2 Endringar på statsbudsjettet for 2004
Kap. 1800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4800)
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Det blir foreslått å auke løyvinga med netto 23,9 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004.
Endringa har samanheng med utgifter i samband med aksjesalet i Statoil ASA i juli 2004 (om lag 25,2 mill. kroner). Kongen har i 2004 fullmakt til å overskride løyvinga til å dekkje honorar til meklarar og utgifter til fagleg rådgjeving ved sal av statlege aksjepostar og andre endringar som kan få innverknad på eigarstrukturen i Statoil, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004). Nedsalet er omtalt i denne proposisjonen under kapittel 4 Budsjettkonsekvensar i samband med aksjesalet i Statoil ASA.
Vidare blir det foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner som inndekning for økte utgifter under kap. 1825, post 21.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 55,452 mill. kroner.
Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,525 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004. Endringa har samanheng med at to personar er overførte frå Petroleumstilsynet til Oljedirektoratet. Tilsvarande reduksjon blir foreslått under kap. 642 Petroleumstilsynet. Nytt forslag til løyving blir etter dette 151,449 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til OD sin oppdrags- og samarbeidsverksemd med 18 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004. Utgiftene knytt til oppdrags- og samarbeidsverksemd har blitt høgare enn tidlegare budsjettert. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet. Nytt forslag til løyving blir etter dette 73,6 mill. kroner.
Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004. Endringa har samanheng med auka arbeid knytt til miljøtilsynet grunna auke i antall småkraftverk. Miljøtilsynet er gebyrfinansiert, jf. kap. 4820, post 01. Nytt forslag til løyving blir etter dette 235,904 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til NVE sin oppdrags- og samarbeidsverksemd med 5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004. Endringa har samanheng med forseinking i delprosjekt i mellom anna Mosambik, Vietnam og Sør-Afrika. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet. Nytt forslag til løyving blir etter dette 49 mill. kroner.
Post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres
I etterkant av flaumen i Midt-Noreg våren 2004 har det vore naudsynt å gjennomføre fleire akutte sikrings- og oppryddingstiltak som det ikkje tidlegare er budsjettert med. Ein stor del av arbeidet kan dekkjast inn ved auka inntekt på 4,1 mill. kroner knytt til distriktsbidrag ved forbyggingsprosjekt som ikkje tidligare er budsjettert, jf. kap. 4820, post 40.
På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner, frå 69,25 til 73,35 mill. kroner.
Kap. 1825 Omlegging energibruk og energiproduksjon
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Løyvinga dekkjer i hovudsak utgifter knytt til deltaking i EUs rammeprogram «Intelligent energi for Europa» og aktivitetar innan fornybar energi og energibruk.
Gjeldande løyving for 2004 vil ikkje vere tilstrekkeleg til å dekkje kontingentutgifter for 2004 knytt til «Intelligent Energi for Europa».
På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner, frå 11,8 til 13,1 mill. kroner.
For å dekkje inn merutgiften blir det foreslått ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 1800, post 21.
Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten
Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2004 frå Petoro AS. Petoro tek hand om SDØE for staten. Prognosen frå Petoro er basert på rekneskapsføring per 31. august 2004 og overslag for resten av året.
Det er lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 265 per fat for 2004. I revidert budsjett 2004 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 200 per fat.
Som følgje av at fjerningstilskotslova er oppheva, budsjetterast ikkje lengre fjerningsutgiftene under eigen post i budsjettforslaget. Desse utgiftene blir frå no av ført under kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter. Som følgje av dette blir anslaget på kap. 2440, post 22 satt til null for 2004.
Det blir foreslått ei løyving på 100 mill. kroner under kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjer. Løyvinga har samanheng med korrigeringar i pro et contra-oppgjeret knytt til salet av 6,5 pst. SDØE-eigardelar i 2002.
Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringer er redusert med 400 mill. kroner, frå 19 500 til 19 100 mill. kroner. Dette skuldast mellom anna at nokre investeringar i Langeled er flytta frå 2004 til 2005, endra boreprogram for Norne og Gullfaks og mindre investeringar i KEP 2005-prosjektet på Kårstø enn tidlegare budsjettert.
Det blir foreslått ei løyving på 120 mill. kroner under kap. 5440, ny post 01 Pro et contra-oppgjer. Løyvinga har samanheng med korrigeringar i pro et contra-oppgjeret knytt til salet av 6,5 pst. SDØE-eigardelar i 2002.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 24 400 mill. kroner, frå 103 200 til 127 600 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at forventa oljepris for 2004 er auka i høve til prisen som blei lagt til grunn i gjeldande budsjett samt eit større sal av gass enn tidlegare budsjettert.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 300 mill. kroner, frå 21 200 til 21 500 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak auka kostnadar knytt til større sal av gass.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Lete- og feltutviklingsutgifter er redusert med 300 mill. kroner, frå 1 100 til 800 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg mindre leiteboring enn tidlegare budsjettert.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 og post 30 Avskrivninger er redusert med 100 mill. kroner, frå 14 300 til 14 200 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at investeringane er mindre enn tidlegare budsjettert.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 og post 80 Renter av statens kapital er redusert med 500 mill. kroner, frå 7 200 til 6 700 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at rentefoten for rekning av renter på staten sin kapital er redusert.
Endringane nemd ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar med 25 000 mill. kroner, frå 59 400 til 84 400 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440, post 50 Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 800 mill. kroner.
Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2004 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten (i mill. kroner)
Kap. | post Underpost | Nemning | Gjeldande løyving1 | Forslag til ny løyving | Endring |
2440 | 22 | Fjerningsutgifter, overslagsbevilgning | 10 | 0 | -10 |
25 (ny) | Pro et contra-oppgjør | 100 | 100 | ||
30 | Investeringer | 19 500 | 19 100 | -400 | |
50 | Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond | 1 113 | 1 113 | 0 | |
Sum kap. 2440 | 20 623 | 20 313 | -310 | ||
5440 | 01 (ny) | Pro et contra-oppgjør | 0 | 120 | 120 |
24.1 Driftsinntekter | 103 200 | 127 600 | 24 400 | ||
24.2 Driftsutgifter | -21 200 | -21 500 | -300 | ||
24.3 Lete- og feltutviklingsutgifter | -1 100 | -800 | 300 | ||
24.4 Avskrivninger | -14 300 | -14 200 | 100 | ||
24.5 Renter av statens kapital | -7 200 | -6 700 | 500 | ||
24 | Driftsresultat | 59 400 | 84 400 | 25 000 | |
30 | Avskrivninger | 14 300 | 14 200 | -100 | |
50 (ny) | Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond | 0 | 800 | 800 | |
80 | Renter av statens kapital | 7 200 | 6 700 | -500 | |
Sum kap. 5440 | 80 900 | 106 220 | 25 320 | ||
Kontantstraum frå SDØE: | |||||
Innbetalingar2 | 103 200 | 128 520 | 25 320 | ||
Utbetalingar3 | 42 923 | 42 613 | -310 | ||
Nettokontantstraum frå SDØE | 60 277 | 85 907 | 25 630 |
1 Gjeldande løyving for 2004 er basert på Stortinget sitt løyvingsvedtak av 8. desember 2003 og seinare endringar i 2004 (revidert budsjett), jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 (2003-2004).
2 Innbetalingar = driftsinntekter + pro et contra-oppgjer ifm. sal av SDØE-eigardelar + overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond
3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + fjerningsutgifter + investeringar + overføring til Statens petroleumsforsikringsfond + pro et contra-oppgjer ifm. sal av SDØE-eigardelar.
Desse endringane medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE blir auka med 25 630 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving, frå 60 277 til 85 907 mill. kroner.
Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490, 5491 og 5603)
Post 24 Driftsresultat
Overslaget for kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 1,5 mill. kroner, frå 42,5 til 44 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka inntekter frå eksterne og interne oppdrag.
Overslaget for kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått auka med 2,1 mill. kroner, frå 35,7 til 37,8 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka innkjøp og anleggskostnader i samband med anleggsarbeid.
Som følgje av ein gjennomgang av berekninga av renter og avskrivingar blir overslaget for kap. 2490, underpost 24.3 Avskrivninger foreslått redusert med 0,9 mill. kroner, frå 5,9 til 5 mill. kroner. Overslaget for kap. 2490, underpost 24.4 Renter av statens kapital blir foreslått auka med 0,3 mill. kroner, frå 0,9 til 1,2 mill. kroner.
Ovannemnde endringar i underpostar medfører ingen endringar i det stipulerte driftsresultatet til NVE Anlegg under kap. 2490, post 24.
Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen
Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning
Tilskot etter fjerningstilskotlova dekkjer staten sin del av utgifter knytt til fjerning. Fjerningstilskotet blir utbetalt av Olje- og energidepartementet etter krav frå selskapa. Det gjenstår framleis fjerningstilskotssaker frå tida før fjerningstilskotlova ble heva. Operatørane har revidert sine rekneskap for fjerning, og behovet er no lågare enn tidlegare budsjettert. På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 30 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004. Nytt forslag til løyving blir etter dette 140 mill. kroner.
Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810, post 21. Nytt forslag til løyving blir etter dette 49,8 mill. kroner.
Post 03 Refusjon av tilsynsutgifter
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004. Endringa har samanheng med at estimerte timar for OD var for høge etter delinga av Petroleumstilsynet og OD. Nytt forslag til løyving blir etter dette 7,5 mill. kroner.
Post 04 Salg av undersøkelsesmateriale
Inntektene under posten kommer frå sal av seismisk undersøkingsmateriale til oljeselskapa. Det er stor tvil knytt til desse salsinntektene. Dei fleste aktørane på norsk kontinentalsokkel har allereie kjøpt dei seismiske datapakkane som til no er gjort tilgjengelege (Norskehavet og Barentshavet sør). Inntektene i framtida vil derfor avhenge av sal av geofysiske og geologiske datapakkar i Barentshavet nord.
OD har så langt i år ikkje selt nokon datapakkar, og ein reknar ikkje med at det vil bli selt datapakkar seinare i år heller. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 1 mill. kroner, til null.
Kap. 4811 Statoil ASA
Post 90 Salg av aksjer
Olje- og energidepartementet gjennomførte i juli 2004 eit sal av om lag 116,8 mill. aksjar i Statoil ASA. Transaksjonen blei gjennomført i to delar. Totalt 100 mill. aksjar blei først selde i eit blokksal utanom børs til investeringsbanken Lehman Brothers. I tillegg blei det gjennomført eit sal av om lag 16,8 mill. aksjar til privatpersonar i Noreg og i EØS-området.
Dei totale inntektene frå salet utgjer kr 9 858 595 950. Olje- og energidepartementet foreslår derfor ei løyving på kr 9 858 596 000 under posten.
Nedsalet er nærare omtalt i denne proposisjonen under kapittel 4 Budsjettkonsekvensar i samband med aksjesalet i Statoil ASA.
Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)
Post 01 Gebyr- og avgiftsinntekter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004, jf. omtale og tilsvarande endring under kap. 1820, post 01. Nytt forslag til løyving blir etter dette 23,4 mill. kroner.
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomheten
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004, jf. omtale og tilsvarande endring under kap. 1820, post 21. Nytt forslag til løyving blir etter dette 36,4 mill. kroner.
Post 40 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2004, jf. omtale og tilsvarande endring under kap. 1820, post 22. Nytt forslag til løyving blir etter dette 18,5 mill. kroner.
Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet
Post 70 Garantiprovisjon, Statnett SF
Løyvinga blir foreslått redusert med 0,5 mill. kroner, frå 11,9 til 11,4 mill. kroner. Endringa har samanheng med at Statnett sin lånemasse med statsgaranti er blitt redusert.
Kap. 5490 NVE Anlegg (jf. 2490)
Post 01 Salg av utstyr mv.
Løyvinga blir foreslått redusert med 0,7 mill. kroner, frå 1,2 til 0,5 mill. kroner. Endringa har samanheng med reduserte inntekter frå sal av utstyr.