St.prp nr. 1 Tillegg nr. 13 (1998-99)

FOR BUDSJETTERMINEN 1999 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1999 og endring av kap 2309 Tilfeldige utgifter

Til innhaldsliste

1 Avtale av 5. november 1998 mellom Norges Fiskarlag og Arbeids- og administrasjonsdepartementet om støttetiltak for fiskerinæringa for 1999

Inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykke til løyvingsforslag i St prp nr 1 Tillegg nr 13 (1998-99)

§ 1 Avtaleperioden

Denne avtalen gjeld i tida 1. januar - 31. desember 1999.

§ 2 Rett på tilskot

Dersom ikkje anna er fastsett, kan tilskot etter denne avtalen berre betalast ut til fartøy og for fangst levert frå fartøy som er registrert i merkeregisteret for fiskefartøy og der høvedsmann på fartøyet er innført i fiskarmanntalet.

Fartøy/fiskar som driv fiskeleiting og forsøk, har rett til tilskott etter same retninglinjer/praksis som tidlegare.

Etter samråd med Norges Fiskarlag kan det også betalast ut tilskot til personar som er knytt til drift av fartøy som har rett på tilskot.

§ 3 Strukturtiltak i fiskeflåten

Det vert sett av 18mill kroner til tilskot til kondemnering i fiskeflåten. Beløpet vert disponert av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

§ 4 Fiskeforsøk og rettleiingsteneste

Det vert sett av 5mill kroner til fiskeforsøk og rettleiingsteneste.

Midlar som ikkje er disponert 31. desember 1999, kan overførast til same formål etter denne datoen.

§ 5 Føringstilskot

Til føringstilskot vert det sett av 31mill kroner. Midlane vert fordelt på salslag av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

Salslag som får tilskot skal leggje fram ein oversikt over korleis midlane er tenkt brukte for å sikre gjennomføringa av fisket for heile året.

Vedtak om nærmare disponering av midlane i samsvar med den framlagde oversikten, treng førehandsgodkjenning av Fiskeridepartementet. Laga får midlane stilt til disposisjon etter kvart som laga treng dei for gjennomføring av godkjende støttetiltak. Det er ein føresetnad at salslaga disponerer midlane slik at dei strekk til for heile den perioden fisket foregår.

Den del av midlane som laga måtte ha att den 31. desember 1999, kan overførast til same formål etter denne datoen.

§ 6 Garantilott

Det vert stilt til disposisjon 18 mill kroner, i tillegg til om lag 10 mill kroner i udisponerte midlar avsett til garantilott frå tidlegare år, til dekking av utbetaling av garantilott og administrasjonskostnader for Garantikassa for fiskarar. Garantilotten gjeld 2. garantiperiode for 1998 med ein eigengaranti på 14 veker og 1. garantiperiode 1999 med ein eigengaranti på 13 veker. Vekesatsen vert sett til kr 2 100,- frå 1. januar 1999. Eventuelle overskridingar skal dekkjast under § 8 Reservebeløp.

§ 7 Lineegnesentralar

Til tilskot til drift av lineegnesentralar vert det sett av 13 mill kroner. Tilskotet vert utbetalt med inntil kr 11,- per 100 anglar.

§ 8 Reservebeløp

Det vert sett av 20 mill kroner som reserve, i tillegg til udisponerte reservebeløp frå tidlegare år, jf § 6. Av dette beløpet kan det nyttast midlar mellom anna til selfangststøtte. Reserven vert disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap.

Unytta beløp frå §§ 6 - 7 vert tilført reserven.

Oslo, den 5. november 1998

For Arbeids- og administrasjonsdepartementetFor Norges Fiskarlag
(med atterhald om samtykke frå Stortinget)
Magnor NerheimJan Skjærvø

Protokoll

1. Norges Fiskarlag viser til at fristen for å sluttføre forhandlingane har vore kortare enn i tidlegare år. Årsaka til dette er reglane for Stortinget si handsaming av statsbudsjettet. Kvoteforhandlingane med Russland og EU var ikkje ferdige, jf omtale i St prp nr 1 Tillegg nr 13 (1998-99).

Fiskarlaget vil, dersom utviklinga tilseier det, ta opp situasjonen med staten for drøfting.