6 Kortsiktige lån
6.1 Statskassevekslar
Den kortsiktige opplåninga skal sikre det kontantbehovet staten har for transaksjonsformål og er lagt opp slik at ein forsøkjer å reduserer svingingane i likviditeten i pengemarknaden. Opplåninga i marknaden skjer gjennom sal av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente der avkastninga er knytt til underkursen dei blir lagt ut til.
Med dagens opplegg blir det opna nye veksellån, med 11-12 månaders løpetid, fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar.
Tabell 6.1 Opptak av veksellån i 4. kvartal 2003 og hittil i 20041
Auksjonsdato | Børsnummer | Forfallsdato | Auksjonsvolum (pålydande mill. kroner) | Effektiv rente (pst.) | Midtrente i pengemarknaden2 (pst.) | Bodvolum i høve til auksjonsvolum |
03.11.03 | NST81 | 17.03.04 | 3 000 | 2,74 | 2,84 | 2,6 |
01.12.03 | NST81 | 17.03.04 | 2 000 | 2,65 | 2,73 | 4,5 |
15.12.03 | NST85 | 15.12.04 | 11 0003 | 2,63 | 2,69 | 2,5 |
05.01.04 | NST85 | 15.12.04 | 3 000 | 2,20 | 2,32 | 2,7 |
02.02.04 | NST82 | 16.06.04 | 3 000 | 2,00 | 2,08 | 2,7 |
01.03.04 | NST84 | 15.09.04 | 3 000 | 1,67 | 1,67 | 1,9 |
15.03.04 | NST86 | 16.03.05 | 11 0003 | 1,82 | 1,82 | 2,5 |
05.04.04 | NST86 | 16.03.05 | 2 000 | 1,99 | 2,02 | 2,2 |
04.05.04 | NST86 | 16.03.05 | 2 000 | 2,04 | 2,06 | 3,2 |
01.06.04 | NST84 | 15.09.04 | 2 000 | 1,77 | 1,94 | 3,2 |
14.06.04 | NST87 | 15.06.05 | 9 0003 | 2,28 | 2,34 | 2,1 |
05.07.04 | NST87 | 15.06.05 | 2 000 | 2,06 | 2,09 | 2,2 |
02.08.04 | NST86 | 16.03.05 | 2 000 | 1,95 | 2,02 | 3,6 |
31.08.04 | NST87 | 15.06.05 | 3 000 | 1,94 | 1,99 | 3,6 |
13.09.04 | NST88 | 21.09.05 | 9 0003 | 1,95 | 2,01 | 2,1 |
04.10.04 | NST88 | 21.09.05 | 3 000 | 2,02 | 2,05 | 2,6 |
1 Fram til og med 3. kvartal. Etterteikning er ikkje medrekna. I dei tre første kvartal i år har ein etterteikna for 6,8 mrd kroner i samband med byttetransaksjonar mot NST465 som har forfall i november 2004.
2 Gjennomsnitt av bankane sine innlåns- og utlånsrenter i interbankmarknaden på auksjonstidspunktet, interpolert og omrekna til effektive renter på faktisk/365-basis.
3 Av dette 3 mrd. direkte til Noregs Bank.
Kjelde: Kjelde: Finansdepartementet og Noregs Bank.
Som for statsobligasjonar blir det for statskassevekslar publisert ein årleg auksjonskalender. For 2004 vart det annonsert 16 auksjonar. Kalenderen er ikkje bindande, dvs. at auksjonar kan avlysast eller supplerast. Kalenderen som gjeld for eitt år av gongen, blir normalt publisert i desember året før.
Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med rentene i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under tilsvarande rente i pengemarknaden, jf. at investeringar i statspapir blir rekna som kredittrisikofrie. Tabell 6.1 viser resultata i vekselauksjonane det siste året. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har gjennomsnittleg lege 6 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. Det er det same som ein oppnådde i 2003.
6.2 Fullmakt til å ta opp kortsiktige marknadslån i 2005
Fullmakta under kortsiktige marknadspapir omfattar statskassevekslar og Folketrygdfondets kontolånsplasseringar til statskassen som er knytt til avkastninga på kortsiktige statspapir i marknaden.
Fullmaktene under kortsiktige lån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp, og ikkje som ei ramme for nye låneopptak. Som følgje av dei store svingingane og uvissa i prognosane for staten si kontantbehaldning, og at kortsiktige statspapir blir nytta i den likviditetspolitiske styringa, er det behov for rommelege rammer. Ein ber derfor om at fullmakta til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 120 000 mill. kroner i 2005.
6.3 Fullmakt til å ta opp andre kortsiktige lån i 2005
Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og dessutan eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Kontolån frå ordinære fond (kontogruppe 81 i statsrekneskapen) blir ikkje rekna inn under fullmaktsramma. Eit døme på eit slikt fond er Fondet for forsking og nyskaping. Kontolån av denne typen er ikkje å rekne som lån i vanleg forstand, mellom anna fordi kreditor, som er eit fond under eit departement, ikkje på noko tidspunkt kan disponere hovudstolen.
Per 30. september 2004 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån om lag 52,3 mrd. kroner. Den største plasseraren er banken som forvaltar likviditeten i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar (for tida er det DnB Nor). Denne operatørbanken skal etter dagens ordning plassere den likviditeten banken får ved slike statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten. Slike kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Per 30. september 2004 var det uteståande kontolån på nær 48,4 mrd. kroner under denne ordninga. Hovuddelen av kontolåna frå DnB Nor er no knytt til ordninga for innbetaling av folketrygdavgift og skatt på inntekt til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av staten si konsernkontoordning.
På bakgrunn av at operatørbanken for skattebetalingsordninga framleis vil ha store plasseringsbehov rundt skatteinnbetalingane, foreslår ein at fullmakta i 2005 til å ha andre kortsiktige lån blir halden uendra på 100 000 mill. kroner.