St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

3 Kvalitet i grunnopplæringa

Dette vedlegget gir oversikt over dei indikatorane Kunnskapsdepartementet vil leggje til grunn for å vurdere utviklinga av kvaliteten i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle indikatorar i Elevundersøkinga for å måle meistring.

Mål: Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og arbeidsliv

Tabell 3.1 Indikatorsett 1

Område

Indikator

Status (i pst.)

Lesing

PIRLS: delen elevar på lågaste nivå

25

PISA: delen elevar på kompetansenivå 1 eller lågare

22

Nasjonale prøver 5. trinn: delen elevar på meistringsnivå 1

26,5

Nasjonale prøver 8. trinn: delen elevar på meistringsnivå 1 og 2

25

Matematikk

PISA: delen elevar på kompetansenivå 1 eller lågare

22,2

Nasjonale prøver 5. trinn: delen elevar på meistringsnivå 1

26,6

Nasjonale prøver 8. trinn: delen elevar på meistringsnivå 1 og 2

25,6

Mål: Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetansebevis som blir verdsett for vidare studium eller i arbeidslivet

Tabell 3.2 Indikatorsett 2

Område

Indikator

Status (i pst.)

Fullført på normert tid

Delen fullført på studieførebuande utdanningsprogram

77

Delen fullført på yrkesførebuande utdanningsprogram

39

Fullført på meir enn normert tid

Delen fullført på studieførebuande utdanningsprogram

84

Delen fullført på yrkesførebuande utdanningsprogram

54

Kompetanse på lågare nivå

Delen fullført på lærekandidatordninga1

1 På dette området er det nødvendig å utvikle indikatorar

Mål: Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring

Tabell 3.3 Indikatorsett 3

Område

Indikator

Status (i pst.)

Trivsel

Delen elevar som seier at dei trivst godt på skolen

85

Mobbing

Delen elevar som seier at dei blir mobba ein eller fleire gonger i veka

5

Utfordringar

Delen som seier at dei får nok utfordringar i mange eller dei fleste faga

75

Tilpassing

Delen som seier at opplæringa er tilpassa deira nivå i mange fag eller dei fleste faga

58

Faglege tilbakemeldingar

Delen elevar som seier at dei får fagleg tilbakemelding i mange eller dei fleste faga

52