resultat på kort tid, men framleis er det behov for ytterlegare å styrkje heilskap, effektivitet og samhandling i tilsynet. Utdanningsdirektoratet prioriterer no utviklinga av eit risikobasert tilsyn og indikatorsett for val av tema, tilsynsobjekt og metode.
Direktoratet har ansvar for utarbeiding og gjennomføring av eksamen i grunnskole og vidaregåande opplæring. Hovudoppgåver i 2007 har vore knytte til utvikling og produksjon av sentralt gitte eksamenar i grunnopplæringa og arbeidet med nye eksamensformer og vurderingsrettleiarar i Kunnskapsløftet.
Aktiviteten i Samarbeidsrådet for yrkesopplæring og dei faglege råda har også i 2007 vore sterkt knytt til innføringa av Kunnskapsløftet. Innhaldet i opplæringa har stått sentralt, mellom anna ulike sider ved tilbodsstrukturen og læreplanane. Vurdering, dokumentasjon og analyse av feltet samt EU-samarbeidet om yrkesopplæring har òg vore viktige område. Direktoratet førebur oppnemninga av dei ni faglege råda for ein ny fireårsperiode. Dei vil bli oppnemnde i løpet av 2008.
Det var ei målsetjing for direktoratet å halvere gjennomsnittleg tid for handsaming av rettferdsvederlag frå 24 månader hausten 2006 til tolv månader innan utløpet av 2008, jf. Innst. S. nr. 262 (2006–2007) og St.prp. nr. 65 (2006–2007) Rettferdsvederlag frå statskassa. På grunn av stort sakstilfang på området, særleg når det gjeld kompliserte saker, har dette ikkje vore mogleg for direktoratet. Med dagens sakstilfang er det sannsynleg at sakshandsamingstida på lengre sikt vil auke. Departementet vil følgje utviklinga framover.
Mål for 2009
For brei omtale av sektormåla for grunnopplæringa, sjå kategoriinnleiinga og kap. 226. Nedanfor følgjer ei oversikt over særskilde oppgåver direktoratet skal arbeide med i 2009.
Direktoratet skal følgje opp tiltak i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
I samband med utvidinga av mandatet til Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), jf. kap. 221, skal direktoratet samarbeide med FUG om informasjon og rettleiing til foreldre når det gjeld overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring. Målet er å gjere foreldre til betre rådgivarar for elevane slik at ein på lengre sikt får redusert fråfallet i Vg1.
Direktoratet skal forvalte og vidareføre det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, jf. kategoriinnleiinga og kap. 226.
Direktoratet skal styrkje tilsynet med grunnopplæringa gjennom å opprette ei landsdekkjande eining i direktoratet for tilsyn med privatskolar. Dermed vil ein kunne få effektivisert denne typen tilsyn, samstundes som fylkesmennene får frigjort kapasitet til ordinært tilsyn med offentlege skolar.
Direktoratet skal følgje opp resultata frå det nasjonale tilsynet våren 2008, mellom anna gjennom dialog med skoleeigarane og KS om korleis kommunane kan betre etterlevinga av regelverket.
Direktoratet skal gjennom fylkesmennene gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk våren 2009. Temaet er organisering av elevar i grupper, og skal sjåast i samanheng med kravet om tilpassa opplæring og krava til forsvarlege system. Val av tilsynsobjekt skal baserast på risikovurderingar.
I forbindelse med revidert budsjett 2008 varsla Kunnskapsdepartementet at oppgåvedelinga mellom Vox og Utdanningsdirektoratet på feltet opplæring for vaksne skulle bli klarare definert, og at ansvarsdelinga mellom dei to etatane skulle bli meir tydeleg, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008.
Det er Utdanningsdirektoratet som skal følgje opp arbeid med den rettsbaserte grunnopplæringa for vaksne. Vox skal styrkje og fornye arbeidet for den delen av vaksnes læring som ikkje fell inn under opplæringslova. Vox og direktoratet skal samarbeide for å sikre samanhengen mellom direktoratets arbeid med grunnopplæringa etter opplæringslova og Vox sitt arbeid med opplæring utanfor det formelle systemet. Samarbeidet skal mellom anna omfatte kvalitetsutvikling, dokumentasjon og informasjonsarbeid. Sjå òg omtale under kap. 258.
Departementet meiner vidare at det er behov for å styrkje Utdanningsdirektoratet sitt arbeid retta mot grunnskole- og vidaregåande opplæring for vaksne. Direktoratet skal byggje opp eit kompetansemiljø på vaksenfeltet som samstundes har god kjennskap til grunnopplæringsfeltet generelt. Eit sentralt moment er at direktoratet skal sjå feltet grunnopplæring for vaksne i samanheng med anna arbeid med strategiar og utviklingstiltak som skal fremme kvalitet i grunnopplæringa.
Departementet ønskjer at direktoratet skal gjennomføre ei meir ambisiøs og offensiv satsing på grunnopplæring for vaksne – mellom anna på område som forvaltning av regelverket, tilsyn, dokumentasjon og analyse og realkompetansevurdering. Ei sentral oppgåve vil vere arbeid med å få fram kunnskap om korleis regelverket fungerer i praksis, mellom anna når det gjeld vaksnes rett til grunnskole, vidaregåande opplæring, realkompetansevurdering og moglegheitene for tilpassing av opplæringa innanfor ramma av læreplanane.
Budsjettforslag for 2009
For å få betre samsvar mellom løyvingar til direktoratets permanente driftsoppgåver på kap. 220 og kap. 230 og midlertidige utviklingsoppgåver på kap. 226 har departementet omdisponert midlar på desse kapitla, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008). Omdisponeringa gir i 2009 ein auke på kap. 220 på om lag 40 mill. kroner, men inneber ikkje ein auke av talet på tilsette i direktoratet. Midlane går mellom anna til faste driftsoppgåver knytte til læreplanforvaltning, kompetanseutviklingstiltak og IKT.
Departementet foreslår ein auke på 5 mill. kroner til å styrkje tilsynet med grunnopplæringa gjennom å opprette ei landsdekkjande eining i direktoratet for tilsyn med privatskolar.
Direktoratets leigekontraktar i Oslo går ut i 2010, og departementet har fått Stortingets samtykke til å inngå avtale om leige av lokale til direktoratet med leigeutgifter utover det som kan dekkjast under kap. 220 post 01, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008). Direktoratet har inngått leigeavtale med Entra Eiendom AS om nytt lokale i Schweigaardsgate i Oslo.
Som følgje av den nye presiseringa av oppgåvedelinga mellom Vox og Utdanningsdirektoratet foreslår departementet at det over ein toårsperiode blir overført ressursar tilsvarande ni årsverk frå Vox til Utdanningsdirektoratet. Som eit første steg i denne prosessen foreslår departementet i 2009 å overføre 2,4 mill. kroner til kap. 220 frå kap. 256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet. Ein tek sikte på at den resterande delen av ressursane skal overførast i 2010. Overføringa skal gjennomførast i dialog mellom dei to verksemdene og departementet, og i samsvar med Hovudavtalen i staten.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga på postane 21 og 70 skal mellom anna medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette kan omfatte læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.
Rapport for 2007–08
Det er gitt tilskott til produksjon av læremiddel for Vg2 og Vg3 (basis-, parallell- og fellesspråklege utgivingar) innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Eit pilotprosjekt knytt til utvikling av eit nettbasert læremiddel innanfor utdanningsprogrammet for design og handverk er ferdig. Læremiddelet har overføringsverdi til læremiddelutvikling generelt, særleg for yrkesfag. Det er gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen, læremiddel for hørselshemma og læremiddel for synshemma. I 2008 vart prosjekt i ulike fag tilknytte læreplanar for grunnskolen ferdigstilte. Det er òg gitt tilskott til m.a. læremiddel i grunnleggjande norsk og morsmål, og til tospråkleg fagopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Læremidla skal i den grad det er mogleg ha universell utforming og ta i vare det fleirkulturelle perspektivet. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN-N er ført vidare.
Behovet for læremiddel som det ikkje er kommersielt grunnlag for å produsere, er kartlagt gjennom samarbeid med faggrupper, fagmiljø, forlag og brukarar. For særskilt tilrettelagde læremiddel har firmaet Oxford Research AS også kartlagt behovet i ei systematisk undersøking. Ut frå desse kartleggingane er det utforma prioriteringar.
Det er utvikla ein plan for læremiddelarbeid for perioden 2008–11. Samarbeid med rådgivande utval for læremiddelspørsmål og faggrupper knytte til ulike målgrupper og fagområde er ført vidare.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår at løyvinga på kap. 220 postane 21 og 70 blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 8 718 | 5 254 | 5 485 |
02 | Salsinntekter o.a. | 12 340 | 12 560 | 6 431 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 483 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 424 | ||
Sum kap. 3220 | 27 965 | 17 814 | 11 916 |
Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar.
Kap. 221 Foreldreutvalet for grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 8 371 | 8 777 | |
Sum kap. 221 | 8 371 | 8 777 |
Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.
Nytt utval med funksjonstid frå og med 2008 til 2011 vart oppnemnd av Kongen i statsråd 11. januar 2008.
Frå 1. januar 2009 blir FUGs mandat utvida til også å gjelde for det første året i vidaregåande opplæring. Dette medfører ei namneendring frå tidlegare Foreldreutvalet for grunnskolen.
I samband med at Utdanningsdirektoratet får ny lokaler i Oslo i 2009, tek departementet sikte på ei samlokalisering for FUGs sekretæriat. Dette vil ikkje påverke FUGs uavhengige stilling som rådgivande organ.
Rapport for 2007–08
FUG har i si rolle som rådgivande organ for departementet gitt innspel til aktuelle saker, særleg i samband med Kunnskapsløftet, oppfølginga av St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen og St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
FUG har arbeidd for at alle foreldre skal engasjere seg i opplæringa, uavhengig av sosial bakgrunn, mellom anna ved å spreie kunnskap om samanhengen mellom foreldrestøtte og motivasjonen til elevane.
FUG har prioritert å gi informasjon og rettleiing, særleg retta mot tillitsvalde foreldre i foreldrearbeidsutval på skolane.
FUG har satsa særleg på å styrkje samarbeidet mellom skole og heim i samband med overgangen frå barnetrinnet til ungdomstrinnet.
Mange enkeltforeldre har teke direkte kontakt med FUG om ulike spørsmål, og FUG har systematisert spørsmåla og teke dette opp med KS, slik at KS kan bruke materialet i dialogen med skoleeigarane. FUG har teke opp med KS spørsmål om elevanes arbeidsmiljø og kommunanes manglande oppfølging av kap. 9a i opplæringslova.
FUG har samarbeidd med Utdanningsdirektoratet om satsinga på leksehjelp og oppfølging av nasjonale strategiplanar, inkludert Manifest mot mobbing. I samband med dette har FUG saman med Utdanningsforbundet utvikla kurset Den utfordrande samtalen og informasjonsmateriell til lærarar og foreldre. I oppfølginga av strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis har FUG gitt støtte til vidareutvikling av Minoritetsspråklige ressursnettverk (MiR), revidering og vidareutvikling av brosjyremateriell og evaluering og forsking.
Mål for 2009
Samarbeidet mellom heim og skole skal komme alle elevar til gode, slik at dei får eit best mogleg utbytte av opplæringa. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar mellom elevar.
Som eit ledd i innsatsen mot fråfall i vidaregåande opplæring er FUGs mandat utvida frå 1. januar 2009. Utvidinga av FUGs mandat skal medverke til å gjere foreldre til betre rådgivarar for barna sine i overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring, og slik bidra til å hindre fråfall.
FUG skal i 2009:
medverke til å auke elevane sitt læringsutbytte gjennom eit godt samarbeid mellom heim og skole
medverke til å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen
medverke til å få fleire foreldre engasjerte i opplæringa
Budsjettforslag for 2009
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2008. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3221 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3221 Foreldreutvalet for grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Salsinntekter o.a. | 264 | 276 | |
Sum kap. 3221 | 264 | 276 |
Inntektene på post 02 kjem frå sal av informasjons- og rettleiingsmateriell til mellom anna foreldre og skolar.
Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 117 879 | 114 252 | 120 104 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 1 129 | 4 292 | 4 468 |
Sum kap. 222 | 119 008 | 118 544 | 124 572 |
Kapitlet omfattar mellom anna:
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
undervisnings- og internattenester ved dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv
drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
drift og vedlikehald av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar
lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark
Grunnskolar for samiske elevar
Sameskolen i Midt-Noreg i Hattfjelldal hadde skoleåret 2007–08 ti elevar. 24 elevar nytta tilbodet om fjernundervisning i sørsamisk. Av desse deltok elleve elevar pluss 14 andre på integreringstilbodet.
Sameskolane i Snåsa og Troms er kommunale, og staten ved Utdanningsdirektoratet kjøper tenester av vertskommunen. Skoleåret 2007–08 hadde skolen i Snåsa 21 faste elevar. 17 elevar fekk fjernundervisning i sørsamisk. Skolen i Målselv hadde tolv elevar. Ni elevar fekk fjernundervisning i nordsamisk.
Departementet arbeider med ein samla plan for fjernundervisning i dei tre samiske språka nord-, sør- og lulesamisk.
Dei samiske grunnskolane skal bidra til at samiske elevar i Noreg får best mogleg opplæring i samisk språk og kultur.
Samiske vidaregåande skolar
Skoleåret 2007–08 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 118 elevar mot 104 elevar året før. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde 83 elevar mot 92 elevar året før.
Sommaren 2007 vart det lagd fram ein rapport frå ei arbeidsgruppe med oppdrag om å greie ut framtidig forvaltningsmodell for dei samiske vidaregåande skolane. I rapporten gjekk arbeidsgruppa samrøystes inn for å starte forhandlingar med fylkeskommunen om forvaltning av skolane. Sametinget handsama rapporten i plenum i februar 2008 og gjorde vedtak om å setje i verk eit utgreiingsarbeid om oppretting av eit forvaltningsorgan under Sametinget for å setje Sametinget i stand til å ta over forvaltningsansvaret for skolane. Departementet vil i samanheng med Sametingets utgreiing sjå på konsekvensar for tilsyn og opplæringslova, samt dei andre framlegga i arbeidsgruppas tilrådingar.
Dei samiske vidaregåande skolane skal i 2009 bidra til at ungdom i Noreg får eit godt tilbod om opplæring i samisk språk, kultur og samisk yrkesfagleg utdanning. Tilbodet skal også omfatte fjernundervisning i samiske fag.
Skolane skal halde oppe og vidareutvikle ordninga med vertsfamilie for tilreisande elevar.
Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar
Skolen hadde i skoleåret 2006–07 47 elevar/studentar på heiltidstilbod for blomsterdekoratørar. 24 elevar/studentar deltok på deltidstilbod i gartnarutdanninga. I tillegg kjem deltakarar på ulike korte kurs.
Skolen satsar på internasjonalt samarbeid, og har i 2007 fortsett med utveksling av elevar, lærarar og instruktørar. Skolen er eit hovudsenter for Flornet, eit internasjonalt samarbeidsprogram for blomsterdekoratørutdanning som omfattar 24 utdanningsinstitusjonar i 17 land.
Skolen har no tre ulike fagskoletilbod: eittårig botanisk design, toårig grønn fagskole samt park og hagedrift, som er eit treårig nettstøtta deltidsstudium. Skolen kan framleis gi vidaregåande tilbod for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3222 post 61, men ønskjer å trappe ned det vidaregåande tilbodet og satsar på utvikling av reine fagskoletilbod.
Kompetanseutviklingsprogrammet for dei tilsette som starta hausten 2005 med sikte på fagskoleutdanning, skal halde fram i 2009.
Skolen er i ein omstillingsfase, og det er viktig å etablere ein fagskole med eit fagleg tilbod av høg kvalitet. Skolen skal i 2009 arbeide for å auke studenttalet gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg. Skolen skal òg utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø, og skape ein betre læringsarena for elevar og tilsette gjennom å byggje nytt bibliotek.
Budsjettforslag for 2009
Regjeringa foreslår meir tid til fysisk aktivitet i grunnskolen, og å gi forsterka opplæring i norsk og matematikk for elevar på 1.–4. trinn frå hausten 2009. Løyvinga til Sameskolen i Midt-Noreg er auka i samsvar med dette. Dei to samiske vidaregåande skolane får midlar til gratis læremiddel i Vg1. Elles blir løyvinga ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Salsinntekter o.a. | 8 209 | 5 336 | 5 571 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 11 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 142 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 075 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 2 146 | 1 435 | 1 498 |
Sum kap. 3222 | 11 583 | 6 771 | 7 069 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.
Kap. 223 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Tilskott til Sametinget | 31 887 | 33 290 | |
Sum kap. 223 | 31 887 | 33 290 |
Kapitlet omfattar:
tilskott til drift av Sametingets administrasjon av samisk opplæring
tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel
tilskott til læreplanarbeid og -utvikling
tilskott til råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring
Rapport for 2007–08
I 2007 vart det ferdigstilt i alt 40 læremiddel, av desse er sju digitale, resten er bøker eller temahefte. Åtte av læremidla er på sørsamisk, to på lulesamisk og resten på nordsamisk. I 2007 er det tildelt løyvingar til 48 prosjekt, fordelte på 14 digitale og 34 trykte læremiddel. Av dei 48 er 40 for grunnopplæringa og åtte for barnehagane. Det er sett i gang sju prosjekt på sørsamisk og fem på lulesamisk, resten er på nordsamisk. I to av dei lulesamiske prosjekta skal det utviklast læremiddel for fleire årstrinn, i alt sju nivå i samisk som andrespråk. I eit av dei sørsamiske prosjekta skal det utviklast læremiddel for fire nivå i samisk som andrespråk. Det største prosjektet i nordsamisk er utvikling av lærebøker og nettressursar for 5.–10. trinn og for Vg1 og Vg2.
På oppdrag frå Sametinget utførte Finnut Consult AS i 2007 ei evaluering av tilskottsordninga for samisk læremiddelutvikling for perioden 2000–05. Evalueringa viser mellom anna at det er vanskar knytte til å ferdigstille læremiddel som det er avsett midlar til. Dette skyldast mellom anna manglande kapasitet i dei samiske forlaga og mangel på lærebokforfattarar.
Med utgangspunkt i evalueringsrapporten bad Kunnskapsdepartementet Sametinget om oversikt over og vurdering av bruken av midlane til utvikling og produksjon av samiske læremiddel i dei siste åra. Tilbakemeldinga frå Sametinget viser at tildelinga har vore mellom 12 og 15 mill. kroner årleg i dei siste fire åra, og at det er sett i gang ei rekkje prosjekt. Oversikten viser at Sametinget har betydelege avsetjingar til ferdigstilling av prosjekt. Sametinget hadde per 30. juni 2008 sett av om lag 20 mill. kroner av tidlegare løyvingar til pågåande læremiddelprosjekt. Årsakene til at løyvingar ikkje er vortne brukte, er mellom anna at prosjekt sette i gang i perioden 2004–07 er vortne forseinka. Sametinget peikar på det problematiske ved at tilsegner om prosjektstønad i utgangspunktet gjeld for to år, men at ferdigstillinga av læremiddel i gjennomsnitt tek nærmare tre år. Sametinget seier at det er ei stor utfordring å auke produktiviteten og produksjonstida for samiske læremiddel. Basert på evalueringsrapporten har Sametinget utarbeidd ein ny strategisk plan for læremiddelutvikling for perioden 2009–12. Hovudmålet er å få effektivitet og stabilitet i utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel. Planen legg mellom anna opp til gratis samiske læremiddel for skolane, betre lønn for læremiddelforfattarar og endring av innretninga av tilskott til samiske forlag. Gjennom mellom anna endra ordningar for tilskott til forfattarar og forlag vil ein søkje å redusere produksjonstida.
Sjølv om det tek tid å utvikle og produsere læremiddel, og derfor kan vere nødvendig å setje av midlar frå det eine året til det andre for å ferdigstille prosjekt, finn departementet det alvorleg at store summar blir ståande som avsetjing. Departementet ser òg med bekymring på at elevane ikkje får nødvendige læremiddel, samstundes som det blir akkumulert midlar til utvikling og produksjon av læremiddel. Hausten 2008 vil det liggje føre ei kartlegging over kva for læremiddel som finst og kan nyttast under Kunnskapsløftet, og over kva for læremiddel det er behov for i skoleåret 2008–09. Det har òg vore drøftingar mellom Sametinget, departementet og andre involverte om at det finst store lager av læremiddel, og korleis desse læremidla kan distribuerast til skolane. På bestilling frå kommunane sender Sametinget gratis ut dei læremidla dei har på lager. Ein søkjer å finne gode løysingar på korleis forlagas læremiddellager kan komme til nytte for skolane.
Sametinget har vedteke det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i grunnopplæringa. Det er viktig å styrkje kunnskapen om samisk språk og kultur i norsk skole. For å møte denne oppfordringa har departementet ved Utdanningsdirektoratet og i samarbeid med Samisk høgskole utarbeidd heftet Gávnos, som er eit fagleg ressurshefte for lærarar, jf. www.skolenettet.no/gavnos.
I samarbeid med Sametinget og Utdanningsdirektoratet har departementet ført vidare arbeidet med og tilrettelegginga av læreplanar tilpassa Kunnskapsløftet og Kunnskapsløftet – Samisk. Alle planane er publiserte på www.udir.no.
Sametinget har i samarbeid med fylkesmennene i Finnmark, Troms og Nordland utarbeidd informasjonsheftet Samiskopplæring i grunnopplæringa – Kunnskapsløftet. I heftet blir det gitt informasjon om retten til opplæring i samisk, rutinar for søknad om timar til samisk opplæring, alternative opplæringsformer og om læreplanane.
Mål for 2009
I St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken er det lagt opp til ei rekkje tiltak for å styrkje samiskopplæringa. Det skal mellom anna opprettast ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein plan for utvikling av samiske læremiddel for grunnopplæringa. Gruppa skal òg sjå på om norske læremiddel kan omsetjast og tilpassast Kunnskapsløftet – Samisk. Departementet vil ta initiativ til å få oversikt over trykte og digitale samiske læremiddel.
For å hindre at avsetjingane til påfølgjande rekneskapsår blir for høge, er det viktig at læremiddel blir ferdigstilte raskare. Disponeringa av ressursar til læremiddel må tilpassast kapasiteten i den samla marknaden for produksjon av samiske læremiddel. Det kan mellom anna vurderast å omsetje fleire norskspråklege læremiddel.
I St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer står det at departementet i samråd med Sametinget vil vurdere om ansvaret for utvikling av samiske læremiddel bør leggjast til Utdanningsdirektoratet. Etter nærmare vurdering og konsultasjon med Sametinget har ein komme til at Sametinget framleis bør ha dette ansvaret. Ein bør likevel sjå på korleis ein gjennom styrkt samarbeid kan auke produksjonen og redusere produksjonstida slik at dei samiske elevane raskare får best moglege læremiddel tilpassa Kunnskapsløftet – Samisk.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 125 251 | 122 738 | 136 690 |
60 | Tilskott til landslinjer | 150 055 | 156 405 | 163 287 |
62 | Tilskott til digitale læremiddel i vidaregåande opplæring | 28 840 | ||
63 | Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast | 41 998 | 51 196 | 47 505 |
64 | Tilskott til opplæring av barn og unge asylsøkjarar | 59 200 | 60 867 | 173 379 |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 29 880 | 31 135 | |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 34 821 | 37 285 | 38 926 |
67 | Tilskott til opplæring i finsk | 7 856 | 10 566 | 8 973 |
68 | Tilskott til opplæring i kriminalomsorga | 161 860 | 175 611 | 183 338 |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 324 657 | 324 032 | 333 695 |
70 | Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov | 6 277 | 8 331 | 8 698 |
71 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 8 377 | 10 237 | 9 121 |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 3 267 | 3 810 | 3 310 |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 8 393 | 8 759 | 9 144 |
74 | Tilskott til organisasjonar | 9 630 | 10 946 | 11 428 |
Sum kap. 225 | 1 000 362 | 1 011 918 | 1 127 494 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld avgangsprøva i grunnskolen, sentralt gitt skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring og den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.
Løyvinga har finansiert arbeid knytt til utarbeiding og gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring og utvikling av eksamen innanfor Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet er innført i grunnskolen, medan det i vidaregåande opplæring er gitt eksamen i samsvar med læreplanane både for Kunnskapsløftet og Reform 94. Siste ordinære eksamen i samsvar med læreplanen for Reform 94 var våren 2008.
Løyvinga har òg finansiert utarbeiding av eksempeloppgåver for eksamen i samsvar med læreplanane for Kunnskapsløftet, vurderingsrettleiingar, skolering av fagnemnder, gjennomføring av førehandssensur og sentral sensur, klagebehandling og skolering av sensorar.
Våren 2008 var 62 000 elevar oppe til eksamen i grunnskolen. I vidaregåande opplæring var det 178 000 avlagde eksamenar. Utdanningsdirektoratet organiserte og administrerte 350 fagnemnder med til saman over 800 medlemmer. Det vart utarbeidd totalt 471 oppgåvesett våren 2008, og 2 200 sensorar deltok i vurderingsarbeidet.
Delar av løyvinga har vore nytta til utvikling av Prøvegjennomføringssystemet (PGS). Det er sett i gang eit forskingsoppdrag som omfattar kartlegging og vurdering av dei nye eksamensformene innanfor Kunnskapsløftet, jf. kap. 226.
Det vil bli utarbeidd og gjennomført eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring våren 2009 etter læreplanane innanfor Kunnskapsløftet, og sentralt gitt skriftleg eksamen for privatistar i vidaregåande opplæring etter nokre læreplanar for Reform 94, samt den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga. Det skal utarbeidast eksamensoppgåver for grunnskoleopplæring for vaksne både etter Kunnskapsløftet og Reform 94.
Departementet foreslår å auke posten med 7 mill. kroner i 2009 for å dekkje kostnadene ved eksamensavvikling både etter gamle læreplanar og etter nye læreplanar innanfor Kunnskapsløftet.
Post 60 Tilskott til landslinjer
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.
I skoleåret 2007–08 var kapasiteten ved landslinjene på 1 370 heilårselevplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 82 pst.
Departementet har fastsett nye satsar for fleire av landslinjene. Følgjande landslinjer fekk auka sats frå og med hausten 2008: yrkessjåfør, flyfaga, romteknologi, skiidrett, folkemusikk og sportsfiske. I tillegg vart ur- og instrumentmakarlinja i Kongsberg godkjend som landslinje frå hausten 2008. Satsane til landslinjene var som følgjer hausten 2008:
Tabell 4.1 Landslinjesatsar per elev per år
Landslinje | Sats |
---|---|
Skiidrettar | 60 000 |
Folkemusikk | 75 000 |
Økologisk landbruk | 123 119 |
Anleggsfag | 106 000 |
Flyfag/ avionikk/ romteknologi | 100 000 |
Yrkessjåfør | 110 000 |
Sportsfiske | 60 000 |
Vg2 Ur- og instrumentmakar | 100 000 |
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for grunnskolen, ei for den vidaregåande opplæringa og ei ordning for samiske studieheimlar i det samiske utdanningsområdet.
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i samisk for samiske elevar i grunnskolen i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-2 i opplæringslova og i vidaregåande opplæring i samsvar med rettane slik det går fram av § 6-3 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk.
I skoleåret 2007–08 fekk 2 538 elevar i grunnskolen opplæring i samisk, mot 2 672 elevar per 1. oktober 2006. Dette er ein nedgang på 134 elevar og tilsvarer ein reduksjon på om lag 5 pst. frå skoleåret 2006–07. Talet på studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra.
Våren 2008 fekk i alt 288 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale skolar. Dette er ein liten auke i høve til 2007, da 285 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.
Prognosen for 2009 viser at færre elevar vel samisk i grunnskolen, og posten blir derfor redusert tilsvarande. Departementet foreslår ei samla løyving på 47,5 mill. kroner på posten.
Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge asylsøkjarar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at barn og unge asylsøkjarar får grunnskoleopplæring så snart som mogleg etter at dei har komme til landet. Ordninga omfattar barn og unge i statlege asylmottak og omsorgssenter.
Talet på asylsøkjarar varierer mykje frå år til år. I 2009 er det venta ein auke. Det er forventa eit gjennomsnittleg belegg ved mottak og omsorgssenter på om lag 15 000 personar.
Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 173,4 mill. kroner på posten i 2009.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Målet med tilskottsordninga har vore å medverke til at det blir gitt ekstra språkopplæring for elevar og lærlingar med språkleg minoritetsbakgrunn i vidaregåande opplæring.
Elevane får ekstra språkopplæringa i ein overgangsperiode til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje ordinær opplæring. Våren 2008 vart det utbetalt tilskott for 6 170 minoritetsspråklege elevar og lærlingar, derav 6 103 elevar/lærlingar i fylkeskommunale skolar og 67 elevar/lærlingar i private skolar. I 2007 vart det utbetalt tilskott for totalt 6 171 elevar og lærlingar. I 2007 vart i overkant av ein pst. av tilskottet løyvd til private skolar.
I Ot.prp. nr. 40 (2007–2008) vart det lagt fram forslag om enkelte endringar i opplæringslova og privatskolelova der blant anna minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring blir gitt rett til særskild språkopplæring. Stortinget har vedteke forslaget med verknad frå 1. august 2008, jf. Innst. O. nr. 51 (2007–2008). Fylkeskommunane har med dette ei plikt til å oppfylle denne retten.
Som varsla i St.prp. nr. 57 (2007–2008) foreslår Regjeringa at det øyremerkte tilskottet til opplæring av språklege minoritetar i vidaregåande opplæring blir innlemma i rammetilskottet til fylkeskommunane, kap. 572 post 60. Tilskottet blir fordelt etter rekneskapstal for 2007 og blir innlemma i rammetilskottet med ei overgangsordning.
Departementet foreslår at 32,5 mill. kroner på kap. 225 post 65 blir overført til kap. 572 post 60.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eitt leirskoleopphald i løpet av skoletida.
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) per 1. oktober 2007 viste at 65 110 elevar, av totalt 619 322 grunnskoleelevar, planla å reise på leirskole skoleåret 2007–08. Dette utgjer om lag 10,5 pst. av alle elevar i grunnskolen, noko som skulle tyde på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.
Departementet foreslår at løyvinga i statsbudsjettet for 2009 blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 67 Tilskott til opplæring i finsk
Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for grunnskolen, ei for vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.
Målet med tilskottet til grunnopplæringa er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova, og at det blir gitt opplæring i finsk i vidaregåande opplæring for elevar og lærlingar med finsk bakgrunn. Tilskottet skal òg medverke til å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen.
I skoleåret 2007–08 fekk 840 elevar i grunnskolen opplæring i finsk. Dette utgjer ein nedgang på 54 elevar, som tilsvarer seks pst. Våren 2008 fekk 26 elevar og lærlingar i fylkeskommunale skolar opplæring i finsk. Talet for 2007 var 24 elevar.
Prognosen for 2009 viser at elevtalet i grunnskolen blir redusert, og departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert tilsvarande. Samla løyving på posten blir om lag 9 mill. kroner.
Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller frisette som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller frisette som har rett til utdanning, og som ønskjer det.
Fordi mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også ei målsetjing at det blir gitt kurs som er arbeidskvalifiserande, men ikkje formelt kompetansegivande.
Rapport for 2007–08
Frå 2005 til 2007 har budsjettet for opplæring innafor kriminalomsorga auka frå 107,3 mill. kroner til 160,9 mill. kroner. Styrkinga av budsjettet har ført til at det er starta opplæringstilbod ved 15 nye fengsel i denne perioden, og fleire fengsel har utvida skoletilbodet som følgje av auka soningskapasitet i dei seinare åra. I 2008 vil det bli gitt opplæringstilbod ved alle anstaltar i Noreg.
Det var 5 526 personar, 5 225 i fengsel og 301 i oppfølgingsklassar, som tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av 2007. Litt færre enn før tok ei eller anna form for eksamen, 644 i 2007 mot 688 i 2006. Det var ein auke i talet på elevar som tok ikkje-kompetansegivande kurs, frå 1 548 elevar i 2006 til 2 233 elevar i 2007. Det har også vore stor auke i talet på lærarar.
Utdanningsdirektoratet er delegert ansvaret for å følgje opp utviklinga av opplæringstilbodet i kriminalomsorga. Fylkesmannen i Hordaland har nasjonale koordineringsoppgåver på dette området.
Digital kompetanse er ein av dei fem basisdugleikane i dei nye læreplanane, og det er viktig å få til ei fullgod opplæring på dette området i kriminalomsorga. Det er i samarbeid med Justisdepartementet lagt ein plan for bruk av IKT/Internett i opplæringa i kriminalomsorga som sikrar både dei pedagogiske og tryggingsmessige løysingane. For å få fleire og meir fleksible opplæringstilbod er det sett i gang eit prosjekt om fjernundervisning / nettstøtta læring.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på posten på same nivå som i 2008.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner.
Investeringane knytte til inventar vart nedbetalte ved utgangen av 2007. Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg held fram til 2017. Per 31. desember 2008 er samla restgjeld på 1 822,4 mill. kroner, og per 31. desember 2009 vil restgjelda vere på 1 610,1 mill. kroner.
Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med ein margin på 0,5 prosentpoeng. I 2008 var rentesatsen for ordninga 5,49 pst., og for 2009 er han fastsett til 6,66 pst. På grunn av endringa i rentesatsen foreslår departementet at løyvinga på posten blir auka med 9,7 mill. kroner i 2009 i høve til saldert budsjett for 2008.
Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov
Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. I tillegg skal tilskottsordninga stimulere lærebedrifter til å gi kandidatar høve til å oppnå praksisbrev. Dette skal bidra til å styrkje ungdommens høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.
I 2007 vart det gitt tilskott til 92 lærebedrifter. I november 2007 vart ordninga utvida til også å gjelde for lærekandidatar og praksiskandidatar, i tillegg til lærlingar.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Målet med tilskottsordninga er å bidra til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt.
I 2007 vart det gitt tilskott til store regionale nettverksprogram som Kreativt oppvekstmiljø (KOM!) og Kulturskolefokus i totalt 13 fylke og 140 kommunar. Andre tiltak var Kulturskoledagene 2007 med 350 deltakarar, IKT-utviklings- og informasjonsarbeid, Norsk Ungdomssymfoniorkester i samband med TV-programmet Godt Musikkår, fylkesutstillingar innanfor visuelle kunstfag, web-basert etterutdanningstilbod i musikkteknologi og Ungdommens Musikkmeisterskap. Midlane har òg vorte brukte til fagkoordinatorar innanfor kunstfaga og arbeid med Den kulturelle skolesekken. Lokale utviklingsmidlar vart fordelte til 48 kommunar.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner og føre vidare nivået på posten i høve til 2007-nivå.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Tilskottet til Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av utgiftene er forbundne med informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale eller internasjonale sesjonar i EUP.
Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.
Departementet foreslår at løyvinga blir redusert med 0,5 mill. kroner i 2009.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at norsk ungdom kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land, og auka forståing for deira eigen og andres identitet. I tillegg skal ordninga gi norske fransklærarar høve til fagleg og kulturell oppdatering.
Franske lycée
Det er høve til å ta treårig vidaregåande utdanning (lycée) og fransk baccalauréat i Rouen, Bayeux og Lyon. I tillegg er det mogleg å ta eittårig utdanning tilsvarande Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering og toårig utdanning innanfor faga kokk, servitør og akvakultur. Hausten 2007 gjekk det 41 jenter og 20 gutar på dei treårige franske lycéa. Det kom inn 51 nye søknader for hausten 2007, og 21 jenter og 14 gutar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 22 elevar per årskull til dei tre skolane.
Tyske stipend
Kvart år tilbyr tyske styresmakter ein del stipend til å delta på kurs i Tyskland. I 2007 vart det gitt tyske stipend til tolv jenter og fem gutar.
United World Colleges (UWC)
Norske ungdommar kan få plass ved ein av ti skolar der utdanninga tilsvarer dei to siste åra på vidaregåande skole. Elevane får Internasjonal Baccalaureat (IB) etter ferdig skolegang. Hausten 2007 gjekk 46 jenter og 29 gutar på UWC fordelte på to årskull. Det kom inn 118 nye søknader for hausten 2007, og 20 jenter og 18 gutar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 38 elevar per årskull til skolane.
Trollstipend
Stipenda skal brukast til studieopphald i Frankrike og skal gå til norske fransklærarar, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen. I 2007 vart individuelle Trollstipend gitt til 36 lærarar. 607 elevar frå grunnskolen og vidaregåande skolar reiste saman med 54 lærarar på studieopphald og skoleutveksling med støtte frå Trollmidlar.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 74 Tilskott til organisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak, som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i grunnopplæringa.
I 2008 er det gitt tilskott til Norsk Kulturskoleråd, Det Norske Hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk Handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for Norskundervisning, Friluftsrådets Landsforbund, Foreningen Norden, Magasinett og PIRION og Landslaget for fysisk fostring i skolen.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 21 600 | 20 690 | 109 139 |
Sum kap. 3225 | 21 600 | 20 690 | 109 139 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er i 2009 på om lag 109,1 mill. kroner.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 1 021 056 | 1 012 658 | 1 003 911 |
70 | IKT-tiltak, kan nyttast under post 21 | 3 332 | 3 475 | 3 628 |
Sum kap. 226 | 1 024 388 | 1 016 133 | 1 007 539 |
Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Departementet følgjer med dette budsjettet opp tiltaka for kvalitetsutvikling som er fremma i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
I 2009 blir det frigjort om lag 400 mill. kroner som er løyvde til kompetanseutvikling ved innføring av Kunnskapsløftet. Departementet legg opp til at desse midlane blir nytta til etablering av eit varig system for vidareutdanning for lærarar, til etterutdanning på prioriterte område og til skoleleiarutdanning, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008). I tillegg blir løyvingane til tilsyn auka, og det blir sett i verk tiltak for å rekruttere fleire til lærarutdanningane. Det blir òg etablert eit program for utvikling av skolebibliotek og oppretta eit nytt senter for skriving i opplæringa. Det skal òg innførast nye obligatoriske kartleggingsprøver.
For å få betre samsvar mellom løyvingar til Utdanningsdirektoratets permanente driftsoppgåver på kap. 220 og midlertidige utviklingsoppgåver på kap. 226 har departementet omdisponert midlar på desse kapitla, jf. St. meld. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet 2008 og Innst. S. nr. 270 (2007–2008). Omdisponeringa gir isolert sett ein reduksjon på kap. 226. Dei omdisponerte midlane går mellom anna til faste driftsoppgåver knytte til læreplanforvaltning, kompetanseutviklingstiltak og IKT. Noko av løyvinga på kap. 226 gjeld barnehageformål.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Rapport for 2007–08
Det er løyvd meir enn 1,4 mrd. kroner til kommunane, fylkeskommunane og andre skoleeigarar til reformrelatert kompetanseutvikling sidan 2005. I 2007 og 2008 har kvart år 40 mill. kroner av midlane vore øyremerkte vidareutdanning i andre framandspråk og naturfag, og fordelte gjennom Fylkesmannen etter særskild søknad.
Skoleeigarane har rapportert om aktiviteten kvart år, og Fafo har evaluert kompetanseutviklingsstrategien undervegs. Det er stor aktivitet lokalt. Deltakinga har vore størst blant lærarar i grunnskolen i dei første åra av strategiperioden, men har gått noko ned det siste året. I vidaregåande opplæring har det vore noko lågare aktivitet i dei første åra av strategiperioden, men ein auke i deltaking det siste året. Dette har truleg samanheng med innføringstakten av Kunnskapsløftet.
Dei fleste skoleeigarar ser ut til å ha prioritert etterutdanning og utviklingsarbeid framfor vidareutdanningstiltak. Det er stor variasjon mellom skoleeigarane, men Fafo finn likevel ein tendens til at ein no jobbar meir systematisk med kompetanseutvikling enn tidlegare.
Samarbeidet mellom skole/skoleeigarar og tilbydarar er blitt tettare, meir omfattande og meir gjensidig utviklande, og med meir dialog om innhaldet i og utviklinga av kompetanseutviklingstilboda. Dette har ført til meir relevante og meir praksisnære tilbod, i tillegg til at høgskolane sjølve opplever til dels monaleg kompetanseheving.
Evalueringa peikar på at det framleis er ein del utfordringar. Desse er knytte til lokal forankring og organisering og til langsiktig planlegging og oppfølging.
Dei nasjonale strategiane er reviderte. Gi rom for lesing!, som er ein av dei mest omfattande nasjonale strategiane, vart avslutta i 2007. Sluttrapporten Det er nå det begynner! viser at planen har lagt eit godt grunnlag for ei positiv utvikling, særleg på småskoletrinna. I evalueringa seier SINTEF –Teknologi og samfunn at tiltaksplanen har ført til stor lokal aktivitet i lesing. Folkebiblioteka har vore den viktigaste samarbeidspartnaren. Sjølv om auka lesedugleik har vore vektlagd i dei fleste skoleprosjekta, kan ikkje evalueringa førebels vise til at planen har hatt noko å seie for elevanes lesedugleik.
I samband med strategiplan for entreprenørskap i utdanninga, Se mulighetene og gjør noe med dem 2004–2008, er det gjennomført to omfattande forskingsprosjekt som har gitt ny kunnskap om stoda for arbeidet med entreprenørskap i grunnopplæringa og elevanes læringsutbytte. Dette arbeidet er gjort i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Ei av undersøkingane viser at opplæring i entreprenørskap aukar trivselen i skolen og motiverer elevar i vidaregåande skole til å bli sjølvstendig næringsdrivande. Undersøkinga kan ikkje påvise at elevar som har entreprenørskap i opplæringa, får betre karakterar enn andre elever, men rapporten peikar på at trivsel og motivasjon er viktige faktorar for å forhindre fråfall i vidaregåande opplæring.
I strategiperioden for Et felles løft for realfagene – Strategi for styrking av realfagene 2006–2009 har merksemda vore retta mot auka rekruttering og styrkt kvalitet. Samarbeid med organisasjonar og næringsliv er ført vidare gjennom Nasjonalt forum for realfag. Saman har partane gjennomført rekrutteringskampanjen Den virkelige verden. Av elevar som har lese kampanjens nettside seier tre av fire at dei er blitt meir positive til dei moglegheitene realfagleg utdanning gir. Etter kampanjen er det færre som opplever det som vanskeleg å vite kva moglegheiter realfaga gir. Delen som ikkje kjenner til kva fag som inngår i omgrepet realfag har gått ned frå 44 pst. til 36 pst. Dei regionale vitensentera har auka besøkstalet med 100 000 frå 2006 til 2007 til rundt 420 000 besøkande. Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa har hatt eiga undervisningssatsing i samanheng med Polaråret. Mentor- og leksehjelpsprosjekta TENK og SIGRE er etablerte og har auka i omfang.
Strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2007– 2009 har eit heilskapleg perspektiv på opplæringa av minoritetsspråklege. Det er sett i gang tiltak på alle nivå, frå førskolealder til vaksenopplæring. Det blir prøvd ut ulike modellar som omfattar opplæring i morsmål, tospråkleg fagopplæring, forsterka norskopplæring og tidleg språkstimulering i barnehage. Det er utvikla prøver for kartlegging av lesedugleik og skriveutvikling på ulike språk, og det er utvikla eit nasjonalt tilbod om etterutdanning i bruk av den nye læreplanen i grunnleggjande norsk. I 2007 er det tildelt 26 nye stipend til minoritetsspråklege lærarar som manglar formell kompetanse. Ut frå talet på søknader i dei siste åra og tilbakemeldingar frå skoleeigarane er det framleis behov for ei slik ordning. Ordninga er frå 1. januar 2008 overført til Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring – NAFO.
I programmet Kunnskapsløftet – fra ord til handling har det overordna målet vore å setje fleire skolar i stand til å forbetre læringa og læringsmiljøet til elevane. Skolane som deltek i programmet, skal drive målretta og systematisk utviklingsarbeid og utvikle seg i tråd med idealet om lærande organisasjonar. Ein rapport frå Rambøl Management i 2008 om rekrutteringa til programmet viser tydeleg at aktivitetar knytte til rettleiing, søknadsprosess og skolevurdering er viktig for arbeidet med heilskapleg skoleutvikling. Programmet har ført til stor aktivitet og til svært positiv respons og interesse i sektoren. Erfaringar med utviklingsarbeid er hausta og systematisert. Blant anna tyder tilbakemeldingar på at mange skolar som ikkje har fått støtte i programmet, likevel sett i verk skoleutviklingsprosjekt.
Det er sett i verk fleire tiltak for å betre individvurderinga. Blant anna blir det gjennomført ei utprøving av kjenneteikn på måloppnåing i eit utval fag som omfattar 77 lærestadar fordelte på alle fylke. Utprøvinga skal avsluttast i juni 2009. Bakgrunnen for utprøvinga er at det gjennom forsking og undersøkingar er dokumentert at like prestasjonar blir vurderte ulikt, at mange elevar ikkje får god nok informasjon om kvar dei står i høve til måla i læreplanverket, og at mange elevar møter ungdomstrinnet med eit urealistisk bilete av sin eigen kompetanse. Eit viktig ledd i arbeidet er å utvikle vurderingskompetanse på alle nivå i utdanningssystemet. Lærarutdanningsinstitusjonane deltek derfor i utprøvinga som rettleiarar. Erfaringar frå utprøvinga så langt er at ho blir opplevd som nyttig og krevjande, at det er ein god måte å arbeide med lokale læreplanar på, og at tydelege faglege tilbakemeldingar er motiverande og læringsfremmande for elevane.
Utvida skoledag er prøvd ut i skoleåret 2007–08. Elleve kommunar med til saman 34 skolar har prøvd ut modellar for utvida skoledag som omfattar dagleg fysisk aktivitet, skolemåltid, leksehjelp og styrking av faga engelsk, norsk og matematikk. SINTEF – gruppe for skole- og utdanningsforsking, har evaluert utprøvinga. Evalueringsrapporten syner at alle kommunar og skoleleiarar meiner at utprøvinga av heildagsskole har hatt positiv verknad på læringsmiljø og læringsutbytte. Skolane rapporterer om ein ny og heilskapleg organisering av skoledagen med meir ro og konsentrasjon der fysisk aktivitet og skolemåltid er ein del av læringsprosessen. Personell frå skolefritidsordninga (SFO) er brukt inn i ordinær skoledag i samanheng med fysisk aktivitet, skolemåltid og i nokre tilfelle leksehjelp, slik at pedagogisk personell får meir tid til undervisning i fag. Utprøvinga har vore for kort til å dokumentere om utvida skoledag aukar læringsutbytte og utjamnar sosiale forskjellar. På bakgrunn av utprøvinga og evalueringa vil gode modellar for gjennomføring og organisering av utvida skoledag bli spreidde til alle skolar hausten 2008. Det er sett i gang fleire tiltak for å styrkje leseopplæringa i skolen. Blant anna er det gitt tilbod om etterutdanning i lesing for lærarar i grunnskolen. Etterutdanninga blir gjennomført ved ni lærarutdanningsinstitusjonar i 2008–09, og meir enn 1 500 lærarar er påmelde.
Program for digital kompetanse blir avslutta i 2008. I samarbeid med Noregsuniversitetet og Vox er det sett i verk ei rekkje tiltak med vekt på heving av digital kompetanse i eit livslangt læringsperspektiv. Ansvaret for oppfølging av programmet vart overført til Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanninga (ITU) våren 2008.
Lærande nettverk blir avslutta våren 2009. Koordineringsansvaret for prosjektet er i samband med overføringa av oppfølgingsansvaret for Program for digital kompetanse også gitt til ITU.
Fylkeskommunane har langt på veg innført felles elektronisk identitetsforvaltning (Feide) i den vidaregåande skolen. Vel 20 av dei 33 største kommunane innfører eller førebur å innføre Feide for sine skolar. Samstundes blir det arbeid med å styrkje dei føresette sin innsynsrett på det digitale området.
Arbeidet med å gjere digitale læremiddel tilgjengelege, innanfor ramma av Nasjonal digital læringsarena (NDLA), har halde fram. I tillegg til engelsk, matematikk, samfunnsfag og kroppsøving på Vg1 er det utvikla digitale læremiddel for enkelte fag i yrkesfaglege utdanningsprogram.
Utprøvinga med Partnarskap for karriererettleiing vart avslutta i 2007. Det er gjennomført spreiing av gode erfaringar og tiltak for kvalitetsutvikling av rådgivinga i grunnopplæringa. Alle fylka har fått løyvingar til utvikling av partnarskap.
I 2007 vart det utnemnt seks nye demonstrasjonsskolar, to nye demonstrasjonskulturskolar og tre nye demonstrasjonsbedrifter for perioden 2007–09. I 2007 vart det lagt vekt på at bedriftene har system og rutinar knytte til kvalitet i fag- og yrkesopplæringa som kan vere interessante for andre bedrifter uavhengig av bransje. Det er utarbeidd eit hefte som presenterer demonstrasjonsskolane, demonstrasjonskulturskolane og demonstrasjonsbedriftene.
Sametinget har fått ei særskild tildeling for kompetanseutvikling knytt til Kunnskapsløftet – Samisk. Det er starta eit arbeid med planlegging av eit etterutdanningstilbod for lærarar i grunn- og vidaregåande opplæring og faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene.
Arbeidet med nye læreplanar for Kunnskapsløftet starta hausten 2004 og blir avslutta i 2008. Arbeidet byggjer på dei prinsippa som går fram av Innst. S. nr. 268 (2003-2004) og St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring og. Dei sist fastsette læreplanane er tekne i bruk frå hausten 2008.
Sametinget fastsette dei siste læreplanane for Kunnskapsløftet – Samisk (LK06-S) i 2007. Frå skoleåret 2008–09 er Kunnskapsløftet – Samisk innført for heile grunnopplæringa. Ny læreplan i religion, livssyn og etikk – samisk vil ble fastsett våren 2009.
Det er fastsett ny læreplan i religion, livssyn og etikk (RLE) for grunnskolen. Læreplanen gjeld frå hausten 2008 og erstattar læreplanen i Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL).
Kunnskapsdepartementet har støtta dei sju regionale vitensentra Nordnorsk vitensenter, Midtnorsk vitensenter, VilVite, Jærmuseet, Vitensenteret ved Teknisk Museum i Oslo, Vitensenteret Innlandet og Vitenlaben/Grenland. Departementet legg ikkje opp til å utvide talet på regionale vitensenter.
Mål for 2009
Målet for Regjeringas politikk for grunnopplæringa er ei opplæring av høg kvalitet, jf. kategoriinnleiinga. Ein del av målet er at lærarar og skoleleiarar skal ha høg kompetanse. Størsteparten av utviklingsmidlane på kap. 226 går til tiltak som skal realisere målet om høg kompetanse i sektoren og andre utviklingstiltak med nær tilknyting til kompetanse. I det følgjande blir det gjort greie for dei viktigaste tiltaka på dette området i 2009.
Det skal etablerast eit varig system for vidareutdanning for lærarar og ei rektorutdanning. I tillegg vil det bli gitt løyvingar til etterutdanning. Til saman blir det løyvd om lag 400 mill. kroner til desse tiltaka. Kapasiteten i systemet skal byggjast opp gradvis. Når systemet er ferdig utbygd, skal det gi rom for ei toårig vidareutdanning med halvtidsstudiar for 2 500 lærarar årleg. Dette er basert på at alle som nyttar tilbodet, tek 60 studiepoeng i løpet av to år. Mange av deltakarane vil ikkje ha behov for så omfattande vidareutdanning. Talet som deltek, vil derfor bli høgre. Som del av den statlege satsinga vil det bli lagt vekt på å styrkje tilbydarsida av vidareutdanning.
Det er sett i gang ein brei prosess for å definere innhaldet i den nye skoleleiarutdanninga. Frå hausten 2009 vil det bli gitt tilbod om skoleleiarutdanning for nytilsette rektorar og rektorar som ikkje har formell skoleleiarkompetanse frå før. Utdanninga skal ha eit omfang som tilsvarar eit halvt års fulltidsstudium (30 studiepoeng).
Systemet for vidareutdanning vil ha full budsjetteffekt først i 2011 ettersom ein skal ta opp nye studentar kvart semester. Fram til systemet har full budsjetteffekt, vil det òg bli brukt midlar til etterutdanning på prioriterte område som lese- og rekneopplæring. Etter vurdering av resultata frå PISA 2006 er lesing det mest sentrale området for oppfølging. Lesing er grunnlaget for all anna læring, og dårleg lesedugleik påverkar resultata i alle andre fag. Derfor har det vore nødvendig med eit nasjonalt krafttak for lesing. Denne innsatsen starta med strakstiltak i 2008 som skal følgjast opp i 2009. I 2009 skal fleire kommunar få tilbod om støtte. Det skal òg utviklast tilbod om breiare kompetanseutvikling for lærarar og instruktørar i fag- og yrkesopplæringa.
Det er òg behov for andre støtte- og rettleiingstiltak som kan sikre at Kunnskapsløftet blir sett i verk i tråd med intensjonane. Det er til dømes nødvendig å støtte lokalt læreplanarbeid. Utdanningsdirektoratet skal derfor utvikle rettleiande læreplanar i fag som er gjennomgåande i heile grunnopplæringa. Departementet vil målrette støtta til utviklingsarbeidet i sektoren og vil støtte skoleeigarar og skolar i forbetringsarbeid for å styrkje elevanes læringsutbytte og auke graden av gjennomføring i vidaregåande opplæring. Det skal utviklast tilbod om rettleiing til skolar og skoleeigarar med særskilde utfordringar. Det vil bli organisert rettleiarkorps som skal hjelpe skolane og skoleeigarane med utviklingsarbeid. Utdanningsdirektoratet vil få ansvar for å etablere rettleiarkorpsa i samarbeid med nøkkelaktørar i sektoren. Arbeidet skal byggje på erfaringane frå prosjektet Kunnskapsløftet – fra ord til handling. Eit nasjonalt råd skal støtte rettleiarkorpsa. Midlar til rettleiarkorpsa blir fasa inn ettersom løyvingane til Kunnskapsløftet – frå ord til handling blir fasa ut.
Kvalitet i skolen er avhengig av god organisering og tidsutnytting slik at rapportering, dokumentasjon og anna administrativt arbeid ikkje stel frå tid til undervisning og læring. Det er mange meiningar og lite faktisk kunnskap om læraranes tidsbruk og om ulike måtar å organisere arbeidet i skolen på. Departementet har derfor sett i gang eit forskingsprosjekt som skal avdekkje tidsbruk og organisering i skolen. Departementet vil òg oppnemne eit utval som skal sjå på korleis ein kan unngå unødvendig tidsbruk i skolen og frigjere meir tid til undervisning og læring. Utvalet skal ta for seg både læraranes individuelle arbeid, utnytting av fellestid på skolen, pålegg om rappotering og dokumentasjon og grad av delegering av oppgåver frå skoleeigar.
Departementet viser til St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen som gir ein nærmare omtale av dette og andre tiltak, og ei grunngiving for staten si rolle når det gjeld vidare støtte til kompetanseutvikling, rettleiing og kvalitetsutvikling i sektoren.
Arbeidet med utdannings- og yrkesrådgiving og sosialpedagogisk rådgiving i skolen og oppfølgingstenesta skal evaluerast i 2009 og blir sluttført i 2010. Evalueringa vil gi brei kunnskap om heile rådgivingsfeltet i skolen. Resultata frå evalueringa vil saman med ny forskrift og rettleiande kompetansekriterium bli eit viktig grunnlag for å drøfte vidare innsats på rådgivingsfeltet.
Skolebiblioteket er ein ressurs for kompetanseutvikling, kunnskapsdanning og kvalitetsutvikling i sektoren. Program for skolebibliotek skal auke kvaliteten på skolebibliotektilbodet til elevane og jamne ut den store ulikskapen i tilbodet mellom grunnskole og vidaregåande. Kompetanseutvikling i lesestimulering og litteraturformidling vil stå sentralt i programmet. Programmet skal gi fleire kommunar høve til å delta i etterutdanning og utviklingsarbeid.
Læringsmiljø
Rapport for 2007–08
Arbeidet med å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa har vore forankra i Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet, Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005–2008 og Manifest mot mobbing 2006-2008. Det blir samarbeidd med fleire departement om tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar, til dømes på områda fysisk og psykisk helse, rus, tobakk, rasisme, kjønnslemlesting, tvangsekteskap, kjønnsrelatert mobbing og mobbing på grunn av seksuell orientering. Noreg deltek òg i internasjonalt samarbeid på feltet. Arbeidet mot rasisme og diskriminering og for menneskerettar og toleranse er vidareført, og Benjaminprisen mot rasisme og diskriminering vart for 2007 delt ut til Skotselv skole i Øvre Eiker. Dronning Sonjas skolepris for likeverdig og inkluderande opplæring vart delt ut for andre gong i 2007, og gjekk da til Apelthun skole i Bergen.
Som eit bidrag til å sikre det fysiske arbeidsmiljøet til elevane driv Utdanningsdirektoratet ei rådgivingsteneste for skoleanlegg med medverknad frå eksterne fagmiljø. Våren 2008 er det utarbeidd ein kunnskapsstatus om samanhengen mellom utforminga av skolebygg og læringa til elevane. Denne viser at dei fysiske omgivnadene og standardane på skoleanlegg kan verke både stimulerande og hemmande på læringsmiljøet. Det er viktig at skoleanleggets utforming er i samsvar med skolens pedagogiske visjonar og praksis.
Departementet har sett i verk eit samarbeid med Noregs Idrettsforbund og Olympiske komité (NIF) og Helse- og omsorgsdepartementet om å få fram gode modellar for samarbeid mellom lokale idrettslag og skolefritidsordninga (SFO). Tiltaket vil både rette seg mot idrett i SFO og idrett som ein del av ein framtidig utvida skoledag, og NIF vil ha ansvaret for oppfølginga av tiltaket. Tiltaket skal sjåast i eit folkehelseperspektiv og vil ha som mål å medverke til å jamne ut sosiale forskjellar. Vidare skal det sjåast i samanhang med St.meld. nr. 39 (2006–2007) Frivillighet for alle, der eit av tiltaka er tilskott til lokale idrettslag som samarbeider med skole og/eller kommunale styresmakter om fysisk aktivitet i skolen.
Mål for 2009
Ein del av målsetjinga om ei grunnopplæring av høg kvalitet er at elevane skal ha eit godt arbeidsmiljø, jf. kategoriinnleiinga. Det har vore ein brei innsats gjennom mange år på dette feltet, der både styresmakter, skoleeigarar og skolar har vore engasjerte. Mange ulike tiltak har vore prøvde ut, med ulik effekt. Målet om eit godt arbeidsmiljø for elevane står fast. I arbeidet med å realisere målet skal innsatsen og tiltaka prioriterast og baserast på det ein til no veit har dokumentert effekt, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008). I det følgjande blir det gjort greie for dei viktigaste tiltaka for eit godt læringsmiljø.
Samarbeidet og intensjonane i Manifest mot mobbing skal også førast vidare. Arbeidet skal sjåast i samanheng med det generelle arbeidet for eit godt skole- og læringsmiljø..
Skolane har ulike utfordringar når det gjeld elevanes læringsmiljø. Det er derfor behov for ulike tilnærmingar og i enkelte tilfelle også ekstern hjelp og rettleiing for å løyse åtferdsproblem og andre problem i læringsmiljøet. Skolane skal framleis få tilbod om skoleomfattande program for eit godt læringsmiljø og program mot mobbing. Det er viktig at skolane tek i bruk gode verktøy og utviklingsprogram med dokumentert verknad. Departementet vil derfor lage eit program for inkluderande skolemiljø som skal ha ei overbyggjande rolle på læringsmiljøfeltet. Gjennom dette vil departementet vidareføre støtta til tiltak og program som har vist seg å ha effekt. Det vil òg bli gjennomført ei kartlegging av samanhengen mellom læringsmiljø og læringsutbytte.
Som eit ledd i Elevundersøkinga skal det arbeidast vidare med å utvikle indikatorar på at elevane opplever læringsmiljøet som inkluderande og utfordrande på ein slik måte at dei òg opplever meistring.
Rådgivingstenesta for skoleanlegg skal gi råd og støtte til skoleeigarar og fagmiljø når det gjeld nybygg og rehabilitering, og skal setje søkjelys på møtet mellom pedagogikk, arkitektur, trivsel og helse. Særleg viktig er det å gjere kjend eksempel på gode skolebygg og byggjeprosessar. Rådgivingstenesta skal vere meir aktiv i rådgiving knytt til opprusting av skolebygningar.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for kvalitetsutvikling
Rapport for 2007–08
Prioriteringane i strategien Kunnskap for utvikling – Strategi for forsking, dokumentasjon og analyse 2005–2008 er følgde opp. Ei av hovudsatsingane i strategien er evalueringa av Kunnskapsløftet, som skal halde fram til 2011. Ei anna hovudsatsing er evalueringa av kompetanseutviklingsstrategien. Evalueringa viser at aktørane, det vil seie skoleeigarar, rektorar og lærarar, legg noko ulik vekt på måla i strategien. Dei har til dels ulik oppfatning om kompetansebehov og eigna verkemiddel for kompetanseutvikling i skolen. I stor grad har skoleeigar hatt styringa med dei lokale kompetanseutviklingsplanane. Dette kan vere grunnen til det som ser ut til å vere svak læringseffekt på skolenivå. Evalueringa peikar òg på at dei sentrale styresmaktene har vore for lite tydelege på kva som er forventa av skoleeigarane, og at styresmaktene bør gi meir rettleiing til mange av landets skoleeigarar.
I skoleåret 2007–08 er det gjennomført nasjonale prøver i rekning, lesing på norsk og engelsk på femte og åttande årssteget i grunnopplæringa. Ei brukarevaluering viser at prøvene har gitt auka kunnskap om dei grunnleggjande dugleikane til elevane og er vore brukte av skolane og skoleeigarane som grunnlag for forbetrings- og utviklingsarbeid. Det var gjennomgåande meir positiv oppfatning av prøvene i 2007 enn av dei prøvene som vart haldne i 2005. Prøvene for 2008 vart gjennomførte i september.
Det er òg sett i gang fleire analysar av resultata frå nasjonale prøver 2007. Rapportane frå desse analysane vil vere klare i løpet av 2008. Sjå elles omtale av dei nasjonale prøvene under kap. 220.
Det er gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i rekning og i lesing for andre årssteget. På bakgrunn av gjennomføringa av desse prøvene er det utarbeidd nasjonale analyserapportar frå eit utval resultat.
Det er sett i gang utvikling av frivillige kartleggingsprøver og materiell i lesing for første, tredje, og sjette årssteget i grunnskolen og for Vg1 i vidaregåande opplæring. Det same er gjort i rekning og engelsk for tredje årssteget i grunnskolen og Vg1. Formålet er å avdekkje behov for individuell oppfølging og tilrettelegging på individ- og skolenivå. Desse prøvene er ikkje obligatoriske og blir stilte gratis til disposisjon for skolane.
Brukarundersøkingane (Elevundersøkinga, Lærarundersøkinga, Foreldreundersøkinga, Lærlingundersøkinga og Instruktørundersøkinga) vart reviderte i 2007, og er tilpassa læreplanverket i Kunnskapsløftet. Brukarundersøkingane har bestillings- og rapportportalar på Internett, og alle portalane er oppgraderte. Dette har gjort det mykje enklare å gjennomføre eigne analysar ved hjelp av rapportportalen.
Skoleporten kom i ny versjon ved utgangen av 2007 og er no integrert med utdanningsdirektoratet.no. Skoleporten er eit verktøy for vurdering av kvalitet i grunnopplæringa. Gjennom Skoleporten får skolar, skoleeigarar, foreldre, elevar og andre interesserte betre tilgang til relevante og pålitelege nøkkeltal for grunnopplæringa. I 2008 blir tenesta bygd ut med fleire verktøy for skolar og skoleeigarar, samstundes som det òg blir lagt til rette for Fylkesmannen sitt arbeid med tilsyn.
Noreg deltek i mange internasjonale studiar. Dei fleste studiane vurerer elevanes kompetanse på ulike område, men ein del undersøkjer også lærarkompetanse og lærarane sin praksis. Nokre av dei internasjonale kartleggingane er utforma slik at det skal kunne komme fram endringar i kompetansen til elevane over tid. Dette er ein viktig grunn til at Noreg har prioritert å delta i så mange av dei internasjonale undersøkingane. Noreg deltek i fleire nye undersøkingar:
Teacher Education and Development Study (TEDS-M 2008) er ein komparativ studie av lærarutdanning for lærarar som er kvalifiserte til å undervise i matematikk på barne- og ungdomssteget i grunnskolen.
International Civic and Citizenship Education Study (ICCS) 2009 er ei oppfølging av CIVED-studien frå 1999–2002, der Noreg deltok. Noreg deltek òg i den nye studien, som skal kartleggje elevane sin demokratiske beredskap og haldningar til utfordringane som ligg i auka globalisering og internasjonalisering. ICCS-studien skal òg gi informasjon om den demokratiske beredskapen elevane har etter innføringa av dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet.
Teaching and Learning International Survey (TALIS) er ein studie i regi av OECD. Ei viktig side ved TALIS er kompetanseutvikling som eit ansvar for skoleleiinga, og korleis skolar kan utviklast til å bli lærande organisasjonar. Undersøkinga tek òg opp viktige sider ved pedagogisk praksis. Hovudrapport for studien er planlagd i juni 2009.
OECD-prosjektet Learning for Jobs er ein gjennomgang av politikk på yrkesfagfeltet, særleg når det gjeld korleis yrkesopplæringa dekkjer arbeidslivet sitt behov for kompetanse. Planlegginga av studien starta i 2007. Den norske analysen blir gjennomført i 2008.
EU-samarbeid om dokumentasjon, analyse og kvalitetsutvikling av yrkesopplæringa omfattar blant anna Europass, European Credit Transfer System (ECVET), European Qualification System (EQF) og European Quality Assurance Reference Framework for Vocational Education and Training (EQARF – VET).
Noreg deltek i OECD- studien Thematic review on Migrant Education. Studien omhandlar utdanning og mangfold, med vekt på utdanning for migranter. Ein avsluttande rapport frå studien vil bli lagt fram i 2009.
Noko av det viktigaste for å få til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa vil vere å styrkje kunnskapsgrunnlaget i sektoren. Departementet har gitt løyvingar til forskingsprogramma Kultur for læring (KUL) og Praksiretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning (PraksisFoU) i Forskingsrådet.
Tilsyn er òg eit viktig grunnlag for dokumentasjon av kvalitet i opplæringa, jf. kategoriinnleiinga og kap. 220.
Mål for 2009
Ein del av målet om ei grunnopplæring av høg kvalitet er at skoleeigarar og skolar skal byggje kvalitetsutvikling i skolen på systematisk resultatoppfølging. Dokumentasjon, analyse og resultatoppfølging er verktøy for at elevar og lærlingar skal få eit best mogleg læringsutbytte. Systematisk resultatoppfølging har vore ei svakheit i norsk skole og i skoleeigars oppfølging av skolane. Når skoleeigarar og skolar byggjer kvalitetsutvikling i skolen på systematisk resultatoppfølging, vil dette ha positive følgjer for elevanes læring. Og når elevar og lærlingar får eit læringsutbytte som svarer til det dei har evner til, har vi ei grunnopplæring av høg kvalitet.
Tiltaka frå statleg side for å støtte utviklinga mot ei meir systematisk og resultatbasert kvalitetsutvikling i grunnopplæringa fell i fleire kategoriar. Desse er statistikk og brukarundersøkingar, eit samanhengande prøve- og vurderingssystem, internasjonale samanliknande undersøkingar, forsking, evaluering og tilsyn. I tillegg blir det brukt statlege midlar til internasjonalt samarbeid og erfaringsutveksling om kvalitetsutviklande tiltak. I det følgjande blir det gjort greie for dei viktigaste tiltaka på området dokumentasjon og analyse som grunnlag for kvalitetsutvikling i 2009.
Betre informasjon om læringsresultat er heilt sentralt i det vidare arbeidet med å styrkje elevanes læringsutbytte og få ei grunnopplæring av høg kvalitet. Utdanningsdirektoratet skal betre kvaliteten på datagrunnlaget i grunnopplæringa. Nettstaden utdanningsdirektoratet.no skal utvidast med meir relevant statistikk. Det same gjeld datagrunnlaget og styringsinformasjonen i Skoleporten. VIGO sentralbase skal vidareutviklast med tanke på fagopplæring, privatskolar og vaksne.
Noreg deltek i mange kvantitative internasjonale undersøkingar på utdanningsområdet. Samtidig er det innført nasjonale prøver og andre typar prøver som del av eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Gjennomføring av og forsking basert på denne typen undersøkingar stiller krav om solid psykometrisk kompetanse. Psykometri er vitskapen om korleis ein på ein påliteleg måte kan måle psykologiske og pedagogiske omgrep. Kompetansen til å utvikle og gjennomføre pålitelege pedagogiske målingar er svak i Noreg. Behovet for slik kompetanse på sentralt og lokalt nivå vil truleg auke framover, ettersom det blir større krav til dokumentasjon på ulike nivå i sektoren. Departementet vil derfor vurdere korleis slik kompetanse kan styrkast. Departementet vil styrkje utdanningsforskinga, jf. kategori 07.50 og kap. 6.
For å auke omfanget av den brukarretta forskingsformidlinga i utdanningssektoren og sikre betre koordinering vil departementet vurdere å etablere ei eining for samanstilling og formidling som skal gi systematisk informasjon om forsking og sikre alle relevante brukarar tilgang til nye forskingsresultat på utdanningsområdet.
I skoleåret 2009–10 vil det bli gjennomført nasjonale prøver i rekning og lesing på norsk og engelsk på femte og åttande årstrinn, og resultata frå prøvene vil bli analyserte. Det skal òg utviklast utvalsprøver, kartleggingsprøver og nasjonale prøver for fleire årstrinn. Nasjonale prøver for 9. trinn skal gjennomførast i 2010.
Departementet vil innføre obligatorisk kartlegging av lesedugleik på 1.–3. årstrinn. Kartlegginga skal omfatte prøver på kvart trinn og råd om korleis lærarane kan gi tilbakemelding til elevar og føresette. Nytt kartleggingsmateriell for første trinn skal takast i bruk våren 2009, medan materiellet for tredje trinn skal takast i bruk våren 2010. Kartleggingsprøver for andre trinn er allereie utvikla. Basert på erfaringane med kartleggingsprøver i rekning på andre trinn og det opplegget som no blir utvikla for lesing, vil departementet vurdere om det skal utviklast eit tilsvarande opplegg for rekning. Dette må sjåast i samanheng med forslaget om forsterka opplæring i norsk/samisk og matematikk på 1.–4.trinn. Departementet vil òg innføre obligatoriske kartleggingsprøver i lesing og rekning ved starten av første trinn i vidaregåande opplæring. Desse prøvene skal avdekkje om det er elevar som treng særskild oppfølging, og førebyggje fråfall frå opplæringa.
I arbeidet med å utvikle digitale læringsressursar er det nødvendig å vurdere kva som er god kvalitet. Det er ingen felles oppfatningar om dette i dag, og både brukarar og utviklarar vil tene på at det blir utarbeidd felles kvalitetsprinsipp for digitale læringsressursar. Departementet vil ta initiativ til at det blir utvikla felles kvalitetskriterium for digitale læringsressursar. Departementet vil i 2009 vurdere å innføre nasjonale prøver i digitale dugleikar på ungdomstrinnet.
Nye eksamensordningar vart innførte med Kunnskapsløftet. For å sikre god kunnskap om korleis dei nye eksamensordningane fungerer, er eit utval av desse evaluert i 2008. Prosjektet skal halde fram i 2009, og har mellom anna som mål å vurdere om eksamensordningane måler fagkompetansen til elevane, slik denne er omtalt i læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Internasjonale samanliknande analysar og anna forsking og evaluering fører til debatt om norsk grunnopplæring. Dei internasjonale samanliknande undersøkingane er utforma slik at endringar over tid i kompetansen til elevane kjem fram. Deltaking i desse undersøkingane vil derfor framleis ha høg prioritet.
Direktoratet skal gjennom fylkesmennene gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk våren 2009. Fylkesmennene vil få auka løyving til å styrkje tilsynet.
Andre oppgåver
Arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnopplæringa krev særskild kompetanse på prioriterte område. Løyvinga skal derfor òg nyttast til lønn.
Budsjettforslag for 2009
Løyvinga blir ført vidare på om lag same høge nivå som i 2008. Det er overført midlar til kap. 220 Utdanningsdirektoratet til faste oppgåver som har vore dekte over kap. 226. Regjering vil innafor løyvinga prioritere etter- og vidareutdanning for lærarar med om lag 400 mill. kroner.
Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
60 | Tilskott til Moskvaskolen | 1 183 | 1 233 | 1 287 |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 444 | 2 547 | |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 4 195 | 4 690 | 4 896 |
70 | Tilskott til den franske skolen i Oslo | 6 584 | 6 867 | 5 200 |
71 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 19 274 | 20 103 | 20 988 |
72 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 24 309 | 25 354 | 26 470 |
73 | Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia | 3 218 | 3 356 | 3 504 |
Sum kap. 227 | 61 207 | 64 150 | 62 345 |
Post 60 Tilskott til Moskvaskolen
Målet med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk høve til å ta vidaregåande trinn tre på Moskvaskolen. Skolen skal halde oppe tilbodet for inntil 15 norske elevar. I skoleåret 2007–08 var det fem norske elevar som fullførte skoleåret ved den norsk-russiske skolen i Moskva.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole
Skolen hadde 44 heilårselevar ved skolestart hausten 2007, derav 24 elevar på kunstlinjene og 20 elevar på filmlinja.
Denne skolen er no godkjend som fagskole. Departementet foreslår derfor at løyvinga på denne posten blir overført til kap. 276 Fagskoleutdanning.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole. Tilskottet vart avkorta i 2007, da leirskolen ikkje oppnådde aktivitetskravet i 2006. Talet på deltakarar/leiarar ved leirskolen i 2007 var 931.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 70 Tilskott til den franske skolen i Oslo
Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike, og å styrkje stillinga til det franske språket i Noreg. I skoleåret 2007–08 hadde den franske skolen i Oslo 259 elevar på barnesteget, 139 elevar på ungdomssteget og 53 elevar i vidaregåande opplæring. Posten omfatta tidlegare tilskott til den tyske skolen i Oslo. Skoleåret 2007–08 hadde denne skolen 131 elevar på barnesteget, 50 elevar på ungdomssteget og elleve elevar i vidaregåande opplæring. Departementet foreslår at tilskottet til den tyske skolen i Oslo blir flytta til kap. 228 post 77.
Departementet foreslår at løyvinga til den franske skolen blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole
Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen. I 2007 var det totalt 152 elevar ved internatet, 72 elevar om våren og 80 elevar om hausten. Våren 2008 var det totalt 79 elevar ved internatet, ein auke på sju elevar i høve til våren 2007.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av Røde Kors Nordisk United World College. Elevane tek dei to siste åra av vidaregåande skole og IB-diplomet ved skolen. I skoleåret 2007–08 var det 200 elevar frå 84 land ved skolen. 31 pst. av elevane kom frå nordiske land, tre pst. frå Balkan, 23 pst. frå andre europeiske land og Midtausten, 14 pst. frå Amerika, 18 pst. frå Asia og elleve pst. frå Afrika. Dei andre nordiske landa finansierte i 2007 om lag 19 pst. av drifta ved skolen.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at norske misjonærbarn i Kenya og Etiopia kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Misjonærskolane er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband. Hausten 2007 fekk fem elevar på barnetrinnet og to elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I same periode fekk åtte elevar på barnetrinnet og fem elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Våren 2008 fekk fem elevar på barnetrinnet og to elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I Kenya fekk seks elevar på barnetrinnet og tre elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i same periode.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Private grunnskolar, overslagsløyving | 2 268 292 | 2 528 382 | 986 748 |
71 | Private vidaregåande skolar, overslagsløyving | 559 | 583 | 1 090 038 |
72 | Private vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A, overslagsløyving | 1 500 | 190 472 | |
73 | Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving | 64 041 | ||
74 | Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving | 15 336 | ||
75 | Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving | 148 049 | ||
76 | Andre private skolar, overslagsløyving | 35 417 | ||
77 | Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving | 8 833 | ||
78 | Komplettarande undervisning, overslagsløyving | 25 751 | ||
79 | Toppidrett | 14 337 | ||
80 | Privatskoleorganisasjonar | 609 | ||
81 | Elevutveksling til utlandet | 1 566 | ||
Sum kap. 228 | 2 268 851 | 2 530 465 | 2 581 197 |
Om ordninga
Private skolar som er godkjende etter §§ 2-1 og 6A-1 i privatskolelova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova § 6-4.
I privatskolelova blir det stilt krav om at skolane må drive verksemda si på eit særskilt grunnlag for å kunne bli godkjende etter lova. Dette inneber at skolane, i tillegg til å gi elevane jamgod opplæring, må dokumentere at dei skal ha og har eit særskilt grunnlag. Det ligg ikkje føre ein rett til godkjenning etter lova, men departementet kan etter skjønn godkjenne nye skolar og driftsendringar ved allereie godkjende skolar.
Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar har endra seg frå skoleåret 2005–06 til skoleåret 2007–08. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnitt av tala frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.
Tilskott til private skolar med rett til statstilskott har vore gitt over kap. 228 post 70. Det er innført ny poststruktur på kapitlet, der kvar tilskottsordning får sin eigen post. Dette vil gi betre oversikt over tilskotta til dei ulike typane skolar.
Tabell 4.2 Private skolar, tal på skolar og elevar
Skoletype | Skolar | Elevar | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2005–06 | 2006–07 | 2007–08 | 2005–06 | 2006–07 | 2007–08 | |
Skolar for funksjonshemma | 10 | 10 | 10 | 460 | 469 | 479 |
Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A | 51 | 48 | 46 | 2 693 | 2 525 | 2 498 |
Vidaregåande skolar | 78 | 79 | 79 | 9 616 | 10 575 | 11 388 |
Grunnskolar i Noreg | 144 | 145 | 148 | 13 249 | 13 406 | 13 852 |
Grunnskolar i utlandet | 17 | 16 | 16 | 695 | 666 | 690 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 6 | 5 | 6 | 212 | 123 | 198 |
Sum | 308 | 305 | 307 | 26 997 | 27 926 | 29 105 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Hausten 2007 gjekk om lag 2,2 pst. av grunnskoleelevane i private skolar. Dette er på same nivå som hausten 2006. Hausten 2007 gjekk om lag seks pst. av elevane i private vidaregåande skolar. Dette er på same nivå som hausten 2006.
Tilskottssatsar
Satsane for tilskott til private skolar byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2009 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2007, rapportert gjennom KOSTRA. Grunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunesektoren og ikkje dei private skolane.
Satsane blir justerte for ein venta pris- og lønnsauke frå 2008 til 2009. Satsane er tilpassa dei endringane som vart gjorde i St.prp. nr. 39 (2006–2007) Om endringer på statsbudsjettet for 2007 under Kunnskapsdepartementet. Dette medfører at utgifter til drift og vedlikehald av skolebygg i kommunar som har oppretta selskap som erstattar kommunal tenesteproduksjon, inngår i utrekninga av satsane for dei private skolane. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på nettsida til Utdanningsdirektoratet, www.utdanningsdirektoratet.no.
Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving
Tilskottssatsen blir rekna ut særskilt for barnetrinnet og ungdomstrinnet og er avhengig av storleiken på skolen. Små skolar får eit høgre tilskott per elev enn store skolar. Tilskott blir gitt med 85 pst. av tilskottssatsen. Private grunnskolar skal, etter privatskolelova, ha dekt 100 pst. av dei gjennomsnittlege utgiftene til pensjonstilskott i offentlege skolar. Tilskottet omfattar utgifter til frukt og grønt for skolar med ungdomstrinn. Dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Ordninga med kommunekorreksjonsfaktor er under utfasing over ein treårsperiode frå 1. januar 2008, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) Kunnskapsdepartementet.
Oppmodingsvedtak nr. 545, 14. juni 2007, vart fatta av kirke-, utdannings- og forskningskomiteen i Innst. O. nr. 88 (2006–2007) ved behandlinga av Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) Om lov om endringar i friskolelova, og lyder slik:
«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen for skolen er gjennomført (jf. Innst. O. nr. 88).»
Privatskolelova § 6-1 slår fast at godkjende skolar
«får statstilskot til godkjent opplæring med 85 pst. av eit tilskotsgrunnlag per elev. Til grunn for tilskotsgrunnlaget ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. (…) For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små, mellomstore og store skolar».
Det bør derfor vere best mogleg samanheng mellom den faktiske kostnadsstrukturen i offentleg skole og satsane for tilskott til private grunnskolar.
Høgskolen i Molde har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomgått tilskottsmodellen til dei private skolane. Analysen viser at dagens modell ikkje i tilstrekkeleg grad fangar opp kostnadsstrukturen i offentlege skolar. Departementet ønskjer å vurdere løysingar for justering av modellen i samband med budsjettet for 2010, slik at den tek betre omsyn til kostnadsstrukturen i offentlege skolar. Privatskoleorganisasjonane vil bli tatt med i dette arbeidet.
Departementet forslår å løyve 982,4 mill. kroner på posten. Regjeringa foreslår å auke timetalet i grunnskolen med to timar til fysisk aktivitet, og løyvinga er derfor auka med 0,8 mill. kroner i 2009.
Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving
Dei private skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. Tilskottet omfattar utgifter til gratis læremiddel for elevar på Vg1 i 2009. Dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Det er oppdaga at det over fleire år har vore eit avvik i utrekninga av satsar til private vidaregåande skolar. Avviket består i at nettotrekket i tilskottssatsen er for lågt, det vil seie at tilskottssatsen har vore for høg samanlikna med utgiftene i tilsvarande offentlege vidaregåande skolar. I 2008 utgjorde dette 29 mill. kroner i tilskott til private vidaregåande skolar. Satsane for 2009 er korrigerte i høve til dei trekka som skal liggje inne i utrekninga av satsane. Dette reduserer satsane noko samanlikna med 2008.
Posten omfattar òg eit årleg særskilt tilskott til Kongshaug Musikkgymnas som kjem i tillegg til det skolen får etter privatskolelova. I 2009 vil skolen få 2,9 mill. kroner i særskilt tilskott.
Departementet foreslår å løyve 1,1 mrd. kroner på posten.
Post 72 Private vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A, overslagsløyving
Satsane til vidaregåande skolar med yrkesretta opplæring utanom det offentlege skoleverket er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar. Unntak frå dette er Norsk yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A får 75 pst. av tilskottssatsane.
Asker kunstfagskole, Ålesund kunstfagskole og Einar Granum kunstfagskole fekk fram til hausten 2008 tilskott som private vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A. Skolane er no godkjende som fagskolar og får i 2009 tilskott over kap. 276 post 72. Bergen kunstskole har fått tilskott som privat vidaregåande skole, men er no godkjend som fagskole. Departementet foreslår derfor at skolen får tilskott over kap. 276 post 72 i 2009.
Departementet forslår å løyve 190,5 mill. kroner på posten.
Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving
Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Tilskottet omfattar utgifter til frukt og grønt for skolar med ungdomstrinn. Dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Departementet foreslår å løyve 64 mill. kroner på posten.
Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving
Norske private vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av same grunnlag som for elevar i private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Tilskottet omfattar utgifter til gratis læremiddel for elevar på Vg1 i 2009. Dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Departementet foreslår å løyve 15,3 mill. kroner på posten.
Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1 fjerde ledd. Skolane får i tillegg tilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003). Det er ei rekkje forhold knytte til desse skolane som bør vurderast nærmare, mellom anna forholdet mellom denne typen private «spesialskolar» og den offentlege skolen, tilskottsforvaltninga, ivaretakinga av kvar enkelt elevs behov, forholdet mellom behandling og opplæring og bruken av uttrykket «funksjonshemma», jf. Innst. O. nr. 88 og Ot.prp. nr. 37 (2006–2007). Departementet er i gang med å gjennomføre ei utgreiing i samsvar med dette, og vil som varsla i Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak om dei særskilde skolane for funksjonshemma våren 2009.
Departementet foreslår å løyve 148 mill. kroner på posten.
Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving
Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Sjøaspirantskole M/S Gann får tilskott tilsvarande 85 pst. av eit godkjent budsjett. Departementet er i gang med å vurdere tilskottsordninga, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Kunnskapsdepartementet. Skoleskipet Gann fekk ny godkjenning hausten 2007. Ein fullstendig årsrekneskap for skolen bør liggje inne som grunnlagsmateriale før ny tilskottsmodell blir utarbeidd. Departementet vil derfor komme tilbake til dette. Tilskottet omfattar utgifter til gratis læremiddel for elevar på Vg1 i 2009. Dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Departementet foreslår å løyve 35,1 mill. kroner på posten.
Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving
Det er forhandla fram ein ny avtale med Den tyske skolen i Oslo. Forslag om å godkjenne avtalen vil bli lagt fram i ein eigen stortingsproposisjon frå Utanriksdepartementet. Med den nye avtalen vil tilskottet til den tyske skolen bli regelstyrt. Departementet foreslår derfor at tilskottet til skolen blir flytta på eigen post med overslagsløyving under kap. 228. Tilskottet til skolen vil bli rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen.
På grunnlag av antatt elevtal i 2009 foreslår departementet å løyve 8,8 mill. kroner på posten.
Post 78 Kompletterande undervisning, overslagsløyving
Formålet med ordninga er å bidra med finansiering slik at elevar ved utanlandske eller internasjonale skolar kan få kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk. Målgruppa er statsborgarar i grunnskolealder frå Noreg eller ein annan EØS-stat (som er barn av EØS-borgarar med både arbeid og bustad i Noreg) ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar. Tilskottet blir gitt med 85 pst. av fastsett sats per time, men kan variere ut frå storleiken på undervisningsgruppa. Det vart behandla 601 søknader i 2007, og 541 fekk innvilga tilskott.
Departementet foreslår å løyve 25,8 mill. kroner på posten.
Post 79 Toppidrett
Skolane til Wang og Norges Toppidrettsgymnas får, i tillegg til tilskottet etter privatskolelova, om lag kr 17 700 i særskilt toppidrettstilskott per elev. Tilskottet blir gitt for maksimalt 810 elevar.
Toppidrettstilskottet vart innført ved eit eige budsjettvedtak i Stortinget i 1999, jf. Budsjett-Innst. S. nr 12 (1998–1999) og St.prp. nr. 1 (1998–1999):
«Private videregående skoler med toppidrettstilbud som går ut over læreplanene for studieretning for idrettsfag, kan etter særskilt godkjenning få tilskudd til toppidrettstilbudet. (…) Det gis tilskudd for maksimalt 810 elever til sammen ved de skolene som får tilskudd. Det fastsatte maksimale elevtallet som kan utløse toppidrettstilskudd, er ikke til hinder for at skolene kan få tilskudd for et høyere elevtall (…) etter den ordinære satsen for idrettsfag. (…) Følgende skoler får tilskudd: Norges Toppidrettsgymnas, Wang.»
Talet på 810 tilsvarer det elevtalet som hadde rett til tilskott da ordninga vart innført, med fordelinga 180 elevar ved Wang og 630 elevar ved Norges Toppidrettsgymnas. Taket for talet på elevar som kan få tilskottet, og fordelinga mellom dei to skolane, har lege fast sidan tilskottet vart innført. Regjeringa finn ikkje rom for å auke posten i budsjettet for 2009, men foreslår at tilskottet blir ført vidare på same nivå og med same fordeling som i 2008. Departementet vil foreta ein samla gjennomgang av ordninga saman med sentrale partar, for å vurdere om det er hensiktsmessig å leggje om støtteordninga i 2010-budsjettet.
Departementet foreslår å løyve 14,3 mill. kroner på posten.
Post 80 Privatskoleorganisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive samordningsoppgåver for medlemsskolane sine. Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar med medlemsskolar som er godkjende etter privatskolelova. I 2007 fekk fem organisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 234 godkjende medlemsskolar. I 2008 var det 239 godkjende medlemsskolar for dei same organisasjonane.
Departementet foreslår å løyve 0,6 mill. kroner på posten.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.
Departementet foreslår å løyve 1,6 mill. kroner på posten.
Kap. 229 Andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar | 11 418 | 11 909 | 12 433 |
Sum kap. 229 | 11 418 | 11 909 | 12 433 |
Post 70 Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere tryggleiksopplæring for fiskarar. Opplæringa er regulert av FOR 1989-02-10 nr. 88 Forskrift om sikkerhetsopplæring for fiskere med heimel i lov av 5. juni 1981 nr. 42 om sertifikatpliktige stillingar på norske skip, borefartøy og andre flyttbare innretningar på sjøen. Lova og forskrifta er forvalta av Nærings- og handelsdepartementet. Frå 1. juni 2006 er tryggleiksopplæring for fiskarar berre arrangert på kursfartøy. I 2007 gjennomførte 1 024 deltakarar denne opplæringa, ein reduksjon på 22 frå året før. På grunnkursa vart 65 pst. av kapasiteten nytta, og på repetisjonskursa vart kapasiteten nytta fullt ut.
Departementet viser til merknad frå kirke-, utdannings- og forskningskomiteen i Budsjett-Innst. S. nr. 12 (2007–2008):
«Komiteen ber Regjeringen vurdere tiltak for å sikre at sikkerhetsopplæringen for fiskere videreføres som en viktig og nasjonal satsning for sikkerhet for fiskere. I denne sammenheng bes departementet vurdere å ta inn igjen opprinnelig eller reformulert avtale med Troms fylkeskommune ang. opplæringsordningen.»
Departementet har vurdert at ein avtale med Troms fylkeskommune ikkje er formålstenleg da det allereie er forskriftsfesta at Troms fylkeskommune har ansvar for administrasjon av opplæringa. Etter departementet si vurdering vil ein avtale ikkje kunne regulere andre forhold enn det som allereie er fastsatt i forskrift.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 591 996 | 585 136 | 618 546 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 62 311 | 47 703 | 49 802 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 7 283 | 7 174 | 7 468 |
Sum kap. 230 | 661 590 | 640 013 | 675 816 |
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald
Løyvinga gjeld:
Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) med 13 statlege kompetansesenter og kjøp av tenester frå tre private institusjonar, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige
Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring
Midtlyngutvalet: Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov
prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma
utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid m.m.
tildeling til fylkesmannsembeta for rettleiing innanfor tilpassa opplæring og spesialundervisning
utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel
Statped er eit nettverk av spesialpedagogiske senter under Utdanningsdirektoratet. Statped skal bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov får ei god og tilrettelagd opplæring og eit tilfredsstillande læringsutbytte som fører til meistring. I tillegg skal Statped utvikle kompetanse og formidle kunnskap om spesialundervisning og likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring til brukarar og fagmiljø.
Rapport for 2007–08
I juni 2007 vart det oppnemnt eit offentleg utval, Midtlyngutvalet, som skal gjennomgå tiltakskjeda for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov generelt, og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) spesielt. Dette er ei oppfølging av tiltak omtalte i St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen, jf. Innst. S. nr. 164 (2006–2007). Midtlyngutvalet skal leggje fram innstillinga si innan 1. juli 2009.
Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra har i 2007 ført vidare fagprofilen som er forankra i dei to hovudområda tenesteyting og fagutvikling med formidling.
Tenesteproduksjonen i Statped hadde med små variasjonar om lag same profil og innretning i 2007 som året før. Tabellen under syner fordeling av ressursar på dei ulike vanskeområda.
Tabell 4.3 Ressursinnsats frå Statped på dei ulike vanskeområda (i pst.)
2005 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|
Syn | 16,2 | 16,2 | 17,0 |
Hørsel (inkludert skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde) | 44,6 | 42,1 | 44,7 |
Språk- og talevanskar | 11,0 | 11,0 | 11,4 |
Samansette lærevanskar og åtferdsvanskar | 14,7 | 16,1 | 18,2 |
Sosiale og medisinske institusjonar | 5,5 | 5,9 | – |
Spesialpedagogiske tenester i Nord-Noreg (inkludert samisk spesialpedagogisk stønad) | 7,0 | 8,0 | 8,4 |
Fellestiltak / andre tiltak | 1,0 | 0,7 | 0,3 |
Sum | 100,0 | 100,0 | 100,0 |
Læremiddelutvikling og -produksjon var ein prioritert aktivitet. Det gjeld spesielt læremiddel til synshemma og døve og sterkt tunghørte elevar. Dei aktuelle sentra bidrog også med å leggje til rette eksamensoppgåver, kartleggingsprøver og nasjonale prøver for dei same brukargruppene.
Nordnorsk kompetansesenter og Nordnorsk spesialpedagogisk nettverk vart frå 1. januar 2008 samordna til Statped Nord for å få ei meir effektiv tenesteyting i dei tre nordlegaste fylka.
Skolane ved dei sosiale og medisinske institusjonane, inklusiv løyvinga, vart frå 1. januar 2007 overførde til vertsfylkeskommunane.
Fleire av sentra medverka i oppfølginga av Strategi for læringsmiljø i grunnopplæringa (2005–2008) ved implementering av programma Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling i skolen (PALS) og Læringsmiljø og pedagogisk analyse (LP-modellen). Arbeidet med å få kartlagt organiseringa av og kompetansen i den kommunale og fylkeskommunale pedagogiske og psykologiske tenesta vart utsett for å kunne samordne kartlegginga med arbeidet til Midtlyngutvalet.
Samarbeidet med spesialisthelsetenesta, universitet og høgskolar og internasjonalt arbeid vart utvikla vidare. Syns- og hørselssentra medverka i utdanning av fagfolk med syns- og hørselsfagleg kompetanse ved NTNU og UiO.
Mål for 2009
Statped skal arbeide etter følgjande mål:
å yte spesialpedagogiske tenester av god kvalitet til rett tid på individ- og systemnivå, særleg på område der ein ikkje kan vente at kommunane har kompetanse
å sikre skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring, etter avtale med oppdragsgivar
å syte for mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar
å utvikle, produsere og distribuere læremiddel
Budsjettforslag for 2009
For å få betre samsvar mellom løyvingar til direktoratets permanente driftsoppgåver på kap. 220 og kap. 230 og midlertidige utviklingsoppgåver på kap. 226 er det omdisponert midlar på desse kapitla, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008.
I tillegg foreslår departementet å flytte 0,5 mill. kroner som går til faste driftsoppgåver, frå kap. 230 post 01 til kap. 220 post 01. Midlar til lydbokproduksjon er overførde til posten, jf. omtalen over. Departementet foreslår samstundes å redusere kap. 230 post 01 med 6 mill. Resultatet av dette er ein liten auke i løyvinga på post 01. Departementet foreslår at løyvinga på kap. 230 postane 21 og 45 blir ført vidare på tilsvarande nivå som i 2008.
Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, kap. 3230 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Løyvinga på post 45 kan overførast.
Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 63 239 | 47 703 | 49 802 |
02 | Salsinntekter o.a. | 7 408 | 5 819 | 12 757 |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 472 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 3 453 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 12 554 | ||
Sum kap. 3230 | 87 126 | 53 522 | 62 559 |
Post 01 gjeld oppdragsverksemd som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs (kursmateriell, deltakarbetaling og opphaldsutgifter i samband med kurs).
På grunn av at utgiftspost 01 under kap. 230 er foreslått auka som følgje av lydbokproduksjon, blir også kap. 3230 post 01 auka med 6,7 mill. kroner.
Programkategori 07.30 Barnehagar
Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
231 | Barnehagar | 18 112 358 | 21 584 258 | 24 314 940 | 12,7 |
Sum kategori 07.30 | 18 112 358 | 21 584 258 | 24 314 940 | 12,7 |
Kap. 231 Barnehagar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51 | 75 317 | 77 367 | 88 136 |
50 | Tilskott til samiske barnehagetilbod | 11 870 | 12 380 | 12 925 |
51 | Forsking, kan nyttast under post 21 | 6 488 | 6 767 | 7 065 |
60 | Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving | 13 735 461 | 16 209 680 | 18 120 880 |
61 | Investeringstilskott, overslagsløyving | 266 173 | 207 500 | 173 000 |
62 | Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage | 762 675 | 794 707 | 829 674 |
63 | Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder | 102 523 | 106 829 | 111 529 |
64 | Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving | 21 707 | 10 000 | 33 000 |
65 | Skjønnsmidlar til barnehagar | 3 130 144 | 4 159 028 | 4 938 731 |
Sum kap. 231 | 18 112 358 | 21 584 258 | 24 314 940 |
Å satse på dei små lønner seg stort. Eit godt utbygd og pedagogisk barnehagetilbod gir barn gode og meir likeverdige oppvekst- og læringsvilkår, samstundes som det gir småbarnsforeldre moglegheit til å ta aktiv del i utdannings- og yrkeslivet. Full barnehagedekning, høg kvalitet og låg pris er prioriterte mål og satsingsområde for barnehagepolitikken til regjeringa.
Frå 2009 innfører Regjeringa lovfesta rett til barnehageplass for alle barn som har fylt eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om plass. Målet for regjeringa er at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass.
Høg kvalitet i barnehagane er eit prioritert område for regjeringa, og kompetansen til dei tilsette er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet. Fleire barn i barnehagane fordrar fleire pedagogar, og regjeringa vil derfor styrkje satsinga på rekruttering av førskolelærarar i 2009.
Regjeringa ønskjer å auke merksemda på og kunnskapen om kva som gir gode barnehagar, og vil leggje fram ei stortingsmelding om kvalitet og innhald i barnehagane i 2009. Regjeringa vil òg føre vidare det viktige arbeidet med tidleg innsats og språkstimulering for barn i førskolealder.
Regjeringa vil at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass med god kvalitet. Regjeringa foreslår derfor å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2008. Dette vil Regjeringa gjere kvart år fram til målet om ein maksimalpris på kr 1 750 (2005-kroner) er nådd, truleg i 2012.
Mål: Full barnehagedekning
Tilstandsvurdering
Utbygginga av nye barnehageplassar i kommunane har auka sterkt sidan Barnehageforliket vart inngått på Stortinget i 2003. Frå utgangen av 2003 og fram til utgangen av 2007 har om lag 45 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 59 000 nye heiltids barnehageplassar i den same perioden.
Måltalet for utbygging i 2007 var 22 700 nye barnehageplassar. Desse skulle gi rom for 16 200 fleire barn i barnehage. Tal frå KOSTRA og Asplan Viak syner at måltalet ikkje vart nådd fullt ut, sjølv om 2007 gav ei enda høgre barnehageutbygging enn året før. Heile 18 000 nye heiltidsplassar vart etablerte i løpet av 2007. Dette var 2 000 fleire nye plassar enn det som vart etablert året før, og gav rom for om lag 14 900 fleire barn i barnehage. 72 pst. av dei nye barnehagebarna i 2007 var under tre år.
Tabell 4.4 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar 2003–07
2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|---|---|
Tal på barn i barnehage | 205 172 | 213 097 | 223 501 | 234 948 | 249 815 |
Auke i talet på barn | 6 910 | 7 925 | 10 404 | 11 447 | 14 867 |
Auke i talet på heiltids barnehageplassar | 7 400 | 11 200 | 13 500 | 16 000 | 18 000 |
Dekningsgrad 1-5 år | 69,1 | 72,2 | 76,2 | 80,4 | 84,3 |
–dekningsgrad 1–2 år | 43,8 | 47,8 | 53,9 | 61,8 | 69,3 |
–dekningsgrad 3–5 år | 85,1 | 87,7 | 90,6 | 92,8 | 94,5 |
– dekningsgrad 1 år | 33,4 | 37,0 | 43,4 | 50,7 | 59,5 |
– dekningsgrad 2 år | 54,1 | 58,8 | 64,8 | 72,8 | 79,3 |
– dekningsgrad 3 år | 79,4 | 82,8 | 87,0 | 89,8 | 92,3 |
– dekningsgrad 4 år | 86,9 | 88,9 | 92,1 | 93,8 | 95,3 |
– dekningsgrad 5 år | 89,0 | 91,1 | 93,3 | 94,8 | 95,9 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Asplan Viak
Ved utgangen av 2007 gjekk nærmare 250 000 barn i ein ordinær barnehage eller familiebarnehage. I tillegg gjekk om lag 7 300 barn i open barnehage i 2007. Barn under tre år utgjer no om lag 34 pst. av alle barn i barnehage, mot 31 pst. i 2006.
Som i dei føregåande åra gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2007 med til å auke opphaldstida til barn som allereie har plass i barnehage. Overgangen frå deltid til heiltid var likevel noko mindre i 2007 enn i 2006. I 2007 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom inn i barnehage. I 2006 var dette talet 1,4. Det viser at ein større del av barnehageutbygginga no bidreg til å bringe fleire barn inn i barnehagane.
I 2007 hadde 80 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 75 pst. i 2006. Det vil seie avtalt opphaldstid på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 41,1 til 41,9 timar per veke.
Kommunane står no for ein betydeleg større del av nybygginga i barnehagesektoren enn tidlegare. I 2007 byrja 48 pst. av dei nye barna i ein offentleg barnehage, mot 42 pst. i 2006 og 20 pst. i 2005. Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2007 hadde 54 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 46 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2007 var det i overkant av 6 600 barnehagar i Noreg. Om lag 55 pst. av desse var private.
Regjeringa si definisjon av full barnehagedekning i 2007 var at alle som søkte innan fristen for hovudopptaket våren 2007, skulle få tilbod om ein plass innan utgangen av året. For å måle kor mange av dei som søkte ved hovudopptaket som fekk tilbod om ein barnehageplass i løpet av året, etablerte Kunnskapsdepartementet eit elektronisk barnehagekart. Kommunane rapporterte sjølve inn til kartet talet på dei som søkte og dei som fekk tilbod om ein plass i løpet av året. Sluttstatus for Barnehagekartet i 2007 viste at ved utgangen av året hadde 90 pst. av kommunane barnehageplass til alle som hadde søkt ved hovudopptaket, medan 3 916 barn sto på venteliste i dei kommunane som ikkje hadde nådd full barnehagedekning i løpet av 2007.
Av barna som ikkje fekk plass var 77 pst. busette i Oslo, Bergen, Bærum, Sandnes eller Ålesund. Desse kommunane hadde alle ved årsskiftet ventelister med meir enn 250 barn. Andre kommunar hadde frå eitt til 122 barn på venteliste. Samla var det 42 kommunar som ikkje kunne tilby alle plass. Kommunane nemner større tilflytting og søkning enn dei hadde rekna med, samt lokalgeografiske utfordringar, som til dømes overdekning av barnehageplassar i ein del av kommunen samstundes som det er underdekning av plassar i ein annan, som årsaker til at målet om full barnehagedekning ikkje er nådd. Forsinka utbyggingsprosjekt grunna klager frå naboar og høgt press i byggje- og arbeidsmarknaden er òg årsaker kommunane trekkjer fram.
I tillegg til Barnehagekartet mottok departementet rapport frå kommunane over tal på barn i barnehage og på venteliste per 20. september 2007. Dette er ei årleg rapportering der kommunane, i motsetnad til i Barnehagekartet, rapporterer med utgangspunkt i sine eigne definisjonar av full barnehagedekning. Rapporteringa syner at dei aller fleste kommunane var eller ville komme i mål med full barnehagedekning i 2007, medan nokre større kommunar framleis var eit stykke unna målet.
Fylkesmennene har i 2007 prioritert å følgje opp dei kommunane som har lange ventelister, og som enno ikkje har nådd målet om full barnehagedekning. Fylkesmennene har sett i verk fleire tiltak overfor desse kommunane, mellom anna rettleiing i dei statlege finansierings- og tilskottsordningane for barnehageutbygging og råd om ulike løysingar for å få fortgang i barnehageutbygginga, slik som etablering av faste barnehageplassar i mellombelse lokale.
For å gjere kommunane i stand til å forsere barnehageutbygginga og komme i mål med full barnehagedekning innførde Regjeringa i 2007 eit nytt statleg tilskott til faste barnehageplassar i mellombelse lokale. Satsane for tilskottet vart auka betydelig i revidert nasjonalbudsjett 2008, jf. Innst.S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008). Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar, og rapporteringa frå kommunane per september 2007 syner at mange har teke i bruk mellombelse lokale, jf. post 64.
I revidert nasjonalbudsjett 2008 er det lagt løyvingsmessig til rette for at om lag 264 000 barn skal kunne få eit barnehagetilbod ved utgangen av 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008). Det er over 14 000 fleire barn enn ved utgangen av 2007. Anslaget for talet på barn er mellom anna basert på opplysningar frå kommunane i ei undersøking utførd av TNS Gallup på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, der kommunane opplyser at dei har planar om å etablere 18 000 nye barnehageplassar i 2008. Dersom kommunane sine planar blir realiserte, vil dei aller fleste kommunane ifølgje undersøkinga ha full barnehagedekning ved utgangen av 2008.
Strategiar og tiltak
Det overordna målet for regjeringa er at alle som ønskjer barnehageplass, skal få tilbod om det. Regjeringa innfører ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Målet for 2009 er at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass.
Kommunane har i dag etter barnehagelova plikt til å sørgje for at det er tilstrekkeleg med barnehageplassar for barn i førskolealder. Kravet til kommunane blir skjerpa når ein rett til barnehageplass blir innført, jf. Besl. O. nr. 100 (2007–2008) og Ot.prp. nr. 52 (2007–2008). Retten inneber at barn som har fylt eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har rett til barnehageplass. Retten skal oppfyllast frå august same året, og barn skal ha rett til plass i ein barnehage godkjend etter barnehagelova i kommunen dei bur i. Kommunen skal fastsetje søknadsfrist for opptak i barnehagane og ha minimum eitt opptak i året. Gitt at kommunane gjennomfører sine utbyggingsplanar i 2008, jf. TNS-Gallupundersøkinga, er det grunn til å tru at kommunane vil kunne oppfylle ein lovfesta rett til barnehageplass frå hovudopptaket i 2009.
I statsbudsjettet for 2009 er det lagt til rette for etablering av totalt 2 000 nye barnehageplassar i mellombelse og faste barnehagelokale. Ein reknar med at desse plassane skal gi rom til 1 000 fleire barn. Dette måltalet svarar til forventa etterspurnadsauke ved å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå som i 2008, jf. post 60. Det er i 2009 lagt løyvingsmessig til rette for at om lag 265 000 barn skal kunne få plass i barnehage ved utgangen av 2009. Departementet vil komme tilbake til eventuelle oppdaterte anslag og løyvingsbehov for utbygging av barnehageplassar.
For å sikre stabile rammevilkår og stimulere til vidare utbygging og utvikling av barnehagetilbodet også i 2009 vil staten halde fram med å finansiere drift og etablering av nye barnehageplassar gjennom øyremerkte tilskott. Innlemming av tilskotta til barnehagar i rammetilskottet til kommunane vil etter planen skje i 2011, jf. Ot.prp. nr. 57 (2007–2008), sjølv om ein lovfesta rett til plass vil tre i kraft frå 2009. Det er naturleg å sjå desse sektorendringane i samanhang, men regjeringa ønskjer å gi kommunane god tid til å planleggje overgangen til rammefinansiering.
Regjeringa vil også vidareføre dei auka satsane for tilskottet til faste plassar i mellombelse lokale, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008). Tilskottet skal bidra til fortgang og fleksibilitet i barnehageutbygginga og gjere det mogleg for dei kommunane som treng det, å nå full barnehagedekning raskare.
For at alle som ønskjer det skal få eit godt barnehagetilbod, må utvikling og utbygging av barnehagetilbodet framleis stå høgt på dagsordenen i kommunane. Staten, kommunane og private aktørar samarbeider godt om barnehagesatsinga. Departementet vonar at innføringa av rett til barnehageplass vil medverke til at samarbeidet om barnehagesektoren framleis blir prioritert høgt av alle partar.
Stortinget slutta seg i 2007 til regjeringa si haldning til situasjonen for sjukehusbarnehagane, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (2006–2007), St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Helse- og omsorgsdepartementet og St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. Dette innebar at dei aktuelle kommunane og helseføretaka ut frå dei lokale behova finn løysingar som sikrar nødvendige barnehageplassar. Helseføretaka ønskjer i nokre tilfelle å redusere eller leggje ned drifta av sjukehusbarnehagane fordi dei ikkje er ein del av kjerneverksemda. Regjeringa har foreslått ei endring i finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehagar som følgje av innlemming av barnehagetilskott i rammetilskottet til kommunane, jf. Ot.prp. nr. 57 (2007–2008). Ein ny finansieringssituasjon vil gjelde for alle barnehagane frå 2011, inkludert sjukehusbarnehagane. Inntil innlemming av barnehagetilskott blir innført, legg regjeringa vekt på at det er viktig at helseføretaka og kommunane finn fram til lokale løysingar, som gjer at talet på barnehageplassar ikkje blir redusert i kommunar der dei trengst for å nå full barnehagedekning. Dette er viktig av omsyn til regjeringas og kommunanes felles mål om full barnehagedekning. Det er òg viktig for at kommunane skal kunne oppfylle lovfesta rett til barnehageplass.
Mål: Høg kvalitet
Tilstandsvurdering
Barnehagen er barn sitt første institusjonaliserte møte med den livslange læringa, og overgang frå barnehage til skole er på veg til å bli ei universell røynsle for barn. Eit godt utbygd og pedagogisk barnehagetilbod gir barn gode og samstundes meir likeverdige oppvekst- og læringsvilkår. Barnehagane er viktige samfunnsinstitusjonar. Barnehagelova og rammeplanen om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen definerer samfunnsmandatet til barnehagane, og legg føringar på kva ein god barnehage skal vere. Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter i nær forståing og samarbeid med heimen til barna.
Sidan rammeplanen legg føringar for kva ein god barnehage skal vere, er det viktig at personalet i barnehagane bruker denne i sitt daglege arbeid. Den reviderte rammeplanen tok til å gjelde frå 1. august 2006. På oppdrag frå departementet gjennomfører Høgskolen i Vestfold ei evaluering av rammeplanen. Formålet med evalueringa er å få informasjon om korleis rammeplanen blir brukt i barnehagesektoren, og om korleis personalet i sektoren opplever og vurderer planen. Resultata skal liggje føre våren 2009.
Ei viktig oppgåve for fylkesmennene er å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Tilsynet skal sikre at krava i barnehagelova blir oppfylte. Rapportering frå fylkesmennene for 2007 syner at det er variasjonar mellom embeta i omfanget av tilsynet, men mange embete har arbeidd grundig og målretta med tilsyn. For å styrkje tilsynet ytterlegare har departementet i 2008 stilt minimumskrav til tilsynsomfang og skjerpa rapporteringskrava.
I tillegg har fylkesmennene i 2007 gjennomført ei rekkje tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane, som samlingar, nettverk og konferansar om ulike tema, og direkte oppfølging av kommunar. Dei fleste embeta har eit godt samarbeid med høgskolar om lokal kompetanseutvikling.
I 2007 vart det fordelt om lag 19 mill. kroner til barnehageforsking, jf. post 51, gjennom Program for velferdsforskning (2004–2008) og Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning (2006–2010) (PRAKSISFOU) som Noregs forskingsråd forvaltar. Program for velferdsforskning (2004–2008) har som mål å bringe fram eit fagleg kunnskapsgrunnlag som er relevant for politiske beslutningstakarar og for den offentlege debatten. Forskingsprogrammet PRAKSISFOU skal fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving, gi kunnskap om innhaldet og kvaliteten i barnehagen og medverke til at forskingsbasert kunnskap blir teken i bruk. I 2007 fekk ni barnehageprosjekt midlar gjennom PRAKSISFOU, og i 2008 har ytterlegare tre prosjekt fått midlar.
Etter avslutninga av OECDs Thematic Review of Early Childhood Education and Care Policy, etablerte OECDs utdanningspolitiske komité i 2007 eit barnehagenettverk for medlemslanda. Samarbeidet i nettverket bidreg til at Noreg kan sjå seg sjølve i relasjon til andre land det er naturleg å samanlikne seg med, og lære av dei i utforminga av barnehagepolitikken. Mandatet for nettverket er å utvikle, dele og offentleggjere røynsler, forsking og god praksis i medlemslanda, vere eit forum for å presentere ny forsking om politikkutforming og identifisere nye område for forsking og analyse. Nettverket skal òg medverke til kontakt mellom forskarar, politikkutformarar og praktikarar og med andre internasjonale nettverk i tilgrensande område.
Personale og kompetanse i barnehagen
God kompetanse hos personalet og nok førskolelærarar/pedagogar er viktig for å kunne gi eit barnehagetilbod av høg kvalitet.
Tabell 4.5 Personale i barnehagane
2005 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|
Tal på tilsette | 64 728 | 69 655 | 76 089 |
Tal på årsverk | 50 331 | 54 896 | 60 525 |
Tal på barn per årsverk | 4,4 | 4,3 | 4,1 |
– offentlege barnehagar | 4,3 | 4,2 | 4,0 |
– private barnehagar | 4,6 | 4,4 | 4,3 |
Tal på styrarar og pedagogiske leiarar | 20 649 | 22 334 | 24 612 |
– i pst. av dei tilsette | 31,9 | 32,1 | 32,3 |
Tilsette med godkjend førskolelærarutdanning | 21 803 | 22 893 | 24 093 |
– i pst. av dei tilsette | 33,7 | 32,9 | 31,7 |
Anna pedagogisk personale | 5 639 | 5 620 | 5 905 |
– i pst. av dei tilsette | 8,7 | 8,1 | 7,8 |
Styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning | 2 244 | 2 932 | 4 180 |
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar | 10,9 | 13,1 | 17,0 |
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2007 var det om lag 76 000 tilsette som utførde vel 60 500 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på over 5 500 årsverk frå året før. I overkant av 24 500 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2005 har talet på tilsette i sektoren auka med om lag 11 500 personar.
Talet på barn per årsverk viser ein svak nedgang frå 2005 til 2007. Det har vore ein sterk auke i talet på barnehageplassar for barn under tre år i denne perioden, noko som kan forklare nedgangen. Etter forskriftene til barnehagelova skal det vere ein pedagogisk leiar per sju–ni barn når barna er under tre år, og ein pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år.
Delen av dei tilsette med førskolelærarutdanning har hatt ein nedgang frå 33,7 pst. i 2005 til 31,7 pst. i 2007 på landsbasis. Delen av dei tilsette i barnehagane som arbeider som styrar eller pedagogisk leiar utan godkjend førskolelærarutdanning, har auka med om lag fire prosentpoeng frå 2006 til 2007, og var 17 pst. på landsbasis i 2007.
Nokre fylke har større utfordringar når det gjeld å rekruttere nok førskolelærarar enn andre. Oslo og Akershus har dei største vanskane. Her har delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning auka frå høvesvis 21,8 pst. og 22,1 pst. i 2006 til 27,8 pst. og 26,5 pst. i 2007. Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning har auka i alle fylka i landet, bortsett frå i Finnmark, som har ein svak reduksjon på 0,6 prosentpoeng.
Tabell 4.6 Utdanning av førskolelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet
2004 | 2005 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|---|
Opptak til førskolelærarutdanning | 1 943 | 2 091 | 2 361 | 2 439 |
– av dette menn | 250 | 316 | 335 | 314 |
– del menn (i pst.) | 12,9 | 15,1 | 14,2 | 12,9 |
Uteksaminerte førskolelærarar | 1 289 | 1 331 | 1 272 | 1 435 |
– av dette menn | 74 | 99 | 106 | 128 |
– del menn (i pst.) | 5,7 | 7,4 | 8,3 | 8,9 |
Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)
Talet på studentar som er tekne opp til førskolelærarutdanninga, har auka frå 1 943 i 2004 til 2 439 i 2007, jf. omtale under kategori 07.60, kap. 275. På lengre sikt vil auka opptak medverke til å auke talet på uteksaminerte førskolelærarar. Ferdig uteksaminerte førskolelærarar har auka frå 1 272 i 2006 til 1 435 i 2007, ein auke på om lag 13 pst. Tal frå Samordna opptak (SO) per april 2008 syner at talet på søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, har auka med 15,2 pst. frå 2007 til 2008. Auken frå 2006 til 2007 var på 6,8 pst.
I 2007 vart det nytta 8 mill. kroner til tiltak knytte til Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011). Høgskolen i Oslo og Oslo kommune fekk midlar til å setje i gang ei arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning retta mot assistentar i barnehagane. Departementet har òg gitt midlar til eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og kommunar i Rogaland om desentralisert førskolelærarutdanning for assistentar som arbeider i barnehage. Vidare har departementet gitt midlar til tiltak for å auke rekrutteringa og gjennomstrøyminga av tospråklege studentar i førskolelærarutdanninga. Kunnskapsdepartementet styrkte i 2007 støtta til rettleiingsprogrammet for nyutdanna lærarar. Styrkinga vart øyremerkt nyutdanna førskolelærarar, og om lag 400 nyutdanna førskolelærarar fekk ta del i dette rettleiingsprogrammet i 2007. Kunnskapsdepartementet tildelte i 2007 òg midlar til fylkesmannsembete i pressområde til regionale og lokale prosjekt for å fremme rekruttering av førskolelærarar til barnehagane.
Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har på oppdrag frå departementet vurdert yrkesstabiliteten til alle som har fullført utdanning som førskolelærar ifrå 1971. Veksten i talet på førskolelærarar i perioden 2000 til 2005 har i stor grad vore kanalisert inn i barnehagane. Nesten 70 pst. av dei nyutdanna førskolelærarane byrja å jobbe i barnehage. Departementet gav NOVA i oppdrag å følgje opp rapporten med ei undersøking av utdanning, alder, bakgrunn og yrkesstabilitet også for dei tilsette som ikkje er førskolelærarar. Resultatet syner at om lag to tredjedelar av dei utan førskolelærarutdanning, har utdanning på vidaregåande nivå eller høgre. Resultata syner òg, til forskjell frå tidlegare undersøkingar, at det er førskolelærarane som er den mest stabile yrkesgruppa i barnehagen. Av dei barnehagetilsette utan førskolelærarutdanning hausten 2005 var 53 pst. også tilsette i barnehage i 2002, mens om lag 80 pst. av førskolelærarane som jobba i barnehage i 2005, også var tilsette i barnehage i 2002.
Kunnskapsdepartementet vidareførte satsinga på kompetanseutvikling i barnehagesektoren i 2007. Om lag 64 mill. kroner vart i 2007 nytta til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak, sjå nærmare rapport under postane 21, 51 og 63. Midlane vart førde vidare i 2008. Departementet la i 2007 fram Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010). Målet med strategien er å styrkje kompetansen til dei tilsette innanfor dei prioriterte satsingsområda pedagogisk leiing, barns medverknad, språkmiljø og språkstimulering og samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole, samt å auke kompetansen om det mandatet barnehagelova og rammeplanen gir. Strategien skal også stimulere til kompetanseutvikling for barnehageeigarar, kommunane som barnehagemyndigheit, høgre utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø. Fylkesmennene har ei sentral rolle i gjennomføringa av kompetansestrategien, og forvaltar lokale midlar til kompetanseutvikling. I 2007 vart kompetansen til styrarane innanfor pedagogisk leiing prioritert. Departementet har i samarbeid med nokre fylkesmenn arrangert nasjonale konferansar.
Kunnskapsdepartementet har gitt Asplan Viak og Fafo i oppdrag å kartleggje gjennomføringa av Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010). Første delrapport skal leverast departementet hausten 2008.
I første halvdel av 2008 gav departementet ut to temahefte, eitt om tal, rom og form og eitt om barn med nedsett funksjonsevne. Hovudmålet med temahefta er å inspirere barnehagane og å spreie gode eksempel. Kunnskapsdepartementet har vidare tildelt midlar til eit landsdekkjande vidareutdanningstilbod i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar som arbeider i barnehagen.
Departementet har utarbeidd rettleiaren Fra eldst til yngst. Samarbeid og sammenheng mellom barnehage og skole, som vart send til alle barnehagar, skolar, kommunar og fylkesmenn våren 2008. God samanheng mellom barnehage og skole kan bidra til å ta hand om barnets behov for tryggleik i overgangsprosessen og bidra til heilskap i læringsløpet. Rettleiaren skal først og fremst gi retningslinjer og anbefalingar, klargjere gjeldande reglar på feltet og vise gode måtar å følgje opp desse på.
Lærings- og omsorgsmiljøet i barnehagen er viktig. I tiltaksplanen Manifest mot mobbing (2006–2008) er det særleg lagt vekt på implementering av rammeplanen for barnehagen og barn sin rett til medverknad.
Stortingsmeldinga om språk vart lagd fram våren 2008, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer, språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og voksne. Meldinga omtalar utfordringar og tiltak for å styrkje språkopplæringa i eit livslangt perspektiv. Meldinga peiker på behovet for tverretatlege, heilskaplege tiltakskjeder i kommunane, slik at alle barn kan få tilbod om naudsynt språkstimulering. Språkstimulering til barn som ikkje går i barnehage kan til dømes bli gitt i samarbeid mellom foreldre, helsestasjon barnehage og skole. Sjå òg omtale under kategori 07.20.
Likestilling
Likestilling er ein del av verdigrunnlaget i barnehagane. Departementet arbeider for auka rekruttering av menn til barnehagen og for ein pedagogikk som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter og like moglegheiter til å bli sett og hørt. For å kunne gi eit godt barnehagetilbod er det viktig at alle barnehagar har eit bevisst forhold til likestilling i den daglege omsorga for barna. Barn og unge treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse.
Handlingsplanen Den gode barnehagen er en likestilt barnehage (2004–2007) vart avslutta i 2007. Sluttrapport frå handlingsplanen peiker på at likestilling er sett på dagsordenen i heile landet – i barnehagar, blant barnehageeigarar, kommunar og ved universitet og høgskolar.
Tabell 4.7 Menn i barnehagane 2003–07
2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|---|---|
Menn i alt | 4 606 | 4 845 | 5 715 | 6 202 | 7 013 |
i pst. av dei tilsette | 7,9 | 8,0 | 8,8 | 8,9 | 9,2 |
Styrarar og pedagogiske leiarar | 1 053 | 1 112 | 1 263 | 1 350 | 1 545 |
Assistentar1 | 1 688 | 1 896 | 2 387 | 2 780 | 3 230 |
Andre stillingsgrupper | 1 865 | 1 837 | 2 065 | 2 072 | 2 238 |
1 Inkludert tospråklege assistentar
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Målet i handlingsplanen var 20 pst. mannlege tilsette i barnehagane innan utgangen av 2007. Tabellen syner at i perioden for handlingsplanen (2004–07) har det vorte om lag 2 400 fleire menn i barnehagane. Det er ein auke på over 50 pst. Ved utgangen av 2007 var det 7 000 menn i norske barnehagar. Etter anslag frå Statistisk sentralbyrå (SSB) har om lag 830 av 6 600 barnehagar nådd målet om 20 pst. menn. På landsbasis har ein ikkje lykkast med å auka delen tilstrekkeleg til at målet er nådd. Delen menn har auka frå 7,9 pst. i 2003 til 9,2 pst. i 2007. Ein må sjå den svake auken i samanheng med den sterke utbygginga av barnehagar i perioden, som krev fleire tilsette totalt.
Delen menn som fullfører førskolelærarutdanninga har auka, men er framleis berre på vel 9 pst. av studentane. Opptaket av menn til utdanninga har vore relativt stabilt i perioden 2004– 2007. Relativt fleire menn enn kvinner fullfører ikkje utdanninga.
Våren 2008 lanserte departementet Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010). Denne har nokre nye tiltak og skal føre vidare arbeidet med å nå målet om at 20 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere menn.
Barn med nedsett funksjonsevne
Barnehagen skal gi alle barn eit pedagogisk tilbod av god kvalitet. Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold i barnehagen for at dei skal få eit godt pedagogisk tilbod i barnehagen. Staten gir derfor eit tilskott til kommunane til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage, jf. post 62. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp, jf. opplæringslova § 5-7.
ECON utførde vinteren 2008, på oppdrag frå departementet, ei spørjeundersøking i kommunane om deira praksis når det gjeld handsaming av dette tilskottet og tiltak etter § 5-7 om spesialpedagogisk hjelp i opplæringslova. Resultata syner mellom anna at 70 pst. av kommunane nyttar heile eller størstedelen av statstilskottet til tiltak for enkeltbarn. Eit mindretal av kommunane (20 pst.) nyttar heile eller størstedelen av tilskottet til fellestiltak. Tiltaka omfattar først og fremst personalressursar. Eit fåtal kommunar (seks pst.) prøver å samle barn med nedsett funksjonsevne i ein eller få barnehagar.
Innanfor forskingsprogrammet PRAKSISFOU vart fire prosjekt som omhandlar barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen, tildelt midlar i 2007.
Sommaren 2007 vart Midtlyngutvalet oppnemnt. Utvalet skal gjennomgå tiltakskjeda for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov generelt, og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet spesielt. Sjå nærmare omtale under kategori 07.20.
Minoritetsspråklege barn
Eit pedagogisk godt tilbod for minoritetsspråklege barn må leggje vekt på språkstimulering. Minoritetsspråklege barn kan ha særskilde språklege utfordringar fordi dei både må lære seg morsmålet sitt og norsk. Språkleg forståing opnar for sosiale fellesskap, og barnehagen er derfor ein viktig integrerings- og språkopplæringsarena for minoritetsspråklege barn i førskolealder.
På oppdrag frå departementet gjennomførde Rambøll Management eit analyseoppdrag våren 2008 der det vart henta inn kunnskap om kommunanes tilrettelegging for språkstimulering og språkkartlegging for barn i og utanfor barnehagen. Resultata syner at dei fleste kommunane har tiltak for språkstimulering i barnehagane, og at språkkartlegging er grunnlaget for dette.
Det har vore eit mål å auka delen minoritetsspråklege barn i barnehagen. Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage, som vil seie barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk, har auka frå om lag 15 700 i 2006 til nærmare 18 900 i 2007. I 2007 gjekk om lag 63 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke frå 57 pst. i 2006. I 2007 gjekk 90 pst. av alle minoritetsspråklege femåringar i barnehage, mot 96 pst. av alle femåringar i befolkninga totalt.
Eitt av tiltaka for å auke delen minoritetsspråklege barn i barnehage har vore forsøk med gratis kjernetid. Frå 2006 er det gitt tilbod om gratis kjernetid til fire- og femåringar i utvalde bydelar i Oslo. Tiltaket legg vekt på å rekruttere barn som ikkje har barnehageplass, og på å gi systematisk språkstimulering i barnehagane. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Ved utgangen av 2007 var det 925 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 788 i 2006. I 2007 utgjorde dette 3,8 pst. av alle førskolelærarar som arbeidde i norske barnehagar. Hausten 2007 hadde 6,1 pst. av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Strategiar og tiltak
Eit viktig mål for barnehagepolitikken til regjeringa i 2009 er at barnehagen skal gi barn eit pedagogisk tilbod av høg kvalitet. Regjeringa vil leggje fram ei eiga stortingsmelding om kvalitet og innhald i barnehagen i 2009. Det er nesten ti år sidan føregåande stortingsmelding om kvalitet i barnehagane vart lagd fram, jf. St.meld. nr 27 (1999–2000) Barnehage til beste for barn og foreldre. Sidan da har det vore omfattande endringar i sektoren. Meldinga vil gjere greie for tilstanden i sektoren med særleg fokus på kvalitet og innhald, peike på utfordringar og gjere greie for regjeringas barnehagepolitikk framover.
Kompetansen til dei tilsette er ein viktig faktor for at barnehagetilbodet skal holde høg kvalitet. Eit viktig mål for 2009 er å auke talet på pedagogar i barnehagen. Den store auken i talet på barnehageplassar dei siste åra har ført til ei utfordring med å skaffe nok førskolelærarar til barnehagane. Regjeringa foreslår derfor at det i 2009 blir oppretta 150 nye studieplassar i førskolelærarutdanninga, og 150 studieplassar i eittårig vidareutdanning i barnehagepedagogikk på deltid for pedagogar med minst tre års høgre utdanning, jf. omtale under kategori 07.60. Vidare foreslår departementet til dømes å utvide tilbodet med arbeidsrelatert førskolelærarutdanning for assistentar som jobbar i barnehagane, jf. post 21. Det er sett av til saman 15 mill. kroner til desse tiltaka. Tiltaka er i tråd med Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011). Fleire av tiltaka for rekruttering som vart sette i gang i 2007 og 2008, blir òg førde vidare i 2009.
Målsetjinga for 2009 er at det blir gjennomført kompetansetiltak i barnehagesektoren i høve til Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2008–2010). Det vil samla over postane 21, 51 og 63 bli nytta om lag 76,5 mill. kroner til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak i 2009. Vidare vil det nyttast 7,5 mill. kroner til etablering av studieplassar over kap. 281 post 01. I tillegg til lokale kompetanseutviklingstiltak og utviklingsarbeid vil departementet finansiere nokre sentrale tiltak. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har fått midlar til å føre vidare kompetanseutviklingstiltak i språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk for tilsette i barnehagar, jf. post 63.
Rammeplanen legg viktige føringar for kva ein god barnehage skal vere. For å få større og meir inngåande kunnskap om korleis rammeplanen er implementert i barnehagane, blir det no gjennomført ei evaluering i regi av Høgskolen i Vestfold. Denne vil leggje føringar for korleis departementet vil arbeide vidare med implementering av rammeplanen.
For framleis å fremme arbeidet med likestilling i barnehagen har departementet lagt fram Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010). Tiltaka, som mellom anna omfattar rettleiing, kunnskapsspreiing og forsking, blir førde vidare frå handlingsplanen Den gode barnehagen er en likestilt barnehage (2004–2007). I tillegg skal det etablerast nokre demonstrasjonsbarnehagar av barnehagar som har nådd målet om 20 pst. tilsette menn, og det skal etablerast team for rekruttering av menn på fylkesnivå. Det vil også bli tildelt midlar til lokalt arbeid med likestilling i barnehagen.
Regjeringas mål er at barnehagen skal vere inkluderande og gi eit tilpassa tilbod, også til barn med særskilde behov. Departementet gir kommunane eit eige tilskott for tilrettelegging av barnehagane for barn med nedsett funksjonsevne, jf. post 62.
Det er framleis eit mål å auke delen minoritetsspråklege barn i barnehagen, og departementet gir eit tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn, jf. post 63. I tillegg blir det drive målretta oppfølging av føresette med minoritetsbakgrunn for å sikre at også dei får betre norskkunnskapar. Dette er viktig for barna og dei føresette sin kontakt og samarbeid med barnehagen. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, kap. 651.
St.meld. nr 23 (2007–2008) omtalar utfordringar for barnehagane i arbeidet med språkstimulering. Departementet foreslår fleire tiltak for å styrkje kommunane og barnehagane i oppgåva med å leggje til rette for god språkstimulering, mellom anna gjennomgang og fagleg vurdering av verktøy som blir brukte for å kartleggje språk hos barn i førskolealder, erfaringsformidling og informasjonstiltak.
Departementet vil føre vidare satsinga på barnehageforsking gjennom PRAKSISFOU i regi av Noregs forskingsråd, jf. post 51. I tillegg har departementet inngått ein avtale med Norsk folkehelseinstitutt om bruk av datamateriale om mødrer og barna deira, som blir følgde over tid, for å kartleggje språkutvikling og språkvanskar hos barn. Ulike prosjekt på dette området går over perioden 2007–2011. Det skal også setjast i verk kartleggingar og utgreiingar knytte til den kommande stortingsmeldinga om kvalitet og innhald i barnehagen.
Regjeringa vil halde fram med arbeidet mot mobbing gjennom Manifest mot mobbing. Tiltak retta mot barnehagen vil inngå som ein del av satsinga, med særleg vekt på å leggje til rette for eit godt lærings- og omsorgsmiljø.
Mål: Låg pris
Tilstandsvurdering
Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart i 2007 ført vidare på same reelle nivå som i 2006. Maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod var i 2007 kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis. Ei undersøking gjennomførd av Statistisk sentralbyrå (SSB) i januar 2007 syner at den gjennomsnittlege betalingssatsen på landsbasis i både private og kommunale barnehagar var lågare enn maksimalgrensa. Dette skyldast at mange kommunar har inntektsgraderte betalingssatsar. For hushald med ei bruttoinntekt på kr 250 000, kr 375 000 og kr 500 000 var satsane for ein heiltidsplass høvesvis kr 2 017, kr 2 235 og kr 2 289 i gjennomsnitt. For private barnehagar var den gjennomsnittlege betalingssatsen per januar 2007 på landsbasis kr 2 259. Maksimalprisen synest derfor å vere gjennomført i barnehagane. Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart i 2008 ført vidare på same nominelle nivå som i 2007. I 2008 er maksimalprisen såleis òg kr 2 330 per månad og kr 25 630 per år.
Konsulentfirmaet Fürst og Høverstad ANS har gjennomført ei utvalsundersøking av kostnadene i barnehagane i 2007. Analysen syner at kostnadsnivået ved drift i ordinære ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 87 pst. av kostnadene i kommunale barnehagar. Kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 4,6 pst. frå 2006 til 2007. I dei ikkje-kommunale barnehagane var den nominelle kostnadsauken ved ordinær drift 7,1 pst. Den sterke kostnadsveksten i dei ikkje-kommunale barnehagane i 2007 skyldast i hovudsak betre bemanning, auka lønnsutgifter per årsverk og auka avskrivings- og husleigekostnader.
Departementet har behov for å få meir kunnskap og betre oversikt over skilnadene i kostnader mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Departementet har derfor starta eit større arbeid for å kartleggje kostnadene, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (2007–2008). Resultata frå undersøkinga vil liggje føre i 2009.
Strategiar og tiltak
Målet til Regjeringa er at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, har råd til å betale for ein barnehageplass av god kvalitet. Regjeringa vil derfor føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år fram til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på kr 1 750 (2005-kroner) blir innfridd. Ein reknar med at målet blir nådd i 2012.
Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2009 maksimalt utgjere kr 2 330 per månad og kr 25 630 per år. Gjennom å auke det statlege driftstilskottet vil staten i 2009 dekkje kostnadene ved den forventa pris- og kostnadsauken i kommunesektoren som foreldra normalt dekkjer gjennom foreldrebetalinga.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51
Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak og informasjons- og erfaringsspreiing. Midlane blir mellom anna nytta til kompetanseheving i barnehagesektoren.
Om lag 55 mill. kroner vart nytta til kompetanseutvikling over post 21 i 2007. I tillegg vart det nytta midlar over post 51 og post 63. Samla vart det fordelt om lag 64 mill. kroner til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak i 2007. Av desse midlane vart om lag 25 mill. kroner tildelte fylkesmennene for fordeling til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Om lag 15,5 mill. kroner vart tildelte Noregs forskingsråd til PRAKSISFOU, jf. omtale under post 51.
I 2007 vart det nytta 8 mill. kroner av kompetansemidlane til oppfølging av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011). Av desse midlane vart 3 mill. kroner nytta til arbeidsplassretta førskolelærarutdanning for assistentar i Oslo og i Rogaland. Vidare vart 2 mill. kroner nytta til tiltak for å auke rekrutteringa og gjennomstrøyminga av tospråklege studentar i førskolelærarutdanninga. Rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart styrkt med 1 mill. kroner. I tillegg fekk fylkesmannsembete i pressområde tildelt 2 mill. kroner til lokale og regionale prosjekt for å fremme rekruttering av førskolelærarar til barnehagane.
Kunnskapsdepartementet medverka med 6,3 mill. kroner til eit landsdekkjande vidareutdanningstilbod i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar som arbeider i barnehage (PUB-studiet).
Midlar vart også nytta til kompetanseheving og utviklingsarbeid for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn, jf. post 63.
Vidare vart det sett av midlar til fylkesmenn i fem regionar knytte til oppfølging av handlingsplanen Den gode barnehage er en likestilt barnehage (2004–2007). Midlane vart nytta til dømes til informasjonstiltak og rettleiing i alle fylke.
For å støtte barnehagane i arbeidet med innføringa av ny rammeplan er det brukt kompetansemidlar til temahefte om sentrale delar av rammeplanen og til nasjonale konferansar.
Fylkesmennene fekk i 2007 tildelt 12,5 mill. kroner til å løyse særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Desse midlane kjem i tillegg til dei ordinære midlane til fylkesmannsembeta, løyvde over budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Midlane er mellom anna nytta til arbeid med informasjon, utviklingstiltak, nettverkssamlingar, rettleiing, iverksetjing og oppfølging knytte til gjennomføringa av barnehagesatsinga. Fylkesmennene har mellom anna hatt ei sentral rolle i arbeidet med å auke barnehageutbygginga i kommunane.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med om lag 7,5 mill. kroner i 2009. Midlane skal finansiere til dømes ei utviding av tilbodet med arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning.
Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod
Formålet med tilskottet er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen. Sametinget forvaltar tilskottet til samiske barnehagar, tilskott til språktiltak i norske barnehagar med samiske barn og midlar til informasjons- og utviklingsarbeid og rettleiing. Sametinget har i 2007 fordelt særskilde tilskottsmidlar til 41 samiske barnehagar, og det omfattar 1 000 samiske barn. 14 norske barnehagar med samiske barn har fått tilskott til samisk språkopplæring. Sametinget har gitt rettleiing og informasjon til kommunar og barnehagar, mellom anna gjennom konferansar, nettverksmøte og i direkte dialog med ulike aktørar.
Sametinget har tildelt midlar til utviklingsarbeid og pedagogisk materiell til bruk i barnehagar. Det er mellom anna utgitt barnebøker, filmar, cd-rom, dataspel og faglitteratur. På oppdrag frå Sametinget og Kunnskapsdepartementet er Samisk høgskole i ferd med å foreta ei kompetansekartlegging blant barnehagetilsette i samiske barnehagar og i barnehagar med samiske barn. Sametinget har òg prioritert arbeidet med likestilling i barnehagane. Det er mellom anna sett i gang nettverk for menn som jobbar i samiske barnehagar, og fleire barnehagar har fått tilskott til prosjektarbeid knytt til rekruttering av menn.
Sametinget har sidan 2002 hatt ei eiga ordning med stipend til førskolelærarar og allmennlærarar. Det er mellom anna gitt stipend til førskolelærarar til fordjuping i lulesamisk språk.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom PRAKSISFOU og Program for velferdsforskning (2004–2008). Program for velferdsforsking (2004–2008) har som mål å frambringe eit fagleg kunnskapsgrunnlag som er relevant både for politiske avgjerder og for den offentlege debatten.
Midlane har i hovudsak gått til eit prosjekt leda av Norsk senter for barneforskning (NOSEB): Det moderne barn og det fleksible arbeidsmarkedet: Institusjonalisering og individualisering av barn i lys av endringer i velferdsstaten og til eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Høgskolen i Oslo: Barns omsorgskarrierer: Barnehagen som ledd i en omsorgskjede for barn opp til 3 års alder.
Forskingsprogrammet PRAKSISFOU skal fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving og medverke til at forskingsbasert kunnskap blir teken i bruk. I 2007 vart tolv ulike forskingsprosjekt om barnehagar tildelte midlar. Prosjekta omhandla tema som barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen, barns medverknad, førskolelærarrolla, barnehagen i endring, leiing i barnehagen, IKT i barnehagen, språk og den fleirkulturelle barnehagen.
Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. I 2007 vart det sett av 15,6 mill. kroner til PRAKSISFOU, der 13 mill. kroner vart løyvde over post 21 og 2,6 mill. kroner over post 51. Midlane løyvde over post 51 til PRAKSISFOU er øyremerkte forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Om lag 4 mill. kroner av løyvinga på posten vart i 2007 nytta til Program for velferdsforskning 2004–2008.
Program for velferdsforskning 2004–2008 vil bli avslutta i 2008, og midlane til dette føremålet vil i 2009 bli nytta til forsking om barnehagar, mellom anna om kvaliteten på barnehagetilbodet.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving
Under denne løyvinga er det fire tilskottsordningar: eit ordinært driftstilskott, eit tilskott til drift av barnehagar på Svalbard, eit tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar og eit tilskott til lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms.
Ordinært driftstilskott til barnehagar
Det ordinære driftstilskottet skal nyttast til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og høg kvalitet i barnehagane.
Tilskottet er øyremerkt og blir gitt til alle godkjende barnehagar. Tilskottet blir utbetalt etter gjeldande satsar, avhengig av alderen til barnet og avtalt opphaldstid per veke. Satsane for driftstilskottet er differensierte mellom private og offentlege barnehagar. Det er eigne satsar for barn med tilbod i open barnehage.
Driftstilskottet har, saman med dei andre statlege tilskotta til drift og etablering av barnehagar, vore viktig for å stimulere til auka utbygging av barnehageplassar. Statlege og kommunale tilskott dekkjer i gjennomsnitt om lag 80 pst. av driftskostnadene i barnehagesektoren, og bidreg såleis til at barnehagane kan gi eit kvalitativt godt tilbod til låg pris.
Det vart i 2007 utbetalt om lag 13 735 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar. I hovudsak gjekk desse midlane til å utbetale ordinært driftstilskott, som i 2007 omfatta plassar til om lag 250 000 barn.
Departementet foreslår å løyve om lag 18 mrd. kroner på posten i 2009. Løyvingsbehovet for driftstilskott til nye plassar i permanente lokale i 2009 er anslått til 27,5 mill. kroner. Departementet har lagt til grunn ein auke på 1 400 heiltidsplassar. Det er anslått at desse plassane vil gi plass til 700 fleire barn i barnehage. Departementet anslår at meirbehovet på posten knytt til nye plassar i mellombelse lokale i 2009 utgjer 12 mill. kroner. Da er det lagt til grunn at det blir etablert 600 faste plassar i mellombelse lokale, og at det vil gi rom for 300 fleire barn i barnehage. Regjeringa foreslår å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå som i 2008, noko som gjer at barnehagane må få kompensasjon for mindreinntektene frå foreldrebetalinga gjennom ein auke i driftstilskottet. Dette gir eit meirbehov på 276,5 mill. kroner. Meirbehovet ved å dekkje heilårseffekten på driftstilskottet av barnehageplassar etablerte i 2007 og 2008 er 859,5 mill. kroner. Justering av driftstilskottet for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren i 2009 gir eit meirbehov på om lag 735,5 mill. kroner. Totalt foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 1 911 mill. kroner nominelt i 2009.
Tabell 4.8 Statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2009. Offentlege barnehagar. Kroner per år
Ukentleg opphaldstid for barn | Barn fødde 2005 og tidlegare | Barn fødde 2006 og seinare |
---|---|---|
0–8 timar | 9 090 | 17 210 |
9–16 timar | 18 370 | 34 675 |
17–24 timar | 27 905 | 52 270 |
25–32 timar | 37 360 | 69 905 |
33–40 timar | 40 180 | 74 795 |
41 timar eller meir | 50 525 | 90 360 |
Tabell 4.9 Statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2009. Private barnehagar. Kroner per år
Ukentleg opphaldstid | Barn fødde 2005 og tidlegare | Barn fødde 2006 og seinare |
---|---|---|
0–8 timar | 10 040 | 19 175 |
9–16 timar | 20 305 | 38 580 |
17–24 timar | 30 750 | 58 155 |
25–32 timar | 41 190 | 77 725 |
33–40 timar | 44 150 | 83 035 |
41 timar eller meir | 55 565 | 100 270 |
Tabell 4.10 Statleg driftstilskott til open barnehage i 2009. Kroner per år
Ukentleg opphaldstid for barna | Tilskottssats |
---|---|
6–15 timar | 8 020 |
16–timar eller meir | 14 685 |
Tilskott til drift av barnehagar på Svalbard
Tilskottet skal medverke til at barnehageeigarar på Svalbard kan gi eit kvalitativt godt tilbod med låg foreldrebetaling til dei som ønskjer barnehageplass.
Ved utgangen av 2007 gjekk 127 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard, og dekningsgraden for barn eitt til fem år var 97 pst. Foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i barnehagane på Svalbard svara i 2007 til maksimalgrensa fastsett av Stortinget. Det vart i 2007 utbetalt om lag 7,1 mill. kroner i driftstilskott til barnehagane på Svalbard.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2008.
Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar
Målet med tilskottet er å gjere kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen etter opphald i mottak. Ordninga gjeld også for barn av personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Barn av asylsøkjarar er ikkje omfatta av ordninga. Tilskottet omfattar eit barnehagetilbod på 15 timar per veke i åtte månader.
Det vart i 2007 utbetalt om lag 15,1 mill. kroner i tilskott til dette formålet. Tilskottet omfatta 358 barn, noko som er ein reduksjon på 16 barn frå 2006. Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2008.
Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms
Formålet med tilskottet er å betre tilgangen på førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms. Løyvinga dekkjer lønnstillegg til personar med godkjend utdanning tilsette som styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagar og barnehageadministrasjonar i alle kommunane i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms.
Om lag 15,4 pst. av styrarar og pedagogiske leiarar i Finnmark var utan førskolelærarutdanning ved utgangen av 2007, mot 16 pst. i 2006. I Troms auka delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning med om lag eitt prosentpoeng i 2007, til 17,8 pst. Landsgjennomsnittet ved utgangen av 2007 var 17 pst. I 2007 vart det utbetalt om lag kr 600 000 i lønnstillegg til førskolelærarar i åtte kommunar i Finnmark og Nord-Troms.
Lønnstillegget utgjer kr 20 000 per år i full stilling. Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2008.
Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving
Tilskottsordninga er eit viktig verkemiddel for å nå målet om full barnehagedekning. Investeringstilskottet er eit eingongstilskott til etablering av nye barnehageplassar. Tilskottet dekkjer delar av anleggskostnadene ved nybygg, tilbygg eller ombygging og reduserer dermed finansieringsbehovet ved etablering av nye plassar.
Investeringstilskottet medverka til ei sterk utbygging av barnehageplassar i 2007. Til saman vart det utbetalt om lag 266 mill. kroner i investeringstilskott i 2007.
Departementet foreslår å løyve 11 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar i 2009. I utrekninga av løyvingsbehovet er det lagt til grunn at om lag 700 fleire barn vil få plass i ein permanent barnehage i 2009. Vidare legg departementet til grunn at det ved inngangen til 2009 vil vere eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2008. Departementet foreslår derfor å løyve 77,5 mill. kroner til investeringstilskott til plassar etablerte i 2008.
Departementet føreset at nokre barn som fekk fast plass i mellombelse lokale i 2007 eller 2008, vil bli flytta over i permanente lokale i 2009. Løyvingsbehovet knytt til dette utgjer 84,5 mill. kroner. Departementet foreslår at maksimalsatsane for investeringstilskottet blir førde vidare på same nominelle nivå som i 2008. Totalt er det foreslått å løyve 173 mill. kroner på posten i 2009.
Post 62 Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage
Tilskottsordninga skal medverke til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphald i barnehagen. Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold. Ei slik tilrettelegging vil ofte føre med seg ekstra kostnader for barnehageeigaren. Det blir derfor gitt eit ekstra tilskott frå staten til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Kommunen må i tillegg yte det som er nødvendig av eigne midlar for å gi desse barna eit kvalitativt godt og forsvarleg tilbod i barnehagen. Tilskottet er fordelt til kommunane etter talet på barn i alderen eitt til fem år i kommunen. I 2007 vart det tildelt om lag 763 mill. kroner i tilskott til kommunane. Tilskottet har i 2007 medverka til at om lag 5 900 barn med nedsett funksjonsevne gjekk i barnehage som fekk ekstra ressursar.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder
Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder. Barnehagen er ein god arena for integrering og språkopplæring. I tillegg skal ordninga medverke til at minoritetsspråklege barn går i barnehage, og at kommunane utarbeider heilskaplege tiltak på tvers av tenestetilboda.
Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage. Tilskottet følgjer ikkje barnet. Kommunane kan nytte tilskottet fleksibelt ut frå lokale variasjonar og behov, under føresetnad av at målsetjinga med tilskottet ligg til grunn for utforminga av tiltak.
KOSTRA-tal for 2007 syner at over 8 000 minoritetsspråklege barn i barnehage fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen, jf. rammeplan om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Dette er ein auke på om lag 1 000 barn frå 2006.
I tillegg til at om lag 96 mill. kroner vart fordelte til kommunane i 2007, vart det tildelt 4 mill. kroner til Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) for å initiere kompetanseutviklingsprogram og utviklingsprosjekt i eit utval fylke og barnehagar. Det vart òg gitt midlar til fylkesmennene til opplæring og lokalt utviklingsarbeid, jf. post 21. Prosjekta er førde vidare i 2008.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving
Tilskottet til faste barnehageplassar i mellombelse lokale er eit sentralt verkemiddel for å auke kapasiteten i barnehagesektoren, og skal medverke til at målet om full barnehagedekning blir nådd. Ordninga vart etablert 1. januar 2007.
Tilskottet blir gitt ved nyetablering av plassar i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Tilskottsordninga er ei mellombels ordning som skal stimulere barnehageeigarar til å leggje til rette lokale som gir barn fast plass i ein barnehage før den permanente barnehagen er på plass. Det er berre ordinære barnehagar som kan få tilskottet.
Rapportering frå kommunane per 20. september 2007 syner at nær 40 pst. av kommunane har teke i bruk mellombelse lokale for å nå full barnehagedekning. Per 20. september 2007 var det totalt 8 400 faste plassar i mellombelse lokale, noko som er ein auke på 75 pst. frå året før. Totalt vart det utbetalt 21,7 mill. kroner i tilskott til mellombelse lokale i 2007.
I 2008 vart satsane for tilskottet til faste barnehageplassar i mellombelse lokale auka frå kr 8 400 til kr 20 000 for ein heiltids barnehageplass, og satsen for ein deltids barnehageplass auka frå kr 4 200 til kr 10 000, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008), og St.prp. nr. 59 (2007–2008).
Departementet foreslår å løyve 4 mill. kroner i tilskott til nye plassar i mellombelse lokale i 2009. Departementet har i utrekninga av løyvingsbehovet lagt til grunn at om lag 300 fleire barn vil få fast plass i mellombelse barnehagelokale i 2009. Vidare føreset departementet at det ved inngangen til 2009 vil vere eit etterslep av uhandsama søknader om mellombelse lokale knytte til etableringa av barnehageplassar i 2008. Løyvingsbehovet knytt til dette utgjer 29 mill. kroner.
Departementet foreslår at satsane for tilskottet blir førde vidare på same nominelle nivå som i 2008. Totalt foreslår departementet å løyve 33 mill. kroner på posten i 2009.
Post 65 Skjønnsmidlar til barnehagar
Målet med skjønnsmidlane er å kompensere for dei auka netto meirutgiftene til kommunane som følgje av maksimalpris, kommunal plikt til likeverdig handsaming av ikkje-kommunale barnehagar og drift av nye barnehageplassar. Skjønnsmidlane er statlege midlar som blir overførde til kommunane og er øyremerkte barnehagedrift.
Departementet gjennomførde i 2008 ein kontroll av om kommunane oppfylte føresetnadene for tildeling av skjønnsmidlar i 2006. På grunnlag av vurderingar av i kva for kommunar det var størst risiko for feilbruk av midlane, vart det gjort ein nærmare gjennomgang i 60 kommunar. På bakgrunn av kontrollen har departementet samla trekt 49 kommunar for til saman 39 mill. kroner i skjønnsmidlar.
KOSTRA-tala for 2007 syner at netto driftsutgifter til barnehagar i kommunane har auka nominelt med 23 pst. eller om lag 760 mill. kroner frå 2003 til 2007. Mange kommunar har auka eigenfinansieringa, medan andre har redusert bruken av frie inntekter på barnehagar. Reduksjon i eigenfinansieringa er i strid med vilkåra for tildeling av skjønnsmidlar. Departementet vil derfor fortsetje å følgje opp dette overfor kommunane.
Skjønnsmidlane medverka til at det vart oppretta om lag 18 000 nye heiltids barnehageplassar i 2007. Til saman vart det utbetalt om lag 3 130 mill. kroner i skjønnsmidlar i 2007.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår å løyve om lag 4 939 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i 2009. Løyvingsbehovet knytt til etablering av nye plassar i permanente lokale er anslått til om lag 30,5 mill. kroner i 2009. Departementet anslår vidare at meirbehovet på posten knytt til etablering av nye plassar i mellombelse lokale i 2009 utgjer 13,5 mill. kroner. Auken i driftstilskottet som følgje av at maksimalprisen blir ført vidare nominelt i 2009, tek ikkje omsyn til at mange foreldre i dag har redusert foreldrebetaling på grunn av søskenmoderasjonar, inntektsgradering og friplassar. Dette inneber at den auken i satsane for driftstilskottet som er foreslått, overkompenserer barnehagane for kostnadene ved redusert maksimalpris. Mindrebehovet på posten som følgje av dette er 16,5 mill. kroner. Meirbehovet på posten ved å kompensere kommunane for meirutgifter ved plassar etablerte i 2007 og 2008 er 560 mill. kroner. Forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren i 2009 gir vidare eit meirbehov på posten på om lag 192,5 mill. kroner. Departementet foreslår samla å auke løyvinga på posten med om lag 780 mill. kroner nominelt i høve til 2008.
Programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
252 | EUs program for livslang læring | 143 222 | 186 646 | 187 697 | 0,6 |
253 | Folkehøgskolar | 568 374 | 592 986 | 619 078 | 4,4 |
254 | Tilskott til vaksenopplæring | 189 691 | 192 722 | 198 969 | 3,2 |
255 | Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a. | 39 021 | 42 600 | 50 974 | 19,7 |
256 | Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet | 50 370 | 53 734 | 54 041 | 0,6 |
257 | Program for basiskompetanse i arbeidslivet | 39 585 | 36 944 | 38 570 | 4,4 |
258 | Analyse og utviklingsarbeid | 36 927 | 37 160 | 38 066 | 2,4 |
Sum kategori 07.50 | 1 067 190 | 1 142 792 | 1 187 395 | 3,9 |
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
3256 | Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet | 7 012 | 9 852 | 10 285 | 4,4 |
Sum kategori 07.50 | 7 012 | 9 852 | 10 285 | 4,4 |
Med kompetansereforma som vart innført i 1999, vart begrepet livslang læring for alvor sett på dagsordenen. Vaksne fikk rett til grunnskoleopplæring fra hausten 2000, og vidaregåande opplæring frå hausten 2002. Livslang læring har ei nær kopling til sysselsetjings- og verdiskapingspolitikken og har ført til økt merksemd om opplæring på andre arenaer enn i det formelle utdanningssystemet.
Læring bidreg til å utvikle den einskilde personleg, sosialt, fagleg og kulturelt. Livslang læring bidreg til likestilling mellom generasjonane med omsyn til tilgangen til kunnskap. Kompetanse er òg den viktigaste faktoren for å lykkast i eit stadig meir omskifteleg arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa vil leggje til rette for at fleire skal kunne tileigne seg ny kunnskap og oppgradere sin kompetanse gjennom utdanning og opplæring. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dette i 2009.
Kommunar og fylkeskommunar har plikt til å oppfylle den einskildes rett til grunnskole- og vidaregåande opplæring. Som varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett 2008, St.prp nr. 59 (2007–2008), meiner Kunnskapsdepartementet det er behov for ei presisering av ansvar og arbeidsdeling mellom Utdanningsdirektoratet og Vox med omsyn til den opplæringa vaksne har krav på etter opplæringslova. Sjå kap. 256 og 220.
Mål: Vaksne som ønskjer og har behov for det, skal få opplæring i grunnleggjande dugleikar
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar som ønskjer det og som har behov for opplæring i grunnleggjande dugleikar innanfor lesing, skriving, rekning og bruk av IKT skal få det. Den einskilde skal kunne tilpasse seg endringar og gjere seg nytte av moglegheiter som ny kunnskap og teknologi gir oss. Gode grunnleggjande dugleikar aukar produktiviteten og sjansane den einskilde har til å få ein jobb og ei god inntekt. Samstundes vil manglande grunnleggjande dugleikar kunne vere til hinder for å ta del i opplæring og for oppgradering av fagkunnskap.
Regjeringa har arbeidd for å målrette tiltak for å styrkje opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), som vart oppretta i 2006. Programmet er retta mot dei gruppene som manglar den grunnleggjande kompetansen dei treng for å fungere godt i arbeids- og samfunnslivet jf. kap. 257.
Regjeringa vil halde fram med satsinga for å styrkje grunnleggjande dugleikar hos vaksne gjennom BKA og for at fleire av dei som har behov for det, tek del i opplæring på grunnskolenivå, jf. kap. 226.
Mål: Fleire vaksne skal ha høve til å få dokumentert og verdsett realkompetansen sin og gjere informerte val
Dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse er til nytte for den einskilde både når det gjelder arbeid, og ved opptak i det formelle utdanningssystemet.
Noreg er eit av dei landa som ligg langt framme når det gjeld utviklinga av ordningar for realkompetanse, jf. vurderinga OECD har gitt av den norske ordninga i sin rapport Country Note on Recognition of Non-formal and Informal Learning (RNFIL) (2008). Det blir likevel peikt på nokre utfordringar. Dette gjeld mellom anna praktiseringa av ordninga i dei ulike fylkeskommunane og det å få realkompetanse til å fungere betre for grupper med låg utdanning. Regjeringa vil derfor setje i verk tiltak som kan gi ein likare praksis, og som kan vidareutvikle systemet for realkompetanse.
Å gjere gode val vil seie at utdanning og arbeid passar med personlege føresetnader og ambisjonar, og med realitetar i utdanningssektoren og i arbeidslivet.
Fleire undersøkingar viser at det er eit betydeleg omfang av omval i utdanninga. Feilval og omval er belastande både for den einskilde og for samfunnet. Det er derfor viktig at den einskilde har eit best mogleg grunnlag for å gjere informerte val, anten ein er ung og uerfaren eller har nokre år i arbeidslivet bak seg. Dette krev at rettleiingstenesta for utdannings- og yrkesval er av god kvalitet. Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å styrkje karrierrettleiing med vekt på utgreiingar og prosjekterfaringar som er gjorde, sjå òg kap. 226. Departementet vil òg starte ei utgreiing av nasjonal koordinering av karriererettleiing, sjå kap. 258.
Mål: Alternative læringsarenaer og -former skal gi alle vaksne som ønskjer det, høve til å delta i læring og til å utvikle evnene sine
Gjennom å leggje til rette for alternative læringsarenaer og læringsformer ønskjer regjeringa å medverke til at kvar einskild skal kunne utvikle evnene sine og fagkompetansen sin gjennom heile livet.
Regjeringa støttar opp om opplæringstilbod slik som folkehøgskolar, studieforbund og fjernundervisning, som eit supplement og alternativ til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet, jf. kap. 253, 254 og 255.
NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet (Tronutvalet) vart hausten 2007 sendt ut til brei offentleg høyring. På bakgrunn av utvalets tilrådingar og høringsfråsegner tek departementet mellom anna sikte på å fremme ein eigen proposisjon med forslag til ei ny felleslov, som regulerer opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet. Forslaget vil bli sendt ut til høyring våren 2009. Regjeringa ventar at ei ny lov vil medverke til å vidareutvikle eit nasjonalt system for livslang læring og tydeleggjere og styrkje ein meir samla sektor. Som del av lovarbeidet vil departementet òg vurdere tilskottsordningane for studieforbunda, utvikle betre styringsinformasjon om verksemda i studieforbunda og eventuelt utvikle nye kriterium for godkjenning av studieforbund.
Tronutvalet foreslo òg å samle ansvaret for grunnopplæring for vaksne på eitt forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet vil greie ut dette nærmare.
For mange vaksne arbeidstakarar er arbeidsplassen som læringsarena stadig viktigare. Regjeringa vil arbeide for å utvikle og nytte arbeidsplassen som læringsarena for alle grupper både innanfor og utanfor arbeidslivet. Regjeringa tok i 2006 initiativ til at det skulle opprettast samarbeidsavtaler mellom dei lokale NAV-kontora og kommunesektoren om utdanning som tiltak for arbeidssøkjarar. Slike samarbeidsavtalar er etablerte i nesten alle fylkeskommunar, og Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet følgjer opp om avtalane bidreg til at fleire får opplæring.
Mål: Betre kunnskapen om vaksnes læring, tilbod og etterspurnad etter kompetanse
Regjeringa vil utvikle eit betre kunnskapsgrunnlag for livslang læring og kompetanseutvikling. Departementet vil styrkje kunnskapsgrunnlaget og statistikkgrunnlaget for å kartleggje og overvake aktiviteten som gjeld vaksnes læring. Departementet vil medverke til ein kunnskapsbasert politikkutvikling for livslang læring på alle nivå i utdanningssystemet, på ulike læringsarenaer og i nært samspel mellom utdanningssystem, arbeidsliv og samfunn, sjå omtale av konkrete tiltak under kap. 258.
Kunnskapsdepartementet, Statistisk sentralbyrå (SSB) og fylkeskommunane har etablert eit samarbeid med sikte på å utvikle betre styringsinformasjon om vidaregåande opplæring. Dette vil òg omfatte vaksne.
Det er eit sentralt mål å styrkje kunnskapen om kva for kompetanse den einskilde, arbeidslivet og samfunnet vil ha behov for i framtida, og korleis vi kan innrette og utvikle etter- og vidareutdanningssystemet slik at det bringar fram etterspurd kompetanse. Noreg vil stå overfor ei rekkje kompetanseutfordringar i åra som kjem. Eit best mogleg samsvar mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse føreset at sentrale og lokale styresmakter, utdanningsinstitusjonar og den einskilde har best mogleg kunnskap om kompetansebehova i samfunnet når dei tek avgjerslene sine.
Mål: Ein lærande utdannings- og opplæringssektor
Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor. Regjeringa vil difor styrkje utdanningsforskinga om og for sektoren. Det er laga ein strategi for satsinga «Kunnskap for kvalitet» (2008 – 2013) som eit verkemiddel for betre koordinering, prioritering og kvalitet innanfor utdanningsforskinga som sektorforsking.
Auka kvalitet er ei sentral målsetjing for dei tiltaka regjeringa vil satse på framover når det gjeld forskings- og utdanningssektoren. Nokon av det viktigaste for å få til kvalitetsutvikling vil vere å styrkje kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, profesjonsutdanning og forsking.
Det nye programmet for utdanningsforsking i Noregs forskingsråd, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008), vil vere fullt operativt i 2009. Programmet er ei langsiktig satsing over ti år som skal medverke til å styrkje fagmiljø som driv med utdanningsforsking, særleg innanfor samfunnsvitskapeleg effektforsking, longitudinelle studium og empirisk forsking basert på kvantitative data. Satsinga vil truleg føre til at utdanningsforskinga i større grad blir eit fleirfagleg kunnskapsfelt tufta på eit mangfald av vitskaplege teoritradisjonar og metodar. Målsetjinga med programmet er å byggje opp større og meir slagkraftige fagmiljø og motivere for samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Område og tema som det til no har vore forska lite på skal prioriterast. Det gjeld mellom anna barnehagane, vidaregåande opplæring (spesielt fag- og yrkesopplæringa), innhald og læring i universitets- og høgskolesektoren og læring for vaksne. Vidare ser departementet at det er naudsynt å prioritere forsking innanfor fag- og yrkesdidaktikk, leiing, styring og organisering, vurdering, vurderingsformer og kvalitetsutvikling. Programmet skal òg vere eit ledd i arbeidet med å styrkje den profesjonsbaserte og praksisnære forskinga som er relevant for heile sektoren. Eit planutval har fått i oppgåve å utarbeide framlegg til programplanen for forskingsprogrammet. Programplanen vil ferdigstillast hausten 2008.
Programmet vil ved oppstartinga ha ei ramme på 24 mill. kroner årleg. Løyvinga i 2009 er på 19 mill. kroner. Programmet vil i 2009 bli finansiert over kap. 226, 258 og 281.
Brukarane i utdanningssektoren treng betre informasjon enn dei får i dag om utdanningsforskinga og om resultata. Dette gjeld både dei som har ansvar for profesjonsutdanningane, skoleeigarar, forskarar, skoleleiarar, lærarar og dei som arbeider med grunnlagsdokument i politikkutforminga. Det er behov for å auke omfanget av og koordinere den brukarretta forskingsformidlinga i utdanningssektoren. Departementet vil derfor vurdere å opprette eit kunnskapssenter for utdanning som i samarbeid med andre aktørar vil møte desse behova, jf. omtale i St.meld. nr. 31 (2007-2008) om kvalitet i skolen. Departementet vil foreta ei utgreiing av dette, jf. kap. 258 post 01.
Vi manglar i dag forsking på område der utdanningssektoren har særskilde behov, og der vi må rekne med at behova vil auke i åra som kjem. Noreg er med i mange internasjonale, kvantitative undersøkingar på utdanningsområdet (PISA, PIRLS, TIMSS osb.). Samstundes har vi etablert nasjonale prøver og andre prøver som er ledd i eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Denne typen undersøkingar krev solid kompetanse om pedagogiske målingar. Det har vore forska svært lite på dette i Noreg. Departementet vil styrkje den vitskapelege kompetansen om pedagogiske målingar (psykometrisk forsking), jf. omtale i St.meld. nr. 31 (2007-2008) om kvalitet i skolen. Departementet vil derfor opprette ei eining for psykometrisk forsking knytt til eit eksisterande fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren i Noreg. Departementet tek sikte på at eininga blir oppretta i 2010. Val av vertsinstitusjon vil bli gjort etter konkurranse. Planlegging av oppstart vil i 2009 bli finansiert over kapittel 226, post 21.
Kap. 252 EUs program for livslang læring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott | 143 222 | 186 646 | 187 697 |
Sum kap. 252 | 143 222 | 186 646 | 187 697 |
Noreg deltek i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–2013 (LLP). LLP dekkjer heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring, og består av fire sektoraktivitetar: Comenius (førskole, grunnskole og vidaregåande opplæring), Erasmus (høgre utdanning), Leonardo da Vinci (fag- og yrkesopplæring) og Grundtvig (vaksenopplæring og alternative utdanningsvegar).
Målet med norsk deltaking i programmet er å etablere moglegheiter for mobilitet i heile utdanningssektoren, slik at dette bidreg til å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystemet. Norske aktørar får her ein sjanse til å samarbeide med elevar, studentar, instruktørar, lærlingar, lærarar og utdanningsinstitusjonar frå dei fleste landa i Europa.
Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk når det gjeld å stimulere til den faglege utviklinga til institusjonane, elevane og studentane. Kompetanse i språk og kunnskap om kultur er viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Deltaking i LLP er her eit sentralt verkemiddel for å stimulere til mobilitet.
Noreg har to medlemmer i den europeiske programkomiteen for LLP. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalkontor for programmet.
I skolesamarbeidet Comenius blei det i 2007 gitt tilsegn til 46 norske skolar og barnehagar om støtte til deltaking i nye multilaterale partnarskap, 117 fekk tilsegn til fornying av deltakinga si i eksisterande multilaterale partnarskap, og fem fekk tilsegn til deltaking i nye bilaterale partnarskap. Partnarskapa er toårige. I tillegg deltok fleire norske skolar og barnehagar i dei gamle ordningane med avsluttande skole-, skoleutviklings- og språkprosjekt i 2007.
I Erasmus har tala på studentmobilitet gått noko ned, og tala for 2006–07 er på eit 2004–05-nivå. Nedgangen er ikkje jamt fordelt, men særleg konsentrert om nokre få institusjonar. Også lærarmobiliteten har gått noko ned etter fleire år med jamn stigning. Den norske deltakinga i dei såkalla intensivprogramma var aukande, med deltaking frå 31 norske miljø.
I mobilitetsdelen av Leonardo da Vinci-programmet kan 69 prosjekt innanfor fag- og yrkesopplæring i løpet av 2007–09 sende ut 994 deltakarar på utveksling eller utplassering i eit anna land i Europa. I 2007 fekk seks større pilotprosjekt med norsk koordinator tilsegn om støtte.
Innanfor Grundtvig var 2007 eit overgangsår frå eittårige til toårige partnarskap. Norske institusjonar gjekk i 2007 inn i 34 nye læringspartnarskap, ni fekk individuelle stipend, og det blir gitt støtte til 19 kontaktseminar. Ut over dette søkte ei rekkje pågåande partnarskap som har vart i eitt år om støtte for eitt år til for 2007.
Kontingenten for 2009 er 187,7 mill. kroner, der 7,5 mill. kroner av desse går til kostnadene for fem norske nasjonale ekspertar under LLP.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 564 516 | 588 962 | 614 876 |
71 | Tilskott til Folkehøgskolerådet | 3 215 | 3 353 | 3 501 |
72 | Tilskott til nordiske folkehøgskolar | 643 | 671 | 701 |
Sum kap. 253 | 568 374 | 592 986 | 619 078 |
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Folkehøgskolane er eit supplement til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet, jf. tredje sektormål om alternative læringsarenaer i kategoriinnleiinga over.
Under post 70 er det to tilskottsordningar. Tilskott til folkehøgskolar (76 skolar) skal medverke til at det kan bli etablert og drive folkehøgskolar. Tilskott til folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar (fire skolar) skal medverke til å dekkje meirutgifter skolane har til desse elevane. Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak, og får tilskott etter folkehøgskolelova.
Det er fastsett eit normtal for elevtalet ved den einskilde skolen. Elevtalet på langkurs har minka med 5,35 pst. frå 2006 til 2007. Talet på deltakarar på kortkurs viser ein nedgang på 2,57 pst. frå 2006 til 2007.
Tabell 4.11 Elevtal i folkehøgskolane 2003–07
År | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker) | 12 662 | 12 924 | 12 478 | 12 582 | 11 908 |
Elevar kortkurs (3 dagar–16 veker) | 20 709 | 20 715 | 20 785 | 19 079 | 18 588 |
Sum elevar | 33 371 | 33 639 | 33 263 | 31 661 | 30 496 |
Årselevar langkurs | 6 331 | 6 358 | 6 422 | 6 407 | 6 130 |
Årselevar kortkurs | 1 045 | 1 037 | 986 | 834 | 756 |
Sum årselevar | 7 376 | 7 395 | 7 408 | 7 241 | 6 886 |
Sum godkjende årselevar / fastsett elevtal | 7 245 | 7 339 | 7 345 | 7 215 | 6 879 |
Tilskottselevar | 7 172 | 7 001 | 7 074 | 7 212 | 7 269 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet
Tilskottet medverkar til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar
Tilskottet medverkar til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd. Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott til studieforbund | 160 220 | 166 502 | 173 828 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 11 096 | 11 977 | 12 504 |
72 | Tilskott til Studiesenteret Finnsnes | 8 059 | 3 483 | 3 636 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 10 316 | 10 760 | 9 001 |
Sum kap. 254 | 189 691 | 192 722 | 198 969 |
Post 70 Tilskott til studieforbund
Tilskott til studieforbund verkar med til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne. I tillegg til hovuddelen av tilskott blir det gitt eit særskilt tilskott til opplæring for vaksne som av ulike ikkje-økonomiske årsaker møter hindringar når det gjeld å ta del i opplæringstilbod, og som dermed treng særleg tilrettelagd opplæring.
Regjeringa er oppteke av å oppretthalde kurstilbodet og auka løyvinga til studieforbund i 2007 med 58 mill. kroner nominelt samanlikna med saldert budsjett for 2006. Tabell 4.12 viser at det har vore ei utflating i den langsiktige nedgangen i talet på kurs og talet på deltakarar. Talet på deltakarar har vore stabilt på om lag 500 000 både i 2006 og i 2007. For talet på timar er nedgangen om lag den same.
Tabell 4.12 aktivitet i studieforbunda og endringar 2005, 2006 og 2007 Absolutte tall og prosenttal
2005 | 2006 | 2007 | Pst. endring 2005-2006 | Pst. endring 2006-2007 | |
---|---|---|---|---|---|
Kurs | 42 800 | 39 088 | 37 125 | -9,0 | -5,2 |
Deltakarar | 594 459 | 505 813 | 489 722 | -15,0 | -3,2 |
Timar | 1 471 834 | 1 398 152 | 1 314 537 | -5,0 | -6,0 |
NOU 2007:11 Studieforbund – læring for livet (Tronutvalet) var hausten 2007 på brei offentleg høring, og departementet tek sikte på oppfølging gjennom fleire prosessar, sjå innleiinga til 07.50.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Tilskottsordninga medverkar til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit variert og landsomfattande tilbod.
Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte i 2007 om 21 920 fullførte kurs. Dette var ein oppgang på seks pst. i høve til 2006. Det vart òg rapportert om lag 96 125 fleire kurstimar i 2007 enn året før.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 72 Tilskott til Studiesenteret Finnsnes
Studiesenteret Finnsnes skal gi kurs og andre vaksenopplæringstiltak som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Aktivitetane ved studiesenteret skal vere særleg innretta mot behova i industri og næringsliv i Ytre Midt-Troms og skal medverke til å styrkje kontakten mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og offentleg forvaltning.
Studiesenteret Finnsnes har i 2007 gitt fleire studietilbod i samarbeid med Høgskolen i Troms og Høgskolen i Finmark, mellom anna desentralisert sjukepleiarutdanning og desentralisert lærarutdanning for førskolelærarar og allmennlærarar. Studiesenteret har gjennomført ei rekkje andre kurs innanfor realfag og språk og har utarbeidd kurs som styrkjer kontakten med lokalt arbeids- og næringsliv.
Tilskottet til dei to kvinneuniversiteta vart overført til Barne- og likestillingsdepartementet frå 1. januar 2008.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet og Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning. Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane og overfor organisasjonane, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda. Tidlegare har også tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) vore på kap. 254 post 73. Departementet foreslår å overføre tilskottet til ICDE til kap. 281 post 01.
Voksenopplæringsforbundet har fungert som eit felles interesse- og serviceorgan for studieforbunda og har drive informasjonsarbeid og opplæring av medarbeidarar i vaksenopplæringa. Voksenopplæringsforbundet har på oppdrag frå departementet stått for fordeling av reisestipend til lærarar på vaksenopplæringsfeltet.
Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning er eit felles interesse- og serviceorgan for dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane. Forbundet har utført kvalitetssikring av statistikk- og dokumentasjonsordning og normering av studietilbod og gjennomført informasjonsarbeid og seminar om fjernundervisning.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Holocaustsenteret | 20 646 | 21 534 | 22 481 |
71 | Falstadsenteret | 13 105 | 13 669 | 14 270 |
72 | Stiftelsen Arkivet | 3 574 | 5 128 | 5 354 |
73 | Norsk Fredssenter | 677 | 1 206 | 1 259 |
74 | Nord-Norsk Fredssenter, Narvik | 1 019 | 1 063 | 1 110 |
75 | Det europeiske Wergelandsenteret | 6 500 | ||
Sum kap. 255 | 39 021 | 42 600 | 50 974 |
KUF-komiteen bad i Budsjett-innst. S nr. 12 (2007–2008) om at det vart utarbeid ei sak som skildrar dei ulike minna/historiestadene sine perspektiv og drøfter utfordringane i ei tid da vi ikkje lenger har tidsvitne. Departementet har bede Vox om å ta opp med freds- og menneskerettssentra korleis ein kan imøtekomma Stortingets oppmoding i høve til tidsvitneproblematikken.
Post 70 Holocaustsenteret
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Holocaustsenteret) kan drive forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Holocaustsenteret skal også drifte utstillinga i Villa Grande på Bygdøy.
Senteret har i 2007 hatt fleire utstillingar, både permanente og temporære. Det er også arrangert seminar, konferansar og foredrag. Enkelte av arrangementa er ein del av den kulturelle skolesekken. Senteret driv omfattande informasjonsverksemd, og omvisning av skoleklasser på senteret er ein viktig del av dette. I 2007, som var senterets første fulle driftsår, var det meir enn 17 000 som vitja senteret.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 71 Falstadsenteret
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter innanfor fangehistorie frå andre verdskrigen, samt humanitær folkerett og menneskerettar.
Stiftelsen Falstadsenteret driv eit opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistoria frå andre verdskrigen, og for humanitær folkerett og menneskerett. I 2007 var 12 178 personar med på 218 ulike kurs- og undervisningsopplegg. Senteret hadde det faglege ansvaret for undervisningsmodulen En verden i konflikt i samfunnsfag 2 (30 studiepoeng) for lærarstudentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Det er også inngått samarbeid med institutt for historie og klassiske fag ved NTNU om undervisning og praksisplassar for studentar ved studiet kulturminneforvaltning.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 72 Stiftelsen Arkivet
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet spelar rolla si som informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkerett og menneskerettar og er eit senter for fredsskapande arbeid.
Totalt har meir enn 11 000 personar vore med på ulike aktivitetar i 2007. 6 655 personar har fått omvising på Arkivet. Om lag 4 600 av desse var skoleelevar. Det er utarbeidd bøker, filmar, teaterstykke, rapportar og artiklar om temaet krigshistorie.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 73 Norsk Fredssenter
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Norsk Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremme arbeidet for fred og menneskerettar som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Prioritert målgruppe for Norsk Fredssenter var i 2007 unge flyktningar.
Ein av hovudaktivitetane i 2007 har vore prosjektet Afghanistan – håp om ei framtid. Hovudaktivitetane i prosjektet er sommarskole for afghansk ungdom. Norsk Fredssenter har i 2007 arrangert studiereise til både Afghanistan og Nord-Irak. Studiereisa til Nord-Irak skjedde i samarbeid med Norsk Folkehjelp.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 74 Nord-Norsk Fredssenter
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nord-Norsk Fredssenter kan utføre dokumentasjon, formidling og kontaktskapande arbeid med utgangspunkt i den historiske konteksten Narvik står i, innanfor tema fredsbygging, mellomfolkeleg forståing og internasjonalt samarbeid.
Nord-Norsk Fredssenter har i 2007 hatt eit tett samarbeid med Nordland Røde Kors krigsminnemuseum, og dei har vedteke å opprette Stiftelsen Narviksenteret, Nord-Norsk stiftelse for fredsbygging, historieformidling og menneskerettar. Fredssenteret har i 2007 også delteke i programmet European Volunteer Service.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2008.
Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret
Det europeiske Wergelandsenteret for opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap er eit samarbeid med Europarådet og skal vere eit ressurssenter for opplæring på dei nemnde områda. Senteret skal drive forsking om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap og tilby etter- og vidareutdanning for lærarar og lærarutdannarar. Vidare skal senteret spreie informasjon og vere eit knutepunkt og danne eit nettverk for relevante aktørar på feltet.
Inngåing av avtalen vil foreleggjast Stortinget i ein eigen proposisjon.
Senteret skal vere opent for alle medlemsstatane i Europarådet. Arbeidsspråket skal vere engelsk.
Senteret skal drivast i samarbeid med Europarådet på grunnlag av arbeidet til Europarådet og Noreg for interkulturell forståing, menneskerettar og demokratisk medborgarskap.
Det vart i 2008 sett av 3 mill. kroner til etableringa av senteret.
Departementet foreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2009.
Kap. 256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 40 748 | 40 243 | 39 956 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 9 622 | 13 491 | 14 085 |
Sum kap. 256 | 50 370 | 53 734 | 54 041 |
Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet har som mål å auke deltakinga i samfunns- og arbeidsliv hos vaksne ved å styrkje og synleggjere kompetansen deira. Grunnleggjande dugleikar og realkompetanse er særskilde innsatsområde. Rolla til Vox er òg å utvikle, analysere og formidle kunnskap om læring hos vaksne og å forvalte tilskottsordningar for dette formålet.
I revidert nasjonalbudsjett for 2008 vart det varsla at Kunnskapsdepartementet frå og med 2009 ønskjer å presisere fordelinga av ansvar og oppgåver mellom Vox og Utdanningsdirektoratet, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008). Det er direktoratet som skal følgje opp dei nasjonale styresmaktene sitt arbeid retta mot grunnskole- og vidaregåande opplæring for vaksne som fell inn under opplæringslova. Vox skal styrkje og fornye sitt arbeid for den delen av vaksnes læring som skjer i arbeidslivet og utanfor det formelle utdanningssystemet.
Denne presiseringa av ansvarsdelinga mellom dei to etatane skal bidra til at rettsbasert grunnopplæring for vaksne får ei tydelegare prioritering i den ordinære opplæringa, og at tiltaka blir vurderte i eit heilskapleg perspektiv for alle målgruppene. Vox og direktoratet skal samarbeide for å sikre tilstrekkeleg samanheng mellom direktoratets arbeid med grunnopplæring etter opplæringslova og Vox sitt arbeid med opplæring utanfor det formelle systemet. Mellom anna skal samarbeidet omfatte kvalitetsutvikling, dokumentasjon og informasjonsarbeid, sjå kap. 258.
Denne presiseringa inneber at Vox ikkje lenger skal ha oppgåver knytt til grunnopplæring for vaksne etter opplæringslova, samt ei styrking av direktoratet sitt arbeid på dette området. Dette har konsekvensar for måla og tildelingane til dei to verksemdene. Meir om dette nedanfor når det gjeld Vox, og under kap. 220 når det gjeld direktoratet.
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Rapport for 2007–08
Eit viktig mål for Vox i perioden har vore å styrkje kvaliteten på opplæringa i grunnleggjande dugleikar for vaksne. For å nå målet har Vox i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utvikla eit rammeverk for dei grunnleggjande dugleikane lesing, skriving og rekning og digital kompetanse hos vaksne. Vox har vidare utvikla rettleiarar og kartleggingsverktøy tilpassa rammeverket, mellom anna for å auke kvaliteten på opplæring som blir gitt gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), sjå kap. 257. Vox har òg arbeidd med å styrkje kompetansen til dei som underviser i grunnleggjande dugleikar og gjennomført etterutdanningstilbod for lærarar.
Vox har styrkja systemet for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse. Dette er eit viktig verkemiddel for å motivere vaksne for kompetanseutvikling, samstundes som det gir den einskilde høve til å byggje vidare på kompetanse dei allereie har. I perioden har Vox hatt ein sentral rolle i samband med OECD sin gjennomgang av dei norske ordningane for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse. Vox har òg gjennomført eit utviklingsprosjekt i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet for at fleire NAV-brukarar skal få vurdert realkompetansen sin. Sjå òg omtale under kap. 258.
Det er ei politisk målsetjing at fleire vaksne skal få tilbod om vidaregåande opplæring. Saman med fire fylkeskommunar har Vox fått utvikla modellar for organisatorisk og metodisk tilpassing av opplæring for vaksne bygde på godkjend realkompetanse.
For at fleire skal ta del i læring og kompetanseutvikling, er det naudsynt med god kunnskap om systemet og kva utfordringar ein står overfor. Vox har samarbeidd med Utdanningsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå (SSB) for å betre statistikken om vaksne i vidaregåande opplæring og gitt ut Vox-speilet (sjå kap. 258). BASIS! 2008 gir status på sentrale område knytte til opplæring for vaksne og peiker på utfordringar ein står overfor. Vox-barometeret presenterer utvalsundersøkingar to gonger i året.
Mål for 2009
Kategoriinnleiinga beskriver departementet sine ambisjonar for dei vaksne sin læring. Vox vil vere ein viktig premissleverandør for utvikling av dette politikkområdet, og departementet vil defor ta eit initiativ til å utvikle vidare Vox si rolle og oppgåveportefølje i 2009.
Vox skal styrkje og fornye sitt arbeid for den delen av vaksnes læring som ikkje fell inn under opplæringslova. Det inneber at Vox skal vere eit fagorgan for dokumentasjon og analyse av læring i arbeidslivet og bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om samfunnets og den enkeltes kompetansebehov. Vox skal drive informasjons- og motivasjonsarbeid for økt deltaking i opplæringstiltak i arbeidslivet og bidra til å vidareutvikle ordningar for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse inn mot arbeidslivet og høgre utdanning. Vox skal vere eit fagorgan for læring i frivillig sektor og forvalte og vidareutvikle tilskotts- og rapporteringsordningar for dei verksemdene Vox har ansvaret for. Vox skal òg bidra i generelt utgreiingsarbeid på oppdrag for departementet og delta aktivt i internasjonale prosessar. Vox skal vidare, på oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, vere eit kompetansesenter og ein pådrivar for faglege og pedagogiske spørsmål knytte til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, sjå kap. 258.
Budsjettforslag for 2009
Som følgje av oppgåveendringar mellom dei to etatane foreslår departementet å overføre ressursar tilsvarande ni årsverk frå Vox til Utdanningsdirektoratet over ein periode på to år. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 256 med 2,4 mill. kroner i 2009, mot ein tilsvarande auke på kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Ein tek sikte på at den resterande delen av ressursane skal overførast i 2010. Overføringa skal skje i dialog mellom verksemdene og departementet, og i samsvar med Hovudavtala i staten.
Elles foreslår departementet at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 5 186 | 8 737 | 9 121 |
02 | Salsinntekter o.a. | 751 | 1 115 | 1 164 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 62 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 503 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 15 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 495 | ||
Sum kap. 3256 | 7 012 | 9 852 | 10 285 |
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå sal av læremateriell.
Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 39 585 | 36 944 | 38 570 |
Sum kap. 257 | 39 585 | 36 944 | 38 570 |
Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) er ei ordning som skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Programmet blir forvalta av Vox.
Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT. Opplæringstilbydarar og organisasjonane i arbeidslivet kan òg søkje saman med ei bedrift eller offentleg verksemd. Dette siste er ei prøveordning som vart sett i verk frå budsjettåret 2008.
Rapport for 2007–08
Vaksne med låg formell utdanning er ei viktig målgruppe for BKA-programmet. Erfaringar frå Kompetansereforma viser at det er vanskeleg å nå denne målgruppa og motivere til opplæring.
Frå BKA vart oppretta i 2006, og fram til og med første halvdel av 2008 har over 3 000 arbeidstakarar delteke i opplæringstiltak gjennom programmet.
Verksemder i industrien og pleie- og omsorgssektoren har den høgaste deltakinga i BKA. I verksemder innanfor industrien har eit stort fleirtal delteke i lese- og skrivekurs, medan fleirtalet i pleie- og omsorgssektoren har delteke i IKT-kurs. Opplæringstilboda er svært varierande i omfang. IKT-opplæringa har oftast ei varigheit frå seks til 30 timar, medan lese- og skriveopplæring har eit omfang på 50 til 100 timar. I 2007 og 2008 vart det godkjent fleire kurs som var innretta mot lesing og skriving enn IKT-kurs.
Det er ei prioritert oppgåve å arbeide for at fleire arbeidssøkjarar skal få naudsynt opplæring i grunnleggjande dugleikar. I dette arbeidet har Vox samarbeidd med NAV i Hedmark og Rogaland. Desse pilotprosjekta er i ferd med å bli avslutta og erfaringane og resultata vil bli nytta i arbeidet som Vox skal gjere mot andre fylke. Rekruttering har vore ei utfordring i NAV-prosjekta, særleg i Rogaland. Dette kan mellom anna henge saman med lite arbeidsløyse.
Det har vore eit viktig mål å auke omfanget av lese- og skriveopplæring i BKA. Erfaring frå dei første åra av programmet viste at det er enklare å rekruttere til dataopplæring enn til lese- og skriveopplæring. I 2008 vart programmet tydelegare retta inn mot spesifikt å auke omfanget av opplæring i lesing og skriving. For å auke læringsutbyttet av opplæringa for den einskilde er testing og nivåplassering av deltakarane eit viktig verktøy. Det er derfor i 2008 utvikla ein test som opplæringstilbydarar i BKA kan ta i bruk. Verksemder som har søkt om støtte til grunnleggjande lesing og skriving, er no den største gruppa.
ECON Pöyry har på oppdrag frå departementet evaluert erfaringane frå BKA med sikte på å utvikle kvaliteten i programmet, og for å skape eit betre grunnlag for å vurdere moglege offentlege tilbod og finansieringsordningar på dette området. BKA har gode resultat ifølgje evalueringa. Dei fleste deltakarane har vorte flinkare, føler seg sikrare og er meir opne for kurs og rettleiing. Lese- og skrivekurs i BKA treffer målgruppa med lågast utdanning. ECON Pöyry meiner at BKA har medverka til å ufarleggjere låge dugleikar. Det er samstundes for tidleg å seie noko om dei langsiktige verknadene av tiltaket – slik som stabil tilknyting til arbeidsmarknaden og ringverknader i marknaden for opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne. ECON Pöyry peiker på som ei hovudutfordring at programmet berre når nokre bransjar og bedrifter, og rår til at ein vurderer korleis ein kan nå fram til ein større del av dei arbeidstakarane og arbeidssøkjarane som treng opplæring, og korleis ein kan nå andre delar av arbeidslivet.
For 2007–08 har det vore eit mål at fleire bransjar og bedrifter skal vere representerte i programmet. Departementet er nøgd med at privat sektor i 2008 er betre representert enn tidlegare med langt over halvparten av prosjekta. Det er likevel framleis ei utfordring å nå fram til fleire bransjar og til verksemder med få tilsette.
Mål for 2009
For 2009 er det eit prioritert mål å auke talet på deltakarar som får opplæring gjennom BKA. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.
Det er eit mål at det blir utvikla gode modellar for samarbeid mellom NAV, fylkeskommunar og verksemder slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.
Det er eit mål at fleire bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning, og at programmet skal nå fleire små og mellomstore verksemder.
Det blir foreslått ei løyving på 38,6 mill. kroner for 2009. Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som 2008.
Kap. 258 Analyse og utviklingsarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 4 258 | 3 514 | 3 740 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01 | 32 669 | 33 646 | 34 326 |
Sum kap. 258 | 36 927 | 37 160 | 38 066 |
Løyvingane over kap. 258 skal medverke til å få fram analysar, forsking, dokumentasjon og utgreiingar som kan bidra til ein kunnskapsbasert politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet.
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01
Rapport for 2007–08
Løyvinga har omfatta prosjekt og utgreiingar retta mot opplæring i eit livslangt læringsperspektiv, som omfatter unge og vaksne i og utanfor det ordinære utdanningssystemet. Løyvinga har mellom anna bidratt til å utvikle nye modellar for fleksibel læring i frivillig sektor, til å utvikle statistikk for betre styringsinformasjon overfor sektoren, og deltaking i internasjonale fora. Om lag ein tredel av løyvinga blir fordelt vidare frå Vox til andre aktørar, mellom anna til utviklingsarbeid i frittståande fjernundervisningsinstitusjonar og til studieforbund.
Rapporten Tilbud og etterspørsel etter arbeidskraft etter utdanning 1986–2025 er utarbeida av SSB som del av eit prosjekt som presenterer nye framskrivingar av kompetansebehov. Rapporten framskriv tilbod av arbeidskraft og syner at det vil bli eit lite underskott av høgre utdanna arbeidskraft, medan ein vil få eit overskott av ufaglært arbeidskraft.
Dansk Clearinghouse for utdanningsforsking har utarbeidd ein systematisk kunnskapsoversikt for departementet om samanhengen mellom lærarkompetanse og elevars læring.
NIFU Step gjennomfører eit prosjekt på oppdrag frå departementet om rammer og incentiv for investeringar i kompetanse, som vil bli avslutta i desember 2008. Departementet har òg teke initiativ til undersøkingar om tilbod og etterspurnad av etter- og vidareutdanning i høgre utdanning og i fagskolane, og av kva for faktorar som påverkar utdanningsval. Det er òg sett i gang ein studie av korleis etter- og vidareutdanningspolitikken er utforma i ulike land.
Innhenting av data til EUs undersøking Adult Education Survey (AES) fann stad det siste året. Ei rekkje land deltek i undersøkinga, mellom anna dei andre nordiske landa. AES-data vil bli sette i samanheng med ein tidsserie av data som blir samla inn gjennom Lærevilkårsmonitoren i regi av Fafo.
OECD initierer ein studie om vaksnes læring, PIAAC (Programme for International Assessment of Adult Compentencies), som er under utvikling. Noreg deltek i utviklingsfasen saman med 20 andre land. Det er førebels ikkje teke stilling til om Noreg skal delta i undersøkinga, som skal gjennomførast i 2011. Både Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet er involverte i førebuingane.
For å styrkje systemet for vurdering av realkompetanse vart det i 2007 gjennomført prosjekt retta mot ulike målgrupper i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet, kriminalomsorga, fylkeskommunar og NAV. Rutinar for dokumentasjon av realkompetanse er under implementering i alle fylka hausten 2008.
Som eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle det nasjonale systemet for karriererettleiing har departementet saman med aktuelle partar delteke i eit europeisk nettverk for karriererettleiingspolitikk (ELGPN).
Departementet har gjort ein avtale med Nasjonalt folkehelseinstitutt om å kartleggje omfanget av språkvanskar hos barn. Prosjektet byggjer på Mor og barn-studien, som følgjer 100 000 mødrer frå svangerskap og fram til barnet er åtte år.
Mål for 2009
Departementet vil nytte løyvingane under post 01 for å få fram analysar, forsking, dokumentasjon og utgreiingar som kan medverke til ei kunnskapsbasert politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet. Departementet vil stimulere til ein meir lærande utdannings- og opplæringssektor, og vil derfor styrkje utdanningsforskinga om og for sektoren. Ei viktig satsing er det nye forskingsprogrammet for utdanningsforsking, som er omtalt i kategoriinnleiinga. Programmet er ei langsiktig satsing over 10 år. Det er eit mål at programmet skal styrkje fagmiljø som driv med utdanningsforsking, og bidra til at utdanningsforskinga i større grad blir eit fleirfagleg kunnskapsfelt. Departementet vil foreta ei utgreiing om etablering av eit kunnskapssenter for utdanning.
Departementet vil nytte løyvinga under post 21 til sentrale forskings-, utgreiings- og utviklingsprosjekt for livslang læring og kompetanseutvikling. Ein del av løyvinga vil som tidligare bli fordelt vidare frå Vox til studieforbund og fjernundervisningsinstitusjona. Løyvinga vil famne om tiltak og prosjekt som både offentlege og private organisasjonar skal gjennomføre for å bidra til auka motivasjon og deltaking i læringsaktivitetar for vaksne, mellom anna i forbindelse med den varsla stortingsmeldinga, om kompetansepolitikken.
Det er eit mål å betre systemet for karriererettleiing og gjere det meir tilgjengeleg for fleire. Departementet legg til grunn at det er naudsynt med nasjonal koordinering av karriererettleiing for å sikre at behova til den einskilde, arbeidslivet og samfunnet blir teke hand om. Eit breitt samansett prosjekt som skal vurdere ein slik permanent koordineringsfunksjon, vil bli sett i gang. Prosjektet vil bli leda av Vox.
Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing av kva for planar fylkeskommunane legg til grunn for å kartleggje behov og etablere opplæringstilbod for vaksne. Ei undersøking vil òg bli sett i gang med sikte på å definere nærmare kven som har behov for grunnskoleopplæring, kva for motiv dei har for deltaking, og kva for utbytte vaksne har for å delta i ulike opplæringstiltak.
Departementet vil samarbeide med aktuelle aktørar for å betre realkompetansesystemet og identifisere dei viktigaste utfordringane for å få til eit meir heilskapleg system i tråd med anbefalingane til OECD. Vidareutvikling av systemet vil mellom anna innebere tiltak for å sikre einsarta praksis der det er naudsynt, og å leggje til rette for innsamling av samanliknbare data frå forskjellige fylkeskommunar og frå dei høgre utdanningsinstitusjonane. Sjå omtale i kategoriinnleiinga.
Det blir foreslått ei løyving på 38,1 mill. kroner for 2009. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på om lag same nivå som i 2008.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
270 | Studium i utlandet og sosiale formål for studentar | 152 534 | 223 714 | 299 758 | 34,0 |
271 | Universitet | 10 555 871 | 12 008 331 | 13 151 993 | 9,5 |
272 | Vitskaplege høgskolar | 909 684 | 967 946 | 1 220 669 | 26,1 |
275 | Høgskolar | 8 244 376 | 7 948 131 | 7 912 780 | -0,4 |
276 | Fagskoleutdanning | 285 144 | 304 083 | 343 277 | 12,9 |
281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar | 770 019 | 830 025 | 969 083 | 16,8 |
Sum kategori 07.60 | 20 917 628 | 22 282 230 | 23 897 560 | 7,2 |
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar | 3 509 | 10 | 10 | 0,0 |
Sum kategori 07.60 | 3 509 | 10 | 10 | 0,0 |
Innleiing
Regjeringa har som mål at Noreg skal bli eit av dei mest nyskapande og kunnskapsbaserte landa i verda. Dette krev langsiktig og målretta satsing på utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet og relevans. Utdanning og forsking legg grunnlaget for den kunnskapen og kompetansen vi treng for å møte miljø- og velferdsutfordringar og sikre framtidig verdiskaping.
Regjeringa legg vekt på at norsk høgre utdanning må ha høg kvalitet, vere internasjonalt konkurransedyktig og relevant for behova i arbeids- og næringslivet. Utdanning av høg kvalitet er nødvendig for å sikre gode kandidatar til arbeidslivet.
Utdanning er eit sentralt velferdsgode for den einskilde og ei viktig investering for å sikre velferdssamfunnet. Eit mangfaldig utdanningstilbod av høg kvalitet som spenner over ulike kunnskapsfelt og som fangar opp ulike sosiale grupper, er avgjerande for sosial utjamning og rettferd. Prinsippet om gratis utdanning, støtteordningane under Statens lånekasse for utdanning, studievelferdsordningar, desentralisert utdanning og tilbod om studentbustader sikrar at det er mogleg for alle å ta høgre utdanning, uavhengig av sosial bakgrunn.
Høg kvalitet og breidd i forskinga bidrar til demokrati, velferd og utviklinga av eit innovativt og kunnskapsbasert næringsliv. Dette er nødvendig for å få ei berekraftig økonomisk utvikling. Vi treng god forsking på eit breitt spekter av fagområde.
Høgre utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet er avhengig av tilstrekkeleg rekruttering på alle fagområde, tilstrekkelege ressursar og ein god infrastruktur som kan bidra til at norske utdannings- og forskingsmiljø er interessante og gode samarbeidspartnarar. Betre balanse mellom kjønna i vitskaplege stillingar er viktig for å nytte potensialet i heile folket. Utstrakt internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid er nødvendig for at Noreg skal kunne hevde seg internasjonalt på prioriterte område.
Utval for høgre utdanning (Stjernø-utvalet) leverte innstillinga si i 2008, jf. NOU 2008: 3 Sett under ett. Utvalet peiker på at norsk høgre utdanning og forsking har for fragmentert struktur med mange små institusjonar og fagmiljø, og at dette set kvaliteten i utdanning og forsking under press. Utvalet peikar på at det er nødvendig med meir forskingssamarbeid og tydeleg arbeidsdeling mellom universiteta og høgskolane på nasjonalt nivå. Utvalet foreslår ein prosess med samanslåingar av institusjonar. Vidare foreslår utvalet at kravet for akkreditering som universitet bør bli éi doktorgradsutdanning, kombinert med krav til institusjonsstørrelse og ei strengare tolking av kravet om stabil forskarutdanning.
Stjernø-utvalet meiner at det bør bli meir rom for politisk underbygde avgjerder om prioriterte område og arbeidsdeling mellom institusjonane. Utvalet foreslår mellom anna ein forsiktig reduksjon av den resultatbaserte finansieringa, meir langsiktige avtalar og meir strategiske løyvingar. Utvalet peiker òg på utfordringar i profesjonsutdanningane og i forskarutdanningane, og foreslår eit nytt styringssystem for universitet og høgskolar.
Regjeringa vil ikkje setje i verk ei stor strukturreform med tvangssamanslåingar eller leggje ned studiestader. Regjeringa vil halde oppe styringssystemet ved universitet og høgskolar. Regjeringa meiner likevel at det er behov for ei klarare arbeidsdeling og spesialisering i sektoren. Det er nødvendig og ønskeleg at institusjonane på frivillig basis utviklar eit forpliktande samarbeid. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan vidareutvikle meir langsiktig og strategisk styring og felles forståing mellom departementet og sektoren om kva oppgåver ein skal løyse innanfor dei rammene som gjeld.
Regjeringa held fast ved at institusjonane framleis må ha minst fire ulike doktorgradar for å bli universitet, og vil klargjere kriteria for å få akkreditert ein doktorgrad gjennom å innføre ei strengare tolking av kravet om stabil forskarutdanning. Det er behov for samarbeidsformer som sikrar kvalitet i forskarutdanninga og kritisk masse for små forskingsmiljø og samtidig tek vare på den nasjonale breidda i norsk forsking. Det er vidare behov for prioritering og god fagleg leiing på alle nivå for å utvikle og setje i verk strategiar for fagleg spissa samarbeid.
Det er faglege utfordringar i profesjonsutdanningane, slik Stjernø-utvalet påpeiker. Regjeringa meiner ein bør søkje å løyse dei gjennom vidare fokus på kvalitet i profesjonsutdanningane og institusjonssamarbeid om arbeidsdeling. Mellom anna vil evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) av ingeniørutdanningane bli vurdert og sett i samanheng med oppfølging av Stjernø-utvalet.
Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2009 leggje fram ei evaluering og vurdering av finansieringssystemet for universitet og høgskolar, slik det blei varsla i St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning (statusrapport for Kvalitetsreforma). Ein vil sjå evalueringa i samanhang med den overordna styringsmodellen for sektoren og med forslaga frå Stjernø-utvalet. Departementet har oppretta ei referansegruppe som vil samarbeide og ha brei dialog med dei ulike aktørane i sektoren. Departementet legg ikkje opp til endringar i finansieringssystemet før evalueringa er gjennomført.
Budsjettprioriteringar i 2009
Budsjettforslaget for kategori 07.60 er på om lag 24 mrd. kroner i 2009. Dette er ein auke på om lag 1,6 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2008, tilsvarande ein nominell vekst på om lag 7,2 pst. og ein reell vekst på om lag 2,9 pst.
Den resultatbaserte undervisningskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar blir årleg justert for endringar i avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar. På denne bakgrunn blir undervisningskomponenten redusert med om lag 42 mill. kroner frå 2008 til 2009.
For at universitet og høgskolar skal kunne drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innafor eit breitt spekter av fagtilbod, foreslår Regjeringa å auke basisløyvinga til universiteta og høgskolane med 298,4 mill. kroner i 2009. Dette tilsvarar reduksjonen i løyvinga i 2007, justert for lønns- og prisauken i perioden. Dette skal gjere institusjonane betre i stand til å nå måla sine for utdanning og forsking.
Tilstrekkeleg tilgang på personale med doktorgrad er ein føresetnad for å auke forskingsevna. Regjeringa vil auke forskingskapasiteten og kvaliteten i forskinga og foreslår å løyve 52,5 mill. kroner til 201 nye rekrutteringsstillingar frå hausten 2009. Ein del av desse skal vere øyremerka kvinner. Det vil bli sett av 10 mill. kroner til nye nærings-phd-stillingar over Nærings- og handelsdepartementets budsjett. Satsen per stilling over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir auka til kr 800 000 for å bidra til å dekkje meir av dei faktiske kostnadane knytt til stillingane. For å betre utstyrssituasjonen ved universitet og høgskolar foreslår Regjeringa å løyve om lag 80 mill. kroner til vitskapleg utstyr som skal bli kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Regjeringa foreslår vidare å løyve om lag 23 mill. kroner til universitetsmusea i 2009, knytte til mellom anna sikring og bevaring av samlingane, strategisk forskingssatsing, fagleg utvikling, samt utgreiing av eit nasjonalt digitalt museum.
Formålstenlege bygg innanfor høgre utdanning og forsking er ein føresetnad for å gjennomføre utdannings- og forskingspolitikken. For å betre bygg- og utstyrssituasjonen foreslår Regjeringa å løyve 60 mill. kroner i startløyving til nybygg ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen og 20 mill. kroner til bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo.
Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kroner til utstyr ved Kunsthøgskolen i Oslo og 11,7 mill. kroner til husleige for Samisk vitskapsbygg. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo med 75 mill. kroner i 2009. Regjeringa foreslår vidare å løyve 8 mill. kroner i samband med at Noregs Veterinærhøgskole (NVH) og Veterinærinstituttet blir lokalisert på Ås og NVH blir organisert saman med Universitet for miljø- og biovitskap. Midlane vil bidra til å sikre framdrift i prosjektet. Regjeringa foreslår at samlokalisering av Høgskolen i Bergen blir satt i gang i 2010.
For at alle skal ha lik rett til høgre utdanning uavhengig av økonomisk og sosial situasjon, foreslår departementet å auke løyvinga til bygging av studentbustader nominelt med om lag 70 mill. kroner i forhold til statsbudsjettet for 2008. Det tilsvarar ei løyving på om lag 220,8 mill. kroner i 2009. Det gir om lag 1 000 nye hybeleiningar avhengig av kvar i landet dei blir bygde. Regjeringa oppfyller med dette lovnadene i Soria Moria-erklæringa om å auke tilgangen på studentbustader.
Regjeringa foreslår å løyve i overkant av 100 mill. kroner for å styrkje lærarutdanninga i 2009. Regjeringa foreslår mellom anna å tilføre om lag 180 nye studieplassar for å auke kapasiteten i lærarutdanninga.
Det er eit mål å auke talet på pedagogar i barnehagane. Regjeringa foreslår derfor å løyve 7,5 mill. kroner i 2009 til 150 nye studieplassar i førskolelærarutdanninga, og det blir gitt midlar til 150 studieplassar i eittårig vidareutdanning i barnehagepedagogikk på deltid for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.
Målstruktur og styringssystem for universitet og høgskolar
Dei statlege institusjonane i universitets- og høgskolesektoren er statlege forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Det inneber stor grad av institusjonell fridom som sikrar uavhengig forsking og undervisning, og gir institusjonane rom til å tilpasse seg nye krav til kvalitet, relevans og auka konkurranse nasjonalt og internasjonalt.
Institusjonane blir styrte gjennom mål- og resultatstyring, med integrert risikostyring. Måla for sektoren er utforma på eit overordna nivå. Institusjonane utarbeider i tillegg eigne mål og styringsparametrar, som er tilpassa storleiken og eigenarten til institusjonane. Styra ved institusjonane rapporterer årleg oppnådde resultat til departementet. Departementet hentar òg inn informasjon og statistikk på andre område som er viktige å følgje over tid, og utarbeider årleg ein tilstandsrapport for universitets- og høgskolesektoren. Dette blir brukt i dei årlege etatsstyringsmøta med dei statlege institusjonane.
Institusjonane har arbeidd med å etablere og utvikle eigne styringssystem med utgangspunkt i departementet sine målformuleringar og metoderettleiingar. Det er variasjon i framdrifta, men arbeidet viser ei god utvikling.
Den faglege delen av målstrukturen gjeld òg for dei private høgre utdanningsinstitusjonane som er omfatta av universitets- og høgskolelova. Kunnskapsdepartementet har tilsynsansvar overfor dei private høgskolane, og følgjer opp bruken av statstilskottet. Det blir arrangert eit årleg felles kontaktmøte med dei private høgskolane.
Risikostyringa i institusjonane skal fungere som ein prioriteringsmekanisme i styringa av den einskilde institusjonen, og inngå som ein integrert del av styringa av verksemda. Departementet vil framover følgje institusjonane sitt arbeid med å bruke og dokumentere arbeidet med risikostyring.
Finansieringssystemet for universitet og høgskolar er utforma for å støtte opp under dei overordna måla for sektoren, og finansieringa er delvis resultatstyrt. Innføringa av systemet gav eit tydelegare skilje mellom finansiering av undervisning og forsking og auka fleksibilitet til å satse strategisk. Institusjonane må sjølve tilpasse bruken av midlane etter lokale behov og kostnadsstrukturar, og departementet legg ikkje føringar på korleis finansieringssystemet er internt på institusjonane.
Kunnskapsdepartementet har sett følgjande overordna mål for universitet og høgskolar:
Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.
Universitet og høgskolar skal nå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Universitet og høgskolar skal bidra til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og bidra til innovasjon og verdiskaping basert på desse resultata. Universitet og høgskolar skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten.
Statlege universitet og høgskolar skal organisere og drive verksemda si på ein slik måte at samfunnsoppdraget blir best mogleg teke hand om innanfor ramma av disponible ressursar.
For universitet med universitetsmuseum er det i tillegg sett følgjande mål:
Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for å byggje opp, drive og vedlikehalde museum med vitskapelege samlingar og utstillingar for publikum.
For fagskoleutdanningar er det sett følgjande mål:
Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på avslutta vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Mål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
Resultata har vore gode innanfor høgre utdanning dei siste åra, men det er store variasjonar i måloppnåinga frå institusjon til institusjon. Etter Kvalitetsreforma har det blitt oppretta fleire studietilbod ved universitet og høgskolar, men den store veksten i nye studietilbod har no stoppa opp. Samtidig er det tettare oppfølging av studentane, og institusjonane bruker meir varierte undervisnings- og vurderingsformer.
I 2007 var det 190 130 studentar som tok høgre utdanning ved norske universitet og høgskolar, ein nedgang på 2,6 pst. sidan 2005. Det var 97 888 søkjarar til hovudopptaket gjennom Samordna opptak i 2007, ein nedgang på 3,4 pst. frå 2005. Studiepoeng per student har auka frå 42 i 2005 til 42,6 i 2007. Totalt blei det uteksaminert 32 986 kandidatar i 2007, ein auke på 11,2 pst. frå 2005. I tillegg fullfører fleire utdanninga på normert tid. Dette tyder på at tiltaka i Kvalitetsreforma har hatt positiv effekt.
Uveksling av studentar og tilsette har auka. I 2007 var det 4 494 innreisande og 3 954 utreisande utvekslingsstudentar, dvs. ein auke på respektive 22 pst. og 2,8 pst. sidan 2005. Det er likevel behov for å integrere internasjonaliseringsarbeidet betre i utdanninga ved mange lærestader.
Kvalitet i utdanninga
Eit hovudmål i Kvalitetsreforma var å utvikle og heve studiekvaliteten. Statusrapport for Kvalitetsreforma konkluderer med at det har vore positive endringar som det er viktig å byggje vidare på.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) har vore gjenstand for ei internasjonal fagevaluering. Evalueringa viser at organet klart oppfyller dei europeiske standardane for kvalitetssikringsorgan. Evalueringa peiker vidare på fleire område for å utvikle NOKUTs rolle i norsk høgre utdanning og fagskoleutdanning. NOKUT bør mellom anna i større grad leggje vekt på kvalitetsutvikling framfor kontroll. Saman med evalueringa av Kvalitetsreforma og innstillinga frå Stjernø-utvalet gir evalueringa av NOKUT høve til å sjå fleire sider av Kvalitetsreforma under eitt. For å følgje opp evalueringa har departementet førebels gjennomført eit høringsmøte og vil nedsette ei ressursgruppe for arbeid med kvalitet i høgre utdanning. Departementet vil saman med NOKUT og sektoren vurdere nødvendige justeringar av rammene som NOKUT og institusjonane arbeider innanfor. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01.
Det er viktig at utdanningane som blir tilbode, er relevante for behova i arbeidslivet, og at ein tydeleg formidlar det læringsutbyttet ein kan vente etter avslutta studium. Statusrapport for Kvalitetsreforma konkluderer med at ein no må dreie innsatsen meir mot innhald, læringsutbytte og kvalifikasjonar i undervisning og forsking. Ein må leggje vekt på verdien av relevans og samarbeid med samfunns- og arbeidsliv for kvalitetsutvikling. For å bidra til dette er det viktig å utvikle kvalifikasjonsrammeverk som viser kva kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse alle studentar som fullfører det aktuelle nivået i høgre utdaning, skal ha. Det vil mellom anna gjere det lettare å få godkjent kvalifikasjonar over landegrensene. Som del av Bolognaprosessen har departementet i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren og andre sentrale partar utarbeidd og sendt på høring forslag til eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal vere ferdig sertifisert mot det europeiske innan 2010. Departementet vurderer no det vidare arbeidet med eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høgre utdanning. Regjeringa vil leggje fram ei melding om livslang læring, kunnskap og kompetanse i 2009. Relevans og samarbeid med arbeids- og samfunnsliv vil vere viktige tema. Sjå omtale under progamkategori 07.50.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 391, 7. mars 2008 i samband med behandlinga av St.meld. nr. 7 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 150 (2007–2008).
«Stortinget ber Regjeringen vurdere å innføre krav om ekstern sensor for all høyere utdanning.»
Kunnskapsdepartementet vil sette i gang arbeidet med ei kartlegging av bruken og omfanget av ekstern sensor på lågare grad ved universitet og høgskolar, og vil vurdere ei lovendring som sikrar meir bruk av ekstern sensor på lågare grad. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med resultata frå kartlegginga.
Profesjonsutdanningane
Stjernø-utvalet peiker på fleire felles utfordringar for dei tre- og fireårige profesjonsutdanningane, særleg knytte til korleis utdanningane kan leggje til rette for god profesjonsutøving gjennom praksis, kunnskapsgrunnlag og FoU. Generelt ser utvalet det som nødvendig å styrkje studiekvaliteten ved fleire av desse profesjonsutdanningane. Fleire av utdanningane har i tillegg utfordringar med rekruttering av studentar eller lærarar.
For å møte nokre av desse utfordringane har Universitets- og høgskolerådet (UHR) og NOKUT i 2008 fått ansvar for å vurdere korleis ein kan etablere senter for framifrå undervisning slik Stjernø-utvalet har foreslått. Det vil i første omgang bli sett i gang eit forsøk innanfor lærarutdanninga.
Sjukepleie
NOKUT sette hausten 2004 i gang revidering av akkrediteringa av alle bachelor- og mastergradsstudia i sjukepleie. Av bachelorutdanningane fekk i utgangspunktet alle utanom Diakonhjemmet høgskole pålegg om å rette opp manglar i fagplan og manglande kompetanse blant undervisningspersonalet. Institusjonane har lagt ned eit betydeleg arbeid mellom anna for å nå NOKUTs kompetansekrav. NOKUT reakkrediterte i 2008 alle dei resterande bachelorutdanningane.
Ingeniørutdanning
NOKUT har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet evaluert dei to- og treårige ingeniørutdanningane som er omfatta av rammeplan for ingeniørutdanning. Fleire undersøkingar dei siste åra har vist teikn på dårleg kvalitet, dårleg rekruttering og små og svake fagmiljø. Men evalueringa viser at ingeniørutdanninga jamt over held god kvalitet og tener godt både som sjølvstendig yrkesutdanning og som grunnlag for masterstudium i teknologi. Institusjonane har klart å sameine stabil teoretisk basis med praktisk dugleik i utdanninga, og sluttkompetansen til studentane ser ut til å halde eit tilfredsstillande nivå. Evalueringa framhevar fagkompetansen til kandidatane som god og relevant og peiker på at dei små studiemiljøa innanfor ingeniørfag gir ein positiv nærleik og uformell dialog mellom studentar og forelesarar. Evalueringa peiker likevel på utfordringar med rekruttering, gjennomgåande høgt fråfall, mange sårbare fagmiljø med låg forskingsaktivitet og få tilsette med førstestillingskompetanse. Komiteen framhevar at ein må sjå nærmare på den nasjonale organiseringa og dimensjoneringa av ingeniørutdanninga.
Komiteen har gitt fleire tilrådingar for å auke kvaliteten i ingeniørutdanninga. Departementet vil vurdere nye tiltak i samarbeid med sektoren og vil mellom anna gje dei aktuelle institusjonane pålegg om å lage ei plan for korleis utdanningane kan bli betre. Regjeringa har i 2008 gitt midlar til tiltak som skal bidra til å auke rekrutteringa og minske fråfallet, mellom anna støtte til RENATE-senteret og støtte til eit forskingsprosjekt (Vilje-con-valg) om fråfall og bortval av realfaga i høgre utdanning.
Lærarutdanning
For å følgje opp NOKUT-evalueringa av allmennlærarutdanningane i 2006 har Kunnskapsdepartementet gitt alle dei aktuelle institusjonane pålegg om å lage ein plan for korleis utdanningane kan bli betre. Etatsstyringsmøta og rapportar frå institusjonane viser at dei arbeider med dette.
Statistisk sentralbyrås (SSB) framskrivingar frå 2008 av det framtidige behovet for lærarar tyder på at det gradvis blir ein aukande mangel på lærarar fram mot 2020. Sjølv om nedgangen etter innføring av karakterkrav har stansa, viser tal frå Samordna opptak at det framleis er svak søkning til allmennlærarutdanninga, særleg til institusjonar i nord og i distrikta. Søkninga til andre typar lærarutdanningar er meir stabil.
Departementet legg ved årsskiftet 2008–09 fram ei stortingsmelding om lærarrolla og lærarutdanning. Forslaga i meldinga vil ha konsekvensar for det samla tilbodet om lærarutdanning ved den einskilde institusjonen. Dei einskilde institusjonane må starte arbeidet med ein intern gjennomgang av det samla tilbodet i lærarutdanning. Det blir i denne samanhengen òg viktig å vurdere regional arbeidsdeling og samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane for å bidra til god dekning av ulike typar lærarutdanningar og fag i alle regionane.
NOKUT fekk våren 2008 i oppdrag å evaluere førskolelærarutdanningane, mellom anna korleis ulik organisering institusjonane imellom påverkar kvaliteten på utdanninga. Evalueringa er planlagd sluttført hausten 2010.
Internasjonalt utdanningssamarbeid
Høgre utdanning er prega av aukande samhandling over landegrensene. Kvalitetsreforma førte til auka merksemd om internasjonalisering av høgre utdanning. Institusjonane har utvikla strategiar for auka internasjonalisering, men det er behov for å verkeleggjere dei og samtidig operasjonalisere nasjonale mål ved institusjonane.
Universitet og høgskolar er sentrale for å nå måla i Regjeringas nordområdestrategi. Dei tek del i samarbeids- og programaktivitetar som byggjer opp under måla, mellom anna gjennom Universitetssenteret på Svalbard, Arktisk Universitet, Samarbeidsprogrammet med Russland, Nordområdestipendprogrammet og EnergiCampus Nord. Ved Høgskolen i Bodø er det mellom anna etablert eit Nordområdesenter for næringslivet.
Bolognaprosessen har som mål å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning innan 2010 og omfattar 46 europeiske land. Til det neste ministermøtet i 2009 skal ein leggje fram konkrete forslag til vidare utvikling etter 2010. Noreg tek aktivt del i prosessen.
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i EU-programma på utdannings- og forskingsområdet. Det er dei største internasjonale samarbeidsarenaene norske universitet og høgskolar deltek i, og det er viktig å nytte dei best mogleg. For omtale av livslang læringsprogrammet, sjå kap. 252. Kunnskapsdepartementet førebur Noregs deltaking i Erasmus Mundus II frå 2009 til 2013. For nærmare omtale av Erasmus Mundus II, sjå kap. 281 post 73.
Kunnskapsdepartementet lanserte i 2007 ein Nord-Amerika-strategi for høgre utdanningssamarbeid 2008–11, bygd på fire dimensjonar: myndigheitssamarbeid, styrking av studentutvekslinga, etablering av partnarskapsordningar og styrking av informasjon og nettverksarenaer. For omtale av internasjonalisering og bilaterale avtalar, sjå kap. 281 post 01 og 51.
Regjeringa vil hausten 2008 leggje fram ei stortingsmelding om internasjonalisering, med ei samla vurdering av internasjonaliseringsarbeidet i utdanningssektoren.
Mål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
Norsk forsking hevdar seg i aukande grad internasjonalt gjennom vitskapleg produksjon og siteringar. Noregs del av artiklar på verdsbasis aukar, medan OECD-land, EU-land og Norden har nedgang. Den relative siteringsindeksen viser at Noreg ligg stabilt på 25 pst. over verdsgjennomsnittet, jf. tal frå NIFU STEP.
Noreg har auka bidraget sitt til EUs rammeprogram. Samtidig har dei statlege institusjonane auka inntektene frå EUs rammeprogram for forsking med 16 pst. frå 2006 til 2007. Det tyder på auka kvalitet og relevans i forskinga.
I 2007 blei det gjennomført 1 030 doktordisputasar ved norske universitet og høgskolar, 125 fleire enn i 2006. Auken dei siste åra gjer at målet frå Kvalitetsreforma om 1 100 uteksaminerte kandidatar årleg snart er nådd. Det er likevel framleis behov for å redusere fråfallet og betre gjennomstrøyminga i doktorgradsutdanningane. Utanlandske statsborgarar står for om lag 20 pst. av doktorgradane i Noreg.
Kvalitet og samordning
Stjernø-utvalet peiker på at Noreg har ein fragmentert struktur med for mange små og svake fagmiljø og for lite arbeidsdeling. Nye doktorgradsprogram blir etablerte med veik og fagleg sårbar base. I ein slik struktur vil ikkje all forsking halde tilfredsstillande kvalitet.
Fagevalueringane frå Noregs forskingsråd (NFR) peiker på at for dårleg fagleg leiing på så å seie alle fagområde har gitt fragmenterte, små einingar med utydeleg fagleg profil og få felles forskingsinteresser. Evalueringskomiteane har peikt på at spesialisering av forskinga innanfor nokre få kjerneområde er nødvendig for å motverke tendensane til at små fagmiljø forsøkjer å etablere ein for brei forskingsagenda.
Ei utfordring for sektoren framover blir å finne former for samarbeid som sikrar kritisk masse for små forskingsmiljø, og samtidig tek vare på den ønskte nasjonale breidda i forskinga. Det er behov for at institusjonane utviklar strategiar for fagleg spissing og samarbeid og gjennomfører dei.
Eit sentralt verkemiddel på nasjonalt nivå for å bidra til mindre fragmentering, meir fagleg spissing og samarbeid er forskingssatsingar gjennom NFR som skal fremme samarbeid og konsentrasjon i FoU-verksemda. NFR har i 2008 lyst ut nasjonale forskarskolar som skal bidra til å auke gjennomføringa og redusere fråfallet i doktorgradsutdanningane, samt stimulere til auka samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Verkemiddelet vil bli vidareført.
Fleire nasjonale ordningar og verkemiddel er oppretta for å stimulere til betre kvalitet i forskinga. Eliteprosjekt som Senter for framifrå forsking (SFF), Yngre framifrå forskarar (YFF) og Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI) er nasjonale konkurransearenaer med tildelingar baserte på kvalitet, i hovudsak gjennom NFR og nasjonale fagevalueringar. Midtvegsevalueringa av SFF syner at det har vore ei særs vellykka ordning, og at SFF-miljøa held høg internasjonal kvalitet. Finansieringssystemet i UH-sektoren skal òg stimulere institusjonane til å oppnå gode resultat i forskinga. Analysar av produksjonen av vitskaplege publiseringar tyder på at dette har vore vellykka, jf. tal frå NIFU STEP.
For å styrkje FoU, kompetanseutvikling og samarbeid i høgskolesektoren har departementet utvikla nasjonale verkemiddel gjennom NFR. Dette er mellom anna strategiske høgskoleprosjekt (SHP) og program for praksisretta FoU for barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning. NFR har utvikla verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), der eit av måla er å utvikle samarbeidet mellom høgskolane og andre regionale utviklingsaktørar. Departementet vurderer programma som vellykka og eigna verkemiddel.
For å bidra til betre samordning av innsats og samarbeid om forsking på natur- og kulturarven vil departementet be NFR utarbeide ei nasjonal FoU-satsing retta mot universitetsmusea. Satsinga skal ha fokus på rekruttering og omfatte dei kulturhistoriske musea, men òg sikre målretta satsing på det naturhistoriske området for å sikre basiskunnskap om artar og tap av biologisk mangfald. Sjå òg omtale under kap. 281 post 50.
Rekruttering og forskarutdanning
Talet på avlagde doktorgradar har auka dei siste åra og vil fortsette å auke i åra framover som resultat av satsinga i perioden 2002–08. Tilstrekkeleg tilgang på personale med doktorgrad er ein føresetnad for å auke forskingsevna, og for å få til den nødvendige omstillinga for å utvikle meir kunnskapsbasert næringsliv og tenesteyting. Det gjeld særleg faga matematikk, naturvitskap, teknologi og medisin, samt profesjonsutdanningane.
Ein stor del av det faglege personalet ved høgskolane tek doktorgraden i si ordinære stilling. Mange av høgskolane har kvalifiseringsprogram for eigne tilsette, noko som kan bidra til at dei i større grad kan utnytte ressursane til FoU og sikre utdanning av høg kvalitet.
Dei siste åra har institusjonane teke viktige grep for å auke delen som fullfører doktorgraden, men fråfallet er framleis for høgt. Ein av fire registrerte stipendiatar i 1995 hadde ikkje avlagt doktorgrad i 2007. Departementet føreset at institusjonane arbeider med å betre kvaliteten i forskarutdanninga si, særleg når det gjeld å sikre gjennomstrøyming, fagmiljø og rettleiing for stipendiatane. Dei høgskolane som inngår doktorgradsavtale med ordinært tilsette, må sørgje for arbeidsforhold som gjer det mogleg å avleggje graden.
Stjernø-utvalet peiker på at kravet om fire doktorgradar og fem mastergradar for å bli universitet har ført til mange smale og svake doktorgradsstudium. Tilknyting til eit solid fagmiljø med god kapasitet til rettleiing og tilgang til forskingsinfrastruktur er nødvendig for effektiv og god forskarutdanning. Nasjonale forskarskolar og samarbeid mellom institusjonane er viktige verkemiddel. Departementet vil vurdere kriteriene for stabil forskarutdanning, og vil mellom anna krevje eit minimumsomfang av utdanninga, gjennom endringar i forskrift om akkreditering, evaluering og godkjenning etter lov om universitet og høgskolar.
Det er ei utfordring å auke FoU-kompetansen i profesjonsutdanningane knytt til praksisnære område. Det er nødvendig både for å sikre utvikling i profesjonskunnskapen og kvaliteten i utdanningane.
Regjeringa foreslår å opprette 201 nye rekrutteringsstillingar i 2009 over Kunnskapsdepartementets budsjett og styrkje dei miljøa som har doktorgradsstudentar, ved å auke satsen til kr 800 000 per stilling. Dette inneber ei auke på om lag 25 pst. Dei 201 rekrutteringsstillingane er fordelte på 166 stipendiat- og 35 postdoktorstillingar. Av dei 166 stillingane skal 15 bli kanalisert gjennom Noregs Forskingsråd (NFR) – ti som nærings-ph.d. og fem til nordområdesatsing. 151 går til UH-institusjonane. Dei 35 postdoktorstillingane blir tildelte direkte til universitet og vitskaplege høgskolar. Ved tildeling av rekrutteringsstillingane har Regjeringa prioritert MNT-faga, inklusive medisin, deretter forskarutdanning knytt til profesjonsutdanningane og regional utvikling. Ein skal òg tilgodesjå kunstnarlege utviklingsstipend og samisk forsking. Fordelinga av stipendiatsstillingar er hovudsakleg basert på resultat i publisering, EU-midlar, NFR-midlar og eksternt finansiert verksemd (EFV). Departementet vil i framtida òg nytte kriterium for gjennomstrøyming og fullføringsgrad. Nokre av stillingane vil bli fordelte ut frå strategiske omsyn, mellom anna for å styrkje samarbeidet i sektoren.
Forskarkarriere og forskingsvilkår
Noreg kan auke forskingsevna si ved å rekruttere fleire til forsking og betre vilkåra for å drive forsking. Arbeidsmarknaden for forskarar er i høg grad internasjonal, og det er auka konkurranse om dyktige forskarar, særleg på satsingsområda realfag og teknologi. For Noreg er det viktig å satse både på eigne ressursar og tilby gode nok forskingsvilkår til å rekruttere forskarar internasjonalt på dei områda der det er viktig å delta i spissforsking internasjonalt.
Postdoktorstillingar, godt arbeidsmiljø og gode forskingsvilkår er særleg viktig for å gjere det attraktivt å forske ved norske universitet og høgskolar. På fagområde der kvinner er sterkt underrepresenterte, er det viktig å betre balansen mellom kjønna. Regjeringa vil ta i bruk øyremerking av stipendiat- og postdoktorstillingar på område med kritisk låg kvinnedel. Regjeringa har som mål at om lag 15 pst. av nye stipendiat- og postdoktorstillingar ved universiteta blir øyremerka kvinner under føresetnad av nødvendig lovendring. Sjå òg hovudmål fire.
På fagområda matematikk, naturfag og teknologi er gode lokale og vitskapleg utstyr avgjerande. Fleire internasjonale fagevalueringar og kartleggingar av behov for vitskapleg utstyr frå seinare år peiker på at infrastruktur for forsking i Noreg er utilstrekkeleg.
Dei nasjonale prioriterte fagområda, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, og dei prioriterte faga for nye rekrutteringsstillingar krev alle tungt utstyr og infrastruktur. Noko av infrastrukturen for forsking er så dyr og spesialisert at ein må samarbeide internasjonalt, til dømes med CERN innanfor partikkelfysikk. I tillegg må ein betre norsk infrastruktur om Noreg skal styrkje posisjonen sin som forskingsnasjon. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner og øyremerkje avkastinga av 4 mrd. av desse til forskingsinfrastruktur i 2009.
For at Forskingsrådet raskare skal få følgt opp utstyrsstrategien sin, foreslår Regjeringa å løyve 80 mill. kroner som eingongsløyving til utstyr i 2009. Midlane vil bli kanaliserte gjennom NFR, og ikkje direkte til institusjonane. NFR vil kunne sjå bruken av midlane i 2009 i samanheng med avkastninga frå utstyrsfondet. Institusjonane får auka rom for til dømes å skaffe nytt utstyr gjennom den auka løyvinga per nye rekrutteringsstilling.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Universiteta og høgskolane har omfattande forskingssamarbeid med internasjonale organisasjonar, gjennom internasjonale fellessatsingar og program og bilaterale avtalar. EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er det mest omfattande internasjonale forskingsprogrammet Noreg tek del i. Noreg hadde god utteljing i det sjette rammeprogrammet og ein høgre suksessrate enn snittet for EU-landa. Resultata frå den første søknadsrunden i det sjuande rammeprogrammet syner stor aktivitet i norske forskingsmiljø. Per juni 2008 var 229 prosjekt med norsk deltaking innstilte til finansiering, dvs. ei utteljing som er om lag seks prosentpoeng høgre enn snittet for EU-landa. Av desse kjem 20 pst. frå universitet og høgskolar, 37 pst. frå forskingsinstitutta, 29 pst. frå næringslivet og 14 pst. frå andre aktørar som eksempelvis helseføretaka. Erfaringane så langt syner at dei norske miljøa med best utteljing er dei som er sterke frå før. Det er ei utfordring å auke talet på søknader med norsk deltaking.
For å stimulere til auka norsk deltaking i europeisk FoU-samarbeid har departementet gjennom NFR oppretta program for støtte til prosjektetablering. Ei utfordring for institusjonane framover blir å etablere strategiar og gode støttetenester slik at dei får større utteljing på søknadene sine.
For omtale av forskingsamarbeid og EUs sjuande rammeprogram, sjå programkategori 7.70.
Mål: Universitet og høgskolar skal bidra til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og bidra til innovasjon og verdiskaping basert på desse resultata. Universitet og høgskolar skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten
Universiteta har oppnådd gode resultat i samarbeidet med næringsliv og i arbeidet med å kommersialisere forskingsresultat. Dei har òg intensivert arbeidet med å sikre eigarrettar til forskingsresultat. Det er ein auke i den oppdragsfinansierte forskinga. For statlege og vitskaplege høgskolar er resultatskapinga variabel. Høgskolesektoren har generelt sett utfordringar med å ta på seg rolla som sentral aktør i regional utvikling og innovasjon.
Institusjonane i sektoren driv allmennretta formidling gjennom eit breitt spekter av kanalar. Ein viktig kanal er open tilgang til elektroniske versjonar av vitskaplege artiklar – Open Access. Dei fleste institusjonane har no eigne elektroniske arkiv, men arkiva er i mykje mindre grad enn mogleg nytta til å synleggjere dei vitskaplege artiklane frå institusjonane.
Innovasjon og entreprenørskap
I eit framtidig kunnskapssamfunn vil universitet og høgskolar i større grad enn i dag bidra til verdiskapinga. Fleire rapportar peiker på at høgskolane står framfor ei utfordring med å vere pådrivarar i det regionale utviklingsarbeidet og samarbeide på tvers av institusjonane for å skape meir robuste forskingsmiljø og prosjektsamarbeid.
Eit verkemiddel for å auke samarbeidet mellom institusjonane og samfunns- og næringsliv er endringar i lov om arbeidstakaroppfinningar. Det gir universiteta og høgskolane disposisjonsretten over dei tilsette sine oppfinningar, på linje med andre arbeidsgivarar. Andre sentrale verkemiddel er FORNY-programmet i NFR, teknologioverføringsverksemder (TTOar), VRI, Skattefunn og strategiske prosjekt retta mot enkeltsektorar.
For å auke forskinga i næringslivet og styrkje samarbeidsrelasjonane mellom institusjonane og næringslivet har Regjeringa etablert ei ordning med nærings-ph.d. Ordninga blei første gong utlyst av NFR i 2008. Regjeringa styrkjer ordninga med 10 nye nærings-ph.d i 2009 over Kunnskapsdepartementets budsjett i tillegg til 10 mill. kroner til nærings-ph.d. over Nærings- og handelsdepartementets budsjett.
Auka mangfald blant entreprenørane vil bidra til større verdiskaping i næringslivet. Regjeringa la derfor i 2008 fram Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner, der målet er å auke delen kvinnelege entreprenørar til 40 pst. Universitet og høgskolar er viktige for å nå målet gjennom satsingar på entreprenørskap i utdanninga, realfagsstrategien, likestilling i akademia og fleire kvinner i forskingsbasert innovasjon.
Allmennretta formidling
Regjeringa vil understreke at allmennretta formidling er ei viktig oppgåve for institusjonane i sektoren. Formidlinga tener til å skape forståing for at forsking er viktig, gi grunnlag for ein kunnskapsbasert debatt i samfunnet, stimulere til kunnskapslyst, og vekkje interessa for forsking blant yngre med tanke på framtidig rekruttering. Allmennretta formidling skjer gjennom ulike kanalar. Open tilgang til digitale versjonar av vitskaplege artiklar er ein formidlingskanal som i seinare tid har fått mykje merksemd. Dei fleste tidsskrift tillèt i dag slik arkivering. Kunnskapsdepartementet har bedt UHR og NFR om å fremje tilrådingar om korleis ein kan nytte Open Access i Noreg.
Desentralisert utdanning
Eit av verkemidla for å auke kompetansen i regionane er desentralisert og fleksibel utdanning, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Det skal vere mogleg for alle som er kvalifiserte og som ønskjer det, å ta høgre utdanning. Våren 2008 var totalt 8 082 studentar registrerte med desentralisert undervisning ved universiteta, samt dei statlege og private høgskolane. I 2006 blei budsjettet styrkt med ei særskilt løyving på 16,7 mill. kroner til desentraliserte utdanningstilbod, og midlane blei lagt i rammene til institusjonane frå og med 2007. I 2004 blei det lagt 7,8 mill. kroner inn i budsjettramma til nokre av dei statlege høgskolane i Nord-Noreg for å dekkje meirkostnader til desentraliserte studietilbod.
Desentralisert utdanning kan bidra til auka tilgang på utdanning mellom anna ved at institusjonane, i samarbeid med lokale aktørar som næringsliv, kommunar og fylkeskommunar, vurderer kva behov den einskilde regionen har. Kunnskapsdepartementet ønskjer at desentraliserte studietilbod er ein integrert del av verksemda ved institusjonane og at dei er fleksible og blir flytta etter behov. Institusjonane kan prioritere desentraliserte tilbod innanfor eiga ramme og kan sjølve velje å samarbeide med lokale studiesenter eller liknande ved gjennomføringa av tilbodet.
For å stimulere til utvikling og levering av fleksible studieopplegg er det i hovudsak to tiltak retta direkte mot universitets- og høgskoleinstitusjonane: støtte til å dekkje meirkostnader til levering av desentraliserte utdanningstilbod og støtte til utvikling av fleksible studieopplegg. Midlar til utvikling av fleksibel høgre utdanning blir gitt gjennom Noregsuniversitetet (NUV), eit nasjonalt organ under Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 281 post 01.
Kunnskapsdepartementet vil i 2008 setje i gang ein analyse av marknaden for desentraliserte utdanningstilbod. Ei evaluering av NUV vil vere ein del av dette arbeidet.
Mål: Statlege universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane
Universitet og høgskolar skal føre ein aktiv arbeidsgivarpolitikk som bidreg til å rekruttere og utvikle kompetanse som reflekterer oppgåvene og ansvarsområda til institusjonane. Talet på førstestillingar og professorat som del av alle stillingar til undervisning, forsking og formidling er på om lag 40 pst., ein auke på om lag eitt prosentpoeng frå 2005 til 2007.
Universitet og høgskolar skal gjennom personalpolitikken bidra til godt arbeidsmiljø og mindre kjønnsdelt arbeidsliv. Talet på kvinner blant det faglege personalet har auka frå 41 pst. i 2005 til 43 pst. i 2007. Auken er i alle kategoriar, men høgst for høgskolelektorar. Kvinner utgjer eit fleirtal blant studentane og stipendiatane, men blir færre dess høgre ein kjem på karrierestigen. Blant professorane er det berre 18 pst. kvinner. I naturvitskap er berre ti pst. av professorane kvinner. I teknologi er talet seks pst.
Universitet og høgskolar har gjennomført budsjettet for 2007 og i tillegg brukt 11 mill. kroner av avsette midlar frå tidlegare år. Sett i samanheng med auken i dei faglege resultata gir dette ein indikasjon på meir effektiv ressursutnytting. Avsetningane har stabilisert seg og var per 31. desember 2007 på om lag 2,2 mrd. kroner. Dette utgjer om lag 9,8 pst. av løyvinga, noko som er ein reduksjon på om lag to prosentpoeng frå 2005.
Leiing og personalforvaltning
Den nasjonale og internasjonale utviklinga med auka samarbeid og konkurranse mellom institusjonane stiller auka krav til leiarskap på alle nivå. Styret ved institusjonane er ansvarlege for at verksemda blir gjennomførd, og at måloppnåinga ligg på eit tilfredsstillande nivå. Styret må derfor identifisere kritiske faktorar for måloppnåinga og vurdere kontrolltiltak for å sikre god styring. Styret skal vidare sørgje for legitim og strategisk fagleg leiing for å ta vare på forskingsmiljøa ved institusjonane. Det er òg viktig å sørgje for likevekt mellom faglege og administrative ressursbehov. Styret må vurdere risikoen knytt til dei administrative støttesystema og sikre at det er gode rutinar for kvalitetssikring og internkontroll for å støtte opp under undervisning og forsking.
Den auka konkurransen om å rekruttere fagleg personale innanfor mange fagområde krev meir fokus på leiarskap og personalutvikling og tilrettelegging for attraktive karrierevegar. Faglege leiarar må leggje til rette for at det faglege personalet skal få utnytte kapasiteten sin best mogleg for å sikre tid til forsking.
Behovet for kompetanseheving av forskingsleiarar er i dag større enn tilbodet, og departementet vil derfor i samarbeid med UHR ta initiativ til å styrkje arbeidet med leiarutvikling i den offentlege delen av forskingssektoren.
Kompetanseutvikling
Det er høgskolane som står for auken på eitt prosentpoeng i talet på førstestillingar og professorat, som del av alle stillingar til undervisning, forsking og formidling. Dette omfatter professor-, førsteamanuensis- og førstelektorstillingar. Mange av høgskolane har gjort ekstra innsats for å auke kompetansen og har løyvd midlar til dette. Ikkje minst har NOKUTs krav til institusjonane om 20 pst. førstekompetanse bidratt til denne utviklinga. Ein karriere frå høgskolelektor til førstelektor og deretter til dosent er eit viktig løp i høgskolane. Gjennom å kvalifisere personalet kan høgskolane i større grad enn i dag utnytte ressursane til FoU og sikre utdanning av høg kvalitet. Mange av høgskolane har kvalifiseringsprogram for eigne tilsette.
Arbeidsmiljø og likestilling
For å betre arbeidsvilkåra og auke talet på kvinner i høgre akademiske stillingar skal universiteta og høgskolane ha handlingsplanar for likestilling. I 2007 oppretta Regjeringa ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Prisen blei tildelt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Institutt for marin bioteknologi ved Universitet i Tromsø. Kunnskapsdepartementet har oppretta Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking. Komiteen er pådrivar og rådgivar og dokumenterer likestillingsarbeidet i sektoren. Sjå omtale under kap. 281 post 01. Kunnskapsdepartementet skal vere vertskap for ein nordisk forskingspolitisk konferanse om likestilling i akademia i mars 2009.
Departementet tek sikte på å setje i verk ei ordning med øyremerking av midlertidige stillingar til kvinner på stipendiat- og postdoktornivå i fag der dei er betydeleg underrepresentert. Departementet vil ta sikte på å få til ei ordning som er i samsvar med EØS-avtalen og som samstundes gjer det mogleg å auke kvinnedelen i særleg underrepresenterte fag. Departementet vil så fremje ei lovendring slik at ein kan nytte ordninga frå hausten 2009. Departementet ventar òg at institusjonane sjølve nyttar øyremerking av stillingar dei disponerer innanfor den ramma som gjeld, så snart den nødvendige lovendringa er på plass. Departementet vil be institusjonane rapportere på bruken av ordninga.
Institusjonane har avtale om inkluderande arbeidsliv og følgjer opp sjukefråværet for å redusere det for alle grupper tilsette.
Økonomiforvaltning
Utvida økonomiske fullmakter er ein føresetnad for å kunne gjennomføre strategiske tiltak og tiltak som krev større innsats enn det ein kan dekkje i den enkelte budsjetterminen. Avsetningane er den einaste mekanismen institusjonane har for å skaffe seg økonomisk fleksibilitet, og er på eit visst nivå uttrykk for god og langsiktig økonomistyring. Spesifikasjonane av avsetningane viser at avsetningar til større investeringar har auka, medan avsetningane til interne formål har gått ned. Kunnskapsdepartementet har i styringsdialogen med institusjonane understreka at styret har ansvar for å gjennomføre budsjettet i samsvar med føresetnaden for løyvingane. Departementet vil fraleis følgje med på utviklinga i avsetningsnivået.
Det har vore fokus på lønnsområdet i 2008, og departementet har bedt institusjonane følgje særskilt opp at interne rutinar og regelverk er på plass og er utforma i samsvar med det overordna avtale- og regelverket. Det er særskilt gjort oppmerksam på dei utfordringane som bortfallet av særavtalen skaper.
For å møte krava om nye innkjøpsrutinar i samsvar med ny forskrift for offentlege innkjøp frå 1. januar 2007 innfører sektoren elektroniske støttesystem for innkjøp i 2008 og 2009.
Aksjeinteressene til institusjonane
Institusjonane fekk gjennom Kvalitetsreforma større fridom til å engasjere seg i aksjeselskap av fagleg interesse. Kunnskapsdepartementet og institusjonane under Kunnskapsdepartementet forvalta per 31. desember 2007 statlege eigarinteresser i 98 selskap med ein bokført eigenkapital på 187,7 mill. kroner og er eineeigar eller har dominerande innflytelse i 30 selskap, jf. samla oversyn i St.meld. nr. 3 (2007–2008) Statsrekneskapen for 2007.
Nye reglar om forpliktande samarbeid og kjøp av aksjar ved statlege universitet og høgskolar tredde i kraft 1. januar 2008, jf. rundskriv F-20-07 Reglement for statlige universiteter og høyskolers forpliktende samarbeid og erverv av askjer, og erstattar rundskriv F-35-02. Nokre omgrep er endra, og randsoneaktivitet er definert, men hovudtrekka er førte vidare. Reglane understrekar kravet til faglege vurderingar og seier klart at styret ikkje kan delegere avgjerd om å kjøpe aksjar.
Det er eit krav at eigarskap i selskap skal vere av fagleg interesse for institusjonen, og at styret til institusjonen skal fastsetje resultatmål for eigarskapen. Institusjonane omtalar i varierande grad måla i rapporteringa si. Departementet vil følgje opp dette i etatsstyringa.
Institusjonane skal følgje prinsippa for godt statleg eigarskap og sørgje for god eigarstyring av selskap.
Aksjar som universitet og høgskolar forvaltar og som er skaffa før 1. januar 2003, er bokførte i statens kapitalrekneskap som aksjar i gruppe 1. Aksjar som institusjonane har skaffa etter 1. januar 2003, er bokførte i institusjonsrekneskapane som aksjar i gruppe 2. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre aksjane i gruppe 1 over til gruppe 2. Aksjane blir førte ut av kapitalrekneskapen frå 2009 mot konto for forskyvingar i balansen. Kunnskapsdepartementet har rekna ut at eigardelane i gruppe 1 er verde om lag 250 mill. kroner. I kapitalrekneskapen er aksjane bokførte til om lag 25 mill. kroner, som er historisk kost. Overføringa gjeld 25 selskap. Sjå forslag til vedtak IV nr. 2.
Bygg
Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitte over budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet, jf. kap. 1580 og kap. 2445. Utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim er omtala under kap. 281 post 79.
Det er framleis behov for nybygg og oppgradering og vedlikehald av eksisterande bygningsmasse i universitets- og høgskolesektoren. Samtidig utgjer bygningar og lokale ein stor utgiftspost for universitet og høgskolar.
Verdifastsetjing av eigedom gir eit betre oversyn og informasjonsgrunnlag for framtidig investeringsbehov. Institusjonane som forvaltar eigen bygningsmasse, har no aktivert bygningsmassen i rekneskapane, med unntak av Universitetet i Oslo, som skal aktivere bygningsmassen frå 1. januar 2009.
Igangsette prosjekt
Studentsenteret i Bergen, Feltstasjonen for nordlysobservasjon/optisk feltstasjon ved Longyearbyen på Svalbard og Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap er ferdigstilte og offisielt opna i 2008.
Regjeringa og Stortinget har gått inn for at kostnadsramma for Samisk vitskapsbygg i Kautokeino blir auka med 86,3 mill. kroner til 430,5 mill. kroner (prisnivå 15. mars 2008), jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008). Samisk vitskapsbygg er venta ferdigstilt våren 2009.
Kunnskapsdepartementet inngikk i 2007 leigekontrakt om byggjetrinn II for Kunsthøgskolen i Oslo. Byggjetrinnet skal gi nye lokale for Fakultetet for design og Fakultetet for visuell kunst og vil samle heile høgskolen på éin stad. Bygget er venta å stå ferdig i 2010.
Stortinget slutta seg til forslaget frå Regjeringa om startløyving til byggjeprosjektet rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo i revidert nasjonalbudsjett for 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008). Prosjektet er delt opp i to fasar, der fase 1 omfattar istandsetjing av Domus Media (Aulaen og Vestfløyen) og fase 2 er resterande arbeid. Statsbygg har starta detaljprosjektering, og målet er å vere ferdig med rehabilitering av Aulaen til 200-årsjubileet til universitetet i 2011.
Høgskolen i Oslo har samla Avdeling for ingeniørutdanning, Avdeling for samfunnsfag og Læringssenteret i nye lokale. Leigeutgiftene blir dekte innanfor eksistrerande budsjettramme.
Høgskolen i Østfold har gjort vedtak om å flytte Avdeling for ingeniør- og realfag frå Sarpsborg til Fredrikstad og inngått leigeavtale frå hausten 2009. Prosjektet blir realisert innanfor eksisterande budsjettramme.
Universitetet i Agder har inngått leigeavtale for samlokalisering av verksemda i Aust-Agder. Innflytting er planlagd til semesterstart hausten 2010. Prosjektet blir realisert innanfor eksisterande budsjettramme.
Høgskolen i Hedmark vil flytte all aktivitet ved Avdeling for helse- og idrettsfag frå noverande leigelokale til eit nybygg i fleirbruksanlegget Terningen Arena i Elverum frå 2010. Prosjektet blir realisert innanfor eksisterande budsjettramme.
Statsbygg er gitt i oppdrag å føre vidare planleggings- og prosjekteringsarbeidet for eit nybygg for Noregs handelshøgskole til erstatning for eksisterande leigeobjekt. Det er lagt til grunn at prosjektet blir finansiert som eit kurantprosjekt.
Universitetet i Oslo har gjort vedtak om å setje av midlar over fleire år til rehabilitering av bygg for preklinisk odontologi innanfor eiga budsjettramme. Finansdepartementet har godkjent ei kostnadsramme på 263,2 mill. kroner og ei styringsramme på 239,6 mill. kroner (prisnivå per oktober 2007).
Statsbygg har stått for prosjektering av ei utviding av dyreavdelinga og eit tilbygg til Domus Medica ved Universitetet i Oslo. Eksterne konsulentar har kvalitetssikra forprosjektmaterialet. Byggjeprosjektet vil bli finansiert som eit kurantprosjekt.
Statsbygg har rehabilitert K-bygningen ved Høgskolen i Gjøvik til kontor og undervisningsformål. Prosjektet er gjennomført innanfor eksisterande budsjettramme.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet er Statsbygg i gang med å utarbeide ein landsverneplan for dei kulturhistoriske eigedommane under ansvarsområdet til departementet. Statsbygg arbeider no med hovudprosjektet. Eit høyringsutkast er venta ferdigstilt første halvår 2009.
Kunnskapsdepartementet er i samarbeid med institusjonane i ferd med å utarbeide grunnlagsdokumenta for ekstern kvalitetssikring av konseptval, såkalla KS1, for campusutvikling ved NTNU / Høgskolen i Sør-Trøndelag og Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Nye prosjekt
Regjeringa foreslår ei startløyving på 60 mill. kroner i 2009 til byggjestart for nytt bygg for odontologiutdanninga (DOF) ved Universitetet i Bergen. Nybygget vil samle odontologiutdanninga og tannpleiarutdanninga, og vil gi plass til tannlegevakt og sentralklinikk for Bergen, den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland og eit odontologisk kompetansesenter for Vest-Noreg. Prosjektet har ei godkjend kostnadsramme på 740 mill. kroner og ei styringsramme på 672 mill. kroner (prisnivå 1. mai 2008). Sjå òg omtale under kap. 271 post 50 og i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet kap. 1580. Det er behov for løyving til utstyr og inventar med om lag 20 pst. av kostnadsramma og kompensasjon for merutgifter til husleie. Regjeringa vil komme tilbake til dette ved ferdigstilling av bygget.
Regjeringa foreslår ei startløyving på 20 mill. kroner for ombygging og rehabilitering av Patologibygget i Pilestredet Park for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Prosjektet har ei godkjend kostnadsramme på 668,6 mill. kroner og ei styringsramme på 588,1 mill. kroner (prisnivå 1. juli 2009). Sjå òg omtale under kap. 275 post 50 og i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet kap. 2445. Det er behov for løyving til utstyr og inventar med om lag 15 pst. av kostnadsramma og kompensasjon for merutgifter til husleie. Regjeringa vil komme tilbake til dette ved ferdigstilling av bygget.
Det er godkjend kostnadsramme og gjennomført kvalitetssikring av byggjeprosjektet for samlokalisering av Høgskolen i Bergen. Departementet vil foreslå ei startløyving for prosjektet i 2010.
Stortinget har vedteke å lokalisere NVH og Veterinærinstituttet på Ås, og at NVH skal bli organisert saman med Universitetet for miljø- og biovitskap, jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008). Regjeringa foreslår å løyve 8 mill. kroner i 2009 for å sikre framdrift i prosessen, jf. kap. 281 post 01 og kap. 1580 post 30 under Fornyings- og administrasjonsdepartementet. For meir omtale, sjå kap. 271.
Statsbygg har utarbeidd eit forprosjekt for eit nytt Sentralbygg ved Høgskolen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Departementet vil arbeide vidare med dette høgt prioriterte prosjektet.
Statsbygg arbeider med forprosjektet for eit byggjetrinn 2 for Medisin og helsefag i Tromsø. Forprosjektet vil etter planen vere ferdig mot slutten av 2008. Departementet vil òg vurdere framdrifta til nybygg for Kunsthøgskolen i Bergen.
Statsbygg har vurdert eit konkurranseutkast for eit nytt utstillingsveksthus på Tøyen for Universitetet i Oslo. Universitetet arbeider vidare med å skaffe eksterne bidrag til å finansiere prosjektet.
Budsjett for 2009
Regjeringa foreslår i 2009 følgjande løyvingar til vidareføring og avslutning av byggjeprosjekt: Høgskolen i Vestfold, 316,0 mill. kroner, Samisk vitskapsbygg, 105,0 mill. kroner, Universitetet i Oslo / Institutt for informatikk, 285,0 mill. kroner. Sjå kap. 1580 og kap. 2445 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Regjeringa foreslår vidare 278 mill. kroner til utstyr og inventar for byggjeprosjekt som er under oppføring. For nærmare omtale, sjå kap. 271 post 50 og kap. 275 post 50.
Tabellane 2.15–2.19 i Vedlegg 2 gir oversikt over byggjeprosjekt i Universitets- og høgskolesektoren.
Mål: Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for å byggje opp, drive og vedlikehalde museum med vitskapelege samlingar og utstillingar for publikum.
Riksrevisjonen peikte i 2004 på at dei vitskaplege samlingane ved universitetsmusea ikkje blei oppbevarte under gode nok forhold, jf. Dokument.nr. 3:9 (2003–2004) Riksrevisjonens undersøkelse av bevaringen og sikringen av samlingane ved fem statlige museer, jf. Innst. S. nr. 102 (2003–2004). I 2008 la Riksrevisjonen fram ein ny rapport, jf. Dokument nr. 3:10 (2007–2008) Riksrevisjonens undersøkelse av bevaringen og sikringen av samlingane ved fem statlige museer. Han viste at tilhøva ved musea var blitt betre, men langt frå tilfredsstillande. Departementet har sett i verk tiltak på kort og lang sikt.
Etter rapporten i 2004 har departementet gitt om lag 160 mill. kroner i ekstraordinære tildelingar til universitetsmusea for å betre magasintilhøva og til sikring, konservering og digitalisering.
Våren 2008 la Regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale – universitetsmuseene, som drøfta utfordringar ved universitetsmusea. For å følgje opp forslag i meldinga vil Regjeringa samla løyve om lag 23 mill. kroner i 2009. Regjeringa vil styrkje forskinga gjennom eit strategisk forskingsprogram for universitetsmusea. Regjeringa vil òg setje av midlar til sikring og bevaring av samlingane. For å gjere samlingane tilgjengelege for sentrale grupper av brukarar vil Regjeringa etablere eit nasjonalt digitalt universitetsmuseum. Departementet vil setje ned eit utval som skal greie ut spørsmålet. For nærmare omtale, sjå kap. 271 post 50 og kap. 281 post 01 og post 50.
Frå 1. januar 2009 blir Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) universitetsmuseum knytt til Universitetet i Stavanger. AmS har mange av dei same oppgåvene som dei fem noverande universitetsmusea. Organisering under Universitetet i Stavanger vil fremme fagleg samarbeid mellom AmS og universitetsmusea, og vil kunne styrkje alle desse seks musea. I samband med omorganiseringa vil AmS bli overført frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Kunnskapsdepartementet. Sjå òg omtale under kap. 328 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kultur- og kyrkjedepartementet og under kap. 281 post 01.
Mål: Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod av høg kvalitet
Fagskoleutdanning skal vere eit sjølvstendig alternativ til høgre utdanning. Fagskoleutdanning er yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, med eit omfang som svarar til minimum eit halvt års studium og maksimum to års studium. Dette er ein viktig utdanningsveg for personar med yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring som treng å utvikle kompetansen sin i tråd med krava i kunnskapssamfunnet. Fagskoleutdanninga er regulert i lov 20. juni 2003 nr. 56 lov om fagskoleutdanning. Lova blei endra med verknad frå 1. august 2007.
Orda «fagskole» og «fagskoleutdanning» er beskytta, med verknad frå 1. juli 2008, for å sikre studentar mot useriøse tilbydarar. 25. april 2008 tok ny godkjenningsforskrift for fagskoleutdanninga til å gjelde.
Med revidert lov om fagskoleutdanning blei det innført vesentlege endringar for kvalitetssikring av fagskolesektoren. Ei hovudendring var, på visse vilkår, å gi tilbydar eigen fullmakt til å opprette nye tilbod innanfor avgrensa fagområde (godkjend tilbydar). Ordninga har som formål å føre til at godkjenningsprosessen for fagskoleutdanning blir lettare. Hovudregelen er likevel framleis at det er det enkelte tilbodet som blir godkjent. Endringane inneber at tilbydarar som gir godkjend fagskoleutdanning, også skal ha tilfredsstillande system for intern kvalitetssikring.
Fagskoleloven er ei rammelov som gir tilbydarane stor fridom til å fastsetje innhaldet i utdanninga og etablere formålstenlege ordningar lokalt. Fagskolesektoren er derfor prega av stort mangfald. NOKUT har til no godkjent 1 058 utdanningstilbod. Fagskoleutdanning skal vere yrkesretta og gi ein sluttkompetanse ein kan ta direkte i bruk i arbeidslivet. Tilbydarar skal samarbeide med yrkeslivet for å sikre og utvikle kvaliteten etter krav frå arbeidsmarknaden. Godkjenningsordninga har vist seg å føre til styrkt kvalitet i utdanningane.
Fleire høringsinstansar ønskjer ei vidare ordning for godkjende tilbydarar enn det departementet foreslo i høringa. Departementet meiner det er viktig å samle erfaring og gå forsiktig ut med ei nokså snever ordning før det kan bli aktuelt å utvide ordninga. Dette er også i tråd med forarbeida til lova. Departementet meiner likevel at det etter noko tid er naturleg å evaluere korleis ordninga har fungert, for å vurdere eventuell utviding.
Saksbehandlingstida for søknad om godkjenning av utdanningstilbod er framleis for lang; gjennomsnittstida er 13 månader frå søknad er registrert til vedtak er fatta. Mangfaldet i sektoren og den store fridomsgraden fagskolane har, har avdekt eit større behov for rettleiings- og saksbehandlingskapasitet enn først tenkt.
Kontroll med og utvikling av fagskolesektoren er vesentleg for kvaliteten. Ressursar til informasjon og rettleiing om kvalitetssikring av fagskoleutdanning vil auke kunnskapsnivået i sektoren. Det kan også føre til høgre kvalitet på innkomne søknader og gi redusert saksbehandlingstid.
Regjeringa vil hausten 2008 fremme ein odelstingsproposisjon om oppgaveoverføring knytt til forvaltningsreforma, mellom anna forslag om at drifts- og finansieringsansvaret blir lagt til fylkeskommunane frå 2010.
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 5 207 | 5 431 | 10 894 |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 62 493 | 65 180 | 68 048 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast | 84 834 | 153 103 | 220 816 |
Sum kap. 270 | 152 534 | 223 714 | 299 758 |
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Løyvinga gjeld mellom anna tilskott til Fulbright-programmet. Det er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2008 vart det utbetalt 5,4 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på om lag 5,7 mill. kroner i 2009.
Tilskottet til Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) og Johan Jørgen Holsts minnefond er flytta til kap. 270 post 71 frå kap. 2410 post 75. Løyvinga blir nytta til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet. Departementet foreslår at løyvinga blir vidareført på same nivå.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene samt tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlag for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane, og fremme interessene til studentane. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.
Tilskottet til samskipnadene blir gitt som grunntilskott og tilskott per student. Samla blei det utbetalt om lag 65,2 mill. kroner i 2008. Av desse blei det utbetalt om lag 61,6 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkludert ANSA) med om lag 200 000 medlemmer. I tillegg blei det utbetalt om lag 3,5 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.
Ny lov om studentsamskipnader tredde i kraft 1. august 2008. Lova inneber ei vidareføring av ordninga med studentsamskipnader, der dei viktigaste kjenneteikna ved ordninga, som prinsippet om brukarstyring og samskipnadene som sjølvstendige rettssubjekt, er vidareførte. Med den nye lova vil departementet mellom anna gi klarare og meir utfyllande reglar om kva verksemd studentsamskipnadene kan drive, og om forholdet mellom departementet og studentsamskipnadene.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på post 74 med 68 mill. kroner i 2009.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 369, 14. februar 2008, i samband med handsaminga av Dokument nr. 8:12 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 118 (2007–2008).
«Stortinget ber Regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av de ulike regelverkene for studenter som får barn i studietiden, slik som trygdelovgivning, studiestøtteordninger, samskipnadens regelverk, Statens lånekasse for utdanning mv. og se på hvordan disse kan fungere optimalt og i samsvar med hverandre.»
Departementet arbeider med ei endring i lov om universitet og høgskolar, slik at departementet i ei forskrift kan gi reglar om rett til å utsetje eksamen for studentar som ventar barn. Ei slik endring kan føre til at det blir ei eintydig forståing av korleis den einskilde institusjonen skal leggje tilhøva til rette for studentar som får barn i studietida. Det er òg gjort endringar i forskrift til lov om studentsamskipnader. Studentar som er i fødselspermisjon kan velje å betale semesteravgifta når dei er i permisjon, og dermed ha rett til det same velferdstilbodet som dei hadde som studentar.
Departementet foreslår å endre namnet til ordninga med stipend til studentar og elevar som får barn i utdanningsperioden frå fødselsstipend til foreldrestipend. Forslaget finst i høyringsutkast til forskrifter om tildeling av utdanningsstøtte for undervisningsåret 2009-2010. Omgrepet «foreldrestipend» skal gjere det meir tydeleg enn i dag at far til barnet og søkjarar som adopterer barn òg kan få stipendet.
Departementet foreslår òg å utvide perioden med stipend til studentar og elevar som får barn i utdanninga, med to veker frå 42 til 44 veker. Ordninga vil gje stipend i like mange veker som ein kan få foreldrepengar med full lønn gjennom folketrygda.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
For at alle skal ha ein reell lik rett til utdanning, er studentbustader viktig. Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader, samt bidra til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.
Rapport for 2007–08
Ved utgangen av 2007 disponerte studentsamskipnadene totalt 29 963 hybeleiningar, ein auke på 517 hybeleiningar i høve til 2006. 1 038 hybeleiningar er lagde til rette for funksjonshemma studentar. Dette vil seie om lag 3,5 pst. av studentbustadene. Det er ein auke på 188 hybeleiningar frå 2006. Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa ein person.
I 2008 gav Regjeringa tilsegn om støtte til 611,5 nye hybeleiningar fordelte på studentskipnadene i Bergen, Nord-Trøndelag, Oslo, Oslo og Akershus, Stavanger, Sunnmøre, Telemark og Trondheim. Studentsamskipnadene skal, innan fire år frå tilsegnene er gitte, ha sett i gang bygginga av studentbustadene. Urealiserte tilsegner vil etter fire år bli omfordelte til andre studentsamskipnader som kan setje i gang bygginga av studentbustader.
Forvaltninga av tilskottsordninga til bygging av studentbustader vart overført til Husbanken 1. januar 2004. Ei evaluering av organiseringa av tilskottsordninga er under arbeid.
Kunnskapsdepartementet har overdratt eigedommen Schultzgate 7 til Studentsamskipnaden i Oslo utan vederlag under føresetnad av at eigedommen framleis blir nytta til studentbustader, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008). Det er fastsett krav som tek omsyn til dei som i dag bur i eigedommen, og til historia til eigedommen.
Budsjettforslag for 2009
Departementet endra finansieringsmodellen for studentbustadbygging i statsbudsjettet for 2008, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008). På bakgrunn av mellom anna overslag gjort av Husbanken, vil departementet rekne Drammen som pressområde.
Departementet foreslår at kostnadsramma kan bli auka med inntil kr 100 000 når behovet for auke av ramma er knytt til miljø- og energifremjande tiltak samt universell utforming. Departementet foreslår at ein slik auke av kostnadsramma òg kan gjelde for tilsegn som er gitt tidligare.
Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Drammen er kr 600 000 per hybeleining, der kr 250 000 er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles er kr 500 000 per hybeleining, der kr 200 000 er fast statstilskott.
I særskilde tilfelle kan dei foreslåtte aukingane i kostnadsrammene i 2009 bli gjorde gjeldande for tidlegare gitte tilsegn om tilskott etter søknad, jf. St.prp. nr. 7 (2007–2008).
Regjeringa legg opp til å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2009 avhengig av kvar i landet dei blir bygde, og foreslår derfor å auke løyvinga til bygging av studentbustader nominelt med om lag 70 mill. kroner til 220,8 mill. kroner i budsjettet for 2009. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til funksjonshemma studentar.
Tabell 4.13 Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2007-20081 (i 1 000 kr)
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2008 | 115 000 |
Ramme for nye tilsegnsfullmakter 2009 | 220 800 |
Løyving | 220 800 |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2009 | 220 800 |
1 Tabellen over gir ei oversikt over løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i perioden 2008–09. Midlar til studentbustader blir normalt utbetalte over tre år. Tilsegnsfullmakta per 31. desember 2008 fortel kor store økonomiske plikter Kunnskapsdepartementet har knytt til tilsegn som er gitt fram til og med 2008.
Kap. 271 Universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Basisfinansiering statlege universitet | 5 798 328 | 6 691 100 | 7 385 211 |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet | 2 263 044 | 2 593 711 | 2 770 693 |
52 | Forskingsfinansiering statlege universitet | 2 494 499 | 2 723 520 | 2 996 089 |
Sum kap. 271 | 10 555 871 | 12 008 331 | 13 151 993 |
Kapitlet omfattar budsjettet for sju universitet. Dei seks universiteta som vart budsjetterte på dette kapitlet i 2007, hadde i 2007 nær 77 000 registrerte studentar og 17 000 tilsette. I tillegg blei Universitetet i Agder etablert som universitet frå 1. september 2007. Rapporteringa for Universitetet i Agder er derfor på kap. 275, medan budsjettet for 2009 er teke med i budsjettforslaget for universiteta. Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø skal slå seg saman frå 1. januar 2009. Rapporteringa for Høgskolen i Tromsø er under kap. 275, medan budsjettforslaget for institusjonen er samla under kap. 271.
Universiteta forvaltar Noregs kultur- og kunnskapsarv, samstundes som dei inngår i eit verdsomspennande lærdomsfellesskap. Dei byggjer internasjonal spisskompetanse på fagområde som er avgjerande for samfunnsutviklinga i landet, samstundes som dei bidrar til den globale kunnskapsutviklinga.
Med generelt større krav frå samfunnet om nytte og resultat endrar universiteta seg. Dei har meir kontakt med omgivnadene, noko som òg pregar arbeidet med studieprogram og fagportefølje. Dei byggjer ut lærarutdanninga og andre profesjonsutdanningar og tilbyr etter- og vidareutdanning innanfor eit breitt spekter av fag og tema. Tradisjonelt er universiteta fagleg breie og forskingsbaserte høgre utdanningsinstitusjonar med nasjonalt ansvar for å utvikle og halde i hevd breidda i natur-, kultur- og samfunnsfag. Med tre nye universitet sidan 2005 har Noreg fått universitet som er meir fagleg spissa med større vekt på spesialisert eller profesjonsretta kompetanse, og med sterkare regional forankring. Når ein institusjon er akkreditert som universitet, har han fullmakt til å opprette studietilbod på alle nivå.
Rapport for 2007–08
Utdanning
Søkninga til universiteta er framleis høg. I 2007 blei om lag 18 700 studieplassar ved universiteta lyste ut gjennom Samordna opptak, noko som er ein svak nedgang frå 2006. Søkninga til studia ved universiteta har i dei siste åra vore stabil.
Det totale opptaket ved universiteta var i 2007 på 36 181 studentar, noko som er ein nedgang på 4,1 pst. frå 2006.
Universiteta har gjennomgåande låg gjennomstrøyming samanlikna med dei andre institusjonskategoriane, men avlagde studiepoeng steig markert i tida etter innføringa av Kvalitetsreforma. Det vart i 2007 avlagt 41,2 studiepoeng per student, noko som er ein auke på 5,4 pst. frå 2005.
I løpet av 2007 sluttførte NOKUT første syklus med å evaluere kvalitetssikringssystema til universiteta. Universiteta arbeider med å betre systema på bakgrunn av tilrådingene frå NOKUT.
Kunnskapsdepartementet har tildelt utdanningskvalitetsprisen for 2008. Humanistisk fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) blei tildelt 2.-prisen for «Arbeidsrelevansprosjektet innen studier og utdanning», medan Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) fekk 3.-prisen for prosjektet «IKT som brobygger i praktisk-pedagogisk utdanning». For 1.-prisen, sjå kap. 275.
Etter innføringa av Kvalitetsreforma har talet på studentutvekslingar på tre månader eller meir auka sterkt ved universiteta. I 2007 vart det registrert totalt 4 387 studentutvekslingar mot 2 615 i 2003. Av desse var det 2 525 som kom inn til landet, medan 1 862 drog ut. Talet på utreisande studentar frå universiteta har gått noko ned frå 2006 til 2007, medan talet på innreisande har auka.
Forsking
Forsking er i stadig aukande grad ei internasjonal verksemd. Universiteta har omfattande samarbeid med forskingsinstitusjonar i andre land, og dei tek del i større internasjonale forskingsprogram. Internasjonal statistikk tyder på at norsk vitskapleg publisering i tidsskrift aukar i omfang og kvalitet samanlikna med snittet for verda. Tala for publisering ved universiteta peiker i same retning: Samanlikna med 2006 auka talet på publiseringspoeng med om lag åtte pst. ved universiteta. Vekst i vitskapleg publisering med både norske og utanlandske forfattaradresser tyder på auke i omfanget av internasjonalt samarbeid.
EU-midlar til forsking er ein indikator på om universiteta har nådd opp i konkurransen om deltaking i internasjonale forskingsprosjekt. Dei fire breiddeuniversiteta og UMB hevdar seg godt, med suksessratar over snittet for EU. Universiteta fekk omlag 124 mill. kroner frå EUs rammeprogram for forsking i 2007. Det tilsvarar i overkant av ein pst. av tilskottet frå staten. Midlar frå EUs forskingsprogram til universiteta auka med om lag 23 pst. frå 2006. Alt dette indikerer at norsk forsking ved universiteta hevdar seg godt internasjonalt.
Internasjonale rangeringar av universitet har fått mykje merksemd. Av dei norske universiteta er det Universitetet i Oslo som når best opp på slike rangeringar. Slike rangeringar har store manglar, men er samtidig viktige fordi dei blir lagde vekt på når samarbeidspartnarar blir valde, og dei bidreg til å skjerpe innsatsen.
Når det gjeld oppnådde resultat frå forskingsverksemda i UH-sektoren, dominerer dei seks universiteta, og særskilt dei fire breiddeuniversiteta. Universiteta sine delar av resultata varierer lite over tid. I 2007 låg deira del av publikasjonspoenga på 79 pst. Dei trakk inn 89 pst. av midlane til UH-sektoren frå Noregs forskingsråd og 92 pst. av midlane som norske UH-institusjonar mottok frå EUs rammeprogram. Dette speglar mellom anna den sterke rettinga universiteta har mot den langsiktige og grunnleggjande forskinga, og at dei samanlikna med høgskolane har tilsatt ein langt høgre del av personalet i førstestillingar.
Universiteta arbeider målretta med å styrkje forskinga. Dei legg vekt på sterkare konsentrasjon og prioritering gjennom å utvikle fleire forskingsgrupper av høg internasjonal kvalitet, fleire strategiske satsingar og større prosjekt. Sentre for framifrå forsking (SFF) og Sentre for forskingsdrive innovasjon (SFI) er nasjonale verkemiddel for å heve kvaliteten i forskinga. Av universiteta har UiO ein høg del av SFF-ane med åtte av 21, medan NTNU er med på nesten alle SFI-ane. Universiteta har etter innføringa av Kvalitetsreforma hatt fokus på å sikre samanhengande tid til forsking og god forskingsbasert undervisning.
Den kraftige auken i talet på avlagde doktorgradar held fram. Samfunnsvitskap og matematikk/naturvitskap fekk den største auken frå 2006 til 2007. Ved universiteta blei veksten enda sterkare i 2007 enn i sektoren totalt, og talet på avlagde doktorgradar auka frå 837 til 968. Ein del av dei som avla doktorgraden sin ved universiteta, var tilsette ved andre institusjonar, som til dømes helseføretaka, instituttsektoren og høgskolar utan eigen rett til å gi doktorgrad. Universiteta arbeider såleis breitt saman med andre sektorar om forskarutdanninga. Dei arbeider systematisk for å betre både gjennomstrøyminga og talet på kandidatar som fullfører, samt for å heve kvaliteten på utdanninga.
Samarbeid med samfunns- og næringsliv
Omfanget av verksemd finansiert gjennom bidrag og oppdrag indikerer i kva grad universiteta samarbeider med omkringliggjande nærings- og samfunnsliv. Delen av dei samla driftsinntektene ved universiteta som kjem frå bidrag og oppdrag, har vore om lag på same nivå i perioden 2002–07.
Etter- og vidareutdanning er ein viktig del av dette samarbeidet. Omfanget av denne verksemda låg i 2007 på omtrent same nivå som året før.
Når det gjeld innovasjon og nyskaping, rapporterer universiteta om i alt 256 mottekne forretningsidear, 44 registrerte patent, elleve lisensar og 15 oppstartsføretak i 2007. I ein OECD-rapport frå 2008 går det fram at Noreg ligg under gjennomsnittet når det gjeld FoU finansiert av næringslivet. Næringslivsfinansiert FoU har likevel auka betydeleg i perioden frå 1981 til i dag. Ein auke i desse tala kan på lengre sikt indikere ein auke i kommersialisering av forskingsresultat. Det er ein auke i talet på mottekne idear og lisensar, men same tal som i 2006 for nye føretak. Dei fleste universiteta har etablert sitt eige teknologioverføringssenter (TTO – Technology Transfer Office) og arbeider med å utvikle ein strategi for immaterielle rettar. Utviklinga er god, men Noreg skårar framleis lågt på indikatorar for innovasjon og kommersialisering av forskingsresultat samanlikna med dei andre nordiske landa.
Personal- og økonomiforvaltning
NTNU har gjort disposisjonar ut over dei fullmaktene dei har fått. Departementet har derfor teke tilbake fullmakta til å kjøpe aksjar i 2008.
Rosenborgsaka
Kunnskapsdepartementet gjorde i St.prp. nr. 1 (2007–2008) greie for Rosenborgsaka, som gjaldt helseskadelege tilhøve ved Rosenborglaboratoria i Trondheim. Som ledd i oppfølginga av krefttilfelle knytte til same laboratorium (Rosenborg) ved NTNU, oppnemnde Regjeringa i 2006 eit granskingsutval som skulle sjå på staten si handsaming av helseskadelege tilhøve ved laboratoria. Granskingsutvalet la fram sin rapport i august 2007 (NOU 2007: 9) Rosenborgsaken.
Kunnskapsdepartementet sette i 2006 òg ned ei rådgivande medisinsk ekspertgruppe. Ekspertgruppa blei oppretta for å hjelpe departementet med oppfølginga av dei sidene av saka som gjaldt helsetilhøve. Gruppa var leidd av divisjonsdirektør Erik Dybing i Folkehelseinstituttet, og medlemmer var ekspertar frå Noreg, Sverige og Danmark. Etter ønske frå dei som var råka av saka, blei gruppa utvida med ein medlem frå Finland hausten 2007. Rapporten har vore sendt til fagfellevurdering hos fire internasjonalt anerkjende ekspertar.
Departementet hadde før granskinga tok til, inngått forlik med til saman seks personar. I NOU 2007: 9 la Granskingsutvalet følgjande til grunn
«Dersom det innkommer flere erstatningskrav […] anbefaler utvalget at det ikke inngås ytterligere forlik før det er gjort en grundig utredning om mulig sammenheng mellom tilknytning til Rosenborglaboratoriene og utvikling av hematologisk kreftsykdom.»
Det vart derfor bestemt at det ikkje skulle handsamast fleire erstatningssaker før ekspertgruppa hadde lagt fram si vurdering av den medisinske årsakssamanhengen.
Ekspertgruppa la fram si vurdering av årsakssamanhengen 16. mai 2008. Gruppa hadde slik konklusjon:
«Det er ikke holdepunkter for en forhøyet total kreftrisiko samlet sett blant studenter, doktorgradskandidater og ansatte ved de tidligere Rosenborglaboratoriene.
Når det gjelder hematologisk kreft sett ut fra det foreliggende materiale er det totalt sett ikke en forhøyet risiko sammenlignet med nasjonale rater om kreftforekomst. Analysene tyder imidlertid på at det kan være en opphopning av slike kreftformer blant personer med mangeårig tilknytning til Rosenborglaboratoriene og som har gjennomgått grunnkurs i organisk kjemi…»
Ekspertgruppa skriv òg at årsaka til dei aller fleste tilfella av hematologisk kreft er ukjende. Dei viser òg til at det er eit «cluster» (opphoping av helseutfall) på laboratoriet. Om dette seier dei:
«Det finnes i virkeligheten ingen mulighet til med vitenskapelig sikkerhet å avgjøre om clusteret er tilfeldig eller ikke, særskilt når man mangler tydelige potensielt utløsende faktorer.»
Ekspertgruppa skriv vidare:
«Blant de som kun hadde vært studenter og gjennomgått grunnkurset i organisk kjemi var det ingen sikker forhøyet risiko.»
Ekspertgruppa har ikkje kunna knyte ein forhøgd kreftrisiko til ein spesifikk eksponeringsfaktor.
Ekspertgruppa har òg undersøkt tilhøva ved laboratorieverksemda ved dei 38 statlege universiteta og høgskolene. Dei har ikkje funne tilhøve som skulle seie at arbeidstilhøva har vore meir alvorlege ved Rosenborglaboratoria enn ved andre laboratorium.
Ekspertgruppa tilrådde ikkje at det blir gjort ei nasjonal helseundersøking av tidlegare studentar/doktorgradskandidatar/tilsette med tanke på å sjå om det eventuelt kunne finnast fleire tilfelle. Dei tilrår likevel at det blir gjort ei epidemiologisk oppfølging av Rosenborgkohorten om fem år, slik at ein da kan sjå om det er fleire nye tilfelle.
Departementet si handsaming
Departementet hadde, da granskinga tok til, to erstatningskrav til handsaming. Granskingsutvalet for Rosenborgsaka tilrådde i sin rapport NOU 2007: 9 at desse blei sluttførte, fordi utvalet vurderte det slik at departementet gjennom avtale hadde forplikta seg til å inngå forlik med desse to. Forhandlingane er no sluttførte, og forlik er inngått med begge.
Departementet er kjent med at NTNU har vore i kontakt med fleire personar som har utvikla kreft, og som har hatt ei tilknyting til Rosenborglaboratoria. Departementet har ikkje motteke konkrete erstatningskrav eller krav om yrkesskadeerstatning.
Uavhengig av handsaminga av dei tidlegare forlikssakene har departementet overfor NTNU lagt til grunn at eventuelle nye forliksforhandlingar vil føresetje at det konkret blir sannsynleggjort at kreftsjukdommen i det enkelte tilfellet skyldast arbeidstilhøva på Rosenborglaboratoria. Departementet er ikkje nærmare kjend med det rettslege eller faktiske (medrekna det medisinske) grunnlaget for krava om erstatning. Nye krav må no bli tekne opp med NTNU.
Departementet meiner at det er viktig at personar som har hatt tilknyting til Rosenborglaboratoria, får god nok informasjon og nødvendig oppfølging. Departementet har bede NTNU ha ei sterk merksemd på å følgje opp dette vidare.
Departementet har òg vore i kontakt med Kreftforeningen med sikte på å etablere ein informasjonstelefon som foreninga skal forvalte. Dette skal vere eit tilbod til dei som meiner at dei har vore utsette for risiko, og som ønskjer å få råd om korleis ein går fram om ein blir sjuk.
Ekspertgruppa kjem med ei klar tilråding om ikkje å gjere fleire helseundersøkingar av heile gruppa av tidlegare studentar/doktorgradskandidatar/tilsette. Men gruppa fann ut at det kan vere ei opphoping av hematologisk kreft hos personar med eit mangeårig tilhøve til Rosenborglaboratoria, og som har teke grunnkurs i organisk kjemi. Dette er ei gruppe på totalt 156 personar. Departementet vil gi denne gruppa eit tilbod om helseundersøking. Korleis ein skal gjere ei slik undersøking, vil bli teke opp med helsestyresmaktene.
Kunnskapsdepartementet vil òg, slik ekspertgruppa har tilrådd, følgje opp at det blir gjort ei ny epidemiologisk oppfølging av heile Rosenborgkohorten om fem år.
Departementet meiner at NTNU no er best skikka til å følgje opp Rosenborgsaka overfor dei som er blitt sjuke, eller dei som har ei tilknyting til Rosenborglaboratoria, og NTNU må derfor leggje til rette for dialog og utveksling av informasjon med denne gruppa. NTNU er arbeidsgivar eller har vore studiestad for dei som er blitt sjuke. Departementet vil gjennom styringsdialogen sin med NTNU sikre at NTNU er i ein konstruktiv dialog med dei som er råka i saka, og at dei blir følgde opp på beste måte.
Samorganisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap
Stortinget har vedteke å lokalisere Noregs veterinærhøgskole (NVH) og Veterinærinstituttet (VI) til Ås, og at Noregs veterinærhøgskole skal bli organisert saman med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008).
Samorganiseringa skal leiast av eit interimstyre oppnemnd av Kunnskapsdepartementet i tråd med føresetnadene til Stortinget. Interimsstyret skal førebu den konkrete samorganiseringa og -lokaliseringa, både fagleg, organisatorisk og fysisk. Det må mellom anna vurdere det nye universitetet si organisering og faglege oppbyggning og struktur, og utnytting av og behov for bygningar. Dette føreset eit nært samarbeid med Statsbygg. Statsbygg har fått i oppdrag å førebu arbeidet med å prosjektere nybygga på Ås. Interimsstyret må førebels søkje forankring og nødvendige avgjerder i styra ved dei noverande institusjonane. Departementet er likevel klar over at fleire av oppgåvene til interimsstyret tilseier at det kan vere formålstenleg at interimsstyret får fullmakt til å binde institusjonane. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om når og korleis dette kan skje.
Regjeringa føreset at NVH, UMB og VI samarbeider om felles forskingsaktivitetar på strategiske område.
Kunnskapsdepartementet vil saman med Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri og kystdepartementet leggje til rette for å vidareutvikle forskingsfaglige synergiar med utgangspunkt i store forskingsutfordringar innanfor områda mattryggleik, dyrevelferd og fiskehelse. Viktige bidragsytarar er også randsoneinstitutta.
Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til Statsbygg for å sikre framdrift i prosessen, jf. kap. 1580 post 30 under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, samt 3 mill. kroner som ei eingongsløyving over kap. 281 post 01 til administrativ og fagleg integrasjonsprosess, jf. kap. 281 post 01. I tillegg blir det foreslått å løyve 3 mill. kroner til prosessen over Landbruks- og matdepartementets budsjett, jf. kap. 1137 post 53 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Landbruks- og matdepartementet.
Post 50 Basisfinansiering statlege universitet
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av universiteta. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre oppgåvene sine og sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa omfattar løyvingar til undervisning, forsking og formidling.
Budsjettforslag for 2009
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008), blei det vedteke å styrkje basisløyvinga til universitet og høgskolar med 143,1 mill. kroner. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2009 med heilårseffekt på 298,4 mill. kroner til universitet og høgskolar. Med dette blir aktiviteten ført tilbake til nivået i 2006. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 271 post 50 med 202 mill. kroner.
Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø slår seg saman frå 1. januar 2009. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 271 post 50 med 182 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 50. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Undervisning
Det blei i 2006 tildelt 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn 6,2 mill. kroner i heilårsverknad og vidareføring av studieplassane ved universiteta i 2009.
I statsbudsjettet for 2004 blei det løyvd midlar til oppstart av odontologiutdanning ved Universitetet i Tromsø. Opptaket har gradvis auka til 40 studieplassar i 2007. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til utdanninga i Tromsø med 16,4 mill. kroner i 2009.
Regjeringa foreslår å auke budsjettramma med 3 mill. kroner som bidrag til finansieringa av bachelor i luftfartsfag ved Universitetet i Tromsø.
I statsbudsjettet for 2006 blei det foreslått å etablere ei visuell kunstutdanning ved Høgskolen i Tromsø. Regjeringa foreslår å løyve 1 mill. kroner til heilårseffekt av 15 studieplassar. Midlane er inkludert overføringa i samband med at Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø slår seg saman, jf. omtale over.
NTNU administrerer ordninga med kjøp av studieplassar i medisin i utlandet. I samband med avviklinga av ordninga er opptaket auka på ordinære studieplassar i medisin med 15 studieplassar ved Universitetet i Tromsø og 20 studieplassar ved NTNU. Budsjettramma ved dei einskilde institusjonane er justert i tråd med dette.
Forsking
I 2008 blei tilskottet til dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) styrkt med 5 mill. kroner for å førebu iverksetjinga av ny helseforskingslov. Det er lagt til grunn ei årleg utgift på 15 mill. kroner knytte til dei nye oppgåvene REK får etter helseforskingslova. Lova vil bli sett i verk i 2009. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga til universiteta med 9,5 mill. kroner i 2009 over kap. 271 post 50. I den samanhengen blir 5 mill. kroner overførte frå Helse- og omsorgsdepartementet til Kunnskapsdepartementet. Regjeringa legg til grunn at resterande 0,5 mill. kroner blir overførte i 2010. Sjå omtale under kap. 701 post 20, kap. 720 og kap. 732 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Frå 1. januar 2009 blir Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) universitetsmuseum knytt til Universitetet i Stavanger, jf. omtale i kategoriinnleiinga. I den samanhengen foreslår Regjeringa å overføre 36,3 mill. kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Kunnskapsdepartementet. Sjå omtale under kap. 328 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kultur- og kyrkjedepartementet.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 15 mill. kroner i eingongsløyving til dei universiteta som har ansvar for universitetsmuseum, til bevaring og sikring av samlingane ved universitetsmusea.
Bygg og lokale
Regjeringa foreslår ei startløyving på 60 mill. kroner i 2009 til byggjestart for nytt bygg for odontologiutdanninga (DOF) ved Universitetet i Bergen, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Prosjektet har ei godkjend kostnadsramme på 740 mill. kroner og ei styringsramme på 672 mill. kroner (prisnivå 1. mai 2008). Det vil i tillegg vere behov for ei løyving til utstyr tilsvarande 20 pst. av kostnadsramma.
Regjeringa foreslår å løyve 113 mill. kroner til utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim for byggjefase 2 i 2009. Departementet legg til grunn ei samla utstyrsramme for byggjefase 2 på 227 mill. kroner, og foreslår ei fordeling over tre år med 56 mill. kroner i 2008, 113 mill. kroner i 2009 og 58 mill. kroner i 2010. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga for NTNU til utstyr for den andre byggjefasen av den nye universitetsklinikken med 57 mill. kroner i 2009, jf. også omtale av utbygginga av universitetsklinikken på kap. 281 post 79.
I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 fekk bygg for informatikk (IFI 2) ved Universitetet i Oslo startløyving. Stortinget har vedteke ny kostnadsramme for IFI 2, jf. Innst. S. nr. 17 (2007–2008) og St.prp. nr. 90 (2006–2007) Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo. Regjeringa foreslår å løyve dei resterande 66,2 mill. kroner i utstyrsmidlar til IFI 2 i 2009. Det er ein reduksjon på 33,8 mill. kroner i høve til 2008.
Resterande utstyrsmidlar til universitetsfunksjonen ved Akershus Universitetssjukehus vart løyvde i 2008. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga med 33,2 mill. kroner i 2009.
Resterande utstyrsmidlar til Sørhellingabygget ved UMB vart løyvde i 2008. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga med 15,3 mill. kroner i 2009.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved universiteta. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Ved universitetet har det frå 2006 til 2007 vore ein auke i avlagde studiepoeng per student, men grunna færre studentar har totalt avlagde 60-studiepoengseiningar gått svakt ned. Talet på utvekslingsstudentar har gått noko ned i same periode.
Resultatbasert undervisningsfinansiering for universiteta går ned med 8,6 mill. kroner i statsbudsjettet for 2009. Høgskolen i Tromsø er da ikkje inkludert.
Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø slår seg saman frå 1. januar 2009. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 271 post 51 med 71,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 51. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege universitet
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre løyvingar.
Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Endringar som følgjer av den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar, gjer at løyvinga på post 52 aukar med 15,3 mill. kroner i 2009. Høgskolen i Tromsø er da ikkje inkludert.
Regjeringa foreslår å auka budsjettramma med 86,7 mill. kroner til heilårsverknad for 270 stipendiatstillingar oppretta i 2008.
Regjeringa foreslår at det blir oppretta 108 stipendiatstillingar og 34 postdoktorstillingar ved universiteta med verknad frå 1. september 2009. På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa å styrkje post 52 med 37,8 mill. kroner i statsbudsjettet for 2009. Ved dei fire gamle breiddeuniversiteta skal ¾ av stillingane bli nytta til MNT-fag og medisin. Universiteta skal samstundes nytte om lag 15 pst. av dei nye stillingane til kvinner, så sant dei nødvendige lovendringene blir godkjende. Dette er i tråd med prioriteringane Regjeringa legg til grunn for å tildele nye stillingar.
Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø slår seg saman frå 1. januar 2009. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 271 post 52 med 9,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 52. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Kap. 272 Vitskaplege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 522 782 | 553 039 | 579 327 |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 196 140 | 204 257 | 222 126 |
52 | Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 138 715 | 154 610 | 154 874 |
70 | Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar | 16 714 | 17 490 | 102 076 |
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 20 794 | 23 752 | 109 552 |
72 | Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 14 539 | 14 798 | 52 744 |
Sum kap. 272 | 909 684 | 967 946 | 1 220 669 |
Kapitlet omfattar budsjettet for fem statlege vitskaplege høgskolar og tre private vitskaplege høgskolar. Dei fem statlege vitskaplege høgskolane og Menighetsfakultetet hadde i 2007 til saman 5 913 registrerte studentar og 1 342 tilsette. Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen fekk status som vitskapleg høgskole frå 1. juni 2008. Rapporteringa for Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen er derfor på kap. 275, medan budsjettet for 2009 er omtala under kap. 272.
Dei vitskaplege høgskolane er forskingsbaserte, profesjonsorienterte og fungerer som fagleg smale og spesialiserte institusjonar. Dei har eit særskilt ansvar innanfor sin eigen fagportefølje og tilbyr i hovudsak integrerte studieløp til masternivå og doktorgradsprogram. Vitskaplege høgskolar kan utan akkreditering frå NOKUT opprette studietilbod innanfor sitt eige spesialområde. Ved å kombinere teoretisk fundert kunnskapsutvikling, profesjonsnær fagutvikling og forsking spelar dei vitskaplege høgskolane ei viktig nasjonal rolle i kunnskapsbygging og samfunnsutvikling. Gjennom kunstnarleg eller forskingsbasert fagleg utvikling har fleire av dei vitskaplege høgskolane fått eit godt internasjonalt omdømme.
Stortinget har vedteke å lokalisere Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet til Ås, og at Noregs veterinærhøgskole skal bli organisert saman med Universitetet for miljø- og biovitskap, jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008). Sjå kap. 271 for meir omtale.
Rapport for 2007–08
Utdanning
Søkninga til dei vitskaplege høgskolane er framleis høg. I 2007 blei om lag 1 060 studieplassar ved dei vitskaplege høgskolane lyste ut gjennom Samordna opptak. Noregs musikkhøgskole har eige opptak. Om lag 4 600 søkjarar hadde prioritert studium ved ein vitskapleg høgskole gjennom Samordna opptak. Det utgjer om lag 4,7 pst. av det samla talet på søkjarar.
Det totale opptaket ved dei vitskaplege høgskolane var i 2007 på 2 487 studentar, noko som er ein nedgang på 2,7 pst. frå 2006. Samla har det vore ein oppgang i opptaket på 1,5 pst. sidan 2004.
Dei vitskaplege høgskolane har høg gjennomstrøyming samanlikna med dei andre institusjonskategoriane.
Kvalitetssikringssystema ved alle dei vitskaplege høgskolane er no i ein driftsfase, men framleis står det att arbeid med å forankre kvalitetssikringssystemet betre i arbeidet til dei fagleg tilsette.
Talet på utvekslingsstudentar har auka kvart år sidan 2005. I 2007 var talet på utvekslingsstudentar 614 for dei vitskaplege høgskolane. Det er ein oppgang på vel 18 pst. frå 2004. Utvekslingsstudentar og studentar under kvoteprogram utgjer om lag elleve pst. av det samla talet på registrerte studentar ved dei vitskaplege høgskolane.
Forsking
Dei vitskaplege høgskolane har svært ulik fagprofil, men dei har til felles at dei har spisskompetanse på sitt eige felt, er forskingsbaserte, profesjonsorienterte og har rett til å tildele doktorgrad. Dei arbeider målretta med å styrkje forskings- og utviklingsarbeidet og legg stor vekt på konsentrasjon og fleire strategiske satsingar.
I 2007 stod dei vitskaplege høgskolane for om lag fire pst. av dei vitskaplege publiseringane i Noreg. Omfanget av publikasjonspoeng for kategorien statlege vitskaplege høgskolar har gått noko ned frå året før. Dei vitskaplege høgskolane utdanna om lag fire pst. av doktorandane i 2007.
Arkitektur- og designhøgskolen og Noregs musikkhøgskole skil seg frå dei andre vitskaplege høgskolane. I tillegg til tradisjonell forsking driv dei kunstnarleg utviklingsarbeid. Når det gjeld forsking, er dei ikkje med i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet, med unntak av den delen som omfattar doktorgradar.
Fagpersonalet ved dei vitskaplege høgskolane har ein kompetanseprofil som er svært lik den universiteta har. Førstestillingar og professorat utgjer om lag halvparten av årsverka. Sett under eitt har det vore ein auke i talet på avlagde doktorgradar ved dei statlege vitskaplege høgskolane i dei tre siste åra, og delen kvinner ligg på om lag 40 pst.
Omfanget publikasjonspoeng for statlege vitskaplege høgskolar har gått ned med fem pst. frå 2006 til 2007. Med unntak av Noregs handelshøgskole har dei vitskaplege høgskolane redusert den relative delen av den vitskaplege produksjonen.
Dei vitskaplege høgskolane har hatt ein jamn auke i midlar frå NFR i dei tre siste åra. Av det totale statstilskottet til dei vitskaplege høgskolane utgjer midlar frå NFR frå 1,8 pst. til 25,7 pst.
Dei vitskaplege høgskolane er med i internasjonale forskingsprogram og internasjonalt utviklingsarbeid. Generelt utgjer EU-midlar ein liten del av statstilskottet til dei vitskaplege høgskolane.
Frå 2006 til 2007 har det vore ein tydeleg auke i talet på innreisande og utreisande vitskapleg tilsette ved alle dei vitskaplege høgskolane.
Samarbeid med samfunns- og næringsliv
Omfanget av verksemd finansiert gjennom bidrag og oppdrag indikerer i kva grad institusjonane samarbeider med omkringliggjande samfunns- og næringsliv. Statlege vitskaplege høgskolar har inntekter frå bidrag og oppdrag på om lag 140 mill. kroner, eksklusive midlar frå NFR. Det er eit særtrekk ved dei statlege vitskaplege høgskolane at næringslivet utgjer den største eksterne oppdragsgivaren. Delen eksternt finansierte inntekter frå næringslivet varierer frå 58 pst. til 69 pst. mellom institusjonane.
Etter- og vidareutdanning er ein viktig del av dette samarbeidet. Omfanget av denne verksemda låg i 2007 på omtrent same nivå som året før.
Dei vitskaplege høgskolane har utfordringar med å utvikle kulturar for innovasjon og vidareutvikle strategiar for samarbeid med næringslivet. Verksemda finansiert gjennom bidrag og oppdrag er stabil, og det er naturleg at det er stor skilnad i omfanget mellom dei ulike institusjonane.
Dei vitskaplege høgskolane fyller òg samfunnsoppdraget ved at dei tek aktivt del i samfunnsretta formidling, til dømes gjennom deltaking i den offentlege debatten, gjennom konsertar og andre kulturarrangement og gjennom tilbod innanfor etter- og vidareutdanning.
Post 50 Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av dei statlege vitskaplege høgskolane. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si, samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til undervisning, forsking og formidling.
Budsjettforslag for 2009
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008), blei det vedteke å styrkje basisløyvinga til universitet og høgskolar med 143,1 mill. kroner. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2009 med heilårseffekt på 298,4 mill. kroner til universitet og høgskolar. Med dette blir aktiviteten ført tilbake til nivået i 2006. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 272 post 50 med 7,3 mill. kroner.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved dei statlege vitskaplege høgskolane. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Ved dei statlege vitskaplege høgskolane har det frå 2006 til 2007 vore ein auke i avlagde studiepoeng per student og totalt avlagde 60-studiepoengseiningar. Talet på utvekslingsstudentar har vore stabilt i same periode.
Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa aukar løyvinga til dei statlege vitskaplege høgskolane med 8,9 mill. kroner i 2009.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til finansiering av stipendiatstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske forskingsmidlar.
Endringar som følgjer av den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar i finansieringssystemet for universitetet og høgskolar, gjer at løyvinga på post 52 er redusert med 12,5 mill. kroner i 2009.
Regjeringa foreslår at det blir oppretta fire stipendiatstillingar og ei postdoktorstilling ved dei statlege vitskaplege høgskolane med verknad frå 1. september 2009. På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa å styrkje post 52 med 1,3 mill. kroner i statsbudsjettet for 2009.
Regjeringa foreslår å auke budsjettramma med 4,5 mill. kroner til heilårsverknad av 14 stipendiatstillingar oppretta i 2008.
Post 70 Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av Det teologiske Menighetsfakultetet, Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si, samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til undervisning, forsking og formidling.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008), vart det vedteke å styrkje basisløyvinga til universitet og høgskolar med 143,1 mill. kroner. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2009 med heilårseffekt på 298,4 mill. kroner til universitet og høgskolar. Med dette blir aktiviteten ført tilbake til nivået i 2006. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 272 post 70 med 3 mill. kroner.
Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen har blitt akkrediterte som private vitskaplege høgskolar, med verknad frå 1. juni 2008. Regjeringa foreslår derfor å styrkje løyvinga på kap. 272 post 70 med 82,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 70. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved Det teologiske Menighetsfakultetet, Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Ved private vitskaplege høgskolar har det frå 2006 til 2007 vore ein nedgang i avlagde studiepoeng per student og totalt avlagde studiepoeng, medan talet på utvekslingsstudentar har auka.
Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa reduserer løyvinga til private vitskaplege høgskolar med 2,3 mill. kroner i 2009.
Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen har blitt akkrediterte som private vitskaplege høgskolar, med verknad frå 1. juni 2008. Regjeringa foreslår derfor å styrkje løyvinga på kap. 272 post 71 med 87 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 71. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 72 Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til finansiering av stipendiatstillingar.
Endringar som følgjer av den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar i finansieringssystemet for universitetet og høgskolar, gjer at løyvinga på post 72 aukar med kr 685 000 i 2009.
Regjeringa foreslår å løyve kr 321 000 til heilårsverknad av stipendiatsstilling oppretta i 2008 ved Det teologiske Menighetsfakultetet.
Regjeringa foreslår at det blir oppretta to stipendiatstillingar ved dei private vitskaplege høgskolane med verknad frå 1. september 2009. På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa å styrkje post 72 med kr 532 000 i statsbudsjettet for 2009.
Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen har blitt akkrediterte som private vitskaplege høgskolar, med verknad frå 1. juni 2008. Regjeringa foreslår derfor å styrkje løyvinga på kap. 272 post 72 med 35,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 72. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Kap. 275 Høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Basisfinansiering statlege høgskolar | 5 199 621 | 4 982 898 | 5 112 563 |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar | 2 111 665 | 2 005 983 | 1 985 489 |
52 | Forskingsfinansiering statlege høgskolar | 271 778 | 254 355 | 283 818 |
70 | Basisfinansiering private høgskolar | 334 902 | 351 829 | 290 419 |
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar | 290 461 | 306 745 | 231 063 |
72 | Forskingsfinansiering private høgskolar | 35 949 | 46 321 | 9 428 |
Sum kap. 275 | 8 244 376 | 7 948 131 | 7 912 780 |
Kapitlet omfattar to kunsthøgskolar, 23 statlege høgskolar og 21 private høgskolar med til saman om lag 91 000 studentar og 9 850 tilsette. Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen fekk status som vitskapleg høgskole frå 1. juni 2008. Rapporteringa for desse er under kap. 275, medan budsjettet for 2009 er omtala under kap. 272. Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø skal slå seg saman frå 1. januar 2009. Rapporteringa for Høgskolen i Tromsø er under kap. 275, medan budsjettforslaget for den nye institusjonen er samla under kap. 271.
Høgskolane står for eit breitt tilbod av utdanningar i hovudsak på bachelornivå, og utdanningane er ofte profesjonsretta. Dei er svært ulike i storleik, forskingsintensitet og studenttilstrøyming. Nokre høgskolar har rett til å tildele doktorgradar innanfor bestemte fagområde. Høgskolane har ansvar for utvikling av praktisk retta forsking og utviklingsarbeid på sine område. Høgskolane har vidare ansvar for å medverke til regional utvikling og innovasjon. Dei statlege kunsthøgskolane har eit nasjonalt ansvar for å gi kunstutdanning på bachelor- og masternivå. På nasjonalt nivå er det oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Kunsthøgskolane skal arbeide med kunstnarleg utviklingsarbeid, forsking, kompetanseutvikling og nyskapande verksemd innanfor kunst- og designfag. Kunsthøgskolane har vidare ansvar for internasjonalt samarbeid om ulike kunstfag og for forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Høgskolar som kan tildele doktorgrad, skal i tillegg prioritere grunnforsking og forskarutdanning på dei fagområda der dei tildeler doktorgrad.
Rapport for 2007–08
Utdanning
Søkninga og opptaket til dei statlege høgskolane har gått opp frå 2006 til 2007, medan dei private høgskolane og kunsthøgskolane har hatt ein reduksjon i same periode. I 2007 blei om lag 27 000 studieplassar ved statlege og private høgskolar lyste ut gjennom Samordna opptak. Om lag 47 000 søkjarar hadde prioritert studium ved ein høgskole. Det utgjer om lag 47 pst. av det samla talet på søkjarar gjennom Samordna opptak. Kunsthøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo er ikkje med i Samordna opptak.
Fleirtalet av studentane gjennomfører utdanninga på normert tid, men mange høgskolar har ikkje nådd måla om å auke gjennomstrøyminga. Gjennomføring etter avtalt studieplan ved dei statlege høgskolane har gått ned med 1,6 prosentpoeng frå 2006 til 2007. 84,3 pst. av studentane gjennomfører studiet etter avtalt studieplan.
Private høgskolar kan søkje NOKUT om å bli akkrediterte institusjonar, og såleis få dei same rettane som akkrediterte statlege høgskolar har med til dømes oppretting av nye studietilbod. I 2007 og 2008 har tre private institusjonar fått akkreditering som høgskole. Desse er Diakonhjemmet Høgskole, Norsk Lærerakademi – bachelor- og masterstudier og Norges Informasjonsteknologiske høgskole (NITH).
Frå juni 2003 og fram til no har NOKUT akkreditert om lag hundre mastertilbod ved dei statlege og private høgskolane. Kunnskapsdepartementet har godkjent etablering av dei fleste nye mastertilboda. I 2007 godkjende Kunnskapsdepartementet 13 nye mastertilbod. Ei ph.d.-utdanning blei akkreditert i 2007.
Evalueringa av allmennlærarutdanninga blei avslutta av NOKUT hausten 2006, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga.
NOKUT reviderte i 2005 alle dei akkrediterte sjukepleiarutdanningane, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga.
I 2006 starta NOKUT evaluering av ingeniørutdanningane. Rapporten blei ferdigstilt og overlevert Kunnskapsdepartementet hausten 2008, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga.
I løpet av 2008 vil NOKUT ha evaluert kvalitetssikringssystema til alle dei statlege høgskolane. NOKUT har òg kome godt i gang med evalueringssyklusen for dei private institusjonane. Fleire institusjonar har rapportert at dei vil utvide systemet til å omfatte annan aktivitet ved verksemda, som til dømes FoU-verksemda og doktorgradsutdanninga.
Talet på utvekslingsstudentar har auka med om lag fire pst. frå 2006 til 2007. Talet på innreisande studentar har auka med over tolv pst. ved dei statlege høgskolane og 27 pst. ved kunsthøgskolane, medan talet på utreisande studentar er tilnærma uendra. Ved dei fleste høgskolane var det om lag like mange studentar som reiste ut som kom inn i 2007. Det var i alt om lag 3 400 utvekslingsstudentar, eksklusive individbaserte avtalar. Høgskolane har, som resten av sektoren, ei utfordring med å auke internasjonaliseringa i utdanninga.
Høgskolen i Telemark vann Kunnskapsdepartementet sin utdanningskvalitetspris 2008 for prosjektet Y-veg, yrkesfaglig veg til ingeniør. Høgskolen fekk prisen på kr 500 000 for prosjektet, som har vist særs gode resultat og fått fleire til å gjennomføre ingeniørstudiet.
Forsking
I 2007 stod dei statlege og dei private høgskolane for om lag 17 pst. av den vitskaplege publiseringa i Noreg, ein auke på om lag 1,5 prosentpoeng frå 2006. Dei utdannar om lag 1,5 pst. av doktorandane. Høgskolane har ulike utgangspunkt for å kunne drive med forsking og utviklingsarbeid. Nokre av dei har fleire fag med tradisjonar for forsking og forskingsbasert undervisning, medan andre har mest profesjonsretta fag utan sterke tradisjonar for forsking.
Høgskolane arbeider systematisk med å utvikle FoU-strategiar og byggje sterkare forskarmiljø. Dei statlege høgskolane har i lengre tid arbeidd for å heve den formelle kompetansen til undervisnings- og forskingspersonalet. Mange høgskolar har kvalifiseringsprogram for eigne tilsette. Førstestillingsnivået har auka frå 30,5 pst. av stillingane i 2004 til 34,5 pst. i 2007. Talet på stipendiatstillingar generelt har auka kraftig. I 2007 utgjorde dei 8,1 pst. av alle stillingane mot 6,6 pst. i 2004. Rapporteringa frå mange av institusjonane for 2007 viser likevel svak gjennomstrøyming av stipendiatar. Nasjonale forskarskolar skal bidra til auka gjennomføring og mindre fråfall i doktorgradsutdanninga samt bidra til meir samarbeid nasjonalt og internasjonalt.
Frå 2006 til 2007 har talet på publiseringspoeng ved dei statlege høgskolane auka med 23,1 pst. Høgskolesektoren har auka den relative delen, medan han er redusert ved universiteta. Høgskolane står for om lag ti pst. av den vitskaplege publiseringa i sektoren. Dei store høgskolane og dei med eigne doktorgradsprogram står for det meste av publiseringa. Ved høgskolane utgjorde midlar frå Noregs forskingsråd i gjennomsnitt 1,7 pst. av statstilskottet i 2007. Høgskolane bør ha ambisjonar om å auke inntektene frå Noregs forskingsråd.
Det er tilsett om lag like mange menn og kvinner i undervisnings- og forskarstillingar ved dei statlege høgskolane. Men det er framleis stor overvekt av menn på ingeniørutdanningane og stor overvekt av kvinner på sjukepleiarutdanningane. Det er òg overvekt av menn i dei høgre stillingskategoriane. Delen kvinnelege professorar har auka frå 14 pst. i 2003 til om lag 17,5 pst. i 2007. Ved dei private høgskolane utgjorde kvinnene 10,3 pst. av professorane i 2007, ein auke på om lag to prosentpoeng samanlikna med 2006.
Omfanget av FoU-aktiviteten ved dei private høgskolane varierer mykje mellom institusjonane. Mange av dei små private høgskolane har liten aktivitet, medan Handelshøyskolen BI og i ein viss grad Misjonshøgskolen og Diakonhjemmet høgskole har stor FoU-aktivitet. Ein del av høgskolane melder om nokre vitskaplege publiseringar, men få er publiserte i meritterande tidsskrift. For dei fleste av dei private høgskolane er det eit mål å bli betre i forsking, og fleire har tiltak som skriveverkstad og kurs.
Kunsthøgskolane driv med kunstnarleg verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid og tradisjonell forsking. Kunsthøgskolane arbeider med å styrkje FoU-verksemda og auke kompetansen til dei tilsette. Kunsthøgskolen i Bergen har operatøransvar for det nasjonale stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid i skapande og utøvande kunst, som er ein parallell til vanleg doktorgradsstipend. Stipendprogrammet har totalt fått tildelt 20 stillingar i 2008. Sjå nærmare omtale under kap. 281 post 01.
Høgskolane tek del i internasjonale forskingsprogram og i utviklingsarbeid. Graden av involvering varierer framleis mykje mellom institusjonane. Samla sett utgjorde EU-midlar 0,31 pst. av statstilskottet ved dei statlege høgskolane i 2005, 0,36 pst. i 2006 og berre 0,25 pst. i 2007, noko som tyder på at dei ikkje når heilt opp i konkurransen og deltakinga i internasjonale forskingsprogram. Dei statlege høgskolane har jamt over mange avtalar om samarbeid med utanlandske universitet og høgskolar. Frå 2006 til 2007 har det vore ein auke i gjesteforskarar til Noreg og ein liten nedgang i norske forskarar som reiser ut.
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv
Høgskolane skal forske og drive utviklingsarbeid som er relevant for lokalt arbeids- og næringsliv. Omfanget av den verksemda som er finansiert med bidrags- og oppdragsmidlar, er eit mål på korleis institusjonane løyser oppgåva. I 2007 varierte dei eksterne inntektene mellom 2,3 pst. og 18,1 pst. av dei totale driftsinntektene ved dei statlege høgskolane. Den store variasjonen mellom høgskolane heng saman med ulik fagportefølje og ulik struktur i det lokale næringslivet. Fleire rapportar peiker på at høgskolane ser ut til å ha ei mindre viktig rolle i regional utvikling og innovasjon enn venta. Høgskolane må auke dei eksterne inntektene og arbeide for å utvikle kulturar for innovasjon og samarbeid med regionalt samfunns- og arbeidsliv.
Nokre av høgskolane har vore med på bedriftsetableringar i 2007. Fleire av høgskolane samarbeider med verksemder som skal kommersialisere idear frå forskinga, eller har eigne slike verksemder. Dei høgskolane som har ingeniørutdanning, ser ut til å vere mest aktive i arbeidet med kommersialisering.
I 2006 vart finansieringa av praksisutgifter for helse- og sosialfagutdanningar ved statlege og private høgskolar samt ved Universitetet i Stavanger lagde om for å bruke midlane til å fremme samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og praksisstadene. Omlegginga har verka, og det er utvikla fleire gode samarbeidsprosjekt, særleg knytte til primærhelsetenesta.
I 2007 var det registrert i alt 12 500 kursstudentar i 60-studiepoengseiningar ved dei statlege høgskolane. Dette er om lag 500 fleire enn i 2005. Ved dei private høgskolane var det ein auke i same periode på om lag hundre studentar, frå 1 155 til 1 246.
Høgskolane har gitt eit breitt tilbod i kurs og etterutdanningsverksemd i nært samarbeid med mellom anna skoleeigarar, i samband med at Kunnskapsløftet vart innført.
Departementet har, med utgangspunkt i problemstillingar knytte til aksjeinteressene til institusjonane, teke tilbake fullmakta til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap frå Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Tromsø og Høgskolen i Narvik.
Økonomiforvaltning
Departementet har i oppfølginga av økonomiforvaltninga ved høgskolane i 2008 hatt behov for å følgje opp nokre høgskolar særskild gjennom året. Dette gjeld høgskolane i Narvik, Nesna, Nord-Trøndelag og Ålesund.
Situasjonen ved Høgskolen i Nesna
Høgskolen i Nesna har i 2006 feilrapportert studiepoeng slik at grunnlaget for forslaget til løyving i St.prp. nr. 1 (2007–2008) og utbetalingane til høgskolen i 2008 er blitt om lag 4,3 mill. kroner høgre enn dei skulle ha vore. Regjeringa vil komme tilbake til dette i nysalderinga av budsjettet for 2008.
Samstundes er det klart at Høgskolen i Nesna står overfor større utfordringar enn feilrapportering av studiepoeng. Høgskolen har mellom anna sviktande inntekter, problem med rekruttering og har ikkje klart å gjennomføre dei nødvendige økonomiske, faglege og organisatoriske omstillingane som situasjonen krev. Kunnskapsdepartementet har derfor engasjert eit konsulentfirma for å bistå høgskolen, og har vidare oppretta ei arbeidsgruppe med medlemmer frå andre høgskolar og Høgskolen i Nesna. Arbeidsgruppa skal mellom anna gi råd om korleis studietilbodet ved høgskolen kan vere berekraftig over tid. Regjeringa vil i Revidert nasjonalbudsjett 2009 komme attende med ein samla omtale av situasjonen ved Høgskolen i Nesna.
Post 50 Basisfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av kunsthøgskolane og 23 statlege høgskolar. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til undervisning, forsking og formidling.
Budsjettforslag for 2009
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008) blei det vedteke å styrkje basisløyvinga til universitet og høgskolar med 143,1 mill. kroner. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2009 med heilårseffekt på 298,4 mill. kroner til universitet og høgskolar. Med dette blir aktiviteten ført tilbake til nivået i 2006. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 275 post 50 med 80 mill. kroner.
Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø slår seg saman frå 1. januar 2009. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 50 med 182 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 271 post 50. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Undervisning
Det er i 2006 tildelt 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn 5,4 mill. kroner på kap. 275 post 50 til heilårsverknad og vidareføring av studieplassar ved statlege høgskolar for 2009.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på kap. 275 post 50 med 10,5 mill. kroner til heilårsverknad av kutt i studieplassar i 2006.
Høgskolen i Bergen skal i samarbeid med StatoilHydro ASA, ExxonMobil AS, AS Norske Shell og Norsk undervannsintervensjon AS (NUI) etablere ei permanent mettingsdykkarutdanning i Bergen, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008). Den permanente utdanninga vil bli sett i verk i 2009. Utstyr er under produksjon, men har blitt dyrare enn opphavleg rekna med og er estimert til å koste i overkant av 56 mill. kroner. Oljeselskapa har gitt lovnad om å støtte etableringa med om lag 33 mill. kroner. Stortinget har tidlegare løyvd 12,5 mill. kroner til investering i utstyr. Det er lagt til grunn årlege driftskostnader på 4,5 mill. kroner frå 2008. Utgiftene til staten vil i 2009 bli dekte gjennom tidlegare tildelte, men ikkje nytta driftsmidlar. Vidare må Høgskolen i Bergen førebels dekkje den resterande delen av den statlege investeringsdelen innanfor si eiga ramme. Departementet vil framleis vere i dialog med oljeselskapa og Høgskolen i Bergen om den permanente utdanninga.
Bygg og lokale
Regjeringa foreslår ei startløyving på 20 mill. kroner for ombygging og rehabilitering av Patologibygget i Pilestredet Park for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Prosjektet har ei kostnadsramme på 668,6 mill. kroner og ei styringsramme på 588,1 mill. kroner (prisnivå 1. juli 2009). Det vil i tillegg vere behov for ei løyving til utstyr på om lag 15 pst. av kostnadsramma samt løyving til auka husleigekostnader. Dette vil Regjeringa komme tilbake til ved ferdigstilling av bygget. Sjå nærmare omtale under kap. 2445 post 31 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Regjeringa foreslår at samlokaliseringsprosjektet ved Høgskolen i Bergen blir sett i gang i 2010.
Statsbygg har utarbeidd eit forprosjekt for eit nytt sentralbygg for Høgskolen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Departementet vil arbeide vidare med dette høgt prioriterte prosjektet.
Regjeringa foreslår å løyve dei resterande 18,8 mill. kroner i utstyrsmidlar til nybygg for Høgskolen i Vestfold. Dette er ein reduksjon på 26,8 mill. kroner i høve til 2008.
Resterande utstyrsmidlar til Samisk høgskole blei løyvde i 2008. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga med 15,7 mill. kroner i 2009.
Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kroner til utstyr ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Regjeringa foreslår å løyve 11,7 mill. kroner til husleige for Samisk vitskapsbygg.
I samband med at Gáldu skal flytte inn i det nye vitenskapsbygget i Kautokeino, vil Regjeringa vurdere om Gáldu skal få ei organisatorisk nærmare tilknyting til Samisk høgskole.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege høgskolar. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod. Totalt avlagde studiepoeng og studiepoeng per student går ned frå 2006 til 2007. Talet på utvekslingsstudentar aukar frå 2006 til 2007. Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa.
Løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege høgskolar blir redusert med 37,3 mill. kroner i 2009.
Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø slår seg saman frå 1. januar 2009. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 51 med 71,5 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 271 post 51. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til finansiering av stipendiatstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske forskingsmidlar.
Endringar som følgjer av den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar i finansieringssystemet for universitetet og høgskolar, gjer at løyvinga på post 52 aukar med 1,5 mill. kroner i 2009.
Regjeringa foreslår å løyve 18,3 mill. kroner til heilårsverknad av stipendiatstillingar oppretta i 2008.
Regjeringa foreslår at det blir oppretta 26 stipendiatstillingar ved dei statlege høgskolane med verknad frå 1. september 2009. På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa å styrkje post 52 med 6,9 mill. kroner i statsbudsjettet for 2009.
Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø slår seg saman frå 1. januar 2009. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 52 med 9,2 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 271 post 52. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 70 Basisfinansiering private høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av dei private høgskolane. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til undervisning, forsking og formidling.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008) og St.prp. nr. 59 (2007–2008), blei det vedteke å styrkje basisløyvinga til universitet og høgskolar med 143,1 mill. kroner. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2009 med heilårseffekt på 298,4 mill. kroner til universitet og høgskolar. Med dette blir aktiviteten ført tilbake til nivået i 2006. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 275 post 70 med 3,4 mill. kroner.
Det er i 2006 tildelt 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn kr 530 000 på kap. 275 post 70 til heilårsverknad og vidareføring av studieplassar ved Dronning Mauds Minne Høgskole.
Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen har blitt akkrediterte som private vitskaplege høgskolar, med verknad frå 1. juni 2008. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 70 med 82,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 272 post 70. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar
Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved private høgskolar. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Talet på totalt avlagde studiepoeng har vore stabilt frå 2006 til 2007, medan talet på studiepoeng per student går ned frå 2006 til 2007. Talet på utvekslingsstudentar er på same nivå i 2006 til 2007.
Løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for private høgskolar blir resusert med 2,9 mill. kroner frå 2008 til 2009.
Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen har blitt akkrediterte som private vitskaplege høgskolar, med verknad frå 1. juni 2008. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 71 med 87 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 272 post 71. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Post 72 Forskingsfinansiering private høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til finansiering av stipendiatstillingar.
Endringar som følgjer av den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar i finansieringssystemet for universitetet og høgskolar, gjer at løyvinga på post 72 blir redusert med 5 mill. kroner i 2009.
Regjeringa foreslår å løyve 1,6 mill. kroner til heilårsverknad av stipendiatstillingar oppretta i 2008 ved Diakonhjemmet høgskole.
Regjeringa foreslår at det blir oppretta ein stipendiatstilling med verknad frå 1. september 2009. På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa å styrkje post 72 med kr 266 000 i statsbudsjettet for 2009.
Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen har blitt akkrediterte som private viteskaplege høgskolar, med verknad frå 1. juni 2008. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 72 med 35,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 272 post 72. Konsekvensar i budsjettet for 2009 av resultat og prioriteringar tidlegare år er inkluderte i overføringa.
Kap. 276 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Teknisk fagskoleutdanning | 285 144 | 304 083 | 317 463 |
72 | Annan fagskoleutdanning | 25 814 | ||
Sum kap. 276 | 285 144 | 304 083 | 343 277 |
Kunnskapsdepartementet vedtok 25. april 2008 ei ny godkjenningsforskrift for fagskoleutdanning. Endringane inneber at tilbydarar av godkjend fagskoleutdanning skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring. Godkjenningsprosessen for større fagskoletilbydarar skal bli lettare. Hovudregelen vil framleis vere at det er den enkelte fagskoleutdanninga som blir godkjend av NOKUT, men òg tilbydarar skal under visse vilkår kunne få godkjenning, og med det få rett til å opprette tilbod utan ytterlegare godkjenning. Samtidig er koplinga mellom fagskoleutdanning og yrkeslivet presisert. Orda «fagskole» og «fagskoleutdanning» er blitt beskytta, med verknad frå 1. juli 2008, for å sikre studentar mot useriøse tilbydarar.
I Ot.prp. nr. 39 (2006–2007) foreslo departementet å føre vidare skiljet mellom godkjenning av fagskoleutdanning og rett til tilskott. Etterspurnad og betalingsvilje i marknaden skal i hovudsak styre tilbodet av fagskoleutdanning. Likevel er det nødvendig å yte tilskott til særskilt prioriterte utdanningar, som til dømes tekniske fagskoleutdanningar og helse- og sosialfagutdanningar. For omtale av tilskott til helse- og sosialfagutdanningar, sjå kap. 761 post 60 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Helse og omsorgsdepartementet. Vurdering av søknad om tilskott blir gjort på grunnlag av budsjettrammer, politiske prioriteringar og særskilte samfunnsbehov.
I revidert fagskolelov er løyve til å krevje eigenbetaling av studentane presisert. Tilbydarar av fagskoleutdanning kan berre krevje eigenbetaling i den grad det ved tildeling av tilskott ikkje er bestemt at utdanninga skal vere gratis. Statstilskott og eigenbetaling skal komme studentane til gode.
Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å drive korte, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar ved å yte tilskott til tilbydarar som tilbyr fagskoleutdanning godkjend etter lov om fagskoleutdanning.
Talet på godkjende fagskoleutdanningar har auka kraftig dei siste åra. I januar 2006 var det godkjent elleve fagskoleutdanningar, og om lag 580 søknader var under behandling. 1. september 2008 var dei tilsvarande tala 1 058 og 162.
I samband med forvaltningsreforma vil drifts- og finansieringsansvaret for fagskolane verte overførte til fylkeskommunane i 2010.
Post 70 Teknisk fagskoleutdanning
Teknisk fagskoleutdanning er eit to-årig tilbod om fagskoleutdanning i fylkeskommunal regi. Opplæring på fagskolenivå skal vere i samsvar med definerte behov i arbeidslivet. Tilskottsmottakarar er fylkeskommunar som tilbyr teknisk fagskoleutdanning som er godkjend etter fagskolelova.
Talet på innrapporterte heiltidsstudentar i teknisk fagskoleutdanning var hausten 2007 3 000 heiltidsstudentar. Dette er ein auke på om lag 180 heiltidsstudentar sidan hausten 2006.
Regjeringa foreslår å løyve 317 mill. kroner på kap. 276 post 70.
Post 72 Anna fagskoleutdanning, overslagsbevilgning
Lov om endringar i friskolelova (ny privatskolelov) blei behandla i Odelstinget og Lagtinget samstundes med fagskolelova, jf. Innst. O. nr. 88 (2006–2007). Revidert privatskolelov tredde i kraft 1. juli 2007. Etter lovendringane i privatskolelova har enkelte vidaregåande skolar som tilbyr yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, fått godkjenning etter fagskolelova. Dette gjeld skolar som ligg over vidaregåande opplæringsnivå.
Kap. 6A i privatskoleloven vil slutte å gjelde 1. juli 2010, jf. privatskoleloven § 8–2. Innan den tid må skolane som hører inn under noverande kap. 6A i privatskoleloven (såkalla 6A-skolar), ha søkt om ny lovtilknyting. Om lag 25 av desse skolane er i dag aktuelle for godkjenning etter fagskoleloven. 6A-skolar som blir godkjende etter fagskolelova, vil framleis ha moglegheita til framtidig tilskott for faktiske elevar avgrensa til det elevtalet dei i dag har godkjenning for.
Ein del av 6A-skolane er godkjende utan øvre grense for talet på studieplassar, mens dei fleste har ei øvre grense for talet på studentar dei kan ta imot tilskott for. Ved utforming av ny tilskottsordning på fagskolekapitlet ønskjer departementet ei lik handsaming av dei tidlegare 6A-skolane. Departementet foreslår derfor å innføre ei øvre grense også for dei som ikkje har det i dag. Den øvre grensa bør spegle eit realistisk potensial for talet på studieplassar og ta omsyn til studenttalet for dei siste åra. 6A-skolar som i dag har avgrensing i talet på studieplassar, har i dei siste tre åra hatt ei underutnytting av kapasiteten på 35 pst. Departementet foreslår å leggje dette til grunn for utrekning av øvre grense for dei resterande 6A-skolane. I tråd med dette foreslår departementet at øvre grense for talet på studieplassar desse skolane kan ta imot tilskott for, blir rekna ut for kvar enkelt tilbydar på bakgrunn av det gjennomsnittlege talet på studentar ved skolen i dei siste tre åra, samt eit påslag på 35 pst.
Med bakgrunn i Stortingets handsaming av dei såkalla 6A-skolane, jf. Ot.prp. nr. 37 (2006–2007), er kap. 276 post 72 auka med 25,7 mill. kroner i høve til 2008.
Regjeringa foreslår å løyve 25,8 mill. kroner på kap. 276 post 72.
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 320 065 | 354 131 | 401 954 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 10 000 | 14 505 | 15 100 |
50 | Tilskott til Noregs forskingsråd | 71 500 | ||
51 | Senter for internasjonalisering av høgre utdanning | 38 700 | 37 309 | 38 951 |
73 | Tilskott til internasjonale program | 10 265 | 16 200 | 18 800 |
74 | Tilskott til UNIS | 75 474 | 78 719 | 82 183 |
75 | UNINETT | 22 867 | 23 850 | 21 849 |
76 | Tilskott til NORDUnet, kan overførast | 16 822 | 17 625 | 18 401 |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 12 174 | 12 697 | 13 256 |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast | 263 652 | 274 989 | 287 089 |
Sum kap. 281 | 770 019 | 830 025 | 969 083 |
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar omfattar tiltak som skal bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring, samordning av prioriterte område, vedlikehald og større innkjøp av utstyr, og andre meir permanente tiltak i universitets- og høgskolesektoren.
Post 01 Driftsutgifter
Dei ulike tiltaka under post 01 er i hovudsak til realfagssatsing, maritim utdanning, lærarutdanning, kunstutdanning, internasjonalisering og nordområdestrategi, forsking og formidling, dokumentasjon, statistikk og analyse. Nokre er eingongsløyvingar for å møte særskilde utfordringar i løpet av året, medan andre går til meir langsiktige tiltak og prosjekt.
Departementet foreslår å overføre tildelinga av midlar til Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), Strategiske høgskoleprogram (SHP), FORNY-programmet, Praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning samt nytt utdanningsforskingsprogram (tidlegare Kunnskap, utdanning og læring (KUL)) frå post 01 til ny post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å flytte løyvinga til International Council for Open and Distance Education (ICDE) frå kap. 254 post 73 til kap. 281 post 01.
Realfag
I 2008 nyttar departementet om lag 35 mill. kroner på tiltak på realfagssida, herunder Artsdatabanken og Andøya romfartssenter (NAROM). Departementet foreslår ei løyving på om lag 32 mill. kroner i 2009.
Artsdatabanken er ei uavhengig eining ved Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og skal gi elektronisk oversikt over biologiske artar i Noreg som blir nytta i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Artsdatabanken la i 2006 fram den reviderte Raudlista for trua og sårbare artar og i 2007 Svartelista over framande artar som kan utgjere ein økologisk risiko i Noreg. I 2007 opna Artsdatabanken tenesta Artskart, som gjer det mogleg å knytte artsobservasjonar til digitalt kartverk. I 2008 presenterte Artsdatabanken det nye elektroniske verktøyet Artsobservasjonar. Det er så langt meldt inn over 250 000 funn. I 2008 har departementet tildelt totalt 22,8 mill. kroner til Artsdatabanken, av dette 3 mill. kroner i eingongsløyving for å setje i gang arbeidet med Raudlista. Departementet foreslår ei løyving på 19,8 mill. kroner til Artsdatabanken i 2009.
NAROM (Andøya romfartssenter) på Andøya skal bidra til å sikre rekrutteringa til norsk romverksemd og auke interessa for teknologi- og realfaga. NAROM blei tildelt 6 mill. kroner i 2008. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskottet i 2009.
MIT FabLab Norway er ein del av Massachusetts Institute of Technology (MIT) sitt nettverk av lokale feltlaboratorium som skal drive FoU- og formidlingsverksemd. Sidan oppstarten i 2005 og fram til 2008 har MIT FabLab Norway motteke driftstilskott frå Kunnskapsdepartementet og andre aktørar. Kunnskapsdepartementet vurderer at verksemda ved MIT FabLab Norway ikkje er på eit slikt fagleg nivå at tilskottet bør bli ført vidare. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å avvikle driftstilskottet frå og med 2009.
I tråd med Soria Moria-erklæringa ønskjer Regjeringa å auke innsatsen med tanke på rekruttering til realfaga. RENATE-senteret (Nasjonalt senter for realfagsrekruttering) spelar ei viktig rolle som ressurssenter for utdanningssektoren i arbeidet med å nå Regjeringas mål om auka tilførsel av kandidatar med realfagleg kompetanse. Prosjektet «Jenter til realfag» har motteke 1,5 mill. kroner i tilskott frå Kunnskapsdepartementet i 2008. Regjeringa foreslår for 2009 å samle tilskotta til ulike rekrutteringstiltak gjennom RENATE-senteret med andre tilskott til realfagstrategien.
Maritim strategi
Regjeringa har i 2008 gitt 100 mill. kroner til maritim næringsverksemd som ledd i den maritime strategien til Regjeringa. 17 mill. kroner vart fordelte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til ulike kompetanseutviklingstiltak i maritim sektor. Regjeringa foreslår for 2009 å løyve 100 mill. kroner til oppfølging av maritim strategi. 18,5 mill. kroner blir fordelte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til oppfølging og vidare utvikling av ulike tiltak innanfor maritim utdanning.
Lærarutdanning
Departementet har i 2008 sett av om lag 44 mill. kroner til ulike tiltak innanfor lærarutdanning over kap. 281 post 01. Regjeringa foreslår for 2009 å auke løyvinga til om lag 100 mill. kroner. Midlane skal bidra til å styrkje profesjonsinnretninga, heve den faglege kvaliteten og sikre ei utviklingsorientert lærarutdanning. Det vil mellom anna bli etablert fleire studieplassar og oppretta forskarskole for lærarutdanning. Regjeringa vil også stimulere Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø sitt arbeid med å utvikle ei ny lærarutdanning. Dei ulike tiltaka vil bli nærmare konkretiserte i samband med stortingsmeldinga om lærarrolla og lærarutdanning som blir lagt fram ved årsskiftet 2008–09.
Departementet tildelte i 2008 til saman 21,2 mill. kroner til Utdanningsdirektoratet. Mellom anna inkluderer dette midlar til vidareføring av prosjekta for rettleiing av nyutdanna lærarar, utvikling av modellar for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og skole- og barnehageeigarar, etterutdanning av lærarar og arbeid med kompetansenettverka direktoratet organiserer.
Departementet har tildelt om lag 5,6 mill. kroner i 2008 til prosjekt for å utvikle gode modellar for praksisopplæring i lærarutdanningane som mellom anna kan gi erfaringar og grunnlag for tilrettelegging av meir praksisbasert lærarutdanning. Departementet har vidare tildelt om lag 3,5 mill. kroner til ulike prosjekt knytt til utprøving av alternativ lærarutdanning for barne- og ungdomstrinnet, organisering av allmennlærarutdanninga med sterkare vekt på praksisopplæringa, vurdering av årsaker til fråfall i studiet og alternative opptaksformer til lærarutdanning.
Departementet har i 2008 tildelt 9 mill. kroner til Noregs forskingsråd (NFR) sitt program Praksisretta FoU i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning. Departementet foreslår å overføre tildelinga av midlane frå kap. 281 post 01 til kap. 281 post 50.
Det er eit mål å auke talet på pedagogar i barnehagar. Regjeringa foreslår derfor å løyve 7,5 mill. kroner i 2009 til 150 nye studieplassar i førskolelærarutdanninga, og midlar til 150 studieplassar i eittårig vidareutdanning i barnehagepedagogikk på deltid for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.
Kunstutdanning
I 2008 har departementet sett av om lag 20 mill. kroner til ulike tiltak for kunstutdanningane. Regjeringa foreslår å auke dei samla løyvingane til kunstutdanningstiltak til om lag 21 mill. kroner i 2009 for mellom anna å auke talet på kunststipendiatar frå 20 til 23 med verknad frå 1. september 2009.
I 2008 tildelte departementet mellom anna om lag 12,8 mill. kroner til 20 stillingar over stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid og 2 mill. kroner samla til drift av og prosjektmidlar i programmet. Programmet er ein parallell til doktorgradsprogram og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. Programmet vil bli evaluert innan utgangen av 2008. Departementet foreslår å løyve om lag 17 mill. kroner til stipendiatstillingar, drift og operatøransvar for programmet.
Departementet tildelte 4 mill. kroner i 2008 til talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole og foreslår å vidareføre løyvinga i 2009.
Forsking og formidling
Departementet tildelte i 2008 om lag 50 mill. kroner til ulike tiltak innanfor forsking og formidling. Departementet foreslår frå 2009 å flytte løyvinga til fellestiltaka VRI, SHP og FORNY på til saman 39 mill. kroner i 2008 og løyvinga til nytt utdanningsforskingsprogram (tidlegare KUL) på 2 mill. kroner i 2008 frå kap. 281 post 01 til kap. 281 post 50.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 9,5 mill. kroner til forskings- og formidlingstiltak over kap. 281 post 01 i 2009.
Regjeringa foreslår i 2009 mellom anna å løyve 2 mill. kroner til utgreiing av Nasjonalt digitalt universitetsmuseum. Regjeringa foreslår òg å løyve 1 mill. kroner til integrasjonsprosessen mellom Arkeologisk museum i Stavanger og Universitetet i Stavanger.
Departementet tildelte 1,5 mill. kroner til Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking i 2008 og foreslår å vidareføre løyvinga på om lag same nivå i 2009. Vidare tildelte departementet 2 mill. kroner i 2008 til Likestillingsprisen, etter innstilling frå Kif-komiteen, som skal premiere dei beste tiltaka og handlingsplanane retta mot likestillingsarbeid ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt. Departementet foreslår å vidareføre Likestillingsprisen i 2009.
Departementet tildelte 1 mill. kroner i 2008 til Utdanningskvalitetsprisen og foreslår å vidareføre prisen i 2009.
Departementet ønskjer at det skal bli satt i gong eit eige forskingsprogram retta mot forsking om forsking og innovasjon. Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner i 2009 og vil be NFR starte planlegginga av eit slikt program. Sjå omtale under kap. 5.
Internasjonalt samarbeid
I 2008 har departementet sett av om lag 9,5 mill. kroner til ulike internasjonaliseringstiltak, mellom anna oppfølginga av strategien til departementet for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika, inkludert lanseringa av Partnarskapsprogrammet for Nord-Amerika. Aktivitetane knytte til Arktisk universitet, det norsk-russiske samarbeidet og Bolognaprosessen er følgde opp, og det blir satsa betydelege midlar på deltaking i det europeiske programmet for livslang læring (LLP). Det er auka vektlegging av bilateralt samarbeid. Det har blitt underteikna Memorandum of Understanding (MoU) på området for høgre utdanning med India, Argentina, Brasil og Chile og departementet arbeider med å ferdigstille MoU-ar med Kina og Russland.
Departementet foreslår å nytte samla om lag 22 mill. kroner til tiltak for internasjonalisering over kap. 281 post 01 i 2009, mellom anna for å doble satsinga på Nord-Amerika.
Nordområdestrategien legg særleg vekt på kunnskapsutvikling i nord. Universitetet i Tromsø, NTNU, Universitetet i Stavanger og høgskolane i Finnmark, Tromsø og Narvik har tatt initiativ til samarbeidsprosjektet EnergiCampus Nord (ECN) i Hammerfest. Satsing på høgre utdanning i energifag er i tråd med både Nordområdestrategien og realfagsatsing i nord. I 2008 vart det løyvd 3 mill. kroner til dette samarbeidsprosjektet. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2009 for å bidra til vidare gjennomføring av prosjektet. Regjeringa foreslår i tillegg å tildele 5 mill. kroner som eingongsløyving knytt til utstyr og infrastruktur i oppbygginga av ECN. Regjeringa foreslår som del av satsinga på auka rekruttering å tildele fem øyremerkte stillingar til nordområdeforsking knytt til Forskingsrådets verksemd mot nordområda og 2 mill. kroner i eingangsløyving i 2009 knytt til forskingsverksemd på Svalbard. Sjå omtale under kap. 285 post 52.
International Council for Open and Distance Education (ICDE) er eit internasjonalt fellesorgan for aktørar innanfor fjernundervisning og fleksibel læring. ICDE skal mellom anna byggje ut kontakten med norske fjernundervisningsmiljø og myndigheiter for å gi desse tilgang til ICDEs ekspertise og nettverk i internasjonal fjernundervisning.
Kunnskapsdepartementet ser positivt på at eigenkapitalen til ICDE er styrkt i 2007, men departementet meiner at eigenfinansieringa må bli ytterlegare styrka ettersom ICDE er ein medlemsorganisasjon.
Departementet foreslår å overføre tilskottsforvaltning for ICDE frå kap. 254 til kap. 281 post 01. Departementet tildelte i 2008 om lag 2,1 mill. kroner og foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå i 2009.
Departementet tildeler i tillegg i 2008 om lag 36 mill. kroner til Nordisk Ministerråd knytte til nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på om lag same nivå i 2009.
NOKUT
NOKUT er eit statleg organ som er fagleg uavhengig, og som skal kontrollere og utvikle kvaliteten ved norske universitet, høgskolar og fagskolar. NOKUT handsamar òg enkeltsøknader om generell godkjenning av utanlandsk utdanning. I 2008 tildelte departementet 42,1 mill. kroner over post 01 til NOKUT. Departementet foreslår for 2009 å auke løyvinga til NOKUT med 6 mill. kroner knytte til tiltak for å følgje opp Utvalet om godkjenning og godskriving av høgre utdanning (Brautasetutvalet). Tiltaka omfattar informasjonssenter om godkjenning av utanlandsk utdanning, GSU-lista over utanlandsk utdanning som svarar til krava for opptak til norsk høgre utdanning og vidareutvikling av vedtaksbrev om generell godkjenning.
NOKUT er evaluert i 2008, og departementet vil følgje opp evalueringa. Sjå nærmare omtale under kategoriinnleiinga til 07.60.
Departementet har i 2008 gitt NOKUT i oppdrag å starte evaluering av førskolelærarutdanninga. Resultat frå evalueringa er venta i 2010.
Det er fastsett følgjande mål for verksemda til NOKUT i 2009:
NOKUT skal være eit anerkjend kvalitetssikringsorgan på høgt internasjonalt nivå.
Evalueringane, akkrediteringane og godkjenningane til NOKUT skal gjennomførast på ein korrekt og effektiv måte med god informasjon og dialog med involverte partar, i samsvar med anerkjent internasjonal praksis. Verksemda til NOKUT skal ha både kontroll og utvikling som mål.
NOKUT skal gje offentligheita informasjon om kvalitet og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning og godkjenning av utanlandsk utdanning.
NOKUT skal ha ei personal- og ressursforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.
NOKUT vil i løpet av 2009 revidere eigne mål og strategiar. Måla for verksemda til NOKUT vil på dette grunnlaget bli vurdert på ny for 2010.
Noregsuniversitetet
Noregsuniversitetet (NUV) mottek stønad frå Kunnskapsdepartementet på 19,4 mill. kroner i 2008, der om lag 11 mill. kroner blir fordelte som støtte til utvikling av fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskolar. Departementet foreslår å vidareføre midlane til NUV i 2009. Departementet set i 2008 i gang ein analyse av marknaden for desentralisert utdanning, og ei evaluering av NUV vil vere ein del av arbeidet. Sjå omtale i kategoriinnleiinga til 07.60.
Samordna opptak
Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanning. SO er lagt til Universitetet i Oslo, men organisert i samsvar med § 1-4 (4) i universitets- og høgskolelova. SO vart tildelt 22,8 mill. kroner i 2008. Departementet foreslår å vidareføre midlane på same nivå i 2009.
Norsk samfunnsvitskapleg datatjeneste
Norsk sammfunnsvitskapleg datatjeneste (NSD) er eit heileigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. I 2008 tildelte departementet 8,6 mill. kroner til NSD for drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). DBH er eit datavarehus for informasjon om norske universitet og høgskolar. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2009 på om lag same nivå.
BIBSYS
BIBSYS er eit biblioteksystem for biblioteka på universiteta, Nasjonalbiblioteket og ei rekkje høgskolar og fagbibliotek i Noreg, og er i stor grad ei brukarfinansiert ordning. Departementet tildelte 3 mill. kroner til BIBSYS i 2008. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå i 2009.
Dokumentasjon, statistikk og analyse
I tillegg til løyvingane til NSD og BIBSYS har departementet i 2008 sett av om lag 14 mill. kroner til ulike tiltak for dokumentasjon, statistikk og analyse. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på om lag same nivå i 2009.
Andre tiltak
Regjeringa foreslår å leggje midlar til sju stipendiatstillingar, i tillegg til tre kunststipendiatstillingar, med verknad frå 1. september 2009, på kap. 281 post 01.
I samband med samlokalisering av Noregs veterinærhøgskole, Veterinærinstituttet og Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås foreslår departementet å tildele 3 mill. kroner som ei eingongsløyving til administrativ og fagleg integrasjonsprosess. Sjå òg omtale under kap. 271 post 50.
Departementet har i 2008 tildelt 2 mill. kroner til Studiesenteret.no. Senteret er ikkje ein del av det formelle utdanningstilbodet, men tilbyr tenester for å leggje til rette for desentralisert utdanning. Departementet foreslår å ikkje vidareføre løyvinga i 2009. Departementet legg vekt på at det er institusjonane sjølve som best kan vurdere kva desentraliserte tilbod dei ønskjer å tilby studentane. Det inneber å prioritere kva tilbod dei ønskjer å leggje til rette for sjølve, og kva tenester dei ønskjer å etterspørre frå andre aktørar i marknaden. Desentraliserte studietilbod bør vere midlertidige og bli flytta etter behova for desentraliserte tilbod utanfor faste studiestader.
Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet sette i 2008 ned ei arbeidsgruppe for å greie ut eit utdanningsprogram som skal kombinere forskarutdanning og spesialistutdanning for tannlegar i eit parallelt løp. Rapporten er på høring. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å vidareføre løyvinga med 1,3 mill. kroner til dobbelkompetanseutdanning i 2009.
I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2008 blei 5 mill. kroner som tidlegare var løyvde til Norwegian Aviation College AS, omdisponert til Universitetet i Tromsø på kap. 271 post 50, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008). Sjå kap. 271 post 50 for omtale av budsjettforslag for 2009.
Departementet foreslår å løyve 1 mill. kroner til operautdanning og oppstart av repetitørutdanning i samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs musikkhøgskole i 2009.
I tillegg foreslår departementet å løyve 2 mill. kroner til trafikkflygarutdanning ved Universitetet i Tromsø over denne posten.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Departementet fordeler løyvinga på post 45 til større investeringar ved universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet tildelte 10 mill. kroner i 2007 til UiO, UiB, NVH, NiH, UMB og NTNU for å betre vedlikehaldet og bidra til universell utforming av eksisterande bygningar, anlegg og uteområde.
Posten utgjer om lag 19 mill. kroner i 2008. I 2008 har departementet tildelt 5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Oslo og 2,5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Bergen knytte til utstyr og vedlikehald. Departementet vil i 2008 tildele 8 mill. kroner til universitetsmusea over post 45. Regjeringa foreslår ei løyving på om lag 15 mill. kroner på kap. 281 post 45 i 2009.
Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd
Departementet foreslår ein ny post 50 for å samle løyvingane som går gjennom program og prosjekt i NFR. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01, kap. 286 post 50 og kap. 285 post 52.
Det er dei siste åra utvikla fleire satsingar gjennom NFR som skal bidra til å styrkje FoU i universitets- og høgskolesektoren. Særleg er desse satsingane retta mot høgskolesektoren og skal mellom anna bidra til regional utvikling og styrking av profesjonsutdanningane. Dei omfattar mellom anna VRI, SHP og FORNY-programmet. Departementet har samla tildelt 56 mill. kroner til desse programma i 2008 og foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå i 2009 over kap. 281 post 50.
Departementet tildelte 2 mill. kroner til utdanningsforsking over NFR i 2008, jf. det tidlegare forskingsprogrammet KUL. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01. Regjeringa foreslår å løyve 2,5 mill. kroner i 2009 til eit nytt utdanningsforskingsprogram gjennom NFR over kap. 281 post 50. Programmet skal mellom anna leggje til rette for meir robuste fagmiljø på utdanningsfeltet.
Departementet tildelte 8 mill. kroner i 2008 til NFR-programmet Praksisretta FoU i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning. Departementet foreslår å overføre tildelinga av midlane til kap. 281 post 50 frå 2009. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01.
Regjeringa foreslår ei eingongsløyving i 2009 på 5 mill. kroner til strategisk forskingssatsing og fagleg utvikling ved universitetsmusea over kap. 281 post 50.
Post 51 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning
Rapport for 2007–08
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) har fem hovudarbeidsområde: programdrift, profilering av Noreg som studie- og forskingsland overfor utlandet, informasjon og kommunikasjon, kompetansebygging og rådgjeving. SIU er mellom anna programkontor for Erasmus Mundus og for EUs handlingsprogram for livslang læring (2007–13). I tillegg har SIU det nordiske koordineringsansvaret for Nordplus Horisontal i Nordisk Ministerråds Nordplus rammeprogram. SIU har òg oppgåver for til dømes Utanriksdepartementet og Norad, mellom anna NUFU- og NOMA-programma for Norad.
SIU har drive programma som dei har ansvaret for på ein tilfredsstillande måte, men den norske deltakinga i EU-programma kunne ha vore betre. For omtale av resultata for Livslang læringsprogrammet, sjå kap. 252, for Erasmus Mundus, sjå kap. 281 post 73.
SIU har fått ei sentral rolle i oppfølginga av strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika som blei lagt fram hausten 2007. SIU administrerer mellom anna det nye Partnarskapsprogrammet.
Nettstaden www.studyinnorway.no har synt seg som ein god reiskap for profileringa av norsk høgre utdanning. SIU har også eit godt publikasjonsprogram med trykt materiale, både for profilerings- og informasjonsarbeidet. SIU har utvikla seg til eit viktig kompetanseorgan for internasjonalt utdanningssamarbeid og er ein nyttig partnar og rådgjevar for departementet. SIUs årlege mobilitetsrapportar gir viktig informasjon om internasjonaliseringsarbeidet i ulike delar av norsk utdanning.
Mål for 2009
SIUs verksemd er regulert i vedtektene for senteret. Departementet har hatt dialog med SIU for å utvikle mål som underbyggjer SIUs strategiske rolle. Dette er måla for SIU i 2009:
SIU skal motivere og stimulere utdannings- og forskingssektoren til vektlegging av internasjonalisering som verkemiddel for auka kvalitet i utdanning og forsking.
SIU skal sørgje for god og brei deltaking i programma senteret forvaltar, og bidra til at ulike aktørar bruker program og ordningar aktivt som verkemiddel for å gjennomføre dei internasjonale strategiane og måla sine.
SIU skal bidra til å auke Noregs evne til å konkurrere om gode studentar og forskarar ved å profilere Noreg som studie- og forskingsland i utlandet.
SIU skal ha ei personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.
Departementet vil ha dialog med SIU om vidare utvikling av målstruktur og styringsparametrar. SIUs samla verksemd og måloppnåing i 2009 vil bli vurdert breiare, blant anna i lys av kvalitative analysar av verksemda og SIUs gjennomføring av oppgåvene i vedtektene.
Budsjettforslag for 2009
Departementet føreslår å løyve om lag 39 mill. kroner til SIU i 2009.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Tilskottet skal dekkje medlemskontingenten for å delta i internasjonale utdanningsprogram, fastsett gjennom årlege EØS-forhandlingar, og andre internasjonale utdanningstiltak av mindre omfang. Erasmus Mundus omfattar fellesgradar på masternivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS. Samarbeidet gjekk godt frå eit norsk synspunkt også i 2007. Ni norske høgre utdanningsinstitusjonar deltek i 14 av til saman 103 felles Erasmus Mundus-mastergradar, og dei koordinerer to. I tillegg deltek norske universitet og høgskolar i fire av dei totalt 14 nettverka som skal vise partnarar frå land utanfor Europa at europeisk høgre utdanning er attraktiv.
Departementet ser det som eit mål å auke deltakinga i Erasmus Mundus ytterlegare og førebur neste fase av dette programmet, som tek til i 2009. Erasmus Mundus II 2009 –13 er ei vidareføring av Erasmus Mundus slik det er i dag, med ei utviding til doktorgradsnivå samt utvida moglegheiter for deltaking frå ikkje-europeiske institusjonar. Sjå kap. 252 for nærmare omtale av Erasmus-samarbeidet og andre aktivitetar i Livslang læringsprogrammet.
Regjeringa foreslår å løyve 18,8 mill. kroner på post 73 for å dekkje deltakinga i EU-programmet Erasmus Mundus og dei andre mindre aktivitetane på posten.
Post 74 Tilskott til UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statsaksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene til staten.
Formålet med tilskottsordninga er å bidra til at UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet, og det er derfor naudsynt at UNIS vidareutviklar samarbeidet med både universitet og høgskolar.
Universitetssenteret på Svalbard har gode resultat på undervisning og forsking og bidreg til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten har auka frå 113 til 145 studentårsverk frå 2006 til 2007, medan delen av norske studentar har blitt redusert frå 55 pst. til 51 pst. 357 studentar frå 26 nasjonar følgde undervisning eller arbeidde med master- og doktorgradsoppgåver i 2007.
Regjeringa foreslår å løyve 82,1 mill. kroner til UNIS i 2009.
Post 75 UNINETT
UNINETT AS er eit heileigd statleg aksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene. Konsernet omfattar morselskapet UNINETT AS og dei heileigde dotterselskapa UNINETT ABC AS, UNINETT FAS AS, UNINETT Nordid AS og UNINETT Sigma AS.
UNINETT AS har mellom anna til formål å utvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning med tenester på linje med det beste i det internasjonale akademiske miljøet og tilskunde bruk av opne internasjonale standardar innanfor datakommunikasjon.
Departementet og institusjonane i sektoren kjøper tenester frå dotterselskapa UNINETT ABC AS, UNINETT FAS AS og UNINETT Sigma AS. UNINETT ABC AS utviklar arkitektur og strategi for utbygging av infrastruktur, tenester og læringssystem til heile utdanningssektoren. UNINETT FAS AS utfører teknisk drift av dei administrative systema for universitets- og høgskolesektoren. UNINETT Sigma AS har ansvaret for operativ drift og utvikling av norsk tungrekning. UNINETT Nordid AS er eininga for registrering for .no-domenet.
Tilskottsordninga skal bidra til å utvikle vidare eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning. Vidare kan UNINETT AS tene andre institusjonar av ikkje-kommersiell art som har tilknyting til forsking og/eller utdanning.
Selskapa blir drivne frå felles kontor i Trondheim. Ved utgangen av 2007 hadde UNINETT AS 50 tilsette. I konsernet var det totalt 88 tilsette. Ved utgangen av 2007 hadde UNINETT AS 190 institusjonar tilslutta forskingsnettet.
UNINETT AS har fullført arbeidet med utbygging av gigabytekapasitet i forskingsnettet og har no starta forhandlingar om og planlegginga av ein ny generasjon forskingsnett (hybridnett). Gjennom Gigacampus-programmet søkjer universitets- og høgskolesektoren å gjennomføre eit teknologiløft for å ruste opp kvaliteten på og tilgangen til campusnettet. Prosjektet skal gi standardisert opprusting av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane.
I 2006 og 2007 øyremerkte departementet 15 mill. kroner av løyvinga til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren til Gigacampus-prosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. Prosjektet blir følgt opp vidare i 2008 og 2009.
Departementet tildelte 23,9 mill. kroner til UNINETT AS i 2008. Regjeringa foreslår å løyve 21,8 mill. kroner i 2009.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan oppnå på eiga hand.
NORDUnet AS er eigd av dei nasjonale nettverksorganisasjonane, er organisert som eit dansk aksjeselskap og er underlagt dansk lovgiving. UNINETT AS forvaltar dei norske interessene i selskapet. Kostnadene knytte til samarbeidet i NORDUnet AS blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt.
Veksten i nettverkstrafikken var på om lag 50 pst. i 2007. Den store kapasiteten og dubleringane i nettet sikra pålitelege og raske tenester. I 2007 installerte NORDUnet AS nytt fiberbasert hybridnett, som no er i operativ drift. NORDUnet AS og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 18,4 mill. kroner til NORDUnet AS i 2009.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for institusjonsakkrediterte institusjonar innanfor høgre utdanning. UHR fekk i 2008 eit tilskott på om lag 12,7 mill. kroner, herunder 4,3 mill. kroner til utgiving av lærebøker. Tilskottet skal fremme samordning og arbeidsdeling i universitets- og høgskolesektoren innanfor prioriterte arbeidsområde knytte til forsking, utdanning og internasjonalisering.
I 2007 har ein viktig del av arbeidet til UHR vore oppfølging av evalueringa av Kvalitetsreforma og av NOKUTs evaluering av allmennlærarutdanninga, samt oppfølging etter reakkreditering av sjukepleiarutdanninga. UHR har vidareført arbeidet med å følgje opp bruken av den nye bokstavkarakterskalaen.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 13,3 mill. kroner til UHR i 2009.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Stortinget vedtok våren 2002 å setje i gang utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim. Utbygginga er delt inn i to byggjefasar og skal innehalde areal til sjukehus-, universitets- og høgskoleformål i ein integrert universitetsklinikk. Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av klinikken.
Første byggjefase vart ferdigstilt i 2006 og inneheld Laboratoriesenteret, Kvinne-barn-senteret, Nevrosenteret, pasienthotell og første del av Forsyningssenteret.
Rapport for 2007–08
Byggjefase to er sett i gang og omfattar rehabilitering av 1902-bygget og kreftbygget samt eit Bevegelsessenter, Gastrosenter, Kunnskapssenter, Akuttsenter/Hjerte–lungesenter og andre fase av Forsyningssenteret. Byggjefase to skal etter planen vere ferdigstilt i 2014.
Sameieavtalen mellom Staten ved NTNU og St. Olavs hospital HF blei signert i 2008. Avtalen regulerer eigeforholda mellom partane. Avtalen omfattar rettane til eigedommen, forvaltning, drift, samt utvikling av bygga og anlegget.
Det er lagt til grunn at universitets- og høgskoleareala i fase to blir finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett i høve til delen av totalt areal i universitetsklinikken, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005). Arealramma for universitets- og høgskoledelen av byggjeprosjektet utgjer 49 500 kvm, der om lag 22 500 kvm skal bli realiserte i fase to i tillegg til felles teknisk infrastruktur.
Departementet tildelte om lag 275 mill. kroner i 2007 til Helse Midt-Noreg RHF til utbygging av universitets- og høgskoledelen av St. Olavs hospital. Sjå også omtale av byggjeprosjektet i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732 post 81 Tilskott til regionale helseforetak.
Budsjettforslag for 2009
Regjeringa foreslår ei løyving på 287 mill. kroner til utbygging av universitets- og høgskoledelen av universitetsklinikken i Trondheim i 2009. For omtale av utstyr til universitets- og høgskoledelen av klinikken, sjå kap. 271 post 50.
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 724 | 10 | 10 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 331 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 422 | ||
96 | Aksjesalg | 32 | ||
Sum kap. 3281 | 3 509 | 10 | 10 |
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
283 | Meteorologiformål | 254 753 | 262 832 | 282 646 | 7,5 |
285 | Noregs forskingsråd | 1 310 534 | 1 315 338 | 1 427 291 | 8,5 |
286 | Forskingsfond | 10 940 226 | 6 939 560 | 12 929 517 | 86,3 |
287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 140 917 | 153 673 | 211 195 | 37,4 |
288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 829 414 | 1 165 103 | 1 317 065 | 13,0 |
Sum kategori 07.70 | 13 475 844 | 9 836 506 | 16 167 714 | 64,4 |
Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer 16 mrd. kroner. Dette er ein auke på 6 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2008. Auken skriv seg frå at Regjeringa foreslår å opprette regionale forskingsfond med ein fondskapital på 6 mrd. kroner. Korrigert for endringar i fondskapital gir budsjettforslaget ein auke på 331 mill. kroner i høve til 2008.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
3286 | Forskingsfond | 2 654 126 | 3 084 460 | 3 368 260 | 9,2 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 21 506 | 21 500 | 21 500 | 0,0 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 3 928 | 4 043 | 3 843 | -4,9 |
Sum kategori 07.70 | 2 679 560 | 3 110 003 | 3 393 603 | 9,1 |
Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 3,4 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 284 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2008. Auken skriv seg i all hovudsak frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.
Størstedelen av forskingsløyvingane under kategori 07.70 omfattar løyvingar frå Kunnskapsdepartementet til forsking gjennom Noregs forskingsråd, norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar. Kategorien omfattar også løyvingar til Meterologisk institutt og samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt. Direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar er omtalte under kategori 07.60. Alle departementa finansierer forsking på sine område. For ein omtale av den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet, sjå under del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Om forsking
Menneska har til alle tider søkt ny kunnskap– fordi vi er nyfikne og undrar oss, fordi vi treng å løyse praktiske utfordringar, og fordi vi ønskjer å utfordre etablerte sanningar. Dei siste hundre åra har vitskaplege gjennombrot som relativitetsteorien og oppdaginga av DNA-strukturen endra forståinga vi har av oss sjølve og av verda omkring oss. Forsking har medverka til å auke levealderen og heve levestandarden i det meste av verda.
Ein styrkt forskingsinnsats er naudsynt for at Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn i framtida. Utfordringane knytte til klima- og miljørelaterte endringar kan ikkje møtast utan ei sterk satsing på forsking. Forsking blir også stadig viktigare for å sikre framtidig innovasjon og verdiskaping, og for å sikre best moglege helse- og velferdstenester i åra som kjem.
Resultata av den målretta forskinga vil avhenge av ei solid grunnforsking på fagfeltet. Like viktig som målretta forskingssatsingar er det å sikre at framifrå forskarar får så gode vilkår som mogleg til å utvikle grunnforskinga innanfor sine fagfelt.
For all forsking gjeld at kvaliteten på resultata avheng av kvaliteten på innsatsfaktorane. Kort sagt handlar kvalitet i forsking om å gi dei beste talenta best moglege vilkår. Regjeringa vil i 2009 særleg styrkje forskingsevna gjennom ei satsing på rekruttering og vitskapleg utstyr.
Mål: Høg kvalitet i forskinga
Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap på mange område, føre til framtidig verdiskaping og medverke til å løyse viktige utfordringar i samfunnet. For å oppnå det må forskinga vere god. Høg kvalitet er eit overordna mål for forskingsløyvingane frå Kunnskapsdepartementet. Målet har tre delar:
Kvalitet i breidda: Forskingsløyvingane skal fremme forsking av god kvalitet i heile det norske forskingssystemet.
Kvalitet i spiss: Norsk forsking skal ha nokre forskingsmiljø i den internasjonale forskingsfronten.
Kvalitet på satsingsområde: Noreg skal byggje opp solide kunnskapsmiljø på område som er særleg viktige for samfunns- og næringslivet.
Tre område er særleg sentrale når det gjeld all type arbeid for auka kvalitet i forskinga, og er omtalte særskilt i det følgjande:
forskarrekruttering
forskingsinfrastruktur
internasjonalt forskingssamarbeid
I budsjettet for 2009 foreslår Regjeringa følgjande større tiltak over programkategori 07.70 som byggjer opp under målet:
Styrking av kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner. Av desse er avkastninga av 4 mrd. kroner øyremerkt forskingsinfrastruktur frå 2010.
Ei eittårig satsing på forskingsinfrastruktur på 80 mill. kroner i 2009.
Oppretting av regionale forskingsfond med ein grunnkapital på 6 mrd. kroner i 2009.
Innføring av eit nytt system for finansiering av forskingsinstitutt frå 2009.
Styrking av forskarrekrutteringa i næringslivet og i nordområda gjennom midlar til ti nærings-ph.d. og fem rekrutteringsstillingar til nordområda.
24 mill. kroner til styrking av grunnforsking og infrastruktur innanfor klimaområdet.
Kvalitet i breidda
Finansiering som premierer kvalitet
Forskingsfinansieringa gjennom Noregs forskingsråd sikrar kvalitet ved at forskarar frå heile landet må konkurrere om midlar. Søknadene blir vurderte av fagpanel med internasjonal deltaking, og berre dei søknadene som får best vurdering, får finansiering. Forskingsrådet har ein portefølje av verkemiddel som er retta mot dei ulike delelementa i målet. Verkemidla er retta mot alle typar forskingsmiljø, frå universitet og høgskolar til forskingsinstitutt og næringsliv. Kunnskapsdepartementets faglege løyving til Forskningsrådet over kap. 285 post 52 er retta særskilt mot målet om kvalitet i breidda av norsk grunnforsking og skal bidra til å styrkje fag- og disiplinutvikling innanfor alle grupper av fagområde.
Målet om høg kvalitet i forskinga på alle fagområde ligg også til grunn for det nye finansieringssystemet for forskingsinstituttsektoren, som blir innført frå 2009. Det nye systemet er nærmare omtalt i del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Fondet for forsking og nyskaping finansierer hovudtyngda av løyvingane til Forskingsrådet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, jf. kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Kapitalen i fondet vart auka med 6 mrd. kroner i 2008. Den auka avkastninga i 2009 skal mellom anna nyttast til å dekkje den auka kontingenten for norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Vidare blir den auka avkastninga nytta til ei satsing på rekrutteringsstillingar og forskingsinfrastruktur.
Tilstandsvurdering
Å måle forskingskvalitet er krevjande. Fagfellevurderingar er den viktigaste vurderingsforma innanfor akademia. Slike «peer reviews», som dei blir kalla, blir nytta både av redaksjonane for vitskaplege tidsskrift, i komiteane ved tildeling av forskingsmidlar og ved større evalueringar av forskingsinstitutt eller fagområde. Overordna vurderingar av forskingskvalitet på makronivå skjer oftast ved å nytte publikasjonsstatistikk.
Tal frå forskingsinstituttet NIFU STEP og Thomson Scientific syner at norske forskarar stadig publiserer meir i ISI-registrerte tidsskrift. Frå 2002 til 2006 auka talet på artiklar med 7,9 pst. per år i snitt. Det er den sterkaste årlege auken blant dei nordiske landa, sjølv om dei andre nordiske landa framleis publiserer noko meir.
Figuren under syner gjennomsnittlege tal for vitskaplege artiklar i periodane 1997–2001 og 2002–06 for nokre utvalde land. Av figuren kan ein sjå at dei nordiske landa publiserer meir per 1 000 innbyggjarar enn Noreg, men at land som USA, Tyskland, Frankrike, Belgia og Austerrike, og for den siste perioden også Storbritannia, publiserer mindre.
Internasjonale evalueringar av norske fagmiljø syner at mange delar av norsk forsking held høgt internasjonalt nivå. Det gjeld til dømes innanfor fagområda økonomi, matematikk, informatikk og geofag. Økonomifagleg forsking og historie er dei siste fagområda som er evaluerte. For meir omtale, sjå kap. 285 post 52, avsnitta om humaniora og samfunnsvitskapleg forsking. Evalueringane syner generelt at mange fagområde slit med felles utfordringar. Det har vore eit generelt behov for styrkt forskingsleiing, auka konsentrasjon av ressursane og betre nasjonal arbeidsdeling innanfor mange fagområde. Tilrådingane frå evalueringane dannar grunnlag for forskingspolitiske vurderingar og tiltak i departementet, i Forskingsrådet og hos dei involverte institusjonane. Mellom anna er verkemiddelet Institusjonsforankra strategiske prosjekt (ISP) i Noregs forskingsråd oppretta for å støtte opp om oppfølgingsarbeid ved institusjonane.
Tiltak
Styrkt forskingsevne gjennom investeringar i forskingsinfrastruktur
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner til 72 mrd. kroner frå 1. januar 2009. Med den renta vi har i dag, vil det gi ei auka avkastning på om lag 285 mill. kroner til bruk i 2010. To tredelar av auken skal gå til ei langsiktig satsing på forskingsinfrastruktur.
Vidare foreslår Regjeringa ei eittårig løyving på 80 mill. kroner til forskingsinfrastruktur over Forskingsrådets budsjett i 2009. Midlane skal nyttast til å setje i gang oppfølginga av utstyrsstrategien Verktøy for forsking. Forslaga er nærmare omtalte i eige avsnitt om forskingsinfrastruktur.
Oppretting av regionale forskingsfond
Ved handsaminga av St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid slutta Stortinget seg til forslaget om å opprette regionale forskingsfond, jf. Innst.S. nr. 166 (2006–2007). Regjeringa foreslår å opprette eit nytt fond for regional forsking og utvikling frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Avkastninga frå det nye fondet skal stå til disposisjon frå 1. januar 2010. Avkastninga skal fordelast til mellom fem og sju regionale einingar, som heretter blir omtalte som regionale forskingsfond.
Fonda skal styrkje kvaliteten i regional forsking og samspelet mellom næringsliv, høgskolar og regionar og supplere dei nasjonale verkemidla for forsking og innovasjon. Noregs forskingsråd og fylkeskommunane skal i samråd med KS og andre relevante FoU-aktørar arbeide vidare med korleis fonda skal forvaltast.
Finansiering av forskingsinstitutta
Instituttsektoren er ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Institutta har som hovudformål å tilby forsking av høg kvalitet og relevans til næringslivet, forvaltninga og samfunnet elles. Frå 2009 vil det bli innført eit nytt system for den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta. Formålet med basisfinansieringa er å fremme kvalitet og gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Det nye finansieringssystemet vil fordele delar av grunnløyvingane etter kor gode resultat det enkelte instituttet oppnår, på ein slik måte at institutta blir premierte for både kvalitet og relevans i forskinga. Regjeringa foreslår å styrkje basisfinansieringa ved forskingsinstitutta med til saman 67 mill. kroner ved innføringa av det nye systemet i 2009. For ein nærmare omtale av det nye finansieringssystemet, sjå del III kap. 5.
Kunnskapsdepartementet vil frå 2009 ha det overordna finansieringsansvaret for grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta. Løyvinga er foreslått styrkt med 10 mill. kroner i høve til nivået i 2008. Forskingsrådet har det strategiske ansvaret for å tildele grunnløyvinga til institutta på grunnlag av oppnådde resultat på indikatorar, som gir uttrykk for kvaliteten i arbeidet deira. For å styrkje konkurranseevna til institutta skal skår på indikatorane også vektast mot inntektene institutta har frå oppdrag og frå Forskingsrådet. Vektinga skal bidra til å balansere behova for på den eine sida å sikre relevans i den anvendte forskinga og på den andre sida å auke fokuset på kvalitet.
Kvalitet i spiss
Noreg har i dag 21 Senter for framifrå forsking (SFF). 13 senter vart oppretta i 2003, og åtte nye senter fekk SFF-status i desember 2006. SFF-ordninga vart oppretta for å bringe særskilt gode forskingsmiljø opp til internasjonalt toppnivå. Ei internasjonal evaluering frå 2006 syner at ordninga har vore særs vellykka, og hevdar at sentra aukar statusen for norsk forsking og gjer ho meir synleg internasjonalt. Heile ni av dei 13 sentra som vart oppretta i 2003, fekk toppkarakter, og alle sentra er vurderte som gode nok til å ha status som senter for framifrå forsking fram til 2012. Senter for hukommelsesbiologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vart i 2007 også utnemnt til eit Kavli-institutt for nevrovitskap. Det nye instituttet vil sikre gode vilkår for å vidareutvikle dette sterke fagmiljøet ved NTNU.
Universiteta har følgt opp arbeidet med SFF-satsingane gjennom spissing og profilering av eiga verksemd. Eksempelvis har dei gitt ekstra ressursar til dei fagmiljøa som vart nominerte i SFF-prosessen, men ikkje vann fram til endeleg tildeling.
Ordninga Yngre framifrå forskarar (YFF) gir yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal nå internasjonal toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar. Dei prosjekta som vart tildelt midlar i den første utlysinga, kan vise til mange utgivingar i 2007, mellom anna 151 artiklar i vitskaplege tidsskrift med referee, og mange oppslag i massemedia. I 2006 lyste Forskingsrådet ut midlar til nye YFF. Tildeling vart gitt til 20 prosjekt/kandidatar, av desse er åtte kvinner. Ordninga har ei budsjettramme på om lag 40 mill. kroner årleg.
For å styrkje framtidig verdiskaping på basis av langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet er det også nyleg etablert ei ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). 14 senter innanfor ei rekkje ulike fagområde og næringar starta opp i 2007, etter ein omfattande kvalifiseringsrunde. Ordninga har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet.
Også innanfor det nordiske samarbeidet er det etablert ei spissatsing retta mot dei beste forskingsmiljøa. Det er etablert 16 nordiske senter for framifrå forsking innanfor områda helse, velferd, global change, molekylær medisin og humaniora/samfunnsfag.
Tiltak
Regjeringa vil føre vidare dei gode verkemidla som i dei siste fem til seks åra har vorte etablerte for å byggje nye spissmiljø.
Vitskaplege prisar er ikkje i seg sjølve eit tiltak for å fremme norske forskingsmiljø, men vil føre til auka kontakt mellom norske forskarar og framifrå internasjonale forskingsmiljø. Dei første Kavli-prisane for framifrå forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap vart delte ut av H.K.H. Kronprins Haakon i september 2008. Prisane skal profilere forsking generelt, og styrkje Noregs omdømme som forskingsnasjon. Sjå også omtale under kap. 287 post 71.
Kvalitet på satsingsområde
I tillegg til satsinga på kvalitet i spiss og breidd, som er uavhengig av fagområde, satsar Regjeringa også særskilt på å byggje solide kunnskapsmiljø på nokre utvalde område. Satsingane er motiverte ut frå behov i samfunnet eller potensial for verdiskaping.
Det er etablert sju store program i Noregs forskingsråd for å syte for solid og langsiktig finansiering av prioriterte område i forskingspolitikken. Programma får ein stor del av finansieringa si frå Fondet for forsking og nyskaping. Programma dekkjer forsking innanfor bioteknologi, IKT, nanoteknologi, havbruk, klima, rein energi og petroleum. For meir omtale, sjå kap. 286.
Klima og miljø er særleg prioriterte område i forskingspolitikken i 2009. Regjeringa følgjer opp klimaforliket og klimameldinga når det gjeld forsking, jf. Innst.S. nr. 145 (2007–2008) og St.meld. nr. 34 (2006–2007) om norsk klimapolitikk. I revidert nasjonalbudsjett 2008 vart det løyvd 50 mill. kroner ekstra til Forskingsrådet for oppstart av ei satsing på forskingssentre for miljøvennleg energi og 20 mill. kroner ekstra til forsking på fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring gjennom programma RENERGI og Brukarstyrt innovasjonsarena i Forskingsrådet. Kunnskapsdepartementet støttar opp under klimaforsking mellom anna gjennom løyvingar frå Fondet for forsking og nyskaping til programmet NORKLIMA under Noregs forskingsråd. Ei styringsgruppe skal utvikle ein strategi for klimaforskinga (Klima21).
Forsking og overvaking i nordområda er viktig for Noreg, både politisk, fagleg og forvaltningsmessig. Svalbard tilbyr unike vilkår for forsking på ei rekkje felt, mellom anna på klimarelatert forsking, og er derfor ein viktig arena for norsk polarforsking. I dei seinare åra har Noreg gjort store investeringar i forskingsinfrastrukturen på Svalbard. For å utnytte denne infrastrukturen betre og sikre at forskingsaktivitetane held høg kvalitet, er det viktig med økt samarbeid og betre koordinering mellom dei ulike forskingsmiljøa på Svalbard. Forskingsrådet speler ei sentral rolle i denne samanhengen, mellom anna gjennom strategiarbeid og Svalbard Science Forum.
Tiltak
Regjeringa vil bidra aktivt til det kunnskapsgrunnlaget som trengst for å løyse nasjonale og globale miljø- og klimaproblem. Dette skjer mellom anna gjennom ei tung satsing på forsking og utvikling knytt til fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. Kunnskapsdepartementet vil i 2009 løyve 24 mill. kroner til rekruttering, grunnforsking og vitskapleg utstyr innanfor ei satsing på i alt 300 mill. kroner til fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. Sjå del III kap. 5 for meir omtale av satsinga på klimaforsking.
Regjeringa gjekk i 2006 inn for å løyve til saman over 320 mill. kroner over fire år frå 2007 til 2010 for norsk deltaking i det internasjonale polaråret. Denne løyvinga har allereie gitt norsk polarforsking eit kraftig løft, og vil også framover føre til auka forskingsaktivitet mellom anna på Svalbard.
Regjeringa vil våren 2009 leggje fram ei ny stortingsmelding om Svalbardpolitikken. Forsking og utdanning vil vere sentrale tema i meldinga. Meldinga vil presentere og drøfte spørsmål knytte til samarbeid og koordinering i forskinga på Svalbard, både mellom nasjonale og internasjonale aktørar, mellom anna på bakgrunn av innspel frå og dialog med Forskingsrådet og andre relevante aktørar.
Riksrevisjonen peikte i si undersøking av forvaltninga på Svalbard (Dokument nr. 3:8 (2006–2007)) på at ein treng betre oversikt over forskingsaktivitetane på Svalbard, mellom anna for å førebyggje overlappande forsking og slitasje på miljøet. Både satsinga på polaråret og tiltak gjennom Svalbard Science Forum bidreg til å styrkje internasjonalt samarbeid og gi betre oversikt over forskingsprosjekt på Svalbard og vil slik følgje opp dei utfordringane Riksrevisjonen peikte på.
Eit anna bidrag i denne samanhengen er eit forslag Noreg har spelt inn til det europeiske ESFRI-vegkartet for forskingsinfrastruktur. Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIAEOS) er eit arktisk observasjonssystem på Svalbard, som vil inkludere data frå dei fire «sfærene» jord, hav, is og luft (atmosfære). Forskingsrådet koordinerer arbeidet med å setje i verk SIAEOS-prosjektet.
Regjeringa går inn for ei eingongsløyving til forskingsaktivitetar på Svalbard på 2 mill. kroner i 2009, i tillegg til dei midlane som allereie går til formålet gjennom Noregs forskingsråd. Det blir òg foreslått å løyve midlar til fem nye rekrutteringsstillingar knytt til forsking i nordområda.
Rekruttering og likestilling
Noreg kan auke forskingsevna si både gjennom å betre vilkåra for dei som allereie driv forsking, og gjennom å rekruttere fleire til forsking. Krava til kompetanse aukar både i akademia og i yrkeslivet.
Det vart avlagt 1 030 doktorgradar i 2007. Dette er ein auke på 125 gradar sia 2006, og talet på gradar er venta å auke også i dei neste åra. Fråfallet i utdanninga er framleis for høgt, og utdanningsinstitusjonane arbeider med å sikre kvaliteten i utdanninga.
Det er framleis naudsynt å auke volumet i forskarutdanninga. Regjeringa foreslår derfor å øyremerkje midlar til drygt 200 nye rekrutteringsstillingar. 186 av desse vil bli fordelte direkte til institusjonane i UH-sektoren, fordelte på 151 stipendiatstillingar og 35 postdoktorstillingar, jf. omtale under kategori 07.60. I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet å øyremerkje midlar til å finansiere ti nærings-ph.d. og fem rekrutteringsstillingar knytte til nordområdesatsinga over budsjettet til Noregs forskingsråd. Nærings- og handelsdepartementet foreslår i tillegg å styrkje løyvinga til nærings-ph.d.-ordninga med 10 mill. kroner over deira budsjett.
Regjeringa ser ordninga med nærings-ph.d. som eit viktig verkemiddel for å auke innovasjonsaktviteten og forskinga i næringslivet. Ordninga skal bidra til at forskarutdanning blir meir relevant for næringslivet, og vil vere ein viktig faktor for å utveksle kunnskap og kompetanse mellom universitet og næringsliv.
For å betre arbeidsforholda i dei miljøa som har stipendiatar, vil departementet auke satsen per stipendiatstilling som blir tildelt institusjonane. Den nye satsen frå 2009 er kr 800 000 per stilling. Satsen vil gjelde både stipendiat- og postdoktorstillingar. Auken i satsen er ikkje personlege midlar til rekrutten, men skal nyttast av institusjonane og fagmiljøa til beste for forskarutdanninga.
Forskarskolar er eit viktig verkemiddel for høgre kvalitet i forskarutdanninga. Kunnskapsdepartementet ønskjer å styrkje strukturelle løp og fagleg fellesskap i forskarutdanninga. Departementet ventar at forskarskolane skal gi auka fullføringsgrad i forskarutdanninga. Stortinget løyvde i 2008 midlar til oppstart av nasjonale forskarskolar. Satsinga blir ført vidare i 2009. Forskingsrådet kan òg nytte forskarskole som eit verkemiddel innanfor programsatsingane sine. Kunnskapsdepartementet vil òg opprette ein forskarskole for lærarutdanninga, jf. omtale under kategori 07.60.
Kvinner utgjer eit fleirtal blant studentane og stipendiatane, men blir færre dess høgre ein kjem på karrierestigen. Blant professorane er det berre 18 pst. kvinner. Det er store skilnader mellom fagområde. I naturvitskap er berre ti pst. av professorane kvinner. I teknologi er talet seks pst. Departementet vil setje i verk ei ordning med øyremerking av midlertidige stillingar til kvinner på stipendiat- og postdoktornivå i fag der dei er særleg underrepresenterte, jf. omtale under kategori 07.60.
Både institusjonane i UH-sektoren og Forskingsrådet arbeider for å fremme likestilling i norsk forsking. Forskingsrådet lagar frå 2008 kjønnsdelt statistikk for alle sine verkemiddel. Ved vidareføring av Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking (KiF-komiteen) i 2007 vart forskingsinstitutta inkluderte i mandatet til komiteen.
Forskingsinfrastruktur
Høg kvalitet og effektivitet i forsking innanfor alle fag og disiplinar krev tidsmessig forskingsinfrastruktur. Forskingsinfrastruktur er verktøyet som gjer forskarane i stand til å møte dei store kunnskapsutfordringane, blant anna innanfor klima, energi og helse. Konkurransekrafta i næringslivet blir i stigande grad bygd på kompetanse og teknologi utvikla i samarbeid med internasjonalt leiande akademiske miljø med tilgang til moderne vitskapleg utstyr. Tidsmessig og unik forskingsinfrastruktur verkar også som ein magnet på dei beste stipendiatane og nasjonale og internasjonale toppforskarar på eit forskingsfelt. Forskingsinfrastruktur står derfor høgt på den internasjonale forskingsagendaen.
Forskingsrådet la tidleg i 2008 fram Verktøy for forskning – nasjonal strategi for forskningsinfrastruktur (2008–17). Strategien omfattar vitskapleg utstyr, storskala forskingsfasilitetar, elektronisk infrastruktur og vitskaplege databasar og samlingar. Strategien presenterer både nasjonal og internasjonal forskingsinfrastruktur, og gir råd om finansiering og prosess for prioriteringar og tildelingar.
Forskingsinstitusjonane har i samband med strategien spelt inn ei rekkje forslag til nasjonal infrastruktur, som vil kunne bringe norsk forsking framover på prioriterte område som energi- og miljøforsking, helseforsking og forsking innanfor områda hav og mat. Institusjonane har fremt forslag innanfor alle dei tre prioriterte teknologiområda bioteknologi, nanoteknologi og IKT.
Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet arbeider saman for å følgje opp og utvikle strategien, ikkje minst med tanke på balansen mellom nasjonale og internasjonale investeringar.
European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI) er eit viktig rådgivande organ for EU-kommisjonen. 35 prosjekt vart valde ut til ESFRIs vegkart for paneuropeisk forskingsinfrastruktur, som vart lansert i 2006. Noreg har interesser i elleve av desse. I tillegg held ESFRI på å oppdatere vegkartet med eit mindre utval nye prosjekt. Noreg har spelt inn tre prosjekt til det reviderte vegkartet. Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIAEOS) er eit forslag om å byggje opp eit arktisk observasjonssystem på Svalbard. European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure (ECCSEL) er eit forslag om oppgradering og utvikling av unike laboratorium, samt målretta nettverksbygging for å betre den europeiske konkurranseevna innanfor fangst og lagring av karbondioksid. Advanced Sustainable Sea-based Aquaculture (ASSA) skal integrere kunnskap om akvakultur og akvakulturteknologi gjennom ein ny storskala forskingsinfrastruktur Aqua Culture Engineering facility (ACE). Innan utgangen av året vil det bli avgjort om dei norske prosjekta blir inkluderte på det nye vegkartet.
Tiltak
Regjeringa foreslår å øyremerkje avkastninga av 4 mrd. kroner i auka kapital i Fondet for forsking og nyskaping til forskingsinfrastruktur. Dette vil gi ei stabil årleg løyving til forskingsinfrastruktur på om lag 190 mill. kroner frå 2010. Langsiktige, kjente budsjettrammer er avgjerande for god planlegging av investeringane framover, både i forskingsinstitusjonane og i Noregs forskingsråd. Departementet legg vekt på at den nasjonale forskingsinfrastrukturen skal fremme samarbeid og vere breitt tilgjengeleg for både offentlege og private forskargrupper.
For å få ei gradvis opptrapping til 2010, foreslår Regjeringa i tillegg ei eittårig løyving på 80 mill. kroner til forskingsinfrastruktur over Forskingsrådet sitt budsjett i 2009. Løyvinga skal gå til å følgje opp nasjonale og internasjonale tiltak i utstyrsstrategien.
Internasjonalisering av forskinga
Arbeidet for internasjonalisering av norsk forsking skal bidra til:
å styrkje kvaliteten, relevansen og verdien av norsk forsking for kunnskapsbasert nærings- og samfunnsutvikling
å gjere norske forskarar i stand til å dra nytte av kunnskap og teknologi utvikla i utlandet
å gjere norske forskarar til attraktive samarbeidspartnarar for framifrå internasjonale fagmiljø
å tiltrekkje gode forskarar, samt oppdragsfinansiering frå utlandet
å dele risiko og kostnader knytte til store investeringar, t.d. i forskingsinfrastruktur
global kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging i land under utvikling.
Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar på statleg nivå. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar, som EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar, internasjonale grunnforskingsorganisasjonar og Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT), jf. kap. 288.
Satsinga på auka internasjonalisering av norsk forsking vil i 2009 bli ført vidare både som ein integrert del av Forskingsrådets nasjonale programsatsing og ved særskilt retta tiltak for internasjonalisering. Sentralt står deltakinga i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling, oppfølginga av strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika og forskingssamarbeidet med prioriterte land, inkludert det nordiske samarbeidet, forutan tverrgåande satsingar som nordområdesatsinga og Det internasjonale polaråret (IPY).
Noreg deltek fullt ut i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13). Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Programmet skal fremme og investere i forsking i verdsklasse. Totalbudsjettet for satsinga er på 50,5 mrd. euro. Den norske kontingenten vil vere om lag 9,3 mrd. kroner for heile programperioden.
Det er stor overlapping mellom satsingane i EUs sjuande rammeprogram og norske forskingspolitiske prioriteringar. Den norske deltakinga i programmet styrkjer og utfyller derfor dei nasjonale satsingane på forsking og utvikling. Dette gjeld innanfor område som mat, helse, miljø, energi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi og marin og maritim forsking, og innanfor grunnforsking gjennom det nye europeiske forskingsrådet – European Research Council. Programmet omfattar òg tiltak retta mot auka samarbeid og felles utlysingar mellom dei nasjonale forskingsprogramma i Europa, forutan store teknologisatsingar i offentleg–privat samarbeid.
Det europeiske forskingsområdet – European Research Area (ERA) – vart etablert som ein visjon knytt til EUs Lisboa-strategi i 2000. Ei grønbok frå Kommisjonen som vart lagd fram våren 2007, gjorde opp status og peikte på eit behov for vidare innsats. EU vil som ei oppfølging i løpet av 2008 definere ein ny visjon for ERA og utvikle ein ny styringsmodell. Kommisjonen legg i 2008 òg fram fem meldingar for å bidra til vidare utvikling av ERA. Dei fem meldingane omhandlar mellom anna forskarmobilitet, intellektuelle rettar, programsamarbeid, forskingsinfrastruktur og internasjonalt samarbeid utanfor Europa.
Kunnskapsdepartementet ferdigstilte våren 2008 ein strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling. Strategien skal bidra til at Noreg får mest mogleg nytte av deltakinga i rammeprogrammet og det europeiske forskingsområdet. For meir omtale av strategien, sjå del III kap. 5.
Noreg er part i bilaterale avtalar om forsking og teknologi med ein del utvalde land. Bilaterale avtalar er viktige for å gi forskingssamarbeidet eit løft og styrkje forskingspolitisk dialog og samarbeid på område av felles interesse. Kunnskapsdepartementet lanserte hausten 2007 ein strategi for auka samarbeid med Latin-Amerika innanfor forsking og høgre utdanning. Som ledd i oppfølginga av strategien vart det våren 2008 inngått intensjonsavtalar om auka samarbeid med Brasil, Chile og Argentina på desse områda. Noreg har i 2008 òg inngått ein avtale om forskingssamarbeid med Frankrike, basert på gjensidige faglege prioriteringar. I 2009 skal dei nye intensjonsavtalene og dei etablerte forskings- og teknologiavtalene med andre prioriterte land som USA, Russland, India, Kina, Japan og Sør-Afrika følgjast opp vidare. Det skal mellom anna leggjast til rette for auka kontakt og samarbeid mellom fagmiljø i Noreg og desse landa gjennom bilaterale seminar innanfor gjensidig prioriterte område.
Det er lagt sterk vekt på forsking og innovasjon i det nordiske samarbeidet. Noreg har støtta opp om etableringa av NordForsk og Nordiske innovasjonssenter som dei viktigaste samarbeidsinstitusjonane på nordisk nivå. Dei nasjonale forskingsråda er dei sentrale aktørane i NordForsk. Det nordiske samarbeidet byggjer på nasjonale prioriteringar på område der nordisk samarbeid gir meirverdi. Det er etablert 16 nordiske sentre for framifrå forsking (Nordic centres of excellence, NCoE). NordForsk har sett i verk ei evaluering av dei første sentra. Evalueringa vil vere eit viktig grunnlag for å utvikle ordninga vidare. Dei nordiske landa arbeidar no òg for å etablere eit felles nordisk toppforskingsprogram om klima, energi og miljø frå 2009.
Kunnskapsdepartementet vil i 2009 styrkje løyvinga til arbeidet med bilateralt og nordisk forskingssamarbeid gjennom Noregs forskingsråd med 10 mill. kroner. Løyvinga kan også nyttast til internasjonale nettverkstiltak, som den norske EMBL-noden.
Kap. 283 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Meteorologisk institutt | 212 538 | 221 677 | 231 431 |
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 42 215 | 41 155 | 51 215 |
Sum kap. 283 | 254 753 | 262 832 | 282 646 |
Post 50 Meteorologisk institutt
Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid, og å formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgaste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver. Beredskapstenestene omfattar mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav.
Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.
Meteorologisk institutt er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.
Rapport for 2007–08
Departementet er tilfreds med måloppnåinga til instituttet.
I samband med St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) varsla Regjeringa at ho ikkje ville føre vidare arbeidet med å greie ut ei utskiljing av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt i eit eige selskap, men i staden vurdere alternativ innanfor nasjonalt og internasjonalt regelverk.
På bakgrunn av mellom anna ei vurdering av formålet med Meteorologisk institutt og den framtidige marknaden for kommersielle meteorologiske tenestar er det vedteke at marknadsavdelinga blir avvikla. Produksjonen av kommersielle tenester blir integrert i kjerneverksemda. I framtida vil instituttet avgrense den kommersielle aktiviteten til fagleg interessante oppdrag som vidareutviklar kompetansen til instituttet og dermed styrkjer kjerneverksemda. Normalt vil denne typen oppdrag vere forskingsbasert, som for eksempel utviklingsprosjekt for eigarar av infrastruktur som er viktig for samfunnet og følsam for vêret eller klimaforholda. Kommersiell verksemd som ikkje støttar oppunder kjerneverksemda, vil bli avvikla over tid. Instituttet har utarbeidd rutinar for å sikre at kommersiell aktivitet også etter nedlegginga av marknadsavdelinga vil følgje konkurranselovgivinga og regelverket for statsstønad. Det blir lagt til grunn at omlegginga over tid ikkje vil ha økonomiske konsekvensar for kjerneverksemda.
Eit av måla for instituttet for 2007 var å auke kvaliteten på regionale og lokale vêrvarsel. Instituttet kan dokumentere ein positiv trend mot høgre kvalitet for modellbaserte vind- og temperaturvarsel i dei siste tolv åra.
Vêrradaren på Andøya vart installert og sett i drift sommaren 2007, som instituttet sin sjette vêrradar. Bygginga av ein radar på Sørøya i Vest-Finnmark starta i 2007, med planlagd ferdigstilling i 2008. Radaren vil dekkje Snøhvitfeltet.
Fleire automatiske vêrstasjonar vart etablerte i 2007, og det vart innleidd samarbeid med fleire offentlege etatar om etablering og drift av vêrstasjonar.
I september 2007 vart alle grunnlagsdata frå den offentlege meteorologiske tenesta gjorde gratis tilgjengelege, utan vilkår for bruken av data. Dette gjorde det mogleg å etablere yr.no – ein ny ikkje-kommersiell nettstad som er eit samarbeid mellom instituttet og NRK. Nettstaden har oppnådd god respons, og voks frå 200 000 unike brukarar kvar veke i august 2007 til 500 000 unike brukarar siste veke i desember 2007. Instituttet kan gjennom nettstaden dokumentere å ha oppnådd målet om å vere påliteleg, relevant og tilgjengeleg i kommunikasjonen.
Meteorologisk institutt fekk MMI-Synovates omdømmepris for 2007. Instituttets omdømme vart vurdert til å vere det beste blant samtlege statsetatar, ideelle organisasjonar og større aktørar i næringslivet.
Meteorologisk institutt hadde i 2007 som mål å betre kunnskapen om dagens klima i Noreg og om klimautvikling i fortid og framtid. Instituttets forskingsformidling vart styrkt gjennom eit samarbeid med Storm Weather Center om foredragsturneen Himmel og Hav, i regi av Miljøverndepartementet. Turneen tok for seg klimaendringar og deira sannsynlege menneskeskapte årsaker. Det var rundt 100 foredrag med til saman 10 000 tilhørarar. Vidare har instituttet hatt mange førespurnader om foredrag, presentasjonar o.l.
Klimaforskarane ved Meteorologisk institutt har delteke i nasjonalt og internasjonalt samarbeid i ca. 25 klimaprosjekt, og fire av klimaforskarane var hovud- eller medforfattar av IPCCs 2007-rapport. Vidare har klimaforskarane drive ei utstrakt publiserings- og foredragsverksemd, både fagleg og populært i inn- og utland. Målet om å utføre forskning av høg kvalitet for å forbetre den meteorologiske tenesta er såleis følgt godt opp av instituttet.
Mål for 2009
Dette er måla for Meteorologisk institutt i 2009:
Meteorologisk institutt skal auke kvaliteten på varsla for vêr, hav og miljø.
Meteorologisk institutt skal vidareutvikle sitt observasjonssystem for vêrvarslings- og klimaformål.
Meteorologisk institutt skal utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta.
Meteorologisk institutt skal betre kunnskapen om dagens klima i Noreg og om klimautviklinga i fortid og framtid.
Meteorologisk institutt skal vere påliteleg, tilgjengeleg og relevant i all kommunikasjon.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt
Formålet med ordninga er å medverke til at Noreg kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt og slik medverke til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar.
Midlane går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS og HIRLAM)
Meteorologisk institutt er aktivt med i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. I 2007 vart det arbeidd for at ei rekkje tiltak skulle gjennomførast for å auke kvaliteten på tenestene frå Meteorologisk institutt. Dette gjaldt mellom anna eit nytt system i WMO for utveksling av data mellom medlemslanda. I EUMETSAT arbeidde ein med førebuingar for nye satellittsystem, medan medlemslanda arbeidde med å ta i bruk data frå den nye polarbanesatellitten. Dei europeiske landa starta i 2007 ei ny felles varslingsteneste på innternett for farleg vêr, Meteoalarm.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med om lag 10 mill.kroner i høve til 2008. Budsjettendringa for 2009 skyldast i all hovudsak høgre kontingent til EUMETSAT, noko som heng saman med faseforskyving av utgifter.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
52 | Forskingsformål | 1 087 421 | 1 082 631 | 1 184 345 |
55 | Administrasjon | 223 113 | 232 707 | 242 946 |
Sum kap. 285 | 1 310 534 | 1 315 338 | 1 427 291 |
Post 52 Forskingsformål
Forskingsrådet får løyvingar frå fleire departement, sjå del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet for ein nærmare oversikt.
Forskingsløyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet går i all hovudsak over to kapittel: kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Kap. 285 post 52 er Kunnskapsdepartementets løyving til grunnforsking innanfor alle fagområde. Kap. 286 post 50 gjeld overføring frå Fondet for forsking og nyskaping til Noregs forskingsråd, og finansierer m.a. tverrgåande hovudprioriteringar i forskingspolitikken. Nokre av programma til Forskingsrådet blir finansierte med midlar både frå kap. 285 post 52 og kap 286 post 50, og er omtalte under begge budsjettpostane. Kunnskapsdepartementet finansierer i tillegg utdanningsforsking, jf. omtale under kap. 226 og særskilte satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren, jf. omtale under kap. 281.
Løyvinga på post 52 blir nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer midlar til fri prosjektstøtte, forskingsprogram, vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak og strategi- og informasjonsarbeid i Forskingsrådet. Forskingsløyvingane over denne posten er særleg retta inn mot å fremme kvalitet i breidda, dvs. forsking av god kvalitet uavhengig av fagområde. For 2007 vart det sett som mål at fri prosjektstøtte skulle bli prioritert, jf. B.innst. S. nr. 12 (2006–2007) og St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. Måla for løyvinga for 2007 er nådde, sjå nærmare omtale på dei ulike fagområda.
Løyvinga til fagområda blir fordelt på fleire verkemiddel, der dei viktigaste er fri prosjektstøtte og støtte til ulike program. Fri prosjektstøtte er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga, uavhengig av fagområde og politiske føringar. Ordninga med fri prosjektstøtte skal fange opp forskarinitierte prosjekt med høgt potensial på ein rask og god måte. Fagfelleevaluering sikrar at dei beste prosjekta vinn fram i konkurransen.
Forskingsrådet tildelte totalt 422 mill. kroner i fri prosjektstøtte i 2007. Det er ein auke på 9 mill. kroner sidan 2006. Auken skriv seg i hovudsak frå at stipendmidlane til fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren gradvis blir overførte frå dei brukarstyrte programma i Forskingsrådet til dei vitskaplege fagkomiteane innanfor biologi og biomedisin. Totalt utgjorde den frie prosjektstøtta 39 pst. av løyvinga på kap. 285 post 52 i 2007.
Tabellen under syner fordelinga av fri prosjektstøtte per fagområde.
Tabell 4.14 Fri prosjektstøtte per fagområde. 1 000 kroner og prosent
2006 | 2007 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|---|
Humaniora | 61 000 | 62 640 | 15 % | 15 % |
Samfunnsvitskap | 49 207 | 50 200 | 12 % | 12 % |
Biologi og medisin | 120 536 | 125 800 | 29 % | 30 % |
Klinisk medisin og helse | 45 460 | 45 950 | 11 % | 11 % |
Miljø og utvikling | 25 920 | 25 920 | 6 % | 6 % |
Naturvitskap og teknologi | 110 500 | 111 345 | 27 % | 26 % |
Sum, fri prosjektstøtte | 412 623 | 421 855 | 100 % | 100% |
Programløyvingar har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går til grunnforskingsprogram og til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program. For å følgje opp særleg viktige fag- og politikkområde har Forskingsrådet verkemiddelet Store program. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til næringsretta forsking. Midlar frå Kunnskapsdepartementet over denne posten går per 2008 inn i dei store programma FUGE, NANOMAT, NORKLIMA og VERDIKT. Programma er kort omtalte under kap. 286 post 50.
For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir finansierte av Noregs forskingsråd, sjå www.forskningsradet.no.
Løyvinga over post 52 er fordelt på følgjande fagområde og formål:
Tabell 4.15 Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål (i mill. kroner)
Fagområde | 2007 | 2008 | 2009 |
---|---|---|---|
Humaniora | 116 | 116 | 116 |
Samfunnsvitskap | 97 | 98 | 98 |
Medisin og helse | 144 | 144 | 144 |
Miljø og utvikling | 50 | 48 | 723 |
Naturvitskap og teknologi | 373 | 374 | 375 |
Rekruttering | 46 | 56 | 69 |
Vitskapleg utstyr, databasar og samlingar | 10 | 10 | 80 |
Internasjonalisering 1 | 108 | 95 | 96 |
FUGE | 46 | 46 | 46 |
Ordning for finansiering av små driftsmidlar | 40 | 40 | 40 |
Kommersialisering av forskingsresultat2 | 7 | 7 | 0 |
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon | 46 | 46 | 46 |
Tverrfaglege tiltak | 4 | 3 | 2 |
SUM | 1 087 | 1 083 | 1 184 |
1 Løyvinga inkluderer finansiering av den norske noden av eit nordisk senter i molekylærmedisin tilknytt European Molecular Biology Laboratory (EMBL).
2 Løyvinga til programmet FORNY er flytt til kap. 281 post 50.
3 Inkluderer 24 mill. kroner til oppfølging av klimaforliket
Rapport for 2007–08
Humanistisk forsking
Av løyvinga på posten gjekk 116 mill. kroner til humanistisk forsking i 2007. I 2008 er tildelinga på same nominelle nivå.
I 2007 gjekk 54 pst. eller nær 63 mill. kroner av tildelinga til humanistisk forsking til fri prosjektstøtte. Dette er noko høgre enn nivået i 2006. Midlane gjekk til 85 prosjekt. Prosjekta er fordelte på dei fleste humanistiske faga, men hovudtyngda ligg innanfor språk- og litteraturfaga, historie og idéfaga. Prosjektfinansieringa gjennom den frie prosjektstøtta har stimulert til fleire større samarbeidsprosjekt innanfor dei humanistiske forskingsmiljøa. Slike samarbeidsprosjekt blir i aukande grad leidde av kvinner. Innanfor fri prosjektstøtte vart det i humanistisk forsking løyvd midlar til 24,8 doktorgradsårsverk (61 pst. kvinner) og 37,6 postdoktorårsverk (58 pst. kvinner).
Forskingsrådet har halde fram med arbeidet for å fremme kvalitet i humanistisk forsking. Delar av løyvinga til humanistisk forsking går også til Institusjonsforankra strategiske prosjekt (ISP), som følgjer opp fagevalueringar. Ein internasjonalt samansett komité har i løpet av 2007 evaluert den historiefaglege forskinga i Noreg. Evalueringa viser at Noreg har gode miljø innanfor fleire fagfelt og periodar, og at historiefagleg forsking står sterkt i samfunnsdebatten. Vidare har arbeidet med ein nasjonal strategi for humanistisk forsking stått sentralt i Forskingsrådets arbeid i 2007.
Forskingsrådets første program for samisk forsking vart avslutta 2006. Program for samisk forsking II vart starta opp i 2007 med ein prosjektperiode fram til 2017. Programmet legg vekt på sentrale utfordringar for samisk forsking, mellom anna rekruttering, formidling og styrking av samisk som vitskapsspråk.
Løyvingane finansierer også nokre strategiske grunnforskingsprogram på sentrale område for humanistisk forsking. Eit av desse er Program for kulturforsking, som vart avslutta i 2007. Program for kulturforsking har vore den største programsatsinga innanfor humaniora, og har hatt som mål å utvikle den teoretiske og allmenne forståinga av samfunn og kultur.
Samfunnsvitskapleg forsking
Av løyvinga på posten gjekk om lag 97 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2007. I 2008 er tildelinga om lag 98 mill. kroner.
I 2007 gjekk 52 pst. av midlane, eller 50 mill. kroner, for samfunnsvitskapleg forsking til fri prosjektstøtte. Det er om lag same nivå som i 2006. Om lag 70 prosjekt får støtte gjennom desse midlane, der statsvitskap er det største enkeltfaget. Sjølv om søknadene er av god kvalitet, er det berre ein liten del av søknadene som blir innvilga støtte. I 2007 fekk ti av totalt 113 søknader støtte.
Forskingsrådet har òg gjennomført andre tiltak som fremmer kvalitet i forsking. Evalueringa av norsk økonomifagleg forsking vart sluttført i 2007. Det internasjonale utvalet konkluderte med at den økonomifaglege forskinga held eit høgt fagleg nivå. Nokre miljø er i den internasjonale forskingsfronten, mens mange har forskingsresultat som er internasjonalt synlege. Andre miljø er små og treng å spisse kompetansen og den internasjonale profilen. Utvalet peiker også på at forskarutdanninga kan bli betre. Forskingsrådet skal lage ein plan for oppfølging av evalueringa i samråd med det nasjonale faglege rådet for samfunnsøkonomi.
Løyvinga innanfor samfunnsvitskapleg forsking går òg til å finansiere ei rekkje andre grunnforskingsprogram. Dei største grunnforskingsprogramma i 2007 var Program for kvinne- og kjønnsforsking og Kommunikasjon, IKT og medier. Dei handlingsretta programma med størst finansiering i 2007 var Velferdsprogrammet, Arbeidslivsforsking og Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar. Meir forsking og styrkt kunnskapsgrunnlag er eit viktig verkemiddel for å auke kvaliteten i utdanningssektoren. Det nye programmet for utdanningsforsking vil i 2009 bli finansiert over kap. 226, 258 og 281. Sjå også omtale i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Totalt innanfor samfunnsvitskapleg forsking vart det finansiert 30 doktorgradsårsverk (44 pst. kvinner) og tolv postdoktorårsverk (70 pst. kvinner). Innanfor fri prosjektstøtte vart det i samfunnsvitskapleg forsking løyvd midlar til 24 doktorgradsårsverk (41 pst. kvinner) og elleve postdoktorårsverk (63 pst. kvinner).
Medisinsk og helsefagleg forsking
Av løyvinga på posten gjekk 144 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2007. I 2008 er tildelinga på same nominelle nivå.
I 2007 gjekk over tre firedelar av midlane til fri prosjektstøtte. Dette er om lag same nivå som i 2006. Midlane er fordelte på i alt 174 prosjekt innanfor molekylær biovitskap og bioteknologi, fysiologiske og anatomiske fag, klinisk medisin og samfunnsmedisin. Om lag 95 pst. av midlane er fordelte til universiteta, resten til instituttsektoren og til utlandsstipend.
Forskingsrådet ferdigstilte i 2007 ein policy for medisinsk og helsefagleg forsking for perioden 2007–12. Policyen gir ei framstilling av helsetilstanden i befolkninga, status og utfordringar for faga og ressursstraumane til den offentleg finansierte medisinske og helsefaglege forskinga. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet la Forskingsrådet i juli 2008 òg fram rapporten «Gode biobankar – betre helse» om utnytting av biobankar og helseregister til forsking. Rapporten tilrår ei langsiktig, nasjonal plattform for biobankar og helsedata til bruk i forsking, der eit nasjonalt råd og regionale senter skal fremme koordinering. Rapporten tilrår òg ein nasjonal infrastruktur for utnytting og utveksling av data og ei forskingssatsing for å utnytte dette. Forskingsrådet arbeider vidare med spørsmålet om kommersiell utnytting av biobankar og helseregister i 2008. Rapporten ligg no til oppfølging i Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Evaluering er eit viktig verkemiddel for å fremme kvalitet. For å følgje opp evalueringa av den farmasøytiske forskinga frå 2006 etablerte Forskingsrådet i 2007 eit fagutval for å gi råd om vidare utvikling av norsk farmasøytisk forsking. Forskingsrådet evaluerte òg i 2007 Nordic Centre of Excellence programme in Molecular Medicine og Sars International Center for Marine Molecular Biology. Evalueringa vurderte sentra som vellykka, og trakk særleg fram forskarutdanningsprogramma. Begge sentra vart førte vidare.
I 2007 vart 48 doktorgradsårsverk og 47 postdoktorårsverk finansierte innanfor tildelinga til fri prosjektstøtte. Det vart løyvd 12,3 mill. kroner til studentforsking.
Miljø og utvikling
Av løyvinga på posten i 2007 gjekk om lag 50 mill. kroner til forsking på miljø og utvikling. I 2008 er tildelinga om lag 48 mill. kroner. Over halvparten av tildelinga, 26 mill. kroner, gjekk til fri prosjektstøtte. Fri prosjektstøtte medverkar vesentleg til rekruttering gjennom doktorgrads- og postdoktorstipend.
Resten av tildelinga til miljø og utvikling gjekk til ulike program i Forskingsrådet. Det største programmet var Norsk miljøforsking mot 2015, som hadde si første utlysing i 2007. Andre program som fekk tildelt midlar, var NORKLIMA – Klimaendringar og konsekvensar for Noreg og programmet Eit berekraftig samfunn.
I 2007 vart norsk utviklingsforsking evaluert av eit internasjonalt ekspertpanel. Ekspertpanelet konkluderte med at forskinga er omfattande, har høg kvalitet og i stor grad blir publisert i internasjonalt anerkjende tidsskrift, men at det er ei utfordring å kombinere relevans og kvalitet og å utvikle berekraftig kompetanse i ein fragmentert forskingsstruktur. Panelet tilrår å styrkje forskarinitiert, fri forsking og auke den langsiktige finansieringa. Forskingsrådet arbeider med å følgje opp evalueringa, mellom anna med ein gjennomgang av organseringa av verkemidla som Forskingsrådet har innanfor utviklingsforsking.
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Av løyvinga på posten gjekk om lag 374 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2007. I 2008 er løyvinga på same nominelle nivå.
43 pst. av midlane, eller 160,6 mill. kroner, gjekk til fri prosjektstøtte innanfor naturvitskapleg og teknologisk forsking. Midlane finansierte i alt 225 prosjekt.
I 2007 vart den nasjonale elektroniske infrastrukturen (eInfrastrukturen) for forsking opprusta monaleg gjennom programmet eVITA (eVitskap-, Infrastruktur, Teori og Anvendelser). Gjennom dette vart mellom anna tungreknekapasiteten styrkt, ein nasjonal GRID-infrastruktur etablert og eit nasjonalt system for handtering og lagring av forskingsdata starta opp.
Løyvinga til IKT-senteret Simula på Fornebu vart i 2007 ført vidare med ei samla ramme på 49 mill. kroner. Av desse kom 29 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg vart det over kap. 286 post 50 i 2006 løyvd 5 mill. kroner til forskarskole ved Simula. Forskarskolen vart opna i mai 2007.
32,6 mill. kroner av tildelinga gjekk til programmet NANOMAT, jf. også omtale under kap. 286 post 50.
Løyvinga finansierer òg følgjande grunnforskingsprogram knytte til internasjonale forskingsorganisasjonar: Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking (European Space Agency, European Incoherent Scatter Scientific Association, Nordic Optical Telescope) og ESRF-følgjeforsking (European Synchrotron Radiation Facility).
I 2007 vart det utarbeidd ein femårig plan for gjennomføring av fagevalueringar. Kjemifaga i universitets- og høgskolesektoren vil bli evaluerte i løpet av 2008.
Totalt innanfor naturvitskapleg og teknologisk forsking vart det finansiert 122 doktorårsverk (30 pst. kvinner) og 132 postdoktorårsverk (22 pst. kvinner) i 2007.
Rekruttering
Tildelinga til rekruttering gjeld ordninga med Yngre framifrå forskarar (YFF) og rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren.
Tildelinga til ordninga Yngre framifrå forskarar (YFF) var om lag 30 mill. kroner i 2007 og tilsvarande i 2008. Ordninga mottek også midlar over kap. 286 post 50. Ordninga gir yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal nå internasjonal toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar. Dei prosjekta som vart tildelte midlar i den første utlysinga, kan vise til mange utgivingar i 2007, mellom anna 151 artiklar i vitskaplege tidsskrift med referee, og fleire oppslag i massemedia. I 2006 lyste Forskingsrådet ut midlar til nye YFF. Tildeling vart gitt til 20 prosjekt/kandidatar, av desse er åtte kvinner. Hovudtyngda av desse prosjekta har komme i gang, men det er for tidleg å seie noko om resultata av den siste tildelinga.
Av løyvinga på posten gjekk om lag 16 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2007. I 2008 var tildelinga likeins 16 mill. kroner. Midlane finansierer om lag 15 doktorgradsårsverk (60 pst. kvinner) og åtte postdoktorårsverk (42 pst. kvinner).
10 mill. kroner av løyvinga til rekruttering gjekk i 2008 til oppretting av eit nytt verkemiddel nasjonale forskarskolar. Forskarskolar skal gi høgre kvalitet i forskarutdanninga gjennom å styrkje strukturelle løp og fagleg fellesskap, og departementet ventar at forskarskolane skal medverke til auka fullføringsgrad i forskarutdanninga. Forskingsrådet vedtok i september 2008 å gi tilskott til oppretting av fem forskarskolar. Skolane vart valde ut blant 27 gode søknader. Frå 2009 vil tildelinga til nasjonale forskarskolar over denne posten vere 20 mill. kroner. Forskingsrådet kan òg nytte forskarskole som eit verkemiddel innanfor programsatsingane sine.
Vitskapleg utstyr
I 2007 var tildelinga til innkjøp av vitskapleg utstyr over denne posten 10 mill. kroner. I tillegg har Forskingsrådet i 2007 tildelt 23 mill. kroner til slikt utstyr av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. Ut ifrå eit ønske om å redusere dei budsjettmessige overføringane og møte nokre av behova på utstyrssida vart i tillegg 200 mill. kroner av Forskingsrådets likviditet nytta til vitskapleg utstyr og e-infrastruktur i 2007. Den største tildelinga, 70 mill. kroner, gjekk til Uninett Sigma AS til investeringar i elektronisk infrastruktur og tungreknekapasitet, noko som tener både universitets- og høgskolesektoren, industrien og institutta.
Forskingsrådet utarbeidde i 2007 Verktøy for forskning – nasjonal strategi for forskningsinfrastruktur (2008–17). Strategien, som vart lagd fram tidleg i 2008, omfattar vitskapleg utstyr, storskala forskingsfasilitetar, elektronisk infrastruktur og vitskaplege databasar og samlingar. Strategien presenterer både nasjonal og internasjonal forskingsinfrastruktur. Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet arbeider saman for å følgje opp og utvikle strategien, ikkje minst med tanke på balansen mellom nasjonale og internasjonale investeringar.
Internasjonalisering
Løyvinga gjeld det arbeidet Noregs forskingsråd gjer for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, og omfattar mellom anna EU-samarbeid, bilateralt samarbeid og nordisk samarbeid.
Tildelinga til internasjonalisering var 103 mill. kroner i 2007 og 90 mill. kroner i 2008. Nedgangen hang saman med utfasinga av SAM–EU-ordninga, jf. omtale nedanfor. Tiltak for å stimulere norske miljø til deltaking i EUs sjuande rammeprogram (2007–13) har hatt høg prioritet.
Innanfor prioriterte område er ordninga med spesifikke retta tiltak vidareført. Dette gjeld særleg innanfor det multilaterale samarbeidet i Europa, men òg delar av det bilaterale samarbeidet. Prosjektetableringsstøtta vart vidareført for å stimulere deltaking i søknader til EUs sjuande rammeprogram, EUREKA (inkl. Eurostars) og EØS-finansieringsordninga. I tillegg vart det etablert ei eige ordning for tilleggsfinansiering av ut- og inngåande mobilitet for norske og utanlandske forskarar med opphald i Noreg som har fått tildelt Marie Curie-stipend i EUs sjuande rammeprogram.
Samfinansieringsordninga med nasjonalt tilskott til forskingsinstitutt som oppnår tildeling frå EUs rammeprogram (SAM–EU), er fasa gradvis ut i 2007. Dette kjem av at støttesatsane i sjuande rammeprogramme er auka. I 2007 vart det nytta totalt 63,2 mill. kroner til samfinansieringsordninga, fordelte på 218 prosjekt. Ordninga har vore basert på løyvingar frå ulike departement, og har vore sentral for å stimulere til deltaking frå norske forskingsinstitutt i det sjette rammeprogrammet.
I tillegg til å finansiere prosjekt baserte på opne utlysingar, tilsvarande tidlegare rammeprogram, tek det sjuande rammeprogrammet i langt større grad sikte på å bidra til vekst og sysselsetjing i Europa. Dette kjem særleg til uttrykk i tiltak som ligg utanfor, men er delfinansierte av rammeprogrammet. Forskingsrådet har arbeidd aktivt for å fremme norsk deltaking, mellom anna i europeiske teknologiplattformar og felleseuropeiske teknologiinitiativ (JTI). Etableringa av det europeiske forskingsrådet (ERC) og Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) er òg eksempel på ei institusjonalisering av forskingssamarbeid i regi av EU.
Nasjonale ekspertar i Kommisjonen medverkar til at Noreg får auka nytte av deltakinga i rammeprogrammet. Det var i 2007 seks norske nasjonale ekspertar innanfor forsking i Europakommisjonen.
Det bilaterale forskingssamarbeidet er prioritert og har fått auka merksemd i dei siste åra. Forskingsrådet er pålagt eit ansvar for å fremme samarbeid med dei prioriterte landa USA, Canada, Russland, Kina, Japan, India, Frankrike og Sør-Afrika. Hovudkanalen for finansiering av bilateralt og anna internasjonalt samarbeid er dei regulære verkemidla i Forskingsrådet. I tillegg blir det gitt støtte til samarbeid med desse landa gjennom særskilde stimuleringsmiddel, den såkalla Bilat-ordninga. Formålet med Bilat-ordninga er å stimulere norske forskingsmiljø til å etablere og utvide kontakt med partnarar i dei prioriterte samarbeidslanda. Bilat-ordninga har vore ei open etterspurnadsdriven ordning i tre år (2005–07). For dei kommande åra blir ordninga justert slik at ho blir tettare integrert med dei regulære verkemidla og aktivitetane i Forskingsrådet. I 2007 vart 128 nye prosjekt tildelte støtte for til saman 17,2 mill. kroner.
Internasjonalt forskingssamarbeid knytt til nordområda har vore prioritert i Forskingsrådet, særleg samarbeid med USA, Russland og sentrale EU-land. Nordisk forskingssamarbeid er styrkt gjennom organisasjonen NordForsk, som har ansvar for nordisk samarbeid innanfor forsking og forskarutdanning.
Gjennom Leiv Eiriksson mobilitetsprogram for norsk-amerikansk forskingssamarbeid vart det i 2007 gitt støtte til 48 stipend med ei samla ramme på vel 6 mill. kroner.
FUGE
FUGE er oppretta for å styrkje forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking i Noreg. Funksjonell genomforsking har som mål å finne ut kva for funksjon gen og protein har, og korleis dei verkar saman. Tildelinga over denne posten var på 46 mill. kroner i 2007. I 2008 er tildelinga på same nominelle nivå. Det totale budsjettet for FUGE er 173 mill. kroner.
FUGE gjekk i 2007 over i ny fase, kalla FUGE II, der vidareutvikling av teknologiplattformer står sentralt. Plattformene er nasjonale service- og kompetansesenter innanfor ulike spesialområde. Gjennom to særs godt søkte utlysingar i 2007 vart det løyvd midlar til 41 prosjekt, hovudsakleg innanfor medisin og marin bioteknologi. I 2007 vart òg 16 forskingsprosjekt avslutta. Fleire av desse har resultert i viktige forskingsgjennombrott mellom anna knytte til nytt verktøy for å oppdage brystkreft og ny kunnskap for utvikling av metodar for behandling av hjertesvikt og hjerneslag.
Internasjonalt deltek FUGE i tre ERA-net, jf. kap. 288 post 73. FUGE deltek også i internasjonalt samarbeid innanfor marin forsking på dei viktigaste fiskeartane i Noreg, mellom anna i eit samarbeid med USA og Canada for å få kartlagd gena til laks.
Ordning for finansiering av små driftsmidlar
Sidan 2006 har det årleg vore løyvd 40 mill. kroner til ei mellombels ordning for å auke tilgangen på små driftsmidlar til vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar. Dette er i tråd med dei føringane som er gitte av departementet. I samsvar med forslaget i St.meld. nr. 20 (2004–2005) er ordninga meint å vare til 2010. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. I 2007 vart det gitt midlar til alle dei 42 institusjonane som søkte ordninga. Institusjonane set stor pris på ordninga og understrekar at relativt små driftsmidlar har stor verdi for det einskilde forskingsmiljøet.
Kommersialisering av forskingsresultat
Kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit mål for Regjeringa. I 2007 vart det i alt løyvd om lag 13 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet til FORNY-programmet, som er eit integrert samarbeid mellom Forskingsrådet og Innovasjon Norge. Løyvinga gjekk til teknologioverføringskontora ved universiteta og infrastrukturtiltak ved institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Frå 2009 er løyvinga til FORNY frå Kunnskapsdepartementet samla på kap. 281 post 50.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane i Forskingsrådet omfattar m.a. forskingspolitisk rådgiving, styrking av kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken, formidlingstiltak og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.
Av løyvinga på posten gjekk 46 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2007. I 2008 er løyvinga på same nominelle nivå.
Midlane gjekk mellom anna til å finansiere nasjonal FoU-statistikk, arbeid for likestilling i forsking, dei nasjonale etiske komiteane samt til å finansiere ulike informasjons- og formidlingstiltak.
Kunnskapsdepartementet oppretta i 2007 ein ny Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking (KiF-komiteen). Det vart avsett til saman 3 mill. kroner til dette arbeidet i 2007, der 1,5 mill. kroner vart tildelte via Forskingsrådet.
Forskingsrådet har forvaltningsansvaret for dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane , og for det nasjonale Granskningsutvalget for redelighet i forsking som vart oppretta i 2007.
Forskingsrådet har i 2007 halde fram med utvikling av formidlingstiltak retta mot allmenta. Nettstaden forskningsradet.no er den viktigaste informasjonskanalen for Forskingsrådet. Gjennom 2007 har Forskingsrådet arbeidd med å forbetre og forenkle nettstaden. Bladet Forskning merkar ein jamt stigande etterspurnad, og opplaget kom i 2007 opp i 20 000. Nettstaden forskning.no er vel etablert som kjelde til nyhende frå norsk og internasjonal forsking. Forskingsrådet har i 2007 systematisert og intensivert bruken av nettstaden som kanal for nyhende frå eiga verksemd og eigne forskingsprogram.
Mål for 2009
Forskingsrådet skal i 2009 nytte løyvingane på posten til
å syte for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde,
å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga,
å medverke til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivå,
å syte for hensiktsmessig nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med store investeringar i vitskapleg utstyr og infrastruktur,
å medverke til styrkt internasjonalisering av norsk forsking,
å drive systematiske fag- og disiplinevalueringar og følgje opp desse og
å arbeide aktivt for likestilling.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 285 post 52 med om lag 102 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2008. Auken er i hovudsak knytt til ei eittårig satsing på forskingsinfrastruktur på 80 mill. kroner og Kunnskapsdepartementets del av FoU-løyvingane knytte til klimaforliket, som utgjer 24 mill. kroner. Midlane frå klimaforliket skal nyttast til grunnforsking, rekruttering og utstyr innanfor forsking om fornybar energi og fangst og lagring av karbondioksid.
Den eittårige satsinga på forskingsinfrastruktur må sjåast i samanheng med øyremerkinga av avkastninga frå 4 mrd. kroner av den auka fondskapitalen til Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286. Det vil gi om lag 190 mill. kroner årleg til forskingsinfrastruktur frå 2010. Kunnskapsdepartementet foreslår også at ubrukte midlar frå gåveforsterkingsordninga blir omdisponerte til forskingsinfrastruktur ved kvart årsskifte, jf. omtale under kap. 286 post 50.
Styrkinga er vidare knytt til ei eittårig løyving til forskingsaktivitetar på Svalbard på 2 mill. kroner, 2,7 mill. kroner til fem nye rekrutteringsstillingar i nordområda, og ti nye nærings-ph.d frå 1. september 2009 (1/3 av årleg løyving det første året).
Kunnskapsdepartementet foreslår vidare at 10 mill. kroner av frigjorte midlar frå SAM–EU-ordninga i 2009 nyttast til å styrkje bilateralt og nordisk forskingssamarbeid, samt ei eventuell styrking av den norske EMBL-noden.
Det er òg omdisponert midlar på posten for å finansiere ein auke i løyvinga til forskarskolar på 10 mill. kroner til 20 mill. kroner i 2009. 7 mill. kroner til programmet FORNY er trekte ut av posten og flytt til kap. 281 post 50.
Avkastinga frå Forskingsfondet er knytt til rente på kapitalinskotta i Fondet. Største delen av løyvinga på posten er avkastning frå Fondet. Løyvinga blir derfor i hovudsak ført vidare på same nominelle nivå som i 2008, og skal fordelast om lag slik som vist i tabell 4.15. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2008, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 55 Administrasjon
Administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte av Kunnskapsdepartementet på vegner av alle departementa. I 2007 utgjorde løyvinga på denne posten om lag seks pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet. I 2007 var 365,5 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på 22 årsverk i høve til 2006. 60,6 pst. av årsverka vart utførte av kvinner, om lag same nivå som i dei siste åra.
Forskingsrådet arbeider kontinuerleg for å styrkje rolla si som forskingspolitisk rådgivar. Som ein del av dette arbeidet har Forskingsrådet gjennomført ein omfattande dialog med leiinga i dei ulike departementa gjennom bilaterale møte.
Eigedomsforvaltninga i Forskingsrådet gjeld drift av eigedommar som er eigde av Forskingsrådet, men som blir disponerte av andre institusjonar. I samsvar med vedtak i Hovudstyret er omfanget av eigedomsmassen redusert, slik at det ved utgangen av 2007 berre var Informatikkbygningen ved Universitetet i Oslo som sto att. Frå 1. juli 2008 vart Informatikkbygningen overført til universitetet, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet.
Riksrevisjonen peikte på det dei meiner er veikskapar i dei handlingsretta forskingsprogramma til Forskingsrådet, jf. Dokument nr. 3:6 (2004–2005). Det gjaldt særleg målformuleringane i programma og rapportering og brukarretta formidling frå programma. Forskingsrådet har gjennomført fleire tiltak for å sikre betre styring av og formidling frå programverksemda. Mellom anna har Forskingsrådet utarbeidd nye retningslinjer for styring og administrasjon av forskingsprogram. Ein ny strategi for brukarretta og allmennretta formidling vil bli teken i bruk i 2008.
Det har i dei siste to åra vore merksemd kring dei høge budsjettmessige overføringane i Noregs forskingsråd. Dei budsjettmessige overføringane frå 2007 til 2008 er på tilnærma same nominelle nivå som året før. I lys av at det disponible budsjettet til Forskingsrådet har auka, er dette relativt sett ei betring frå året før. Departementet er nøgd med dei tiltaka som Forskingsrådet har sett i verk for å redusere dei budsjettmessige overføringane. Prognoser frå Forskingsrådet tyder på at overføringane frå 2008 til 2009 går ned. Departementet vil framleis følgje med på utviklinga i overføringane i Noregs forskingsråd.
Departementet understrekar at det er naturleg med eit visst nivå på dei budsjettmessige overføringane i Noregs forskingsråd. Den viktigaste rolla til Forskingsrådet er å vidarefordele forskingsmidlar ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse og slik syte for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging. Gode prosessar krev igjen tid, og frå utlysing av eit program til utbetaling, via søknad og kvalitetsvurdering og tildeling, går det nærmare eitt år. Ein må derfor vente at Noregs forskingsråd alltid vil måtte overføre ein større del av løyvingane sine til påfølgande år enn det som er vanleg for institusjonar som mottek løyvingar til eiga drift.
Mål for 2009
Forskingsrådet skal i 2009 syte for:
å ha ei god personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av dei administrative ressursane i tråd med Forskingsrådets mål
å arbeide aktivt for likestilling både som arbeidsgjevar og myndigheitsutøvar
Budsjettforslag for 2009
Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Kap. 286 Forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd | 940 226 | 939 560 | 929 517 |
95 | Fondskapital - Fondet for forsking og nyskaping | 10 000 000 | 6 000 000 | 6 000 000 |
96 | Fondskapital - Regionale forskingsfond | 6 000 000 | ||
Sum kap. 286 | 10 940 226 | 6 939 560 | 12 929 517 |
Løyvinga på kap. 286 utgjer 12,9 mrd. kroner. Auken frå saldert budsjett 2008 skriv seg frå at Regjeringa foreslår å opprette regionale forskingsfond med ein fondskapital på 6 mrd. kroner.
Post 50 Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd
Rapport for 2007–08
Noregs forskingsråd er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. Løyvinga i 2007 var på om lag 940 mill. kroner og gjekk til følgjande formål:
Tabell 4.16 Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter verkemiddel. 2007
Verkemiddel | mill. kroner |
---|---|
Store program | 271 |
Andre programsatsingar | 165 |
Frittståande prosjekt | 79,7 |
Infrastruktur og institusjonsstøtte | 341 |
Forvaltning | 80 |
Diverse FoU | 3,5 |
Sum | 940,2 |
Kvalitet er det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå Forskingsfondet. Forskarutdanning og internasjonalisering er sentrale element i dei ulike satsingane. Fondet medverkar til målet om å auke talet på rekrutteringsstillingar. I 2007 finansierte midlar frå fondet om lag 299 doktorgradsårsverk og 159 postdoktorårsverk. Av doktorgradsårsverka var 36 pst. kvinner mens kvinnene utgjorde 32 pst. av postdoktorårsverka. Når ein samanliknar med 2006, har delen kvinner auka blant doktorgradsstipendiatane, mens delen kvinner er på om lag same nivå blant postdoktorane.
Fondet blir nytta til å følgje opp dei strukturelle, tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga. Dei tematiske satsingane som er forsking innanfor energi og miljø, hav, mat og helse og teknologiområda IKT, nye materialar og bioteknologi, blir følgde opp gjennom ulike program. Særleg er dei store programma viktige for realisering av dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingspolitikken. Til dømes er fondsfinansieringa av FUGE (funksjonell genomforsking) eit viktig bidrag for prioriteringane av bioteknologi og helse.
Dei store programma får finansiering frå mange departement i tillegg til finansieringa frå Forskingsfondet. I 2007 hadde dei store programma ei samla budsjettramme på 967 mill. kroner. Om lag 29 pst. av fondsmidlane var i 2007 nytta til tematiske satsingar gjennom dei sju store programma i Forskingsrådet.
Dei sju store programma i Forskingsrådet er:
FUGE (funksjonell genomforsking) dekkjer fagleg breitt innanfor biologisk grunnforsking, bioinformatikk samt marin og medisinsk forsking.
NANOMAT tek sikte på å skaffe ny kunnskap for industriutvikling innanfor energi- og miljøteknologi, nanostrukturerte materialar, materialar for IKT, sensorar og smarte materialar, og for å utnytte nye materialar og nanoteknologi innanfor helse og velferd.
VERDIKT skal medverke til at Noreg blir leiande i å utvikle og bruke kunnskap for samhandling, innovasjon og verdiskaping i eit IKT-basert nettverkssamfunn.
HAVBRUK skal sikre og vidareutvikle det faglege grunnlaget for marknadsretta miljø- og ressursvennleg produksjon av akvatiske organismar.
NORKLIMA skal skaffe kunnskap om klimasystemet, klimaendringar og korleis klimaendringar verkar på natur og samfunn.
RENERGI skal utvikle kunnskap og løysingar som grunnlag for miljøvennleg, økonomisk og rasjonell forvaltning av energiressursane i landet, høg forsyningssikring og internasjonalt konkurransedyktig næringsutvikling tilknytt energisektoren.
PETROMAKS skal gjennom styrkt kunnskapsutvikling, næringsutvikling og internasjonal konkurransekraft medverke til at petroleumsressursane skapar auka verdi for samfunnet.
Under kategorien Andre programsatsingar er det særleg Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), GASSMAKS – Auka verdiskaping frå naturgass og Det internasjonale polaråret (IPY) som har vorte finansierte gjennom avkastninga frå fondet. Satsingane er i tråd med dei føringane som vart gitte for 2007. I 2007 vart mellom anna 80 mill. kroner av den auka fondsavkastninga øyremerkte ei satsing på Det internasjonale polaråret (IPY). Satsinga har gitt norsk polarforsking eit kraftig løft. Ei rekkje land deltek, og Noreg og norske forskingsmiljø har fått ei sentral rolle i det internasjonale programmet. Dei fleste prosjekta starta opp i 2007, og det er derfor for tidleg å rapportere om forskingsresultata av satsinga.
Fondsfinansieringa innanfor Frittståande prosjekt er dominert av STORFORSK og ordninga med Yngre framifrå forskarar (YFF). STORFORSK har som mål å styrkje den frie grunnforskinga ved å støtte større prosjekt med høg risiko og vitskapleg dristigheit. Dette er prosjekt som det vanlegvis ikkje er rom for å dekkje innanfor den frie prosjektstøtta. Midlane har mellom anna gått til å finansiere eit prosjekt ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i skjeringsfeltet mellom biologi og matematikk. Prosjekta har vore særs vellykka med mange publiseringar i anerkjende tidsskrift og mange medieoppslag. I 2007 vart ordninga tildelt 62 mill. kroner.
Ordninga med YFF skal gi yngre talentfulle forskarar innanfor alle fagområde ekstra gode rammevilkår, slik at dei kan nå internasjonal toppklasse. Ordninga blir òg finansiert over kap. 285 post 52, sjå omtale under dette kapitlet om mellom anna dei resultata ordninga har gitt.
Kategorien Infrastruktur og institusjonsstøtte gjeld mellom anna Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Desse viktige satsingane har ei løyving på høvesvis 190 mill. kroner og 110 mill. kroner.
SFF-ordninga er eit viktig tiltak for å auke kvaliteten i dei norske forskingsmiljøa. Fleire av miljøa er i internasjonal toppklasse. Ei midtvegsevaluering av dei 13 sentra som vart starta i 2002–03, vart gjennomført i 2006. Evalueringa viste at ordninga er svært vellykka. I 2007 starta det opp ytterlegare åtte nye senter slik at det i dag er 21 senter i drift. Ifølgje evalueringa har ordninga hatt ein viktig positiv verknad på norsk forsking: mellom anna at forskinga held eit jamt over høgt nivå, at sentra har vorte attraktive samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt, at forskarrekrutteringa er god på alle nivåa, og at sentra har medverka til at norsk forsking er meir synleg og har fått auka status internasjonalt.
Internasjonalisering er eit viktig mål for sentra. Sentra rekrutterer ein stor del utlendingar til den vitskaplege staben, og har eit utstrakt samarbeid med forskargrupper i andre land. Talet på vitskaplege publiseringar syner at sentra er ein del av det internasjonale toppmiljøet. I løpet av 2007 hadde sentra medverka til 854 publikasjonar i tidsskrift med fagfellevurdering mot 699 publikasjonar i 2006.
Til saman på alle sentra vart det i 2007 utført 764 årsverk der 641 årsverk var vitskapleg personell. Delen kvinner er langt høgre på dei nye sentra enn på dei gamle, noko som tyder på at vektlegging av likestilling ved den siste utlysinga har gitt resultat.
Ordninga Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Løyvinga frå Forskingsrådet skal utgjere maksimalt 50 pst. av budsjettet for eit SFI, og bidraget frå verksemdene skal vere minst 25 pst. ESA godkjende SFI-ordninga i februar 2007. Det har teke tid å rekruttere høgt kvalifiserte doktorgradsstipendiatar, særleg norske, og mange av sentra vart derfor noko forseinka i oppstarten.
Gåveforsterkingsordninga
Størstedelen av midlane innanfor kategorien Forvaltning går til gåveforsterkingsordninga. Ordninga skal stimulere til privat medfinansiering av langsiktig, grunnleggjande forsking og fungerer slik at staten medverkar med 25 pst. gåveforsterking for private gåver til slik forsking ved eit universitet, ein høgskole med rett til å tildele doktorgrad, Noregs forskingsråd eller Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Stortinget vedtok i revidert statsbudsjett 2008 å setje ned beløpsgrensa i ordninga frå 5 mill. kroner til 3 mill. kroner frå 1. juli 2008, jf. Innst.S. nr. 270 (2007–2008).
Tabellen under viser summen av gåver og gåveforsterking fordelt på mottakarar i 2007.
Tabell 4.17 Gåver og gåveforsterkning per mottakar i 2007 (i 1 000 kroner)
Mottakar | Gåvebeløp | Gåveforsterking |
---|---|---|
Universitetet i Bergen | 74 100 | 18 525 |
Universitetet i Tromsø | 105 500 | 26 250 |
Universitetet i Stavanger | 5 500 | 1 375 |
Universitetet i Oslo | 7 500 | 1 875 |
Bedriftsøkonomisk institutt | 5 000 | 1 250 |
Det Norske Videnskaps-Akademi | 13 500 | 3 375 |
Sum | 210 600 | 52 650 |
Gåveforsterkingsordninga har ei ramme på 80 mill. kroner. I 2007 utbetalte Forskingsrådet 52,6 mill. kroner i gåveforsterking for private gåver på til saman 210, 6 mill. kroner. Omfanget av private gåver vil variere frå år til år. Dersom budsjettramma eitt år viser seg å vere for lita, blir det laga ei kø-ordning, slik at gåveforsterking blir gitt så snart det er midlar innanfor ramma. Frå 2009 foreslår Regjeringa at eventuelle ubrukte midlar i ordninga eitt år nyttast til investeringar i forskingsinfrastruktur det påfølgjande år.
Gåveforsterking til stiftelsar
I 2006 og 2007 vart det utbetalt statlege gåveforsterkingsmidlar til universiteta i Bergen og Tromsø på bakgrunn av private gåver gitt til stiftelsar. Totalt er det utbetalt 131 mill. kroner i gåveforsterking for gåver på til saman 526,5 mill. kroner som er gitt til desse stiftelsane.
Gåveforsterkingsmidlane vart utbetalt til universiteta, som overførte midlane til stiftelsar. Kunnskapsdepartementet meiner at gåver til stiftelsane ikkje skulle ha utløyst gåveforsterking, og at overføringa av gåveforsterkningsmidlane til stiftelsane ikkje er i tråd med retningslinene og Stortingets føresetnader for gåveforsterkingsordninga, jf. omtale i St.prp. nr. 59 (2007–2008).
Kunnskapsdepartementet har skrive til dei aktuelle stiftelsane og bedt om at gåveforsterkingsmidlane blir betalt tilbake til staten. Dette har ikkje ført fram, men stiftelsane har i brev til Kunnskapsdepartementet lovt at midlane vil bli brukte i samsvar med føremålet med gåveforsterkingsordninga. Regjeringa legg til grunn at partane i denne saka har vore i god tro og at det etter ei heilskapleg vurdering ikkje er rimeleg å gå vidare med eit krav om tilbakebetaling. Regjeringa ber derfor Stortinget gi samtykke til at Kunnskapsdepartementet kan gi avkall på krav om tilbakebetaling av dei aktuelle gåveforsterkingsmidlane, jf. forslag til vedtak IV nr. 5.
Mål for 2009
Forskingsrådet skal nytte løyvingane på posten til:
å syte for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde og bransjar,
å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga,
å medverke til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivå,
å syte for hensiktsmessig nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med særleg store investeringar i vitskapleg utstyr og infrastruktur,
å medverke til styrkt internasjonalisering av norsk forsking og
å arbeide aktivt for likestilling.
Budsjettforslag for 2009
Løyvinga over kap. 286 post 50 er 10 mill. kroner lågare enn i saldert budsjett 2008. Reduksjonen i høve til saldert budsjett 2008 skriv seg frå at finansieringa av strategiske høgskoleprosjekt (SHP) er flytt til kap. 281 post 50. Løyvinga er finansiert av avkastinga frå Forskingsfondet. Avkastinga frå Forskingsfondet er knytt til rente på kapitalinskotta i Fondet. Løyvinga blir derfor i hovudsak ført vidare på same nominelle nivå som i 2008.
Post 95 Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå 1. januar 2008 ein fondskapital på 66 mrd. kroner. Fondet skal sikre langsiktige og stabile forskingsløyvingar og skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005). Fondet har i dei siste åra vore eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til forsking. Framfor alt har midlane gått til satsingar som betrar kvaliteten i norsk forsking.
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner frå 1. januar 2009, slik at samla kapital blir 72 mrd. kroner.
Regjeringa foreslår å øyremerkje avkastninga av 4 mrd. av den auka kapitalen til investeringar i forskingsinfrastruktur frå 2010. Midlane skal både nyttast nasjonalt og til norsk deltaking i viktige internasjonale forskingsinfrastrukturar.
Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarar renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Post 96 Fondskapital – Regionale forskingsfond
Regjeringa foreslår å opprette fond for regional forsking og utvikling med ein kapital på 6 mrd. kroner frå 1. januar 2009. Som ein følgje av dette er det oppretta ein ny post 96 under dette kapitlet. Avkastninga skal stå til disposisjon frå 1. januar 2010. Avkastninga skal fordelast til regionale einingar. Kunnskapsdepartementet har budsjett- og forvaltingsansvar for dei regionale forskingsfonda. Forslaget til innretting byggjer i hovudsak på ei utgreiing frå Noregs forskingsråd.
Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkje forskningsevna gjennom regional forsking og innovasjon. Fonda skal bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt initiert av private og/eller offentlige verksemder. Støtta kan gå til prosjekt lokaliserte i eller utanfor dei geografiske nedslagsfelta til fonda. Samtidig må det setjast av midlar til utvikling av gode og konkurransedyktige forskingsmiljø i alle fylke.
Dei regionale forskingsfonda skal organiserast med eit fagleg uavhengig styre for kvart fond. Styret skal bestå av representantar oppnemnde av fylkeskommunane og av staten. Fylkeskommunane skal ha fleirtal i styret og styreleiar.
Slagkraftige fond føreset både ein viss storleik på fonda, ei viss breidd i nedslagsfeltet og tilgang til tilstrekkeleg forskingsfagleg kompetanse. Det skal opprettast mellom fem og sju regionale forskingsfond. Kvar fylkeskommune skal delta i berre eitt fond, og fylkeskommunane får sjølve i oppgåve å finne saman i samarbeidsgrupperingar innanfor ramma på fem–sju fond. Endeleg godkjenning blir gjort av Kunnskapsdepartement i samråd med Kommunal- og regionaldepartementet. Godkjenninga vil bli vurdert mellom anna ut frå synspunkta til fylkeskommunane, og at alle fonda må dekkje meir enn eitt fylke.
Regjeringa legg opp til at om lag 80 pst. av samla avkastning blir fordelt etter faste kriterium på denne måten: halvparten blir delt mellom fonda via lik fordeling per fylke, og halvparten mellom fonda etter folketal. Om lag 15 pst. av midlane blir fordelte til dei fonda som har best kvalitet på FoU-prosjekta, og til samarbeidsprosjekt mellom fleire fond. Som ein del av nordområdesatsinga til regjeringa, skal om lag 5 pst. av fonda setjast av til dei tre nordlegaste fylka.
Noregs forskingsråd og fylkeskommunane skal i samråd med KS og andre relevante FoU-aktørar arbeide vidare med utforming av dei regionale fonda. Ordninga skal evaluerast etter at den har verka i fem år.
Kapitalen på 6 mrd. kroner skal plasserast som kontolån til staten med ei rente som tilsvarar renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Kap. 3286 Forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
85 | Avkastning - Fondet for forsking og nyskaping | 2 654 126 | 3 084 460 | 3 368 260 |
Sum kap. 3286 | 2 654 126 | 3 084 460 | 3 368 260 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286. Avkastninga aukar med 283,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2008 på grunn av kapitalauken på 6 mrd. kroner i 2008.
Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2009 bli fordelt på følgjande måte:
692,1 mill. kroner i forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60
929,6 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50
1 064,4 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52
646,3 mill. kroner til EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling over kap. 288 post 73
35,9 mill. kroner over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 336 | 4 607 | 4 810 |
53 | NUPI | 42 656 | 44 490 | 3 250 |
54 | Forskingsstiftelsar | 49 902 | 52 048 | |
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 9 102 | 9 100 | 9 100 |
57 | Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 136 689 | ||
58 | Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 15 410 | ||
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 23 517 | 31 028 | 29 536 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 404 | 12 400 | 12 400 |
Sum kap. 287 | 140 917 | 153 673 | 211 195 |
Auken frå 2008 til 2009 skriv seg i all hovudsak frå innføring av nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta som inneber at midlar til forskingsinstitutta er flytt til to nye postar, postane 57 og 58.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.
I 2007 er løyvinga mellom anna nytta til å finansiere forskingsrådssatsinga Forsking, innovasjon og økonomisk vekst. I tillegg er løyvinga nytta til fleire utgreiingar, til dømes ei utgreiing om søking til vitskaplege stillingar og ein gjennomgang av verkemidla for kommersialisering av forskingsresultat. Midlane har vidare vorte nytta til eit prosjekt om ressursbruk på forsking i helseføretaka og ei utgreiing om forvaltningsansvaret for dei regionale forskingsetiske komiteane.
I 2008 har løyvinga finansiert førebuinga og gjennomføringa av eit høgnivåmøte for Vitskapskomiteen i OECD. Møtet vart halde i Oslo i mars 2008.
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2008.
Post 53 NUPI
Rapport for 2007–08
NUPI
Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Instituttet skal vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor sine faglege kjerneområde og arbeide for å styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder.
Dei viktigaste forskingssatsingane for NUPI i 2007 var innanfor dei fire hovudtema sikkerheit og fredsoperasjonar, nordområda og den austlege dimensjonen, politiske og økonomiske stormakter samt handel og innovasjon. NUPI har hatt godt tilfang av nye oppdrag og prosjekt, har eit stort nettverk og ein sterk internasjonal profil.
Vitskaplege publikasjonar har halde seg på eit høgt nivå òg i 2007. Det vart publisert 0,88 artiklar per forskarårsverk, noko som er langt over landsgjennomsnittet for samfunnsvitskaplege institutt i Noreg. Staben ved NUPI utførte 64,3 årsverk i 2007. NUPI er eit av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta med flest doktorgradar per forskarårsverk. Talet på doktorgradar per forskarårsverk er 0,55 og er om lag på same nivå som i 2006.
Det var òg ei målsetjing for NUPI å få høgre del kvinnelege forskarar i 2007. Departementet meiner det er positivt at instituttet har auka den kvinnelege forskardelen frå 25 pst. i 2006 til 29 pst. i 2007.
NUPI gir ut dei tre tidsskrifta Internasjonal politikk, Nordisk østforum og Forum for development studies. Artikkelserien Hvor hender det? er òg ein viktig kanal NUPI tek i bruk for å skape interesse for internasjonale spørsmål blant skoleungdom og unge vaksne, og står no framfor ei nysatsing.
Basisløyvinga over kap. 287 stod for 33,4 pst. av dei samla inntektene til NUPI i 2007. Dette er ein liten auke frå 2006. Den internasjonale finansieringa steig frå 1,4 pst. i 2006 til 3,4 pst. i 2007.
Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI i 2007.
NOVA
Til og med 2008 vart det òg løyvd midlar til Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) over denne posten.
Forskinga og utviklingsarbeidet ved NOVA skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. NOVA driv sosialforsking i eit livsløpsperspektiv, og har som ambisjon å vere nasjonalt leiande innanfor den samfunnsvitskaplege delen av forskingsfelta barnevern, ungdom, aldring og livsløp, trygd, innvandring og funksjonshemming. For den aktuelle perioden har NOVA mellom anna hatt som mål å styrkje dei nye tematiske felta europeisk velferdspolitikk, organisering av omsorg, skoleforsking og forskingsbasert evaluering. Det har òg vore eit mål å styrkje det internasjonale samarbeidet og auke den internasjonale finansieringa.
Forskarane ved NOVA utførte 70 årsverk i 2007, litt færre enn i 2006. NOVA er blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest doktorgradar per forskarårsverk: 0,57 i 2007. Dette er godt over gjennomsnittet for dei samfunnsvitskaplege institutta.
Den vitskaplege publiseringa er framleis god. Talet på artiklar i internasjonale tidsskrift med fagfellevurdering er 27 i 2007. Samla tal artiklar i tidsskrift med fagfellevurdering er 0,70 per forskarårsverk mot 0,61 i 2006.
Basisløyvinga over kap. 287 stod for 35 pst. av dei samla inntektene til NOVA i 2007. Dette er noko høgre enn i 2006. Den internasjonale finansieringa steig frå ein pst. i 2006 til fem pst. i 2007.
Departementet er nøgd med den måloppnåinga desse indikatorane viser.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår å løyve kr 3 250 000 over kap. 287 post 53 til nasjonale oppgåver knytte til informasjonsarbeid ved NUPI. Dei resterande midlane på posten, 43,2 mill. kroner, er foreslått løyvde over kap. 287 post 57 og 58 i samband med innføringa av nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta frå 2009. For nærmare omtale, sjå kap. 287 post 57 og 58 og del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. Kunnskapsdepartementet skal ha etatsstyringsansvaret for NOVA og NUPI også etter innføringa av nytt finansieringssystem.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Rapport for 2007–08
Posten finansierte i 2007 og 2008 basisløyvingane til følgjande fem frittståande forskingsinstitutt: Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF), Forskingsstiftelsen Fafo og NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning. Den samla løyvinga over posten var på 49,9 mill. kroner i 2007. Av løyvinga vart 34,6 mill. kroner nytta til grunnløyving og 15,3 mill. kroner til strategiske instituttprogram.
Forskarane ved dei fem institutta utførte 237 årsverk i 2007, mot 218 i 2006. Av desse stod kvinnelege forskarar i 2007 for 108 årsverk. Tidsskriftpubliseringa målt i vitskaplege artiklar per forskarårsverk varierer mykje mellom institutta. Gjennomsnittet i 2007 for dei nasjonale samfunnsvitskaplege institutta er 0,59 artiklar per forskarårsverk. FNI og ISF kjem best ut med 1,14 artiklar per forskarårsverk. Talet er 0,77 artiklar for PRIO og 0,5 artiklar for NIFU STEP. Ved Fafo vart det publisert 0,28 vitskaplege artiklar per forskarårsverk.
Budsjettforslag for 2009
Som ei følgje av innføring av nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta er heile løyvinga ført over til kap. 287, postane 57 og 58.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi som første gong vart delt ut i 2004. Prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda. Holbergprisen er finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 86. Prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. Avkastninga finansierer også ulike arrangement i samband med prisutdelinga, den nordiske Nils Klim-prisen for yngre forskarar innanfor dei same fagområda og arrangement retta mot barn og unge. Avkastninga blir disponert av Universitetet i Bergen. I 2007 gjekk prisen til professor Ronald Dworkin for hans banebrytande arbeid innanfor rettsteori, moral og politikk.
Avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond i 2008 til bruk i 2009 vil vere på 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 86.
Post 57 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
Frå 2009 blir det innført nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren, jf. B.innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet, som presenterte hovudprinsippa for det nye systemet. Som følgje av dette er det oppretta ein ny post 57 på dette kapitlet. Ei nærmare omtale av det nye basisfinansieringssystemet står i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Formålet med basisfinansieringa er å fremme kvalitet og gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Grunnløyvinga til institutta skal bidra til at forskinga får auka kvalitet, at institutta styrkjer den anvende rolla og den internasjonale verksemda, samt at institutta samarbeider betre med norske universitet og høgskolar.
Forskingsinstitutta er delte inn i fire ulike fordelingsarenaer. Dei fire fordelingsarenaene er miljøinstitutt, teknisk- industrielle institutt, primærnæringsinstitutt og samfunnsvitskaplege institutt. I denne siste gruppa høyrer også dei regionale forskingsinstitutta til. Kunnskapsdepartementet har det overordna finansieringsansvaret for grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta.
Budsjettforslag for 2009
Som ein følgje av innføring av nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta er det flytt midlar til denne posten frå postane 53 og 54. Løyvinga til menneskerettsforskinga ved Christian Michelsens institutt (CMI) er overført frå post 71. I tillegg er det rammeoverført midlar frå fleire andre departement. Til saman er det flytt nær 88 mill. kroner frå postar på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, og om lag 46 mill. kroner frå andre departement. Departementet foreslår ein reell auke i grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta på 3 mill. kroner i 2009. Grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta over denne posten blir med dette om lag 136,7 mill. kroner i 2009. I tillegg kjem grunnløyvinga til CMI på 11,3 mill. kroner, som blir løyvd over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet, og er ein del av bistandsramma (programområde 03 internasjonal bistand). Av den grunn er grunnløyvinga til CMI ikkje rammeoverført til budsjettet til Kunnskapsdepartementet, men Kunnskapsdepartementet kan nytte løyvinga gjennom ei ordning med årleg belastningsfullmakt.
Post 58 Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
Det nye finansieringssystemet for forskingsinstitutta har også eit strategisk element. Desse midlane skal kunne disponerast for å ta i vare langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren. Sjå nærmare omtale i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Som ei følgje av innføring av nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta er det flytt midlar posten frå postane 53 og 54. I tillegg er det rammeoverført midlar frå fleire andre departement. Departementet foreslår å løyve om lag 15,4 mill. kroner over denne posten.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond, Egede Instituttet og Christian Michelsens Institutt. Tilskotta skal medverke til at forskingsinstitusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt. Tilskottet til DNVA skal også medverke til auka merksemd om forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar, gjennom finansiering av administrasjonen knytt til utdeling av Kavli-prisane.
Rapport for 2007–08
Senter for grunnforsking skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar og er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret fører vidare ei rekkje seminar som utgjer ein fast del av den tverrfaglege verksemda ved senteret. I 2007 hadde 69 forskarar lengre opphald ved senteret. Delen kvinner ved Senteret har over tid auka. I 2007 var ti kvinner knytte til forskinga, tre av desse var gruppeleiarar.
DNVA, DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse har i 2007 hatt stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar, og arbeidet med populærvitskaplege formidlingsaktivitetar har halde fram. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen, jf. omtale under post 73, og dei nye Kavli-prisane innanfor astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. Dei første Kavli-prisane vart delte ut av H.K.H. Kronprins Haakon i september 2008. I samband med prisutdelinga vart det arrangert ei rekkje fagsymposium og populærvitskaplege foredrag. Verksemda i DNVA var i 2007 i stor grad prega av at Akademiet vart 150 år.
Tilskottet til Christian Michelsens Institutt går til menneskerettsforskinga ved instituttet. Hovudprioriteringane i 2007 har vore etablering av to hovudtemaområde for forskinga, Land and Law og Transitional Justice og formidlings- og publiseringsaktivitetar.
Egede Instituttet har i 2007 fokusert på publisering og auking av fagleg kompetanse.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår å redusere løyvinga med nominelt om lag 1,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2008. Reduksjonen er knytt til at løyvinga til Christian Michelsens Institutt er flytt til kap. 287 post 57. Vidare er løyvinga til DNVA noko redusert som ei følgje av utfasing av særskilde midlar for å planleggje og gjennomføre utdelinga av dei første Kavli-prisane. For dei andre institusjonane foreslår departementet at løyvingane blir førte vidare på same nivå som i 2008.
Tabell 4.18 Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak (i 1 000 kroner)
Institusjon | 2007 | 2008 | 2009 |
---|---|---|---|
Senter for grunnforsking | 14 770 | 15 400 | 16 080 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 6 650 | 13 150 | 12 230 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 184 | 340 | 355 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 208 | 365 | 380 |
Vitskaplege fond | 140 | 145 | 150 |
Christian Michelsens Institutt | 1 250 | 1 300 | 0 |
Egede Instituttet | 315 | 328 | 341 |
Sum | 23 517 | 31 028 | 29 536 |
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Niels Henrik Abels minnefond vart oppretta 1. januar 2002 med det formålet å dele ut ein internasjonal vitskapleg pris for framifrå matematisk forsking. Fondet skal òg bidra til å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner, og blir dekt av avkastninga frå fondet. Resten av avkastninga skal nyttast til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, og til aktivitetar retta mot barn og unge. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi. Den sjette Abelprisen vart delt ut i Oslo 20. mai 2008. Prisen gjekk til professor John Griggs Thompson og professor Jacques Tits for framifrå prestasjonar innanfor algebra, og særleg for å ha utforma moderne gruppeteori.
Avkastninga frå Abel-fondet i 2008 til bruk i 2009 vil vere 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 85.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
85 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 404 | 12 400 | 12 400 |
86 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 9 102 | 9 100 | 9 100 |
Sum kap. 3287 | 21 506 | 21 500 | 21 500 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond og Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 773 | 3 889 | 6 360 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 144 582 | 145 522 | 174 125 |
73 | EUs rammeprogram for forsking, kan overførast | 665 344 | 999 521 | 1 120 164 |
74 | Det europeiske institutt for innovasjon og teknologi, kan overførast | 1 046 | ||
75 | UNESCO | 15 715 | 16 171 | 15 370 |
Sum kap. 288 | 829 414 | 1 165 103 | 1 317 065 |
Post 21 Særskilde utgifter
Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Løyvinga har mellom anna dekt kontingent til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD og utgifter i samband med deltakinga i UNESCO.
Det er eit mål at Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innan utdanning. Løyvinga vil m.a. bli nytta til kontingent til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD, samt til å dekkje utgifter knytte til deltaking i styret i UNESCO, oppfølging av Utdanning for alle og høgnivåmøte i Oslo, som er i desember 2008. Noregs hus i universitetsbyen, Cité Universitaire Internationale de Paris (CIUP) treng rehabilitering og modernisering. Kostnadene til dette skal delast mellom CIUP og Noreg. Arbeidet er planlagt gjennomført over ein periode på tre til fire år. Noregs del av kostnadene er per juli 2008 vurdert til 10 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV nr. 6. Departementet foreslår å løyve 2,5 mill. kroner til prosjektet i 2009.
Departementet foreslår å løyve om lag 6,4 mill. kroner på posten i 2009.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Tilgang på forskingsinfrastruktur i verdsklasse er viktig for å sikre kvaliteten i norsk forsking, og for å fremme rekruttering, internasjonalisering og konkurranseevne. Norsk medlemskap i sentrale internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal sikre at våre forskarar får ta del i sentrale forskingsområde der det krevst særskilt kostbar infrastruktur for å delta i det internasjonale forskingssamarbeidet.
Løyvinga dekkjer den norske kontingenten for deltaking i European Organisation for Nuclear Research (CERN), European Molecular Biology Laboratory (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC).
Rapport for 2007–08
Den vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta blir årleg evaluerte av eit internasjonalt panel sett ned av Forskingsrådet. Ekspertpanelet konkluderte med at kvaliteten på dei norske gruppene generelt er høg. Ein person er tilsett som Industry Liaison Officer (ILO) for Noreg med oppgåve å formidle kontakt mellom CERN og norsk industri med tanke på kontraktar og teknologioverføring.
Ved CERN har verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC) vorte bygd. Akseleratoren vart teken i bruk september 2008, tre år etter den opphavlege planen. Akseleratoren skal studere verdas minste byggjesteinar og dei fundamentale relasjonane mellom desse. Om lag 100 norske studentar og forskarar har i 2007 teke del i arbeidet for å ferdigstille og teste to prosjekt, ATLAS og ALICE, som er knytte til LHC.
EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi. Samarbeidet i EMBL og EMBC er av stor verdi for norske forskingsmiljø innanfor livsvitskapane, og EMBL er særleg viktig for rekrutteringa til biofaga i Noreg. EMBL har opna for å inngå partnarskapsavtalar med framifrå forskingsmiljø i medlemslanda. Noreg er representert ved to av EMBLs seks partnarskapsavtalar.
Gjennom ESRF, det europeiske anlegget for synkrotronstråling, kan norske forskarar drive materialforsking og livsvitskap som krev avansert røntgenstråling. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC). Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. Noregs forskingsråd overtok 1. januar 2007 som kontraktspartnar for SNBL. Som ei følgje av dette fekk programmet for ESRF følgjeforsking utvida mandat, og skifta namn til Program for synkrotronforsking, som vil vare til 2010. Programmet finansierte i 2007 to postdoktorstillingar ved norske universitet der forsking ved ESRF og SNBL utgjorde sentrale delar. ESRF planlegg no ei oppgradering av anlegget slik at ny teknologi kan utnyttast betre. Dette vil gi auka kontingent for Noregs del. Budsjettauken vil først komme i 2010.
IARC er tilknytt Verdas helseorganisasjon (WHO), har 19 medlemsland, og driv epidemiologisk så vel som laboratoriebasert forsking. Den største nasjonale nytta av IARC ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga. Norske miljø har vore aktive både i forskings- og styrearbeid i IARC. Noregs delegat i IARC vart i 2007 vald opp att som leiar i styret, og ny norsk representant vart oppnemnd til fagrådet i IARC.
Budsjettforslag for 2009
Kontingentkrava for 2009 er enno ikkje fastsette, og budsjettforslaget for 2009 er derfor basert på vedtekne kontingentar for 2008. Kontingentane er avhengig av mellom anna nettonasjonalinntekta i medlemslanda. Departementet foreslår at løyvinga blir nominelt auka med 28,6 mill. kroner. Hovuddelen av auken er knytt til at Noregs del av kontingenten til CERN har vorte høgre som følgje av at Noregs nettonasjonalinntekt har auka.
Tabell 4.19 Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar (i 1 000 kroner)
Organisasjon | 2007 | 2008 | 2009 |
---|---|---|---|
CERN | 121 056 | 122 149 | 147 755 |
EMBL | 11 629 | 11 588 | 12 878 |
IARC | 6 116 | 5 990 | 4 913 |
ESRF | 3 674 | 3 702 | 6 374 |
EMBC | 2 107 | 2 093 | 2 206 |
Sum | 144 582 | 145 522 | 174 125 |
Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast
Noreg legg stor vekt på deltakinga i EUs forskingssamarbeid. Med basis i EØS-avtalen er norske forskingsmiljø og verksemder med på lik linje med EUs medlemsland. EUs sjuande rammeprogram (2007–13) har som overordna mål å bidra til å utvikle det europeiske forskingsområdet – European Research Area (ERA) – til eit leiande område for forsking.
Norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram skal fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking, forsterke nasjonalt prioriterte FoU-område ved å utvikle samspill og meirverdi mellom nasjonale FoU-satsingar og deltaking i det europeiske forskingsområdet og bidra til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk nærings- og samfunnsliv. For det sjuande rammeprogrammet er det òg ei målsetjing at EU-støtte til norske forskarar, institusjonar og bedrifter i perioden 2007–10 skal vere på nivå med den norske kontingenten, det vil seie om lag to pst. av total støtte i rammeprogrammet.
Kunnskapsdepartementets strategi for samarbeidet med EU om forsking og utvikling skal bidra til å stimulere, støtte og forsterke norsk deltaking i det sjuande rammeprogrammet. For meir omtale sjå del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Kunnskapsdepartementet vil setje i verk ei evaluering av norsk deltaking i det sjette rammeprogrammet og den første delen av det sjuande rammeprogrammet hausten 2008, i samråd med relevante departement og Noregs forskingsråd.
Rapport for 2007–08
Tal frå Noregs forskingsråd tyder på at norske forskingsmiljø hadde god utteljing i det sjette rammeprogrammet. Norske forskarar var med i om lag 850 prosjekt som totalt involverer nærmare 4 000 norske forskarar og deltakarar frå over 100 land. Noreg deltok dermed i om lag åtte pst. av alle prosjekt i rammeprogrammet. Når det gjeld suksessrate, dvs. forholdet mellom innsende søknader og godkjende søknader, låg søknader med norsk deltaking åtte prosentpoeng høgre enn snittet for EU-landa (respektive 26 mot 18 pst.).
Resultata frå dei første søknadsrundene i det sjuande rammeprogrammet viser at det er stor aktivitet i norske forskingsmiljø. Per juni 2008 er 229 prosjekt med norsk deltaking innstilt til finansiering, som tilsvarer 14 pst. av alle prosjekt i rammeprogrammet. Av dei norske deltakarene kjem 37 pst. frå forskingsinstitutta, 20 pst. frå universitet og høgskolar og 29 pst. frå næringslivet. 14 pst. av den norske deltakinga er ved andre aktørar, som helseføretak og Noregs forskingsråd. Det er hittil i sjuande rammeprogram størst norsk deltaking i Miljøprogrammet blant dei tematiske programma, med deltaking i nærare 35 prosent av alle prosjekt. Det er òg høg norsk deltaking i programma om tryggleik, rom og energi. Norske aktørar deltek i seks–ti pst. av prosjekta innanfor IKT, nanoteknologi, transport og helse. Dette må blant anna sjåast i lys av at desse programma er blant dei største satsingane i det sjuande rammeprogrammet. I dei andre delane av rammeprogrammet er det god norsk deltaking i tiltak for små og mellomstore verksemder (SMB) og forskingsinfrastruktur, og i programmet om vitskap og samfunn.
Det er norsk deltaking i totalt 40 av i alt om lag 103 såkalla ERA-NET i sjette rammeprogram, som inneber koordinering av nasjonale forskingsaktivitetar ved at program med nasjonal finansiering blir knytte saman. Det er i første rekkje departementa og dei forskingsfinansierande organa i Europa som deltek i desse aktivitetane. Dei mottek støtte frå Kommisjonen til nettverksbygging, men ikkje til sjølve forskinga.
Budsjettforslag for 2009
Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet for perioden 2007–13 er på om lag 50,5 mrd. euro. Den samla norske kontingenten er berekna til om lag 9,3 mrd. kroner. Kontingenten er avhengig av utviklinga i bruttonasjonalprodukt i deltakarlanda og endringar i valutakurs. Kvart rammeprogram har til no dekt om lag fire år, medan prosjekta ofte strekkjer seg over ein lengre periode. Dei norske utbetalingane i 2009 vil omfatte dei utbetalingane som står att for det sjette rammeprogrammet og utbetalingar til det sjuande rammeprogrammet. Dei norske kostnadene vil i 2009 utgjere om lag 1,1 mrd. kroner.
Post 74 Det europeiske institutt for innovasjon og teknologi, kan overførast
Stortinget slutta seg våren 2008 til Regjeringas forslag om at Noreg skal ta del i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, jf. Innst. S. nr. 251 (2007–2008) og St.prp. nr. 56 (2007–2008). Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) er meint å vere eit flaggskip i Europa for framifrå innovasjon, og er nær knytt til EUs Lisboa-strategi for auka sysselsetjing og vekst. EIT skal fremme og integrere høgre utdanning, forsking og innovasjon av høg kvalitet, og skal komplettere andre initiativ og program innanfor forsking, utdanning og innovasjon i EU og deltakarlanda.
EIT skal leggje til rette for etableringa av nettverk og samarbeid gjennom såkalla kunnskaps- og innovasjonsnettverk (Knowledge and Innovation Communities–KICs). Dette vil vere nettverk av forskings- og utdanningsinstitusjonar og næringslivsaktørar som skal samarbeide om felles utfordringar på sentrale område som klima og energi og informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Nettverka skal gjennomføre aktivitetar innanfor alle delar av det såkalla kunnskapstriangelet: forsking, innovasjon og utdanning. Det europeiske instituttet skal òg bidra til auka mobilitet i det europeiske forskingsområdet og det europeiske området for høgre utdanning. Dei høgre utdanningsinstitusjonane som tek del i samarbeida, skal tildele gradar og vitnemål, og blir oppmoda til å gi desse nemninga EIT-gradar og -vitnemål.
Kunnskapsdepartementet vil i 2009 arbeide for god norsk deltaking i EIT, i samarbeid med andre departement og Noregs forskingsråd.
Departementet foreslår å løyve drygt 1 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingent i 2009.
Post 75 UNESCO
UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har til hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Løyvinga gjeld Noregs kontingent for medlemskap i UNESCO og tilskott til World Heritage Fund i 2009.
UNESCOs eksekutivråd er høgste instans mellom generalkonferansane, som blir haldne kvart anna år. Noreg har plass i rådet fram til hausten 2009 og samarbeider nær med dei andre nordiske landa om å fremme ei felles nordisk linje i viktige saker.
Noreg har vore særleg aktiv for å fremme UNESCO sitt koordinerande arbeid med det globale utdanningsinitiativet Utdanning for alle (EFA). Dette arbeidet vil halde fram i 2008 mellom anna med vekt på temaet migrasjon og godkjenning av utdanning, og med ansvar for å gjennomføre eit høgnivåmøte om EFA i Noreg. Temaet for dette høgnivåmøtet er finansiering og styring av EFA-prosessen. Som medlem i eksekutivrådet legg Noreg stor vekt på at UNESCO skal tilpasse både innhald og arbeidsformer til FN-reforma «Eit FN på landnivå».
Departementet foreslår å løyve om lag 15,4 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingent i 2009.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 3 928 | 4 043 | 3 843 |
Sum kap. 3288 | 3 928 | 4 043 | 3 843 |
Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiv til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning | 26 987 921 | 29 754 909 | 30 176 394 | 1,4 |
Sum kategori 07.80 | 26 987 921 | 29 754 909 | 30 176 394 | 1,4 |
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning | 13 306 663 | 15 449 200 | 15 710 400 | 1,7 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning | 4 434 759 | 6 113 000 | 6 763 305 | 10,6 |
Sum kategori 07.80 | 17 741 422 | 21 562 200 | 22 473 705 | 4,2 |
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 | 271 898 | 281 693 | 301 035 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 26 635 | 101 512 | 149 605 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving | 4 124 900 | 4 326 200 | 4 231 390 |
70 | Utdanningsstipend, overslagsløyving | 2 619 444 | 2 776 800 | 2 772 377 |
71 | Andre stipend, overslagsløyving | 377 159 | 453 325 | 437 800 |
72 | Rentestønad, overslagsløyving | 1 230 809 | 1 754 050 | 1 847 153 |
73 | Avskrivingar, overslagsløyving | 297 369 | 176 100 | 251 050 |
74 | Tap på utlån | 322 269 | 447 300 | 334 900 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 5 924 | 6 229 | |
90 | Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving | 17 711 514 | 19 431 700 | 19 851 084 |
Sum kap. 2410 | 26 987 921 | 29 754 909 | 30 176 394 |
Formålet med utdanningsstøtteordningane er mellom anna å medverke til at alle skal ha like høve til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold. Dette formålet er retningsgivande når departementet utviklar utdanningsstøtteordningane. Utdanningsstøtta skal vere tilstrekkeleg til at alle står fritt i val av utdanning. Vidare skal utdanningsstøtteordningane medverke til å sikre samfunnet tilgang på nødvendig og kompetent arbeidskraft. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer stipend- og låneordningane som er heimla i lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.
Rapport for undervisningsåret 2007–08
Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen har om lag 840 000 kundar. Av desse er om lag 519 300 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2007–08 var det om lag 414 300 elevar og studentar med støtterett i Lånekassen. Av desse fekk 289 575 støtte frå Lånekassen. Dette er 18 300 fleire enn i undervisningsåret 2006–07.
Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2007–08 på 17 062 mill. kroner. Av dette vart 3 049 mill. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.18 for fordeling på dei ulike stipendformene. 14 013 mill. kroner vart i undervisningsåret 2007–08 utbetalte som lån.
Tabell 4.20 Hovudtal for dei fire siste undervisningsåra
2004–05 | 2005–06 | 2006–07 | 2007-08 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte | 413 000 | 420 300 | 415 700 | 414 300 |
Tal på støttemottakarar | 274 438 | 276 672 | 271 273 | 289 575 |
Tal på stipendsøkjarar | 298 455 | 300 726 | 296 000 | 314 886 |
Tal på stipendmottakarar | 171 089 | 145 386 | 143 457 | 166 980 |
Tal på lånesøkjarar1 | 189 324 | 191 470 | 187 659 | 181 127 |
Tal på lånemottakarar | 203 978 | 201 643 | 195 336 | 188 278 |
Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner) | 16 798 | 16 895 | 17 212 | 17 062 |
Sum stipend (i mill. kroner) | 3 224 | 3 133 | 3 060 | 3 049 |
Gjennomsnittsstipend (i kroner) | 18 841 | 21 549 | 21 333 | 21 255 |
Sum lån (i mill. kroner) | 13 574 | 13 762 | 14 152 | 14 013 |
Gjennomsnittslån ( i kroner) | 66 547 | 67 912 | 72 084 | 74 007 |
1 Talet på låntakarar er høgre enn talet på lånesøkjarar hovudsakleg grunna at dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning m.m. og som berre søkjer utdanningsstipend, får støtta utbetalt som lån. Desse blir registrerte som låntakarar, men ikke som lånesøkjarar i systema til Lånekassen.
Frå undervisningsåret 2004–05 vart heile basisstøtta for dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning m.m., utbetalt som lån. Inntil 40 pst. av støttebeløpet kan bli konvertert til stipend når utdanninga det er gitt støtte til, er gjennomført. Det er mogleg å få konvertert lån til stipend inntil åtte år etter at lånet vart gitt. Lånekassen har fullmakt til å dekkje utgiftene knytte til konverteringa ved å trekkje midlar frå eit fond (Konverteringsfondet) som blir løyvd på kap. 2410 post 50. Det årlege nivået på løyvinga er basert på eit anslag over kor stor del av årleg utbetalte lån som ein reknar med blir omgjord til stipend i løpet av dei neste åtte åra. Løyvinga på kap. 2410 post 50 dekkjer avsetning til framtidige utgifter ved å konvertere lån til stipend ved gjennomført utdanning, medan rekneskapen på kap. 5310 post 93 viser den faktiske omgjeringa av studielån til stipend for det aktuelle året.
Utgiftene til dei andre stipenda, slik dei kjem fram på kap. 2410 postane 70 og 71 i Lånekassens rekneskap, inkluderer derfor ikkje lån som er konverterte til stipend under konverteringsordninga. Skal ein få total oversikt over dei samla stipendutgiftene, må lån som er gjorde om til stipend, leggjast til stipendutgiftene som kjem fram i Lånekassens rekneskap. Ved å sjå kap. 5310 post 93 og kap. 2410 postane 70 og 71 i samanheng ser ein dette.
For 2007 vart om lag 3 mrd. kroner betalte ut som andre stipend. Om lag 3,9 mrd. kroner vart konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2007 vart dermed om lag 6,9 mrd. kroner.
For 2009 anslår ein at det vil bli betalt ut om lag 3,2 mrd. kroner i stipend, og at det vil bli konvertert lån til stipend tilsvarande om lag 4,6 mrd. kroner. Dei samla utgiftene til stipend er med dette anslått til om lag 7,8 mrd. kroner i 2009.
Tabell 4.21 Hovudtal for tilbakebetaling dei fem siste åra
2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | |
---|---|---|---|---|---|
Tal på tilbakebetalande låntakarar | 466 745 | 476 130 | 492 077 | 506 241 | 519 297 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 53 400 | 56 222 | 60 066 | 64 036 | 68 282 |
Renter (i mill. kroner) | 3 200 | 2 704 | 2 337 | 2 326 | 2 907 |
Avdrag (i mill. kroner) | 4 100 | 4 125 | 4 413 | 5 021 | 5 235 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 439 | 455 | 402 | 299 | 271 |
Rentestønad (i mill. kroner) | 1 589 | 882 | 774 | 929 | 1 231 |
Uteståande lån (i mill. kroner) | 73 578 | 79 579 | 84 826 | 89 227 | 93 600 |
Uteståande renter (i mill. kroner) | 3 193 | 2 699 | 2 408 | 2 269 | 2 460 |
Tabell 4.22 Fordeling av ulike stipendformer dei to siste undervisningsåra
Tal på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
2006–07 | 2007–08 | 2006–07 | 2007–08 | |
Grunnstipend | 60 485 | 63 811 | 805 | 868 |
Bustipend | 34 434 | 33 084 | 1 104 | 1 081 |
Læremiddelstipend | 62 397 | 41 321 | 207 | 141 |
Utstyrsstipend | - | 52 208 | 65 | |
Flyktningstipend | 1 182 | 1 067 | 55 | 54 |
Stipend til skolepengar / gebyrstipend | 9 797 | 9 689 | 243 | 232 |
Tilleggsstipend | 624 | 731 | 17 | 21 |
Språkstipend | 676 | 610 | 10 | 9 |
Reisestipend, innland og Norden | 41 224 | 38 577 | 53 | 51 |
Reisestipend utanfor Norden | 17 020 | 16 798 | 105 | 93 |
Reisestipend i Noreg til utanlandsstudentar | 4 665 | 5 109 | 4 | 5 |
Reisestipend, kvoteordninga | 816 | 825 | 5 | 5 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 809 | 702 | 17 | 16 |
Fødselsstipend | 4 110 | 3 915 | 221 | 209 |
Forsørgjarstipend | 13 857 | 12 869 | 212 | 198 |
Totalt | 252 096 | 281 316 | 3 058 | 3 049 |
Budsjettforslag for 2009
Endringar i støttebudsjettet for Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla nedanfor. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen og moderniseringa av verksemda er behandla samla under kap. 2410 post 01 og post 45.
Forslag til endringar i forskriftene til utdanningsstøtteloven som skal gjelde frå 1. januar 2009 (forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettigheter) og frå undervisningsåret 2009–10 (forskrift om tildeling av utdanningsstøtte), blir sende ut til alminneleg høring medio oktober 2008. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.
Regjeringa foreslår at alle satsar i utdanningsstøtteordningane blir prisjusterte med 3,0 pst. frå undervisningsåret 2009–10, tilsvarande den forventa auken i konsumprisindeksen. Foreslåtte løyvingsendringar ut over dette skyldast som hovudregel endra tal på støttemottakarar og/eller endra renteføresetnader.
Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner til ei ordning for avskriving av utdanningsgjeld for studentar som i 2009 fullfører integrert masterprogram i lærarutdanninga, eller toårig fagdidaktisk masterprogram, med realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk). I tillegg omfattar ordninga dei som tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i 2009 og tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i matematisk-naturvitskaplege fag, teknologiske fag / sivilingeniørutdanning eller har ei ingeniørutdanning. Studentar som vel slik utdanning vil få avskrive inntil kr 50 000 av utdanningsgjelda. Departementet gir nærmare forskrifter om kven som fell inn under ordninga. Sjå også omtale under kategoriområde 07.20.
Departementet foreslår å utvide perioden det blir gitt fødselsstipend frå 42 veker til 44 veker. Bakgrunnen er ei jamstelling med regelverket i folketrygda for foreldrepengar, og ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 369 14. februar 2008, kor Stortinget bad departementet gjennomføre ei heilskapleg vurdering av regelverk knytt til studentar som får barn under utdanninga. Regjeringa foreslår å auke gjeldande løyving med 5,5 mill kroner.
Departementet foreslår å utvide høvet til å få støtte til forseinking i studiane for funksjonshemma studentar. Etter dagens reglar blir det gitt støtte til eit års forseinking for alle studentar. Studentar med nedsett funksjonsevne får i dag støtte til eitt års ekstra forseinking under føresetnad av at dei har støtte frå folketrygda. Departementet foreslår å fjerne koplinga til folketrygda og heller ta i bruk ein relasjonell definisjon av nedsett funksjonsevne. Funksjonshemma studentar vil få stønad til eitt års ekstra forseinking når ho / han kan dokumentere at forseinkinga skuldast at læringsmiljøet ved lærestaden ikkje er tilpassa hans / hennar nedsette funksjonsevne. Regjeringa foreslår å auke gjeldande løyving med 2,4 mill kroner.
Budsjettforslaget for postane 50–90 gjeld for budsjettåret 2009, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for heile undervisningsåret 2009–10. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved behandlinga av budsjettet for 2009 tek stilling til heile undervisningsåret 2009–10, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 2.
Departementet foreslår at tilskottet under kap. 2410 post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet blir flytta til kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for studentar, post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet, og kap. 271 Universitet, post 50 Basisfinansiering statlege universitet.
Endringa inneber at tilskottet til ANSA, Generalkonsulatet i New York og Johan Jørgen Holsts minnefond blir flytta til kap. 270 post 71, jf. omtale under kap. 270 post 71. Tilskottet til Den internasjonale sommerskole ved Universitetet i Oslo og til studentar som tek nordisk sommarkurs ved NTNU, blir flytta til kap. 271 post 50, jf. omtale under kap. 271 post 50.
Med unntak av endringane som er nemnde ovanfor, blir det foreslått å vidareføre utdanningsstøtteordningane frå undervisningsåret 2008–09 i undervisningsåret 2009–10.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 omfattar midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, mellom anna kostnader i samband med fornyingsarbeidet i Lånekassen. Sjå òg kap. 270 post 74.
Rapport for 2007–08
Lånekassen har i all hovudsak oppfylt måla for 2007. Departementet er nøgd med dei resultata Lånekassen har oppnådd.
Lånekassen har i 2007 gjort dei brukarretta tenestene betre. Svarprosenten på telefonoppringingar auka frå 21 pst. i 2006 til 44 pst. i 2007, og målet, som var 26 pst., vart innfridd med god margin. 46 pst. av kundane tok i bruk elektronisk nettsøknad for søknader om tildeling av lån og stipend. Målet var 50–52 pst. Årsaka til at målet ikkje vart nådd, skyldast innføringa av utstyrsstipend i samband med innføringa av gratis læremidlar i vidaregåande opplæring. Målet om at tildelingssaker som ikkje krev manuell behandling skulle vere minimum 58 pst., vart òg nådd.
44 pst. av søknadene for tilbakebetaling var elektroniske nettsøknader, og målet, som var 44 pst., vart nådd. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for tildelings- og tilbakebetalingssaker vart på ni dagar og i tråd med måla.
Lånekassen arbeidde òg i 2007 for å auke bruken av elektroniske løysingar og sjølvbeteningsløysingar i kommunikasjonen med elevar, studentar, tilbakebetalarar og samarbeidspartnarar. Lånekassen arbeider med å redusere manuell saksbehandling ved å tilby kundane gode elektroniske kanalar. Lånekassen har vidareutvikla www.lanekassen.no og Dine sider. Vidare er det satsa på meir målretta informasjon til ulike kundegrupper. I 2007 vart det registrert fleire enn 4,4 millionar besøk på www.lanekassen.no. Dette er ein auke på tolv pst. samanlikna med 2006. Tilsvarande har sjølvbeteningsportalen Dine sider hatt ein auke på om lag elleve pst. i 2007.
Stortinget løyvde midlar til å starte opp arbeidet på ny med moderniseringa i Lånekassen med ny tids- og kostnadsramme, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet. Moderniseringa i Lånekassen byggjar på måla i St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning. Mykje arbeid gjekk med til å utarbeide og kvalitetssikre nytt styringsdokument for moderniseringsprogrammet. Moderniseringsarbeidet held fram utan avvik av betydning for gjennomføringa når det gjeld framdrift, kvalitet, kostnad og eigenfinansiering.
LØFT Modulis, den nye IKT-løysinga for Lånekassen som skal erstatte den gamle løysinga som er i bruk i dag, utgjer hovudprosjektet i moderniseringsprogrammet. I april 2008 vart kontrakt inngått med Capgemini for fase ein av i alt tre fasar med opsjon for fase to, samt opsjon for drift, vedlikehald og vidareutvikling. I 2007 vart det sett i drift nye tekniske løysingar for å skanne, kvalitetssikre, fordele, gjere tilgjengeleg og lagre alle inngåande dokument i elektronisk form. Lånekassen arbeidde òg med å overføre oppgåver knytte til printing og konvoluttering av kundepost til Skattedirektoratet. Det vart vidare sett i gang arbeid for å utvikle ein nettsøknad for vidaregåande opplæring. Nettsøknadsløysinga er teken i bruk frå undervisningsåret 2008–09.
Lånekassen held fram med arbeidet med å konsentrere verksemda om kjerneoppgåvene for å sørgje for meir effektiv drift, sørgje for mindre ressursbruk, og tilby kundane effektive og tilgjengelege tenester.
Mål for 2009
Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitetsmessig god måte. Samtidig skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal gjennomføre moderniseringsarbeidet innanfor dei mål-, tids- og kostnadsrammene som er fastsette i grunnlagsdokumenta for programmet.
Budsjettforslag for 2009
Departementet foreslår at løyvinga på kap. 2410 post 01 blir auka med 4,75 mill. kroner i samband med administrering av regelendringar og auka pensjonsutgifter, og at løyvinga på kap. 2410 post 45 blir auka med om lag 43,9 mill. kroner til moderniseringsarbeidet i Lånekassen. Dette er 18,2 mill. kroner meir enn tidlegare forutsatt grunna fase forskyving av utgifter. For 2009 foreslår Regjeringa å løyve 115,9 mill. kroner til moderniseringsprosjektet over kap. 2410 post 45. Eigenfinansieringa til Lånekassen utgjer 64,2 mill. kroner i 2009. Samla finansiering utgjer med dette 180,1 mill. kroner i 2009
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Heile basisstøtta til elevar og studentar blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Ordninga gjeld ikkje for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Løyvinga på post 50 skal dekkje avsetning til framtidige utgifter ved å konvertere lån til stipend ved gjennomført utdanning.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje utdanningsstipend i støtteordninga for unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, samt forsørgjarstipend, fødselsstipend, sjukestipend og flyktningstipend.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte og tilleggsstipend), førebuande språkkurs i utlandet og skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale skolar.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer kostnaden av at studielåna er rentefrie i studietida, og av at regelverket gir høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Rentestønaden er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med.
Det blir foreslått å vidareføre rentemarginen på eitt prosentpoeng.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91. Til dømes kan ein få avskrive delar av utdanningslånet etter den såkalla Finnmarksordninga.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrive rekneskapsmessig som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral.
Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet
Departementet foreslår at løyvinga blir flytta til kap. 270 post 71, og kap. 271 post 50, jf. omtale under budsjettforslag samt omtale under dei aktuelle kapitla.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer det totale behovet som Lånekassen har for innlån frå staten til alle låneordningar. Det blir foreslått at ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir ført vidare i 2009, jf. forslag til vedtak III nr. 4.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
03 | Diverse inntekter | 676 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 26 000 | 18 000 | 24 000 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 698 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 203 | ||
29 | Termingebyr | 28 900 | ||
72 | Gebyr | 129 551 | 123 000 | |
89 | Purregebyr | 96 200 | ||
90 | Avdrag og renter | 8 695 080 | 10 549 700 | 10 955 500 |
91 | Tap og avskrivingar | 504 115 | 504 600 | 447 100 |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 3 945 340 | 4 253 900 | 4 158 700 |
Sum kap. 5310 | 13 306 663 | 15 449 200 | 15 710 400 |
Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.
Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 29 gjeld gebyr som pålauper i forbindelse med utsending av varsling ved terminforfall. Post 89 gjeld gebyr som pålauper i forbindelse med utsending av andregongsvarsel og ved varsel om oppseiing. Ein foreslår at alle gebyra blir førte vidare med dei same satsane som i 2007. Kundar som vel e-faktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Dei som vel papirfaktura, blir belasta med eit førstegongsvarsel på kr 35. Gebyr ved andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490 vil vere dei same for kundar som bruker e-faktura, som for kundar som vel papirfaktura.
Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og renter frå kundane til Lånekassen.
Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen, jf. kap. 2410 post 73 og 74.
Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (Konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
80 | Renter | 4 434 759 | 6 113 000 | 6 763 305 |
Sum kap. 5617 | 4 434 759 | 6 113 000 | 6 763 305 |
Løyvinga på posten gjeld renter frå Lånekassen til staten. Det blir betalt renter på lån som er rentefrie under utdanninga, og renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasa.