7 Redusert løyving under kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Regjeringa har tidlegare i haust og samtidig med denne proposisjonen fremma i alt 11 tilleggsproposisjonar til St. prp. nr. 1 (1999-2000). Samla sett gir desse proposisjonane og denne proposisjonen ein reduksjon i utgiftene på statsbudsjettet på 167,4 mill. kroner. Inntektene er foreslått redusert med 684,0 mill. kroner. Reduksjonen i inntekter og utgifter må sjåast i samanheng med at Regjeringa har fremma forslag om ei omlegging i sjukepengeordninga for statstilsette. Denne endringa gir både omlag 800 mill kroner lågare inntekter og utgifter, jf tillegg nr. 1 frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Samla sett gir forslaga i tilleggsnummera ein auke i underskotet på statsbudsjettet på i alt 516,7 mill. kroner. Auka netto innlån på til saman 309,4 mill kroner er då ikkje medrekna. Regjeringa gjer framlegg om at det auka oljekorrigerte underskotet vert dekka ved at reserven for tilleggsløyvingar under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vert sett ned tilsvarande.