St.prp. nr. 17 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2004 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

6 Bruk av fullmakter under SDØE

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004). I tillegg har Stortinget gjeve Olje- og energidepartementet fullmakter i samband med handsaminga av St.prp. nr. 24 og St.prp. nr. 41 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 65 og Innst. S. nr. 159 (2003-2004).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av desse fullmaktene.

Fullmakt II - St.prp. nr. 24 og Innst. S. nr. 65 (2003-2004)

Innlemming av Kollsnesanlegga i Gassled

I 2003 bad departementet eigarane i Trollfeltet om å forhandle med eigarane i Gassled om å innlemme Trollgruppa sitt anlegg på Kollsnes i Gassled. SDØE har ein eigardel i Troll på 56 pst. og ein eigardel på 39,5 pst. i Gassled (inkludert eigardel i Norsea Gas). Ei slik innlemming av anlegga på Kollsnes i Gassled ville innebere ei omstrukturering av eigarskapet i transportsystemet for gass. Derfor bad Olje- og energidepartementet i St.prp. nr. 24 (2003-2004) Stortinget om ei fullmakt til å gjennomføre og godkjenne dei transaksjonane som var naudsynte for å innlemme Kollsnes gasshandsamingsanlegg i Gassled.

22. desember 2003 godkjende Olje- og energidepartementet avtalene om overføring av eigardelar i Kollsnesanlegga frå eigarane av Troll til Gassled. Overføringa var vederlagsfri. Eigarane i Troll er sikra bruksrett i anlegga.

Fullmakt VII - St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004)

Fullmakta om forenkla handsaming frå styresmaktene si side har vore nytta ved tre høve:

Oseberg vestflanken

Departementet mottok 20. oktober 2003 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Oseberg vestflanken. Oseberg vestflanken er planlagt som ei undervassutbygging med oppkopling til Oseberg feltsenter. Produksjonen er planlagt å ta til i september 2005. Rettshavarane i Oseberg vestflanken er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Petoro AS, Statoil ASA, Total E&P Norge AS, Mobil Development Norway AS og Norske ConocoPhillips A/S. Petoro er ivaretakar for SDØE-porteføljen for staten. Eigardelen til SDØE er 33,6 pst.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift budsjettert til 2 145 mill. 2003-kroner. Utbygginga vil føre med seg om lag 181 mill. kroner i investeringar og om lag 6 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2004.

Plan for utbygging og drift for Oseberg Vestflanken blei vedteken ved kronprinsregentens resolusjon 19. desember 2003.

Norne satellittar

Departementet mottok 5. mai 2004 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Norne satellittar. Norne satellittar omfattar funna Stær og Svale. Satellittane er planlagt som ei undervassutbygging knytt til Norneskipet. Produksjonen frå dei to satellittane skal etter planen starte i oktober 2005. Rettshavarane i Norne satellittar er Statoil ASA (operatør), Petoro AS, Norsk Hydro Produksjon a.s, ENI Norge AS og A/S Norske Shell. Petoro er ivaretakar for SDØE-porteføljen for staten. Eigardelen til SDØE er 24,5455 pst.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift budsjettert til 3,5 mrd. 2004-kroner. Utbygginga vil føre med seg om lag 336 mill. kroner i investeringar, om lag 11 mill. kroner i kalkulatoriske renter og om lag 5 mill. kroner i driftskostnader for SDØE i 2004.

Plan for utbygging og drift for Norne Satellittar blei vedteken ved kronprinsregentens resolusjon 2. juli 2004.

Alvheim

SDØE har ikkje eigardelar i Alvheim.

Departementet mottok 30. juli 2004 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Alvheim. Alvheim er planlagt som ei undervassutbygging knytt til eit produksjons- og oljelagringsskip. Produksjonen frå Alvheim skal etter planen starte i 1. kvartal 2007. Rettshavarane i Alvheim er Marathon Petroleum Norge AS (operatør), Norske ConocoPhillips AS og Lundin Norway AS.

Dei totale investeringane er budsjettert til 9,2 mrd. 2004-kroner.

Plan for utbygging og drift for Alvheim blei vedteken ved kongeleg resolusjon 8. oktober 2004.

Fullmakt VIII - St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004)

Fullmakta om overføring av eigedomsrett mot bruksrett har vore nytta ved eitt høve i 2004:

Langeled og Gassled

Olje- og energidepartementet godkjende 23. juni 2004 ein avtale mellom rettshavarane i Langeled og Gassled om Langeleds tilknyting til Sleipner. I samband med utbygginga av røyrleidningen Langeled, blir det bygd utstyr på Sleipnerplattforma som Langeled betaler. Utstyret blir overført til Gassled når det er ferdig. SDØE har ein eigardel på 32,9 pst. i Langeled og 39,5 pst. i Gassled (inkludert eigardel i Norsea Gas).

Dei totale utgiftene er budsjettert til 812,6 mill. kroner. SDØE sin del av investeringane er 267,8 mill. kroner.

Fullmakt IX - St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004)

Fullmakta om overdraging av SDØE-eigardelar i utvinningsløyve har vore brukt ved to høve i 2004.

Utvinningsløyve 037D

Dei to funna/prospekta 33/9-6 Delta og MR Øst blei våren 2004 skild ut frå utvinningsløyve 037 (Statfjord) ved ei geografisk deling av løyvet. Det nye utvinningsløyvet er gitt som utvinningsløyve 037D. SDØE sin eigardel i løyve 037D var den same som i 037, 30 pst.

Våren 2004 blei rettshavarane i utvinningsløyve 037D, med unntak for Statoil, samde om å selje sine eigardelar til Revus Energy AS.

Økonomisk sett reknar rettshavarane i utvinningstillatelse 037D funna/prospekta i utvinningsløyvet som marginale. Vederlaget for SDØE sin eigardel var 5,16 mill. kroner etter skatt.

Overdraginga av statens eigardel i utvinningsløyve 037D til Revus Energy AS blei vedteken ved kongeleg resolusjon 24. juni 2004.

Utvinningsløyve 309

I tildeling i førehandsdefinerte område i 2003, blei Norsk Hydro Produksjon a.s tildelt 100 pst. av utvinningsløyve 309. Løyvet omfattar blokkene 25/1, 2 og 5. Desse grensar til Osebergfeltet. Tildelinga til Hydro var mellom anna tinga av at rettshavarane i Oseberg Øst, Oseberg Unit og Oseberg Sør, innan eit år etter tidspunkt for tildeling, skal ha rett til å tre inn i utvinningsløyvet med sine respektive deltakardelar i Osebergområdet, mot å dekkje tilsvarande del av kostnadene som kjem på i samband med løyvet.

Dette var grunna i at det er gjennomført ei harmonisering av eigarinteressene i Osebergområdet. På grunn av at dei tildelte blokkene grensar til Oseberg, ville Olje- og energidepartementet sikre at nye felt som blir knytte til Oseberg får same eigarstruktur som Oseberg. SDØE har ein eigardel på 33,6 pst. i alle løyva i Osebergområdet.

I 2004 overdrog Norsk Hydro Produksjon a.s eigardelar i løyve 309 til rettshavarane i Osebergområdet. Overdraginga av ein eigardel på 33,6 pst. frå Norsk Hydro Produksjon a.s til SDØE blei vedteken ved kongeleg resolusjon 24. juni 2004.

Bruk av fullmakter IV- St.prp. nr. 41 og Innst. S. nr. 159 (2003-2004)

Fullmakta til å inngå skyldnad utover gjeldande løyving under SDØE har vore nytta ved eitt høve i 2004:

Statleg deltaking i preinteressentskapsfasen knytt til ny røyrleidning for rikgass frå Statfjord

13. august 2004 vedtok Kongen at Petoro, som ivaretakar for SDØE, kan ta del i preinteressentskapsfasen for vurdering av etablering av ein ny røyrleidning for rikgass frå Statfjord på norsk kontinentalsokkel til FLAGS på britisk kontinentalsokkel for vidare skiping av gass til St. Fergus i Skottland.

SDØE har ikkje eigardelar i Statfjordfeltet. I dei andre felta i Tampenområdet har SDØE ein eigardel på 30 pst. Selskap som ikkje har eigardelar i Statfjord, men som ønskjer å ta del i den nye røyrleidningen, må betale eit ikkje-refunderbart beløp på 1 mill. kroner for deltaking i preinteressentskapet.

Det kan vere aktuelt å sikre SDØE kapasitet i den nye røyrleidningen for å kunne transportere framtidige gassvolum frå felt i Tampenområdet eller nærliggande område. Kongen la til grunn at staten ved SDØE, som største eigar i Gassled og med ein brei portefølje, burde delta i dei aktivitetane og vurderingane som er knytt til eit eventuelt nytt interessentskap. Dette er for å sikre at statens økonomiske interesser blir best mogleg teke vare på. Petoro, som rettshavar for SDØE, kan i preinteressentskapsfasen ta del i avtaler som inneber forplikting av midlar for SDØE. Det vil likevel bli teke atterhald om at statens endelege avgjerd om deltaking og eventuell eigardel blir teke først ved godkjenning av plan for anlegg og drift.

Eigarskapet i røyrleidningen vil avhenge av kva for selskap som ønskjer å delta og kor store eigardelar dei vil ha. Kongen la til grunn at kostnader knytt til deltakinga i preinteressentskapet vil bli dekt innanfor gjeldande løyving.