St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

I samsvar med punkt 7.2.3 i rundskriv R-4/2008 Hovedbudsjettrundskriv for 2009 frå Finansdepartementet presenterer Kunnskapsdepartementet ei oversikt over lønnskåra til leiarane i heileigde statlege verksemder under Kunnskapsdepartementet.

Arbeidsforskningsinstituttet AS

Dagleg leiar fekk i 2007 ei samla godtgjering på kr 724 876 samt del av pensjonspremie på kr 90 316. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse vidareførde. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje pliktane til selskapet.

Birkeland innovasjon AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 1 010 158 i lønn og kr 6 000 i andre godtgjeringar. Det er vedteke ei insentivordning for dei tilsette, der insentiv til dagleg leiar vil bli rekna ut ifrå oppnåing av mål. Selskapet har pensjonsordning med Statens pensjonskasse som dekkjer kravet til obligatorisk tenestepensjon.

NCE Subsea drift AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 718 918 i lønn og kr 29 223 i andre godtgjeringar. Selskapet har inngått avtale om obligatorisk pensjon for dei tilsette.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 735 185 i lønn og kr 57 120 i andre godtgjeringar. Pensjonskostnad er kr 73 093. Tilsette i selskapet har pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

NTNU samfunnsforskning AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 656 508 i lønn. Selskapet har kollektiv pensjonsordning for tilsette dekt gjennom forsikringsselskap. Pensjonsutgiftene for dagleg leiar var kr 66 498.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 1 049 688 i lønn og kr 112 673 i andre godtgjeringar. Selskapet har ei kollektiv pensjonsordning.

Sem gjestegård AS

Selskapet fekk ny dagleg leiar 16. april 2007. Til saman vart det utbetalt kr 593 095 i lønn og kr 29 722 i andre godtgjeringar til dagleg leiar i 2007.

UNINETT AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 913 261 i lønn og kr 6 474 i andre godtgjeringar. Til finansiering av førtidspensjon for dagleg leiar vart det oppretta ei livrente med innskott på 3 mill. kroner i 2003.

Unirand AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 202 756 i lønn og kr420 i andre godtgjeringar. Selskapet har ei pensjonsavtale basert på yting med Statens pensjonskasse.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 791 920 i lønn. Delen til selskapet til pensjon for dagleg leiar er ført som utgift med kr 73 649.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk i 2007 kr 148 586 i lønn og kr 4 000 i andre godtgjeringar. Selskapet har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning.

Følgjande heileigde selskap har ingen tilsette:

HiST kompetanse AS, Rya gods og skoger AS og Universitetet i Bergen eiendom AS.