6 Redusert løyving under kap 2309 Tilfeldige utgifter
Regjeringa har tidlegare i haust og samtidig med denne proposisjonen fremma i alt 12 tilleggsproposisjonar til St prp nr 1 (1998-99). Samla sett gir desse proposisjonane ein auke i utgiftene på statsbudsjettet på 384,0 mill kroner. Inntektene er foreslått auka med 103,2 mill kroner. Samla sett gir dermed desse forslaga ein auke i underskotet på statsbudsjettet med i alt 280,8 mill kroner. Auka utlån og løyvingar i samband med petroleumsverksemda er då ikkje medrekna.
I tillegg blir det i denne proposisjonen lagt fram forslag om auka løyvingar på i alt 105 mill kroner. Samla sett er dermed det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet auka med 385,8 mill kroner sidan St prp nr 1 (1998-99) vart lagt fram. Regjeringa gjer framlegg om at det auka oljekorrigerte underskotet blir dekka ved at reserven for tilleggsløyvingar under kap 2309 Tilfeldige utgifter blir sett ned tilsvarande.
Løyvingar til utlån er foreslått auka med 1 040 mill kroner etter framlegget av St prp nr 1 (1998-99). Forslaga gjeld lån til Oslo Lufthavn AS og NSB Gardermobanen AS.
Det blir samtidig med denne proposisjonen lagt fram ein proposisjon der løyvingane til investeringar i statleg petroleumsverksemd er foreslått auka med 800 mill kroner og aksjeutbyttet frå Statoil er foreslått sett ned med 500 mill kroner.