4 Omsetting og likviditet i statspapirmarknaden
Etter ein viss vekst i 2002 og 2003 har omsettinga i norske statsobligasjonar falle det siste året. Omsettinga fall også markert frå 1997 til 2000, jf. figur 4.1. Den trendmessige nedgangen sidan 1997 kan mellom anna ha samanheng med framveksten av alternative finansielle produkt. Eit anna moment er den aukande kapitalmobiliteten over landegrensene som fører til at Oslo Børs møter aukande konkurranse frå utanlandske marknadsplassar som kan tilby fleire produkt, høgare omsetning og betre likviditet for aktørane i marknadene. I tillegg kjem at talet på aktørar i den norske finansmarknaden er redusert mellom anna som følgje av fusjoner og oppkjøp. Utviklinga sidan 1997 skil seg ikkje vesentleg frå utviklinga i Sverige og Danmark, sjølv om nedgangen det siste året ikkje ser ut til å ha vore fullt så sterk der. Omsettinga i Sverige og Danmark er likevel på eit betydelig høgare nivå enn i den norske marknaden.
Den utanlandske interessa for norske statsobligasjonar er relativt stor. Figur 4.2 viser at den utanlandske eigardelen auka frå 10 pst. i 4. kvartal i 1997 til 40 pst. i 4. kvartal 2000, og har etter det lege mellom 35 pst. og 40 pst. fram til utgangen av 3. kvartal i år.
Finansdepartementet legg vekt på å sikre tilstrekkeleg likviditet i den norske marknaden for statskassevekslar og statsobligasjonar. Ein marknad har god likviditet når ein kan kjøpe og selje for eit vesentleg beløp i eit verdipapir på kort varsel utan at det har særleg effekt på marknadsprisen. Staten er den einaste låntakaren som regelmessig legg ut nye lån. Dei siste åra har statsobligasjonane stått for mellom 75 pst. og 85 pst. av omsetninga i den norske obligasjonsmarknaden.
Auksjonar av statskassevekslar og statsobligasjonar er opne for alle, og kvar enkelt bodgjevar kan gi fleire bod. Bod må gis i heile millionar kroner. Kursen blir fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon eller einsprisauksjon. I ein slik auksjon vil alle som har gitt aksepterte bod, få tildelt obligasjonar til den lågaste aksepterte kursen. Statspapira har pålydande 1 000 kroner og kan kjøpast av alle gjennom verdipapirføretak og bankar. Omsetninga av obligasjonane skjer hovudsakleg direkte mellom kjøpar og seljar, og berre i noko grad over børsen sitt elektroniske system for andrehandshandel og auksjonar.
Ein legg vekt på å gi aktørane i marknaden god informasjon om staten sitt låneprogram, mellom anna ved å offentleggjere ein årleg kalender for auksjonar i statsobligasjonar og statskassevekslar.
For å fremje likviditeten i statspapirmarknaden har Noregs Bank på vegne av Finansdepartementet inngått avtalar med meklarar (såkalla primærhandlaravtalar). Desse avtalane sikrar at det til ei kvar tid blir stilt kjøps- og salskursar på Oslo Børs sitt elektroniske system for andrehandshandel, for eit visst minstevolum i kvart av låna. Primærhandlaravtalane set maksimumsgrenser for skilnaden mellom kjøps- og salskursane. I tillegg til å stille prisar på Oslo Børs, stiller primærhandlarane på spørsmål prisar overfor kvarandre med større volum og mindre skilnad mellom kjøps- og salskursar. Fleirtalet av primærhandlarane tek del i dette samarbeidet, og den største delen av omsettinga i andrehandsmarknaden skjer på denne måten. All omsetting blir rapportert i Oslo Børs sitt handelssystem ved slutten av dagen. Primærhandlaravtalane gir også primærhandlarane tilgang til å «låne» statspapir frå Noregs Bank for ein kort periode ved bruk av gjenkjøpsavtalar (såkalla repo-tilgang). Lånetilgangen verkar til å redusere risikoen primærhandlarane tar på seg. Utnyttinga av repo-rammene gir ein god indikasjon på handelsaktivitet og etterspørsel i dei ulike låna. Ved evaluering av primærhandlarane ser Noregs Bank på kor store delar dei har av omsetninga i første- og andrehandsmarknaden, og prøver å vurdere handlarane si evne til å plassere statspapira til nye kundegrupper.
Endringane i sentralbanklova § 18 som Stortinget vedtok i juni i 2003, jf. Ot.prp. nr. 81 (2002-2003) og Innst. O.nr.101 (2002-2003), og som trår i kraft frå årsskiftet, vil fjerne det høvet Noregs Bank har til å yte sesongmessig og kortsiktig kreditt direkte til staten. Dette vil ikkje påverke finansieringa av staten, sidan ein i praksis ikkje har nytta dette høvet til sentralbankfinansiering. Vedtaket vil likevel verke inn på pleia av andrehandsmarknaden for statspapir, inkludert primærhandlarordninga. I dag kjøper Noregs Bank statspapir direkte frå staten til marknadspleieføremål. Denne praksisen kan ikkje vidareførast når den nye sentralbanklova trår i kraft. Staten vil derfor i løpet av 2004 overta eigarskapet til porteføljen av statspapir som Noregs Bank nyttar for marknadspleieføremål, jf. St. prp. nr. 63 (2003-2004). Desse papira vil då inngå i staten sin balanse som ei eigenbehaldning. Porteføljen var ved utgangen av 3. kvartal 2004 på om lag 22 mrd. kroner, og vil bli overdratt til marknadspris på transaksjonstidspunktet. Auken i staten si behaldning av verdipapir vil ha ein motpost i ein tilsvarande reduksjon i staten si kontantbehaldning. Noregs Bank vil føre lånetilgangen under primærhandlaravtalen vidare basert på staten si eigenbehaldning etter fullmakt frå departementet.