7 Endringar i eigarskap i anlegg på St. Fergus i Skottland
Som ein del av utbygginga av Friggfeltet, blei det i si tid bygd to røyrleidningar for gass frå feltet til Storbritannia; ein norsk og ein britisk. Den norske røyrleidningen er i dag Vesterled, som er ein del av Gassled. Frigg UK Association (FUKA) eig den britiske røyrleidningen.
Ilandføringsstaden for begge røyrleidningane er St. Fergus i Skottland. Ilandføringsterminalen blei bygt slik at nokre delar av anlegget er eigd av det norske interessentskapet, delar av det britiske interessentskapet, medan andre delar er eigde av begge interessentskap i fellesskap. Vesterled er i dag satt saman av eigardelar som er eigde og fullt ut nytta av Gassled og av eigardelar som er nytta og eigd i fellesskap med FUKA.
Gassled har sidan våren 2003 forhandla med FUKA om å modernisere og harmonisere avtaleverket knytt til transport av gass i Vesterled. Partane er komme til at det må gjerast ei endring i eigarstrukturen knytt til FUKA og Vesterled. Utgangspunktet til Gassled og FUKA er å oppheve sameiget og etablere 100 pst. eigarskap til dei ulike anlegga, anten for Gassled eller FUKA.
Marknadsverdien av eigardelane er tilnærma null. Overføringa av eigardelar skal derfor så langt som mogleg skje vederlagsfritt. Staten har ein eigardel i Gassled på 39,5 pst. (inkludert eigardel i Norsea Gas). Eventuelle eigedomsoverdragingar som omtalt ovanfor, vil ikkje medføre nokre endringar i staten sin eigardel i Gassled.
Olje- og energidepartementet ber Stortinget slutte seg til at staten ved Olje- og energidepartementet kan godkjenne at Petoro AS kan delta i dei naudsynte transaksjonane knytt til Vesterled og FUKA, jf. Forslag til vedtak III.