St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Strategiar og oversikter

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Innleiing

I St.meld nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning vart det sett mål om at Noreg skal vere ein forskingsnasjon som ligg i teten internasjonalt når det gjeld ny teknologi, kompetanse og kunnskap. Arbeidet med meldinga gav ei grundig drøfting av kva for forskingsområde som bør prioriterast i framtida. Dei valde prioriteringane er utforma på eit overordna nivå. Konkretisering og spissing av dei ulike prioriteringane tvinger seg fram mellom anna som følgje av ny og oppdatert kunnskap.

Ei av dei største utfordringane vi no står overfor, er å kombinere eit aukande behov for energi med målet om å redusere utslepp av klimagassar. Vi må kartleggje klimaendringane, finne gode løysingar for CO2-handtering og utvikle teknologiar og system for fornybar og klimavennleg energi. Noreg har føresetnader for å medverke vesentleg til å løyse desse kunnskapsutfordringane, men det er naudsynt med ein langsiktig og kraftig forskingsinnsats.

Det å utvikle og ta i bruk ny kunnskap er avgjerande for vår omstillingsevne og for å auke verdiskapinga i norsk økonomi i framtida. Regjeringa har som mål at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiar i verda innanfor dei områda der vi har føremon. For å utvikle eit næringsliv meir basert på kunnskap er det heilt naudsynt å styrkje den offentleg finansierte næringsretta forskinga slik at innovasjonsaktiviteten i næringslivet kan auke utover nivået i dag.

Regjeringa ønskjer å styrkje det offentlege si rolle innanfor sentrale velferdsoppgåver som helse, omsorg og utdanning. Den demografiske utviklinga gjer at vi står føre ei rekkje utfordringar innanfor velferdssektoren. Auka utdanningskapasitet for yrkesgruppene i velferdssektoren og styrking av profesjonsutdanningane er viktig for å møte desse utfordringane. Auka forskingsinnsats er avgjerande for å oppretthalde og utvikle eit godt velferdstilbod, og bidra til innovasjon i både offentleg og privat sektor.

For at norsk forsking skal medverke til å løyse globale utfordringar og sikre verdiskaping og eit velferdssamfunn for framtidige generasjonar, er det naudsynt å styrkje forskingsevna vår. I dette ligg at forskinga gjennomgåande må ha høg kvalitet, og det må vere god balanse mellom grunnleggjande kunnskap, menneskelege ressursar og midlar til drift, utstyr og bygningar. Den kanskje viktigaste føresetnaden for å styrkje forskingsevna er at vi har nok forskarar. For å få fleire til å velje ein forskarkarriere må forskaryrket vere attraktivt, både i universitets- og høgskolesektoren, ved sjukehusa, i instituttsektoren og i næringslivet. Det er derfor naudsynt å leggje rammevilkåra betre til rette.

Regjeringa ønskjer i statsbudsjettet for 2009 å styrkje forskingsevna vår, og styrkje forsking for globale utfordringar, forsking for auka verdiskaping og forsking for auka velferd. Eit overslag viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i forslaget til statsbudsjett for 2009 er om lag 19,7 mrd. kroner, jf. tabell 5.3. Det er ein nominell auke på litt under 1,6 mrd. kroner frå 2008, tilsvarande ein reell auke på om lag 4,4 pst.

Utvikling i offentleg og privat forskingsinnsats

St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning sette som mål at den samla forskingsinnsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2010 der 1 pst. av BNP skal vere frå offentlege kjelder og 2 pst. frå næringslivet og andre kjelder. I handsaminga av forskingsmeldinga slutta Stortinget seg til dette målet. Soria Moria-erklæringa gjekk òg inn for å heve FoU-innsatsen til 3 pst. av BNP innan 2010.

Då St.meld. nr. 20 (2004–2005) vart handsama i juni 2005, fatta Stortinget eit oppmodingsvedtak om at «det må foretas evalueringer i de årlige budsjetter av den samlede forskningsinnsatsen og utviklingen av det offentlige og næringslivets andel», jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005).

Statistikk over norsk FoU-innsats blir utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU STEP). I Noreg vart det i 2005 samla brukt om lag 29,6 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid. Det er ein auke på 2,3 mrd. kroner frå 2003. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg utgjorde om lag 1,5 pst. av BNP i 2005. Noregs samla forskingsressursar må auke frå om lag 30 mrd. kroner i 2005 til om lag 78 mrd. kroner for å utgjere 3 pst. av BNP i 2010.

FoU-statistikken opererer med fire finansieringskjelder: næringslivet, det offentlege, utlandet og andre kjelder. «Offentlege kjelder» inneheld statlege løyvingar og FoU-midlar frå fylkeskommunar og kommunar. «Utlandet» inkluderer mellom anna midlar frå EUs rammeprogram. «Andre kjelder» inkluderer private fond og gåver, og skatteutgifter for staten gjennom Skattefunn-ordninga. I 2005 finansierte næringslivet forsking for 13,2 mrd. kroner. Forskingsinnsatsen i næringslivet utgjorde om lag 0,7 pst. av BNP i 2005. I 2005 finansierte offentlege kjelder forsking for 12,9 mrd. kroner. Dette utgjorde om lag 0,7 pst. av BNP.

Det er ikkje utarbeidd statistikk over finansieringskjelder etter 2005.

NIFU STEP utarbeider kvart år ein analyse av statsbudsjettet. NIFU STEPs statsbudsjettanalyse gir ein indikasjon på utviklinga i den offentlege FoU-innsatsen etter 2005. Dei offentlege løyvingane til FoU over statsbudsjettet ligg om lag 10 pst. høgre enn offentlege kjelder i FoU-statistikken. Hovudårsaka til forskjellen er at statsbudsjettanalysen inneheld midlar som blir kanaliserte til utlandet. I 2007 vart det løyvd om lag 17,0 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Det utgjer om lag 0,75 pst. av BNP i 2007. I 2008 vart det løyvd 18,2 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Basert på førebelse tal for BNP i 2008 utgjer det om lag 0,7 pst. av BNP.

I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter gjennom Skattefunn-ordninga. Finansdepartementet reknar skatteutgifta (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførte i 2007, til om lag 975 mill. kroner. Dersom ein legg dei tapte skatteinntektene saman med den offentlege finansieringa over statsbudsjettet, gir dette ei samla offentleg støtte til FoU på om lag 18 mrd. kroner i 2007. Det utgjer 0,79 pst. av BNP. Eit overslag frå Finansdepartementet viser at skatteutgifta for prosjekt som blir gjennomførte i 2008, blir på om lag 950 mill. kroner. Skattefunn er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2008–2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kapittel 2 og i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Nærings- og handelsdepartementet.

Forskingsinnsatsen i Noreg

Når ein måler FoU-innsatsen som del av BNP, blir det teikna eit lite nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg. St.meld. nr. 20 (2004–2005) inneheld fleire delmål som konkretiserer korleis Noreg skal vere blant dei leiande forskingsnasjonane. Dette gjeld både målbare resultat av forsking (som publiseringar, siteringar) og innsatsmål som ikkje er knytte til svingingar i oljeprisen (forskarar per 1 000 sysselsette, osv.). Slike delmål kan teikne eit meir nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg. Tabell 5.1 viser skår på sentrale indikatorar for FoU i dei nordiske landa og OECD-området. Dersom ein ser på offentleg finansiert forsking per innbyggjar, ligg Noreg høgst i Norden, og på ein fjerdeplass i OECD-området. Tal på forskarårsverk per 1 000 sysselsette syner at Noreg ligg sist i Norden. Publikasjonsstatistikk kan nyttast til å vurdere forskingskvalitet på eit overordna nivå. Tal frå forskingsinstituttet NIFU STEP og Thomson Scientific syner at norske forskarar stadig publiserer meir i ISI-registrerte tidsskrift. Frå 2002 til 2006 auka talet på artiklar med om lag 8 pst. per år i snitt. Det er den sterkaste årlege veksten blant dei nordiske landa, sjølv om dei andre nordiske landa framleis publiserer noko meir, jf. tabell 5.1. Sidan 2000 har landa utanfor OECD, EU og Norden auka sin del av ISI-registrerte tidsskrift i verda. Mellom anna har Kina dobla sin del. Noreg skil seg frå dei nordiske landa og dei fleste andre vestlege landa, ved at den norske delen av ISI-registrerte tidsskrift i verda aukar, særleg etter 2004. Vitskaplege siteringar seier noko om kvaliteten på og gjennomslagskrafta til forskinga. Når det gjeld vitskaplege siteringar, ligg Noreg godt over gjennomsnittet i OECD-området, men bak land som Sverige og Danmark, jf. tabell 5.1.

Tabell 5.1 FoU-indikatorar i Norden og OECD

Land

Samla FoU i pst. av BNP

Offentleg FoU i pst. av BNP

Offentleg FoU per innbyggjar1

FoU-årsverk per 1 000 av total arbeidskraft

Vitskaplege artiklar per 1 000 innbyggjar

Relativ siteringsindeks 2003-2007 (Verdsgjennomsnittet = 100)

Sverige

3,73 (1)

0,89 i 2005 (3)

2584 i 2005 (5)

16,9 (3)

1,88 (2)

125

Finland

3,45 (2)

0,87 i 2006 (4)

2519 i 2006 (6)

21,8 (1)

1,60 (4)

119

Danmark

2,43 (7)

0,68 i 2005 (10)

2005 i 2005 (11)

15,6 (4)

1,70 (3)

139

Norge

1,52 (18)

0,67 i 2005 (11)

2820 i 2005 (4)

13,0 (7)

1,53 (6)

120

OECDgjennomsnitt

2,26

0,66 i 2005

109

1 NOK i løpande priser per innbyggjar.

Kjelde: OECD Main Science and Technology Indicators 2008-1 og National Science Indicators/Thomson Scientific/NIFU STEP. Tala er frå 2006 eller siste statistikkår. Rangering bland medlemslanda i OECD står i parentes.

I 2007 vart det avlagd 1 030 doktorgradar ved norske universitet og høgskolar. Det er 125 fleire enn i 2006. Både fullføringsgrad og -tid i doktorgradsutdanninga har vorte betre dei siste åra. På alle dei nemnte indikatorane er det stadig rom for betring, og Regjeringa ønskjer at Noreg skal gjere det betre på slike kvalitetsmålingar.

Målestokk for framtidas kunnskapssamfunn

Sidan 2005 har Noreg hatt ei positiv utvikling i både offentleg og privat FoU-innsats. I same periode har BNP-auken vore så høg at Noreg har stagnert når det gjeld FoU-innsats som del av BNP. Å nå 3-prosentmålet innan 2010 krev om lag ei dobling av FoU-innsatsen på to år. 3-prosentmålet må sjåast i samanheng med at EU sette dette målet i 2002, som eit sentralt verkemiddel for å realisere Lisboa-strategien. Nye tal syner at EU-landa heller ikkje har lykkast i å komme nærmare 3-prosentmålet. EU-kommisjonen seier no offisielt at 3-prosentmålet ikkje kan nåast innan 2010. Kommisjonen ønskjer å behalde målet som ein målestokk for Europas utvikling mot ein meir kunnskapsbasert økonomi.

Regjeringa tek sikte på å fremje ei heilskapleg melding for Stortinget i 2009 om kvalitet og vilkår i forskinga. I meldinga vil regjeringa presentere status for norsk forsking, og drøfte mål for den samla forskingspolitikken, som mellom anna kan medverke til auka fokus på forskingskvalitet og betre ressursutnytting av den offentlege forskingsinnsatsen.

Forsking i statsbudsjettet for 2009

Kunnskapsdepartementet sitt overslag viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i forslaget til statsbudsjett for 2009 er om lag 19,7 mrd. kroner, jf. tabell 5.3. Det er ein nominell auke på litt under 1,6 mrd. kroner i forhold til 2008. FoU-løyvingane over statsbudsjettet utgjer omlag 0,75 pst. av BNP, basert på førebelse tal for BNP i 2009. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner til 72 mrd. kroner i 2008, jf. figur 5.1. Dette er forventa å gi ei auka avkastning på om lag 285 mill. kroner i 2010. Regjeringa foreslår vidare å opprette regionale forskingsfond med ein kapital på 6 mrd. kroner frå 1. januar 2009. Dette er forventa å gi ei auka avkastning på om lag 285 mill. kroner i 2010. Under denne Regjeringa har fondskapital i dei to fonda auka med totalt 42 mrd. kroner.

Figur 5.1 Kapital i Fondet for forsking og nyskaping

Figur 5.1 Kapital i Fondet for forsking og nyskaping

Hovudprioriteringar i statsbudsjettet for 2009

Regjeringa ønskjer i statsbudsjettet for 2009 å styrkje forskingsevna vår, og styrkje forsking for globale utfordringar, forsking for auka verdiskaping og forsking for auka velferd.

Styrkje forskingsevna

Regjeringa foreslår å styrkje forskingsevna gjennom ei satsing på rekruttering, vitskapleg utstyr, regionale forskingsfond, styrking av instituttsektoren og auka internasjonalisering av norsk forsking.

Rekruttering

Ei styrking av forskarutdanninga er ein føresetnad for å vidareutvikle Noreg som kunnskapssamfunn. Det blir stilt stadig høgre krav til formell kompetanse både i forskarstillingar og andre yrke. Ikkje minst gjeld dette universitets- og høgskolesektoren, mellom anna som ei følgje av NOKUTs krav til kompetanse hos det faglege personalet. Forskingsinstitutta og helseføretaka etterspør kandidatar med doktorgrad oftare enn før. Fleire personar med doktorgrad er viktig for å auke forskingsinnsatsen i næringslivet, og utvikle meir kunnskapsintensive næringar. Vi treng forskarar til spissmiljø som kan vere i front internasjonalt, og vi treng personale med høg kompetanse som kan ta i bruk forskingsbasert kunnskap og forskingsresultat på sine arbeidsområde.

Auka grunnsats for nye stipendiatstillingar

Satsen ved tildeling av stipendiatstillingar er ikkje tilstrekkeleg til å dekkje omkostningane knytte til forskingsverksemda til stipendiatane. Regjeringa vil derfor auke ressursane som følgjer stipendiatstillingane, gjennom å heve satsen for nye stillingar. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2009 å auke satsen på rekrutteringsstillingar til kr 800 000 per stilling per år. Det inneber ein auke på om lag 25 pst. Auken skal sjåast på som støtte til miljøa for å betre rammevilkåra for forsking, og for å gi auka rom for faglege prioriteringar. Han er ikkje ei støtte til den einskilde stipendiaten. Det er ein føresetnad at institusjonane ved fordeling av desse ressursane prioriterer dei utstyrskrevjande miljøa.

Volum i forskarutdanninga

Å auke talet på dei som tek doktorgrad, er ein viktig føresetnad for å auke forskingsevna vår. Det er i dag god rekruttering til stipendiatstillingar innanfor dei fleste fagområde, samstundes som kandidatane er attraktive på arbeidsmarknaden etter sluttførd utdanning. Universitet og høgskolar ønskjer òg å ta opp fleire kandidatar. Samla sett ligg det derfor godt til rette for å auke volumet i doktorgradsutdanninga. Behovet for nye rekrutteringsstillingar er mellom anna avhengig av kor mange forskarar som må erstattast som følgje av utgåande mobilitet og avgang grunna alder. Vidare vil omfanget av nye forskingssatsingar verke inn på behovet. Ein har òg i dei seinare åra sett auka tettleik av forskarpersonale med doktorgrad i instituttsektoren og i helseføretaka. Det er all grunn til å tru at den auka etterspurnaden etter doktorgradskompetanse utanfor akademia vil halde fram. I eit stadig meir komplekst samfunn blir krava til formell kompetanse stadig høgre.

NIFU STEP framskreiv i 2007 behovet for nye rekrutteringsstillingar til å liggje mellom 290 og 520, avhengig av om ein legg til grunn at offentleg FoU skal vekse i takt med BNP, eller auke til 1 pst. av BNP. Departementet vurderer det slik at NIFU STEP byggjer sine framskrivingar på usikre føresetnader:

  • Departementet legg til grunn at gjennomføringa blir betre enn NIFU STEP.

  • Departementet legg til grunn ein lågare vekst i BNP enn NIFU STEP.

  • Departementet føreset høgre lønnsvekst blant forskarar enn NIFU STEP, mellom anna som følgje av den stadig aukande konkurransen om dei beste forskarane internasjonalt.

  • Departementet føreset at ein større del av stipendiatane held fram med forsking.

  • Departementet ønskjer å auke løyvingane monaleg per nye stilling for å styrkje vilkåra for forsking.

  • Departementet føreset at næringslivet sjølv medverkar til å finansiere stipendiatar gjennom ordninga med nærings-ph.d.

Samla sett inneber desse faktorane ei vesentleg nedjustering av framskrivingane frå NIFU STEP. Kor mange nye stillingar ein treng, må sjåast i samanheng med den totale satsinga på forsking, som mellom anna inkluderer behovet for auke i forskarårsverk, utstyr, midlar til drift og lokale. Det konkrete talet på nye stillingar må vurderast i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Regjeringa foreslår drygt 200 nye rekrutteringsstillingar i 2009 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette gjeld 151 nye stipendiatstillingar og 35 postdoktorstillingar gjennom dei direkte løyvingane til universitet og høgskolar, og ti nærings-ph.d-stillingar og fem rekrutteringsstillingar knytt til nordområdesatsinga gjennom løyvinga til Noregs forskingsråd. Regjeringa legg til grunn at tilsetting vil skje frå hausten, og midlar til stillingane er derfor lagde inn med 1/3 effekt i 2009. I tillegg kjem 10 mill. kroner i auka løyving til nærings-ph.d.-ordninga over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet, jf. omtale av næringsretta forsking under.

Styrkt rekruttering til MNT-faga

Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag er satsingsområde i norsk forsking, og det er dermed behov for auke i talet på forskarutdanna personar på desse områda. Regjeringa føreset at institusjonane engasjerer seg særskilt i rekruttering til desse fagområda. Arbeidsvilkår, ikkje minst i form av vitskapleg utstyr, er ein viktig faktor for rekruttering. Regjeringa vil prioritere MNT-faga og medisin når nye rekrutteringsstillingar skal tildelast i framtida. Resten av dei nye stillingane går til dei andre fagområda, med særleg vekt på å styrkje profesjonsutdanningane og kompetanse for regional utvikling.

Studentar må involverast i forsking

Lærestadene må leggje til rette slik at interesserte og talentfulle studentar allereie på bachelornivå kan få større innsyn i forsking innanfor det faget dei studerer. Masteroppgåva skal vere ei praktisk innføring i kva eit forskingsarbeid er.

Stipendiatstilling i Noreg er konkurransedyktig internasjonalt

I eit internasjonalt perspektiv har Noreg gunstige lønns- og arbeidsvilkår for stipendiatar. Framfor å fokusere på betre lønnsvilkår for stipendiatane ønskjer departementet at institusjonane primært legg vekt på vidare utvikling av kvalitet i utdanninga og gode arbeidsvilkår. Institusjonane må likevel vurdere kva fagområde som har størst problem med å finne gode kandidatar. Dei må nytte lønna fleksibelt for å rekruttere stipendiatar med arbeidsrøynsle frå konkurranseutsette område som teknologi, medisin og jus.

Gjennomføringa i doktorgradsutdanninga må bli betre

Gjennomføringa i doktorgradsutdanninga er per i dag ikkje tilfredsstillande. Departementet vil oppmode institusjonane til å følgje opp stipendiatane tettare. Institusjonane bør avslutte avtalar der dei ser at stipendiaten ikkje har føresetnader for å fullføre graden. Departementet forventar at fullføringsgraden framleis aukar monaleg. Denne forventinga blir lagd til grunn for å vurdere behovet for nye stipendiatstillingar i framtida. Der det er ønskjeleg å styrkje rekrutteringa av stipendiatar rett frå mastergrad, oppmodar departementet fagmiljøa til å nytte ei ordning der studentar blir tekne opp til forskarlinje på mastergrad, for så å kunne konkurrere om direkte overgang til stipendiatstilling. Forskingsmiljø som har høg gjennomsnittleg alder på doktorgradskandidatane og stort fråfall, til dømes humaniora og samfunnsvitskap, må leggje betre til rette for overgang direkte frå mastergrad til stipendiatstilling.

Krav til rettleiing og fagmiljø

Rettleiing og fagmiljø er særskilt viktig for at stipendiatane skal lykkast. Alle institusjonar må arbeide for å styrkje rettleiinga for doktorgradskandidatane sine. Ein viktig faktor som bør vurderast, er å nytte meir enn ein rettleiar. Den samla forskingssektoren er ein viktig ressurs når det gjeld rettleiing. Regjeringa går ut frå at dei ulike aktørane i forskarutdanninga, med gradstildelande institusjon som hovudansvarleg, legg til rette slik at stipendiatane får tilgang til optimal rettleiing. Dette uavhengig av om rettleiinga er i universitets- og høgskolesektoren, i helseføretaka, i instituttsektoren eller i næringslivet. Å ta imot ein stipendiat er ikkje berre ein ressurs, men òg ei forplikting for institusjonane. Forskingsmiljøet bør halde eit solid fagleg nivå. I miljø som er så små at slike vilkår ikkje kan oppfyllast, må ansvarleg institusjon sørgje for at tilhøva blir lagde best mogleg til rette for stipendiaten. Ei moglegheit er at stipendiaten oppheld seg delar av studiet i eit miljø som oppfyller dei faglege krava. Institusjonane må følgje opp dei rettleiande krava til fagmiljø for stipendiatar i retningslinjene frå Universitets- og høgskolerådet (UHR). Regjeringa vil klargjere kriteria for å få akkreditert ein doktorgrad gjennom å innføre ei klar tolking av kravet om stabil forskarutdanning.

Forskarutdanning må kvalifisere for heile forskingssektoren

Doktorgradskandidatane går inn i eit breitt spekter av yrke etter sluttførd utdanning. Universitet og høgskolar må ta omsyn til dette når dei planlegg dimensjonering av dei ulike fagområda, og når dei planlegg innhaldet i kurs og andre aktivitetar i forskarutdanninga.

Dei tre vegane til doktorgrad

Det er tre hovudvegar til doktorgrad. For det første kan ein gå direkte over frå mastergrad til doktorgradsutdanning. For det andre kan personar med røynsle frå yrkeslivet gå inn i doktorgradsutdanning. Dei må kunne byggje vidare på den kompetansen dei har med seg frå yrkeslivet. For det tredje kan fagpersonar tilsett ved høgskolar, i forskingsinstitutt og i helseføretak ta doktorgrad medan dei er i ordinær stilling. Det er viktig at institusjonane legg godt til rette ikkje berre for dei som kjem rett frå mastergrad, men òg dei som kjem til doktorgradsutdanninga frå dei andre gruppene. Desse tre gruppene vil ha ulike behov. Dei som kjem frå yrkeslivet vil til dømes trenge høgre løn enn dei som kjem rett frå mastergrad. I samarbeid med ansvarleg institusjon må arbeidsgivar leggje til rette for at dei som tek doktorgraden i ordinær stilling får tilstrekkeleg forskingstid.

Forskarskolar

Stipendiatane bør gå inn i strukturerte løp i forskarutdanninga, i faglege fellesskap med andre stipendiatar og seniorforskarar. Forskarskolar er eit tiltak som kan styrkje dette fellesskapet. Arbeidsfellesskapet er studentane sitt primære miljø. Mange stipendiatar høyrer heime i solide fagmiljø, som utgjer faglege arbeidsfellesskap. Forskarskolar, lausrive frå arbeidsmiljøet til stipendiatane, kan ikkje erstatte dette. Regjeringa ser nasjonale forskarskolar som eit viktig verkemiddel for å hjelpe små og veike fagmiljø, sjølv om dei ikkje kan utgjere ei generell løysing på utfordringane desse miljøa har.

Nærings-ph.d.

Nærings-ph.d. er ei ordning der verksemder er arbeidsgjevar for stipendiatar medan dei tek doktorgraden. Halvparten av utgiftane til ein stipendiat blir finansiert av verksemdene sjølve. Verksemdene søkjer Forskingsrådet om nærings-ph.d. Regjeringa ser ordninga med nærings-ph.d. som eit viktig verkemiddel for å auke innovasjonsaktiviteten, og ikkje minst for å auke forskinga i næringslivet. Ordninga vil vere ein viktig faktor for å utveksle kunnskap og kompetanse mellom universitet og næringsliv. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve midlar til 10 nye nærings-ph.d. i statsbudsjettet for 2009 og Nærings- og handelsdepartementet foreslår å styrkje løyvinga si til nærings-ph.d. med 10 mill. kroner.

Samarbeid om doktorgradsutdanning

Samarbeid om doktorgradsutdanning er òg ei plattform for eit vidare fagleg samarbeid. Aktørar frå institutt, helseføretak og næringsliv medverkar til å gjere kompetansen doktorgradskandidatene har relevant for seinare forsking i desse sektorane. Det er derfor viktig at universiteta kan knytte til seg personale i II-arstillingar frå institutt, helseføretak eller verksemder i rettleiinga av stipendiatar.

Karriereløpet

Balansert auke innretta mot behova i samfunnet

Det er viktig med ein balansert auke mellom forskingssatsingar som utløyser behov for fleire forskarar, og satsing på auka forskarutdanning. Satsar ein for mykje på eitt av områda og for lite på det andre, vil ein kunne auke rekrutteringsutfordringane, anten fordi ein ikkje utdannar nok forskarar, eller fordi ein utdannar for mange i høve til behova.

Postdoktorstillinga

Departementet vurderer postdoktorstillinga som ei viktig stilling. Ho gir unge talent som har gjennomført ei forskarutdanning, høve til å forske på heiltid i ein periode av livet med stor arbeidskapasitet og kreativitet. Det er viktig for forskinga at slike moglegheiter er på plass når motivasjon og kreativitet er på topp. Samstundes er det god rekruttering til stillinga frå personar som har avlagt doktorgraden utanlands, og stillingstypen er derfor viktig både for rekrutteringa til og internasjonaliseringa av norsk forsking. Departementet går derfor inn for at kvar femte nye rekrutteringsstilling skal vere ei postdoktorstilling. Forskingsrådet vil kunne knytte stillingane opp mot nasjonale forskingsprioriteringar. Universitet og høgskolar kan i tillegg ta omsyn til meir lokale utfordringar og utvikle sin eigen forskingsprofil. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2009 å løyve midlar til 35 postdoktorstillingar.

God leiing

Behovet for å heve kompetansen til forskingsleiarar er i dag stort. Departementet vil derfor ta initiativ for å styrkje leiarutviklinga i den offentlege delen av forskingssektoren, og i samarbeid med UHR etablere ei arbeidsgruppe med oppdrag å vurdere behov for leiarutvikling i sektoren. Kunnskapsdepartementet føreset at institusjonane i sektoren utarbeider krav til opplæring av leiarar og tilbod om opplæring, basert på program som andre tilbyr.

Tid til forsking

Auka sats for stipendiatstillingar skal gi forskingsmiljøa betre rom for handling. Hovudmodellen for forskarutdanninga er at stipendiatane ved universitet og høgskolar blir tilsette for fire år. Det er ein føresetnad at 75 pst. av tida blir nytta til forskarutdanninga, og 25 pst. til anna arbeid. Auke i talet rekrutteringsstillingar vil derfor gi institusjonane ekstra undervisningskapasitet, som mellom anna kan nyttast til å frigjere tid til forsking for det ordinære personalet.

Mobilitet

Mobiliteten i det norske forskingssystemet er låg. Det er ønskjeleg med større mobilitet for å sikre spreiing av kompetanse mellom institusjonar i UH-sektoren, og mellom UH-institusjonar, instituttsektor, helseføretak og næringsliv. Departementet oppmodar institusjonane til å auke bruken av II-arstillingar for å styrkje mobilitet og deling av kunnskap på tvers av institusjonar og sektorar. Det er viktig å stimulere til opphald i utlandet, særleg ved dei beste forskingsmiljøa. Forskingsrådet og institusjonane må derfor leggje til rette for denne typen opphald i utlandet.

Likestilling

Det blir gjort mykje godt arbeid for å oppnå større likestilling i forsking. Departementet meiner likevel at arbeidet må intensiverast, grunna den lange tida det tek å oppnå forbetringar. Departementet forventar at forskingsinstitusjonane vidarefører og styrkjer arbeidet sitt med likestilling for å oppnå konkrete resultat. Forskingsmiljøa må analysere situasjonen, og setje i verk konkrete tiltak for å auke delen kvinner der dei er underrepresenterte. Å skolere leiarar for at desse skal bli medvetne om kva faktorar som fremmer og hemmar karrieren til kvinner, vil vere eit viktig verkemiddel.

Likestilling på universitet og høgskolar

Departementet vil streke under det ansvaret institusjonane i universitets- og høgskolesektoren har for å utvikle ein kultur som gir begge kjønn like moglegheiter til å avansere i stillingssystemet. Departementet meiner at tiltak som mentorordningar, startpakker, kvalifiseringsstipend og liknande er viktige, og må nyttast aktivt for å fremme moglegheitene kvinner har for å gå vidare i ein forskarkarriere. Det er òg viktig at institusjonane nyttar høvet til å betre balansen mellom kjønna i samband med avgang grunna alder. Det er behov for meir forsking om likestilling i akademia, og departementet vil arbeide for at kunnskapsgrunnlaget på dette feltet blir styrkt. Rekruttering av fleire kvinner til realfag og teknologi er ei særskild utfordring. Departementet ber institusjonane merkje seg tiltak som gjeld likestilling i strategien for styrking av realfaga, og vie særleg merksemd til rettleiing av kvinnelege doktorgradsstipendiatar på desse fagområda.

Øyremerking av stillingar

Departementet ønskjer å setje i verk ei ordning med øyremerking av stillingar til kvinner på stipendiat- og postdoktornivå i fag der dei er særleg underrepresenterte. Departementet vil fremme ei lovendring slik at ordninga kan nyttast frå hausten 2009. 15 pst. av dei nye rekrutteringsstillingane ved universiteta skal øyremerkast kvinner. Departementet forventar også at institusjonane sjølve nytter øyremerking av stillingar dei disponerer innanfor den ramma som gjeld, så snart den naudsynte lovendringa er på plass. Departementet vil be institusjonane rapportere om bruken av ordninga.

Vitskapleg utstyr

Både norske forskingsmiljø og internasjonale evalueringskomitear peiker på at mangel på oppdatert vitskapleg utstyr og forskingsinfrastruktur hindrar optimal bruk av dei menneskelege ressursane i norsk forsking. Forskingsrådets nasjonale strategi for forskingsinfrastruktur Verktøy for forsking peiker på at behovet for oppdatert vitskapleg utstyr i Noreg er stort. Regjeringa vil derfor i 2009 styrkje forskingsevna gjennom ei solid og langsiktig satsing på forskingsinfrastruktur. Regjeringa foreslår å øyremerkje avkastninga av 4 mrd. kroner i auka kapital i Fondet for forsking og nyskaping til forskingsinfrastruktur. Dette vil gi ei stabil årleg løyving til forskingsinfrastruktur på om lag 190 mill. kroner frå 2010. Ein slik finansieringsmekanisme med langsiktige, kjente budsjettrammer er avgjerande for god planlegging av investeringane framover, både i forskingsinstitusjonane og i Noregs forskingsråd.

Kunnskapsdepartementet foreslår i tillegg ei eittårig løyving på 80 mill. kroner til forskingsinfrastruktur over budjettet til Forskingsrådet i 2009, slik at det blir ei gradvis opptrapping til 2010.

European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI) er eit viktig rådgivande organ for EU-kommisjonen. 35 prosjekt vart i 2006 valde ut til ESFRIs vegkart for paneuropeisk forskingsinfrastruktur. Noreg har interesser i 11 av desse. I tillegg held ESFRI på å oppdatere vegkartet med eit mindre utval nye prosjekt. Noreg har spelt inn tre prosjekt til det reviderte vegkartet. Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIAEOS) er eit forslag om å byggje opp eit arktisk observasjonssystem på Svalbard som inkluderer data frå dei fire «sfærene» jord, hav, is og luft (atmosfære). European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure (ECCSEL) er eit forslag om oppgradering og utvikling av unike laboratorium, samt målretta nettverksbygging for å betre den europeiske konkurranseevna innanfor fangst og lagring av karbondioksid. Advanced Sustainable Sea-based Aquaculture (ASSA) skal integrere kunnskap om akvakultur og akvakulturteknologi gjennom ein ny storskala forskingsinfrastruktur, AquaCulture Engineering facility (ACE). Innan utgangen av året vil det bli avgjort om dei norske prosjekta blir inkluderte på det nye vegkartet.

Løyvinga til vitskapleg utstyr i 2009 skal gå til å følgje opp nasjonale og internasjonale tiltak i utstyrsstrategien.

Styrkt finansiering av forskingsinstitutta

Instituttsektoren er ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Institutta har som hovudformål å tilby forsking av høg kvalitet og relevans til næringslivet, forvaltninga og samfunnet elles. Frå 2009 vil det bli innført eit nytt system for den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta. Formålet med basisfinansieringa er å auke kvaliteten ved institutta og gi dei rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Det nye finansieringssystemet vil fordele delar av grunnløyvingane etter kor gode resultat det enkelte institutt oppnår, på ein slik måte at institutta blir premierte for både kvalitet og relevans i forskinga. Regjeringa foreslår å styrkje basisfinansieringa til forskingsinstitutta med om lag 67 mill. kroner ved innføringa av det nye systemet i 2009. For ein nærmare omtale av det nye finansieringssystemet, sjå under.

Regionale forskingsfond

Ved behandlinga av St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa om å opprette fond for regional forsking. Forskingsrådet har lagd ei utgreiing om formålet med og innretninga av fond for regional forsking, jf. Innst. S. nr. 166 (2006–2007). Regjeringa meiner utgreiinga til Forskingsrådet er grundig, og at ho på ein god måte balanserer ulike omsyn. Frå 1. januar 2009 foreslår Regjeringa derfor å opprette fond for regional forsking og utvikling med ein kapital på 6 mrd. kroner. Dette er forventa å gi ei avkastning på om lag 285 mill. kroner i 2010. Avkastinga skal fordelast til regionale einingar.

Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkje forskingsevna gjennom regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø, og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Regjeringa legg opp til at om lag 80 pst. av samla avkastning blir fordelt etter faste kriterium (mellom anna folketal). Om lag 15 pst. av midlane blir fordelte til dei fonda som har best kvalitet på FoU-prosjekta, og til samarbeidsprosjekt mellom fleire fond. Nordområda er blant dei viktigaste satsingsområda for regjeringa. Som ein del av nordområdesatsinga skal om lag fem pst. av midlane setjast av til dei tre nordlegaste fylka. For meir omtale av regionale fond, sjå kap. 286 post 96.

Internasjonalisering

Som ein liten nasjon er Noreg særleg avhengig av nær kontakt med den internasjonale kunnskapsutviklinga. Noreg deltek mellom anna i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13). Regjeringa ønskjer å rette merksemda mot at det internasjonale forskingssamarbeidet skal gi eit godt fagleg og økonomisk utbytte.

Kunnskapsdepartementet ferdigstilte våren 2008 ein strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling. Strategien skal bidra til at Noreg får mest mogleg nytte av deltakinga i rammeprogrammet og det europeiske forskingsområdet. Strategien er utarbeidd i dialog med relevante departement, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre aktørar. Strategien peiker på tre område for ein forsterka innsats etter nærmare målsetjingar, og der det skal setjast inn tiltak. Dette er:

  • å forsterke norsk deltaking i og utbytte av det sjuande rammeprogrammet

  • å utvikle ein meir aktiv politikk for norsk deltaking i det europeiske forskingsområdet

  • å auke påverking og koordinering, og styrke kunnskapsbasen om EU-forskinga.

Kunnskapsdepartementet vil med strategien bidra til at norske forskingsmiljø og verksemder aukar innsatsen sin for deltaking i det sjuande rammeprogrammet. Strategien skal òg medverke til at Noreg har ei strategisk tilnærming til det europeiske forskingsområdet. Utviklinga av det europeiske forskingsområdet inneber auka koordinering i Europa av nasjonal politikk og nasjonale forskingsressursar innanfor område der deltakarland ønskjer dette. Dette kan styrkje både europeisk og norsk forsking, men stiller òg det nasjonale forskingssystemet overfor utfordringar og tilpassingsbehov.

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) som vart oppretta frå i haust, har som mål å styrkje samhandlinga i det såkalla kunnskapstriangelet – forsking, utdanning og innovasjon. Regjeringa meiner det er viktig at Noreg tek del i denne satsinga, og Noreg er derfor vorte fullverdig medlem av EIT.

Forsking retta mot globale utfordringar

Klima og miljø

Regjeringa følgjer opp klimaforliket med ei auka satsing på 300 mill. kroner til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring i budsjettet for 2009. Satsinga vil gå til etablering av forskingssenter for miljøvennleg energi innanfor prioriterte område og til ei breiddesatsing med styrking av relevante forskingsprogram. Målet er å møte forskingsutfordringar og utnytte potensialet for verdiskaping knytt til fornybar energi og karbonfangst og -lagring.

Første fase i sentersatsinga er initiert gjennom løyvinga på 50 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2008 over budsjettet til Olje- og energidepartementet. Regjeringa foreslår at satsinga blir styrkt til 110 mill. kroner i 2009, slik at ein kan finansiere fem–sju senter, kvar med eit støtteomfang på 7-20 mill. kroner. Innretninga av sentersatsinga vil byggje på erfaringane med ordningane med Senter for framifrå forsking og Senter for forskingsdriven innovasjon. Rekruttering og infrastruktur vil vere viktige element i sentersatsinga. Prioriteringane vil liggje nær dei tematiske prioriteringane i FoU-strategien for energisektoren, Energi 21, og kan omfatte mellom anna energieffektivisering, offshore vindkraft, solcelleteknologi, CO2-fangst og -lagring, bioenergi, transmisjonsnett, energimarknad, rammevilkår og avtalar og samfunnsmessige konsekvensar av verkemiddel for auka bruk av ny energi.

Breiddesatsinga omfattar ei styrking av fem program i Forskingsrådet på i alt 166 mill. kroner over budsjetta til fleire departement og ei generell styrking av grunnforsking, rekruttering og infrastruktur knytt til fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring på 24 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Detaljene er viste i tabell 5.2.

Tabell 5.2 Klimaforliket – løyvingar til forsking på fornybar energi og karbonfangst og -lagring i 2009

Verkemiddel

Departement

mill. kroner

Sentersatsing

Olje- og energidepartementet

110

Program for miljøvennleg gasskraftteknologi (CLIMIT)

Olje- og energidepartementet

20

Grunnforsking, rekruttering og infrastruktur

Kunnskapsdepartementet

24

Nanoteknologi og nye materialar (NANOMAT)

Nærings- og handelsdepartementet

18

Framtidas reine energisystem (RENERGI)

Olje- og energidepartementet

55

Miljøverndepartementet

13

Landbruks- og matdepartementet

10

Samferdsledepartementet

15

Nærings- og handelsdepartementet

5

Brukarstyrt innovasjonsarena

Nærings- og handelsdepartementet

10

Natur og næring

Landbruks- og matdepartementet

20

Sum

300

Arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå avskoging er i støypeskeia. Utfordringane på feltet er mange, og det er viktig med auka kunnskap. Regjeringa ønskjer derfor å styrkje forskingsinnsatsen på området med om lag 35 mill. kroner over budsjettet til Utanriksdepartementet.

I samsvar med klimaforliket foreslår regjeringa å løyve 50 mill. kroner til Transnova-prosjektet. Dei overordna måla for prosjektet skal vere å utløyse kostnadseffektive tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. For å nå hovudmålet skal verkemidla i Transnova-prosjektet innrettast mot tre delmål:

  • å framskunde nye og meir miljøvennlege transportløysingar

  • å effektivisere transportløysingar

  • å redusere trafikkvolumet

Noregs forskingsråd skal framleis ha ansvaret for langsiktige FoU-oppgaver, mens Transnova-prosjektet skal ha fokus på løysingar som gir utsleppsreduksjonar på kort og mellomlang sikt. Samferdsledepartementet føreset eit nært samarbeid mellom Transnova-prosjektet og Noregs forskingsråd. Transnova-prosjektet skal vere etablert tidleg i 2009. Prosjektet skal administrerast av Vegdirektoratet etter oppdrag frå Samferdsledepartementet.

Noreg har gode miljø med klima- og isbrefagleg kompetanse, og moderne infrastruktur for forsking og miljøovervaking både i Arktis og Antarktis. Regjeringa ønskjer å styrkje denne fagkompetansen gjennom eit nasjonalt Kompetansesenter for is og klima. I 2009 vil oppbygginga av kompetansesenteret starte med kjerne i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg (m.a. UNIS, Bjerknessenteret, Cicero og Universitetet i Tromsø). Målet er at Noreg i løpet av fem år skal byggje opp og drifte eit sterkt fagmiljø som har potensial til å bli verdsleiande på kunnskap om is og klima. Regjeringa foreslår å løyve 22 mill. kroner til kompetansesenteret i 2009.

Hausten 2008 etablerer regjeringa eit samarbeidsforum for klimaforsking (Klima21) som skal utvikle ein breitt forankra forskingsstrategi.

Nordområda

Nordområda er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Kunnskap er nøkkelen til å nytte moglegheitene i nord. Forsking i nordområda gir òg avgjerande kunnskap om klima- og miljøendringar. I dei seinare åra har Noreg gjort store investeringar i forskingsinfrastrukturen på Svalbard. Infrastrukturen gir gode vilkår for norske forskarar til å drive polarforsking på høgste nivå og samarbeide med utanlandske forskingsmiljø. Regjeringa vil leggje til rette for at infrastrukturen blir utnytta best mogleg både av norske og internasjonale aktørar, og for auka samarbeid og betre koordinering mellom dei ulike forskingsmiljøa på Svalbard. Regjeringa foreslår derfor ei eittårig løyving på 2 mill. kroner til forskingsaktivitetane på Svalbard. Midlane skal mellom anna gå til stipend for utjamning av meirkostnader ved forsking på Svalbard.

Nordområdestrategien legg særleg vekt på kunnskapsutvikling i nord. Universitetet i Tromsø, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Universitetet i Stavanger og høgskolane i Finnmark, Tromsø og Narvik har teke initiativ til samarbeidsprosjektet EnergiCampus Nord (ECN) i Hammerfest. Regjeringa foreslår å tildele 5 mill. kroner som ei eingongsløyving knytt til utstyr og infrastruktur i oppbygginga av ECN. Regjeringa foreslår som del av satsinga på auka rekruttering å tildele fem øyremerkte stillingar til nordområdeforsking over Forskingsrådets budsjett.

Auka landbasert verdiskaping i Nord-Noreg er ein sentral del av nordområdestrategien til regjeringa. Det blir derfor oppretta ein ny budsjettpost, kap. 551, post 71 Nordområdetiltak på 100 mill. kroner, knytt til felles fylkesovergripande satsingar i Nord-Noreg. I 2009 skal delar av midlane prioriterast til eit fylkesovergripande program for strategisk satsing på kunnskapsinfrastruktur i regi av Forskingsrådet. Satsinga skal rettast mot å styrkje og vidareutvikle kunnskapsinstitusjonar og utdanningstilbod i samarbeid med næringslivet på utvalde område/tema der Nord-Noreg har særlege fortrinn.

I nordområdestrategien varsla regjeringa at ein skulle greie ut behovet for isgåande forskingsfartøy. I 2008 var det løyvd 5 mill. kroner til dette. For å kunne ferdigstille prosjekteringa foreslår regjeringa å auke løyvinga til prosjektering av isgåande forskingsfartøy med 3 mill. kroner i 2009.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) overvaker framandstoff i fisk frå dei nordlege havområda og frå havbruksnæringa. Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til overvaking og analyse av framandstoff med 2 mill. kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet.

Regjeringa ønskjer å styrkje arbeidet med kartlegging av havbotnen gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske hav- og kystområde). Regjeringa foreslår å auke løyvinga til MAREANO-programmet med 18,9 mill. kroner fordelt likt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Forsking for auka verdiskaping

Næringsretta forsking

Over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet foreslår regjeringa å auke løyvingane til brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med totalt 53 mill. kroner i 2009, der 10 mill. kroner kjem gjennom klimaforliket, jf. over. 30 mill. kroner skal nyttast til prosjekter innanfor miljøteknologiområdet. Midlane skal nyttast både til prosjekt på utvalde teknologiområde som fornybar energi og energieffektivisering og til ei breiddesatsing på miljøteknologi. Det er vidare ei utfordring å sikre forskarrekruttering til næringslivet. I BIA-programmet blir derfor ordninga med nærings-ph.d. styrkt med 10 mill. kroner i 2009.

Regjeringa satsar også i 2009 på maritim forsking og innovasjon gjennom løyvingane til Maroff-programmet. Det skal nyttast 20 mill. kroner til oppgradering av maritim forskingsinfrastruktur og minimum 10 mill. kroner til krevjande miljøvennlege maritime operasjonar i nordområda.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forskings- og utviklingskontraktar i Innovasjon Noreg med 15 mill. kroner i 2009. Av dette skal 7 mill. kroner nyttast til prosjekt i helse og eldreomsorg. I tillegg foreslår regjeringa å auke løyvinga til kommersialisering gjennom Forny-programmet med 8 mill. kroner i 2009. Dette gjer det mogleg å hauste meir av forskingsinnsatsen.

Marin bioprospektering

Marine biprodukt og hittil uutnytta marine ressursar er viktige råstoff for biologisk næringsverksemd. Marin bioprospektering er eit område med potensial for næringsverksemd. Regjeringa foreslår å styrkje arbeidet med marin bioprospektering med 10 mill. kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet, og fem mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Nærings- og handelsdepartementet legg vekt på at auken skal leggje til rette for ein styrkt kommersialiseringsinnsats med utgangspunkt i kompetansemiljøa i Tromsø og andre nasjonale forskingsmiljø.

Skattefunn

Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjennomført ei brei evaluering av Skattefunn, med hovudvekt på måloppnåing og resultat. Sluttrapporten frå SSB vart lagt fram i januar 2008. SSB meiner Skattefunn i hovudsak verkar etter hensikta. Ordninga utløyser meir FoU i føretaka, og brukarundersøkingar syner at ordninga er godt kjend, og at næringslivet er positive til Skattefunn. SSB rekner at ei krone i skatteutgift utløyser to kroner i FoU. Dette er høgt i forhold til tilsvarande ordningar i andre land. SSBs overslag inneber at utan Skattefunn ville næringslivets samla FoU-utgifter ha vore om lag 2,4 mrd. kroner lågare i 2005 enn dei faktisk var. Bruken av Skattefunn auka fram til 2004, og har etter det gått ein del tilbake. Evalueringa har ikkje funne noko god forklaring på kvifor bruken av Skattefunn har gått tilbake.

SSB tilrår at Skattefunn blir ført vidare utan store endringar. Det inneber m.a. at ein ikkje utvidar Skattefunn til å omfatte fleire typar aktivitetar som skal kunne falle inn under ordninga, men held fast på FoU-omgrepet slik dette offisielt blir omtalt og brukt.

Regjeringa vil vidareføre Skattefunn, og legg ikkje opp til endringar i ordninga i statsbudsjettet for 2009. For meir omtale av ordninga, sjå St.prp. nr. 1 (2008–2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kapittel 2.

Forsking for auka velferd

Utdanningsforsking

Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor. Det er viktig at dei som arbeider i sektoren, får sjansen til å gjere seg nytte av den kunnskapen og forskinga som finst. Dette er ein føresetnad for å skape ein lærande og utviklande arbeidssituasjon og vil medverke til auka kvalitet på undervisninga. Regjeringa vil derfor styrkje utdanningsforskinga om og for sektoren. Det er laga ein strategi for satsinga Kunnskap for kvalitet (2008 – 2013) som eit verkemiddel for betre koordinering, prioritering og kvalitet innanfor utdanningsforskinga som sektorforsking, jf. kap. 6.

Meir forsking og styrkt kunnskapsgrunnlag er eit viktig verkemiddel for å heve kvaliteten i utdanningssektoren. Kunnskapsdepartementet vil settje i verk eit nytt program for utdanningsforsking i Noregs forskingsråd. Programmet vil ha ei ramme på 24 mill. kroner årleg ved oppstarten. Løyvinga i 2009 er på 19 mill. kroner.

Programmet er ei langsiktig satsing over ti år som skal medverke til å styrkje fagmiljø som driv med utdanningsforsking, særleg innanfor samfunnsvitskapleg effektforsking, longitudinelle studier og empirisk forsking basert på kvantitative data. Målsetjinga med programmet er å byggje opp større og meir slagkraftige fagmiljø og motivere for samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Område og tema som det til no har vore forska lite på skal prioriterast. Det gjeld mellom anna barnehagane, vidaregåande opplæring (spesielt fag- og yrkesopplæringa), innhald og læring i universitets- og høgskolesektoren og læring for vaksne. Vidare ser departementet at det er naudsynt å prioritere forsking innanfor fag- og yrkesdidaktikk, leiing, styring og organisering, vurdering, vurderingsformer og kvalitetsutvikling. Programmet skal òg vere eit ledd i arbeidet med å styrkje den profesjonsbaserte og praksisnære forskinga som er relevant for heile sektoren.

Regionale forskingsetiske komitear

Det er no sju regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. Regjeringa la i 2007 fram ein proposisjon om ny helseforskingslov, jf. Ot.prp. nr. 74 (2006–2007). Lova vart vedteken i 2008, jf. Innst. O. nr. 55 (2007–2008). Som følgje av lovvedtaket vil dei regionale komiteane få meir omfattande oppgåver, og Regjeringa går inn for å auke løyvinga til dei regionale komiteane med 9,5 mill. kroner i 2009.

Medisinsk og helsefagleg forsking

Auka forskingsinnsats er viktig for at norsk helsevesen skal vere i stand til å tilby dei fremste behandlingsmetodane i verda. Dei regionale helseføretaka er ei viktig kjelde til medisinsk og helsefagleg forsking. I 2005 brukte dei regionale helseføretaka om lag 1,2 mrd. kroner til forsking. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til helseføretaka med om lag 11 mrd. kroner i 2009. Dette vil òg føre til auka medisinsk og helsefagleg forsking.

Forsking om forsking og innovasjon

Kunnskapsdepartementet ønskjer at det skal settjast i gang eit eige forskingsprogram om forsking om forsking og innovasjon og vil be Noregs forskingsråd starte planlegginga av eit slikt program. Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner til oppstart av programmet i 2009. Eit hovudmål med programmet skal vere å framskaffe kunnskap om systema for forsking og innovasjon som kan gje grunnlag for vidare politikkutforming så vel på nasjonalt nivå som ved institusjonane. Vi treng eit utvida kunnskapsgrunnlag for politikkutviklinga og vi treng sterke, uavhengige forskingsmiljø som forskar på forskingssystemet. Eit slikt program er òg viktig for å etablere ein arena for utveksling av kunnskap og læring mellom sentrale aktørar. Den konkrete utforminga av programmet må skje i dialog mellom brukarar og forskarar.

Overslag over FoU-løyvingane i statsbudsjettet

Kvart år utarbeider NIFU STEP ein analyse av statsbudsjettet som viser at om lag 160 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i analysen frå NIFU STEP, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å gi eit overslag over dei samla FoU-utgiftene i statsbudsjettet.

På bakgrunn av NIFU STEPs statsbudsjettanalyse frå 2008 har Kunnskapsdepartementet gjort eit overslag over samla løyvingar til forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2009. Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2009 er på om lag 19,7 mrd. kroner, jf. tabell 5.3.

Tabell 5.3 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet (i mill. kroner)

Departement

Saldert budsjett 20081

2009

Endring 2008-09 (i pst.)

Utanriksdepartementet

680

738

9

Kunnskapsdepartementet

9 294

10 118

9

Kultur- og kyrkjedepartementet

113

127

12

Justis- og politidepartementet

36

38

6

Kommunal- og regionaldepartementet

181

219

21

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

202

204

1

Helse- og omsorgsdepartementet

2 016

2 291

14

Barne- og likestillingsdepartementet

83

86

4

Nærings- og handelsdepartementet

1 581

1 622

3

Fiskeri- og kystdepartementet

739

803

9

Landbruks- og matdepartementet

525

552

5

Samferdsledepartementet

244

282

16

Miljøverndepartementet

482

570

18

Fornyings- og administrasjonsdepartementet2

229

182

-213

Finansdepartementet

92

98

7

Forsvarsdepartementet

895

895

0

Olje- og energidepartementet4

507

643

27

Statsbankane

280

280

0

Sum

18 1795

19 748

9

1 Kjelde: Statsbudsjettanalysen 2008, NIFU STEP

2 Sentralt innbetalte innskot i Statens pensjonskasse er ikkje medrekna, 24 mill. kroner i 2008.

3 Det bli rekna FoU-delar av løyvingar til bygg som blir nytta til forskingsformål. Nedgangen på Fornyings- og administrasjonsdepartementet skriv seg frå lågare løyvingar til prosjekter i universitets- og høgskolesektoren som allereie er i gang.

4 Det er ikkje rekna forskingsdelar av løyvingane til Energifondet, testanlegg for CO2-fangst på Mongstad og Gassnova.

5 Tala for 2008 er oppjusterte med om lag 400 mill. kroner i høve til St.prp. nr.1 (2007–2008) som følgje av ny informasjon om FoU-løyvingane over budsjetta til Helse- og omsorgsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei ulike forskingssatsingane.

Oversikt over løyvingane til Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd mottek løyvingar frå alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Løyvingane frå departementa omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem ein stor del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. I 2008 blir om lag 5,5 mrd. kroner kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Dette utgjer om lag om lag 30 pst. av FoU-løyvingane over statsbudsjettet. Tabell 5.4 viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i 2009-budsjettet. I høve til 2008 er det ein auke på omlag 400 mill. kroner. Størsteparten av auken gjeld FoU innanfor fornybar energi, karbonfangst og -lagring.

Tabell 5.4 Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane (i 1 000 kroner)

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

285/52

Kunnskapsdepartementet - Forskingsformål

1 082 631

1 184 685

285/55

Kunnskapsdepartementet - Administrasjon

232 707

242 946

286/50

Kunnskapsdepartementet - Fondet for forsking og nyskaping

939 560

929 517

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

1 154 000

1 208 300

1830/50

Olje- og energidepartementet

438 500

569 500

1023/50

Fiskeri- og kystdepartementet

281 700

308 400

1137/50

Landbruks- og matdepartementet

157 536

193 368

1410/51 og 53

Miljøverndepartementet

136 518

149 518

701/50

Helse- og omsorgsdepartementet

209 006

224 122

1301/50

Samferdsledepartementet

152 600

170 200

Sum

4 784 758

5 180 556

Nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta

Fornyinga av finansieringssystemet er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å styrkje forskingsevna i ein viktig del av det norske forskingssystemet. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at forskinga ved institutta får auka kvalitet, at institutta styrkjer den anvende rolla og den internasjonale verksemda, samt at institutta samarbeider betre med norske universitet og høgskolar. Det er første gong at institutta blir omfatta av eit felles, delvis resultatbasert finansieringssystem som er utforma med sikte på å styrkje eigenarten til institutta. Eit felles basisfinansieringssystem vil styrkje den heilskaplege instituttpolitikken. I 2009 vil regjeringa auke basisfinansieringa til institutta med 67 mill. kroner.

Institutta har som hovudformål å tilby anvend forsking til næringslivet, forvaltninga og samfunnet. Tal frå 2006 viser at sektoren samla sett utfører forsking for 7,7 mrd. kroner. Dette tilsvarer bortimot 23 pst. av all forskingsinnsats i Noreg. Av dei institutta som blir omfatta av det nye systemet vil forslaget til den statlege basisløyvinga utgjere til saman om lag 803 mill. kroner i 2009.

Det nye basisfinansieringssystemet er tidlegare omtalt i St.meld. nr. 20 (2004–2005) og St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet. I St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet gjekk regjeringa inn for at desse hovudprinsippa vart lagde til grunn for det nye systemet:

  • Hovudformålet til instituttsektoren er å vere gode leverandørar av anvend forsking til næringsliv, forvaltning og heile samfunnet.

  • Hovudformålet med den statlege basisløyvinga skal framleis vere å sikre dette ved å gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging.

  • Formålet med det nye finansieringssystemet skal vere å fordele delar av grunnløyvingane etter oppnådde resultat, på ein måte som premierer både kvalitet og relevans.

  • Omfordeling mellom institutta er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å skape reelle insentiv i den nye ordninga.

På bakgrunn av dei overordna prinsippa som vart lagde fram i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet, har departementa i samarbeid med Noregs forskingsråd og andre aktørar arbeidd med vidare utforming av systemet. Arbeidet har mellom anna fokusert på å avklare krav for å delta i ordninga, og kva institutt som skal omfattast, gjennomgang og opprydding av inntektsstrukturen og endeleg utforming av finansieringsmodellen.

Krav for å delta og omfanget av ordninga

Regjeringa har lagt vekt på at dei fleste sentrale institutta i Noreg skal kunne omfattast av det nye basisfinansieringssystemet. Institutt som i hovudsak har forvaltningsretta oppgåver og som har mindre høve til marknadsfinansiering, er haldne utanfor. Frå 2009 er det i alt 51 institutt1 som blir omfatta, men det kan vere aktuelt å ta opp fleire kvalifiserte institutt på prioriterte forskingspolitiske område i åra som kjem. For å bli omfatta av den nye ordninga har regjeringa lagt vekt på at institutta kan dokumentere både forskingsmessig kvalitet og relevans for sentrale brukargrupper gjennom forskinga si. Vidare må institutta samarbeide med universitet og høgskolar og delta i internasjonalt forskingssamarbeid. Dei må òg delta i ein open konkurranse om forskingsmidlar, og inngå i ei formålstenleg arbeidsdeling i det norske forskingssystemet. Det økonomiske overskottet frå institutta skal førast attende til forskingsaktivitetar og det kan ikkje betalast utbytte til eigarar. Kva for kvalifiserte institutt som skal delta i ordninga, vil i tillegg vere avhengig av ei heilskapleg vurdering og av at det blir stilt ei basisløyving til rådvelde. Regjeringa vil utarbeide retningslinjer for den nye ordninga som går nærare inn på kva krav som blir stilt for at eit institutt er kvalifisert til å delta i ordninga.

Dei 51 institutta er fordelte på fire ulike arenaer ut frå omsynet til at relativt like institutt skal ha relativt like føresetnader for å konkurrere om den same potten. Ansvaret for grunnløyvingane på kvar arena er frå og med budsjettet for 2009 overført til følgjande departement:

Tabell 5.5 Finansieringsarena

Fordelingsarena

Finansieringsansvar grunnløyving

Miljøinstitutt

Miljøverndepartementet

Primærnæringsinstitutt

Fiskeri- og kystdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Samfunnsvitskaplege institutt

Kunnskapsdepartementet

Teknisk-industrielle institutt

Nærings- og handelsdepartementet

Finansieringsstruktur

Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar.

Tabell 5.6 under viser overslag over basisløyvinga for institutta som inngår på dei fire arenaene for 2008, og forslag for 2009:

Tabell 5.6 Fordeling av basisløyving

2008

2009

Auke 2008-2009

Fordelingsarena

Basisløyving

Basisløyving

Miljøinstitutt

117 000

137 000

20 000

Primærnæringsinstitutt

229 000

245 000

16 000

Samfunnsvitskaplege institutt

155 000

165 000

10 000

Teknisk-industrielle institutt

235 000

256 000

21 000

Sum

736 000

803 000

67 000

Den statlege basisløyvinga til instituttsektoren i 2008 var på 736 mill. kroner. For 2009 er det foreslått ei samla basisløyving på omlag 803 mill. kroner. Dette er ei styrking på omlag 67 mill. kroner samanlikna med 2008.

I Fordelinga er ei oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005) som sa at det er behov for å styrkje basisløyvinga til institutta. Særleg er det behov for å styrkje den internasjonale konkurranseevna og langsiktige kompetanseoppbygginga for dei teknisk- industrielle institutta og miljøinstitutta.

Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Den resultatbaserte delen skal bidra til å stimulere ein god balanse mellom kvalitet og relevans, og blir fordelt etter oppnådde resultat på desse indikatorane:

  • vitskapleg publisering

  • samarbeid med universitet og høgskolar (avlagde doktorgradar og bistillingar)

  • internasjonale inntekter

  • inntekter frå Noregs forskingsråd

  • nasjonale oppdragsinntekter.

Alle indikatorane skal vektast mot ein relevanskomponent som består av summen av internasjonale inntekter, forskingsrådsinntekter og nasjonale oppdragsinntekter som del av samla forskingsinntekter ved institutta (eksl. finansinntekter).

Regjeringa har lagt særleg vekt på at den nye grunnfinansieringa skal støtte opp under den anvende funksjonen til institutta. Samtidig er det viktig at modellen er utforma slik at han er tilpassa dei fleste institutta i Noreg. På det grunnlaget går regjeringa inn for å ta med nasjonale oppdragsinntekter som ein ny resultatindikator, i tillegg til dei resultatindikatorane som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007–2008), jf. Budsjett-innst.S. nr. 12 (2007–2008). Noregs forskingsråd har ansvaret for å foreslå detaljutforming av ordninga. Forskingsrådet har òg forvaltningsansvaret for ordninga.

Ordninga blir innført i 2009. Det første året er det berre nye midlar som blir fordelte etter oppnådde resultat. Frå 2010 vil også delar av eksisterande grunnløyving bli omfordelt etter oppnådde resultat på indikatorane nemnt over, og regjeringa tek sikte på ei omfordeling på 10 pst. av grunnløyvinga dette året. Når det gjeld primærnæringsarenaen må ein vurdere verknader etter det første året, før endeleg nivå på omfordeling av eksisterande grunnløyving blir fastsett i budsjettet for 2010.

Styrking av grunnløyvinga i 2009 vil vere eit positivt insentiv for institutta til å omstille seg langs dei linjer som regjeringa har trekt opp for den nye basisfinansieringa. Dette vil gi institutta tid til å omstille seg slik at dei er meir budd på at også ein mindre del av eksisterande rammer blir omfordelte i 2010.

Vitskapleg publisering er ein av resultatindikatorane i det nye finansieringssystemet for instituttsektoren. Publisering er også ein resultatindikator i finansieringssystema for universitets- og høgskolesektoren og dei regionale helseføretaka. I dag blir vitskapleg publisering registrert på ulike måtar i dei tre sektorane. Kunnskapsdepartementet oppnemnde derfor ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å utgreie eit felles nasjonalt datasystem for vitskapleg publisering i Noreg. Arbeidsgruppa foreslår at det blir etablert ein felles database for vitskapleg publisering som skal inngå i eit nytt, felles forskingsinformasjonssystem for norsk forsking. Arbeidsgruppa føreset at alle einingar/institusjonar i UH-sektoren, i instituttsektoren og i spesialisthelsetenesta som utfører forsking, skal registrere dei vitskaplege publikasjonane sine i den nye databasen slik at desse registreringane kan nyttast til å fordele løyvingar i dei tre finansieringssystema. Departementet vil sende rapporten frå arbeidsgruppa på høyring i alle tre sektorane og vil deretter vurdere oppfølging av forslaga.

I St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet vart det opna for at inntil 40 pst. av basisløyvingane i dag kunne haldast attende hos sektordepartementa for å ta i vare langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren.

Dei strategiske instituttløyvingane skal bidra til at institutta utviklar langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging på forskingsfelt av spesiell interesse for sektoren, og som ikkje lèt seg realisere gjennom andre finansieringsordningar. Det er det einskilde sektordepartementet som har finansieringsansvaret for strategiske løyvingar. Ein hovudregel er at desse løyvingane blir lyste ut i regi av Noregs forskingsråd. Berre unntaksvis, og når faglege vurderingar tilseier at berre eitt institutt kan ta på seg oppdraget, kan sektordepartementa tildele midlar direkte til eit institutt.

Regjeringa meiner behovet for strategiske løyvingar varierer frå område til område, og legg opp til følgjande del strategiske løyvingar av samla basisløyving på dei ulike fordelingsarenaene:

  • Miljøinstitutt: inntil 40 pst.

  • Primærnæringsinstitutt: inntil 30 pst.

  • Samfunnsvitskaplege institutt: inntil 10 pst.

  • Teknisk-industrielle institutt: inntil 30 pst.

Det er eit vilkår at kontraktar om strategiske instituttprogram som institutta har inngått, som hovudsak skal gå som avtalt også etter overgangen til ny basisfinansieringsordning. I 2009 vil gjeldande forpliktingar overstige eller vere nær den øvre grensa for strategiske midlar for alle arenaene. Nye strategiske satsingar kan først lysast ut når alle institutta på arenaen har avslutta kontraktar om strategiske instituttprogram frå den tidlegare ordninga. Institutt som avsluttar sine strategiske program før ny ordning trer i kraft, vil inntil vidare behalde midlane som strategiske løyvingar. Dette vil sikre stabile rammevilkår i overgangsperioden.

Evaluering

Regjeringa legg opp til at det nye systemet blir evaluert etter at det har verka i tre år.

6 Strategi for utdanningsforsking

Kunnskap for kvalitet 2008–13

Innleiing

Regjeringa ønskjer at Noreg skal ha eit godt fungerande utdanningssystem med høgt fagleg nivå, med brei rekruttering og med produktive og kvalitativt gode forskingsmiljø.

Sjølv om vi har nådd langt når det gjeld å styrkje Noreg som kunnskapsnasjon, står utdanningssektoren inkludert barnehagen overfor fleire store og viktige utfordringar og endringar. Vi veit at læringa i skolen er for låg, og at dugleiken til elevane i lesing, skriving og rekning er vorten svekt. Mange går ut av tiårig grunnskole utan dei grunnleggjande dugleikane. Mange elevar fullfører ikkje vidaregåande opplæring.

Førskolelærarar og lærarar er nøkkelfaktorar når det gjeld kvaliteten på arbeidet i barnehage og skole, men vi veit at desse profesjonane i liten grad dreg nytte av ny kunnskap og resultat frå forskinga for å utvikle eigen praksis og betre opplæringa til elevane. Vi veit at studentane i lærarutdanningane ikkje får god nok kjennskap til korleis dei som lærarar skal finne fram til, vurdere og gjere seg nytte av resultata frå utdanningsforskinga. Vi treng meir og betre forsking om kva som gir gode resultat for studentane i høgre utdanning.

Det er andre utfordringar også: Brukar vi ressursane godt nok? Brukar vi dei på den rette måten? Får vi nok ut av innsatsen? Er det god nok arbeidsdeling og samhandling innanfor utdanningssektoren? Kjem resultata frå utdanningsforskinga og frå andre kjelder til nytte der dei trengst?

Departementet vil møte desse og andre utfordringar og endringar gjennom auka satsing på kvalitet. Noko av det viktigaste for å få til kvalitetsutvikling vil vere å styrkje kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, forsking, profesjonsutdanning og for praksis på alle nivå i utdanningssektoren. Regjeringa vil derfor styrkje både den langsiktige og den kortsiktige utdanningsforskinga om og for sektoren.

Departementets sektorforskingsansvar

Kunnskapsdepartementet har eit overordna sektoransvar for utdanningsforsking, inkludert forsking om barnehage. Sektorprinsippet går ut på at kvart departement har primæransvar for å finansiere forskinga om og for sin sektor. Departementet skal også vege ulike verkemiddel opp mot kvarandre for å sjå kva som best kan sikre at ein når dei måla og får satt i verk den politikken som til kvar ei tid måtte gjelde for sektoren.

Rambøll Management fekk i 2007 i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å lage ei systemutgreiing av norsk utdanningsforsking. Utgreiinga viste mellom anna at Kunnskapsdepartementet i for liten grad har følgt opp sektoransvaret for forsking, og at ein treng å definere nokre overordna mål og strategiar for norsk utdanningsforsking (Rambøll Management, 2007).

Kunnskapsdepartementet legg her fram strategien for sektorforskinga for perioden 2008–13 til orientering til Stortinget. Det er første gongen at utdanningsforskinga er vurdert samla på denne måten.

Strategien er eit langsiktig styringsverktøy for Kunnskapsdepartementet. Han skal peike ut den retninga departementet skal ha for den samla innsatsen for sektorforskinga, og setje initiativ og tiltak frå regjeringa inn i ein heilskapleg samanheng. Strategien vil òg gi viktige signal til andre aktørar i sektoren. Departementet tek sikte på å justere strategien etter ei tid.

Hovudmåla for strategien er:

  • å auke omfanget av norsk utdanningsforsking og styrkje kunnskapsbasen på utdanningsområdet frå barnehage til høgre utdanning

  • å heve kvaliteten og den vitskaplege forankringa i norsk utdanningsforsking

  • å betre relevansen på bruksretta (anvend) forsking

  • å auke omfanget og betre koordineringa av den bruksretta forskingsformidlinga der utdanningssektoren er målgruppa

  • å styrkje rekrutteringa til utdanningsforskinga

Utdanningsforskinga

Utdanningsforsking er eit vidt og tverrfagleg forskingsfelt tufta på ulike fagdisiplinar som pedagogikk, fagdidaktikk, sosiologi, økonomi, statsvitskap osv. Ingen einskild disiplin kan dekkje heile feltet frå utdanningspolitikk via organisering og leiing av utdanningsinstitusjonar, tilhøvet mellom utdanningssystem, heim og arbeidsliv til undervisning og læring. Derfor er det nødvendig å stimulere fleire fag til å forske på problemstillingar knytt til utdanningssektoren og til grenseflater med andre sektorar og politikkområde.

Forsking om og for sektoren

Utdanningsforsking som sektorforsking omfattar på den eine sida forsking om sektoren, som saman med tilstandsvurderinga utgjer eit heilt sentralt grunnlag for utviklinga av utdanningspolitikken. Departementet treng kunnskap og analysar av beste kvalitet for å få eit best mogleg grunnlag for politikkutvikling og for vedtak om tiltak. Forsking om sektoren vil også vere viktig for styring, leiing og tilsyn – anten det gjeld skoleeigarar, fylkesmenn, direktorat eller departement.

Utdanningsforsking som sektorforsking dreier seg også om forsking for sektoren som grunnlag for mellom anna utvikling av praksisfeltet. Her er det snakk om forsking som kan hjelpe til dømes skolane til å forbetre undervisninga, eller forsking som kan føre til nye arbeidsmåtar i lærarutdanninga.

Samstundes er det viktig å minne om at utdanningsforskinga ikkje kan gi alle svar og komme med ferdige løysingar på dei problema ein står overfor i utdanningssektoren. Forskinga stiller først og fremst kunnskap til rådvelde for styresmakter og brukarar slik at dei kan gjere klokare val, og som tilskott til kunnskapsbasen på utdanningsområdet.

Utdanningsforskinga omfattar grunnforsking, bruksretta forsking og i nokon monn utviklingsarbeid. Strategien omhandlar berre utviklingsarbeid dersom det er forskingsbasert, det vil seie at det blir gjennomført i samarbeid med forskarar i universitets- og høgskolesektoren og/eller instituttsektoren.

Internasjonalt forskingsfelt

Norsk utdanningsforsking er del av eit større internasjonalt forskingsfelt. OECD spelar ei viktig rolle når det gjeld å stimulere utdanningsforsking på område som kan medverke til ein meir effektiv utdanningssektor som gir godt læringsutbytte for barn og unge. I dei seinare åra har OECD særleg vore oppteken av korleis medlemslanda effektivt kan investere i utdanningsforsking, og korleis utdanningsforskinga kan medverke til ein meir kunnskapsbasert politikk og praksis. I det siste er det teke til orde for såkalt evidence based policy and practice, der ein gjennom systematiske kunnskapsoversyn får overblikk over til dømes kva som verkar og ikkje verkar på utdanningsfeltet.

Omfang og finansiering

Den generelle FoU-statistikken, som er delt inn etter fag og formål, gir ikkje noko godt oversyn over omfanget av utdanningsforskinga i Noreg. I 2008 vil det for første gongen bli henta inn eigen statistikk om utdanningsforskinga. Kartlegginga av utdanningsforsking som NIFU STEP gjorde for departementet i 2007, viser at det blir forska lite på utdanning i Noreg (Borgen mfl. 2007).

I NOU 2008: 3 Sett under ett har Stjernø-utvalet komme fram til at det blir nytta midlar til forsking på høgre utdanning som svarer til 0,1–0,2 pst. av dei samla løyvingane til universitets- og høgskolesektoren. Det er mykje mindre enn det som blir nytta i helsesektoren, og mindre enn det som blir brukt på arbeids- og inkluderingsfeltet (Arbeids- og inkluderingsdepartementet) og på barne- og likestillingsområdet (Barne- og likestillingsdepartementet).

Finansieringa av utdanningsforskinga kjem frå ulike aktørar, og midlane kjem til forskingsmiljøa via ulike kanalar. Styresmaktene finansierer utdanningsforsking gjennom basisløyvingar til universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta, gjennom programsatsingar i Noregs Forskingsråd, gjennom Utdanningsdirektoratet, gjennom dei midlane som departementet sjølv disponerer til analyseformål, og gjennom overføringar til fylkeskommunale og kommunale budsjett.

Utviklinga har vore positiv i dei seinare åra. Styresmaktene har satsa meir på utdanningsforsking gjennom forskingsprogramma i Noregs forskingsråd, forskingsbaserte evalueringar og utviklingsprogram i Utdanningsdirektoratet og gjennom dei direkte kjøpa av forsking som departement og direktorat har stått for. I tillegg har dei høgre utdanningsinstitusjonane auka forskingsaktivitetane sine på området.

Arbeidsdeling og samarbeid

Det er fleire aktørar med ulike roller i systemet for utdanningsforsking. Departementet har ei overordna rolle som både omfattar det breie sektoransvaret og rolla som brukar av kunnskap frå utdanningsforskinga i politikkutforming og styring av sektoren.

Noregs forskingsråd har ei sentral rolle som forskingsstrategisk og rådgivande organ. Forskingsrådet spelar ei viktig rolle når det gjeld verkemiddel for å utvikle og styrkje vitskaplege fagmiljø. Forskingsrådet har òg ei viktig rolle når det gjeld formidling av resultat av forskinga.

Universiteta, høgskolar og forskingsinstitutt er dei aktørane som står for sjølve forskinga, men er òg brukarar av forskinga for å utvikle tilboda sine innanfor pedagogiske utdanningar.

Utdanningsdirektoratet set i verk evalueringar og er ein viktig formidlar av forskingsresultat til praksisfeltet. Direktoratet er òg ansvarleg for at forsøk og utviklingstiltak som dei tek initiativ til, er tufta på gode analysar og forsking.

Skal satsinga på utdanningsforsking gi resultat, må samarbeidet mellom dei ulike aktørane vere godt. Kunnskapsdeling er derfor viktig og nødvendig på alle nivå – og mellom ulike sektorar.

Utfordringar

Norsk utdanningsforsking har vore granska av fleire i dei siste åra. Granskingane viser mellom anna at kvaliteten er ujamn, forskingsfeltet fragmentert, at resultata ikkje blir effektivt formidla, og at dei manglar relevans for praksisfeltet og politikkutforming. Forskinga har i liten grad vore oppteken av store og viktige politikkområde som barnehagane, vidaregåande opplæring, innhald og læring i universitets- og høgskolesektoren og læring for vaksne.

Forskinga byggjer i liten grad på anna forsking, og det er liten tradisjon for å utarbeide forskingsoversyn på feltet. Orienteringa mot det internasjonale forskingsmiljøet er relativt svak (Rambøll Management, 2007).

Fagmiljøa

Granskingane viser at det er behov for ei styrking av fagmiljø som driv med utdanningsforsking, særleg når det gjeld samfunnsvitskapleg effektforsking, forsking basert på longitudinelle studier og kvantitativ forsking.

Rambøll Management (2007) peiker på at det finst mykje lik utdanningsforsking, mange like forskingsaktivitetar, forskingsmiljø og resultat når det gjeld utdanningsfeltet. På den andre sida har utdanningssektoren mange ulike grupper av brukarar som har behov for å få granska eit breitt sett av forskingsspørsmål på ei rekkje område. Dette indikerer at det er behov for fleirfagleg forsking på utdanningsfeltet og betre dialog mellom produsentar av forsking og brukarar av resultat frå forskinga.

Utdanningsforsking går i all hovudsak føre seg på universitet og høgskolar og ved samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt. Forskingsevna varierer i desse miljøa. Kartlegginga til NIFU STEP av forskingsfeltet viser at svært mange høgskolar har FoU-aktivitet på utdanningsområdet, men den vitskaplege kunnskapsproduksjonen er det nokre forskingsmiljø, først og fremst ved universiteta, som tek seg av. Vi har for få gode forskingsmiljø som kan markere seg internasjonalt på dette området. Eit oversyn over dei mest frekventerte vitskaplege tidsskrifta viser at forskingsresultata i stor grad blir publiserte i norske tidsskrift.

Forsking og publisering må ein sjå i samanheng med personalsituasjonen. Dei tilsette med formell forskarkompetanse ved utdanningsforskingseiningane utgjer ein mindre del av dei fagleg tilsette enn ved andre samfunnsvitskaplege forskingseiningar i universitets- og høgskolesektoren. Talet på universitets- og høgskolelektorar er klart høgre ved utdanningsforskingseiningane, mens talet på professorar og stipendiatar er klart lågare. Rekrutteringsproblema i utdanningsforskinga vil vere merkbare i dei nærmaste åra. Mest halvparten av professorane på dette feltet var 60 år eller eldre i 2005.

Breiare og meir fleirfagleg kunnskapsbase

NIFU STEP slår fast at vi i Noreg manglar ein fleirfagleg inngang til utdanningsforskingsfeltet. Innanfor samfunnsvitskapane – statsvitskap, sosiologi og økonomi – er det lite utdanningsforsking på emne frå grunnopplæringsområdet. Når det gjeld høgre utdanning og læring i arbeidslivet, manglar vi pedagogisk og fagdidaktisk forsking. På barnehagefeltet har forskinga primært handla om fordelingsspørsmål, barnehagedekning og forsking om kontantstønaden, og i mindre grad om kvalitet, innhald og praksis i barnehagen (Gulbrandsen mfl., 2002 og Borg mfl., 2008).

Utdanningsforskinga har berre i liten grad vore oppteken av store og viktige politikkområde som barnehagane, vidaregåande opplæring (spesielt fag- og yrkesopplæringa), innhald og læring i universitets- og høgskolesektoren og læring for vaksne. Forskinga har konsentrert seg om grunnskolen. Også i forskinga om grunnskolen er det manglar, mellom anna når det gjeld pedagogiske målingar, utvikling av forskingsbaserte verktøy og effektforsking. Det er få som i forskinga si har sett på forholdet mellom politikk og styring.

Systematisering og formidling av resultat frå forskinga

Universitet og høgskolar, forskingsinstitutt og Noregs forskingsråd har alle ansvar for formidling av forskingsresultat til fagfellar, til allmenta, til brukarar i praksisfeltet og til politikarar. I tillegg spreier departementet og Utdanningsdirektoratet forskingsresultat der dei har finansiert forskinga.

Frå ein brukarsynsstad er det likevel vanskeleg å få oversyn over dei nyaste forskingsresultata, nasjonalt og internasjonalt. NOU 2008: 3 Sett under ett peiker òg på dette:

«det (er) ofte vanskelig å få oversikt over eksisterende kunnskap. I forhold til konkrete kunnskapsbehov kan det være vanskelig å finne litteratur både om den aktuelle problemstillingen er blitt studert tidligere og av hvem» (s. 192)

Utvalet etterlyser derfor mellom anna systematiske kunnskapsoversyn. Resultata frå utdanningsforsking må bli formidla betre slik at dei kan gi læring og komme til nytte.

Dialog og møteplassar

NIFU STEP peiker på at dersom departementet skal ta hand om sektoransvaret sitt på ein meir effektiv måte, krev det betre organisering og klar rolledeling mellom aktørane og internt i departementet (Aasen mfl., 2007). Det er derfor behov for å etablere arenaer for samarbeid mellom forskingsaktørar, forvaltningsapparatet og dei som arbeider i praksisfeltet.

Kunnskapsgrunnlaget i profesjonsutdanning og praksisfelt

Utdanningsforskinga har i mindre grad vore ein integrert del av profesjonsutdanning og profesjonspraksis i utdanningssektoren enn i andre tilsvarande samfunnssektorar. Forsking på læringa til barn, elevar og studentar har ikkje vore prioritert og harmonerer derfor ikkje med den verdien, det omfanget og dei kunnskapskrava som utdanningssektoren i dag har.

Lærarar har i mindre grad enn folk i andre yrkesgrupper felles, uttrykt kunnskap som grunnlag for arbeidet sitt. Profesjonskunnskapen er meir personleg enn kollektiv, og mindre uttrykt (OECD, 2003). Studentane i lærarutdanningane får ikkje god nok kjennskap til korleis dei som lærarar skal finne fram til, vurdere og nytte forskingsbasert kunnskap til hjelp i det daglege arbeidet, jf. evalueringa frå NOKUT av allmennlærarutdanninga. Mange fagmiljø som tilbyr profesjonsutdanningar, utviklar profesjonen gjennom å styrkje den nasjonale og internasjonale kunnskapsbasen om korleis yrkespraksisen bør vere. I lærarutdanningane har det ikkje vore lagt vekt på å få fram slik kunnskap.

Det kan ha samanheng med at forsking om læring og undervisning på nasjonalt nivå ikkje har vore prioritert når ein tek omsyn til kor stor og variert sektoren er. Ein annan grunn kan vere at FoU-aktiviteten i profesjonsutdanningane er for lite relevant for praksisen i barnehagen og skolen. Dei fleste lærarane meiner til dømes at vitskap og forsking altfor ofte er for abstrakte til å passe inn i arbeidsmetodane i skolen. Lærarane meiner likevel at det er behov for å gjere forskingsresultata meir tilgjengelege (TNS Gallup, 2008).

Innanfor høgre utdanning er dei sterkaste motiva og insentiva knytte til tradisjonell akademisk merittering gjennom forsking. I NOU 2008: 3 Sett under ett blir det etterlyst meir effektive tiltak for å betre undervisninga i høgre utdanning for på den måten å stimulere til utvikling og innovasjon i læringsmåtar og pedagogisk tilrettelegging, å heve den faktiske kvaliteten og å signalisere at undervisning og forsking er sidestilte aktivitetar for universitet og høgskolar.

Strategiske prioriteringar og tiltak

Departementet har dei siste åra styrkja utdanningsforskinga gjennom mellom anna følgjande tiltak: Forskingsprogramma «Praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning» (PRAKSISFoU), «Kunnskap, utdanning og læring» (KUL) og «Program for velferdsforsking» samt strategiske høgskoleprosjekt (SHP) og «Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI). Utdanningsdirektoratet har òg gjennomført fleire tiltak som har gitt verdifulle bidrag til den nasjonale kunnskapsbasen på feltet.

Utdanningsforskingseiningane i universitets- og høgskolesektoren har gripe tak i fleire av dei utfordringane som er nemnde tidlegare i dette dokumentet. Mellom anna har dei utdanningsvitskaplege disiplinane no fått støtte til ein nasjonal forskarskole med universitetet i Oslo som vertsinstitusjon. Departementet vurderer det likevel slik at det er behov for å gjere strategiske prioriteringar og setje i verk nye tiltak for å auke omfanget, styrkje kvaliteten og betre relevansen i utdanningsforskinga.

Langsiktig oppbygging av vitskapleg kvalitet i utdanningsforskinga

For å nå måla om kvalitet i utdanningsforskinga er det etter departementet si vurdering behov for å auke forskingsvolumet slik at dei norske forskingsmiljøa kan hevde seg på den internasjonale forskingsarenaen. Det er også nødvendig å konsentrere forskingsinnsatsen og leggje til rette for fagleg samarbeid, både innanfor kvar institusjon og kvart institutt og mellom forskingsmiljøa. For at forskinga skal kunne byggje på anna forsking, bør det satsast på langsiktig, grunnleggjande forsking – særleg innanfor kritiske kunnskapsområde for utdanningssektoren – som til dømes læring og utvikling hos barn, unge og vaksne.

Med utgangspunkt i St.prp. nr. 1 (2007–2008), har departementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å forme ut eit nytt forskingsprogram for utdanningsområdet. Programmet skal gå over ein periode på ti år. Det skal vere ei målretta satsing for å vidareutvikle kunnskapsbasen for heile utdanningssektoren. Det er eit mål at satsinga skal bidra til å byggje sterkare fagmiljø over tid.

Departementet vil

  • auke satsinga på utdanningsforsking og foreslår at løyvinga til det nye forskingsprogrammet i Forskingsrådet frå 2010 blir auka til 24 mill. kroner per år

  • styrkje forskingsevna i universitets- og høgskolesektoren i samband med oppfølginga av NOU 2008:3 Sett under ett

  • betre profesjonsutdanningane si tilknyting til forsking, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen og den kommande stortingsmeldinga om lærarrolla og lærarutdanninga

  • opprette ein nasjonal forskarskole i lærarutdanningane

  • be Noregs forskingsråd utvikle programsatsingane slik at dei i større grad blir sette i samanheng og medverkar til at utdanningsforsking står fram som eit samla forskingsområde

Boks 6.1

Det nye forskingsprogrammet er ei langsiktig satsing som skal medverke til å styrkje fagmiljø som driv med utdanningsforsking, særleg innanfor samfunnsvitskapleg effektforsking, longitudinelle studiar («forløpsstudiar») og kvantitativ forsking. Satsinga har som mål at utdanningsforsking i større grad skal bli eit fleirfagleg kunnskapsfelt tufta på eit mangfald av vitskaplege teoritradisjonar og –metodar. Målsetjinga for programmet er å byggje opp større og meir slagkraftige fagmiljø og motivere for samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Område og tema som det til no har vore forska lite på, skal prioriterast.

Stimulere til større mangfald og ei betre fleirfagleg tilnærming i forskinga

Utdanningssektoren har mange og samansette kunnskapsbehov. Lærarane har behov for kunnskap som dei kan bruke i yrket sitt. Barnehage- og skoleeigarar og utdanningsstyresmaktene har behov for kunnskap om korleis tiltak, satsingar og reformer verkar, og kva for effektar dei har. Det er nødvendig å stimulere til meir fleir- og tverrfagleg utdanningsforsking. Eit større mangfald i bruk av data, metodar og tilnærmingar i forskingsfeltet må det òg stimulerast og oppmodast til.

Departementet vil

  • vidareutvikle utdanningsforsking som fleir- og tverrfagleg forskingsfelt gjennom det nye programmet for utdanningsforsking

  • prioritere forsking der tradisjonane er svake i Noreg, mellom anna effektforsking, longitudinelle studiar og empiriske studiar baserte på kvantitative data

  • følgje opp arbeidet med individdata

  • vidareføre samarbeidet med Folkehelseinstituttet om prosjektet Språkvanskar hos barn

Boks 6.2

Departementet har gjort avtale med Nasjonalt folkehelseinstitutt for å kartleggje omfanget av språkvanskar hos barn. Prosjektet Språkvanskar hos barn skal prøve å identifisere tidlege teikn på og risikofaktorar for slike vanskar og kartleggje faktorar som kan førebyggje eventuelt modifisere problem, m.a. ved å vurdere verknaden av ulike omgangsformer og sjå på kvaliteten av dei tilboda som finst. Prosjektet skal byggje på data frå Mor og Barn-studien, som følgjer 100 000 gravide mødre frå svangerskap gjennom fødsel og barna på ulike tidspunkt fram til barnet er åtte år. Språkutvikling og barnehagesituasjon ved femårsalder står sentralt i prosjektet. (Sjå òg www.fhi.no/morogbarn.)

Prioriterte forskingsområde

Kunnskapsgrunnlaget om norsk utdanning er blitt betre. Eit solid kunnskapsgrunnlag må vere forankra i forsking. Det er derfor viktig at forskingsinnsatsen bli ført vidare på sentrale område som alt er godt dekte slik at det fortsatt blir utvikla ny kunnskap på desse felta.

Samstundes manglar vi i dag forsking på område der utdanningssektoren har særskilde behov, og der vi må rekne med at behova vil auke i åra som kjem. Noreg er med i mange internasjonale, kvantitative undersøkingar på utdanningsområdet (PISA, PIRLS, TIMSS og så vidare), og vi har etablert nasjonale prøver og andre prøver som ledd i eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Utvikling av og forsking basert på denne typen undersøkingar krev solid kompetanse i pedagogiske målingar. Det har vore forska svært lite på dette i Noreg sett i høve til land det er naturleg å samanlikne oss med, jf. Sverige, Nederland og Storbritannia. Departementet vil styrkje den vitskaplege kompetansen i pedagogiske målingar gjennom å opprette ei eining for psykometrisk forsking. Denne eininga må leggjast til eit eksisterande fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren. Val av vertsinstitusjon vil bli gjort etter konkurranse.

I Noreg har vi fleire andre område som har vore underforska. Kvalitet, innhald og læring i barnehagane og i høgre utdanning er døme på slike område (Borg mfl., 2008). I tillegg har vi lite forsking om vidaregåande opplæring, særleg fag- og yrkesopplæringa. På desse områda er det mange utfordringar, og departementet har behov for eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare politikkutforming.

Vidare ser departementet at det på kort og mellomlang sikt er naudsynt å prioritere forsking innanfor fag- og yrkesdidaktikk, leiing, styring og organisering, vurdering, vurderingsformer og kvalitetsutvikling. Dette er tematiske område som det er særs viktig å ha god kunnskap om, slik at vi kan betre kvaliteten i utdanningssystemet.

Departementet vil

  • styrkje den vitskaplege kompetansen i pedagogiske målingar gjennom å opprette ei eining for psykometrisk forsking

  • stimulere og prioritere område som i dag er underforska, både gjennom programsatsingane i Noregs forskingsråd og gjennom eigne forskingsoppdrag

  • gjere tematiske prioriteringar i programsatsingane

  • vurdere om det, innanfor gjeldande regelverk for kjøp av forskingsoppdrag, er formålstenleg å prioritere nokre forskingsmiljø der ein ønskjer å byggje opp særskild forskingskompetanse

Utarbeide kunnskapsoversyn og få til auka brukarretta forskingsformidling

Den nasjonale kunnskapsbasen vår er ikkje omfattande. På fleire område er det nødvendig å hente inn forskingsbasert kunnskap frå andre land. Omfanget av internasjonal forsking som kan vere relevant for den norske utdanningssektoren, er omfattande. Dei beste og mest relevante studiane må silast ut på ein systematisk og påliteleg måte. Her kan systematiske kunnskapsoversyn vere nyttige verktøy for dei som har ansvar for profesjonsutdanningane, for forskarar og for tenestemenn som arbeider med grunnlagsdokument i politikkutforminga.

Dei ulike brukarane i utdanningssektoren treng betre informasjon enn det dei får i dag om kven som forskar, kor forskinga blir gjord, og kva for tema som det blir forska på. Brukarane skal sikrast tilgjenge til nye, offentleg finansierte forskingsresultat på utdanningsområdet. Det er behov for å auke omfanget av og å koordinere den brukarretta forskingsformidlinga i utdanningssektoren. For å møte desse behova vil departementet vurdere å etablere eit nasjonalt kunnskapssenter for utdanning. I samarbeid med andre aktørar vil ei slik eining kunne oppsummere nasjonal og internasjonal forsking om og for utdanningssektoren og spreie resultat av forsking på ein slik måte at ulike brukarar skal sjå relevansen av kunnskapen og gjere seg nytte av han.

Departementet vil

  • vurdere å etablere eit kunnskapssenter for utdanning

  • ta initiativ til systematiske kunnskapsoversyn på viktige spørsmål som har høg relevans for utdanningssektoren i Noreg

  • betre tilgangen til forskingsresultat gjennom å leggje til rette for og stimulere til eigenarkivering av vitskaplege publikasjonar

  • vidareføre samarbeidet med Campbell Collaboration

Boks 6.3

Campbell Collaboration er eit ikkje-kommersielt verdsomspennande forskarnettverk som har som formål å summere opp og formidle påliteleg og relevant forsking på desse områda: velferd, kriminalomsorg, utdanning og barnevern. Hovudkontoret ligg i perioden 2008–10 i Noreg og er lagt til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Saman med andre departement og direktorat dekkjer Kunnskapsdepartementet utgiftene til hovudkontoret i den nemnde perioden. (Sjå http://www.campbellcollaboration.org.)

Leggje til rette for dialog og møteplassar mellom forskarar og brukarar

Utgreiinga frå Rambøll Management peiker på at det er behov for fleire samarbeidsarenaer mellom akademia, styresmaktene og brukarar av utdanningsforskinga. Meir effektiv informasjonsspreiing mellom ulike aktørar vil òg vere formålstenleg. Det bør etablerast arenaer der forskingsbehov, forskingskvalitet og bruk av utdanningsforsking kan leggjast fram og drøftast sentralt og lokalt.

Departementet vil

  • føre vidare og evaluere ordninga med Nasjonalt forum for utdanningsforsking

  • ta initiativ til forskarseminar/fagseminar på aktuelle område

  • vurdere å etablere eit kunnskapssenter for utdanning

Boks 6.4

Nasjonalt forum for utdanningsforsking er ein ny møteplass for dialog, kunnskapsdeling og drøfting av tema knytte til utdanningsforskinga nasjonalt og internasjonalt. Deltakarar i forumet er forskarar, brukarar og representantar for utdanningsstyresmaktene. Forumet skal hjelpe til med å styrkje infrastrukturen på utdanningsforskingsområdet og skal på den eine sida ha som ei viktig oppgåve å auke informasjonsflyten mellom ulike aktørar. På den andre sida skal forumet vere ein stad der deltakarane kan opplyse kvarandre om eiga verksemd. Forumet vil dessutan vere ein stad der ein kan drøfte og dermed medverke til betre samordning og prioritering av aktivitetar på utdanningsforskingsfeltet.

Referanser

Borg, Elin, Elisabeth Backe-Hansen og Inger Hege Kristiansen (2008) Kvalitet og innhold i norske barnehager. En kunnskapsoversikt.

Borgen, Jorunn Spord, Hebe Gunnes og Gunnar Sivertsen (2007) Kartlegging av norsk utdanningsforskning. NIFU STEP rapport 32/2007

Gulbrandsen, Lars, Jan-Erik Johansson, Randi Dyblie Nilsen (2002) Forskning om barnehager – en kunnskapsstatus. Norges forskningsråd.

Levin, Ben (2004) Making research matter more. Education Policy Analysis Archive 12, 56

Norges forskningsråd (2004) Norsk pedagogisk forskning – En evaluering av forskningen ved utvalgte universiteter og høyskoler

Norges forskningsråd (2006) En nasjonal strategi for norsk pedagogisk forskning

NOKUT (2006) Evaluering av allmennlærerutdanningen i Norge

NOU 2008: 3 Sett under ett. Ny struktur i høyere utdanning. («Stjernø-utvalet»)

OECD (2002) Frascati Manual 2002 – Proposed Standard Practice for Surveys on Research and Experimental Development

OECD (2003) Knowledge Management – New Challenges for Educational Research

Rambøll Management (2007) Norsk utdanningsforskning – en systemutredning

TNS Gallup (2008) Lærere og forskning – resultater fra en undersøkelse blant lærere i grunn- og videregående skole

Aasen, Petter, Nina Sandberg og Jorunn Spord Borgen (2007) Utdanningsforskning – fagdepartementets sektoransvar. NIFU STEP rapport 15/2007

Fotnotar

1.

Oversikt over kva for institutt som blir omfatta av det nye basisløyvingssystemet frå 2009, går fram av vedlegg 4.