3 Statleg garanti knytta til deponi for lågradioaktivt avfall
Ved produksjon av olje og gass blir det danna avleiringar i røyr og anna produksjonsutstyr. Slike avleiringar kan innehalde konsentrasjonar av naturleg førekommande lågradioaktive stoff (LRA).
I samband med handsaminga av ei utgreiing av moglege løysingar for sluttdeponering av LRA frå olje- og gassproduksjon, konkluderte Sosial- og helsedepartementet i brev av 8. mai 2000 med at det var trong for eit deponi på land. I påvente av eit permanent deponeringsalternativ blir i dag meir enn 200 tonn LRA mellombels lagra på oljebasar langs norskekysten etter tillating frå Statens strålevern. Statoil eig det meste av dette avfallet og har det fordelt på basar i Florø og på Sotra. Statens strålevern har gitt mellombels løyve til å lagre LRA på denne måten.
Regjeringa er oppteken av så raskt som mogleg å få på plass ei permanent løysing for lagring av LRA som er forsvarleg både med omsyn til miljø, helse og økonomi.
Deponi for LRA i Sokndal
Nor Engineering AS har sia 1998 arbeidd med å etablere eit deponi for LRA i Sokndal i Rogaland. Dei naudsynte kommunale vedtaka er fatta, og det er gjennomført ei konsekvensutgreiing etter plan- og byggingslova. Forureiningslova er ikkje gjort gjeldande for radioaktive stoff, men avfallet har delvis høgt innhald av olje- og tungmetall i tillegg til å vere lågradioaktivt. Søknad om løyve til deponering, etter forureiningslova er godkjent av Statens forurensningstilsyn (SFT). SFT legg til grunn at det ikkje skal førekomme forureinande utslepp frå deponeringa. Statens strålevern (Strålevernet) gav løyve for drift av deponi i Sokndal til Nor Engineering Miljø AS (NEM) 26. februar 2004. Strålevernet har i løyvet for drift stilt krav til statleg garanti for å sikre helse og miljø i eit langsiktig perspektiv, før deponiet blir teke i bruk.
Føremålet med den statlege garantien er å sikre forsvarleg lagring av deponert avfall, og eventuelt mottak og lagring av ytterlegare avfall på lang sikt. Det inneber at staten garanterer for at anlegget skal drivast vidare, eventuelt stengjast og følgjast opp på ein forsvarleg måte, dersom driftsselskapet for anlegget ikkje skulle vere i stand til å drive vidare. Garantien knytt seg såleis til anlegget og ikkje til driftsselskapet for deponiet, og vil derfor ikkje dekkje eventuelle økonomiske forpliktingar dette selskapet måtte ha ved overtakingstidspunktet.
Økonomien i anlegget
Nor Engineering har så langt hatt utgifter knytt til planlegging, utgreiingar og tillatingar m.m. Det gjenstår vidare utgifter knytta til etablering og bygging av anlegget før det kan setjast i drift. Inntektene vil komme i form av betaling frå oljeselskapa for lagring av LRA i deponiet.
Det er gitt driftstillating for eit anlegg med kapasitet på inntil 3 350 tonn ferdig stabilisert LRA, dvs. om lag 1 675 tonn LRA. Kor store mengder LRA det kan bli aktuelt å deponere utover det som mellombels ligger lagra på oljebasane er svært usikkert, mellom anna på grunn av uvisse knytt til den framtidige friklassegrensa for slikt avfall. Noreg har i dag ei høg grense i forhold til resten av Europa, og det føregår ein prosess både i EU og mellom Strålevernet og andre europeiske strålevernsmyndigheiter for å harmonisere friklassegrensene for mellom anna LRA. Ein eventuell reduksjon i friklassegrensa vil kunne komme til å auke voluma av LRA som må deponeras.
NEM vurderer driftsutgiftene for anlegget til å vere avgrensa.
Driftsselskapet vil få utgifter til frakt, mottakshandsaming og stabilisering når det tek i mot LRA. Deponering av ei relativt avgrensa mengd tonn LRA skulle kunne dekkje dei årlege driftsutgiftene. Dersom tilgangen på ny LRA for deponering stansar, vil kostnadene i hovudsak vere knytt til oppfølging og overvaking av anlegget, evt. også nedstengning dersom tilgangen stansar permanent. Oppfølging og overvaking vil i følgje NEM utgjere nokre hundre tusen kroner per år.
Risiko for ulykker
Scandpower A/S har som eit ledd i konsekvensutgreiinga gjennomført vurderingar av ulike hendingar som kan tenkjast å oppstå i samband med transport og drift av deponiet. Dei har konkludert med at dei radiologiske konsekvensane for personar utanfor deponiområdet ved normal drift vil vere heilt ubetydelege. Heller ikkje unormale hendingar i driftsperioden vil ha signifikante konsekvensar for miljø eller menneske utanfor anleggsområdet. Selskapet konkluderer vidare med at faren for at det skal oppstå situasjonar som kan føre til ukontrollerte utslepp og stråledosar til befolkninga i området, både i driftsperioden og i deponiperioden, etter alt å dømme er veldig låg.
Scanpower har vurdert den verst tenkjelege hendinga til å vere ei utforkjøring under transport av LRA på lastebil til deponiet i Sokndal. Ei slik utforkjøring kan i verste fall føre til at avfallsdunkar blir øydelagde, og at LRA blir spreidd til omgjevnadene. Ein reknar da med at rednings- og opprydningsmannskapene kan bli utsett for stråledosar opp til 30 ßEESv, gitt at dei bruker støvmasker dersom det er fare for luftbore støv. Dei rekna dosane ligg ein faktor 10 under den anbefalte grenseverdien på om lag 300 ßEESv for stråledose frå ei enkeltkjelde til ikkje-yrkeseksponerte. Faren for at ei transportulykke skal skje er rekna som veldig låg.
Alternative lokaliseringar
Det er også planar om å etablere eit deponi for LRA i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Før ein kan søkje om løyve til drift må det gjerast ei konsekvensutgreiing. Strålevernet har våren 2004 fastsatt eit program for konsekvensutgreiing av Gulen-alternativet. Erfaring tilseier at prosessen fram til det kan gjevast løyve vil ta 1-2 år. Derfor er det i dag ikkje sikkert at Gulen vil bli eit reelt alternativ til Sokndal.
Olje- og energidepartementet er kjent med at Statoil i 2004 har gjennomført ein anbodsprosess både mot NEM (Sokndal) og aktørane i Gulen. Det blei bedt om bindande tilbod på deponering av LRA som ligg mellombels lagra i dag, og på 0-20 tonn LRA per år i åra framover. Statoil har i etterkant av denne anbodsprosessen tildelt spesialavfallsbedrifta Wergeland-Halsvik i Gulen kommune i Sogn og Fjordane kontrakt for transport, førhandsaming og deponering av lågradioaktivt avfall (LRA).
Departementet si vurdering
Ein statleg garanti vil gjelde frå det tidspunkt deponiet blir sett i drift. Dei største kostnadene ved eit deponi er knytt til planlegging, utgreiing, etablering og bygging av deponiet, og desse vil vere nedlagt før den statlege garantien trer i kraft. Garantien er knytt til anlegget og ikkje til driftsselskapet for deponiet, og vil derfor ikkje dekkje eventuelle økonomiske forpliktingar dette selskapet skulle ha ved tidspunktet for ein eventuell overtaking. Dersom den statlege garantien av ein eller annan grunn skulle bli utløyst, rekner ein derfor med at statens utgifter blir små. Samtidig blir det lagt til grunn at berre eitt anlegg vil få ein slik garanti, då dette i seg sjølv vil redusere sjansen for at garantien blir utløyst.
Dersom drifta skulle bli stansa og deponiet stengd, vil statens utgifter komme i form av kostnader til forsegling og sikring av anlegget, samt kostnader knytt til overvaking/oppfølging. I fall staten driv anlegget vidare, vil staten måtte dekkje driftsutgifter, men samtidig vil inntekter frå mottak av ny LRA kunne gje netto inntekter. Statens utgifter ved utløysing av ein garanti for deponiet i Sokndal, er rekna å liggje innanfor ei ramme på 5 mill. kroner. Det er då ikkje tatt høgde for kostnader til overvaking seinere år dersom deponiet blir stengt. Dersom forpliktinga til staten krev løyving utover ramma på 5 mill. kroner, vil dette bli forelagt Stortinget på vanleg måte.
Skader på tredjeperson ved vidare drift eller etter stenging og eit statleg erstatningsansvar som følgje av dette, blir vurdert som lite sannsynleg. Vurderinga er gjort på bakgrunn av tilgjengeleg materiale og gjennomførte møter med Strålevernet og NEM.
Regjeringa ønskjer å få på plass ei løysing for permanent lagring av LRA frå oljeindustrien. Det er viktig å vise at Noreg tek seg av LRA på ein tilfredsstillande måte. Vidare er det i dag ikkje klart om eit deponi i Gulen vil få dei naudsynte løyva og dermed vil kunne bli eit reelt alternativ til Sokndal. Regjeringa foreslår på denne bakgrunn at staten følgjer opp kravet frå Strålevernet om statleg garanti for deponiet i Sokndal, jf. Forslag til vedtak II. Utforminga av forpliktinga vil ein måtte ta opp til ny vurdering dersom eventuelle endringar i lovverket skulle tilseie det, eller ved trong for endring av beløpsgrensa.