1 Samandrag
Støtteramma for fiskerinæringa for 1998 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 8. desember 1997, jf St prp nr 1 Tillegg nr 2 og Budsjett-innst S nr 8 (1997-98). Avtaleramma var på 115 mill kroner.
Norges Fiskarlag ba i brev av 27. oktober 1998 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 1999. Første forhandlingsmøte vart halde 28. oktober 1998. Fiskarlaget talfesta deretter i brev av 2. november 1998 eit krav på 200 mill kroner.
Etter forhandlingar kom partane til semje den 5. november 1998 om ei ramme på 105 mill kroner i fiskeristøtte for 1999 som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget.
I denne proposisjonen blir det også gjort framlegg om ei endring av løyvinga under kap 2309 Tilfeldige utgifter som følgje av dei tilleggsnummer til St prp nr 1 (1998-99) som er lagde fram av Regjeringa.