5 Avtaleramme for 1999
Avsluttande forhandlingar vart haldne 3. til 5. november 1998. Partane kom då til semje om ei ramme på 105 mill kroner i fiskeristøtte for 1999. Partane vart også samde om ei nærmare fordeling på tiltak. Avtalen er trykt som vedlegg til proposisjonen.
Partane har lagt til grunn at avsetninga over avtalen på 18 mill kroner til kondemnering kjem i tillegg til beløpet på 60 mill kroner som er foreslått løyvd over kap 2415 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 72 Tilskot til fornying og kapasitetstilpassing i fiskeflåten.
I forhandlingane har Norges Fiskarlag blant anna lagt vekt på oppfølginga av arbeidet med biprodukt. Det framgår av St prp nr 1 (1998-99) at Fiskeridepartementet framleis vil prioritere arbeidet med utnytting av biprodukt gjennom Noregs forskingsråd og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Fiskeridepartementet vil vektleggje tilrettelegging for betre utnytting av biprodukt i dei fiskeripolitiske retningslinjene til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond for 1999.