3 Støttetiltaka for 1998
For 1998 vart det løyvd 115 mill kroner i støtte til fiskerinæringa. Avtaleramma vart fordelt slik:
Avtaleramme 1998 | Mill kroner |
Strukturtiltak, kondemnering | 25 |
Føringstilskot | 38 |
Garantilott | 24 |
Driftstilskot lineegnesentralar | 13 |
Fiskeforsøk og rettleiing | 5 |
Reservebeløp | 10 |
Totalt | 115 |
Ved utgangen av 1997 stod det att 39,2 mill kroner som vart overført til 1998. Disponibelt beløp i 1998 er 154,2 mill kroner, jf St prp nr 1 (1998-99) for Fiskeridepartementet, kap 1040 post 70 Tilskot til støtte av fiskeria mm.
Det var per 31. oktober 1998 utbetalt 62,8 mill kroner over kap 1040 post 70. Dette medfører at det på dette tidspunktet stod att 91,4 mill kroner. Det meste av restbeløpet er øyremerkt særskilde formål, herunder 25 mill kroner til kondemneringsordninga som blir administrert av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Det er førebels ikkje betalt ut midlar over denne ordninga som vart gjort gjeldande med forskrift av 14. august 1998. Frist for søknad om tilskot var 16. oktober 1998.