2 Staten sitt lånebehov og behovet for lånefullmakter
2.1 Staten sitt lånebehov
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet blir finansiert ved ei overføring frå Statens petroleumsfond. Avdrag på statsgjelda og netto utlån til statsbankane mv. blir dekka ved nye låneopptak og ved trekk på staten si kontantbehaldning (statlege konti i Noregs Bank), jf. mellom anna drøftinga i St.meld. nr. 2 (1996-1997) Revidert nasjonalbudsjett 1997.
Tabell 2.1 Staten sitt finansieringsbehov i 2004 og 20051. Mill. kroner
Overslag over rekneskapen 2004 | Statsbudsjettet 2005 | ||
A | Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet | -71 798 | -74 342 |
B | Overført frå Statens petroleumsfond | 71 798 | 74 342 |
C | Overskot før lånetransaksjonar (A+B) | 0 | 0 |
D | Utlån til statsbankane, aksjeteikning mv.,netto | 6 733 | 15 463 |
E | Staten sitt netto finansieringsbehov (D-C) | 6 733 | 15 463 |
F | Gjeldsavdrag2 | 47 543 | 500 |
G | Staten sitt brutto finansieringsbehov (E+F) | 54 276 | 15 963 |
1 Jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005), inkludert Tillegg nr. 1-7.
2 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån, medan tilbakebetaling av kortsiktige lån ikkje er medreka.
Kjelde: Kjelde: Finansdepartementet.
Det er fleire grunnar til at staten låner i den innanlandske marknaden samstundes som staten sparer i Petroleumsfondet. Det kan mellom anna peikast på:
Omsynet til staten si kontantbehaldning. Kontantbehaldninga svingar kraftig. Den kortsiktige opplåninga i marknaden sikrar at staten har tilstrekkelege midlar til å møte sine betalingsskyldnader til ei kvar tid.
Omsynet til balansen i pengemarknaden. Statleg opplåning verkar inn på den samla penge- og likviditetspolitikken. Når staten betaler avdrag på gjelda si eller aukar netto utlån til statsbankane, blir pengemarknaden tilført likviditet. Over tid bør ein ha som siktemål at transaksjonane til staten skal verke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden. I dag blir dette ivaretatt ved at avdrag på staten sine lån og netto utlån til statsbankane mv. blir finansiert ved opptak av nye lån. Likviditetstilførselen frå staten si side blir på denne måten nøytralisert.
Statsopplåninga blir tilpassa Noregs Bank sine operasjonar for å styre likviditeten i banksystemet. Sentralbankens vurdering er at vedvarande høg overskotslikviditet i pengemarknaden er uheldig både av omsyn til ein godt fungerande interbankmarknad og av omsyn til rentedanninga og effektiviteten til pengepolitikken. Tilpassing til Noregs Banks likviditetsstyring kan i periodar innebere at staten låner meir eller mindre enn det som føljer direkte av eit likviditetsnøytralt opplegg.
Eigenverdi av statslån. Det at staten har uteståande lån i marknaden har ein samfunnsøkonomisk eigenverdi. Statspapir blir rekna som kredittrisikofrie verdipapir å investere i, og tener som ein referanse i prisinga av andre finansielle instrument (f.eks. finansielle derivat og private obligasjonar). Eksistensen av statsobligasjonar medverkar dermed til ein effektiv kapitalmarknad i Noreg.
Forslaget til statsbudsjett for 2005 inkludert forslaga omtala i kapittel 7 i denne tilleggsproposisjonen, syner at staten har eit brutto finansieringsbehov på 16,0 mrd. kroner i 2005, jf. tabell 2.1. Av dette utgjer netto utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre mv. om lag 15,5 mrd. kroner, medan avdrag på langsiktig gjeld er berekna til 500 mill. kroner. Ein legg opp til at staten sitt finansieringsbehov blir dekka ved langsiktige låneopptak innanlands.
2.2 Behov for lånefullmakter og staten si kontantbehaldning
2.2.1 Generelt om behovet for lånefullmakter
Når ein vurderer opplegget for finansieringa av staten, tar ein normalt utgangspunkt i at staten sine transaksjonar samla sett skal verke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden, jf. avsnitt 2.1. Overskot på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla vil isolert sett redusere likviditeten i pengemarknaden. Likviditeten blir i sin tur tilført marknaden gjennom kjøp av valuta (og sal av kroner) for Petroleumsfondet. Nokre postar på statsbudsjettet påverkar ikkje likviditeten i pengemarknaden direkte, sjølv om dei påverkar balansen på statsbudsjettet og dermed overføringane til Petroleumsfondet. Dette gjeld mellom anna renter og overføringar frå Noregs Bank og overføring til Statens petroleumsforsikringsfond. I eit likviditetsnøytralt opplegg må ein korrigere for desse postane. I tillegg må ein korrigere for lånetransaksjonar som ikkje har likviditetseffekt, som til dømes innskot i Fondet for forsking og nyskaping. For 2005 er slike postar berekna å trekke inn vel 2,6 mrd. kroner netto. Eit likviditetsnøytralt opplegg tilseier dermed at staten i 2005 skal låne vel 2,6 mrd. kroner mindre enn finansieringsbehovet i statsbudsjettet, dvs. om lag 13 mrd. kroner.
I inneverande år vil eit likviditetsnøytralt opplegg innebere ei opplåning på om lag 53 mrd. kroner, mellom anna som følje av at eit større obligasjonslån forfell. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån slik at store svingingar i finansieringsbehovet frå eit år til eit anna ikkje fullt ut skal påverke opplåningstakta. Samstundes blir opplåninga tilpassa Noregs Banks behov for å trekke inn overskotslikviditet frå pengemarknaden, jf. avsnitt 2.1.
Ovannemnde omsyn og erfaringane frå tidlegare år tilseier at det er behov for rommelege lånefullmakter, slik at ein kan tilpasse staten sitt låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2005.
Tabell 2.2 gir ei samla oversikt over lånefullmaktene i 2003 og 2004, saman med forslag til fullmakter for 2005. I tillegg ber departementet om at fullmakta til å inngå rentebytteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført.
Tabell 2.2 Fullmakter til opptak av statslån i 2003 og 2004. Forslag til fullmakter for 2005. Mill. kroner
Fullmakt for 2003 | Utnytta per 31.12. 2003 | Gjeldande fullmakt for 2004 | Utnytta per 30.09. 2004 | Forslag til fullmakt for 2005 | |
Nye langsiktige innanlandske lån1 | 60 000 | 29 000 | 80 000 | 24 000 | 50 000 |
Kortsiktige lån, samla uteståande: | |||||
- kortsiktige marknadspapir2 | 120 000 | 84 513 | 120 000 | 75 051 | 120 000 |
- andre kortsiktige lån3 | 100 000 | 31 029 | 100 000 | 52 317 | 100 000 |
1 Medrekna langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
2 Medrekna kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
3 Kontolån frå institusjonar utanom Folketrygdfondet. Kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i statsrekneskapen) er ikkje medrekna.
Kjelde: Kjelde: Finansdepartementet.
2.2.2 Staten si kontantbehaldning
Staten må ha ein viss likviditetsreserve slik at ein alltid kan dekke daglege betalingar. Det er store daglege svingingar i inn- og utbetalingane på statlege konti, og det er vanskeleg å berekne på førehand omfanget av desse på enkeltdagar. Særleg gjeld dette innbetalingar av skattar. Staten si opplåning medverkar til å sikre staten tilstrekkeleg kontantbehaldning, men svingingane kan berre delvis jamnast ut ved tilpassingar i staten sitt låneprogram. Ein styrer derfor kontantbehaldninga slik at den normalt ikkje skal falle under 25 mrd. kroner.
Gjennom 2003 og 2004 auka kontantbehaldninga, jf. figur 2.1. Bruk av låneinstrumenta til staten for å trekke inn overskotslikviditet frå pengemarknaden er den viktigaste årsaka til dette. I tillegg medverka etableringa av primærhandlaravtalen for statskassevekslar i august 2003 til ein auke i kontantbehaldninga på om lag 10 mrd. kroner.
I løpet av 4. kvartal i år vil staten overta eigarskapet til porteføljen av statspapir som Noregs Bank nyttar til marknadspleieformål, jf. avsnitt 4. Dette vil føre til ein reduksjon i staten si kontantbehaldning på om lag 22 mrd. kroner. I tillegg forfell eit stort obligasjonslån i slutten av november, noko som vil reduserer kontantbehaldninga ytterlegare. På denne bakgrunnen ventar ein at kontantbehaldninga ved utgangen av 2004 vil komme ned under 70 mrd. kroner