6 Auka løyvingar under kapitla 4020 Havforskingsinstituttet og 4021 Drift av forskingsfartøya
Havforskingsinstituttet sine oppdragsutgifter -og inntekter vert posterte over utgiftskapitla 1020 og 1021 og inntektskapitla 4020 og 4021. Begge utgiftskapitla har meirinntektsfullmakt gitt av Stortinget gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1, som gir heimel til å overskride utgiftsløyvinga mot tilsvarande meirinntekter på tilhøyrande inntektskapittel. Havforskingsinstituttet følgjer kontantprinsippet for alle utbetalingar, herunder utgifter i samband med oppdrag for eksterne oppdragsgivarar. Ved årsskiftet 1999/2000 vil Havforskingsinstituttet ha kontraktfesta, fakturerte, men ikkje innbetalte oppdragsinntekter. Tilhøyrande utgifter vil derimot vere posterte i 1999.
Som følgje av dette er det nødvendig med ei tilleggsløyving på 16 mill. kroner i 1999 på utgiftssida, som vil bli lagt fram for Stortinget i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 1999. Forslag om tilsvarande inntektsauke i 2000, fordelt med 15 mill. kroner på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter og 1 mill. kroner på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter, vert fremma i denne tilleggsproposisjonen.