7 Salderingen av statsbudsjettet for 2004
Regjeringa har tidlegare i haust og samtidig med denne proposisjonen fremma i alt 11 tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004). Samla sett aukar utgiftene på statsbudsjettet med netto 1 178,2 mill. kroner som følgje av forslag i desse proposisjonane, sett bort frå forslag til endra løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter. Av dette gjeld vel 1,1 mrd. kroner forslag knytta til oppfølging av Rusreform 2, jf. avsetting på kapittel 2309 i St. prp. nr. 1 2003-2004 Gul bok. Vidare er det mellom anna foreslått løyvingar til fiskeriavtalen (85 mill. kroner), slepebåtkapasitet i Nord-Noreg (42,5 mill. kroner) og nytt innovasjons- og internasjonaliseringsselskap (39,3 mill. kroner). Nettoutgiftene til Statens Pensjonskasse på kapittel 1542, post 01 Driftsutgifter er foreslått satt ned med 105,3 mill. kroner i samband med statlig overtaking av det fylkeskommunale ansvaret for barne- og familievernet, ved at dei tilsette i det statlige barne- og familievernet vil bli innmelde i Statens Pensjonskasse. Inntektene er foreslått auka med 233,1 mill. kroner, hvorav 247,8 mill. kroner gjeld inntekter frå sal av SND Invest AS.
I tillegg er det fremja forslag om å auke lånetransaksjonane på utgifts- og inntektssida av Nærings- og handelsdepartementets budsjett med 1 225 mill. kroner. Finansieringsbehovet for statsbudsjettet er dermed uendra i forhold til Regjeringa sitt forslag i Gul bok 2004.
Samla sett gir forslaga i tilleggsproposisjonane ei auke i det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet på i alt 945,1 mill. kroner, sett bort frå forslag om endra løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter.
I Gul bok 2004 var kapittel 2309 Tilfeldige utgifter foreslått løyva med 8 760,1 mill. kroner. Utover avsetning til inntektsoppgjer mv. og uforutsette utgifter, var det satt av midlar til Rusreform 2 med vel 1,1 mrd. kroner, fiskeriavtalen og leie av slepebåtkapasitet i Nord-Noreg.
Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir redusert, slik at budsjettet blir gjort opp med det same oljekorrigerte budsjettunderskotet som framlegget i Gul bok 2004. Løyvinga foreslåas derfor redusert med 945,1 mill. kroner. Overføringa frå Statens petroleumsfond som skal dekke det oljekorrigerte budsjettunderskotet, på kapittel 5800, blir då som foreslått i Gul bok 2004. Samla løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir etter dette 7 815,1 mill. kroner.
Endra romertalsvedtak under Utanriksdepartementet
Tilskotsordningane under kapittel 161 Næringsutvikling, post 70 Nærings- og handelstiltak har som mål å stimulere til auka næringsverksemd i og handel med utviklingsland, og omfattar mellom anna finansiering av ei garantiordning for import frå utviklingsland. Under denne ordninga kan ein gi garantiar for tap som skuldast manglar ved kvaliteten eller for sein levering av varer importert til Noreg frå utviklingsland. Ordninga har vist seg å vere eit viktig verkemiddel for å opparbeide importliner mellom Noreg og ein del utviklingsland slik som Sri Lanka, Vietnam og Namibia.
I forslag til garantifullmakt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Gul bok (romertalsvedtak VIII under Utanriksdepartementet) som gjeld ordninga, er det lagt inn ei avgrensing av land som kan omfattast av ordninga til berre å gjelde hovudsamarbeidsland og andre land i kategorien minst utvikla land (MUL). Talet på land innan desse gruppene utviklingsland har dei seinare åra vorte endra. I dag høyrer såleis ikkje land som Sri Lanka og Namibia med i desse grupperingane. Dette gjer det naudsynt å endre teksten i garantifullmakta slik at desse og også andre samarbeidsland kan nytte ordninga i framtida. Ved å ta ut avgrensinga til hovudsamarbeidsland og andre minst utvikla land i garantifullmakta, vil alle verkemidla under kap. 161 Næringsutvikling ha same geografiske avgrensing, jf. forslag til romertalsvedtak.