1 Innleiing
1.1 Innleiing
Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med forslag til fullmakt for statleg opplåning i 2004. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 2004, og seinare utvikling i forvaltninga av statsgjelda.
Regjeringa gir i denne proposisjonen samstundes ein oversikt over forslag om endra løyvingar som er fremma tidlegare i haust. Regjeringa fremmar på denne bakgrunnen forslag om justeringar i budsjettet for 2004 slik at budsjettet blir saldert.
1.2 Organisering av statens gjelds- og likviditetsforvaltning
Finansdepartementet har ansvaret for statens gjeldsforvaltning og forvaltninga av statens kontantbehaldning.
Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet, herunder om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gi råd om statens opplåning, ta seg av den operative forvaltinga av innanlandske låneopptak og pleie andrehandsmarknaden for statspapir. Noregs Bank mottar betaling for den operative forvaltninga, for marknadspleia og for drifta av statens kontosystem. Utgiftene blir budsjetterte over kap. 1650, post 01.
1.3 Samandrag
Staten har ut frå forslaget i St.prp. nr. 1 (2003–2004) eit brutto finansieringsbehov på om lag 57,7 mrd. kroner i 2004. Dette finansieringsbehovet er hovudsakleg tenkt dekka ved langsiktige låneopptak innanlands. Statens behov for låneopptak er nærare omtalt i kap. 2.
Det er viktig at staten har rommelege fullmakter slik at låneprogrammet har fleksibilitet til å møte skiftande forhold gjennom året. Som for tidlegare år, ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige, innanlandske lån som er større enn brutto finansieringsbehovet i 2004. Fullmakta for opptak av nye langsiktige, innanlandske lån, dvs. lån som bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir foreslått sett til 80 mrd. kroner. Ein ber også om rommelege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2004. For kortsiktige marknadslån, dvs. lån med løpetid opp til eitt år og som blir omsette i marknaden, foreslår ein at ramma på 120 mrd. kroner blir vidareført. For andre kortsiktige lån som ikkje blir omsette i marknaden, herunder diverse kontolån, foreslår ein ei ramme på 100 mrd. kroner. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rente- og valutabytteavtalar blir vidareført.
For nærare omtale syner ein til avsnitt 4.2 for innanlandske langsiktige lån og til avsnitt 4.3 for kortsiktige marknadslån og andre kortsiktige lån. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2.
Salderinga av Statsbudsjettet 2004 er omtala i kap. 7. Budsjettet blir saldert i tråd med føresetnadene i Gul bok ved å avstemme ymse-posten i forhold til bevilgningsforslaga som er fremma i tilleggsnummer.