1 Avtale av 4. november 1999 mellom Norges Fiskarlag og Arbeids- og administrasjonsdepartementet om støttetiltak for fiskerinæringa for 2000
Inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykke til løyvingsforslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 12 (1999-2000)
§ 1 Avtaleperioden
Denne avtalen gjeld i tida 1. januar - 31. desember 2000.
§ 2 Rett på tilskot
Dersom ikkje anna er fastsett, kan tilskot etter denne avtalen berre betalast ut til fartøy og for fangst levert frå fartøy som er registrert i merkeregisteret for fiskefartøy og der høvedsmann på fartøyet er innført i fiskarmanntalet.
Fartøy/fiskar som driv fiskeleiting og forsøk, har rett til tilskot etter same retninglinjer/praksis som tidlegare.
Etter samråd med Norges Fiskarlag kan det også betalast ut tilskot til personar som er knytt til drift av fartøy som har rett på tilskot.
§ 3 Strukturtiltak i fiskeflåten
Det vert sett av 30 mill. kroner til tilskot til kondemnering i fiskeflåten. Beløpet vert disponert av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.
§ 4 Forsking og næringsutvikling
Det vert sett av 5 mill. kroner til fiskeforsøk og rettleiingsteneste. Midlar som ikkje er disponerte 31. desember 2000, kan overførast til same formål etter denne datoen.
Det vert sett av 4 mill. kroner til å stimulere til auka verdiskaping basert på biprodukt. Beløpet vert disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap.
§ 5 Føringstilskot
Til føringstilskot vert det sett av 30 mill. kroner. Midlane vert fordelt på salslag av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.
Salslag som får tilskot skal leggje fram ein oversikt over korleis midlane er tenkt brukte for å sikre gjennomføringa av fisket for heile året.
Vedtak om nærmare disponering av midlane i samsvar med den framlagde oversikten, treng førehandsgodkjenning av Fiskeridepartementet. Laga får midlane stilt til disposisjon etter kvart som laga treng dei for gjennomføring av godkjende støttetiltak. Det er ein føresetnad at salslaga disponerer midlane slik at dei strekk til for heile den perioden fisket foregår.
Den del av midlane som laga måtte ha att den 31. desember 2000, kan overførast til same formål etter denne datoen.
§ 6 Garantilott
Det vert stilt til disposisjon 4 mill. kroner, i tillegg til om lag 15 mill. kroner i udisponerte midlar avsett til garantilott frå tidlegare år, til dekking av utbetaling av garantilott og administrasjonskostnader for Garantikassa for fiskarar. Eigengarantiperioden er på 13 veker og vekesatsen er 2 100 kroner. Eventuelle overskridingar skal dekkjast under § 8 Reservebeløp.
§ 7 Lineegnesentralar
Til tilskot til drift av lineegnesentralar vert det sett av 13 mill. kroner. Tilskotet vert utbetalt med inntil 11 kroner per 100 anglar.
§ 8 Reservebeløp
Det vert sett av 24 mill. kroner til reserve, i tillegg til udisponert reservebeløp frå 1999. Av dette beløpet skal det nyttast midlar mellom anna til selfangststøtte, både som driftsstøtte til selfangst komande sesong og andre tilskot for å kunne oppretthalde norsk selfangst.
Reserven vert disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap. Unytta beløp frå §§ 6 - 7 vert tilført reserven.
Protokollar
Partane viser til at fristen for å sluttføre forhandlingane dei seinaste åra har vore kortare enn i tidlegare år. Årsaka til dette er reglane for Stortinget si handsaming av statsbudsjettet. Ved inngåing av avtalen er ikkje kvoteforhandlingane med Russland og EU ferdige, jf. omtale i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 12 (1999-2000). Dersom utviklinga tilseier det, kan Fiskarlaget ta situasjonen opp med staten.
Partane er samde om å starte ei evaluering av ordningane garantilott og tilskot til lineegnesentralar, først og fremst i forhold til administrasjonskostnadene.
Oslo, den 4. november 1999
For Arbeids- og administrasjonsdepartementet | For Norges Fiskarlag |
(med atterhald om samtykke frå Stortinget) | |
Magnor Nerheim | Jan Skjærvø |