7 Saldering av statsbudsjettet for 2005
Regjeringa fremmer i alt 7 tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2004-2005). Samla sett aukar utgiftene på statsbudsjettet med netto 65,2 mill. kroner medan inntektene aukar med netto 29,7 mill. kroner som følgje av forslag i disse proposisjonane, sett bort frå forslag til endra løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter. Av dette gjeld 45,6 mill. kroner auka utgifter på Samferdselsdepartementets budsjett i samband med forslag om omdanning av Jernbaneverkets forretningseining BaneService til aksjeselskap og 16,6 mill. kroner auka utgifter på Fiskeri- og kystdepartementets budsjett i samband med omdanning av Kystverkets produksjonsverksemd til aksjeselskap. Netto inntektsauke på 29,7 mill. kroner gjeld i hovudsak inntekter frå Havforskingsinstituttet.
Samla sett gir forslaga i tilleggsproposisjonane ei auke i det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet på i alt 35,5 mill. kroner, sett bort frå forslag om endra løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter.
I Gul bok 2005 var kapittel 2309 Tilfeldige utgifter foreslått løyva med 9 431,6 mill. kroner. Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir redusert slik at budsjettet gjerast opp med det same oljekorrigerte budsjettunderskotet som framlegget i Gul bok 2005. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 35,5 mill. kroner. Samla løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir etter dette 9 396,2 mill. kroner. Overføringa frå Statens petroleumsfond som skal dekke det oljekorrigerte budsjettunderskotet på kapittel 5800, blir då som foreslått i Gul bok 2005.
Auka i netto lånetransaksjonar i tilleggsproposisjonane fører til at finansieringsbehovet i statsbudsjettet aukar med til saman 113,1 mill. kroner. Løyvinga over kapittel 5999 Statslånemidlar, post 90 Lån, som står som motpost til finansieringsbehovet, blir auka tilsvarande og foreslåas løyvd med 15 963,1 mill. kroner.