5 Avtaleramme for 2000
Avsluttande forhandlingar blei haldne 1. til 4. november 1999. Først vart utsiktene for fangstkvantum, marknadssituasjon og kostnadsutvikling gjennomgått. Partane har om lag same vurdering av utviklinga for desse faktorane, men er samde om at det knyter seg særleg uvisse til viktige kvoteprognosar.
Partane kom den 4. november 1999 til semje om ei ramme på 110 mill. kroner i fiskeristøtte for 2000. Partane vart også samde om ei nærmare fordeling på tiltak. Avtalen er trykt som vedlegg til proposisjonen.
Partane har lagt til grunn at avsetninga over avtalen på 30 mill. kroner til kondemnering kjem i tillegg til beløpet på 50 mill. kroner som er foreslått løyvd over kap. 2415 Statens nærings- og distriktutviklingsfond, post 72 Tilskot til fornying og kapasitetstilpassing i fiskeflåten. Under forhandlingane har partane vore kjende med at budsjettforliket i Stortinget for 2000-budsjettet omfattar ei tilsegnsfullmakt på 35 mill. kroner under same ordning. På bakgrunn av den forventa ressurssituasjonen innan torskefiskeria er partane samde om at ramma på 50 mill. kroner i budsjettframlegget bør prioriterast nytta til kondemnering og kombinert kondemnering.
Partane har vore samde om, i tillegg til å oppretthalde faste ordningar, å setje av midlar til framtidsretta tiltak som tilskot til kondemnering av fiskefartøy, tilskot til selfangst og midlar til å stimulere til auka verdiskaping basert på biprodukt.
Når det gjeld garantilott har det vore på høyring eit dokument frå Fiskeridepartementet om regelendringar i ordninga basert på Stortingsvedtak av 20. mai 1997, jf. Innst. S nr. 194 (1996-97). Partane legg til grunn at dei endringane høyringsdokumentet gjer framlegg om, vert gjort gjeldande frå 1. januar 2000.